Eikefet

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 17:28, 15 november 2010 by Reveka (Talk | bidrag)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band III


Gards og ættesoge for Eikefet.


GNR. 36 EIKEFET


Innhaldsliste

INNLEIING

Ligg på austsida av Eksingedalen, om lag 1,7 km nord for Myster, knapt 2 km sør-sørvest for Eikemo. Tunet ligg ved ei elv som kjem frå 2 vatn ovanfor tunet. Gardsnamnet vart skrive Egefettie 1610, Egefit 1620 og 1667. Eggefit 1723, Eikefeten 1718 og 1802.

Dei som har gardsnamnet til familienamn, brukar no helst forma Eikefet. Bygdemålsuttalen er ei'kjefetæ..

Namnet er samansett av eit inkjekjønnsord eiki og hokjønnsordet fet. Den første lekkjen tyder ein stad som er tilvaksen med eik. Fet tyder slette, gjerne attmed eit vatn. I Hosanger har gardsnr. 46 same namnet. Denne garden har også ein grannegard lenger oppe i dalen som heiter Eikemo.

Eikefet grensar til Myster i Eide i vest, Langedal i nordvest, Eikemo i nord, Leiro i aust. Det har, såvidt ein kan sjå, ikkje vore tinglyst grensegangsforretning mot nokon av grannegardane.

Kva tid garden er rudd, er uvisst. 115 m nord for tunet på br. 4 Løland er det gjort eit funn som kan henda er ei grav. Før det vart utgrave, synte det seg som ei tuve av stein og grus, 3,5 m lang, 2 m breid. I søre enden stod det hyrnesteinar noko djupt, 1,5 m frå kvarandre. Nordre halvdelen vart utgraven 1955 av konservator Egil Bakka frå Bergens Museum. Han fann då ei nedskjering, 2 X 1 m, som låg 20-30 cm djupare enn grusoverflata ikring. Nedskjeringa var attfylt med grus og stein, og med eit steinlag over. Storparten av steinane stod på kant. Det vart ikkje gjort noko funn som kunne tena til tidfesting. Dei eldste skriftlege opplysningane om garden skriv seg frå byrjinga av 1600-talet og gjeld eigarar og brukarar.

Brukaren Olav er kalla øydejordsmann frå 1630-31. Garden må truleg reknast mellom dei som vart nedlagde etter svartedauden og opptekne att fyrst på 1600-talet. 1723 vert det i Eksaminasjonsprotokollen gjeve desse opplysningane: «10. Egefit. 1 Mand landskyld 1/2 løb Smør. Hr. Søren de Fine med bøxel tilhørende. Jngen Hussmands Pladser. Jntet Sætter, lit furreskoug og Brendeved til Huusfornødenhed. 1 flom-qværn. Ligger 1/4 Mil fra Søen, 5 1/4 Mil fra Bergen, Aarvandt til Korn og tungvunden. Saar havre 2 1/2 t. Afler 6 t. 7 Kiør, 2 Ungnød, 12 Smaler. Taxt efter gl. Matricul 1/2 løb S. lever allene af Qvægets avling.»

1863 rekna dei garden for å vera middels lett driven, men det var tungt heim frå slåttene. Gardsvegen var heller ikkje lett. «Omtr. 1/4 Miil ganske vanskelig Vei til Søen og derfra 5 Miil til Bergen. Menis omtr. 5 1/2 mndr.»

Garden har vore einbølt heilt til 1930-åra. Då vart det teke opp eit bureisingsbruk, Løland, om lag 1 km nord for det gamle tunet. Her var det ved midten av 1800-talet eit husmannsplass som vart kalla Fethagen. Lendet er her nokså flatt med sand og myrjord. (Sjå nedanfor under br. 4.)

I det gamle tunet ligg innhusa for seg sjølv oppe på ein pall, og uthusa ligg i bakken nedanfor. Det som no er eldhus på garden, skal vera den eldste stova. Det er eit timbra hus med sval i ramen. Den nyaste stova er vel 100 år gamal. Innåt denne står det ei eldre stove. Alle hus har torvtak, så nær som løa, som har Vosseskifer. På løa var det før tak av heimelaga spon. I tunet er sola borte 4 veker om vinteren. Når ho kjem att, kring 13. dag jol, skin ho inn gjennom vindauga i ramen på nystova. Den gamle brukaren, Olav Ingebrigtson f. 1866, var då van å ta litt smør på fingergomen og smyrja på den flekken på veggen der sola skein.

1863 var her 7,3 måi åker. 3 1/2 mål var god, 2 mål middels og resten var ring. Bøen var på 143 mål. Av det var 16 mål god bø, 12 mål middels og 115 mål ring. Om bøen er det elles gjort denne merknaden: «Omtrent Halvdelen af 3die Classe er yderlig ringt.» Garden var vanleg godt dyrka. Av dyrkingsjord meinte dei at der berre fanst 2-3 mål.

Av dei lunnende som ligg til garden, var det berre skogen som var nemnd 1661. «Ingen Lunder vden lidet Spere Schoug.» 1665 var der vedskog og noko tømmer til husbruk. Liknande opplysningar finn me 1723 (sjå, ovanfor). 1863 var der skog nok til ved, hustømmer og det dei trong til husbruk, og dei kunne dessutan selja tømmer og ved til 14 spd. netto årleg. Sag driven med vasskraft vart sett opp 1925.

Sætra ligg på fjellet nordvest frå garden, kring 2 timars gonge frå tunet. Sætra var i bruk til 1945. Når kyrne var på sætra, beitte dei delvis på Eikemo sin eigedom på fjellet. Til vederlag fekk Eikemo ha kalvehage og hamn for kyrne med same dei løyste om våren, på austsida av dalføret nedetter, delvis på Eikefet sitt gardsområde. Om beitet heiter det 1863: «Beliggende ved Gaarden af middels Beskaffenhed ogsaa Sæterhavn 1/4 Miil borte, begge omtrent tilstrækkelig.» Før hadde dei smalhus og lamhus i marka eit stykke frå tunet. Sauene beitte her om våren, og då hadde dei lamma inne i lamhuset, så dei fekk mjølka sauene. Smalhuset var kring 5 X 5 m, litt lenger den eine vegen enn den andre. Taket var laga på ein serskild måte. Det hadde fall til 4 sider, og gjekk i hop mest til ein topp på midten. Det var tekt med never og torv.

Kvernhuset stod i Kvernhusbekken, men no er berre kvernhusdøra att av det. På døra er årstalet 1750 skore inn, og dessutan eit pentagram.

Sjundagrend: Eikemo, Eikefet, Eide, Myster og Leiro.

Det vart oppsett ei stampe på garden kring 1935 (sjå br. 3).


SKYLD OG UTREIDSLER m.m.

Gamalt matr.nr. 9 i Hosanger skipreide. Nytt 1838 nr. 10. 1853 nytt matr.nr. 151 i Haus tinglag. Løpenr. 573. 1886 gnr. 47 i Bruvik.

Landskyld 1648: 1/2 laup (36 merker) smør. Skylda vart ikkje forandra ved matrikuleringa før 1838 då ho vart sett til 1 dl. 2 ort 7 sk. 1886: 4,29 skm. Leidang, fredtoll, gjengjerd, vedpengar 1665: 1 mark 15 sk. Småtiend 4 sk. Husdyrskatt 1657: 5 mark 6 sk. Folketal 1801: 6. 1875: 20. Fødnad 1657: 1 hest, 6 kyr, 1 kvige, 8 geiter, 6 sauer. 1723: 7 kyr, 2 ungfe, 12 småfe. 1863: 1 hest, 11 kyr, 4 ungfe, 42 småfe. 1875: 1 hest, 9 kyr, 4 ungfe, 25 sauer, 15 geiter, 1 svin. 1665: Fødnad: 12 storfe. Sånad: 21/2 t. korn, avling 3 1/2 t. 1723: Sånad 2 1/2 t., avling 6 t. 1863: Sånad: 6 1/2 t. havre, 5 t. poteter. Avling: 19 t. havre, 25 t. poteter. 1158 våger høy, 133 våger halm, 240 våger høy i slåttene. Lyng, beit og skav for eitt ungfe. 1959 hadde garden 144,5 mål innmark, og fødnaden var 9 kyr, 5 ungfe, 5 sauer, 1 svin.


EIGARAR

Den fyrste kjende eigaren er Munkelivs Kloster. Då klostergodset vart drege inn under kruna ved reformasjonen, vart Munkelivsgodset verande i ei eiga godssamling eller forlening. Eikefet vert kalla Munkelivs gods fyrst på 1600- talet, men kring 1670 vart mykje av krungodset selt til private. Magister Arnoldus de Fine vart eigar av Eikefet. Ervingane hans står oppførde som eigarar av garden 1676. Maren Sørensdtr. var eigar 1694 og 1700. Ho åtte også Leiro. 1718 er Hr. Søren de Fine oppførd som eigar. Han gav skøyte til brukaren 1727. 1742 tok ervingane etter Søren de Fine garden att på odel. Den siste kjende eigaren frå denne ætta var Anna Helene Trorop. Ho skøytte garden frå seg 1768. Skøytet finst enno på Eikefet.


BRUKARAR

1613-15 finn me mellom sakefall i Hosanger skipreide omtala Johannes Egefitt. Om han budde på denne garden, eller om han budde på Eikefet gardsnr. 46 i Hosanger herad, er uvisst. Om saka som var ei lægermålssak finst desse opplysningane: 1613-14: «Johannes Egefitt, en egte mannd og aldiels Ud Armet, gaff for Sinn fattig Domb schylld Søllf 12 Lod.» 1614-15: «Marii Joendaater, som bleff beliggen aff Johans Egefit gaff Penche 2 Dr. Johans Egefit, som belaa sin tienneste piige for Bryllupet gaff Penche — 4 Dr.»


1620 var Endre brukar her. Han er nemnd fleire gonger i lensrekneskapane frå 1620-åra, men elles har me ikkje opplysningar om han.


1630 var Olav Jonsson brukar. Han var f. om lag 1602 og var brukar her også i 1660-åra. Kona heitte Sigrid.

Born:

Marta, nemnd i koppskattmanntalet 1645.
Johannes f. 1640 g. 1700 m. Torbjørg Johannesdtr.
Lars ell. Lauritz f. 1644.


1692 var Bertil Magneson brukar. Han var f. om lag 1638 d. 1728.

Born:

Johannes f. 1670. Brukar på Eikemo.
Anna f. 1672 d. 1740.
Kari f. 1673 d. 1753.
Haldor f. 1674. Brukar her.
Inga f. 1682 d. 1738.
Jon f. 1683.
Kari f. 1698 d. 1789.


1691 vart enkjemann Gudmund Olsson Eikefet g.m. Marta Johannesdtr. Dale. Om han var brukar her, veit me ikkje, heller ikkje kva fyrste kona heitte.

Born i fyrste ekteskapet:

Gunnhild f. 1679 g.m. Gulleik Jakobson Straume, brukar i Øyo br. 1.
Ingeborg f. 1663, vart g. 1683 m. Mons Knutsson Kalland.

Born i andre ekteskapet:

Marie f. 1770 g.m. Olav 0. Elvik. Brukar i Elvik.


1716 bygsla Haldor Bertilson f. 1674 d. 1762. 1727 fekk Haldor skøyte på garden for 100 rdl. Skøytet var utskrive av major von Krogh, men 1742 vart det reist odelssøksmål. Det var enkja etter futen Jens Lem og formyndarane for borna hans som i samband med skiftet etter futen Lem reiste dette søksmålet. Endelykta vart at enkja fekk tilslaget på garden for 18 rdl. 3 mark. Bertil skulle ha rett til å halda fram som brukar på garden, men dersom nokon skulle kjøpa garden og vilja bruka han sjølv, skulle den gamle brukaren fråvika garden etter lova. Haldor var g.m. Anna Haldorsdtr. Mostraum frå Mo sokn. På Eikemo finst 2 skifte som vedkjem hennar slekt. Det eldste frå 1730 gjeld skiftet etter far hennar, Haldor Olsson. Anna og nokre av dei andre syskina som var gifte, vile ikkje betala inn att til buet det dei hadde fått i bryllaupsgjerd og heimanfylgje, og fekk då heller ikkje erva noko. Det andre skiftet frå 1736 gjeld mor hennar, Kari Johannesdtr. Etter henne fekk Anna ein arv på 5 mark 1 sk., som var utlagd i fylgjande svarer: 2 mjukkvitlar, 1 linskjorte, 3 buskapskjørel, 1 bytte og 1 geit med kje.

Born:

Jon f. 1721.
Anders f. 1723.
Johannes f. 1725. Brukar her.
Olav f. 1727 d. 1808.
Åse f. 1728 g.m. Jakob G. Kalland.
Bertil f. 1729. Brukar på Eide br. 2.
Anna f. 1732.
Ingeborg f. 1734 g.m. Knut M. Stamneshagen, sjå Stamnes br. 11.
Kari f. 1736, d. 1821.


1759 bygsla Johannes Haldorson f. 1725. Han var g.m. Anna Magnesdtr. Eide br. 1 f. 1737. Då garden fekk ny eigar, som sjølv ville bruka han, laut Johannes flytta frå garden, og han busette seg då på Eide.

Borna, sjå under Eide, Husfolk.


1768 skøyte til Mons Andersson Otterstad for 100 rdl. Mons hadde vore skulehalder i Mo sokn, og på Eikefet finst enno denne attesten:

«Hærværende Mand Mons Andersen Aatterstad, som efter det ham af min formans meddelte og herved hæftede Beviis, tiltrædde Skoleholder Embedet i Moe Sogn endog lørdag 7de April: 1759, haver fra den samme Tiid af og indtil underskrevne datum Bestandig forestaaet forberørte Embede med største Flid og troeskab til megen oppbyggelse og nytte; men da omstændighederne nu gjør det forønsket for ham at Begiære afsked, og samme ej bør blive ham nægtet, skiønt man ønskede, at han endnu havde vedblevet sin forrige Forretning, saa dimitteris han derfor, med bedste vidnesbyrd om sit forhold i alle henseender og tillige med den venlige Begiæring, at vedkommende Høye Øvrighed og gunstigst seer ham for eftertiiden for Kongel: Majestets Tiæneste (forskaanet) hvilket hans udviste flid og troeskab som Skoleholder i hartad 10 samfulde Aar, i allerunderdanigst følge Høy-Kongelige allernaadigste forordning, giver ham all aarsag at vente.

Hosang: Præstegaard d. 21ste Novbr. 1768. Lyd: Smith.

Da hosstaaende Skoleholder Mons Andersen Aatherstad har efter SognePræstens Vidnesbyrd opført sig opbyggelig i Levnet og Lærdom, og nu, efter Begiær, faaet Dimission, saa bliver den Kongelige allernaadigste Forordning om Skole-Væsenet nok det sikreste Giærde om hans Frihed for Eftertiiden.

Bergen d: 18de Maij 1769 Remiord (namnet er vandt å lesa).
Forevist paa Hammer ved Sessionen, den 31de Julii 1769.
Paa hr. Stift Befalingsmand Petersens vegne
Heiberg Krogh Hartmann.

Dokumentet er skrive på 24-skillings stempla papir no. 20 datert 1768 no. 197. Det er ikkje tinglyst. Forordninga som det er vist til i dette dokumentet er frå 1739 og 1741 og gjeld skulestellet. Prestane skulle to ut bondegutar som dei fann høvande til skulehaldarembetet, og desse skulle vera fri for militærteneste. Anders, far til skulehaldaren, var son åt gardbrukar Mons Otterstad og kona Brita Nilsdtr. Anders hadde ein yngre bror, Olav, og 2 systre, Marta og Inger. 1737 vart det skift etter faren og 1744 etter mora. Båe desse skifta finst på Eikefet. Nettoen i buet etter faren var 15 rdl. 5 mark og 8 sk. Mons var lagrettemann 1777. Han var f. 1739 d. 1808, g.m. Brita Askjelsdtr. f. 1737 d. 1803. Ved skiftet etter Brita 1803 var nettoen 174 rdl. 1 mark 6 sk. Jordegodset var verdsett til 100 rdl. Arven vart skift mellom Mons og dottera Gjertrud. Tre andre born var død tidlegare.

Det var:

Anders f. 1744 d. 1792.
Askjel f. 1777 d. 1796.
Gjertrud f. 1779 d. 1791.
Gjertrud f. 1784 fekk utlagd halve garden i skiftet etter mora. Ho vart seinare g.m. neste brukar.


1805 skøyte til Johannes Jakobson Eide på halve garden. Samstundes vart tinglyst vilkårsbrev til den gamle brukaren. Johannes var f. på Eide br. 2 1778 d. 1855. 1799 fekk han skøyte på br. 2 på Eide. 1804 vart han g.m. Gjertrud Monsdtr. Eikefet f. 1784 d. 1844, og fekk med henne halve garden her. Då han sidan fekk skøyte på hi helvta hjå faren hennar, flytte han hit, og bygsla bort bruket på Eide. Då det vart halde skifte etter Gjertrud 1844 var nettoen i buet 337 spd. 1 ort og 14 sk. Av kontante pengar fanst det i buet 100 spd., og ein av sønene, Johannes Jakobson Eide, skulda 100 spd. til buet etter ein tinglyst obligasjon.

Born:

Mons f. og d. 1805.
Mons f. 1806. Brukar her.
Brita f. 1807 g.m. Knut Johannesson Simenes.
Jakob f. og d. 1810.
Jakob f. 1811. Brukar på Eide br. 2.
Anders f. 1814 d. 1844. Gjekk gjennom isen og bleiv.
Askjel f. 1817. Sjå plasset Fethagen.
Olav f. 1820. Plassmann i Fethagen.
Haldor f. 1822 d. 1845. Sjå nedanfor.
Sigrid f. 1826 g.m. Bertil Eide br. 2. Busett Berås i Lygra sokn. Sjå Øyene/Øye, Bergsdalen.

Sonen Haldor som var skulehaldar i Stamnessokna bleiv i elva 1845. Mellom gardspapira på Eikefet finst det ei skrivebok etter han. Der finn me avskrift av ein inngangstale etter sokneprest Sylov, «Hans Strøms almindelige Bønn for sine Predikeners læsning», og ei bededagspreik av kapellan C. Larsen i Stamnes kyrkje 1802. Larsens bruretale til Nils Toskhelleren og Ingeborg Øyo 1801 er også avskriven i denne boka. Ingebrigt Monsson har overteke boka etter farbroren, og det er – kan henda – han som har teke nokre av avskriftene.


1837 skøyte til Mons Johannesson for 150 spd. og kår til foreldra. Mons f. 1806 d. 1842 vart g. 1833 m. Gunhild Ingebrigtsdtr. Binningebø f. 1811 d. 1864.

Born:

Johannes f. 1834 d. 1837.
Ingebrigt f. 1836. Brukar her.
Johannes f. 1838. Busett Svarteberg under Stamnes, br. 14.
Gjertrud f. 1840 d. 1852 ved drukningsulukke.
Mons f. 1843 d. 1845.


Gunhild g. 2. g. 1843 m. Gudmund Olson Elvik f. 1808 d. 1904. Dei dreiv garden til eldste sonen hennar vart vaksen.

Born:

Marta f. 1845 d. 1890. Skreddar i Salhus.
Maria f. 1846.
Kari f. 1848 g.m. gardbr. Knut J. Høvik. Sjå Høvik br. 3, Eksingedalen.
Gjertrud f. 1852 g.m. Ola Øvstedal, Evanger.
Ragnhild f. 1855 g.m. snikkar Ola Olsson Nesset, busett her og på Høvik i Eksingedalen.


1843 skifteskøyte til Ingebrigt Monsson for 250 spd. 1854 gav han kår til mora og stykkfaren. Ingebrigt f. 1836 d. 1868 var g. 1863 m. Inga Olsdtr. Myster br. 1 f. 1839 d. 1926.

Born:

Mons f. 1864. Brukar her.
Olav f. 1865 d. 1865.
Olav f. 1866. Brukar her.

Inga Olsdtr. vart g. 2. g. 1868 m. Gudmund L. Eide br. 3 f. 1848. Dei dreiv garden her til 1888, då dei flytte til Eide br. 3.

Borna, sjå under Eide br. 3.

Sonen Ivar f. 1870 d. ved ulukke 1881.


1868 skifteskøyte til Mons Ingebrigtson for 600 spd. Mons f. 1864 d. 1898 vart g. 1894 m. Kati Johannesdtr. Eide f. 1864 på plasset Brotet. Sjå Leiro br. 2.


1886 skøyte til broren Olav Ingebrigtson for kr. 2836,-. Olav f. 1866 d. 1934 var g. 1. g. 1891 m.GjertrudJohannesdtr.Eide br. 2 f. 1862 d. 1904.

Born:

Inga f. og d. 1892.
Inga f. 1893 d. 1894.
Ingebrigt f. 1894. Brukar her.
Johannes f. 1896. Gardsarbeidar, busett her.
Gjert f. 1896. Anl.arb., busett Dale, g.m. Maria J. Bergo.
Marie f. 1899 g.m. gardbr. Otto Asbye, busett v/Arendal.
Halvdan f. 1900. Handelsmann, sjå Eide br. 21.
Inga f. 1901 d. 1901.
Gunhild f. 1902. Sjukesyster, busett Vestre Toten.
Gjertrud f. 1905 g.m. sjømann
Egil f. 1905. Sjå br. 5.

Olav g. 2. g. 1907 m. enkje Hanna Marie Klausen f. 1879 d. 1948. Ho var dotter til gardbr. Lasse Systad i Hyllestad. Han var frå Norevik i Kyrkjebø. Hanna var g. 1. g.m. Karl Klaussen, Bergen.

Dei hadde ei dotter,

Kaia, som er g.m. Halfdan Eikefet, Eide br. 21.

Born åt Olav og Hanna:

Leif f. 1907, sjå br. 4 Løland.
Oskar f. 1910 d. 1944. Sjåfør, busett i Stjørdal.
Gunnar f. 1913. Møbelsnikkar. Busett Breistein. Sjå Myster br. 31.
Ingeborg f. 19** g.m. skreddar Kristian Hoem, Bergen.
Margit f. 19** g.m. gartnar Halstein Lavik, Ask.
Ragna f. 1921 d. 1934.

Olav var mykje med i kommunalt styre og stell. Han sat i fatigstyret frå 1909, skulestyret frå 1914 og i heradstyret frå 1917. Han var lenge skjønsog meddomsmann, utskiftingsmann, lagrettemann, med i skogutval, jordstyre og overlikningsnemnd.


BRUK 1

Skyld 1956 2,77 skm. Jordvidd 47 mål dyrka og om lag 40 mål udyrka innmark. Fødnad: 3 kyr, 1 kvige, 1 hest, 3 sauer. Folketal: 3. 1959 hadde bruket 74 mål innmark og fødnaden var 2 kyr, 2 ungfe, 5 sauer. 1 svin.


1935 skøyte til Ingebrigt Olsson for kr. 5000,— og kår til Hanna Larsdtr. Ingebrigt f. 1894 er g.m. Brita Jakobsdtr. f. 1902, dotter åt gardbr.Jakob Neset, Eksingedalen, og kona Gjertrud f. Lee frå Framfjorden i Sogn.

Born:

Olav f. 19**. Gruvearbeidar og småbrukar. Busett Romslo i Haus.
Gjertrud f. 19** g.m. fabr.arb. Walter Seim, Årdal i Sogn.
Jakob f. 19**. Sjå. nedanfor.
Solfrid f. 19** g.m. Johan J. Stamneshagen, Stamnes br. 12.
Gudrun f. 19** g.m. Karsten Stien, Stamnes br. 31.


1955 skøyte til Jakob Ingebrigtson for kr. 6000,— og kår til foreldra. Jakob f. 19** er g.m. Nora f. Lamo. Han er sjåfør.

Born:

Heine.


BRUK 2, EKSINGEDALSVASSDRAGET IV

Skyld 80 øre, skilt frå br. 1 1918 og selt til h.r.advokat Nicolai Wiig.


Kjøpekontrakt tinglesen 1918 frå 0. E. Eikefet til adv. Nicolai Wiig på vass- og strandrettar i Eksingedalselva med bielvar og vatn for kr. 20.000,—, på vilkår etter handgjeving av 9/7 1916. Seljaren skal ha rett å regulera og å byggja ut ein bekk. Skøytet vart tinglese 1920. Etter dette har kjøparen rett til, mot vederlag, å nytta og krevja avstått dei areal han har bruk for.

I skøytet tok seljaren unna rett til fri kraft til elektrisk ljos og varme på garden, og rett til laksefiske i elva.

1926 skøyte til Bergenshalvøens kommunale kraftselskap.


BRUK 3, SVATUN

Skyld 1 øre, skilt frå br. 1 1932 og selt til Ivar Grønhaug for kr. 500,—. Han var f. i Modalen 1890, d. 1963, g.m. Anna f. Vetlejord frå Eksingedalen f. 1895 d. 1963. Dei hadde ikkje born. Før dei kom hit var dei busette i U.S.A.


Her bygde dei seg ein heim, og Ivar arbeidde på Eidsfjord Møbelfabrikk. Som attåtarbeid dreiv han med vadmålsstamping til kring 1950. Stampa flytte han hit frå Modalen og sette henne opp på ein stad dei kallar Stampo. Ho var fyrst driven med vasshjul, seinare fekk ho elektrisk motor. Stampa stod framleis her i 1965 og var i fullt brukande stand.


BRUK 4. LØLAND

Dette bruket er oppteke i utmark mellom det gamle gardstunet og grannegarden Eikemo. Her var før eit husmannsplass som dei kalla Fethagen eller i Fethago. Dei fyrste som budde her var Askjel Johannesson Eikefet og kona Anna Magnesdtr. Hesjedal br. 3 f. 1817.

Dei hadde desse born:

Magne f. 1839. Smed. Busett Tysse i Hosanger.
Gjertrud f. 1841 d. i Hesjedal 1904.
Johannes f. 1842.
Kari f. 1843 g.m. Ivar Tysse, Hosanger.
Marie f. og d. 1844.
Mons f. 1845. Busett i U.S.A. DO 1914.
Kari f. 1847.
Askjel f. 1817 d. 1846.

Det vart halde skifte etter han 1847 og nettoen var knapt 190 spd. Husa på plasset var verdsette for 150 spd. som enkja betalte til buet. Anna g. 2. g. 1847 m. Johannes Haldorson Øyo, brukar i Hesjedal på br. 1. Året etter fekk bror åt Askjel bygsla plasset.


1848 festesetel til Olav Johannesson f. 1820. Kona Gjertrud var fødd på Myr i Hosanger 1823, dotter åt Anders Monsson fødd på Kalland, og kona Ingeborg Eiriksdtr. Eide br. 1. 1855 kjøpte Olav og Gjertrud br. 7 i Sæterdal, og flytte dit.

Born:

Gjertrud f. 1846.
Ingeborg f. 1848.
Johannes f. 1850.
Anders f. 1852.
Haldor f. 1855.

I Sæterdal fekk dei borna:

Siri f. 1858.
Askjel f. 1860 d. 1863.
Askjel f. 1867.


1932 vart Løland skilt ut som eige bruk med skyld 0,70 mark. Same året vart gjeve skøyte til Leif Olsson for kr. 1500,—. Han sette seg ned her som bureisar. 1956 var omlag 44 mål innmark oppdyrka, og 26 mål var framleis udyrka. Bruket fødde då 3 kyr, 2 oksar, 1 kvige, 2 kalvar, 1 hest og 2 grisar. I 1959 hadde bruket 70,5 mål innmark, og fødnaden var 7 kyr, 3 ungfe. Det høyrer skogteigar til bruket og beiterett etter skylda. Leif f. 1907 er g.m. Signe Heimdal f. 1912, dotter åt Anders O. Heimdal i Modalen, og kona Brita f. Farestveit. For jorddyrkinga fekk Leif og Signe Norges Vels Diplom 1955.

Born:

Oddvar f. 19**.
Ashild f. 19**.


BRUK 5, LJOSHEIM

Skyld 1 øre, skilt frå br. 1.

1932 selt til Egil Almås og kona Gjertrud for kr. 200,—. Gjertrud f. 1905 er dotter til Olav E. Eikefet og kona Gjertrud Johannesdtr. Egil er sjømann, og dei er busette på Eidsland.

HUSFOLK

Om husfolk er der svært Iå opplysningar frå denne garden. Johannes Monsson Eide f. 1838 og kona Ingeborg Haldorsdtr. Kallvik f. 1834 var husfolk her frå dei var gifte 1865 til 1879, då dei flytte til Stamnes br. 14 Svarteberg.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy