Fosse, B

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 11:38, 5 mars 2013 by Rolferik (Talk | bidrag)
(skil) ←Eldre versjon | Vis noverande versjon (skil) | Nyare versjon→ (skil)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Gards og ættesoge for Fosse.


Gnr. 80 Fosse

Tidlegare gnr. 79 i Evanger kommune.

Høgd over havet er 415 meter.


Innhaldsliste

EIGARAR.

1647-1669 Apostelgodset. 1/2 laup smør.
1686- Peder Hansen, sokneprest i Eidsfjord.
1691-1692 Jens Schjelderup. Han er truleg dotterson til Jens Schjelderup, biskop i Bergen 1649-65. Magister Gert Henriksøn Miltzow, sokneprest i Voss frå 1666, gifte seg i 1668 med Susanne Schjelderup.
1696-1705 Kapt. Studs enkja, dvs. Kristense, dtr. åt presten Gjert Miltzow, gift med Rasmus Stud (Studt), premierløytnant ved Hardangerske kompani 1688-91, kapteinvaktmeister ved Bergenhus festning frå 1693.
1709- Kristense Miltzow.
-1756 Petter Tønder Nordahl.


Bumerke:

Fil:Bumerke Sjurd Fosse.gif Sjurd Fosse 1716 saman med Nils Olsen Horvei, for Ola Knutsen Mestad og Anna Knutsdtr. Bjørgo.
Fil:Bumerke Knut Fosse.gif Knut Fosse 1719 saman med Ola Ævanger for Knut Nilsen Øvre Rasdal og Anna Nilsdtr. Dagshaugen, Fil:Bumerke Knut Fosse 2.gif 1749, Fil:Bumerke Knut Fosse 3.gif 1750
Fil:Bumerke Lars Fosse.gif Lars Larsen Fosse 1792.


BRUKARAR.

Bnr. 1.

Gl.matr.nr. 85, nytt 88. Skatteskyld 1 pd. 18 mk. smør, landskyld 1 pd. 12 mk. smør. 1838: Lnr. 175, gl. skyld 21 mk. smør, omrekna til 4 ort 20 skill. 1886: Mk. 1.27. 1977: Mk. 0.58.


1612 fører Bergenhus lensrekneskap opp Nils Foss som øydegardsmann (Knekteskatten 1613 Johannes Faass, soldat).


1614 er etter skattemanntalet Niels Fosse brukar, øydegardsmann Johannes. Nils er brukar fram til 1624.


1625. Skattemanntalet fører opp Peder Fosse som brukar fram til 1629 (1629 av 1/2 laup smør). 1626 er ein Knut nemnd som husmann.


Etter rekneskapen er det vanskeleg å seie om dette er brukarar av Fosse i Bergsdalen eller Fosse i Eksingedalen.


1632-61 er Olluff (Olle) Lauritzen brukar. 1652 i lag med Sæbjørn Knutson. 1634 er brukaren forarma, garden delvis øyde. Ingen garnisonsskatt. 1645 betalar Ole kopskatt for seg og kona Mette med 16 skill. 1646 er han brukar av 1 pd. 6 mk. smør, og betalar 6 skill 1 alb. i skatt for å få skyssplikta bortteki. 1660-61 er Ole brukar av 1/2 laup.


1652-64 er Sæbjørn Knutson brukar (skylda var 1 pd. 6 mk. smør). Han var g. omkr. 1650, kona heitte Ågot, f. 1625.

Born:

  1. Knut, f. 1653. Gift.
  2. Brita, f. 1655, d. 1738 ug.
  3. Nils, f. 1656. Gift.
  4. Bothilde, f. 1659, g. Anders Li nedre.
  5. Peder, f. 1661, g. Etter folketeljinga 1701 odelsbonde Øyene/Øye.
  6. Synneva, f. 1667, g. omkr. 1698 Helge Magneson, f. 1665 leiglending på Akselberg. Evangerboka b. I.
  7. Anna, f. 1673, g. omkr. 1694, Nils Arneson, f. 1665, leiglending Nedre Rasdal. Evangerboka b. II.

Etter krøterskatten 1657 var fødnaden 1 hest, 9 kyr, 4 kviger, 4 geiter og 4 sauer, skatt 10 mk. 12 skill.


1691-1715 var Siffuer Michelsen, f. 1641 brukar av 1 pd. 18 mk. smør. Han var gift med Ågot, enkja etter Sæbjørn, ho døydde 1715. Dei hadde ikkje søner. I 1701 hadde dei ein dreng, Mikkel Ommundson, f. i Sogn, 16 år gl. 1711 betalar Sjur (Siffuer) skoskatt for seg og kona og eit barn. 1712-15 dreiv han garden i lag med Knut Torgeirson.

Sjur Mikkelson betalte i 1695: Leiglendingsskatt, proviantskatt, kjolepengar, fredtoll, odelsskatt og rosteneste med 2 mrk. 12 skill.


6. desember 1712 bygslar med. stud. Miltzow 18 mk. smør til Knut Torgeirson Rørbakken.

Knut Torgeirson, f. 1680, d. 1761, g. 1712 Anna Pederdtr. Øye, f. 1684, d. 1769.

Born:

  1. Ranveig, f. 1713, g. 1755 em. Lars Monsson Kaldestad, f. 1699, b. Kaldestad, bnr. 1.
  2. Kari, f. 1715, g. Torbjørn Johannesson Tyssen, f. 1722, b. Fosse. Sjå husfolk.
  3. Agate, f. 1717, g. 1760 Lars Larsson Verpelstad, f. 1727, b. Verpelstad.
  4. Lars, f. 1718.
  5. Torgeir, f. 1726, d. 1726.
  6. Torgeir, f. 1727, g. 1752 Marjo Larsdtr. Kaldestad, 1733, b. Fosse, men flytte 1763 til Lydveteigen, Voss, sjå Vossaboki s. 438.
  7. Ola, f. 1734.
  8. Askjell, f. 1736, g. omkr. 1770 Anna Andersdtr..f. , husmann Tyssen. Evangerboka b. I.
  9. Marta, f. 1739, d. 1750.


Matrikkelen 1723 seier om bruket: «84 Fosse udj Bers dahlen Apostels Gods Opsidderis Tal 1. Proprietair og Bøxelraadig 1 pd 12 mk Sm Lieut Nordal Eyere med bøxell. HuusmandsPladser Ingen Ingen Sætter Ringe brendeveed Skoug ey widere. 1 flomqwern Ligger 2 1/2 mil udj fieldet fra Siøen som de forregaaende Jorder. Saar 1 td haufre aufler 2 tdr. føder 7 Kiør 5 ung Nød 12 faar 1 hæst. Taxt efter gl. Matricul 1 pd 18 mk Er Ligeledes af samme beskaffenhed, og fra byen 8 1/2 mil beliggende».


23/3 1756. Skøyte frå Petter Tønder Nordahl til Helge Olson Furrenes på 1 pd. 12 mk. smør for 135 rdl.

Helge Olson, f. 1717, g. 1754 Mildrid Knutsdtr. Straume, f. 1720.

Born:

  1. Synneva, f. 1755, d. 1755.
  2. Haldor, f. 1756, d. 1756.
  3. Haldor, f. 1757, d. 1758.
  4. Synneva, f. 1759.
  5. Synneva, f. 1763, g. 1782 Ole Anderson, Bolstad, f. 1759, b. Rørbakken. Etter 1825 er han husmann på Vetestveiti, Vete. Sjå husmenn, Væte, Vossaboki ,s. 85.


3/6 1776. Bygselbrev frå Helge Olson på 18 mk. smør til Lars Larsson Dale, Vaksdal, 28/5 1782 gjev Helge Olson skøyte til Lars Larsson på 1 pd. 12 mk.

Lars Larsson, f. 1748, d. 1826, g. Anna Johannesdtr. Dalseid, f. 1757, d. 1798.

Born:

  1. Johannes, f. , d. 1771, 11 år gl.
  2. Johannes, f. 1770.
  3. Anna, f. 1775. Sjå bnr. 2.
  4. Haldor, f. 1778, d. før 1801.
  5. Brita, f. 1781.
  6. Synneva, f. 1733, g. 1809 Peder Andersson Rasdal, b. Øvre Rasdal. Evangerboka b. II.
  7. Lars, f. 1785. Neste brukar.

Etter jordavgiftsboka 1802 var fødnaden 8 krøter og 12 sauer. Sådde 1 1/2 td. avla 6 td, korn "eller det bortfryser". Bruket verds. 152 rdl. Avgift 1 rdl. 18 skill.


3/7 1802. Skøyte frå Lars Larsson på 18 mk. smør til sonen Lars. Kår til seljaren og kona.

Lars Larsson, f. 1785, d. 1841, g. 1809 Gjertrud Arvesdtr. Rødland, f. 1790, d. 1869.

Born:

  1. Anna, f. 1812, d. 1885.
  2. Lars, f. 1814, g. 1853 Marie Helgesdtr. Århus, f. 1828, bonde Øyene/Øye, bnr. 1.
  3. Arve, f. 1817, g. 1847 Brita Askjelsdtr. Li, f. 1822, bonde Li, seinare bonde Arna i Haus. (s. 114)
  4. Haldor, f. 1819. Reiste 1845 til Senja, - er 1870 i Tromsø.
  5. Sjur, f. 1821. Utv. 1844 til Amerika. Har 1 son.
  6. Mads, f. 1824, d. 1839,
  7. Johannes, f. 1827, d. 1828.
  8. Johannes, f. 1829, d. 1834.
  9. Magne, f. 1831.
  10. Johannes, f. 1835, d. 1841.


1836. Skøyte frå Lars Larsson til Lars Andersson Fosse på 18 mk. smør for 350 spd. og kår til seljaren og kona Gjertrud.

Lars Andersson, f. 1809, d. 1866, g. 1835Anna Olsdtr. Bolstad, f. 1809, d. 1866, g. 1835 Anna Olsdtr. Bolstad, f. 1809, d.

Born:

  1. Anders, f. 1836. Utv. til Amerika.
  2. Lars, f. 1837. Utv. til Amerika.
  3. Ole, f. 1837, d. 1837.
  4. Ole, f. 1839, g. 1867 Anna Andersdtr. Li, f. 1849. Rene: Utv. frå Voss s. 171.
  5. Brynhild, f. 1842.
  6. Steffen, f. 1843. Utv. til Amerika.
  7. Isak, f. 1849.

Anders, Ola og Steffen var med i borgarkrigen i Amerika, Anders som kaptein, dei andre som menige. (Rene: s. 702, 704 og 706). Steffen var etter krigen farmar på Koshkonong, gift med ei dotter til Anders Grimestad.


Jordbruksbeskrivelsen 1863 seier om bruket at det er 3 mål åker, 1/4 mål dyrka eng, 8 1/2 mål god, 8 mål middels og 16 mål dårleg natureleg eng. Av utslåtter og fjellslåtter 551 våger høy. Det var ikkje jord skikka til oppdyrking. Sådde 1 1/2 td. korn, 3 td. poteter, avla 6 td. korn, 20 td. poteter og 802 våger høy. Fødnaden var 8 kyr, 2 ungfe, 18 sauer og 1 hest. Tilstrekkeleg og middels hamnegang men «ubekvemt beliggende», Bruket var tungbrukt, men vanleg godt dyrka. Kornet fraus ofte og var sjeldan moge. For bortleigd hamn 1/2 spd. årleg. Det var 1 mil vanskeleg kløvveg til sjøen.


1866 vert bruket selt på auksjon til konsul P. Jebsen for 340 spd. Godskalk Nilsson Evanger, f. 1828, d. 1874, g. 1848 Anna Gudmundsdtr. Haga (Aukland?), Stord, f. 1825, d. 1899, var strandsitjar på Evanger 1854-1864. Han var ei tid gjestgjevar på Evanger og hadde fiskeretten frå Ho til og med Evangervatnet, han dreiv og som skreppekar. Saman med Tørres Bårdson Dahle fann han i 1865 svovelkis på garden Litlabø på Stord.

Godskalk Evanger selde straks sine rettar til konsul Jebsen og fekk som vederlag garden Fosse, og flytte dit i 1866 som paktar.

Born:

  1. Nils, f. 1849, g. 1876 Brita Lassesdtr. Tangen, f. 1844, bonde Tangen i Kyrkjebø, Sogn, brukar Tangen som etternamn.
  2. Gudmund, f, 1851, g. Nilsine Gregoriusdtr. Dingen, f. 1861,b. Heggenes, Kyrkjebø i Sogn.
  3. Lars, f. 1854, bakar Mo i Rana. gift 1 i Lyngen i Troms med Karoline Albertine, d. 1890. 7 born. Lars reiste så til Yttern i Helgeland og dreiv bakarforretning der. Her vart han gift oppatt med Marie Benjaminsen, d. 1939. 5 born.
  4. Hermund, f. 1856, skreppekar, forretningsmann i Mo i Rana, seinare i Yttern, Helgeland. 1907 utv. han med familie til Amerika.
  5. Brynjulv f. 1859, g. 1889 ek. Maria Nilsdtr. Dalseid f. 1861, smed Dale. Brukte Fosse til etternamn. Sjå ættesoge for Dale.
  6. Brita f., f, 1861, g. 1881 Karl August Johannesson f. i Sunersberg 1849, Sverige, 1849 (Skaraborg län), stasjonsmeister på Søfteland på Osbana. Os-soga II s. 168.
  7. Godskalk, f. 1864, g. Berta Brandanger, Eivindvik, stasjonsmeister Stend. Osbana.
  8. Johannes, f. 1867, g. 1906 Anna Skaftestad, Naustdal i Sunnfjord.
  9. Knut, f. 1872, d. 1872.


1883. Skøyte frå kosul Jebsen til Torbjørn Larsson Yksendal for kr. 1.200 og kår til Anna Gudmundsdtr.

Torbjørn Larsson, f. 1850, d. 1929, g. 1876 Kristbjørg Olavsdtr. Lavik, Modalen, f. 1853, d. 1929.

Born:

  1. Lars, f. 1877, målar, døydde i Amerika, d.år ukjent.
  2. Agate, f. 1878, hushjelp, d. ug. 1964.
  3. Ole, f. 1880, gardsarbeidar på Fosse, d. 1957.
  4. Bertine, f. 1882, fabrikkarbeidar Dale, d. ug. 1947.
  5. Kristbjørg, f. 1885, syerske, d. ug. 1971.
  6. Knut, f. 1887, farmararbeidar i Amerika, d. ug. 1952.
  7. Magdalena, f. 1889, g. 1918 Anders Hansson Brørvik, f. 1885, bonde Brørvik.
  8. Toralf Kristoffer, f. 1892. Neste brukar.
  9. Andreas Martin, f. 1896, g. 1929 Sigrid Ekeberg, Fana, f. 1906, jarnbanefullmekt, b. Paradis.
  10. Karolina, f. 1896, fabrikkarbeidar, d. ug. 1973.


Torbjørn Fosse var utlært skreddar og dreiv i faget ein del år, men etter at han vart bonde på Fosse vart det mindre tid til slikt arbeid. Han var postførar i dalen i mange år.


1929 får Toralf Kristoffer Torbjørnson skøyte for kr. 2.000 og husrett for broren Ole.

Toralf Torbjørnson, f. 1892, d. 1960, g. 1929 Helga Larsdtr. Bjørndal, Hosanger, f. 1900, d. 1982.

Born:

  1. Kristbjørg, f. 1932, d. 1981.
  2. Torbjørn, f. 1938. Neste brukar.


1966. Skøyte til Torbjørn Fosse, f. 1938, for kr. 12.000 og kår. Torbjørn Toralfson, f. 1938, g. 1968 Margun Grimset, Naustdal, Sunnfjord, f, 1938.

Born:

  1. Anne Hilde, f. 1969.
  2. Tor Henrik, f. 1971.
  3. Bent Ole, f. 1975.


Jord, skog og driftsopplegg:

Storparten av jordbruksarealet er brattlendt morene. Dyrka jord: 10 dekar. Natureng: 20 dekar. Jordbruksareal i alt: 30 dekar. Berre mindre deler av jordbruksarealet kan drivast med maskinar. Sør for elva kan det fulldyrkast 15-20 dekar. Skogarealet er omlag 130 dekar. 10 dekar er granplanting. Driftsopplegget byggjer på mest einsidig grasdyrking. Fødnaden: 14 vinterfora sauer.


Bygningar:

Stovehuset er bygd i 1897. Driftsbygningen er bygd ikring 1900.


Fjell og utmark:

Bruket har i felles fjellstrekning sumarbeite til eigen fødnad og leiger hamn til andre.


Bnr. 2.

L.nr. 176. Gl. skyld 21 mk. smør. 1838:4 mk. 20 sk. 1886: Mk. 1.27, 1977: Mk. 0.33.


3/7 1802. Skøyte frå Lars Larsson til verbroren Ole Nilsson Møgster, Vaksdal, saman med eigaren av bnr. 1 på 18 mk. smør. Kjøparen skal svara ein del kår til seljaren og kona. Sjå Myster, husfolk.

Ole Nilsson, f. 1764, g. 1802 Anna Larsdotter, f. 1775. 1802 får Ole Nilsson skøyte frå Lars Larsson Fosse d.y. på odelsretten til 18 mk. smør.

Born:

  1. Ragnhild, f. 1803, g. Mons Andersson Skare, Seim i Alversund.
  2. Sigrid, f. 1804, g. 1836 Jan Olson Kjenes, Seim i Alversund.
  3. Lars, f. 1806, g. 1825 ek. Olina Hemmingsdtr. Odrås, Nedre Eikeland, Seim i Alversund.
  4. Nils, f. 1808, g. 1836 Brita Sjursdtr. Mjølkeråen, Hopland, Seim, Alversund.
  5. Knut, f. 1811, d. 1811?

Jordavgiftsboka 1802 seier om bruket at det er likt med bnr. 1. Verds. 152 rdl. Avgift 1 rdl. 18 skill.


1811 er det halde skifte etter Anna Larsdtr. og bruket (18 mk. smør) vert utlagt kreditor Lars Nilsson Sandal for 300 spd.

1813 skøyter Lars Sandal bruket til Ole Nilsson Fosse. Same året sel Ole Nilsson bruket til Anders Larsson Nordre Eikeland i Alversund, og kjøpar att hans bruk i N. Eikeland. Olav g.3.g. 1812 m. Herborg Larsdtr. 1769-1851, dotter til Lars Brynjulvson Mæland og Herborg Bergesdtr. Øvstedal, Evangerboka b. I.

Anders Larsson var frå Mestad, f. 1773, d. , g. 1803 Sigvor Steffensdtr. Bolstad, f. 1782, d. 1867. Anders døydde som fattig husmann på Fosse 1827.

Born:

  1. Lisbet, f. 1804, d. 1805.
  2. Ei dotter f. og d. 1806.
  3. Helge f. 1807, g. 1834 Ingebjørg Nilsdtr. Brekke f. 1813, b. Fosse.
  4. Lars f. 1809, g. 1835 Anna Olsdtr., Bolstad, f. 1809, b. Fosse.
  5. Elisabet f. 1811, g. 1836 Sjur Nilsson Brekke f. 1810 Utv. til Amerika 1845.
  6. Steffen, f. 1814.
  7. Anved f., f 1816, g. 1841 Anna Nilsdtr. Li f. 1820, b. Bolstad.
  8. Anna, f. 1819, d. 1842.
  9. David f. 1822, g. 1847 i Bergen med Danilla Rasmusdtr. f. i Korskirkens sogn, 23 år gl., b. Bergen. Far hennar var Rasmus Nilsson Nubben.
  10. Anders, f. 1825. Reiste 1842 til Bergen.


1825. Skøyte frå Anders Larsson (på 18 mk. smør.) til Gulleik Bergeson Brunborg for 405 spd. Gulleik sel same år til Lars Brynjulvson Liland, Voss, for 300 spd.

Lars Brynjulvson f. 1788, g. 1818 Anna Styrksdtr. Seim f. 1797.

Born:

  1. Marta, f. 1819.
  2. Brynjulv f. 1825, g. 1847 Magli Samsonsdtr. Ukvitne, 23 år gl. Han reiste saman med kona og sonen Lars f. 1847, til Amerika 1849.
  3. Kari, f. 1820.

På skifte etter Anna Styrksdtr. i 1829 vart bruket verds. 210 spd. og utlagt til enkjemannen mot at han innfridde pantegjeld til Johannes Johannesson Indre Eide 100 spd., Gulleik Bergeson Brunborg 100 spd. og gjeld til kjøpmann Michael Wesenberg 5 spd.

I 1820 budde Lars og Anna som husmannsfolk på Skjerven, og 1822 i Haukeviki.


1831. Skøyte frå Lars Brynjulvson Liland eller Fosse til Helge Andersson Fosse på 18 mk. smør for 320 spd.

Helge Andersson, f. 1807, g. 1834 Ingebjørg Nilsdtr. Brekke, f, 1813, d. 1845.

Born:

  1. Sigvor f. 1834, g. 1860 Sjur Larsson Brekkhus f. 1832,b. Halsteinsberg, Voss.
  2. Kari f. 1836, g. 1860 Jakob Olson Rørgo f. 1831, bonde Rørgo. Evangerboka b. I.
  3. Anders, f. 1838, d. 1846.
  4. Marie, f. 1839, g. 1867 Ole Knutson Rasdal, b. Rasdal. Evangerboka b. II.
  5. Anders, f. 1842. Neste brukar.
  6. Anna, f. 1845.

På skifte etter Ingebjørg Nilsdtr. vert bruket utlagt til enkjemannen for takst 300 spd,

Helge Andersson gifter seg oppatt 1849 med Anna Gulleiksdtr. Langeland, f. 1812, d. 1861. Helge døydde 1887.

Born:

  1. Ingeborg f. 1850, g. 1881 Peder Johannesson Rasdal f. 1859, bonde Rasdal og Øye.
  2. Begga, f. 1853, g. 1872 lærar Godskalk Olson Opheim, Voss, f, 1845, bonde på Flage, Voss.
  3. Gulleik, f. 1856. Eks. frå Voss lærarskule 1874. Lærar i Evanger 1874-75, seinare kyrkjesongar og lærar Vossestrand, der han døydde.

På skifte etter Anna G. vert bruket utl. enkjemannen Helge A. for 300 spd.

Jordbr.beskrivelsen 1863 seier om bruket at det er likt med 1.nr. 175.


1867. Skøyte frå Helge Andersson til sonen Anders for 243 spd. og kår. Anders Helgeson f. 1842, d. 1929, g. 1867 Ragnhild Knutsdtr. Rasdal f. 1841, d. 1924.

Born:

  1. Ingebjørg f. 1868, g. 1898 JohannJohannes Monsson Helle Bruvik f. 1862, bonde Dørheim i Ølen.
  2. Helge, f. 1870. Neste brukar.
  3. Knut f. 1872, g. 1919 enkja Kari Johannesdtr. Hausvik, Haus, f. 1875. Budde på Trengereid, flytte til Kronstad 1924.
  4. Anna, f. 1875, d. 1907.
  5. Anders f. 1877, g. 1903 Ingeborg Einarsdtr. Tyssen f. 1880, treskjerar, b. Tyssen. Evangerboka b. I.
  6. Gjertina f. 1880, g. 1905 Ole Torjusson Ekkje f. i Røldal 1873, b. Dale i Ullensvang.
  7. Ragnhild, f. 1884, d. ug.
  8. Gulleik f. 1884, g. 1920 Gunnhild Ellingsdtr. Negstad f. 1890 i Kr.sund N., gartnarforretning Blomsterdalen, Fana.

1875 var fødnaden 7 kyr, 3 ungfe, 16 sauer og 1 gris. Kårmannen hadde 2 kyr og 8 sauer, Ingebjørg Helgesdtr. hadde 1 sau. Hesten på garden åtte Ole Kindem. Sådde 1 td. blandkorn og 3 td. poteter.


1906. Skøyte frå Anders Helgeson til sonen Helge for kr. 3.000 og kår. Helge Andersson f. 1870, d. 1947, g. 1901 Brytteva Askjelsdtr. Brunborg f. 1876, d. 1944.

Born:

  1. Kari f. 1903, g. 1962 em. Johannes J. Vedå, Gjerstad i Haus, f. 1887, oppsynsmann.
  2. Ragnhild f. 1904, g. 1930 Sigurd Nilsson Seim f. 1907, bonde Seim, Voss.
  3. Anna, f. 1906, d. 1906.
  4. Anders, f. 1908. Neste brukar.
  5. Åsmund Annanias f. 1910, g. 1950 Kristina Tomasdtr. Øye f. 1919, smed Bergsdalen.
  6. Anna, f. 1914, sjukesyster Moss, ug.
  7. Ingebjørg f. 1915, g. 1952 Martin Karstein Karlson Geitle f. 1927, bonde Geitle.
  8. Gudrun f. 1917, g. 1944 Håkon Larsson Brunborg f. 1916, stasjonsformann, Bergen jernbanestasjon
  9. Borgny Helga f. 1920, g. 1951 Alfred Frøland, Samnanger f. snikkar Bergen elektrisitetsverk.

Helge Fosse var medlem av Evanger heradstyre i 3 bolkar frå 1910, og 3 nye bolkar fram til 1928.


1940. Skøyte frå Helge Andersson til sonen Anders Helgeson f. 1908, d. 1995, for kr. 3.500 og kår. Anders er ugift.

Anders Fosse var medlem av Evanger heradstyre i 3 valbolkar. Var formann i Bergsdalen sokneråd i mange år, og formann i gruppestyre i Dale & Bergsdalen Billag L/L. Anders var fast tilsett i B.K.K. til han gjekk av for aldersgrensa.


Jord, skog og driftsopplegg:

Storparten av jordbruksarealet er brattlendt morenejord. Dyrka jord: 15 dekar. Natureng, kulturbeite: 15 dekar. Jordbruksareal i alt: 30 dekar. Storparten av den dyrka jorda kan haustast med motorslåmaskin. 5,3 dekar er under oppdyrking. Bruket har ikkje nemnande dyrkingsjord. Skogsarealet er omlag 120 dekar. 20 dekar er granplanting. Driftsopplegget byggjer på mest einsidig grasdyrking. Fødnaden: 6 mjølkekyr, 2 ungfe av storfe og 30 vinterfora sauer.


Bygningar:

Stovehuset er bygd i 1928. Driftsbygningen er bygd i 1970-1971.


Fjell og utmark:

Bruket har i felles fjellstrekning sumarbeite til eigen fødnad og leiger hamn til andre.


Bnr. 3-4 Vassrett.

Sk. mk. 1.08. Utsk, frå bnr. 1 og 2 i 1894.

1894. Skøyte frå Torbjørn Larsson og Anders Helgeson til brukseigar Konow for kr. 3.500. Vidare som gnr. 70 bnr. 3.

Gnr. 70 bnr. 3, 4, gnr. 71 bnr. 2, gnr. 72 bnr. 4, 5, gnr. 73 bnr. 6, 7, 8, gnr. 74 bnr. 3, 4, gnr. 75 bnr. 2, gnr. 76 bnr. 3, 4, gnr. 77 bnr. 4, 5, 6, gnr. 78 bnr. 4,5, 6, gnr. 79 bor. 3, 4 og gnr. 80 bnr. 5, 6 er i 1935 slått saman med dette bruk. Skylda er då mk. 3.67.


Bnr. 5 Vassrett.

Sk. mk. 0.10. Utsk. frå bnr. 1 i 1899.

1899. Skøyte frå Torbjørn L. Fosse til brukseigar Konow for kr. 125. Bruket er slått saman med bnr. 3.


Bnr. 6 Vassrett.

Sk. mk. 0.10. Utsk. frå bnr. 2 i 1899.

1899. Skøyte frå Anders H. Fosse til brukseigar Konow for kr. 125. Bruket er slått saman med bnr. 3.


Bnr. 7. Fossedammen.

Sk. mk. 0.35. Utsk. frå bnr. 1 og 2 i 1923.

1923. Skøyte frå Helge A. Fosse og Torbjørn L. Fosse til Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap for kr. 34.500. Bruket er slått saman med bnr. 3.


Bnr. 8. Bergtun.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 2 i 1953.

1953. Skøyte til Anna Fosse, f. 1914, utan vederlag.


Bnr. 9. Haugtun.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 2 i 1961.

1971, Feste til Egil Eide til 31/12 år 1999 mot årleg leiga kr. 200.


Bnr. 10. Vetlatræet 1.

Skyld 1øre. Utsk. frå bnr. 2 i 1966.

1966. Skøyte til Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap mot årleg avgift kr, 506,25.

1974. Skøyte til Åsmund Fosse, f. 1910, på bnr. 10 og 11 for kr. 55.000.


Bnr. 11. Vetlatræet 2.

Utsk. frå bnr. 1 i 1966.

1966. Skøyte til Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap mot årleg avgift kr. 900.

1974. Skøyte til Åsmund Fosse, f. 1910, på bnr. 10 og 11 for kr. 55.000.


Bnr. 12. Kraftverksområde Fosse.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1 i 1966.

1966. Skøyte til Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap mot årleg avgift kr. 500.


Bnr. 13. Lidtun.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 11 i 1973,

1974. Skøyte til Lars Lid, f. 1907, for kr. 70.000.


Bnr. 14 Fosshaug.

Heimelshavar, Anders H. Fosse.


HUSMENN OG HUSFOLK

Torbjørn Johannesson Tyssen, f. 1722, g.I 1745 Kari Knutsdtr. Fosse, f. 1715, d. 1747.

Born:

  1. Johannes, f. 1746.

Torbjørn, g.II Kristbjørg Magnesdtrt. Aldal, f. 1721. d.

Born:

  1. Kari, f. 1750.
  2. Mari, f. 1753.
  3. Jakob, f, 1757.
  4. Anna, f. 1759.

Huslyden flytte til Skreiæ, bnr. 3. Bur der i 1765.


Helge Olson Furneset, Vaksdal, f. 1717, g. 1754 Mildrid Knutsdtr. Straume, Vaksdal, f. 1720.

Born:

  1. Synneva, f. 1755.
  2. Haldor, f. 1756, d. 1756.
  3. Haldor, f. 1757, d. 1758.
  4. Synneva, f. 1759.
  5. Synneva, f. 1763, g. 1782 Ole Andersson Bolstad, f. 1763, d. 1825, husmann på Vetestveiti, Væte, sjå Vossaboki , s. 85.

Borna a og b var fødde på Furuneset, dei andre på Fosse.


Ola Helgeson Brekke, f. 1755, g. 1782 Anna Larsdtr. Kaldestad, f. 1745.

Born:

  1. Helge, f. 1782.


Soldat Knut Johannesson Fosse, f. 1767, g. 26/3 1797 Guri Nilsdtr. Bolstad, f. 1774.

Born:

  1. Joannes, f. 1796.
  2. Guro, f. 1798.

Huslyden flytte til Bolstad 1798.


Lars Olson Bolstad, f. 1820, g. 1843 Ragnhild Nilsdtr. Brekke, f. 1820.

Born:

  1. Ole, f. 1844.
  2. Kari, f.
  3. Brynjulv, f. 1859.
  4. Kirsti, f. 1856.
  5. Ingebjørg, f. 1864.
  6. Kjirsti, f. 1861.

Lars Olson var slaktar og reiste til Bergen med slaktebeist og «borakyr». Han var inderst Fosse til han 1859 vart husmann på Bjørgum, Voss. I 1870 reiste huslyden til Amerika.


Offentlege forretningar o.l.

1889. Kontrakt om veg gjennom Bergsdalen.

1896. Do. med Konow om Hamlagrøvatn.

Do. om pengane for Bergsdalselva.

1897. Do. om veg gjennom dalen.

1898. Utskiftning.

1975. Grensegangsforretning mellom Voss og eigedomane i Bergsdalsområdet.


{{rettar}

Personlege verktøy