Dalseid

Frå Vaksdal Historielag

(Skilnad mellom versjonar)
Jump to: navigation, search
('''BRUK 1.''')
('''BRUK 1.''')
Line 209: Line 209:
:Kari f. og d. 1823.
:Kari f. og d. 1823.
:Nils f. 1824. Brukar her.
:Nils f. 1824. Brukar her.
-
:Olav 1827-1914 g. 1849 m. Marta Einarsdtr. Dyvik 1824-1894, bnr. 4. Emigrerte til U.S.A. 1850. Dei hadde sonen Johannes f. 1849 og 5 born fødd i USA.
+
:Olav 1827-1914 g. 1849 m. Marta Einarsdtr. Dyvik 1824-1894, bnr. 4. Emigrerte til USA 1850. Dei hadde sonen Johannes f. 1849 og 5 born fødd i USA.
:Johannes f. 1830.
:Johannes f. 1830.
:Kari f. 1832 g.m. lærar Jon Johannesson, Midt-Bruvik.
:Kari f. 1832 g.m. lærar Jon Johannesson, Midt-Bruvik.

Versjonen frå 16:40, 9 mai 2013

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band III


Gards og ættesoge for Dalseid.


GNR. 51 DALSEID


Innhaldsliste

INNLEIING

Dalseid ligg på sørsida av Bolstadfjorden. Her er det ein liten våg, Dalseidvågen. Frå den går det eit dalføre tvert over eidet til Dalevågen, ein arm av Sørfjorden. Dette eidet er vel 5 km. breitt. På vestsida ligg gnr. 22 Dale.

Gardsnamnet vart skrive Dalsseidt 1611. Dahlseide 1695. Dals Eide 1723. War gardsnamnet vert nytta som familienamn, vert det ofte skrive Dalseide. Bygdemålsuttalen er dã’lsei.

Dalseid grensar mot Dale, Fylingslid, Straume og Furnes. Dei næraste grannegardane er Dyvik og Furnes. Tunet på Furnes ligg på nordsida av fjorden, knapt 11/2 km. nordaust for Dalseid, men dei eig teig på sørsida av fjorden og. Grensa mot Furnes tek til i ein stor stein nær ved sjøen, som dei kallar Stolen. Steinen ser ut som ein stol med sete og rygg. Herfrå går grensa oppover Hjedlabrotet opp til Kupena som Furnes eig. Grensa mellom Dalseid og Dale tek til i høgaste punktet på Nordre-nova, går derfrå rettlinja vest-sørvest til Urdatonakken, vidare i ein boge til bygdevegen om lag 50 m nord for småbruket Nybø. Derfrå går ho mot sør austanfor garden om lag 100 m til eit gjerde og fylgjer gjerdet over vegen. Herfrå går grensa rettlinja mot vest til sørlegaste knausen på Hestfjellet, og fylgjer ryggen på Hestfjellet mot nord til høgaste punktet på fjellet. Herfrå går grensa rettlinja mot sørvest til ein knatt i øvre delen av Slotet 594 m.o.h. Derfrå rettlinja mot vestnordvest til ein knaus sør i Dalaskaret 618 m.o.h. Herfrå går merket rettlinja mot sørvest til høgste punkt, Røyrskaret, vender så rettlinja mot nordvest til eit nes i nordaustre del av Søre Krokavatnet. Her endar grensa mellom Dalseid og Dale, som samstundes er grensa mellom Dale sokn og Stamnes sokn på denne strekkja. Frå Krokavatnet grensar Dalseid eit stykke mot Fylingslid, men me kjenner ikkje til om denne grensa er skriftfest.

Grensa mot Straume fylgjer Straumsmarkånæ som kjem frå Krokavatnet og renn ut i Bolstadfjorden litt nordanfor Tretteneset. Denne elva vert no gjerne kalla Sagelva, avdi det lenge har vore sagbruk der. Dette namnet vert og gjerne bruka for å skilja Straumsmarkånæ frå Dalseidmarkånæ. Denne elva renn om lag parallelt med Straumsmarkånæ, men ligg noko lenger mot aust. Teigen mellom desse to elvane høyrde frå gamalt til Dyvik og vart kalla Dyvikteigen. Sjå nedanfor. Dalseidmarkånæ var då grense mellom Dalseid og Dyvik.

I Dyvikteigen, eller Tretteneset som bruket no gjerne vert kalla, vart det kring 1930 funne ei steinøks. Ho låg i ein bratt bakke 40-50 m skrått opp frå husa, om lag 20 m fra sjøen. Lendet er her fullt av bergskorer med jordbakkar imellom. Dette funnet gjev diverre ikkje noko haldepunkt om kor gamal busetnaden på sjølve Dalseid er. Det eldste skriftlege vitnemålet er så seint som 1611. 1661 vart garden kalla øydegard. Det skulle tyda på at her har vore busetnad i mellomalderen og at garden har lege øyde ei tid etter svartedauden. Namngjevinga syner at Dalseid er yngre enn Dale og Eide.

1723 er garden skildra slik: «Dals Eide Apostels-Gods. (opsidderis Tal) 2. 1 L. Sm. Opsidderne Eyer self med Bøxel og Herlighed, (Huusmands Pladser) Jngen. Jngen Sætter, har lidt Skoug til Huse Reparation, og ellers til fornøden Brende-veed. 1 flom eller Bæcke-qværn. Ligger nær Siøen, er fare undergiven af Vandløb og Fieldskreede, er Skarp og Steened Jordart tungvunden. Saar 4 tdr. Haufre aufler 14 tdr., føder 12 Kiør 3 ungNød 30 faar 2 Hæster (Taxt efter gl. Matricul) 1 L. Sm. (Forhøyet) 12 Pd. Sm.

Har ingen anden Næring eller Brug uden af Gaardens Aufling, Ligger 5 Mill fra Bergen — —»

1863: «Nogle Maaneder Meniis. Meget letbrugt men ubeqvemt fra Slaatterne . . . Seen Høst.» Jordsmonnet er for det meste myrjord og leirjord.

Om ras og skreder som har gått på garden finst det fleire soger.

«Ved ei større nedbør og snjoløysing, ein vår kring 1840, tok Straumsmarkåni og reiste på sjøen med husa i Trettenes, som den tid heitte Dyvikteigen. Den tid stod husa heilt i nærleik med elvi, men vart etter raset flutt til Trettenes, der dei no står.

Dei fortel, at ei smågjente låg i vogga, som flaut på sjøen, etter raset, men vart berga. Jenta levde til framimot 1910.» Jfr. bnr. 3.

«Det gjekk eit ras i Kastoberget kring 1800. Bleket viser enno i fjellet. Det vart ei stor flodbylgje etter, og ei skute, som stod øvst i naustet på Dalseid, førde bylgja så fint på sjøen, at om morgonen låg skuta på Dalseidvågen og flaut, med dreggen liggjande fint på taket av vengen.

Ein båt på Trettenes hadde bylgja teke, og den låg fint helvd oppå andre ferden, frå sjøen, på åkeren der, så ein skjøna, at bylgja har vore mykje høg. Nokon sers skade vart ikkje gjort, for det er grisgrendt der ikring.» (Oppskrive av Nils Dyvik f. 1889).

Garden hadde berre ein brukar fyrst på 1600-talet. 1648 var her 2 bruk. Det eine var 2/3 av heile garden, det andre 1/3. 1657 var garden framleis delt, men 1661-66 var her berre 1 brukar. Neste opplysning om brukstalet er frå 1692. Då var her 2 jamstore bruk.

I Manntalet 1701 finn me 3 brukarar, men dette ser ikkje ut til å ha hatt nokon varig verknad på oppdelinga av garden. 1718 er her 2 bruk med jamstor skyld. Den eine av brukarane åtte dessutan Dyviksteigen, som han hadde fått skøyte på 1695. I lista over leidang og fredtoll for Vatsvær åtting 1708 finn me dette: «Dyviksteigen Ap.gods bruges av Mons Dahlseid, svaris Fredtold paa Dahlsejd.» Etter den munnlege tradisjonen skulle Dyvikteigen i si tid vera gjeven til folket på Dalseid i faddergåve. Tradisjon om at skogteigar o.l. har vorte gjevne i faddergåver, og såleis kome over til andre gardar enn dei som dei frå fyrst høyrde til, kjenner me frå fleire andre bygder og. Det ser ut til at «faddergåveteorien» ofte vart nytta når opphavet til eit eigedomstilhøve ikkje vart heilt klårt. Dyvikteigen vert i rekneskapar, manntal, panteregister o.l. halden ut frå Dalseidgarden heilt til matrikuleringa 1838. Då vert han registrert som eit bruk under Dalseid. Br. 1 hadde l.nr. 16, bnr. 2 l.nr. 17a og Dyvikteigen l.nr. 17b. Sjå elles nedanfor under bnr. 3.

Tilhøvet med 2 jamstore bruk på det gamle gardsområdet heldt seg til 1919, då eit småbruk, bnr. 4 Nybø, vart skilt frå bnr. 1. 1929 vart eit anna småbruk, Hagebø bnr. 5, skilt frå bnr. 2. Me desse bruka ligg i gamal utmark i Dalseiddalen, like ved grensa mot Dale.

I Tretteneset, ved grensa mot Dyvikteigen, sette det seg ned ein husmann i 1790-åra. Han bygsla hjå bruk 2. Seinare vart det festa bort plass til fleire husmenn i Tretteneset. Eitt av plassa vart kalla Skitura. Det yngste plasset var Utløebøen. Der budde det folk i 1870-åra. Ingen av desse plassa vart sjølveigande. Dyvikteigen var bortfesta 1823-1884. Sidan har det vore sjølveigande bruk. Etter skredulukka kring 1840 vart tunet i Dyvikteigen flytta innover mot Tretteneset. I seinare tid er det dette namnet som vert bruka om bruk 3.

Gardstunet ligg på ei høgd på austsida av innlaupet til vågen. Kvart av dei 2 hovudbruka har stort stovehus med kjellar under, vedskytje og løe med innebygd mura flor. Florsvegane åt dei 2 bruka går i kross. Liknande tilhøve er kjende m.a. frå Voss, og det skal visstnok vera knytt ei ovtru til det. Før stod dei 2 stovehusa nokså tett i hop, men då bnr. 2 bygde nytt stovehus om lag 1900, flytte dei huset noko opp frå den gamle tufta, og det vart romslegare i tunet. Ei tid var her fleire hus i tunet enn det no er. Då Vossebana var under bygging, bygde brukaren på bnr. 2 eit hus til å hysa anleggsarbeidarar. Dette huset stod attom det bustadhuset som bnr. 2 no har. Olav Ekanger kjøpte sidan dette huset og flytte det til Dale, der det vart oppsett like ved den gamle kyrkja. Innanfor tunet hadde skreddaren Lars Brekkhus eit hus ved den gamle bygdevegen. Dette huset vart fyrst flytta til plasset Utløebøen under bnr. 2, sidan til Skyttarplassen på Dale.

Vatn fekk dei frå fleire kjelder. Ei av desse kjeldene, som var sams for både bruk, kalla dei Foræ. Nedom løa var Florskjeldo. Ei kjelde kalla dei Merkjesbekkjeldo. Den støaste kjelda var Bjødnakjeldo, men ho låg eit godt stykke nedanfor tunet. Når dei bar vatn frå Bjødnakjeldo, kvilde dei på Kvilesteinen. Utanfor kammersglaset åt bnr. 2 er Kodlesteinen. Der kvelvde dei kollene når dei vaska. Ved vedbua åt bnr. 1 er Slaktesteinen. Om lag 400 m. vest frå tunet, tett ved vegen, er Nålasteinen. Der sat jentene og sauma medan dei gjætte kyrne.

Innmarka ligg i hallet frå tunet ned mot vågen, og i den flate dalbotnen nørdst i Dalseiddalen. 1863 var her om lag 10 1/3 mål åker og dyrka eng på dei 2 hovudbruka. 4 1/2 mål var god åker, 3 mål var ring, og resten var middels god. Gamle åkernamn er Storåkeren, Geilåkeren, Skarvåkeren, Haugåkeren, Skytjeåkeren, Krokåkeren, Ladbankåkeren. Kommisjonen frå 1863 rekna bøen til 52 mål, og kom til at her berre var 3 1/2 mål dyrkingsjord. 22 mål var ring bø, 13 1/3 mål var god bø, resten var middels god. I tillegg til åker- og engvidda heime på garden kom plasset Tretteneset med 1 mål middels god åker og 4/5 ring åker. På plasset var der 1 mål middels god bø og 1 2/3 mål ring bø. På bnr. 3 Dyvikteigen var der 1863 3 1/2 mål åker. 4/5 mål var god åker, resten var ring. Dyvikteigen hadde 14 1/3 mål bø. Berre 1 mål var god bø, 12 mål var ring bø, resten varmiddels god. 1963 var innmarksarealet på heile garden sett til 131,5 mål.

Hamnegang hadde garden nok av både heime og på setra, vart det opplyst 1863. Sauene beiter fyrst på bøen når dei vert slepte ut om våren. Kring 17. mai vert dei slepte på Norafjellet, der dei flytter seg oppetter etterkvart som det vert mat. Kring Mikkelsmess vert dei sanka heim frå fjellet og slepte på bøen att. Kyrne beiter i vårhagen vest for bøgarden om lag til jonsok. Så vert dei førde gjennom Brannfjellskaret til Holestølen på Norafjellet, der dei går ein månads tid. Seinare går dei i Sæterdalen og ved Tjørnane, til dess det er tid å flytta opp på Dalseidstølen som ligg 409 m.o.h. ved ei sideelv til Dalseidmarkånæ. Her er det sæterhus. Budeiene låg på stølen om natta og bar mjølka heim om morgonen. Når dei skulle til støls om kvelden, rodde dei til Markånæ. Då var det 1 time makleg gonge til stølen. Men når dei gjekk snøgt, kunne dei greia det på ein halv time. Hestehagen var på Hestfjellet på Norafjellet.

Høyet frå slåttene vart 1863 oppgjeve til 600 v. årleg, 300 v. på kvart av dei 2 hovudbruka. Gamle slåtter er Bergaslåtto (bnr. 1), Gilæ med Giljaløo. Oppå Fossane hadde båe bruk slåtter med løer. På Øvsterinden hadde bnr. 1 løe. På Nedsterinden hadde dei faste hesjar og bar høyet heim. På Hjedlabrotet sette dei i stakk. På Nov hjå bnr. 1 slo bygselmannen i Tretteneset og rodda høyet heim. Jenshaugen heitte ei slåtte som bnr. 1 hadde på Norafjellet. Der var det utløe. Det var vanleg at dei bar heim høyet frå utIøene.

Skogen er teigdelt. Br. 2 hadde før 8 skogteigar, men 2 av teigane fylgde med bnr. 5 då dette vart skilt frå, så no er talet på skogteigar 6. På dei fleste stader eig bruka slåtten i skogteigane sine, men eit par stader er det delt slik at eitt bruk eig skogen, eit anna bruk slåtten. 1863 hadde dei 2 hovudbruka skog nok til ved og hustømmer og kunne dessutan selja ved for 18 spd. netto for året. Dyvikteigen hadde også skog nok til eige bruk og kunne selja 1 famn ved årleg. Ein stor skogbrann herja fjellet mellom Skaret og Dalseidvågen kring 1890, ei tid etter at Vossebana var komen i drift. Det var toget som sette eld på. Her var det mykje fureskog før brannen, men elden gjorde ende på alt, både skog og jord. Berre nokre store eiker stod att. Fjellet her vart sidan heitande Brannfjellet. No har det vakse opp noko småfure, osp og bjørk. 1931 vart det fredlyst ei viltveksande gran, Foksegrana, på Stadlane i skogteigen åt bnr. 1. Denne grana er uvanleg stor.

Den utmarka som ikkje er teigdelt, er sameige for dei to hovudbruka. 1956 vart det reist søksmål frå eigaren av bruk 3 for å få på det reine om dette bruket og var med i sameiga til liks med hovudbruka. Retten fann ikkje grunnlag for ein slik eigedomsrett når det galdt bruk 3, men tilkjende bruket ein avgrensa beiterett i utmarka.

Kvernstøe hadde garden i Dalseidmarkånæ. I Straumsmarkånæ har dei hatt sagbruk, og denne elva har difor også vore kalla Sagelva. Elva kjem frå nordre Krokavatnet. Ved utlaupet frå vatnet er det ei stemme. «Stemmo» er nemnd i ein grensegangsforretning 1837. Sjå Vik, grenser.

1889 vart det tinglyst eit arvefestebrev der Hans K. Trettenes på bnr. 3 leigde vekk elveretten sin i denne elva til Anders Knutsson Straume (sjå Straume, innleiinga og bnr. 4) og seinare eigarar av sagbruket. Han gav også fri grunn til sagbruket, ei borkemyln og ein slipestein.

I Dalseidvågen var det før eit godt fiske. Det gjekk stor fisk inn der, både aure og noko laks. Inst i vågen fiska dei med trove. Når auren gjekk opp i bekkene for å gyta, brukte dei merd. Før vart det drive mykje ljosfiske i bekkene i Dalseiddalen. Laksefiske i fjorden tok dei til med sist på 1800 talet. 1891 vart det tinglyst ei kontrakt frå brukarane på Dalseid bnr. 2 og Furnes bnr. 2 der dei leigde ut lakserettar til Einar Knutson Dyvik. Det beste lakseplasset ligg i merket mellom Dalseid og Furnes. Her har båe bruka på Dalseid og båe bruka på Furnes drive fiske i lag i seinare tid.

Dalseid var i eldre tid eit trafikknutepunkt. Vegen over eidet frå Dalevågen til Dalseidvågen var ein del av ferdslevegen mellom Bergen og Kristiania. Vegen her var postveg og gamal kongsveg. I eldre tid var her berre ein kløvveg, men i byrjinga av 1800-talet vart vegen så mykje vølt at dei kunne koma fram med hjulreiskap. Det var skysskifte for reisande både på Dalseid og Dale, og brukarane der var postførarar. Frå Dalseid gjekk ferdsla oftast etter fjorden, men der er og ein gamal veg innetter liene mot Bolstadøyri. Denne vegen kallar dei bygdavegen.

Dalseidbryggja ligg like nedanfor tunet på austsida av vågen. Då bygginga av Dale Fabrikker tok til 1878, vart mykje av materialane tekne i land ved Dalseidbryggja. Her vart det sett opp ei sjøbu i 2 høgder. På den gamle køyrevegen gjennom Dalseiddalen, som før hadde vore lite nytta til vareførsle, vart det no ein livleg trafikk med hestar for å få fram byggjevyrke og maskiner til anlegget. På same tid var eit anna stort anlegg under arbeid. Det var jarnbana Bergen — Voss som vart opna 1883. Jarnbana går på vestsida av dalføret og kryssar Dalseidvågen eit par hundre meter vest for tunet. Over vågen vart det laga ei stor fylling som stengde den inste delen av vågen frå ferdsla. Før kunne dei ro heilt inn til Stølabrotet med vedføring o.l. Det gode fisket inne i vågen vart det og slutt med då jarnbana kom. Frå vågen går jarnbana gjennom ei djup skjering framom tunet. Noko av dei gamle åkrane gjekk med i skjeringa, og den gamle sjøvegen vart attfylt. Nede ved sjøen viser det enno nokre troppesteinar av gamlevegen. NSB bygde ny sjøveg i vederlag for den gamle. Under anlegget budde mange av arbeidarane på Dalseid. Det vart sett opp ei anleggsbrakke på jarnbana sin grunn. På same grunnen vart det seinare bygt ein tomannsbustad for banevaktarane. På bnr. 2 vart det sett opp eit stovehus til å hysa anleggsarbeidarar. På bnr. 1 tok dei til med handel i kjellaren. Søre enden av kjellaren heiter enno Krambukjellaren. Det var svensken Svante Johannesson som dreiv handel her. Seinare hadde han handel i eit anna hus ved løa åt bnr. 2. Dette huset er no flytta. Då Vossebana vart opna 1883 minka det mykje på ferdsla etter fjorden. Frå 1870-åra til 1915 gjekk det dampbåt heilt inn til Bolstadøyri. Denne båten gjekk ikkje innom Dalseidbryggja. Frå Dalseid og grannegardane rodde dei ut og borda båten når det var trong for det. Frå fjordbygdene lenger vest kom det båtladningar med geiter som skulle på sumarbeite i Bergsdalen. Geitene vart sette i land på Dalseid og førde til fjells derifrå.

I seinare år har Dalseidvågen vorte mykje nytta til hamn for småbåtar. Mange båteigarar frå Dalekvam har båtane sine her. Det er også sett opp mange nye naust for slike småbåtar.

1936 skipa NSB stoppestad for lokaltog på Dalseid. Det vart då korrespondanse med motorbåtrute frå Dalseid til Stamneshella. 1939 var vegen mellom Stamneshella og Straume ferdig. Vegen frå Dalseid til Straume tok det lang tid å få byggja, for mest heile strekkja laut skytast gjennom fjell, med fleire tunnellar. Etter kvart som vegen vart ferdig, overtok bussane transporten. Til slutt gjekk motorbåten berre i ferjetrafikk over BolstadStraumen. Men i desember 1963 vart brua over Straumen ferdig, og det kunne setjast opp samanhangande bussruter mellom Dale og Gullbrå i Eksingedalen.

Dalseid, Furnes, Dyvik og Verpelstad er saman i eitt bedlag og ein dugnadskrins.


SKYLD, UTREIDSLER m.m.

Gml. matr.nr. 7 1 Vatsværn tinglag. 1886 til 1964 gnr. 62 i Bruvik. Gml. landskyld og skatteskyld 1 laup smør. Leidang 1626 4 m. smør 1 geitskinn. 1774 leidangsvarer: 3 m. smør 1 geitskinn omgjort i pengar 33 sk. Husdyrskatt 1657: 13 m. 4 sk. Dyvikteigen, bnr. 3, står for seg sjølv før 1838 med matr.nr. 6 og skyld 9 m. smør. Andre avgifter ikkje oppgjevne. 1838 er ny skyld for heile garden 4 dl. 2 ort 13 sk. 1886 6,63 skm. Folketal 1801: 25. 1875: 29. Fødnad 1657: 2 hestar. 1 okse, 11 kyr, 6 ungfe, 16 sauer, 18 geiter. 1723: 2 hestar, 12 kyr, 3 ungfe og 30 småfe. 1863: 2 hestar, 18 kyr, 3 ungfe, 92 småfe. 1875: 2 hestar, 18 kyr, 3 ungfe, 40 sauer, 44 geiter. 1963: 2 kyr, 27 sauer, 6 griser. Sånad 1723: 4 t. havre. Avling 14 t. 1863 sånad 8 1/2 t. havre, 51/2 t. poteter. Avling 42 t. havre, 27 t. poteter. 1959 v. høy, 259 v. halm. I slåttene 660 v. høy. Beit og skav til 2 kyr på hovudbruka, som kan selja ved for 18 spd. netto årleg. Br. 3 kan selja 1 famn ved årleg 1863.


EIGARAR

Eldste opplysninga om eigaren av garden er frå 1626. Dalseid høyrer med til Apostelgodset som låg i Vatsvær åtting. Ved reformasjonen vart godset åt Apostelkyrkja kverrsett og drege inn under kruna. Men Dalseid kom tidleg på private hender. 1648 og 1655 er Børge Juel oppgjeven som eigar. Han var visstnok lagmann. 1692 og 1700 er det fru Margrete Juel som eig garden. 1718 er det ervingane hennar. Det ser ut til at dei har selt garden i 2 partar, svarande til dei 2 jamstore bruka som då var på Dalseid.

Tomas Gjerde, Samnanger, fekk hand om bruk 1 kring 1720. Han var ein sers velståande mann som åtte part i mange gardar, mellom anna i Stamnes.

Nils Monsson Våge og kona Borgny Velomsdtr., Os skipreide, ervde båe desse partane etter han. Ved skiftet etter Borgny 1789 var det sonen, Anders Nilsson Steinsland, Os skipreide, som ervde parten i Dalseid. 1793 vart det halde skifte etter Anders, og parten i Dalseid vart utlagd til enkja Malene, sonen Olav og døtrene Borgny og Siselja. Olav Andersson Steinsland, Os skipreide, vart eigar av heile bruk 1 då han 1795 og 1799 fekk skøyte på partane åt mora og systrene.

1808 gjorde Olav Steinsland makeskifte med Olav Johannesson Dale. Olav Johannesson Dale var f. på Fossmark bnr. 5 1765 og var ei tid brukar på Vaksdal bnr. 1, som han no gav frå seg til Olav Andersson Steinsland. Sjølv var han brukar på Dale bnr. 6, som han hadde fått med kona Kari Johannesdtr. Dale. Bruket på Dalseid vart bygsla bort til 1822, då han gav skøyte til sonen Johannes Olsson. Han gifte seg med ei av døtrene åt den gamle brukaren, og tok sjølv over bruket same året som han fekk skøyte. Han var den fyrste sjølveigaren på bnr. 1.

Br. 2 vart sjølveigande alt 1722, då brukaren Mons Knutsson fekk skøyte. 1695 hadde han fått skøyte på Dyvikteigen, som han sidan dreiv saman med bruket på Dalseid. Eigar av Dyvikteigen 1692 var buet etter avlidne Jonas Lillienschiold. Nokre år tidlegare, 1689, var «Dyviglien» med blant det jordegodset som Mons Christoffersen Hiermand oppgav å eiga i Nordhordland. 1708 er Dyvikteigen kalla Apostelgods. Då Gudmund Monsson fekk skøyte 1728, vart Dyvikteigen og Dalseid bnr. 2 selde under eitt. Det same vart gjort ved alle skøyte fram til 1873, då det vart halde skifte etter brukaren Johannes Johannesson. Eldste sonen, Johannes, fekk då skøyte på bnr. 2 og den nest eldste, Knut, fekk skøyte på Dyvikteigen. Sjå bnr. 3.


BRUKARAR

Rikard er den fyrste kjende brukaren her. Me finn han i landskattelista 1611, men han var avliden før 1620. Dette året er det ei enkje som er brukar på Dalseid. Kva ho heiter får me ikkje vita. 1626 er enkja også oppførd som brukar.


1630-31 er Jon brukar. I skattelista finn me han mellom halvegardsmenn og øydejordsmenn.


1638 heiter brukaren Knut.


1645 er Olav Nilsson og kona Synneva dei einaste på Dalseid som er nemnde i koppskattemanntalet, men 1648 var her kome ein brukar til, som også heitte Olav. Gamle-Olav er dette året oppførd som brukar på 2/3 av garden, og Unge-Olav brukar på 1/3. Etter husdyrmanntalet 1657 fødde Gamle-Olav 1 hest, 1 okse, 6 kyr, 4 kviger, 12 geiter, 10 sauer, og han betalte 8 m. 2 sk. i husdyrskatt. Unge-Olav fødde 1 hest, 5 kyr, 2 kviger, 6 geiter, 6 sauer, og han betalte 5 m. 2 sk. i husdyrskatt. Ingen av desse brukarane er nemnde seinare.


1661 er Sjur Jakobsson brukar åleine. 1664 hadde han 2 drenger, Torbjørn Knutsson f. 1644 og Nils Mikkelson f. 1648. 1666 flytte Nils Mikkelson ut or sokna, og ein ny dreng kom i staden, Johannes Olsson f. 1652. Her var og ein husmann eller kårmann på garden, Anders Magneson. Brukaren Sjur Jakobson var lagrettemann 1668.


1692 er Johannes og Nils brukarar på kvar si helvt av garden. Nils er ikkje nemnd seinare, men i manntalet 1701 finn me att Johannes Hallsteinson f. 1637. Han har ein tenar, Mons Hallsteinson f. 1689. Johannes f. 1637 d. 1718 og kona Ingeborg Magnesdtr. f. 1640 d. 1716.

Born:

Jorunn f. 1672 d. 1726 g.m. Nils Johannesson Helle, sjå Helle bnr. 7.
Ågota, sjå bnr. 1.
Kari g. 1694 m. Anders Nilsson Dale, sjå Dale bnr. 8.

Johannes var med og gav skøyte 1703 på Kyrkje-Bruvik til Olav Johannesson Heimvik.


1701 er Haldor Rasmusson og Mons Johannesson brukarar her saman med Johannes Hallsteinson. Haldor Rasmusson vart g.m. ei av døtrene åt Johannes. Sjå bnr. 1. Mons Johannesson f. 1661 var frå Kalland og er nemnd i eit skifte der 1704.

Mons hadde 2 søner:
Olav f. 1696 g. 1716 m. Maria Pedersdtr. Øyo.
Knut f. 1699.


BRUK 1.

Løpenr. 14 i Vatsværn tinglag. Gamal landskyld 36 m. smør. 1838 ny skyld 2 dl. 11 sk., revidert 1853 til 1 dl. 4 ort 15 sk. 1886 2,84 skin. 1956 2,43 skm. 1863 2 1/2 mil god åker, 1 1/2 mål middels god, 1 7/8 mål ring, i alt om lag 5 mål åker. 6 1/2 mål god bø, 8 1/2 mål middels god, 11 mål ring, i alt 26 mål N. 1 1/2 mal dyrkingsjord. Sånad 3 t. havre, 1 1/2 t. poteter. Avling 16 t. havre, 8 t. poteter, 723 v. høy, 112 v. halm. I slåttene 300 v. høy. Skav og beit til 1 kufor. Fødnad 1 hest, 7 kyr, 1 ungfe, 30 småfe. Kan selja ved for 10 spd. netto årleg. (I tillegg til dette kjem plasset Tretteneset under bnr. 1.) 1865: Sånad 3 1/2 t. havre, 1 t. poteter. Fødnad 1 hest, 9 kyr, 13 sauer, 22 geiter. 1875: Sånad 3 1/2 t. havre, 1 t. poteter. Fødnad 1 hest, 6 kyr, 12 sauer, 11 geiter. 1963: 47,5 mål innmark. Fødnad 1 ku, 20 sauer, 3 griser.


1697 vart Haldor Rasmusson Tysso frå Evanger g.m. Ågota Johannesdtr. Dalseid. Far hennar var brukar her. Sjå ovanfor. 1701 er både Haldor og verfaren førde opp som brukarar, men 1708 hadde Haldor bruket. Haldor f. 1667 d. 1729.

Born:

Jon f. 1700 d. 1718.
Johannes f. 1703. Brukar her.
Lars f. 1706. Brukar på Dale bnr. 11.
Brita f. 1710 g.m. Jakob J. Eide, sjå Eide bnr. 2.
Nils f. 1713.
Ingeborg f. 1718 g. 1740 m. Anders Haldorson Dale, sjå Dale bnr. 9.


1718 vart Johannes Haldorsson Dalseid f. 1703 d. 1756 g.m. Brita Andersdtr. Kalland f. 1700 d. 1774. Dei fekk bygsla dette bruket hjå Tomas Gjerde, Samnanger.

Born:

Haldor f. 1732. Brukar her.
Jon f. 1733 d. 1765 ug.
Anders f. og d. 1735.
Anna f. og d. 1736.
Anders f. og d. 1737.
Anders f. 1738 g. 1771 m. Ingeborg Berjesdtr. Verpelstad. Gardbr. på Midt-Mjelde, Osterøy.
Mons f. 1741.
Anna f. 1757 g.m. Lars Larsson Dale. Sjå Fosse, Bergsdalen bnr. 1.


1756 bygsla Haldor Johannesson f. 1732 d. 1770 g. 1757 m. Barbro Knutsdtr. Straume, d. 1789. Kven foreldra hennar var veit me ikkje.

Born:

Ågota f. og d. 1758.
Johannes f. 1760 g. 1787 m. Marta Olsdtr. Furnes. B. på Vikne, Osterøy.
Ågota f. 1761. Trulova 1788 m. enkjemann Lars Olsson Furnes, Øvste Mjelde. Han døydde før vigsla, og Ågota vart g. 1789 m. Lars Einarsson Dyvik. B. Øvste Mjelde, Osterøy.
Ingeborg f. 1763 d. 1764.
Knut f. 1764 g. 1793 m. Anna Olsdtr. Veset. Ho vart g. 2. g. 1805 m. Klement Knutsson Dyvik.
Jon f. 1766.
Helga f. 1768.
Brita f. 1768 g.m. Knut A. Vik, sjå Stamnes bnr. 3.


1770 bygsla Nils Knutsson Myster bnr. 1 f. 1750 d. 1820. Han gifte seg same året m. enkja etter den førre brukaren, Barbro Knutsdtr. Dei fekk ei dotter, Maria f. 1771. Det vart halde skifte etter Barbro 1789. Nettosummen i buet var på vel 91 rdl. Dottera Maria var ikkje teken med i skiftet, og var truleg død. Nils vart g. 2. g. m. Dordi Halvardsdtr. Furnes bnr. 1 f. 1764 d. 1854.

Born:

Knut f. 1791 d. 1792.
Knut f. og d. 1792.
Barbro f. 1793. Hadde kår på Kvamme bnr. 2 frå 1854.
Anna f. 1795 g.m. Johannes Kvamme, sjå Kvamme bnr. 2.
Knut f. 1798 g.m. Brita Olsdtr. Hermundsdal. B. på Åsheim, Osterøy.
Haldor f. 1801. Sjå plasset Trettenes under bnr. 1.
Maria f. 1803 g.m. neste brukar.
Jon f. 1805. Sjå bnr. 3.
Anders f. 1808. Sjå husfolk.

Det vart halde skifte etter Nils 1821 og nettosummen i buet var knapt 89 spd. Krøtera var verdsette til 61 spd. og eit sylvbelte til 10 spd.


1822 skøyte til Johannes Olsson Dale frå faren Olav Dale bnr. 6 for 110 spd. Johannes f. 1801 d. 1847 gifte seg m. Maria f. 1803, dotter åt den førre brukaren her. Ved skiftet etter Johannes 1847 var dette bruket verdsett til 400 spd., lausøyret til 230 spd. 3 ort 4 sk. Buet hadde uteståande krav på 150 spd. og bruttosummen i buet var 780 spd. 5 ort 4 sk. Nettosummen 638 spd. 4 ort 11 sk.

1823 vart det tinglyst kårbrev til enkja etter den førre brukaren, Dordi Halvardsdtr.

Born:

Kari f. og d. 1823.
Nils f. 1824. Brukar her.
Olav 1827-1914 g. 1849 m. Marta Einarsdtr. Dyvik 1824-1894, bnr. 4. Emigrerte til USA 1850. Dei hadde sonen Johannes f. 1849 og 5 born fødd i USA.
Johannes f. 1830.
Kari f. 1832 g.m. lærar Jon Johannesson, Midt-Bruvik.
Knut f. 1835.
Olav f. 1837.
Johannes f. om lag 1838.
Dordi f. 1840 d. 1847.
Ågota f. 1842.
Nils f. 1847 g. 1880 m. Marta Olsdtr. Vik.


1848 skifteskøyte til Nils Johannesson for taksten, 400 spd. 1853 vart tinglyst kårbrev til mora, Maria Nilsdtr. Nils var postførar. Han var med i skulestyret 1872, i heradstyret og formannskapet 1873. Nils f. 1824 d. 1909 var g.m. Anna Monsdtr. Veo bnr. 4 f. 1825 d. 1882.

Born:

Maria f. 1852 g.m. Magne K. Hesjedal, sjå Hesjedal, Stamnes bnr. 3.
Johannes f. og d. 1853.
Anna f. 1854 g.m. Jon Stamnes,sjå Stamnes bnr. 8.
Dordi f. 1856 g.m. Ivar Johannesson Dale.
Johannes f. 1859. Sjå husfolk.
Mons f. og d. 1861.
Maria f. og d. 1863.
Maria f. 1864 d. 1865.


1884 skøyte til Johannes Eiriksson Sæterdal for kr. 3.100,- og kår til den gamle brukaren. Johannes var fehandlar og slaktar. Han var f. i Sæterdal på bnr. 7 1853 d. 1929. Då han let dette bruket ifrå seg, tok han unna bnr. 4, der han sette opp hus og busette seg. Johannes var med i fatigstyret og heradstyret. Kona Brita Nilsdtr. var frå Dale bnr. 14 f. 1859 d. 1935.

Born:

Enevold f. 1882. Brukar her.
Kari f. 1884 g.m. stasjonsmeister Lars Ekros, Os.
Nils f. 1885. Gardbr. Ål i Hallingdal, g.m. Anne f. Hoff.
Alfred Elias f. 1888 d. 1908.
Karl Oliver f. 1891 g.m. Berta Birkeland f. Nygård, Innbjoa. B. i Bergen.
Johannes Bertin f. 1894. Sjå bnr. 4.
Elisabeth f. 1895 d. 1954 g.m. fabrikkarb. Andreas Rørstad, Bergen.
Amanda f. 1896 g. 1. g. m. skipsførar Gudmund Nygård, Haugesund. Han miste livet under 2. verdskrigen, då båten haus vart torpedert. Amanda g. 2. g. m. Olav Nilsson, Innbjoa, Sunnhordland.
Andreas f. 1899. Sjå bnr. 4.


1907 skøyte til Enevold Johannesson for kr. 2.500,- og kår. Enevold f. 1882 var g. 1. g. m. Anna Olsdtr. Hermundsdal f. 1881 d. 1912.

Born:

Borghild f. 1903 g.m. treskjerar Lars Hjelmeland. Sjå ættesoge for Dale.
Johannes f. 1905. Steinarb. Hurum.
Olav Bertin f. 1907. Radiotelegrafist. Kom bort på sjøen 1941 då ei skøyte som skulle over til England forliste i Nordsjøen. Han er gravlagd i England.
Alfred Emil f. 1910. Sjømann.

Enevold g. 2. g. m. Brita Simonsdtr. Toskedal bnr. 1 f. 1883.

Born:

Astrid f. 1920 d. 1947 etter krigsfangenskap i Tyskland.
Målfrid f. 19** g.m. stasjonsbetjent Alfred Vaksdal. Sjå Dalseid bnr. 6.
Sigmund f. 19**. Brukar her.

Enevold var lenge med i fattigstyret. Han har vore utskiftingsmann og hatt ymse andre kommunale ombod.


1953 skøyte til Sigmund E. Dalseid for kr. 11.500,- og husrett til foreldra. Sigmund f. 19** er g.m. Ingrid f. Indrebø frå Førde i Sunnfjord f. 19**.

Born:

Einar f. 19**.
Terje f. 19**.
Bjørg Astrid f. 19**.


BRUK 2.

Løpenr. 17, seinare 17a i Vatsværn tinglag. Gamal landskyld 36 m. smør. 1838 ny skyld 1 dl. 4 ort 16 sk., revidert 1853 til 1 dl. 4 ort 10 sk. 1886 2,78 skm. 1956 2,20 skm. 1863: 2 mål god åker, 2 1/2 mål middels, 1 1/8 mål ring, i alt om lag 5 1/2 mål åker. 6 2/3 mål god bø, 8 1/2 mål middels, 11 mål ring. i alt 26 mål N. 2 mål dyrkingsjord. Sånad 2 1/2 t. havre, 1 t. poteter. Avling 15 t. havre. 6 t. poteter. 750 v. høy, 105 v. halm. 300 v. høy i slåttene. Fødnad 1 hest, 7 kyr, 36 småfe. Kan selja ved for 8 spd. netto årleg. Skav og beit til 1 kufor. 1865 sånad 3 1/4 t. havre, 1 t. poteter. Fødnad 1 hest, 9 storfe, 24 sauer, 18 geiter, 1 gris. 1963 46,5 mål innmark. Fødnad 1 ku, 7 sauer, 3 griser.


1708 er Mons Knutsson brukar her. 1695 hadde han fått skøyte på Dyvikteigen og 1708 vert det opplyst at han dreiv Dyvikteigen saman med bruket på Dalseid. Dette bruket fekk han skøyte på 1722. Mons f. 1659 d. 1729 var g.m. Ingeborg Gudmundsdtr. f. 1664 d. 1739. Mons var lagrettemann 1710 og 1720.

Born:

Anna f. 1687 g.m. Johannes Simonsson. Brukar på Dale bnr. 19.
Gunhild g. 1722 m. Johannes Gulleiksson Tysso, Evanger.
Johannes g. 1732 m. Marta Knutsdtr. Romslo, Haus.
Knut f. 1690 d. 1716.
Brita f. 1692 d. 1724.
Gudmund f. 1699. Brukar her.
Nils f. 1702 d. 1707.
Inga f. 1709 g.m. Helge Olsson Furnes. Sjå Dale bnr. 18.


1728 skøyte til Gudmund Monsson på dette bruk og Dyvikteigen. Gudmund f. 1699 d. 1771 var g.m. Ågota Johannesdtr. Straume frå Storstovo f. 1713 d. 1784. Gudmund var lagrettemann 1740. 1786 vart det halde skifte etter Ågota som da var enkje. Bruttoen i buet var 13 rdl. 4 m. 4 sk. og gjelda var 11 rdl. 5 mark, så nettoen vart berre 1 rdl. 5 mark 4 sk.

1794 vart det halde skifte etter den ugifte dottera Ingeborg, som let etter seg ei nettoeige på 6 rdl. 3 mark 2 sk.

Born:

Gunhild f. 1733 g.m. Lars Gammersvik.
Mons f. 1735 g. 1760 m. Kari Monsdtr. Øvste Mjelde. Busett der.
Jon f. 1738. Brukar her.
Gulleik f. og d. 1742.
Gulleik g. 1772 m. Brita Larsdtr. Dale. Busett Midt-Mjelde.
Brita f. 1744 d. 1810 ug.
Ingeborg f. 1749 d. 1793 ug.
Jakob f. og d. 1752.
Maria f. 1756 g.m. Olav Gammersvik.
Ågota f. 1759 d. 1805 på Midt-Mjelde.


1763 skøyte til Jon Gudmundsson på dette bruk og Dyvikteigen.


1771 tok den eldste broren, Mons Gudmundsson bruket att på odel, men 1775 fekk Jon skøyte på nytt for 90 rdl. Jon f. 1738 d. 1805 var g.m. Ingeborg Olsdtr. Dale bnr. 19 f. 1729 d. 1805. Skiftet 1805, då båe var avlidne, viser ein brutto på 147 rdl. 3 m. 6 sk., netto 134 rdl. 4 m. 10 sk. Det var mange som skulda pengar til buet. Mellom anna skulda Sjur Helgeson Brekke 30 rdl. og Sjur Vassenden 10 rdl. Dette tyder på at Jon, som var etter måten velståande, dreiv ein del med pengeutlån.

Born:

Ingeborg f. 1764 g.m. neste brukar.
Johannes f. og d. 1767.
Ågota f. 1769 g.m. Johannes Torbjørnsson. Sjå Dale bnr. 19.


1788 skøyte til Hans Johannesson på dette bruket og Dyvikteigen. Same år vart det tinglyst kår til dei gamle brukarfolka. Hans f. på Stamnes bnr. 1 1758 d. 1834 var g.m. dotter deira, Ingeborg Jonsdtr. f. 1764 d. 1815. Ved skiftet etter henne vart dette bruket verdsett til 1200 rdl. Bruttoen i buet var 2355 rdl. 12 sk., og det gjekk berre 50 dalar ifrå. Gjelda åt buet, som var på vel 107 rdl., ville enkjemannen sjølv betala. Krøtera var verdsette til 547 rdl. og der var sylv for 73 rdl. 5 mark. Ivar Isaksson Hjelle skulda i reide pengar til buet 28 rdl. 2 mark, og Lars Tomasson Berge skulda iflg. ein pantobligasjon tinglyst 1814, 183 rdl. 4 m. 8 sk. Hans var postbonde.

Born:

Kari f. 1790 g.m. Jakob Myster, Myster bnr. 3.
Ingeborg f. 1793 d. 1817 ug.
Ågota f. 1796 g.m. Johannes O. Kvamme, sjå Kvamme bnr. 1.
Johannes f. 1799. Brukar her.
Helga f. 1803 g.m. Helge J. Dalseid bnr. 3.
Jon f. 1808. Sjå plasset under Reinane, Myster.

Hans g. 2. g. m. Synneva Monsdtr. Furnes bnr. 2 f. 1771 d. 1846. Ho var då enkje, og hadde vore g. 1. g. m. Jon Johannesson Stamnes bnr. 10, skulehaldar i Stamnes, sidan paktar på Indre-Bruvik.

Dei hadde desse born:

Johannes f. 1792. Sjå Indre-Bruvik bnr. 1.
Helge f. 1797. Sjå bnr. 3.
Herborg f. 1800 d. ug.
Mons f. 1803.
Kari f. 1805. Sjå plasset Trettenes.
Gjertrud f. 1807. Sjå husfolk.

Synneva og Hans hadde ikkje born.

Skiftet etter Synneva 1846 har ein netto på 5 spd. 3 ort 3 sk.


1822 skøyte til Johannes Hansson for 105 spd. Han hadde ved skifte etter mora 1815 fått utlagt 41/2 m. smør i bruket. Faren hadde fått utlagt halve bruket, og resten var delt mellom broren Jon og systrene. Desse var det som no gav skøyte til Johannes. Kår til faren og stykmora vart tinglyst same år. Johannes f. 1799 kom bort på sjøen 1840. Ved skiftet etter han vart dette bruket og Dyvikteigen verdsett til 280 spd. Nettoen i buet var på 268 spd. 1 ort 8 sk. Johannes var g.m. Brita Johannesdtr. Straume bnr. 1 f. 1806 d. 1863.

Born:

Ingeborg f. 1828.
Johannes f. og d. 1830.
Johannes f. 1831. Brukar her.
Hans f. 1834. Sjå. bnr. 3.
Jon f. 1837 d. 1842.
Jon f. 1839. Sjå Straume bnr. 19.


1841 vart Knut Andersson Verpelstad f. 1811 d. 1883 g.m. enkja Brita Johannesdtr. Dei dreiv dette bruket til dei tok kår 1850. Knut fekk 1844 skøyte på Verpelstad. 1847 gav han skøyte til Olav Eirikson Saue, men kjøpte garden att året etter. 1850 gav han så skøyte til Nils Bertelson Eide, som hadde bygsla bruket. Sjå Verpelstad bnr. 2.

Born:

Johannes f. 1842.
Jon f. 1843.
Anders f. 1846. Sjå Straume bnr. 4.
Ingeborg f. 1848.
Anna f. 1853.


1840 skifteskøyte til Johannes Johannesson for takstsummen, 280 spd. for dette bruk og bnr. 3. Mora og stykfaren (sjå ovanfor) dreiv garden, men 1850 tok Johannes sjølv over og gav dei kår. Johannes f. 1831 d. 1873 var g.m. Anna Jonsdtr. Straume bnr. 1 f. 1829 d. 1915. Ved skiftet etter Johannes 1873 vart dette bruket for takstsummen, 430 spd., utlagt til sonen Johannes, og Dyvikteigen vart utlagt til sonen Knut. Sjå bnr. 3.

Born:

Anna f. og d. 1855.
Brita f. 1857 d. 1858.
Johannes f. og d. 1859.
Jon f. 1861 d. før 1873.
Johannes f. 1862. Sjå nedanfor.
Bertine f. 1864 g. 1886 m. Johannes Bertin J. Falkanger.
Knut f. 1865. Hadde symaskinforretning i U.S.A.
Jon f. 1865. Handelsreisande i U.S.A.


1873 skifteskøyte til Johannes Johannesson f. 1862. Mora og stykfaren dreiv bruket.


1884 fekk Olav Olson Kvamme f. 1850 d. 1928 g.m. enkja Anna Jonsdtr. skøyte på dette bruket hjå sonen hennar frå fyrste ekteskap, Johannes, som då emigrerte til U.S.A., der han vart farmar. Olav var son åt Olav Bukkstein, seinare Manger og kona Dordi f. Kvamme.

Born:

Hanna f. 1874. Sjå neste brukar.


1892 vart Johannes Monsson Straume bnr. 6 f. 1868 g.m. Hanna Olsdtr. fødd her 1874. 1904 fekk han skøyte på bnr. 3, men selde det att 1907. Han og huslyden budde her og dreiv dette bruket til 1929. Då vart bnr. 5, Hagebø i Dalseiddalen, skilt frå, og Johannes busette seg der. Sjå bnr. 5.

Born:

Anna Mathilde f. 1893 g.m. skomakar Olav Nesthus, Voss, f. 1895.
Ole f. 1894. Brukar her.
Selma Birgitte f. 1898 g. 1917 m. banevaktar Brynjulf S. Horvei, Jørnevik, Evanger.
Ida f. 1901. Sjå bnr. 5.
Dagny Amanda f. og d. 1906.
Sigurd Didrik f. 1907 d. 1908.


1945 skøyte til Ole Johannesson for kr. 3.000,— og kår til mora, Hanna. Ole er g.m. Hildborg Nilsdtr. Verpelstad bnr. 2 f. 1901.

Born:

Johannes f. 1925. Jernbanearb., Voss, g.m. Brita Simonsdtr. Luren, Evanger.
Normann f. 1926. Fabrikkarb. Dale, g.m. Aslaug Vatne frå Helle i Sunnfjord.


BRUK 3.

Dyvikteigen, seinare kalla Tretteneset. Gamalt matr.nr. 6, seinare løpenr. 17b i Vatsværn tinglag. Gamal landskyld 9 m. smør. 1838 ny skyld 2 ort 10 sk. 1886 1,01 skm. Same skyldtal 1956. 1863: 4/5 mål middels god åker, 2 1/2 mål ring, i alt 3 11/24 mål. 1 mål god bø, 1 1/2 mål middels, 12 mål ring, i alt 14 1/2 mål bø. Ikkje dyrkingsjord. Sånad 2 t. havre, 2 1/2 t. poteter. Avling 6 t. havre, 10 t. poteter. 486 v. høy, 42 v. halm, 60 v. høy i slåttene. Fødnad 4 kyr, 1 ungfe, 26 småfe. Kan selja 1 famn ved årleg. 1865 sånad 1 t. havre, 2 t. poteter, fødnad 6 storfe, 8 sauer, 10 geiter, 1 gris. 1875 sånad t. havre, 1 1/2 t. poteter. Fødnad 4 kyr, 2 ungfe, 10 sauer, 12 geiter. 1956 fødnad 27 sauer. 1963 15,5 mål innmark.


Den fyrste brukaren som me kjenner til var Johannes Monsson f. 1624, nemnd i folketeljinga 1664 og 1666. Han hadde ein tenestegut Johannes Nilsson f. 1650.


1692 var Mons Knutsson brukar her. Han fekk skøyte og vart sjølveigar 1695. 1708 var han brukar på Dalseid bnr. 2. Etter den tid ser det ut til at båe desse bruka vart drivne i lag. Ei opplysning i eit skøyte frå 1775 tyder på at nesteldste sonen på bnr. 2 då hadde vore busett på bnr. 3 i 14 år. Elles kjenner me ikkje til at her budde folk før teigen vart bygsla bort fyrst på 1800-talet. Den eldste kjende festesetelen er tinglyst 1823 og lyder på Hallstein Johannesson Indre Bruvik. Same år vart tinglyst kårbrev frå Hallstein til den gamle brukaren på Dalseid bnr. 2. Frå den nye brukaren, Johannes Hansson, vart det 1828 tinglyst deklarasjon om at dei hus som Hallstein hadde sett opp i Dyvikteigen skulle vera hans og hans arvingars eigedom. Kven denne Hallstein var kjenner me ikkje til.


1825 budde Helge Jonsson Indre Bruvik f. 1797 d. 1845 her. Mor hans var attgift på Dalseid bnr. 2 med Hans Johannesson, som då var enkjemann. Hans hadde frå 1. ekteskap ei dotter som heitte Helga f. 1803 d. 1877. Helga og Helge vart gift 1824 og busette seg i Dyvikteigen. Stovehuset deira stod i ei sandbrekke. Nedanfor huset var det ein åker dei kalla Storåkeren. Ein dag dei hadde skomakar hjå seg, som vanleg var før, vart det ras under stovehuset. Stova skreid ut og vart førd nedetter dei bratte brekkene og stogga på Storåkeren. Skomakaren fylgde med, og heldt kniven i neven framleis då raset slutta og stova vart ståande i ro. Sidan vart dei redde å bu der ute i Teigen, og flytte husa inn i Tretteneset der dei no står. Helge var varamann til det fyrste heradstyret i Haus 1837.

Born:

Ingeborg f. 1825.
Synneva f. og d. 1826.
Jon f. 1827.
Jon f. 1828.
Hans f. 1831. Sjå Furnes, husfolk og Vik, Stamnes bnr. 4.
Mons f. og d. 1833.
Mons f. 1835.
Synneva f. og d. 1837.
Johannes f. og d. 1842.
Johannes f. 1843.


1862 bygselbrev til Hans Johannesson Dalseid bnr. 2 f. 1834 g. 1858 m. Brita Johannesdtr. Kvamme bnr. 1 f. 1833 d. 1904. Dei skulle svara kår til Helga Hansdtr. 1884 fekk Hans skøyte på bruket:

«Jeg underskrevne Knud Johannesen Dalseide sælger og skjøder herved til min farbroder Hans Johannesen Trættenæs den mig ifølge skifte af 23. december 1873 efter min afdøde fader tilhjemlede gaardpart Dyvikteigen eller som den nu almindelig kaldes Trættenæset matr.no. 7 løbeno. 17b i Haus thinglag af urevideret skyld 2 ort 10 skilling (hvilket gaardstykke nævnte kjøber allerede før, nemlig 3die mai Aar 1862 har bygslet paa sin og hustruens levetid) for den sum af kr. 1000,— — et tusinde kroner har modtaget fyldest, saa erklærer jeg herved, at bemeldte løbeno. 17 b uden heftelser med huse og tilhørende herligheder og rettigheder her efter skal følge og tilhøre Hans Johannesen Trættenæs, som hans retmæssige eiendom, og bliver jeg for overdragelsen hans hjemmel».

Hans var steinhoggar. 1889 vart det tinglyst arvefestebrev frå han til Anders Knutson Straume bnr. 2, der han og etterfylgjande eigarar av sagbruket i Markånæ fekk leiga vassretten som dette bruket hadde i Markånæ, og fri grunn til sagbruket, ei borkemyln og ein slipestein i elva.

Born:

Brita f. og d. 1859.
Brita f. 1860.
Ågota f. 1861.
Ingeborg f. 1863 g. 1883 m. Jon Jonsson Trettenes. Fyrbøtar. Emigrerte til U.S.A.
Anna f. 1864 g.m. Jakob Kallestad, Stamnes bnr. 36.
Johannes f. 1866.
Knut f. 1869.
Johannes f. og d. 1871.
Barbro f. 1872.
Johan f. 1873.
Hans f. 1876.


1904 skøyte til Johannes Monsson Dalseid bnr. 2 for kr. 2.000,—. Sjå bnr. 2.


1907 skøyte til Askjel Simonsson Hesjedal for kr. 2.500,— og kår til Magne Olsson Straume. Far åt Askjel, Simon Olsson, Stamnessund, bygsla plasset Mikkjelshaugen el. Hesjedalshaugen under Hesjedal St. Askjel budde der med huslyden sin så lenge mora levde, men då ho var død 1902, fekk han ikkje overta plasset etter henne. Då kom farbroren, Magne Olsson, heim frå Amerika. Han hjelpte Askjel så han fekk kjøpa dette bruket, og i vederlag fekk han kår her.

Askjel f. 1857 d. 1929 var g.m. Anna Olsdtr. Helland, dotter til Ole J. Helland (Ola i Lyngjæ) og k. Kari f. 1836 på Myster bnr. 1.

Born:

Inga f. 1886 g.m. Andreas Dæmring, Straume,sjå Straume bnr. 8.
Karoline f. 1888 g,m. Johannes E. Myster, sjå Myster bnr. 1.
Ole f. 1890. Sjåfør i Bergen.
Marta f. 1892. Sjå Myster bnr. 25 og 38.
Sivert f. 1895. Møbelsnikkar. Breistein i Åsane.
Anna f. 1897 g.m. neste brukar.
Andreas f. 1901. Møbelsnikkar. Breistein i Åsane.
Magnus f. 1903 g.m. Anna O. Straume bnr. 5.
Dagny f. 1906 d. 1922.


1930 skøyte til Anna Mellesdal for kr. 1500,—. Anna Askjelsdtr. f. 1897 er oppvaksen her, g.m. Ingolf Ivarsson Mellesdal f. 1899 frå plasset Ulevik under Stamnes. Han er småbrukar og elektrikar.

Born:

Ingvard f. 19**. Løytnant i Luftforsvaret. G.m. Klara Steine frå Odda.
Arthur f. 19**. Gardsarb. Busett her.
Agnes f. 19** g.m. Anton Lid, Bergsdalen.
Inga f. 19** g.m. trevarearb. Arnfinn Arvesen. Busett Gjevind ved Tvedestrand.
Hjørdis f. 19** g.m. mylnearb. Otto Gerhard Ulevik. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.


BRUK 4. NYBØ

Skyld 36 øre, skilt frå bnr. 1 1919. Johannes Eiriksson f. Sæterdal var brukar på bnr. 1 til 1907, då han let bruket ifrå seg, men tok unna dette stykket. Skylddeling vart gjord noko seinare. Johannes dyrka opp eit småbruk her, bygde hus og budde her til han døydde 1929.

Jordvidd 1956 12 mål innmark. Fødnad 18 sauer.


1929 skøyte til Andreas Johannesson Dalseide for kr. 5.000,— og kår til foreldra. Andreas f. på bnr. 1 1899 er tekstilarb. g.m. Teodora Johannesen f. Storemark f. 1918.

Born:

Bjørn f. 19**.
Gudmund f. 19**.
Arne f. 19**.


Johannes Andreasson Dalseide bnr. 1 f. 1894 er også busett her. Han er steinarb. g.m. Solveig Sivertsdtr. Langhelle frå Dale f. 1904.

Born:

Svanhild f. 19**.
Bjørgfrid f. 19**.
Johanna f. 19**.
Svein f. 19**.
Jan f. 19**.


BRUK 5. HAGEBØ

Skyld 55 øre, skilt frå bnr. 2.

1929 og selt til Johannes Monsson Dalseide. Han hadde ei tid vore brukar på bnr. 2. Han dyrka opp eit småbruk her. Innmarka er 10,5 mål.


1945 skøyte for kr. 6.000,— og kår til baneformann John M. Visnes f. 1902 d. 1947. Heimel no har kona Ida Johannesdtr. f. Dalseide bnr. 2 f. 1901.

Born:

Mons f. 1930 d. 1945.
Sigbjørn f. 19**.


BRUK 6, SOLHAUG

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 1 1950.

Selt for kr. 600,—til stasjonsbetjent Alfred Vaksdal, son åt plogførar Andreas Vaksdal, Al, Hallingdal og k. Mathilde f. Friborg frå Sunnfjord. Alfred er g.m. Målfrid Enevaldsdtr. Dalseide bnr. 1 f. 19**.

Born:

Agnar f. 19**.
Oddvar f. 19**.
Tor f. 19**.


1954 skøyte for kr. 600,— til bakar Trygve Indrebø. Trygve f. 19** og kona Svanhild Asta f. Flatabø f. 19** er båe frå Førde i Sunnfjord. Trygve er bror åt kona på bnr. 1, Ingrid g.m. Sigmund E. Dalseid.


BRUK 7, DALTUN

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 1 og 2.

1952 selt til Olav Westrheim for kr. 1.460,—.


1953 skøyte til Dorteus Ro for kr. 2.350,—.


1955 skøyte til Sigvald Hagebø for kr. 2.400,—.


BRUK 8, MYRHAUGEN

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 2.

1956 selt til Otto Tveiterås for kr. 1944,—.


BRUK 9, MIDTBØ

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 2. 1956. Heimel hadde då brukarane på bnr. 1 og 2.


BRUK 10, DALSLEITET

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 2.

1956 og selt 1957 til Olav Valestrand for kr. 1.886,—.


BRUK 11, HAUGUM

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 2.

1956 og selt til Arvid Langhelle for kr. 1.806,50.


BRUK 12, BAKKELY

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 1 og 2 1957. Heimel hadde då brukarane på bnr. 1 og 2.


BRUK 13, ALLTUN

Skyld 2 øre, skilt frå bnr. 1 og 2 1957. Heimel hadde då brukarane på bnr. 1 og 2.


PLASSET TRETTENES


I Tretteneset budde det fyrst på 1800-talet fleire husmannshuslydar. Den fyrste som ein kjenner til, fekk bygsla 1804 hjå brukaren på bnr. 2. Det var Jon Jonsson Straume bnr. 5 f. 1762 d. 1833 g. 1793 m. Anna Askjelsdtr. Tysso frå Evanger f. 1762 d. 1844. Dei budde fyrst på Straume, men flytte hit til Tretteneset i slutten av 1790-åra. Ar 1800 vart det tinglyst ein pantobligasjon frå Jon til Marta Olsdtr. Straume på 15 dalar mot pant i dei husa Jon hadde i Tretteneset.

Born:

Ivar f. 1793.
Jon f. 1794. Sjå nedanfor.
Askjel f. 1796 d. 1811.
Anna f. 1802 d. 1817.
Mons f. 1803 g.m. Ingeborg Andersdtr. Kvåstad frå plasset Stølane. Busett Manger.
Marta f. 1806 g.m. Olav Davidsson Skauge, Lindås. Busett Reikjerås i Lindås.
Olav f. 1808 g.m. Kari Olsdtr. Tysso, Evanger.
Anders f. 1811. Sjå Kvamme bnr. 3.


1825 bygsla Jon Jonsson Trettenes f. 1794 hjå brukaren på bnr. 1 plasset Trettenes og 2 utslåtter som dei kalla Jonshaugen og Dalseidnova. Jon var g. 1832 m. Ingeborg Knutsdtr. Verpelstad f. 1804. Dei flytte herfrå og busette seg i Nordanger.


1828 festesetel frå brukaren på bnr. 1 til Haldor Nilsson Dalseid på eit innangjerds plass under denne garden, kalla Trettenes. Haldor var f. på bnr. 1 1801. Han emigrerte til U.S.A. 1837 og var ein av dei fyrste amerikafararane her frå sokna.


Jon Nilsson Dalseid bnr. 1 f. 1805 d. 1885 var lenge plassmann her. Bygselsetelen hans er ikkje tinglyst, men han var truleg busett her frå 1830-åra. 1863 var det på plasset 1 mål middels god og 4/5 mål ring åker. Av bøen var 1 mål middels god og 1 2/3 mål ring bø. Sånad var 1 t. havre. 1/2 t. poteter, og dei avla 5 t. havre og 3 t. poteter. Dei svara 6 dagsverk årleg i avgift for plasset. 1865 sådde dei 1/2 t. havre, 1/2 t. poteter og fødde 3 kyr, 7 sauer og 5 geiter. 1875: Sånad 1/2 t. havre, 1 t. poteter. Fødnad 2 kyr, 7 sauer, 5 geiter.

Jon var g. 1827 m. Kari Jonsdtr. Indre-Bruvik, oppvaksen på Dalseid bnr. 2. f. 1805 d. 1897.

Born:

Dordi f. 1828 g.m. Jakob E. Myster, sjå Myster bnr. 3.
Synneva f. 1830 g.m. Styrk J. Kvamme, sjå Kvamme husfolk.
Maria f. 1833 d. 1915, ug.
Jon f. 1835.
Nils f. 1839. Busett på Vaksdal.
Herborg f. 1842 g.m. David 0. Fylingslid. Sjå Kalland bnr. 1.
Knut f. og d. 1845.
Helge f. 1846. Brukar på Furnes bnr. 2.


PLASSET UTLØEBØEN


Lars Jonsson Brekkhus frå Evanger og k. Ingeborg Jonsdtr. Straume (truleg f. 1837 på bnr. 1) var plassfolk med jord på Utløebøen under bnr. 2. 1875 fødde dei 1 kyr, 2 geiter, og sådde 1/2 t. poteter. Lars var skreddar. Dei flytte herfrå til Dale og busette seg på Skyttarplassen.

Born:

Jon f. 1869.
Johannes f. 1872.
Berta f. 1876.
Karl f. 1777. Prest i Iowa, U.S.A.


HUSFOLK

1828 vart Anders Nilsson Dalseid bnr. 1 f. 1808 g.m. Gjertrud Jonsdtr. Indre Bruvik, oppvaksen på Dalseid bnr. 2 f. 1807. Dei var husfolk her ei tid.

Born:

Nils f. 1828.
Synneva f. 1830.

Seinare flytte dei til Holme i Hosanger.

Sonen, Nils, budde på Dyrteigen i Askøy.

Han hadde ei dotter:

Gjertrud f. 1860 d. 1900 g.m. Johannes Nilsson Kvamme, sjå Kvamme bnr. 2.


1878 vart Svante Johannesson frå Sverike gift i Stamnes kyrkja m. Andrea Katarina Tollefsen. Dei busette seg her. Svante var anleggsarbeidar på Vossebana og dreiv dessutan handel, fyrst i kjellaren på bnr. 1, seinare i eit hus som stod nedanfor løa åt bnr. 2.

2 born var fødde her:

Johan Alfred f. 1880.
Selma Katinka f. og d. 1881.


1878 vart Johannes Nilsson Dalseid bnr. 1 f. 1859 g.m. Maria Nilsdtr. Spisserud, Sverike, f. 1859. Dei var husfolk her. 1885 emigrerte Johannes til Amerika, der han d. 1887. Enkja og borna budde her til 1889, då Maria gifte seg 2. g.

Born:

Johanna Maria f. 1879 d. 1880.
Nils f. 1881.
Johanna Maria f. 1883.
Karl Johan f. 1885.


1880 vart jarnbanearb. Petter Johan Johansson g.m. Dordi Bertelsdtr. Verpelstad bnr. 2 f. 1860. Dei budde her då dottera Johanna Sofie vart f. 1881. Dei flytte sidan til Voss, der Johanna Sofie vart g.m. hellebergsarbeidar Moses Hårklau.


1882 var anl.arb. Per Erik Gustavsson frå Sverike og k. Anna Bessesdtr. Skreien bnr. 3 f. 1859 busette her. Dei fekk dottera Bertine Gustava f. 1882. Dei emigrerte seinare til U.S.A.


Baneformann Frantz Adolf Johansson Føgved f. i Vassbro ved Skaraberg i Sverike, kom til Vossebana som anleggsarbeidar. Han vart g. 1878 m. Malena Johannesdtr. f. 1845 i Stavanger d. 1926. Dei budde fyrst ei tid på Boge, og kom så hit. Då bana opna 1883, vart Frantz tilsett som baneformann, og budde i vaktarbustaden som var bygd her. Han tok avskil 1908 og flytte til Bergen, der han d. 1918.

Born:

Gustav Alfred f. 1878. Busett på Garnes.
Johan Adolf f. 1882. Jernbanefullm., Hop.
Ida Marie f. 1884 g.m. Andreas Norlinder, Kronstad.
Beda Elisa f. 1887 g.m. Åge Brandt, Bergen.
Georg Oliver f. 1889. Lokomotivmeister, Kristiansand.
Obert Emil f. 1893 d. 1942.


I vaktarbustaden budde og banevaktar Søren Hestad og kona Anna f. Hernes, Evanger.

Born:

Sverre f. 1914.


1927 vart Magnus Askjelsson frå bnr. 3 f. 1903 g.m. Anna Olsdtr. Straume bnr. 5 f. 1906.

Dei budde i Tretteneset då dei fekk borna:

Ingebjørg f. 19**.
Arnhild f. 19**.


Under anleggsarbeidet på Vossebana kring 1880, budde her fleire huslydar som ikkje hadde slekt i Stamnes, og ikkje ser ut til å ha vorte busette her i heradet seinare. Dei er difor ikkje tekne med her.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy