Farestveit

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 09:32, 15 juli 2014 by Rolferik (Talk | bidrag)
(skil) ←Eldre versjon | Vis noverande versjon (skil) | Nyare versjon→ (skil)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Modalsboka band I


Gards og ættesoge for Farestveit.



Gnr. 80 Farestveit


Innhaldsliste

Innleiing

Garden ligg 10 km frå sjøen og 97 m yver havet. Han er so å seia flat og 1 km lang.

Langs heile garden glid Storelvi framom, stundom blå og venleg, speglande av både himmel og fjellprofilar, men stundom gulgrøn og mektig. Dalen opnar seg her mot nordaust og vest, og difor held fjelli seg noko undan i dei leiene, men elles er dei heller nærsøkne. I aust stig Kalsåsen ende opp, og attom han Sesskarberget og Oksabotn. I sør ligg Heiane, Klauæ og Mittoberget. I nord stengjer Kammen, og vidare mot aust Klumpane og Stortungsgavlen.

Den tronge dalen og dei høge fjelli gjer at soli er borte om vinteren. Inst på garden vert ho so vidt synleg 6. februar når ho strålar fram vest for Dabmolsknoltane, men fyrst 10. mars flyt ho yver fjelli slik at ho når heile garden. Det er ikkje underleg at folk hev gjeve soli smør når ho atter byrja å verma i veggene. Denne skikken hev halde seg like til vår tid.

Dei fyrste skriftlege oppteikningane om garden finn ein i Bjorgynjar kalfskinn. Der er namnet skrive Faraldzthuæit. I 1563 heiter det Faristhuedt, i 1620 Farrestued, i 1667 Farristved og i 1723 Farristvet. No er skriveformi Farestveit, men folk i bygdi seier helst Farstveit.

Skrivemåten frå mellomalderen syner at namnet er samansett av ordi farald og tveit. Om dette seier Oluf Rygh: «1 ste Led farald n. som i oldnorsk Prosa kun forekommer i forbindelsen: på hvilken Maade, ved hvilken Befordring, Sted, hvor man kan komme frem, Vei. Navnet har uden tvil Hensyn til at herfra udgaar den gamle Fjeldvei fra Modalen til Flatekval i Eksingedalen og videre til Voss».

Amanuensis Frøysadal meinte at namnet kunne ha samanheng med at på denne garden fôr folk yver elvi når dei skulle oppetter eller nedetter dalen.

Andre lekken i namnet syner at garden er gamal. Tveit tyder eit jordstykke som ligg for seg sjølv, eller ei grassletta i skogen. Magnus Olsen meiner at tveit-gardane stort sett sikkert går attende til vikingtidi, men dei kan og vera eldre. Namnetolkingane til Rygh og Frøysadal tykkjest båe vera rimelege. Eitt er i alle høve sikkert: Den 12 km lange fjellyvergangen millom Farestveit og Flatekvål er ein gamal veg. I kristen tid vart dette kyrkjevegen for folket i midtre Eksingedalen. Her vart borni borne når dei skulle til skirsla i kyrkja på Mo, og her måtte ung og gamal fara når dei skulle til den siste kvila. Gravferdsdagen vart dei avlidne førde til Likhaugen og sette inn i Likhaugløa. Næste dag vart dei førde til Mo. I eit brev frå 1667 skriv soknepresten til Hammer, Anders Garmann, litt om kor tungvinne desse gravferdene kunne vera fyrr det kom kapell med gravstad på Flatekvål i 1620-åri. I dei 200 fyrste åri etterpå drog prest og klokkar denne vegen når det var messa på Flatekvål. Her ferdast mange andre òg, handelsmenn, skreppekarar og omvankande reisefylgje.

Rett nedfor husi på Farestveit var eit vade, og her låg det óg båt i elvi. Vegen vidare nedetter dalen gjekk yver Øyjordi, det tidlegare Sollid, gjenom Sollidneset og til Almelid.

På andre sida av elvi, bortanfor Farestveit-garden ligg Vaulurdi. Det er ei av dei største urdane i Hordaland. Mykje tyder på at ein stor del av urdi er komen ned i ny tid. Forteljingane om at der ein gong var lider med beitande buskap tykkjest vera heilt pålitande.

Farestveit hev grensor mot gardane Øvre Helland, Flatekvål, Almelid, Nedre Helland og Straume. Grensa mot Øvre Helland byrjar der Merkestibekken renn ut i Storelvi. Ho fylgjer so bekken opp i Sesskaret, gjenom Sesskarslåtta, opp Berget til ein gamal varde på Vardafjellet. Her byrjar grensa mot Flatekvål. Ho går mot sørvest oppe på fjellet til midt for Storvatnet, svingar deretter tvers yver vatnet og opp i Øykjafjellsnovi. Her sluttar grensa millom Farestveit og Flatekvål. Grensa mot Straume byrjar på Tovmyllsfeti, fylgjer Gaubotselvi opp i Gaubotn og går vidare til høgste fjellkammen i austleg retning, der ho møter grensa mot Nedre Helland. Bytet går so mot sørvest til Kvitafjellsnovi, der det ligg ein stein oppå ein annan. Dette er merket millom dei tri gardane Farestveit, Nedre Helland og Almelid. Grensa millom Farestveit og Almelid er alt nemnd.

Farestveit ligg ikkje utsett til korkje for flaum eller skredor. Men i storflaumen 1743 gjorde likevel elvi stor skade. I tingbok for 1743-48 står det: «Aar 1744 den 30. juni indfant jeg meg medbringende Deres Exelense Stiftamtmans Monchlærs skriftlige resolution datert 6 Marty sistleden angaaende Klage fra oppsidderne paa Gaarden Farrestuedt ved vandløb och Elvebrud och desslige tilligemed de af Laugmændene paa Fogden Rasmus Smidts vegne». Vidare heiter det: «Da denne gaard Farrestuedt ved Elvebrud overgangne sted bliver 18 mrk. smør at aftage udj Skatteskyld och 2 vaager næver aftage udj Landskyld saa at intægtene i ovennevnte Gaard af indtægt ansat til 1 1/2 L. smør bliver den nu ikkun 1 L. 18 mrk. smør, och istedenfor 1 L. smør och 12 vaager næver i Landskyld bliver den nu ikkun 2 pd. 12 mrk. smør och 10 vaager næver».

Brukarane på garden hadde søkt om å få skatteskyldi nedsett, og det vart ho.

I 1563 var Farestveit berre eitt bruk, men etter som tidene gjekk, vart det fleire menn på garden. Åkrar, heimeteigar og utmarkstykke vart delte opp, og dei vart mange og små på kvart bruk. Den fyrste utskiftingi vart haldi i 1832. Dette var vel helst ein grensegang som skulle stadfesta dei gamle byti mellom dei mange heimeteigane. Teigdelingi ser det ikkje ut til at det vart gjort noko med. Dei same åkrane vart sådde år etter år, mann etter mann. Fleire generasjonar brukte både Langåkeren, Gobmoråkeren, Smiåkeren og mange andre til korndyrking, og seinare til potetdyrking.


Heimehøyet vart slege langs åkerreinor, på steinute engteigar og på små træe. Både Storatræet og Vetlatræet var opphaveleg slike træe. Kvar mann hadde hevdvunnen rett til å gå yver annan-manns jord på visse stader for å koma fram til sine eigne åkrar. På 1800-talet vart vel nokre av åkrane større, men det var ikkje alle som kunne utvidast. Ein mann hadde gjerne sin åker midt inne i engteigen til grannen. Difor vart både åkrar og engteigar for det meste liggjande som dei hadde gjort.

I 1900 vart det teke utskifting på heimebøen. Det var då 8 bruk på garden. Teigane er teikna inn på utskiftingskartet med kvar sitt nummer, frå 1 til 376. No fekk kvar bonde samla i ein teig den jord som luten skulde ha, men nokre av dei gamle vegrettane kom til å stå ved lag. Det var for at bøndene framleis skulde koma fram til ymse utmarkstykke som dei åtte. Dette galdt til 1967. Då vart det teke utskifting på den sams hamnehagen og ein del av utmarki.

Dei gamle, hevdvunne arbeidsmåtane heldt seg i fleire år etter utskiftingi, men smått i senn vart nye åkrar tekne opp og gamle lagde att. Gobmoråkeren vart den siste. Han låg open til siste krig. Utyver i 1920-30-åri vart det meir fart i nydyrkingi, men det var ingi lett sak å leggja nytt land under plogen. Jordsmonet ymsa noko. Sume stader var det djup moldjord som ein kunne setja plogen i, men for det meste låg det ei hard, steinblanda aurhella under torvene. Bøndene måtte pikka. Det var ingi onnor råd, og pikka gjorde dei, seint og tidleg. Smått gjekk det, og mødesamt var det. Digre steinrøysar voks opp og dekte det oppbrotne stykket. Dei som sat med gard i dei åri, visste kva det ville seia å bøya ryggen i strid mot ei hard og uviljug moder jord. Men bøane vart oppdyrka, og bøndene kunne driva på ein meir tidhøvande måte.

På heimebøen var det faste hesjar. Då den nye tidi kom, vart hesjane òg moderniserte, men dei heldt seg lenge på dei faste plassane sine. Dei hadde kvar sine namn, ofte oppattkalla etter staden dei stod på, men i slutten av 30-åri byrja dei faste hesjane å verta borte. Teig- og åkernamni heldt seg likevel godt i lang tid, endå om staden vart omsnudd både ein og fleire gonger. Ettersom generasjonane frå fyre 1930-åri kvarv, vart og mange av desse namni borte i daglegtalen, men sume er enno i bruk, serleg dei som på ein eller annan måte hev tilknyting til noko i landskapet.

Fyre utskiftingi i 1900 hadde garden den opphavelege tunskipnaden. Husi på alle dei gamle lutane låg tett saman i ei klyngja. Folki kunne stå i sine eigne dører og tala saman. Det vart i alt mange bygningar, om ikkje nett so store, og staden vart difor ogso kalla «Byen». Dette stortunet låg på Brekko. Lars-husi står no på den gamle tunstaden. Vegen gjekk då omlag som no, og bygningane låg på båe sidor. Bakkastova låg lengst mot aust og nett nedanfor vegen. Ho låg soleis på båe sidor av det noverande bytet mellom Bakka-luten og Lars-luten. Sjølve stova låg i vestre enden av huset, so kom døræ, vetlestova og buæ. Vetlestova var eldst, fyrste gongen oppsett i 1656. Uthusi låg på oppsida av vegen, løa med fjøs under. Skytja stod med eine enden heilt i vegen. Ho var ålmenn samlingsstad for heile garden.

Knut-Ola-stova låg òg nedanfor vegen og litt lenger mot vest. Her vende stova mot aust, so kom døræ, vetlestova og buæ. Yver vetlestova var det ei liti ark, og på nedsida ein svalgang. Vetlestova vart oppattsett og står i dei noverande Knut-Ola-husi, og den gamle svalgangen er innreidd til kammers. Uthusi låg ovanfor vegen, og løa låg vegg i vegg med Bakkaløa.

På Troppe-luten var bunadshus og uthus bygde i eitt. Det var ein lang bygning på oppsida av vegen. Stova låg i vestre enden, so kom døræ og buæ, og deretter fjøset og løa. Troppe-husi var det einaste som hadde kjellardør. I dei andre husi var det ei luka i golvet frå stova eller buæ. Dessutan hadde dei slik ei framifrå god kjelda i kjellaren. Det var noko eige med denne kjelda. Ho låg alltid og klukka. I eldre tid hadde denne luten ein bygning der stova stod oppå floren, og med ei høg tropp ned. Dette er opphavet til namnet.

Eilevhusi stod langs vegen på nedsida. Bygningen var låg. Stova vende mot aust, so kom døræ, vetlestova og buæ. Uthusi låg nedanfor bunadshusi, floren inst, løa ytst.

Botn-Ola-husi stod nedanfor Knut-Ola-husi. Stova vende mot aust, so vetlestova og bu. Det var lem over heile bygningen, og ark ut frå vetle stovelemen.

Botn-Ola-floren stod nett nedfor Eilev-floren, berre eit smog i mellom.

Lars-husi stod nedom Botn-Ola-husi. Stova var ytst, so døræ, vetlestova og buæ. Stovetaket var høgare enn taket på resten av bygningen. Lars-floren stod vest for bunadshusi, litt lenger oppe. Han vende i nord-sør.

Storatræhusi låg på Storatræet, omlag 250 m lenger aust enn stortunet. Bunadshus og uthus var ein samanhangande bygning. Stova vende mot aust, so døræ og buæ med ei liti ark yver, og deretter floren med løa oppå. Dei nye bunadshusi står på dei gamle tuftene.

Vetlatræhusi stod i Vetlatræet, nedanfor vegen og 20-30 m vest for steingarden. Stovebygningen låg øvst. Floren med løa oppå låg nett nedanfor.

Etter utskiftingi 1900 vart husi på Farestveit flytte dit dei no er.

Frå gamal tid hev bruki på Farestveit vore delte i to: todeilar og tringar. Dei opphavelege todeilane var Bakkaluten og Knut-Ola-luten. Tringane var Larsluten, Botn-Ola-luten og Eilevluten. Denne delingi var i alle høve fast gjennomførd i 1834, men sikkert ligg det ei mykje eldre deling attom. Todelingi kjem tydeleg fram på mange område, både når det gjeld fjellvidder, stølar, beiterettar, hopaskog og anna. Frå det gamle tunet på Brekko gjekk det to gangstigar ned til Storelvi. Den eine vart kalla Todeilsvegen og den andre Tringsvegen.

I Jordeboki frå 1590/91 står det: «Aff Sollid Frelse i Kalfskind, fritold 8. hvert år». Sollid er og nemnd fleire stader i kyrkjerekneskapane frå 1585-98. Det høyrer då til Hamre prestebord under Farestveit, men hev ikkje buande mann. Sollid hev sikkert lege på dei flate vollane på solsida av dalen, tvers yver for Farestveit, det som no heiter Øyjordi. I nærleiken ligg Soliåsen, Solilii og Solistølen. Dei gamle, attlagde åkrane er enno godt synlege. For nokre år sidan låg det steinrøysar ved åkerreinone. I 1920-åri vart noko av markene opp-pløgde. Då synte det husgrunnar etter bunadshus med eldstad, likeeins murar etter uthus. Bygningane hev lege omlag der Jakobløa no står. Det hev sikkert butt folk på Sollid fyre svartedauden. Kvifor garden vart avfolka, og kva tid dette hende, veit me ikkje. Dei veldige steinane på Øyjordi syner at fjellet attanfor hev vore ein upåliteleg granne. Etter som tidene gjekk, vart teigblandingi på Øyjordi større og større. Høyet måtte berast frå dei mange småteigane til løone som stod nokso samla. I 1924 vart det teke utskifting, og kvar lut fekk det stykket som dei hev no. Fyrr gjekk vegen midt etter Øyjordi. No vart det bygt veg oppe under uri. Alle, so nær som Storatræ måtte flytta løone sine.

I oppteikningar frå 1723 står det at garden hadde «2 Flomkverner». Desse kvernane hev sikkert stade i Kvednhuselvi. På 1800-talet hadde kvar lut si kvern der. Då var dei 7 i talet. Kverni på Eilevluten stod nedst, nokre meter ovanfor Skarvet. So kom Botn-Ola-kverni og Bakkakverni. Lars-kverni stod litt lenger oppe, ved nedste enden av Hatlehola.

Storatræ-kverni stod på Kvednhushaugen, og Troppe-kvern stod litt nedanfor Svåi. Der Stølselvi bryt or Storvatnet, var det sett ei demma. På den måten