Øyo

Frå Vaksdal Historielag

(Skilnad mellom versjonar)
Jump to: navigation, search
Noverande versjon (16:59, 21 januar 2011) (endre) (undo)
('''BRUK 1''')
 
(4 intermediate revisions not shown.)
Line 2: Line 2:
-
Gards og ættesoge for Øyo.
+
<font size="4">'''Gards og ættesoge for Øyo.'''</font>
 +
 
 +
 
 +
<center><font size="4">'''GNR. 48 ØYO'''</font></center>
 +
 
 +
 
 +
==INNLEIING==
 +
 
 +
 
 +
Ligg 1/2 km aust for Vikavatnet, om lag 2 km nord-nordaust for Vik, 2,3 km sør-søraust for Hesjedal (måla er i luftline). Ein sidedal, Øyadalen, går aust og nordaust-over opp til fjells til Gavatnet, som ligg 526 m.o.h. Om lag midt i dalen ligg Tresvatnet 242 m.o.h. Dalen fylgjer bratt ned mot ein vid botn. Her ligg innmarka på Øyo om lag 110 m.o.h.
 +
 
 +
I matrikkelen 1723 vert «Situation og Beleilighedh» skildra slik: «Ligger 1/2 Miil fra Søen, er Mislig till Korn, overgaas aarlig af Vandløp fra Fieldet og tungvunden.»
 +
 
 +
1863: «Betydeligt frostlændt samt utsat for Oversvømmelser.»
 +
Sjoarvegen har frå gamalt gått til Vikastoæ, der garden har båtstø og naust. 1723 vart det tinglyst ein bygselsetel til brukaren på bnr. 2 frå sokneprest Gerdt Gelmeyden på ein naust-grunn, som det skulle svarast 1 sk. årleg avgift for. 1922 vart det teke opp arbeid på køyreveg frå Vik til Øyo og Hesjedal. Brukarane hadde mange pliktdagar på denne vegen, som no er ferdig.
 +
 
 +
Gardsnamnet vart skrive Øiene 1626 og 1802, Øye 1638, 1648, 1774, Øyen 1802. Bygdemålsuttalen er ''øy'ane'', dativform ''øy'o''. Namnet er fleirtal, bunden form av hokjønnsordet øy, her bruka om flate strekningar ved ei elv. Den bundne forma synest å tyda på at garden har vorte teken opp i siste del av mellomalderen.
 +
 
 +
Øyo grensar til Vik, Hesjedal, Stamnes og Straume. Grensene vart skriftfeste ved minneleg utskifting 1832. Grensa mot Vik, sjå under Vik.
 +
 
 +
Grensa mot Hesjedal tek til i Bjørneskarrusta, der det er hogge kross i eit berg, og går mot nordaust opp til Snaunova, der det også er ein kross. Vidare til Bratterusta, Sæternova til ein kross i ein bergnakke søranfor Flatdalen. Her bøyer grensa mot aust til Flatdalsrusta, fylgjer denne og held vidare fram i same retning til ein stor stein nørdst på Mjelkeskorva. Sidan går grensa i same retning over Hesjedalsvatnet, opp til den høgste bergnabben på Geitefjellet. Her endar grensa mot Hesjedal.
 +
 
 +
Om grensa mot Stamnes, sjå Stamnes. Grensa mot Straume tek til i ei skrede ved Gavatnet nordanfor Rennet, og går mot sør etter kanten av Storefjellet til ein bekk som renn ned frå Storefjellet på Illebrunæ. Frå denne bekken går grensa mot vest til nørdste enden av Brattofjellet der det er hogge kross i eit berg. Frå Brattofjellet i same retning til kross i ein bergnakke Sør for Geitehaugen og vidare til Illebrurusta der det også er kross. Her går grensa mot sørvest nedetter Illebrurusta til Storgjelleitet der ho dreier mot vest ut etter eit stupbratt fjell kalla Røyreberget. Ved foten av dette berget på ein stad kalla Røyren er hogge kross, og herifrå går grensa til Skartjørna der grensa mot Vik tek til.
 +
 
 +
Det er ikkje gjort registrerte fornfunn på garden. Forma på gardsnamnet, og eigartilhøva (sjå nedanfor) synest å tyda på at garden har vore teken opp i mellomalderen. Det eldste skriftlege vitnemålet er frå 1620. Brukaren Knut er då plasert mellom husmenn, øydejordsmenn og drenger i lensrekneskapen. Dette skulle tyda på at garden har vore nedlagd under