Føreord Modalen

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Modalsboka band I


FØREORD


1 januar 1960 valde Modalen heradstyre denne sogenemndi: Sivert Almelid, Nils A. Flatekval, Magne Vetlejord, Bjarne Jak. Nygard og Knut Moe. Føremålet var at nemndi skulle ta opp arbeidet med ei bygdebok.

      Men på førehand hadde Sivert Almelid og Johannes A. Lavik arbeidt for denne saki. Dei var interesserte i soga åt bygdene sine og folket, og dei ville gjerne ta vare på mykje av det som heldt på å koma bort. Det var sjølvsagt at Sivert Almelid vert formann i nemndi. Han var oppglødd for arbeidet og gjorde mykje for å skaffa det tilfang som trongst. Han fekk avskrifter frå Riksarkivet i Oslo og frå Statsarkivet i Bergen.

      Hausten 1963 hadde sogenemndi eit møte i heimen til Sivert Almelid. Til dette møtet var òg innkalla lektor Andreas Leiro, Sigmund Lillejord og Eilef Steinsland. Desse tre hadde på førehand lova å vera med om arbeidet med bygdeboki. Nemndi gjorde vedtak om at boki skulle omfata dei gardane som då var Modalen herad. Ho skulle vera på 2 band, det eine med ålmenn bygdesoge, og det andre med gards- og ættesoge. Leiro skulle skrive bygdesoga, Lillejord og Steinsland skulle skrive gards- og ættesoge.

      Leiro kom vones før i gang med sitt arbeid. Men sumaren etter vart han sjuk og fekk ikkje høve til å gjera meir med det. Men Lillejord og Steinslend fekk halde fram med gards- og ættesoge. Og det er ho som no ligg føre. Når det gjeld gardssoge, har Steinslend skrive om dei fleste gardane i Mo-sokni, og Lillejord om dei i Eksingedelen. Når det gjeld ættesoge, her dei to vore samen om arbeidet.

      Hausten 1965 tykte Sivert Almelid at han laut seie frå seg å vera formann i nemndi. Olav Ferestveit vert vald inn i hans sted. Men då var arbeidet kome i godt gjenge, og det var lett å halda fram.

      Sogenemndi vil takke alle som har hjelpt til med boki. Men her kan me berre nemne nokre: Lars Schjærven her gjeve bokskrivarane mange pålitelege opplysningar. Magnus Mikkelsen har gjort godt arbeid i arkivet. Og skulestyrer Oskar Farestveit har skrive heile manuskriptet på maskin, og hjelpt til med å skriva om gardane Nipen og Dyrkolbotn. Dette vil me takke dei for. Me vil og takke prenteverket for all hjelp og rettleiing, og for makelaust tolmod.

      Men fyrst og sist vil Modelen sogenemnd tekke bokskrivarane, Sigmund Lillejord og Eilef Steinsland. Dei gjorde vel at dei tok på seg oppgåve. Det ligg fleire år med slit og omhugsam gransking attom dette arbeidet. No har dei fullført det. Me tykkjer et dei her gjort Modalen og Eksingedalen ei stor teneste, og me takker dei for alt.


For MODALEN SOGENEMND

Olav Farestveit



Til minne om ætter
som, fór;
til maning for deim
som etter kjem
      Det vart ei lang og mødesam onn me fekk då me tok på oss arbeidet med gards-og ættesoga for heimbygdi vår. Og mange gonger kjendest det som me hadde teke oss vatn yver hovudet, for me var bade ukunnige og urøynde i slikt arbeid. Men det var ikkje lenge fyrr arbeidet fengsla oss og fekk slik makt yver oss at me gløymde møda. Me Ievde oss saman med folket og bygdi frå ættled til ættled, so for oss vart arbeidet ei rik oppleving. Gjev at boki kunde gjeva noko av den same oppleving hjå dei som les, som arbeidet gav oss!       So takkar me alle som hev hjelpt oss med arbeidet. Takk til sambygdingar og alle andre som synte velvilje og hjelpte oss med opplysningar! Takk til Sogenemndi, som leit arbeidet på oss, og fyrst og fremst til formannen Olav Farestveit. Han hev gjenge gjenom heile manuskriptet og vore utrøyttande til å samla opplysningar der noko vanta, og skipa alt til og felt det saman so det vart bok av det. Han hev og lagt siste hand pa korrekturlesingi, og for oss var det ei god trygd å vita at han såg yver alt fyrr det gjekk til prentings.
Bokskrivarane
      I fleire år har Bygdebok for Modalen herad band 1 vore utseld, men etterspurnaden har halde fram. Difor vedtok Modalen sogenemnd å gje ut boki ein gong til.
      Denne utgåva er eit opptrykk etter fyrsteutgåva frå 1976. Men ein del nye opplysningar er komne med, og feil som var i fyrsteutgåva, er no retta.
      Dette arbeidet har Bjarne Jak Nygard og Magne Vetlelord gjort.
Blomsterdalen 1984
For Modalen sogenemnd
Olav Farestveit

© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy