Flatekval

Frå Vaksdal Historielag

(Skilnad mellom versjonar)
Jump to: navigation, search
(Bruk 4 Nilsa-luten.)
Line 797: Line 797:
</ol>
</ol>
-
Mor til desse borni, Gjertrud Andersdotter, var sdotter til Anders Larsson Øvre Skjervheim og kona Magli Jakobsdtr. Ekse. Syster til Gjertrud, Anna Andersdtr., var gift med Knut Johannesson Lavik bruk 5.
+
Mor til desse borni, Gjertrud Andersdotter, var dotter til Anders Larsson Øvre Skjervheim og kona Magli Jakobsdtr. Ekse. Syster til Gjertrud, Anna Andersdtr., var gift med Knut Johannesson Lavik bruk 5.
Line 928: Line 928:
1944: Ved skylddeling er skilt ut frå dette bruket eit stykke med namnet Bergsenden. Det er selt til Solveig Flatekvål.
1944: Ved skylddeling er skilt ut frå dette bruket eit stykke med namnet Bergsenden. Det er selt til Solveig Flatekvål.
- 
===Bruk 5 Knuta-luten.===
===Bruk 5 Knuta-luten.===

Versjonen frå 10:13, 7 mars 2014

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Modalsboka band I


Gards og ættesoge for Flatekvål.



Gnr. 57 Flatekvål


Gnr. 89 i Hosanger


Innhaldsliste

Innleiing

Flatekvål ligg 19 km ovanfor Eidsland. Næraste grannegardane er Nese, 2 km nedanfor, og Lavik, 4 km ovanfor. Gardsnamnet er greitt å tyda: Ein flat kvål, som her kvelver seg nokre meter opp yver vassmålet i elvi og når frå elvebarden og bort under lidi.

I bygdemålet heiter garden Flakoll, og namnet er alltid nytta i ubundi form. Nedst i dalen og uti fjorden sa dei helst Flatekvål eller Flatkål. I skrift finn me desse formene: Fladequall i 1610, 1620 og 1667, og Flatequal i matrikkelen 1723. Futerekneskapen i 1619 hev formi Fladeqaal, og i 1658 Fladqaall, som synest retta seg meir etter talemålet. I seinare tid var den skriftlege formi Flatekval. Etter utskiftingi kring 1910 er den offisielle formi Flatekvål, men mange, både busitjarar og utflyttarar, skriv framnleis Flatekval.

Flatekvål hev grensa mot Nese på båe sidor av Storelvi. Merket går yver elvi ved Flakollsfossen, og på nordsida går grensa mest rett mot nord til høgdi vest for Storavatnet på Flakollsfjellet, på lag midt for vatnet, der merket mot Farestveit tek til. Derifrå går grensa nordaustleg yver vatnet, so meir austleg til merkes med øvre Helland til Vardavatnet. Derifrå vert det fyrst merke mot Haugen søretter til Nipe-enden og sidan mot Lavik i same leid ned i Teigrusti og til Storelvi ved Teigsvingen. Deretter held merket mot Lavik fram yver elvi, og på sørsida går det etter rusti aust for Skavleviki opp til Øykjabotsrusti, derifrå vestetter høgdedraget og kantane yver Njuken til elvi frå Tuftavatnet. Derifrå går merket opp i Sødalsbrunene og fylgjer desse søretter til Styggefjellet mest utmed Nesstølen. Der går det ned til Sødalselvi, som no vert grensa mot Nese nordetter, eller heimetter Sødalen til gamal merkesgard mot Nese på vestsida av Sødalselvi. Grensa fylgjer so merkesgarden mot vest og opp i kantane yver Flakollsbotnen, går derifrå til Middagsfjellet, so etter høgdedraget nordetter til Furneslidbekken eller Mystegrovi, fylgjer so denne nedatt i Sødalen, og sidan etter merkesgard mot aust til Leitet og ned til Flakollsfossen og yver Storelvi.

Der garden ligg, vidar dalen seg ut, og dalbotnen er flat på båe sidor av elvi, som renn stilt utan nemnande stryk langs den flate kvålen. I sør hev me Sødalen, open og romsleg med jamn stigning heilt ut i Sedalsskaret. På vestsida, utfor Nesstølen, stig Saudalsnovi opp 1111 m yver havet. Utanfor novi ligg Saudalsvatnet med avlaup til MysterLeiro. På austsida av Sødalen, noko utanfor Nesstølen, er gamal ferdsleveg opp Brattefonni og yver til Norddalen og Øvstedalen og nedatt til Bolstad. Dette var den vanlege vegen mellom dei nedste gardane i Flakollsokni og Evangerbygdi. For heimste enden av Sødålen, på austsida, ligg Njuken oppyver bratte hamrar. Her hadde garden støl i gamal tid. So lågnar lendet bratt mot nordaust ned til Ospetjørni, ei stor vik som skjer seg langt inn med Utlebøen nord for tjørni. Utlebøen er og som ein kvål på sørsida av elvi. Lenger nordaust hev me Osen, og so Øyane. Utlebøen, Osen og Øyane vert som eit breitt nes mellom Ospetjørni og Storelvi.

På nordsida av Storelvi hev me Teigrusti på grensa mot Lavik, og vestanfor der dei to runde kollane, Vetlasåto og Storasåto, som ris bratt opp på austsida av Skorsdalen. Heimanfor, Skorsdalen er Smalastølen. Der var sauehus oppmura av gråstein med træe omkring den tid dei mjølka sauene om våren Heimanfor der att er skoglid med urd og hamrar ovanfor, og sameleis er det på nordsida av heimebøen og. Når me kjem ut i Dalen, er det fyrst bratt skoglid, Flakollslidi, sidan heller flatt nordetter til Storavatnet og Farestveitstølen. Her gjekk den gamle ferdslevegen mellom Eksingedalen og Modalen. Det var kyrkjevegen og byvegen. Her klyvja dei yver fjellet vendingi dei hadde med seg til byen, og sameleis vara dei kjøpte heimatt. Her for dei to mann i presteskyss att og fram frå Flakoll til Mo kvar gong det var Flakollspreik, og det var ein gong for året. Her for dei yver med skirslaborn - og med lik. Når ein er komen opp Flakollslidi, kjem ein til Likhaugen. Det vart ofte for drygt å greida likferdi på ein dag. Då ferde dei liket opp her fyrste dagen og sette det inn i Likhaugløa, og sa tok dei det att næste dag og førde det fram til kyrkjegarden på Mo.

Kor lenge det hev butt folk på Flatekvål, kan nok ingen segja, men det synest rimeleg at garden er ein av dei eldste i sokni. Her var mange gravhaugar på garden, og funni tyder på at dei er frå vikingtidi. Haugane låg på ymse stader. Dei fleste vart utgravne i 1880-åri, og funni vart sende til Bergens Museum. Johannes Knutson på bruk 5, f. 1861, grov ut nokre av haugane, og det er sagt at han fekk 5 dalar for kvart funn han sende inn. I gravhaugen var det vanleg eit firkanta gravrom av hellor, med ei oskekrukke og ymse ting av bronse, so som spenne og prydnadsting, og so øksar og spjotoddar av jarn. På Kolbakken, litt autanfor ungdomshuset Ljosheim, var to små haugar, og der var og restar etter kolbrenning. Lenger aust, nett austanfor Heimstanestet innmed elvi, var to graver. Eine haugen viser enno, med grop etter gravingi. Største haugen var på Utlebøen bortanfor elvi. Han var 3 -3,5 m høg og 5 - 6 m i omfar og med stor grop etter utgravingi. Lars Nygard på bruk 6 fekk teigen her i utskiftinga, og då han braut opp åker der, fann han ei øks, nokre spjotoddar og ymse beslag i jordi dei hadde kasta opp då dei grov ut haugen. Ein stad 4 - 5 hundre meter aust for denne haugen heiter Sunnivabøen, og der er tufter etter hus og merke etter åkerlappar. På Espastykket vestanfor garden, nedmed elvi, var tri haugar som synte godt fyrr stykket vart ombrote og utjamna. I Øyni, på sørsida av elvi, var to gravhaugar som no er utgravne.

So langt attende me veit, var innmarki på garden den store flaten på nordsida av elvi, mellom den lange grunne viki der Lokjebekken renn ut, og Storelvi, og som når frå elvebarden og bort under lidi i nord. Det er ein samanhangande flate på lag 3/4 km lang og nærare 350 meter breid, so å segja rennande flat. Grunnen er sand og grus med eit lag moldjord og raudmilda oppå. Mange stader er matjordlaget berre nokre turnar tjukt, sume stader opp mot alni. Her var tunet, her var åkrane og all bøen. Ingen annan gard i sokni hadde so fint eit åkerlende og so stor åkervidd. Størst av alle var Storåkeren hans Gamle-Lars. Han nådde frå kyrkja og heilt heim til husi, og frå gardsvegen og mest bort til hovudvegen og var vel 7 mål. Det var største åkeren i prestegjeldet, sa han Lars. Han spadde heile åkeren med spadskida, sådde havre som han hakka nedi med kornriva med fire lange tretindar. Etterpå tok han finhakka turr myk i fjølatroget og riste henne jamt utyver. Om hausten fekk han 35 tunnor god havre og 8 tunnor lettakorn. Elles hadde kvart bruk sin «storåker» og nokre mindre attåt, og dei dyrka det meste av matkornet dei trong, for det meste havre, men stundom noko blandkorn og. Sa kjøpte dei gjerne ei tunna spissabygg, og helst ei tunna rug Og. Flatekvål var den fljotaste garden i sokni. Her var tidlegare tåe om våren enn på gardane nedanfor, so flakollane var vanleg dei fyrste både med våronn og hausting. Her var heller ikkje so frostnæmt som til dømes på Høvik. Grunnen til dette var vel både jordsmonet og veret. Her er turrlendt og lett jord, og so er det mest aldri stilt på Flakoll.

Med slik åkervidd dei hadde den tid dei dyrka korn, vart det ikkje mykje att til engbø, sa det vart her som elles på gardane mykje markaslåtten å lita på. Markaslått hadde dei i alle lider. På sørsida av elvi var desse slåttone, rekna frå Lavikmerket og heimetter: Skavleviktonæ med 1 løa, Kyrabotn med 2 løor, Kroken og Krokatjørni med 2 løor. Nedanfor desse, ned mot elvi, var Øyane med 4 løor. Det var beste slåtta. Oppfor Ospetjørni var Tjødnaskredo. Derifrå føyde dei graset heim med båt og hesja det. Yver der er Vikane og Hjellane. So er det Njukaslåtto, Hamrastykket, Grautaneset og Tonæ under Hamraberget. Deretter kjem Øynæ, ei flata med mykje stein og grus, men og med omlag 20 mål god moldjord ned mot Storelvi. Det meste av dette er oppdyrka no. I Sødalen var det og slåttor. På austsida var Gjelæ, Heimsta-slåtto og Ysta-slåtto. På vestsida var Sødalslidi, Røyto og på Myrane, alle med løor. På nordsida av Storelvi var desse slåttone, rekna frå Lavik-merket og heimetter: Teigen 2 løor. Ovanfor Teigen er Verkane med 2 løor, og ovanfor der att Verkabotnen med 3 (fyrr 4) løor. Sume år for dei heilt opp i Brimtødna og slo flat-teig. Ei tid hadde dei løypestreng derifrå og ned til 2 løor som stod i beistehagen nedunder. Frå Smalastølen og heimetter var og slåttor: Vetlalidi, Vetlelidbotnen og Geitabrekko, alle med Iøor. I Flakollslidi og oppe på Gongefjellet mellom Flakoll og Farestveit var og slåttor. Fyrst var det Lidaslåtto med 2 bøar, so Likhaugløa, Steinseterløa, som var mura av gråstein, Storevatsløa og Vetlevatsløa. Det var og ei slåtta på nordsida av Storavatnet. Ho høyrde Lars-luten til, men dei leigde henne bort til Storatræet på Farestveit. Det var laglegare å bruka slåtta derifrå enn frå Flakoll. I 1863 er det oppgjeve at dei fem bøndene på Flakoll hausta 3360 våger høy. Av det var 1800 våger markahøy. Etter utskiftingi minka det snart med markaslåtten. Alle bøndene hev dyrka ny jord, på Osen, Utlebøen, i Øyane, i Øyni, i Dalen og på Smalastølen. Det er knapt nokon annan gard i sokni som hev auka den dyrka jordviddi si so mykje den siste mannsalderen som Flatekvål.

Om skogen på garden heiter det i 1723: «Brendeved skog og litt furu til husfornødenhed». No reknar me at garden hev rikeleg med vedaskog. Det veks lauvskog i alle lider, mest bjørk, men òg noko raun, osp og selja. Fureskog er det smått med no. Berre i Sødalen veks det litt fura. Etter segni skulle det vera bra med fura her for omlag 300 år sidan. Men då husi i Lavik brann opp kring 1700, vart fureskogen reint skamhoggen, so han hev ikkje kome seg oppatt sidan. Det same er sagt om fureskogen på Nese òg. Kring 1900 tok dei til å planta gran. Ho voks godt her som elles i dalen, so garden kan nok verta sjølvhjelpen med husvyrke. Den tid det var arbeidshjelp på garden, losta dei og selde bork og never, og stundom ikkje so lite ved òg.

I matrikkelen 1723 heiter det: «Seter 1/4 mil fra gården». Dette må vera Skorsdalstølen som ligg på nordsida av dalen, ovanfor Tverrlidi. Stølsvegen går opp frå Smalastølen. Her var 4 sel: Knuta-selet, Hallvard-selet. Larsa-selet, som var bygt saman med Jakob-selet, og so


Nilsaselet som låg øvst. Det hev og vore stølshus i Skabotnen. Der synte lenge grunnar etter eit dubbeltsel. På sørsida av dalen var Njukastølen, nord for elvi som kjem frå Tuftavatnet. Der hev synt restar etter seli til no. Den tid dei bruka denne stølen, var dei her i 4 vekor, deretter 5 vekor i Skorsdalen. Etter siste heimskrigen vart det slutt med stølsdrifti. Mjølkekyrne hev dei no på kulturbeite det meste av sumaren.

I 1723 hadde garden «1 flomkvern», og ho stod i Kvernhusgili. Der syner tufter etter 3 kvernhus, og Krokatjørni hev vore oppdemd mest to meter for å få nok vatn. I 1734 laga flakollsmennene til kvernstøe i Flakollsfossen. Det var på nordsida av elvi. Der braut dei ut ein glip etter eit stikk i fjellet i fossebruni, og etter kvart fekk alle bruki kvern der. Fyrst sette Larsaluten og Jakob-luten opp eit kvernhus i lag. So kom Hallvardluten med sitt, og sist flytte Rotaluten si kvern hit frå Kvernhusgili, og deira hus kom då ytst i rekkja mot fossen.

På Nese hadde bøndene kvernane sine i Kvernhusbekken bortanfor Nesvatnet. No ville dei og flytta til Flakollsfossen, og gjorde fyrebuingar til å byggja seg kvernhus nedanfor kvernhusi til flakollbøndene. Flakollsmennene meinte at nesane hadde ingen rett der, og jaga dei heimatt. Ilska var no likevel ikkje verre enn at etter litt tretta og fredelege tingingar fekk nesane lov å setja opp kvernhus nedanfor Hallvard-luten sitt, og dei skulle få bruka glipen som flakollsmennene hadde laga, mot at nesane heldt damluka, som var av tømmer.

Om sagbruk i Flakollsfossen er fortalt i gardsoga for Nese.

I 1939 bygde dei elektrisitetsverk i Flakollsfossen. Det gav kraft til ljos for busitjarane på Flatekvål og Nese. Dette verket hev vore i drift like til no (1974).

Det gamle tunet på garden låg nedanfor hovudvegen som no er, og eit godt stykke aust for kyrkja. Når ein gjekk gardsvegen innetter frå kyrkjegardsporten, kom ein fyrst til Larsa-husi. Der var flor, eldhus og bunadshus, og so gamle Larsa-stova til vinstre for bunadshusi. Alle desse husi låg noko lenger vest enn hine husi på garden. So kom Hallvard-tunet nærast hovudvegen, med kårhus (nystova), gamal skytja, løa, og til høgre for desse den lange hovudbygningen med tropp frå båe kantar opp til den høge dørhella, slik som det enno er. Til høgre for desse, lenger frå hovudvegen, stod Jakobhusi, og dei var mange. Det var stall, skytja, flor og løa, vetlestova og bu, og so stovebygningen. I bui skulle vera innskore årstalet 1540. Dessutan var det smia på denne luten. Ho stod langt nord på bøen, på andre sida av hovudvegen. So var det Nilsa-husi. Stova stod lengst ned mot elvi, eldhuset noko nær Jakob-stova, og flor og løa noko lenger nordaust. Knuta-husi stod nærast ned mot elvi, stova og flor lengst nede, og løa noko lenger oppe.

Etter utskiftingi 1908-12 fekk Nilsa-luten sin innmarksteig lengst sørvest og flytte husi sine dit. Seinare hev dei bygt om både bunadshus og uthus. Jakobluten fekk og sin teig sørvest for kyrkja og måtte flytta husi. Dei hev bygt om og bygt på, so husi er lite attkjennande. Hjå dei andre gardamennene hev og vore mykje ombygging, so det er visst berre bunadshusi på Hallvard-luten som er like seg som dei var fyre ustksiftingi.

Den nye kyrkja på Flatekvål var innvigd i 1883. Ho er mura av gråstein, og neistaren for det arbeidet var Anders Johannesson Lavik.


EIGARAR.

1597: Stigten bygslar 1/2 L. smør.

1610/11: Jordebok: Stigtens Landskyld 1/2 L. smør.

1647: Store Kontribusjonsskatten: Kong. Maj. eier og bygsler. Sameleis 1660.

1664: Odelsmanntal: Abel Munthe eier og bygsler.

1673: Abel Munthe Peder Lembs.

1682: Odelsmanntalet hev Lagmand Lillienschiold.

1718: Matrikkelen hev assessor Willum Hansen.

1756: Skøyte frå Jaen van de Veides dødsbu til monsiur Jaen Frøchen.

1764: 30/11 er ført skøyte på Kgl. Maj. eiendommer til «studiosus»

Herman Jansen Frøchen på Flatekvål, 1 L. 1 pd. smør for 100 rd. Same dagen gjev Herman Jansen Frøchen skøyte til dei 4 brukarane på garden:

Iver Larsen 1 pd. smør for 45 rd.

Knud Olsen 1 pd. smør for 45 rd.

Halvor Johannessen 1 pd. smør for 45 rd.

Ole Johannessen 1 pd. smør for 45 rd.

Sidan hev garden vore sjølveigarbruk.


Skyld og utreidslor.

1597: Futeregnsk.: 1/2 L. smør.

1621/22: Futeregnsk.: 1 L. smør.

1624/25: Jordebok: Leding og frelse 4 kalvskinn.

1644/45: Jordebok: Leding og frelse 3 kalvskinn.

1660: Skyldi er komi opp i 1 L. 1 pd. smør og står med det til 1838.

1838: Skyldi vert sett i pengar, 4 dalar 12 skilling.

1886: Skyldi vert omgjord til 9 mark 34 øre.


Fødnad.

1657: Kvegskatten: 2 hestar, 2 uksar, 23 kyr, 2 kvigor, 35 geiter, 56 sauer. Det er då tri brukarar på garden.

1667: Matrikkelen hev 4 brukarar med i alt 3 hestar og 30 storfe. Småfe er ikkje med.

1723: Matrikkelen hev 4 brukarar med i alt 24 kyr, 12 ungfe og 48 sauer.

1803: Jordavg.: 40 «kreaturer», 48 sauer, hestar ikkje med.

1865: I samb. med folketelj.: 5 brukarar, 5 hestar, 56 storfe, 98 sauer, 5 geiter.

1875: I samb. med folketelj.: 5 brukarar: 4 hestar, 3 fyl, 42 kyr, 10 ungfe, 84 sauer.


Sånad og avling.

1667: Matrikkelen: Sår 8 tunnor havre, avlar 16 1/2 tunnor.

1723: Matrikkelen: Sår 8 tunnor havre, avlar 16 tunnor.

1803: Jordavg.: Sår 14 tunnor havre, avlar 36 tunnor.

1865: I samb. med folketelj.: Sår 19 tunnor havre, 20 tunnor potetor.

1875: I samb. med folketelj.: Sår 18 tunnor havre, 22 tunnor potetor og 4 skålpund grasfrø.

I «Jordbrugsbeskrivelsen» 1863 finn me desse oppgåvone:

Det er 3 «heile» og 2 «halve» bruk på garden.

Åker og dyrka eng er tils. 50 da., av det 28 da. godt, 11 da. medels godt og 11 da. ringt. Natureng er tils. 78 da., av dette 24 da. godt 27 da. medels er 27 da. ringt. Dei haustar i alt 3360 våger høy, av det 1800 våger markahøy. Dei får 608 våger halm. Beit og lyng er rekna til vel 1 kufor.

Fødnaden på garden er 38 kyr, 13 ungfe, 5 hestar og 100 smalbeist.


1959. Etter «Norske Gardsbruk».


Bruk 1. 1. Dyrka jord 80 da. (mold og myrjord), anna jordbr.areal 50 da., prod. skog 250 da. Bustadhus bygde 1873 og 1936, driftsbygn. 1916 og 1929. Brt. 105.000 kr. Fødnad 10, kyr, 15 ungdyr, 20 sauer, 4 griser. Part i kraftverk.


Bruk 2-3. Dyrka jord 48 da. (mold), anna jordbr. areal 52 da., prod. skog 250 da. Bustadhus bygde 1875 omb. 1953. Driftsbygn. 1910, tilb. 1950, bu bygd 1540. Flatekvålstølen. Brt. 125.000 kr. Fødnad 1 hest, 6 kyr. 1 ukse, 20 sauer, 2 griser.


Bruk 4. 4. Dyrka jord 40 da. (sandjord). anna jordbr. areal 18 da., prod. skog 100 da. onnor utmark 200 da. Bustadhus bygt 1890, omb. 1943, driftsbygn. flytt 1907, påbygd 1950, bu bygd 1825. Flatekvålstølen. Brt. 60.000 kr. Fødnad 1 hest, 7 kyr, 2 ungdyr, 20 sauer, 6 griser. Part i kraftverk.


Bruk 6. 6. Dyrka jord 30 da. (mold og grusjord), anna jordbr. areal 25 da., prod. skog 100 da., onnor utmark 60 da. Bustadhus bygt 1911, omb. 1952, driftsbygn. 1924. Flatekvålstølen. Brt. 45.000 kr. Fødnad 1 hest, 4 kyr, 2 ungdyr, 30 sauer, 2 griser. Part i kraftv.


Bruk 7. 7. Dyrka jord 32 da., (mold), anna jordbr. areal 20 da., prod. skog 100 da., onnor utmark 60 da. Bustadhus bygt 1912, påbygt 1925, driftsbygn. 1924, hytta 1943. Flatekvålstølen. Brt. 46.000 kr. Fødnad 1 hest, 5 kyr, 4 ungdyr, 18 sauer, 1 gris.


Bruk 9. 9. Lyngen. Dyrka jord 35 da. (sand og myrjord), anna jordbrareal 10 da., utmark 50 da. Bustadhus bygt 1937, påbygt 1950, driftsbygning bygd 1938, omb. 1950, garasje og smia 1937. Skorsdalen sæter. Brt. 122.500 kr. Fødnad 1 hest, 4 kyr, 2 ungdyr, 10 sauer, 5 griser. Bureisingsbruk. Part i kraftverk.


BUSITJARAR

Bruk 1 Hallvard-luten.

1597: Futeregnsk. fører: «Simon Fladequal af 1/2 Løb 3. bygsel 10 skilling 2 album Landbøydsell 1/2 dr.» Når han får 3. bygsel, tyder det oppattnya bygsel for 3 år, so Simon hev site med garden fyre den tid, men uvisst kor lenge. Simon bygslar 1/2 L. smør, og det er heile garden.

1. a Simon Fladequal, d. 1618/19, g. m.

Ukjend, d. 1623/24.

Born:

  1. Mogens, fyrste brukar på bruk 6 (og 7).


1609/10: Simon får atter 3. bygsel, men no berre på 1 pd. Samstundes får Mogens Simonson 1. bygsel på 8 mrk., som må vera resten av garden.


1615/16: Simon får atter oppattnya bygsel på sin part.


1619: Simon er borte, og enkja let frå seg noko av deira part til Knud Oelsen på bruk 6, men ho sit framleis med det meste av bruket.


1.b. Enkja etter Simon Fladequal sat truleg med bruket til ho døydde.


1621/22: Enkja på bruk 1 og Knut Oelsen på bruk 6 får 3. bygsel på kvar sin 1/2 L. smør, so då er dei to bruki jamstore, og skyldi på garden er ein heil Laup, d.v.s. dubbelt so stor som i 1597.


1623/24: Futeregnsk. fører: «Peder Olufsen sted 1/2 L. udi Fladequal hannis foreldres røddeboell Penge 8 dr». Dette er ei merkeleg utsegn, men kan vel ikkje tyda anna enn at det er foreldri til Peder som hev rudt og bygt garden her, og at dei var fyrste busitjarane på Flatekvål etter svartedauden. Då synest det underleg med desse som hev kome og bygsla og butt her i millomtidi. Me kan ikkje vita visst korleis det heng i hop, men det ligg nær å tenkja at kona til Simon hev vore gift fyrr, og at fyrste mannen heitte Oele eller Oluf, og at Peder må vera deira son. I so fall kan det vera rimeleg at Knud Oelsen på bruk 6 og er deira son.


2. Peder Olavson Flatekvål, g. m.

Sigrid, (kopsk. 1645).

Born:

  1. Ei sdotter, g. m. Jakob Hansson bnr. 4.
  2. Olav f. 1638, busett Myster bnr. 1-2.
  3. Marta f. 1650, g. m. næste brukar her.

Fleire born finn me ikkje.


1655: Peder let frå seg halve bruket til versonen sin, Jakob Hansson. Dette halve bruket er på 18 mrk. smør og får seinare bruksnr. 4 (og 5). Sjølv sit Peder att med andre halvparten so seint som i 1668.


1667: Marta Pedersdtr. vert gift med Lars Johannesson Øvre Helland. Dei får bygsla bruket etter far hennar. Lars er førd i futeregnsk. 1691 og sit med bruket til han døyr. Sidan sit enkja med bygsel til sonen gifter seg i 1713.


3. Lars Johannesson Flatekvål, f. Øvre Helland 1658, d. 1707, g. 1677 m.

Marta Pedersdtr. Flatekvål, f. 1650, d. 1720.

Born:

  1. Ivar tvill. f. 1678.
  2. Namnlaus tvill. f. 1678.
  3. Guro f. 1680.
  4. Brita f. 1682, g. 1705 m. Knut Knutson Fjellanger, sjå Fjellanger bnr. 1.
  5. Jakob f. 1683, g. 1713 m. e. Inga Magnesdtr. Leiro, sjå Leiro.
  6. Knut f. 1689, d. 1691.
  7. Johannes f. 1691, næste brukar her.


1713: Bygselbrev frå Wilhelm Hansen til Johannes Larsson på 1 pd. smør. Han får oppattnya bygsel so seint som i 1739, og han sat truleg med bruket til han døydde.


4. Johannes Larsson Flatekval, f. 1691, d. 1762, g.

1. 1713 m. Anna Johannesdtr. Straume, bnr. 4, f. 1691, d. 1737.

2. 1737 m. Kari Olavsdtr. Farestveit, bnr. 7, f. 1695, d. 1739.

3. 1740 m. Anna Ivarsdtr. Mo, bnr. 4, f. 1710, d. 1788.

Born:

  1. Lars f. 1714.
  2. Maria f. 1716, g. 1739 m. em. Johannes Olavson Flatekvål, sjå Fjellanger bnr.6.
  3. Helga f. 1719, d. 1719.
  4. Marta f. 1720, g, 1741 m. Jakob Ivarson Mo, sjå Mo bnr. 4.
  5. Kari f. 1723, d. 1724.
  6. Helga f. 1724, d. 1788, g. 1752 m. Hans Johannesson Langedal bnr. 2, attg. m. Haldor Gudmundson Langedal f. Eikemo. Sjå Langedal bnr. 2.
  7. Anna f. 1727, d. 1807, g. 1759 m. Jon Nilsson Otterstad, sjå Otterstad bnr. 3.
  8. Anna f. 1730, d. 1762, g. 1753 m. Christian Hegerstveit, 2 born, Brita f. 1755, Anna f. 1758.
  9. Halvor f. 1732, næste brukar her.
  10. Anna f. 1738, d. 1738.
  11. Kari f. 1743, g. 1767 m. Olav Johannesson Langedal, sjå Langedal bnr. 2.
  12. Brita f. 1745, d. 1750.
  13. Anna f. 1748, g. 1771 m. Anders Eilevson Lavikhaugen, sjå Lavikhaugen bnr. 1.
  14. Marta f. 1752, d. 1752.
  15. Brita f. 1753, g. 1784 m. em. Mikkel Torbjørnson Fjellanger, sjå Fjellanger bnr. 1.


1764: Skøyte frå Herman Jansen Frøchen, dagsett 30/11, til Halvor Johannesson Flatekvål på 1 pd. smør for 45 rd. Halvor gjev vilkårsbrev til stykmori Anna Ivarsdtr.


5. Halvor Johannessson Flatekvål, f. 1732, d. 1819, g.

1. 1759 m. Kari Johannesdtr. Langedal, bnr. 2, d. 1794.

2. 1795 m. Brita Knutsdtr. Nygard, bnr. 3, f. 1747.

Born:

  1. Anna f. 1760, d. 1780, ug.
  2. Brita f. 1763, d. 1816, g. 1803 m. Johannes Knutson Mellesdal, plassfolk på Veastølen under Mellesdal.
  3. Johannes f. 1766, næste bonde her.
  4. Siri f. 1772, d. 1772.


1778: Skøyte frå Halvor Johannesson til sonen Johannes på halve bruket. I 1795 får han skøyte på andre halvparten frå faren og frå systeri Brita og sit no med heile bruket, 1 pd. smør. Heile kjøpesummen var 62 rd.


6. Johannes Hallvardson Flatekvål, f. 1766, d. 1841, g. 1794 m.

Kari Eilevsdtr. Nåmdal, bnr. 1, f. 1774, d. 1824 ved ulukka (steinsprang).

Born:

  1. Kari f. 1795, g. 1815 m. Johannes Haldorsen Nese, sjå Nese bnr. 1.
  2. Hallvard f. 1796, næste bonde her.
  3. Anna f. 1799, d. 1800.
  4. Eilev f. 1800, g. 1824 m. Brita Larsdtr. Lavik bnr. 5. I skifte etter Simon Eilevsen Nåmdal 1826 er han skriven Lie.
  5. Knut f. 1804, g. 1829 m. Ingeborg Dagsdtr. Langeland, Evanger f. 1797.
  6. Anna f. 1806.
  7. Johannes f. 1808, g. 1833 m. Torbjørg Jørgensdtr. Hernes, Evanger. Flytta til Hamre prg. i 1825.


1823: Skøyte frå Johannes Hallvardson til sonen Hallvard på halve bruket, 12 mrk. smør, for 50 spd. I 1825 får han, i skifte etter mori og med skøyte frå faren, resten av bruket, 12 mrk. smør, for 70 spd. Hallvard gjev kårbrev til faren.


7. Hallvard Johannesson Flatekvål, f. 1769, d. 1872, g. 1824 m.

Maria Johannesdtr. Lavik, bnr. 1, f. 1800, d. 1869.

Born:

  1. Kari f. 1825, g. 1861 m. em. Olav Olavson Nese, sjå Nese bnr. 4.
  2. Agata f. 1827, d. 1857, g. 1854 m. Olav Olavson Nese bnr. 4. Agata d. på barnseng uforløyst. Olav og Kari budde i Vinåsen, Haus, 4 born. Sonen Olav fekk bruket der etter faren.
  3. Johannes f. 1830, næste bonde her.
  4. Johannes f. 1832, døydde ung.
  5. Anna f. 1835, g. 1862 m. Nils Olavson Lavik bnr. 4, busett bnr. 4.
  6. Knut f. 1837. g. 1893 m. Marta Larsdtr. Yksendal bnr. 1, busett bnr. 5.
  7. Ingeborg f. 1840, d. .1908, g. 1863 m. Knut Andersson Lavik bnr. 1 f. 1838, busett Øvstedal, Væle, Dagestad, 9 born.
  8. Anna f. 1843, d. 1843.
  9. Johannes f. 1845, g. 1876 m. Maria lvarsdtr. Straume bnr. 3, busett Grønhaug, Otterstad bnr. 2.


1853: Skøyte frå Hallvard Johannesson, ved fullm. Jakob Andersson Flatekvål, til sonen Johannes for 150 spd. og kår.


8. Johannes Hallvardson Flatekvål, f. 1830, d. 1909, g.

1. 1858 m. Maria Andersdtr. Lavik, bnr. 1, f. 1829, d. 1864.

2. 1867 m. Dordi Andersdtr. Yksendal, bnr. 2, f. 1840, d. 1909.

Born:

  1. Maria f. 1859, d. 1943, g. 1901 m. em. Jakob Olavson Fjellanger, sjå Fjellanger bnr. 2.
  2. Hallvard f. 1861, reiste til USA, d. ved ulukka (trakka ned av hestane). Han var gift og hadde mange born.
  3. Johannes f. 1869, næste bonde her.
  4. Andreas f. 1871, g. m. Marta Knutsdtr. Vetlejord bnr. 1. Dei hadde farm i N. Dakota, 2 søner, Sigurd og Anton.
  5. Maria f. 1873, d. 1970, g. 1898 m. Knut Hansson Lillejord bnr. 2, busett Hosanger. Sjå Vetlejord bnr. 2.
  6. Anton f. 1875, d. 1902, ug.
  7. Johan f. 1878, reiste til Amerika, døydde 8 dagar etter han kom dit.
  8. Augustin f. 1880, d. 1933, g. m. Marg. m. Margreta Heyerdal f. 1890, frå Jeløy, 2 døtre: Dagrun og Sigfrid. Augustin var lærar i Oslo.
  9. Guri f. 1882, d. 1970, g. 1905 m. Einar Nilsson Nese, sjå Nese bnr. 1.


1904: Skøyte frå Johannes Hallvardson til sonen Johannes for 1200 kr.


9. Johannes Johannesson Flatekvål, f. 1869, d. 1950, g. 1898 m.

Anna Knutsdtr. Vetlejord, bnr. 1, f. 1878, d. 1966.

Born:

  1. Hårik f. 1899, næste bonde her.
  2. Johan f. 1901, d. 1968, g. 1925 m. Jenny Andreasdtr. Flatekvål bnr. 2-3, busett der.
  3. Dagny f. 1903, d. 1911.
  4. Hallstein f. 1905, d. 1924, ug.
  5. Sigrid f. 1907, g. 1936 m. snikkar Johannes Andersson Langedal, Mo bnr. 7-11, busett Haugamoen, Voss, barnlause.
  6. Hallvard, g. 1934 Gudrun Nilsdtr. Nesheim. Sjå bruk 9, Lyngen
  7. Harald, fabr.arb. på Herøya, g. 1939 m. Solveig Magnhild Hansdtr. Dåe, Masfjorden, busett Porsgrunn, 5 born.
  8. Dagny, g. 1940 m. fab. arb. Fritz Kristoffersen, busett Odda, 3 born.
  9. Sverre, g. 1945 Ragnhild Nilsdtr. Nesheim. Sjå bnr. 10, Dalen!
  10. Alvhild, g. 1944 m. fyrstelærar ved Sør-Fron ungdomsskule Kåre Larsson Flåskjer f. 1906 i Ørsta, busett Harpefoss i Fron, 2 born.
  11. Haldis, sjukepleiar, g. 1958 m. konsulent på rådmannskontoret i Oslo Håvard Helgeson Bjørgo, Evanger, 1. dotter Anna.
  12. Åsa, g. 1954 m. fabr.arb. Lars Pederson Bakkane, Jostedal, 2 born, ekteskapet oppløyst 1969.


Johannes Johannesson Flatekvål var lærar i heimbygdi i mange år. Flakollskulen vart han gjerne kalla i bygdi.


1939: Skøyte frå Johannes Johannesson og kona til sonen Hårik på dette bruket og på bruk 5 for 5000 kr. Seljaren tek undan eigedomsrett til den vesle stova vestrast på bøen og til bustadhuset i Dalen. Når seljaren døyr. går husi attende til grunneigaren utan vederlag.


10. Hårik Johannesson Flatekvål, f. 1899. g. 1927 m.

Kari Jakobsdtr. Nese, bnr. 1, f. 1898.

Born:

  1. Gunvor, g. 1955 m. Olav Tyssen, Evanger, F. 1925, d. 1977, busett Dalseid, 8 born.
  2. Hallstein f. 1930, næste bonde her.
  3. Anna, g. 1952 m. Arvid Jakobson Myster, busett Myster bnr. 25.
  4. Johannes, heradsagronom i Stranda, Sunnmøre, g. 1969 m. Jenny Knutsdtr. Liland, Nygard bnr. 4, 3 born.
  5. Jakob Toralv, g. 1963 m. Kari Elisabeth Nilsdtr. Hellestræ. Båe er lærarar på Krokeide skule, Fana. busette Rød, 2 born.
  6. Astrid, g. 1959 m. bonde Knut Rasmusson Øvstedal, busett i Øvstedalen, 5 born.


1953: Ved kontrakt om sereiga fører Hårik Johannesson yver til kona si, Kari Jakobsdotter, bruk nr. 1 og bruk nr, 8. Skøyte sat han sjølv med til 1960, då sonen Hallstein tok yver.


1960: 3/12: Skøyte frå Kari Jakobsdtr. Flatekvål til sonen Hallstein på bruk nr. 1 og bruk bnr. 8 for 8000 kr. og kår verdsett til 2000 kr. for 5 år.


11. Hallstein Hårikson Flatekvål, f. 1930, d. 1967 ved ulukka, ug.


Då Hallstein døydde, var foreldri eine-ervingar, og dei sit no med heimel til desse bruki (i febr. 1975).


Etter at Olav Tyssen døydde i 1977, flytte a. attende til Flatekvål med barneflokken.

Born:

  1. Håkon, næste bonde her.
  2. Sigrid, sjukesyster.
  3. Kjell.
  4. Geir Olav.
  5. Sveinung.
  6. Bente Kari.
  7. Arne Vidar.
  8. Øyvind.


1977: Skøyte frå Hårik Johannesson og kona til sdottersonen Håkon på dette bruket og på bruk 5 for kr. 50.000,-.


12. Håkon Olavson Tyssen.


Bruk 2-3 Jakob-luten.

1658: I Futerekneskapen heiter det: «1. bygsel anammit aff Niels Fladqaall som hans Verfader affstod gaff P. 5 dr.» Verfaren er Knut Olavson på bruk 6, og den parten som Nils no får bygsla, er det som sidan vart bruk nr. 2 (og 3). I 1691 er skyldi på kvart av dei to bruki pd. smør. Nils er no førd i Landkomm. 1661, i prestemannt. 1664 og 1667, og i Futeregnsk. 1668, og han sat truleg med bruket til han døydde i 1688. Nils var truleg gift 2 gonger. Enkja Marta, som er gravfest 1720, 70 år, må vera enkja etter Nils, men ho kan ikkje vera mor til eldste borni hans.


1. a. Nils Flatekvål, f. 1623, d. 1688, g.

1. m. dotter til Knut Olavson, bnr. 6.

2. m. Marta, f. 1650, d. 1720.

Born:

  1. Anna f. 1652, d. 1728, g. 1678 m. Knut Monsson Nesheim, busett Fjellanger bnr. 1.
  2. Ivar f. 1655, g. 1688 m. Kari Olavsdtr. Kamulen, Nottveit. Sjå under husmenn på Flatekvål og Nottveit.
  3. Brita f. 1661, d. 1744, g. 1714 m. em. Mons Andersson Otterstad, sjå Otterstad bnr. 5.
  4. Olav f. 1670, brukar her etter mori.


1.d. Futeregnsk. fører Enchen, og ho må vera enkja etter Nils. Ho brukar 1 pd. smør, og heile garden er skift i fire jamstore bruk. Ho sit med bruket til sonen Olav tek yver i 1694.


1694: Futeregnsk. hev Ole. I manntalet 1701 heiter han Ole Nilsen, og han må vena son til Nils og Marta framanfor. Han sit med bygsel til 1726.


2. Olav Nilsson Flatekvål, f. 1670, d. 1743, g. 1691 m.

Marta Jakobsdtr. Fosse, d. 1729 og då sagd 85 år.

Born:

  1. Marta f. 1693, g. m. næste brukar her.


1726: Bygselbrev frå Wilhelm Hansen til Lars Knudsen på 1 pd. smør.


3. Lars Knutson Flatekvål, f. Nygard bnr. 3, g.

1. 1720 m. Marta Olavsdtr. Flatekvål, f. 1693, d. 1740.

2. 1740 m. Ingeborg Hansdtr. Langedal, truleg bnr. 2, d. 1758.

Born:

  1. Knut f. 1721, d. 1765, g. 1749 m. e. Brita Ivarsdtr. N. Helland, sjå Nedre Helland bnr. 3.
  2. Helga f. 1722, d. 1749, ug.
  3. Ragnhild f. 1724, g. 1770 m. em. Askjell Ivarson Mo, sjå Mo bnr. 4.
  4. Nils f. 1726, g. 1753 m. Agata Olavsdtr. a Helland bnr. 4. Nils d. fyre 1765.
  5. Jon f. 1728, d. 1728.
  6. Marta f. 1729, levde 1765.
  7. Olav f. 1731, d. 1731.
  8. Olav f. 1732, levde 1765.
  9. Johannes, tvill. f. 1735, d. 1735.
  10. Maria f., tvill. f. 1735, hadde ei dotter Helga, g. 1798 m. Askjell Andersson Nipen. Æb. Hos. II s. 288


1739: Wilhelm Hansen auksjonerar bort bygsli på gardane sine, og då heiter det: «Lars Knudsens brug Ole Andersen Helgeland var på vårtinget den høistbydende derfor ham tilslagen». Om denne brukaren finn me ingi opplysningar. Me finn ingen Ole Andersen korkje på øvre eller nedre Helland som kan høva, og på Flatekvål finn me heller ikkje far etter mannen.


4. Olav Andersson «Helgeland».

1764: 30/11: Skøyte frå Herman Jansen Frøchen til Ivar Larsson på 1 pd. smør for 45 rd. Ivar Larsson er son til Lars Jakobson Fjellanger og kona Brita Knutsdtr. Fjellanger bnr. 1.


5. Ivar Larsson Flatekvål, f. Fjellanger 1712, d. 1803, g. m.

Agata Andersdotter, f. 1716, d. 1777.

Born:

  1. Knut f. 1743, d. 1750.
  2. Kristbjørg f. 1745, g. 1781 m. Olav Nilsson Lavik, sjå Lavik bnr. 4.
  3. Anders f. 1747, næste bonde her.
  4. Olav f. 1750, d. 1751.
  5. Brita f. 1751, g. 1771 m. Johannes Torkjellson Øvstedal, Evanger.


1773: Skøyte frå Ivar Larsson til sonen Anders for 45 rd.


6. Anders Ivarson Flatekvål, f. 1747, d. 1815, g. 1775 m.

Agata Jakobsdtr. Mo, bnr. 4, f. 1747, d. 1800.

Born:

  1. Anna f. 1775, g. 1801 m. Johannes Johannesson Nottveit bnr. 3. I 1826 er han skriven Kjøchenvig og hev 3 born.
  2. Ei dotter f. 1777, d. 1777.
  3. Agata f. 1778, g. 1803 m. Nils Olavson Lavik, sjå Lavik bnr. 4.
  4. Jakob f. 1779, d. 1782.
  5. Marta f. 1783, g. 1806 m. Olav Knutson Nese bnr. 3, busett Ask.
  6. Jakob f. 1785, næste bonde her.
  7. Ivar f. 1787, g. 1817 m. Gjertrud Helgesdtr. Ø. Helland bnr. 5, busett Tellevik i Åsane.
  8. Simon f. 1791, g. 1815 m. Anna Mikkelsdtr. Fjellanger bnr. 1. Ho vart attg. 1825 m. Nils Larsson Flatekvål bnr. 6.


1801: Skøyte frå Anders Ivarson til sonen Jakob på halve bruket, 12 mrk. smør, for 40 rd. Denne parten går sidan under bruksnr. 2 og løpenr. 167. Den andre halvparten må syskini til Jakob ha fenge heimel til, og den parten går under bruksnr. 3 og løpenr. 168.


1808: Skøyte frå Ivar Andersson og syskin til broren Jakob på deira part, bnr. 3, løpenr. 168, for 31 spd. 1 sk. Etter det sit Jakob med heile bruk 2 og 3. Han gjev vilkårsbrev til faren Anders Ivarson.


7. Jakob Andersson Flatekvål, f, 1785, d. 1859, g. 1806 m.

Maria Eilevsdtr. Nåmdal, bnr. 1, f. 1780, d. 1869, skifte 1870.

Born:

  1. Anders f. 1807, næste bonde her.
  2. Eilev f. 1809, g. 1839 m. Magdeli Ivarsdtr. Lavik, bnr. 4 f. 1817. Dei flytte til Sandviken 1841, 2 born.
  3. Olav f. 1811, g. 1836 m. Anna Johannesdtr. Lavikhaugen, busett Lavikhaugen bnr. 2.
  4. Jakob f. 1813, d. 1833, ug.
  5. Knut f. 1816, d. 1825.
  6. Agata f. 1819, g. 1846 m. Hans Knutsen N. Helland, sjå Nedre Helland bnr. 1.
  7. Simon f. 1821, d. 1903, lærar i Flakollsokni, g. 1879 m. e. Kari Olsdtr. Ø. Helland bnr. 1. Simon budde siste tidi hjå brorsonen Anders Olavson Nese bnr. 1. og døydde der.
  8. Anna f. 1824, d. 1824.
  9. Knut f. 1826, g. 1852 m. Marta Johannesdtr. N. Helland bnr. 4,. busett Løddingen i Nordland.


Næste bonden her, Anders Jakobson f. 1807, gifte seg 1829 med Brita Olavsdtr. Leiro, og dei budde på Leire ei stund etter giftarmålet. Me finn ikkje skøyte til Anders på farsgarden her, men då det er skifte etter han i 1844, vert bruk 3 utlagt sonen hans, Jakob, so Anders måtte då ha heimel til det bruket. Men på bruk 2 sat framleis gamle Jakob Andersson.


8. Anders Jakobson Flatekvål, f. 1807, d. 1843, g. 1829 m.

Brita Olavsdtr. Leiro, f. 1810, d. 1884.

Born:

  1. Maria f. 1830, på Leiro, g. 1854 m. Anders Olavson Lavik, sjå Lavik bnr. 4.
  2. Dordi f. 1833, d. 1833.
  3. Jakob f. 1835, bonde nr. 10 her.
  4. Dordi f. 1836.
  5. Olav f. 1839, d. 1840.
  6. Ingebrigt f. 1842, d. 1842.


1844: Skifte etter Anders Jakobson. Bruket vert utlagt sonen Jakob Andersson for takst 100 spd., mot at han svarar panterettsleg til kreditorar og medervingar deira krav i buet.
Enkja Brita Olavsdtr. gifter seg att i 1844 med Nils Olavson Nese, og dei sit no med dette bruket (bruk 3) til 1869.


9. Nils Olavson Nese, bnr. 4, f. 1811, d. 1882, g. 1844 m. enkja

Brita Olavsdtr. Flatekvål, f. 1810, d. 1884.

Born:

  1. Anders f. 1845, smed, g. 1871 m. Dordi Nilsdtr. Dale, Vik i Sogn.
  2. Anna f, 1848, d. 1937, g. 1870 m. kjøpmann Ivar Olavson Lavik bnr. 6, busett i Bergen.
  3. Olav . 1852.


1853: Skøyte frå Jakob Andersson, f. 1785, til sonesonen Jakob Andersson på bruk 2 for 150 spd. og kår til 5 års verd 125 spd.
No dreiv Nils Olavson og styksonen, unge Jakob Andersson båe bruki (nr. 2 og 3) i lag.


1869: Jakob Andersson gjev kårbrev til stykfaren, Nils Olavson, og til mor si, Brita Olavsdotter, og tek yver garden.


10. Jakob Andersson Flatekvål, f. 1835, d. 1882, g. 1861 m.

Ragnhild Jakobsdtr. Nese, bnr. 3, f. 1830, d. 1915.

Born:

  1. Dordi f. 1862, g. 1882 m. Jakob Olavson Nese,sjå Nese bnr. 3.
  2. Brita f. 1864, g. 1886 m. lærar Johannes Johannesson Lavik bnr. 2 f. 1862, busett Nese, Vik i Sogn.
  3. Andreas f. 1866, næste bonde her.
  4. Maria f. 1867, g. 1896 m. em. Martinus Olavson Lavik-Flatekvål, busett bnr. 7.
  5. Jakob Johan f. 1869, g. 1900 m. Agata Nilsdtr. Høvik bnr. 1, bonde Hatlestad, Bergsdalen.
  6. Olina f. 1873, g. 1900 m. Anders Magneson Myster, bonde på bnr. 7 her.
  7. Kristian Nikolai, f. 1875, d. 1929, g. 1899 m. Andrea Maria Andersdtr. Flatekvål, busett Lavikhaugen bnr. 2.


Då Jakob Andersson døydde, fekk enkja «amtsbevilling» til å sitja i utskift bu, og ho sat med garden til 1899.


1899: Skøyte frå enkja Ragnhild Jakobsdtr. til sonen Andreas på bruk 2 og 3 (2 mrk. 34 øre) for 1600 kr.


11. Andreas Jakobson Flatekvål, f. 1866, d. 1951, g. 1894 m.

Olina Magnesdtr. Myster, f. 1872, d. 1943.

Born:

  1. Jenny f. 1895, d. 1969, g. m. næste bonde her.
  2. Brita f. 1899, d. 1969, g. 1925 m. Olai Jakobson Farestveit bnr. 8, f. 1898, d. 1973. Han var vegarb., ho skreddar, busette Flatekvål bnr. 15.
  3. Ragnhild f., tvil. f. 1904, g. m. bonde Lars Nilsson Nesheim, Eksingedalen, sjå Nesheim bnr. 2.
  4. Maria f. 1904, skreddar, g. m. kinovakt Magnus Johannessen f. 1904, d. 1963, busette Bergen, barnlause.
  5. Astrid f. 1911, d. 1938, ug.


1952: Skøyte frå medervingane til eldste erving, Jenny Andreasdotter, på dette bruket og på bruk 11 og 12 for 7000 kr. Jenny var gift med Johan Johannesson Flatekvål, og ho sat no med heimel til bruket til båe var avlidne. Fyrr Jenny og Johan tok yver bruket her, dreiv han med ymse yrke. Han var den fyrste som hadde bil i dalen og dreiv drosje-køyring. Sidan kjøpte han buss og arbeidde opp bussruta mange år fyrr Eksingedalsruta tok yver. Lastebilkøyring hadde han og. I nokre år hadde han geitesti saman med Andreas Lillejord, Eidsland. Elles var han anleggsarbeidar og.


12. Johan Johannesson Flatekvål, bnr. 1, f. 1901, d. 1968, g. 1925 m.

Jenny Andreasdtr. Flatekvål, f. 1905, d. 1969.

Born:

  1. Andreas, veikhelsa frå barndomen.
  2. Reidun Aud, g. m. næste bonde her.
  3. Randi, g. Tislevoll, busett Husnes.


1969: Skøyte frå ervingane etter Jenny Andreasdtr. til systeri deira, Reidun, og mannen hennar, Nils Nilsson Nesheim, på dette bruket for 40.000 kr., medrekna maskinor og reidskapar.

13. Nils Nilson Nesheim, g. m.

Reidun Johannedtr. Flatekvål.

Born:

  1. Rune Jetmund.
  2. Ingvild.


Bruk 4 Nilsa-luten.

1655: Futeregnsk. fører: «1. bygsel Jakob Hansen sted 18 mrk. smørs leye udi Fladequaal som hans Verfader affstod gaff P. 5 rdr». Verfaren er Peder på bruk 1. Han let no frå seg halve bruket til versonen Jakob Hansen. Dette nye bruket er det som seinare får bruksnr. 4 (og 5). Me får ingi opplysningar om kven Jakob Hansen er, og me veit ikkje eingong kva kona hans heiter. Sumt kan tyda på at han var gift to gonger, og at den enkja Ingeborg som er gravfest 1701, 64 år gamal, var andre kona hans.

1. Jakob Hansson Flatekvål, g. m.

dotter til Peder på bnr. 1.

Born:

  1. Jon f. 1641, 26 år og «knekt» i 1667.
  2. Nils f. 1657, 10 år i 1667.
  3. Halvor f. 1666, brukar her nr. 3.


Jakob sat med bruket her so seint som i 1668 og uvisst kor mykje lenger. I 1691 er han i alle fall borte.


1691: Futeregnsk. fører no Johannes. Han kan vera «knekten» Jon frå prestemanntalet 1667, men det er uvisst. Me finn ikkje kona og born.


2. Johannes Flatekvål.


1694: Futeregnsk. hev Halvor. I manntalet 1701 heiter han Halvor Jakobsen, og han er vel nr. 1 c. Han er førd i reknesk. so seint som i 1729, og sat vel med bruket til han døydde i 1732.


3. Halvor Jakobson Flatekvål, f. 1666, d. 1732, g.

1. 1691 m. Anna Eilevsdtr. Øvre Helland, bnr. 4, f. 1657, d. 1714.

2. 1715 m. Marta Olavsdtr. Flatekvål, bnr. 6, f. 1682, d. 1733.

Born:

  1. Barbro f. 1692, g. 1719 m. em. Mons Nilsson Steinsland, sjå Steinsland bnr. 3.
  2. Kari f. 1695, g. 1739 m. em. Johannes Andersson Nese, sjå Nese bnr. 4.
  3. Maria f. 1697, g. 1739 m. Knut Knutson Ø. Helland f. 1710, sjå Øvre Helland bnr. 3.
  4. Jakob f. 1700, d. 1720, ug.
  5. Ingeborg 1. 1702.
  6. Anna f. 1705, g. m. næste brukar her.
  7. Anna f. 1714, d. 1714.
  8. Anna f. 1716, d. 1737.
  9. Daudfødd f. 1720.
  10. Brita f. 1721, d. 1725.
  11. Brita f. 1722.
  12. Brita f. 1724.
  13. Dordi f. 1727, d. 1736.
  14. Jakob f. 1728, d. 1729.


1737: Bygselbrev frå fogden Andreas Jesen til Olav Knutsen på 1 pd. smør. Han sat med bygsel til 1764, då sonen får skøyte og vert sjølveigar.


4. Olav Knutson Flatekvål, f. Øvre Helland bnr. 1, f. 1705, d. 1788, g. 1731 m.

Anna Halvorsdtr. Flatekvål, f. 1705, d. 1785.

Born:

  1. Brita f. 1732, d. 1742.
  2. Marta f. 1734, d. 1742.
  3. Halvor f. 1737, d. 1742.
  4. Knut f. 1739, næste bonde her.
  5. Jon f. 1743, g. 1801 m. Maria Olavsdtr. N. Helland. Sjå Plassfolk Nedre Helland.
  6. Halvor f. 1745.
  7. Dødfødd f. 1749.


1764: 30/11: Skøyte frå Herman Jansen Frøchen til Knut Olavson på 1 pd. smør for 45 rd.


5. Knut Olavson Flatekvål, f. 1739, d. 1803, g. 1766 m.

Brita Nilsdtr. Leiro, f. 1743, d. 1810, frå Myster-Leiro.

Born:

  1. Nils f. 1768, næste bonde her.
  2. Brita f. 1771, g. 1806 m. Jakob Knutson Mo, sjå Mo bnr. 2.
  3. Olav f. 1774, g. 1809 m. e. Kari Andersdtr. Almelid. I Æb. for Haus bd. II s. 88 er dei plassfolk på Flaten, Nedste Mjelde. Der er ho skrivi Kari Larsdotter, og i 1831 Andersdtr. Me hev ikkje funne kven ho kan vera.
  4. Namnlaus f. 1776.
  5. Kari f. 1781, g. 1814 m. Mons Hallvardson Øvre Helland, sjå Øvre Helland bnr. 3.
  6. Johannes f. 1784, g. 1807 m. Ragnhild Botolvsdtr. Langeland.
  7. Anna f. 1787, g. 1813 m. em. Einar Larsson Vikne, paktarfolk på Herdla 1836. Æb. for Haus II s. 221.
  8. Magne f. 1793.


1796: Skøyte frå Knut Olavson til sonen Nils for 140 rd. og kår til foreldri.


6. Nils Knutson Flatekvål, f. 1768, d. 1806, g. 1795 m.

Guri Nilsdtr. Øvre Helland, bnr. 4, f. 1755, d. 1844.

Born:

  1. Olav f. 1796, næste bonde her.


Då Nils Knutson døydde, gifte enkja seg att med ungkar Knut Jakobson Ekse.


1806: Skifte etter Nils Knutson. Bruket vert utlagt med 22 mrk. smør til kreditor Gulleik Johannesson N. Helland, 1 mrk. til enkja Guri Nilsdtr. og 1 mrk. til sonen hennar, tils. 24 mrk. sm., verdsett til 150 spd.


1807: Skøyte frå Gulleik Johannesson N. Helland og frå enkja Guri Nilsdtr. til sonen hennar, Olav Nilsson, på deira partar. Med eigen arvepart hev han då heimel til heile bruket, 1 pd. smør.


7. Olav Nilsson Flatekvål, f. 1796, d. 1848, g. 1814 m.

Gjertrud Andersdtr. Øvre Skjervheim, Vossestrand, f. 1795.

Born:

  1. Guri f. 1815, g. 1846 m. Jon Arneson Igdetveit, Vossestrand, busett plasset Flåten der, 5 born, 4 eldste for til Amerika.
  2. Nils f. 1817, næste bonde her.
  3. Knut f. 1819, g. 1844 m. Kari Larsdtr. Lavik bnr. 3. Dei flytta til Bø prg. i Nordland i 1850. Kom att, og for til Minnesota i 1862, og hadde då borni Gjertrud, Brita og Ragnhild.
  4. Magne f. 1822, d. 1887, for til USA, kom heimatt, busett på Flatekvål då han d., ug.
  5. Magdeli f. 1824, d. 1824.
  6. Anders f. 1825, d. fyre 1848 (sk. etter faren).
  7. Amund f. 1829, bonde her nr. 10.
  8. Magdeli . 1831, ikkje med i skifte 1848.
  9. Olav f. 1835, ikkje med i skifte 1848, g. 1864 m. Brita Larsdtr. Valsvik. Til USA i 1864.

Mor til desse borni, Gjertrud Andersdotter, var dotter til Anders Larsson Øvre Skjervheim og kona Magli Jakobsdtr. Ekse. Syster til Gjertrud, Anna Andersdtr., var gift med Knut Johannesson Lavik bruk 5.


1849: Skifte etter Olav Nilsson. Bruket vert utlagt eldste sonen, Nils, for takst 500 spd.


8. Nils Olavson Flatekvål, f. 1817, g. 1842 m.

Marta Knutsdtr. Horvei, frå Evanger f. 1820.

Born:

  1. Jakob f. 1842, d. 1843.
  2. Olav f. 1844.
  3. Gjertrud f. 1847.
  4. Knut f. 1850.


1854: Det vert halde skylddeling, og bruket vert skift i to jamstore lutar, kvar med skyld 2 ort og 14 skilling. Den fråskilde luten får bruksnr. 5, med løpenr. 169 a.


1854: Skøyte frå Nils Olavson til Olav Olavson Nese på dette bruket, bnr. nr. 4, for 300 spd. Nils Olavson for til Amerika denne våren med kona og borni sine.


9. Olav Olavson Flatekvål, f. Nese bnr. 4 1821, d. 1905, g.

1. 1854 m. Agata Hallvardsdtr. Flatekvål, bnr. 1, f. 1827, d. 1857 på barnseng.

2. 1861 m. Kari Hallvardsdtr. Flatekvål, bnr. 1, f. 1825, d. 1894. Ho var syster til Agata.

Born:

  1. Olav f. 1861, d. 1931, g. 1885 m. Johanna Olavsdtr. Øvste Mjelde, busett Vinåsen i Haus.
  2. Agata f. 1866, d. 1896, g. 1892 m. Martinus Olavson Lavik bnr. 4, busett Flatekvål bnr. 7.
  3. Hallvard Johan f. 1869, d. 1895, ug.
  4. Martin f. 1871, d. 1933, bonde på Nordre Askeland i Haus.


1864: Skøyte frå Olav Olavson til Amund Olavson Flatekvål (nr. 7 g) på dette bruket. Olav Olavson kjøpte seg gard i Vinåsen i Haus og flytta dit. Æb. for Haus II s. 39.


10. Amund Olavson Flatekvål, f. 1829, g. 1851 m.

Brita Monsdtr. Vetlejord, bnr. 2, f. 1817.

Born:

  1. Gjertrud f. 1852, d. 1852 på Flatekvål.
  2. Olav f. 1857, på Bindingbø.
  3. Ei sdotter.


Amund Olavson kjøpte eit bruk i Bindingbø i 1854 hjå Ingebrigt Simonson for 400 spd. og kår til mor åt seljaren, Sigvor Andersdtr. I 1859 selde han bruket til verbroren Knut Monson Vetlejord for 300 spd. Kvar Amund budde i åri 1859 til han fekk skøyte her i 1864, hev me ikkje funne, men truleg budde han hjå verbroren på Bindingbø. I 1864 for han med lyden sin til USA.


1864: Skøyte frå Amund Olavson til Lars Andersson Nygard på dette bruket for 550 spd.


11. Lars Andersson Nygard, bnr. 3, f. 1839, g. 1864 m.

Ragnhild Johannesdtr. Nedre Helland, bnr. 5, f. 1833.

Born med dei budde her:

  1. Inga f. 1865.
1865: Skøyte frå Lars Andersson til Nils Olavson Lavik for 600 spd. Lars kjøpte gard på Berge i Bergsdalen og flytte dit med kona og sdotter og budde sidan der.


12. Nils Olavson Flatekvål, f. Lavik bnr. 4 1830, d. 1897, g.

1. 1862 m. Anna Hallvardsdtr. Flatekvål, bnr. 1, f. 1835, d. 1874.

2. 1877 m. Brita Olavsdtr. Steinsland, bnr. 4, f. 1848, d. 1933.

Born:

  1. Marta f. 1863, d. 1906, ug.
  2. Agata f. 1867, d. 1908, ug. tenestgjenta.
  3. Maria f. 1866, vegarbvegarb. Ei sdotter Anna Bergitta f. 1894, g. Korsnes, busett Odda, voks opp hjå morsfolket på Flatekvål fordi mor hennar døydde tidleg.
  4. Olina f. 1873, d. 1880.
  5. Andreas f. 1878, næste bonde her.
  6. Olav f. 1880, g. m. Berta Nordvik, busett Grimstad, 2 søner: Nils og Ragnvald.
  7. Olina f. 1882, g. 1905 m. Anders Monsson Steinsland bnr. 3, busett Mellesdal.
  8. Gjertrud f. 1884, d. 1946, g. m. em. Kristian Sørvik, Vik i Sogn, busett Sandbakken, Framfjorden, 12 born.
  9. Anna f. 1887, d. 1968, g. 1912 m. Ivar Johannesson Haugen bnr. 1, busett Lavikhaugen.
  10. Johannes f. 1889, skomakar, g. m. Jorunn Mykkeltveit, busett Evanger.
  11. Berta f. 1891, d. 1950, busett Stockholm, ug.


1885: I skifte etter Anna Hallvardsdtr. vart buet utlagt enkjemannen Nils Olavson til eigedom, mot at han svara panterettsleg til kravsmenn og ervingar (dei 3 døtrene sine) i alt kr. 1.285,54.


1901: Enkja Brita Olavsdtr. får «amtsbevilling» til å sitja i uskift bu, og same året skøyter ho bruket frå seg til eldste sonen, Andreas, for 1000 kr. og kår.


13. Andreas Nilsson Flatekvål, f. 1878, d. 1960, g. 1912 m.

Maria Olavsdtr. Øvre Helland, bnr. 1 f. 1880, d. 1964.

Born:

  1. Nils, næste bonde her.
  2. Borghild, ug. fabr.arb.
  3. Sigfrid, g. m. snikkar Nils Magneson Myster f. 1912, busett Eide bnr. 12. Han driv verkstaden Friborg, bnr. 33 på Myster.


1944: Skøyte frå Andreas Nilsson til sonen Nils for 3000 kr. og kår.


14.Nils Andreasson Flatekvål, g.

1. 1945 m. Anna Jonsdtr. Trefall, f. 1915, d. 1972.

2. 1975 m. Reidun Hansdtr. Høvik, dotter til Hans Jakobson Høvik og kona Margit f. Nese.

Born:

  1. Arne.
  2. Reidun, butikkgjenta i «Mekka», Landås.
  3. Jomar, elektroingeniør frå Bergen tekniske skole, tilsett i kraftverket på Dale i Vaksdal.


1944: Ved skylddeling er skilt ut frå dette bruket eit stykke med namnet Bergsenden. Det er selt til Solveig Flatekvål.

Bruk 5 Knuta-luten.

1854: Nils Olavson Flatekvål deler bruk 4 i to jamstore bruk, kvart med skyld 2 ort 14 sk. Den fråskilde luten får bruksnr. 5 og vert seld til Knut Andersson Lavik for 350 spd.


1. Knut Andersson Flatekvål, f. Lavik bnr. 1 1824, g. 1849 m.

Agata Knutsdtr. Lavik, bnr. 5, f. 1828.

Born:

  1. Dordi f. 1850, d. 1910 ved drukningsulukka i elvi, busett Høvik hjå systeri Andrea, ug.
  2. Anna f. 1852, d. 1854.
  3. Andrea f. 1854, g. 1874 m. Nils Olavson Høvik, sjå Høvik bnr. 1.
  4. Anders f. 1856, d. 1903, til Amerika 1882, var lærar, sidan prest, g. 1882 m. Kristiane Helland.
  5. Knut f. 1857, d. 1869.
  6. Anna f. 1859.
  7. Johannes f. 1861.
  8. Knut f. 1863, d. 1870.
  9. Nilsina Gjertina f. 1867.
  10. Kristina f. 1869.
  11. Agata f. 1874.


Knut Andersson skøytte frå seg bruket i 1884 og for til Amerika med lyden sin. Berre dei to døtrene, Dordi og Andrea, vart att. Andrea var då gift og budde på Høvik. Dordi skulle vera med til Amerika og hadde butt seg til ferdi, men då dei skulle fara, sa ho: «Nei, eg vil vera att hjå henne Andri og ikkje reisa frå henne». Ho budde hjå systeri det meste av tidi si.


1884: Skøyte frå Knut Andersson til Knut Hallvardson Flatekvål for 1600 kr.


2. Knut Hallvardson Flatekvål, bnr. 1, f. 1837, d. 1903, g. 1893 m.

Marta Larsdtr. Yksendal, bnr. 1, f. 1858, d. 1897.

Born:

  1. Johannes f. 1894, d. 1897.
  2. Martin f. 1897, d. 1972, g. 1925 m. Anna Larsdtr. Indre Eide, Ostereidet f. 1902, 4 born.


Martin (2 b ovanfor) gjekk folkehøgskule og handelsskule. Han var deretter handelsdreng hjå Maria Lillejord på Hosanger i 8 år. Han kom so til Samvirkelaget Eidsland og var styrar der til 1962. Då han slutta i samvirkelaget, flytte han og kona til Fotlandsvåg og busette seg der.


1904: Skøyte frå Martin Knutson Flatekvål ved verja Johannes Hallvardson Flatekvål, til Johannes Johannesson Flatekvål på dette bruket for 2800 kr.


Same året fekk Johannes Johannesson skøyte på bruk 1, og sidan vart dei to bruki drivne som eitt.

Om Johannes Johannesson sjå bruk 1!


Skøyte frå Johannes Johannesson Flatekvål til sonen Hårik Johannesson på dette bruket og på bruk 1 for 5000 kr. og ymse vilkår.

Om Hårik Johannesson sjå bruk 1!


1941: Hårik Johannesson søkjer om å få dette bruket ført saman med bruk 1. Etter utskifting, tinglyst 1908, fell grenselinone for dei to bruki saman.


Bruk 6 (og 7) Larsa-luten.

1609/10: Jordeboki fører no to brukarar. Simon, som hadde site med heile garden, 1/2 L. smør, får no 3. bygsel på berre 1 pd. Samstundes får Mogens Simonsen 1. bygsel på 8 mrk. smør og gjev 2 dr. i bygslepengar. Denne vesle parten vert opptaket til den luten som seinare får bruksnr. 6 (og 7). I 1611/12 er Mogens kalla husmann, men det ser likevel ut som han hev site med denne parten fram til 1615/16. Det synest rimeleg at Mogens er son til Simon på bruk 1. Elles får me ikkje vita noko om denne brukaren.


1. Mogens Simonson Flatekvål.


1615/16: Futeregnsk. fører: «1. bygsel til Knud Oelsen av 2 sk. 1 alb. gaff 3 dr».


1691: I Futeregnsk. heiter det: «Knud Fladquaal stedde 1 pd. ibid Enchen oploed gaff i første bøxell P. 4 dr.» Enchen må vera enkja etter Simon på bruk 1. Ho let no frå seg 1 pd. til Knut. Dermed sit dei to med kvar sin halvpart av garden, som no hev fenge ei skyld på 1 L. smør, dobbelt so mykje som i 1957. Knut er no førd i skattemannt. og rekneskapar fram til 1662. Det er lite me får vita om Knut og.


2. Knut Olavson Flatekvål, g. m.

Brita, i Kopskatten 1645.


Born:

  1. Ei dotter, g. m. Nils på bruk 2.


1658: Futeregnsk.: «1. bygsel anammit aff Niels Fladquaal som hans Verfader affstod gaff P. 5 dr». Dermed er bruket som Knut hadde, skift i to. Det er ikkje sagt kor stor part Nils fekk bygsla, men i 1691 er båe bruki jamstore, og truleg vart dei skifte soleis no. Bruket som Nils fekk, er det som seinare vart bruk 2, og det Knut hev att, vart bruk 6 (og 7).


1661: I Landkomm. er Knut borte, og Simon er komen i staden. Han er førd i prestemannt. 1664 og 1667, og i futeregnsk. so seint som i 1668, men er truleg død fyrr 1678, for han er ikkje med i jordfestingar i kyrkjeboki som tek til i 1677.


3. Simon Flatekvål, g. m.

Ukjend.

Born:

  1. Ole f. 1666, (1 år i prestemannt. 1667).


1691: Futeregnsk. fører Ole. Han kan ikkje vera den Ole Simonsen som er fødd 1666, for denne Ole er mykje eldre. Han sit med bruket til han døyr i 1701, og sidan hev enkja bruket til sonen tek yver.


4. a. Olav Flatekvål, f. 1640, d. 1701, g. m.

Anna Ivarsdtr. f. 1648, d. 1725.

Born:

  1. Magdeli f. 1674, d. 1683.
  2. Simon f. 1677, næste brukar her.
  3. Marta f. 1682, g. 1715 m. em. Halvor Jakobson Flatekvål bnr. 4, og busett der.
  4. Brita. Hadde ei sdotter Anna f. 1708. Far Anders Brynjelson Lavikhaugen.
  5. Kari f. 1683, d. 1683,
  6. Tora f. 1684. Ein son Eilev f. 1722. Far Anders Monsson Otterstad.
  7. Olav f. 1687.
  8. Eirik f. 1689.


4. b. Enkja Anna Ivarsdtr. er brukar i manntalet 1701, og hev då sønene Simon og Olav heime.


1711: Skoskatten fører Simon, som hev teke yver etter mori. Han får oppattnya bygsel frå Wilhelm Hansen i 1720, og sit med bruket til 1737.


5. Simon Olavson Flatekvål, f. 1677, d. 1766, g. 1707 m.

Anna Bårdsdtr. Otterstad, bnr. 3, f. 1666, d. 1757.

Born:

  1. Marta f. 1708, d. 1708.
  2. Brita f. 1709, g. m. næste brukar her.
  3. Marta f. 1710, d. 1710.
  4. Olav f. 1711, d. 1735, ug.


1737: Bygselbrev frå fogden Andreas Jesen til Johannes Olsen på dette bruket, 1 pd. smør. Johannes er den Johannes Olsen Leyren (frå Myster-Leiro) som i 1729 vart gift med Brita Simonsdtr. her.


6. Johannes Olavson Flatekvål, f. Leiro 1702, d. 1788, g.

1. 1729 m. Brita Simonsdtr. Flatekvål, f. 1709, d. 1739.

2. 1739 m. Maria Johannesdtr. Flatekvål, bnr. 1, f. 1716, d. 1799.

Born:

  1. Olav f. 1729, fødd på Leiro, næste brukar her.
  2. Bård fødd på Leiro, d. barn.
  3. Maria fødd på Leiro, d. barn.
  4. Marta fødd på Leira, d. barn.
  5. Anna f. 1738, g. 1771 m. em. Lars Herlofson Fosse.
  6. Olav f. 1740, d. 1741.
  7. Simon f. 1746, g. 1775 m. e. Ragnhild Johannesdtr. Nese, sjå Nese bnr. 4.
  8. Olav f. 1748, d. 1749.
  9. Anna f. 1749, d. 1750.
  10. Randi f. 1751, g. 1781 m. Sjur Olsen Farestvedt bruk 7.


1764: 30/11: Skøyte frå Herman Jansen Frøchen til Olav Johannesson på dette bruket, 1 pd. smør, for 45 rd. Olav gjev vilkårsbrev til foreldri.


7. Olav Johannesson Flatekvål, f. 1729, d. 1773, g. m.

Marta Knutsdotter, f. 1721, d. 1791.

Born:

  1. Knut brukar nr. 8 b her.
  2. Brita f. 1756.
  3. Anna f. 1761, g. m. brukar nr. 9 her.


1773: Skiftebrev etter Olav Johannesson. Bruket vert taksert til 45 rd. og utlagt kreditor Johannes Erikson Romarheim med 41-1-8 rd., og enkja Marta Knutsdtr. 3-4-8 rd., eller 2 mrk. smør på enkja og 22 mrk. på kreditor.

1774: Johannes Erikson Romarheim skøyter halve bruket, 12 mrk. smør, til Knut Olavson Flatekvål, og 10 mrk. til enkja Marta Knutsdotter, som då sit med hitt halve bruket. Ho gifte seg att same året med Olav Jensson Nese bruk 4, og dei hev no halve bruket her til han døyr i 1792.


8. a. Olav Jensson Nese, bnr. 1, f. 1743, d. 1792, g. 1774 m. enkja

Marta Knutsdtr. Flatekvål, f. 1721, d. 1791. Ikkje born.


8. b. Knut Olavson Flatekvål.

Me finn ikkje at han var gift eller hadde born.


1783: Knut Olavson skøyter sine 12 mrk. smør til systeri Anna.


1792: Skifte etter Marta Knutsdtr. og Olav Jensson. Anna Olavsdtr. får halvparten, 6 mrk. smør, av deira bruk. Den andre halvparten erver far til Olav Jensson, Jens Haldorson Nese, og han skøyter same dagen denne parten til Lars Nilsson Øvre Helland. Han var gift med Anna Olavsdtr. Dermed er heile dette bruket samla att hjå Anna Olavsdtr. og mannen hennar.


9. Lars Nilsson Flatekvål, f. Øvre Helland bnr. 4 1759, d. 1815, g. 1788 m.

Anna Olavsdtr. Flatekvål, f. 1761, d. 1814.

Born:

  1. Kari f. 1790, g. 1. g. 1815 m. Olav Nilsson Ø. Helland bnr. 4, g. 2. g. 1832 m. em. Brynjel Haldorson Nese bnr. 1.
  2. Marta f. 1792, d. 1815, ug.
  3. Marta f. 1794, d. fyre 1815 (sk. etter foreldri).
  4. Knut f. 1796, d. 1797.
  5. Helga f. 1798, d. 1877, «kårpige» frå 1815.
  6. Nils f. 1803, næste bonde her.


1815: Skøyte frå systrene Kari og Helga Larsdotter, ved verja, til broren Nils Larsson på deira arvepartar i bruket. Nils får då heimel til heile bruket. Han gjev samstundes vilkårsbrev til systeri Helga, som må ha vanta noko på helsa.


10. Nils Larsson Flatekvål, f. 1803, d. 1894, g. 1825 m. enkja

Anna Mikkelsdtr. Flatekvål, f. 1795, d. 1873, fyrr g. m. Simon Andersson Flatekvål bnr. 2.

Born:

  1. Lars f. 1825, d. 1830.
  2. Simon f. 1826, d. 1830, drukna i Flakollfossen.
  3. Anna f. 1827, d. 1830, drukna i FlakolIfossen.
  4. Brita f. 1829, g. 1859 m. Olav Pederson Høvik, busett Borgo i Arna, 6 born. (Æb. for Haus III, Borgo nr. 121 c).
  5. Lars tvil. f. 1831, d. 1831.
  6. Anna tvill. f. 1831, g. 1858 m. Johannes Olavson Lavikhaugen f. 1831 (Høvik bnr. 4, nr. 9 a), busett Eidsvåg, 4 born.
  7. Lars f. 1835, næste bonde her.
  8. Marta tvil. f. 1840, d. 1840.
  9. Mikkel tvill. f. 1840, d. 1840.


1862: Skøyte frå Nils Larsson til sonen Lars for 250 spd. og kår.


11. Lars Nilsson Flatekvål, f. 1835, d. 1921, g. 1861 m.

Kari Olavsdtr. Odderås Høvik, f. 1837, d. 1913, frå Høvik bnr. 4, nr. 9 c.
Dei var barnlause, men tok til seg barn frå skyldfolket sitt:

Born:

  1. Anna Olavsdtr. f. 1863, dotter til 10 d her.
  2. Olina Josefina Olavsdtr. Bjørndal, f. 1876. Sjå Høvik bnr. 4 under nr. 9 e.
  3. Jakob f. 1878, bror til b ovanfor, til Amerika då han vart vaksen.
  4. Andrea Maria Andersdtr. f. 1879, dotter til Anders Andersson Sekkeneset, Mo bnr. 9. Ho vart g. m. Nikolai Jakobson Flatekvål bnr. 2-3. Bust. Lavikhaugen bnr. 2.


1895: Skøyte frå Lars Nilsson til Olav Nilsson Straume for 6700 kr. og kår. Olav Nilsson sat med skøyte på heile bruket til 1915, men Martinus Olavson Lavik må ha vore med om kjøpet, for i skifte etter kona til Martinus, Agata Olavsdotter, i 1896, er halvparten av dette bruket med i buet, so då må Martinus eiga den parten. Skylddeling var ikkje halde fyrr i 1915.


1915: Skylddeling. Bruk 6 vert skift i to like bruk, nr. 6 og 7, kvart med skyld 1,18 mark. Me held her fram med bruk 6.


12. Olav Nilsson Flatekvål, f. Straume bnr. 1 1867, d. 1944, g. 1892 m.

Maria Andersdtr. Lavik, bnr. 4, f. 1870, d. 1938.

Born:

  1. Kari f. 1898, d. 1975, g. m. næste bonde her.


Kari var einearving og hadde dermed heimel til bruket etter foreldri.

13. Lars Bergeson Nygard, f. Nygard bnr. 2 1891, g. 1919 m.

Kari Olavsdtr. Flatekvål, f. 1898, d. 1975.

Born:

  1. Ottar f. 1920, d. 1987, næste bonde her.
  2. Gerda f. 1922, g. 1950 m. Håkon Jonson Trefall f. 1923, sjå Trefall bnr. 2.


1947: Skøyte frå Kari Olavsdtr. til sonen Ottar for 3500 kr. og kår.


14. Ottar Larsson Flatekvål, f. 1920, d. 1987, ug.


Bruk 7.

1915: Ved skylddeling vert dette bruket no utskilt frå bruk 6, men fyrste brukaren, Martinus Olavson Lavik, må ha kjøpt denne halvparten kring 1895. Sjå under bnr. 6!


1. Martinus Olavson Flatekvål, f. Lavik bnr. 4 1854, d. 1914, g.

1. 1892 m. Agata Olavsdtr. Vinås, f. 1866, d. 1896.

2. 1896 m. Maria Jakobsdtr. Flatekvål, bnr. 2-3, f. 1867, d. 1931.

Born:

  1. Kari f. 1892, d. 1898.
  2. Anna f. 1897, d. 1950, g. m. Johannes Knutson Farestveit, sjå Farestveit bnr. 1.
  3. Ragny f. 1906, g. 1938 m. Johannes Jakobson Farestveit, sjå Farestveit bnr. 8.


1916: Skøyte frå Olav Nilsson Flatekvål, f. Straume til Anders Magneson Myster på dette bruket for 2.500 kr. og kår til enkja Maria Jakobsdtr. Dessutan skal kjøparen svara halvparten av kåret til Lars Nilsson på bnr. 6.


2. Anders Magneson Myster, f. 1877, d. 1945, g. 1900 m.

Olina Jakobsdtr. Flatekvål, f. 1872, d. 1943 (syster til Maria Jakobsdtr. framanfor).

Born:

  1. Jakob f. 1902, næste bonde her.
  2. Bergitta f. 1903, d. 1903.
  3. Magnhild f. 1904, g. m. Johannes Jonson Kallvik f. 1898, busett Nordre Hagen, sjå Stamnes bnr. 12.
  4. Ragnvald f. 1907, g. m. Ingeborg Ivarsdtr Ytre Arna, frå Stamnes, f. 1904, busett Stamnes bnr. 41, telefonstyrar på Stamneshella. Ei fosterdtr. Laila.
  5. Bergit f. 1909, g. m. bonde Gunnar Olavson Brekkhus, Evanger.
  6. Nils f. 1911, bonde nr. 4 her.


1943: Skøyte frå Anders Magneson til sonen Jakob for 2.500 kr. og kår.


3. Jakob Andersson Flatekvål, f. 1902, d. 1956, ug.

Jakob og broren Nils dreiv bruket i lag til Jakob døydde. Sidan hev Nils site med bruket.


4. Nils Andersson Flatekvål, f. 1911, d. 1987, g. 1949 m.

Margit Alfredsdtr. Heggertveit, Myking i Lindås, f. 1919, d. 2001.

Born:

  1. Solfrid Oddny.
  2. Asbjørn.


Bruk 8 Haugatun eller Osen.

1927: Kjøpekontrakt frå Johannes Johannesson Flatekvål bnr. 1 til sonen Hårik på jordstykket Osen og noko av utmarki for 1000 kr. Av bygningar fylgjer med i handelen ,«Knutaselet» og «Knuta-bui».


1928: Ved skylddeling vart stykket som er nemnt ovanfor fråskilt bruk 1. Det fekk namnet Haugatun, bruksnr. 8 med skyld 75 øre.
Dette er bureisingsbruket som Hårik Johannesson bygde på Osen bortanfor elvi. Her bygde han florsbygning i 1929-30, og i 1934-35 bygde han bru yver elvi og sette opp bunadshus. Han og lyden hans budde her til 1939. Då fekk han skøyte frå faren på hovudbruket. Etter det sat Hårik med båe bruki, nr. 1 og 8, til 1954. Då tok sonen Hallstein yver og dreiv garden. I 1953 kjøpte Hårik garden Aldalen i Evanger, og flytte dit våren 1954. Der budde han til 1967, då sonen vart borte. Då kom han attende til farsgarden her og sat no med heimel til båe bruki, nr. 1 og nr. 8.


1977: Skøyte frå Håreik Johannesson og kona til sdotterson Håkon Olavson Tysson på dette bruket og på bruk 1 for kr. 50.000,-.


Bruk 9 Lyngen eller Utlebøen.

1936: Skøyte frå Johannes Johannesson Flatekvål og kona Anna Knutsdtr. til sonen Hallvard på Utlebøen, 465 ar, med del i utmark, skog og utslåttor og i sameiga på garden og i brui ved Osefossen. Kjøpesummen var 1000 kr. Den fråskilde parten vart serskilt bruk og fekk namnet Lyngen, bruksnr. 9, skyld 75 øre.


1. Hallvard Johannesson Flatekvål, f. 1910, d. 1981, g. 1935 m.

Gudrun Nilsdtr. Nesheim, f. 1910.

Born:

  1. Alvhild, g. m, disponent Frode Hjalmarson Wiik, f. i Lyngør, busett i Bergen, 2 born.
  2. Ragna Inger, g. m. fysioterapeut Kai Viggoson Kvade, f. i Danmark, busett i Arendal, 3 born.
  3. Kjell, næste bonde her.
  4. Bjørn, ingeniør, busett Lier, g. 1972 m. Berit Jensen frå Asker. 2 born.


Hallvard Johannesson var vegoppsynsmann og dreiv attåt bruket her i mange år. Han var tilsett ved Hordaland vegkontor og busett i Bergen frå 1969 til han døydde 1981.


1973: Skøyte frå Hallvard Johannesson og kona, til sonen c. for 20.000 kr. Seljaren tek undan fri bruksrett og råderett yver tilbygget på bustadhuset.


2. Kjell Halvardson Flatekvål, ug. (i 1984), geolog i statens vegstell.


Bruk 10 Dalen.

1941: Ved skylddeling 21/6 vert det frå bruk 1 utskilt eit bruk som får namnet Dalen med bruksnr. 10 og skyld 50 øre. Med denne parten fylgjer utslåttone Vetleteigen, Lidi og skogteigane Stigateigen, Dalateigen, Åsteigen og Furneslidteigen. Dessutan fylgjer med del etter skyldi i den sams fureskogen og i utmarki med hamnegang, fjellbeiti og stølen.
Den 24/6 same året gjev Hårik Johannesson og kona Kari skøyte på dette bruket til Sverre Johannesson Flatekvål for 2000 kr.
Her i Dalen hadde Johannes Johannesson, far til Hårik og Sverre, bygt bustadhus og ein liten florsbygning. Han budde her etter han let garden frå seg, og fødde to-tri beist på bruket. Om sumaren tok han mot gjester, so Dalastova var eit lite pensjonat. Då Sverre tok yver, bygde han på huset, og han og kona driv framleis pensjonat. Sverre hev dessutan vore anleggsarbeidar hjå B.K.K. sidan dei byrja med kraftutbygging i fjelli mellom Eksingedalen og Sogn.


Sverre Johannesson Flatekvål, f. 1917, d. 2007, g. 1945 m.

Ragnhild Nilsdtr. Nesheim.

Born:

  1. Bjørg, g. 1975 Sigmund Rykke, linjegodsarb., busett Palmafossen, Voss. 2 born.
  2. Jostein. Anleggsarbeidar.
  3. Liv.


Bruk 11 og bruk 12.

1943: Ved skylddeling på bruk 2 vert skilt ut to stykke, Osen, som får bruksnr. 11 og skyld 26 øre, og Kleivi, som får bruksnr. 12 og skyld 8 øre. Båe desse bruki kom attende til hovudbruket i 1945, men stod framleis med serskilde bruksnr. Frå bruksnr. 12 vart seinare utskilt to nye bruk: Knausen med bruksnr. 14 og skyld 1 øre, og Espena med bruksnr. 15 og skyld 1 øre.


Bruk 14 Knausen.

1945: Skøyte frå Andreas Jakobson Flatekvål til versonen Magnus Arnevig Johannessen på dette bruket for 200 kr.


1. Magnus Arnevig Johannessen, f. i Bergen 1904, d. 1963, g. m.

Maria Andreasdtr. Flatekvål, bnr. 2, f. 1904.


Dei hadde hytta og feriestad her, men var busette i Bergen.


1975: Skøyte frå enkja Maria Andreasdtr. til systersonen Reidar Larsson Flatekvål utan vederlag. Maria skal framleis ha bruksrett.


2. Reidar Larsson Flatekvål, g. 1962 m.

Ingunn Eivindsdtr. Otterstad, bnr. 5. Han er sjåfør i Rutelaget Askøy-Bergen, busett i Juvik, Askøy, 3 born.


Bruk 15 Espena.

1947: Skøyte frå Andreas Jakobson Flatekvål til dotteri Brita Farestveit på dette bruket for 250 kr.


1. Brita Andreasdtr. Farestveit, f. Flatekvål bnr. 2 1899, d. 1969, g. 1925 m.

Olai Jakobson Farestveit, bnr. 8, f. 1898, d. 1973.

Born:

  1. Jakob, buss-sjåfør i Askøy-Bergen, g. 1952 m Dagny Andersdtr. Vaksdal, busette Juvik, Askøy, 5 born.
  2. Aletta, g. 1946 m. snikkar Nils Olavson Nese, bnr. 3, busett Hosanger, 3 born.
  3. Asbjørn, lokomotivførar, g. 1963 m. Åsta Holmen, busett Grorud, Oslo, 2 born.

1972: Skøyte frå enkjem. Olai Jakobson til dei 3 borni hans. Bruket er verdsett til 20.000 kr. og dei får det vederlagsfritt. Det er ikkje fast busetnad på bruket no.


Inderstar, husfolk og paktarfolk.

1688: Ivar Nilsson Flatekvål, bnr. 2, f. 1655, gifter seg med Kari Olavsdtr. Kamulen, Nottveit. Dei budde på Flatekvål nokre år etter giftarmålet, og dei hadde 4 born til dåpen herifrå. I 1692 er Ivar kalla husmann. Me finn ikkje gravfesting, korkje for han eller kona, so dei må ha fare frå bygdi.

Born:

  1. Johannes f. 1689, d. 1691.
  2. Nils f. 1690, d. 1692.
  3. Marta f. 1692, g. 1716 m. Mons Eilevson Ø. Helland bnr. 4.
  4. Uvisst kva namn f. 1693.


1815: Bygselbrev frå Jakob Andersson Flatekvål bnr. 2 til broren Simon på 8 mrk. smør i bruket for 8 år.


Simon Andersson Flatekvål, f. 1791, d. 1825, g. 1815 m.

Anna Mikkelsdtr. Fjellanger, bnr. 1, f. 1795, d. 1873.

Born:

  1. Anders f. 1817, g. 1844 m. Agata Andersdtr. Lavik bnr. 1 f. 1820. Dei fl. fyrst til Voss, sidan til USA.
  2. Agata f. 1820, g. 1856 m. Ivar Monsson Eikefet, Hosanger, bonde i Vindalen, Hamre, dertil «skreppekar».


Då Simon døydde, vart enkja attgift med Nils Larsson Flatekvål bnr. 6.


Torbjørn Mikkelson Fjellanger, f. 1792, d. 1834, g.

1. 1827 m. Ingeborg Andersdtr. Yksendal, f. 1785, d. 1830.

2. 1832 m. e. Kari Andersdtr. Stusdal, f. 1787.

Born:

  1. Ingeborg f. 1830, til dåpen frå Fjellanger.


Då Torbjørn døydde, er han kalla «inderst» på Flatekvål. Kari Anders. dtr. vart attgift 1835 med Gudmund Magneson Nottveit bnr. 3, busett Tellevik.


Lars Olavson Nygard f. 1860 d. 1932 budde lengste tidi si på bnr. 1 her. Han var son til Olav Olavson Flatekvål bnr. 4 f. 1835 og Ingeborg Simonsdtr. Nygard bnr. 1. Han vart kalla Troppe-Lars, for han skulde vera oppfostra på Troppeluten på Farestveit. Han var noko vanfør i føtene, men gjorde noko skil for seg med vedhogging og slikt og er kalla tenestedreng her i 1900. Siste tidi var han utsett for pengar, og døydde i Lavikhaugen.


Folketal.

1645: Kopskatten 5 personar yver 15 år.
1667: Prestemanntalet: 8 mannspersonar.
1701: Manntal: 9 mannspersonar + 1 enkja som brukar gard.
1711: Skoskatten: 18 personar i alt.
1801: Folketeljing: 34 i alt, av dei er 5 kårfolk og 6 tenarar.
1865: Folketeljing: 46 i alt, av dei er 6 kårfolk, 8 tenarar, 1 skulelærar og 1 smed.
1875: Folketeljing: 46 i alt, av dei er 2 kårfolk, 4 tenarar, 1 skomakar, 1 smed, 1 inderst, 1 føderådspike og 1 lausekar.,


1900. Folketeljing.


1900. Bruk 1. Johannes Hallvardson med kona, 2 born og tenaren Lars Olavson Nygard f. 1861. I eige hushald Johannes Johannesson med kona og 1 son. Johannes er lærar og kyrkjesongar. Hjå deim bur Katharina Saltnes frå Lindås, som er treskjerar.


Bruk 2-3. Anders Jakobson med kona og 2 born og pleiedtr. Borghild Berntsen frå Bergen, og 1 tenestgj. Her er og kårenkja Ragnhild Jakobsdotter, mor til husbonden, og syskini hans, Olina og Jakob, som båe er gifte, og so drengen Andreas Nilsson Høvik.


Bruk 4. Enkja Brita Olavsdtr. med 5 born og fostersdottera Bergitta Lynghammer, og so Agata Nilsdotter, som er «sykelig og fraværende».


Bruk 5. Knut Hallvardson er enkjem. og hev sonen Martin f. 1897. Maria Johannesdtr. Flatekvål er hushjelp, og Brita Johannesdtr. Grønhaug, 10 år, er barnepike.


Bruk 6. Olav Nilsson Straume-Flatekvål og kona Maria Andersdtr. og sdotteri Kari. Anna Olavsdtr. Skår, 11 år, er barnepike. So er det kårfolki Lars Nilsson og kona Kari, og fosterlotteri deira Maria Andersdtr. som no er g. og husmor og hev syarbeid.


Bruk 7. Martinus Olavson Flatekvål hev kona Maria Jakobsdtr. og sdotteri Anna. Marta Nilsdtr. Flatekvål er barnepike.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy