ÅRBØKENE
Vaksdal Historielag gjev årleg ut ÅRBOK med lokalhistoriske stoff frå Vaksdal kommune og Bruvik-delen av Osterøy. Fyrste boka kom ut i 1995. Boka er laga som ein serie med bokstavsystem på ryggen i boka. Etter 19 årgangar kan ein lesa "VAKSDAL HISTORIELAG". Boka freista å ha rimeleg spreiing både geografisk og tematisk. Stoffet varierar i innhald og tid. Boka kjem normalt ut i slutten av november / starten av desember, og ligg nok under mangt eit joletre på jolaftan same året.
Skulle Du ynskja å bidra, ta kontakt på vår e-post: post@vaksdalhistorielag.org
Klikk på den årgangen du ynskjer å sjå nærare på, så vil du få opp innhaldsliste for den aktuelle årboka. Du kan også finna nokre artikklar som er utlagt som PDF.




















