Øvre Helland

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 16:49, 9 november 2010 by Reveka (Talk | bidrag)
(skil) ←Eldre versjon | Vis noverande versjon (skil) | Nyare versjon→ (skil)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Modalsboka band I


Gards og ættesoge for Øvre Helland.



Gnr. 81 Øvre Helland


Innhaldsliste

Innleiing

Garden ligg 1 1/2 mil frå sjøen, på austsida av Storelvi. Næraste grannegarden er Nåmdal som ligg litt lenger oppae.

Grensa mot Farestveit fylgjer Storelvi ned til Merkesstien. Derifrå fylgjer ho Merkesstibekken til Fossen og held fram opp mot fjellet sør for Oksabotn og til ein gamal varde burtanfor Vardafjellet. Der tek grensa mot Flatekvål i Eksingedalen til. Ho går mot nord til nordre viki i Vardetjørni, der det er hogge ein kross i fjellet. Her byrjar grensa mot gardane Lavik og Lavikhaugen. Ho går mot nord til Skjerjavatsenden og fylgjer vatnet fram til bytet mot garden Nygard. So held grensa fram til Reinshjellane, der det er tre ilegg i små steingardar, yver ei høgd til Skjerjavatnet att, til ein holme innanfor Reinshjellane soleis at Reinsnosi og Reinshjellane ligg på Øvre Helland sin eigedom, yver Viermyrane til Nordalsbotn, derifrå til Skrenipo og til gardsenden ved Ås-skaret. Derifrå går det ein fegard ned til Hylkestjørni i Nåmdalselvi.

Grensa millom Øvre Helland og Nåmdal fylgjer elvi nedetter Krossdalen til ho renn ut i Herlongen. Fegarden frå Åsen til Hylkestjørni skil millom Nygard og Øvre Helland. Men bøndene på Nygard hev fenge lov av Øvrehellands-folket til å setja denne garden noko lenger heim i dalen, soleis at han no står på Øvre Helland sin eigedom. Frå Her longen er Storelvi grensa mot Straume ned til den feti der grensa mot Farestveit tek til.

Namnet på garden vert skrive Øvre Helland, men i daglegtalen seier bygdefolket helst Øvrehelland. Skriveformi hev vore ulik gjenom tidene. Fyrste gongen me møter namnet, er i 1603, då heiter det Øffre Helghlandt. I 1667 og 1723 er det skrive: Øffre Helleland. Sjå elles 0. Rygh: Norske Gaardsnavne s. 338. I kyrkjebøkene hev namnet ofte vore skrive Øffre Herland, sameleis som Nedre Helland stundom var skrive Nedre Herland.

Øvre Helland er ein flat og fin gard. Berre Kyrkjehaugen reiser seg opp i det jamne lendet. Attmed garden ligg Herlongen, blå og still. Kva han hev fenge namnet sitt etter, er det ingen som veit. Men om dette kan Knut Øvre Helland fortelja ei segn som han hev etter bestefaren sin. Der seiest det at den fyrste brukaren på garden heitte Herlaug, og vest for Kyrkjehaugen er det funne vister etter ei gamal hustuft som skulle vera etter bustaden hans. Men han Herlaug treivst ikkje på Øvre Helland, for soli kom so seint om morgonen. Difor ville han flytta til Nåmdal, der fekk dei soli fyrr. I dei dagane var det ikkje veg millom gardane og heller ikkje bru yver Nåmdalselvi. Herlaug laga seg difor ein farkost, tok med seg det han åtte og for yver vatnet opp til Nåmdal. Etter han skal so vatnet ha fått namnet Herlongen.

På nedsida av Øvre Helland ligg Tjødnane med Sundarhaugen midt i millom. Dei er med og gjev landskapet ein ekstra venleik, grøne lider og bøar kring dei blå Tjødnane.

Når ein kjem til Øvre Helland, vert dalen breidare og utsynet friare. Men fjelli stengjer her og. Mot sør ligg dei i ei lang rekkja: Oksabotn, Sesskarberget, Daurmålsbotn og Sesskaret. Ved Merkesstien vender dalen mot nordvest, og Kalsåsen stengjer for utsyn på den kanten. På vestsida er det òg høge fjell. Men mot nord og nordaust er himmelrømdi større og utsynet betre. Mot aust reiser det bratte Øvrehellands-berget seg høgt mot himmelrandi og lagar atterljom om folket nede på garden skulle tala for høgt. Det er dette fjellet som stengjer for morgonsoli og gjer at garden er avsola fleire vekor om vinteren.

Den dyrka jordi på heimebøen var skift teig om teig, soleis som skikken var i eldre tider. Det var ofte same namnet på teigane, kva bruk dei høyrde til. Heimebøen tok til ved risgarden i Dravlaviki. Like i nærleiken ligg Stølreina, og litt lenger nord ligg Rindamyrane som lenge var udyrka. Nord for Kyrkjehaugen var det gamle tunet, og husi på garden stod nær innåt kvarandre.


I 1905 vart det halde offentleg utskifting. Det førde med seg at mest alle husi vart flytte. Men på Helgeluten, bruk 5, vart dei ståande.

Vest for Tjødnane ligg Furneset. Det var sameiga og ei tid bortfesta til plassmannsfolk. Litt lenger nord var Monsa-plasset, ei tid var det bortfesta frå bruk 4. Midt på Øvrehellandsbøen låg Kipphaugen. Det kan kanskje ha vore ein gravhaug. No er han i alle høve borte. Av teigar og åkrar kan ein nemna: Storeteigen med Storåkrane, Vassbakken, Norebøen og Botnateigen. På Norebøen var Kyratræet og Sauatræet. Og vest for Norebøen låg Botnåkeren.

Av oppgåvor frå eldre tid ser me at det vart avla noko korn på garden. Fire av brukarane hadde ei sams «flomkvern» med kvernstøde inne i Fossdalen. Der stod og slipesteinane som vart drivne med vatn. Då Olav Olavson fekk bygsla noko av Larsbruket, sette han opp ei kvern for seg sjølv.

Vest for garden, på andre sida av Storelvi, er det ein stad som vert kalla Tovmylfetæ. Knut Øvre Helland fortel at ein gang var det ei stampa der til å tøva vadmål i. Stampa vart drivi av vatn frå Gaubotselvi. Det er mogeleg at det var plassmenn frå garden som dreiv denne verksemdi. Bygdafolket gjorde skilnad på stampatøvt og trakkatøvt vadmål. Trakka-tøvt vadmål vart rekna for finare vara enn stampatøvt.

Sør for garden, i løynd av Stølreina, ligg Dravlaviki. Ei kone som var fødd på Øvre Helland i 1824, fortalde at dette namnet hang saman med ein gamal skikk som vart nytta når det i eldre tid vart halde brudlaup på garden. Dei som kom fyrst frå kyrkja, skulle stogga i Dravlaviki til dei siste brudlaupsgjestane nådde dei att, for heim til gards måtte alle koma i samla fylgje. I ventetidi vart det so bore dravle, lefsa og heimabryggja øl frå brudlaupsgarden og ut til dei som sat og venta. Det er grunn til å tru at ventetidi gjekk snøgt på den måten. Og ventestaden fekk namnet «Dravlavikjæ».

Øvre Helland hadde gode markaslåttor, omlag 20 i alt, med ei eller fleire lødor i kvar slåtta. Garden fekk nok vel so stor høymengd frå markaslåttone som frå heimebøen. Alle utslåttone låg nede i lidene. Dei Øvrehelland hadde ikkje nemnande fjellslåttor, dei hadde nok med det som var meir høgleg.

Skogteigar og slåttemark låg på same sida av dalen som heimegarden. Og skogen var blanda, teig om teig, på same måten som markaslåttone. I eldre tid hadde nok ikkje garden so store innkomor av skogen, men noko never og bork selde dei. Elvi var for lang og stygg til å fløyta ved i, det kom altfor mykje bort. Men då køyrevegen vart ferdig fram til Øvre Helland, kunne bøndene der og ta til å selja ved. Garden hev berre lauvskog. Når det i matrikkelen frå 1723 heiter: «Brænde och Fyrreschoff til Husbehof», so kan det knapt vera rett.

All beitemark på garden var sameiga. Det fyrste vårbeitet var på haustteigane ved Dravlaviki. Der finn ein namni Kvesteinen og Stølreino. Her gjætte dei buskapen ei stund frametter til dess groren voks til inne i Botnane, det var vårstølen. 1 Matr. 1723 er det ein merknad om at sætervegen var 1/4 mil lang, og det kan høva. I Botnane hadde bøndene kvar sitt mjølkesel, men stova for budeione var sams eiga. Frå denne stølen gjekk budeione heime kvar dag, og avdrotten laut dei ta med seg på ryggen.

Busitjarane på Øvre Helland hev brukt fleire fjellstølar gjenom tidene. Gamlestølen var truleg den eldste. Han låg oppe i lidi på austsida av den elvi som renn frå Nordalen, nedanfor Tveradalsstølen, som vart oppteken seinare. Det er ingen som veit kva tid Gamlestølen vart nedlagd. So hev dei teke opp ein støl langt oppe i Nordalen, millom øvste og nedste Nordalsvatnet. Denne stølen låg svært høgt, omlag 800 m yver havet og ovanfor skogagrensa. Der kan me enno sjå tufter etter stølshusi, og på selsbøen er det eit træe som truleg hev vore lammatræe. Me kan og sjå eit gamalt kvile, ein stein som dei sette børene sine på. Denne stølen vart nedlagd kring 1800. Sidan hev han stundom vore brukt til sumarhage for hestane. Knut Øvre Helland fortel etter bestefar sin, at den budeia som sist stidde på Nordalsstølen, vart kalla Helge-Marta. Millom dåpsborni finn me ei Marta Helgesdtr. Øvre Helland, fødd 1789. Men både den gongen og mykje seinare stidde gjentone når dei var 11 år gamle.

Etter at Nordalsstølen vart nedlagd, tok dei opp Tveradalstølen. Han ligg austanfor Gamlestølen og noko høgare. Dette er den siste fjellstølen som hev vore i bruk på garden. Han vart nedlagd då bøndene tok til å bruka kulturbeite åt buskapen. På Tveradalsstølen var det gode hus, og i eldre tid var der full stølsdrift med ysting og brimkoking. Men i dei siste 50 åri bar dei heim mjølk og rjome etter kvart.

Fyrr Krossen vart oppteken til gard, hev nok brukarane på Øvre Helland hatt han til beite for buskapen sin. Fleire stadnamn på heimebøen tyder på at det ein gang hev vore støl der.

I vårt hundreår hev bøndene på Øvre Helland brote opp mykje jord på gardane sine so ho kunne leggjast under plogen. Men eit fælt slit hev det vore. Ingen fekk noko gjevande i so måte. Alle nybrot laut pikkast, får etter får. Og store steinrøysar måtte køyrast av åkrane. Men bøane vart fine og lette å onna.


EIGARAR.

1603: Kongens Majestet's jord, landskyld 1/2 L. smør.

1660: Same eigar, men då med 1/2 L. smør 1 melle malt.

1663: Odelsmanntalet hev Abel Munthe som eigar, 1/2 L. smør 1 melle malt.

1673: Odelsmanntalet: Abel Munthe og Peder Lehms.

1682: Rekneskapen hev lagmann Lielienschiold som i Øvre- og Nedre Helland eig 1 1/4 L. smør og 1 1/4 tunna malt.

1691: Fogderekneskapen hev lagm. Lielienschiold med 1 L. smør.

1700: Vise-lagm. Lange eig 1 L. smør.

1708: Assessor Wilh. Hansen eig 1/2 L. smør.

1739: Jean van der Velde eig 1/2 L. smør og 12 kannor malt.

1756: Skøyte frå Jean van der Velde's dødsbo til monsieur Jean Frøchen.

1764 30/11: Auksjonsskøyte på Kgl. Maj. eiged. til studiosus Herman Jansen Frøchen. Samde dagen skøyter han jordi til brukarane, og frå 30/11 - 1764 hev bøndene på Øvre Helland vore sjølveigarar.


Matriklar, skyld og utreidslor.

Frå gamalt hadde øvre-Helland gardsnr. 90, og skyldi var rekna i smør, og sidan i smør og malt. I 1838 vart skyldi rekna i pengar. Då fekk garden nr. 52, og dei 4 bruki fekk løpenr. 192-196. (Bruk 1 vart ført under 2 lnr., 192 og 193). Då skyldi vart omgjord til mark og øre i 1868, vart gnr. brigda til 81.

1603 er skyldi på garden 1/2 L. smør.

1618/19 er det 1/2 L. sm. og 1 mæle malt, og sameleis i matr. 1667.

1718, i matr. er ført 4 brukarar, kvar med 18 mrk. sm., tilsaman 1 L. sm.

1723, i matr. heiter det: «Gammel matr. takst 1 L. sm. Gammel leilendingsskatt 3 rd. 72 skilling, redusert til hartkorn efter ny matr. 2 tønder 1 fjerdingkar. Ny leilendingsskatt 4 rd. 6 sk.. Odelsskatt 65 sk. Ledning 65 sk. Forhøiet 30 sk. Småtoll i rd. 72 sk. Aarlig tiende 6 2/3 skjeppe havre, i penger 64 sk. Småtiende 8 1/8 sk.».

1838 då skyldi vart sett i pengar fekk heile garden ei skyld på 4 dalar 4 ort 8 sk., skift likt på 4 bruk med 1 dr. 1 ort 2 sk. på kvart.

1868 då skyldi vart omgjord i mark og øre, vart det 2 mark 73 øre på kvart bruk.


Fødnad, sånad og avling.

1657. Kvegskatten fører 2 brukarar, Anders og Johans med jamstor fødnad, tilsaman 2 hestar, 1 ukse, 10 kyr, 2 kvigor, 7 geiter og 15 smalbeist. So er det ein Oluff, han er truleg inderst, som hev 1 ku, 1 geit og 1 sau.

1667. Matrikkelen: 3 bruk føder 2 hestar, 25 naut, sår 4 tunnor korn og avlar 10 tunnor.

1723. Matrikkelen: 4 bruk føder 2 hestar, 16 kyr, 8 ungnaut og 36 smalbeist. Sånaden er 4 tunnor havre som gjev 8 tunnor avling. 1 kvern.

1803. Jordavgiften: Framleis 4 jamstore bruk, som kvart «føder 11 kreaturer og 12 får» og sår 2 1/2 tunna og haustar 8 tunnor.

1863 i «Jordbrugsbeskrivelsen» får me desse oppgåvone: (Det er no og 4 jamstore bruk, men Lars Olavson på bnr. 1 bygslar halve bruket sitt til broren Olav Olavson). Tilsaman hev dei 4 bruki 36 mål åker og dyrka eng. Av dette er 12 mål godt, 20 mål medels godt og 4 mål ringt. Naturleg eng er i alt 80 mål, av det 16 godt, 32 medels og 32 ringt. Dei sår no 16 tunnor korn og 17 tunnor potetor og avlar 64 t. korn og 94 t. potetor.
So haustar dei 3.480 våger enghøy, 2.800 våger markahøy og 456 våger halm. Attåt det sankar dei 1 kufor «surogatfoder» beit og skav på kvart bruk. Fødnaden er 5 hestar, 40 kyr, 16 ungfe og 96 smalbeist.


1875 i samband med folketeljingi får me desse oppgåvone om fødnaden:


Bruk 1: 9 kyr, 2 ungnaut og 12 smalbeist. Av dette hev kårkona 3 kyr, 2 smalb.


Bruk 3: 11 kyr, 5 ungnaut og 15 smalbeist. Av dette hev kårmannen 3 kyr, 1 ungnaut og 8 smalb., og ein tenestedreng 2 av kyrne.


Bruk 4: 8 kyr, 4 ungfe, 18 smalbeist. Av dette hev kårkona 1 ku og 2 smalb. og eldste son 1 ku.


Bruk 5: 7 kyr, 2 ungfe, 15 smalbeist. Av dette hev kårfolket 1 ku og 5 smalb.


1959: Etter «Norske Gardsbruk».


Bruk 1 og 2.

Bruket hev ei skyld på 2,61 sk. m. Dyrka jord 30 da. morenejord. Anna jordbruksareal 30 da. Prod. skog 300 da. Bustadhus og driftsbygningar bygde 1908, etter utskiftingi. Botnane og Tveradalen seter. Brt. kr. 57.000,-. Bruket føder 1 hest, 6 kyr, 2 oksar, 3 ungdyr, 1 gris, 13 smalar.


Bruk 3 og 6, skyldm. 2,63.

Dyrka jord 35 da morene- og noko myr-jord. Anna jordbr.areal 30 da. Produktiv skog 200 da. Bustadhus og driftsbygningar bygde 1898. Beite Botnastølen og Tveradalstølen. Brt. kr. 50.000,-. Bruket føder 1 hest, 6 kyr, 1 okse, 1 gris, 15 sauer, 10 høns.


Bruk 4, skyldm. 2,63.

Dyrka jord 29 da. morenejord. Anna jordbr.areal 35 da. Produktiv skog 300 da. Bustadhus bygde 1873, ombygde etter utskiftingi 1908. Brt. 58.000,- kr. Vårstøl i Botnane, fjellstøl i Tveradalen. Bruket føder 1 hest, 7 kyr, 1 okse, 5 ungdyr, 1 gris, 20 smalar, 5 høns.


Bruk 5, skyldm. 2,63.

Dyrka jord 29 da morenejord. Anna jordbr.areal 15 da. Prod.skog 300 da. Bustadhus bygde i 1871. Brt. kr. 48.000,-. Bruket føder 4 kyr, 2 oksar, 4 ungdyr, 1 gris, 12 smalar.


BUSITJARAR

Bruk 1. Lars-Ola-luten.

Det ser ikkje ut til at denne garden er millom dei fyrste som vart busette her i bygdi etter svartedauden. Garden ligg på morene og elvegrande, og jordsmonet hev vel vore skrint, og det kan vera ein av grunnane til at me ikkje finn busetnad her på 1500-talet.

1603/04: Jordeboki hev dette året Lauritz Herlesen. I 1612/13 får han 3. bygsel på 1/2 L. smør, som då er heile garden. I 1618/19 får han bygsel på 1/2 L. smør og 1 mæle malt. Han er førd både i rekneskapar og skattemanntal fram til 1645.


1. Lauritz Herlesen, g. m.

Anna.

Born:

  1. Johans.
  2. Knut.
  3. Maren (Maria), g. m. næste brukar her.
  4. Marithe (Marta).

Lauritz var åleine brukar på garden til 1633. Då kom Anders Aslaksen og fekk bygsel på «1 1/2 sk. leye udi Helleland som Lauritz for hannem oploed». Anders gav 2 riksdalar i bygsel, og han vert fyrste brukaren på bruk 3.


1646: I kontridusjonsskatten er no førd Johans Haldorsen på bruk 1, med 1 pd. sm. og 1/2 mæle malt. Johans er førd i skattemanntalet og i prestemanntalet og sit med bruket i 1668, og alt tyder på at det er same Johans som er førd i futereknesk. i 1691 med 1 pd. sm.


2. Johans Haldorson Ø. Helland, f. 1621, d. 1693, g. m.

Maria (Maren) Lauritzdtr. Øvre Helland, f. 1622, d. 1696.

Born:

  1. Lars f. 1658, truleg busett Flatekvål bnr. 1.
  2. Knut f. 1661, næste brukar her.
  3. Ragnhild f. 1662, d. 1691, g. 1685 m. Ivar Johannesson Mo, sjå Mo bnr. 2.
  4. Anna f. 1665, d. 1691, g. 1686 m. Ivar Askjellson Mo. Sjå Mo bnr. 1.
  5. Unni (Anna?), g. 1699 m. Olav Brynjelson Lavikhaugen, brukar på bnr. 3 her.
  6. Johannes g. 1697 m. e. Anna Olavsdtr. Nåmdal, sjå Nåmdal bnr. 2.


1694: Futereknesk. hev Knut på dette bruket, og han er vel nr. 2 b framanfor. Han brukar 18 mrk. sm. og sit med bruket til han døyr i 1712.


3. Knut Johansson Ø. Helland, f. 1661, d. 1712, g. 1688 m.

Anna Knutsdtr. Farestveit, bnr. 1.

Born:

  1. Askjell f. 1689. Om giftarmål sjå Farestveit bnr. 1.
  2. Eilev f. 1691.
  3. Ragnhild f. 1693, g. 1716 m. Knut Sjurson Nåmdal, sjå Nåmdal bnr. 2.
  4. Johannes f. 1695, g. 1715 m. e. Magdeli Olavsdtr. Farestveit, sjå Farestveit bnr. 3.
  5. Brita f. 1699.
  6. Olav f. 1700, g. 1722 m. Guri Larsdtr. N. Helland bnr. 1, brukar Farestveit bnr. 3 etter broren Johannes.
  7. Ingeborg f. 1703, g. 1735 m. Askjell Sjurson Straume, sjå Straume bnr. 1.
  8. Olav f. 1705, g. 1731 m. Anna Halvorsdtr. Flatekvål bnr. 4, sjå Flatekvål busett der.
  9. Knut f. 1710, g. 1739 m. Maria Halvorsdtr. Flatekvål bnr. 4, busett bnr. 3 frå 1764.


1713: Enkja Anna Knutsdtr. gifter seg att med Rasmus Sjurson Nåmdal bnr. 2, og same året får han bygselbrev frå assessor Wilhelm Hansen på dette bruket.


4. Rasmus Sjurson Ø. Helland, f. Nåmdal bnr. 2 1693, d. 1747, g.

1. 1713 m. e. Anna Knutsdtr. Ø. Helland,

2. 1739 m. Maria Bergesdtr. Steinsland, f. 1713, d. 1802.

Born:

  1. Anna f. 1740, d. 1740.
  2. Anna f. 1741, g. 1761 m. Eilev Simonson Nåmdal, sjå Nåmdal bnr. 1.
  3. Anna f. 1744, g. 1. g. 1767 m. Johannes Andersson Straume, sjå Straume bnr. 3.
  4. Rasmus f. 1747, g. 1775 m. e. Dordi Nilsdtr. Nygård bnr. 3, Busett der, sidan Vetlejord bnr. 1.

Rasmus Sjurson fekk oppattnya bygsel frå W. Hansen i 1733 og 1739, og sat truleg med bruket til han døydde i 1747.


1749: Enkja Maria Bergesdtr. gifter seg att med Olav Knutson Lavikhaugen. Han sat med bygsel til 1764, og var sidan sjølveigar til 1781. Då skøytte han bruket til sonen.


5. Olav Knutson Ø. Helland, f. Lavikhaugen 1723, d. 1798, g. 1749 m. enkja

Maria Bergesdtr. Ø. Helland, f. 1713, d. 1802.

Born:

  1. Kari f. 1750, d. 1758.
  2. Helga f. 1751, g. m. Lars Olavson Almelid bnr. 1. I 1794 får han skøyte på bruket her.
  3. Agata f. 1752, g. 1780 m. Olav Johannesson Straume, sjå Straume bnr. 4.
  4. Anna f. 1754.
  5. Olav f. 1756, d. 1756.
  6. Olav f. 1758, g. 1790 m. Anna Larsdtr. Lavik bnr. 2.
  7. Knut f. 1759, næste bonde her.
  8. Kari f. 1760, d. 1760.


1764: Skøyte frå Herman Jansen Fröchen til Olav Knutson på dette bruket, 9 mrk. sm. 3 k. malt, for 33 rd.


1781: Skøyte frå Olav Knutson til sonen Knut Olavson for 43 rd. og kår til faren.


6. Knut Olavson Ø. Helland, f. 1759, d. 1789, ug.


1789: Arveskøyte på bruket attende til faren, som no atter vert eigar.


1794: Skøyte frå Olav Knutson til versonen Lars Olavson Almelid for 90 rd. og kår.

Same året bygslar Lars Olavson Almelid bruket bort for 16 år til Rasmus Rasmusson Vetlejord, som no flytter til Ø. Helland. Lars Almelid kom soleis ikkje til å driva garden her sjølv. Han var busett i Almelid bnr. 1. Rasmus Rasmusson var fødd og oppvaksen her på bruket, son til bonde nr. 4. Då han i 1775 gifte seg med enkja Dordi Nilsdtr. Nygard, fekk han eit lite bruk der med henne og flytte dit. I 1790 gjorde han gardabyte med Ivar Torkjellson Vetlejord, flytte dit og budde der til han no kom attende til Øvre Helland. Kvar gong han bytte bustad, bytte han g namn: øvre-Helland, Nygård, Vetlejord, og so Øvre Helland att. Då han no kom til Øvre Helland att, skøytte han bruket på Vetlejord til eldste sonen Knut. Knut gav kårbrev til foreldri, og då bygsletidi her på Øvre Helland var ute, flytte han attende til Vetlejord, for han er gravfest derifrå. Som kårmann på Vetlejord hev han truleg bytt namn endå ein gong.


7. Rasmus Rasmusson Ø. Helland, f. 1747, d. 1822, g. 1775 m. enkja

Dordi Nilsdtr. Nygard, f. 1739, d. 1815.

Born:

Sjå Vetlejord bruk 1!


1805: Skøyte frå Lars Olavson Almelid til eldste sonen Olav for 80 rd.


8. Olav Larsson Øvre Helland, f. 1785, d. 1863, g.

1. 1810 m. Helga Nilsdtr. Ø. Helland, bnr. 4, f. 1791, d. 1815,

2. 1816 m. Maria Olavsdtr. Straume, bnr. 4, f. 1793, d. 1863.

Born:

  1. Marta f. 1811, g. 1847 m. em. Gulleik Helgeson Øvre Helland, sjå bnr. 5.
  2. Lars f. 1814, næste bonde her.
  3. Olav f. 1817, g. 1865 m. Anna Johannesdtr. N. Helland bnr. 4, bygsla 1/3 av dette bruket og budde her. Sjå husmenn o. a.
  4. Knut f. 1822, d. 1822.
  5. Helga f. 1823, g. 1862 m. em. Gulleik Johannesson N. Helland. Plassfolk i Lyngen, sjå Nedre Helland bnr. 6.
  6. Knut f. 1826, d. 1851, ug.
  7. Johannes f. 1830, g. 1861 m. Inga Johannesdtr. Farestveit bnr. 2. Dei kjøpte gard i Raundalen, Voss.
  8. Agata f. 1834, d. 1925 på Straume, ug.


1854: Skøyte frå Olav Larsson til sonen Lars Olavson for 80 rd. og kår til faren og stykmori Maria Olavsdtr.


9. Lars Olavson Øvre Helland, f. 1814, d. 1870, g.

1. 1844 m. Helga Nilsdtr. Ø. Helland, bnr. 4, f. 1817, d. 1845,

2. 1847 m. Kari Olavsdtr. Straume, bnr. 4, f. 1825, d. 1898.

Born:

  1. Helga f., tvill. f. 1845, d. 1910, g. 1873 m. Ivar Olavson Lavikhaugen, sjå Lavikhaugen bnr. 2.
  2. Brita f., tvill. f. 1845, g. 1874 m. Haldor Larsson Yksendal bnr. 1, busett Vetle-Dale og Finnabotn, Vik i Sogn.
  3. Olav f. 1848, næste brukar her.
  4. Helga f. 1850, g. 1876 m. Anders Jakobson Nygard, sjå Nygard bnr. 3.
  5. Kari f. 1853, g. 1875 m. Knut Olavson Lillejord, busett Krossdal, Mo bnr. 5.
  6. Olav f. 1855, d. 1855.
  7. Kari f. 1856, d. 1952, g. 1882 m. Nils Olavson Steinsland bnr. 4 f. 1856, d. 1920. Dei kjøpte gard på Berge, Vossestrand, 7 born.
  8. Maria f., tvill. f. 1860, d. 1965, g. 1891 m. em. Mons Olavson Vetlejord, sjå Vetlejord bnr. 2.
  9. Olav, tvill. f. 1860, d. 1860.
  10. Dordi f. 1866, g. 1887 m. Olav Johannesson Nåmdal, sjå Nåmdal bnr. 2.


1871: Skifteskøyte i buet etter Lars Olavson til sonen Olav Larsson for 230 spd. og kår, verdsett til 190 spd., til mori og dei tre yngste systrene til dei fyller 16 år.


10. Olav Larsson Øvre Helland, f. 1848, d. 1916, g. 1871 m.

Siri Olavsdtr. Nåmdal, bnr. 2, f. 1850, d. 1933.

Born:

  1. Kari f. 1873, d. 1963, g. 1902 m. Rasmus Johannesson Høvik, sjå Høvik bnr. 4.
  2. Lars f. 1876, næste brukar her.
  3. Inga f. 1878, g. 1900 m. Olav Johannesson Otterstad, sjå Otterstad bnr. 5.
  4. Maria f. 1880, d. 1964, g. 1912 m. Andreas Nilsson Flatekvål bnr. 4 f. 1878, busett Flatekvål bnr. 4.
  5. Olav f. 1883, d. 1942, ug.
  6. Johannes f. 1885, d. 1909, ug.
  7. Anna f. 1887, g. 1908 m. Ivar Knutson Farestveit, sjå Farestveit bnr. 4.
  8. Brita f. 1890, g. 1913 m. Hans Jakobson Neset, Almelid, sjå Almelid bnr. 3.
  9. Olina f. 1895, g. 1918 m. em. Hans Jakobson Neset, Almelid bnr. 3 f. 1888.


1909: Skøyte frå Olav Larsson til sonen Lars Olavson på dette bruket og på bruk 2 for 1.000,- kr. og kår til foreldri. Bruk 2 må vera den parten som Olav Olavson fekk bygsel på frå broren Lars Olavson i 1854 (eller 1862). Sjå Husmenn og andre!


11. Lars Olavson Øvre Helland, f. 1876, d. 1935, g. 1917 m.

Inga Olavsdtr. Farestveit, bnr. 3, f. 1894, d. 1977.

Born:

  1. Olav f. 19**, ug.

Olav er no bonde på garden.


Bruk 3. Hallvardluten.

1633: Futereknesk. hev no to brukarar på Øvre Helland. På dette bruket får Anders «første bøgsel på 1 1/2 sk. leye udi Helleland som Lauritz for hannem oploed gaff i bøgsel 2 riksdaler».

I Kopskatten 1645 er han skriven Anders Aslachsen. Han er førd i skattemanntalet fram til 1668, men i prestemanntalet 1667 er han kalla husmann og sagd 80 år, og sonen Mathis er førd brukar, so det var nok brukarbyte fyrr 1668.


1. Anders Aslakson Ø. Helland, f. 1587, g. m.

Magdalene.

Born:

  1. Magdalene nemnd i Kopskatten 1645.
  2. Johannes f. 1640, d. 1679.
  3. Mathis f. 1644.

Dei to sønene er førde i prestemannt. 1664, 24 og 20 år gamle. Johannes vart gift i 1679, men presten hev ikkje umaka seg med å skriva namnet på bruri. Johannes døydde same året.


1667: Prestemannt. fører Mathis, som må vera Mathis Andersson. Han sat truleg med bruket til kring 1690.


2. Mathis Anderson Ø. Helland, f. 1644, d. 1691698, g. m.

Guri, f. 1649, d. 1730.

Born:

  1. Anders, g. 1702 m. e. Anna Andersdtr. Straume, sjå Straume bnr. 4.
  2. Magdeli f. 1670, d. 1750, g. 1699 m. em. 2. g. Ingebret Vestre Kleppe, Hosanger, busett Åsheim i Hosanger.
  3. Maria f. 1671, d. 1731, g. 1700 m. Nils Olsen Sætre, busett Eikemo i Hosanger.
  4. Marta (Brita?) g. 1711 m. Knut Torsteinson Hatland, busett Skår, Gjerstad.


1691: Futerekneskapen fører Magne. Han er førd i rekneskapen 1694 dg, men ikkje i manntalet 1701. Det er uvisst kven han er og kva år han fekk bygsel. Me finn ikkje giftarmålet og veit ikkje kva kona hans heitte, men dei hadde 4 born til dåpen frå Øvre Helland. Det ser ut som Magne hev fare frå bygdi med lyden sin.


3. Magne Øvre Helland, g. m.

Ukjend.

Born med dei budde her:

  1. Lars f. 1686.
  2. Johannes f. 1690, d. 1690.
  3. Magne f. 1691.
  4. Kari f. 1693.


1701: Manntalet fører no Ole Brynildsen på dette bruket. Han er frå Lavikhaugen. Då Wilhelm Hansen auksjonerte bort bygsli på gardane sine i 1733, fekk Ole Brynildsen tilslaget her.


4. Olav Brynjelson Ø. Helland, f. Lavikhaugen, g. 1699 m.

Unni Johannesdtr. Ø. Helland, bnr. 1.

Born:

  1. Anders f. 1699.
  2. Johannes f. 1705, d. 1705.


1739: Wilhelm Hansen held atter auksjon over bygsli, og då heiter det at Knut Knutsen baud på bruket etter Ole Brynildsen, og i 1740 får han bygselbrev på bruket, 1/2 pd. sm. Me veit ikkje kvar det vart av Ole Brynildsen og lyden hans. Knut Knutsen er truleg son til Knut Johannesson på bnr. 1.


5. Knut Knutson Ø. Helland, f. 1710, d. 1789, g. 1739 m.

Maria Hallvardsdtr. Flatekvål, bnr. 4, f. 1697.

Dei hadde ikkje born.


1764: Skøyte frå Herman Jansen Fröchen til Knut Knutson på dette bruket, 9 mrk. sm. 3 k. malt, for 33 rd. Same året skøyter Knut Knutson bruket til Halvor Olavson for same prisen.


6. Halvor Olavson Ø. Helland, f. 1745, Flatekvål bnr. 4 , d. 1811, g. 1772 m.

Brita Knutsdtr. Farestveit, bnr. 3 f. 1749, d. 1819.

Born:

  1. Knut f. 1773, næste bonde her.
  2. Olav f. 1777, bonde her etter broren Knut.
  3. Mons f. 1778, g. 1814 m. Kari Knutsdtr. Flatekvål bnr. 4.
  4. Olav f. 1782, g. 1816 m. Marta Eilevsdtr. Nygard bnr. 3. Ho var dotter til 9 c der. Busette Furnesplasset Ø. Helland.
  5. Agata f. 1786, g. 1816 m. Knut Monsson Steinsland bnr. 3, f. 1794. Plassfolk Myratræet, Steinsland.


1800: Skøyte frå Halvor Olavson til sonen Knut Halvorson for 80 rd. og kår.


7. Knut Halvorson Ø. Helland, f. 1773, d. 1827, g. 1801 m.

Marta Pedersdtr. Mo, bnr. 3, f. 1765, d. 1855.
Dei var barnlause.


1814: Skøyte frå Knut Halvorson til broren Olav d. e. for 150 rd. og kår.


8. Olav Halvorson Ø. Helland, f. 1777, d. 1833, g. 1814 m.

Anna Knutsdtr. Mo, bnr. 3, f. 1784, d. 1850.

Born:

  1. Hallvard f. 1815, næste bonde her.
  2. Hans f. 1817, g. 1841 m. Brita Rasmusdtr. Nåmdal bnr. 1 f. 1821. Dei fl. til Manger pr. gj. 1847. Dotteri Marta var 6 år då.
  3. Knut f. 1819, g. 1851 m. Inga Ivarsdtr. Mo bnr. 1. Flytta til Fjell prg. i 1852.
  4. Knut f. 1826, d. 1842.


1834: I skiftet etter faren får Hallvard Olavson bruket utl. etter takst 190 spd. I 1838 gjev han vilkårsbrev til mori Anna Knutsdtr.


9. Hallvard Olavson Ø. Helland, f. 1815, d. 1889, g. 1838 m.

Anna Rasmusdtr. Nåmdal, bnr. 1, f. 1815, d. 1886.

Born:

  1. Anna f. 1839.
  2. Olav f. 1841, næste bonde her.
  3. Helga f. 1843, g. 1865 m. Jakob Nilsson Ø. Helland bnr. 4, busett Øvstedal, Evanger.
  4. Anna f. 1845, d. 1907. Ho fekk kår hjå broren Olav då han tok yver garden.
  5. Inga f. 1847, g. 1874 m. Eilev Olavson Farestveit, sjå Farestveit bnr. 3.
  6. Brita f. 1849, g. 1879 m. Olav Jakobson Nygard, sjå Nygard bnr. 3.
  7. Marta f. 1851, g. 1. g. 1877 m. Eilev Rasmusson Nåmdal, sjå Nåmdal bnr. 1, g. 2. g. 1889 m. em. Nils Nilsson Straume, sjå Straume bnr. 1.
  8. Rasmus f. 1855, d. 1919, bonde på Votlo, fabr.arb. og vakt i Arna fabr., g. 1890 m. Maria Olavsdtr. Rasdal, Evanger f. 1866, d. 1918, 6 born.


1871: Skøyte frå Hallvard Olavson til sonen Olav Hallvardson for 100 spd. og kår til foreldri og systeri Anna.


10. Olav Hallvardson Ø. Helland, f. 1841, d. 1913, g. 1865 m.

Brita Eilevsdtr. Nåmdal, bnr. 1, f. 1843, d. 1907.

Born:

  1. Knut f. 1865, næste bonde her.
  2. Anna f. 1868, g. 1891 m. Knut Knutson Farestveit, sjå Farestveit bnr. 7.
  3. Eilev f. 1870, d. 1872.
  4. Hallvard f. 1872, bonde nr. 13 her.
  5. Inga f. 1875, for til Amerika, g. der.
  6. Eilev f. 1877, d. 1971, for til Amerika, g. der.
  7. Anna f. 1879, d. 1907, g. 1899 m. Jakob Knutson Farestveit, sjå Farestveit bnr. 5.
  8. Kari f. 1881, for til Amerika og g. der.
  9. Inga f. 1884, g. 1913 m. Anders Olavson Steinsland, sjå Steinsland bnr. 1.
  10. Olav f. 1889, d. 1910, var i Amerika, kom heimatt og døydde her.


1891: Skøyte frå Olav Hallvardson til sonen Knut Olavson på dette bruket, med ny skyld 1 dalar 1 ort 2 sk. Kjøpesum 1.200,- kr. og dessutan kår til foreldri og til syskini sine til dei fyller 15 år.


11. Knut Olavson Ø. Helland, f. 1865, g. 1889 m.

Anna Knutsdtr. Straume, bnr. 3, f. 1865.

Born fødde her:

  1. Inga f. 1891.
  2. Olav f. 1893.


1893: Knut Olavson for til Amerika med lyden sin, og både han og kona døydde der. Fyrr dei for, selde dei garden her til Knut Monsson Steinsland d. e. for 3.500,- kr.


12. Knut Monsson Steinsland, f. 1860, d. 1952, g. 1890 m.

Marta Hansdtr. Almelid, bnr. 5, f. 1865, d. 1914.

Om born sjå Steinsland bnr. 5.


1894: Hallvard Olavson Øvre Helland, bror til nr. 11, tek bruket att på odel, og får skøyte frå Knut Monsson for 4.000,- kr.


13. Hallvard Olavson Ø. Helland, f. 1872, g. 1895 m.

Marta Olavsdtr. Straume, bnr. 2, f. 1878.

Born:

  1. Brita f. 1896.
  2. Inga f. 1898.
  3. Olina f. 1900.


1903: Hallvard Olavson reiser til Amerika med lyden sin og sel garden til Olav Johannesson Nåmdal d. y. for 4.000,- kr. Både Hallvard og kona døydde i Amerika.


14. Olav Johannesson Ø. Helland, f. Nåmdal bnr. 2 1864, d. 1940, g. 1900 m.

Marta Hallvardsdtr. Ø. Helland, bnr. 4, f. 1864, d. 1931.

Born:

  1. Johannes f. 1903, næste bonde her.


1940: Skøyte frå Olav Johannesson til sonen Johannes Olavson.


15. Johannes Olavson Ø. Helland, bnr. f. 1903, g. 1923 m.

Marta Andersdtr. Heimdal, f. 1898, d. 1982.

Born:

  1. Solveig f. 19**, g. 1949 m. anleggsarb. Leif Skjold, d. 1964, busette Vikedal, 5 born.
  2. Margit f. 1924, ug., busett heime, d. 1984.
  3. Åsta f. 19**, g. 1951 m. anleggsarb. Harald Kleiveland, busett Kleiveland i Osterfjorden, 5 born.
  4. Alvhild f. 19**, ug., butikkgjenta, busett Bergen.
  5. Olga f. 19**, g. 1952 m. Trygve Knutson Ø. Helland bnr. 4, f. 19**, busett Ø. Helland.
  6. Halldis f. 1934, d. 1934.
  7. Bjarne Olav f. 19**, ug. maskinkøyrar.
  8. Jorunn Mary f. 19**, g. 1972 m. tekstilarb. Harald Takvam, busett Espeland, Haus, ikkje born.
  9. Ingrid Alfrida f. 19**, g. 1969 m. sjåfør Thorvald Leknes, busett Skånevik, 2 born.


Bruk 4. Nilsa-luten.

1655: Dette året er fyrste gongen me finn fri brukarar på Øvre Helland. I Lensrekneskapen heiter det då: «1. bygsel Eiluff Mogensen sted 18 mrk. smørs leye i Øffre Helleland gaff P. 3 dr.» Sidan er Eiluff førd brukar fram til 1668, og sat nok med bygsel på dette bruket til han døydde i 1684.


la. Eilev Mogensen, f. 1630, d. 1684, g. m.

Brita Andersdotter, f. 1632, d. 1712.

Born:

  1. Synneva, ug. 1712 i sk. etter mori.
  2. Anna f. 1657, d. 1714, g. 1691 m. Halvor Jakobson Flatekvål, sjå Flatekvål bnr. 4.
  3. Knut f. 1658, g. 1691 m. e. Agata Johannesdtr. Steinsland f. Vetlejord, busett Steinsland bnr. 2.
  4. Magdeli f. 1659, d. 1743, g. 1690 m. Lars Olavson N. Helland,sjå Nedre Helland bnr. 3.
  5. Knut f. 1668, d. 1693.
  6. Anders f. 1669, g. 1703 m. Marta Andersdtr. Almelid, sjå Almelid bnr. 5.
  7. Kari f. 1670, d. 1754, g. 1710 m. em. Ivar Johannesson Mo, sjå Mo bnr. 2.
  8. Mons g. 1716 m. Marta Ivarsdtr. Flatekvål bnr. 2. Hennar foreldre er: Ivar Nilsson Flatekvål og Kari Olsdtr. Kamulen.
  9. Simon f. 1677, busitjar her nr. 2.


1 b. Enkja Brita Andersdtr. sit med bruket her til ho døyr.


1715: Simon Eilevson er no førd i skattemanntalet, og i 1717 får han bygselbrev frå Wilhelm Hansen på 1/2 sp. sm. og 1/4 mæle malt, som svarar til 12 mrk. sm.


2. Simon Eilevson Ø. Helland, f. 1677, d. 1737, g. 1715 m.


Marta Andersdtr. Nåmdal, bnr. 1, f. 1690, d. 1763.


1721: Dette året fekk Simon bygsel frå Wilh. Hansen på bnr. 1 i Nåmdal. Han flytte dit og var busett der til han døydde. Sjå Nåmdal bnr. 1!


1723: Matrikkelen hev Olle Corperal på dette bruket, og han er førd i skattemanntalet frå 1721 til 1737. Denne Olle er Ole Larsson Ø. Helland bnr. 5.


3. Olav Larsson Ø. Helland, f. 1696, d. 1743, g. 1721 m.

Maria Johannesdtr. Nåmdal, f. 1701, d. 1743, frå bnr. 2.

Born:

  1. Brita f. 1722.
  2. Inga f. 1724, d. 1781, ug.
  3. Agata f. 1728, g. 1753 m. Nils Larsson Flatekvål, sjå Flatekvål bnr. 2-3.
  4. Johannes f. 1732.
  5. Lars f. 1735, d. 1766, visst ug.
  6. Magdeli f. 1738, d. 1789, visst ug.
  7. Ellev f. 1741.


1737: Bygselbrev frå foged Andreas Jesen til Olav Sjurson på 9 mrk. sm. 1 k. malt. Då Wilh. Hansen heldt auksjon på bygsli i 1739, får Olav tilslaget på 12 mrk. sm. Sidan finn me ikkje nye heimelsbrev på dette bruket fyrr i 1764, då Herman Jansen Fröchen sel gardane til brukarane.


4. Olav Sjurson Ø. Helland, f. Romarheim 1709, d. 1766, g. 1737 m. enkja

Ingeborg Ivarsdtr. Øvre Helland, f. Vetlejord bnr. 1 1696, d. 1761.

Dei hadde ikkje born. Ingeborg var fyrst gift 1735 (ell. 36) med Eilev Larsson på bnr. 5 her, f. 1696, d. 1737. Ho hadde ikkje born i det ekteskapet heller.


1764: Skøyte frå Herman Jansen Fröchen til Nils Nilsen på dette bruket, 9 mrk. sm. 3 k. malt, for 33 rd. Nils Nilsen er frå Bindingsbø i Evanger, og kona hans, Helga Larsdotter, er dotter til Lars Ivarson Vetlejord bnr. 1. Lars var bror til Ingeborg Ivarsdtr., kona til fyrre brukar her. Lars budde på bruk 11 på Dale i Bruvik, og tok namn etter garden, som vanleg var den tid.


5. Nils Nilsson Ø. Helland, f. Bindingbø 1722, g. 1752 m.

Helga Larsdtr. Dale, f. 1730, d. 1805.

Born:

  1. Nils f. 1753, næste bonde her.
  2. Guri f. 1755, g. 1795 m. Nils Knutson Flatekvål, sjå Flatekvål bnr. 4.
  3. Kari f. 1758.
  4. Ivar f. 1759.
  5. Lars f. 1759, g. 1788 m. Anna Olavsdtr. Flatekvål, sjå Flatekvål bnr. 6.
  6. Anna f. 1761.
  7. Ingeborg f. 1764.
  8. Knut f. 1767, d. 1798.
  9. Maria f. 1770, d. 1771.


1786: Skøyte frå Nils Nilsson til sonen Nils for 60 rd.


6. Nils Nilsson Ø. Helland, f. 1753, d. 1824, g. 1786 m.

Guro Nilsdtr. Lavik, bnr. 4, f. 1761, d. 1810.

Born:

  1. Nils f. 1787, næste bonde her.
  2. Marta f. 1791, d. 1809.
  3. Helga f. 1792, g. 1811 m. Olm. Olav Larsson Øvre Helland f. Almelid. Bonde på bruk 1 her.
  4. Olav f. 1794, g. 1815 m. Kari Larsdtr. Flatekvål bnr. 6.
  5. Ingeborg f. 1796, d. fyre 1810 (sk. etter mori).
  6. Knut f. og d. 1798.
  7. Knut f. 1799, d. 1886. Då er han kalla lægdelem.


1809: Skøyte frå Nils Nilsson til sonen Nils, som gjev vilkårsbrev til faren i 1810.


7. Nils Nilsson Øvre Helland, f. 1787, d. 1850, g.

1. 1810 m. Brita Larsdtr. Almelid, bnr. 1, f. 1782, d. 1826,

2. 1827 m. Marta Jakobsdtr. Nygard, bnr. 3, f. 1805 på Gullbrå.

Born:

  1. Guri f. og d. 1811.
  2. Guri f. 1812, d. fyre 1826 (sk. etter mori).
  3. Lars f. 1815, næste bonde her.
  4. Helga f. 1817, g. 1844 m. Lars Olavson Øvre Helland bnr. 1.
  5. Nils f. 1820, g. 1847 m. e. Kari Johannesdtr. Straume, sjå Straume bnr. 4.
  6. Lars f. 1823.
  7. Brita f. 1829, g. 1859 m. Helge Gulleikson Øvre Helland bnr. 5, bur der.
  8. Johannes f. 1830, g. 1864 m. Randi Andersdtr. Nygard bnr. 3, bustad, Prestteig i Sogn.
  9. Jakob f. 1832, g. 1865 m. Helga Hallvardsdtr. Øvre Helland bnr. 3. Bur Øvstedal i Evanger.
  10. Randi f. 1835. Hadde to døtre, Guri og Marta. Båe vart visst uppfostra hjå mor-mori her. Guri for til Amerika. Marta vart buande i Sogn og var ugift.
  11. Olav f. 1837. Sjå Fosse bnr. 1.
  12. Knut f. 1840. Flytte til Vik prg. i 1865.
  13. Eiliv f. 1843. For til Amerika i 1871.
  14. Olav f. 1844. For til Amerika og vart gift der m. Brita Larsdtr.
  15. Nils f. 1849. Til Amerika 1871.


1850: Skøyte på dette bruket frå Lars Nilsson til Hallvard Olavson Øvre Helland d. y. for 400 spd. Lars flytte no til Yksendalen med lyden sin. Me finn ikkje at Lars Nilsson fekk skøyte frå faren, og me må vel tru at han fekk bruket utl. i skiftet då faren døydde i 1850. Men Lars må ha brukt garden siste åri faren levde.


8. Lars Nilsson Øvre Helland, f. 1815, g. 1846 m.

Borghild Torbjørnsdtr. Yksendalen, bnr. -1, f. 1820.

Born medan dei budde på Øvre Helland:

  1. Nils f. 1846.
  2. Haldor f. 1848.


Her på bruket kom no Hallvard Olavson d.y. Han var son til Olav Hallvardson og Marta Eilevsdtr. på Furnes-plasset. (Sjå der).


9. Hallvard Olavson Ø. Helland, f. 1821, d. 1910, g. 1851 m.

Anna Knutsdtr. Farestveit, bnr. 1, f. 1828, d. 1892.

Born:

  1. Marta f. 1852.
  2. Knut f. 1855, næste bonde her.
  3. Olav f. 1857, g. 1889 m. e. Dordi Ivarsdtr. Straume, sjå Straume bnr. 4.
  4. Nils f. 1859, drog til USA.
  5. Brita f. 1861, d. 1939, ug., busett Ø. Helland.
  6. Marta f. 1864, g. 1900 m. Olav Johannesson Nåmdal d. y. bnr. 2, busett Ø. Helland bnr. 3.
  7. Agata f. 1866, g. 1887 m. Knut Olavson Nåmdal bnr. 2, busett Nedre Helland bnr. 5.
  8. Ivar f. 1870, g. til Forvo, Bordalen, Voss, busett der.


1884: Skøyte frå Hallvard Olavson til sonen Knut for 800 kr. og kår til foreldri.


10. Knut Hallvardson Ø. Helland, f. 1855, d. 1911, g. 1882 m.

Brita Knutsdtr. Farestveit, bnr. 8, f. 1859, d. 1920.

Born:

  1. Hallvard f. 1884, ug., budde på Voss.
  2. Knut f. 1885, næste bonde her.
  3. Jakob f. 1887, sjåfør hjå Rieber, d. 1956 i Bergen.
  4. Andreas f. 1890, d. 1893.
  5. Olav f. 1892, lagerarb. i Bergen, d. ug. der.
  6. Anna f. 1894, d. 1975, ug., busett Horvei, Evanger.
  7. Maria f. 1898, d. 1971, g. 1922 m. bonde Olav Olavson Heimdal f. 1882, busett Horvei.
  8. Augusta f. 1899, d. 1913.
  9. Kristina f. 1900, d. 1910.
  10. Klara Oliva f. 1904, d. 1917.


1901: Ved skylddeling 4/11 dette året vart bruk nr. 8 fråskilt bruk 4 og selt til Hosanger kommune for kr. 23. Stykket fekk namnet Sundarhaugen og skulle nyttast til tuft for skulehus og leikeplass. Skøytet vart utferda 31/5 1901 frå Knut Hallvardson til Hosanger kommune.


1912: Skøyte frå enkja Brita Knutsdtr. til sonen Knut for 2.055,- kr.


11. Knut Knutson Ø. Helland, f. 1885, d.1978, g. 1913 m.

Inga Olavsdtr. Nåmdal, bnr. 2, f. 1892, d. 1980.

Born:

  1. Åsmund f. 19**, ug., vegarb. i Hordaland vegstell.
  2. Knut f. 19**, bygningsm. g. 1943 m. Droplaug Sigurdsdotter, utfl. til Island. 2 born.
  3. Borghild f. 19**, g. 1958 m. bonde Harald Henne, busett i Strandvik.
  4. Gunnhild f. 19**, ug., busett i Åsane.
  5. Dagny f. 19**, g. 1945 m. Johannes Haldorson Almelid bnr. 1, busett Ø. Helland. 1 barn.
  6. Olaf f. 19**, g. m. Ingebjørg Horvei, bonde der. 4 born.
  7. Aslaug Oliva f. 19**, g. m. verkstadeigar Birger Haugland, Kleppestø. Askøy, bur der, 3 born.
  8. Trygve f. 19**, rutebilsjåfør, g. 1952 m. Olga Johannesdtr. Ø. Helland bnr. 3, busett Ø. Helland. 3 born.
  9. Gunnar f. 19**, næste bonde her.
  10. Øystein f. 19**, sjømann, g. 1967 m. Liv Skjerven, busett i Trondheim.
  11. Ingrid Kristina f. 19**, g. 1964 m. styrm. Ingvar Refstad, busett Kleppest., Askøy. 3 born.
  12. Maria Olaug f. 19**, g. 1963 m. kjøkkensjef Oddvar Oddekalv, bustad Vaksdal, 2 born.


1956: Skøyte frå Knut Knutson til sonen i.


12. Gunnar Knutson Ø. Helland, f. 19**, g. 1956 m.

Maria Knutsdtr. Liland, f. 19**, frå Nygard bnr. 4.

Born:

  1. Kjell f. 19**.
  2. Halldis f. 19**.
  3. Terje f. 19**.


Bruk 5. Gulleik-luten.

1694: Dette er fyrste året me finn fire brukarar på Øvre Helland. Både i 1691 og 1692 hev Futereknesk. berre 3, so det nye bruket må vera utskilt kring 1693. Den fyrste brukaren på dette fjorde bruket er enkja Ingeborg. Kven ho hev vore gift med, veit me ikkje, men det ligg nær å tru at mannen hennar må ha vore nr. 1 e frå bnr. 4, Knut Eilevson, og at dei hev fenge dette bruket utskilt då dei gifte seg. Me finn ikkje opplysningar som kan stadfesta dette, me veit berre at den fyrste som sat med bygsel på bruk 5, var enkja Ingeborg.


1. Enkja Ingeborg Øvre Helland.

1701: Manntalet fører Lars Olsen på dette bruket, og han må vera Lars Olsen Nedre Helland, som i 1690 vart gift med Magdeli Eiluffsdtr. Ø. Helland, nr. 1 d på bnr. 4.


2a. Lars Olavson Øvre Helland, f. N. Helland bnr. 3 1659, d. 1719, g. 1690 m.

Magdeli Eilevsdtr. Ø. Helland, bnr. 4, f. 1659, d. 1743.

Born:

  1. Olav f. 1691, brukar nr. 4 her.
  2. Eilev f., tvill. f. 1696, g. 1735 m. Ingeborg Ivarsdtr. Vetlejord bnr. 1. Sjå nr. 4 på bnr. 4 her!
  3. Olav, tvill. f. 1696, brukar nr. 3 på bnr. 4 her.
  4. Anna f. 1700, g. 1730 m. em. Anders Johannesson Nese, sjå Nese bnr. 3.
  5. Magdeli f. 1703, g. 1735 m. Anders Sjurson Straume, sjå Straume bnr. 1.


2 b. Enkja etter Lars er førd brukar i matrikkelen 1723, og ho sit truleg med bruket til 1726.


1726: Dette året er ført bygselbrev frå Wilh. Hansen til Johannes Olsen, og det må gjelda dette bruket.


3. Johannes Olavson Ø. Helland.


Me finn ikkje noko far etter denne brukaren på Ø. Helland. Det kan mest sjå ut som han er komen her ved eit mistak.


1733: No er enkja etter Lars Olavson, Magdeli Eilevsdotter, atter komi med då Wilh. Hansen auksjonerar bort bygsli på gardane sine.


1739: Ole Larsen får tilslaget på 12 mrk. sm. då Wilh. Hansen held auksjon på bygsli, og han må vera den eldste son til nr. 2 a her.


4. Olav Larsson Øvre Helland, f. 1691, d. 1743.

For denne brukaren vantar og opplysningar om giftarmål og born. Han sat vel med bruket til han døydde, og sidan det vantar bygselbrev for tidi 1740 - 1764, kan me ikkje vita visst kva år det kom ny brukar. Det synest likevel rimeleg at den Ole Knudsen som fekk kjøpa bruket i 1764, hev kome her og fenge bygsel då Olav Larsson fall frå. Ole Knudsen må vera son til Knut Johannesson som er nr. 3 på bnr. 1.


1764: Skøyte frå Herman Jansen Fröchen til Ole Knudsen på 9 mrk. sm. 3 k. malt for 33 rd.


5. Olav Knutson Øvre Helland, f. 1705, d. 1788, g. 1731 m.

Anna Halvorsdtr. Flatekvål, bnr. 4, f. 1705, d. 1785.

Born:

  1. Ivar f. 1731.
  2. Johannes f. 1734.
  3. Olav f. 1743.
  4. Namnlaus f. 1745.
  5. Maria f. 1747, g. 1778 m. Dave Olsen Skjervheim, Vossestrand, f. 1751, paktarfolk på prestegarden i Manger.


1768: Skøyte frå Olav Knutson til Gulleik Helgeson på 9 mrk. sm. 3 k. malt for 91 rd. Gulleik var frå Århus i Evanger, son til Helge Gulleikson Århus og kona Kari Tormodsdtr. 1 1744 fekk Gulleik og kona, Marta, bygsla 1 pd. sm. i Bergo i Evanger på livstid. Dei hadde mange born med dei budde på Bergo, Brukarar. Tri av dei vart buande i Modalen, og dei tek me med her.


6. Gulleik Helgeson Ø. Helland, f. Århus 1717, d. 1804, g. m.

Marta Jonsdtr. Ekse, f. 1718.


Born som vart buande i Modalen:

  1. Anna f. 1758, d. 1842, g. 1781 m. Knut Olavson Straume, sjå Straume bnr. 1.
  2. Kari g. 1782 m. Anders Olavson Straume, sjå Straume bnr. 1.
  3. Helge f. 1769, næste bonde her.


1784: Skøyte frå Gulleik Helgeson til sonen Helge for 60 rd.


7. Helge Gulleikson Ø. Helland, f. 1769, d. 1829, g.

1. 1788 m. Agata Nilsdtr. Lavik, bnr. 4, f. 1756, d. 1809,

2. 1811 m. Synneva Brynjelsdtr. Lavikhaugen, f. på Nese 1784.

Born:

  1. Marta f. 1789, g. 1817 m. Knut Johannesson Nese,sjå Nese bnr. 1.
  2. Marta f. 1791, g. 1814 m. Mons Monsson Steinsland,sjå Steinsland bnr. 3.
  3. Gulleik f. 1794, næste bonde her.
  4. Gjertrud f. 1795, g. 1817 m. Ivar Andersson Flatekvål bnr. 2-3, tenestkar i Lavik, seinare busette Tellevik, Hamre.
  5. Ragnhild f. 1798, d. 1800.
  6. Ragnhild f. 1801, g. 1833 m. em. Ivar Knutson Mo, sjå Mo bnr. 1.
  7. Brynjel f. 1812, d. 1892, g. 1834 m. Brita Johannesdtr. Lavikhaugen, plassfolk Almelid bnr. 6.
  8. Agata f. 1815, g. 1834 m. Brynjel Johannessen Lavikhaugen, busett der, kjøpte gard på Askøy i 1849 og fl. dit.
  9. Jakob f. 1818, g. 184g. 1848 m. Brita Jakobsdtr., Fjellanger, f. 1819, busett Haga, Voss.
  10. Nils f. 1822, g. 1843 m. g. 1843 m. Kristbjørg Jakobsdtr., Fjellanger, f. 1815. I 1845 er dei paktarfolk i Lavik.
  11. Knut f. 1825, g. 1863 m. Inga Mikkelsdtr. Lavikhaugen. Dei er bondefolk på Bergo bnr. 1.


1809: I skifte etter Agata Nilsdtr. får Helge Gulleikson utlagt halve bruket og borni resten. I 1812 får han skøyte frå borni på deira partar og sit då med heile bruket til 1830.


1811: 31/10 er tinglyst: «Odelsbestemmelse fra Helge Gulachsen om at hans avkom skal ha første ret til indløsning i tilfælde gården skulde blive solgt til andre, og når han afhænder bemeldte bruk til sin søn Gulach Helgesen, skal han ikkun betale 150 spd.».


1830: I skifte etter Helge Gulleikson får sonen Gulleik utlagt halve bruket for 50 rd. og gjev vilkårsbrev til stykmori Synneva Brynjelsdtr.


Då Gulleik vert enkjemann i 1846, får han i skifte 1847 etter kona, Ragnhild Ingebrigtsdotter, utlagt heile bruket, 9 mrk. sm. 3 k. malt.


8. Gulleik Helgeson Ø. Helland, f. 1794, d. 1881, g.

1. 1828 m. Ragnhild Ingebrigtsdtr. Bindingsbø, f. 1808, d. 1846,

2. 1847 m. Marta Olavsdtr. Ø. Helland, bnr. 1, f. 1811, d. 1877.

Born:

  1. Helge f. 1829, fekk bygsel på 1/3 av bruket her. Sjå husmenn og bygslemenn!
  2. Ingebrigt f. 1833, d. 1833.
  3. Ingebrigt f. 1835, næste bonde her.
  4. Kari f. 1836, g. 1854 m. Lars Eilevson Nåmdal bnr. 1, busett Valsvik i Sogn.
  5. Agata f. 1838, d. 1868. Drukna ved ulukka i Bolstadstraumen. Agata g. 25/6 1868 m. Johannes Knudsen Geilen f. 1846, frå Evanger.


1854: Skøyte frå Gulleik Helgeson til sonen Ingebrigt for 100 spd. og kår til faren, stykmori og broren Helge. Når Helge, som var odelsgut, ikkje fekk garden, var det fordi dei leit ikkje garden på han, sagdest det.

Same året som Ingebrigt fekk skøyte på bruket, bygsla han bort halvparten av det til systermannen, Lars Eilevson Nåmdal, som skulle gjeva 36 skilling i årleg jordavgift og greida halve kåret. I 1862 gav han og bygselbrev til broren Helge på ein tridjepart av bruket. Sjå meir om dette under bolken Husmenn og bygslemenn!


9. Ingebrigt GulleiksondØ. Heland, f. 1835, d. 1879, g. 1860 m.

Anna Ivarsdtr. Nedre Helland, bnr. 4 f. 1837, d. 1912.

Born:

  1. Gulleik f. 1860, d. 1915, ug.
  2. Dordei f. 1864, d. 1865.
  3. Ivar f. 1866, næste bonde her.
  4. Agata f. 1869, g. 1892 m. smed Haldor Brynjelson Nygard bnr. 2, busett Ø. Helland, Haldor attgift til Almelid bnr. 1.
  5. Johannes f. 1872, d. 1885, drukna i Herlongen.
  6. Andreas f. 1875, d. 1917, ug., vart krypling av gikt.


1889: Skøyte frå Ingebrigt Gulleiksen til sonen Ivar for 1.400,- kr. og kår til mori og til yngste broren til han fyller 16 år. Dessutan gjev han kårbrev til eldste broren Gulleik, som var sjukleg, til 5 års verd 200,- kr.


10. Ivar Ingebrigtson Ø. Helland, f. 1866, d. 1933, g. 1892 m.

Brita Olavsdtr. Otterstad, bnr. 1, f. 1871, d. 1941.

Born:

  1. Ingvald f. 1893, d. 1932, g. 1929 m. Inga Ivarsdtr. Straume bnr. 3, d. 1981, ikkje born. Dei brukte garden her nokre år utan skøyte.
  2. Olav f. 1895, d. 1909.
  3. Anna f. 1897, d. 1902.
  4. Johannes f. 1899, d. 1925, lærar, ug.
  5. Anna f. 1902, d. 1920.
  6. Astrid f. 1905, g. m. næste bonde her.
  7. Maria f. 1908, d. 1908.
  8. Olav, leiar for bilkontrollen i Bergen og Hordaland, g. 1948 Kari Eilevsdtr. Trohaug.
  9. Jakob f. 1915, d. 1927.


1939: Skøyte frå enkja Brita Olavsdtr. til dotteri Astrid Ivarsdtr. for 2.000,- og kår.


1. Åsmund Haldorson Almelid, bnr. 1, f. 1908, d. 1981, g. 1937 m.

Astrid Ivarsdtr. Ø. Helland, f. 1905. d. 1977.

Born:

  1. Borgny Målfrid f. 19**, g. 1959 m. handelsstyrar i Mo Handelslag, Rasmus Johannesson Lodden, Bømlo. Dei fl. frå Mo 1974. 4 born.
  2. Åsa Marit f. 19**, g. m. Ottar Johannesson Mo.
  3. Ingfrid f. 1942, d. 1943.


1974: Skøyte frå Astrid Ivarsdtr. til dotteri Borgny Målfrid og mannen Rasmus Lodden.


12. Rasmus Johannesson Lodden, f. 19**, g. 1956 m.

Borgny Målfrid Åsmunddtr, f. 19**.

Born:

  1. Johannes f. 19**.
  2. Rune f. 19**.
  3. Ånund f. 19**.
  4. Morten f. 19**.

Rasmus Lodden er handelstyrar på Stord og har eige hus der. Bruket er millombils pakta burt.


Husmenn og andre.

1821: 31/10 gjev Nils Nilsson på bnr. 4 festesetel til Mons Hallvardson frå bruk 3 på eit stykke utmark. Avgift var 1 arbeidsdag om våren og 1 om hausten. Festesetelen vart stroken ved dødsattest 16/6 1881.


Mons Hallvardson Ø. Helland, f. 1778, d. 1847, g. 1814 m.

Kari Knutsdtr. Flatekvål, bnr. 4, f. 1781, d. 1841.

Dei er barnlause. Då Mons døyr, er han kalla kårmann, men då Kari døyr, er ho kalla «inderst's kone».


Olav Hallvardson Ø. Helland bnr. 3 var plassmann i Furneset. Me finn ikkje kva tid han fekk festesetel på plasset, men han hev butt på Øvre Helland heile tidi etter han var gift. Han er kalla «jordbruger» og «gårdbruger» då han hev barn til dåpen i 1818 og 1820, men i 1828 «tjenestefolk» og i 1834 «kårfolk».


Olav Hallvardson Ø. Helland, f. 1782, d. 1836, g. 1816 m.

Marta Eilevsdtr. Nygard, bnr. 3, f. 1796, d. 1877, då kalla kårenkja.

Born:

  1. Brita f. 1816, d. 1817.
  2. Secilie f. 1818, må ha døytt barn.
  3. Ivar f. 1820, d. 1873, hadde ei dotter Brita, g. 1872 m. Johannes Johannesson Nåmdal bnr. 3, for til Amerika 1877.
  4. Hallvard f. 1821, kjøpte bnr. 4 her i 1850. Sjå nr. 9 bnr. 4.
  5. Brita f. 1823, g. 1852 m. Anders Monsson Steinsland, sjå Steinsland bnr. 1.
  6. Eilef f. 1828, d. 1830.
  7. Eilev f. 1831 eller 32. G. 1. m. Kari Olavsdtr. Budde på Soltveit i Nordhl. Flytte seinare til Dale, Vik i Sogn. 6 born. g. 2. m. Hansine Botolvsdtr. Brekke frå Lånefjorden. 2. born.
  8. Cecilie f. 1834. Sjå under Balaplasset her!


Om denne husmannen, Olav Hallvardson Øvre Helland d. y., er elles å fortelja: Olav vart utskriven soldat i 1808. Han vart såra i krigen, og gjekk med ei svensk blykula i lårbeinet so lenge han levde. Dotter hans, Brita, fortalde etter faren at han leid mykje vondt i krigen, og han var seinare ring til helsa. Då han døydde i 1836, vart det ført ved dødsmeldingi: «En meget fattig Husmand». Det var krigsinvalidane si påskyning den tidi.


1845: Enkja etter Olav, Marta Eilevsdotter, får festebrev for 9 år frå bøndene på garden «på markestykket Furreneset, før brugt av hendes avdøde mand Ole Halvorsen, tilligemed endel andre oppgitte stykker. I avgift betaler hun til deling 2 spd. årlig».


1854: Ingebrigt Gulleiksen gjev bygselbrev til verbroren Lars Eilevson Nåmdal bnr. 1 på halvparten av bnr. 5, skyld 3 ort 1 sk. Lars skal svara 36 sk. i jordavgift og halvparten av kårytingane på bruket. Me veit ikkje visst kor lenge Lars sat med bygsel her, men det synest rimeleg at han laut her i frå då Ingebrigt i 1862 gav bygsel til broren Helge på 1/3 av bruket sitt. Me finn ikkje Lars her i folketeljingi 1865. I 1870 kjøpte han eit bruk i Valsvik i Sogn og budde sidan der.


Lars Eilevson Nåmdal, f. 1831, g. 1854 m.

Kari Gulleiksdtr. Ø. Helland, bnr. 5, f. 1830

Born:

  1. Eilev f. 1854.
  2. Ragnhild f. 1857.
  3. Gulleik f. 1860.
  4. Anna.
  5. Inga.
  6. Andreas f. 1870.

Dei tri fyrste borni er fødde på Øvre Helland, dei tri siste etter at foreldri flytte til Vik i Sogn. Alle so nær som Ragnhild reiste til Amerika.


1862: Ingebrigt Gulleikson gjev bygselbrev på 1/3 av bruket sitt til broren Helge og kona hans på deira levetid.

Helge Gulleiksdtr. Ø. Helland f. 1829, d. 1911, g. 1859 m.

Brita Nilsdtr. Ø. Helland, bnr. 4 f. 1829, d. 1921.

Born:

  1. Ragnhild f. 1859, g. 1880 m. m. Olav Johannesson Ø. Helland, frå Balaplasset f. 1857.
  2. Nils f. 1864, d. 1865.
  3. Nils f. 1866, d. 1868, drukna i eit vatn.
  4. Marta f. 1869, g. m. Andreas Monsson Steinsland.


1854: 24/5 gjev Lars Olavson på bnr. 1 bygselbrev til broren Olav på 1 ort i bruket sitt på levetidi for Olav og «eventuell enke». Olav var ikkje gift då.


Olav Olavson Ø. Helland, f. 1817, d. 1902, g. 1865 m.

Anna Johannesdtr. N. Helland, bnr. 4, f. 1825, d. 1904.

Born:

  1. Olav f. 1866, d. 1866.
  2. Olav f. 1868, d. 1915, ug.


1862: Festebrev 8/11 frå dei fire bøndene på Øvre Helland til Johannes Simonson Nygard bnr. 1 på plasset Balane.


Johannes Simonson Nygard, f. 1829, g. 1856 m.

Secilie Olavsdtr. Ø. Helland, f. 1834, frå Furnesplasset.

Born:

  1. Olav f. 1857, g. 1880 m. Ragnhild Helgesdtr. Ø. Helland bnr. 5.
  2. Brita f. 1858.
  3. Simon f. 1860.
  4. Johannes f. 1862
  5. Lars f. 1864.
  6. Marta f. 1872.
  7. Brita f. 1874.


Denne Johannes Simonson, Balamannen som han gjerne vart kalla, var ein dugande handverkar. Han var murar, smed og trearbeidar. På Steinsland står der enno ei vevgogn som han hev laga.


Dei fleste av borni til Johannes og Secilia reiste til Amerika. Då dei gamle ikkje greidde å røkta plassen lenger, gjekk Balane attende til brukarane på Øvre Helland. Johannes og kona måtte på sine gamle dagar lida den same tunge lagnad som mange plassmannsfolk i eldre tider, dette å leva av stønad frå det offentlege i bygdi. Den eldste av sønene deira tek me med her:


Olav Johannesson Ø. Helland, f. 1857, g. 1880 m.

Ragnhild Helgesdtr. Øvre Helland, bnr. 5, f. 1859.

Born:

  1. Nils f. 1880, reiste til Amerika.
  2. Brita f. 1882.


Nils Hallvardson Øvre Helland, son til Hallvard Olavson og Marta Helgesdotter, f. 1895, d. 1972, g. m.

Anna Hansina Lilletvedt, f. 1898, d. 1971.

Born:

  1. Helge f. 19**, g. m. Inger Clausen f. 19**, busette Bergen. 3 born.
  2. Halldis f. 19**.


Solvang.

1961. Skøyte frå Modalen kommune til Knut Jonson Hugstad over lærarbustad og driftsbygning m. grunn som utgjer omlag 2 da. Parsellen fekk ved frådelinga navnet Balatun, og bnr.nr. 12.


Knut Jonson Hugnastad f. 1922, d. 1986, g. 1953 m.

Dagny Johannesdtr. Nåmdal,bnr.2, f. 19**.

Born:

  1. Svein f. 19**.
  2. Audhild f. 19**.
  3. Jon Tore f. 19**.
  4. Hallgeir f. 19**.
  5. Åse f. 1970 d. 1970.
  6. Jarle f. 19**.


Bruk 9. Lærargarden Solvang, Balane.

1923, skøyte frå oppsitjarane på Øvre Helland til Modalen kommune over eitt område på Balane, stort 20 da., kjøpesum kr. 1.450,-. Dette kjøpet femnar om det gamle Balaplasset som det vart gjeve festesetel på i 1862 til Johannes Simonson Nygard, og som gjekk attende til brukarane på Øvre Helland då han og kona ikkje lenger greidde å røkta plasset.


Utanom plasset er det med noko av (hamnegangen) på Balane. Modalen kommune førde opp bustad og driftsbygning og i 1924 flutte Karl Knutson Farestveit inn som lærar i Øvre Helland krins, og Steinsland krins. Karl Farestveit gjorde teneste i desse krinsane heilt fram til 1953 då han søkte seg til Aadal skule i Bamle.


Karl Farestveit, f. 1898, g. 1928 m.

Gunnhild Johannesdtr. Mostraum, bnr.nr. 2, f. 1903.

Born:

  1. Ingrid Bjørg f. 19**, g. 1953 i Bamle, 2 born.


I 1936 gav Inga Øvre Helland, bnr. 1 gratis tuft til bedehus i Sundarhagen. Huset vart bygt i 1937.


1965. Skøyte frå bnr.nr. 4, Gunnar Knutson Øvre Helland til elste broren Åsmund over ein parsell til bustadtomt. Parsellen ligg i Minneset og ved frådelinga fekk den bnr. nr. 14.


Åsmund Knutson Øvre Helland, f. 1913, ug.


I 1965 er det gjeve skøyte frå bnr.nr. 4, til Johannes Haldorsen Almelid yver ein parsell på Balane til bustadtomt. Ved frådelingi fekk parsellen namnet Liatun og bnr.nr. 15.


Johannes Haldorson Almelid,f. 1913,- g. 1945 m.

Dagny Knutsdotter Ø. Helland, f. 19**.

Born:

  1. Marit Irene f. 19**.


I 1980 er det gjeve skøyte frå gr.nr. 81, bnr.nr. 1 - Lars - Ola - luten - til Halgeir Olavson Neset på ein parsell til bustadtomt. Parsellen ligg på udyrka innmark i Eldbærhaugen - aust for hovedbruket - og fekk ved frådelinga bnr.nr. 25.


Halgeir Olavson Neset, f. i Stamnes 19** av foreldre Olav Hanson Neset og kona Margreta Johannesdtr. Iversen, f. 19**, g. 1974 m.

Evy Trygvedtr. Øvre Helland, f. 19**.


I 1965 er det gjeve skøyte frå bnr.nr. 4, til Trygve Knutson Øvre Helland over ein parsell på Balane til bustadtomt. Ved frådelingi fekk parsellen namnet Soltun og bnr.nr. 13.


Trygve Knutson Øvre Helland, f. 19**, g. 1952 m.

Olga Johannesdtr. Øvre Helland, f. 19**.

Born:

  1. Evy f. 19**, g. 1974 m. Halgeir Neset.
  2. Jon Kåre f. 19**, g. 1979 m. Bjørg Åstveit.
  3. Frode f. 19**.


Frå gr.nr. 81, bnr.nr. 3, 4 og 6 er det i 1977 gjeve skøyte til Jon Kåre Trygveson Øvre Helland yver ein parsell til bustadtomt. Parsellen ligg på Langhaugen, udyrka innmark, og fekk ved frådelinga bnr.nr. 28/29.


Jon Kåre Ø. Helland, f. 19**, g. 1979 m.

Bjørg Åstveit f. i Åsane 19**.

Born:

  1. Åshild f. 19**.
  2. Knut f. 19**.

Folketal.

1645. Kopskatten: 9 personar yver 15 år.

1667. Prestemanntalet: 8 mannspersonar.

1701. Manntal: 11 mannspers. yver 1 år og ei enkja med gard.

1711. Skoskatten: 17 i alt.

1801. Folketeljing: 38 i alt. Av desse er mann og kona med 2 born kalla «arbeidende lægdefolk», og 5 er tenestefolk.

1835. Folketeljing: 39 i alt, av deim 6 «fattige» og 13 tenarar. 1845. Folketeljing: 47 i alt, av deim 5 kårfolk og 4 tenarar.

1865. Folketeljing: 53 i alt, av deim 2 kårfolk og 2 tenarar, 1 skreddar og 2 skomakarar.

1875. Folketeljing: 56 i alt, av deim 5 kårfolk og 5 tenarar.


1900. Folketeljing.


Bruk 1: Olav Larson Øvre Helland med kona og 7 born. Anders Andersson Heimdal med kona og 4 born. Rasmus Bergeson Steinsland, rokkadreiar.


Bruk 2: Olav Olavson Øvre Helland med kona og 1 barn.


Bruk 3: Hallvard Olavson Øvre Helland med kona og 3 born. Kari Olavsdtr. Øvre Helland, tenestgjenta. Jakob Knutson Farestveit (skomakar) med kona og 1 barn. Olav Hallvardson, kårmann, med kona og son, Olav Olavson.


Bruk 4: Knut Hallvardson Øvre Helland med kona og 6 born. Hallvard Olavson, kårmann. Anna Knutsdtr. Farestveit, tenestgjenta. Jakob Olavson Farestveit, fattiglem.


Bruk 5: Ivar Ingebrigtson Øvre Helland med kona og 4 born. Maria Jakobsdtr. Almelid, tenestgjenta. Gulleik Ingebrigtson, tenestkar. Andreas Ingebrigtson, sjukleg. Anna Ivarsdotter, kårkona. Helge Gulleikson og Brita Nilsdtr., kårfolk. Nils Hallvardson, dotterson deira.
Olav Johannesson Nåmdal, gardbrukar. Anders Simonson Nygård, lærar. Marta Hallvardsdtr. Øvre Helland, tenestgjenta. Eli Olavsdtr. bur hjå mori. Anna Hallvardsdotter, kårgjenta.


Part av bruk 5: Haldor Brynjelson Nygård, smed. Agata Olavsdtr. Øvre Helland, hushjelp.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy