Arne Hatlestad, av Åsmund Hatlestad

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Arne Hatlestad
Av Åsmund Hatlestad


Arne Davidson Hatlestad var fødd odelsgut på Hatlestad bnr. 1 år 1869. Foreldre var David Arneson (1842-1878) gift 1868 med Ingebjørg Larsdtr. Solberg, (1836-1909) (Sjå brukarsoga Hatlestad). Ingebjørg og David hadde to born, Arne og Ingebjørg (f. 1871). Våren 1876 drukna Vetl-Ingebjørg i Kåldana og vart aldri attfunnen. Våren 1878 døydde faren, berre 36 år gamal. Året etter selde mora garden til Haldor Lavik og tok kår.

Arne (på dialekt sa dei Aodne, og det lika han best) voks opp hjå mor si, og gjekk på omgangsskule på heimestaden sin. Han var gløgg og lærenæm og viste tidleg stor givnad for song og musikk. Han hadde ikkje stort utval i instrument, det var ei munnharpa og ein gamal salmodikon, som han tidleg lærde å bruka. Han hadde òg ei sterk og klår songrøyst.

Ei farsyster hans, Brita (helst kalla Hulda-Brita), song mykje, og kunne ei mengd salmar og songar utanboks. Men han Aodne vyrde visst ikkje mykje på songen hennar, for det er hermt etter han som gutunge: "Ho Brita farsyster syng nett so ein rutrao" (ulltråd). Då han voks til, kom han på skular. Fyrst til Lofthus i Hardanger på folkehøgskule, sidan middelskule, truleg på Voss. Deretter fekk han seg kontorplass hjå kemnaren i Bergen.


I Bergen fekk han høyra songaren Thorvald Lammers, ein mann han sette svært høgt alle sine dagar. Lammers var òg song-pedagog og tok mot elevar. Aodne melde seg til prøvesynging og ville vita kva Lammers tykte. "Å, det kan være meget å si om det", var svaret.


Han tok òg nokre songtimar der, men so mange vart det vel ikkje råd til. Lammers skulle ha 5 kroner timen, og det var mykje for ein ung kontorist den tid (kring 1890). Men han lærde ein stemmeøvingsmåte som han brukte livet ut, so å seia.


Etter kring halvanna år i Bergen fekk Aodne seg plass på Voss sorenskrivarkontor som skrivekar. Han var dugande med pennen, og fekk ros hjå sine føresette.

På Voss fann han seg vel til rette og var med i alt som rørde seg mellom folket, med i Voss ungdomslag og Voss Hornmusikk m.m. Han var òg ein god hardingfelespelar, men hardingfela bytte han ut med tysk fela avdi ho høvde betre til song og tonestykke. Men songen framom noko anna var hans store interessa. Og song gjorde han i lyd og lag når høve baud seg. Eller han samla folk kring seg og lærde dei nye tonar og songar som dei song unisont, korsong var han mindre interessert i. Han gjorde mykje for å gjera kjent dei nye gripande songane av Sivle, Garborg, Vinje og Bjørnson og mange fleire. Og dei nye komponistane med Grieg i teten stod høgt i kurs. Sjølv gjorde han ein tone til "Vesle lerka" av Sivle, og ein til "Du gamle mor" av Vinje, og nokre andre tonestykke. Men best mintest mange han når han song ute i Guds frie natur. Han gjekk ofte turar i skog og mark på Voss, og då song han av fulle lunger. Og ei kjemperøyst hadde han, som høyrdest vide omkring. Då stogga folk opp og lydde. Det var som den finaste basun, sa gamle Salomon Hjørnevik, som minnest det vel.

Ei ny ånd og nasjonalkjensla tok då til å breia seg i landet. Det norske folket emna på å riva seg laus frå Sverike og få sitt eige sjølvstende styringsverk. Og dette var nett etter han Aodne sitt hovud, so han gjekk hugheilt inn for denne tanken. Ofte sytte han for å få til folkemøte med gode talarar, og sjølv stod han for song, opplesing og ymse anna. Og når han steig på podiet i sin sylvknapp pa bunad, sterk¬bygd og spenstig, var det eit syn ein seint gløymer, sa ein gamal vossing.

So kom fru Hulda Garborg til Voss med folkeviseleiken sin. Ho hadde sett seg vel inn i dette emnet, og det var hennar store draum å få den avgløymde gamalnorske songdansen kjend og brukt over heile landet. På Voss fann ho god grobotn for dette, og gav seg til der ei tid. Ho heldt øving kvar kveld og samla mykje folk. Folkeviseleiken råka han Aodne som ein pil i hjarta, og han gjekk opp i dette med liv og sjel. Her kom hans gode songrøyst til sin rett, og hans næme til å læra tonar og vers var eineståande. Hulda såg snart at her var ein mann etter hennar ynske, og ho bad han vera med seg på ferd vidare kring landet. Han Aodne var heller ikkje so tråbeden til dette. Han sa frå seg ein sikker leveveg og tok ut i lag med Hulda på von og våge.


Bilete s. 425 Arne Hatlestad


Desse to vekte åtgaum kvar dei kom, og det såg ut til å vera ei vaknande interessa for den gamle songdansen over alt. Dei reiste mest i dei største bygdelag i Sør-Noreg. Han Aodne var òg heim med Hulda ein gong og fekk helsa på mannen hennar, Arne Garborg. Garborg har nemnt dette møtet i ei av bøkene sine. Han Aodne nemnde det òg stundom, han sa at Garborg var ein heller fåmælt mann, det var i pennen han hadde styrken sin.


Etter ei tid drog Hulda Garborg seg meir attende frå reisene. Ho hadde mann og heim og elles mange litterære sysler å vareta. Men ho rådde han Aodne til å halda fram, som han òg gjorde. Men det vart fyrst og fremst det økonomiske grunnlaget som svikta for han Aodne, endå han sette små krav til dette. Å læra frå seg folkeviseleik var ikkje nokon leveveg i dei dagar, det var ingen som lønte dei for slikt.

Men til seg sjølv sette han store krav. Han trudde fullt og fast at folkeviseleiken skulle få sin renessanse og verta ein folkekunst av høg klasse. Difor måtte leiken få liv og sjel, og ikkje vera berre fastlagde steg og vendingar, song og kroppsrørsla måtte tolka innhaldet i kvar visa, som annan scenekunst. Og dette var vel ikkje so lett å få uøvde og tilfeldige folk med på kring bygdene.

Etter kvart vart det mest som songar han reiste. I frilynde ungdomslag på landsbygda kjende han seg mest heime, men og i mindre byar og tettbygde strok var han framme. Stundom hadde avisene små meldingar om konsertane hans. Dei gjekk helst ut på at han hadde ei mektig røyst som kunne fylla dei største lokale. Det ligg vel nær å tenkja at han var for lite songskulert til å nå opp hjå fagkritikarane. Likevel er det vel få songarar som har trena røysta si meir på eiga hand enn han Aodne gjorde. Trass alt so var det ei oppleving å høyra han tolka dei mektige visene som Draumkvede, Hemingen unge, Margit Hjukse, for å nemna nokre få av dei.

Han var sterkt rotfesta i den gamle norske bondekulturen, og såg det som si livsoppgåva å blenkja og visa fram dette arvesylvet til folket. Det var verdfull nista å ha med i skreppa vidare fram, meinte han.


Det vart eit slitsamt liv han slo inn på. Ikkje kvart mål hadde han råd til mat, og ikkje kvar natt råd til hus og seng. So gjekk han i staden etter landevegen, og kom fram til ei ny bygd på morgonkvisten. Men av gilde folk, som verdsette han, fekk han g god stønad og hjelp. Dei bad han heim til seg og stelte vel med han, so han kom til krefter att. Å sitja lenge på stas var ikkje etter Aodne si natur, då var det ut att på nye reiser, mest til fots, mil etter mil. Han var sterk og seig som ei fjellbjørk og greidde det utrulege.

Slik for han Vestlandet, Sørlandet, Austlandet og Trøndelag på kryss og tvers, og var vel kjend alle stader. Men han bar på ein draum til å sjå heile landet til ende, og ein gong la han i veg mot Nord-Noreg. Der var lange avstandar og mindre god kommunikasjon, so det vart helst å reisa med fiske- og fraktebåtar når høve baud seg, og tilhøva ombord kunne vera so ymse. Men han gav ikkje opp før han vende i den vesle grensebyen Boris Gleb på russegrensa. Denne turen var det sjeldan han tala om, truleg den mest slitsame han hadde i sitt liv.


Det var helst i vinterhalvåret han reiste, mot våren kom han heim att i Bergsdalen. So lenge mora levde, hadde han sin plass hjå ho. Sidan vart det meir ymse. Han var heile sitt liv ugift, og hadde heller ikkje nære slektningar. Han tok seg ofte slåttarbeid på gardane, i Bergsdalen, i Eksingedalen eller på Voss ymse stader. Best trivnad hadde han i fjell- og markslåtter, serleg om han fekk ein teig for seg sjølv. Då song han so det ljoma, og stundom gløymde han seg heilt bort. Då skjemta han med at han vart haugteken av troll og hulde. Når det var høybering sette han si æra i å leggja størst bør av alle. Til vanleg var han pratsam, ordhitten og morosam, og sette han i med den sermerkte gode låtten sin, måtte alle le med han. Etter kvart som han eldest, minka det med reisene hans. Fekk han seg ei bu eller stova som stod litt avsides, kunne han roa seg lenge der. Då skifte det med song og felespel, og turar rundt for å snakka med folk.

Frå han var 65 tok synet til å svikta, men han ville lite vera ved det. På den tid fekk han seg innviste og heim på Kaldestad, der farmor hans var ifrå, og vart der resten av livet sitt.

Frå han var 70 var han heilt blind, men han gjekk gardane imellom både på ski og utan, og fann som regel fram der han skulle utan hjelp. Han fylgde godt med i radio, og fekk folk til å lesa aviser for seg, ja heile bøker når det var noko han hadde særleg interessa for. Han fekk òg folk til å skriva brev for seg etter diktat. Det var gamle kjenningar og vener han stod i brevsamband med, ofte landskjende folk av ymse kunstnargrupper.


I 1944 fylte Aodne 75 år. Då vart det laga årmålsfest for han i ungdomshuset på Lid. Og mange kom for å helsa han på dagen, både or og utanfrå dalen. Endå om det var krigstid og rasjonering, kom den beste festmat på bordet. 75 åringen var som på sitt alle beste, med humør, skjemt og visdomsord, og han fekk mange helsingar på dagen sin. Etter bordseta fekk han festlyden med seg i allsong kring bordet, der både forbodne nasjonalsongar og andre kjende og kjære songar fekk ljoma fritt under hans dugande leiking. Han hadde alle vers vel forvarde i minnet sitt. Han stod opp og deklamerte, som berre han kunne det. Dei som har høyrt han seia fram slikt som "Tor Foleson" av Sivle på ekte "vossamaol", er samde om at betre kan det ikkje gjerast av nokon.

Til slutt vart han med i ein leikarring på golvet, og viste at han ikkje hadde gløymt sine gamle kunstar. Takka vera han Aodne sjølv, vart det ei feststund og ein minnerik kveld for alle som var med. Dei fylgjande store årmålsdagane hans, 80,85 og 90 år, vart høgtida med mindre lag heime der han budde.


Han døydde i august 1960, nær 91 år gamal, og vart gravlagd på Lid under stor deltaking.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy