Bergo

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

<Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Evangerboka band I


Gards og ættesoge for Bergo.


Gnr. 64 Bergo

Tidlegare gnr. 33 i Evanger kommune.

Høgd over havet er 415 meter.


Innhaldsliste

INNLEIING

Bergo er dat. av berg n. Tidlegare skriftformer: Berg 1611, Berge 1695. Bergo udi Exingedahlen 1723. Det heiter: «Han bur pao Bergo, ska te Berga.» I samansetjing: Bergavatnet.

Gl. skyld 2 pd. smør.


EIGARAR:

1647-56: Askild Askvig åtte og bygsla 2 pd. smør. 1657-69: Tomas Rong. 1686: Bondegods. 1691-92: Knut Berge. 1696-1705: Rasmus Hauge. 1708-13: Magne Dahltveit 1 pd. og Ole Hauge 1 pd.


BRUKARAR:

1620 fører skattemanntalet Nils som brukar, han betalte 1/2 dalar i leidang.


1642 var Ole Olson brukar av 2 pd. Han betalte det året kontribusjonsskatt med 1 rdl. 1645 koppskatt for seg og kona Anna og ein dreng, Ole. Ein finn han som brukar i skattemanntalet fram til 1664, då er nemnt at garden var halv øydegard.

Ole Olson vart oppattgift 1658 med Anna Nilsdtr. Brakestad, enkja etter Ole Ivarson Munchus. 1647 betalte han skatt med 1 dalar 1 ort 8 skill. 1657 krøterskatt for 1 hest, 1 okse, 9 kyr, 3 kviger, 8 geiter og 12 sauer.

Born:

a. Johannes.

Futen stemnde til ting 29/4 1657 Johannes Olson «som haffuer besoffuiet et Quindfolch ved nafn Karj Siursdatter som er Dømbt till Kagen, formedelst han ikke hafuer betalt hans fulde Bøeder ef­ter loven, men derpaa endnu rester 6 Rigsdaler».


1640-50 åra budde ein Nils på Bergo. Han er seinare å finna 1663 i prestemanntalet på Farestveit i Modalen. Han var fødd omkr. 1615.

Born:

a. Kari, f. 1642, g. 1666 Hans Larsson Farestveit, f. omkr. 1633, b. Farestveit, bnr. 3.
b. Anna, f. 1644, g. 1671 Jon Jonson Kjenes, f. 1644, b. Ro, Evangerboka b. I.
c. Marita, f. 1648, g. 1691 Knut Gulleikson Farestveit, f. 1664?, b. Farestveit, bnr. 5.
d. Knut, f. 1650, brukar her.
e. Jon, f. 1657.
f. Johannes, f. 1664, g. 1691 Maria Brynjulvsdtr. Tufte, b. Farestveit, bnr. 3.

Nils døydde 1685, 70 år gamal. Ei Randi Farestveit, enkja, gravfest 1696, kan vera kona hans. Huslyden er oppført i skiftet etter Knut Nilsson, 23/5 1736.


1695 fører matrikkelen Knut som brukar av 2 pd. smør. Han betalte leiglendingsskatt, proviantskatt, kjolepengar, fredtoll, odels­skatt og rostenesta med 2 mark 54 skill.

Knut Nilsson var frå Farestveit i Modalen, f. 1650, g. 1. med Anna Knutsdtr. Kona var syster til Jakob Knutson på Straume og halvsyster til Synneva, kona til Johannes Olson, fyrste brukaren på Leiro i Stamnes.

1701 var Ole Johanson, fødd i Nordhordland, 30 år gamal, dreng på garden. Knut og Anna var barnlause. Anna døydde 1723, og Knut gifte seg oppatt 1727 med Brytteva Gulleiksdtr. Brekkhus, f. 1686, d. 1759. Også dette ekteskapet var barnlaust. Knut d. 1736.


Matr. 1723: Apostelgods, 1 brukar (enkja Ragnhild) som er sjølveigar med bygsel. Ikkje husmannsplass, ikkje støl, har vedaskog, 1 flaumkvern. Sår 2 t. havre og avlar 4 t. Fødnad: 11 kyr, 5 ungnaut, 18 sauer, 1 hest. Takst etter gl. matr. 2 pd. smør, auka 18 mk. smør, ikkje attåtnæring.


1720. Skøyte frå Tomas Rasmusson, Lisbet Nilsdtr. og Lars Larsson og Ole Olson på 2 pd. smør landskyld til ungkar Johannes Knutson Bjørndalen, eller Teiten. Johannes Knutson var son til Knut på Mykkeltveit. Han var f. omkr. 1680, d. 1723, g. Ragnhild Olsdtr. Bjørndalen, f. 1687.

Born:

a. Knut, f. 1716.


I skifte etter Johannes i 1723 vart 1 pd. smør utlagt til enkja, og 1 pd. sonen Knut.


Ragnhild Olsdtr. gifte seg oppatt 1724 med Halvor Christensen lille Dalen, frå Arnafjord i Vik. Ei segn seier han skulle ha vore med i krigen mot Sverige. Halvor var skomakar, og var visst ein både vyrd og dugeleg mann. Han vart teken til formyndar, vurderings­mann og lagrettemann både tidt og jamt, og fadrar var han eller kona hans til mest alle borna i grannelaget, og gjekk sine to gonger til alters om året. Etter segni heldt han seg mykje i ei lita bu der han hadde eignalutene sine. Han lika lite at nokon kom inn der. Når kona stundom såg inn til han, sa han stundom: «Kva er det du gape etter Ragnhild? Vil du ha spikekjøt?» På Bergo er ein stad som heiter Halvorstonæ, ho er oppkalla etter han.


1723 er det tinglyst bygselsetel frå Brynjulv Århus, som var verja for Knut Johannesson, på 1 pd. smør til HaIvor Christensen som har betalt 3 rdl. 2 mk. i fyrste bygsel saman med 1 pd. smør som kona hans eig og har rett å bruka for levetida.

Etter segna var Knut Johannesson slik at han gjerne ville ha med seg alt, men han fekk heller mindre. Om sumrane tok han til slå i utmarka og så enda det ofte med at han ikkje vann å slå dei beste og næraste slåttene. Og såleis var det gjerne med stellet hans i det heile, difor gjekk det ikkje så svært godt med økonomien hans, og dette tok han seg nær av. Det er fortalt at han tynte seg avdi han ottast at kreditorane kom og ville ta pant hjå han. Om det er heilt rett er ikkje godt å seia, av skifte etter han ser det ut til at han i grunnen stod seg godt.


1739. Skøyte frå Halvor Bergo til styksonen Knut Johannessonpå 12 mk. smør for 16 rdl. Det er den parten Knut si mor arva etter mannen Johannes Knutson. Knut Johannesson, f. 1716, g. 1737 Torbjørg Helgesdtr. Århus, f. 1715. Knut d. 1770

Born:

a. Gjertrud, f. 1738, g. 1758, b. Ekse, Brukarar.
b. Johannes, f. 1741, neste brukar.
c. Sigrid, f. 1744, g. 1763 ekm, Ola Knutson Brakestad, f. 1728, b. Brakestad, Brukarar.
d. Anders, f. 1748, g. 1772 Brita Mikkelsdtr. Langeland, f. 1729, b. Espeland i Alversund.
e. Ragnhild, f. 1751, d. 1752.
f. Ragnhild, f. 1752, g. 1778 Ole Henrikson Fadnes, f. 1743, b. Fadnes, Evangerboka b. 1.
g. Marta, f. 1755, g. 1777 Sjur Nilsson Hjørnevik, f. 1748, b. Dyrkolbotn, bnr. 1.
h. Helge, f. 1757, g. 1787 Guro Larsdtr. Langeland, f. 1764, b. Toft, Eikanger, seinare Myking i Lindås.
i. Kari, f. 1762, d. 1762.
j. Df. barn 1767.

Torbjørg Helgesdtr. gifte seg oppatt 1777 med Nils Larsson Nesheim, f. 1716. - 1778 får Torbjørg kår på garden.


1744 bygslar Knut Johannesson og stykfaren 1 pd. smør til Gulleik Helgeson Århus for levetida. Gulleik Helgeson, f. 1717, g. 1744 Marta Joensdtr. Ekse, f. 1718.

Born:

a. Kari, f. 1745 på Århus, d. 1745.
b. Kari, f. 1746 på Bergo, d. 1746.
c. Anna, f. 1747, d. som barn.
d. Kari, 1. 1748, d. 1748.
f. Anna, f. 1749, d. 1752.
g. Kari, f. 1751, d. 1752.
h. Helge, f. 1752, d. 1753.
i. Gjertrud, f. 1754, d. 1754.
j. Kari, f. 1755, g. 1782 Anders Olson Straume, Modalen, f. 1752.
k. Anna, f. 1758, g. 1781 Knut Olson Straume, f. 1746, b. Straume, bnr. 1.
l. Helge, f. 1761, g. 1788 Agate Nilsdtr. Lavik, f. 1756, b. Øvre Helland, bnr. 5.

1768 fekk Gulleik skøyte på 9 mk. smør 3 kanner malt i Øvre Helland, bnr. 5, Modalen og flytte dit.


1761. Skøyte frå Knut Johannesson til sonen Johannes Knutson på 1/2 laup for 40 rdl. Ved skøyte 4/11 1766 fr Johannes Knutson skøyte på resten av garden. Halvor Bergo hadde ikkje selt sine 12 mk., og då han no var avliden var det broren Ole Christensen og systra Sigrid Myrkeskov som hadde arva Halvor sin part, som no selde til Johannes. Ved same skøyte sel Knut Johannesson sin part, 6 mk. til sonen Johannes slik at han vart eigar av heile garden. Johannes Knutson, f. 1741, d. 1810, g. 1765 Anna Nilsdtr. Brakestad, f. 1738, d. 1819.

Born:

a. Magdeli, f. 1765, g. 1794 ekm. Lars Olson Lavik, f. 1765, d. 1834. Sjå Lavik bnr. 5.
b. Torbjørg, f. 1768, g. 1788 ekm. Knut Jakobson Trefall, f. 1741, b. Trefall, Brukarar.
c. Knut, f. 1771, brukar her.
d. Nils, f. 1774, neste brukar.
e. Johannes, f. 1777, brukar her.
f. Anders, f. 1781, d. 1781.

1772 bygslar Johannes Knutson til broren Anders 18 mk. smør som han skal få bruka i 20 år Anders Knutson, f. 1748, g. 1772 Bri­ta Mikkelsdtr. Langeland, f. 1728.

Born:

a. Torbjørg, f. 1772, g. 1788 Lars Ingebrigtson Gullbrå, f. 1768, b. Gullbrå, bnr. 4.

I 1801 bur Anders og kona på Gullbrå og flytte til Espeland i Alversund 1803, då Torbjørg og mannen makeskifte gard med Jon Larsson Espeland.


1796. Skøyte frå Johannes Knutson på 1 pd. smør til sonen Nils Johannesson. Nils Johannesson, f. 1774, d. 1838, g. 1798 Brita Gulleiksdtr. Fadnes, f. 1774, d. 1862.

Born:

a. Anna, f. 1798, drukna i brunnen på Bergo 1800.
b. Johannes, f. 1800, bnr. 2.
c. Gulleik, f. 1802, g. 1829 Madli Andersdtr. Sevaldstad, f. 1807, b. Sevaldstad, Evangerboka b. I.
d. Knut, f. 1805, g. 1833 Ingeborg Larsdtr. Bolstad, f. 1800, b. Bolstad, Evangerboka b. II.
e. Anna, f. 1807, g. 1835 Mons Knutson Ro, f. 1813, b. Ro, Evangerboka b. I.
f. Torbjørg, f. 1810, d. 1831.
g. Ragnhild, f. 1814, g. 1836 Ole Knutson Mestad, f. 1810, b. Mestad, Evangerboka b. I.
h. Ingebjørg, f. 1817, g. 1840 Nils Larsson Nesheim, f. 1816, innerst Nesheim.
i. Magli, f. 1819, g. 1847 ekm. Lars Gulleikson Langeland, f. 1814, b. Langeland, Evangerboka b. I.

Då Nils Johannesson fekk skøyte på garden vart det tre kår å svara med tilsaman 8 kyr, 24 sauer, 8 tunner korn og elles vanleg svaring av hus og anna som tilhøyrer, men det ser ut til at han har vore ein velstandsmann. I skifte etter han i 1838 vart bruket for takst 300 spd. utlagt til sonen Johannes Nilsson. Bruttoeiga var 670 spd. 3 ort 4 skill. Netto 519 spd. 2 ort 22 skill. Det var i buet m.a. 1 sylvbelte, 13 spd., ei bruretrøye verds. 2 spd. 2 ort 12 skill.


Etter jordavgiftsboka 1802 vart bruket verds. 160 rdl. Jord­avgift 1 rdl. 18 skill. Sådde 21/2 t. korn, avla 9 t. Fødnaden var 11 krøter, 18 sauer. Ikkje skog. Bruket er elles likt med Knut Johan­nesson sitt bruk.


1796. Skøyte frå Johannes Knutson til sonen Knut Johannesson på 1 pd. Knut Johannesson var f. 1771 og døydde ug.


1803. Skøyte frå Knut Johannesson til broren Johannes Johannesson på 1 pd. smør. Kår til seljaren. Johannes Johannesson, f. 1777, var ugift, og 1807 overdrog han bruket til broren Nils f. 1774 og tok seg etter måten stort kår: 2 kyrefoster, 4 sauer, 4 såld korn, hus og vanleg tilsyn, men han tok aldri denne svaringa, oftast min­dre enn det halve. Han skulle vera sjukleg og elles noko redd og rar av seg. Når det kom framande til gards held han seg helst undan, men han ville gjerne sjå dei framande, og gjekk og glytte etter dei når han trudde seg sjølv usedd. Han var elles ein god og rettleiande kar, og sers gudeleg. Han hadde ein del pengar som han sette i gardar, t.d. hjå brorsonen Gulleik Sevaldstad, men han tok aldri meir enn 2 skilling dalaren i renta.


Johannes døydde på Bindingbø 1851 og skifte etter han er kalla «fattigskifte».


Bnr. 1

1838: Gl. skyld 1 pd. smør, ny 4 ort 22 skill. 1886: Mk. 1,58. 1980: Skm. 1,38.


Nils Johannesson fekk utlagt halve garden, 1 pd. smør, på skifte etter mora, Anna Andersdtr. i 1841, sjå bnr. 2. Nils Johannesson, f. 1824, d. 1885, g. 1854 Brynhilda Olsdtr. Nesheim, f. 1815, d. 1906.

Born:

a. Anna, f. 1856, d. i ein sottfarang 1875.

Det var meininga Nils skulle overteke den andre halvparten seinare, men han greidde lite styra med det han hadde. Han budde seg nedover, det var vel kona si skuld for ho kunne lite to vare på sine eigneluter. Det vart aldri noko avdrått til vending.


1865. Skøyte frå Nils Johannesson til Knut Helgeson Øvre Helland, Modalen, for 500 spd. og kår. Knut Helgeson, f. 1825, d. 1916, g. 1863 Inga Mikkelsdtr. Haugen, Modalen, f. 1835, d. 1920.

Born:

a. Helge, f. 1864, neste brukar.
b. Mikkel, f. 1865, g. 1896 Kari Knutsdtr. Geitle, f. 1872, b. Geitle, Evangerboka b. II.
c. Synneva, f. 1868, d. 1868.
d. Olav, f. 1869, d. 1869.
e. Anna, f. 1871, d. 1897.
f. Synneva, f. 1872, g. 1904 Andreas Jakobson Fjellanger, Modalen, f. 1874, b. Bergo bnr. 2.
g. Olina, f. 1874, g. 1894 Mikkel Fjellanger, f. 1868, b. Fjellanger, bnr. 1.
h. Johannes, f. 1877, d. 1879.
i. Nils, f. 1877, kjøpmann pa Vossevangen, d. ug. 1955.

Matr.framlegget 1863 seier om denne part av garden at han var lik med Johannes Nilsson sitt bruk.

1875 var fødnaden 1 hest, 8 kyr, 2 ungfe, 13 sauer. Sådde 1 t. blandkorn, 11/2 t. havre og 3 1/2 t. poteter. Kårmannen Nils Johannesson fødde 1 ku og 4 sauer. Sette 3 t. poteter.


1891. Skøyte til Helge Knutson for kr. 2000 og kår. Helge Knutson, f. 1864, d. 1924, g. 1887 Ragnhild Olavsdtr. Nygard, Modalen, f. 1861, d. 1960. Sjå Fosse bnr. 2.

Born:

a. Knut, f. 1888, d. 1888.
b. Knut, f. 1890, neste brukar.
c. Olav, f. 1892, g. 1934 Helene Rege, Sola, f. 1907, bonde Sola.
d. Ingeborg, f. 1894, d. 1909.
e. Johannes, f. 1896, g. 1926 Ragna Ehlers, f. 1904 i København, lærar i Lunner i 48 år, b. Roa.
f. Kari, f. 1898, g. 1933 Peder A. Malmin, f. 1897, bonde Malmin, Sandnes.
g. Arne, f. 1900, g. 1931 Aslaug Martinsdtr. Stamnes, f. 1904, bonde Hylkje i Åsane.
h. Lars, f. 1902, g. 1929 Sigrid Larsdtr. Trygstad, Bjelland, f. 1900, prest, m.a. i Ullensvang.

Helge Knutson var landpostbod.


1919. Skøyte til Knut Helgeson for kr. 2000 og kår. Knut Helgeson, f. 1890, g. 1918 Anna Andersdtr. Lavik, f. 1888, d. 1983. Knut d. 1979.

Born:

a. Ragnhild, f. 1919, d. 1993, g. 1951 Leif M. Graue, Voss, f. 19**, børsemakar, b. Voss.
b. Brita, f. 1920, d. 1999, g. 1942 Arnor Karlson Hamre, Hamre, f. 1914, d. 1992, bygningsarbeidar Strandvik.
c. Ingebjørg, f. 1921, d. 2066, lærar for sjukepleiarar ved Rikshospitalet.
d. Helge, f. 19**, neste brukar.
e. Andreas, f. 1924, d. 2011, g. Bjørg Larsen, Minnesund, f. 19**, trikkeførar i Oslo.
f. Kari, f. 1926, d. 2009, ug. tekstilarbeidar, Bergen.
g. Margit, f. 1928, d. 2011, arbeidar på Hotel Norge, Bergen.
h. Johan, f. 1929, kontormann i Oslo, d. 1977.
i. Nils, f. 19**, g. 1955 Ingebjørg Gunnarsdtr. Nybø, f. 19**, tannlækjar Voss.

Knut Bergo var i mange år medlem av Evanger heradsstyre, jordstyre, likningsråd og var mykje nytta som takst- og skjønsmann. Han tok tidleg til planta skog, og då sonen i 1950 bygde ny stova, kunne han hogga 100 kbm. tømmer i skog som Knut hadde planta. I 1964 fekk han medalje og diplom av Hordaland Landbruksselskap for stor dugleik som bonde.


1948. Skøyte til Helge Knutson for kr. 2000 og kår. Helge Knutson, f. 19**, g. 1964 Karen Johanne Gangnes, Søndre Høland, f. 19**.

Born:

a. Liv Anne, f. 19**.
b. Knut, f. 19**.
c. Aksel, f. 19**.

Helge Bergo har vore formann i Hordaland Sau- og Geitealslag frå 1970. Han har vore formann i Hordaland Bonde- og Småbrukarlag sidan 1975, og han var med og skipa Aksjon Bygde-Noreg i 1977. Han har skrive boka «Norsk jordbruk, ei økonomisk slagmark», (Det Norske Samlaget, 1976). Han er styremedlem i Noregs Sau- og Geitealslag. Han er medl. i repr.skapet i Norges Bonde- og Småbrukarlag. - Aksjon Bygde-Noreg har til hovudføremål å motverka industrialisering av jordbruket, for at dette kan halda fram å vera ei bygdenæring.


Hus på garden:

Stovehuset bygt 1951. Løa med flor vart bygd 1934. Kårstova bygd 1892. Kvernhuset er gamalt, det er halde i stand og står ved grovi som renn ut i Kvernhusviki 600 m nordanfor tunet. Ny sauefjos med siloar vart bygd inntil løebygningen 1967. Smidja bygd av Jon Fosse føre 1900.


Dyrka skog, jord og fødnad:

Fulldyrka mark: 75 mål, anna jordbruksareal 25 mål. Det er eit granfelt på 50 mål tilplanta omkr. 1900 i Kvernhusviki og eit felt på 3-400 mål på sørsida av Bergavatnet, tilplanta 1953-1959, noko lite og frå føre krigen. Lauvskog omkr. 350 mål. Fødnaden er 143 sauer.


Bnr. 2

1838: Gl. skyld 1 pd. smør, ny 4 ort 22 skill. 1886: Mk. 1,58. 1980: 0,87.


1822. Skøyte frå Nils Johannesson til sonen Johannes på 1 pd. smør for 200 spd. og kår. Johannes Nilsson, f. 1800, g. 1822 Anna Andersdtr. Århus, f. 1791, d. 1840.

Born:

a. Nils, f. 1824, bnr. 1.
b. Brita, f. 1826, d. 1826.
c. Anders, f. 1827.
d. Brita, f. 1829.
e. Df. jenta 1830.
f. Df. jenta 1831.
g. Andreas, f. 1834. Han kom bort i ei snøskred 1862.

I skifte etter Anna Andersdtr. i 1841 vart teke til inntekt 2 pd. smør. 1 pd. vart for vurderingssum 225 spd. utlagt enkjemannen Johannes Nilsson, og 1 pd. utlagt sonen Nils Johannesson for 225 spd. Buet var i det heile verds. 712 spd. 2 ort 10 skill.


Johannes Nilsson gifte seg oppatt 1841 med Kari Haldorsdtr. Kvilekvål, f. 1818, d. 1906. Johannes d. 1896.

Born:

a. Gulleik, f. 1841, brukar her.
b. Haldor, f. 1843, d. 1844.
c. Anna, f. 1844, g. 1870 Helge Larsson Brekkhus, f. 1835, strandsitjar pa Evanger, hestehandlar.
d. Haldor, f. 1846, brukar her.
e. Brita, f. 1849, utv. til USA 1871, gift med Henrik Johnson Fadnes, farmar i Wisconsin.
f. Anders, f. 1851, utv. til USA 1869. Han døydde 1873. Medan han var sjuk hadde han tilhelde hjå morsystra Ingebjørg Nelson, mor til Knute Nelson.
g. John, f. 1853, utv. til USA, farmar.
h. Torbjørg, f. 1855, d. 1875.
i. Kari, f. 1858, d. 8 år gl.
j. Ingebjørg, f. 1858, d. 1859.
k. Anders, f. 1864, g. 1889 Ingeborg Larsdtr. Nesheim, f. 1865, lærar, sist i Bergen.


Matr.framlegget 1863 seier om denne part av garden: Åker 4 2/3 mål, 11 mål god, 10 mål middels og 23 mål ring naturleg eng. Av utslåtter og fjellslâtter 240 våger høy. Sådde 2 t. korn, 2 t. poteter. Avla 10 t. korn, 10 t. poteter og 802 våger høy. Fødnaden var 8 kyr, 2 ungfe, 18 sauer, 1 hest. God og tilstrekkeleg hamn. Vedaskog og never. 1 mil vanskeleg klyvjaveg til bygda. Bruket var tungbrukt, men vanleg godt dyrka. Kornet fraus stundom.


1865. Skøyte frå Johannes Nilsson til sonen Gulleik for 200 spd. og Gulleik Johannesson, f. 1841, g. 1876 Ingeborg Johnsdtr. Trefall, f. 1853. Gulleik reiste til Amerika i 1870. Han var heime 1875/76, og då han reiste tok han Ingeborg med seg og gifte seg med henne i Amerika. Han hadde farm ei tid i Koshkonong, men reiste seinare til Dakota territorium. Gulleik døydde i fyrstninga av 1890-åra. Han hadde 6 born, og enkja og borna greidde med farmen. Ein son var i fleire år paktar hjå Knute Nelson. - Rene s. 515.


1869. Skøyte frå Gulleik Johannesson til broren Haldor for 200 spd. Haldor Johannesson, f. 1846, g. 1873 Brita Gulleiksdtr. Skjerven, f. 1853.

Born:

a. Kari, f. 1874, g. 1897 Berge Bergeson Akselbjørg, f. 1870, b. Akselbjørg, Evangerboka b. I.

Brita døydde 1875 og på skifte etter henne vart bruket utlagt enkjemannen for takst kr. 2000.

Haldor Johannesson gifte seg oppatt 1880 med Begga Sjursdtr. Trefall, f. 1859, d. 1910.

Born:

a. Johannes, f. 1881, d. 1920.
b. Sjur, f. 1882, utv. til USA.
Brita, f. 1885, d. 1912.
Brita, f. 1887, d. 1961, ug., b. Dale.
Torbjørg, f. 1889, g. 1912 Hans Ingebrigtson Buene, Leikanger, f. 1887, b. Styve, Evangerboka b. II.
Nils, f. 1892.
Anders, f. 1894, utv. til USA.
Anna, f. 1897, b. Dale.
Haldor, f. 1903, ug, bonde Solvik, Styve.

Haldor Bergo kjøpte husvyrket sitt på Voss. Det vart køyrt til Evanger, opp Teigdalen og over fjellet til Bergo.

1875 var fødnaden 2 hestar, 8 kyr, 2 ungfe, 22 sauer, 3 geiter. Sådde 2 t. havre, 3 t. poteter.


1894. Skøyte frå Haldor Johannesson til Knut Monsson Steinsland for kr. 5000. Knut Monsson, f. i Modalen 1860, g. 1890 Maria Hansdtr. Almelid, f. 1865.

Born f. i Evanger:

a. Johannes, f. 1895, d. 1896.


1898. Skøyte frå. Knut Monsson til Rasmus Nilsson Straume mot å få att eit bruk i Steinsland. Rasmus Nilsson, f. i Modalen 1856, g. 1893 Ragnhild Monsdtr. Steinsland, f. 1868.

Born:

a. Nils, f. 1894.
b. Andreas, f. 1895, kjøpte Stigen u. Rørgo, Evangerboka b. I.
c. Johannes, f. 1896, d. 1925, ug. gardsarbeidar.
d. Kari, f. 1898.
e. Steffina, f. 1900, g. 1932 Knut Olson Berge, f. 1894, b. Berge, Voss.
f. Magnus, f. 1903, g. 1929 Anna Johannesdtr. Gjeilen, f. 1902, b. Gjeilen, Evangerboka b. I.
g. Alfred, f. 1904, g. 1933 Ragnhild Helgesdtr. Steine, f. 1909, pylsemakar, b. Evanger.
h. Anna, f. 1906, g. 1933 Mattias Nilsson Skjoldli, f. 1891, b. Skjoldli, Voss.
i. Olav, f. 1909, g. 1945 Gudrun Tryti, Vik, f. 1911.
j. Henrik, f. 1911, d. 1934.

Rasmus Bergo selde bruket på Bergo 1910 og kjøpte att bnr. 1 i Aldalen på tvangsauksjon og flytte dit.


1910. Skøyte frå Rasmus Nilsson til Andreas Jakobson Fjellanger for kr. 3800. Andreas Jakobson, f. 1874 i Modalen, d. 1942, g. 1904 Synneva Knutsdtr. Bergo, f. 1872.

Born:

a. Maria, f. 1905, g. 1936 Gjert Olavson Eikefet, f. 1897, fabrikkarbeidar, b. Dale. Sjå bnr. 4, og ættesoge for Dale.
b. Anna, f. 1907, g. Ivar Væle, Voss.
c. Johannes, f. 1908, neste brukar.
d. Ingebjørg, f. 1910, g. I Severin Johanson Gullbrå, f. 1900, vegarbeidar, d. 1937, g. II Olav Straume, d. 1948, b. Stanghelle.
e. Kari, f. 1912, g. 1938 Magnus Olson Eide. f. 1897, d. 1949, b. Haus.
f. Johan, f. 1916, d. 1916.


1943 får Johannes Andreasson skøyte for kr. 3800 og lir. Johannes Andreasson, f. 1908, d. 1994, g. 1944 Jenny Johansdtr. Gullbrå, f. 1909, d. 1999.'

Born:

a. Atle, f. 19**, neste brukar.
b. Severin, f. 19**, g. 1971 Alis Kåresdtr. Monsen, f. 19**, mentør, b. Høland, Akershus.
c. Bernt, f. 19**, tunnelarbeidar, ug. b. Bergo.


1976. Skøyte til Atle Johannesson på bnr. 2 og 3 og 4. Atle Johannesson, f. 19**, g. 1973 Veslemøy Ivarsdtr. Rødland, f. 19**, Bolstadøyri.

Born:

a. Jon-Anders, f. 19**.
b. Ivar, f. 19**.

Atle er bussjåfør ved sida av gardsarbeidet.


Hus på garden:

Stovehuset bygt 1931, løa med fjos vart bygt 1930. Atle Bergo bygde nytt hus 1974.


Dyrka skog, jord og fødnad:

Det er 75 mål fulldyrka og 25 mål an­na jordbruksareal. Millom 300 og 400 mål lauvskog høyrer til bnr. 2. Nokre tusen granplant er utsett, noko av dette er hogstmoge i 1980. Fødnaden er i 1980 117 sauer.


Bnr. 3. Fagerbø.

Skyld 26 øre. Utsk. frå bnr. 2 i 1898.

Skøyte til Evanger herad. 1954. Skøyte til Johannes A. Bergo, f. 1908. 1976. Skøyte til Atle Bergo, f. 19**, og Berit Karin Bergo, f. 19**. Sjå bnr. 2.


Bnr. 4. Minde.

Skyld 26 øre. Utsk. frå bnr. 2 i 1916.

1917. Skøyte frå Andreas J. Fjellanger til dtr. Marie Andersdtr., f. 1905, g. 1936 Gjert Olavson Eikefet, f. 1897, fabr.arb., b. Dale.

Born:

a. Inga, f. 19**, g. 1960 John Birkeland, Dale, f. 19**, laboratoriesjef, b. Dale. Kona er likningssekretær i Vaksdal.

1965. Skøyte til Atle Bergo, f. 19**, utan vederlag.


Bnr. 5. Bergoavsnittet. .

Skyld 40 øre. Utsk. frå bnr. 1, 2 og 4 i 1918/21. 1922.

Skøyte frå oppsitjarane på Bergo til h.r.adv. Wiig for kr. 15.000.

1926. Skøyte til Bergenshalvøens kommunale kraftselskap.


Bnr. 6. Skulehaugen. .

Skyld 5 øre. Heimelshavar Evanger herad, frå 1964 Vaksdal kommune.


Bnr. 7. Roligheten. .

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 2 i 1967. Grunn­boksheimel har Johannes Bergo.


Bnr. 8. Latebu. .

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 2 i 1967.

1973. Skøyte til son Bernt Bergo, f. 19**, utan vederlag.


Bnr. 9. Kvile.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 2 i 1967.

1969. Skøyte til Bjarne Karlsen for kr. 1000.


Bnr. 10. Hjelthaugen.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 2 i 1967.

1973. Feste til Jakob Dyvik på bnr. 10 og 12 for 25 år mot årleg avgift kr. 400 og med rett til lengjing av festetida.


Bnr. 11. Roligheten.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 4 i 1967. Grunn­boksheimel har Atle Bergo.


Bnr. 12. Hjelthaugen.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 4 i 1967.

1973. Feste til Jakob Dyvik - sjå bnr. 10.


Bnr. 13 Skulehaugen.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 6 i 1972. Grunnboksheimel har Evanger herad.


Bnr. 14 Kvile.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 2 i 1972.

1973. Skøyte til Bjarne Karlsen for kr. 2000.


Bnr. 15. Bergly.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 2 i 1973.

1974. Skøyte til Atle Bergo, f. 19**, for kr. 2000.


Husmenn:

Jakob Kristensen Yksendalen, f. 1681, g. 1715 Ingeborg Mikkelsdtr. Bindingbø, f. 1674, d. 1768, var til hus her 1719.

Born:

a. Kristen, f. 1719, g. 1746 Marta Monsdtr. Langeland, f. 1712, innerst Århus, Brekkhus 1749-52, og sist på Væle, Evangerboka b. I og II.


Soldat Johannes Tørresson (Torgeirson) f. 1697 på Gullbrå, g. 1722 Gjertrud Johannesdtr. Luren, f. 1690, d. på Luren 1751, var truleg husmannsfolk her. Då Johannes vart gift kalla han seg for Ullestad. Gjertrud Johannesdtr., fekk ei dotter, Ragnhild i 1718 med Jakob Knutson Trefall. 1728 fekk Johannes Tørresson ei dotter, Kari, med Synneva Pedersdtr.

Knut Jakobson Bindingbø, f. 1734, g. 1764 Ragnhild Johannesdtr. Tyssen, f. 1734, budde her i 1769.

Born:

a. Anna, f. 1769.

Huslyden flytte til Seljelid i Lindås.


Grend:

Bergo er i bedlag med Bindingbø og Fosse på eine sida og med Nesheim og Brakestad på den andre.


Utløer:

Ørnastallsløo, Skreløo, Hjedlaløo, Almaløo, Vikaløo, Geitabotnløo, Blomløo. - Stakkstøde har der vore fleire stader. jamleg på Tjoahamrane.


Støl:

Båe bruka har støl på Bergastølen som ligg 700 m.o.h., sørfor Bergavatnet. Stølsområdet er to dalføre som kryssar kvarandre.


Kvern:

Det har stade 5 kvernhus i Kvernhusgrovi på Bergo. Enno står kvernhuset til bnr. 1.


Tekniske tilhøve:

Fyrste slåmaskina fekk båe bruka i 1920, og traktor i 1965. Eksingedalsvegen var ferdig til Bergo i 1925, veg­strekningen Bergo-Nesheim, ca. 2600 m med store fjellskjeringar vart bygd 1925-1930. Telefon 1950. Elektrisk kraft 1955.


Forteljingar:

Då Helge Knutson f. 1864 overtok bnr. 1 i 1891, var det 8 kyr på garden, av desse var 5 kårakyr, - 3 til faren og 2 til Brynhilda, enkja etter han Nils. - Landpostbod-ruta som Helge Knutson gjekk, var fyrst frå Evanger, sidan frå Flatekvål.


Tunet på Bergo:

Tunet har tidlegare tider lege på det låge høgdedraget millom Smiåkerbuktè og Bergavatnet, omkr. 200 m sørvest for det noverande tunet på bnr. 1. Denne ryggen liknar på eit åk, når ein ser han på fråstand, og garden har i gamal tid heitt Vassele, som er nemningi for åk, beretre i vossamål. Det er segn om at det var berre eitt menneske att i Øvre-Eksingedalen etter svartedauden, og ho budde på Vassele. Då busetnaden vart teken oppatt, flytte dei tunet til der det no er under bergi. Knut Bergo f. 1890 braut opp jordi på Vassele omkr. 1930; då kom 15-20 hustufter til syne, sume små. Store mengder kol vart funne der ute, og ei steinskål på 25 cm i tverrmål. Namnet Smiåkerbuktè tyder på kontinuitet, det må vera smidja til Vassele namnet viser til, for smidja til Bergo har i nyare tider lege lenger nord under bergi. Myrè vart oppløgd av Helge Bergo f. 1923. Han kom då ned på ein hellelagd gang i 60 meters lengd mot ei kjelde i utkanten av området.


Frå arbeidslivet på garden:

Knut Helgeson f. 1825 på Øvre Helland i Modalen bygde nye hus på bnr. 1 1865-1870. Knut Helgeson f. 1890 og brørne dyrka mykje ny jord, serleg broren Olav, f. 1892, som sidan vart bonde på Sola på Jæren, var mykje med. Den fulldyrka marki på garden vart dobla i tidi 1910-1925. Då den nye løa vart bygd i 1934, grov dei opp støypesand på heimebøen; dei grov ned i ei djupn på 6 m. Frosten hjelpte dei å grava so djupt. Stein til murane vart sprengd og framkøyrd om vinteren.

Knut Bergo kjøpte fyrste tunna kunstgjødning i 1920.

Andreas Jakobson f. 1874 braut opp 30 mål i si tid på bnr. 2; han bruka å ha korn fyrste året i nybrot. Steinen han braut ut i turrbak­kane, vart nytta til steinsetjing av grøftene og myrane.


Veiding og fiske:

Snareveiding har vore ei viktig attåtnæring på garden. Sume vetrar var dei over til Brekkhus og leverte 70 rjuper i veka. Knut Bergo f. 1890 fortalde at han og brørne bruka å gå med lykt vetramorgonane opp i Seterhaugen, slik at dei kom til rjupa medan ho var i beitingi i grålysingi. Dei gjekk på trugar i laussnjoen føre jol. - Det har vore fiska mykje for salting og turking pågarden. Dei bruka not til å stengja auren med i Vetlatjødne, like nedanfor tunet. Då la dei ut noti i Vetlatjønnssundet, sopa tjørni og drog noti i land i Vetlatjønnsåkeren. På det meste fekk dei 3 spannbytter i eit slikt steng. Siste gongen dei stengde fisk her, var i 1935.


Ymse:

Eit murlad i 3 meters høgd millom smidja til bnr. 1 og tunet på bnr. 2 er truleg fleire hundre år gamalt. Steinen må ha vore utbroten då dei grov nye åkrar under bergi.- Store deler av muren har vore nytta ved nybygg på garden.


Off. forretningar:

Vegkontrakt Fadnes-Brekkhus 1888. Veg­kontrakt gjennom dalen 1894. Kontrakt vedk. Nesheim kapellkyrkja 1903. Garantidok. vedk. vegen Fosse-Nesheim 1913. Utskifting 1928. Kontrakt om gratis grunn til kraftlina Fosse-Trefall 1943. Utskifting over utmark 1956-57. Overutskifting 1958.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy