Alexander Grieg-hytta, av Eilif Andersen

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Alexander Grieg hytta
Av Eilif Andersen


I fyrstninga av 1960 åra vart det av ein oppnemnd komite arbeidd med planar for vidare hyttebygging og oppretting av varderuter i fjellet. Bergsdalen vart utpeikt som eit interessant område. Nemnda drøfta mellom anna om det let seg gjera å byggja ei hytta som kunne høva for kortare eller lengre familieopphald, og for gruppeturar. Det var vanskeleg å ta endeleg avgjerd om tomtestaden. Sume ynskte at hytta skulle liggja langt frå bilveg, andre ville ha ein stad nær vegen. Fleire tomtesteder øvst i Bergsdalen vart vurdert. Resultatet vart ein avtale om tomt ved Grønestad på nordsida av Hamlagrøosen.

Det vart sett fortgang i byggjeplanane etter at Bergen Turlag mottok melding i brev av I7.03.64 frå skipsmeklar Alexander Birger Grieg og Johanne Grieg's dødsbu om ei testamentarisk gåva, underteikna den 13.10.49, med sum kr. 150.000,- for bygging av ei turisthytta. Ein byggjekomite utarbeidde no detaljplanar - og det vart på ny leita etter høveleg tomt. På møte i Bergen Turlag's Styre og Råd den 28.03.68 vart det vedteke å kjøpa ei 4 måls tomt av Nils Kyrkjeteig. Den tidlegare uttekne tomta på Grønestad vart utløyst.

Arkitekt Aage Blich, som var Rådsmedlem i Bergen Turlag, gjorde teikningar til ei hytta plassert nær Hålebergstølen. Tomta har fått bnr. 18 under gnr. 70. Mykje dugnadsarbeid var frå fyrste stund ein føresetnad for at dei vedtekne planane skulle realiserast.

Arbeidet med utgraving av tomt kom igang våren 1968 - dette arbeidet vart gjort på dugnad. Folk frå bygningsavdelinga ved Dale Fabrikkar støypte grunnmuren. Grunnnarbeida var store. Mykje slit var det òg med all transport og plassering av steinmassane inn til grunnmur. Alt ein trong av fyllmassar vart køyrd frå B.K.K's steinfylling på Berge. Asbjørn Berge stod for denne transport, og det var mange lass som måtte til. Fyrst vart steinmassane tippa ved riksvegen, deretter transportert på anleggsheis ca. 200 meter opp til hytta. Anleggsheisen vart òg nytta til transport av materialer og anna. Under dugnadsperioden før hytta vart reist, vart folka hyste hjå Nils Kyrkjeteig, som velviljug stelte husrom til disposisjon.

Arbeidsteikningane hadde som føresetnad at hytta skulle ha solid og handverksmessig kvalitet. Det vart mellom anna difor valt utsøkte furematerialar til all innvendes paneling. Alt målar- og lakkarbeid vart gjort på dugnad. Arbeid som ikkje var på dugnad, vart sett ut på tilbod, og byggmeister Fjelltvedt frå Bergen stod for tømmerarbeidet. Styremedlem i Bergen Turlag, Ole Færevåg, var formann i byggjekomiteen.

Under byggjeperioden var det stor innsats av mange. For laget var det eit drygt lyft som skulle realiserast. Det var difor stor glede den I8. april 1970, då hytta vart offisielt vigsla under leiing av formannen i styret, Håkon. Bertelsen. Sundag 19. april var det vitjingar, og alle som hadde synt interesse med bygging av hytta var samla. Mellom gjestene var F. W. Grieg, kona hans og sonen deira. F. W. Grieg var son til testamentator.

Det var ei minnerik og på mange måtar verdfull samkoma. Samkjensla mellom by og bygd var styrkt. Meir enn ein generasjon hadde gått sidan Høgabu vart vigsla. Både den gongen og i 1970 vart det uttrykt stor takk til den velvilje som var synt frå bøndene i Bergsdalen. Det var stor tilstrøyming om sundagen av interesserte som ville sjå "Flaggskipet". Det vart servert rjomegraut - det var høgtid og ekte Bergsdals -stemning over dagen.

Ei særs fin hytta stod med dette open for med lemer og alle frilufts-interesserte som ville søkja opp til eit variert og vakkert terreng. Det offisielle namnet vart Alexander Grieg hytta. Byggjesummen vart omlag kr. 350.000,-. I tillegg kjem dugnadsarbeidet og andre ytingar, mellom anna særs gunstige innkjøp. Det vart oppteke byggjelån på kr. 120.000,-. Finansieringa elles vart til ved midlar frå statlege fond, tilskot frå kommunar, firma og ved pengeinnsamling frå medlemene.

Seinare er det laga parkeringsplass for omlag 10 bilar, og frå denne er det bygd ein Vossavinsj vareheis på 250 meter opp til hytta. Kostnaden med dette, omlag kr. 20.000,-, vart finasiert ved brussal på hytta. 1 1977 vart det i samarbeid med hyttebyggjarane pst Hålebergstølen laga ein ny og større parkeringsplass.

Alexander Grieg hytta har ein grunnflata på 190 m2. I kjellarhøgda er det ei 45 m2 kjellarstova, høveleg mellom anna til undervisningsrom. 1 kjellarplanet finst òg skistall, tørkerom, verktybu, matrom og moderne toalett og dusjanlegg.


Bilete s. 510 Alexander Grieg hytta. Dugnadsgjengen på kvisting til Bolstadøyri.


Hovudinngang er i fyrste høgda. Her er fem soverom, peisestova på 34 m2, og matsal for 35 gjester. Her finst og eit velustyrt kjøkken. I andre høgda er fire soverom og hems til lagerplass. Hytta er elektrisk oppvarma, men det er og høve til oppvarming med ved og olja.


Alexander Grieg hytta vart fort populær, og årleg kan ein notera meir enn 2.000 gjestedøger. Gjestene steller seg sjølve, og det er vaktordning på hytta. Det vert og arrangert leirskule for skuleborn, og i denne samanheng har Solveig Lid frå Fosse vore husmor.


Det er varda og T-merkte ruter frå hytta om Lonaselet til Rasdalen og Bolstadøyri. Om vinteren er denne strekkja kvista, sameleis er Hamlagrø gjennom Fugladalen til Byrkjeste på Kvamskogen kvista.

Bergen Turlag har med desse to hyttene, Høgabu og Alexander Grieg hytta i Bergsdalen, og dei mange varderutene gjort det mogeleg for alle friluftsinteresserte å ferdast i eit fjellområde for store og små. Dei ansvarlege i Bergen Turlag har alltid kjent seg velkomne i Bergsdalen. Bergsdølene har gjennom alle år synt forståing og velvilje for Bergen Turlag.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy