Føreord

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band III


FØREORD


      Gards- og ættesoga for Stamnes sokn er ein del av det bygdebokverket som Vaksdal bygdeboknemnd har til oppgåve å gje ut. Bygdeboknemnda har sidan 1945 .vore ei kommunal nemnd. Den tid heitte heradet Bruvik. Det vart utskilt frå Haus herad 1870 og femnde om dei to kyrkjesoknene Bruvik og Stamnes, som hadde vore eige prestegjeld frå 1868. Heradet fekk ei tredje sokn 1911, då Dale sokn vart utskild frå Bruvik sokn.

      Den kommunale bygdeboknemnda hadde opphavleg 12 medlemer, 4 frå kvar kyrkjesokn. Nils Dyvik, Lars Gammersvik, Einar Eide og Anton Salhus var valde for Stamnes sokn. Ole J. Fosdal, Anders Vaksdal, Erik Stavenes, Olaf Rimmereide var valde for Bruvik sokn. Ole I. Hesjedal, Nils I. Hesjedal, Arnfinn Nygård og Arthur Stavenes var valde for Dale sokn. Seinare vart talet på nemndmedlemer sett ned til 9, 3 frå kvar sokn. Omframt dei som er nemnde ovanfor, har desse vore med: Ole Torkelsen og Konrad Ulevik frå Bruvik sokn, Sigurd Fotland og Johan Takvam frå Dale sokn. Arthur Stavenes har heile tida vore formann og Einar Eide varaformann i nemnda. Ole J. Fosdal var kasserar til han døydde 1954. Etter den tid har heradskasserar Lars Rasdal ført rekneskapen.

      1964 vart heradsgrensene regulerte. Den delen av Bruvik sokn som låg på Osterøy, så nær som Blomdalsgardane, vart innlema i Osterøy herad. Det som var att av det gamle Bruvik herad fekk i staden Bergsdalen og Eksingedalen. Dei hadde før høyrt til Evanger og Modalen herad. Den nye kommunen fekk namnet Vaksdal, og bygdeboknemnda vedtok 1964 namnebyte for å få samsvar med heradsnamnet. I nemnda er det no 6 medlemer: Arthur Stavenes, formann, Einar Eide, varaformann, Lars Gammersvik, Sigurd Fotland, Magne Hesjedal og Konrad Ulevik.

      Då den kommunale bygdeboknemnda vart skipa 1945, var det alt lagt eit grunnlag for bygdebokverket ved samlar- og granskingsarbeid i fleire år. Noko av dette tilfanget var prenta i «Soga um Stamneskyrkja» 1936 og «Bruvik, kyrkjor og kristenliv 1608 - 1867 - 1937». Sokneråda og soknestyra var utgjevarar, og dei hadde fått lokalhistorikaren Joh. Lilleskare til hovudforfattar. I desse skriftene var der og utgreiingar av Einar Dyvik og Anton Salhus.

      Omlag på same tid fekk bygdefolket kjennskap til noko av det store samlar- og granskararbeidet åt Nils O. Langhelle. Han var fødd på Langhelle i Bruvik sokn, men var busett i Bergen og var overkonduktør på Bergensbana. I mange år nytta han all si fritid til gransking i Statsarkivet i Bergen og Riksarkivet i Oslo. Han samla eit stort tilfang frå kyrkjebøker, matriklar, pantebøker, skifteprotokollar, tingbøker og andre arkivseriar. Nokre av granskingsresultata sine la han fram i eit foredrag, «Streif av Bruviks historie gjennem 300-årsbolken 1600-1900». Dette foredraget vart halde på ålmannamøte på Dale 17/1, Vaksdal 15/2 og Bruvik 2/5 1937. Mykje bygdefolk møtte fram, og høyrde den kloke og grundige utgreiinga. Det var ålmenn semje om at Langhelle hadde lagt grunnlaget for ei bygdebok, og at arbeidet måtte førast vidare fram. Det vart gjort opptak til å skipa ei bygdeboknemnd. Lærar Johannes Leira vart vald til formann. Både han og broren, lektor Andreas Leiro, var ihuga samlarar. Dei arbeidde ut ein plan for ei bygdebok og spyrjelister for ymse emneområde. Tanken var at medarbeidarar i dei tre soknene skulle samla inn tilfang og arbeida ut manuskript til ymse bolkar i boka. Overkonduktør Langhelle arbeidde med ættesoga, og hadde ført dette arbeidet langt fram då han døydde våren 1945. Bruvik bygdeboknemnd overtok Langhelles manuskript og samlingar 1950. Noko seinare vart tilfang som var innsamla til den ålmenne soga innlema i det kommunale bygdebokarkivet. Det aller meste hadde Johannes Leiro, John Dale, Andreas Dæmring og Ole Gammersvik skrive opp.

      Den kommunale bygdeboknemnda gjorde vedtak om å tilsetja redaktør til å stå for det vidare arbeidet. Årlege løyvingar på heradsbudsjettet og tilskot frå Bruvik sparebank gav det økonomiske grunnlaget for vedtaket. 1954 vart det gjort avtale med Brita og Ivar Skre om at dei skulle ta til som redaktørar frå 1 /7 1956. Dei har for det aller meste arbeidt på deltid. Helse- og arbeidstilhøve har gjort at dei ikkje har fått ofra så mykje tid på bygdebokarbeidet som ein kunne ynskja. Arbeidet med å skipa til arkivet og arbeida ut manuskript har difor strekt seg over eit lenger tidsrom enn ein rekna med frå fyrst av. Me vonar at tilhøva vil liggja betre til rette for arbeidet med dei banda som står att.

      Redaktørane har freista gjennomføra ei arbeidsdeling. Ivar Skre har gjort det meste av innsamlingsarbeidet på gardane. Brita Skre har skipa til arkivet og sett opp storparten av manuskriptet. Ivar Skre har sett opp manuskript for Vik, Dyvik, Furnes, Verpelstad og ein del av Straume. Han har gjennomgått alle manuskript før dei vart sende til prenting og har hatt ansvaret for korrekturlesinga. Han har og hovudansvaret for biletbolken i boka.

      Nemnda og redaktørane sette opp ein plan for bygdeboka som fell i to hovuddelar: Ei ålmenn soge frå dei eldste tider fram til notida, og ei gards-og ættesoge delt på fleire band. Gards- og ættesoga for Stamnes vil verta den tredje i serien, av di gardane bør stå i den rekkjefylgja dei har i matrikkelen. Praktiske omsyn har gjort at redaktørane ynskte å setja opp manuskriptet for gardane i Stamnessokna fyrst.

      Soga om kvar einskild gard er sett opp etter ein mønsterdisposisjon frå Norsk Lokalhistorisk Institutt. Me vil takka instituttstyraren, dr, philos. Rolf Fladby, professor Andreas Holmsen og dosent Halvard Bjørkvik for verdfulle råd. Halvard Bjørkvik har gjennomgått Langhelles samlingar og kome med framlegg til supplerande arkivarbeid. Me takkar Riksarkivet, Statsarkivet i Bergen, Nordhordland sorenskrivarembete, Bruvik kommune og Bruvik prestegjeld for at dei stelte arkivtilfang til rådvelde. Avskrivingsarbeidet er utført av Kåre Bjerke, Ebba Jansen, Leif Berggreen, Mary Bruvik og Mary Dankertsen. Konservator Egil Bakka ved Historisk Museum, Universitetet i Bergen, registrerte fornfunn i Bruvik 1956. Ein kopi av registreringa vart send til bygdebokarkivet, slik at ein omtale av fornfunna kunne koma med i gards-soga. Bileta i boka er for det meste flyfoto, tekne av Widerøe's Flyveselskap A/S. Oversynskartet er teikna av Vaksdal kommuneingeniørkontor. Det meste av manuskriptet er tala inn på lydband som Mary Dankertsen har skrive av. Alle desse medarbeidarane vil me takka på det beste. Me vil også takka J. W. Eides Boktrykkeri A/S for godt arbeid og hyggeleg samarbeid.

      Bygdebokarbeidet har hatt eit solid økonomisk grunnlag, takk vere løyvingar frå Bruvik kommune, Vaksdal kommune og Bruvik Sparebank. Bruvik. Sparebank har og teke på seg å distribuera boka innan bygda. Me takkar for all velviljen som dei løyvande instansane har synt.

      Sist, men ikkje minst, vil me takka alle dei bygdefolka som har synt gjestmilde og gjort teneste som heimelsmenn for redaktørane under innsamlingsarbeidet. Redaktørane har vitja så å seia alle gardane i det gamle Bruvik herad, og folk har svara på ei mengd spørsmål, både skriftlege og munnlege. Dei har og kontrollert manuskript og kome med supplerande opplysningar. Nemndmedlemene frå Stamnes, Nils Dyvik, Einar Eide og Lars Gammersvik, har hatt hovudansvaret for denne kontrollen, og dei fortener ei serskild takk for arbeidet sitt.

      Det er vårt ynskje at bygdeboka, etter kvart som ho vert ferdig, vil auka den historiske interessa og styrkja dei banda som bind folket til ætt, gard og bygd.

Dalekvam

Follebu

i november 1965


Arthur Stavenes Brita og Ivar Skre
nemndformann redaktør
Personlege verktøy