Dyvik

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 16:20, 10 mai 2013 by Rolferik (Talk | bidrag)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band III


Gards og ættesoge for Dyvik.


GNR. 50 DYVIK


Innhaldsliste

INNLEIING

Ligg på nordaustsida av Bolstadfjorden sør for Straume i ei lita vik ved fjorden. Innmarka strekkjer seg opp frå vika mot nord, og er etter måten brattlendt. På dette området ligg og det gamle tunet, og nede ved sjøen er der naust og sjøbuer. I nyare tid er det dyrka opp eit innmarkområde på Tyssebrunæ lenger søraust på gardsområdet ved ei vik i fjorden. Eit av hovudbruka på garden flytte hit etter utskiftinga i 1908. Utmarka i Dyvik finn ein i dei bratte liane langs fjorden. Ho strekkjer seg og frå den gamle innmarka mot nordaust og over høgdedraget og langs Straumsdalen på søraustsida oppover til Dyvikstølen og lenger nordaustover.

På andre sida av fjorden mellom Straumsmarkånæ og Dalseidmarkånæ, der Tretteneset no ligg, er der ein teig som i gamal tid vart kalla Dyvikateigen. Jamvel om det ikkje har lukkast å finna skriftlege vitnemål om det, er det rimeleg å tru at denne teigen i gamal tid har høyrt til Dyvik. Grannegarden nordanfor, Straume, eig som før nemnt på båe sidene av fjorden, og der er fleire døme på at andre gardar i grannelaget har liknande eigedomstilhøve, m.a. Furnes som er grannegard på sørsida. Det same gjeld Vik og Stamnes nordanfor Straume. Me har liknande eigedomstilhøve andre stader i Evanger og når det gjeld gardane på nordsida av Vangsvatnet i Voss herad.

Gardsnamnet vart skrive Dyeuig 1610, 1611. Dyvig 1695. Dyfvig 1723. Bygdemålsuttalen er di'vikjæ. Oluf Rygh og Magnus Olsen samanliknar i Norske Gaardsnavne Dyvik med liknande namn andre stader i Hordaland, m.a. i Strandvik og Stord. Dei meiner at desse gardsnamna opphaveleg har hatt forma Djúpvík i gamalnorsk. Om Dyvik i Stamnes heiter det: «Gaarden ligger meget lavt med høie og bratte Fjelde omkring og kan saaledes i denne Henseende siges at ligge 'dybt'.»

Jordsmonet på innmarka i Dyvik er mest moldjord og litt leirjord. På innmarka på Tyssebrunæ er der delvis sand og aur.

Dyvik grensar i mot nord til Straume, og i sør til Furnes. Båe ligg i Stamnes. Resten av grensa til Dyvik er heradsgrense i mot det nye Voss herad. Grensa til Dyvik i mot dei andre gardane vart fastsett i samband med ei utskiftingsforretning i Dyvik 1828. Eigarane og brukarane på dei tilgrensande gardane var då med på grensegangsforretning og stadfeste grensene. Dette var ei minneleg utskifting, og dokumentet er difor ikkje tinglyst, men det finst i original på garden. Det er underskrive av 4 eidsvorne menn, nemleg V. Bjørgo, Nils Olsson Øyo, Helge Larsson Jørnevik og Ola Hallsteinson Stamnesleiro. Dei tok til med gardsgrensa i sør og stadfeste fyrst grensa mellom Dyvik og Furnes. Her var frå Dyvik Anders Olsson og Einar Olsson med, og frå Furnes Helge Monsson og Rasmus Johannesson.

Når det gjeld grensa mot Furnes lyder forretningen så: «Begyndt i stedet Lausteenen der er huget en glope som viser op i Nordøst til 2den glope der er huget i en hammers knold som i same Eet og Linje viser til 3die glope hugen i en hammer. Denne viser i lige Linje til 4de glope hugen i et Skarv og same viser til 5te og 6te glope der er hugen i hammer og de viser i lige Linje til 7de glope huget i en bergsknold. Denne viser op i fiældet efter høyeste fjæld Rusten mod Nord til en skarvhaug i mellem Dyregjællen og Rypefiæld Kjønnen hvor der er huget den 8de glope i høyeste haugen som viser i same Linje til en skarvhaug ovenfor Tøssebruskarret hvor der er hugen en saadan ) glope som viser lit mer paa Nord Norvæst hvor da gaarden Furenæs sin Eyendom til ende bragtes mod gaarden Dyvigen, —.»

Eigaren og brukaren i Hermundsdal, Olav Monsson, var og til stades, og grensa mellom denne garden og Dyvik vert fastsett såleis: — hvor da blev igjentaget foranførte Merkes Linje fra Tøssebruskaret inden for Kjønabotten i en skarvhaug, der blev hugen en saadan ( glope som viser med øverste ende mod Nord, den viser efter fjældbrunæ til en haug over Hermundsdals skaret hvor der i haugen er hugen en saadan ( glope som viser i Nord Øst mod Kjønebots Nipo hvor der er hugen en saadan ( glope som viser lige til Nord Øst til en skarveknold Østen og ovenfor Melkuren, der huget en glope som i same Eet viser til / glope hugen i skarvknold i Toh skaret som er mærkets Ende.»

Eigarane og brukarane på Straume, Jon Johannesson, Olav Olsson, Jon Olsson og Torbjørn Monsson var med då denne grensa mellom Dyvik og Straume vart fastsett: «Ved Søen i stædet Hakeskæret kaldet der er huget en glope som viser i Nordøst op for Bjærget til 2den glope huget i bjærg som i same Linje viser til 3die glope huget i skarv som viser til 4de glope huget i berg som er over Øykegaren, og denne viser lidt mere til Nord til 5te glope huget i bjærg som viser i same Linje til 6te glope huget i en stor sten som i same Linje viser til 7de glope huget i skarv i Aasemyrkleiven. Denne viser til 8de glope huget i Hammeren som og viser efter same hammer til den 9de som er glope, denne viser lidt mer til Øst til 10de glope huget i en stor sten ved myren, denne viser til den 11te som er en ) glope, denne er huget i skarv ved bjærgets ende, og denne viser til Nord efter same bjærgstrøg kaldet Fædle Haugen lige til den 12te som er en 7 glope huget i skarv i Fædle Oxlæ, denne viser med den anden Ende til Øst til 13de glope huget i en stor sten. Denne viser ned i dalen. der er den 14de glope huget i en stor steen, denne viser i same Linje til 15de glope huget i skarv, som i same Linje viser til 16de glope der er huget i steen ved Barkhædleren, som og viser op i Storelien til den 17de glope huget i svoebjærg. Denne viser i same Linje til 18de glope huget i bjærg, viser til den 19de glope huget i en liden hammer, som i same Linje viser op til 20de glope huget i svoebjærg, denne viser til den 21de glope huget i en sten, som i same Linje viser til den 22de glope huget i skarv, denne viser op til den 23de glope huget i skarv paa langgjællerne, som er Ende paa skovmerkene.» Utanom gardsområdet har Dyvik eit mindre stykke buhage i Straume si utmark. Stykket heiter Stortonæ.

Dyvik var truleg rydda som gard i mellomalderen, men vart nedlagd etter Svartedauden og teken oppatt som øydegard noko seinare. I kjeldene frå. 1600-talet er det sagt at Dyvik høyrde til Apostelgodset. Dyvik hadde berre ein brukar like til 1799. Då vart garden delt i to, dei seinare bruk 1 og bruk 4. I 1856 vart det seinare bnr. 1 delt i to halvpartar, som no har bnr.nr. 1 og bnr.nr. 3. I 1886 vart det skilt ein liten part ifrå bnr. 1. Det vart det seinare bnr. 2. I dette hundreåret har så bnr. 2 og 4 kome under same eigar, og likeeins bnr. 1 og 3.

Husa på garden låg før samla på den gamle innmarka. Der var såleis eit samt tun for båe dei gamle hovudbruka, men bnr. 1 og bnr. 3 måtte flytta etter utskiftinga 1908. Denne flyttinga gjekk for seg kring 1911.

Der er ikkje att så mange gamle hus i tunet no lenger. Eit av dei eldste, løa, som var bygd 1877, er ei vanleg stavløe med mura flor under. Ho har helletak og sprakakledning i begge gavlane. På langsidene er det vanleg bordkledning. Før denne løa vart bygd hadde dei løe og flor på kvar sin stad, om lag 20 m. mellom, og alt høyet måtte da berast i kjesser til floren. Ei stove frå 1861 av tømmer vart bygd saman med eit anna tømmerhus i 1914. Her er det stove, kjøken og verkstadrom. Hovudhuset på bnr. 4 vart bygt i 1891. Det er eit tømmerhus i to høgder med kjellar under, der dei mellom anna har plass til poteter. I båe stovene er det innlagt vatn, og dei fekk elektrisk ljos til gards i 1942. Elles har garden ei skytje som stavbygning med helletak, og ei smie.

På Tyssebrunæ er det eit bustadhus på halvonnor høgd med stove, kammers, kjøken og gang og med to rom på lemen. Huset har innlagt vatn og fekk elektrisk installasjon 1959. Elles er det ei 1øe med mura flor under, ei skytje og eit hønsehus. Ved sjøen har dei eit naust, og bruket eig to storebåtar og to småbåtar.

Eigedomstilhøva på garden vart som nemnt fastsette ved ei minneleg utskifting i 1828, og denne utskiftinga galdt både innmark og utmark. Stort sett vart det gjennomført ei full deling av eigedomen både innangjerds og utangjerds, men delinga er ikkje heilt gjennomførd i utmarka når det gjeld slått og skog. I Seneliæ åtte såleis bnr. 1 skogen og det seinare bnr. 4 slåtten. Utskiftinga frå 1828 galdt til det vart halde offentleg utskifting 1908. Då fekk bnr. 3 si innmark lagd til Tyssebrunæ og bnr. 1, 2 og 4 vart verande att på den gamle innmarka. Som fylgje av dette flytte bnr. 3 ut or gamletunet og bygde nytt tun på Tyssebrunæ.

I Tyssebrunæ var der før slåtter. Dei møka der, bar møk frå tunet i kiper og lasta i ein stor båt, rodde så inn til Tyssebrunæ og bar møka i kiper opp frå båten. Dei hadde ikkje beite der i gamle dagar av di det låg så ulagleg til, og dei kunne difor ikkje få møka dit på annan måte. I 1723 er det opplyst om garden at han er årvand og tungdriven. Dei sådde 2 t. havre, hausta 7 t. Dei fødde 8 kyr, 3 ungfe, 18 sauer og 1 hest på garden. I 1863 hadde dei ikkje hest på nokon av bruka, og det har det heller ikkje vore sidan på bnr. 4. Men bnr. 3 har hatt hest sidan 1942. All transport måtte difor gå for seg med mannemakt, som nemnt bar dei møk i kiper både når dei skulle til Tyssebrunæ og når dei skulle ha møk på åkrane og bøen heime. Kornstaurane vart borne inn, og dei bar alt høyet på børatog når dei ikkje løypte det på streng, slik som det vart gjort i nyare tid. Det var eit stort framsteg då bnr. 4 i 1952 fekk seg Vossavinsj. Dette letta arbeidet mykje. Då slapp dei å spa åkrane, dei kunne bruka plog. I 1958 fekk bnr. 4 motorslåmaskin.

Utmarka hadde som vanleg beite, slått og skog. Skogen var delt med greie merke, og det same galdt slåtten. Me finn berre få døme på at ein åtte skogen og ein annan slåtten i den same teigen, men såleis var det t.d. i Seneliæ. Beitet var derimot sams over alt. Om skogen er det opplyst i 1723 at garden hadde litt skog til husvøle og turvande brenneved. I 1863 heiter det at der var nok skog til brenne og husved og noko never og skav til husbruk. Dei kunne og selja skog for 18 spd. årleg. No er det mest lauvskog på garden og noko fura, og i seinare år er det drive med skogpIanting. Hjorten er ei plage for sume gardar i Stamnes, m.a. Dyvik, og han har då lett for å gjera skade på nyplanting. Det gjeld både skog, og t.d. frukttre og åker på heimebøen.

Arbeidet i skogen er tungt av di dei ikkje har hest og vanskeleg kan bruka hest i dette lendet. Dei høgg difor mykje older- og bjørkeved som dei løyper ned til sjøen, og på dei stadene dei ikkje kan løypa, må vyrket dragast fram på slede med folkemakt. Dei siste åra har dei sett opp treslok med vassføring som dei løyper ned til sjøen i.

Om beitet heiter det 1723 at der er sæter 5/4 mil frå garden. I 1863 er det opplyst «Ved gaarden lidt Hjemhavn av middels beskaffenhed. Det øvrige sæterhavn omtrent 1 Miil borte og begge tilsammen tilstrekkelig. Til sæteren overmaade vanskelig og farlig Vej». Heimehamna ligg ved bøgarden. Dei har og ein buhage som ligg i utmarka til Straume. Denne buhagen kalla dei Stortonæ. Dessutan var der før utskiftinga ein buhage i Kuvikjæ og Kuvikbakken. Etter utskiftinga bruka bnr. 4 dette stykket som kalvehage. Seinare vart det slåtteland. Sumarstølen er Dyvikastølen som ligg i eit dalføre i nærleiken av Straumsstølen. Det er lang og tung stølsveg dit frå garden. Dei må då gå opp eit bratt dalføre til Kupo der det og er slåtter, og over Toskaret og fram til stølen. All dråtten laut berast på ryggen til gards derifrå. Med børa gjekk det mellom 2 1/2-3 timar. Vanleg karfolkbøra var 30-36liter. Stølen har ikkje vore bruka sidan 1920. No er sæterhuset nytta på turar til fjells både vinter og sumar, og det er framleis i bra stand. Seterhuset har vore flytt fleire gonger. Det stod fyrst på gamlestølen 1 km. lenger inne i Dyvikdalen enn det står no, men der vart det for vel 100 år sidan teke av ras. Slik gjekk det og på neste staden dei hadde stølshuset, og i 1860-åra vart det flytt dit det no står.

I 1723 er det opplyst at det var ei flaumkvern i Dyvik. Kvernhus har det vore sidan, eitt til kvart bruk frå garddelinga. Dei vart nytta så lenge dei dyrka korn på garden. Der var og turkehus som vart sett opp i 1898 av Einar K. Dyvik. Turkehella var her rund, og dei slapp sitja og røra i kornet med handemakt. I staden var der ein kall som vart driven med vasskraft og som skyfla kornet så lenge turkinga gjekk for seg.

Fisket har hatt noko å seia for garden, serleg laksefisket. I gamle dagar gjekk dette fisket for seg med vanlege garn, men sidan kom sitjenøtene i bruk, og i 1880-åra tok dei til med kilenot. Beste fiskeplassen på garden er ved Hakaskjeret i grensa mot Straume, men dei har og fiska andre stader på austsida av fjorden. I 1899 gjorde brukarane på garden ei semje. Etter denne semja fiskar dei i lag og deler avkastinga i mellom seg. Til sjøbruket må me og rekna naust og sjøhus. Nedi vika ned for gamletunet er der 3 naust, 1 notnaust og 2 naust dei bruka til båtar og til å turka ved Slik vedturking i nausta er svært vanleg i Stamnes. Desse 3 nausta er vanlege stavbygningar. I kring 1905 flytte dei eit sjøhus til Dyvik frå Grøsvik. Dette huset er tømra. Alle husa ved sjøen har helletak.

Så vidt me veit har det berre vore eitt husmannsplass i Dyvik, Holo. Det var ein bror til kona på bnr. 1 som fekk bygsel på dette plasset i 1868. 14 år seinare døydde husmannen, og enkja sat med plasset til ho flytte herfrå kring 1903 til ein son som budde ved Sandnes. Då fall det attende til hovudbruket. Sjå nedanfor.

Dyvik hadde gravrota saman med Straume, Dalseid og Furnes. Den same krinsen galdt når det var taktekking.


SKYLD OG UTREIDSLER m.m.

Gamalt matr.nr. 5 i Vatsværn tinglag. 1838 nytt matr.nr. 6. 1886 til 1964 gnr. 61 i Bruvik. Matrikkel 1723: «5 Dyfvig Apostels Gods Opsidderis Tal 1. 1 pd. 12 m. sm. Proprietair og Bøxelraadig. Johannes Øfste Mielde Eyer med Bøxell, Huusmands Pladser Jngen. Sætter 5/4 Mil fra Gaarden, har lidt Skoug till Huse Reparation og fornøden Brendeved, 1 flom-qværn Jntet fiskerie. Ligger nær Søen, er aarvant og meeget tungvunden. Saar 2 t. Haufre Aufler 7 t. føder 8 Kiør 3 ungnød 18 faar 1 Hæst (Taxt efter gl. Matricul) 1 pd. 18 m. Sm. Forhøyet 12 m. Sm. Han ingen anden Næring eller Brug uden af Gaardens Aufling ligger 4 1/2 Mil fra Bergen.» Landskyld 1626 1 saueskinn, 1644 1 pund smør. 1655 2 pund smør, 1661-66 1/2 laup smør. Matrikkeltakst 1665 1 pund 18 m. smør. 1774 skatteskyld 1 pund 18 m. smør, landskyld 1 pund 12 m. Ny skyld 1838 3 dl. 4 ort 4 sk. 1886 5,23 skm. Husdyrskatt 1657 7 mark 4 sk. Leidang 1774 7 m. smør, «redusert til penge 21 sk.» Folketal 1801 17. 1875 32. Fødnad 1657: 1 hest, 7 kyr, 2 kviger, 9 geiter, 18 sauer. 1723: 1 hest, 8 kyr, 3 ungfe, 18 småfe. 1863: 18 kyr, 4 ungfe, 84 småfe. 1875: 13 kyr, 8 ungfe, 42 sauer, 50 geiter, 1 gris. 1963: 1 hest, 3 kyr, 2 ungfe, 6 sauer, 3 griser. Sånad 1723: 2 t. havre, avling 7 t. 1863: Sånad 6 t. havre, 6 t. poteter. Avling 29 1/2 t. havre, 29 t. poteter. 1756 v. høy, 204 v. halm, 520 y. høy i slåttene. Lyng, skav og beit til 2 1/2 ku, 1 ungfe. 1959 hadde garden 65,5 mål innmark.


EIGARAR

Dyvik høyrde til Apostelgodset. I alle høve er det sagt så i kjeldene på 1600- og 1700-talet. Sidan garden er oppførd mellom øydegardar, skriv han seg truleg frå mellomalderen, men var nedlagd ei tid etter svartedauden. Kongen vart eigar etter reformasjonen og er den som eig og rår for bygsla m.a. 1655 og 1661. Sidan vart garden seld, for 1689 er Mons Hierman eigar. Det året fredlyste han skogen på nokre gardar han åtte, m.a. Dyvik, Elvik og Straume.

I futerekneskapen 1692 er enkja etter Jonas Lillienschiold eigar, og i 1700 fru Sissel Kaas, som kanskje er den same. Seinare kjøpte lensmann Johannes Øvstemjelde garden. I 1712 fredlyser han skogen m.a. på gardane Dyvik, Stanghelle, Helle, Veo, Bukkstein og Kvåstad. Garden vart no verande i denne slekta framover 1700-talet. I matrikkelen 1723 er lensmannen framleis eigar, men 1761 skreiv Anders Nilsson Helle bnr. 1 ut bygselsetelen på garden. Han var g.m. Magdeli Johannesdtr. Øvstemjelde, dotter til lensmannen.

Brukaren i Dyvik 1787, Einar Johannesson Dyvik, vart den fyrste sjølveigaren på garden. Det året fekk han skøyte på heile garden hjå lensmann Johannes Andersson Fokstad, som selde på eigne vegne og på vegne av mor si, Kari Johannesdtr., syster til Magdeli. Dei selde til saman 18 m. smør. Resten fekk Einar kjøpa hjå Olav Nilsson Hana, 6 merker, og hjå døtrene hans Magdeli Olsdtr. (3 m.) og Brita Olsdtr. (3 m.) og hjå son hans Anders Olsson (6 m.) Olav Hana var son til Magdeli Johannesdtr. Øvstemjelde.

I Langhelles avskrift lyder skøytet: «Vi underskrevne og indbenevnte kjendes og hermed giøre vitterligt at have solgt og afhendet ligesom vi hermed fra os og vores arvinger aldeles sælger og overdrager til Einer Johannessen Diuvig følgende arveparter udi gaarden Diuvig nemlig: Jeg Johannes Anderssen Faugstad lensmand for Arne skibrede sælger paa egne og min moders Kari Johannesdatter Faugstads vegne vores ved skifte af 26de august 1777 udlagde 18 m. sm. leye udi gaarden Diuvig. Jeg Ole Nielsen Hanne sælger de mig som myndig arving efter mine 2de døtte Synneve og Maritha Olsdøttre tilfaldne 6 m. sm. Jeg Niels Monsen Helle sælger Myndtlingen Magdeli Olsdatters ifølge skifte af 11te september 1782 eyende 3 m. sm. Jeg Johannes Thomassen Skaftun som værge for myndtlingen Britha Olsdatter sælger hendes arvede 3 m. sm. Endelig sælger jeg Anders Johannessen Hekland som værge for myndtlingen Anders Olsen hans arvede 6 m. sm., tilsammen vi hermed sælger 1/2 løb sm. leye udi gaarden Diuvik».

Kjøpesumen var 450 rdl., og alle seljarane, så nær som lensmann Fokstad, skreiv under skøytet «med iholdt pen».

Frå 1787 har brukarane vore sjølveigarar.


BRUKARAR

1603 og 1611 er Magne brukar i Dyvik. Han døydde truleg ikkje lenge etter, for 1620 er det enkja som driv bruket.


1626 er Johannes brukar. Han er sidan nemnd både 1630 og 1638. I koppskattmanntalet 1645 er han nemnd Johannes Berntsson, kona hans heiter Eli, og dei har ei heimeverande dotter. Av seinare kjelder finn me at Johannes truleg var f. 1593. Han er nemnd som brukar fleire gonger, sist i 1667.


1692 nemner futerekneskapen 2 brukarar i Dyvik. Det er Lars og Baste Larsson. Truleg er dette far og son, som har delt garden mellom seg. Det er då rimeleg å tru at Lars vart brukar etter Johannes. Om Lars veit me at han og kona døydde 1701.

Born:

Baste f. 1660. Brukar her.
Kari f. 1668 d. 1748.
Lars.


På Straume bnr. 5 finn me ei Barbro Larsdtr. Dyvik f. 1668 d. 1721 g.m. Lars Knutsson. Truleg må ho ha vore dotter til Lars Dyvik, i så fall tvillingsyster til Kari.

Baste Larsson fekk 1687 bygselsetel av lagmann Hans Lillienschiold på Dyvik. Baste f. 1660 d. 1748 var g.m. Ingeborg Nilsdtr. f. ca. 1659 d. 1743.

Born:

Lars f. 1693, g.m. enkja Guri Olsdtr. Vik. Brukar i Vik, Stamnes.
Nils f. 1695 g.m. enkja Brita Halvardsdtr. Verpelstad. Brukar på Verpelstad.
Marie f. 1697 d. ug. 1744.
Dordi f. 1701 g. 1724 m. Lars Halsteinsson Verpelstad, sjå Verpelstad.
Marta f. 1704 g. 1730 m. Nils Halvorsson Øvre Dal.
Eirik f. 1705, sjå Husfolk.
Knut f. 1709, brukar her.


Knut Basteson vart brukar etter far sin, men me veit ikkje året. Knut f. 1709 d. 1789 var g. 1. g. 1737 m. Ragnhild Olsdtr. Furnes bnr. 2 f. 1702 d. 1768.

Born:

Nils f. og d. 1738.
Marta f. og d. 1740.
Marta f. 1742 g.m. nestebrukar.
Lars f. 1743 d. 1744.
Ingeborg f. 1754 (?) d. 1768.

Knut vart g. 2. g. 1769 m. Isborg Klementsdtr. f. 1733.

Born:

Ragnhild f. 1770 d. 1811 på Veset.
Klement f. 1773, brukar på Veset, g. 1805 m. enkja Anna Olsdtr. f. Veset. Ho var g. 1. g. m. Knut Haldorsson Dalseid bnr. 1.

Knut må ha vore ein velstandsmann. Han har nok ikkje fått kjøpa sin eigen gard, men 1742 er det opplyst at han selde ein part som han åtte i eit bruk på Dale. I 1762 kjøpte Knut fjerdeparten av Stamnes kyrkje.


1761 fekk Einar Johannesson Dale bygsla Dyvik hjå Anders Nilsson Helle (sjå Eigarar), 1/2 laup smør, mot kår til verforeldra.


1787 fekk han skøyte på heile garden for 450 rdl. og vart dermed den fyrste sjølveigaren i Dyvik.

Einar f. 1733 d. 1799 var g.m. Marta Knutsdtr. f. 1742 d. 1802.

Born:

Olav f. 1759, sjå bnr. 4.
Johannes f. 1761, sjå Husfolk.
Knut f. 1762.
Ingeborg f. og d. 1764.
Lars f. 1766 g. 1789 m. Ågota Haldorsdtr. Dalseid bnr. 1. Busett Øvste Mjelde.
Baste f. 1769, sjå Husfolk.
Ingeborg f. 1771, g. 1. g. m. Knut Larsson Verpelstad,sjå Verpelstad.
Nils f. 1774 g.m. Brita Knutsdtr. Bolstad.
Synneve f. 1780 d. 1781.
Synneve f. 1782 g.m. Hans Monsson Furnes, sjå Furnes, Husfolk.
Eirik f. 1783.
Olav f. 1786 d. ug. 1829.

Einar var medeigar i eit sagbruk i Tysso.


1792 fekk Olav Einarsson skøyte hjå far sin på halve Dyvik for 196 rdl. Den andre helvta skulle faren sitja med framleis. Men straks etter reiste Anders Olsson (sjå Eigarar) odelssøksmål der han gjorde krav på odelsretten til garden. Olav Einarsson ville ikkje lata saka gå til retten, og det enda difor med eit forlik i 1797. Det gjekk ut på at Anders Olsson skulle få kjøpa den halvparten av garden som Olav hadde fått skøyte på, mot kår til Einar Johannesson og kona. På andre sida gjekk Anders med på at Olav skulle få overta den andre helvta som faren Einar framleis sat med.

Då Einar døydde 1799, gav Olav skøyte til Anders Olsson Hana på sin halvpart av garden (sjå bnr. 1), og enkja etter Einar skreiv ut skøyte på hi helvta til sonen Olav (sjå bnr. 4).


BRUK 1.

Gamalt løpenr. 14, 1856 14 a. Landskyld 21 m. smør, 1855 10 1/2 m. revidert 4 ort 1 skilling. 1883 3 ort 14 skilling. 1886 1.14 mark. 1863 hadde bruket 1 1/2 mål god åker. 1/2 mål medels og 1/2 mål ring. Der var 17 mål eng, 3 mål var god, 2 mål medels og resten ring. Sånaden var 1 1/2 t. havre, 1 1/2 t. poteter. Avling 7 1/2 t. havre. 7 t. poteter. 507 våger høy, 52 våger halm, 140 våger høy i slåttene. Fødnad 6 kyr, 1 ungfe, 24 sauer. Nok skog til brenne og husved og noko never og skav til husbruk, kan selja for 4 spd. årleg av skogen. Lyng, beit og skav til 1 ku. Bruket har ikkje dyrkingsjord. Det er middels lettbrukt, men med tung veg frå slåttene. Jorda er noko skinlendt. Der er middels god heimehamn, stølshamna ligg 1 mil borte. båe er store nok. «Til Sæteren overmaade vanskelig og farlig Vei», står det. 1959 hadde bnr. 1 (og 3) 37,5 mål innmark, og fødnaden var 1 hest, 1 ku. 6 sauer, 1 gris og 50 høns.


1799 fekk Anders Olsson Hana skøyte på bruket, som var halve garden, hjå Olav Einarsson Dyvik for 225 rdl. og halvt kår til seljaren og kona. Anders Hana f. 1771 d. 1852 vart g. 1791 m. Anna Olsdtr. Rivenes f. 1779 d. 1849.

Born:

Olav f. 1800.
Marta f. 1801 g.m. Hans Isaksson Tysso, sjå nedanfor.
Olav f. 1803, brukar her.
Brita f. 1804 g.m. Knut Olsson Elvik, sjå Elvik bnr. 1.
Kari f. 1808 g.m. Johannes O. Elvik bnr. 1, sjå Kvåstad bnr. 2.
Maria f. 1809.
Magdeli f. 1810 d. 1838 g.m. Ingebrigt Andersson Eikemo bnr. 1. Busett Antun, Haus.
Sigrid f. 1813 d. 1821.
Marta f. 1816 g.m. Lars Johannesson Søre Myking, busett Kvåstad, sjå husfolk.
Unna f. 1820.

Anders ervde eit bruk i garden Røskeland som han bygsla bort 1818 til Einar Olsson Rivenes.


1826 fekk Olav Andersson skøyte hjå far sin for 225 spd. og kår til foreldra.

Olav f. 1803 vart g. 1832 m. Kristi Olsdtr. Bolstad.

Born:

Anna f. 1833.
Anna f. 1835.
Sigrid f. 1838.
Marta f. 1840.
Kristi f. og d. 1842.
Anders f. 1843.

Olav vart vald inn i heradstyret i Haus 1837. Olav Dyvik selde bruket og utvandra med huslyden til U.S.A.


1845 skøytte Johannes Olsson Vemmalvik bruket for 1200 spd. Johannes 1811 d. 1871 var g.m. Anna Olsdtr. Nordre Veset f. 1815 d. 1855. Deira born, sjå Hausboka. Ingen born fødd i Dyvik.


1847 skøytte enkja Marta Andersdtr. Brakstad bruket for 1025 spd. Marta f. 1801 d. 1873 var dotter til fyrste eigaren på dette bruket. Ho vart 1832 m. Hans Isaksson Tysso frå Bolstadøyra. Dei budde på Brakstad, men Hans døydde, og Marta var enkje da ho kom til Dyvik att.

Born:

Marta f. 1822, sjå bnr. 3.
Isak f. 1826, brukar her.
Anders f. 1829, g.m. enkja Marta Andersdtr. Stamnes bnr. 1.
Olav f. 1835 g.m. enkja Elsebø Trondsdtr. Meland, Evanger, sjå Stamnes bnr. 2 og 13.
Marta.
Anna.

Marta Brakstad fekk 1856 tinglese ein odelsdeklarasjon. Her fastsette ho at bruket skulle delast i to like store deler; det eine skulle tilfalla sonen Isak Hansson, det andre versonen Olav Larsson Furnes, g.m. Marta Hansdtr. (sjå bnr. 3). Odels- og åsetesretten til Isak skulle ikkje vera til hinder for denne delinga. Året før var det halde skylddeling som vart tinglesen samstundes med odelsdeklarasjonen og dei to skøyta.


1856 skøytte Isak Hansson bruket for 437 spd. og kår. Isak f. 1826 vart g. 1851 m. Magdeli Andersdtr. Kvåstad bnr. 1 f. 1832 d. 1876.

Born:

Marta f. 1852.
Anders f. 1854.
Hans f. og d. 1857.  :Hans f. 1858.
Johannes f. 1861.
Olav f. 1866.
Elsebø f. 1870.
Jakob f. 1875.

Då Isak var vorten enkjemann, selde han bruket og emigrerte 1876 til U.S.A. med alle borna.


1876 skøytte Isak bruket til broren Olav Hansson Stamnes (bnr. 2 og 13) f. 1835. Olav dreiv ikkje bruket sjølv. Han budde på Stamnes. Det vart halde skylddelingsforretning 1883, og frå dette bruket vart det då skilt eit stykke på Tyssebrunæ (sjå bnr.2). Det nye bruket fekk hamnerett etter skylda. Ved utskiftinga 1911 fekk dette bruket sine teigar flytte til Tyssebrunæ. Husa vart og flytte dit same året. Olav Hansson f. 1835 hadde ikkje etterkomarar. Han døydde 1922.


1917 skøyte frå Olav Hansson til Ola Olsson Stamnes bnr. 2, 5 og 13 for kr. 2.000,—. Ola Olsson dreiv bruket i mange år.


1935 skøyte frå Ola Olsson Stamnes til Ola Larsson Dyvik for kr. 3.000,—. Ola Larsson er son til Lars Olsson (sjå bnr. 3) og er f. 1893. Han er g.m. Anna Olsdtr. Stamnes bnr. 2 og 13 f. 1896. Ho er syster til førre eigaren, O. O. Stamnes.

Born:

Lars f. 1923, ug., gardsarb. og jarnbanearb., busett på bruket.


BRUK 2.

Gamalt løpenr. 14 a 1. Skilt frå bnr. 1 1883 med gamal skyld 11 skilling, 1886 15 øre. Bruket, som ved skylddelinga vart kalla Hola, Solåsen, ligg i Tyssebrunæ.


1883 skøyte frå Olav Hansson på bnr. 1 til broren Anders Hansson for kr. 800. Det fylgde ikkje hus med i salet. Anders f. 1829 d. 1916 var g.m. enkja Marta Andersdtr. Stamnes bnr. 1 f. 1814 d. 1899. Dei budde på Stamnes, men bygde seg hytte på bruket og var turar hit om sumrane.


1910 skøytte Nils Simonsson Toskedal bnr. 1 dette bruket for kr. 1425. Han overtok bnr. 4 i 1935 og dreiv sidan dei to bruka under eitt. Sjå bnr. 4.


BRUK 3.

Gamalt løpenr. 14 b. Skilt frå bnr. 1 i 1856 med gamal skyld 4 ort 1 skilling, 1886 1,29 mark. 1863 hadde bruket 2 1/2 mål åker, 1 mål var god, 1 mål medels, resten ring. Der var 17 1/2 mål eng, 2 1/2 mål var god, 2 mål medels og resten ring. Sånaden var 1 1/2 t. havre, 1 1/2 t. poteter. Avling 7 1/2 t. havre, 7 t. poteter, 375 våger høy, 52 våger halm, 120 våger høy i slåttene. Fødnad: 4 kyr, 1 ungfe, 18 sauer. Skogen var som på bnr. 1, og der kunne seljast skogsvyrke for 4 spd. årleg. Lyng, beit og skav til 1 ungfe. Bruket har ikkje dyrkingsjord, det er lite dyrka og er middels lettbrukt, men med tung veg frå slåttene. Elles som bnr. 1.


1856 fekk Olav Larsson Furnes (sjå Furnes Husfolk) skøyte for 370 spd. og kår til seljaren Marta Andersdtr. som var vermor hans. Olav Larsson f. 1824 d. 1878 var g.m. Marta Hansdtr. (sjå bnr. 1) f. 1822 d. 1902.

Born:

Marta f. 1853 d. 1860.
Kari f. 1855 g. 1879 m. banearbeidar Karl Andersson f. 1842; frå Varmland, Sverige. Reiste til U.S.A.
Lars f. 1857, brukar her.
Anna f. 1860. Reiste til U.S.A.

Olav og Marta budde her fyrst som husfolk etter giftarmålet 1852.


1883 vart det tinglyst ei fråsegn om at Marta Hansdtr., som då hadde vore enkje i 5 år, skulle få sitja i uskift bu. Ho hadde såleis heimelen på bruket så lenge ho levde. Sidan vart det ikkje ordna med formell overdraging av eigedomen før 1961.

Lars Olsson f. 1857 d. 1944 dreiv dette bruket frå faren fall frå. Lars var g.m. Brita Jakobsdtr. Fadnes f. 1867 d. 1941. Ho var syskinbarnet hans.

Born:

Ola f. og d. 1891.
Ola f. og d. 1892.
Ola f. 1893, sjå bnr. 1 og d. bnr.
Martin f. 1895 d. 1913.
Jakob f. og d. 1896.
Brita f. 1897 g.m. Bernhard Stamnes, busett Stamnes bnr. 35.
Olina f.1898, tenestegjente, ug., busett Gaupås i Åsane.
Marta f. 1900 g.m. Ola S. Tyssen, gardbr., busett Tysso i Evanger.
Anna f. 1901 g.m. Mons P. Nesttun, busett Nesttun i Fana.
Maria f. 1902, fabrikkarb., ug., busett Dale.
Kari f. 1903, sydame, ug., busett Stamnes.
Jenny f. 1910 g.m. Knut A. Stamnes, motorbåtførar, busett Stamnes bnr. 79.


Ola Larsson overtok drifta på bruket og har sidan 1935 drive det saman med bnr. 1, som han har heimel på. Om Ola, sjå bnr. 1.


1961 fekk Ola Larsson skøyte på dette bruket.


BRUK 4.

Gamalt løpenr. 15. Landskyld 21 m. smør, 1838 1 dalar 3 ort 2 skilling. 1886 2,65 mark. 1863 hadde bruket 5 mål åker, 2 mål var god, 2 mål medels og resten ring. Der var 34 mål eng, 5 mål var god, 3 mål medels og resten ring. Sånaden var 3 t. havre, 3 t. poteter; avling 14 1/2 t. havre, 15 t. poteter. 874 våger høy, 100 våger halm, 260 våger høy i slåttene. Fødnad 8 kyr, 2 ungfe, 42 sauer. Har nok skog til husbruk og kan selja skogvyrke for 10 spd. årleg. Der er lyng, beit og skav til 1 1/2 ku. Bruket er vanleg godt dyrka, jordsmonn og driftsvilkår som for bnr. 1. 1956 var innmarka rekna til om lag 30 mål, og fødnaden var 4 kyr, 59 sauer og 2 griser på bnr. 4 (og 2). 1959 hadde bnr. 4 (og 2) 38 mål innmark, og fødnaden var 2 kyr, 2 ungfe, 2 griser og 25 høns.


1799 fekk Olav Einarsson (sjå Brukarar ovanfor) skøyte på dette bruket for 196 rdl. og halvt kår til mora. Olav f. 1759 d. 1836 vart 1790 g.m. Marta Johannesdtr. Straume bnr. 5 f. 1756 d. 1839.

Born:

Marta f. 1791 g.m. Jon Olsson Straume, sjå Straume bnr. 5.
Marta f. 1792 g.m. Haldor Knutsson Vik, sjå Vik, Stamnes bnr. 3.
Anna f. 1793 g.m. Knut Johannesson Furnes, sjå Furnes, plasset Furnestreet.
Einar f. 1797, brukar her.

Olav Einarsson var med i krigen 1812-14.


1820 skøytte Einar Olsson bruket for 156 spd. 4 ort reide sylv og kår til foreldra. Einar f. 1797 d. 1886 var g.m. Marta Knutsdtr. Tysso f. 1798 d. 1884.

Born:

Olav f. 1820.
Ragnhild f. 1822 g.m. Jon Askjelsson Øyo. Sjå Øyo, husfolk.
Ingeborg f. 1823 g.m. Anders Johannesson Stamnes,sjå Stamnes bnr. 3.
Marta f. 1824 g.m. Olav Johannesson Dalseid, bnr. 1. Dei utvandra 1850 til Amerika med sonen Johannes f. 1849. Dei fekk 5 born i USA.
Brita f. 1827 d. 1842.
Marta 1828-1858, g. 1853 i USA m. Johannes J. Dalseid 1829-1908 Dalseid bnr. 1. Dei hadde 2 born.
Knut f. 1831, brukar her.
Olav f. 1832 g.m. Maria Nilsdtr. Myster bnr. 4, bonde på Dale bnr. 8.
Einar f. 1836 d. 1841.
Olav f. og d. 1838.
Synneve f. 1840 d. 1842.

Einar var lagrettemann 1828 og innvald i Haus heradstyre 1845.


1850 skøytte Knut Einarsson bruket for 250 spd. og kår til foreldra. Knut f. 1831 d. 1920 vart g. 1851 m. Barbro Olsdtr. Straume bnr. 4 f. 1829 d. 1873.

Born:

Einar f. 1851, brukar her.
Olav f. 1853, brukar på Stamnes bnr. 4, 6 og 15.
Marta f. 1855 g.m. Simon N. Verpelstad, brukar i Toskedal bnr. 1.
Einar f. 1857 d. 1858.
Maria f. 1858 g.m. Ola N. Salhus, busett Salhus.
Einar f. 1862, lærar, kemnar i Bodø og kasserar i Bodø Sparebank.
Brita f. 1864 g.m. Johannes Helgesson Furnes, sjå Furnes bnr. 1.
Knut f. 1868 d. 1870.
Knut f. og d. 1871.
Knut f. 1872, lærar, realskulelærar og bladstyrar i Grimstad, mange år med i bystyret der.

Knut Einarsson var ein av dei som ferda ut kontrakt då noverande Stamnes kyrkje skulle byggjast.


1875 skøytte Einar Knutsson bruket for 300 spd. og kår til faren.

Einar Dyvik var ein mann med mange interesser. Han dreiv garden sin 1929. Dei hadde ikkje born.

Einar Dyvik var ein mann med mange interesser. Han dreiv garden sin godt og var m.a. dugande sauealar som tok i bruk nye sauerasar i alet. Han dreiv og mykje laksefiske og tok i bruk nye fangstmåtar og reiskapar, som han fekk andre til å ta i bruk. Han var ei ferd til Kamtsjatka og lærde frå seg om laksefangst. Denne ferda har han skrive om i ei dagbok som finst på garden. Einar var mykje med i offentleg styre og stell i heradet. Han var m.a. med i heradstyret i mange periodar og i skulestyret ei stutt tid. Han var skjøns- og domsmann, utskiftingsmann, branntakstmann, med i likningskommisjon og overlikning, lagrettemann, med i forstandarskapet for Bruvik Sparebank 1911-40 m.m.


1935 skøytte Nils Simonsson Toskedal bnr. 1 bruket med hus for kr. 3.500,— og kår. Nils Simonsson f. 1889 er g.m. Ragnhild Davidsdtr. Bukkstein bnr. 2 f. 1899.

Born:

Inger f. 1926, hushjelp.
Einar f. 1929, gardsstyrar på bruket.
Sigfrid f. 1933, g. 1963 m. Kåre Husevik, busett Oslo.
Sverre Dagfinn f. 1936, banevaktar.

Nils Dyvik har vore mykje med i bygdestyringa. Han var med i heradstyret fleire periodar, formann i styret for folkeboksamlinga på Stamnes, medlem i forstandarskapet i Bruvik Sparebank frå 1945, domsmann i heradsretten, soknekasserar i Stamnes 1917-50, kasserar for elektrisitetsforsyninga i Stamnes 1940-50 m.m. Han er medlem i bygdeboknemnda.

HUSMANNSPLASSET HOLO.

1868 fekk Einar Andersson Kvåstad tinglesen bygsel på plasset Holo hjå Isak Hansson på bnr. 1.

Einar Kvåstad bnr. 1 f. 1837 d. 1882 vart g. 1861 m. Ingeborg Haldorsdtr. Øyo bnr. 1 f. 1838. Dei budde fyrst eit par års tid i Øyo, men flytte så til Dyvik. Einar vart kalla plassmann og skreddar. På plasset var der 1875 ein sånad på 1/4 t. havre og 1 t. poteter. Fødnaden var 1 ku, 3 sauer og 9 geiter.

Born:

Anders f. 1861. Emigrerte til U.S.A.
Anna f. 1863 g.m. Henrik Rolland. Sjå ættesoge for Dale., ættesoge.
Haldor f. 1865. Emigrerte til U.S.A.
Johannes f. 1866. Emigrerte til U.S.A.
Berta f. 1868.
Brita f. 1870.
Nils 1. 1873 d. 1952, g. 1900 m. Brita Johannesdtr. Havrå f. 1879 d. 1933, busett Svebestad ved Sandnes, båtbyggjar og gardbrukar.
Sigrid f. 1875 d. 1956, g.m. Johannes Helgestad, busett Haugamoen, Voss.


HUSFOLK

Eirik Basteson Dyvik f. 1705 d. 1790 (sjå ovanfor) vart g. 1742 m. Marta Olsdtr. Furnes bnr. 2 f. 1719 d. 1792. Dei budde fyrst i Dyvik som husfolk nokre år, men pakta så eit års tid i Hausvik og kom deretter som brukarfolk til Øvste Mjelde.

Born:

Nils f. 1742 d. 1782.
Knut f. 1743.
Lars f. 1744 d. 1746.
Ingeborg f. 1749 d. 1758.
Synneva f. 1753 d. 1787.
Olav f. 1757 d. 1758.
Ingeborg f. 1759 d. 1772.
Brita f. 1763 d. 1772.

Av desse borna var dei fire fyrste fødde i Dyvik.


Johannes Einarsson Dyvik f. 1761 (sjå ovanfor) vart g. 1783 m. Eli Brynjulvsdtr. Dei budde som husfolk i Dyvik ei stutt tid, men reiste så til Holme i Herdla skipreide. Sonen Brynjulv f. og d. 1784 medan dei budde i Dyvik.


Baste Einarsson Dyvik f. 1769 (sjå ovanfor) vart g. 1794 m. Anna Andersdtr. Bolstad. Dei var husfolk i Dyvik eit års tid, men flytte så til Tele på Sotra. Medan dei budde her, fekk dei ei dotter Marta f. 1798 d. 1801.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy