Ekse

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Evangerboka band I


Gards og ættesoge for Ekse.

Gnr. 68 Ekse

Tidlegare gnr. 37 i Evanger kommune

Høgd over havet er 584 meter.


Innhaldsliste

INNLEIING

Gardsnamnet Ekse er ikkje sikkert tydd. Etter uttalen (èksè, m. tostavings tonelag) kan det vera eit vinnamn, Namnet på heile dalføret, Eksingedalen, står i samb. med Ekse. Ein kunne tenkja seg at gardsnamnet er avleidt av elvenamnet Ekso og at elvenamnet tyder den eksande, strykande, som går i stryk og stup. Framom sjølve garden Ekse renn elvi stilt, men nedantil Hagaleitet er store stryk. Ein kan òg tenkja på avleiding av aks (aksvin), garden der det vert dyrka korn. No er Ekse den garden i heile dalføret som har vanskelegaste tilhøve for korndyrking; dette kan ha vore onnorleis på namngjevingstidi. Ekse er etter lende å døma ein av dei eldste gardane i dalføret. Ein kan sjå bort frå trenamnet eik som forklåring. Tidl. skriftformer: Exe 1695. Exe udi Exingedahlen 1723. Det heiter: «Han bur pao Èksè, ska to Èksès.” I samansetjing: Eksesbød'n.

Gl. skyld 1/2 laup smør.


EIGARAR:

1647-56: Jens Schifues enkja, Kirsten, åtte 1/2 laup smør. 1657-69: Apostelkyrkja i Bergen. 1686: Peder Hansens arvingar. Peder Hansen var truleg rådmann i Bergen, d. 1678. 1691-92; Magister Niels Smed. 1696 - 1711: Annanias Wrangel. 1712 - 13: Jacob Widing.


BRUKARAR:

1624 betalte Salamon 6 mk. smør i leidang. 1644 - 60 var Elluf (Eiloff, Oluf) brukar av 1/2 laup, betalte 1 rdl. i kontribusjonsskatt. 1845 betalte han og kona Kari koppskatt med 16 skill. 1646 betalte han 8 skill. i skatt for å få skyssplikta bortteki. 1656 vart han og Herlaug Gullbrå (brukar av 1 spann smør i Gullbrå) stemnde fordi dei ikkje hadde betalt skatt for 1655 med hv.. 2 1/2 ort, og 30 skill. «De beklagede deres elendige vilkor at de formedelst tiltagen armod og fattigdom samt skadelig ildebrand og kornets misvekst som nu i nogle års tid dennem misbrøgt ikke er formuende at betale forleden aars skatt.» Futen gav vitnemål om at dei var så utarma at dei ikkje kunne betala skatten.

1657 vart del påny stemnde for retten fordi dei ikkje hadde betalt skatt for 1656. .De beklagede deres elendige vilkor, den tiltagende armod og fattigdom samt kornets misvekst og av den grund ej kan formaa at udgive den paabudne contributionsskatt.» Eindel vitna sanna dette, og dei slapp betala skatten som var like stor som året før.

1657 betalte Eiloff krøterskatt for 1 hest, 1 okse, 4 kyr, 1 kvige, 2 geiter og 4 sauer. 1652 var Mons oppførd som. brukar.

1645 var Knud Larsson brukar samara med Eiloff. Han betalte koppskatt for seg og kona Sesilia med 16 skill., og huskona, enkja Sigri 6 skill.

Born:

a. Nils, f. 1644, brukar her.
b. Lars, f. 1647, var dreng pa Sausjord, Vossestrand 1664.


Nils Knutson var brukar på Ekse frå omkr. 1675 til 1691, da han flytte frå garden avdi han var utarma. - I 1664 var han tenar på Trefall. Nils Knutson var g. omkr. 1664 med Marita Jakobsdtr.

Born:

a. Lars, f. 1665, budde på Hole, Vossestrand.
b. Jakob, g. 1748 ek. huskona Guro Olsdtr. Lunde, Vossestrand, husmann på Lunde. Han var enkjemann då han gifte seg.
c. Marita, 1764 var ho enkja og var til hus i Gammersvik, Stamnes.
d. Anders, g. Kari Johannesdtr., husmann Kroken, Sausjord, Vossestrand.
e. Ivar, f. 1680, g. 1703 ek. Marta Olsdtr., f. 1655, d. 1744. Ivar gifte sag oppatt 1745 med «besoven tøs» Guri Larsdtr. Hole, Vossestrand, f. 1701, d. 1768. Ivar budde i Kvassdalen, Vossestrand og døydde der 1763.


1691-92 fører skattemanntalet Knut som brukar av 1/2 laup. 1695 betalte han leiglendingsskatt, proviantskatt, kjolepengar, fredtoll, odelsskatt og rosteneste med 1 mark 90 skill.


1701 fører folketeljinga enkja Marita Jakobsdtr. som leiglending. Nils Ivarson Almelid var dreng hjå henna.


1711 fører skoskatten Håkon som brukar. Han var brukar av 1/2 laup og betalte skatt for seg, kona og 1 barn. Etter legdsrullen hadde «han ej lært haandværk». Håkon var kanskje gift med enkja Marita Jakobsdtr., som var leiglending i 1701.


1712 får Jon Knutson Ekse bygselsetel frå Jakob Widing på 1 spann smør. Jon Knutson var frå, Mestad, f. 1682, g. 1712 Gjertrud Nilsdtr. Ekse, f. 1690.


Born:

a. Jon, f. 1713, d. før 1766.
b. Ragnhild, 1. 1715, g. 1744 Nils Larsson Hjørnevik, f. 1717, b. Hjørnevik, Evanger b. II.
c. Knut, f. 1718, d. før 1766.
d. Marita, f. 1718, g. 1744 Gulleik Helgeson Århus, f. 1717, b. Øvre Helland bnr. 5.
e. Jakob, f. 1726, neste brukar.
f. Nils, f. 1729, g. 1759 Ranveig Nilsdtr. Hjørnevik, f. 1728, b. Kjenes i Alversund.
g. Guri, f. 1733, d, 1733.


1727 får Jon skøyte frå Jakob Widing på 1/2 laup for 27 rdl. Jon Knutson fall utfor eit berg i 1734 og slo seg i hel. Gjertrud Nilsdtr. gifte seg oppatt 1736 med Anders Henrikson Hjørnevik, f. 1707, d. 1767. Gjertrud d. 1766.

Born:

a. Gjertrud, f. 1738, g. 1757 Ole Andersson Myrkve, Vossestrand, f. 1729, b. Hjørnevik, Evanger b. II.


Matrikkelen 1723: Ekse er apostelgods. 1 brukar (Jon). Jacob Widing eig og bygslar 1 pd. 12 mk. Ikkje husmenn; støl 1/4 mil frå garden. Lite vedaskog, 1 flaumkvern. Ligg høgt uti snøfjellet der ikkje korn kan veksa. Har berre beisti å føda seg med. Sår ikkje noko, føder 10 kyr, 5 ungnaut, 18 sauer, 1 hest.


1767 fekk Jakob Janson skøyte på bruket. Jakob Jonson, f. 1726, g. 1758 Gjertrud Knutsdtr. Bergo, f. 1738, d. 1790.


Born:

a. Jon, f.1758, neste brukar.
b. Johannes, f. 1760, d. 1761.
c. Magdeli, f. 1762, g. 1779 Anders Larsson Øvre Skjervheim, f. 1744, b. Øvre Skjervheim, Vossestrand.
d. Gjertrud, f. 1765, g. 1788 ekm. Haldor Knutson Bjørgo, f. 1753, b. Bjørgo, sjå Evangerboka b. I.
e. Ragnhild, f. 1767, g. 1785 ekm. Ole Volhelmson Helien, Vik i Sogn.
f. Nils, f. 1769, g. 1795 ek. Ragnhild Larsdtr. Fosse, f. 1758, b. Fosse.
g. Knut, f. 1771, g. 1807 Guri Nilsdtr. Flatekvål.
h. Torbjørg, f. 1775, g. 1796 Knut Torbjørnson Nedre Rasdalen, f. 1778, b. Bolstad 1813.
i. Kari, f. 1777, g. 1803 Henrik Olson Fadnes, f. 1780, b. Fadnes, sjå Evangerboka b. I..
j. Johannes, f. 1781, g. 1808 Brita Pedersdtr. Opheim, f. 1786, paktar på Myklebust i Askvoll.
k. Ola, f. 1785, d. 1785.

Jakob Jonson var lagrettemann 1771 og 1774. I 1776 vart Jakob Ekse stemnd av futen fordi han og Ingebrigt og Peder Gullbrå var uviljuge til å skyssa presten til og frå Evanger annekskyrkja slik som dei andre. Ein har ikkje sett noko utfall av saka. Etter skifte 1790 ser det ut til at Gjertrud har vore ei velstandskona, for det som kjem i skifte etter henne er noko med det meste som på den tid kunne falla til i heile bygdi.


Jakob Jakobson gifte seg oppatt 1794 med Maria Johannesdtr. Brekkbuslii, f. 1750, Jakob døydde 1799, og Maria gifte seg oppatt 1803 med ekm. Knut Knutson To, f. 1769, d. 1841. Maria d. 1824.


1783. Skøyte frå Jakob Jonson til sonen Jon på 18 mk. 1789 kår til foreldra. Jon Jakobson, f, 1758, d. 1838, g. 1783 Ingebjørg Knutsdtr. Trefall, f. 1765, d. 1835.


Born:

a. Gjertrud, f. 1784, g. 1805 Torkjel Knutson Fosse, f. 1782, b. Fosse bnr. 1.
b. Brita, f. 1786, g. 1813 Johannes Naveson Brakestad, f. 1792, b. Brakestad, bnr. 2.
c. Jakob, f. 1789.
d. Jakob, f. 1791, d. 1809.
e. Knut, f. 1793, bnr. 4.
f. Marta, f. 1796, d. 1796.
g. Gjertrud, f. 1797, d. 1817.
h. Marta, f. 1788, d. 1788.
i. Jakob, f. 1790, d. 1790,
j. Nils, f. 1800, bnr. 1.
k. Ole, f. 1803, g. 1850 Ragnhild Olsdtr. Tveite, Vossestrand, f. 1821, husmann Ekse.
l. Jakob, f. 1806, g. 1829 Brita Jakobsdtr. Trefall, f. 1804, innerst Ekse, husmann Trefall. Utv. til USA 1867.


Bnr. 1.

1838: Gl skyld 18 mk. smør, ny 4 ort 11 skill. 1886: Skm. 1,30. 1980: Mk. 1,06.


1819. Skøyte frå Jon Jakobson til sonen Nils Jonson for 160 spd. Kår til foreldra. Nils Jonson, f. 1800, d. 1874, g. 1819 Ingebjørg Jakobsdtr. Trefall, f. 1798, d. 1896.

Born:

a. Ingebjørg, f. 1819, d. 1819.
b. Jakob, f. 1820, neste brukar.
c. Jon, f. 1822, g. 1853 Kari Ingebrigtsdtr. Trefall, f. 1827, b. Trefall, bnr. 2.
d. Knut, f. 1824. Reiste til Vik i Sogn 1860, og utv. til USA.
e. Lars, f. 1826.
f. Jakob, f. 1829, innerst Brekkhus.
g. Johannes, f. 1831, omkom i snøskred 1875.
h. Brita, f. 1834, d. 1834.
i. Nils, f. 1835, utv. til USA.
j. Knut, f. 1837, g. 1862 Brita Simonsdtr. Gullbrå, f. 1839. Utv. til USA 1869.
k. Torkjel, f. 1839. Han var ei rekkje år i Amerika, men kom heimatt og døydde 1921.

1845. Skøyte fra Nils Jonson til sonen Jakob Nilsson for 200 spd. og kår. Jakob Nilsson, f. 1820, d. 1913, g. 1845 Gjertrud Larsdtr. Nesheim, f. 1821, d. 1906.

Born:

a. Ingeborg, f. 1846, d. 1878. Utv. til USA, gift med ein mann frå Flatekvål, Modalen, b. i S. Dakota.
b. Nils, f. 1847, d. 1870. Nils fekk nervefeber og døydde i Stavanger, der han arbeidde i ei gruve.
c. Lars, f. 1849. Utv. til USA 1871, farmar i S. Dakota. Kona var frå Telemark.
d. Ragnhild, f. 1850, d. 1931, ho arbeidde lengste tidi heime.
e. Nils, f. 1853, bnr. 2.
f. Brita, f. 1853, d. 1853.
g. Brita, f. 1855. Utv. til USA, g. med Torkjel Jonson Gullbrå, farmar i S. Dakota.
h. Dortea, f. 1857. Utv. til USA, g. med Kristian Nelson frå Danmark, farmar i S. Dakota.
i. Knut, f. 1859. Utv. til USA, g. med Brita Hansdtr. Skjervheim, Vossestrand, farmar i S. Dakota.
j. Jakob, f. 1860. Utv. til USA 1882. Utd. som prest, farmar i Hendrich, Minn. Gift 1889 Inger Sørum. Slekta hennar var frå Luster i Sogn. Rene s. 797.


Matrikkelframlegget 1863: 1/2 mål åker, 39 mål god, 21 mål medels og 12 mål ring naturleg eng. Av utslåtter og fjellslåtter fekk dei 400 våger høy. Sette 1 1/4 t. poteter, avla 7 t. og 1496 våger høy. Fødnaden var 14 kyr, 4 ungfe, 36 sauer, 1 hest. God og meir enn nok hamn. Skog til brensel og never. 1 1/4 mil vanskeleg kløvjeveg til bygdevegen, låg 7 5/8 mil frå Bergen. For bortleigd hamn 4 spd. årleg. Kornet var ofte ikkje moge. Bruket var medels lettbrukt og vanleg godt dyrka. 1875 var fødnaden 2 hestar, 1 okse, 7 kyr, 1 ungfe, 15 sauer. Sette 2 t. poteter. Torkjel Nilsen, f. 1839, fødde 1 ku, 4 sauer, sette 1 t. poteter.

Delings- og skyldsetningsforretning 1862 der bruket vart delt i l.nr. 101a med skyld 4 ort 3 skill. og b med skyld 8 skill. L.nr. 101 b var Jakob Nilssons halvpart av stølen Kjødnaliè, og var 8/107 deler av hans bruk i Ekse.


1864. Kjøpekontrakt frå Jakob Nilsson Ekse til David Johannesson Gullbrå på halvparten «af det mig ved Skjøde af 28. Octb. 1845 hjemlede Brug i Gaarden Exe af Skyld ny 4 ort 11 Skill., gl. 18 Mk. Smør» for 396 Spd. Med i salet er halvparten av dei på bruket ståande hus, og halvparten av «af den mig ved Kjøbekontrakt 2 5/2 1855 tilhjelmede Anpart i Fjeldstølen Askildsdalen». Kjøparen skulle svara halvparten av kåret til Nils Jonson Ekse og kona Ingeborg Jakobsdtr. etter kårbrev av 1845.


1871. Skøyte frå Jakob Nilsson Ekse til David Johannesson Gullbrå «der i henhold til Kjøbekontrakt af 8/3 1864 før har tiltrådt Halvparten af Bruget» for 800 spd. I handelen fylgde og med for same kjøpesum så mykje av «mitt paa Voss ved Løne, Grjotland og Kløve beliggende Tømmer og Bord som Kjøberen trenger til Opførelse af ny Stuebygning på Bruget, nemligt antageligt 4 a 5 Tylvter Timmer og ligesaa meget Bord».


1873 pantsette Ole Olson Skjerven bruket til Voss Sparebank for 270 spd. med pant òg i hus på Evanger. Ole Olson hadde ikkje tinglyst heimel. Ole Olson, f. 1827, d. 1908, g. 1860 Ingeborg Olsdtr. Rongve, f. 1831, d. 1916, var innerst på Væle, på Skjerven, fargar på Evanger 1869, og stasjonshaldar på Evanger frå 1877 i 20 år. Sjå Evanger og Storevik. 1875 var fødnaden 1 hest over og ein under 3 år, 5 kyr, 3 ungfe, 3 sauer. Sette 1 t. poteter.

1875 vart bruket delt i to, l.nr. 101 a1 bnr. 1, og 101 a2 bnr. 2.


1877. Skøyte frå Ole Olson Skjerven til Helge Knutson Trefall for kr. 2480. Helge Knutson, f. 1840, d. 1914, g. 1884 Mari Gulleiksdtr. Nedre Helland, Modalen, f. 1857, d. 1921.

Born:

a. Elisabet, f. 1885. Utv. til USA 1906, g. med John Samsson Gullbrå, f. 1884, farmer, Washington.
b. Anna, f. 1886. Utv. til USA, g. med Robert Gerth, bortkomen.
c. Knut, f. 1888, d. 1888.
d. Knut, f. 1889, g. 1915 Brita Larsdtr. Gullbrå f. 1894, b. Ekse.
e. Marta, f. 1890, g. 1915 Jakob Nilsson Ekse, f. 1857, b. Ekse.
f. Kari, f. 1892, g. 1911 David Herlaugson Gullbrå f. 1892, b. Gullbrå, bnr. 2.
g. Gulleik, f. 1894. Utv. til USA 1915, farmar.
h. Brita, f. 1895. Utv. til USA 1913, g. C. G. Busch.
i. Lars, f. 1898, g. 1919 Thea Olina Torbjørnsdtr. Fadnes, f. 1878, baneformann Mjølfjell.
j. Kristine Helene, f. 1901, b. Årås, Nordhordland.


1916. Skøyte frå Maria Gulleiksdtr. til sonen Knut for kr. 1600 og Knut Helgeson, f. 1889, d. 1925, g. 1915 Brita Larsdtr. Gullbrå, f. 1894.

Born:

a. Hans, f. 19**, ug. anleggsarbeidar, b. Askim.
b. Lars, f. 19**, g. 1949 Oddbjørg, f. 19**, pylsemakar, b. Skedsmokrysset
c. Gerda, f. 19**, g. 1951 Halgrim Ulsaker, Gol, f. 19**, adjunkt, Gol.
d. Malvin, f. 19**, g. 1946 Grethe Pettersen, Brum, f. 1913, lagerarbeidar, b. Oslo.
e. Birger, f. 19**, g. 1943 Elly Johanne Aleksandersen, Leirvik, f. 19**, teknikar, b. Vestby,
f. Knut, f. 19**, kommunegartnar, b. Grimstad, Aust-Agder.


1923. Skøyte frå Knut Helgeson til Lars Larsson Trefall d.e. for kr. 5000. Lars Larsson, f. 1891, g. 1923 Bertina Larsdtr. Trefall, f. 1905.

Born:

a. Guri, f. 19**, g. 1965 Trygve Køvik, Balestrand, f. 19**, forretningsdrivande i Bergen.
b. Ragnhild, f. 19**, g. 1952 Magnus Torkjelson Fosse, f. 19**, snikkar, b. Frekhaug.
c. Ella, f. 19**, g. 1965 Nils Nesthus, Voss, f. 1911, branntilsynsmann, Voss.
d. Lars, f. 19**, neste brukar.
e. Louis, f. 19**, g. 1963 Brita Lisbet Havnerås, Hatlestrand, f. 19**, vegoppsynsmann, Stord.
f. Ingebjørg, f. 19**, g. 1957 Martinus Solhaug, Masfjorden, f. 19**, anleggsarbeidar, Evanger.
g. Sigmund, f. 19**, g. 1961 Bergny Martinsen, Kr.sand S., f. 19**, sjåfør, Kr.sand S.
h. Solveig, f. 19**, ug. tekstilarbeidar, Salhus.
i. Einar, f. 19**, g. 1965 Else Hagen, Kr.sand S., f. 19**, sjåfør, b. Vennesla.
j. Klara Mary, f. 19**, g. 1966 Ivar Kismul, Bergen, f. 19**, elektrikar, Bergen.
k. Håkon, f. 1945, d. 1945.
l. Haldis, f. 19**, g. 1966 Håkon K. Århus, f. 19**, b. Århus.
m. Bjørg, f. 19**, g. 1971 Malvin Ydnesdal, Eivindvik, Ytre Sogn.


1967. Skøyte til Lars Larsson d.y. for kr. 5000 og kår. Lars Larsson, f. 19**, g. 1961 Anny K. Lirhus, Voss, f. 19**.

Born:

a. Britt Jane, f. 19**.
b. Gerd, f. 19**.
c. Leif Kåre, f. 19**.
d. Steinar, f. 19**

Lars Ekse er spesialarbeidar ved Hordaland vegkontor.


Hus på garden:

Stovehuset bygt 1890, ombygt 1930 og modernisert seinare. Løa og fjos bygt 1950. Buahus 1890. Nytt sel på Eksestølen 1957, ny garasje 1980.


Dyrka skog, jord og fødnad:

Dyrka jord omkr. 40 mål, anna innmark 30 mål. 250 mil skog. Fødnaden 1980 er 50 sauer.


Bnr. 2.

Utsk. frå bnr. 1 i 1875. Skyld 2 ort 1 skill. 1866: Mk. 1,30. 1977: Mk. 1,18.


1877. Skøyte frå Jakob Nilson til sonen Nils for kr. 2000. Nils Jakobson, f. 1853, g. 1 1887 Brita Johannesdtr. Stamnes, f. 1864, d. 1888. Nils gifte seg oppatt 1903 med Brita Herlaugsdtr. Gullbrå, f. 1867, d. 1955.

Born:

a. Berta, f. 1909.

1875 var fødnaden på bruket 1 hest over og 1 under 3 år, 1 okse, 7 kyr, 1 ungfe, 15 sauer. Sette 2 t. poteter.


1946. Skøyte til Berta Nilsdtr. for kr. 2000. Berta Nilsdtr., f. 1909, ug.


1953. Skøyte frå Berta Nilsdtr. til syskinbarnet Gunnar Davidson Gullbrå for kr. 1500 og kår. Gunnar Davidson, f. 19**, g. 1952 Bergit Pauline Hansdtr. Ytrehorn, Hornindal, f. 19**.

Born:

a. Hallvard Dagfinn, f. 19**, Voss, verkstadreparatør ved anl. i Eidfjord, b. Voss.
b. Margunn, f. 19**.
c. Knut Bjarne, f. 19**.


Hallvard Dagfinn, 1. 19**, g. Anne Kari Arnesdtr. Skjerve, Voss, f. 19**.

Born:

a. Hale, f. 19**.
b. Bodil, f. 19**.


Hus på garden:

Stovehuset bygt 1912. Løa 1913, ombygd 1955. Stova vart utvida og modernisert 1972. Garasje bygd 1968.


Dyrka skog, jord og fødnad:

Fulldyrka jord 25 mål, anna innmark 30 mål. Prod. skog 200 mål. Fødnad 1980: 4 oksar, 5 kalvar, 38 sauer.


Bnr. 3. Fjellstølen Kjødnaliè.

Utsk. frå bnr. 1 i 1862. Skyld 8 skill. 1886: Mk. 0,22. 1980: Mk. 0,22.


1882 gav Knut Johnson og Nils Johnson paktekontrakt til Knut Olson Mestad på stølen Kjønnelien for 15 år.

1862 er det tinglyst skøyte frå Jakob Nilsson til Ole Knutson Mestad på halvdelen av stølen for 80 spd. Etter kjøpekontrakti har kjøparen rett å henta 4 kløvjer ved i hovudbruket sin skog, beiterett for 12 storfe, 20-30 sauer og 12 geiter. Husi på stølen eig kjøparen frå før. 1882 er det tinglyst skifte etter Knut Olson og stølen vart utlagt til sonen Ole for kr. 400 mot panterettsutlegg til mora, Anna Jørgensdtr., kr. 186,97. Sjå vidare gnr. 21 Mestad bnr. 2.


Bnr. 4.

1838. Gl. skyld 18 mk. smør, ny 4 ort 11 skill. 1881: Skyld 2 ort 2 skill. 1886: Mk. 1,30. 1980: Mk. 1,18.


1812. Skøyte frå Jon Jakobson til sonen Knut Jonson. Knut gav mora Ingebjørg kår på bruket i 1819, foster til 2 kyr og 4 sauer. Knut Jonson, f. 1793, g. 1815 Brita Simonsdtr. Nesheim, f. 1794, d. 1833.

Born:

a. Jon, f. 1815, d. 1817.
b. Ingebjørg, f. 1817, g. 1835 Simon Davidson Gullbrå, f. 1810, b. Gullbrå bnr. 1.
c. Jon, f. 1819, neste brukar.
d. Simon, f. 1822, g. 1852 Marta Matiasdtr. Berge, Voss, f. 1828, fargar på Evanger. Utv. til USA 1872.
e. Jakob, f. 1825, g. 1849 Brita Bergesdtr. Gullbrå, f. 1825, innerst på Gullbrå, seinare på Sevaldstad. Sjå Fosse bnr. 1.
f. Gjertrud, f. 1826, d. 1827.
g. Gjertrud, f. 1828, g. 1849 Knut Knutson To, f. 1818, b. To. Utv. til USA 1856, farmar i Minnesota.
h. Nils, f. 1831, g. 1851 Brytteva Jonsdtr. Mestad, f. 1826. Utv. til USA 1856.
i. Johannes, f. 1833. Utv. til USA 1856. Etter Nils var død gifte Johannes seg med enkja Brytteva Jonsdtr.

I skifte etter Brita Simonsdtr. 1834 vart bruket vards. 200 spd. og utlagt til enkjemannen.


Knut Jonson gifte seg oppatt 1834 med Ingebjørg Davidsdtr. Gullbrå, f. 1804, d. 1877. Knut d. 1875.

Born:

a. Brita, f. 1835, g. 1854 Jakob Olson Nesheim, f. 1824. Utv. til USA
b. David, f. 1838, d. 1840.
c. David, f. 1840, g. I Gjertrud Jonsdtr. Langeland, f. 1842, g. II med Gjertrud Jakobsdtr, Trefall, f. 1850. Utv. til USA 1875
d. Marita, f. 1843, g. 1869 Berge Jonson Gullbrå, f. 1843, b. Gullbrå, bnr. 4.
e. Sigvor, f. 1847, utv. til USA.


1877 er det tinglyst skifte etter Knut Jonson og kona Ingeborg Davidsdtr. og bruket vart utlagt sonen Jon for takst kr. 1200. Jon Knutson, f. 1819, d. 1909, g. 1842 Elisabet Jakobsdtr. Trefall, f. 1822, d. 1902.

Born:

a. Brita, f. 1842.
b. Brita, f. 1843, g. 1882 Nils Simonson Gullbrå, f. 1841, b. Bindingbø, bnr. 2.
c. Brita, f. 1847, g. 1869 Knut Jakobson Trefall, f. 1844. Utv. til USA 1869.
d. Knut, f. 1845, neste brukar.
e. Jakob, f. 1850, bnr. 5.
f. John, f. 1852, d. 1870.
g. Gjertrud, f. 1855, g. 1879 Lars Pederson Gullbrå, f. 1857, b. Gullbrå bnr. 3.
h. Nils, f. 1859, g. 1889 Anna Jonsdtr. Trefall, f. 1868, b. Trefall, bnr. 2.
i. Johannes, f. 1862, g. 1895 Anna Andersdtr. Kvilekvål, f. 1874. Skreddar, b. Styve, Evanger b. II.
j. Anna, f. 1865, g. 1894 Anders Helgeson Sevaldstad, f. 1858, b. Sevaldstad, Evanger b. I.
k. Ragnhild, f. 1869, g. 1893 Lars Sjurson Trefall, f. 1872, b. Trefall, bnr. 1.


Matrikkelframlegget 1863: sier om bruket at det er likt med bnr. 1. 1875 var fødnaden 1 hest, 1 okse, 11 kyr, 2 ungfe, 10 sauer. Sette saman med sonen Knut, 3 1/4 t. poteter.


1881. Skøyte til Knut Jonson for kr. 920 og halvt kår til foreldra. Knut Jonson, f. 1845, d. 1926, g. 1869 Sigvor Johannesdtr. Gullbrå, 1. 1849, d. 1935.

Born:

a. Elisabet, f. 1870, g. 1901 Jørgen Torbjørnson Seim, f. 1882, jarnbanearbeidar, b. Ørreviki, Evanger b., I.
b. Brita, f. 1871, d. 1897.
c. Brita, f. 1874, g. 1895 Anders Knutson Gullbrå, f. 1867, b. Løkjo, Vossestrand.
d. Johannes, f. 1876, bnr. 5.
e. Guri, f, 1878, g. 1905 Knut Janson Røte, Voss, f. 1874, arbeidar, b. Bakketun, Voss.
f. John, f. 1881, d. 1881.k
g. Anna, f. 1882. Utv. til USA, gift med ein son til Berge Gullbrå.
h. John, f. 1884, neste brukar.
i. Berta, f. 1887, g. 1913 Nils Johannesson Tunestveit d.e., Haus, f. 1882, jarnbanearbeidar og bonde Tunestveit.
j. Gjertrud, f. 1890, g. 1923 Nils Johannesson Tunestveit, Haus, f. 1895, bonde Herland.
k. Jakob, f. 1892, g. 1917 Marta Askjeldtr. Trettenes, Vaksdal, f. 1892, småbrukar Myster, bnr. 25, Stamnes.

1875 var fødnaden 1 hest over og 1 under 3 år, 5 kyr, 1 ungfe, 9 sauer.


1916 får John Knutson skøyte for kr. 700 og kår. John Knutson, f. 1884, g. 1917 Anna Sofia Johannesdtr. Tunestveit, Haus, f. 1897.

Born:

a. Konrad, f. 19**, g. 1948 Liv O. Folden, Matre, f. 19**, forskalingssnikkar, b. Haukeland.
b. Sofia, f. 19**, g. 1951 Konrad Kjængaard, Herdla, f. 19**, fabrikkarb., b. Hilleren.
c. Johannes, f. 19**, ug., fabrukkarbeidar, Fotlandsvåg.
d. Jenny, f. 1925, d. 1937.
e. Alfred, f. 19**, neste eigar, gardsstyrar på Kleiveland, Osterøy.
f. Olav, f. 19**, g. 1954 Svanhild Berk Landro, Fjell, f. 19**, bygningssnikkar, b. Mathopen, Laksevåg.
g. Ragnhild, f. 19**, g. 1958 Leiv Andersson Revheim, f. 1919, bonde Revheim, Haus. Han døydde 1968.
h. Ragnar Johan, f. 19**. Utd. agronom frå Lyngdal jordbruksskule.
i. Jenny Borgny, f. 19**, g. 1965 Ola T. Bjella, f. 19**, bonde Ål i Hallingdal.

1955. Skøyte til Alfred Johnson for kr. 1450 og kår Alfred Ekse var klokkar i Nesheim kyrkja 1957-67.


Hus på garden:

Stovehuset bygt 1912, løa 1960.


Dyrka skog, jord og fødnad:

Dyrka jord 20 mål., anna innmark 50 mål. Prod. skog omkr. 50 mål. Fødnad 1980: 6 kalvar, 25 sauer.


Bnr. 5.

Utsk. frå bnr. 4 i 1881. Skyld 2 ort 2 skill. 1886: Mk. 1,31. 1980: Mk. 1,19.


1881. Skøyte til Jakob Jonson for kr. 920 og halvt kår til foreldra, Jakob Jonson, f. 1850, d. 1926, g. 1879 Gjertrud Johnsdtr. Gullbrå, f. 1856, d. 1932. Barnlause.

Jakob og Gjertrud hadde ein pleieson, Nikolai Rørbakken, f. 1911, b. Øystese.

Jakob Ekse kjøpte seg komfyr ein haust. Komfyren kom til Brekkhus, og so var det å få han heim. Jakob la komfyren på tog og bar han over fjellet heim til Ekse (Johs. Lavik).


1920. Skøyte frå Jakob Jonson til Johannes Knutson Ekse for kr. 1000 og kår. Johannes Knutson, f. 1876, d. 1957, g. 1903 Ragnhild Samsondtr. Gullbrå, f. 1881, d. 1926. Barnlause.

Johannes Knutson gifte seg oppatt 1928 med Ragnhild Bergesdtr. Gullbrå, f. 1889, d. 1976.


1958. Skøyte frå Ragnhild Bergesdtr. til Ragnar Johan Johnson, f. 12/8 19**, for kr. 3000 og kår. Ragnar er jordstyreassistent i Ål kommune, Hallingdal, og busett der. Han er g, 1969 Guri Oleivsgard, f. 19**, Leveld i Ål, lærar.

Born:

a. Jostein, f, 19**.
b. Sveinung, f. 19**.
c. Øyvind, f. 19**.


Hus på garden:

Stovehuset bygt 1870. Dei andre husi på garden vart nedrivne på 1960-talet.


Dyrka skog, jord og fødnad:

Dyrka jord 35 mål, anna innmark 70 mål. Prod. skog 150 mål. Det er ikkje fødnad på bnr. 5 i 1980. Slåtten vent bortleigd til bnr. 4.


Bnr. 6. Kjødnaliè.

Utsk. frå bnr. 4 i 1870. Skyld 7 skill. 1886: Mk. 0,19. 1980: Skm. 0,19.


1870. Skøyte frå John Knutson Ekse, som vantar heimel, til Ole Knutson Mestad «paa den mit Brug tilliggende stølspart 1/2 del av Kjønnelien» for 85 spd. 1939. Grunnboksheimel til Ole K. Mestad. 1939. Skøyte frå Ole K. Mestad til sonesonen Ole Knutson. Sjå vidare Mestad, gnr. 21 bnr. 2. Evangerboka b. I.


Bnr. 7. Ekse - Torvedalen.

Ved kgl. resl. 1869 vart dette bruk overført frå Vangens tinglag der det var oppført under matr. 46, l.nr. 103 b Mølster, og til Evanger tinglag der det vart oppført som matr. nr. 92, l.nr. 180. Gl. skyld 19 skill. 1886: Mk. 0,42.


1846. Skøyte frå Ole Torgeirson Mølster til Magne Olson Mestad. Ole Magneson Mestad åtte denne stølen etter «arveinstrument» av 1867. 1883. Skøyte til Magne Olson - sjå vidare Mestad, gnr. 21 bnr. 1. Evangerboka b. I.


Bnr. 8. Kvannafossen.

Utsk. frå. bnr. 1 i 1913. Sk.mk. 0,13. 1977: Mk. 0,12. 1913. Skøyte frå Helge Knutson til versonen Jakob Nilsson Ekse for kr. 1550. Jakob Nilsson, f. 1857, d. 1939, g. 1911 Marta Helgesdtr., f. 1890.

Born:

a. Brita, f. 1914, ug., b. Voss.
b. Nils, f, 19**.
c. Gunnar, f. 19**, neste brukar.
d. Magnus, f. 1923, d. 1942.

Jakob Ekse hadde vore farmar i Amerika i 27 år, kom heimatt 1911. Han var ei tid bonde i Vik i Sogn før han kom til Ekse. Frå Ekse flytte han til Kolve i Raundalen, derfrå til Palmafossen, Graue, Finne og til slutt vart han småbrukar på Sandneset på Rekve, Voss.


1948. Skøyte til Gunnar Jakobson for kr. 1500. Gunnar Jakobson, f. 1918, g. 1956 Henny Knutsdtr. Lien, f. 19**.

Born:

a. Marianne, f. 19**.
b. Jorunn Karin, f. 19**.
c. Jakob, f. 19**.
d. Knut Magne, f. 19**.

Gunnar Jakobson bur på Bulken, var ei tid drosjesjåfør.


1967. Skøyte frå Gunnar Jakobson til broren Nils for kr. 1000. Nils Jakobson, f. 19**, g. med Torbiørg Oddsdtr. Norekvål, Voss.


1972 får Harald Trefall skøyte på bruket for kr. 45.000. Harald Trefall, f. 10/11 19**.


Bnr. 9. Ekseavsnittet.

Utsk. frå bnr. 1, 3 og 5 i 1917. Sk.mk. 0,47.

1917. Skøyte til D. V. Blaauw for kr. 800. 1917. Skøyte frå Blaauw til Ameln og Gjestland.

1926. Skøyte til Bergenshalvøens kommunale kraftselskap.


Bnr. 10. Ekseavsnittet.

Utsk. frå. bnr. 8 i 1918. Sk.mk. 0,01.

1917. Skøyte til D. V. Blaauw for kr. 800. -- Vidare som bnr. 9.


Bnr. 11. Bakkane.

Utsk. frå bnr. 1 i 1939. Sk.mk. 0,01, ny. 1919.

Skøyte til Evanger herad for kr. 345.


Bnr. 13. Hagatun.

Utsk. Sk.mk. 0,01, ny. Heimelshavar Lars Ekse (Trefall) m.fl.


Bnr. 14.Fjellro.

Utsk. frå bnr. 4 i 1969. Sk.mk. 0,01. Heimelshavar Alfred J. Ekse.


Bnr. 15. Eksebu.

Utsk. frå bnr. 111969. Sk.mk. 0,01.

1969. Feste til Jan Steinar Johnson for 99 år mot årleg avgift kr. 100.


Bnr. 16. Hagali.

Utsk. frå bnr. 1 i 1969. Sk.mk. 0,01.

1969. Skøyte til Nikolai Rørbakken, f. 10/5 1911, for kr. 100.


Bnr. 17. Høgabu.


Utsk, frå bnr. 1 i 1976. Sk.mk. 0,01. Heimelshavar Lars L. Ekse.


Husmenn:

Ole Jonson Ekse, f. 1803, d. 1855, g. 1850 Ragnhild Olsdtr. Tveite, Vossestrand, f. 1821, var husmannsfolk her.

Born:

a. John, f. 1851, g. 1881 Ingeborg K. Ekse. Utv. til USA 1872, farmar m.m.
b. Ingeborg, f. 1853, d. 1855.


Ivar Jonson Yksendal, f. 1735, g. 1792 Marta Olsdtr. Trefall, f. 1751, var jordlaus husmann her i 1801. - Marta var dotter til Ole Sylfestson Arnetveit d.y., f. 1716, g. 1750 Gunnbjørg Jakobsdtr. Trefall, f. 1732, b. Trefall.


Nils Larsson Gullbrå, f. 1813, d. i Sogn 1858, g. i Nese i Sogn 1856 med Brytteva Knutsdtr. Trefall, f. 1834, d. 1917, var innerstfolk her.

Born:

a. Jakob, f. 1857, bnr. 8.


Grend:

Ekse er i bedlag med, Gullbrå, Trefall og Brakestad.


Utløer og stakkstøde:

Det stod løer i Hesjabakkane. Elles nytta dei på Ekse helst stakkar. Bnr. 1 hadde stakkstøde i Svòè og Jùklahole; bnr. 2: Oddmundstøe, Geitaskare, Kristenberje; bnr. 4: Geitaskare, Sjurstakkstøe, Skidalen; bnr. 5: Skidalen, Svarthamrane,


Stølar:

Ekse har støl på EksestøIen på sørsida av hovuddalen. Dei reknar 1 t. gonge; budeiene gjekk i millom tidlegare. Der har ikkje vore kyr sidan 1933. Bnr. 1 fekk nytt sel i 1957. Nils Ekse f. 1853 kjøpte støl i Beinhelleren og støla der ei tid; han selde denne stølsretten til Sigurd Århus, som seinare selde til Nils Bindingbø.


Kvern:

Ekse hadde kvern i grovi ved Hagaleite; der stod 2 kvernhus i manns minne. Nils, Jakob og Knut hadde kvern i lag, Helge hadde kvern sér. Dei kjøpte korn og mol.


Tekniske tilhøve; veg:

Fyrste slåmaskina kom til Ekse i 1920, (Jon Ekse), og fyrste traktoren på 1950-talet. l 1943 fekk Ekse elektrisk ljos frå kraftverket som Olav Gullbrå bygde. Kraft frå BKK 1955. Alle bruki fekk telefon 1950. Eksingedalsvegen vart ferdigbygd for biltrafikk til Ekse og Gullbrå i 1959. Bnr. 2 hadde løypestreng frå Oddmundsstødet og bnr. 3 frå Geitaskaret.


Ferjing:

På Ekse hadde alle bøndene ferje, for dei hadde kyrne på hi sida av elvi. Det var då dei byrja med geitehald dei bygde bru. Det var no sjeldan elvi var so stor at ikkje kyrne vassa over. Ekse har gode hamner i heimemarki. Dei buførte oftast midt i juli og heimatt fyrst i september.


Kvanne:

Berta Ekse, f. 1909 fortalde: «Da voks vidl kvanne her burtante elvinne lenger nere, mydlo Ekse og Trefadl. Da è no Iengje sian. Eg hugsa no da atte naor eg va smaogjenta, so hadde han far fonne kvanne dar nere, so han kom heim mé.»


Skule:

I fleire ættleder var skipnaden slik at skuleborni i krinsen Brakestad-Gullbrå var halve vinteren på Trefall og hin halvparten på Ekse. Då laut borni ha med seg niste for ei heil veke når dei skulle vera heimefrå. Dei hadde med seg brød, smør og kjøt og fekk mjølk der dei kom og budde. – I 1949 vart det bygt skulehus heimst på Ekse. Etter at skulekrinsane i Eksingedalen vart samanslegne etter 1970, har skulestova på Ekse vore nytta til grendastova. I 1975-1980 vart ho utleigd til zoologi-studentar som granska livet i vassdraget.


Utvandring:

Frå Ekse og Gullbrå har det fare endå meir folk til Amerika enn frå dei hine gardane i Eksingedalen.


Gjesting og innhysing:

EksingedøIene hadde faste folk dei tok inn hjå i Teigdalen. «Me tok inn hjå han Olav Mestad og Jakob Brekkhus. Dei hine på Ekse tok inn hjå han Lars Brekkhus og hjå han Olav Mestad, dei òg») (fortalt av Berta Ekse). Slik som Gullbrå hadde Ekse òg mykje hopehav med Myrkdalen, Vinje og Holbygdi. På den gamle kyrkjegarden på Vinje var mange menneske frå Ekse og Gullbrå gravlagde.


Off forretningar:

Forretning avh. Statsark.setelkatalog. Do. mot Brekkhus om beiting 25/3 1788. Vegkontrakt Fadnes-Brekkhus 1888. Do. om veg gjennom dalen 1894. Kontrakt om Nesheim kapellkyrkja 1903. Utskifting 1911. Overutskifting 1912. Garantidok. vedk. vegen Fosse-Nesheim 1913. Avtale om veganlegg 1922.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy