Eiterdalen

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Modalsboka band I


Gards og ættesoge for Eiterdalen.



Gnr. 72 Eiterdalen


No gnr. 247 i Lindås kommune


Innhaldsliste

Innleiing

Millom Vasseggene mot Dyrkolbotn i vest og Nottveitfjelli i aust ligg Eiterdalen. I nord byggjer dalen seg opp til fjellviddi på grensa mot Otterstad. I sør og sørvest hallar det undan til grensa mot Romarheim. Gjennom dalen renn ei elv som heiter Eiteråi, eller gjerne kalla Eitro. Gjenom nokre skogdjuv kjem ho til slutt fram att på Gamlesetra, og renn der saman med Varmåi frå Langedalen ut i Romarheimselvi som kjem frå Nipen og Dyrkolbotn, og Stusdalselvi frå Stusdalen.

Omlag midt i Eiterdalen ligg restane etter eit gardsbruk der det ikkje hev butt folk i den siste mannsalderen. Denne garden heitte Fosse, men vart helst kalla Eiterdalen. Eivind Vågslid meiner at namnet kjem av «eitrande» kaldt, og det kan vel gjerne henda, for elvavatnet frå Eitro er framleis kaldare enn vatnet frå dei andre elvane ho møter på veg til sjøen.

Bustadhusi på denne garden var etter måten store. Dei låg i ein bakke på austsida av elvi. Nedanfor husi flatar dalen seg noko ut, og der var vel likaste heimebøen. Men jordi var steinut og skrinn, og gav so måteleg avling. Dessutan låg garden svært avsides. Stuttaste vegen til sjøen, var til Nottveit, men truleg var det vegen til Romarheim som vart mest nytta, for der var handelsmannen. Den gjenomgangstrafikken garden hadde, var vel helst når folk frå Nipen og Dyrkolbotn var på kyrkjeferd til og frå Mo. Då gjekk vegen oftast om Eiterdalen til Nottveit, og so vidare i båt gjennom Mostraumen til kyrkja på Mo. Det at garden låg so avleides til, og at jordi var skrinn, gjorde nok sitt til at dette var den fyrste av desse fjellgardane som vart fråflytta. Det er snart 100 år sidan folk budde fast her. Om tidlegare busetnad er det ofte uklårt om dei som budde her berre bygsla, budde på leigekontrakt eller var sjølveigarar, og mange av dei veit ein lite om. Dette vil og gå fram av oppgåva yver busetnaden på garden.


Matrikkel og fødnad.

Garden hadde frå gamal tid gnr. 81, skyld 12 mrk. - seinare 9 mrk. smør. Då skylda vart omgjord til pengeskyld, vart gardsnummeret 61 og skylda 1 ort 17 skilling, revidert til 1 dalar 1 skilling. Gardsnummeret er no 72, skyld 1,71 mrk. Me tek med her nokre teljingar for garden.


1723: «En mann, tilhører 1/2 oppsidderen og 1/2 umyndige, hver 1/2 bygsel. Ingen husmenn, ingen sæter, dårlig brendefang, lidet fyrreschof, ingen kvern, ligger 1 1/2 mil fra søen. Noggenlunde til hø, avler intet korn. Føder 1 hest, 4 kiør, 3 ungnød, 6 faar. Skyld 12 mrk. smør, avtager 3 mrk.»


1803: «Eier Ole Larsen Eiterdalen. Utsæd 1 tønde, avler 3 tønder. Føder 10 kiør 10 faar, verd 133 rd. 22 sk. høieste beregning».


1845: «Eier Ole Johannessen Eiterdalen. Aker og dyrket eng: Middels 2 mål, slett 2 1/2 mål. Nat.eng: Godt 3 mål, middels 9 mål, slett 10 mål. Høy av utslåtter 500 våger. Utsæd 2 tønder korn, 2 tønder poteter. Avler 6 tønder korn, 6 tønder poteter. Høy ialt 880 våger, halm 40 våger. Føder 1 hest, 10 kuer, 4 ungfe, 24 får.
Brende 1/2 husbrug. Ikke skog til salg. Surogatfoder 1 kofoster. Middels godt dyrket.»


BUSITJARAR

Fyrste gongen ein finn busetnad på garden er i


1665: 1. Rasmus Eiterdalen


1691: 2. Mons Eiterdalen

Born:

  1. Namnlaust d. 1679.
  2. Mogns f. 1691, d. 1694.


1694: 3. Jonn Eiterdalen


1701: 4. Hans Gullaksen, f. 1758.


1711: 5. Anders Knutson Eiterdalen, f. Lavik, bnr. 2, g. m.

Helga Endresdtr. Stornes, f. 1666, d. 1710, frå plasset Stornes under Myster.

Born:

  1. Knut.
  2. Gjertrud f. 1703.
  3. Dordi f. 1706, g. m. Ole Pedersen, Østre Kleppe.
  4. Helga f. 1710, d. 1710.


1713: Skøyte frå madame Giertrud de Fine til


6. Lars Olavson Eiterdalen, f. 1688, d. 1722, f. Teiten i Teigdalen, g. m.

Brita Larsdtr. Bjørndalen, f. 1671.

Born:

  1. Brita f. 1711, g. m. Christen Johannesson Langedal.
  2. Hans f. 1712, d. 1723.
  3. Peder f. 1714, d. 1736.
  4. Lars f. 1718, bust. Løtveit i Hosanger.
  5. Sjur f. 1720, d. 1786, g. m. Anna Askildsdtr. Nipen, bust. Løtveit.


1723: 7. Lars Johannesson Eiterdalen, d. 1774, g.

1. m. e. Brita Larsdtr. Eiterdalen, f. 1671,

2. m. Brita Simonsdotter, f. 1715, d. 1756,

3. m. Brita Monsdtr. Stusdal, f. 1715, d. 1798.

Born:

  1. Knut f. 1744, d. 1829, g. 1767 m. enkja Inga Johannesdtr. Nottveit.
  2. Simon f. 1747, d. 1751.
  3. Olav f. 1749, d. 1807, næste bonde her.
  4. Ragnhild f. 1751.
  5. Simon f. 1753, d. 1753.
  6. Marta f. 1754, g. 1797 m. em. Erik Johannesson Romarheim.


1772: Skøyte frå Lars Johannesson Eiterdalen til sonen Olav for 20 rd.


8. Olav Larsson Eiterdalen, f. 1749, d. 1807, g. m.

Anna Knutsdtr. Mo, bnr. 2 f. 1749.

Born:

  1. Johannes f. 1775, d. 1824, næste bonde her.
  2. Brita f. 1776, g. m. Nils Johannesson Romarheim.
  3. Brita f. 1777, d. 1871, g. m. Johannes Olavson, Mostraumen, sjå Mostraum bnr. 1.
  4. Anna f. 1784, d. 1808.
  5. Knut f. 1786, g. m. Anna Larsdtr. Romarheim.
  6. Sjur f. 1787, d. 1808.
  7. Lars f. 1789, d. 1808.
  8. Aase f. 1792.


1803: Skøyte frå Olav Larson Eiterdalen til sonen Johannes.


9. Johannes Olavson Eiterdalen, f. 1775, d. 1824, g. m.

Anna Larsdtr. Nottveit, bnr. 1 f. 1775.

Born:

  1. Olav f. 1808. Næste bonde her.
  2. Anna f. 1810, d. 1896.
  3. Lars f. 1814, d. ugift.
  4. Anna d.y. f. 1815, g. m. Olav Larsson Tellevik.
  5. Siri f. 1820, g. m. Lars Jonson Lone f. Dyrkolbotn.
  6. Brita f. 1823.


1827: Skøyte frå Johannes Olavson Eiterdalen til sonen Olav.


10. Olav Johannesson Eiterdalen, f. 1808, d. 1884, g.

1. 1834 m. Kari Nilsdtr. Nottveit, bnr. 2, f. 1801, d. 1839,

2. m. Anna Johannesdtr. Helland, bnr. 5, f. 1815.

Born:

  1. Johannes f. 1846, utv. til USA.


1872: Skøyte frå Olav Johannesson Eiterdalen til


11. Olav Gulleikson Helland, bnr. 5, f. 1844, g. m.

Kari Olavsdtr. Myster, f. 1836.

Born:

  1. Anna f. 1865, g. m. Askjell Simonson Hesjedal, sjå Hesjedal, Stamnes husmenn.
  2. Gulleik f. 1867, d. 1867.
  3. Brita f. 1868.
  4. Marta f. 1871.
  5. Olina f. 1875.


1875: Skøyte frå Olav Gulleikson Eiterdalen, f. Helland til


12. Lars Johannesson Mostraum, bnr. 1, f. 1821, d. 1888, g. 1844 m.

Brita Johnsdtr. Romarheim, f. 1823, d. 1912. 9 born.


1880: Skøyte frå Lars Johannesson Mostraum til eldste sonen


13. John Larsson Eiterdalen, f. 1844, g. m.

Kari Pedersdtr. Grimstad, f. 1846, frå Lygra i Lindås.

Born:

  1. Petter f. 1876, seinare brukar på garden.


1884: Skøyte frå enkja, Kari Pedersdtr. til


14. Lars Hansson Eiterdalen, g. m.

Kari Pedersdtr. Eiterdalen, f. 1846.

Born:

  1. Olav.


1892: Skøyte frå Lars Hansson Eiterdalen til sonen


15. Olav Larsson Eiterdalen, ugift. I hans tid budde ei stund Petter Johnson Eiterdalen på garden utan skøyte.


Petter Johnson Eiterdalen, f. 1876, d. 1947 g. m.

Lovise Jetmundsdtr. Ravneberg, frå Masfjorden f. 1876, d. 1929.

Born:

  1. Kari f. 1899, g. m. Olai Kolås, Hamre, b. Hjelmås.
  2. Magnhild f. 1901, d. 1935, ugift.
  3. Johan f. 1903, g. m. Anna Karlsdtr. Selvik. b. Vassel, Hosanger.
  4. Aslaug f. 1904, d. 1936, ugift.
  5. Jenny f. 1906, g. m. Bjarne Johannessen, bust. Bergen.
  6. Trygve f. 1908, d. 1913.
  7. Nolevande 1910, g. m. Sigurd Nepstad, bust. Nepstad.
  8. Oddvar f. 1912, utv. til USA.
  9. Laura Tordis, f. 1914, d. 1956, g. m. Olav Gjelsvik frå Hamre, bust. Ytre Arna.
  10. Asbjørg 19**, g. m. Sverre Skare, Vollum.


I folketeljingi 1900 er Olav ikkje å finna i Eiterdalen. Han må då vera flytta til Bjørge, Eknesvåg. Der kjøpte han gard og budde til han døydde 1947.


1941: Auksjonsskøyte frå Olav Larsson Eiterdalen til:


1. Gudmund Rasmussen Eidsnes, m. 1/10 av garden.
2. Anders Knutsen Eidsnes, m. 1/10 av garden.
3. Ole Askildsen Eidsnes, m. 1/10 av garden.
4. Lars Tollefsen Eidsnes, m. 1/10 av garden.
5. Jørgen Larsen Eikanger, m. 1/10 av garden.
6. Nils Larsen, Eikanger, m. 1/10 av garden.
7. Ivar Johannessen Eidsnes, m. 1/10 av garden.
8. Ole Larsen Eidsnes, m. 2/10 av garden.
Eigar for siste tiandeparten vantar.


Etter den tid har sume av desse tiandepartane vorte yverdregne til andre eigarar, gjerne i samanheng med yverdraging av heimegardane på Eidsnes og Eikanger.

Garden Eiterdalen er no nytta til sauebeite.


Folketejingar.

Samandrag. 1701: Hans Gullakson, 43 år.

1801: Ole Larsen med kona og 3 born. 1835: 2 menn, 4 kvinnor.

1845: 2 hushald, 2 menn, 3 kvinnor.

1865: Olav Johannesson med kona og 1 son.
Lars Larsson, dreng 22 år.
Kari Olavsdotter, tenestegjenta 19 år.
Lars Johannesson, legdslem 51 år.

1875: Olav Gullakson med kona og 4 born.

1900: Enkja og kårkona Kari Pedersdtr. Eiterdalen.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy