Folket, av Paul Moberg

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


FOLKET
Av Landbrukssjef Paul Moberg.


Ja, kjære bergsdøler! De tykkjer vel det er modig gjort av meg, som er vaksen opp ved fjord og fjøra, å skriva om folket i ei fjellbygd. Men etter det omstreifarlivet eg har ført i ein mannsalder som landbrukstenestemann, har eg etter kvart skaffa meg eit visst kjennskap til levekår og folkelynde i dette mangslungne fylket vårt. Dette gjev meg mot til å seeda denne helsinga til folket i Bergsdalen.

Fyrste gongen eg møtte bergsdalsfolket samla, var ein sundag seinhaustes i 1947. J. Ø. Sandvik, som då var sjef her på landbruksselskapet, bad meg vera med og prata litt på eit møte som var skipa til av Bergsdalen jordbrukslag.

Det var eit møteopplegg som har festa seg sterkt i minnet mitt. Heile bygda var møtt fram, kvinnor og menn, born og kårfolk. Helg og høgtid prega møtet, som tok til på føremiddagen med gudsteneste. Dei faglege innslaga med ordskifte fylgde etter ei hyggeleg bordseta med framifrå traktement, som det alltid er når bergsdalskvinnone har ansvaret.

Alt ved dette fyrste møtet vart eg klår over at det var noko traust og sermerkt ved folket. Seinare har eg møtt bergsdalsfolket mange gonger både i lag og lyd og kring i dei gjestmilde heimane.

For oss landbrukstenestemenn fall det naturleg å nytta Jordbrukslaget som "innfallsport" til dalen og samlingspunkt for samkoma med folket der. Det er knapt noko anna faglag i fylket landbruksselskapet har hatt eit so nært og gjevande samarbeid med som Bergsdalen jordbrukslag. Laget og lagslemene har og utvikla ein møtekultur som me i landbruksselskapet set høgt og som me ikkje finn maken til i faglaga elles. Møta er alltid vel førebudde og fast leidde. Møtelyden tek mannjamnt del i ordskiftet. Meiningane kan vera skilde, og vel er det, men samarbeidsviljen treng du aldri dra i tvil. Og her kjem eg inn på noko av det mest sermerkte ved bergsdalsfolket: Evne og vilje til å lyfta i flokk.

Det vil føra for langt å rekna opp alle dei samarbeidstiltak som er førte fram i dalen. Eg har i stillings medfør ved fleire høve fylgt komitear og einskild-representantar for Storting og styringsverk


Bilete Bergsdalsfolket i fredsfest 1945.


gjennom dalen. Det er .med byrgskap eg har merkt meg kor gripne dei vert når eg fortel om den samarbeidsviljen som rår for tiltak til trygging av busetnad og samfunnsliv i denne Fjellbygda. I etterkrigstida har busetnaden minka i fjellgrendene i fylket, og alt for mange bruk er fråflytta. Folket i Bergsdalen har hatt ei sterkare tru på at deira bygd var liv laga. Dei sat ikkje og venta på eit tidarskifte som kunne gje ny von til folket i fjell- og utkantbygder, men sette sjølve i gang tiltak som peika framover.

Eg har ikkje føresetnad for å vurdera bergsdalsfolket i historisk perspektiv, og held meg til den generasjonen som eg sjølv har hatt den lukka å samarbeida med siste mannsalderen. Men eg tvilar ikkje på at her òg gjeld det at "Stor arv det er for mannen av godtfolk vera fødd". Eg kan tenkja meg at dugnadsskipnaden, som var eit slikt fint og verdfullt innslag i det gamle bondesamfunnet, hadde djupe roter i dei farne ætter i Bergsdalen, og at det er skot frå slike røter som har gjeve so frodige utslag i dei mange samarbeidstiltak som har vakse fram i dalen siste mannsalderen.


Bilete Frå fest og fagmøte i 1947.


Eg hadde ikkje tenkt å nemna noko einskildtiltak, det er dei mange små og store tiltak til saman som gjev utslaget. Men i tilknyting til det samordna dyrkingstiltaket som vart sett i verk i 1968, må eg koma med ei tilståing: Når me i landbruksselskapet strekte oss litt lenger enn det som vanleg er i slike tiltak, var det ikkje fyrst og fremst avdi me var so imponert over teigane med dyrkingsjord i Bergsdalen. Nei! Det var vissa om at det me hjelpte til med å få i gang i denne dalen, det vert gjennomført, og gjennomført med ansvar og dugleik. Vonene me sette til bergsdalsfolket vart innfridde denne gongen òg, og vel so det. For landbruksselskapet var det eit viktig tilleggspoeng ved dette dyrkingstiltaket at me seinare kunne halda det fram som eit føredøme for andre. Me har delar i fylket med større unytta vidder enn Bergsdalen hadde, men eg kjenner ikkje nokon dal med gildare folk.

Eg er no inne i siste året mitt som landbrukstenestemann i fylket. Samværet og samarbeidet med folket i Bergsdalen høyrer til dei ljose og gode minne frå desse åra. Kvart menneske har vel ei slags minnebok i sitt indre. I mi minnebok har det teikna seg eit bilete av den vakre Bergsdalskyrkja, sjølve symbolet på samhald og dugnadsånd. Dei aukande vidder av grøne bøar og beiteland, dei nye bygningar for folk og fe som er reiste eller er i emning, er dg med, og mykje, mykje meir. Når eg tek fram dette minnebiletet, vert eg overtydd om at folket i Bergsdalen har gjort sin del til å oppfylla det vakre ynsket som ligg i salmestrofa: "Norge over våre grave blomstre som en Herrens have".


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy