Øyene

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Gards og ættesoge for Øyene/Øye.


Gnr. 79 Øyene/Øye

Tidlegare gnr. 78 i Evanger kommune.

Høgd over havet er 450 meter.


Innhaldsliste

EIGARAR.

1647-1661 Børge Juel, dansk adelsmann, skipskommandør, gjennom arv overtok han m.a. Lungegården i Bergen (det gamle Nonneseter) i 1629. 18 mk. smør.
1662-1669 Apostelkyrkja i Bergen.
1686- Hans Larsson.
1691-1692 Hans Larssons arvingar.
1696-1698 Lars Schiving.

Bumerke:

Fil:Bumerke Peder Øyene.gif Peder Øyo 1713.


BRUKARAR

Bnr. 1.

GI. Matr. 84, nytt 87. Skatte- og landskyld 1 pd. smør. 1838: L.nr. 173, gl. skyld 12 mk. smør, omrekna til 4 ort 11 skill. 1886: Mk. 1.61. 1977: 1.52.


1624 fører skattemanntalet opp Berge som brukar, han er nemnd øydegardsmann.

1625 er Daniel brukar, i 1629 av 1/2 pd.


1630 fører garnisonsskatten opp Laurits som bukar av 1/2 pd. fram til 1634.


1645 er etter kopskatten Johannes Johanson brukar av 1 spann smør, og skatter for seg og kona Anna Etter krøterskatten 1657 er fødnaden 1 hest, 3 oksar, 8 kyr, 3 kviger, 12 geiter og 15 sauer. Enkja Anna er brukar i 1664, garden er nemnd halv øydegard, skylda er 18 mk. smør.


1680. Leiglendingsskatt og leding til Apostelgodset av 1 pd. smør landskyld.


1691-92 er det to brukarar, Nils og Brynjulv, kvar til 1/2 pd.


1695 er Peder Sæbjørnson vorten brukar og betalte: Leiglendingsskatt, proviantskatt, kjolepengar, fredtoll, odelsskatt og rosteneste med 1 mrk. 20 skilling.

1701 fører manntalet opp Peder Sæbjørnson som odelsbonde. 1711 betalte han skoskatt for seg og kona og 2 born.

Peder Sæbjørnson var frå Fosse, f. omkr. 1661, g. omkr. 1683, ein veit ikkje namnet på kona.

Han hadde desse borna:

  1. Anna, f. 1684, g. 1712 Knut Torgeirson Rørbakken, f. 1680, b. Fosse, bnr. 1.
  2. Marita, f. 1686, g. 1710 Nils Eirikson Brekke, f. 1664. Neste brukar.
  3. Maria, f. 1690, g. 1716 Ola Monsson Dalseid, f. 1695, b. Brekke, bnr. 1.

Peder er og brukar i 1714, og i 1718-21 i lag med Ola Monsson Brekke.


1721. Makeskifte mellom Ola Monsson (1 pd. smør i Øye) med Nils Eirikson Brekke (1 pd. i Brekke). 1 1723 er det berre Nils som er brukar. Matrikkelen 1723 seier «83 Øye udj Bers dahlen. Opsidderis Tal 1. Proprietair og Bøxelraadig = 18 mk Sm opsidderen self Eyer med Bøxel. Huusmands Pladser Ingen. Ingen Sætter har ringe brendeveed Skoug, og ey videre. 1 flomqværn. Ligger 2 1/4 mil fra Siøen lige med de forhend om melte field Jorder. Saar 3/4 td haufre aufler 1 1/2 td. føder 7 Kiør 3 ung nød 12 faar 1 hæst. Taxt efter gl. Matricul 1 pd Sm. Forhøyet 12 mk. Sm. Ligeledes som tilforn andført, og ligger 8 1/4 mil fra byen».

Nils Erikson, var f. 1664, d. 1760, g. 1710 Marita Pedersdtr., f. 1686, d. 1774.

Born:

  1. Lars, f. 1712, g. 1743 Kari Olsdtr. Stamnes, f. 1717, b. Stamnes.
  2. Ingeborg, f. 1714, g. 1742 Lars Jakobson Li, f. 1713, b. Li øvre, tun 1, bnr. 1.
  3. Eirik, f. 1715. Neste brukar.
  4. Knut, f. 1718, d. 1748.
  5. Ingeborg, f. 1720.
  6. Peder, f. 1724. Neste brukar.
  7. Sjur, f. 1727, g. 1756 Anna Jakobsdtr. Småbrekke, f. 1734. Sjå Småbrekke, bnr. 1 og husmenn Øye.
  8. Ola, f. 1730, g. 1770 Brita Rasmusdtr. Berstad, f. 1748, husmann Li øvre, tun 1.
  9. Marita, f. 1734, d. 1752.
  10. Knut, f. 1736, d. før 1760.


1750. Skøyte frå Nils Eirikson til sonen Eirik (på 1 pd. smør) for 47 rdl.

Eirik Nilsson, f. 1716, g. omkr. 1750 Marita Tomasdtr., f., d.

Born:

  1. Nils, f. 1760.


1753. Skøyte frå myndlingen Sjur Larsson Stamnes på adels og åsetesretten til garden til farbroren Eirik Nilsson Sædalen.


1754. Skøyte frå Eirik Nilsson og kona Marita (på 1 pd. smør landskyld) til Eirik sin yngre bror, Peder Nilsson, for 45 rdl.

Peder Nilsson, f. 1724, d. 1802, g. 1755 Marita Jakobsdtr. Småbrekke, f. 1718, d. 1793.

Born:

  1. Knut, f. 1756, d. 1761.
  2. Mons, f. 1757, bnr. 2.
  3. Knut, f. 1761.
  4. Ingeborg, f. 1760, d. 1760.
  5. Jakob, f. 1763, d. 1763.
  6. Jakob, f. 1766, g. 1792 Marta Larsdtr. Ø. Skjerven, f. 1764, b. Horvei 1798-1801.

Eirik Nilsson gifter seg oppakt 1773 med enkja Helga Knutsdtr. Bolstad, f. på Fjellanger, Eksingedalen. Peder bur på Horvei 1798. Ein manglar vidare opplysningar om dei.


1788. Skøyte frå Peder Nilsson på 12 mk. smør landskyld til sonen Jakob.

Jakob Pederson, f. 1766, g. 1792 Marta Larsdtr. Ø. Skjerven, f. 1764, d.

Born:

  1. Knut, f. 1793, g. 1818 Ragnhild Ingebrigtsdtr. Binningbø, f. 1795, bonde Horvei, men utv. med nokre av barna til Amerika 1854.
  2. Peder, f. 1795, g. 1823 Ingebjørg Gulleiksdtr. Meland, f. 1783, d. 1838, husmann på Horvei.
  3. Lars, f. 1798, g. 1833 enkja Kari Henriksdtr. Øye, f. 1796, bonde Øye.
  4. Barbrå, f. 1801, d. 1862.
  5. Ivar, f. 1804, g. 1833 Guri Nilsdtr. Horvei, f. 1793, b. Li men reiste til Hamre i 1828.
  6. Nils, f. 1808, g. 1837 ek. Gjertrud Ingebrigtsdtr. Lavik, f. 1793 på Binningbø, b. Lavik i Eksingedalen, ikkje born.

Av borna var a og b fødde på Øye, c-f på Horvei.


1796 makeskifter Jakob Pederson 12 mk. smør med Lars Filipson Horvei.

Lars Filipson, f. 1763, g. 1788 Magdeli Olsdtr. Brakestad, f. 1764.

Born:

  1. Synneva, f., f, 1789, d, 1868, g. 1832 em. Johannes Andersson Horvei, f. 1782, d. på Horvei 1871. Ikkje born.
  2. Fillip, f. 1791, d. 1792.
  3. Sigrid, f. 1793, d. 1794.
  4. Fillip, f. 1795. Neste brukar.
  5. Lars, f. 1797, g. 1831 Brita Jonsdtr. Rørbakken, f. 1811, b. Rørbakken. Evangerboka b. II.
  6. Sigfrid, f. 1800, sjå husmenn.


Lars Fillipson døyr 1801 og på skifte etter han vart bruket utlagt Sjur Nilsson Dyrkollbotn for gjeld 250 rdl.

1801 gifter Magdeli Olsdtr. seg oppatt med Ole Ivarson Bjørndalen, Voss, f. 1770.

Etter jordavgiftsboka 1802 var fødnaden 10 krøter og 12 sauer. Sådde 1 1/2 td. avla 5 td. korn "eller intet". Bruket verds. 133 rdl. 32 skill.


1803. Skøyte frå Sjur Dyrkollbotn til Ole Ivarson Bjørndalen for 250 rdl.

Born:

  1. Ingebjørg, f. 1803, g. 1842 Torkild Dagson Mæland, f. 1788, b. Mæland. Evangerboka b. I.
  2. Gjøri, f. 1807, g. 1834 KnuKnut Olson Ø. Rasdal, f. 1802, inderst/husmann i Rørbakken. Evangerboka b. II.

Ola døyr 1838, og Magdeli 1824.


1812. Skøyte frå Ola Ivarson til Fillip Larsson Øye. Seljaren og kona skulde ha kår på bruket.

Fillip Larsson, f. 1795, d. 1830, g. 1819 Kari Henriksdtr. Brekke f. 1796.

Born:

  1. Magli, f. 1819, g. m. Tørres Johannesson, Vaksdal, f. 1816. Husmann Vossabakken under Gjernes, Voss. Sjå Vossaboki , s. 202. Emigrete til USA 1868.
  2. Lars, f. 1822. Neste brukar.
  3. Anna, f. 1824, d. 1834.
  4. Henrikke, f. , 4 1/2 år i 1830 i skifte etter faren.
  5. Sigrid, f. 1828, d. 1830.
  6. Sigrid, f. 1830, g. i Chicago med Jakob Knutson To, f. 1824. Murar.

På skifte etter Fillip Larsson i 1831 vart bruket (12 mk. smør) verds. 310 spd.

1833 gifter Kari Henriksdtr. seg oppatt med Lars Jakobson Horvei, f. 1798.

Born:

  1. Fillip, f. 1836, g. 1859 Ingebjørg Monsdtr. Li, f. 1839. Utv. til Amerika og busette seg i Minnesota.
  2. Jakob, f. 1840, g. 1867 Brita Larsdtr. Trefall, f. 1839. Utv. til Amerika, i 1861, nybyggjar i Minnesota, krigsveteran.


1832 vart bruket selt på auksjon til Lars Larsson Rørbakken for 276 spd. 1833. Skøyte frå Lars Larsson Øye til Lars Filipson Øye for 300 spd., og han skal etter oppsett kårbrev svara mora og stykfaren kår, m.a. 2 td. korn, fø for dei 2 kyr og 4 sauer. Kårfolka skulde og ha ei ku som dei sjølv skulde finna for til i utmarka.

Lars Filipson, f. 1822, g. 1844 Maria Larsdtr. Solberg, f. 1821.

Born:

  1. Filip, f. 1845.


1845. Skøyte frå Lars Filipson til John Askildson Teiglandsli for 200 spd. Lars kjøper att eit bruk i Mala, Voss, og får der desse borna: Ingebjørg f. 1846, Lars, f. 1849 og Henrik, f. 1855. Sjå Mala, Vossaboki , s. 41.


John Askildson Teiglandsli på Hernes 1798, d. 1852, g. 1834 Brytteva Larsdtr. Luren f. 1810, d. i Amerika. Før John kom til Øye hadde han vore inderst på Luren, husmann på Brekkhuslii og paktar på Li.

Born:

  1. Anna, f. 1834.
  2. Ingerid, f. 1836, d. 1836.
  3. Askild, f. 1838. Utv. til Amerika 1865.
  4. Lars, f. 1840. Utv. til Amerika 1866 og gift der 1869 med Anna Christoffersdtr. frå Hardanger. Skomakar og farmar Highlandsville, Iowa.
  5. Torbjørn, f. 1842, Utv. til Amerika, og gift der med Guri Sjursdtr. frå Røros, b. Highlandsville, Iowa.
  6. Ingeborg, f. 1844, g. 1866 Sjur Larsson Bjørgo, f. 1845. Utv. til Amerika 1866. Farmar i Highlandsville.
  7. Haldor, f. 1847, g. i Oslo med Gina Olson. Utv. til Amerika. Murar og farmar i Iowa.
  8. Inger, f. 1850. Utv. til Amerika 1871, og tok mora, Brytteva Larsdtr. med seg. Inger d. 81 år gl. på Decorah gamleheim.


1855 vart bruket selt på auksjon til korporal Jens Steffenson Rivenes for 150 spd. Jens Rivenes sel 1856 til Lars Larsson Fosse for 296 spd.

Lars Fosse, f. 1814, g. 1853 Maria Helgesdtr. Århus, f. 1828.

Born:

  1. Gjertrud, f. 1854.
  2. Lars, f. 1856.

Huslyden utv. til Amerika 1858.


1858 sel Lars Larsson bruket til Bertil Bertilson Bærås for 300 spd. Bertil Bertilson var f. 1820 på Eide bnr. 2, Stamnes, g. 1849 Sigrid Johannesdtr. Eikefet, f. 1826 på Eikefet, Stamnes. Dei budde ei kort tid på Eide, men flytte så til Bærås i Lygra (Lindås). Sigrid, d. 1867.

Born:

  1. Brita, 1849 på Eide, g. 1895 em. Nils Johnson Trettenes, f. 1839, mylnearbeidar, Vaksdal. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne. Brita d. 1926 og Nils d. 1923. Ingen born.
  2. Johannes, f. 1850 i Lygra, g. 1878 ek. Torbjørg Arnesdtr. Solberg, f. 1839, bonde i Solberg/Solbjørg, bnr. 1.
  3. Jakob, f. 1853 i Lygra. Neste brukar.
  4. Bertil, f. 1856 i Lygra, d. 1897, g. 1887 m. Agata Brynjulvsdtr. Meland, f. 1857, d. 1923. snikkar, Bolstadøyri.
  5. Haldor, f. 1859 i Lygra, d. 1919, g. 1889 m. Guri Olavsdtr. Meland, f. 1859, d. 1963. inderst Øvstedal, Meland, Nakka og på Evanger i 1898.
  6. Gjertrud, f. 1862, d. 1947, g. 1892 m. Jakob Henrikson Mykkeltveit, f. 1863, d. 1940, kyrkjetenar, b. Evangerhaugen.
  7. Johannes, f. 1865, d. 1929, g. 1893 m. Kari Jakobsdtr. Horvei, f. 1866, d. 1906, skomakar, b. Bolstadøyri. Evangerboka b. I. Johannes g.2.g. 1909 m. Synneva J. Myster f. 1869, d. 1948. Sjå Myster bnr. 3.


På skifte etter Sigrid i 1867 vart bruket verds. 350 spd. og lausøyre til 176 spd. 48 skill.

Bertil Bertilson gifter seg opptitt 1869 med Maria Larsdtr. Stamneshagen, f. 1838 på Stamnes bnr. 11, d. 1908. Bertil d. 1907.

Born:

  1. Sigrid, f. 1869, tekstilarbeidar, b. Dale, d. 1956, ug.
  2. Marta, f. 1871, d. 1907.
  3. Sigrid, f. 1872, strykerske og selskapskokke på Dale, d. 1936, ug.
  4. Lars, f. 1874, d. 1963, g. 1895 m. Kari Bertine Sjursdtr. Hesjedal, Vaksdal, f. 1870, d. 1947. Arbeider ved Dale Fabrikker A/S, Dale. Sjå ættesoge for Dale.
  5. Oline, f. 1876, d. 1947, g. 1902 m. Kristian Magneson Tjelle, Odda, f. 1878, d. 1943.
  6. Knut, f. 1877, d. 1954, g.1.g. 1907 m. Karina H. Gjerde f. 1881, d. 1935. G.2.g. 1939 m. Ingeborg S. Hole f. 1885, d. 1965. Arbeider i vedlikehaldsavdelingen i Haugesund kommune.
  7. Simon, f. 1880, d. 1955. Utv. til Amerika 1904, gift m. Hulda f. 1887, d. 1972, 10 born.


Jordbruksbeskrivelsen 1863 seier om bruket at det er 3 1/2 mål åker, 17 mål god, 4 mål middels og 9 mål dårleg naturleg eng. Av utslåtter og fjellslåtter 466 våger høy. Det var ikkje jord skikka til oppdyrking. Sådde 1 td. korn og 2 1/2 td. poteter, avla 6 td. korn, 14 td. poteter og 832 våger høy. Fødnaden var 8 kyr, 2 ungfe, 16 sauer og 1 hest. God og tilstrekkeleg hamn. Skog til husbruk, men ikkje til sal. Ikkje forsurrogater. 1 mil vanskeleg veg til sjøen. Garden var tungbrukt, mindre enn vanleg godt dyrka. Kornet fraus ofte og vart sjeldan moge. For bortleige av hamn 1 1/2 spd. årleg.


I 1875 var fødnaden 6 kyr, 3 ungfe og 14 sauer. Sonen Johannes hadde 1 ku, 2 ungfe og 2 sauer, dotra Brita 2 ungfe og 2 sauer, sonen Bertil 1 ungfe og 1 sau, og Ingebjørg H. Fosse 1 ungfe og 1 sau.

Hesten på garden åtte Helge Bergeson Styve. Sådde 1/2 td. havre 3 1/2 td. poteter.


1884. Skøyte frå Bertil Bertilson til sonen Jakob for kr. 1.600 og kår. Jakob Bertilson, f. 1853, d. 1903, g. Maria Johannesdtr. Farestveit, Modalen, f. 1851 d. 1923.

Born:

  1. Inga, f. 1881, g. 1901 Oscar Sandvik, f. 1880, fabrikkarbeidar, Dale, flytte seinare til Odda.
  2. Berta Serina, f. 1883, d. ug.
  3. Marie, f. 1884, d. 1906.
  4. Johannes, f. 1886, d. ug.
  5. Brita, f. 1888, d. 1904.
  6. Johannes, f. 1890, d. 1894.
  7. Bertines, f. 1892, d. 1912,ug fabrikkarbeider på Dale Fabrikker.

Huslyden flytter etter 1892 til Bolstad og derfrå til Dale.


1892. Skøyte frå Jakob Bertilson til Peder Johannesson Rasdal for kr. 2.200.

Peder Johannesson, f. 1859, d. 1938, g. 1881 Ingeborg Helgesdtr. Fosse, f. 1850, d. 1936.

Born:

  1. Anna, f. 1882, g. 1905 Mons JohaMons Johan Olson Tepstad, Hamre, f. 1877, vegarbeidar.
  2. Johannes, f. 1883. Slått i hel av lyn i Iowa, Amerika, i 1906.
  3. Anna, f. 1885, g. 1911 Johannes Haldorson Hatlestad, f. 1885, b. Hatlestad, bnr. 1.
  4. Helge, f. 1887, d. 1887.
  5. Helge, f. 1888, d. 1888.
  6. Helene, f. 1890, d. 1935.
  7. Gulleik, f. 1891, brukar her.
  8. Peder Ingvald, f. 1893, d. 1979, g. 1935 Anna Jensine Larsen, Tromsøsund, f. 1900, montør, b. Øye.


1918. Skøyte frå Peder Johannesson til skipsreiar Vilhelm Torkildsen for kr. 15.000. Han overdrog bruket i 1919 til fru Ulla Torkildsen for kr. 10.000.


1923. Skøyte frå Ulla Torkildsen til Midttun Landmannslag utan vederlag, men med bruksrett for Peder Øye.


1925. Skøyte frå Ulla Torkildsen med samtykke frå Midttun Landmandslag til Gulleik Øye utan vederlag. Ei sportsbytta er undanteki frå salet. Hytta hadde fru Torkildsen gjeve til Bergen Krets av Norges Røde Kors til rekreasjonsstad for Røde Kors systrene.

Gulleik Pederson, f. 1891, d. 1987, g. 1945 m. Gunnhild Sjursdtr. Høysæter, Samnanger, f. 1905, d. 1972.

Born:

  1. Gisle Gardar, f. 19**. Neste eigar.

Gulleik Øye reiste 1910 til Amerika. Han kom med i krigen og skyttargravene i Frankrike 1918. I 1920 kom han heimatt. Hadde farsgarden til 1937 då han tok arbeid hjå B.K.K. som linjemontør til nådd aldersgrensa.

Gulleik Øye var medlem av Evanger heradstyre 1929-31.


1971. Skøyte til Gisle Gardar Øye på dette bruk og andel i bnr. 10 for kr. 4.000.

Gisle Gardar Gulleikson, f. 19**, g. 1976 m. Ruth Østvik, f. 19** i Samnanger. Busette i Dale. Båe er bankfunksjonærar, ho i Fana Sparebank, han i Bruvik Sparebank, Dale.


Jord, skog og driftsopplegg:

Jordbruksarealet er kupert og brattlendt fastmark. Dyrka jord: 12 dekar. Natureng, beite: 20 dekar, Jordbruksareal i alt: 32 dekar. Berre ein liten del av jordbruksarealet kan haustast med maskiner. På sørsida av elva har bruket omlag 25 dekar dyrkingsjord. Skogsarealet er omlag 200 dekar. 6 dekar er granskog. Bruket har ikkje vore drive sidan 1948. Det ligg no nytta som beitemark.


Bygningar:

Gamlestova var bygd ca. år 1700 og 1880, Driftsbygningen bygd 1904. Kårhus bygd 1875. Smidje bygd 1931.


Fjell og utmark:

Bruket tek inn hamnesau på sumarbeite. Sør for elva er det lagt ut eit område i felleseige med bnr. 2 til hyttefelt. Området er under planlegging.


Bnr. 2.

L.nr. 174. Gl. skyld 12 mk. smør. 1838: 4 ort 11 skill. Omrekna til 1 skylddalar, 0 ort 13 skill. 1886: Mk. 1.61. 1977: Mk. 1.52.


1781. Skøyte frå Peder Nilsson til sonen Mons Pederson.

Mons Pederson, f. 1757, g. 1 Marjo Helgesdtr. Brekke, f. 1757, d. 1811.

Born:

  1. Ingeborg, f. 1781, g. m. Abraham Abrahamson Hjellestad.
  2. Marita, f. 1784, d. etter heimedåp s.å.
  3. Peder, f. 1785. Neste brukar.
  4. Helge, f. 1787, d. før 1812.
  5. Marta, f. 1789.
  6. Ragnhild, f. 1791.
  7. Helge, f. 1794, flytte til Hamre 1822.
  8. Nils, f. 1796. Reiste til Hamre 1827.
  9. Kari, f. 1799, d. før 1812.
  10. Kari, f. 1802.

e. Marta har eit barn, Ole, f. 1818 med Ole Nilsson Stanghelle.

Etter jordavgiftsboka 1802 var fødnaden 10 krøter og 12 sauer. Sådde 1 1/2 td. og avla 5 td. korn "eller intet". Bruket verds. 133 rdl. 32 skill.


Mons Pederson gifter seg oppatt 1823 med enkja Gunnhild Brynjulvsdtr. Markusteig, f. 1757. Dei budde ei tid på Halsteinsberg i Voss, men reiste seinare til Nordhordland.


1805. Skøyte frå Mons Pederson til sonen Peder Monsson.

Peder Monsson, f. 1785, g.1 Brita Sjursdtr. Brekke, f. 1780, d. 1811.

Born:

  1. Marie, f. 1806. Reiste 1836 til Manger.
  2. Mons f. 1809, g. 1831 Anna SjurAnna Sjursdtr. Reistad, Samnanger f. 1805. Budde på Myking.

Peder Monsson gifter seg andre venda 1812 med Elisabet Nilsdtr. Kvitingen, Samnanger, d. 1856, 71 år gamal.

Born:

  1. Nils, f. 1813. Neste brukar.
  2. Brita, f. 1816, g. 1845 enkjemann Mons Olavson Skulstad, f. 1810, bonde Minne i Haus.
  3. Brita, f. 1818, d. 1819.
  4. Peder, f. 1819, g. 1850 Ingebjørg Jørgensdtr. Brekke, f. 1829, bonde Småbrekke, bnr. 1.
  5. Helge, f. 1821, d. 1824.
  6. ei gjenta, dødf. 1823.
  7. Brita, f. 1825, g. 1847 Anders Askjellson Lid, f. 1819, bonde Brekke,bnr.3.
  8. Elisabet, f. 1828, g. 1851 Lars Nilsson Hole, f. 1815, bonde Minne i Haus.
  9. Ragnhild, f. 1831, g. 1860 Samuel Samuelson Langeland, Samnanger, f. 1831, bonde Brekke, bnr. 2.

I skifte etter Peder Monsson 1869 er oppl. at dotra Marie er i Bergen, sonen Mons var død, etterl. seg 5 born.


1836 gjev Marie Pedersdtr. avkall på odelsretten sin til føremon for broren Nils Pederson, og i 1837 får han skøyte på bruket frå faren for 150 spd. og kår til foreldra.

Nils Pederson var f. 1813, g. 1843 Marta Johannesdtr. Helland, Voss, f. 1817, d. 1902. Nils d. 1908.

Born:

  1. Elisabet, f. 1847, d. 1929.
  2. Kari, f. 1847, d. 1847.
  3. Kari, f. 1851, d. 1851.
  4. Johannes, f. 1852, d. 1853.
  5. Johannes, f. 1854. Neste brukar.
  6. Marta, f. 1858, g. 1880 Mons Nilsson Stanghelle, Bruvik, f. 1860. Utv. til Amerika, farmar i Wisconsin.


Bertin Øye fortalde at då Nils Pederson hadde overteke bruket vart det så mange i kåret at det var snakk om at bestefaren, Mons Pederson, skulde «setjast ut» (- på legd). Då skulde ho Marta ha sagt: "Nai, her ska injen setjast ut, datta mao me prøva å greia, ja, me mao, å ska greia da, da vett no ei rao". Og råd vart det. Han gamle Mons slapp koma på legd. Ho skulde vera eit uvanleg snilt og godt menneskje, ho Marta.


Matr. 1863 seier at bruket er likt med l.nr. 173.

I 1875 var fødnaden 1 hest over og 1 hest under 3 år, 1 okse, 7 kyr, 1 ungfe og 19 sauer. Ingebjørg Helgesdtr. Fosselensmann Hovde og Brita Helgesdtr. Bolstad hadde kvar sin sau på bruket. Sådde 1 1/2 td. blandkorn, 3 td. poteter.


1884. Skøyte frå Nils Pederson til sonen Johannes for kr. 1.200 og kår. Johannes Nilsson, f. 1854, d. 1929, g. 1892 ek. Kari Helgesdtr. Øvstedal, f. 1848, d. 1929. Ikkje born.


1927. Skøyte frå Johannes Nilsson til styksdotteri Kari Pedersdtr. Øye, f. 1882, for kr. 2.000 og kår.

Kari P. Øye døydde ugift i oktober 1958, og eigedommen gjekk over til brørne hennar, Thomas Øye, f. 1884, d. 1971 og Helge Bertin Øye, f. 1886, d. 1968.


Helge Bertin Øye, g. I 1919 Amanda Jakobsdtr. Sanden, Solund, f. 1898, d. 1920.

Born:

  1. Per, f. 1919, d. 1991.

Helge Bertin Øye, g. II 1925 Magnhild Reistad, Samnanger, f. 1903, d. 1988.

Born:

  1. Kristi, f. 1925, ug.

Bertin Øye var landmålar hjå B.K.K.


1960. Skøyte frå Bertin Øye til sonen Per utan vederlag. Per B. Øye f. 1919, d. 1991, g. 1955 Inger Johanne Løndal, Volda, f. 1927, d. 1990.

Born:

  1. Bjarte-Arne, f. 1958.
  2. Aase-Magnhild, f. 1961.
  3. Kari-Ingunn, f. 1964.

Per Øye er apparatvakt i kraftstasjonen på Fosse i Bergsdalen. Han er utdana i maskinfag.


Thomas Øye, f. 1884, d. 1971, g. 1918 Brita Gulleiksdtr. Li, f. 1892, d. 1943.

Born:

  1. Kristina, f. 1919.


Thomas Øye var anleggsarbeidar og døydde i juli 1971, og heimelen til hans part av bruket vart overført til dotteri.


Kristina Thomasdotter, g. 1950 Åsmund Ananias Helgeson Fosse, f. 1910, d. 1992, smed. Busett Fosse.

Born:

  1. Brynhild, f. 1951.
  2. Helge Terje, f. 1953.
  3. Bjørg, f. 1958.


Jord, skog og driftsopplegg:

Jordbruksarealet er for storparten kupert og brattlendt bakkejord med einskilde myrparti. Dyrka jord: 6 dekar. Natureng: 21 dekar. Jordbruksareal i alt: 27 dekar. Den dyrka jorda kan. forhaustast. Utanom dette er det mest uråd å nytta maskiner på jordbruksarealet. På sørsida av elva har bruket omlag 25 dekar dyrkingsjord. Det er ny-dyrka 5,5 dekar. Skogsarealet er omlag 200 dekar. 13 dekar av dette er granplanting. Den dyrka jorda vert nytta som attåtjord for Fosse, gnr. 80, bnr. 2. Jordbruksareala elles vert no nytta som beitemark.


Bygningar:

Gamalt stovehus som er påbygd i 1892. Gamalt eldhus i mura gråstein.


Fjell og utmark:

Bruket tek inn hamnesau på sumarbeite. Sør for elva er det lagt ut eit område i felleseige med bnr. 2 til hyttefelt. Området er under planlegging.


Bnr. 3.

Vassrett, skyld mk. 0.08. Utsk. frå bnr. 1 i 1899.

1899. Skøyte frå Peder Johannesson Øye til brukseigar W. Konow for kr. 125.

Vidare som gnr. 70 bnr. 3. Bruket slått saman med gnr. 80 bnr. 3.


Bnr. 4 Vassrett.

Skyld mk. 0.08. Utsk. frå bnr. 2 1 1899.

1899. Skøyte frå Johannes Nilsson Øye til brukseigar Konow for kr. 125.

Vidare som gnr. 70 bnr. 3. Bruket slått saman med gnr. 80 bnr. 3.


Bnr. 5. Øyetangen.

Skulehustomt og leikeplass, sk.mk. 0.02. Utsk. frå bnr. 1-2 i 1903.

1903. Skøyte frå Peder Johannesson og Johannes Nilsson Øye til Evanger herad for kr. 125.


Bnr. 6. Solbu.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 2 i 1952.

1952. Skøyte til Emil W. Solberg, f. 1908, utan vederlag.


Bnr. 7. Øyestad.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1 i 1957.

1957. Skøyte til Birgit Flage, f. 1921, og Gunnhild og Ingebjørg Flage, f. 1922. Verds. kr. 500.


Bnr. 8. Fjellglytt.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1-2 1 1959.

1964. Skøyte til Ole Dankertsen, f. 1921, for kr. 571.25.


Bnr. 9. Fjellro.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1-2 i 1959.

1965. Skøyte til Berge Veka, f. 1925, for kr. 407.25.


Bnr. 10. Huldrehaug.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1-2 i 1959.

1974. Skøyte til Gisle Gardar Øye på bnr. 1 og del av bnr. 10 for kr. 4.000.


Bnr. 11. Stupet.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1 i 1962.

1962. Skøyte til Ingvald Øye, f. 1893, d. 1979, utan vederlag.


Bnr. 12. Grannatun.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1 i 1963.

1963. Skøyte til Midtun Landmandslag for kr. 7.000.


Tomt nr. 1 av gnr. 78 bnr. 1. Stølen.

1961. Feste frå Gulleik Øye til Sigrid Larsen, f. 1893, i 25 år mot årleg leiga kr. 50.

Skøyte frå Bergen Røde Kors til frk. Sigrid Larsen på hytta på tomta for kr. 2.500.

1970. Skøyte frå Sigrid Larsen til Rolf Jonassen på hytta med festerett utan vederlag.


HUSMENN OG HUSFOLK

Lars Christiansen N. Rasdal f. 1761, g. 1788 Guri Helgesdtr. Brekke f. 1765, var husmann på Øye 1790, på Lid 1795, på Rongen 1797, i Rasdalen 1799 og jordlaus husmann på Øye 1801. - Lars og Guri var tremenningar.

Born:

  1. Anna, f. 1790 d. 1791.
  2. Anna f. 1792 g.m. enkjemann Knut Larsson Horvei, f. 1765, b. Hjellestad.
  3. Helge, f. 1793 g.m. Kari Larsdtr. Horvei, f. , paktar Skibenes, seinare bonde på Fjell i Fjell.
  4. Ragnhild, f. 1797, d. 1798.
  5. Knut, f. 1799.
  6. Ragnhild, f. 1791, d. 1791.
  7. Ragnhild, f. 1801.
  8. Christian f. 1795, g.m. Marta Sagstad, f. 1822. Kjøpte ein part av garden Lille Milde.
  9. Marta
  10. Lars g.m. ei jenta frå Nordfjord.
  11. Ingeborg


Frå Øye flytte Lars Christiansen til Fjell som paktar på Snekkevik, deretter vart han paktar av Fana prestegard, og til slutt paktar på Milde.


Sjur Nilsson Øye, f. 1727, var husmann på Øye 1777 og 1780, Sjå Småbrekke, bnr. 1.


Husmenn.

Thomas Johannesson Herfindal, 25 år gl., nasjonal artillerist, g. 1823 Sigrid Larsdtr. Øye, f. 1800.

Born:

  1. Johannes, f. 29/9 1825.
  2. Magli f. 29/9 1825, g. 1853 Martinus Nilsson Alvøen f. 1828, fabrikkarbeidar, b. Alvøen.
  3. Lars, f. 30/1 1827.


Offentlege forretningar:

1848. Utskiftning mot Brekke.

1889. Kontrakt om veganlegget gjennom Bergsdalen.

1896. Do. med Konow om Hamlagrøvatn.

1896. Avtale om bruk av pengane for Bergsdalselva.

1897. Kontrakt om veganlegget gjennom dalen.

1975. Grensegangsforretning mellom Voss og eigedomane i Bergsdalsområdet.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy