Dale kyrkje 1896 – 1956

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 17:29, 31 januar 2008 by Rolferik (Talk | bidrag)
(skil) ←Eldre versjon | Vis noverande versjon (skil) | Nyare versjon→ (skil)
Jump to: navigation, search

Vaksdal Historielag | Kyrkjer


Dale kyrkje, 1896-1956


Prestegjeld: Vaksdal

Stad: Dale

Namn: Dale kyrkje

Entrepenør: Johannes Haldorsen

Byggjeår: Vigsla 15 november 1896

Materiale: Tre

Sitjeplassar: 380

Alter: Alteret er samanbygd av preikestolalter og preikestol. Altertavla er 3-delt. Tavla i midten er bilte av ”Påskemorgon” (engel og kvinner ved graven) måla av Nils Bergslien.

Orgel: Orgelbygger Nils P. Kvarme, Voss

Kyrkjeklokke: Ukjent.


Historie:

Bygget var i starten tenkt som eit bedehus og i 1895 starta arbeidet. Men 22 desember 1895 sende Peter og Jens Jebsen eit brev til heradstyret om at Dale Fabrikker ville ta på seg vedlikehald og trygd for ei kapellkyrkje. Heradstyret samtykte i planane og det vart bygd ei kapellkyrkje. Den 16 juli 1896 besøkte kong Oskar II Dale. Han var også innom kyrkja. Kongen prøvde orgelet medan Jebsen trødde orgelbelgen.

Gamlekyrkja vart reven i slutten av 50-åra. Deler av tømmeret vart brukt til å byggja bedehus på Stanghelle. To store glasmåleri fekk plass i kvar sitt bedehus, eit på Dale og eit på Stanghelle. Kyrkjeklokken vart sende til Madagaskar, der dei vart sett opp i kyrkja i Tulear.

Dale vart i 1911 eige sokn i Bruvik prestegjeld. I tida før Dale fekk eiga kyrkje var staden sokna til Bruvik kyrkje.

I 1882 vart det sett i stand kyrkjegard på Stanghelle, til den sokna Dale og Vaksdal. Dale fekk eigen kyrkjegard i 1907.

Dale sokneråd gav i 1996 ut jubileumsskrifta ”Kyrkjestaden Dale 100 år”.


Kjelder:
Bruvik soknestyre, Bruvik Kyrkjor og Kristenliv.
Kyrkjestaden Dale 100år, Dale sokneråd 1996.


Vaksdal Historielag v/ Rolf Erik Veka.

Personlege verktøy