Farestveit

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Modalsboka band I


Gards og ættesoge for Farestveit.



Gnr. 80 Farestveit


Innhaldsliste

Innleiing

Garden ligg 10 km frå sjøen og 97 m yver havet. Han er so å seia flat og 1 km lang.

Langs heile garden glid Storelvi framom, stundom blå og venleg, speglande av både himmel og fjellprofilar, men stundom gulgrøn og mektig. Dalen opnar seg her mot nordaust og vest, og difor held fjelli seg noko undan i dei leiene, men elles er dei heller nærsøkne. I aust stig Kalsåsen ende opp, og attom han Sesskarberget og Oksabotn. I sør ligg Heiane, Klauæ og Mittoberget. I nord stengjer Kammen, og vidare mot aust Klumpane og Stortungsgavlen.

Den tronge dalen og dei høge fjelli gjer at soli er borte om vinteren. Inst på garden vert ho so vidt synleg 6. februar når ho strålar fram vest for Dabmolsknoltane, men fyrst 10. mars flyt ho yver fjelli slik at ho når heile garden. Det er ikkje underleg at folk hev gjeve soli smør når ho atter byrja å verma i veggene. Denne skikken hev halde seg like til vår tid.

Dei fyrste skriftlege oppteikningane om garden finn ein i Bjorgynjar kalfskinn. Der er namnet skrive Faraldzthuæit. I 1563 heiter det Faristhuedt, i 1620 Farrestued, i 1667 Farristved og i 1723 Farristvet. No er skriveformi Farestveit, men folk i bygdi seier helst Farstveit.

Skrivemåten frå mellomalderen syner at namnet er samansett av ordi farald og tveit. Om dette seier Oluf Rygh: «1 ste Led farald n. som i oldnorsk Prosa kun forekommer i forbindelsen: på hvilken Maade, ved hvilken Befordring, Sted, hvor man kan komme frem, Vei. Navnet har uden tvil Hensyn til at herfra udgaar den gamle Fjeldvei fra Modalen til Flatekval i Eksingedalen og videre til Voss».

Amanuensis Frøysadal meinte at namnet kunne ha samanheng med at på denne garden fôr folk yver elvi når dei skulle oppetter eller nedetter dalen.

Andre lekken i namnet syner at garden er gamal. Tveit tyder eit jordstykke som ligg for seg sjølv, eller ei grassletta i skogen. Magnus Olsen meiner at tveit-gardane stort sett sikkert går attende til vikingtidi, men dei kan og vera eldre. Namnetolkingane til Rygh og Frøysadal tykkjest båe vera rimelege. Eitt er i alle høve sikkert: Den 12 km lange fjellyvergangen millom Farestveit og Flatekvål er ein gamal veg. I kristen tid vart dette kyrkjevegen for folket i midtre Eksingedalen. Her vart borni borne når dei skulle til skirsla i kyrkja på Mo, og her måtte ung og gamal fara når dei skulle til den siste kvila. Gravferdsdagen vart dei avlidne førde til Likhaugen og sette inn i Likhaugløa. Næste dag vart dei førde til Mo. I eit brev frå 1667 skriv soknepresten til Hammer, Anders Garmann, litt om kor tungvinne desse gravferdene kunne vera fyrr det kom kapell med gravstad på Flatekvål i 1620-åri. I dei 200 fyrste åri etterpå drog prest og klokkar denne vegen når det var messa på Flatekvål. Her ferdast mange andre òg, handelsmenn, skreppekarar og omvankande reisefylgje.

Rett nedfor husi på Farestveit var eit vade, og her låg det óg båt i elvi. Vegen vidare nedetter dalen gjekk yver Øyjordi, det tidlegare Sollid, gjenom Sollidneset og til Almelid.

På andre sida av elvi, bortanfor Farestveit-garden ligg Vaulurdi. Det er ei av dei største urdane i Hordaland. Mykje tyder på at ein stor del av urdi er komen ned i ny tid. Forteljingane om at der ein gong var lider med beitande buskap tykkjest vera heilt pålitande.

Farestveit hev grensor mot gardane Øvre Helland, Flatekvål, Almelid, Nedre Helland og Straume. Grensa mot Øvre Helland byrjar der Merkestibekken renn ut i Storelvi. Ho fylgjer so bekken opp i Sesskaret, gjenom Sesskarslåtta, opp Berget til ein gamal varde på Vardafjellet. Her byrjar grensa mot Flatekvål. Ho går mot sørvest oppe på fjellet til midt for Storvatnet, svingar deretter tvers yver vatnet og opp i Øykjafjellsnovi. Her sluttar grensa millom Farestveit og Flatekvål. Grensa mot Straume byrjar på Tovmyllsfeti, fylgjer Gaubotselvi opp i Gaubotn og går vidare til høgste fjellkammen i austleg retning, der ho møter grensa mot Nedre Helland. Bytet går so mot sørvest til Kvitafjellsnovi, der det ligg ein stein oppå ein annan. Dette er merket millom dei tri gardane Farestveit, Nedre Helland og Almelid. Grensa millom Farestveit og Almelid er alt nemnd.

Farestveit ligg ikkje utsett til korkje for flaum eller skredor. Men i storflaumen 1743 gjorde likevel elvi stor skade. I tingbok for 1743-48 står det: «Aar 1744 den 30. juni indfant jeg meg medbringende Deres Exelense Stiftamtmans Monchlærs skriftlige resolution datert 6 Marty sistleden angaaende Klage fra oppsidderne paa Gaarden Farrestuedt ved vandløb och Elvebrud och desslige tilligemed de af Laugmændene paa Fogden Rasmus Smidts vegne». Vidare heiter det: «Da denne gaard Farrestuedt ved Elvebrud overgangne sted bliver 18 mrk. smør at aftage udj Skatteskyld och 2 vaager næver aftage udj Landskyld saa at intægtene i ovennevnte Gaard af indtægt ansat til 1 1/2 L. smør bliver den nu ikkun 1 L. 18 mrk. smør, och istedenfor 1 L. smør och 12 vaager næver i Landskyld bliver den nu ikkun 2 pd. 12 mrk. smør och 10 vaager næver».

Brukarane på garden hadde søkt om å få skatteskyldi nedsett, og det vart ho.

I 1563 var Farestveit berre eitt bruk, men etter som tidene gjekk, vart det fleire menn på garden. Åkrar, heimeteigar og utmarkstykke vart delte opp, og dei vart mange og små på kvart bruk. Den fyrste utskiftingi vart haldi i 1832. Dette var vel helst ein grensegang som skulle stadfesta dei gamle byti mellom dei mange heimeteigane. Teigdelingi ser det ikkje ut til at det vart gjort noko med. Dei same åkrane vart sådde år etter år, mann etter mann. Fleire generasjonar brukte både Langåkeren, Gobmoråkeren, Smiåkeren og mange andre til korndyrking, og seinare til potetdyrking.


Heimehøyet vart slege langs åkerreinor, på steinute engteigar og på små træe. Både Storatræet og Vetlatræet var opphaveleg slike træe. Kvar mann hadde hevdvunnen rett til å gå yver annan-manns jord på visse stader for å koma fram til sine eigne åkrar. På 1800-talet vart vel nokre av åkrane større, men det var ikkje alle som kunne utvidast. Ein mann hadde gjerne sin åker midt inne i engteigen til grannen. Difor vart både åkrar og engteigar for det meste liggjande som dei hadde gjort.

I 1900 vart det teke utskifting på heimebøen. Det var då 8 bruk på garden. Teigane er teikna inn på utskiftingskartet med kvar sitt nummer, frå 1 til 376. No fekk kvar bonde samla i ein teig den jord som luten skulde ha, men nokre av dei gamle vegrettane kom til å stå ved lag. Det var for at bøndene framleis skulde koma fram til ymse utmarkstykke som dei åtte. Dette galdt til 1967. Då vart det teke utskifting på den sams hamnehagen og ein del av utmarki.

Dei gamle, hevdvunne arbeidsmåtane heldt seg i fleire år etter utskiftingi, men smått i senn vart nye åkrar tekne opp og gamle lagde att. Gobmoråkeren vart den siste. Han låg open til siste krig. Utyver i 1920-30-åri vart det meir fart i nydyrkingi, men det var ingi lett sak å leggja nytt land under plogen. Jordsmonet ymsa noko. Sume stader var det djup moldjord som ein kunne setja plogen i, men for det meste låg det ei hard, steinblanda aurhella under torvene. Bøndene måtte pikka. Det var ingi onnor råd, og pikka gjorde dei, seint og tidleg. Smått gjekk det, og mødesamt var det. Digre steinrøysar voks opp og dekte det oppbrotne stykket. Dei som sat med gard i dei åri, visste kva det ville seia å bøya ryggen i strid mot ei hard og uviljug moder jord. Men bøane vart oppdyrka, og bøndene kunne driva på ein meir tidhøvande måte.

På heimebøen var det faste hesjar. Då den nye tidi kom, vart hesjane òg moderniserte, men dei heldt seg lenge på dei faste plassane sine. Dei hadde kvar sine namn, ofte oppattkalla etter staden dei stod på, men i slutten av 30-åri byrja dei faste hesjane å verta borte. Teig- og åkernamni heldt seg likevel godt i lang tid, endå om staden vart omsnudd både ein og fleire gonger. Ettersom generasjonane frå fyre 1930-åri kvarv, vart og mange av desse namni borte i daglegtalen, men sume er enno i bruk, serleg dei som på ein eller annan måte hev tilknyting til noko i landskapet.

Fyre utskiftingi i 1900 hadde garden den opphavelege tunskipnaden. Husi på alle dei gamle lutane låg tett saman i ei klyngja. Folki kunne stå i sine eigne dører og tala saman. Det vart i alt mange bygningar, om ikkje nett so store, og staden vart difor ogso kalla «Byen». Dette stortunet låg på Brekko. Lars-husi står no på den gamle tunstaden. Vegen gjekk då omlag som no, og bygningane låg på båe sidor. Bakkastova låg lengst mot aust og nett nedanfor vegen. Ho låg soleis på båe sidor av det noverande bytet mellom Bakka-luten og Lars-luten. Sjølve stova låg i vestre enden av huset, so kom døræ, vetlestova og buæ. Vetlestova var eldst, fyrste gongen oppsett i 1656. Uthusi låg på oppsida av vegen, løa med fjøs under. Skytja stod med eine enden heilt i vegen. Ho var ålmenn samlingsstad for heile garden.

Knut-Ola-stova låg òg nedanfor vegen og litt lenger mot vest. Her vende stova mot aust, so kom døræ, vetlestova og buæ. Yver vetlestova var det ei liti ark, og på nedsida ein svalgang. Vetlestova vart oppattsett og står i dei noverande Knut-Ola-husi, og den gamle svalgangen er innreidd til kammers. Uthusi låg ovanfor vegen, og løa låg vegg i vegg med Bakkaløa.

På Troppe-luten var bunadshus og uthus bygde i eitt. Det var ein lang bygning på oppsida av vegen. Stova låg i vestre enden, so kom døræ og buæ, og deretter fjøset og løa. Troppe-husi var det einaste som hadde kjellardør. I dei andre husi var det ei luka i golvet frå stova eller buæ. Dessutan hadde dei slik ei framifrå god kjelda i kjellaren. Det var noko eige med denne kjelda. Ho låg alltid og klukka. I eldre tid hadde denne luten ein bygning der stova stod oppå floren, og med ei høg tropp ned. Dette er opphavet til namnet.

Eilevhusi stod langs vegen på nedsida. Bygningen var låg. Stova vende mot aust, so kom døræ, vetlestova og buæ. Uthusi låg nedanfor bunadshusi, floren inst, løa ytst.

Botn-Ola-husi stod nedanfor Knut-Ola-husi. Stova vende mot aust, so vetlestova og bu. Det var lem over heile bygningen, og ark ut frå vetle stovelemen.

Botn-Ola-floren stod nett nedfor Eilev-floren, berre eit smog i mellom.

Lars-husi stod nedom Botn-Ola-husi. Stova var ytst, so døræ, vetlestova og buæ. Stovetaket var høgare enn taket på resten av bygningen. Lars-floren stod vest for bunadshusi, litt lenger oppe. Han vende i nord-sør.

Storatræhusi låg på Storatræet, omlag 250 m lenger aust enn stortunet. Bunadshus og uthus var ein samanhangande bygning. Stova vende mot aust, so døræ og buæ med ei liti ark yver, og deretter floren med løa oppå. Dei nye bunadshusi står på dei gamle tuftene.

Vetlatræhusi stod i Vetlatræet, nedanfor vegen og 20-30 m vest for steingarden. Stovebygningen låg øvst. Floren med løa oppå låg nett nedanfor.

Etter utskiftingi 1900 vart husi på Farestveit flytte dit dei no er.

Frå gamal tid hev bruki på Farestveit vore delte i to: todeilar og tringar. Dei opphavelege todeilane var Bakkaluten og Knut-Ola-luten. Tringane var Larsluten, Botn-Ola-luten og Eilevluten. Denne delingi var i alle høve fast gjennomførd i 1834, men sikkert ligg det ei mykje eldre deling attom. Todelingi kjem tydeleg fram på mange område, både når det gjeld fjellvidder, stølar, beiterettar, hopaskog og anna. Frå det gamle tunet på Brekko gjekk det to gangstigar ned til Storelvi. Den eine vart kalla Todeilsvegen og den andre Tringsvegen.

I Jordeboki frå 1590/91 står det: «Aff Sollid Frelse i Kalfskind, fritold 8. hvert år». Sollid er og nemnd fleire stader i kyrkjerekneskapane frå 1585-98. Det høyrer då til Hamre prestebord under Farestveit, men hev ikkje buande mann. Sollid hev sikkert lege på dei flate vollane på solsida av dalen, tvers yver for Farestveit, det som no heiter Øyjordi. I nærleiken ligg Soliåsen, Solilii og Solistølen. Dei gamle, attlagde åkrane er enno godt synlege. For nokre år sidan låg det steinrøysar ved åkerreinone. I 1920-åri vart noko av markene opp-pløgde. Då synte det husgrunnar etter bunadshus med eldstad, likeeins murar etter uthus. Bygningane hev lege omlag der Jakobløa no står. Det hev sikkert butt folk på Sollid fyre svartedauden. Kvifor garden vart avfolka, og kva tid dette hende, veit me ikkje. Dei veldige steinane på Øyjordi syner at fjellet attanfor hev vore ein upåliteleg granne. Etter som tidene gjekk, vart teigblandingi på Øyjordi større og større. Høyet måtte berast frå dei mange småteigane til løone som stod nokso samla. I 1924 vart det teke utskifting, og kvar lut fekk det stykket som dei hev no. Fyrr gjekk vegen midt etter Øyjordi. No vart det bygt veg oppe under uri. Alle, so nær som Storatræ måtte flytta løone sine.

I oppteikningar frå 1723 står det at garden hadde «2 Flomkverner». Desse kvernane hev sikkert stade i Kvednhuselvi. På 1800-talet hadde kvar lut si kvern der. Då var dei 7 i talet. Kverni på Eilevluten stod nedst, nokre meter ovanfor Skarvet. So kom Botn-Ola-kverni og Bakkakverni. Lars-kverni stod litt lenger oppe, ved nedste enden av Hatlehola.

Storatræ-kverni stod på Kvednhushaugen, og Troppe-kvern stod litt nedanfor Svåi. Der Stølselvi bryt or Storvatnet, var det sett ei demma. På den måten kunne bøndene regulera vassføringi, so dei fekk kvernavatn og kunne mala når det høvde. Botn-Ola-kverni og Knut-Ola-kverni stod i mange år etter at dei andre var tekne ned. Botn-Ola-kverni «gjekk» under krigen 1940-45. Då slipesteinane kom i bruk, vart det sett opp sliper attmed fleire av kvernhuri.

Som alle andre i dalen måtte Farestveitbøndene mykje lita på markaslåttone. I jordbruksteljingi frå 1863 er det nemnt kor stor del av foret som kom frå markaslåttone. Attåt det vart det og brukt noko «Surogatfoder», slikt som skav, mork og beit o.a. I 1863 var dette foret verdsett til eit halvt kufor for kvart bruk. Farestveit hadde ikkje serleg gode markaslåttor, til det var viddene for små. Alle fire Todeilane hadde slåtta med løa i Sesskaret. Dei Knut-Ola, Bakko og Storatræ hadde og slåtta med løa under Almane. Troppe-luten hadde ei tilsvarande slåtta under Krædna. Todeilane, so nær som Storatræ, hadde og slåtta på Floto. Troppeluten og Storatræ hadde kvar si løa i Midttoi. Bakkaluten hadde to løor i Hjedlane. Elles hadde Troppeluten og Knut-Ola-luten kvar sine løor på Grobroti, og Storatræ hadde ei løa i Storvatsbotn. Når det galdt Tringane, hadde Botn-Ola-luten to løor i Fjellkråi, ei under Edni, ei i Furebotn og ei i Klauabotn. Dei hadde slåtta på Tødna og i Stølsmarki og. Dei Lars hadde fire løor i Gaubotn og tri i Åsane. Eilevluten hadde løa i Klauabotn, under Grauri, i Varmestova, to slåttor med løor i Novi og ei i Stølsmarki. Til kvar løa høyrde det eit visst tal hesjar. Dei skulle fyllast 2-3 gonger for sumaren. I dei fleste slåttone vart hesjane nedlagde om hausten.

Elles hadde kvart bruk utamed-teigar, der det var gras å finna. Oppe under fjellsidone og i verste skredlendet vart det slege. Det fanst knapt den staden der folk ikkje kom til med stuttorven, so sant der voks grøne strået. Dette høyet vart bore eller drege heim om sumaren. Der det var ville fjellet utfor, brukte folk roddor og sende graset utfor på den måten. Etter 1920 vart det vanleg å bruka løypestrenger. Dette vart ein stor lette, og det vart sett opp strenger på båe sidor av elvi. Den lengste gjekk frå Rossmuss-leitet og ned på Sagabrotet. I heimeløone var det sett av eit visst rom til brukstålet.

Markaslåttone vart slegne fullt ut til etter 1920. Sidan minka det av, men heilt nedlagde vart ikkje desse slåttone fyrr etter 1945. Turr-året 1933 var markaslåttone gode å ty til. Det året vart det jamvel slege i Glyfso, ein stad der ingen hadde bore ljå i dette hundreåret.


Farestveit hev aldri hatt mykje fureskog. I 1723 heiter det at garden hev «Brænde og Furuskov til Husbehof». Det var vel berre med naudi at fureteigane gav nok tømmer når nokon skulle setja opp bunadshus. Det finst i alle fall døme på at dei i slike høve måtte kjøpa fura på andre gardar. Heile Gangelii var «hopaskog». Der hogg dei når dei skulle ha tømmer til noko som garden var saman om, når Storebrui skulle vølast o.l. Dette var ei ordning som heldt seg heilt til utmarki vart utskift. Men vedaskog var det på garden, både til eige bruk og til sal. Lostebjørkene vart saga opp i høveleg lange strangar, og so vart dei fløytte til Mo. Farestveit var den øvste garden som fløytte veden gjennom dalen. Når elvi var so stor at ho flaut bortom Rotaholmen, var det vatn nok til å fløyta. Stokkane hadde lett for å setja seg fast i Rekio, so der måtte alltid stå einkvan og passa på. Det var bumerke på strangane. Dei vart samla opp og dregne til lands på Mo. Der stod bøndene nede i fjøra og saga og kløyvde. Då løypestrengene kom, vart det teke mykje ved ned på dei. Strangane gleid so lett når det var valleslette eller regn.

Garden hadde sams heimehage til buskapen. Han var medels god heiter det i matriklane. Løysingstidi var helst siste dagane i mai, men retta seg noko etter våren og høyløysa. Kyrne vart sleppte på Bakken, nett innom garden. Der kjæta dei seg ei stund fyrr dei drog opp i liane. Det var vanleg å buføra syftesok. Todeilane hadde kyrne sine på Todeilstølen, Tringane hadde sine på Solistølen. Det var alltid slikt liv når Tringane buførde. Fyrst skulle kyrne heimom Garden og yver Storebrui. Dette gjekk ikkje heilt stilt for seg. Karane kommanderte og gaula, og kyrne rauta. Det hende og at kyr gjekk utfor brui og lukt i elvi. Ikkje betre var det når bølingen skulle opp lii. Der var det so bratt, at kom ei ku på kant, visste ein aldri kvar ho stogga. Men som regel laga det seg til slutt. På stølane var det sams stova, men kvar lut hadde sitt eige sel til mjølki. Budeione gjekk heim kvar vyrkedag so nær som fredagen. Rjomen bar dei heim. Den mjølki som vart til overs, vart dregi i stempor og teki heim ved høve. Solistølen var lun. Her var det godt å vera både for folk og fe om veret vart surt. Todeilstølen var kald. Han låg høgt og utan livd. I torever måtte budeione prøva å halda buskapen borte frå Trollavatsfjellet. Ein sommar vart 12 kyr slegne i hel av lynet medan dei gjekk og beitte der. Det var ofte lite mat for alle dyri i heimehagen. Difor vart kyrne jaga i Sesskaret. Der var dei ei veke vår og haust. Det var lang stølaveg, men budeione spøta medan dei gjekk. Dei kjende stegi i Sesskarlii. Om hausten vart kyrne jaga Nordom. Då måtte budeione i båt.

I 1868 fekk Modalen offentleg løyve til å ta opp ein kyrkjegard til. I eit møte den 8. februar 1869 gjorde soknestyret dette vedtaket: «Til at bestride den omhandlede Bekostning bevilges 1 Spd. 1 Ort, 18 Skilling på Mo sogns Matrikkelskyld (pr. Skylddaler) og inkasseres af Fogden». Den nye gravstaden vart lagd til Farestveit. Han vart vigsla 9. august 1869 av sokneprest Lieske, og fekk namnet Fredens bolig. Sidan er kyrkjegarden utvida to gonger, fyrste gongen i 1908. Den nye delen vart då innvigd av prost Marstrander og sokneprest Johan Lavik. Den delen som seinare vart attåtlagd, vart innvigd av vikarierande sokneprest Vik.

Rekneskapane og jordebøkene frå 1590/91 til 1712/14 syner at bruki på Farestveit i den tidi var kyrkjegods. Frå 1712 kjem det ein tidsbolk då det ikkje går klårt fram kven som eig jordi. Ein veit ikkje sikkert om bygselbrevi er skrivne ut etter oppdrag frå kyrkja. (Jfr. brukarrekkja). I bygselbrevet av 30/10 1738 frå Reiter Jacob Steensen til Gullik Olsen Farestvedt er det ført til: «Hammer Prestebol». Ein finn ikkje skøyte, korkje til eller frå dei som i denne tidi gav bygselen til brukarane på Farestveit. Det er truleg at dei som skreiv ut bygselbrevi var formidlarar for kyrkjegodset. Etter at Hosanger vart skilt frå Hammer i 1750, er det sokneprestane som hev gjeve bygselen. Slik var det til 1832/34, då brukarane fekk kjøpa jordi og vart sjølveigande bønder.


EIGARAR.

1624: «Hammers Presteb. Årlig ledningsudgift 9 mrk. smør 3 kalvskind».

1647: «Hammers Prestebord eier alt. 1 Løb smør hele gården».

1661: «Hammers Prestebols gotz». Sameleis 1718.

1750 vart Hosanger utskilt frå Hamre til eige prestegjeld, og dei gardane i Modalen som høyrde til Hamre presteb., vart no lagde til Hosanger presteb.

1832-1834 fekk bygslarane på Farestveit kongeleg skøyte på bruki sine mot ei årleg jordavgift på 7 skjepper 2 fjerdingkar bygg for kvart av dei minste bruki og 1 tunna 1 skj. 2 fjk. for det største. Kjøpesummen var frå 180 til 300 spd. etter storleiken på bruki. Sidan hev bøndene på Farestveit vore sjølveigarar.


Skyld og utreidslor.

Gamalt matrikkelnr. var 53. Frå 1838 hadde bruki løpenr. frå 197 til 203. No hev Farestveit gardsnr. 80.

1590/91 var skyldi 1 laup smør. 1627-1633 er garden førd med 2 laupar, men i 1644 atter med 1 laup.

1667 i matr. er skyldi sett til 1 1. smør 12 våger never, som svarar til 1 1/2 1.sm. I matr. 1723 er ho sett til 1 1/2 1. og 12 mrk. sm.

1838, då skyldi vart rekna i pengar, fekk heile garden ei skyld på 6 dalar 3 ort 5 skilling, omgjort til 16 mark 39 øre i 1868, då markaskyld vart innført.


Fødnad, sånad og avling.

1657 fører Kvegskatten 3 mann med nokolunde jamstore buskapar, og ein med tridjeparten so stor fødnad. Tilsaman hev dei 3 hestar, 3 uksar, 3 kvigor, 18 kyr, 14 geiter og 25 smalbeist.

1667 i matrikkelen hev garden i alt 2 hestar og 32 naut. Sånaden er 8 tunnor havre som gjev 20 tunnor avling.

1723 i Matr. er fødnaden nøgnare opprekna. Dei 5 bruki hev då tils. 2 hestar, 24 kyr, 8 ungnaut og 48 smalbeist. Sånaden er då og 8 tun. havre som gjev 20 tun. avling.

1803. Oppgåvor i samband med avgift av all fast eigedom, «Jordavgiften»: Farestveit hev framleis 5 bruk, som tilsaman føder 32 «kreaturer og 40 får», og no sår dei 9 1/2 tun. og avlar 41 tunnor.

1845 er det 6 bruk på Farestveit, og fødnaden på heile garden er 6 hestar, 55 storfe, 68 smalbeist, 33 geiter, 3 griser.

1863. «Jordbrugsbeskrivelsen» hev svært fullstendige oppgåvor. Det er framleis 6 bruk på garden, og det er gjort framlegg til skyldsetjing for kvart bruk, som syner korleis dei er verdsette: Bruk 1: 2 dalar 1 ort 20 sk. Bruk 3: 1 d. 21 sk.. Bruk 4: 1 d. 1 o 1 sk. Bruk 5, 7 og 8 jamstore, kvart 1 d. 3 o 4 sk. - Tilsaman hadde dei: 52 mål åker og dyrka eng, av det 21 1/2 mål godt og 30 1/2 mål medels godt. 119 1/2 mål naturl. eng, av det 28 1/2 mål godt, 68 mål medels og 23 mål ringt.

Dei sådde i alt 26 1/4 tunna havre og 26 tun. potetor og avla 121 tun. havre og 130 tun. potetor, hausta 3810 våger eng, 1690 våger markahøy og 807 våger halm. Attåt det sanka dei 2 kufor «surogatfoder», beit og skav. 5 av bruki sel ved eller materialar for 1 spd. - Elles er det verdt å nemna at i verdsetjingi er det gjort frådrag for slike tilhøve som kan reknast for tyngslor på bruket. For bruki nr. 5, 7 og 8 er soleis rekna frådrag «for broers vedligehold» med 7 spd. på bnr. 5, 10 spd. på bnr. 7 og 12 spd. på bnr. 8. Og for bnr. 5 og 7 er rekna 2 spd. på kvart for «oversvømmelse». - Oppgåvor yver fødnader er soleis:


Gard Kyr Ungfe Hest. Smalbeist
Bruk 1 14 4 1 30 (Bruk 2 ikkje fråskilt enno).
Bruk 3 6 3 1 16
Bruk 4 7 4 1 16
Bruk 5 7 4 1 26
Bruk 7 7 4 1 26
Bruk 8 7 4 1 ? (Truleg utegløymt).
I alt 48 23 6 114


1875. I samband med folketeljingi er med desse tali: Det er no 7 brukarar på garden. (Bruk 2, Storatræet skilt frå bnr. 1). Tilsaman føder dei 48 storfe, 19 ungfe, 95 smalbeist (Hestar ikkje oppgjeve). Dei sår 27 1/2 tunna korn og 34 1/2 tunna potetor. (Avling ikkje oppgjeve).


1959. Etter «Norske Gardsbruk».


Bnr. 1: Dyrka jord 25 da, morenejord, udyrka 20 da, prod.skog 200 da. Fødnad: 1 hest, 5 storfe, 3 ungfe, 10 sauer, 1 gris.


Bnr. 2: Dyrka jord 19 da morene- og mold-jord. Anna jordareal 11 da. Prod. skog 100 da. Bustadhus bygde 1880, driftsbygningar 1911. Brt. 56.000 kr. Fødnad: 1 hest, 4 kyr, 2 ungfe, 1 gris, 9 sauer.


Bnr. 3: Dyrka jord 35 da mold- og morene-jord, utmark 400 da, skog 100 da. Bustadhusi ombygde 1905. Brt. 23.000 kr. Fødnad: 5 storfe, 3 ungfe, 5 sauer, 1 gris.


Bnr. 4: Dyrka jord 32 da moldjord, anna jordbruksareal 15 da. Prod.skog 300 da. Bustadhus bygde 1904. Todelstølen seter. Brt. 44.800 kr. Fødnad: 1 hest, 7 storfe, 4 ungfe, 15 sauer, 1 gris.


Bnr. 5: Dyrka jord 25 da moldjord, udyrka 15 da. Prod.skog 200 da. Bustadhus bygde etter utsk. 1905. Brt. 46.000 kr. Fødnad: 1 hest, 6 storfe, 3 ungfe, 10 sauer.


Bnr. 7: Dyrka jord 39 da moldjord, anna jordareal 20 da. Bustadhus bygde 1904. Brt. 140.000 kr. Fødnad: 1 hest, 7 storfe, 6 ungfe, 20 sauer, 1 gris.


Bnr. 8: Dyrka jord 35 da, anna jord 12 da. Prod.skog 300 da. Bustadhus bygde 1907. Brt. 45.000 kr. Fødnad: 1 hest, 6 storfe, 3 ungfe, 10 sauer, 1 gris.


BUSITJARAR

1563 er fyrste gongen me finn garden nemnd. Då heiter det i Lensregnskab: «Jakob po Faristvedt Leylendingsskat 1 daler». Meir får me ikkje vita om denne brukaren.


A. Jakob Farestveit.


1590/91. Jordebog hev no: «Mogens Farrestvedt 1 Løb». Dette er heile garden, og Mogens sit med bygsel fram til 1603/04.


B. Mons Farestveit.


1603/04. Skattemanntalet fører no 2 busitjarar, Elluf og Oluff Faristhued. Det er ikkje sagt kor stor part kvar brukar, men truleg hev dei kvar sin halvpart og skyldi er framleis 1 L. sm. Me veit ikkje noko om giftarmål eller born for desse brukarane heller. Me kan no føra kvart bruk for seg, og Elluf sit då med bruk 1, og Oluff kjem på bruk 3.


Bruk 1. Bakkaluten.

1: Eilev Farestveit. Han sit med bruket fram til 1611.


1611/12. Skattemanntalet hev no Lauritz Faresthued, og han sit med bygsel til 1618/19. Om han får me heller ingen opplysningar, men det kan vera hans son den Johans Laurson som i prestemtl. 1667 er kalla husmann, 55 år og hev sonen Johannes, 9 år.


2: Lars Farestveit.


1620/21. Skattemtl. fører no Johans, og han sit med bygsel til 1645. Me veit inkje visst om giftarmål og born, men det er truleg han som i Kopskatten 1645 er kalla husm. Johannes og hev kona Maren.


3. Johannes Farestveit. Truleg g. m.

Maria (Maren).


I garnisjonsskattmannt. 1633 er Farestveit førd med 2 L. sm. og kalla 1/1 gard (heil- eller full-gard), men i distribusjonsskatten 1644 er skylda atter førd med 1 L. for heile garden. Me veit ikkje grunnen til dette skifte i skylda.


1645: I kopskatten er Gullik Hansen no førd brukar, og han sit med bruket til 1668, og uvisst kor mykje lenger. Frå 1668 til 1691 vantar rekneskapar, so me kan ikkje vita visst kva år det var brukarskifte.


4. Gulleik Hansson Farestveit, f. 1615, d. 1677, g. m.

Karen (Kari).

Brn:

  1. Marite (Marta)
  2. Berete (Brita)
  3. Hans f. 1660, d. 1710. Sjå bruk 7 her!
  4. Knut f. 1663, g. 1691 m. Marta Nilsdtr. Farestveit. Sjå bruk 5 her!
  5. Kari f. 1664, d. 1688.
  6. Olav f. 1665, d. 1746. Sjå bruk 7 her!


1691: Futerekneskapen hev då Knut Andersson (Gamle-Knut). Han er og førd i manntalet 1701, og sat vel med bygsel til han døydde i 1707.


5. Knut Andersson Farestveit, f. 1630, d. 1707, g. m.

Ragnhild Olavsdtr. f. 1633, d. 1721.

Born:

  1. Olav f. 1672, d. 1693.
  2. Anna g. 1688 m. Knut Johannesson Ø. Helland, sjå Øvre Helland bnr. 1.


Enkja Ragnhild Olavsdtr. sit med bygsel til 1712.


1712: Askjell Knutson får bygselbrev frå Erich à. Møinichen på 1 sp. sm. 3 våger never. Det er truleg han som i skoskatten 1711 er nemnd fosterson til enkja Ragnhild Olavsdtr.


6. Askjell Knutson Farestveit, f. 1689, d. 1778, g.

1. 1712 m. Brita Johannesdtr., f. 1681, d. 1727,

2. 1729 m. Synneva Olavsdtr. Farestveit, bnr. 7, f. 1704, d. 1730,

3. 1732 m. Agata Ingebrigtsdtr. Hesjedal, f. 1688, d. 1743,
Agata var enkje med 1 dotter, Agata Simonsdtr.

Born:

  1. Inga f. 1713.
  2. Kari f. 1716.
  3. Anna f. 1718, d. 1718.
  4. Knut f. 1719, d. 1759, næste brukar her.
  5. Brita f. 1722, g. 1747 m. Olav Larsson Romarheim f. 1725, (Hb. Romarh. 23).
  6. Johannes f. 1725, d. 1734.
  7. Knut f. 1730.
  8. Synneva f. 1733.


1747: Bygselbrev frå asessor Steensen til Knud Askildsen på 18 mrk. sm. og 3 våger never.


7 . Knut Askjellson Farestveit, f. 1719, d. 1759, g. 1746 m.

Brita Monsdtr. Straume, bnr. 4, f. 1719, d. 1796.
Barnlause.


1760: Enkja Brita Monsdtr. gifter seg att med

8. Vermund Knutson N. Helland, f. 1727, d. 1823, g.

1. 1760 m. e. Brita Monsdtr. Farestveit, f. 1719, d. 1796. Ikkje born.

2. 1796 m. Kristbjørg Eilevsdtr. Lavikhaugen, f. 1747, d. 1832.
Ikkje born.

1792: Bygselbrev frå sokneprest Lihme til Olav Olavson Ø. Helland, på dette bruket 15 mrk. sm. 2 1/2 våger never, «før brugt av Wermund Knudsen».


9. Olav Olavson Farestveit, f. Ø. Helland bnr. 1 1757, d. 1798, g.

1. 1790 m. Anna Larsdtr. Lavik, bnr. 2 f. 1763, d. 1796,

2. 1796 m. Marta Johannesdtr. Steinsland, bnr. 2, f. 1760, d. 1834.

Born:

  1. Anna f. 1793.
  2. Wemen f. 1795, d. 1820, drukna i elvi.
  3. Knut f. 1797, d. 1839, brukar her etter mori.


1799: Bygselbrev frå sogneprest Blichfeldt til Niels Olsen Strømme, 15 mrk. sm. 2 1/2 våger never, på «følgende vilkår»:

1. Ekter han enken Marthe Johannesdtr.
2. Svarer kår til Wermund Knudsen og kone.
3. Svarer løbende skatter og avgifter».

Truleg godtek han dette, for bygselbrev får han.


10. Nils Olavson Straume, bnr. 2 f. 1752, d. 1819, g. 1799 m. enkja

Marta Johannesdtr. Farestveit, f. 1760, d. 1834.

Born:

  1. Olav f. 1802, d. 1802.


1832: 18/12. Enkja Marta Johannesdtr. får kongeleg skøyte på bruket. Kjøpesum 300 spd. og avgift til soknepresten i Hosanger 1 t. 1 pd. 2 skj. bygg.

Same året skøyte frå Marta Johannesdtr. til sonen Knut Olavson for 150 spd. og kår verdsett til 120 spd. for 5 år.


11. Knut Olavson Farestveit, f. 1797, d. 1839, g. 1820 m.

Brita Knutsdtr. Straume, bnr. 1 f. 1790, d. 1860.

Born:

  1. Marta f. 1820.
  2. Anna f. 1822, d. 1822.
  3. Olav f. 1824, næste bonde her.
  4. Anna f. 1827, d. 1827.
  5. Anna f. 1828, g. 1851 m. Hallvard Olavson Ø. Helland, sjå Øvre Helland bnr. 4.
  6. Nils f. 1830, d. 1830, tvilling.
  7. Knut f. 1830, d. 1831, tvilling.
  8. Kari. f. 1836, g. 1858 m. Hans Andersson Myster bnr. 2. Reiste til Minnesota U.S.A.
  9. Knut f. 1835, d. 1901, ug. bust. Nakka i Evanger.


1839: Skifte etter Knut Olavson. Bruket utlagt sonen Olav Knutson for 250 spd.


12. Olav Knutsen Farestveit, f. 1824, d. 1913, g. 1844 m.

Marta Andersdtr. Myster, f. 1823, frå bnr. 2.

Born:

  1. Brita f. 1845.
  2. Inga f. 1847, g. 1878 m. Knut Andersson Sekkenes f. 1855, smed, busett Klubben, Otterstad, seinare fl. til USA.
  3. Anna f. 1849, g. 1868 m. Helge Brynjelson Almelidneset, bnr. 6, bygsl. N. Helland, bonde i Nipen bnr. 2 og 1.
  4. Knut f. 1851, næste bonde her.
  5. Johannes f. 1853. Drog til Amerika i 20 års-alderen. Døydde tidleg.
  6. Anders f. 1856, g. 1883 m. Ragnhild Larsdtr. Almelid, bnr. 1 f. 1860, bust. Reime, Voss.
  7. Nils f. 1859, d. 1931, g. 1890 m. Inga Olavsdtr. Straume bnr. 2 f. 1867. Budde Nipen bnr. 2.
  8. Knut f. 1861, d. 1872.
  9. Marta f. 1864, g. 1892 m. Ole Knutson Moe f. 1858, bust. Ø. Helland, seinare Mo.
  10. Andreas f. 1870, skomakarforretn. Salhus, g. m. Maria Karlsdotter, 5 born.


1875: Skøyte frå Olav Knutson Farestveit til sonen Knut Olavson for 200 spd. og kår til 5 års verd 230 spd.


13. Knut Olavson Farestveit, f. 1851, d. 1920, g. 1875 m.

Inga Knutsdtr. Farestveit, bnr. 8 f. 1851.

Born:

  1. Knut f. 1875, næste bonde her.
  2. Malena f. 1877, d. 1969, g. 1906 m. enkem. 2. gong Johannes Rasmusson Nåmdal bnr. 3. Malena d. i Sauda hjå systeri, Marta. 2 born.
  3. Maria f. 1879, d. 1959, g. 1906 m. Knut Johannesson Nåmdal, bust. Eikanger, Lid, Lindås.
  4. Ole f. 1882, d. 1900, drukna i Tjødnane, Ø. Helland.
  5. Anna f. 1884, g. 1905 m. Olav Bergeson Steinsland bnr. 2-4.
  6. Brita f. 1886, d. 1958, g. 1915 m. Knut Hansson Hauge, bust. Lindås.
  7. Johannes f. 1889, d. 1894.
  8. Marta f. 1892, d. 1965, g. 1935g. 1935 m. Anders Krossvik f. 1877, d. 1950, bust. Sauda.
  9. Johannes f. 1894, bonde her etter broren Knut.
  10. Karl f. 1898, lærar i Modalen og i Bamble, g. 1928 m. Gunnhild Johannesdtr. Mostraum bnr. 2 f. 1903, bust. Bamble. 1 barn.


1907: Skøyte frå Knut Olavson Farestveit til sonen Knut Knutson for 3.000 kr. og kår til foreldri.


14. Knut Knutson Farestveit, f. 1875, d. 1960, g. 1904 m.

Agata Olavsdtr. Otterstad, bnr. 1 f. 1880, d. 1942.

Born:

  1. Åsmund f. 1905, sokneprest i Hafslo, Førde i Sunnfj. og Fusa, g. 1936 m. Margit Johannesdtr. Mostraum bnr. 2 f. 1905, bust. no Hetleflåt i Os. 4 born.
  2. Borghild f. 1906, ug., bust. Dymbe, Voss.
  3. Inga f. 1907, d. 1972, g. 1949 m. Edvard Bjørnetun, Voss, f. 1903.
  4. Olav f. 1910, d. 1999, g. 1945 m. Olga Gjerme, f. 1918, d. 1999, Voss, 3 born. Olav er bonde på Dymbe, Voss.
  5. Magit f. 1912, d. 2004, g. 1946 m. Jakob Rimstad, f. 1903, d. 1979, 2 born, bust. Haukeland.
  6. Kåre f. 1914, d. 2000, g. 1945 Astrid Kjos f. 1917, d. 2004, 1 barn. Kåre er stasjonsbetj. på Voss.
  7. Aslaug f. 1916, d. 1982, sjukesyster, g. 1951 m. Yngvard de Jong f. 1909, d. 1999, 2 born, bust. Oslo.
  8. Anna f. 19**, fullm., g. 1959 m. Harald Nerhus, 1 barn, bust. Bergen.
  9. Odd f. 1921, d. 1979, skulest. Palmafoss. Bulken, Voss, g. 1954 Guri Mæland, 4 born, bust. Gjernes, Voss.
  10. Helga f. 19**, g. 1949 m. Kåre J. Årdal, 3 born, bust. Haukeland i Haus.
  11. Johannes f. 19**, lok.førar, g. 1955 m. Aslaug Hamre, bust. Snarvegen 10, Minde. 1 barn.


Knut Knutson Farestveit var ei tid styrar i Mo Handelslag, flytta so til Voss og vart styrar i Voss Handelslag, seinare i Bulken Handelslag. Han selde garden på Farestveit til broren Johannes, og kjøpte seg gard på Bordalen på Voss. Dei 4 fyrste borni hans er fødde i Modalen, dei 7 siste på Voss.

Skøyte frå Knut Knutson Farestveit til broren Johannes for 6.000 kr. Knut flytte til Voss 1910, men ein hev ikkje funne årstalet for yverdragingi av garden.


15. Johannes Knutson Farestveit, f. 1894, d. 1970 g. 1920 m.

Anna Martinusdtr. Flatekvål, f. 1897, d. 1950.

Born:

  1. Karl f. 1921, næste bonde her.
  2. Margit f. 1922, d. 1970, g. 1946 m. Palmi Sigurdsson, d. 1969, bust. Hvammstangi, Island. 6 born, 5 lever.
  3. Godtfred f. 1924, d. 1924.
  4. Olav f. 19**, g. 1956 m. Marit Kristoffersdtr. Fauskanger, f. 19**, bust. Salhus. 5 born.


1949: Skøyte frå Johannes Knutson Farestveit til sonen Karl for 1.500 kr. og kår.


16. Karl Johannesson Farestveit, f. 1921, d. 2007, g. 1950 m.

Olga Ivarsdtr. Farestveit, bnr. 4, f. 1924, d. 2002.

Born:

  1. Artur f. 19**.
  2. Anne Irene f. 19**, g. 1972 m. Sigbjørn Mongstad. 2 born.
  3. Einar f. 19**, g. 1976 m. Irene Olavsdtr. Eide. 2. born.
  4. Magnar f. 19**.
  5. Knut f. 19**.


Bruk 2. Storatræet.

1844: Olav Knutson Farestveit bnr. 1 gjev festesetel til Johannes Knutson Farestveit på eit jordstykke, «for sig selv indgjerdet, Storetræet, samt en teig, Myrakerstykket, Øijordet m.fl.». Festepengar 90 spd. og 1 spd. årleg avgift. Johannes Knutson er son til Knut Olavson og Inga Olavsdtr. på bnr. 7, Botn-Ola-luten.


1. Johannes Knutson Farestveit, f. 1818, d. 1895, g.

1. 1838 m. Marta Knutsdtr. Farestveit, bnr. 1, f. 1820, d. 1873,

2. 1879 m. Marta Olavsdtr. Farestveit, bnr. 3, f. 1834, d. 1916.

Born:

  1. Brita f. 1838, d. 1918, g. 1. g. m. em. Nils Olavson Høvik, sjå Høvik bnr. 1.
  2. Inga f. 1841, g. m. Johannes Olavson Øvre Helland. Reiste til Kolve, Voss.
  3. Marta f. 1843, d. 1917.
  4. Anna f. 1845, g. m. Sjur Midtun, Vossestrand, 2 born.
  5. Knut f. 1848, d. 1891, vognmann, Voss, g. m. Maria Knutsdtr. Farestveit, 5 born.
  6. Johannes f. 1850, g. 1873 m. e. Anna Akselsdtr. Herheim, Vossestr. Ikkje born.
  7. Kristbjørg f. 1852, g. 1879 m. Anders Pedersen Kvarmestøl, Vossestr. f. 1855, bust. Kvarmestøl, seinare Rogne.
  8. Brita f. 1855, g. 1880 m. Ole Hansson Almelidneset, bonde her.
  9. Olav f. 1858, d. 1891, g. 1877 m. Gjørina Andersdtr. Homlebrekk f. 1847, bust. Homlebrekke, Vossestr. 6 born.
  10. Knut f. 1859, g. 1882 m. Olina Nilsdtr. Rishovde, 2 born. Dei pakta prestegarden på Voss og budde der.
  11. Anna f. 1862, d. stutt tid etter.
  12. Anna f. 1863, d. 1900, g. 1895 m. Olav Olavson Otterstadplasset, seinare bust. Nedre Helland bnr. 1.


1880: 19/4 er halde skylddeling på Farestveit bruk 1, som vert skift soleis: L.nr. 197 a Knut Olavson, skyld 1 d. 10 sk., rev. 1 d. 2 ort 23 sk.. Det er bruk 1. L.nr. 197 b Ole Hansson Almelid, skyld 2 ort 17 sk., rev. 3 ort 23 sk.. Dette vert bruk 2 med namnet Storetræet. Same dag gjev Knut Olavson skøyte på bruk 2 til Ole Hansson Almelid for 2.000 kr.


2. Ole Hansson Almelid, f. 1852, d. 1938, g. 1880 m.

Brita Johannesdtr. Farestveit, bnr. 2 f. 1855, d. 1935.

Born:

  1. Brita f. 1882, d. 1972, g. 1909 m. Anders Olavson Heimdal f. 1881, d. 1952, drukna i Steinslandsvatnet.
  2. Marta f. 1884, d. 1974, g. 1923 m. Lars Thomasen Hamre Leikanger, d. 1939, busett Leikanger.
  3. Johannes f. 1890, d. 1959. Næste bonde her.
  4. Hans f. 1892, d. 1976. Reiste i 1912 til USA, farmar. Var med i Frankrike under fyrste verdskrigen. Hardt såra. g. i Montana, busett i Miles City.
  5. Jakob f. 1895, d. 1981, g. 1917 m. Eli Andersdtr. Jakobsen, Bergen, f. 1888, d. 1970. Dreiv drosje- og transportforretning Voss. 2 born.
  6. Knut f. 1898, d. 1976, g. 1924 m. Anna Mikkelsdtr. Brakestad f. 1903, d. 1955. Transportforretn. Voss. 2 born.
  7. Anna f. 1901, g. 1938 m. Johannes Johannesson Ytrearne f. 1877, bonde og banevaktar, Tunes i Haus, d. 1961.


1917: Skøyte frå Ole Hansson Farestveit, f. Almelid, bnr. 3, til sonen Johannes Olsson for 500 kr. og kår.


3. Johannes Olsson Farestveit, f. 1890, d. 1959, g. 1917 m.

Brita Sivertsdtr. Hylland, f. 1888, frå Sogndal, d. 1981.

Born:

  1. Olav f. 1918. Lektor ved Bergen lærarskule, ordinert til prest, g. 1956 m. sjukesyster Aslaug Larsdtr. Liland f. 19**. Busett Blomsterdalen. 3 born.
  2. Hjørdis f. 19**. Avdelingssyster ved Betanien sykehus, Bergen.
  3. Bjarne f. 19**. Næste bonde her.
  4. Harald f. 19**. Økonomisjef i Oppegård, g. 1976 m. Oddny Helene Reiersen f. 19** i Eidskog. 1 barn, Jon Olav f. 19**. Busette i Kolbotn.
  5. Birger Johan f. 19**. Cand. lic. ved Landbohøyskolen i København, g. 1957 m. Else Rheinlender, busette København. 1 barn, Jan.


1954: Skøyte frå Johannes Olsson Farestveit til sonen Olav for 1.500 kr.


4. Olav Johannesson Farestveit, f. 19** g. 1956 m.

Aslaug Liland,Fana, f. 19**.

Born: Anne, Helge, Marit Helene.


1959: Skøyte frå Olav Johannesson Farestveit til broren Bjarne for 1.500 kr.


5. Bjarne Johannesson Farestveit, f. 19**, bonde og sosialsjef.


Bruk 3. Knut-Ola-luten.

1603/04: Skattemanntalet hev no to brukarar på Farestveit, Elluff og 0lluff. 0lluff vert fyrste busitjar på dette bruket som no hev bruksnr. 3.


1. Olluff Farestveit. Om han hev me ikkje opplysningar.


1611/12: No hev skattemannt. ny brukar her, Engelbregt, som sit med bygsel til 1642.


2. Engelbregt Farestveit. Om han hev me heller ikkje opplysningar. 1642: Dette året hev skattemannt. Aschild. Han er ogso førd i 1643.


3. Askjell Farestveit. Ikkje opplysningar.


1644: I den store kontribusjonsskatten er no førd Johannes her. I kopskatten 1645 heiter han Johannes Halvorsen, og hev kona Magdalene. Johannes er førd i skattemannt. fram til 1662, og brukar 1 sp. smør.

I 1644 er det kome ein tridje brukar på garden, Olle, og han sat med det bruket som no hev nr. 8. Den låge skylda her, 18 mrk., tyder på at bruk 8 er skilt ut frå bruk 3.


4. Johannes Halvorson Farestveit, g. m.

Magdalena.

Born:

  1. Hans f. 1655, d. 1701, g. 1686 m. Inga Magnesdtr. Langedalen, g. 2. g. 1701 m. Brita Sjursdtr. Krossen. Bust. Langedal bnr. 2.
  2. Kari, g. 1685 m. Magne Johannesson Mo.
  3. Kari, g. 1689 m. Lars Sjurson Krossen, sjå Nygard bnr. 1.


1663: Prestemannt. hev Nils på dette bruket, og han er førd i skattemannt. fram til 1668, og han sat truleg med bygsel her til han døydde 70 år gamal i 1685. Han drukna i elvi.

Me veit ikkje med vissa kven Nils var gift med, men det synest rimeleg at enkja Randi, som er gravfest frå Farestveit 1696, 70 år gamal, var kona hans.


5. Nils Knutson Farestveit, f. 1615, d. 1685, g. 1642-43 m.

Randi Farestveit, f. 1621, d. 1696.

Born:

  1. Kari f. 1643, g. m. Hans Larsson Farestveit bnr. 8.
  2. Anna f. 1644, g. 1671 m. Jon Jonson Kjenes, Ro i Evanger.
  3. Marta f. 1648, d. 1732, g. 1691 m. Knut Gulleikson Farestveit bnr. 5.
  4. Knut f. 1650.
  5. Jon f. 1657.
  6. Johannes f. 1664, g. 1691 m. Maria Brynjelsdtr. Tufte.

Sjå Bergo, Brukarar. 1694: Skattemanntalet for dette året hev Johannes som brukar 27 mrk. sm., og manntalet 1701 hev Johannes Nilsen. Den oppgjevne alderen høver ikkje plent med fødselsåret, men det er likevel all grunn til å tru at dette er yngste sonen til Nils Knutson.


6. Johannes Nilsson Farestveit, f. 1664, g. 1691 m.

Maria Brynjelsdtr. Tufte.

Born:

  1. Kari f. 1692.
  2. Agata f. 1695.
  3. Marta f. 1702, d. 1703.
  4. Nils f. 1704.


Etter at sonen Nils er fødd, finn me ikkje far etter Johannes Nilsson og huslyden hans på Farestveit. Det ser ut som dei er flytta frå bygdi.


1705: Bygselbrev frå madam salig Gaarman til Johannes Knudsen på 1 sp. smør og 3 k. malt. Han sit truleg med bruket til 1711.


7 a. Johannes Knutson Farestveit. Veit ikkje meir om han.


1711: Skoskatten fører Sjur Olsen på dette bruket. Han betalar skatt for seg, kona og to tenarar, Siri Larsdtr. og Ingeborg Jensdtr.

Sjur var frå Teiten eller Bjørndalen i Evanger, ein gard innanfor Århus i Teigdalen. Garden vart nedlagd etter at ei snøskreda tok husi der vinteren 1867/68. Sjur var bror til Lars Olsen Teiten, han som kjøpte Eiterdalen i 1713 og vart buande der.


7 b. Sjur Olavson Farestveit, f. Teiten 1683, d. 1714, g. 1710 m.

Magdalena Olavsdtr. Ro, f. 1688, d. 1720.

Born:

  1. Knut f. 1711, døypt i Evanger.
  2. Gulleik f. 1711, d. 1716, døypt i Mo.
  3. Knut f. 1713, skriven Roe i skm. 1749, so då bur han på Ro.


1715: Enkja Magdalena Olavsdtr. gifter seg att med Johannes Knutson Øvre Helland, og same året får han bygselbrev frå Erich å Møinichen på dette bruket, 18 mrk. sm. og 3 k. malt.


8. Johannes Knutson Farestveit, f. Ø. Helland bnr. 1 1695, d. 1747, g. 1715 m. e.

Magdalene Olavsdtr. Farestveit, f. 1688, d. 1720.

Born:

  1. Sjur f. 1716, d. 1738.
  2. Inga f. 1719, d. 1736.


1723: Matrikkelen hev Ole Knutsen på dette bruket. Han er bror til fyrre brukaren, og sit truleg med bruket til kring 1750.


9. Olav Knutson Farestveit, f. Ø. Helland bnr. 1, f. 1700, d. 1770, g. 1722 m.

Guro Larsdtr. N. Helland, f. 1699, d. 1789.

Born:

  1. Knut f. 1723, d. 1723.
  2. Knut f. 1726, næste brukar her.


1750: Me finn ikkje bygselbrev.


10. Knut Olavson Farestveit, f. 1726, d. 1814, g. 1749 m.

Agata Monsdtr. Steinsland, bnr. 3-5, f. 1724, d. 1781.

Born:

  1. Brita f. 1750, g. 1772 m. Haldor Olavson Ø. Helland, sjå Øvre Helland bnr. 3.
  2. Jakob f. 1752, g. 1790 m. Brita Andersdtr. Nipen f. 1763.
  3. Knut f. 1753.
  4. Olav f. 1755, d. 1763.
  5. Knut f. 1756.
  6. Barbro f. 1760, d. 1789. Barbro attg. 1795 m. Anders Johannesson Steinsland bnr. 2 f. 1765.
  7. Mons f. 1760, næste busitjar her.
  8. Guri f. 1763, g. 1791 m. m. Anders Olavson N. Helland f. 1759, bust. Nedre Helland, plassfolk.
  9. Ragnhild f. 1764, g. 1792 m. Olav Olavson Lavik bnr. 5.
  10. Olav f. 1767, bonde her etter broren Mons.


1787: Bygselbrev frå sokneprest Abel til Mons Knutson «på Knud Olsens brug 15 mrk. sm. 2 1/2 v. never».


11. Mons Knutson Farestveit, f. 1760, d. 1835, g. 1787 m.

Barbro Nilsdtr. Steinsland, bnr. 5, f. 1761, d. 1826.
2 born f. på Farestveit.

Born:

  1. Nils f. 1788, d. 1788.
  2. Mons f. 1789, busitjar på Steinsland bnr. 5.


I 1790 fekk Mons Knutson skøyte frå vermori Marta Johannesdtr. og medarvingane henner på Steinsland bnr. 5, og flytte då dit med lyden sin.


1790: Bygselbrev frå sokneprest Lihme til Ole Knutsen på dette bruket.


12. Olav Knutson Farestveit, f. 1767, d. 1839, g.

1. 1790 m. Brita Nilsdtr. Steinsland, bnr. 5 f. 1769, d. 1799,

2. 1801 m. Brita Olavsdtr. Nåmdal, bnr. 2 f. 1774, d. 1850.

Born:

  1. Knut f. 1791, fyrste busitjar på bnr. 4 her.
  2. Marta f. 1793.
  3. Nils f. 1795, d. 1795.
  4. Olav f. 1802, næste bonde her.
  5. Nils f. 1803, d. 1803.
  6. Nils f. 1805, g. 1842 m. Siri Godvinsdtr. Myking f. 1808. Bust. i Manger.
  7. Brita f. 1807, d. 1880, g. 1849 m. em. Hans Magneson N. Helland. Sjå Almelid bnr. 3.
  8. Marta f. 1810, g. 1839 m. Mons Rasmusson Nåmdal bnr. 1 f. 1810.
  9. Jakob f. 1814.


1833: Kongeleg skøyte til Olav Knutson på dette bruket, 15 mrk. sm. 2 1/2 v. never for 300 spd. og jordavg. til Hosanger prb. 1-1-2 skj. bygg.


1834: Olav Knutson skøyter halve bruket, 7 1/2 mrk. sm. 1 1/4 v. never, til eldste sonen, Knut Olavson, for 150 spd. og kår verdsett til 90 spd. for 5 år, dertil «forrentning» av jordavgift rekna til 45 spd., i alt 285 spd.. Det vert bruk nr. 4.

Andre halvparten skøyter han til andre sonen, Olav Olavson, for same pris og på same vilkår. Det vert bruk nr. 3.


13. Olav Olavson Farestveit, f. 1802, d. 1863, g. 1827 m.

Maria Olavsdtr. Nygard, bnr 3 f. 1802.

Born:

  1. Brita f. 1827, g. 1874 m. em. Johannes Nilsson Farestveit bnr. 5.
  2. Olav f. 1829, næste bonde her.
  3. Olav f. 1831, d. 1852, drukna i elvi ved fløyting.
  4. Knut f. 1833, d. 1834.
  5. Marta f. 1834, g. 1879 m. em. Johannes Knutson Farestveit bnr. 2.
  6. Knut f. 1837.
  7. David f. 1838, g. 1863 m. Inga Brynjelsdtr. Almelidneset bnr. 6 f. 1835.
  8. Brita f. 1841, ug.,bust. Farestveit.
  9. Eilev f. 1844, g. 1874 m. Inga Hallvardsdtr. Ø. Helland bnr. 3, busett Bungum, Arnafjord, Vik i Sogn.


1861: Skøyte frå Olav Olavson til sonen Olav Olavson.


14. Olav Olavson Farestveit, f. 1829, d. 1923, g. 1854 m.

Inga Andersdtr. Myster, f. 1828, d. 1909.

Born:

  1. Maria f. 1855, d. 1937, g. 1884 m. Brynjel Brynjelson Almelidneset bnr. 6, busett i Hesjedal, Stamnes bnr. 1.
  2. Inga f. 1857, d. 1885, ug.
  3. Olav f. 1860, næste bonde her.
  4. Brita f. 1864, g. m. handelstyrar Knut Kallestad, Stamnes.
  5. Nils f. 1870, d. 1926, ug., skreddar, bust. Farestveit.
  6. Olina f. 1874, ug., skreddar.


1893: Skøyte frå Olav Olavson til sonen Olav for 700 kr. og kår til foreldri og broren Nils, verdsett til 500 kr. for 5 år.
Foreldri held undan «Vetlebui» for seg.


15. Olav Olavson Farestveit, f. 1860, d. 1905, g. 1888 m.

Anna Knutsdtr. Farestveit, bnr. 8 f. 1867, d. 1940.

Born:

  1. Inga f. 1889, d. 1889.
  2. Andreas f. 1890, næste bonde her.
  3. Olav f. 1892, d. 1912.
  4. Inga f. 1894, g. 1917 m. Lars Olavson Ø. Helland, sjå Øvre Helland bnr. 1.
  5. Marta f. 1895, d. 1901.
  6. Knut f. 1897, d. 1970, lagerform. hjå A/S Toftegaard, Bergen,
  7. m. Maria Andersdtr. Blænes f. 1898 i Fitjar, d. 1970. 4 born. g. Albert f. 1899, d. 1924, ug.
  8. Albert f. 1899, d. 1924, ug.
  9. Marta f. 1902, d. 1947, ug.

1916: Skøyte frå enkja Anna Knutsdtr. Farestveit til sonen Andreas Olavson for 523,31 kr. og kår.


16. Andreas Olavson Farestveit, f. 1890, d. 1937, g. 1915 m.

Anna Jakobsdtr. Høvik, bnr. 2 f. 1891, d. 1968.

Born:

  1. Alvhild f. 19**, g. m. Gunner Gundersen, busett i Mandal. 2 born.
  2. Olav f. 19**, kontormann hjå skattef. Hordaland, g. 1955 m. Ruth Nygård, f. 19**, Bergen. Bust. Bergen. 4 born.
  3. Brita f. 19**, sjukesyster, g. 1953 m. Odd Søndenå, f. 19**. bust. Sauda. 2 born.
  4. Johannes f. 19**, lærar, bladstyrar i Norsk Barneblad, g. 1952 Gunnhild Olsdtr. Bergthon, frå Ål, f. 19**, bust. Larvik. 2 born.


1948: Skøyte frå enkja Anna Jakobsdtr. til Knut Johannesson Nåmdal bnr. 3, for 6.000 kr. og kår.


17. Knut Johannesson Nåmdal, f. 1906, d. 1982, g. 1930 m.

Inga Ivarsdtr. Straume, bnr. 4 f. 1907, d. 1997.

Born:

  1. Margit f. 19**, g. 1965 m. Martin Drevsjø, f. 19**, mekanikar, bust. Moss. Barnlause.
  2. Betty f. 19**, g. 1963 m. Finn Nilsen, f. 19**, bust. Fyllingsdalen, 3 born.
  3. Dagfinn f. 19**, g. 1965 m. Astrid Augustinsen, f. 19** i Arendal, bust. Arendal, 2 born.


Bruk 4. Troppe-luten.

1834: Olav Knutson Farestveit skifter bruket sitt, bnr. 3, millom sønene Knut og Olav med ein halvpart på kvar. Knut får denne halvparten, bruk 4, med same skyld, for same kjøpesum, og på same vilkår som broren Olav fekk sin halvpart. Sjå bnr. 3!


1. Knut Olavson Farestveit, f. 1791, g.

1. 1813 m. Marta Vikingsdtr. Fjellanger, f. 1789, d. 1853,

2. 1853 m. Marta Jakobsdtr. Nygard, f. 1804, enkja etter Nils Nilsson Ø. Helland bnr. 4.

Born:

  1. Olav f. 1813, næste bonde her.
  2. Ivar f. 1817, bonde her nr. 4.
  3. Brita f. 1820, g. 1867 m. Simon Olavson Mo, sjå Mo bnr. 4.
  4. Knut f. 1823. Flytte til Florvåg i 1847.
  5. Lars f. 1826, g. 1848 m. Brita Larsdtr. Mo bnr. 3 f. 1815. Flytte til Askøy 1849, til Mo att 1854, kjøpte sidan kår på Farestveit. bnr. 4.


Fyrste kona til Knut, Marta Vikingsdotter, var dotter til Viking Matiasson Yksendal, f. Lekve på Voss, og Kari Torbjørnsdtr. Yksendal. Dei budde i Yksendal ei tid. Marta hev truleg butt på Fjellanger på den tid ho vart gift. Mikkel Torbjørnson Fjellanger var morbror hennar.


1841: Skøyte frå Knut Olavson til sonen Olav for 100 spd. og kår til foreldri, verdsett til 100 spd. for 5 år.


2. Olav Knutson Farestveit, f. 1813, d. 1848, g. 1841 m.

Brita Andersdtr. Myster, bnr. 1-2, f. 1813, d. 1849.
Ikkje dåpsborn i Mo.


Olav og Brita flytte i 1841 til Ulvatne i Manger og kjøpte eit gardsbruk der. Olav døydde i 1848, og Brita gifte seg att same året med Jon Olavson Straume bnr. 2, f. 1812. Året etter døydde ho, og Jon gifte seg att i 1850 m. Brita Mikkelsdtr. Kolås. Jon døydde i 1861.


1849: Skøyte frå Olav Knutson Farestveit til Brynjel Bergeson Steinsland på dette bruket, skyld 4 ort 1 sk. for 200 spd.


3. Brynjel Bergeson Steinsland, bnr. 2-4, f. 1818, d. 1903, g. 1849 m.

Brita Olavsdtr. Nåmdal, bnr. 2 f. 1828, d. 1884, 2 born med dei budde på Farestveit.

Born:

  1. Berge f. 1851, d. 1851.
  2. Brita f. 1852, g. 1880 m. Johannes Rasmusson Nåmdal bnr. 3 f. 1862.


Då Ivar Knutson Farestveit tok dette bruket etter odel i 1854, fekk Brynjel Bergeson kjøpa noko av bruk 1 i Nygard, og i 1855 bygde og busette han seg der med huslyden sin. Det vart bnr. 2 i Nygard. Sjå der!


1854: Skøyte frå Brynjel Bergeson Steinsland til Ivar Knutson Farestveit på dette bruket for 470 spd.


4. Ivar Knutson Farestveit, f. 1817, d. 1877, g. 1852 m.

Siri Olavsdtr. Otterstad, bnr. 1, f. 1818, d. 1886. Dei budde i Fjell 1852-1854.

Born:

  1. Knut f. 1854, næste bonde her.
  2. Olav f. 1857. I folketelj. 1875 busett på Hamreplass.
  3. Ivar f. 1861. Ikkje med i folketelj. 1865.
  4. Marta f. 1865. Ikkje med i folketelj. 1865.


1863: Skøyte frå Ivar Knutson Farestveit til Mo kyrkja «på et markestykke udi en kirkegaard» for 40 spd.


1878: Skøyte frå enkja Siri Olavsdtr. og sonen Olav Ivarson til Knut Ivarson på dette bruket for 1.200 kr. og kår til mori.


5. Knut Ivarson Farestveit, f. 1854, d. 1929, g. 1878 m.

Marta Karina Larsdtr. Mo, f. 1852, d. 1931.

Born:

  1. Ivar f. 1879. Næste bonde her.
  2. Brita f. 1880, d. 1904, g. 1901 m. lærar Anders Simonson Nygard bnr. 1. Lærar i Modalen og i Tune.
  3. Lars f. 1882, d. 1927, g. m. Bergljot Iversen, Bergen d. 1970. Lars var sjåfør hjå Wallem, busett i Eidsvåg, 2 born: Knut, Astrid.
  4. Andreas f. 1884, d. 1953. Handelsbestyrar i Ulvik, g. m. Agata Jakobsdtr. N. Helland bnr. 2, f. 1887. Born: Harald g. m. Jenny Grønli. Busett i Oslo. Marta, g. m. Einar Bø Leira.
  5. Olav f. 1887, døydde barn.
  6. Knut f. 1891, d. 1964. Kasserar i Bergensmeieriet, g. 1938 m. Synneva Larsdtr. Myrtveit f. 1882, enkja etter Magne Jakobson N. Helland.
  7. Olina f. 1893, d. 1938, g. 1925 m. Ludvik Johan Fotland f. 1890, d. 1971. Busett Fotlandsvåg. 3 born.
  8. Signy f. 1896, d. 1976, g. 1925 m. Johannes Haldorsen Nygard f. 1893, d. 1973, kjøpte bruk 2 Straume i 1949.


1911: Skøyte frå Knut Ivarson til sonen Ivar for 1.500 kr. og kår til foreldri.


6. Ivar Knutson Farestveit, f. 1879, d. 1956, g. 1908 m.

Anna Olavsdtr. Ø. Helland, bnr. 1, f. 1887, d. 1964.

Born:

  1. Johannes f. 19**, næste bonde her.
  2. Olaf f. 1912, d. 1912.
  3. Maria f. 19**, busett i Modalen.
  4. Olga f. 19**, g. 1950 m. Karl Johannesson Farestveit, bnr. 1.
  5. Alf f. 1925, d. 1925.


1942: Skøyte frå Ivar Knutson Farestveit til sonen Johannes for 2.500 kr. og kår til foreldri.


7. Johannes Ivarson Farestveit, f. 19**, g. 1945 m.

Jenny Johannesdtr. Nåmdal, bnr. 2, f. 19**.

Born:

  1. Ingunn Alvis f. 19**, g. 1967 Sigurd Eidsheim f. 19**, Ostereide. 3 born.
  2. Jon Atle f. 19**.
  3. Kjell f. 19**, g. 1982 Marit Askeland, f. 19**.


Bruk 5. Eilev-luten.

1691: Futereknesk. fører no 5 bruk på Farestveit, mot 4 i 1667. Det må vera bruket som Knut sat med i 1667, som no er skift i to, bnr. 5 og bnr. 7. På bnr. 7 sit Hans, og her på bnr. 5 broren Knut Gulliksen. Han brukar 18 mrk. smør i 1694, og er førd i manntalet 1701 og i skosk. 1711.


1. Knut Gulleikson Farestveit, f. 1663, d. 1723, g. 1691 m.

Marta Nilsdtr. Farestveit, bnr. 3 f. 1648, d. 1732.

Born:

  1. Dødf. f. 1694.
  2. Kari f. 1695, g. 1714 m. Johannes Olavson Otterstad, sjå Otterstad bnr. 5.
  3. Gulleik f. 1699, bonde nr. 3 her.


1720: Bygselbrev frå Erich å Möinichen til Sjur Gulleikson på 12 mrk. sm. 2 v. never. Det er oppattnya bygsel, so han må truleg vera komen på bruket litt fyrr den tid. Han sit med bruket berre stutt tid, for i 1723 er det kome ny brukar. Det synest rimeleg at Sjur var bror til Knut, men me veit ikkje det med vissa. Me finn heller ikkje kven kona hans var, men dei hev to dåpsborn frå Farestveit. Me finn ikkje gravfesting, korkje for Sjur eller kona, so det ser ut som dei hev fare frå bygdi.


2. Sjur Gulleikson Farestveit, g. m.

Ukjend.

Born:

  1. Gulleik f. 1711, d. 1716.
  2. Knut f. 1713.


1723: Matrikkelen hev Gulleik Knutson på dette bruket, og han er nr. 1 c framanfor.


3. Gulleik Knutson Farestveit, f. 1699, d. 1743, g. 1722 m.

Ragnhild Knutsdtr. Ø. Helland, bnr. 1 f. 1693.

Born:

  1. Brita f. 1723.
  2. Ragnhild f. 1726, død fyre 1743.
  3. Ragnhild f. 1728, g. m. næste bonde her.
  4. Anna f. 1732, g. 1755 m. em. Magne Krossen, sjå Nygard bnr. 1.
  5. Marta f. 1733, g. 1753 m. em. Jakob Knutson N. Helland, sjå Nedre Helland bnr. 4.
  6. Knut f. 1735, g. 1768 m. Ingeborg Johannesdtr. Steinsland bnr. 2 f. 1743. Dei var busette på Nygard bnr. 1.
  7. Knut f. 1738, død fyre 1743.


1748: Nils Andersson Nedre Helland gifter seg med Ragnhild Gulleiksdtr. Farestveit, nr. 3 c framanfor, og dei sit no med bruket til Nils døyr.


4. Nils Andersson N. Helland, bnr. 5, f. 1721, d. 1751, g. 1748 m.

Ragnhild Gulleiksdtr. Farestveit, f. 1728, d. 1765, ikkje born.


1752: Enkja Ragnhild Gulleiksdtr. gifter seg att m. Knut Knutson Straume bnr. 3.


5. Knut Knutson Straume, f. 1728, d, 1759, g. 1752 m. enkja

Ragnhild Gulleiksdtr. Farestveit, f. 1728, d. 1765.

Born:

  1. Brita f. 1753.
  2. Anna f. 1759, g. 1784 m. Johannes Pederson Mo bnr. 3.


1760: Enkja Ragnhild gifter seg tridje gongen med


6. Anders Halvorson Fiskeset, f. 1730, d. 1799, frå Seim, g.

1. 1760 m. e. Ragnhild Gulleiksdtr. Farestveit, f. 1728, d. 1765.

2. 1766 m. Maria Monsdtr. Romarheim, f. 1744, d. 1829.

Born:

  1. Hallvard f. 1784, g. 1813 m. Brita Johannesdtr. N. Helland bnr. 1. Flytte til Mjøs i Manger prg. 1816.
  2. Marta f. 1790, g. m. busitjar nr. 8 her.


1800: Bygselbrev frå soknepr. Blichfeldt til Eilev Knutson Høvik på 10 mrk. sm. 1 våg 1 pund never «før brugt av Anders Halvorsen og hans enke».


7. Eilev Knutson Høvik, bnr. 1, f. 1766, d. 1842, g. 1801 m. enkja

Maria Monsdtr. Farestveit, f. 1744, d. 1829. Ikkje born.


1832: Kongeleg skøyte til Eilev Knutson Farestveit, f. Høvik, på dette bruket, 10 mrk. sm. 1 2/3 våg never, for 180 spd.. Jordavg. 7 skj. 2 fj. bygg til Hosanger prestebord.

Same året skøyter Eilev Knutson bruket til versonen åt Maria Monsdotter, Nils Hansson Almelid d.y. for 150 spd. og kår 135 spd. 5 års verd.


8. Nils Hansson Farestveit, f. 1796, d. 1857, g. 1823 m.

Marta Andersdtr. Farestveit, f. 1790, d. 1857.

Born:

  1. Inga f. 1825, g. m. næste bonde her.


1847: Skøyte frå Nils Hansson til versonen Johannes Nilsson Elvik bnr. 2, på dette bruket, ny skyld 1 ort 10 sk., for 90 spd. og kår verdsett til 200 spd. for 5 år.


9. Johannes Nilsson Farestveit, f. Elvik 1819, d. 1881, g.

1. 1843 m. Inga Nilsdtr. Farestveit, f. 1825, d. 1872,

2. 1874 m. Brita Olavsdtr. Farestveit, bnr. 3, f. 1827, d. 1898.

Born:

  1. Andreas f. 1845, ikkje med i skifte etter faren.
  2. Nils f. 1846, næste bonde her.
  3. Marta f. 1849, g. 1870 m. Jakob Hansson Almelidneset, sjå Almelid bnr. 2.
  4. Maria f. 1851, d. 1923 g. 1. g. 1881 m. Bertil B. Øye, Øyene/Øye bnr. 1, Bergsdalen, g. 2. g. 1912 m. Ole Erikson Mellesdal, sjå Mellesdal bnr. 1.
  5. Inga f. 1853, d. 1854.
  6. Marta f. 1855, g. 1881 m. Knut Erikson Mellesdal, sjå Mellesdal bnr. 2.
  7. Nils f. 1858, 1875 skifteskøyte på Elvik bnr. 2.
  8. Olav f. 1860, d. 1861.
  9. Olav f. 1862, ikkje med i skifte etter mori.
  10. Anders f. 1864, reiste til Amerika.
  11. Eilev f. 1867, reiste til Amerika.
  12. Inga Bertina f. 1869.


1858: Johannes Nilsson gjev makeskøyte på dette bruket til Hans Nilsson Almelid mot vederlag i hans gard i Almelid bnr. 2-5.


1860: Dei byter om att. Sjå Almelid bnr. 2-5!


1862: Johannes Nilsson gjev kårbrev til Brita Knutsdtr. Langedal, avlese 1884. Ho må vera enkja etter Nils Nilsson Farestveit på bnr. 8.


1874: I skifte etter Inga Nilsdtr. vert bruket utlagt eldste sonen, Nils Johannesson, for takstsum 380 spd. og kår til faren og til brørne Anders og Eilev til dei fyller 16 år. I kårbrevet er nemnt at enkjemannen skal ha rett til å bruka Eikebøteigen og Bjødnabrekkteigen til dotteri Inga Bertina fyller 16 år. Elles er nemnt «Lillestuen og kjelderen under», og at han skal ha rett til å setja opp ei stova på «Nybodtomten». I dette skiftet er og nemnt at buet eig ein jordpart i garden Elvik i Haus tinglag med skyld 2 dalar 22 sk., og den parten får andre sonen til Johannes Nilsson, Nils d.y., f. 1858, utlagd for 200 spd. og kår til faren.


10. Nils Johannesson Farestveit, f. 1846, d. 1920, g.

1. 1868 m. Kari Ivarsdtr. N. Helland, bnr. 4, f. 1842, d. 1905, 7 born,

2. 1907 m. e. Maria Knutsdtr. Farestveit, bnr. 6, f. 1866, d. 1953.

Born:

  1. Anna f. 1869, g. 1891 m. Jakob Monsson Steinsland bnr. 3 f. 1866, fl. til Bergen.
  2. Johannes f. 1871, næste bonde her.
  3. Ivar f. 1874, d. 1964, bust. Mineapolis, USA.
  4. Olav f. 1876, d. 1900. Han var då seminarist.
  5. Inga f. 1879.
  6. Andreas f. 1882, d. 1905, ug.
  7. Ingvald Dortheus f. 1885. Han reiste til Amerika, jarnvegskonduktør.
  8. Anna Karina f. 1908, g. 1931 m. Torvald Thomassen frå, Manger, f. 1905, bust. Espeland stasj., 3 born.
  9. Inga, g. 1931 m. Kalmar Elvik f. 1898, d. 1976, busett Alversund, 3 born.


1884: Det vert halde skylddeling, og bruk 6, Vetlatræet, vert utskilt frå dette bruket, med skyld 1 ort 15 sk., og selt til Olav Knutson Farestveit.


1896: Skøyte frå Nils Johannesson til sonen Johannes Nilsson på dette bruket for 2.400 kr. og kår til faren.


11. Johannes Nilsson Farestveit, f. 1871, d. 1912, g.

1. 1892 m. Brita Olavsdtr. Otterstad, f. 1868, dotter til Olav Jakobson frå Holmaplasset.

2. 1911 m. Kari Olavsdtr. Farestveit, bnr. 6, f. 1886.

Born:

  1. Nils f. 1892. Næste bonde her.
  2. Kari f. 1894, d. 1940, g. m. Emil Vedå, busette i Salhus.
  3. Olav f. 1896, d. 1959. Politi i Bergen, g. m. Karen Knutsen.
  4. Marta f. 1898 g. m. Einar Jakobsen, Sarpsborg, busette i USA.
  5. Anna f. 1900, d. 1947, g. m. Sigurd Stølen Sivertsen. Busette i Bergen.
  6. Ingvald Johan f. 1902, d. 1974, g. 1925 g. 1925 m. Borghild Torskhelder f. 1906. Busette Stamnes bnr. 55.
  7. Ivar f. 1905, g. m. Alvhild Fosse, Meland Holsnøy. Drosjeeigar, busett i Bergen.
  8. Gunnar f. 1907, d. 1 1/2 år gamal.


1912: Skøyte frå skifteretten i buet etter Johannes Nilsson og kona Kari til sonen Nils Johannesson, f. 1892, for 3.300 kr. og kår til far-faren Nils Johannesson, f. 1846.


12. Nils Johannesson Farestveit, f. 1892, fl. til Bergen, tilsett i «beplantningsvesenet», g. m.

Maria Fjæreide, f. 1895, d. 1943, mange born.


1916: Skøyte frå Nils Johannesson til Jakob Knutson Farestveit på dette bruket for 4.000 kr., og mot at han tek yver kåret til Nils Johannesson d. e.


13. Jakob Knutson Farestveit, bnr. 7, f. 1875, d. 1949, g.

1. 1899 m. Anna Olavsdtr. Ø. Helland, bnr. 3, f. 1879, d. 1907,

2. 1914 m. Inga Jakobsdtr. Almelidnes, bnr. 6, f. 1876. d. 1937.

Born:

  1. Agnes Kristina f. 1900, d. barn.
  2. Kristoffer f. 1902, reiste til Amerika, d. 1970.
  3. Brita f. 1905, g. 1926 m. Håkon Jensen, busett Bergen, 5 born, d. 1965
  4. Olav f. 1906 d. 19067.
  5. Johannes f. 1915, næste bonde her.
  6. Malvin Johan f. 19**, g. 1943 Maria Jonsdtr. Hugnastad, f. 19**, bust. Hugnastad.


1942: Skøyte frå Jakob Knutson Farestveit til sonen Johannes for 2.100 kr. og kår til faren.


14. Johannes Jakobson Farestveit, f. 1915, d. 1976 g.

1. 1938 m. Olga Johannesdtr. Langedal, f. 1917, d. 1963,

2. 1968 m. Torbjørg Martinsdtr. Arholm, sjukesyster f. i Fitjar. Dei busette seg i Laksevåg.

Born:

  1. Jostein f. 19**, næste bonde her.
  2. Ingar f. 19**, g. 1969 m. Anne-Karin Nilsdtr. Myntevik, Fana, f. 19**, 2 born. Han er lagerformann.
  3. Jorunn Alise f. 19**, g. 1966 m. bilmekanikar Alf Andreassen f. 19**.
  4. Ingrid f. 19**, g. 1967 m. vaktmeistar i sjømannskyrkja i Filadelfia Briger Jørgensen f. 19** i Bergen. Kom attende til Noreg og bygde seg hus på Gatland, Fotlandsvåg. 4 born, 2 gutar, 2 gjenter.
  5. Oddrun Johanna f. 19**, g. 1969 m. fabr.arb. Svein Nilsen, f. 19** i Bergen. Bustad Bergen. 3 born.


1963: Skøyte frå Johannes Jacobson til sonen Jostein for 7.182 kr.


15. Jostein Johannesson Farestveit, f. 19**, g. 1965 m.

Astrid Bjarnesdtr. Andås, f. 19**, frå Lindås.

Born:

  1. Rune f. 19**.
  2. Britt f. 19**.
  3. Sveinung f. 19**.

Bruk 6. Vetlatræet.

1884: Ved skylddeling på bnr. 5 Farestveit, vert dette bruket fråskilt og får namnet Vetlatræet bnr. 6 med skyld 1 ort 15 sk.

Same dag gjev Johannes Nilsson på bnr. 5 skøyte på det nye bruket til Olav Knutson Farestveit frå bnr. 8.


1. Olav Knutson Farestveit, f. 1861, g. 1883 m.

Ragnhild Knutsdtr. Farestveit, bnr. 7 f. 1855.


Born:

  1. Knut f. 1883.
  2. Knut f. 1884.
  3. Kari f. 1886, g. 1911 m. em. Johannes Nilsson Farestveit bnr. 5, f. 1871.
  4. Marta f. 1889.
  5. Anders f. 1893.


1898: Olav Knutson kjøpte gard i Meland, Evanger, og flytte dit. Same året skøyter han Vetlatræet til enkja Maria Knutsdtr. Farestveit, f. 1866 på bnr. 7. Maria var enkja etter Knut Knutson Farestveit bnr. 8, f. 1856. Dei kjøpte bruk 1 i Nipen, budde der i 10 år og fekk 7 born. Sjå Nipen bnr. 1.


2. Maria Knutsdtr. Farestveit, f. 1866, d. 1953, g. 2. g. 1907 m. em. og kårmann

Nils Johannesson Farestveit, bnr. 5, f. 1846.

Born:

Sjå nr. 10 bnr. 5.


Skøyte frå Maria Knutsdtr. Farestveit til Maria Jakobsdtr. Almelid bnr. 5.


3. Maria Jakobsdtr. Almelid, f. 1879, d. 1945, ug.


1934: Skøyte frå Maria Jakobsdtr. Almelid til Alf Johannesson Nåmdal bnr. 3.


4. Alf Johannesson Nåmdal, f. 19**. Han budde her til 1948. Då fekk han skøyte på bnr. 3 på Nåmdal og flytte dit. Om giftarmål og born sjå der!


1948: Skøyte frå Alf Johannesson Nåmdal til broren Knut Johannesson Nåmdal-Farestveit på bnr. 3. Om giftarmål og born sjå Farestveit bnr. 3.


Bruk 7. Botn-Ola-luten.

1667: Prestemanntalet 1667 fører 4 brukarar på Farestveit, mot 3 i skattemanntalet 1660. Den nye brukaren heiter Knut, er 32 år og brukar 1 sp. smør og 6 våger never. Knut finn me nemnd berre denne gongen, og sidan det er tomrom i rekneskapane frå 1668 til 1691, kan me ikkje vita kor lenge han sat med bruket. Det må vera hans bruk som i 1691 er skilt i to, med unge Knud på det eine bruket, og unge Hans på det andre. Båe er sidan skrivne Gulliksen, og det synest rimeleg at dei er sønene til Gulleik Hansson på bnr. 1. Hans kom på dette bruket, som no hev bnr. 7, og Knut kom på bnr. 5.


1. Knut Farestveit, f. kring 1635, elles inkje opplysningar.


1691: Futereknesk. hev Hans Gulliksen, og han sit med bruket i 1694, men i manntalet 1701 er det kome ny brukar. Då Hans døyr i 1710 er han kalla husmann.


2. Hans Gulleikson Farestveit, f. 1660, d. 1710, g. 1683 m.

Brita Nilsdtr. N. Helland, bnr. 5 f. 1657.

Born:

  1. Gulleik f. 1686, d. 1696.
  2. Gulleik f. 1690, d. 1725, visst ug.
  3. Mattis f. 1693, d. 1693.


1701: Manntalet fører Ole Gulliksen, bror til Hans. Han får oppattnya bygsel i 1720 frå Erich å Möinichen på 12 mrk. sm. 2 våger never. Han er ogso førd i matrikkelen 1723, og sit med bruket til 1738.


3. Olav Gulleikson Farestveit, f. 1665, d. 1746, g. 1695 m.

Brita Johannesdtr. Leiro.

Born:

  1. Kari f. 1695, d. 1739, g. 1737 m. em. Johannes Larsson Flatekvål, sjå Flatekvål bnr. 1.
  2. Gulleik f. 1700, næste brukar her.
  3. Synneva f. 1704, d. 1730, g. 1729 m. Askjell Knutson Farestveit bnr. 1


1738: Gullik Olsen Farestveit får bygselbrev frå Jacob Steensen på 12 mrk. sm. 2 v. never.


4. Gulleik Olavson Farestveit, f. 1700, d. 1746, g. 1738 m.

Anna Sjursdtr. Romarheim, f. 1713, d. 1773.

Born:

  1. Olav f. 1739, g. 1764 m. e. Eli Christensdtr. Fjelle, Hosanger, kjøpte Fjelle 1763, men selde att 1771 og fl. til Rødland, Myking. Hb. s. 332.
  2. Gulleik f. 1745, d. 1773, visst ug.


1746: Enkja Anna Sjursdtr. gifter seg att med Ole Olsen Botne (Dyrkolbotn), og han får bygsel på bruket frå Jacob Steensen i 1647.


5. Olav Olavson Farestveit, f. 1720, d. 1802, g.

1. 1746 m. e. Anna Sjursdtr. Farestveit, f. 1713, d. 1773,

2. 1774 m. Anna Askjellsdtr. Mo, bnr. 1, f. 1728, d. 1810.

Born:

  1. Kari f. 1748.
  2. Olav f. 1752, d. 1815, næste bonde her.
  3. Sjur g. 1871 m. Randi Johannesdtr. Flatekvål, bnr. 6, f. 1751.


1785: Olav Olavson får bygsel etter faren frå hr. Abel. Skylda er no førd med 10 mrk. sm. 1 1/2 v. never. Det er truleg på grunn av skade etter storflaumen fyre jol 1743 at skylda vart nedsett.


6. Olav Olavson Farestveit, f. 1752, d. 1815, g.

1. 1779 m. Siri Knutsdtr. Mo, bnr. 2, f. 1743, d. 1784,

2. 1787 m. Maria Johannesdtr. Steinsland, bnr. 2, f. 1746, d. 1817.

Born:

  1. Knut f. 1780, næste bonde her.
  2. Olav f. 1781.


1803: Knut Olavsen får bygselbrev frå sokneprest Blichfeldt på dette bruket.


1834: 24/5 får Knut Olavson Farestveit kongeleg skøyte på dette bruket, 10 mrk. smør 1 våg 2 bp. never. Kjøpesum 200 spd. og jordavg. 7 - 1 - 2 fj.bygg.


7. Knut Olavson Farestveit, f. 1780, d. 1851, g. 1801 m.

Inga Olavsdtr. Lavik, bnr. 5 f. 1780, d. 1841.

Born:

  1. Siri f. 1803, g. 1824 m. Knut Andersson Otterstad bnr. 7.
  2. Inga f. 1804, g. 1826 m. Olav Johannesson Nåmdal, sjå Nåmdal bnr. 2.
  3. Olav f. 1807, næste bonde her.
  4. Nils f. 1811, bonde her etter broren, fyrst på halve bruket.
  5. Olav f. 1814, g. 1842 m. Cecilie Jakobsdtr. Mo bnr. 2.
  6. Anna f. 1816, g. 1835 m. Gulleik Johannesson Nedre Helland, sjå Nedre Helland bnr. 6.
  7. Johannes f. 1818, fyrste brukar på Storatræet bnr. 2.


1834: Skøyte frå Knut Olavson til sonen Olav f. 1807, på dette bruket, 10 mrk. sm. 1 våg 2 bp.never, for 100 spd. og kår til foreldri verdsett til 50 spd. for 5 år, dertil renta av den årlege jordavg. rekna til 70 spd.


8. Olav Knutson Farestveit, f. 1807, d. 1843, g. 1828 m.


Inga Andersdtr. Myster, f. 1803, d. 1844.

Born:

  1. Agata f. 1828, g. 1854 m. Anders Simonson Bindingsbø f. 1828, bust. Strusshamn.
  2. Inga f. 1831, g. 1859 m. Helge Ivarson Mo bnr. 1, busett Bungom og Dale, Vik, 4 born.
  3. Knut f. 1835, næste bonde her.
  4. Inga f. 1837, d. 1846.
  5. Maria f. 1840, g. 1. g. m. Mons Arneson, Rådmannsøy, Lindås, g. 2. g. m. Klaus Jonson Ystebø, Rådmannsøy, 1 barn i 1. ektesk., 6 i andre.


1842: Skøyte frå Olav Knutson til broren Nils på halve bruket, 5 mrk. sm. 1/2 våg 1 bp. never. Kjøpesum 100 spd. og jordavg. til Hosanger prestebord og vilkårsbrev av 1834, føderåd til Knut Olavson.


1843: Nils Knutsen gjev vilkårsbrev til enkja Inga Andersdtr. til 5 års verd 100 spd. Nils Knutson og kona fekk i 1883 festerett på plasset Myregardsbakken under bnr. 1 på Myster, og budde der, truleg til dei fekk bruket her på Farestveit. Dei 4 fyrste borni deira er døypte i Stamnes, dei 4 siste i Mo.


9. Nils Knutson Farestveit, f. 1811, d. 1892, g. m.

Agata Andersdtr. Myster, f. 1811, d. 1887.

Born:

  1. Maria f. 1828, g. 1864 m. Olav Knutsen Tøssenli, Voss, bust. Rasdalen, Voss.
  2. Knut f. 1831, næste bonde her.
  3. Inga f. 1835, g. m. Olav Knutson Rasdal, Voss.
  4. Anders f. 1839, g. m. Anna Nilsdtr. f. Almelid.
  5. John f. 1842, g. 1. g. m. Marta Johannesdtr. N. Helland bnr. 5. Marta drukna i Bolstadfjorden 30.05.1868, samam med to andre damer. G. 2. g. 1869 m. Randi Sjursdtr. Straume, bust. Rasdalen.
  6. Nils f. 1845, d. 1864.
  7. Olav f. 1848, d. 1848.
  8. Inga f. 1850, g. 1874 m. Jakob K. Gjeilen. Budde i Rasdalen til 1882, då dei flytte til Åsane.
  9. Olav f. 1853.


1862: Nils Knutson gjev skøyte til sonen Knut på dette bruket, l.nr. 201 og 1.nr. 202 for 150 spd. og kår til foreldri.


1863: Lensmannsattest for at dei to ovannemnde bruki kan gå saman i eitt bruk. Det ser ut til at bruk 7 hev vore ført som to serskilde bruk frå 1842 då Olav Knutson skøytte frå seg halve bruket til broren Nils.


10. Knut Nilsson Farestveit, f. 1831, d. 1911, g. 1854 m.

Kari Andersdtr. Nygard, bnr. 3 f. 1832, d. 1893.

Born:

  1. Ragnhild f. 1855, g. 1883 m. Olav Knutson Farestveit bnr. 6, Vetlatræet. Sjå der!
  2. Agata f. 1858, g. 1884 m. em. Johannes Rasmusson Nåmdal, sjå Nåmdal bnr. 3
  3. Nils f. 1860, d. 1880, ug.
  4. Anders f. 1863, d. 1880, ved ulukka, «indeklemt med en bjærk og en vedslæde».
  5. Maria f. 1866, d. 1953, g. 1. g. 1886 m. Knut Knutson Farestveit bnr. 8, g. 2. g. m. em. Nils Johannesson Farestveit. Sjå bnr. 6!
  6. Anna f. 1869, g. 1891 m. Rasmus Rasmusson Nåmdal, sjå Nåmdal bnr. 1.
  7. Knut f. 1871, næste bonde her.
  8. Jakob f. 1875, d. 1949, vart bonde på bnr. 5 her.


1893: Skøyte frå Knut Nilsson Farestveit til sonen Knut for 1.100 kr. og kår til foreldri, 5 års verd 350 kr. Atterhald om forkjøpsrett for syskeni dersom den nye eigaren sel bruket til andre enn sine eigne born.


11. Knut Knutson Farestveit, f. 1871, d. 1964, g. 1891 m.

Anna Olavsdtr. Ø. Helland, bnr. 3, f. 1868, d. 1946.

Born:

  1. Knut f. 1892, d. 1972, til N. Dakota 1912, farmar, med i krigen 1914-18 g. 1922 m. Elsie Geyer f. 1902, 10 born.
  2. Olav f. 1894, d. 1963. Næste bonde her.
  3. Andreas f. 1896, d. 1920.
  4. Nikolai f. 1899, til USA 1923, farmar og bygningsm., g. 1935 m. Elvira Algrin. Busett N. Dakota, 1 barn.
  5. Alfred f. 1942, busett Rubbestaneset, Oddbjørg Kjellaug Steinsvik, Volda, busett Luster, Sogn, 2 born, Knut, busett Rubbestadneset, Åse Liv, busett Drøbak.
  6. Johan f. 1904, d. 1969, g. 1922 m. Malena Andersdtr. Mostraum, sjå Mostraum bnr. 3.
  7. Håkon f. 1905, d. 1925.
  8. Klara Andrea f. 1908 g. 1. 1938 m. styrmann Oddmund Ingolf Anderson Askeland f. 1908, i Norske marine, torpedert 1940 utfor Nova Scotia, krigsmedalje post mortem. G. 2. 1964 m. lærar Ivar Krohn Kleiva f. 1903. Busette Espeland.
  9. Einar f. 1911, g. 1934 m. Gudrun Sigurdsdottir Palmason, Hvammstangi, busett Røykjavik, 5 born. Einar flytte til Island i 1933. Eige import/eksport-firma frå 1964. St. Olavsorden av 1. kl. 1958.


1932: Skøyte frå Knut Knutson til sonen Olav for 1.500 kr. og kår.


12. Olav Knutson Farestveit, f. 1894, d. 1963, g. 1923 m.

Andrea Nilsdtr. Almelid, bnr. 5, f. 1899, d. 1981.

Born:

  1. Arthur f. 1924, d. 1940.
  2. Annlaug Kristine f. 19**, g. 1. 1951 m. Alfred Johanson Drangevåg. 4 born. G. 2. 1968 Hjalmar Mosson Hauge, f. 19**. Busette Lonevåg, 1 barn.
  3. Kåre f. 19**. Næste bonde her.
  4. Norvald f. 19**, sivil-ingeniør, g. 1961 m. Nansy Deighan, busette i Los Angeles. 3 born.
  5. Hallstein Reinhard f. 19**, g. 1958 Eli Arthursdtr. Leknes, f. 19**. 5 born.
  6. Arne Oddmund f. 19**, g. 1964 Aslaug Knutsdtr. Liland, f. 19**. Busette Øvre Helland. 4 born.
  7. Borgny Målfrid f. 19**, g. 1966 m. Sigurd Malvinson Kjetland. Busette Haugsdalen. 2 born.


1963: Skøyte frå Olav Knutson til sonen c.


13. Kåre Olav Farestveit, f. 19**, g. 1949 m.

Åsa Haraldstr. Kringlebotn, f. 19** i Odda.

Born:

  1. Harald f. 1950, d. 1950.
  2. Harald f. 19**, g. 1974 m. Anne-Mari Eskeland.
  3. Oddvar f. 19**.
  4. Øivind f. 19**.
  5. Ingvild Anna f. 19**, sjukepleier.


1982. Skøyte frå Kåre Olavson Farestveit til sonen Harald.


14. Harald Kåreson Farestveit, f. 19**, g. 1974 m.

Anne Mari Ivarsdtr. Eskeland, f. 19**, Stord.

Born:

  1. Knut Østen f. 19**.
  2. Anna f. 19**.
  3. Inge f. 19**.


Tilslutt nokre ord om namnet Botn-Ola. Dette namnet hev fylgt bruket sidan Ole Olsen Botne vart bonde her, då han i 1746 gifte seg med enkja Anna Sjursdotter, flytte hit og tok yver bruket.

Bruk 8. Lars-luten.

1644: Lensreknesk. fører tri brukarar på Farestveit. På bruk 1 sit Gulleik, på bruk 3 Johannes, og den nye mannen som er komen til er Olle. I 1647 brukar han 1 sp. sm., og i kvegskatten 1657 hev dei tri brukarane på lag like stor fødnad. Bruket som Olle hadde, var det som no hev bnr. 8, og han er førd i skattemanntalet fram til 1668, men er ikkje med i prestemanntalet 1667, so her hev kome ny brukar kring 1666-67.


1. Olav Hansson Farestveit, g. m.

Ingeborg f. 1603, d. 1701, og då kalla «Knud Faristveds wærmoder, Ingeborg, 98 år».

Born:

  1. Ragnhild f,. 1633, d. 1721, g. m. Knut Andersson Farestveit bnr. 1.
  2. Hans f. 1635, d. 1714.
  3. Anna f. 1650, d. 1729, g. 1683 m. Ole Halvorsen Øvsthus. Hb. side 358.


1666: I prestemanntalet 1667 er førd Hans Larsen på dette bruket, og han sit framleis med bygsel i 1691 og visst heilt til han døyr i 1713.


2. Hans Larsson Farestveit, f. 1633, d. 1713, g. m.

Kari Nilsdtr. Farestveit, bnr. 3, f. 1643, d. 1724.

Born:

  1. Knut f. 1667, g. 1709 m. Marta Ivarsdtr. Høvik, busett Høvik bnr. 1.
  2. Anna, g. 1693 m. Anders Brynjelson Lavikhaugen, busett der.
  3. Namnlaus gjenta f. 1677.
  4. Askjell f. 1680, d. 1697.
  5. Nils f. 1685, næste brukar her.
  6. Anna f. 1686.
  7. Gjertrud f. 1686.
  8. Johannes, g. 1709 m. Agata Andersdtr. Mjelstad, busett Solbjørg i Haus, 3 born, Gulleik, Nils, Kari.


1714: Bygselbrev frå Erich å Möinichen til Nils Hansson på 12 mrk. sm. 2 våger never.


3. Nils Hansson Farestveit, f. 1685, g. 1714 m.

Ragnhild Nilsdtr. N. Helland, bnr. 5, f. 1682.

Born:

  1. Hans f. 1715, d. 1751.
  2. Randi f. 1717.
  3. Kari f. 1718.
  4. Ingeborg f. 1720.
  5. Anna f. 1723.
  6. Nils f. 1726, næste bonde her.


1755: No finst det ikkje nytt bygselbrev fyre 1785, men det synest visst at Nils fekk bruket etter faren, etter at Nils vart gift 1755.


4. Nils Nilsson Farestveit, f. 1726, d. 1816, g. 1755 m.

Brita Johannesdtr. Farestveit, f. 1731, d. 1792.

Born:

  1. Hans f. 1756, d. 1756.
  2. Namnlaus f. 1757, d. 1780. Om b og c stend det: «Niels Farestvedts tvende sønner, 21 og 23 år, gravfested 1780 uten navn».
  3. Namnlaus f. 1759, d. 1780.
  4. Mogns f. 1760, d. 1789, då skriven Magne. Gift 1787 m. Barbro Knutsdtr. Farestveit bnr. 3, f. 1757. Sonen, Johannes, f. 1788, g. 1827 m. Kari Johannesdtr. Otterstadplasset, f. 1800.
  5. Lars f. 1763, d. 1789, ug.
  6. Brita f. 1765.
  7. Ragnhild f. 1766, g. m. næste bonde her.
  8. Nils f. 1768, d. 1827, g. 1825 m. Brita Knutsdtr. Langedal bnr. 1 f. 1778.
  9. Olav f. 1771, «skoleholder», g. 1797 m. enkja Anna Olavsdtr. Nese, sjå Nese bnr. 4.


1792: Bygselbrev frå sokneprest Lihme til Olav Olavson på 10 mrk. sm. 2 pd. never. Olav Olavson gjev vilkår til Nils Nilsson og kona.


5. Olav Olavson Farestveit, f. 1772, d. 1836, g. m.

Ragnhild Nilsdtr. Farestveit, f. 1766, d. 1828.

Born:

  1. Lars f. 1793, næste busitjar her.
  2. Brita f. 1796, d. 1829, g. 1821 m. Olav Larsson Almelid, sjå Almelid bnr. 1.
  3. Olav f. 1797.
  4. Inga f. 1799, g. 1833 m. Johannes Rasmusson Nåmdal, sjå Nåmdal bnr. 3.
  5. Inga f. 1806, g. 1829 m. Johannes Johannesson N. Helland, sjå Nedre Helland bnr. 5.


1832: Olav Olavson får kongeleg skøyte på dette bruket, 10 mrk. sm. 1 2/3 våger never for kjøpesum 180 spd. og avg. til Hosanger presteb. 7 skj. 2 fj. bygg. Same dag gjev han skøyte til sonen Lars for kjøpesum 100 spd. og føderåd 150 spd.


6. Lars Olavson Farestveit, f. 1793, d. 1874, g. 1818 m.

Anna Olavsdtr. Nåmdal, bnr. 2 f. 1789.

Born:

  1. Knut f. 1819, næste bonde her.
  2. Olav f. 1821, g. 1851 m. Brita Askjellsdtr. Otterstad, f. 1834, sjå Otterstad bnr. 5.
  3. Marta f. 1824, d. 1900.
  4. Ragnhild f. 1827, d. 1827.
  5. Ragnhild f. 1828, g. 1850 m. Nils Jakobson Mo bnr. 4.
  6. Olav f. 1831, g. 1856 m. Maria Askjellsdtr. Otterstad bnr. 5 f. 1838. Flytta til Fjell i 1858 med sonen Olav.
  7. Nils f. 1834.


1851: Knut Larsson får skøyte frå faren Lars Olavson på dette bruket, som no hev skyld 1 dalar 10 sk.. Kjøpes. 90 spd. og kår til foreldri og systeri Marta.


7. Knut Larsson Farestveit, f. 1819, d. 1911, g. 1845 m.

Marta Jakobsdtr. Otterstad, bnr. 3, f. 1820, d. 1912.

Born:

  1. Anna f. 1845, g. 1873 m. Knut Andersson Nygard bnr. 3 f. 1844, busett Holo, Arnafj.
  2. Lars f. 1847, næste bonde her.
  3. Maria f. 1848, g. 1873 m. Knut Johannesson Farestveit bnr. 2.
  4. Jakob f. 1849, bonde her etter broren Lars.
  5. Inga f. 1851, g. 1875 m. Knut Olavson Farestveit bnr. 1.
  6. Nils f. 1854, d. 1925, lærar, g. 1887 m. lærarinna Anna Olsdtr. Tagestad f. 1865 i Sør-Fron, busette i Tune 1899-1925.
  7. Knut f. 1856, g. 1886 m. Maria Knutsdtr. Farestveit bnr. 7, busette Nipen bnr. 1.
  8. Brita f. 1859, g. 1882 m. Knut Hallvardson Ø. Helland, sjå Øvre Helland bnr. 4.
  9. Olav f. 1861, fyrste busitj. på bnr. 6 her.
  10. Johannes f. 1864, g. 1890 m. Torbjørg Nilsdtr. Sætre, Hosanger f. 1866, busette Meland, Evanger.
  11. Anna f. 1867, g. 1888 m. Olav Olavson Farestveit bnr. 3 f. 1859.


1886: Lars Knutson får skøyte frå faren og gjev kår til foreldri.


8. Lars Knutson Farestveit, f. 1847, d. 1940, ug.


1888: Jakob Knutson får skøyte frå broren Lars.


9. Jakob Knutson Farestveit, f. 1849, d. 1944, g. 1889 m.

Anna Olavsdtr. Sagstad, f. 1864, d. 1923 f. på Holsenøy, dotter til Olav Jakobson Otterstad, Holmaplasset.

Born:

  1. Knut f. 1890.
  2. Marta f. 1893, d. 1982, g. 1924 m. Eilev Bergeson Steinsland f. 1885. Busett Tunes, Haus.
  3. Knut f. 1895, næste bonde her.
  4. Olai f. 1898, d. 1973, g. 1925 m. Brita Andreasdtr. Flatekvål bnr. 2-3. Kjøpte eit stykke av farsgarden til Brita 1943, bygde og budde der. Olai var vegarbeidar.
  5. Kristoffer f. 1901, d. 1923, ug.
  6. Johannes f. 1904, d. 1905.
  7. Johannes f. 1906, bonde her etter broren, g. 1938 m. Ragny Martinusdtr. Flatekvål bnr. 7.
  8. Magnus f. 1910, d. 1917, drukna.


Knut Jakobson dreiv garden i fleire år, utan skøyte.


10. Knut Jakobson Farestveit, f. 1895, d. 1978, g. 1935 m.

Inger Haldorsdtr. Almelid, bnr. 1, f. 1911.

Born:

  1. Aslaug, g. 1957 m. Bård Ludvigsen Skare, handelsm., Fotlandsvåg.


1937: Johannes Jakobson får skøyte av faren.


11. Johannes Jakobson Farestveit, f. 1906, g. 1938 m.

Ragny Martinusdtr. Flatekvål, f. 1906 d. 1982.

Born:

  1. Anny Målfrid f. 19**.
  2. Johan f. 19**, g. 1971 m. Nelly Karin Leivstad. Busette Åsane. 2 born.
  3. Reidar f. 19**.


Folketal.

1645. Kopskatten: 10 personar yver 15 år.

1667. Prestemanntalet: 13 mannspersonar.

1701. Manntal: 13 mannspersonar yver 1 år.

1711. Skoskatten: 20 i alt.

1801. Folketeljing: 41 i alt, av deim 8 tenestefolk.

1835. Folketeljing: 55 i alt, av deim 14 tenestefolk.

1845. Folketeljing: 64 i alt, av deim 7 kårfolk og tenestefolk. 1865. Folketeljing: 72 i alt, av deim 4 kårfolk og 6 tenestefolk.

1875. Folketeljing: 58 i alt, av deim 5 kårfolk og 4 tenestefolk.


1900:

Bruk 1. Knut Olavson og kona Inga Knutsdtr. med 4 born, Olav Knutson og kona Marta Andersdotter, kårfolk, og Maria Magnesdtr., Nottveit, fattiglem.


Bruk 2. Ole Hansson og kona Brita Johannesdtr. m. 6 born. Marta Olavsdtr. Farestveit, f. 1834. Kårenkja Marta Johannesdtr. Farestveit, f. 1841, eig.


Bruk 3. Olav Olavson m. kona Anna Knutsdtr. og 6 born. Olav Olavson d. e. m. kona Inga Andersdtr. og sdotteri Olina.


Bruk 4. Knut Ivarson m. kona Marta Larsdtr. og 6 born.


Bruk 5. Johannes Nilson m. kona Brita Olavsdtr. og 5 born. Barbro Olavsdtr. Straume, tenestegjenta.


Bruk 6. Maria Knutsdtr. Farestveit, enkja m. 6 born.


Bruk 7. Knut Knutson m. kona Anna Olavsdtr. og 4 born. Knut Nilsson Farestveit, enkjemann og kårmann. Maria Johannesdtr. Almelid, tenestegjenta. Anna Knutsdtr. Farestveit, barnegjenta.


Bruk 8. Jakob Knutson m. kona Anna Olavsdtr. og 3 born. Kårhuset: Knut Larson Farestveit m. kona Marta Jakobsdtr. Lars Knutson, f. 1847, ug., arbeidar på garden. Olav Jakobson Otterstadplasset, f. 1837.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy