Elvik

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band III


Gards og ættesoge for Elvik.


GNR. 31 ELVIK


Innhaldsliste

INNLEIING

Ligg på fastlandet 1,6 km nordnordvest for Gammersvik, vel 3 km sørsøraust for Romarheim. Garden har ikkje veg, og all ferdsle må gå, over fjorden. Gardsnamnet vart skrive: Elleuiik og Elliuik 1303, Eluig 1610, 1620 og 1667. Elviig 1723. Elvig 1786. Elvik 1886. Truleg same namnet finst i Hamre (gnr. 61) og i Masfjorden (gnr. 33). Magnus Olsen meiner at Elli (frå 1303) kan vera ei sideform til elri n. som tyder ein stad der det veks mykje older. Tunet og innmarka ligg i ei vestvend vik med fjell ikring på alle kantar så nær som den sida som vender mot sjøen. Ein dal, Elvikdalen, går frå innmarka mot nordaust og kjem øvst oppe mest til møtes med Mellesdalen. Mellom dei 2 dalføra ligg «Heiane», eit høgdedrag med flate myrstrekningar.

Elvik grensar til Mostraum og MellesdaL Grensa mot Mostraum, som er heradsgrense mot Modalen, tek til ved sjøen i Djupedalen, over 4 km nord for tunet, og går i rett line i sørleg retning til Fagerskaret, der merket mot Mostraum endar og merket mot Mellesdal tek til. Vidare i same retning ned Fagerdalen til elva ved Tungo, svingar så i sørvest over Storsteinshjellen, vidare til x på vestsida av Kammadalshaugen, vidare i same retning over austsida av Bjørndalshaugen til x aust for Heiamyr, vidare i same retning til x i Merketrehaugen. Lina vender så mot sør til x ved sjøen ved Kvammen.

Det eldste skriftlege vitnemålet om garden er frå 1303. 1567 låg garden øyde, og hadde truleg gjort det siden svartedauden. Kring år 1600 vart garden teken oppatt. Til å byrja med var her berre ein brukar, men 1657 var her 3; dersom denne kjelda (husdyrskattemanntalet frå 1657) er rett, må dette berre ha vara ei stutt tid. I 1660 var her berre ein brukar. 1716 bygsla brukaren halve garden bort til styksonen sin. Denne delinga varde heller ikkje lenge. Frå 1730-åra vart garden truleg driven som eitt bruk att. Frå 1786 har her vore 2 bruk. Dei var fyrst jamstore. Det eine var sjølveigande, og det andre var bygsla. Frå 1792 var bygselbruket, det noverande bnr. 2, berre 1/3 av garden. Dette storleikstilhøvet har halde seg også etter at bnr. 2 vart sjølveigande fyrst på 1800-talet. 1924 var det frå bnr. 1 skilt ut eit småbruk, bnr. 3 Bjørkeli, med skyld 27 øre. Dette bruket hadde før vore husmannsplass. Plasset som vart teke opp kring 1887 heitte Steinbogen. Eit anna plass, Gjelæ, vart teke opp 1840, og var i bruk til 1850-åra. Det var brukaren på bnr. 1 som let bror sin, Johannes Olsson og kona, få bygsla 2 utmarksstykke, Olderhola og Steinbogen. Dei fekk bruk på Kvåstad 1852, og seinare budde der visstnok ein husmann som heitte Anders. Gjelæ låg på innmarka til bnr. 1, rett nordanfor Steinbogen i sørhallet. Sjå plasset Gjelæ nedanfor.

1839 vart det halde minneleg utskifting. Denne utskiftinga førde til noko teigblanding. Offentleg utskifting over innmarka vart tinglesen 1897.

1945 vart det halde grensegang mellom bnr. 1 og 2, og mellom Elvik og Mellesdal.

Båe bruk hadde før tun der husa til bnr. 2 no står, og husa til bnr. 1 stod fremst på haugen. Dette bruket har truleg heitt Haugen i daglegtalen. Utskiftinga var 1897, men bnr. 1 flytte ikkje or gamletunet før 1902 eller 1903. Grunnen var at Jakob på dette bruket, f. 1860, var i Amerika ei tid i sin ungdom. Han skøytte bnr. 1 1895, men kom ikkje heim før 1899. Frå 1895 til 1900 pakta Martinus Haukøy frå Hosanger bruket. Jakob tok til med flyttinga etter han overtok farsgarden.

Sers gamle hus står ikkje att i tuna. I stovehuset på bnr. 1 er gang og storstove som dei var før flyttinga.

Kvernhuset lag i elva, på høgd med tunet til bnr. 2. Nausta ligg i som er namnet på nauststaden.

I eldre tid var her oppgangssag på garden, ved elva. Men det er så lenge sidan at folk på garden no berre så vidt minnest grunnmurane.

Innmarka ligg ned mot sjøen, og er etter måten flatlendt. 1863 var her 11 1/4 mål åker. Vel 4 1/2 mål var god, knapt 2 var middels god, og resten var ring. Bøen var på 48 1/4 mål. 10 4/5 mål var god bø, knapt 9 1/2 mål middels god, og resten var ring. 1863: heiter det mellom anna om garden: «Let hjemme, men besværligt fra Slaatterne.» 1723 er karakteristikken denne: «temmelig til Korn men maa samle sit Høe med stor besværlighed af Udmarken.» Og 1661: «Ingen Lunder till Vdenn til Husbehoff.» Om skogen heiter det 1723 at der er fureskog og vedskog til husbruk, og at dei stundom kan selja litt ved og furevyrke. 1863 er der nok skog til ved, hustømmer og til husbruk, og dei kan dessutan selja tømmer og ved for netto 13 spd. årleg. Slåtteteigar hadde dei to bruka i Dalen og Byrkjeliæ, der det var to løer kvar stad. I Fossabotnen, Glyfso og Nakkaløo var der ei løe kvar stad. Høyet frå desse slåttene vart teke heim på vetraføre. Elles var der slåtter i Knutsbotnen, Almbotnen, Asketonæ, Neset, Djupedalen og Tonæ. Frå desse slåttene vart graset ført heim og turka der. «Det vart slege svært vel,» seier folket som bur på Elvik no.

Skogen var teigdelt, og kvar brukar dreiv sine teigar. Frå stroket Dalen, Dyraliæ og Byrkjeliæ vert tømmer køyrt eller kanskje mest drege fram til Stien og sidan streka ned på bøen. Veden vert løypt etter bakken ned frå Stien. Veden hoggen langs landet vert oftast førd heim til naustet med robåt. Om beitet heiter det 1863: «Hjemmehavn af middels Beskaffenhed. God Sæterhavn 1/4 Miil borte, tilsammen tilstrækkelig.» . . . «Skinlændt samt en meget vanskelig Klev for Creaturene til Havnegangen.»

Sætra ligg nord for tunet, mellom Snøjen og Dyrokslæ. Sætra er også nemnd 1723. Sætervegen er tung og bratt. Dei to bruka hadde kvart sitt sæterhus. Dei har ikkje vore i bruk sidan 1946.

Ein stad i marka hadde båe bruka skogteig i lag. Teigen heitte «Hopatødna». Den er seinare delt. Slåttene låg stundom i skogteigane til grannebruket. På bruk 1 har det frå gamalt vore sagbruk. Fiske er mest ikkje nemnt i dei skriftlege kjeldene. 1723 heiter det: «intet fiskerie». Men i seinare tider har sjøfiske etter laks hatt ikkje lite å seia. Det vart truleg teke opp i 1890- åra. Men fyrst etter 1921 har det slege bra til, så dei no reknar det for hovudnæring attåt gardsbruka. Br. 1 har 2/3 og bnr. 2 har 1/3 av fiskeretten.


SKYLD OG UTREIDSLER m.m.

Gamalt matr.nr. 24 i Hosanger skipreide, nytt 21. 1853 matr.nr. 146 i Haus tinglag. 1886 gnr. 42 i Bruvik.

Gamal landskyld 1/2 laup (36 m. smør). 1838: 1 dalar 3 ort 18 sk. 1886: 4,92 skm. 1665: Leidang, fredtoll, gjengjerd, vedpengar 1 m. 15 sk. Kandtiend: 1/2 t. Småtiend: 4 sk. Leidang 1567: 1 albis. Folketal 1801: 13. 1875: 24. Fødnad 1665: 8 storfe, 1 hest. 1723: 8 kyr, 2 ungfe, 18 småfe, 1 hest. 1863: 1 hest, 11 kyr, 6 ungfe, 40 småfe. 1875: 1 hest, 9 kyr, 4 ungfe, 26 sauer, 22 geiter, 2 griser. 1665: Sånad 2 t. havre. Avling 5 t. 1863: Sånad 9 t. havre, 51/2 t. poteter. Avling 35 t. havre, 19 t. poteter. 1136 våger høy, 245 våger halm. Frå slåttene 450 våger høy. Lyng, beit og skav til 3 kufor. I matrikkelen 1723 står dette: «2 Mænd, landskyld 1/2 10p Smør. Opsidderen Nils ejer alt, med bøxel, men bortbøxler halvdelen. Ingen Huusmands Pladser. Sætter 1/4 Miil fra Gaarden furreskoug til huusfornødenhed og Brendeveed skoug. 1 flomqværn, intet fiskerie. Ligger ved Søen 4 Mile fra Bergen temmelig til Korn, men maa samle sit Høe med stor besværlighed af utmarken. Saar havre 2 t. Afler 7 t. 8 Kiør, 2 Ungnød, 18 faar, 1 Hest. Lever af Qvægets afling og lit Brendeved, sampt undertiden furreveed at selge.» — 1959 var der 64,3 mål innmark, og fødnaden var 1 hest, 5 kyr, 4 ungfe, 11 sauer og 1 svin.


EIGARAR

1565 vart det opplyst i København at Erik Rosenkrantz ynskjer å makebyta til seg nokre gardar i Ama skipreide. Det var Eidsvåg, Øvre Eide, Elvik og Valestrand. Det er uvisst om dette var Elvik i Stamnes. 1626 vert det opplyst at garden høyrde til Gidskegodset. Det same vert opplyst 1648. Ein part av innegarden i Ytre-Bruvik og halve Straume høyrde og til dette godset, men 1655 og 1661 vert det opplyst at Elvik høyrer til Apostelgodset. Sist på 1600-talet vart garden seld fleire gonger. 1689 var Mons Kristofersen Hjermand eigar.

1692 åtte enkja etter Jonas Lillienschiold jorda. 1694 var fru Zitzell Kaas eigar. 1706 gav ho skøyte til brukaren. Om seinare eigarar, sjå under brukarsoga.


BRUKARAR

1303 vert Markus i Elleuiik nemnd som frende til Jon Lodinson i eit brev som gjeld overdraging av jord til Munkeliv Kloster. Brevet gjev ikkje fleire opplysningar om Markus enn det som her er nemnt.

1603-1620 var Jens brukar. 1611 var her og ein husmann som heitte Knut.

1630-31 heitte brukaren Johannes. 1638-1655 var Hans Knutsson brukar. Kona Marite og ei tenestegjente er nemnde i koppskattmanntalet 1645. Dei var dei einaste vaksne menneske i Elvik på denne tid, men 1657 ser det ut til at her er 3 brukarar, å døma etter husdyrmanntalet. Brukaren Olav hadde ein fødnad på 1 hest, 5 kyr, 1 kvige, 12 geiter og 12 sauer og betalte 5 1/2 mark 4 sk i husdyrskatt. Brukaren Baste fødde 1 hest, 1 okse, 6 kyr, 1 kvige, 10 geiter, 12 sauer, og betalte 6 1/2 mark i husdyrskatt. Brukaren Olav fødde 1 hest, 6 kyr, 1 kvige, 2 geiter, 20 sauer, og betalte 6 1/2 mark 4 sk. i husdyrskatt. Ein lyt ta eit visst atterhald når det gjeld desse opplysningane, då det kan tenkjast å vera feil i avskrifta. 1661 var her berre 1 brukar. Det var Olav Sjursson f. om lag 1630 g.m. Brita Olsdtr. 1664 hadde dei ein tenar Nils Eiriksson f. om lag 1642 og ein husmann eller kårmann Johannes Basteson f. 1603. Helge Hansson f. oml. 1652 er i manntalet oppførd som son til Olav. Han må i tilfelle vera stykkson.

Olav og Brita hadde desse born:

Sjur f. 1689 g. 1712 m. Brita Andersdtr. Eikefet, Hosanger.
Olav f. 1691. Brukar her.
Magne f. 1696.
Marta d. 1702.
Siri f. 1699 g. 1733 m. enkjemann Mons Johannesson Feten, Hosanger. Busett på Eikefet, Hosanger 1734.

Olav døydde 1701, og enkja Brita g. 2. g.m. Nils Øysteinsson Ratveit f. 1668 d. 1744.


1706 fekk han skøyte på garden og var den fyrste kjende sjølveigande på garden her. Brita f. 1655 d. 1741. Dei hadde ein son Olav f. 1702.


1716 bygsla Olav Olsson halve garden hjå stykkfaren Nils Øysteinsson. Olav f. 1691 d. 1741 var g.m. Marie Gudmundsdtr. Eikefet f. 1697 d. 1780. Marie var dotter åt Gudmund Feten, Eikefet i Hosanger. Då Olav var død flytte ho til Bukkstein og gifte seg med enkjemannen Olav Olsson på bruk 1.

Born:

Olav f. 1718. Brukar her.
Johannes f. 1719.
Brita f. 1723 g.m. Mons Hekland. Sjå Hekland bnr. 2.
Anna f. 1724.
Gudmund f. 1725. Busett i Holo Veo. Sjå Veo bnr. 5-7.
Marta f. 1727 g. 1751 m. Johannes Olsson Moldvik.
Guri f. 1731 g.m. Knut B. Meland, Bukkstein bnr. 1.
Inga f. 1737 g.m. Helge Larsson Dale, Hekland bnr. 2.
Sjur f. 1738. Brukar på Bukkstein bnr. 2.
Utanom desse borna var der 5 born som døydde små.


1742 skøyte til Olav Olsson frå mor og syskin, som var arvingar til jordepartar i garden. Dette skulle tyda på at far hans hadde fått skøyte hjå Nils Øysteinsson før han døydde, men dette skøytet har ein ikkje opplysningar om. Olav f. 1718 d. 1756 var g.m. Anna Olsdtr.

Born:

Nils f. 1746.
Marta f. og d. 1747.
Marie f. og d. 1749.
Brita f. 1751 d. 1771.
Marie f. 1754 g.m. Johannes N. Leiro. Busett Leiro.

Ved skiftet etter Olav vart jordegodset verdsett til 50 rdl., same sum som Olav hadde betalt for garden. Enkja Anna fekk halve garden, og døtrene Brita og Marie kvar sin fjerdepart.


1757 vart Jakob Johannesson Straume g.m. enkja Anna Olsdtr. Den halvparten av garden som døtrene åt Anna åtte, fekk Jakob bygsla. Jakob f. 1732 d. 1812, og Anna d. 1799.

Born:

Brita f. 1757 g.m. neste brukar.
Ragnhild f. 1758 d. 1771.
Ingeborg f. 1762 d. 1763.
Johannes f. 1768. Sjå nedanfor.
Olav f. 1764. Brukar her, på bnr. 1.

Johannes Jakobson Elvik f. 1768 var trulova med Anna Monsdtr. Øyo, men Johannes døydde like før bryllupet. Anna fekk ein son, Johannes f. 1793 Etter søknad fekk ho og sonen full arverett etter Johannes. Nettoen buet var vel 60 rdl. Anna vart sidan gift i Hesjedal.


1786 bygsla Gudmund Jakobson Kaland halve garden. Gudmund f. 1757 d. 1791 vart g.m. Brita Jakobsdtr. f. 1757. Ho åtte ein liten part i garden på 9/10 mark smør, som ho hadde ervt etter halvsystra Brita Olsdtr. Gudmund var lagrettemann 1790. I skiftet etter han 1791 var nettoen vel 98 rdl. Jordegodset på 9/10 mark smør vart utlagt til enkja. Den andre ervingen var sonen Knut f.1786. Han busette seg 1820 i Strusshamn. Brita gifte seg omatt. Sjå nedanfor under bnr. 2.


BRUK 1

Gamalt løpenr. 35. Nytt løpenr. 564. Gamal landskyld 1 pund (24 merker) smør. 1838: 1 dalar 20 sk. 1886: 3,27 skm. 1924, etter at bnr. 3 var skilt ifrå, 3 skm. 1863 hadde bruket 6 5/12 mål åker. 2 1/4 måt var god, 11/2 mål middels, resten ring. Bøen var 32 4/5 mål. 6 4/5 mål var god bø, like mykje middels god, og resten ring, Sånad 5 t. havre, 3 t. poteter. Avling 20 t. havre, 12 t. poteter. 764 våger høy, 140 våger halm. 290 våger høy i slåttene. Fødnad 1 hest, 8 kyr, 3 ungfe, 29 småfe. Kan selja ved og tømmer for 10 spd. årleg netto. Lyng, beit og skav til 2 kufor. Fødnad 1875: 1 best, 5 kyr, 2 ungfe, 18 sauer, 13 geiter, 1 gris. Fødnad 1956: 1 hest, 3 kyr, 5 sauer. Jordvidd: 25 mål innmark.

1959: 25,8 mål innmark. Fødnad 3 kyr, 2 ungfe, 8 sauer, 1 svin.


1791 skøyte til Olav Jakobsson frå faren og broren Johannes. Olav hadde sjølv arva ein del i garden, og åtte no 1 pund 3/10 mark smør, verdsett til 160 rdl. Kårbrev til foreldra vart tinglese samstundes med skøytet. Olav f. 1764 d. 1845 g. 1793 m. Marta Knutsdtr. Simenes f. 1768 d. 1848.

Born:

Marta f. 1793 g. med Johannes Olsson Moldvik. Busette på Skår.
Marta f. 1795.
Anna f. 1797 g.m. Nils O. Grøsvik, sjå Grøsvik bnr. 3.
Knut f. 1800. Brukar her.
Jakob f. 1803.
Johannes f. 1805. Brukar på Kvåstad bnr. 2. Sjå nedanfor under plasset Gjelæ.
Gudmund f. 1808. Brukar på Eikefet bnr. 1.
Ragnhild f. 1811.
Olav f. 1814 d. 1864 g. 1842 m. Marta Olsdtr. Rivenes, busett Rivenes.


1825 skøyte til Knut Olsson for 120 spd. og kår til foreldra. Knut f. 1800 d. 1847 vart g.m. Brita Andersdtr. Dyvik bnr. 1 f. 1804 d. 1857. Ved skiftet etter Knut vart buet verdsett til 400 spd. Nettoen i buet var 388 spd.

Born:

Marta f. 1827. G.m. Knut J. Salhus. Brukar her.
Anna f. 1829. Sjå Husfolk.
Marta f. 1832 d. 1854.
Kari f. 1841 g. 1861 m. Ole O. Mellesdal.

Enkja Brita var g. 2. g. m. Anders Olsson Skjelde, Hosanger. Han var enkjemann. Dei hadde ikkje born.


1848 skifteskøyte til Marta Knutsdtr. g.m. Knut Jakobson Salhus. Mor hennar skulle ha kår.

Born:

Ragnhild f. 1848 g.m. Ole Nilsson Remme, Alversund.
Knut f. 1851. Brukar her.
Marie f. 1853 g.m. Nils J. Kallestad, sjå Kallestad bnr. 2.
Jakob f. 1860. Brukar her.
Ole f. 1865. Busett i U.S.A.
4 born døydde små.

Knut døydde 1869. Han drukna ved Elvikaskjeret, der båten kvelva sterk austavind. Knut hadde vote ærend til Grøsvik. Ved skiftet fekk enkja bruket utlagt for 450 spd. Marta f. 1827 d. 1908 g. 2. g. m. Mons Magneson Kallestad bnr. 2 f. 1844 d. 1898. Dei hadde ein son, Knut, f. og d. 1870.


1873 skøyte til Knut Knutsson frå stykfaren for 178 spd. og kår. Knut f. 1851 var g.m. Guri Johannesdtr. Kallestad bnr. 2 f. 1842 d. 1907. Dei busette seg seinare i Vimmelvik, Haus.

Born:

Knut f. 1872 d. 1959, g.m. Inga Johannesdtr. Farestveit d. 1957. Busett U.S.A.
Brita f. 1873 d. som barn.
Johannes f. 1874 d. 1957. Busett i U.S.A. g.m. Anna Eidsnes d. 1950.
Marta f. 1876 d. 1900. Ugift, busett U.S.A.
Brita f. 1879. Busett Nord-Dakota, U.S.A.
Inga f. 1881. Busett Nord-Dakota, g.m. N. E. Orvik, d. 1962.
Ingeborg Marie f. 1882 d. 1917, g.m. Ole Rossland, d. 1930. Busett U.S.A.
Jakob f. 1885 d. 1949, g.m. Anna Sigberg, d. 1958. Busett Canada.
Magne f. 1887. Busett i U.S.A. Var med i 1. verdskrigen under stridane i Frankrike sumaren 1918. G. 1. g.m. ei amerikansk dame. Fleire born. G. 2. g.m.
Julie Marie Kalland bnr. 8 f. Ås, sjå Stamnes bnr. 23.
Martinus f. og d. 1891.
Martinus f. 1895. Busett U.S.A. G.m. Brita Vimmelvik.

Martinus var med i 1. verdskrigen, men ikkje i Frankrike.


1893 auksjonsskøyte til Gudmund Johannesson Vedå bnr. 5 for kr. 2.405. Gudmund f. 1885 var g.m. Karoline Johannesdtr. Vedå bnr. 2 f. 1870. Sonen Ole var fødd her 1893. Då garden vart kravd att på odel, flytte Gudmund til Fossmark. Seinare kjøpte han gard i Ølen.


1895 skøyte til Jakob Knutsson for kr. 3.300,—. Jakob f. 1860 d. 1952 var g.m. Anna Knutsdtr. Romarheim f. 1865 d. 1954.

Born:

Kalmar f. 1898 g.m. Inga Nilsdtr. Farestveit. Gardbrukar, busett Remme, Alverstraumen. 3 born.
Klara Marie f. 1899 g.m. vegvaktar Mons Sandal, Kallestad.
Minni Signora f. 1901 g.m. gardbrukar og bygningsmann Ragnvald Morken, Manger. Seinare busett U.S.A.
Melvin Reinhart f. 1904. Anleggsarb. g.m. Ingeborg J. Toskedal bnr. 2. Busett på bnr. 2, der dei driv ein biteig av garden.
Magnus Bernhard f. 1906. Vegarb. Busett Mellesdal. G.m. Hildur Steinsland f. 1915. sjå Mellesdal bnr. 1.
Oskar Johannes f. 1908. Skogsarb. Busett Gammersvik.
Alvilde Emelie f. 1912 g.m. neste brukar.


1937 skøyte til Knut Andreasson Holme for kr. 4.500,—. Knut f. 1904 i Vik, Stamnes er g.m. Alvilda Emelie f. 1912.

Born:

Ester Andbjørg f. 19**, g.m. Knut Heimvik, Hosanger.
Åshild Borgny f. 19**, g.m. Magnus Kleiveland, Hosanger.
Jakob Andreas f. 19**.
Agnar Kåre f. 19**.


BRUK 2

Gamalt løpenr. 36. Nytt 565. Gamal skyld 12 merker smør. 1838: 2 ort 22 sk. 1886: 1,65 skm. 1863 hadde bruket 4 4/5 mål åker. 2 1/2 mål var god åker, 1/2 mål middels og resten ring. Bøen var på 15 5/12 mål. 4 måt var god bø, 2 2/3 mål middels, resten ring. Sånad 4 t. havre, 2 1/2 t. poteter. Avling 15 t. havre, 7 t. poteter. 372 våger høy, 105 våger halm. 160 våger høy i slåttene. Lyng, beit og skav til 1 kufor. Fødnad: 3 kyr, 3 ungfe, 31 småfe. Kan selja ved for 3 spd. årleg netto. 1956: Fødnad: 2 kyr, 1 hest, 7 sauer. 1959: 31,5 mål innmark. Fødnad: 1 hest, 2 kyr, 2 ungfe, 3 sauer.


1792 bygsla Olav Knutsson Mellesdal f. 1765 d. 1815. Han gifte seg 1792 med enkja Brita Jakobsdtr.

Born:

To born døydde små.
Anna f. 1795.
Siri f. 1798 d. 1856.

Siri og Ivar Askjelsson Romarheim hadde ei dotter, Marta f. 1832.


1805 skøyte til Nils Johannesson Leiro frå faren m.fl. Nils var son åt Marie Olsdtr. Elvik g.m. Johannes Nilsson Leiro. Marie hadde fått utlagt 1/4 av garden, 9 merker smør, i skiftet etter faren. Noko ervde ho etter systra Brita som døydde 1773, og 1792 hadde Johannes fått kjøpt ein part på 9/16 merker smør hjå enkja Brita Jakobsdtr. Elvik. Då det vart skift etter Marie 1797 åtte buet 12 merker smør, som vart utlagt til enkjemannen og 3 søner.

Dei gav då skøyte til medarvingen Nils 1805. Kva tid han tok parten i bruk, veit me ikkje, men truleg var det 1816, same året som det vart tinglyst vilkårsbrev til enkja Brita Jakobsdtr. Nils f. 1791 d. 1846 var g.m. Marie Eiriksdtr. Eide bnr. 1 f. 1791 d. 1864. Ved skiftet etter Nils vart jordegodset verdsett til 190 spd. Nettoen i buet var vel 267 spd.

Born:

3 born døydde små.
Johannes f. 1819. Sjå nedanfor.
Eirik f. 1822. Brukar her.
Marie f. 1823. Sjå nedanfor.
Gjertrud f. 1826.
Olav f. 1831 d. 1848 v/ulukke.
Kari f. 1832 fekk ein son Johannes f. 1863. Faren, Knut Jakobsson Eide bnr. 2 f. 1837 d. 1865.


1847 skifteskøyte til Johannes Nilsson for 190 spd. Johannes var busett på Farestveit og dreiv ikkje bruket sjølv.


1847 bygsla Eirik Nilsson. Same året vart det tinglyst vilkårsbrev til mora. Eirik var g.m. Brita Knutsdtr. Mellesdal bnr. 1 f. 1823. 1857 fekk dei kjøpa bruket som Brita var frå og flytte då til Mellesdal.

Born — sjå Mellesdal bnr. 1.


Omlag 1857 pakta Hans Jakobson Otterstad f. 1829 og kona Marie Nilsdtr. f. på dette bruket 1823.

Born:

Jakob f. 1853 d. 1954, brukar Otterstad bnr. 4, Modalen.
Nils f. 1860.
Marie f. 1863 d. 1865.
Marie f. 1866.
Johannes f. 1869 d. 1870.


Seinare pakta Knut Olsson Elvik og kona Marta Olsdtr. 1875 fødde dei 4 kyr, 2 ungfe, 8 sauer, 9 geiter, 1 gris, og sånaden var 31/2 t. havre og 4 t. poteter.

Born:

Brita f. 1877-.
Ole f. 1879-.

Begge var fødde her.


1875 skifteskøyte til Nils Johannesson Farestveit for 260 spd. og kår til faren Johannes Nilsson f. på d. bnr. 1819, g.m. Inga Bertina Johannesdtr. Farestveit og busett der. Nils f. 1858 d. 1944 var g. 1. g. 1879 m. Kari Johannesdtr. Mo, St., f. 1861 d. 1887.

Born:

Johannes, busett U.S.A.
Inga f. 1881 d. 1882.


Nils g. 2. g. m. Brita Eiriksdtr. Kallestad f. 1853 på plasset Sandal, d. 1954.

Born:

Inga f. 1889. Sjå nedanfor.
Erik f. 1891 d. 1923.
Ole f. 1893 d. 1895.

Erik drukna i Eidsfjorden 1923 saman med Nils Gammersvik og Olav Mellesdal.


1939 skøyte til Inga Kleiveland for kr. 2.000,— og kår til foreldra. Inga er g.m. Elias Nilsson Kleiveland f. 1893 i Hosanger. Elias var g. 1. g.m. Malena f. Kleiveland, og har frå 1. ekteskap 2 born:

Norvald g.m. Astrid f. Kleiveland, gardbrukar på Kleiveland.
Ester g.m. Oskar Lundval, busett i Oslo.


BRUK 3

Bruksnamn: Bjørkeli. Skilt frå bnr. 1 1924. Skyld 27 Ore. Bruket har 7 mål innmark. Ikkje utmark, men beiterett til husdyra i utmarka. Til bruket høyrer litt vedskog. Fødnad 1956: 1 ku, 2 sauer. Jordmonnet er blandingsjord med mykje skarv. 11959 var her 7 mål innmark. Ingen husdyr.

Her var før eit plass kalla Steinbogen. Om lag 1887 kom Ole Eiriksson og kona Helene Askjelsdtr. hit frå Gammersvik. Dei hadde butt hjå hennar folk i Porsmyr, og stova som stod der, vart no sett opp på Steinbogen. Ole fødd i Sandalen på Kallestad 1857 d. 1945 og Helene f. 1851 d. 1936.

Born:

Sigrid f. 1880, g.m. matros Edvard Håland frå Hamre. Busett i Bergen.
Brita f. 1881, g.m. Nils L. Gammersvik, sjå Gammersvik bnr. 3, d. 1911.
Anna Gurine f. 1884. Busett i Bergen, g. Sunde.
Askild f. 1886. Farmar i U.S.A., d. 1918.
Johanna f. 1889, g.m. linjearb. Anders Håland frå Hamre. Busett i Oslo. 2 born.
Erik f. 1891. Brukar her.
Henrik f. 1894. Utvandra til U.S.A. 1915. Fall som amerikansk soldat i Frankrike 1918.
Brita f. 1881 og Hans Takvam hadde dottera Ida f. 1900, sjå Ytre-Bruvik bnr. 35, 36 og 37. G.m. Anton Bruvik.


1924 skøyte til Erik Olsson for kr. 2500,—. Han er småbrukar og fiskar, f. 1881, g.m. Brita Knutsdtr. Mellesdal, bnr. 2, f. 1890, d. 1963.

Born:

Aslaug f. 1924. Fabrikkarb. Bergen, g.m. H. Gravdal.
Målfrid f. 1927, g.m. styrmann Nils Økland, busett Bergen.
Olav Henry f. 1928. Styrmann. G.m. Cesilia Askeland, Haus. Busett Bergen.


Bruket har 7 mål innmark. Ikkje utmark, men beiterett til husdyra i utmarka. Til bruket høyrer litt vedskog. Fødnad 1956: 1 ku, 2 sauer. Jordmonnet er blandingsjord med mykje skarv. I 1959 var her 7 mål innmark. Ingen husdyr.


PLASSET GJELÆ

Johannes Olsson Elvik, bnr. 1, f. 1805 og kona Kari Andersdtr. Dyvik, bnr. 1, kom hit frå Mo, St., i 1840. Johannes fekk bygsla to utmarkstykke, Olderholo og Steinbogen, av bror sin, Knut Olsson (bnr. 1). Dette plasset kalla dei Gjelæ. I 1852 flytte Johannes med huslyden til Kvåstad bnr. 2. Steinbogen vart seinare teken opp att, sjå bnr. 3.

HUSFOLK

Kring 1830 budde Sjur Davidson Skauge frå Lindås og kona Marie Olsdtr. Grøsvik, bnr. 3, f. 1803 her. Dei flytte seinare til Lindås.

Born:

David f. 1830.
Marta f. 1831, g. 1868 m. Halvor Olsson Leivestad.


Ivar Askjelson Romarheim og Siri Olsdtr. Elvik f. 1798 d. 1856.

Barn:

Marta f. 1832, g. 1864 m. småbrukar Steffen Olsson Eikangerli 1835-1908.


1851 vart Haldor Jakobson Salhus g.m. Anna Knutsdtr. Elvik bnr. 1 f. 1829 d. 1854.

Barn:

Knut, f. 1852.


Hans Jakobson Elvik budde her då han døydde 1871, 44 år gamal.


Jon Andersson Myr frå Lindås og kona Gunbjørg Ivarsdtr. Eide bnr. 3 f. 1830 budde her då dei fekk borna

Ivar f. 1852 og
Anders f. 1853.


Ole Olson Kleiveland og Kari Jakobsdtr. Myster bnr. 3 f. 1867.

Barn:

Jakob, f. 1886. Kari vart g.m. Magne Johannesson, Salhus.


Gulleik Monsson Stamnes bnr. 2 f. 1831 budde på sine eldre dagar i ei stove som stod på nordsida av Elvik-vika, tett ved sjøen. Han var kramkar, og dreiv dessutan nokre år skjelhandel på Lofoten. Skjela kjøpte han i Stamnes. Han kjøpte og skinn på Finnmark og selde i Trondheim. Gulleik døydde ugift 1910. Der var dødsbuauksjon etter han, og huset, som hadde standardverk i førstehøgda og tømra andrehøgd, vart kjøpt av Johannes Leiren og sett opp i Kallvik bnr. 2, der det er i bruk enno.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy