Føreord band II

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 18:01, 18 november 2010 by Reveka (Talk | bidrag)
(skil) ←Eldre versjon | Vis noverande versjon (skil) | Nyare versjon→ (skil)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band II


FØREORD


      Gards- og ættesoga for Dale sokn er band II av Vaksdal Bygdebok. I dette bandet har ein teke med dei gardane som låg innanfor grensene åt Dale kyrkjesokn 1911-1967 og 4 gardar sør for soknegrensa, gnr. 1, 2, 3 og 19. Dei andre gardane i den sørlege delen av kommunen, gnr. 7-18, vil koma i band I, som er under arbeid.

      Band III, Gards- og ættesoga for Stamnes sokn, kom ut 1965.

      I det utførlege føreordet i band III er det gjort greie for arbeidet med Vaksdal Bydebok fram til 1965. Føreordet gjev også eit oversyn over kva for kjelder som har vore nytta. Kjeldetilfanget for band II og III er i hovudsak det same. Oversyn over det prenta tilfanget vil ein finna i lista over forkortingar.

      I gardssoga for gnr. 22 Dale er det teke med ei utgreiing som ein av brukarane, John Dale, skreiv i åra 1940-1942. Dette er eit viktig kjeldeskrift som etter avtale med ervingane er prenta uendra.

      Arbeidet med band II har vore i gang sidan 1967. Bygdeboknemnda har i perioden 1967-1974 hatt desse medlemer: Einar Eide og Lars Gammersvik frå Stamnes sokn, Gunvor Bjørsvik, Oddmund Faugstad og Konrad Ulevik frå Vaksdal sokn, Johan Takvam, Sigurd Fotland, Magne Hesjedal og Arthur Stavenes frå Dale sokn. Dei tre sistnemnde har saman med sekretæren Nancy Romslo stått for kontroll av manuskript og innsamling av supplerande opplysningar.

      Redaktøren har arbeidt på deltid, dei fyrste åra i 1/4 post, sidan 1972 i 1/2 post. Mary Dankertsen var sekretær til 1970, då ho vart avløyst av Nancy Romslo. Maria Seim avløyste Lars Rasdal som kasserar 1971.

      Vaksdal kommune har ved årlege løyvingar gjort arbeidet og utgjevinga mogeleg. J. W. Eides Boktrykkeri har stått for prentinga.

      Me vil takka alle medarbeidarar, nemnde og unemnde, før velvilje og godt samarbeid. Ei serskild takk til alle bygdefolk og andre interesserte som har sendt inn bilete og gjeve opplysningar. Diverre har berre ein del av tIlfanget fått rom i dette bandet. Me vonar likevel at den samling av fakta som denne boka inneheld kan vera til hugnad og nytte for lesarane.

Dalekvam

Elverum

i april 1974


Arthur Stavenes, Brita Skre,
nemndformann redaktør



© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy