Almelid

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Modalsboka band I


Gards og ættesoge for Almelid.



Gnr. 79 Almelid


Innhaldsliste

Innleiing

Garden ligg 7,5 km frå sjøen og 81 m yver havet. Næraste grannegardane er Farestveit, som ligg litt lenger oppe i dalen, og Nedre Helland som ligg nedanfor Hellandsfossen. Frå Almelid er det ikkje utsyn til nokon av grannegardane.

Går ein oppetter dalen, kjem ein fyrst til Almelidneset som hev fleire bruksnummer. Denne garden hev vorte fråskild hovudbruket. Straks ovanfor Almelidneset vender dalføret brått mot aust, og nett i denne kroken, på nordvestsida åt elvi, ligg det gamle hovudbruket Almelid. Elvi, som her kjem fossande fram frå Rekio, stoggar litt nedfor heimebøen og lagar ein stor hyl, fyrr ho tek fart att og hastar vidare nedetter dalen. Garden ligg liksom i ein botn, og er truleg friteken for all nordavind. Noko av heimebøen er flatlendt, men elles strekkjer den dyrka marki seg skrånande oppetter mot den bratte skogkledde lidi

Namnet på garden hev vore skrive på ymse måtar fram gjenom tidi. Dei eldste skriveformene finn me i Bjorgyngjar kalfskinn 60 A, der det heiter Almlj. I gamal skriveform vart ofte bruka j istaden for i. Elles nemner 0. Rygh i Norske gardsnamn fylgjande former: 1610: Almliid, 1667: Almlie, og 1728: Almelie. I kyrkjebøkene frå 1677 og frametter til kring 1750 heiter det for det meste Allien. Grunnen til dette kan vera at foreldri som bar borni sine fram til skirsling i kyrkja, hev gjeve opp gardsnamnet Allien, og so hev presten skrive det soleis i kyrkjeboki. I jordebøker og rekneskapar hev det vore skrive Almli eller Almlie, og i matrkl. 1721 heiter det Almly med tyddel yver y-en. Etter 1800 hev det vorte meir ålment med skriveformi Almelid. Namnet kjem vel av at det veks alm i lidi ovanfor garden. Ikkje langt ifrå finst og stadnamnet Almeberget. I talemålet vert skriveformi Almelid sjeldan nytta. Millom bygdefolket vert garden alltid kalla Adliæ, og rett ofte kan ein høyra den gamle dativformi: i Adliene.

I Modalen grensar garden til Mo, Nedre Helland og Farestveit. I Eksingedalen grensar han til Nese, Vetlejord og Høvik.

Merkeskilet millom Almelid og Nedre Helland tek til i Verkane, der det er hogge X i berget på øvre sida av vegen. Grensa går so i mot nord til Storfjellsnovi. Der er det hogge olbogemerke i berget. Den strekningen er 1/4 mil lang, heiter det. Der ifrå går lina mot nordaust til Kvitefjellsnovi. Der er sett ein merkestein oppå ein større stein, og der sluttar grensa millom Nedre Helland og Almelid, og grensa mot Farestveit tek til. Ho går til berget i Tortnakrå-nakken og so til Langetonakken, svingar mot sør-aust og aust til merkeskross i Grøn-nakken, til kross i Heirinden og so til Kammen, der det er kross i ein stein. Derifrå går grensa ned lidi til kross i Tinnsvåi. Grensa fylgjer elvi til Helleneset der grensemerket mot Farestveit tek til på den andre sida ved Midtfossen. So går grensa yver Skorvtonakken, Daurmålshøgdi, Glypsenovi, Dalasteinen og til Øykjafjellsnovi. Her byrjar grensa mot gardane Nese, Vetlejord og Høvik. Fyrst går ho mot vest til Joskaret, fylgjer so fjellrekkja til Høgefjellsnovi og held fram til Tjønneberget. Her byrjar grensa mot garden Mo. Ho går i nordleg leid til Almeliddalen, Åshamaren og ned til Modalselvi ved Hellandsfossen.

Fyrste gongen me høyrer om garden Almelid i skriftlege kjeldor, er i Bjorgyngjar kalfskinn 60 A. Der er det nemnt om den utreidsla garden hadde til kyrkjestaden Krossen i Moir og til presten. Der heiter det: «Almlj svarer Månada matabol». Etter seinare jordmæling skulle det svara til 1 Laup smør. Det er då prova at garden hev vore rudd og busett i millomalderen. So høyrer ein ikkje meir om han fyrr i kyrkjereknesk. 1590/91. Der heiter det: «Sogneprestens Aarlige rente och indkomst i Hammer Sogn af Almlj 1 spand smør, 2 vaager Næver».

Tunskipnaden på garden hev ikkje vore so samantrengd som vanleg var i eldre tider. Grunnen til det er truleg skredefåren som ofte hev vore til stor ulempe for heimebøen. Difor hev kvart tun vorte lagt til den staden der det var tryggast å bu. Ei gamal soga fortel at fjøsbygningen med buskap ein gong vart riven bort og førd på elvi. Det er ikkje utruleg at folket hev vorte skræmde av skredefåren og flytta frå garden ei tid, for landskyldi var svært låg på 1600-talet. I Landkommisjonen for Bergenhus Lagdøme 1661 heiter det: «Almlie Hammer Prestebols Gods - Smør 1 spand, Næfer 3 vaager - 3 ort. Brænde til Husbehof. Almlie ligger under Farestvedt». Dette er einaste gongen ein finn nemnt at Almelid låg under garden Farestveit. I ei gamal segn heiter det at Farestveit ein gong i tidi brukte Almelid til kalvehage. Dette kan ikkje provast, men det er likevel ikkje utruleg. Den nedlagde garden Sollid, som låg på same sida av elvi og til merkes med Almelid, vart og lagd under Farestveit.

I 1880 kom det eit ofseleg regnver som førde til at Djupeskavlgjeli vart oppdemd med grus og sand, men vatnet braut seg veg, og tok med seg jord og stein frå Blombrekka og laga ei stor skreda som breidde seg nedyver Leitebøen. Det er sagt at skredefåren i Almelid skulle vera årsak til at bonden Jakob Hansson selde noko av bruket i Almelid til broren Nils, og sjølv flytta ned til Almelidneset og bygde hus og rudde gard på den gamle husmannsplassen, som fyrr hadde vore bygsla bort under hovudbruket i Almelid.

For å koma fram til garden, må ein yver elvi. I gamal tid var der ei skral gangbru ovanfor hylen, men ferdsla yver elvi gjekk for det meste med båt. Ved hylen hadde kvar bonde sin båt, og kvar si nausttuft. Kring 1860 vart den fyrste køyrebrui yver elvi bygd, nedanfor hylen der brui no står. Bygdefolket hjelpte til med bruarbeidet, men brukari var for låge og måtte byggjast høgare. Brui var heller skral til køyrebru, og det hende ulukkor der. Ein mann vart skubba utfor og miste livet. Kring 1920 møttest bøndene i Almelid og Almelidneset for å dryfta spursmålet om ny bru. Dei vart samde om å yta pliktdagar til arbeidet, og dei vart og samde om å søkja om tilskot til ny bru. Bøndene i Almelidneset måtte sjølvsagt og vera med både på bygging og vedlikehald, for vårhagen deira låg på andre sida av elvi. I 1922 kom arbeidet i gang, etter at Almelidfolket hadde bunde seg til mange pliktdagar for året. Fylket løyvde 1/5 av kostnaden, og kommunen resten. Det var yveringeniøren ved fylkesvegkontoret som leidde arbeidet med å setja opp den nye brui.

Jordsmonet på garden er forvitringsjord, morenejord, skredejord og litt myrjord. I skyldleggingi 1863 heiter det: «Fradrag for skinlendt 2 spd.». Det skulle tyda på at der er er grunnlendt sume stader.

I fyrste tidi etter at garden vart teken opp att etter den store manna-dauden, var heimebøen truleg oppdelt i mange små teigar. Men i 1833 vart det halde «Utskiftning i Mindelighet» som det heitte, og alle grensemerke rundt garden vart ettersedde. Bøndene frå grannegardane vart tilsagde å møta fram, saman med utskiftningskommisæren og dei oppnemnde skjønsmenn. Samstundes vart det og halde utskifting på bøteigane. Kor mange teigar det var på kvart bruk fyrr denne utskiftingi, og kvar dei ymse bruk hadde sine teigar, vil det føra for langt å koma inn på her. Dei som vil vita meir om dette, vil finna det i utskiftingsdokumenti av 18. april 1833. Seinare hev grannane og slege saman teigar, soleis at bnr. 1 hev 3 teigar på heimebøen, Leitet medrekna, og bnr. 5 hev sin bø i 2 teigar.

Heimebøen i Almelidneset låg fyrr under hovudbruket Almelid. Då Jakob Hansson i 1882 selde sin lut av hovudbruket i Almelid og flytte til plasset i Neset, vart det ny teigskipnad der òg. Han bytte til seg teigar frå grannane og la til sine, soleis at der no er to teigar på kvart bruk i Almelidneset. Sjå her under brukarar!

Det var mange utslåttor på garden. Dei var delte i teigar millom eigarane. Etter oppgåva frå Sivert Almelid var det 13 utslåttor på bruk 1, truleg med løda i kvar slåtta, 5 slåttor høyrde til bruk 2 og 6, 10 slåttor til bruk 3 og 4, og 9 til bruk 5. Elles var der fleire mindre utslåttor, og frå sume av desse bar dei høyet heim om sumaren. Frå markalødone vart høyet teke heim på vinterføre. Det var lang og tung veg mange stader, og ofte måtte dei dra det på kjelke, eller laga sloar fyrr dei fekk det fram til køyrande veg.

Det er mest berre lauvskog som veks på garden, og bøndene hev år om anna selt både famneved, bork og never. Skogteigane låg om ein annan delte millom eigarane på same måten som slåtteteigane. Fyrr i tidi var det vanleg å fløyta strongane ned etter elvi. Kvar gard hadde sine fastsette dagar til dette arbeidet. Ved sjøen vart strongane saga og kløyvde til famneved. Til heimved nytta dei helst older. Selja og raun skulde vera til hesjaved og skav. Almeskogen var endå meir verdfull, for i armods tider vart almeborken nytta til folkemat.

Heimehagen låg tett utanfor bøgarden, og der beitte kyrne 14 dagar vår og haust. Den andre hamnehagen var i Dalen. Dit var det ein halv times gonga, og der gjekk beisti i to vekor om våren etter at dei hadde snauete heimehagen, og to vekor om hausten fyrr dei kom i heimehagen att. I Dalen var det ikkje stølshus, men namnet Sæterhagen skulle tyda på at der hev vore støl fyrr i tidi. Kring 1. juli var det vanleg å buføra på fjellstølen, Adlistølen. Der var det stølsdrift på gamal vis. Kvar bonde hadde sitt sel med plass til yvernatting for budeia. I eldre tider måtte budeione gå heim 5 dagar i veka, men i seinare tid gjekk dei heim berre annankvar dag. Fleire av utslåttone låg mykje i same traktene som fjellstølen, og i slåttonni måtte budeione vera med i slåtten.

Fjellstølen vart nedlagd i 1950-åri.


Eigarar.

1647. «Hammer presteb. eier og bygger». Dette varde ved so lenge Modalen høyrde til Hamre prestegjeld. I 1750 vart Hosanger skilt ut frå Hamre og vart eige prg. og dei gardane i bygdi som høyrde kyrkja til, vart då lagde til Hosanger presteb., soleis Almelid g.

1830 fekk bygslemennene kjøpa bruki sine, og det vart utferda kongelege skøyte, mot ei årleg jordavgift på 6 skjeppor og 2 fjerdingkar bygg på kvart bruk. Denne avgifti vart avlesi i 1838 for bnr. 2-5 og i 1858 for bnr. 1. Frå 1830 hev Almelid vore sjølveigarbruk.


Matriklar, skyld og utreidslor.

Den tid skyldi var rekna i smør, hadde Almelid gnr. 88. Då smørskyldi vart omgjord til pengeskyld i 1838, vart gnr. brigda til 54/88, og dei to bruki fekk løpenr. 41 og 42. I 1868, då dei gjekk yver til mark og øre, fekk garden nr. 79.

1685 er skyldi på Almelid 1 sp. smør 2 våger never. I matr. 1723 heiter det: «Gammel matr. takst 1/2 L. sm. Forhøiet 6 mrk.». I 1716 er ein «antegnelse» om at «Almeli er i Lembs matrikkel sat til 4 vog, men i den forrige, Bruns Matr. bare 3 vog». Denne skilnaden syner seg eit par gonger i bygselbrevi, men oftast lyder dei på 9 mrk. sm. 1 1/2 våg never på kvart bruk, og det høver med Lembs matrikkel.
Omgjort til pengeskyld (1838), vart det 3 dalar 14 sk. på heile garden, og i mark og øre (1868) 6 mark 78 øre.


Fødnad, sånad og avling.

1657. Kvegskatten. 2 bruk føder tilsaman: 1 hest, 1 ukse, 1 kviga, 8 kyr, 10 geiter og 14 smalbeist.

1667. Matr. Sår 2 1/2 tunna, avlar 5 t. Føder 1 hest 14 naut.

1723. Matr. Sår 2 1/2 t., avlar 6 t. Føder 1 hest, 8 kyr, 2 ungfe.
1 flomkvern.

1803. Jordavgiften: Sår 2 1/2 t., avlar 8 t. Føder 10 «kreaturer og 10 får».

1863. Jordbrugsbeskrivelsen: 2 bruk med kvar sin husmannsplass i Almelidneset. Oppgåvone for dei 2 bruki er heilt like, og sameleis for husmannsplassane.


Kvart bruk hev:

Åker og dyrka eng: 9 mål, av det 2 1/2 mål godt, 4 mål medels godt og

2 1/2 mål ringt. Naturl. eng: 27 mål, av det 5 mål godt, 11 mål medels og 11 mål ringt. Dei sår 4 1/2 t. korn og 5 t. potetor og avlar 20 t. korn og 23 t. potetor, haustar 900 våger enghøy og 600 våger markahøy og 140 våger halm, og samlar 1 kufor «surogatfoder», beit og skav. Dei føder 11 kyr, 3 ungfe, 1 hest og 25 smalbeist. Dei hev til sals 8 famnar ved til 6 spd. og 5 kippor never til 3 spd. - For snø- og steinskridor er rekna eit frådrag på 2 spd. og for vedlikehald av bruer 6 spd.


For kvart husmannsplass er ført desse tall:

Åker og dyrka eng: 1/2 mål medels og 1 mål ringt. Naturl. eng: 1 mål godt, 3 mål medels og 6 mål ringt. Dei sår 1 1/2 t. korn og 2 t. potetor og haustar 5 t. korn og 8 t. potetor. Fødnaden er 4 kyr og 8 smalbeist.


1865. Oppg. i samband med folketeljing.

Bruk 1. Sår 5 t. havre og 4 1/2 t. potetor. Fødnad: 1 hest, 15 storfe, 32 smalbeist. Plasset under dette bruket: Sår 1 1/2 t. havre og 4 t. potetor. Føder 11 storfe, 23 smalbeist og 1 gris.


Bruk 5: Sår 6 t. havre og 4 1/2 t. potetor. Fødnad: 1 hest, 15 storfe og 37 smalbeist. Plasset under dette bruket: Sår 1 1/4 t. havre og 3 t. potetor. Føder 6 storfe, 11 smalbeist.


1875. Oppg. i samb. med folketeljing.

Bruk 1: 1 hest, 1 ukse, 11 kyr og 30 smalbeist. Sår 5 1/2 t. havre og 6 t. potetor. Plasset: 5 kyr, 1 kalv og 14 smalbeist. Sår 2 t. havre, 4 t. potetor.


Bruk 5: 1 hest, 7 kyr, 1 fyl, 1 kalv og 20 smalbeist. Sår 6 t. havre og 6 1/2 t. potetor. Plasset: Føder 4 kyr og 8 smalbeist.


BUSITJARAR

Bruk 1, Haldorluten.

1590/91 er fyrste gongen me finn brukar på garden. Då fører Jordeboki: Jonn Almlid. Lsk. 1/2 L. Led. 1 fårsk. Fritold hvert 8. år».


1. Jon Almelid er førd i skmtl. fram til 1620/21, åleine til 1617/18, og deretter saman med Hans til 1620/21. Me finn ikkje meir om Jon.


1617/18. Skattemanntalet hev no Hans Almlien, og i 1627 skattar han av 1/2 L. smør. Hans er åleine med garden til 1637, frå det året er det to brukarar på garden, Hans her på bnr. 1, og Knut på andre bruket. Båe er då førde med 1/2 skatt.


Det er noko uvisst kor lenge Hans sat med bruket, for næste brukaren heitte og Hans, men det synest rimeleg at Hans Askjellson som er førd i Kopskatten 1645 er ein ny mann.


2. Hans Almelid. Her veit me heller ikkje noko visst om giftarmål og born.


1645: Kopskatten hev Hans Aschildsen, og han sit med bruket fram til 1668, kan henda til han døyr i 1683. Han er førd i Kvegskatten 1657, i Prmtl. 1664 og 1667 og brukar då halve garden 1/2 sp.sm. og 1 1/2 v. never.

3. Hans Askjellson Almelid, død 1683 sagd 75 år, g. m.

Magdeli (i Kopsk. 1645), død 1683 sagd 77 år.

Born:

  1. Askjell f. kr. 1636.
  2. Knut f. kr. 1640, (27 år i 1667, og då kalla husmann).
  3. Olav f. kr. 1655.
  4. Brita g. 1689 m. Olav Nilsson Hagesæter.


1691 hev Futeregnsk. Iver Knudsen, som brukar 18 mrk. sm. og sit med bruket til 1707. Han er truleg nr. 1 b på bruk 5.


4. Ivar Knutson Almelid, f. 1645, d. 1707, g. 1677 m.

Ingeborg Larsdtr. Mo, bnr. 3 f. 1649, d. 1707.

Born:

  1. Simon f. 1678. Næste busitjar her.
  2. Nils f. 1680, d. 1704.
  3. Haldor f. 1682, d. 1743.
  4. Brita f. 1684, g. 1704 m. Anders Johannesson Nedre Helland, sjå Nedre Helland, bnr. 5.
  5. Eilev f. 1686, d. 1709, tvilling.
  6. Ivar f. 1686, tvilling, d. fyre 1707.
  7. Kari f. 1688, g. 1715 m. em. Anders Eilevson Øvre Helland, Almelid bnr. 5.
  8. Magdeli f. 1690, d. 1751, g. 1741 m. Eirik Sebjørnson Kjenes (Ab. s. 702).
  9. Bård f. 1692, d. 1692.
  10. Olav f. 1694. Levde i 1707.


I skifte etter Ivar og Ingeborg i 1707, var buet på 78 dalar 4 ort 12 sk., og då heiter det: «De ugifte søskend fordrede hjemmegifte som de to ældste søskend havde fået, og da blev det ingen ting til deling».


1707: Simon Ivarson får bygsel på bruket frå Rudolf Burennæus. I 1720 får han oppattnye bygsel frå Erich a Möinichen, og sit med bruket til han døyr i 1743.


5. Simon Ivarson Almelid, f. 1678, d. 1743, g. 1708 m.

Marta Sjursdtr. Nåmdal, bnr. 2, f. 1691.

Born:

  1. Ingeborg f. 1710, d. 1710.
  2. Ingeborg g. 1734 m. Hans Knutson N. Helland, sjå Nedre Helland bnr. 4.
  3. Anna f. 1713, d. 1759, g. 1736 m. Hans Larsson N. Helland, sjå Nedre Helland bnr. 1.
  4. Ivar f. 1716, g. 1746 m. Anna Johannesdtr. Askvik. Bust. Askvik i Hosanger.
  5. Brita f. 1719, d. 1719.
  6. Knut f. 1720.
  7. Nils f. 1722, d. 1722.
  8. Brita f. 1724, d. 1783, g. m. næste busitjar her.
  9. Anna f. 1728, g. 1. 1759 m. lensmann Magne Ivarson Esem. 2. 1765 m. Knut Larsson Elvikbotn (Tyssebotn). Hb. Ese 14 3.
  10. Nils f. 1732.
  11. Vemund f. 1733, g. 1766 m. Anna Helgesdtr. Vassel, Hb. Vassel 16 k.


1743: Olav Larsson Nedre Helland får bygselbrev frå asessor Steensen ved Jonas Mekelborg på 9 mrk. smør og 1 1/2 våg never.
Ivar Simonson, nr. 5 d, var korporal i kongens teneste då Olav Larsson fekk bygsel, og då Ivar vart fri og kom heim att i 1744, stemnde han vitne på at Olav Larsson hadde lova å gjeva avkall på bygsli når Ivar kom heim att. Ivar må ikkje ha vunne fram med saki, for Olav vart sitjande med bygsli. - I 1746 vart Ivar gift med Anna Johannesdtr. Askvik, og same året fekk han skøyte frå bror hennar, Johannes Askvik, på 18 mrk. sm. 6 k. malt i garden Askvik, og budde sidan der.


6. Olav Larsson Almelid, f. Nedre Helland, bnr. 1 1717, d. 1770, g. m.

Brita Simonsdtr. Almelid, f. 1724, d. 1783.

Born:

  1. Simon f. 1745, d. 1792, visst ug.
  2. Lars f. 1746, d. 1814, næste busitjar her.
  3. Marta f. 1748, g. 1772 m. em. Olav Knutson Nåmdal, sjå Nåmdal bnr. 2. (I sk. etter mori 1784 står at Marta er g. m. Knut O. Nordal, men det kan nok ikkje vera rett).
  4. Marta f. 1750, g. m. Jens Ivarson Floen i Sciold skibrede.
  5. Brita f. 1752, d. 1773, ug.
  6. Sissela f. 1754, g. 1784 m. em. Knut Jakobsen Mo, sjå Mo bnr. 2.
  7. Kari f. 1756, g. 1794 m. em. Haldor Olavson Steinsland, sjå Steinsland bnr. 2.
  8. Knut f. 1760, d. 1761.
  9. Anna f. 1762, d. fyre 1784.
  10. Ingeborg f. 1765, g. 1785 m. Johannes Hansson Langedal, sjå Langedal bnr. 2.


1778: Lars Olavson får bygsel på bruket her frå sokneprest Berg.


7. Lars Olavson Almelid, f. 1746, d. 1814, g. 1779 m.

Helga Olavsdtr. Ø. Helland, bnr. 1 f. 1751, d. 1839.

Born:

  1. Anna f. 1780, g. 1809 m. em. Johannes Olavson Nåmdal, sjå Nåmdal bnr. 2.
  2. Brita f. 1783, g. 1810 m. Nils Nilsson Ø. Helland, sjå Øvre Helland bnr. 4.
  3. Olav f. 1785, bonde på Øvre Helland bnr. 1.
  4. Olav f. 1787, d. 1787.
  5. Olav f. 1790, næste busitjar her.
  6. Knut f. 1794, d. 1802.


1830: Helga Olavsdotter, enkja etter Lars Olavson, får kongeleg skøyte på dette bruket for kjs. 280 spd. Jordavgift til Hosanger prestebord 6 skjeppor 2 fjerdingkar bygg årleg. Denne avg. vart avlyst i 1858.
Same året får Olav Larsson d. y. skøyte frå mori på dette bruket, no 18 mrk. sm., for 150 spd. og kår verdsett til 110 spd. for 5 år.


8. Olav Larsson Almelid, f. 1790, g.

1. 1821 m. Brita Olavsdtr. Farestveit, bnr. 8, f. 1796, d. 1829,

2. 1832 m. Synneva Brynjelsdtr. Øvre Helland, bnr. 5, f. 1783, d. 1871.

Born:

  1. Helga f. 1822, d. 1897, ug.
  2. Lars f. 1823, næste bonde her.
  3. Olav f. 1824.
  4. Ragnhild f. 1826, d. 1913, ug.
  5. Brita f. 1828, d. 1829.
  6. Olav f. 1829, g. 1857 m. Marta Gulleiksdtr. Straume, bnr. 1. Til Dale i Vik 1858.


1838: Lars Olavson får skøyte frå faren Olav Larsson på 18 mrk. sm., ny skyld i dalar 2 ort 19 sk. Kjøpesum 200 spd. I 1840 gjev han kårbrev med verja til faren Olav Larsson og til stykmori Synneva Brynjelsdtr.


9. Lars Olavson Almelid, f. 1823, g. 1844 m.

Anna Olavsdtr. Straume, bnr. 4, f. 1823, d. 1901.

Born:

  1. Olav f. 1845, d. 1890, næste bonde her.
  2. Kari f. 1847, bonde her nr. 11.
  3. Brita f. 1849, g. 1875 m. Johannes Brynjelson Almelidneset, bnr. 6, f. 1844.
  4. Synneva f. 1851, g. 1875 m. Olav Brynjelson Almelidneset, bnr. 6, f. 1849, kalla «forpaktar» i folketelj. 1875.
  5. Brita f. 1854, d. 1860.
  6. Anna f. 1857, g. 1882 m. Jakob Hansson Otterstad, sjå Otterstad bnr. 3.
  7. Ragnhild f. 1860, g. 1883 m. Anders Olavson Farestveit, sjå Farestveit bnr. 1.
  8. Brita f. 1863, g. 1888 m. Jakob Torbjørnson Otterstad, Otterstad bnr. 7.
  9. Marta f. 1866, d. 1938.


1872: Olav Larsson får skøyte frå faren Lars Olavson for 400 spd. og kår til foreldri og systrene Ragnhild, Brita og Marta til dei fyller 16 år.


1878: Delings- og skyld-delingsforretning på dette bruket. Det vert no skift i to bruk, bnr. 1, l.nr. 204 a. Olav Larsson med skyld rev. 1 dr. 3 ort 6 sk., og bnr. 6, l.nr. 204 b. Almelidneset med skyld rev. 2 ort 22 sk.


Skøyte tinglyst den 9/11 - 1878 frå Olav Larsson Almelid til Johannes Brynjelson Almelidneset på bnr. 6 for 1.800,- kr. Forlik om vedlikehald av brui yver Storelvi og av krøtervegane på garden.


10. Olav Larsson Almelid, f. 1845, d. 1890, ug.


1890: Kari Larsdtr. får skøyte frå medarvingane sine på dette bruket etter broren Olav Larsson. Kjøpesum 1.756,- kr. Samstundes gav ho obligasjon til Hosanger kommune på 222,- kr. Dette var tilskot kommunen hadde hatt i samband med opphald for den sjuke faren hennar.


11. Kari Larsdtr. Almelid, f. 1847, d. 1937, g.

1. 1880 m. Johannes Sekkenes, f. 1852, d. 1890.

2. 1893 m. Mons Rasmusson Straume, bnr. 4, f. 1843, d. 1915.

Born:

  1. Maria f. 1882, g. m. bonde nr. 12 her.
  2. Anna f. 1883, d. 1966, ug. bust. Urdland, Voss.
  3. Brita f. 1884, d. 1932, g. 1907 m. Lars Johannesson Almelidneset bnr. 6.
  4. Anders f. 1887, d. 1903.
  5. Olina f. 1889, d. 1974, g. 1916 m. Andreas Helgeson Helland N. Helland bnr. 6, bust. Kvammenes, Myking.

Det var Kari Larsdtr. som sat med skøyte på bruket.


1908: Haldor Brynjelson Nygard får skøyte på dette bruket frå vermori Kari Larsdtr. Almelid.


12. Haldor Brynjelson Almelid, f. 1869 på Nygard bnr. 2, d. 1941, g.

1. 1892 m. Agata Ingebrigtsdtr. Øvre Helland, bnr. 5, f. 1869, d. 1899,

2. 1906 m. Maria Johannesdtr. Almelid, bnr. 1, f. 1882, d. 1968.

Born:

  1. Johannes f. 1893, g. 1925 m. Signy Knutsdtr. Farestveit, bnr. 4, busett Straume bnr. 2.
  2. Bertin f. 1895, døydde barn.
  3. Albert f. 1907, g. 1936 m. Laura Jakobsdtr. Årøy, Stedje, Sogn. f. 1907, busett Votlo, Haus. Born: Magnhild, Kjell, Else Johanne.
  4. Åsmund f. 1908, g. 1937 m. Astrid Ivarsdtr. Øvre Helland. Sjå Øvre Helland bnr. 5.
  5. Brita f. 1909, g. 1939 m. Sigurd Låstad. Bonde Hodnesdal i Lindås. 4 born.
  6. Inger f. 1911, d. 2005, g. 1. g. 1935 m. Knut Jakobsen Farestveit bnr. 8, f. 1895, d. 1978. 1 barn. G. 2. g. 1945 m. Kåre Bernes, f. 1912, d. 1998, Fotlandsvåg. 1 barn.
  7. Johannes f. 19**, g. m. Dagny Knutsdtr. Øvre Helland bnr. 4, bustad Balane, Øvre Helland bnr.9.
  8. Olav f. 19**, nærte bonde her.
  9. Borghild f. 19**, g. m. Johannes Gausereide, V. Vassbygd. 4 born.


1937: Olav Haldorson får skøyte frå faren Haldor Brynjelson for 2.237,-kr. og kår til foreldri.


13. Olav Haldorson Almelid, f. 19**, g. 1944 m.

Gudrun Isakdtr. Bjørsvik, f. 19**.

Born:

  1. Berit Margrete f. 19**.
  2. Harald Ingvard f. 19**.


Olav Almelid eig bruket i Almelid, men huslyden bur i Bergen. Sjølv er han mykje i Modalen og driv garden saman med sonen Harald.


Bruk 2, no bruk 5, Nils-luten.

1637: I «Garnisonskatten» heiter det: «Knud Armlie 1/2 skatt, og frå no av er det to bruk i Almelid. Knut er førd i skattemanntalet fram til 1661.


1. a. Knut Almelid, f. 1609, d. 1687, g.

1. m. Maren, (Maria), truleg 1 barn,

2. m. Kari, d. 1686, truleg 5 born.

Born:

  1. Olav f. 1647, 20 år og «knecht» i 1667.
  2. Ivar f. 1649, truleg nr. 4 på bnr. 1.
  3. Guri f. 1650, d. 1735.
  4. Knut f. 1655, nærte busitjar her.
  5. Inga g. 1690 m. Sjur Magneson Sjursæter.
  6. Anna g. 1677 m. Peder Larsson Mo, sjå Mo bnr. 3.


1 b. Kari er førd brukar her i skattemanntalet frå 1657. Knut vart dømd for «leiermål» og måtte reisa or bygdi, men kona vart sitjande att med bruket. I åri 1657-59 fører ho «tingsvidne» på at ho er «forarmet og kand iche betale sin skat».


1691: Futeregnsk. hev no Knut, som brukar 18 mrk. sm., og han må vera son til Knut og kona Kari, og han hev vel site med bruket sidan mori døydde 1686. Knut er førd i skattemanntalet 1694, men må ha døytt fyre 1701, for i manntalet då er det enkja Marta Andersdtr. som sit med bygseli.


2 a. Knut Knutson Almelid, f. 1655, g. m.

Marta Andersdtr. d. 1714.

Born:

  1. Olav f. 1680, g. 1704 m. Brita Nilsdtr. Lavik, sjå Lavik bnr. 1.
  2. Siri g. 1705 m. Olav Jonson Tvetå, vigde i Hammer kyrkja.


2 b. Enkja Marta Andersdtr. sat med bruket frå mannen døydde og til ho gifte seg att i 1703 med Anders Eilevson Øvre Helland. I 1720 får han bygselbrev frå Rudolf Burennæus på 9 mrk. sm. 1 1/2 våg never. Det må vera oppattnya bygsel, for Anders er førd i skoskatten 1711 med kona og to tenarar.


3. Anders Eilevson Almelid, f. Øvre Helland, bnr. 4, i 1669, g.

1. 1703 m. e. Marta Andersdtr. Almelid, d. 1714,

2. 1715 m. Kari Ivarsdtr. Almelid, bnr. 1, f. 1688, d. 1738.

Born:

  1. Eilev f. 1716, d. 1740, g. 1739 m. Brita Sjursdtr. Almelid f. 1718, d. 1772.
  2. Ivar f. 1719, d. 1719.
  3. Ingeborg f. 1720, d. 1720.
  4. Ingeborg f. 1722, d. 1722.
  5. Marta f. 1723, g. 1748 m. em. Torbjørn Jørgenson Yksendal, sjå Yksendal bnr. 1.
  6. Nils f. 1726, g. 1765 m. e. Marta Gulleiksdtr. N. Helland, sjå Nedre Helland bnr. 4.
  7. Anna f. 1730, d. 1738.
  8. Ivar f. 1733, d. 1741.
  9. Jon f. 1734.
  10. Knut f. 1736.


1741: På tinget for Eikanger skipreida 20/10 - 1741 får Olav Hansson Eide frå Stamnes sokn bygselbrev frå Jonas Meklenborg på dette bruket, 9 mrk. sm. 1 1/2 våg never.


4. Olav Hansson Almelid, f. Eide 1716, d. 1782, g. 1741 m.

Brita Sjursdtr. Mo, f. 1718, d. 1772.

Born:

  1. Marta f. 1742, g. 1792 m. Haldor Gudmundson Langedal, sjå Langedal bnr. 2.
  2. Agata f. 1743, d. 1743.
  3. Hans f. 1744, næste busitjar her.
  4. Sjur f. 1745, d. 1758.
  5. Agata f. 1748, d. 1751.
  6. Eilef f. 1750, d. 1778.
  7. Anna f. 1752, g. m. Ivar Jacobson Mo.
  8. Jon f. 1754, g. 1785 m. Kari Larsdtr. Lavik, sjå Lavik bnr. 2 f. 1760.
  9. Brita f. 1756, g. 1796 m. Nils Jonson Otterstad, sjå Otterstad bnr. 3.
  10. Kari f. 1758, tvilling.
  11. Johannes f. 1758, d. 1758.
  12. Knut f. 1761, d. 1761.
  13. Maria f. 1762.


Næste busitjar er Hans Olavson Almelid. Me finn ikkje kva år han fekk bygsel, men det var truleg i 1782 då faren døydde.


5. Hans Olavson Almelid, f. 1744, d. 1812, g. 1775 m.

Anna Jakobsdtr. Mo, bnr. 4, f. 1745, d. 1826. Dei var barnlause.


1791: Hans Nilsson Leiro frå Mysterleiro får bygselbrev frå sokneprest Lihme på dette bruket og gjev vilkårsbrev til Hans Olavson. Hans Nilsson er brorson til Hans Olavson.


6. Hans Nilsson Almelid, f. Leiro 1757, d. 1832, g. 1788 m.

Marta Jakobsdtr. Mo, bnr. 4, f. 1756, d. 1829, syster til Anna framanf.

Born:

  1. Nils f. på Leiro 1789, næste bonde her.
  2. Jakob f. 1791, g. 1815 m. Maria Nilsdtr. Otterstad, sjå Otterstad bnr. 3.
  3. Olav f. 1794, d. 1809.
  4. Nils f. 1796, g. 1823 m. Marta Andersdtr. Farestveit, sjå Farestveit bnr. 5.
  5. Hans f. 1799, d. 1799.
  6. Inga f. 1800, d. 1802.


1830: Hans Nilsson Almelid får kongeleg skøyte på bruket, 18 mrk. sm., for 280 spd. Jordavg. til Hosanger prestebord 6 skj. 2 fj. bygg. Same året skøyter han bruket til sonen Nils Hansson for 150 spd. og kår, 5 års verd 131 spd. 2 ort 12 sk.


7. Nils Hansson Almelid, f. 1789, d. 1860, g.

1. 1814 m. Siri Ivarsdtr. Høvik, bnr. 4, f. 1792, d. 1835,

2. 1837 m. Anna Gulleiksdtr. Straume, bnr. 1, f. 1812, d. 1900.

Born:

  1. Marta f. 1815, g. 1835 m. Hans Magneson N. Helland bnr. 3, bust. Almelid bnr. 3, Neset.
  2. Olav f. 1818, d. 1818.
  3. Gjertrud f. 1819, g. 1843 m. em. Olav Bergeson Steinsland, sjå Steinsland bnr. 2.
  4. Anna f. 1822, g. 1847 m. Knut Monsson Vetlejord bnr. 2. Bonde på Bindingsbø. Anna g. 2. g. m. Anders Nilsson Farestveit bnr. 7. Dei reiste til USA.
  5. Hans f. 1824, næste bonde her.
  6. Ivar f. 1828, d. 1901, g. 1859 m. Brita Monsdtr. Langedal f. 1820, d. 1888. Bonde på Bindingbø bnr. 1 frå 1860 til 1876.
  7. Johannes f. 1830, g. 1856 m. Anna Jakobsdtr. N. Helland bnr. 3. Flytte til Vik i Sogn.
  8. Jakob f. 1832, d. 1894, g. 1. g. 1861 m. Gjerm. Gjertrud Nilsdtr. Elvik, Stamnes f. 1826, d. 1877. G. 2. g. m. Olina Steffensdtr. Dale. Bonde på Dale i Vik.
  9. Olav f. 1839, d. 1839.
  10. Olav f. 1840, d. 1914, g. 1879 m. Gjertrud Jakobsdtr. Eide, Stamnes, d. 1924.
  11. Siri f. 1843, d. 1936, ug. bust. Lavik hjå systeri Brita.
  12. Anna f. 1847, d. 1924, g. 1871 m. Jon Sjurson Straume bnr. 2. Bonde på Bjørgo, Evanger.
  13. Brita f. 1850, d. 1936, g. 1880 m. Anders Johannesson Lavik, sjå Lavik bnr. 1.
  14. Gjertrud f. 1854, g. m. Lars Nilsson Bergstad, Evanger.


1836: Hans Nilsson Almelid får skøyte frå faren Nils Hansson på halve bruket 9 mrk. sm. for 125 spd. og kår til 5 års verd 115 spd.
I 1852 får han skøyte på resten av bruket for 100 spd. og kår til 5 års verd 125 spd. Samstundes paktar Hans Nilsson til faren og kona Anna Gulleiksdtr. nokre namngjevne bøteigar og slåttor med rett til å bruka dei til yngste barnet deira fyller 16 år.


8. Hans Nilsson Almelid, f. 1824, d. 1866, ved drukning, g. 1845 m.

Anna Gulleiksdtr. Straume, d.y. bnr. 1, f. 1824, d. 1905, syster til stykmori.

Born:

  1. Gjertrud f. 1846, d. 1928, ug. Flytta til Voss i 1878.
  2. Jakob f. 1848, nærte bonde her.
  3. Gulleik f. 1852, d. 1904, g. 1882 m. Brita Olavsdtr. Mestad, Evanger f. 1852, d. 1934.
  4. Siri f. 1855, d. 1886, ug.
  5. Anna f. 1857, g. 1882 m. Olav Jakobsen Rørgo, Evanger.
  6. Gjertrud f. 1860, g. 1879 m. Anders Olavson N. Helland, Einbakken.
  7. Nils f. 1862, bonde nr. 10 her.
  8. Marta f. 1865, d. 1914, g. 1890 m. Knut Monsson Steinsland, sjå Steinsland bnr. 5.


1858: Hans Nilsson Almelid gjev makeskøyte på dette bruket i Almelid til Johannes Nilsson Farestveit, f. Elvik mot vederlag i hans bruk på Farestveit, l.nr. 200 med skyld 1 dr. 10 sk.
I 1860 gjorde dei to makeskifte på nytt.


1876: I skiftet etter Hans Nilsson Almelid vert bruket utl. sonen Jakob Hansson for 550 spd. og kår til mori Anna Gulleiksdtr..

9. Jakob Hansson Almelid, f. 1848, d. 1937, g. 1870 m.

Marta Johannesdtr. Farestveit, bnr. 5 f. 1849, d. 1917.

Born:

  1. Anna f. 1871, g. 1894 m. Brynjel Helgeson Nedre Helland, bust. Odda.
  2. Inga f. 1873, d. 1880.
  3. Inga f. 1876, g. 1914 m. em. Jakob Knutsen Farestveit f. 1875, sjå Farestveit bnr. 5.
  4. Maria f. 1879, d. 1945, ug. Ho kjøpte og budde i Vetlatræet bnr. 6 på Farestveit.
  5. Brita f. 1881, døydde barn.
  6. Anna f. 1883, g. 1902 m. Berge Bergeson Langedal bnr. 2 f. 1870, bust. Dalekvam og Hjørnevik.
  7. Hans f. 1885, d. 1885.
  8. Hans f. 1888, brukar i Neset, Almelid bnr. 3.
  9. Johannes f. 1896, ug., døydde i Odda, gravfest på Mo.


1882: Det vert halde skylddeling på dette bruket og fråskilt Almelidneset, L.nr. 205 a, som får bnr.nr. 3 med skyld 2 ort 6 sk., rev. 3 ort 8 sk., ny skyld 1 mrk. 13 øre. Bruket i Almelid får då bnr. 5 og hev att 1 mrk. 53 øre. Jakob Hansson buset seg no i Almelidneset på bnr. 3, og skøyter bnr. 5 i Almelid til broren Nils Hansson for 2.400,- kr. Grunnen til at Jakob flytte, var at det gjekk ei steinskrida so nær husi at han fann det utrygt å bu der.


10. Nils Hansson Almelid, f. 1862, d. 1958, g. 1888 m.

Kari Johannesdtr. Mostraum, bnr. 2 f. 1864, d. 1953.

Born:

  1. Anna f. 1889, d. 1956, g. 1912 m. Johannes Helgeson Helland, bust. Askelandsvågen, Lindås. 7 born.
  2. Marta f. 1891, d. 1963, ug. busett i Almelid.
  3. Sivert f. 1894, næste bonde her.
  4. Ragnhild f. 1896, d. 1916.
  5. Andrea f. 1899, g. 1923 m. Olav Knutson Farestveit, sjå Farestveit bnr. 7.
  6. Maria f. 1902, d. 1902.
  7. Maria f. 1904, g. 1951 m. em. Konrad Olavson Hesjedal, Bruvik, fabrikkeigar i Bruvik, sjå Indre-Bruvik bnr. 23.
  8. Hilda f. 1906, g. 1939 m. Ragnvald Jenson Kvikne, Balestrand, f. 1902, småbr. og ekspeditør.


1920: Sivert Nilsson Almelid får skøyte frå faren for kjøpes. 400 kr. og kår.


11. Sivert Nilsson Almelid, f. 1894, d. 1976, g.

1. 1919 m. Synneva Ketilsdtr. Årsand, f. 1894, d. 1963.

2. 1965 m. Olava Bergitha Heggland, f. 1895, d. 1971, fyrr gift Kaldefoss.

Born:

  1. Nils f. 1921, d. 1953, sersjant.
  2. Anders f. 19**, lærar i Tolvsrød, g. 1949 m. Anna Johanna Lekven, Os. f. 19**. 1 barn.
  3. Knut f. 1927, d. 1974. Lærar, tilsett i N.R.K. g. 1952 m. Aslaug Kristine Askeland, Haus. f. 19**. 4 born.
  4. Gunnar f. 19**. Misjonær i Etiopia, g. m. Anlaug Berit Mæstad, Haus, f. 19**, g. i Addis Abeba.
  5. Sverre f. 19**, lagersjef, g. 1954 Kari Kirkevik, f. 19** i Hosanger, busett Nyborg, Åsane. 3 born.
  6. Håkon f. 19**, lærar g. 1960 m. Olaug Folkestad, Volda, f. 19**. 4 born.


1966: Gunnar Sivertson Almelid får skøyte på bruket frå faren Sivert Nilsson for 8.650,- kr.


12. Gunnar Sivertson Almelid, f. 19**, g. 1962 m.

Anlaug Berit Mæstad, f. 19**.

Born:

  1. Bergfrid f. 19**, fødd i Etiopia.
  2. Sigrun f. 19**, fødd i Etiopia.
  3. Oddvar f. 19**, fødd i Arna.
  4. Hildegunn f. 19**, fødd i Etiopia.
  5. Marit f. 19**, fødd i Etiopia.
  6. Sigbjørn f. 19**, d. 1969.
  7. Sigmund f. 19**, fødd i Etiopia.
  8. Gunnlaug f. 19**, fødd i Bergen.


Foto Neset

Det er ingen fast busitjar på dette bruket i Almelid no.


Bruk 6. Almelidneset.

1835: Brynjel Helgeson øvre-Helland får festesete) frå Olav Larsson Almelid på plasset Almelidneset og 6 høyslåttor.


1. Brynjel Helgeson Neset, f. Øvre Helland, bnr. 5, 1812, d. 1892, g. 1834 m.

Brita Johannesdtr. Lavikhaugen, f. 1807, d. 1885.

Born:

  1. Inga f. 1835, g. 1863 m. David Olavson Farestveit, sjå Farestveit bnr. 3.
  2. Synneva f. 1837, bust. Salhus.
  3. Kari f. 1839, g. 1866 m. Johannes Johannesson Otterstadplasset f. 1834, budde der til 1872, fl. då til Valsvik.
  4. Helge f. 1843, g. 1868 m. Anna Olavsdtr. Farestveit bnr. 1 f. 1849, bust. Nedre Helland og Nipen, sjå Nipen bnr. 1.
  5. Johannes f. 1844, næste bonde her.
  6. Gjertrud f. 1847, bust. Arna.
  7. Olav f. 1849, g. 1875 m. Synneva Larsdtr. Almelid bnr. 1.
  8. Brynjel f. 1853, d. 1946, g. 1884 m. Maria Olavsdtr. Farestveit, sjå Hesjedal, Stamnes bnr. 1, Stamnes sokn.


1878: Ved delings og skylddelingsforretning på bnr. 1 i Almelid, vert dette bruket i Neset fråskilt og får bruksnr. 6 med skyld 2 ort, rev. 2 ort 22 sk. Omgjort til mark vart skylda 99 øre.
Same året får Johannes Brynjelson Almelidnes skøyte frå Olav Larsson Almelid på bruket for 1.800,- kr., med avtale om vedlikehald av brui yver Storelvi, og av beistevegane på garden.


2. Johannes Brynjelson Neset, f. 1844, d. 1924, g. 1872 m.

Brita Larsdtr. Almelid, bnr. 1, f. 1849, d. 1941.

Born:

  1. Anna f. 1873, d. ug.
  2. Brita f. 1876, d. 1959, g. 1900 m. Lars Knutson Mo f. 1864, sjå Mo bnr. 3.
  3. Olina f. 1878, g. m. Albert Dale, 2 born, Torsten f. 1907, g.m. Unn Søyland, f. 1926, frå Bergen. Torsten var major og var president i Noregs Røde Kors. Døydde under ein kongress i Geneve i 1975. Brita f. 1912, g. m. Arne Fonneland f. 1912, Norheimsund. Sjå Dale bnr. 18.
  4. Synneva f. 1880, g. 1912 m. Hans Hansson Mo, sjå Mo bnr. 1.
  5. Lars f. 1884, næste bonde her.
  6. Johannes f. 1889, g. 1915 m. Kari Jakobsdtr. Mo bnr. 2 f. 1892 i Evanger. Sjå Myster bnr. 4.
  7. Olav f. 1891, d. 1958 i Oslo, gravi. på Mo.
  8. Berta f. 1893, d. 1895.


1913: Lars Johannesson får skøyte frå faren Johannes Brynjelson for 1.200,- kr. og kår.


3. Lars Johannesson Neset, f. 1884, d. 1965, g.

1. 1907 m. Brita Johannesdtr. Almelid, bnr. 1, f. 1884, d. 1932.

2. 1943 m. Brita Steffensdtr. Rokne, f. 1900, frå Voss.

Born:

  1. Åsvald f. 1908, g. m. Laura Vatsvik, arb. i Oslo parkvesen. 2 born.
  2. Hildur f. 1910, d. 1984, g. 1970 m. Leonard Alvsvåg, f. 1910, d. 1996, fiskar, busett i Meland.
  3. Bergit f. 1912, g. 1949 m. vegvaktar og småbr. Olav Haugen, Flatdal, Telemark. 1 barn.
  4. Johannes f. 19**, g. 1951 m. Olaug Sørumshagen, Hasle. 4 born.
  5. Asbjørn f. 19**, g. 1945 m. Gudrun Vilhelmsdtr., bur i Oslo. 2 born
  6. Leiv f. 19**, g. 1952 m. Signe Flatin, Telemark, Telemark, d. 1975. Leiv er fabrikkarb. i Skien.


1957: Skøyte frå Lars Johannesson og kona Brita f. Rokne til Alfred Olavson Steinsland bnr. 2-4, f. 1912. Kjøpesum 10.000,- kr. og kår 1.000,- kr.


Lars Johannesson flytte til Rokne på Voss og budde der til han døydde.


4. Alfred Olavson Steinsland, f. 19**, ug.


Bruk 3. Almelidneset.

Dette bruket var fyrst plass under bruk 5, men vart utskilt som eige bruk ved skylddeling i 1882.


1836: Festesetel frå Nils Hansson Almelid til Hans Magneson Nedre Helland på plasset Almelidneset.


1. Hans Magneson N. Helland, f. 1812, g.

1. 1835 m. Marta Nilsdtr. Almelid, bnr. 5, f. 1815, d. 1847,

2. 1849 m. Brita Olavsdtr. Farestveit, bnr. 3, f. 1807, d. 1880.

Born:

  1. Anna f. 1836, d. 1901, ug.
  2. Olav f. 1837, d. 1844.
  3. Jakob f. 1839, d. 1895, ug.
  4. Magne f. 1841, g. 1. g. m. Brita Horvei, Evanger, g. 2. g. m. Brita Simonsdtr. Bindingbø.
  5. Siri f. 1843, d. ug., ikkje gravf. på Mo.
  6. Anna f. 1845, g. m. Botolv Dale, Skostallen, Arnafjord, 7 born.
  7. Ole f. 1852, g. 1880 m. Brita Johannesdtr. Farestveit f. 1855. Sjå Farestveit bnr. 2.


1882: Skylddeling. Dette bruket utskilt frå bnr. 5, og får bnr. 3 med skyld 1 mark 13, øre.


2. Jakob Hansson Almelid, bnr. 5, flytter hit og buset seg her. Om giftarmål og born sjå bruk 5!


1913: Hans Jakobson får skøyte frå Jakob Hansson for 1.500,- kr. og kår.


3. Hans Jakobson Almelidnes, f. 1888, d. 1959, g.

1. 1913 m. Brita Olavsdtr. Øvre Helland, bnr. 1, f. 1890, d. 1916.

2. 1918 m. Olina Olavsdtr. Øvre Helland, bnr. 1, f. 1895, d. 1967.

Born:

  1. Begljot f. 1914, d. 1938, ug.
  2. Signy f. 19**, g. m. Hans Kvamme, Vikebygd. 3 born.
  3. Brita f. 1918, d. 1974, diakonisse.
  4. Margit f. 1920, d. 2001, g. 1944 m. Sigurd Ivarson Straume f. 1916, d. 1991, busette Laksevåg. 3 born.
  5. Jakob f. 1921, næste bonde her.
  6. Solveig f. 19**, g. 1950 m. Anton Midtvedt, f. 19** Hagavik. 3 born.
  7. Harald f. 19**, g. 1951 m. Maria Johannesdtr. Nåmdal, bnr. 2, f. 19**, busett Eidsland. 6 born.
  8. Olav f. 19**. Handelsstyrar, Stamnes, g. 1957 m. Margreta Johannesdtr. Ytre Arna frå Stamnes, f. 19**, 1 barn.
  9. Øistein f. 19**, g. 1958 m. Gunda Karlsdtr. Grøteide, f. 19** Tysnes. 3 born.
  10. Olaug Halldis f. 19**, g. 1955 m. Bjarne Johannesson Nåmdal, sjå Nåmdal bnr. 2.
  11. Bjarne f. 19**, g. 1963 m. Reidun Johannesdtr. Mo, bnr. 2, busett i Bergen. 2. born. Flytte attende og tok over bnr. 2. Mo.


4. Jakob Hansson Neset, f. 1921, d. 1983, g. 1950 m.

Marta Karlsdtr. Grøteide, f. 19**, Tysnes.

Born:

  1. Ruth f. 19**.
  2. Hans Jørgen f. 19**.
  3. Bjørg f. 19**.
  4. Aud Sølvi f. 19**.
  5. Olav f. 19**.


Jakob Hansson Neset, busett i Hordvik, Åsane.


Hans Jørgen Neset bur på bruk 3 og driv dette utan skøyte. Ved sida av gardsarbeidet er han kommunekasserar i Modalen.

Hans Jørgen Neset, f. 19**, g. 1973 m.

Reidun Tellevik,Bergen, f. 19**.

Born:

  1. Linda f. 19**.
  2. Janike f. 19**.


Skarvaplasset.

Dette plasset ligg på sørsida av Storelvi, på eit skarv nett opp frå hovudvegen når ein kjem yver brui frå Almelid. Det låg i sams utmark under Almelidgarden.


1834: Olav Andersson og kona får festesetel frå Olav Larsson og Nils Hansson Almelid på plasset Rishaugen og 2 skogteigar og høyslåttor. I 1838 er ført festesetel frå Olav Larsson m. fl. til dei same. Det må vera i tillegg til det dei fekk festa i 1834. Festesetelen vart avlyst i 1881.
Olav Andersson må vera ætta frå Nedre Helland. I skifte etter Ole Pedersen N. Helland (plassmann) i 1762, er der 5 born som er ervingar. Ein av dei heiter Anders. Denne Anders hev butt på Helland ei tid, men me finn korkje han eller kona gravfest der i frå. Sjå Nedre Helland -Plassfolk, husfolk og andre.

Anders og kona Guro hadde ein son, Olav, som vart plassmann her på Skarvaplasset.


Olav Andersson N. Helland, f. 1796, d. 1877, g.

1. 1820 m. Marta Pedersdtr. Gavle, f. 1790, d. 1838, f. Løkje, Vossestr.

2. 1838 m. Anna Nilsdtr. Stusdal, f. 1783.

Born:

  1. Agata f. 1820, fødd på Straume.
  2. Ragnhild f. 1825, fødd på N. Helland, g. busett Salhus.
  3. Anders f. 1827, fødd på Vetlejord, fyrste plassm. i Sekkeneset, Mo bnr. 9.
  4. Johannes f. 1831, fødd på Farestveit.
  5. Maria f. 1835, g. 1882 m. em. Askjell Johannesson Otterstad bnr. 3.


I 1979 vart det utferda skøyte frå gr.nr. 79, bnr.nr. 6 ved Alfred Olavson Steinsland til Harald Olavson Almelid over ein parsell til bustadtomt. Parsellen ligg i nord for hovedbruket på overflatedyrka innmark og fekk ved frådelinga bnr.nr. 13.


Harald Olavson Almelid, f. 19**, g. 1973 m.

Ann Britt Garmannslund,Bergen, f. 19**.

Born:

  1. June f. 19**.
  2. Christine f. 19**.


Folketeljingar.

1645 Kopskatten: 4 personar yver 15 år.

1667 Prestemanntalet: 6 mannspersonar og 1 enkja med gard.

1701. Manntal: 4 mannspersonar yver 1 år og 1 enkja med gard.

1711. Skoskatten: 8 personar i alt, av dei 3 tenarar.

1801. Folketeljing: 18 i alt, av dei 2 tenarar, 10 born.

1845. Folketeljing: 15 i alt, av dei 2 kårfolk, 2 husmenn med jord og 1 tenar.


1865. Folketeljing:

Bruk 1: 11 personar. Plasset i Neset 7 pers.


Bruk 2: 13 personar. Plasset i Neset. 4 pers.


1875. Folketeljing:

Bruk 1: 4 vaksne, 1 barn, 1 tenestgjenta.


Bruk 2: 2 vaksne, 1 barn. Kårkone med 4 born, 1 dreng.


Almelidneset bruk 6: 2 vaksne, 2 born.


Almelidneset bruk 3: Enkja m. 1 son, 2 paktarfolk m. 1 barn. 1 «løskarl som arbeider skindklæder».


1900:

Almelid bnr. 1: Mons Rasmusson med kona og 3 born. Simon Larsson Nygaard, kårmann, f. 1842.


Almelid bnr. 2/5: Nils Hansson med kona og 5 born. Kårenkja Anna Gulleiksdtr. f. 1824. Gjertrud Hansdtr. Almelid, ug. f. 1845.


Almelidneset bnr. 6: Johannes Brynjelson med kona og 3 born. Ragnhild Olsdtr. Neset, ug., «lever av sine midler».


Almelidneset bnr. 3: Jakob Hansen med kona og 4 born.


Litt av livssoga til ein Almeli-kar.

Olav Nilsson Almeli frå bnr. 2 var fødd i 1840 og gift med Gjertrud Jakobsdtr. Eide frå Stamnes. Han vart kalla både Normannen og Post-Ola. Han var skreddar, men pakta ei tid gard hjå «Rike-Nåmdalen» på Nedre Helland. Sidan flytta han til Mo og kjøpte husi der etter plassmann og skreddar Torbjørn Larsson Øksendal. Torbjørn reiste til Bergsdalen og kjøpte gard på Fosse.

Kring 1890 vart Olav Nilsson tilsett som postførar. Han henta posten ute i fjorden, i Storholmen, på Romarheim og på Nottveit etter som det høvde, og elles ved iskanten der rutebåten måtte stogga om vinteren. Han hadde 4 kr. for å henta posten på Nottveit, 5 kr. når han måtte henta han på Romarheim, og 8 kr. frå Storholmen.

Kring 1900 vart det ordna med postruta oppetter Modalen og brevhus på Øvre Helland. Olav Nilsson var postberar i mange år.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy