Berge

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Gards og ættesoge for Berge.


Gnr. 74 Berge

Tidlegare gnr. 73 i Evanger kommune.

Høgd over havet er 500 meter.


Innhaldsliste

EIGARAR.

1647-1669 Kirsten Bolstad 1 pd. smør
1687 - Axel Larssen
1691 -1892 Rasmus Kaas, sorenskrivar i Voss frå 1667 til 1685. Han eigde Bolstad 1663 og gjorde Bolstadøyri til tingstad for Voss.
1669 -1710 Lauritz Miltzow.
1711 - Nils Haug, Samnanger.


Bumerke

Fil:Bumerke Jakob Berge 1.gif Jakob Berge 1744,1747,Fil:Bumerke Jakob Berge 2.gif 1753, 1747 Fil:Bumerke Jakob Berge 3.gif skulefundatsen
Fil:Bumerke Magne Berge.gif Magne Berge 1756.

BRUKARAR.

Bnr. 1.

Gl. matr. nr. 80, nytt 82. L.nr. 166. Landskyld 1 pd. smør, skatteskyld 1 pd. 12 mk. smør. 1795: 1 pd. 6 mk. 1838: 1 dl. 3 ort 2 skill. 1865: 4 ort 1 skill. 1886: Mk. 1.46. 1977: 1.20.


1619 er etter skattemanntalet Oluf brukar, betalte 1/2 dalar i skatt. 1624 svarer Anders 4 mk. smør i leding, og 1637 Knut, rytterskatt med 3 ort, 1634 betalte Joen 5 skill. 1 albus i garnisonsskatt (1 albus er 1/3 penning 1/720 mk.)


Før 1643 er det vanskeleg å skilja mellom Bergo (Berge) i Eksingedalen og Berge (Berrie) i Bergsdalen, men ein har grunn til å tru at dei ovannemnde var brukarar på Berge i Bergsdalen.


1643 fører skattemanntalet Anders Karlson som brukar av 1 pd. smør. I 1645 betalte han kopskatt for seg og kona og ein son og ei dotter.


1657 er etter krøterskatten Lars (Laurs) Andersson brukar av 1 pd. smør. Han må vera son til Anders Karlson. Fødnaden var 1 hest, 2 oksar, 10 kyr, 3 kviger, 9 geiter og 12 sauer, skatt 9 mk. og 14 skill. Lars er og brukar i 1664, garden er då nemnd halv øydegard.


1691 er Anders Magneson brukar av 1/2 laup.

Anders var f. 1656, d. 1736, g. 1681 m. Christi Larsdtr., f. 1654, d. 1740. Christi er truleg dotter til Lars Andersson.

Born:

  1. Sjur, f. 1686. Neste brukar.
  2. Magne, f. 1687, g. 1722 Sigvor Olsdtr. Seim, Voss, f. b. Berge. Ikkje born. Magne d. 1725.
  3. Brita, f. 1688, g. 1719 em. Anders Olson Rasdal, b. Rasdal. Evanger b. II.
  4. Lars, f. 1694, d. før 1736.
  5. Helge, f. 1696, d. 1723.

1695 betalte Anders Magneson: Leiglendingsskatt, proviantskatt, kjolepengar, fredtoll, odelsskatt og rosteneste 1 mk. 70 skilling.


Matrikkelen 1723 seier om bruket: «79 Berge Apostels Gods Opsidderis Tal 1, (der står Siur og Helge) 1 pd. Sm Niels Haug i Samnanger Er Eyer og bøxelraadig. Ingen Huusmandspladser. Ingen Sætter har lidet brendeved Skoug ey til eget brug Ingen Quærn eller Fischeri. Ligger 2 1/2 mil fra Siøen ligeledes en høy field Jord Saar 3/4 td. haufre aufler 1 1/2 td. føder 9 kiør 5 ung Nød 18 faar 1 hæst Taxt efter gl Matricul 1 pd. 12 Mk Smør Forhøyet 12 Mk Har intet andet till næring eller føde ligesom de foregaaende field Jorder uden Jordens føding ved Creaturer, er 8 1/2 mil fra byen. »


1725. Skøyte til Sjur Anderson på 1 pd. smør.

Sjur Anderson, f. 1686, d. 1735, g. 1722 Kari Larsdtr. Geilen, f.1690.

Born:

  1. Magne, f. 1727, neste brukar.
  2. Brita, f. 1735.

På skifte etter Sjur i 1735 vart 20 5/6 mk. smør utlagt til Sjur Lien for gjeld, enkja Kari Larsdtr. vart utlagt 3 1/6 mk. Kari gifter seg oppatt 1736 med Jakob Sjurson Rødland, f. 1705, og same året får han skøyte frå Sjur Lien på 20 5/6 mk. smør for 20 rdl. 5 skill.

Born:

  1. Ingeborg, f. 1738, g. 1762 Ola Olson Rørgo, f. 1736, b. Rørgo, Horvei og Rongen. Evangeboka b. I.
  2. Sjur, f. 1740, d.1740.
  3. Marta, f. 1744, g. 1768 Brynjulv Askjelson Væle, f. 1726, b. Århus. Evangerboka b. I.


1744 sel Lars Ellingson Ulland, Samnanger, odelsretten sin til 1 pd. smør til Jakob Sjurson for 4 rdl. 1 ort og 8 skill.

Kari Larsdtr. døydde 1750, og Jakob Sjurson gifter seg oppatt 1751 med Ingeborg Andersdtr. Rasdal, f. 1698, d. 1754. Jakob d. 1754. 1754 er det halde skifte etter Jakob Sjurson og 12 mk. smør vart utlagt til Magne Sjurson for 24 rdl.

Magne Sjurson, f. 1727, d. 1789, g. 1755 Ingeborg Halvardsdtr. Bjørgås, f. 1729.

Born:

  1. Sjur, f. 1756, d. 1798.
  2. Kari, f. 1758, g. 1780 Arve Sjurson Rødland, f. 1759, b. Røydland, bnr. 1.
  3. Brytteva, f. 1760, d. 1760.
  4. Halvard, f. 1761, brukar Berge.
  5. Marjo, f. 1764, g. 1790 em. Anders Larsson Nedre Li, f. 1747, b. Solberg/Solbjørg, bnr. 1.
  6. Brytteva, f. 1768, d. 1768.
  7. Brytteva, f. 1769, d. 1772.

1754 gjev Magne Sjurson enkja Ingeborg Andersdtr. kår.

1790 er det halde skifte etter Magne Sjurson og bruket (1 pd. smør) vart utlagt til enkja Ingeborg med 12 mk., kvar av sønene Sjur og Halvard 4 mk., og kvar av døtrene Kari og Mari (Marjo) 2 mk. Bruket var verds. 196 rdl. Same året skøyter syskena sine partar til broren Sjur.

Ingeborg Halvardsdtr. gifter seg oppatt 1797 med em. Sjur Gulleikson Rødland, f. 1735. Dei bur på Berge i 1801, sjå og Rødland. 1795 skøyter Sjur Magneson 4 mk. smør til Anders Larsson Li. Sjå Solberg/Solbjørg.


1796. Skøyte frå Sjur Magneson til broren Halvard på 8 mk. Halvard Magneson, f. 1761, d. 1809, g. 1798 Barbrå Halvardsdtr. Bjørgås, f. 1779. Halvard Magneson f. 1761 omkom i snøskred i lag med Amund og Brita Kaldestad.

Born:

  1. Ingebjørg, f. 1799, d. ug. 1888.
  2. Magne, f. 1801. Neste brukar.
  3. Haldor, f. 1804, d. 1830.
  4. Brita, f. 1807, g. 1830 Sjur Knutson Rørbakken, f. 1804, b. Rørbakken. Evangerboka b. II.

(I 1801 har dei ei pleiesdotter Marita Steffensdotter, f. 1793. Ho var dotter til ungk. Steffen Olson Kolve og gj. Guri Eiriksdtr. Flatekvål).


1800. Skøyte frå Sjur Gulleikson på 12 mk. smør til Halvard Magneson. Same året gjev Halvard stykfaren Sjur Gulleikson Berge eller Rødland kår på bruket.

Etter jordavgiftsboka 1802 var sånaden 1 1/2 td. korn, avla 6 td. "eller det bortfryses". Fødnaden var 15 krøter og 18 sauer, ikkje skog. Bruket verds. 160 rdl. Avgift 1 rdl. 18 skill.

1809 er det halde skifte etter Halvard Magneson og bruket vart utlagt til enkja Barbrå med 10 mk., sønene Magne og Haldor kvar 3 1/3 mk. døtrene Ingeborg og Brita kvar 12/3 mk.

Barbrå Halvardsdtr. gifter seg oppatt 1810 med Gaute Olson Horvei,f. 1779, og same året skøyter Gaute Olson m.fl. 20 mk. smør til Magne Halvardson for 168 rdl. Det blir og tinglyst kontrakt mellom Ole Brynjulvson Bolstad på vegne av myndlingen Magne Halvardson og Gaute om at stykfaren skal styra med garden til Magne er 18 år og skal frå då av overta bruken av halve garden. Etter den tid skal han ha rett til å styra den andre halvparten så lenge mora levde, men når ho er død skal han overta heile garden mot at stykfaren får kår.

Gaute Olson og Barbrå Haldorsdtr. får desse borna:

  1. Ingebjørg, f. 1811, g. 1831 Anders Larsson, Bolstad, f. 1804, b. Bolstad.
  2. Halvor, f. 1817, d. 1891.
  3. Ole, f. 1824.


1812 er det tinglyst kontrakt mellom Magne Halvardson og Gaute Olson der dei paktar bort 10 mk. smør til Gulleik Haldorson Bjørgås for 6 år. Gulleik Haldorson, f. 1773, g. 1813 Kristi Arnesdtr. Hatlestad, f. 1784. Gulleik d. 1815.

Born:

  1. Haldor, f. 1814, g. 1845 Kari Jakobsdtr. Årsheim, f. 1824, bonde og fiskar Årsheim i Selje. 10 born.

1832 gifter Magne Halvardson seg med Ingebjørg Larsdtr. Bolstad, f. 1810.

Born:

  1. Brita, f. 1832, g. 1865 Anders Johannesson Nedre Helland, Modalen, f. 1844. Brukar her.
  2. Haldor, f. 1834. Neste brukar.
  3. Barbrå, f. 1837, g. 1861 Endre Jonson Kolle, f. 1832, b. Kolle, sjå Vossaboki , s.24.
  4. Lars, f. 1839, g. 1863 Elisabet Gulleiksdtr. Li, f. 1845, b. Li nedre, tun 2, bnr. 1.
  5. Haldor, f. 1842. Utvandra til Amerika 1872.
  6. Torbjørg, f. 1845, d. på Kolle, Voss, 1878, ug. (døvstum).
  7. Brita, f. 1847, g. Gulleik Sjurson Skorve, b. Kolle. Brita emigrerte til USA i 1892.
  8. Sjur, f. 1850, d. ved snøskred 1867.

Magne Halvardson døydde 1852, og Ingebjørg Larsdtr. gifte seg oppatt 1865 med Lars Johannesson Nedre Helland, Modalen, f. 1828. Etter folketeljinga 1875 var Lars handelskar. Dei fødde på Berge 3 kyr og 5 sauer, og sette 1 td. poteter. Ingebjørg døydde 1879, og Lars flytter til Arnavåg. (Lars, her helst nemnd: Små-Lars).


1861. Skøyte til Haldor Magneson for 300 spd. og kår til mora og systra Torbjørg.

Haldor Magneson, f. 1861 g. Ragnhild Haldorsdtr. Hernes, f. 1836.

Born:

  1. Ingebjørg, f. 1861.
  2. Magne.
  3. Henry.

Haldor og huslyden utv. til Amerika 1867 og tok til som nybyggjarar i Minnesota.

Jordbruksbeskrivelsen 1863 seier om bruket at det er 3 1/6 mål åker, 29 mål god, 13 mål middels og 21 mål dårleg naturleg eng. Det var ikkje jord skikka til oppdyrking. Av utslåtter og fjellslåtter 1028 våger høy. Sådde 1 1/2 td. korn, 2 td, poteter, avla 6 1/2 td. korn og 10 td. poteter og 1270 våger høy. Fødnaden var 13 kyr, 4 ungfe, 30 sauer og 1 hest. God og meir enn nok hamn. Det var meir enn tilstrekkeleg skog til brendsel og never. 1 1/2 mil vanskeleg kløvjeveg til sjøen. For bortleigd hamn 2 spd. årleg. Kornet fraus ofte og vart sjeldan moge. Garden var vanleg godt dyrka. Framlegg til ny skyld 1 spd. 4 ort og 22 skill.


1865. Skøyte frå Haldor Magneson til verbroren Anders Johannesson Nedre Helland, Modalen, for 302 spd. 60 skill.

Anders Johannesson, f. 1844, g. 1865 Brita Magnesdtr., f. 1832, d.

Born:

  1. Ingebjørg, f. 1865, g. 1886 Peder Clausson Seim, f. 1862. Utv. til Amerika 1888.
  2. Magne, f. 1866, g. 1909 Anna Sjursdtr. Lillevik, f. 1878, d. 1917, snikkar.
  3. Johannes, f. 1868.
  4. Sjur, f. 1870.
  5. Inga, f. 1873, d. 1873.


Fødnad 1875: 1 hest over og 1 under 3 år, 5 kyr og 1 ungfe, 10 sauer. Peder Amundson Kaldestad og Lars Magneson Li hadde kvar sin sau, Gulleik Andersson Bolstad 3 sauer og Torbjørg Magnesdtr. 4 sauer. Sådde 1/2 td. blandkorn, 2 td. poteter.

Anders Johannesson gifter seg oppatt 1885 med enkja Brita Andersdtr. Bolstad, f. 1839, d. 1895. Han var då inderst/husmann på Bolstad, d.

1877 sel Anders Johannesson bruket til Ola Knutson Dale for kr. 2.400.

Ola Knutson, f. 1834 i Jordal i Hamre, der foreldra Knut Johannesson Lavik og kona Anna Andersdotter, f, Skjervheim, hadde gard i 1830-39. Ola hadde vore bonde på «Dalegarden» i Vaksdal og som han selde i 1877 til konsul Jebsen. Skøyte på Berge fekk han først skrive og tinglyst i 1884.

Ola Knutson var gift 1871 med Anna Ellingsdtr. Nesheim, f. 1848, d. 1892. Ola døydde 1920.

Born:

  1. Knut, f. 1872. Neste brukar.
  2. Ola, f. 1874, d. ug.
  3. Anna, f. 1876, g. 1901 Andreas Andersson, Vaksdal, f. 1876, farmar i Wisconsin.
  4. Nils, f. 1878, g. 1901 Jakobia Jakobsdtr. Samuelsen/Havro, Haus, f. 1878. Sjå ættesoge for Dale.
  5. Ragnhild, f. 1880, g. 1905 Endre J.Endre J. Hereid, Eidfjord, f. 1881. Han vart slegen i hel i steinskred 1912. 3 born. Ragnhild flytte etterpå til Dale.
  6. Johannes, f. 1882, g. , Alfhilde Håvaldsen, Dale, f. 1886, vaktmann ved Dale Fabrikker. Sjå ættesoge for Dale.
  7. Torbjørg, f. 1885.
  8. Andreas, f. 1887, g. 1908 Oline Jonsdtr. Dale, f. . Utv. Til Amerika 1909.
  9. Knut, f. 1889. Utv. til Amerika, farmar i Wisconsin, ug.
  10. Anders, f. 1892. Utv. til Amerika, farmar i Wisconsin. ug.

Ola Knutson var skinnskreddar, men dette faget gjekk etterkvart ut, og etter at han vart bonde på Berge var det vel lite han sydde skinnkler.


1914. Skøyte til Knut Olson for kr. 2.200 og kår.,

Knut Olson, f. 1872, d. 1959, g. 1895 Kristbjørg Andersdtr. Li, f. 1870, d. 1958.

Born:

  1. Anna, f. 1895, d. 1922.
  2. Olav, f. 1897, d. 1915.
  3. Anders, f. 1898, d. 1921.
  4. Guri, f. 1901, d. 1921.
  5. Rangvald, f. 1903. Neste brukar.
  6. Magnus, f. 1905, g. 1929 Margot Pedersdtr. Hop, f. 1906, vegvaktar Dale. Sjå ættesoge for Dale.
  7. Klara Kristina, f. 1907, g. 1929 Ludvik Magneson Li, f. 1898, bonde Li øvre, tun 1, bnr. 5.
  8. Anton, f. 1910, g. 1943 Gerd Goyer, f. , Dale. Styrar av Statens Korninnkjøp, Hamar, seinare direktør for Statens Korninnkjøp, Oslo.
  9. Erling, f. 1913, gartnar i Oslo. Frå 1952 parksjef i Drammen.
  10. Roy Berge, f. 1921, g. 1949 Nora Skulstad, f 1925. Avd.sjef Statens Kornforretning, Oslo.

Knut O. Berge gjekk i lære i bygningsfaget, og var sidan med på å setje opp mange løebygningar og tømrahus. Han var mykje brukt sleasnikkar.

1953 får Ragnvald Knutson skøyte for kr. 3.000 og kår.

Ragnvald Knutson, f. 1903, d. 1993 g. 1935 Alfhild Olsdtr. Sæterdal, Vaksdal, f. 1910, d. 2003.

Born:

  1. Knut Olav, f. 1936, bonde Berge.
  2. Asbjørn, f. 1940, g. 1963 Randi-Louise Ystebø, Ålvik, f. 1941, maskinkøyrar i Hordaland vegvesen, b. Berge.

Ragnvald Berge var medlem av Evanger heradstyre 1952-1955. Asbjørn medlem av Vaksdal heradstyre frå 1976.


Jord, skog og driftsopplegg:

Storparten av jordbruksarealet er morene. Dyrka jord: 50 dekar. Natureng, kulturbeite: 35 dekar. Jordbruksareal i alt 85 dekar. Heimebøen er nokså bratt, men kan haustast med motorslåmaskin. På Feta og Fjellmannøyane kan nyttast forhaustar. Etter 1968 er det nydyrka 16 dekar. Sør for vassdraget har bruket omlag 50 dekar lagleg dyrkingsjord. Storparten av dette er myr. Til bruket ligg omlag 90 dekar skog. Storparten er lauvskog medan 17 dekar er granplanting. Driftsopplegget byggjer mest på eisidig grasdyrking, men med noko poteter i tillegg. Fødnaden: 6 mjølkekyr, 7 kalvar og 51 vinterfora sauer.


Bygningar:

Våningshuset er bygd i 1901. Driftsbygningen er b. i 1932.


Fjell og utmark:

Bruket har i felles fjellstrekning sumarbeite til eigen fødnad og leiger hamn til andre. Sør for Bergsvatnet er det lagt ut eit hyttefelt for bortbygsling av tomtegrunn. Dette gjev no og vil i framtida gje årleg attåtinnkome til bruket. Ved Bergsfossen er det teke ut granit, mellom anna til kyrkja på Lid. Ved Bergsfete har bruket del i grustak.


Tomt nr. 1 av gnr. 74/1.

1965. Leigekontrakt frå Ragnvald Berge til Johannes 0. Berge i 50 år mot årleg avgift kr. 50.

1975. Skøyte frå Johannes 0. Berge til Anton J. Berge på hytta på tomta for kr. 2.500.


Tomt nr. 2 av gnr. 74/1.

1973. Leigeavtale frå Ragnvald Berge til Einvald Lønne i 50 år mot årleg leiga kr. 100.


Bnr. 2.

Utsk. frå bnr. 1 i 1863. L.nr. 166b. Gl. skyld 15 mk. smør. 1863: 4 ort 1 skill. 1886: Mk. 1.46. 1977: Mk. 1.21.


1865. Skøyte frå Jakob Knutson Elge etter fullmakt frå Halvard Magneson til Lars Andersson Nygard, Modalen, for 320 spd. 60 skill. Lars Andersson f. 1839, d. 1929, g. 1864 Ragnhild Johannesdtr. Helland Modalen, f. 1833, d. 1932.

Born:

  1. Inga, f. 1865, g. 1885 Anders Andersson Brekke, f. 1856, skomakar, seinare husmann på Eide, Voss, d. 1919.
  2. Ragnhild, f. 1866. d. 1927.
  3. Anders, f. 1868, g. 1893 Guri Nilsdtr. Hauge, f. 1858, b. Hauge, Vossestrand.
  4. Anna Marie, f. 1870, d. 1872.
  5. Johannes, f. 1872. Neste brukar.
  6. Jakob, f. 1876, d. 1877.
  7. Anna Marie, f. 1878,g. 1903 Ole Johannesson Sæve, Voss, f. 1864, b. Davidhaug, Voss.
  8. Marta, f. 1881, d. 1896.

Fødnad 1875: 1 hest, 6 kyr, 11 sauer. Ingebjørg Larsdtr. hadde 2 sauer. Sådde 1/2 td. blandkorn, 2 td. poteter.


1899 får Johannes Larsson skøyte for kr. 1.500 og kår.

Johannes Larsson, f. 1872, d. 1959, g. 1898 Anna Olsdtr. Vaksdal, f. 1872, d. 1957.

Born:

  1. Ingeborg, f. 1899, d. 1911.
  2. Ragnhild, f. 1901, d. 1971, g. 1927 Anders Nilsson Li, f. 1897, anleggs- og fabrikkarbeidar, b. Li nedre, tun 2, bnr. 2.
  3. Lars, f. 1903, g. 1945 Johanna Øvrebotten, Bergen, f. 1915, infanterikaptein, b. Kråkenes i Fana.
  4. Olav, f. 1905, d. 1905.
  5. Olav, f. 1907. Neste brukar.
  6. Margit, f. 1910, d. ug. 1971.
  7. Ingvald, f. 1912, ug.
  8. Ingeborg, f. 1914, g. 1948 Olav Håland, f. 1908, skofabrikkarbeidar, b. Dale i Sunnfjord.


Johannes Berge hadde skomakarlære og for mykje rundt i heimane og gjorde sko til folk, serleg i yngre år. Elles viste og rettleidde han ungdommen kringom i gardane så at dei greidde vøla sko sjølve. Han var i mange år medlem av Evanger heradstyre, likningsnemnd, skjønnsmannsutval o.a. I 1919 var han med og skipa Dale og Bergsdalen Billag og var mange år formann.

1946 overtok Olav Johannesson bruket frå faren for kr. 4.000, men utan å få skøyte.

Olav Johannesson, f. 1907, d. 1958, g. 1943 Nikoline Nilsdtr. Li, f. 1904, d. 1976,

Born:

  1. Johannes, f. 1945. Neste brukar.
  2. Gerd Norunn, f. 1946, g. 1968 Birger Haga, Bulken f. 1940, bonde Hatlestad, bnr. 4.
  3. Angunn Margrethe, f. 1947, g. 1967 Ole Bjørn Fadnes, f. 1946, b. Indre Arna.


1960. Skøyte frå Johannes L. Berge sitt bu til sonesonen Johannes for kr. 4.000 og kår til mora.

Johannes Olavson, f. 1945, g. 1965 Kari Grimsbø, Jølster, f. 1945.

Born:

  1. Olav, f. 1966.
  2. Dan, f. 1968.
  3. Gjertrud, f. 1974.


Jord, skog og driftsopplegg:

Heimebøen over husa er nokså bratt. Dette er for storparten morene. Innmarka elles er flatlendt og i hovudsaka fastmark men med einskilde myrparti. Dyrka jord: 60 dekar. Natureng, kulturbeite: 10 dekar. Jordbruksareal i alt: 70 dekar. Det kan nyttast forhaustar på mest heile det dyrka arealet. I dei siste 15 åra er det nydyrka omlag 30 dekar. Både ovafor Bergsfete, under Bergsfossen og sør for Bergsvatnet har bruket lagleg dyrkingsjord. Omlag 50 dekar i alt. Til bruket ligg omlag 185 dekar skog, mest lauvskog, men det er planta 65 dekar med gran. Driftsopplegget byggjer på mest einsidig grasdyrking. Poteter og kålrot til eige bruk. Fødnaden: 12 mjølkekyr, 3 ungfe og 10 vinterfora sauer.


Bygningar:

Gamlestova er bygd før 1900. Stovehuset er bygd i 1903, påbygd i 1934. Driftsbygningen er bygd i 1976.

Fjell og utmark:

Bruket har i felles fjellstrekning sumarbeite til eigen fødnad og leiger hamn til andre. I Osaneset er det lagt ut eit hyttefelt for bortbygsling av tomtegrunn. Dette gjev no og vil i framtida gje årleg attåtinnkome til bruket. Stein- og grustak som for bnr. 1.


Bnr. 3. Vassrett.

Sk. mk. 0.25. Utsk. frå bnr. 1 i 1899.

1899. Skøyte frå Ole Knutson Dale til brukseigar Konow for kr. 225. Vidare som gnr. 70 bnr. 3. Bruket slått saman med gnr. 80 bnr. 3.


Bnr. 4. Vassrett.

Sk. mk. 0.25. Utsk. frå bnr. 2 i 1899.

1899. Skøyte frå Johannes Larsson til brukseigar Konow for kr. 225. Vidare som gnr. 70 bnr. 3. Bruket slått saman med gnr. 80 bnr. 3.


Bnr. 5. Fosshaug.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1 i 1953.

1964. Skøyte frå Ragnvald Berge til broren Magnus Berge, f. 1905, utan vederlag.


Bnr. 6. Reguleringsanlegg Osanes.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1 og 2 i 1966.

1966. Skøyte til Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap mot årleg avgift kr. 25.


Bnr. 7. Lambhushaugen.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1 i 1967.

1968. Skøyte frå Ragnvald Berge til sonen Asbjørn Berge, f, 1940, for kr. 3.000.


Bnr. 8. Bergheim.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1 i 1974

1977. Skøyte til Kristi Gøyer Bekkevold og Anne-Grete Trondsen utan vederlag.


Bnr. 9. Kvernhushaugen.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1 i 1974.

1977. Skøyte frå Ragnvald Berge til Roy Berge, f. 1921, utan vederlag.


Bnr. 10. Bergebu.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 2 i 1977.

1977. Skøyte til Angunn Margrethe Fadnes, f. 1947 for kr. 1.000. Ikkje overdragingsrett.


1864 er det tinglyst avtale mellom Halvor .Magneson og Arne Larsson Solberg og oppsitjarane på Nedre og Øvre Vik og Mo i Kvam om beiterett for krøtera deira på aust og sudsida av Amundsadalen under Løkefjellet.

1924 skøyter oppsitjarane på Mo og Vik beiterettane sine til Olav Knutson Kaldestad.


HUSMENN OG HUSFOLK.

1656 svarar husmann Tormod Berge skatt «efter yderste formue» med 1/2 dalar. 1665 var Tormod husmann på Hatlestad.

1701 er Mons Torgoritsen husmann etter folketeljinga og oppført mellom «Fattige Folch hvor af Største Deel gaaer om oc Bedtle.» Han var då 62 år gamal. Om Mons kan ein lesa i Vossaboki , Berge s. 67, at han 1672 vart stemnd til tings av presten Gjert Miltzow for di han ikkje hadde lært barnelærdommen og forklaringi og ikkje gjekk til alters.


Offentlege forretningar.

1806. Forretning mot Kaldestad og Hatlestad om skog og beite. 1841. Forlik med eigarane av nabogardane om minneleg utskifting. 1841. Minneleg utskifting med Solbjørg.

1864. Delings- og skyldsettingsforretning.

1889. Kontrakt om veganlegget Dale-Bergsdalen.

1896. Kontrakt med W. Konow om Bergsdalsvassdraget.

1897. Garantidok. vedk. veganlegget Fosse-Rødland. Avtale om bruk av pengane for Bergsdalselva.

1975. Grensegangsforretning mellom Voss og eigedomane i Bergsdalsområdet.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy