Dale Røde Kors Hjelpekorps, av Eivind Dahle

Frå Vaksdal Historielag

(Omdirigert frå Dale Røde Kors Hjelpekorps)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Bilete s. 512 Leiting i snøras med søkjestenger. Føto: E. Dahle.


Dale Røde Kors Hjelpekorps
Av Eivind Dahle


Korpset starta 18. desember 1948. Av formålsparagrafane går det m.a. fram at korpset skal læra opp kvinner og menn i fyrstehjelp ved ulukker og katastrofar.

Hjelpekorpset fekk alt frå starten tilknyting til Bergsdalen, der det vart oppretta redningsteneste i samband med vinter- og påskesesongen.

Bergsdalen med sin vedunderlege fjellheim har alltid lokka til seg ski- og turfolk. Dette har òg mange gonger ført til at sume gjekk seg vill eller kom til skade i fjellet; då korn hjelpekorpset til med leite- og hjelpeaksjonar.

Alt i 1951 vart den fyrste utrykkingsbilen kjøpt, det var ein kombinert mannskap- og sjukebil som gjorde god tenesta i mange år. Etter kvart som kravet til sjukebilutstyr auka, måtte korpset fylgja opp og skaffa meir "pasientvenleg" bil. I dag har korpset i teneste ein fullt utbygd ambulansebil og 8 utdana mannskap med turnusteneste på bilen.


Bilete s. 513 Transport av skada på skikjelke. Fot E. Dahle.


Korpset dekkjer eit tenesteområde som omfattar Modalen-Eksingedalen-Stamnes-Bergsdalen-Dale-Stanghelle. I tillegg har korpset ein utrykkingsbil med plass til eit mannskap på 16 og redningsutstyr for katastrofehendinger.

Med god hjelp av bøndene i Bergsdalen, A/S Dale Fabrikker og dugnad frå ei rekkja frivillige vart redningshytta på Lid reist i 1955. Hytta har seinare vore eit naturleg senter for vintertenesta i Bergsdalen og tilgrensande fjellvidder. Korpset har om vinteren samordna redningstenesta med Øystese Røde Kors Hjelpekorps som har hytta på Dyrnes ved Hamlagrø, og Vaksdal og Samnanger Røde Kors Hjelpekorps som dekkjer fjellområda sør for Herfangen-Holmavatnet.

Ved sida av ambulanse- og redningsteneste driv korpset kursverksemd for spreiing av kunnskap om livreddande fyrstehjelp mellom ålmenne folk.

I sosialsektoren og nærmiljøarbeid har lagslemene teke på seg arbeid for eldre og uføre. Lagslemer av korpset har vaktteneste ved symjebassenget på Dale til dei tider der er bading for uføre, og har òg transportert desse til og frå badet.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy