Almelid

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 05:50, 1 juli 2009 by 82.134.99.238 (Talk)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Modalsboka band I


Gards og ættesoge for Almelid.

Fil:Almelid 01.gif


ALMELID
GARDSNR. 79.


Innhaldsliste

Innleiing

Garden ligg 7,5 km frå sjøen og 81 m yver havet. Næraste grannegardane er Farestveit, som ligg litt lenger oppe i dalen, og Nedre Helland som ligg nedanfor Hellandsfossen. Frå Almelid er det ikkje utsyn til nokon av grannegardane.

Går ein oppetter dalen, kjem ein fyrst til Almelidneset som hev fleire bruksnummer. Denne garden hev vorte fråskild hovudbruket. Straks ovanfor Almelidneset vender dalføret brått mot aust, og nett i denne kroken, på nordvestsida åt elvi, ligg det gamle hovudbruket Almelid. Elvi, som her kjem fossande fram frå Rekio, stoggar litt nedfor heimebøen og lagar ein stor hyl, fyrr ho tek fart att og hastar vidare nedetter dalen. Garden ligg liksom i ein botn, og er truleg friteken for all nordavind. Noko av heimebøen er flatlendt, men elles strekkjer den dyrka marki seg skrånande oppetter mot den bratte skogkledde lidi

Namnet på garden hev vore skrive på ymse måtar fram gjenom tidi. Dei eldste skriveformene finn me i Bjorgyngjar kalfskinn 60 A, der det heiter Almlj. I gamal skriveform vart ofte bruka j istaden for i. Elles nemner 0. Rygh i Norske gardsnamn fylgjande former: 1610: Almliid, 1667: Almlie, og 1728: Almelie. I kyrkjebøkene frå 1677 og frametter til kring 1750 heiter det for det meste Allien. Grunnen til dette kan vera at foreldri som bar borni sine fram til skirsling i kyrkja, hev gjeve opp gardsnamnet Allien, og so hev presten skrive det soleis i kyrkjeboki. I jordebøker og rekneskapar hev det vore skrive Almli eller Almlie, og i matrkl. 1721 heiter det Almly med tyddel yver y-en. Etter 1800 hev det vorte meir ålment med skriveformi Almelid. Namnet kjem vel av at det veks alm i lidi ovanfor garden. Ikkje langt ifrå finst og stadnamnet Almeberget. I talemålet vert skriveformi Almelid sjeldan nytta. Millom bygdefolket vert garden alltid kalla Adliæ, og rett ofte kan ein høyra den gamle dativformi: i Adliene.

I Modalen grensar garden til Mo, Nedre Helland og Farestveit. I Eksingedalen grensar han til Nese, Vetlejord og Høvik.

Merkeskilet millom Almelid og Nedre Helland tek til i Verkane, der det er hogge X i berget på øvre sida av vegen. Grensa går so i mot nord til Storfjellsnovi. Der er det hogge olbogemerke i berget. Den strekningen er 1/4 mil lang, heiter det. Der ifrå går lina mot nordaust til Kvitefjellsnovi. Der er sett ein merkestein oppå ein større stein, og der sluttar grensa millom Nedre Helland og Almelid, og grensa mot Farestveit tek til. Ho går til berget i Tortnakrå-nakken og so til Langetonakken, svingar mot sør-aust og aust til merkeskross i Grøn-nakken, til kross i Heirinden og so til Kammen, der det er kross i ein stein. Derifrå går grensa ned lidi til kross i Tinnsvåi. Grensa fylgjer elvi til Helleneset der grensemerket mot Farestveit tek til på den andre sida ved Midtfossen. So går grensa yver Skorvtonakken, Daurmålshøgdi, Glypsenovi, Dalasteinen og til Øykjafjellsnovi. Her byrjar grensa mot gardane Nese, Vetlejord og Høvik. Fyrst går ho mot vest til Joskaret, fylgjer so fjellrekkja til Høgefjellsnovi og held fram til Tjønneberget. Her byrjar grensa mot garden Mo. Ho går i nordleg leid til Almeliddalen, Åshamaren og ned til Modalselvi ved Hellandsfossen.

Fyrste gongen me høyrer om garden Almelid i skriftlege kjeldor, er i Bjorgyngjar kalfskinn 60 A. Der er det nemnt om den utreidsla garden hadde til kyrkjestaden Krossen i Moir og til presten. Der heiter det: «Almlj svarer Månada matabol». Etter seinare jordmæling skulle det svara til 1 Laup smør. Det er då prova at garden hev vore rudd og busett i millomalderen. So høyrer ein ikkje meir om han fyrr i kyrkjereknesk. 1590/91. Der heiter det: «Sogneprestens Aarlige rente och indkomst i Hammer Sogn af Almlj 1 spand smør, 2 vaager Næver».

Tunskipnaden på garden hev ikkje vore so samantrengd som vanleg var i eldre tider. Grunnen til det er truleg skredefåren som ofte hev vore til stor ulempe for heimebøen. Difor hev kvart tun vorte lagt til den staden der det var tryggast å bu. Ei gamal soga fortel at fjøsbygningen med buskap ein gong vart riven bort og førd på elvi. Det er ikkje utruleg at folket hev vorte skræmde av skredefåren og flytta frå garden ei tid, for landskyldi var svært låg på 1600-talet. I Landkommisjonen for Bergenhus Lagdøme 1661 heiter det: «Almlie Hammer Prestebols Gods — Smør 1 spand, Næfer 3 vaager — 3 ort. Brænde til Husbehof. Almlie ligger under Farestvedt». Dette er einaste gongen ein finn nemnt at Almelid låg under garden Farestveit. I ei gamal segn heiter det at Farestveit ein gong i tidi brukte Almelid til kalvehage. Dette kan ikkje provast, men det er likevel ikkje utruleg. Den nedlagde garden Sollid, som låg på same sida av elvi og til merkes med Almelid, vart og lagd under Farestveit.

I 1880 kom det eit ofseleg regnver som førde til at Djupeskavlgjeli vart oppdemd med grus og sand, men vatnet braut seg veg, og tok med seg jord og stein frå Blombrekka og laga ei stor skreda som breidde seg nedyver Leitebøen. Det er sagt at skredefåren i Almelid skulle vera årsak til at bonden Jakob Hansson selde noko av bruket i Almelid til broren Nils, og sjølv flytta ned til Almelidneset og bygde hus og rudde gard på den gamle husmannsplassen, som fyrr hadde vore bygsla bort under hovudbruket i Almelid.

For å koma fram til garden, må ein yver elvi. I gamal tid var der ei skral gangbru ovanfor hylen, men ferdsla yver elvi gjekk for det meste med båt. Ved hylen hadde kvar bonde sin båt, og kvar si nausttuft. Kring 1860 vart den fyrste køyrebrui yver elvi bygd, nedanfor hylen der brui no står. Bygdefolket hjelpte til med bruarbeidet, men brukari var for låge og måtte byggjast høgare. Brui var heller skral til køyrebru, og det hende ulukkor der. Ein mann vart skubba utfor og miste livet. Kring 1920 møttest bøndene i Almelid og Almelidneset for å dryfta spursmålet om ny bru. Dei vart samde om å yta pliktdagar til arbeidet, og dei vart og samde om å søkja om tilskot til ny bru. Bøndene i Almelidneset måtte sjølvsagt og vera med både på bygging og vedlikehald, for vårhagen deira låg på andre sida av elvi. I 1922 kom arbeidet i gang, etter at Almelidfolket hadde bunde seg til mange pliktdagar for året. Fylket løyvde 1/5 av kostnaden, og kommunen resten. Det var yveringeniøren ved fylkesvegkontoret som leidde arbeidet med å setja opp den nye brui.

Jordsmonet på garden er forvitringsjord, morenejord, skredejord og litt myrjord. I skyldleggingi 1863 heiter det: «Fradrag for skinlendt 2 spd.