Brørvik

Frå Vaksdal Historielag

(Skilnad mellom versjonar)
Jump to: navigation, search
u (Verna «Brørvik» [edit=autoconfirmed:move=autoconfirmed])
Line 3: Line 3:
Gards og ættesoge for Brørvik.
Gards og ættesoge for Brørvik.
 +
 +
 +
<center><font size="4">'''GNR. 34 BRØRVIK'''</font></center>
 +
 +
 +
==INNLEIING==
 +
 +
 +
Ligg på nordsida av Eidsfjorden, 2 km sørvet for Eidsland. Tunet med innmarka ligg i ei sørvend vik, der elva, som kjem frå Stordalen, renn ut i fjorden. Både sør og nord for tunet er det bratte fjellsider ned mot fjorden. Her er ikkje gardsveg, og ferdsla må gå over fjorden. Gardsnamnet vart skrive Brør Vig 1666. Brørwig 1667. Brørvik 1723. Brørevig 1818. På 1800-talet også skrive Bjørgsvig el. Bjørsvig. 1886 Brørvik. I bygdemålet heiter garden ''brø'rvikjæ. ''Han bur i ''brø'rvikjene. ''Første lekken kan vera genitiv fleirtal av broðir, bror. Magnus Olsen meiner at garden kan ha fått namnet avdi to eller fleire brør kan ha ått han saman. Namnet treng vel ikkje ha noko med eigartilhøvet å gjera. Det kan og koma av at fleire brør har vore brukarar der etter einannan eller samstundes. Sjå nedanfor under brukarsoga.
 +
Brørvik grensar mot Simenes og Eide. Om grensa mot Simenes, sjå Simenes. Grensa mot Eide tek til ved sjøen i Juvikrinden, ei rust mellom Juvik og Sandvik. Går mot nordvest til Merkesbotnen, derifrå over Merkesbotsrustene til Skavlabekken og fylgjer denne eit stykke i vestleg retning. Sidan går ho mot nord til Fjellbotsbekken. Derfrå mot sørvest til grensemerket på Salsfjellet der grensene mot Mostraum, Mellesdal, Simenes, Brørvik og Eide møtest.
 +
Det eldste skriftlege vitnemålet om garden er frå 1657. I Bergenhus Amtsrekneskap 1665 vert det opplyst at Brørvik er nyrudd og at skylda er sett til eitt spann (18 merker) smør. Garden er rekna jamgod med ein halv øydegard. Den munnlege tradisjonen på garden veit å fortelja at den fyrste mannen i Brørvik kom frå Larsastovo på Eide. Brita Matiasdtr. Brørvik f. 1795 d. 1876 fortalde dette. Dette høver svært godt i hop med opplysningar frå dei skriftlege kjeldene. I manntalet 1664 er det ikkje nemnt nokon brukar i Brørvik, men i manntalet 1666 er brukaren Olav Olsson med. Han er då 28 år gamal. Det er truleg den same Olav Olsson som er oppførd under Eide i manntalet 1664, 26 år gamal. Fleire tilhøve synest å tyda på at Brørvik er utskilt frå Eide. Båe gardane har same eigar i leiglendingstida på 1600- talet. Ved arveskifte sist på 1600-talet vart dei delte mellom to grupper av ervingar. Den eine gruppa skøytte nokså snart partane frå seg til brukarane. Ser ein på lægjet åt garden, synest det vera nokså klårt at det er den sørlegaste delen av gardsområdet åt Eide som her er utskilt til eigen gard.
 +
Brørvik har i alle år berre vore eitt bruk. Same ætta har site på garden så lenge ein kjenner til. Den munnlege tradisjonen på garden synest å ha vore rik og pålitande. Det er frå, Brørvik vi ha segna om han Endre i Vommene, som budde på andre sida av fjorden på 1600-talet. Meir om dette under Myster.
 +
Husa på garden er no: Stovehus, bu, vedbu og løe med flor. I utmarka var der før ein vårflor på Bruabakken og seks utløer som stod på fylgjande stader: Rotaliæ, Skaret, Stordalen, Øvreliæ, Tonæ, Utlabakken. Utløer og vårflor er no for det meste dotne ned. Stovehuset er bygt i 1848 og ombygt 1914. Det vart vølt med nytt tak i 1962. Gamlestova før 1848 var røykstove. Ho vart flytt til Sagstad i Meland i 1874. (Magdeli Hansdtr. f. 1761 (sjå nedanfor) vart g. 1784 m. Knut M. Sagstad.) Før ca. 1920 var der og smie, stall og geithus på garden.
 +
Om lægjet åt garden heiter det 1723: «ligger ved Søen 5 1/2 Mil fra Bergen, maadelig til Korn og tungvunden til Høe.» 1863: «Ved Søen og derfra 5 Miil til Bergen. Om Vinteren ligger Meniis omtrent 5 1/2 Mdr. Middels lettbrukt, men tungt fra Slaatterne.»
 +
Jordsmonnet på innmarka er morenejord og noko leir og sand. Innmarka er på vel 50 mål. 1863 var her knapt 5 mål åker og dyrka eng. 2,6 mål var god, 1 mål middels og resten ring. Bøen var på 22,6 mål. 8 mål var god bø, 2,6 mål middels og 12 mål ring. Åkrane ligg nedanfor tunet. Storåkeren var størst av dei gamle åkrane. Han hadde ein krok som dei kalla «Klonæ». Ein lang smal åker heitte Strengen. På kvar si side av Grudalsbekken låg Øvstebalen og Nedstebalen. Attmed Øvstebalen var det ein åker som heitte «Krokjen». Andre åkrar var Største Brotåkeren, Minste Brotåkeren, Fetåkeren og i seinare år Naustbakkaåkeren. Dei hadde poteter i helvta av åkrane og korn i andre helvta og skifte annakvart år. Dei hadde og nokre serskilde potetgjerde og smååkrar som låg rundt i kring på bøen. To av dei låg på gamle smitufter og heitte difor Smigjerda. Eitt gjerde låg oppå Rinden, eit anna i kanten av Rinden. Der var i alt 7 slike små potetgjerde. Sume var ikkje større enn ei smietuft. Andre kunne vera som to smietufter. Potetgjerda vart hevda med smalamøk og geitamøk. Innmarka ligg lunt til og får mykje solvarme. «Detta æ ei god hola,» hermer dei etter Ingeborg Monsdtr. Vik, St. f. 1828 g.m. Matias Hansson Brørvik.
 +
Utmarka har bra med skog. 1723 var her «Brendeveed og noget furre skoug til Huusfornødenhed». 1863 kunne dei selja ved og tømmer for årleg netto 14 spd. Bjørk og eik har dei og selt til trevyrke. Ein del eik gjekk til skipsbyggeri. Haldor K. Simenes var agent for skipsbyggeri og selde eik av eigen skog og. Beitet var 1863: «Beliggende et Stykke fra Gaarden of middels Beskaffenhed og tilstrækkelig.» Kyrne gjekk i heimehagen til jonsok. Når det var ruskever batt dei dei inn i vårfloren. Sidan var dei på fjellstølen til barsok og i heimehagen att til mikkelsmess. Då vart dei som regel sette inn. Attåt kyrne som høyrde garden til, var her hyrekyr. Hyrekyrne kom som regel frå Radøya. Same folka kom år etter år med kyrne sine på store båtar. Lars Mikkelson og Mikkel Larsson Morken hadde kyr her i over 30 år. Vilkåra var til å byrja med 1/3 av avdråtten til garden og 2/3 til eigaren. Eigarane kom der gjerne fleire gonger om sumaren og henta heim mjølk. Dei frå Morken hadde eit 40 liters anker som dei bar på ryggen i tog. 1723 var her ei flaumkvern. Kvernstøet er i Brørvikelva. Haust og vår var der rikeleg kvernvatn der. Der er ikkje kvernhus no.
 +
Sætra heiter Brørvikstølen eller Tjødnarustæ. Sera ligg om lag 2 km frå tunet, 354 m.o.h.
 +
 +
Brukaren Hans som var brukar 1887-1915 hadde lakseplass der han fiska med kilenot. Han leigde og fiskerett hjå Hesjedal og hadde sitjenot der. I elva går det opp litt sjøaure. I fjorden har dei fiska til husbruk.
 +
På 1800-talet budde her nokså mykje folk på garden. Mathias som var brukar frå 1854 hadde 11 born. Han fostra opp nokre slektningar og. Mora og ei gamal farsyster var kårkoner. Så hadde dei tenarar. Skogen gav den beste innkoma. Jordbruket var ikkje så viktig som skogen. Det var sag på garden til 1945. Frå om lag 1950 har her berre butt folk i sumarhalvåret. Den noverande eigaren bur på Vaksdal om vinteren. Garden vantar telefon og elektrisitet.
 +
 +
 +
=='''SKYLD OG UTREIDSLER m.m.'''==
 +
 +
Gamalt matr.nr. 13 i Hosanger skipreide. Nytt 1838: 14. 1853 matr.nr. 149 i Haus tinglag. 1886 gnr. 45 i Bruvik.
 +
 +
Landskyld 1665: 18 merker smør. 1838: 1 dl. 1 ort 8 sk. Revidert: 2 dl. 23 sk. 1886: 3,23 skm. Leidang, fredtoll, gjengjerd, vedpengar 1665: 1 mark. Kandtiend: 3 kanner. Småtiend: 2 sk. Folketal 1801: 9. 1875: 8. Fødnad 1657: 1 hest, 1 okse, 6 kyr, 1 kvige, 11 geiter, 13 sauer. 1723: 6 kyr, 1 ungfe, 6 sauer, 1 hest. 1863: 1 hest, 8 kyr, 3 ungfe, 48 småfe. 1875: 1 okse, 6 kyr, 2 ungfe, 17 sauer, 10 geiter. 1915: 5 kyr, 2 ungfe, ein del småfe. 1665: Sånad: V2 t. korn. Avling 1 t. Fødnad: 6 storfe. 1863: Sånad: 4 t. havre, 3 1/2 t. poteter. Avling 13 1/2 t. havre, 18 t. poteter. 860 våger høy, 94 våger halm. I slåttene 290 våger høy. Beit, skav og lyng til 1 1/2 kufor.
 +
Frå Samanlikningsprotokollen 1818: «Furru og Brændeskov endog til Salgs, Næverskov og Vandfald til eget Brug, samt middels Havnegange. Er aarviss paa Korn.»
 +
 +
1959 rekna dei 10 mål innmark på garden.
 +
 +
 +
=='''EIGARAR'''==
 +
 +
 +
Halvard Mundal åtte garden 1676. Han åtte også Eide og garden Leknes. Den siste låg i Alenfet skipreide. I 1680-åra vart både Brørvik og Eide delt mellom to grupper av eigarar. Lensmann Rasmus Hannestveit åtte halve Brørvik og halve Eide. 1718 var det Johannes Hannestveit som åtte denne parten, og etter han lensmann Nils Johannesson Hannestveit. Han åtte partar i Øvre og Nedre Kleppe, i Løtveit, Vare, Gammersvik og Langedal. Parten i Brørvik fekk enkja Marta Olsdtr. Ved skifte etter henne vart parten delt mellom sønene Olav Nilsson og Anders Nilsson. 1796 vart det halde skifte etter Anders Nilsson. 1804 gav Olav og ervingane etter Anders skøyte til brukaren i Brørvik. Marta Matiasdtr. Brørvik f. 1854 g.m. Einar K. Tysso fortalde korleis dette bar til. Dei frå Hanstveit kom kvar vinter til Brørvik og hogde i skogen. Det var vel slik at Hanstveitkarane hadde teke undan rett til å driva skogen sjølv. Folket i Brørvik laut halda dei både med hus og mat. Dei var nokså leie av desse Hanstveitkarane. Brørvikmannen hadde fleire gonger freista å få kjøpa parten deira, men det hadde ikkje lukkast. Ein vinter Hanstveitkarane kom innover, trefte dei meinis og måtte overnatta i Gammersvik. Då høyrde Gammersvikmannen at dei snakka seg i mellom etter at dei hadde lagt seg om kvelden: «Da vært vel te at me må lata han få da. Han gje seg ikkje før.» Gammersvikmannen skunda seg i førevegen til Brørvik og fortalde dette som han hadde høyrt. Då Mathias no spurde oppatt om å få kjøpa, lukkast det. Den andre helvta av garden hadde då vore i brukarfolket si eiga om lag 100 år. Det var Ingebjørg Ellvig eller Hjelvig og Barbro Midtgaard som åtte denne parten. Dei står oppførde som eigarar 1694. 1692: Lars Mundal og Knut Midtgaard. Kvar med 9 merker smør. Fyrst på 1700-talet vart det gjeve skøyte til brukaren. 1723 vert det opplyst at parten er «Mathias Odel og Arvegods».
 +
 +
 +
=='''BRUKARAR'''==
 +
 +
 +
'''1657 '''er brukaren '''Ivar '''(Iffuer) nemnd i husdyrskattemanntalet. Han er ikkje å finna i andre kjelder frå nokolunde same tid. Kvar han kom frå, veit me ikkje. Kan henda var han bror til neste brukar. I så fall er det mogeleg at skyldskap mellom desse to har gjeve namn til garden.
 +
 +
 +
'''1666 '''var '''Olav Olsson '''brukar. Han var fødd om lag 1638 d. 1721. 1664 finn me han i manntalet for Eide, og det er liten grunn til å tvila på det som tradisjonen i Brørvik fortel, at han kom frå Larsastovo på Eide. 1679 stemnde Olav grannen sin, Ivar Simenes, for retten. Ivar hadde i eit bryllup kalla Olav «Buck», og dette førde til slagsmål. Båe måtte bøta 2 mark sylv. Elles ser det ut til at Olav var ein velvyrd mann. 1705 var han lagrettemann. Om lag på same tid fekk han skøyte på halve garden. Han var i lang tid ombodsmann for Stamnes kyrkja, og då han vart gravfest 1721, skreiv presten i kyrkjeboka: «Graffæstet den ærlige og velforstandige mand Oluf Olufsen Brørvig fordum medhjelper og kirkeværge til Stamnes kierke — derved tient udi 25 aar — hans alder var 80 aar.»
 +
 +
Olav var truleg gift 2 gonger. Den fyrste kona kjenner me ikkje namnet på. Ho som truleg var andre kona, heitte Marta Magnesdtr. og er å finna i kyrkjeboka frå 1690 og utover. Ho var visstnok fødd i Kallvik og døydde 1732 81 år gamal. 4 born døydde små.
 +
 +
Dei andre som ein kjenner til frå båe ekteskap er desse:
 +
:Hans f. 1664. Brukar på Eide br. 3.
 +
:Marta g. 1701 m. Olav Johannesson Leiro.
 +
:Berite el. Brita g. 1712 m. Olav Monsson Langedalen.
 +
:Barbro d. 1703.
 +
:Knut f. 1682. Bygsla 1705 på Tveit i Hosanger.
 +
:Mikkjel f. 1689 g. 1714 m. Brita Johannesdtr. Myster.
 +
:Jon f. 1691. Brukar på Mo, St.
 +
:Matias f. 1695. Brukar her.
 +
:Siri f. 1698 d. 1726 ugift.
 +
:Ingeborg f. 1700.
 +
 +
 +
'''1716 '''bygsla '''Matias Olsson. '''Nokre år etter fekk han skøyte på halve garden som faren hadde ått. Matias f. 1695 d. 1760 var g. 1 g.m. Ingeborg Magnesdtr. Kallvik f. 1693 d. 1734.
 +
 +
Born:
 +
:3 born døydde små.
 +
:Anna f. 1722 d. 1750.
 +
:Anna f. 1726.
 +
:Olav f. 1727.
 +
:Hans f. 1730. Brukar her.
 +
:Kari f. 1734 g.m. Haldor Andersson Øyo.
 +
 +
Matias vart g. 2. g.m. Marie Jonsdtr. Hesjedal, St. f. 1699 d. 1761.
 +
 +
Born:
 +
:Ingeborg f. 1738 g.m. neste brukar.
 +
:Marta f. 1741 d. 1754.
 +
:Olav f. 1745 d. 1750.
 +
 +
 +
'''1757 '''bygsla '''Knut Ingebrigtson Straume. '''Gift same år m. Ingeborg Matiasdtr. 1761 flytte dei til Straume br. 6.
 +
 +
 +
'''1760 '''skøyte til '''Hans Matiasson '''på 6 3/4 merker smør. Det var denne parten buet åtte då det vart skift etter far hans, Matias Olsson. Parten var verdsett til 13 rdl. 3 sk., og Hans fekk han for taksten. I skiftet etter Ingeborg Magnesdtr. 1734 hadde jordegodset vorte delt mellom enkjemannen og borna. Dotra Kari ervde 3/4'' ''merker smør, verdsett til 1 rdl. og Hans hadde truleg fått utlagt 1 1/2 mark smør. Då det vart skift etter Matias 1760 var bruttosummen i buet 137 rdl. 1 mark 4 sk., og nettoen 82 rdl. 3 mark 3 sk. Sylvet var verdsett til vel 20 rdl. kopar til 12 rdl. 5 mark og krøtera til 17 rdl. 3 mark. Den ugifte dotra Kari kravde i bryllaupsgjerd og heimegifte 13 rdl. Dette vart rekna med i frådraget i buet. Far hennar hadde vore verje for henne, og no vart broren Hans utnemnd til verje. I skiftet er berre nemnt borna Hans, Kari og Ingeborg. Dei andre var truleg døde før faren. Enkja ervde vel 41 rdl., sonen vel 20, og kvar av døtrene vel 10 rdl. Sonen Hans kravde og fekk utlagt jordegodset, 6 3/4 merker smør. 1775 er han oppførd som eigar av 9 mark smør, so han har då truleg fått kjøpa parten åt systra Kari og. Den andre helvta av garden bygsla han. Hans f. 1730 d. 1801 g. 1757 m. Brita Ingebrigtsdtr. Øyo f. 1733 d. 1812.
 +
 +
Born:
 +
:To born døydde små.
 +
:Ingeborg f. 1759.
 +
:Guri f. 1760.
 +
:Magdeli f. 1761 g. 1808 m. enkjemann Knut M. Sagstad.
 +
:Guri f. 1764 g. 1784 m. Jakob J. Kalland.
 +
:Matias f. 1766. Brukar her.
 +
:Ingeborg f. 1769 g.m. Anders K. Myster, br. 4.
 +
:Kari f. 1774 g. 1794 m. Nils A. Fylen, busett Helland, Hosanger.
 +
:Brita f. 1777 g.m. enkjemann Jakob J. Nordre Fosse, Hosanger.
 +
 +
 +
'''1788 '''skøyte til '''Matias Hansson.'''
 +
 +
Dette skøyte galdt halve garden. Den andre helvta bygsla han, men 1804 fekk han skøyte på den parten og. Matias f. 1766 d. 1847 var g. 1788 m. Barbro Johannesdtr. Kvamme br. 2 f. 1756 d. 1830.
 +
 +
Born:
 +
:Jon f. 1789 d. 1811.
 +
:Marie f. 1791.
 +
:Brita f. og d. 1793.
 +
:Brita f. 1795 d. 1876. Hadde kår her. Sjå nedanfor.
 +
:Hans f. 1799. Brukar her.
 +
 +
 +
'''1826 '''skøyte til '''Hans Matiasson '''for 80 spd. og kår til foreldra. 1847 svara han kår til systra Brita.
 +
 +
Hans f. 1799 bleiv på sjøen 1863. Han var g. 1826 m. Sigrid Andersdtr. Kvåstad frå plasset Kvåstadstølen, f. 1803 d. 1886.
 +
 +
Born:
 +
:Barbro f. 1827 g.m. Knut Andersson Hesjedal, Arne Fabrikker.
 +
:Kari f. 1828. Sjå husfolk.
 +
:Mathias f. 1829. Brukar her.
 +
:Marie f. 1831 g.m. Nils J. Kvamme br. 2.
 +
:Marta f. og d. 1833.
 +
:Marta f. og d. 1834.
 +
:Anders f. 1836. Brukar på Myster br. 4. G. 1865 m. Marie Knutsdtr. Myster. Busett der.
 +
:Jon f. 1838 d. 1923. Busett Rivenes, Haus.
 +
:Johannes f. 1840.
 +
 +
 +
'''1854 '''skøyte til '''Mathias Hansson '''for 300 spd. og kår til foreldra.
 +
 +
Mathias var lenge med i heradstyret og sat i formannskapet 1874-76. Han gjekk sterkt inn for å byggja ny kyrkje på Stamnes og var ein av dei som skreiv under kontrakta 1861 då kyrkja skulle byggjast. Han var med i fatigkommisjonen og i likningskommisjonen og var takstmann for Hypotekbanken. Mathias f. 1829 d. 1904 vart g. 1852 m. Ingeborg Monsdtr. Vik, St., br. 1. f. 1828 d. 1920.
 +
 +
Born:
 +
:Siri f. 1853 d. 1900. G. 1892 m. John K. Moen. Busett Straume.
 +
:Marta f. 1854 d. 1952. G.m. Einar K. Tyssen, Evanger.
 +
:Gjertrud f. 1856 g.m. Knut Monsson Straume br. 6.
 +
:Hans f. 1858. Brukar her.
 +
:Mons f. 1859. Emigrerte til U.S.A. 1885.
 +
:Marta f. 1862 g.m. Ole K. Dyvik, Stamnes.
 +
:Knut f. 1863. Seminarist. Busett i U.S.A. 1887-92, d. 1894.
 +
:Mathias f. 1856. Emigrerte til U.S.A. 1886. Døydde der. Maria f. 1867. g.m. gardbr. Magne Bolstad, Evanger.
 +
:Ingeborg f. 1870 g.m. Halstein Stamnesleiro br. 1.
 +
:Andrea f. 1875 d. 1953. Lærarinne. Busett Oslo. Var bibliotekar på Stamnes 1908-12.
 +
 +
 +
'''1887 '''skøyte til '''Hans Mathiasson '''for kr. 1400,— og kår til foreldra. Hans var med i heradstyret frå 1892 til 1913 og 1917 til 1921. Frå 1898 var han med i formannskapet, var lenge varaordførar og frå 1905 var han fleire perioder ordførar. Han hadde uvanleg mange tillitsombod i kommunen. Han var med å skipa Bruvik Sparebank og sat i styret og forstanderskapet frå banken vart skipa. Han var varaformann i styret frå 1924. Elles var han med i likningsnemnd og overlikningsnemnd. Han var utskiftingsmann, branntakstmann, lagrettemann og domsmann, skjøns- og meddomsmann, medlem av overformynderiet og fatigstyret, i arbeidsløysenemnda, i skattekommisjonen, skogutvalet der han var varaformann 1916. Han var med i byggenemnda for skulehusa på Eidslandet og Vaksdal. Var formann i arbeidskomité for Arbeidsbruk og Boligbanken 1906-12. I ein arbeidskomité for tverrbane Voss—Brekke i Sogn. Han var med i ei nemnd som var sett ned 1912 for å sikra heradet elektrisk kraft, og ei nemnd 1901 til å koma med fråsegn om ny formannskapslov. Han var kjentmann for Geografisk oppmåling i Stamnes. Hans f. 1858 d. 1941 var 1. g. g.m. Brita Monsdtr. Strømme f. 1857.
 +
 +
Born:
 +
:Ingeborg f. 1879 g.m. Johannes O.''' '''Stamnesleiro. Busett Kallvik br. 2.
 +
:Mathias f. 1880. Brukar her.
 +
:Mons f. 1883. Sjømann. Døydde 1913 ved ulukke i New York.
 +
:Anders f. 1885. Brukar her.
 +
:Brita f. 1887 g. 1925 m. Nils O.''' '''Stamnesleiro.
 +
:Barbro f. 1889 g. 1918 m. snikkar
 +
:Gjert M. Lillejord. Busett Hatland, Haus, seinare Raknes, Osterfjorden.
 +
:Sigurd f. 1891. Lærar i Øyslebø v/Kristiansand. Brukar familienamnet Bjørgsvik.
 +
:John f. 1893. Busett i Los Angeles, U.S.A. Døydde 1962.
 +
 +
Brita døydde 1896 og Hans vart g. 2. g.m. enkja Herborg Johannesdtr. Kallvik. Han busette seg då i Kallvik. Han var rekneskapsførar for vegen Eidsland—Stamnes og hadde kontordagar i banken på Stamnes.
 +
 +
 +
Frå '''1915 '''styrde sonen '''Anders Hansson '''garden. Anders f. 1885 d. 1937 var g. 1918 m. Magdalene Torbjørnsdtr. Fosse, Bergsdalen, f. 1889.
 +
 +
Born:
 +
:Brita f. 19**.
 +
:Hans f. 19**.
 +
:Torbjørn f. 19**.
 +
:Kristbjørg f. 19**.
 +
:Norvald f. 19**.
 +
:Trygve f. 19**.
 +
:Herborg.
 +
 +
Anders var med i likningsnemnda for Eidsfjorden krins. Han sette opp sag på garden i 1923. Saga kom frå Hesjedalsfossen. Ho vart flytt til Eidslandet i 1945. Då Anders var død, styrde enkja og borna garden til 1945.
 +
 +
 +
'''1945 '''skifteskøyte til '''Mathias Hansson '''for kr. 19.500,—. Mathias f. 1880 er g.m. Karen f. 1886, dotter til stasjonsmeister Amund Larsson Haugen, Vaksdal og kona Berit. Mathias var lensmannsbetjent i Bruvik 1901-04, kontorist v/fylkesmannens kontor i Bergen 1904-17 og lensmann på Vossestrand 1917-28. Frå 1928 busett på Vaksdal.
 +
 +
Born:
 +
:Hans f. 1911.
 +
:Amund f. 19**.
 +
:Bjørn f. 19**.
 +
 +

Versjonen frå 08:57, 9 april 2010

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band III


Gards og ættesoge for Brørvik.


GNR. 34 BRØRVIK


Innhaldsliste

INNLEIING

Ligg på nordsida av Eidsfjorden, 2 km sørvet for Eidsland. Tunet med innmarka ligg i ei sørvend vik, der elva, som kjem frå Stordalen, renn ut i fjorden. Både sør og nord for tunet er det bratte fjellsider ned mot fjorden. Her er ikkje gardsveg, og ferdsla må gå over fjorden. Gardsnamnet vart skrive Brør Vig 1666. Brørwig 1667. Brørvik 1723. Brørevig 1818. På 1800-talet også skrive Bjørgsvig el. Bjørsvig. 1886 Brørvik. I bygdemålet heiter garden brø'rvikjæ. Han bur i brø'rvikjene. Første lekken kan vera genitiv fleirtal av broðir, bror. Magnus Olsen meiner at garden kan ha fått namnet avdi to eller fleire brør kan ha ått han saman. Namnet treng vel ikkje ha noko med eigartilhøvet å gjera. Det kan og koma av at fleire brør har vore brukarar der etter einannan eller samstundes. Sjå nedanfor under brukarsoga. Brørvik grensar mot Simenes og Eide. Om grensa mot Simenes, sjå Simenes. Grensa mot Eide tek til ved sjøen i Juvikrinden, ei rust mellom Juvik og Sandvik. Går mot nordvest til Merkesbotnen, derifrå over Merkesbotsrustene til Skavlabekken og fylgjer denne eit stykke i vestleg retning. Sidan går ho mot nord til Fjellbotsbekken. Derfrå mot sørvest til grensemerket på Salsfjellet der grensene mot Mostraum, Mellesdal, Simenes, Brørvik og Eide møtest. Det eldste skriftlege vitnemålet om garden er frå 1657. I Bergenhus Amtsrekneskap 1665 vert det opplyst at Brørvik er nyrudd og at skylda er sett til eitt spann (18 merker) smør. Garden er rekna jamgod med ein halv øydegard. Den munnlege tradisjonen på garden veit å fortelja at den fyrste mannen i Brørvik kom frå Larsastovo på Eide. Brita Matiasdtr. Brørvik f. 1795 d. 1876 fortalde dette. Dette høver svært godt i hop med opplysningar frå dei skriftlege kjeldene. I manntalet 1664 er det ikkje nemnt nokon brukar i Brørvik, men i manntalet 1666 er brukaren Olav Olsson med. Han er då 28 år gamal. Det er truleg den same Olav Olsson som er oppførd under Eide i manntalet 1664, 26 år gamal. Fleire tilhøve synest å tyda på at Brørvik er utskilt frå Eide. Båe gardane har same eigar i leiglendingstida på 1600- talet. Ved arveskifte sist på 1600-talet vart dei delte mellom to grupper av ervingar. Den eine gruppa skøytte nokså snart partane frå seg til brukarane. Ser ein på lægjet åt garden, synest det vera nokså klårt at det er den sørlegaste delen av gardsområdet åt Eide som her er utskilt til eigen gard. Brørvik har i alle år berre vore eitt bruk. Same ætta har site på garden så lenge ein kjenner til. Den munnlege tradisjonen på garden synest å ha vore rik og pålitande. Det er frå, Brørvik vi ha segna om han Endre i Vommene, som budde på andre sida av fjorden på 1600-talet. Meir om dette under Myster. Husa på garden er no: Stovehus, bu, vedbu og løe med flor. I utmarka var der før ein vårflor på Bruabakken og seks utløer som stod på fylgjande stader: Rotaliæ, Skaret, Stordalen, Øvreliæ, Tonæ, Utlabakken. Utløer og vårflor er no for det meste dotne ned. Stovehuset er bygt i 1848 og ombygt 1914. Det vart vølt med nytt tak i 1962. Gamlestova før 1848 var røykstove. Ho vart flytt til Sagstad i Meland i 1874. (Magdeli Hansdtr. f. 1761 (sjå nedanfor) vart g. 1784 m. Knut M. Sagstad.) Før ca. 1920 var der og smie, stall og geithus på garden. Om lægjet åt garden heiter det 1723: «ligger ved Søen 5 1/2 Mil fra Bergen, maadelig til Korn og tungvunden til Høe.» 1863: «Ved Søen og derfra 5 Miil til Bergen. Om Vinteren ligger Meniis omtrent 5 1/2 Mdr. Middels lettbrukt, men tungt fra Slaatterne.» Jordsmonnet på innmarka er morenejord og noko leir og sand. Innmarka er på vel 50 mål. 1863 var her knapt 5 mål åker og dyrka eng. 2,6 mål var god, 1 mål middels og resten ring. Bøen var på 22,6 mål. 8 mål var god bø, 2,6 mål middels og 12 mål ring. Åkrane ligg nedanfor tunet. Storåkeren var størst av dei gamle åkrane. Han hadde ein krok som dei kalla «Klonæ». Ein lang smal åker heitte Strengen. På kvar si side av Grudalsbekken låg Øvstebalen og Nedstebalen. Attmed Øvstebalen var det ein åker som heitte «Krokjen». Andre åkrar var Største Brotåkeren, Minste Brotåkeren, Fetåkeren og i seinare år Naustbakkaåkeren. Dei hadde poteter i helvta av åkrane og korn i andre helvta og skifte annakvart år. Dei hadde og nokre serskilde potetgjerde og smååkrar som låg rundt i kring på bøen. To av dei låg på gamle smitufter og heitte difor Smigjerda. Eitt gjerde låg oppå Rinden, eit anna i kanten av Rinden. Der var i alt 7 slike små potetgjerde. Sume var ikkje større enn ei smietuft. Andre kunne vera som to smietufter. Potetgjerda vart hevda med smalamøk og geitamøk. Innmarka ligg lunt til og får mykje solvarme. «Detta æ ei god hola,» hermer dei etter Ingeborg Monsdtr. Vik, St. f. 1828 g.m. Matias Hansson Brørvik. Utmarka har bra med skog. 1723 var her «Brendeveed og noget furre skoug til Huusfornødenhed». 1863 kunne dei selja ved og tømmer for årleg netto 14 spd. Bjørk og eik har dei og selt til trevyrke. Ein del eik gjekk til skipsbyggeri. Haldor K. Simenes var agent for skipsbyggeri og selde eik av eigen skog og. Beitet var 1863: «Beliggende et Stykke fra Gaarden of middels Beskaffenhed og tilstrækkelig.» Kyrne gjekk i heimehagen til jonsok. Når det var ruskever batt dei dei inn i vårfloren. Sidan var dei på fjellstølen til barsok og i heimehagen att til mikkelsmess. Då vart dei som regel sette inn. Attåt kyrne som høyrde garden til, var her hyrekyr. Hyrekyrne kom som regel frå Radøya. Same folka kom år etter år med kyrne sine på store båtar. Lars Mikkelson og Mikkel Larsson Morken hadde kyr her i over 30 år. Vilkåra var til å byrja med 1/3 av avdråtten til garden og 2/3 til eigaren. Eigarane kom der gjerne fleire gonger om sumaren og henta heim mjølk. Dei frå Morken hadde eit 40 liters anker som dei bar på ryggen i tog. 1723 var her ei flaumkvern. Kvernstøet er i Brørvikelva. Haust og vår var der rikeleg kvernvatn der. Der er ikkje kvernhus no. Sætra heiter Brørvikstølen eller Tjødnarustæ. Sera ligg om lag 2 km frå tunet, 354 m.o.h.

Brukaren Hans som var brukar 1887-1915 hadde lakseplass der han fiska med kilenot. Han leigde og fiskerett hjå Hesjedal og hadde sitjenot der. I elva går det opp litt sjøaure. I fjorden har dei fiska til husbruk. På 1800-talet budde her nokså mykje folk på garden. Mathias som var brukar frå 1854 hadde 11 born. Han fostra opp nokre slektningar og. Mora og ei gamal farsyster var kårkoner. Så hadde dei tenarar. Skogen gav den beste innkoma. Jordbruket var ikkje så viktig som skogen. Det var sag på garden til 1945. Frå om lag 1950 har her berre butt folk i sumarhalvåret. Den noverande eigaren bur på Vaksdal om vinteren. Garden vantar telefon og elektrisitet.


SKYLD OG UTREIDSLER m.m.

Gamalt matr.nr. 13 i Hosanger skipreide. Nytt 1838: 14. 1853 matr.nr. 149 i Haus tinglag. 1886 gnr. 45 i Bruvik.

Landskyld 1665: 18 merker smør. 1838: 1 dl. 1 ort 8 sk. Revidert: 2 dl. 23 sk. 1886: 3,23 skm. Leidang, fredtoll, gjengjerd, vedpengar 1665: 1 mark. Kandtiend: 3 kanner. Småtiend: 2 sk. Folketal 1801: 9. 1875: 8. Fødnad 1657: 1 hest, 1 okse, 6 kyr, 1 kvige, 11 geiter, 13 sauer. 1723: 6 kyr, 1 ungfe, 6 sauer, 1 hest. 1863: 1 hest, 8 kyr, 3 ungfe, 48 småfe. 1875: 1 okse, 6 kyr, 2 ungfe, 17 sauer, 10 geiter. 1915: 5 kyr, 2 ungfe, ein del småfe. 1665: Sånad: V2 t. korn. Avling 1 t. Fødnad: 6 storfe. 1863: Sånad: 4 t. havre, 3 1/2 t. poteter. Avling 13 1/2 t. havre, 18 t. poteter. 860 våger høy, 94 våger halm. I slåttene 290 våger høy. Beit, skav og lyng til 1 1/2 kufor. Frå Samanlikningsprotokollen 1818: «Furru og Brændeskov endog til Salgs, Næverskov og Vandfald til eget Brug, samt middels Havnegange. Er aarviss paa Korn.»

1959 rekna dei 10 mål innmark på garden.


EIGARAR

Halvard Mundal åtte garden 1676. Han åtte også Eide og garden Leknes. Den siste låg i Alenfet skipreide. I 1680-åra vart både Brørvik og Eide delt mellom to grupper av eigarar. Lensmann Rasmus Hannestveit åtte halve Brørvik og halve Eide. 1718 var det Johannes Hannestveit som åtte denne parten, og etter han lensmann Nils Johannesson Hannestveit. Han åtte partar i Øvre og Nedre Kleppe, i Løtveit, Vare, Gammersvik og Langedal. Parten i Brørvik fekk enkja Marta Olsdtr. Ved skifte etter henne vart parten delt mellom sønene Olav Nilsson og Anders Nilsson. 1796 vart det halde skifte etter Anders Nilsson. 1804 gav Olav og ervingane etter Anders skøyte til brukaren i Brørvik. Marta Matiasdtr. Brørvik f. 1854 g.m. Einar K. Tysso fortalde korleis dette bar til. Dei frå Hanstveit kom kvar vinter til Brørvik og hogde i skogen. Det var vel slik at Hanstveitkarane hadde teke undan rett til å driva skogen sjølv. Folket i Brørvik laut halda dei både med hus og mat. Dei var nokså leie av desse Hanstveitkarane. Brørvikmannen hadde fleire gonger freista å få kjøpa parten deira, men det hadde ikkje lukkast. Ein vinter Hanstveitkarane kom innover, trefte dei meinis og måtte overnatta i Gammersvik. Då høyrde Gammersvikmannen at dei snakka seg i mellom etter at dei hadde lagt seg om kvelden: «Da vært vel te at me må lata han få da. Han gje seg ikkje før.» Gammersvikmannen skunda seg i førevegen til Brørvik og fortalde dette som han hadde høyrt. Då Mathias no spurde oppatt om å få kjøpa, lukkast det. Den andre helvta av garden hadde då vore i brukarfolket si eiga om lag 100 år. Det var Ingebjørg Ellvig eller Hjelvig og Barbro Midtgaard som åtte denne parten. Dei står oppførde som eigarar 1694. 1692: Lars Mundal og Knut Midtgaard. Kvar med 9 merker smør. Fyrst på 1700-talet vart det gjeve skøyte til brukaren. 1723 vert det opplyst at parten er «Mathias Odel og Arvegods».


BRUKARAR

1657 er brukaren Ivar (Iffuer) nemnd i husdyrskattemanntalet. Han er ikkje å finna i andre kjelder frå nokolunde same tid. Kvar han kom frå, veit me ikkje. Kan henda var han bror til neste brukar. I så fall er det mogeleg at skyldskap mellom desse to har gjeve namn til garden.


1666 var Olav Olsson brukar. Han var fødd om lag 1638 d. 1721. 1664 finn me han i manntalet for Eide, og det er liten grunn til å tvila på det som tradisjonen i Brørvik fortel, at han kom frå Larsastovo på Eide. 1679 stemnde Olav grannen sin, Ivar Simenes, for retten. Ivar hadde i eit bryllup kalla Olav «Buck», og dette førde til slagsmål. Båe måtte bøta 2 mark sylv. Elles ser det ut til at Olav var ein velvyrd mann. 1705 var han lagrettemann. Om lag på same tid fekk han skøyte på halve garden. Han var i lang tid ombodsmann for Stamnes kyrkja, og då han vart gravfest 1721, skreiv presten i kyrkjeboka: «Graffæstet den ærlige og velforstandige mand Oluf Olufsen Brørvig fordum medhjelper og kirkeværge til Stamnes kierke — derved tient udi 25 aar — hans alder var 80 aar.»

Olav var truleg gift 2 gonger. Den fyrste kona kjenner me ikkje namnet på. Ho som truleg var andre kona, heitte Marta Magnesdtr. og er å finna i kyrkjeboka frå 1690 og utover. Ho var visstnok fødd i Kallvik og døydde 1732 81 år gamal. 4 born døydde små.

Dei andre som ein kjenner til frå båe ekteskap er desse:

Hans f. 1664. Brukar på Eide br. 3.
Marta g. 1701 m. Olav Johannesson Leiro.
Berite el. Brita g. 1712 m. Olav Monsson Langedalen.
Barbro d. 1703.
Knut f. 1682. Bygsla 1705 på Tveit i Hosanger.
Mikkjel f. 1689 g. 1714 m. Brita Johannesdtr. Myster.
Jon f. 1691. Brukar på Mo, St.
Matias f. 1695. Brukar her.
Siri f. 1698 d. 1726 ugift.
Ingeborg f. 1700.


1716 bygsla Matias Olsson. Nokre år etter fekk han skøyte på halve garden som faren hadde ått. Matias f. 1695 d. 1760 var g. 1 g.m. Ingeborg Magnesdtr. Kallvik f. 1693 d. 1734.

Born:

3 born døydde små.
Anna f. 1722 d. 1750.
Anna f. 1726.
Olav f. 1727.
Hans f. 1730. Brukar her.
Kari f. 1734 g.m. Haldor Andersson Øyo.

Matias vart g. 2. g.m. Marie Jonsdtr. Hesjedal, St. f. 1699 d. 1761.

Born:

Ingeborg f. 1738 g.m. neste brukar.
Marta f. 1741 d. 1754.
Olav f. 1745 d. 1750.


1757 bygsla Knut Ingebrigtson Straume. Gift same år m. Ingeborg Matiasdtr. 1761 flytte dei til Straume br. 6.


1760 skøyte til Hans Matiasson på 6 3/4 merker smør. Det var denne parten buet åtte då det vart skift etter far hans, Matias Olsson. Parten var verdsett til 13 rdl. 3 sk., og Hans fekk han for taksten. I skiftet etter Ingeborg Magnesdtr. 1734 hadde jordegodset vorte delt mellom enkjemannen og borna. Dotra Kari ervde 3/4 merker smør, verdsett til 1 rdl. og Hans hadde truleg fått utlagt 1 1/2 mark smør. Då det vart skift etter Matias 1760 var bruttosummen i buet 137 rdl. 1 mark 4 sk., og nettoen 82 rdl. 3 mark 3 sk. Sylvet var verdsett til vel 20 rdl. kopar til 12 rdl. 5 mark og krøtera til 17 rdl. 3 mark. Den ugifte dotra Kari kravde i bryllaupsgjerd og heimegifte 13 rdl. Dette vart rekna med i frådraget i buet. Far hennar hadde vore verje for henne, og no vart broren Hans utnemnd til verje. I skiftet er berre nemnt borna Hans, Kari og Ingeborg. Dei andre var truleg døde før faren. Enkja ervde vel 41 rdl., sonen vel 20, og kvar av døtrene vel 10 rdl. Sonen Hans kravde og fekk utlagt jordegodset, 6 3/4 merker smør. 1775 er han oppførd som eigar av 9 mark smør, so han har då truleg fått kjøpa parten åt systra Kari og. Den andre helvta av garden bygsla han. Hans f. 1730 d. 1801 g. 1757 m. Brita Ingebrigtsdtr. Øyo f. 1733 d. 1812.

Born:

To born døydde små.
Ingeborg f. 1759.
Guri f. 1760.
Magdeli f. 1761 g. 1808 m. enkjemann Knut M. Sagstad.
Guri f. 1764 g. 1784 m. Jakob J. Kalland.
Matias f. 1766. Brukar her.
Ingeborg f. 1769 g.m. Anders K. Myster, br. 4.
Kari f. 1774 g. 1794 m. Nils A. Fylen, busett Helland, Hosanger.
Brita f. 1777 g.m. enkjemann Jakob J. Nordre Fosse, Hosanger.


1788 skøyte til Matias Hansson.

Dette skøyte galdt halve garden. Den andre helvta bygsla han, men 1804 fekk han skøyte på den parten og. Matias f. 1766 d. 1847 var g. 1788 m. Barbro Johannesdtr. Kvamme br. 2 f. 1756 d. 1830.

Born:

Jon f. 1789 d. 1811.
Marie f. 1791.
Brita f. og d. 1793.
Brita f. 1795 d. 1876. Hadde kår her. Sjå nedanfor.
Hans f. 1799. Brukar her.


1826 skøyte til Hans Matiasson for 80 spd. og kår til foreldra. 1847 svara han kår til systra Brita.

Hans f. 1799 bleiv på sjøen 1863. Han var g. 1826 m. Sigrid Andersdtr. Kvåstad frå plasset Kvåstadstølen, f. 1803 d. 1886.

Born:

Barbro f. 1827 g.m. Knut Andersson Hesjedal, Arne Fabrikker.
Kari f. 1828. Sjå husfolk.
Mathias f. 1829. Brukar her.
Marie f. 1831 g.m. Nils J. Kvamme br. 2.
Marta f. og d. 1833.
Marta f. og d. 1834.
Anders f. 1836. Brukar på Myster br. 4. G. 1865 m. Marie Knutsdtr. Myster. Busett der.
Jon f. 1838 d. 1923. Busett Rivenes, Haus.
Johannes f. 1840.


1854 skøyte til Mathias Hansson for 300 spd. og kår til foreldra.

Mathias var lenge med i heradstyret og sat i formannskapet 1874-76. Han gjekk sterkt inn for å byggja ny kyrkje på Stamnes og var ein av dei som skreiv under kontrakta 1861 då kyrkja skulle byggjast. Han var med i fatigkommisjonen og i likningskommisjonen og var takstmann for Hypotekbanken. Mathias f. 1829 d. 1904 vart g. 1852 m. Ingeborg Monsdtr. Vik, St., br. 1. f. 1828 d. 1920.

Born:

Siri f. 1853 d. 1900. G. 1892 m. John K. Moen. Busett Straume.
Marta f. 1854 d. 1952. G.m. Einar K. Tyssen, Evanger.
Gjertrud f. 1856 g.m. Knut Monsson Straume br. 6.
Hans f. 1858. Brukar her.
Mons f. 1859. Emigrerte til U.S.A. 1885.
Marta f. 1862 g.m. Ole K. Dyvik, Stamnes.
Knut f. 1863. Seminarist. Busett i U.S.A. 1887-92, d. 1894.
Mathias f. 1856. Emigrerte til U.S.A. 1886. Døydde der. Maria f. 1867. g.m. gardbr. Magne Bolstad, Evanger.
Ingeborg f. 1870 g.m. Halstein Stamnesleiro br. 1.
Andrea f. 1875 d. 1953. Lærarinne. Busett Oslo. Var bibliotekar på Stamnes 1908-12.


1887 skøyte til Hans Mathiasson for kr. 1400,— og kår til foreldra. Hans var med i heradstyret frå 1892 til 1913 og 1917 til 1921. Frå 1898 var han med i formannskapet, var lenge varaordførar og frå 1905 var han fleire perioder ordførar. Han hadde uvanleg mange tillitsombod i kommunen. Han var med å skipa Bruvik Sparebank og sat i styret og forstanderskapet frå banken vart skipa. Han var varaformann i styret frå 1924. Elles var han med i likningsnemnd og overlikningsnemnd. Han var utskiftingsmann, branntakstmann, lagrettemann og domsmann, skjøns- og meddomsmann, medlem av overformynderiet og fatigstyret, i arbeidsløysenemnda, i skattekommisjonen, skogutvalet der han var varaformann 1916. Han var med i byggenemnda for skulehusa på Eidslandet og Vaksdal. Var formann i arbeidskomité for Arbeidsbruk og Boligbanken 1906-12. I ein arbeidskomité for tverrbane Voss—Brekke i Sogn. Han var med i ei nemnd som var sett ned 1912 for å sikra heradet elektrisk kraft, og ei nemnd 1901 til å koma med fråsegn om ny formannskapslov. Han var kjentmann for Geografisk oppmåling i Stamnes. Hans f. 1858 d. 1941 var 1. g. g.m. Brita Monsdtr. Strømme f. 1857.

Born:

Ingeborg f. 1879 g.m. Johannes O. Stamnesleiro. Busett Kallvik br. 2.
Mathias f. 1880. Brukar her.
Mons f. 1883. Sjømann. Døydde 1913 ved ulukke i New York.
Anders f. 1885. Brukar her.
Brita f. 1887 g. 1925 m. Nils O. Stamnesleiro.
Barbro f. 1889 g. 1918 m. snikkar
Gjert M. Lillejord. Busett Hatland, Haus, seinare Raknes, Osterfjorden.
Sigurd f. 1891. Lærar i Øyslebø v/Kristiansand. Brukar familienamnet Bjørgsvik.
John f. 1893. Busett i Los Angeles, U.S.A. Døydde 1962.

Brita døydde 1896 og Hans vart g. 2. g.m. enkja Herborg Johannesdtr. Kallvik. Han busette seg då i Kallvik. Han var rekneskapsførar for vegen Eidsland—Stamnes og hadde kontordagar i banken på Stamnes.


Frå 1915 styrde sonen Anders Hansson garden. Anders f. 1885 d. 1937 var g. 1918 m. Magdalene Torbjørnsdtr. Fosse, Bergsdalen, f. 1889.

Born:

Brita f. 19**.
Hans f. 19**.
Torbjørn f. 19**.
Kristbjørg f. 19**.
Norvald f. 19**.
Trygve f. 19**.
Herborg.

Anders var med i likningsnemnda for Eidsfjorden krins. Han sette opp sag på garden i 1923. Saga kom frå Hesjedalsfossen. Ho vart flytt til Eidslandet i 1945. Då Anders var død, styrde enkja og borna garden til 1945.


1945 skifteskøyte til Mathias Hansson for kr. 19.500,—. Mathias f. 1880 er g.m. Karen f. 1886, dotter til stasjonsmeister Amund Larsson Haugen, Vaksdal og kona Berit. Mathias var lensmannsbetjent i Bruvik 1901-04, kontorist v/fylkesmannens kontor i Bergen 1904-17 og lensmann på Vossestrand 1917-28. Frå 1928 busett på Vaksdal.

Born:

Hans f. 1911.
Amund f. 19**.
Bjørn f. 19**.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org
Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.

© Formgjevar og teknisk ansvarleg Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy