Bygdebøker for Vaksdal

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag

Innhald

  • Alfabetisk liste over gardane i Vaksdal kommune.
    Gnr. 1 - 80.
     
  • Bergsdalen.
    Ei fjellbygd i Hordaland. Bergsdalen jordbrukslag (1978).
     
  • Evangerboka band I.
    Gards og ættesoge. Voss Bygdeboknemnd (1982).
    Her er det tatt med dei gardane frå Eksingedalen som i 1964 vart overført frå Evanger til Vaksdal kommune.
    Gardane er: Fosse, Bindingbø, Bergo, Nesheim, Brakestad, Trefall, Ekse og Gullbrå.
     
  • Modalsboka band I.
    Bygdebok for Modalen herad. Modalen sogelag (1976).
    Her er tatt med alle gardane i Modalen herad, samt dei gardane som vart overført til Vaksdal kommune i 1964.
    Gardane er: Høvik, Vetlejord, Nese, Flatekvål, Lavik, Lavikhaugen, Fjellanger
    og Yksendal.
     
  • Vaksdal bygdebok band I.
    Bruvik sokn. Gards og ætttesoge. Vaksdal bygdeboknemnd (1981).
    Ved reguleringa av kommunegrensene i 1964 vart 11 gardar frå Bruvik sokn overført til den nyoppretta Osterøy kommune. I samsvar med planar frå 1955 vart det semje om å ta desse med i Vaksdal Bygdebok.
    Gardane er: Stokke, Vik, Skaftå, Hekland, Ytre Bruvik, Kyrkje Bruvik og Seilæ, Indre-Bruvik, Olsnes, Kyrkjeteigen, Løtveit og Vassdal.
     
  • Vaksdal bygdebok band II.
    Dale sokn. Gards og ætttesoge. Vaksdal bygdeboknemnd (1974).
     
  • Vaksdal bygdebok band III.
    Stamnes sokn. Gards og ætttesoge. Vaksdal bygdeboknemnd (1965).


Om bygdebøkene

Bruvik herad vart eigen kommune i 1870. Tidlegare var det ein del av Haus herad. Bruvik var delt i tre sokn, Bruvik sokn, Dale sokn og Stamnes sokn.
Ved kommunereguleringa i 1964 vart Bruvik herad delt mellom dei to nyoppretta komunane Osterøy og Vaksdal.
Det gamle bygdesenteret Bruvik med Bruvikstranda og Bruvikdalen vart overført til Osterøy kommune.
Resten av heradet vart Vaksdal kommune. I tilegg heile Bergsdalen og dei delar av Eksingedalen som hadde tilhøyrd Modalen og Evanger.

Vaksdal Bygdebok er i tre band, Bruvik sokn, Dale sokn og Stamnes sokn.

Opplysnigar er lagt ut av Vaksdal Historielag med løyve frå dei som sit på rettane til den enkelte bygdeboka.



© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Visningar
Personlege verktøy
Navigering
Verktøy