Brekke

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Gards og ættesoge for Brekke.


Gnr. 78 Brekke

Tidlegare gnr. 77 i Evanger kommune.

Høgd over havet er 485 meter.


Innhaldsliste

EIGARAR.

1647-1669 Apostelkyrkja i Bergen 1/2 laup smør.
1675- Ofue Jensøn frå Tørsting på Jylland, f. 1601. Vart rådmann i Bergen 1642, og frå 1653 borgarmeistar til han døydde 1675.
1686- Peder Hanson, sokneprest til Eidsfjord.
1691-1705 Karen Jensdtr.
1708- Lars Li.
1709-1713 Thomas Thomasson Giære, Samnanger.


Bumerke:

Fil:Bumerke Ola Brekke 1.gif Ola Brekke 1729, Fil:Bumerke Ola Brekke 2.gif 1735, Fil:Bumerke Ola Brekke 3.gif- Ola Monsen
Brekke 1745, Fil:Bumerke Ola Brekke 4.gif 1748, Fil:Bumerke Ola Brekke 5.gif 1760, Fil:Bumerke Ola Brekkei 6.gif 1762.
Fil:Bumerke Helge Brekke 1.gif Helge Brekke 1764, Fil:Bumerke Helge Brekke 2.gif 1770.


BRUKARAR.

Bnr. 1.

Gl. matr.nr. 83, nytt 86. Skatte- og landskyld 1 laup 12 mk. smør. L.nr. 171. gl. skyld 18 mk. smør, ny 1 skylddalar 6 skill. 1886: Mk. 2.74. 1977: Mk. 1.32.

1612-14 er etter skattemanntalet Peder, «Per i Brekken», brukar, øydegardsmann.

1619-20 er Hans brukar, betalte legdskatt med 1/2 dalar.

1624 fører ledingsboka Joen Breche som brukar, han betalte 6 mk. smør i leding, øydegardsmann.

1629-34 er Lauritz brukar av 1/2 laup. Han er nemnd i skattemanntalet 1624. 1634 er han so fattig at han slapp betala skatt.

1640 fører unionsskatten Johannes Christopherson som brukar, «forarmet», skattar etter ytterste evne med 1/2 ort. 1644 er han brukar av 1/2 laup. 1645 betalte han skoskatt for seg og kona Kari, og ein halvårstenar med 15 skill. Skattemanntalet fører elles opp Mikkel som brukar 1653-56, og 1691-92 er han brukar av halve garden, 18 mk. Knut er brukar til den andre halvparten.

I 1695 betalte Knut Brekke: Leiglendingsskatt, proviantskatt, kjolepengar, fredtoll, odelsskatt og rosteneste, med 2 mrk. Knut Brekke var f. omkr. 1665.

Ein veit om desse barna:

  1. Agate, f. 1669, gift med neste brukar.
  2. Kari, f. 1676, g. 1703 Knut Knutson Bjørgo, f. 1679, b. Kjenes 1708. Evangerboka b. I.
  3. Ingeborg, f. 1686, g. 1727 Johannes Pederson Rongen, f. 1670, b. Rongen. Evangerboka b. I.


1701 er Ivar Ivarson Øye leiglending til halve garden. Han var f. omkr. 1674, g. 1702 Agate Knutsdotter, f. 1669.

Born:

  1. Synniva, f. 1703.
  2. Anna, f. 1705, g. 1727 tambur Hans Hansson Teigen, g. 1710, husmann Vestrheimsteigen. Evangerboka b. II.
  3. Ingeborg, f. 1706, ug. i 1747.
  4. Kari, f. 1709, g. 1730 Askild Hansson Vestrheimsteigen, f. 1712. Dei budde ei tid i Vestrheimsteigen, men flytte til Samnanger.
  5. Eisber (Isborg), f. 1711, g. 1735 Lars Jonson Fadnes, f. 1705, brukar i Kvitingen i Samnanger.
  6. Jorunn, f. 1715, g. 1745 Kristen Olson Rørgo, f. 1722, b. Rørgo. Evangerboka b. I.
  7. Knut, f. 1718. Er i 1747 i Samnanger.

1711 og 1718 er Ivar Ivarson husmann på Øye, og borna er og fødde der. Etter Agate døydde flytte Ivar til Kvitingen i Samnanger. Det ser ut til at han vart oppattgift der. Han er førd som brukar av halve Kvitingen i 1733.


1701 er Anders Torkjelson brukar til ein halvpart av garden. Det må vera den halvparten Johannes Christopherson brukte. Anders var son til Torkjel Oddson Småbrekke som var brukar i Kvitingen i Samnanger 1670-95. Anders Torkjelson, f. 1670, g. 1706 Ingeborg Nilsdtr. Øvre Rasdal, f., d.

Born:

  1. Kari, f. 1707.
  2. Kari, f. 1712.
  3. Lars, f. 1713, g. 1739 Ragnhild Jakobsdtr. Trefall, f. 1713, husmann Gullbrå i 1745.

Etter Ingeborg døydde gifte Anders seg oppatt 1721 med Marit Jakobsdtr. Evangersanden, f. 1667, d. 1739. Han er då husmann på Evangersanden, og gifter seg tredje gongen i 1739 med enkja Barbrå Olsdtr. Hernes, f. 1671, d. 1747. Anders døydde 1740.

1711 fører skoskatten opp Nils som brukar til heile garden. Nils var kanskje son til Eirik Helgeson Berstad? Nils Eirikson, f. omkr. 1664, d. 1760 (96 år), g. 1710 m. Maria Pedersdtr. Øye, f. omkr. 1706, d. 1774 (68 år). Sjå Øyene/Øye, bnr. 1.

1721 makeskifter Nils Eirikson med Ola Monsson Øye, og i 1731 får Ola skøyte på heile garden frå Tomas Gjerde i Samnanger for 20 rdl. Ola Monsson, f. 1695, d. 1776.

Born:

  1. Knut, f. 1718, g. 1742 Anna Olsdtr. Bjørgo, f. 1717, brukar på Li øvre, tun 1, bnr. 1.
  2. Helge, f. 1720, g. 1749 Ragnhild Oddsdtr. Li, f. 1726, bonde bnr. 2.
  3. Peder, f. 1728, g. 1761 i Lygra med Brita Sjursdtr., f. 1731, bygselmann på N. Leivestad i Alversund.
  4. Bothilda, f. 1733, g. 1763 em. Simon Andersson Hodnesdal, f. 1717, bygselmann på Hodnesdal i Alversund.
  5. Brita, f. 1736.
  6. Marjo, f. 1742, g. 1782 Anders Eirikson Sandvik, f. 1743, bonde Sandvik i Samnanger.
  7. Gunhild, f. , g. 1751 Lars Oddson Li, f. 1719, bygselmann på Holsendal i Alversund.

Ola Monsson var lagrettemann 1758 og tidlegare.

Matrikkelen 1723 seier om bruket: «82 Brecke udj Bers dahlen Apostels Gods. Opsidderis Tal 1. Proprietair og Bøxelraadig 1 pd 12 mk Sm Thomes Giære udj Samnanger Eyer med Bøxell. Huusmands Pladser Ingen. Ingen Sætter har lidt brendeveed Skoug ey widere. Ligger 2 1/4 mill till fields med de forhend ommelte. Saar 1 1/2 td haufre aufler 3 tdr. føder 10 Kiør 5 ung Nød 16 faar 1 hæst. Taxt efter gl. Matricul 1 pd 12 mk Sm. Forhøyet 12 mk Sm. Har ingen anden næring eller brug uden af Gaardens aufling, ligger 8 1/4 mil fra byen beliggende».


1761 bygslar Ola Monsson halve garden, 18 mk., til Anders Mikkelson Sæterdal for 7 år. Anders Mikkelson, f. , g. 1761 Ingebjørg Olsdtr. Brekke, f.

Born:

  1. Mikkel, f. 1764.
  2. Marjo, f. 1767.
  3. Ole, f. 1770.
  4. Knut, f. 1770.
  5. Anna, f. 1774.


(Kan Anders M. vera verson til Ola Monsson? Finn ikkje i kyrkjeboka at Ola M. har noko dotter Ingebjørg - ho skal vera f. 1732.) Borna a-d er fødde på Brekke, e på Kaldestad, der foreldra då var husfolk.

1768. Skøyte frå Ola Monsson til sonesonen Mons på 18 mk. for 80 rdl. Mons Knutson, f. 1743, g. 1771 Kari Torkjelsdtr. Styve, f. 1733, d. 1797.

Born:

  1. Anna, f. 1772, gift med neste brukar.
  2. Marta, f. 1775, g. 1798 Johannes Jonson Kvilekvål, f. 1764, husmann Kvilekvål, på Akselberg 1802 og på Evanger 1806.
  3. Knut, f. 1777, d. 1778.

Mons giftar seg oppatt 1797 med Kari Kristensdtr. Væle, f. 1746, 1808. Mons, d. 1832. Mons var lagrettemann 1778.

1793. Skøyte frå Mons Knutson til versonen Henrik Jørgenson Elge på 18 mk. smør. Kår til verforeldra. Henrik Jørgenson var med i «Svenskekrigen». Henrik Jørgenson, f. 1759, d. 1845, g. 1793 Anna Monsdotter, f. 1772, f 1843.

Born:

  1. Jørgen, f. 1794. Neste brukar.
  2. Kari, f. 1796, g. 1819 Filip Larsson Øye, f. 1795, husmann Øyene/Øye.
  3. Mons, f. 1797, g. 1828 Ingebjørg Askjeldtr. Li, f. 1809, brukar på Li. Utv. til Amerika 1859.
  4. Anna, f. 1799, d.
  5. Anna, f. 1801, d. 1801.
  6. Nils, f. 1803, g. 1829 Torbjørg Andersdtr. Bolstad, f. 1792, b. Bolstad. Evangerboka b. II.
  7. Anna, f., f 1806, g. 1830 Ole Mikkelson Bolstad, f. 1802, husmann Bolstad. Evangerboka b. II.
  8. Brita, f. 1808, d. 1809.
  9. Knut, f. 1809, d. 1810.
  10. Knut, f. 1811, d. 1811.
  11. Knut, f. 1813, d. 1832.


Etter joravgiftsboka var fødnaden 12 krøter og 12 sauer. Sådde 2 td. og avla 6 td. korn «eller intet». Bruket verds. 160 rdl. Avgift 1 dl. 18 skill.


1822. Skøyte frå Henrik Jørgenson til sonen Jørgen for 160 spd. 1832 får foreldra kår. Jørgen Henrikson, f. 1794, d. 1849, g. 1820 Marjo Sjursdtr. Brekke, f. 1795, d. 1885.

Born:

  1. Anna, f. 1821, g. 1847 Anders Larsson Bolstad, f. 1820, bonde Mykkeltveit. Evangerboka b. II.
  2. Ingebjørg, f. 1824, g. 1850 Peder Pederson Øye, f. 1819, bonde Småbrekke, bnr. 1.
  3. Henrik, f. 1827. Neste brukar.
  4. Sjur, f. 1829, g. 1858 Marjo Monsdtr. Li, f. 1834. Utv. til Amerika 1861.
  5. Knut, f. 1832, d. 1868. Var skreddar på Bolstad, d., ugift.
  6. Anders, f. 1835, g. 1862 Brita Olsdtr., Bolstadøren, f. 1842. Utv. til Amerika.


1846. Skøyte frå Jørgen Henrikson til sonen Henrik for 200 spd. 1849 gjev han mora kår. Henrik Jørgenson, f. 1827, d. 1878, g. 1848 Ingeborg Andersdtr. Røte, Voss, f. 1818, d. 1914.

Born:

  1. Jørgen, f. 1849, g. 1877 Guri Nilsdtr. Bolstad, f. 1853. Dreiv skomakarforretning på Vossevangen.
  2. Marta, f. 1851. Utv. til Amerika 1871. Gift med Anders Anvedson Bolstad.
  3. Anders, f. 1855. Neste brukar.
  4. Sjur, f. 1857. Utv. til Amerika. Døydde i Chicago.


Jordbruksbeskrivelsen 1863 seier om bruket at det er 4 mål aker, 30 mål god, 12 mål middels og 18 mål dårleg naturleg eng. Av utslåtter og fjellslåtter 443 våger høy, på stølstræet 56 våger. Ikkje jord skikka til oppdyrking. Sådda 1 1/2 td. korn, 3 1/3 td. poteter, avla 9 td. korn og 20 td. poteter, 1246 våger høy. Fødnaden var 13 kyr, 4 ungfe, 28 sauer og 1 hest. God og tilstrekkelg hamn, som låg lite lagleg til, manglar nesten vårhamn. Brendsel til husbruk, men ikkje til sal. Kornet fraus ofte og vart sjeldan moge. Bruket var vanleg godt dyrka. For bortleigd hamn 1 spd. årleg.

1875 var fødnaden 1 hest, 12 kyr, 3 ungfe, 25 sauer og 1 gris. Kårkona Marjo Sjursdtr. fødde 1 ku og 3 sauer. Elles hadde 3 av borna kvar sin sau. Sådde 1 1/2 td. blandkorn og 3 td. poteter.

1880. Skøyte frå Ingeborg Andersdtr. til sonen Anders for kr. 2.000 og kår. Anders Henrikson, f. 1855, d. 1926, g. 1885 Ragnhild Ivarsdtr. Skorve, f. 1858, d. 1940.

Born:

  1. Ingeborg, f. 1886, g. 1916 Anders S. Skjerven, f. 1884. Bnr. 8.
  2. Brita, f. 1888, ug. fabrikkarbeidar, d. på Voss 1974.
  3. Henrik, f. 1890. Neste brukar.
  4. Ivar, f. 1893, d. ug. 1951.
  5. Marta, f. 1896, syerske Dale, ug.
  6. Maria, f. 1898, ug. syerske Voss.
  7. Ragnhild, f. 1901, ug. fabrikkarbeidar Dale.
  8. Johan, f. 1905, ug. gardsarbeidar, d. 1924.

Anders Brekke var medlem av Evanger heradstyre 1904-08.

1928. Skøyte frå Ragnhild Ivarsdtr. til sonen Henrik for kr. 2.200 og kår. Henrik Andersson, f. 1890, d. 1968, g. 1932 Marta Larsdtr. Rode, Voss, f. 1909, d. 2000.

Born:

  1. Anders, f. 1933, g. 1959 Elfrid T. Hatlestad, f. 1935, bilførar, b. Songve, Voss.
  2. Ragnhild, f. 1940, g. 1962 Olav Møen, Voss, f. 1933, bonde Voss.
  3. Lars-Inge, f. 1946, g. 1972 Gerd Elisabeth Hansen, Bergen, f. 1947, bilførar, bur Brekke.


1977. Skøyte frå Marta L. Brekke til sonen Lars-Inge for kr. 20.000. Lars-Inge Henrikson, f. 1946, g. 1972 Gerd Elisabeth Hansen, Bergen, f. 1947.

Born:

  1. Kjell Åge, f. 1965.
  2. Henrik, f. 1973.
  3. Solveig, f. 1975.


Jord, skog og driftsopplegg:

Jordsmonnet er myr nederst og grunnlendt myr og skredjord i bakkane. Dyrka jord: 15 dekar. Natureng: 15 dekar. Jordbruksareal i alt 30 dekar. I sereige har bruket omlag 18 dekar lagleg dyrkingsjord. Omlag 1/3 av jordbruksarealet kan haustast med forhaustar. Skogsarealet er omlag 80 dekar, storparten er lauvvyrke. 10 dekar granplanting. Driftsopplegget byggjer mest på einsidig grasdyrking og poteter til eige bruk. Fødnaden: vinterfora sauer.


Bygningar:

Stovehuset er bygd i 1907. Driftsbygningen er bygd i 1886.


Fjell og utmark:

Bruket har i felles fjellstrekning sumarbeite til eigen fødnad og leiger hamn til andre. I sameige for garden Brekke er det lagt ut eit hyttefelt for bortbygsling av tomtegrunn.


Bnr. 2.

L.nr. 172a. Gl. skyld 18 mk. smør. 1838: 1 dl. 6 skill. 1848: 2 ort 15 skill. 1886: Mk. 1.37. 1977: Mk. 1.30.

1747. Skøyte frå Ola Monsson til sonen Helge på 18 mk. smør for 32 rdl. Helge Olson, f. 1720, d. 1782, g. 1749 Ragnhild Oddsdtr. Li, f. 1726, d. 1804.

Born:

  1. Brita, f. 1749, g. 1776 Sjur Magneson Sætre, Voss, f. 1727, b. Hjørnevik. Evangerboka b. II.
  2. Ingebjørg, f. 1751, g. 1772 Anders Nilsson n. Li, f. 1747, b. Li nedre, tun 2, bnr. 1.
  3. Sjur, f. 1753. Neste brukar.
  4. Ola, f. 1755, g. 1782 Anna Larsdtr. Kaldestad, f. 1745, husmann Fosse.
  5. Marjo, f. 1757, g. 1781 Mons Pederson Øye, f. 1757, b. Øyene/Øye, bnr. 2.
  6. Barbrå, f. 1760, g. 1798 Knut Larsson Horvei, f. 1765. Postførar Bolstad-Evanger i 14 år. 1819 kjøpte han garden Hjellestad der slekta er framleis.
  7. Knut, f. 1762, d. 1762.
  8. Bothilda, f. 1763, g. 1782 Nils Pederson Nakka, f. 1751, paktar Frekhaug 1783, b. Skuteviken i Bergen, 1 dtr. gift med ein slaktar i Skuteviken.
  9. Guri, f. 1765, g. 1788 Lars Kristianson N. Rasdal, f. 1765, husmann Øye, Rongen, Rasdal, paktar Snikkarvik i Fjell, paktar Fana prestegard og paktar på Store Milde i Fana 1804-29.
  10. Odd, f. 1768, d. 1771
  11. Marta, f. 1771, d. 1772.

Helge Olson var lagrettemann 1763, 1768.


1744. Skøyte frå Helge Olson til sonen Sjur for 70 rdl. Kår til mora Ragnhild Oddsdtr. 1782. Sjur Helgeson, f. 1753, d. 1820, g. 1775 Ingeborg Nilsdtr. n. Li, f. 1753, d. 1841.

Born:

  1. Ragnhild f. 1775, g. 1798 Sjur Arneson Vassenden, f. 1768, b. Vassenden.
  2. Odd, f. 1777, d. 1777.
  3. Nils, f. 1778. Neste brukar.
  4. Brita f. 1780, g. 1806 Peder Monsson Øye, f. 1785, bonde Øyene/Øye, bnr. 2.
  5. ei tv.gjenta, f. og d. 1783.
  6. Marta, f. 1783 og d. 1783.
  7. Helge, f. 1784, g. 1805 ek. Brita Olavsdtr. Kvitingen, Samnanger.
  8. 1758, b. Kvitingen i Samnanger.
  9. Odd, f. 1786, g. 1811 Marta Andersdtr. Li, f. 1784, b. Vassenden, seinare i Sund. (heiter i skifte 1841 Odd Sjurson Sund).
  10. Begga, tv. f. og d. 1788.
  11. Berge, tv. f. og d. 1788.
  12. dødfødt barn 1790.
  13. dødfødt barn 1791.
  14. eit barn f. og d. 1792.
  15. Marjo, f. 1795, g. 1820 Jørgen Henrikson Brekke, f. 1794. Bnr. 1.

a. Ragnhild har ei dtr., Marita, f. 1792, far Bendix Jensen Blomberg.
d. Brita har ei dtr. Marita, f. 1805, far Magne K. Hjørnevik.


Etter jordavgiftsboka 1802 var fødnaden 12 krøter og 12 sauer. Sådde 2 td. avla 6 td. korn "eller intet" Bruket var verds. 160 rdl. Avgift 1 rdl. 18 skill.


1805. Skøyte frå Sjur Helgeson til sonen Nils. 1821 kår til mora Ingeborg Nilsdtr. Nils Sjurson, f. 1778, d. 1833, g. 1802 Kari Oddsdtr. Brakestad, f. 1775, d. 1843.

Born:

  1. Ola, f. 1802. Neste brukar.
  2. Sjur, f. 1802, d. 1810.
  3. Nils, f. 1807, g. 1836 Kari Larsdtr. Bolstad, f. 1817. Sjå nedanfor.
  4. Sjur, f. 1810, g. 1836 Elisabet Andersdtr. Fosse, f. 1811, bonde Kaldestad, bnr. 3.
  5. Ingebjørg, f. 1813, g. 1834 Helge Andersson Fosse, f. 1807, bonde Fosse, bnr. 2.
  6. Sigrid, f. 1817, g. 1840 John Johannesson Brakestad, f. 1820, bonde Brakestad, bnr.2.
  7. Ragnhild, f. 1820, g. 1843 Lars Olson Bolstad, f. 1820. Inderst Fosse.


1829. Skøyte frå Nils Sjurson til sonen Ole for 160 spd. og kår til foreldra. Ole Nilsson, f. 1802, d. 1845, g. 1830 Jorund Jakobsdtr. Berge, f. 1804, d.

Born:

  1. Nils, f. 1830, g. 1857 Ingebjørg Nilsdtr. Vassenden, f. 1832, b. Vassenden.
  2. Jakob, f. 1833, g. 1865 Ingeleiv Larsdtr. Stenjum, Lærdal, f. 1835, husmann Dagestad, sjå Vossaboki , s. 476.
  3. Berge, f. 1835. Utv. til Amerika 1857.
  4. Sjur, f. 1838, g. 1866 Anna Olsdtr. Rørgo, f. 1840. Utv. til Amerika, farmar i Minnesota.
  5. Helge, f. 1841, d. 1841.
  6. Karen, f. 1842, d. ug. på Dagestad, Voss 1909.
  7. Ole, f. 1845, d. 1845.


1844 makeskifter Ole Nilsson med broren Nils Nilsson og får att 12 mk. smør i Li 1. tun (matr. gl. 81, nytt 84). Nils Nilsson Li, f. 1807, g. 1836 Kari Larsdtr. Bolstad, f. 1817.

Born:

  1. Lars, f. 1837.
  2. Kari, f. 1838.
  3. Nils, f. 1841, d. 1841.
  4. Sjur, f. 1842, d. 1843.
  5. Guri, f. 1844, d. 1846.
  6. Nils, f. 1847.
  7. Guri, f. 1849.
  8. Brita, f. 1852.
  9. Ole, f. 1855.

Huslyden utv. til Amerika i 1859.

1848 blir bruket delt i to, og Nils Nilssons bruk får l.nr. 172a, skyld 2 ort 15 skill., gl. skyld 9 mk, smør. 1854. Skøyte frå Nils Nilsson til sonen Lars Nilsson for 200 spd. og kår.

1861. Skøyte frå Nils Larsson Bolstad som fullmakt for Lars Nilsson til Johannes Johannesson Egedal for 460 spd.

Johannes Egedal (Eikedal i Samnanger) budde ikkje på bruket, alt i 1862 er neste brukar komen til gards og har barnedåp her.

Jordbruksbeskrivelsen 1863 seier om bruket at det er likt med halvdelen av l.nr. 171. 1875 er fødnaden 5 kyr, 2 ungfe og 10 sauer. Jørgen Henrikson 1 sau, Einar Nilsson Bolstad 1 sau, lensmann Hovde 1 sau, Guri Nilsdtr. Bolstad 2 sauer. Sådde 1 td. blandkorn, 2 1/2 td. poteter.


1876. Skøyte frå Johannes Johannesson til Samuel Samuelson Dale for 460 spd. Samuel Samuelson var f. på Langeland i Samnanger 1831, d. 1890, g. 1860 Ragnhild Pedersdtr. Øye, f. 1831, d. på Øye.

Born:

  1. Samuel, f. 1862, d. 1862.
  2. Samuel, f. 1864.
  3. Elisabet, f. 1866.
  4. Peder, f. 1868, d. 1895.
  5. Mons, f. 1871.
  6. Helge, f. 1874.
  7. Synneva, f. 1876, d. 1876.


1893 vart bruket selt på auksjon til Sjur Larsson Li for kr. 2.205. Sjur Larsson, f. 1867, d. 1948, g. 1889 Anna Ivarsdtr. Skorve, f. 1869, d. 1932.

Born:

  1. Anna, f. 1889, g. 1930 Olav J. Underdal, f. 1883 i Underdal i Sogn, fabrikkarbeidar i Odda.
  2. Ivar, f. 1893, g. 1926 Agnes Ludvigsen, Bergen, f. 1899, overkonduktør, Bergen.
  3. Lars, f. 1895, g. 1924 Marta Johannesdtr. Ruskedal, f. 1904, fabrikkarbeidar, Odda.
  4. Gulleik, f. 1897, g. 1925 Kari Lekve, Ulvik, f. 1899, formann v/Odda Smelteverk.
  5. Ola, f. 1899. Neste brukar.
  6. Elisa, f. 1901, ug., tekstilarbeidar Dale Fabrikker.
  7. Severin, f. 1903, g. 1933 Anna Ivarsdtr. To, f. 1908, fabrikkarbeidar Odda.


1932. Skøyte frå Sjur Larson til sonen Ola for kr. 1.500 og kår. Ola Sjurson, f. 1899, d. 1970, g. 1932 Marta Nilsdtr. Steine, Voss, f. 1904, d. 1991.

Born:

  1. Anna, f. 1933, g. 1952 m. Gustav Andreas Petterson, Voss, f. 1919, anleggsarbeidar.
  2. Borghild, f. 1937, g. 1962 Einar Varner Aske, Sokn, Stavanger f. 1937, bonde Rennesøy.


Ola Sjurson, d. 1970. Marta Nilsdtr. sit i uskifta bu. Brukar: Anna og Gustav Pettersen.

Born:

  1. Berny Marie, f. 1953. Apotekteknikar, g. 1977 Inge Tesdal, f. 1951. Maskinkøyrar.
  2. Jane Olaug, f. 1954. Barnepleierske, g. 1976 skuleelev Lars Yngve Gjuvsland, f. 1954.
  3. Ole Johan, f. 1956. Industriarbeidar.
  4. Sjur Atle, f. 1968.


Jord, skog og driftsopplegg:

Jordsmonnet er myr nederst og grunnlendt myr og skredjord i bakkane. Dyrka jord: 25 dekar. Natureng 20 dekar. Jordbruksareal i alt: 45 dekar. I dei siste 10 åra er det nydyrka omlag 10 dekar. Bruket har i sereige omlag 20 dekar lagleg dyrkingsjord. Omlag halve jordbruksarealet kan haustast med forhaustar. Skogsarealet er omlag 110 dekar. Av dette er 30 dekar granplanting. Driftsopplegget byggjer på mest einsidig grasdyrking og litt poteter. Fødnaden: 7 mjølkekyr, 9 ungdyr av storfe og 25 vinterfora sauer.


Bygningar:

Stovehuset er gamalt og påbygd i 1910. Driftsbygningen vart bygd ca. 1910. Myraløa vart bygd i 1930. Stølshuset bygd ca. 1890.


Fjell og utmark:

Bruket har i felles fjellstrekning sumarbeite til eigen fødnad og leiger hamn til andre. Hyttefelt i sameige slik det er oppgjeve for bnr. 1.


Bnr. 3.

Utsk. frå bnr. 2 i 1848. L.nr. 172b. Gl. skyld 9 mk. smør. 1848: 2 ort 15 skill. 1886: Mk. 1.37. 1977: Mk. 1.31.


1848. Skøyte frå Nils Nilsson til Anders Askjellson Li for 450 spd. Anders Askjellson, f. 1819, d. 1885, g. 1847 Brita Pedersdtr. Øye, f. 1825, d. 1899.

Born:

  1. Askjell, f. 1848. Neste brukar.
  2. Peder, f. 1849, g. 1876 Ingeborg Gulleiksdtr. Grove, Voss, f. 1850. Utv. til Amerika i 1878.
  3. Marie, f. 1852. Ho gleid utfor og omkom på veg til Dale 1873.
  4. Nils, f. 1854, g. 1882 Inga Brynjulvsdtr. Nygard, Modalen, f. 1855, paktar på bruket 1884-91, seinare inderst på Bolstad.
  5. Anders, f. 1856, g. 1885 Inga Larsdtr. Berge, f. 1865, skomakarmeister, d. som husmann på Eide, Voss, 1919.
  6. Helge, f. 1858, g. 1886 Brita Olavsdtr. Edal, f. 1859, bonde Tillung, sjå Vossaboki , s. 381.
  7. Nils, f. 1860, d. 1860.
  8. Nils, f. 1861. Neste brukar.
  9. Mons, f. 1865, g. 1903 Elen Marie Ingebrigtsen, Fotlandsvåg, f. 1872, bygningssnikkar Dale. Sjå ættesoge for Dale.


Jordbruksbeskrivelsen 1863 seier om bruket at det er likt med l.nr. 172a.

1869. Skøyte frå Anders Askjellson til sonen Askjell for 250 spd. og kår. Askjell Andersson sette seg ned som skreddar i Ytre Arna, og broren Nils styrde med garden.

1875 var fødnaden 6 kyr, 2 ungfe og 12 sauer. Nils Andersson fødde 3 sauer, elles hadde Jørgen Henrikson 2, Barbrå Andersdtr. Bolstad 2, Anna Helgesdtr. Rasdal 2 og Eli Olsdtr. Li 1 sau. Sådde 1 td. blandkorn, 2 td. poteter.


1908 er det tinglyst skøyte frå Askjell Andersson til broren Nils for kr. 1.500.

Nils Andersson, f. 1861, d. 1915, g. 1890 Marta Johannesdtr. Gjerstad, Haus, f. 1869, d. 1951.

Born:

  1. Maria, f. 1891, ug. bonde på bruket, d. 1977.
  2. Bertina Josefina, f. 1893, g. 1927 Nils Eilevson Haugstveit, f. 1893, bonde Haugstveit, Hosanger.
  3. Albertin, f. 1896, d. 1910.
  4. Johannes, f. 1899, g. 1930 Johanna Bjordal, Sogn f. 1906, bonde Bjordal, Kyrkjebø.
  5. Nikolai Martin, f. 1903, g. 1931 Klara Rasmusdtr. Solbjørg, Haus,
  6. 1904, garveriarbeidar Lonevåg.
  7. Margit Elisa, f. 1905, gift med neste brukar.


1932. Skøyte frå Marta Johannesdtr. til versonen Vilhelm Henrik Presttun for kr. 1.650 og kår. Vilhelm Presttun, f. i Haus 1896, d. 1961, g. 1931 Margit Elisa Nilsdotter, f. 1905, d. 2000.

Born:

  1. Leif, f. 1931, bonde Haugstveit, Hosanger.
  2. Norvald, f. 1933, sveisearbeidar i Malmø, Sverige.
  3. Brita, f. 1935, g. 1961 Leiv Nedreli, Jostedal, f. 1931, ekspeditør, b. Breistein i Åsane.
  4. Magnhild, f. 1941.
  5. Berit, f. 1946, d. 1947.


1937. Odelsskøyte frå Vilhelm Presttun til Maria Nilsdtr., f. 1891, d. 1977, for kr. 1.650.

1962. Skøyte frå Maria Nilsdtr. til brorsonen Roald Nikolaison Brekke for kr. 12.900, og husrett for seljaren. Roald Nikolaisen, f. 1940, g. 1963 Jorunn Pernille Johannesdtr. Brekke, f. 1938, Bjordal, Kyrkjebø.

Born:

  1. Frode, f. 1964.
  2. Dag, f. 1965.
  3. Kristin, f. 1970.

Roald Brekke var medlem av Vaksdal heradstyre 1972-75.


Jord, skog og driftsopplegg:

Nederst er jordsmonnet myr. I bakkane er det fastmark og grunnlendte myrparti. Dyrka jord: 32 dekar. Natureng: 14 dekar. Jordbruksareal i alt: 46 dekar. Det er nydyrka omlag 20 dekar dei siste 10 åra. I sereige har bruket eit lagleg dyrkingsareal på ikring 15 dekar. 30 dekar av jordbruksarealet kan forhaustast. Skogsarealet er på omlag 150 dekar. 75 dekar er granplanting. Driftsopplegget byggjer på mest einsidig grasdyrking. Fødnaden: 11 mjølkekyr, 12 ungdyr av storfe og 8 vinterfora sauer.


Bygningar:

Stovehuset er bygd i 1956. Eldre driftsbygning er bygd i 1909. Ny driftsbygning er bygd i 1976.


Fjell og utmark:

Bruket har i felles fjellstrekning sumarbeite til eigen fødnad og leiger hamn til andre. Hyttefelt i sameige slik det er oppgjeve for bnr. 1.


Bnr. 4 Vassrett.

Sk. mk. 0.10. Utsk. frå bnr. 1 i 1899.

1899. Skøyte frå Anders H. Brekke til brukseigar Konow for kr. 125. Vidare som gnr. 70 bnr. 3. Bruket slått saman med gnr. 80 bnr. 3.


Bnr. 5 Vassrett.

Sk. mk. 0.05. Utsk. frå bnr. 2 i 1899.

1899. Skøyte frå Sjur L. Li til brukseigar Konow for kr. 125. Vidare som gnr. 70 bnr. 3. Bruket slått saman med gnr. 80 bnr. 3.


Bnr. 6 Vassrett.

Sk. mk. 0.05. Utsk. frå bnr. 3 i 1899.

1899. Skøyte frå Askjell Andersson til brukseigar Konow for kr. 125. Vidare som gnr. 70 bnr. 3. Bruket slått saman med gnr. 80 bnr. 3.


Bnr. 7. Fredheim.

Sk. mk. 0.01. Utsk. frå bnr. 3 i 1910.

1910. Skøyte frå Nils Andersson Brekke til Ingvald Askjellson Brekke for kr. 140.


Bnr. 8. Solbakken.

Sk. mk. 1.32. Utsk. frå bnr. 1 i 1926.

1926. Skøyte frå Anders Henrikson til versonen Anders Sjurson Skjerven for kr. 500 og kår til seljaren og kona Ragnhild. Anders Sjurson, f. 1884, d. 1976, g. 1916 Ingeborg Andersdotter, f. 1886, d. 1964.

Born:

  1. Sigmund Martin, f. 1918, d. 1929.
  2. Marta, f. 1922. Neste brukar.

1962. Skøyte frå Anders Sjurson til dtr. Marta utan vederlag, men mot yting av kår. Eigedomen verds. kr. 3.000. Marta Andersdtr. er ugift.


Jord, skog og driftsopplegg:

Nederst er jordsmonnet myr. 1 bakkane er det fastmark og grunnlendte myrparti. Dyrka jord: 20 dekar. Natureng, beite: 20 dekar. Jordbruksareal i alt: 40 dekar. Det er nydyrka omlag 8 dekar dei siste 10 åra. I sereige sør for elva har bruket omlag 22 dekar lagleg dyrkingsjord. Knapt halvparten av jordbruksarealet kan haustast med forhaustar. Skogsarealet er på omlag 80 dekar. 20 dekar av dette er granplanting. Driftsopplegget byggjer på mest einsidig grasdyrking og poteter. Fødnaden: 2 mjølkekyr, 2 ungfe av storfe og 11 vinterfora sauer.

Bygningar:

Stovehuset er bygd i 1931. Driftsbygningen er bygd i 1930.


Fjell og utmark:

Bruket har i felles fjellstrekning sumarbeite til eigen fødnad og leiger hamn til andre. Hyttefelt i sameige slik det er oppgjeve for bnr. 1.


Bnr. 9. Bjørkhaug.

Skyld 2 øre. Utsk. frå bnr, 2 i 1947.

1948. Skøyte til Evanger herad for kr. 2.500.


Bnr. 10. Bergheim.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1, 2, 3 og 8 i 1955.

1956. Skøyte til Lysverkenes Funksjonærforening og Elektrisitetsverkets arbeiderforening for kr. 4.000.

1963. Overdragingsdok. til Elektrisitetsverkenes Tekniske Funksjonærforening på 1/5 part av bruket uten vederlag.


Bnr. 11. Veslebu.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 2 i 1959.

1959. Arvefeste til Nils J. Vedå, f. 1917, i 99 år mot årleg leiga kr. 45. 1970. Skøyte på festeretten til Willy Bjørn Vedå, f. 1944 for kr. 40.000.


Bnr. 12. Ospelund.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 2 i 1961.

1967. Leigekontrakt til Nils Bruvik for 99 år mot årleg leiga kr. 25.


Bnr. 13. Bergfast.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 2 i 1961.

1964. Feste til Edvin Andberg, f. 1895, i 99 år mot årleg leiga kr. 20. Utskifte for enkja Dagny Andberg 1962.

1964. Skøyte frå Dagny Andberg til dtr. Dagrun Andberg, f. 1939 på hytta på bruket med festerett for kr. 1.750.


Bnr. 14. Fjellfast.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 2 i 1961.

1967. Leigekontrakt til Arvid Kleveland i 99 år mot årleg leiga kr. 45.

1971. Skøyte frå Arvid Kleveland til Roald Søvik på hytte på festa grunn for kr. 25.000.


Bnr. 15. Bjørketun.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 2 i 1961.

1961. Leigekontrakt til Vilhelm Hårvik i 99 år mot årleg leiga kr. 15.


Bnr. 16. Solhaug.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 2 i 1961.

1967. Leigekontrakt til Marta Birkeland i 99 år mot årleg leiga kr. 15.

1967. Skøyte frå Marta Birkeland til Georg Gjertsen, f. 19**, for kr. 5.000.


Bnr. 17. Bekketun.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 3 i 1963.

1963. Skøyte til Einar N. Lid for kr. 500.


Bnr. 18. Fjellbu.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1-3 i 1967.

1971. Feste til Gustav Døsland i 99 år mot årleg leiga kr. 25, med påteikning om overdraging til dtr. Anna Døssland Aasheim.

1971. Skøyte frå Svein Aasheim og kona til Svein Mortensen for kr. 25.000.


Bnr. 19. Elvastova.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 2 i 1974. Heimelshavar Marta Brekke.


Tomt nr. 2 av gnr. 78 bnr. 1 Brekke.

1968. Bygselkontrakt frå Henrik Brekke til Nils Røyseth, f. 19** for 99 år mot årleg leiga kr. 25.


Tomt nr. 1 u/gnr. 78 bnr. 1, 2, 3 og 8. Olabu.

1938. Feste frå oppsitjarane på Brekke til Ole Næss på denne tomt i 99 år mot årleg leiga kr. 8.


Tomt nr. 2 u/gnr. 78 bnr. 8.

1953. Feste til ingeniør Frank Hoem, Bergen, i 99 år mot årleg leiga kr. 25.


Tomt nr. 1 u/gnr. 78 bnr. 3. Arnheim.

1974. Feste til Arnold Prestegård til 31/12 år 2000 mot årleg leiga kr. 100.


Tomt nr. 2 u/gnr. 78 bnr. 3. Haugly.

1975. Feste til Jofred Holme til 31/12 år 2000 mot årleg leiga kr. 100.

1975. Skøyte frå Alf og Elsa Fenne til Jofred og Else Marie Holme på hytta på tomta for kr. 40.000.


Tomt nr. 3 u/gnr. 78 bnr. 8.

1962. Feste til Christian Riple i 99 år mot årleg leiga kr. 25.


Tomt nr. 4 u/gnr. 78 bnr. 8. Knausen.

1971. Feste til Hermann Follesø med påteikning om overdraging til Aud Follesø i 99 år mot årleg leiga kr. 50.


Offentlege forretningar:

Forretning. Statsark. setelkatalog.

1848. Utskiftning mot Øye, Sæterdal, Li og Kvitingen.

1889. Kontrakt om veganlegget gjennom Bergsdalen.

1896. Do. med Konow om Hamlagrøvatn.

1897. Do. om veganlegget gjennom Bergsdalen.

1896. Avtale om bruk av pengane for Bergsdalselva.

1897. Utskiftning og overutskiftning.

1975. Grensegangsforretning mellom Voss og eigedomane i Bergsdalsområdet.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy