Furnes

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band III


Gards og ættesoge for Furnes.


GNR. 53 FURNES


Innhaldsliste

INNLEIING

Furnes ligg på båe sidene av Bolstadfjorden der fjorden svingar søraust mot aust-nordaust. Den gamle innmarka på garden ligg på nordsida på eit nes som stig nokså bratt opp frå sjøen. Garden ligg i små dælder og terrassar oppover, og der er god jord, men der kan vera litt grunt og skinlendt sume stader. Innimellom er der skarv og små sva. Tunet ligg oppå kanten av eit slikt svaberg, og det er etter måten flatt akkurat der. Jorda er for det meste forvitringsjord og litt leire og noko rotafjell øvst på bøen. Ovanfor bøgarden tek utmarka til og strekkjer seg til fjells til grensene mot dei andre gardane og ned mot sjøen innanfor og utanfor innmarka. På sørsida av fjorden, der garden har beite og slåtter og skog, strekkjer eigedomen seg frå sjøen og heilt opp til høgaste fjellet.

Ferdsla til og frå denne garden har alltid vore vanskeleg. Dei må som regel i båt når dei skal til og frå. Det gjeld fyrst og fremst ferdsla over til Dalseid og til Verpelstad. I vår tid nyttar dei og motorbåt når dei skal nordover Bolstadfjorden. I gamle dagar gjekk ferdsla nordover mot Stamnes over isen om vinteren, men elles i båt. Ferdsla er serleg vanskeleg haust og vår når der er meinis. Då måtte dei driva med båtsdraging. Dei som skulle ut og fara gjekk over isen og drog ein båt med seg som dei kunne nytta dersom isen brast. Om vinteren ligg isen av og til så sterk at dei kan køyra på han, jamvel med bil. Vinteren 1963/64 var det så god is at dei kunne køyra ved med lastebil like frå naustet. Det er sjeldan isen er så sterk. Dei har enno ikkje fått telefon på garden, men elektrisk kraft kom til gards i 1952. Båtsdraging nyttar dei framleis når isen er dårleg.

Dei har lenge hatt løypestreng frå lendinga og opp til tuns med spel for handkraft på båe bruk. Men etter at dei fekk elektrisk kraft tok dei til med motorspel i 1953. Dei har og fått seg Vossavinsj til transport på bøen.

Gardsnamnet vart skrive Furnes 1695, Furrenes 1723. Om tydinga skriv Norske Gaardsnavne: «Antagelig furunes (Oluf Rygh), sms. med Gen. af Trænavnet fura f. (kfr. Telnes, GN. 53 i Fjeld). Dette Ord kunde dog her som 1 ste Led have Formen fur-, ligesom i furnes paa Hedemarken (se Varaldsø GN.6). «Bygdemålsuttalen av namnet er fór'nes eller fór'nese.

Grensene mot andre gardar vart fastsette ved utskiftingsforretning i 1847 og tek til med grensa mellom Furnes og Verpelstad på sørsida av fjorden.

«Grensemærket imellem Furrenæs og Wærpelstad begynder med en / Gloppe i en Steen i Elven ved Søen som viser mot Sød efter Elven til tvende // Gl. i store Steene der viser i samme Retning til en ) Gl. i en stor Steen som viser efter den store Gjel og Elv til en ? Gl. i et Skarv i Fosskaret som er Endemærke. Paa den østre Side eier Wærpelstad og Furrenæs paa den vestre Side, dog bemærkes at Furrenæs overlader til Wærpelstad Stalletoen at slaae for Havnegangen paa Feeten og Dybevigen tillige med at der ikke skal slaaes eller opføres noget Skrenkegjerde for samme, der nest at Wærpelstad skal hente saa snart de seer deres Faar i Furrenæs Slaatter.»

Feta og Djupvika som er nemnde her, ligg nede ved sjøen på Verpelstads eigedom.

Forretningen held så fram med grensa mot Fosse, Bergsdalen, såleis: «Grensemærket imellem Furrenæs og Fosse begynder med en ? Gl. i et Skarv i Fosseskaret som viser med det ene Udhug mod Væst til en / Gl. i en Bjergknold midt i Dystingen, som viser i samme Retning til en ? Gl. i et Skarv i Dystingtoe-enden som er Endemærket. Paa den søndre Side eier Fosse og Furrenæs paa den nordre Side.»

«Grensemærket imellem Furrenæs og Dahle begynder med en ? Gl. i et Skarv i Dystingtoe-enden der viser med det ene Udhug mod Nord-væst til en / Gl. .i et Skarv i høyeste Tongehougen som viser i samme Retning til en / Gl. i en Bjergknold i søndre Noven der viser i lige Linje til T Gl. i en Skarvrand ved Klingsteenen som er Endemærke. Paa den sødvæstre Side eier Dahle og Furrenæs paa den nordvæstre Side.»

Merket mot Dalseid tek til på same punkt, og forretningen held fram: — — «der viser med det ene Udhug mod Norost til en / Gl. i et Skarv paa Høyehougen som viser i same Linje til en / Gl. i en Bjergnak i Virveihougen der viser i lige Retning til en ) Gl. i en Skarvryg ved Gudmundssæter som viser mod nord til en / Gl. i en Bjergnak I Dahlseidahlen der viser i samme Retning til en 7 Gl. i en Bjergnak i Midagsskaret som viser med det ene Udhug mod Væst til tvende // Gl. i jordfaste Steene som viser i lige Retning til en / Gl. i en Bjergkant der viser i samme Linje til en / Gl. i en Hammer som viser i lige Retning til en / Gl. i et Skarv ved Ryggen der viser i samme Linje til en / Gl. i en stor Steen ved Søen i selve Stolen. Paa den væstre og nordre Side eier Dahlseide og Furrenæs ved den østre og søndre Side, dog bemærkes at Gaarden Furrenæs skal erholde Havnegangen paa Qvamsfjældet fridt for nogen Hæste og Fæecreaturer fra Gaarden Dahlseide.»

På den sida av fjorden der innmarka og tunet ligg, grensar Furnes mot Dyvik i Stamnes sokn og Hermundsdal i Evanger sokn. Grensa mot Dyvik, sjå Dyvik. Grensa mot Hermundsdal er skildra såleis:

«Grensemærket imellem Furrenæs og Hermansdahl begynder med en / Gl. i et Bjerg ved Søen imellem Stolen og Næset som viser mod nord til en / Gl. i en jordfast Steen som viser i samme Linje til en / Gl. i et Skarv der viser i lige Linje til en / Gl. i et Skarv som viser i samme Retning til en / Gl. i en stor Steen der viser i lige Linje til en / GI. i et Skarv ved Langedalsgjerdet som viser i samme Retning til en / Gl. i et Skarv der viser i lige Linje til en 7 Gl. i en Bjergknold ved Aasekjøn-fjeldrusten der viser med det ene Udhug mod Væst lige til Dyvigs Grensemærke. Paa den østre Side eier Hermansdahl og Furrenæs paa den væstre Side.»

Grensa mellom Hermundsdal og Furenes er heradsgrensa mellom den nye Vaksdal kommune og den nye Voss kommune.

Landkommisjonen 1661 fører opp Furnes mellom Øydegardane, og det er då rimeleg å tru at Furnes vart teken opp før svartedauden og at han låg øyde ei tid etter. Det er ikkje gjort arkeologiske funn på garden etter det me veit, og me har heller ikkje skriftlege vitnemål om garden frå mellomalderen. Me veit berre om eitt bruk på Furnes fram til 1701, men då ser det ut til at garden har vorte delt i to bruk, og sidan har det vore slik. Kvart av bruka utgjer halvparten av garden, og dei har tun på same stad.

Tuna ligg framleis på den gamle tunstaden, og skipnaden har ikkje vorte skipla av seinare utskiftingar.

Tunet ligg 47 m o.h. Der er så høge fjell på sørsida av fjorden at sola er borte ca. 10 veker midtvinters i tunet.

På bnr. 1 er der eit bustadhus i halvonnar høgd, og dessutan kombinert fjøs- og løebygning. Øvst på bøen er eit sauehus, men det har ikkje vorte nytta etter dei fekk elektrisk kraft i 1951. Då kunne dei dra gjødsel opp på øvste bøen med Vossavinsj og trong ikkje ha sauemøk på staden.

Stovehuset på bnr. 2 er bygt i 1907 og løa i 1898. Dei hadde før smalhus øvst på bøen ved bøgarden der dei hadde smalen inn. Dette slutta dei med kring slutten av siste verdskrigen.

Den fyrste utskiftinga me har opplysningar om er frå 1847. Det var då teigdeling på innmarka. Ny utskifting vart halden 1941 og 1942, tinglesen 1943. Det vart kravt overutskifting som vart halden i 1944. Etter den siste utskiftinga er der grei deling mellom dei to bruka på garden når det gjeld innmark. Delegrensa går no midt gjennom tunet, og det vart ikkje turvande med noko husflytting.

I 1863 var der på garden kring 10 2/3 mål åker og 94 1/2 mål bø. I 1963 rekna dei at garden hadde om lag 57 mål innmark. I 1657 er det opplyst at garden hadde ein hest, men i 1723 hadde dei ikkje hest, og har vel heller ikkje hatt det sidan. Arbeidet på garden måtte dei difor greia med handemakt. Soleis spadde dei alle åkrane om våren. Her hadde dei eit samarbeid med brukarane på Verpelstad like fram til 1920-åra. Då kom fyrst Verpelstadane til Furnes og var med på spodo, av di våren kom fyrst her. Furnes ligg nærare sjøen og er meir sørvendt. Sidan var Furnesane med på Verpelstad der det var noko seinare. Tunet der ligg om lag 300 m.o.h. Dugnadsarbeidet i spodo vart gjort på ein dag kvar stad og der var med både karar og kvinnfolk. Elles var der anna samarbeid mellom brukarane på Verpelstad og Furnes. Det galdt då helst slåtten i utslåttene på sørsida av fjorden.

På bnr. 2 har dei drive handelsgartneri sidan 1924, og på bnr. 1 sidan 1946. Sjå nedanfor i brukarsoga.

I utmarka er det på nordsida av fjorden ei grei deling mellom dei to bruka når det gjeld skogen og slåtten. Skogteigen til bnr. 1 ligg vestlegast og bnr. 2 har sin teig austlegast. På innmarka er det omvendt. Det er berre eitt unnatak frå den greie delinga her. Det er ei slåtte som bnr. 1 har i skogen til bnr. 2. Det heiter her Kolamyræ og Ospeholo. Bortanfor fjorden er det meir blanding. Der er det mange døme på at bnr. 2 eig slåtten, bnr. 1 skogen eller omvendt. I Furnestreet ved sjøen er der to slåtteteigar. Br. 1 eig nedst og bnr. 2 øvst, men med skogteigane her er det omvendt. I Blomstadlen eig bnr. 1 slåtten og bnr. 2 skogen. I Hjedlane er det omvendt, men bnr. 2 har og litt av skogen her, med di skogamerket fylgjer Hjedlabekken. I Lostena har bnr. 1 slåtten og bnr. 2 eig mesteparten av skogen. I Øvstetonæ har bnr. 2 slått og bnr. 1 skog. I teigen Fureskogen var skogen likt delt, men bnr. 1 har slåtten. Gamlasætret er hopaslåtta. Her vart onninga gjord i fellesskap og dei hadde sams løe. Når dei skulle føra høyet heim, gjekk dei to brukarane i lag og dessutan var Verpelstadbrukarane med og gjorde dugnad. Dei talde då børene og delte likt såleis. I vederlag var Furnes-brukarane med og hjelpte Verpelstadkarane å føra høyet heim or Stadlane som er ei Verpelstadslåtte.

Beite for kyrne og sauene har dei på sørsida av fjorden, og fyrst i Furnestreet. Dit fører dei kyrne straks dei løyser om våren, og her går då kyrne 5-6 veker. Om sumaren råkar dei til fjells, til stroket om kring Furnesstølen. Som regel brukar dei haustbære kyr på Furnes, og dei er då ofte utgjelde om sumaren. Dei har difor ikkje lege på stølen og mjølka dei sidan 1906. Verpelstad har hatt Furneskyrne til mjølking om sumaren etter den tid, men dei fekk då halvparten av mjølka for arbeidet. Elles har Furnes hatt kyr i Tretteneset nokre år på same vilkår og eitt år i Hermundsdalen. Den same skipnaden har dei hatt både på bnr. 1 og bnr. 2. På Furnesstølen hadde båe bruk stølshus. I 1928 gjekk der eit stort snøras på stølen og då vart stølshuset til bnr. 2 øydelagt. Stølshuset til bnr. 1 stod til nyleg, men har no fare så ille av ver og vind at det er til nedfalls. Sauebeitet var før på nordsida av fjorden til jonsok. Då skulle alle sauer fraktast over til sørsida, der det eigentlege fjellbeitet er. Då bnr. 1 kjøpte Hermundsdal 1931, tok bruket utmarka der i bruk til fjellbeite både for sauer og kyr, og har nytta det slik sidan.

Det har vore eit bra laksefiske på garden. Den beste fiskestaden er Stolen som ligg på sørsida av fjorden i grensa mellom Furnes og Dalseid. Denne fiskeplassen vart i 1891 leigd av Einar Dyvik for 8 år, og det vart tinglese kontrakt mellom han og brukarane på Dalseid og Furnes. Til 1960 vart fisket her drive såleis at Furnes heldt reiskap og utførde fisket, bnr. 1 eitt år og bnr. 2 det neste. Dalseid hadde part i fangsten såleis at bnr. 1 på Furnes og bnr. 1 på Dalseid delte eitt år, bnr. 2 på Furnes og bnr. 2 på Dalseid delte neste år. Br. 1 og bnr. 2 på Furnes hadde kvar sine reiskapar. Det var kilenot som vart nytta. Br. 1 har fiskeplass åleine på nordsida av fjorden på Hermundsdals eigedom. Br. 1 på Furnes kjøpte Hermundsdal i 1931. Fiskeplassen her inne vert kalla Hermundsdalen, og dei nyttar kilenot. Br. 2 har kilenot ved Lambhusstølen som er nær merket mellom Furnes og Hermundsdal ved sjøen på nordsida av fjorden.

Der har vore kvernhus på båe bruk. Br. 1 hadde sitt på Hermundsdalsfetæ attmed elva der, og bnr. 2 hadde sitt på sørsida av fjorden, i skogen attmed Tres-elvæ. Båe kvernhusa vart øydelagde snørasvinteren 1928.

Me veit om berre eitt husmannsplass på Furnes. Det vart teke opp ei tid etter 1800, men bygselsetelen på plasset vart ikkje tinglesen før 1834. Plasset låg i Treet eller Furnestreet på sørsida av fjorden og var i bruk til fram i 1870-åra. Plasset omfatta teigane til båe bruk på Furnes. Båe bruk har skrive ut festesetelen.

Sjundagrend for Furnes er Verpelstad, Dalseid, Trettenes og Dyvik.


SKYLD, UTREIDSLER m.m.

Gamalt matr.nr. 8 i Vassværn tinglag. 1838 nytt matr.nr. 9. 1886 til 1964 gnr. 64 i Bruvik. Matrikkelen 1723: «Furrenes Apostels-Gods (Opsidderis Tal) 2. 1 pd. 6 mark Sm. Opsidderne er self Eyere med Bøxell. (Huusmands Pladser) Jngen. Sætter 3/4 (miil) fra Gaarden har ey andet end lidt Brendeveed Skoug, (Quærn og Fischerie) Jngen af Deelerne. Ligger nær Siøen, En Skinned eller Mager Jord tungvunden Kand iche bruge Hæst at Kiøre sit Høe. Saar 2 t. Haufre Aufler 7 tder føder 10 kiør 2 ungNød 30 faar Jngen Hæst. (Taxt efter gl. Matricul) 1 pd. 12 mark Sm. (Forhøyet) 18 mark Sm. Har jngen anden Næring eller Brug uden af Gaardens Aufling, ligger 4 1/2 Miil fra Byen —» Landskyld 1644 1/2 spann smør. Det same i 1655 og 1661, men 1648 oppgjeve til 1 spann. 1664 oppskrive til 1 pund 6 merker (eller 30 merker) smør. 1692 1/2 laup, og det same 1700 og 1718, men då redusert til 1 pund 6 merker att. Dette skyldtalet heldt seg til 1838, då det vart revidert til 1 dalar 4 ort 4 skilling, seinare 1 dalar 1 skilling. 1886 5,44 skm. Skatteskyld 1774 1 pund 12 merker.

Husdyrskatt 1657 9 mark 2 skilling. Leidang 1626 1 kalvskinn, 1774 6 merker smør som i pengar var 18 skilling. Folketal 1801: 16, 1875: 24. Fødnad 1657: 1 hest, 1 okse, 8 kyr, 3 ungfe, 18 sauer, 12 geiter. 1723: Sjå ovanfor. 1863: 16 kyr, 5 ungfe, 106 sauer. 1959: 6 kyr, 8 ungfe, 30 sauer, 1 gris. Sånad 1723: Sjå ovanfor. 1863 sånad 6 t. havre, 6 t. poteter, avling 30 t. havre, 31 t. poteter. I tillegg avla dei på plasset Furnestreet 3 t. havre og 3 t. poteter. Der var 1884 våger høy, 210 våger halm, 340 våger høy i slåttene. Skav og beit for 2 ungfe. I 1959 var innmarka på 57 mål.


EIGARAR

I kjeldene frå 1600-talet heiter det at Furnes høyrde til Apostelgodset og at han var øydegard. Furnes kan difor skriva seg frå mellomalderen, men har lege øyde ei tid etter svartedauden.

Fyrste verdslege eigaren me høyrer om er Gregorius Kvisti som åtte garden 1648 og 1655. I 1661 var Nils Havrå eigar og i 1676 Pål Kvisti. Alt kring 1690 er brukaren vorten sjølveigar. Det er Knut Olsson eller Sjursson.


BRUKARAR

1624 er Per Johansson nemnd som brukar, og sameleis 1645, 1648 og 1655. Han er gift, men me veit ikkje kva kona heitte. Stutt tid etter må han ha overlate bygsla på garden, men han levde til kring 1660. I 1659 fekk han ei mulkt av di han ikkje hadde meldt eit tjuveri hjå seg sjølv.


1657 er Olav Monsson brukar på heile garden, og sameleis i 1661, men i manntalet 1665-66 er det opplyst at han var død «forleden år», 48 år gamal. Han var gift, men me kjenner ikkje namnet på kona.


To søner er nemnde:

Mons Olsson f. ca. 1654.
Lars Olsson f. ca. 1665.

Enkja etter Olav er førd opp som brukar i 1666. I 1664, medan mannen levde, hadde dei ein dreng, Knut Nilsson. Men 1666, då enkja vart åleine, var der ein til, Knut Sjursson, 26 år.


1692 er det i futerekneskapen opplyst at Knut er eigar og brukar i Furnes. I manntalet 1701 er han kalla Knut Olsson og er 67 år. Han hadde då ingen søner eller tenarar buande på bruket. Kven Knut er, veit me ikkje. Då han døydde 1713, vart han kalla Knut Sjursson. Det kan henda han er den same som vart dreng på garden kring 1666. Kona hans heitte Anna, ho døydde 1705. Det finst ikkje opplysningar som syner om Knut har fått tinglese skøyte på garden, eller kvifor han fekk eigedomsretten, men etter futerekneskapen 1692 må han ha fått heimelen før dette året.


1701 var der og ein annan brukar på garden, Olav Knutsson. Han dreiv halve garden og var sagd å vera 36 år. Me veit ikkje om dette er son til Knut.

Frå denne tida har Furnes vore delt i to bruk.

Olav Knutsson f. ca. 1665 d. 1731 var g.m. Anna Nilsdtr. Bukkstein f. 1663 d. 1744.

Dei hadde ein son:

Knut.

Denne Knut finn me ikkje att på Furnes, men 1744 er det opplyst at Knut Olsson Furnes skøytte 1 pund smør i garden Tysso, Evanger sokn, til Askjel Sjursson for 77 rd. Knut kan då ha drive Tysso ei tid, før han selde.


1705 er det to mann som får skøyte på kvar sin halvpart i Furnes. Det er Olav Knutsson (sjå bnr. 1) og Olav Helgesson (sjå bnr. 2).


BRUK 1.

Gamalt løpenr. 19 i Vassværn tinglag. Landskyld 15 m. smør. Skatteskyld 18 m. smør 1838 revidert til 1 dl. 1 sk. 1886 2 mark 70 øre. Fødnad 1863 8 kyr, 2 ungfe, 55 sauer. 1863 hadde bruket 1 4/5 mål god åker, 2 1/3 mål medels og 1 mål ring åker. Der var 14 1/2 mål god eng, 26 mål medels og 16 3/4 ring eng. Sånad 3 t. havre, 3 t. poteter. Avling 15 t. havre, 15 t. poteter. Dei fekk 942 v. høy og 105 v. halm. Frå slåttene 160 v. høy. Skav og beit til 1 ungfe. Der kunne seljast ved for 9 spd. årleg. I 1963 hadde bruket 28 mål innmark. Dei hadde 4 kyr, 5 ungfe og 18 sauer.


Fyrste brukaren var Olav Knutsson. Han er nemnd som brukar i manntalet 1701, men 1705 fekk han skøyte på denne eigedomen. Om alder og huslyd, sjå ovanfor. Olav kan ha vore frå Tysso i Evanger. Som nemnt ovanfor har truleg son hans, Knut, vore brukar på Tysso framover til 1744. Han kan ha fått Tysso som arv av far sin.


1732 fekk Anders Nilsson Veo skøyte på bruket frå enkja etter Olav Knutsson og andre ervingar. Anders Nilsson f. 1705 d. 1771 var g.m. Kari Johannesdtr. f. om lag 1709 d. 1797.

Born:

Helge f. og d. 1733.
Dordi f. 1734 d. 1749.
Anna f. 1736 g.m. Halvard Åsgrimson, brukar her.
Kristi f. 1739.
Nils f. fyrst i 1740-åra, brukar her.
Anna f. 1744 g.m. enkjemannen Askjel Knutsson Verpelstad. Sjå Verpelstad, husfolk.
Johannes f. 1748, brukar her.
Mons f. 1751 g.m. enkja Ågota Knutsdtr. Verpelstad, sjå Verpelstad brukarsoge.
Lars f. 1754. Sjå under husfolk.
Dordi f. 1757 d. 1758.


1759 fekk Halvard Åsgrimsson skøyte hjå Anders Nilsson på dette bruket for 30 rd. Halvard var frå Meland. Han vart g.m. dotter til Anders, Anna Andersdtr. f. 1736 d. 1823. Me veit ikkje nar Halvard var fødd, og heller ikkje når han døydde.

Born:

Brita f. 1759 d. 1803 g.m. Haldor Nilsson Havrå f. 1761 d. 1833. Brukar på Havrå i Haus.
Olav f. 1761. Paktar på Vaksdal kring 1800, g.m. Ingeborg Tomasdtr. Herfindal bnr. 5.
Dordi f. 1764 g.m. enkjemannen Nils Knutsson Dalseid. Brukar Dalseid bnr. 1.
Helge, fødselsår ukjent.

Halvard selde garden 1765 og har truleg flytt ut or bygda med huslyden sin, kan henda til Dumbedal, gnr. 46 i Sund. Ved skiftet 1824 etter kona til Halvard, Anna Andersdtr., som døydde hjå dottera Dordi på Dalseid bnr. 1 i 1823, budde sonen Helge på Dumbedal. Borna til Helge hadde formyndarar m.a. frå Lerøy, gnr. 4 i Sund, Bønes gnr. 20 og Skeie gnr. 118, båe i Fana.


1765 fekk Nils Andersson skøyte på dette bruket hjå verbror sin, Halvard Åsgrimsson, for 30 rd. Nils Andersson, som var f. fyrst i 1740-åra vart g. 1766 m. Maria Olsdtr. Hermundsdal. Nils vart da kalla «soldat».

Born:

Olav f. 1767.

Nils selde halvparten av bruket 1775 til bror sin, Johannes Andersson, og 1784 den andre halvparten. Nils var lagrettemann i 1777. Sidan me ikkje finn fleire opplysningar om han og huslyden, har dei truleg flytt ut or bygda.


1775 fekk Johannes Andersson skøyte hjå broren Nils på halve bnr. 1 for 30 rdl. og i 1784 fekk han skøyte på resten. Johannes f. 1748 vart g.m. Synneva Rasmusdtr. Tysso f. 1750 d. 1832. Me veit ikkje når Johannes døydde.

Born:

Olav f. 1774.
Kari f. 1777 g.m. Olav Olsson frå bnr. 2. Sjå husfolk.
Rasmus f. 1780. Brukar her.
Anders f. 1783 g.m. enkja Ingeborg Einarsdtr. Verpelstad. Brukar på Verpelstad.
Lars f. 1787 g. 1814 m. Kari Magnesdtr. Veo, bnr. 4. Dei var paktarfolk på Nedste-Mjelde i Haus og flytte seinare til Hamre prestegard i 1822.
Marta f. 1789 g.m. Askjel Jonsson Hesjedal, Stamnes bnr. 1. Husfolk i Øyo.
Knut f. 1793. Sjå plasset Furnestreet.


1789 selde Johannes halve bruket sitt att til Jon Mikkjelsson Dale for 100 rdl. Jon Mikkjelsson Dale bnr. 11 f. 1754 d. 1811 var g.m. Magdeli Hansdtr. Dale bnr. 9 f. 1761 d. 1826.

Medan dei budde på Furnes fekk dei desse born:

Mikkjel f. 1791.
Hans f. 1795.

1795 tok Johannes Andersson ut odelslysing på bruket til Jon Mikkjelsson på vegne av sonen sin Rasmus, og Jon Mikkjelsson måtte gje skøytet frå seg seinare. Han flytte då til Votlo i Haus, der han fekk kjøpa eit bruk i 1798.

Etter dei kom til Votlo fekk dei dottra:

Anna f. 1799.


1799 fekk Rasmus Johannesson skøyte hjå far sin og Jon Mikkjelsson på bnr. 1 for 130 rdl. og kår til foreldra. Rasmus Johannesson f. 1780 d. 1863 vart g. 1802 m. Dordi Helgesdtr. Veo, bnr. 4 f. 1774 d. 1862.

Born:

Synneva f. 1802 d. 1803.
Helge f. 1804. Brukar her.
Johannes f. 1807.
Synneve f. 1810. Utvandra til U.S.A. 1850.
Johannes f. 1813 d. ved ei ulukke 1836.
Kari f. 1814.
Simon f. 1818. Sjå husfolk.


1834 fekk Helge Rasmusson skøyte på dette bruket for 150 spd. og kår til foreldra. Helge Rasmusson f. 1804 d. 1877 vart g.1834 m. Sigrid Bertilsdtr. Eide bnr. 2 f. 1807 d. 1863. Dei hadde ikkje born. I skiftet etter Sigrid vart jordegodset i buet taksert til 380 spd. og utlagt til enkjemannen. 1864 vart Helge g. 2. g. m. Ingeborg Johannesdtr. Tysso f. 1827 d. 1908.

Born:

Sigrid f. 1865.
Johannes f. 1866. Brukar her.
Rasmus f. 1869 d. 1870.
Rasmus f. 1871 d. 1932. Banevaktar. Ugift.

Rasmus fekk kongens fortenestmedalje i gull i 1912. Han såg der kom ei steinskrida på lina nett før eit snøggtog skulle passera, sprang innover lina og fekk stogga toget før det kom til brotstaden. Rasmus miste livet i 1932 då han vart påkøyrd av eit tog medan han var i teneste. Faren, Helge Rasmusson vart vald inn i heradstyret 1855. Furnes høyrde den gongen til Haus.

Då Helge døydde var Johannes enno berre smågut, og enkja dreiv difor garden til sonen var vaksen.


1899 skøytte Johannes Helgesson dette bruket for kr. 1000,— og kår til mora. Johannes Helgesson vart g. 1892 m. Brita Knutsdtr. Dyvik bnr. 4 f. 1864 d. 1931.

Born:

Hermann f. 1893 d. 1897.
Barbro f. 1895. B. Furnes, ugift.
Knut f. 1897. B. Furnes, ugift.
Helge Sigurd f. 1899 d. 1960. Småbrukar og møbelsnikkar. B. Søfteland i Os. G.m.
Ingebjørg Nilsdtr. f. Rødland f. 1906. 2 born.
Ingvald Martin f. 1901. B. Furnes, ugift.
Inga f. 1904. B. Furnes, ugift.
Einar Ragnvald f. 1906. B. Furnes, ugift.
Ingeborg f. 1910. Fabr.arb. B. Dale, ugift.

Skøytet på garden lyder framleis på Johannes Helgesson Furnes, men bruket vert no drive av Knut Furnes i samarbeid med syskena Barbro, Ingvald, Inga og Einar. Sidan 1946 har dei hatt veksthus for blomar og tomatar på bruket og har drive handelsgartneri.


BRUK 2.

Gamalt løpenr. 20 i Vassværn tinglag. Landskyld 15 m. smør. Skatteskyld 18 m. smør. Revidert til 1 dl. 1 sk. og 1886 omgjort til 2 mark 74 øre.

1863 hadde bruket 2 1/4 mål god åker, 1 1/6 mål medels og 2 mål ring åker. Der var 16 mål god eng, 24 1/2 mål medels og 16 3/4 mål ring eng. Sånaden var 3 t. havre og 3 t. poteter. Avling 15 t. havre, 16 t. poteter. Der var 942 v. høy, 105 v. halm. Frå slåttene 180 v. høy. Fødnaden var 8 kyr, 3 ungfe og 51 sauer. Der var skog nok til brensel og husved og litt til husbruk. Der kunne seljast brenneved for 10 spd. årleg. Skav og beit til 1 ungfe. Bruket er medels lettbrukt heime, men det er tungt å driva slåttene i utmarka. Innmarka er «betydeligt skinlendt» står det i beskrivelsen. I 1963 hadde bruket 29 mål innmark. Der var 2 kyr. 3 ungfe, 12 sauer, 1 gris på bruket.


1705 fekk Olav Helgesson (sjå nedanfor) skøyte på dette bruket. Me veit ikkje kvar Olav Helgesson kom ifrå. Han er f. ca. 1678 d. 1765, g.m. Synneva Sjursdtr. f. ca. 1685 d. 1771.

Born:

Ragnhild f. 1702 g.m. Knut Basteson Dyvik. Brukar i Dyvik.
Helge f. 1707 d. 1744 g.m. Inga Monsdtr. Dalseid, brukar på Dale, der han bygsla 149/1984 t. laks skyld i Dale ifrå Kommersråd Hans Kristian Gartner. Eit bruk av bispejorda på Dale. Sjå Dale bnr. 18.
Anna f. 1708 g.m. Johannes K. Verpelstad. Brukar på Eikemo.
Lars f. 1709. Sjå Straume bnr. 5.
Laurits f. og d. 1710.
Jakob f. 1712.
Knut f. 1714 d. ug. 1782.
Olav f. 1715. Brukar her.
Kristi f. 1716 d. 1737.
Helge f. 1717. Sjå husfolk.
Marta f. 1719 g.m. Eirik Basteson Dyvik. Husfolk i Dyvik. Seinare b. øvste Mjelde, Haus.
Anna f. 1721.
Sjur f. 1723 g. 1747 m. Brita Olsdtr. Fannes. B. på Tysso.
Guro f. og d. 1724.
Knut f. og d. 1726.
Brynjulv f. 1726.
Guri f. 1730.
Knut f. 1731 g. 1765 og b. på Langedal bnr. 1, Modalen.

Olav Helgesson åtte jord på Tysso. Då han døydde 1765 vart ho skift mellom ervingane.


1754 fekk Olav Olsson skøyte på dette bruket. Olav Olsson f. 1715 d. 1798 vart g. 1755 m. Maria Larsdtr. Vik f. 1719 d. 1801.

Born:

Lars f. 1757 d. 1758.
Lars f. 1759 g. 1785 m. Synneve Eiriksdtr. Øvste Mjelde. Brukar på Øvste Mjelde i Haus.
Olav f. 1761 g.m. Kari Johannesdtr. Furnes bnr. 1. Husfolk her.
Marta f. 1763 g. 1787 m. Johannes Haldorsson Dalseid. Husfolk på Vikno i Haus. Seinare gardbr. på Seim i Alversund.
Sjur, fødsels- og dødsår ukjent.


1766 fekk Mons Helgesson Dale skøyte på dette bruket for 30 rdl. dansk kurant hjå Olav Olsson. Mons Helgesson var brorson til Olav Olsson, og son til Helge Olsson som var f. på Furnes. 1765 gav han på tinget ein skriftleg deklarasjon om at han hadde odelsrett til Furnes, men at han ikkje hadde gjort bruk av odelsretten av di han vanta pengar. Olav Olsson og kona fekk kår hjå Mons Helgesson i 1777.

Mons Helgesson f. 1724 d. 1816 vart g.m. Herborg Helgesdtr. Tysso 1770. Bryllupet var i Evanger. Herborg var f. 1744, d. 1800.

Born:

Synneve f. 1771 d. 1846 g. 1. g. m. Jon Johannesson Stamnes, bnr. 10, paktar på Indre Bruvik. Synneve g. 2. g. m. enkjemannen Hans Johannesson Stamnes, brukar på Dalseid bnr. 2.
Helge f. 1773. Brukar her.
Olav f. 1774 g. 1810 m. Brita Jonsdtr. Hesjedal, Stamnes bnr. 1.
Hans f. 1776 g.m. Synneva Einarsdtr. Dyvik. Husfolk her.
Ragnhild f. 1779.
Inga f. 1783 g.m. Johannes K. Mellesdal. Sjå Mellesdal, plasset Veastølen.
Brita f. 1787. Kven ho var g. m. 1. g. veit me ikkje, men ho vart g. som enkje 1829 m. enkjemannen Gudmund Ivarson Mo.

Ved skiftet etter kona til Mons i 1801 vart ho kalla Synneve Olsdtr., men det er truleg at dette må vera ei feilskriving frå skrivaren si side. Jordegodset vart då utlagt til enkjemannen, til borna og til kreditorar.

Mons Helgeson g. 2. g. 1802 m. Marta Helgesdtr. Tysso. Dei hadde ikkje born.


1802 fekk Helge Monsson skøyte på dette bruket i skifte etter Herborg Helgesdtr. (som, truleg ved ein skrivefeil, vart kalla Synneva Olsdtr.) for 100 rdl. og kår til faren Mons Helgesson. Helge f. 1773 d. 1855 vart g. 1797 m. Ragnhild Einarsdtr. Dyvik f. 1777 d. 1820.

Born:

Mons f. 1799. Brukar her.
Knut f. 1800 d. 1828.
Herborg f. 1801 d. 1802.
Einar f. 1803 d. 1824. Han gjekk gjennom isen og drukna.
Herborg f. 1807 d. før 1821.
Knut f. 1810.
Marta f. 1813 d. 1893 g. m. Jon Hansson Dalseid bnr. 2. B. Myster. Sjå plasset Nordebø el. «under Reinane».
Herborg f. og d. 1818.

I skiftet etter Ragnhild i 1821 vart bruket taksert til 150 spd. og utlagt til enkjemannen Helge Monsson og eldste sonen. Helge g. 2. g. 1821 m. Brita Olsdtr. Tysso f. 1795 d. 1892. Dei hadde ein son, Olav, f. og d. 1822.


1826 fekk Mons Helgesson skøyte på dette bruket for 127 spd. og kår til foreldra. Mons Helgesson f. 1799 vart g. 1824 m. Guri Olsdtr. Tysso f. 1803 d. 1887.

Born:

Ragnhild f. 1824 g. 1844 m. Simon Magnesson Store-Vik. B. her. Sjå husfolk.
Maria f. 1826 g.m. Johannes Andersson Verpelstad. Brukar i Toskedal bnr. 2.
Brita f. 1828 g. 1848 m. Olav Knutsson Furnes. Sjå husfolk.
Herborg f. 1830 g.m. Einar Knutsson Furnes. Sjå husfolk.
Helge f. og d. 1833.
Helge f. og d. 1836.
Marta f. 1837 g. 1855 m. Hans Helgesson Trettenes. B. Vik, Stamnes bnr. 4.
Olav f. 1841 d. før 1891.
Helge f. 1843. Brukar her.

Då Guri Olsdtr. døydde som enkje 1887 vart buet oppgjort med ei eige på kr. 1.630,-. Når mannen hennar døydde veit me ikkje, men etter seinare opplysningar må Mons Helgesson ha falle frå mellom 1866 og 1870.


1866 fekk Helge Monsson skøyte på farsbruket for 200 spd. og kår til foreldra. Helge f. 1843 d. 1871 vart 1865 g.m. Sigrid Helgesdtr. Nese frå Eksingedalen f. 1846 d. 1928.

Born:

Mons f. 1866. Sjå nedanfor.
Helge f. 1867. Brukar her.
Olav f. 1869.
Helene f. 1871 d. 1893.
Guri f. 1871 g.m. Nils Bertelsson Verpelstad,sjå Verpelstad bnr. 2.

Helge d. 1871 ved ei ulukke. Han miste livet då ein snøskavl reiste på sjøen med han ved Lambhusstølen. Han vart funnen ved sokning. Enkja skifte med borna, og bruket vart da utlagt til sonen Mons for taksten 480 spd.


1873 vart enkja Sigrid Helgesdtr. g. 2. g. m. Helge Jonsson Trettenes, Dalseid, sjå plass i Tretteneset under bnr. 1, f. 1846.

Born:

Jon f. 1874 d. 1959 g. 1901 m. Dortea Simonsdtr. Toskedal bnr. 1. B. i U.S.A.
Johannes f. 1875 g.m. Maria f. Vatle frå Dale. B. i U.S.A.
Dortea f. 1877 d. 1961 g.m. Isak Milde frå Fana. Fabr.arb. b. Dale.
Karl f. 1879 g.m. Brita Bruvik. Busett U.S.A.
Martin f. 1881 g.m. Oleanna Ivarsdtr. Tysse frå Osterfjorden. Lærar, b. i Ama.
Anna f. 1883. Emigrerte til U.S.A., g.m. ein amerikanar.
Synneve f. 1886 g.m. Ola Samuelsson Dale, sjå Dale bnr. 6.
Sivert Johan f. 1888. Emigrert til U.S.A., farmar, g.m. ei norskamerikanarinne.
Bertin f. 1890. Emigrert til U.S.A., g.m. ei norskamerikanarinne.

Helge Jonsson var ein kjend lekpreikar som reiste i bygdene her. Han er nemnd i boka om Stamneskyrkja. Elles var han med i offentleg styre og stell, såleis i heradstyret fleire periodar, medlem av likningsnemnda, fatigkommisjonen m.m.


1874 fekk Mons Helgesson skifteskøyte på dette bruket for 480 spd. og kår til enkjene Brita og Guri. Mons var mindreårig då, og stykfaren og mora dreiv garden medan han var liten. Mons selde sidan garden til ein yngre bror og reiste til Amerika.


1895 fekk Helge Helgesson skøyte på dette bruket hjå bror sin, Mons, for kr. 2000,— og kår til mora og stykfaren. Helge Helgesson f. 1867 d. 1908 g. 1897 m. Brita Knutsdtr. Vik bnr. 3 f. 1872.

Born:

Helge f. 1898. Brukar her.
Knut f. 1900 d. 1915.
Sigrid f. 1903 d. 1925.
Håkon f. 1905 d. 1945.
Ingolv f. og d. 1908.
Hilda f. og d. 1909.


1939 fekk Helge Helgesson skøyte på dette bruket for kr. 2.300,— og kår til mora. Ho hadde då drive garden til sonen skøytte.

Helge Helgesson f. 1898 er g.m. Borghild Hansdtr. f. Gjæringen frå Loddefjord i Laksevåg f. 1900.

Born:

Bjørgfrid f. 19** g.m. Johannes Flostrand. Sjåfør. B. Bergen. 2 born.
Ingebjørg f. 19** g.m. Lars Horvei. Maskinist ved kraftverk. B. Norheimsund. 1 barn.
Helge f. 1935-2015. Handelsgartnar. B. på bruket.
Berit f. 19** g.m. Ottar Tefre, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
Helga f. 19**, ug. Likningsassistent. B. Dale.

Helge er gardbrukar og gartnar. Gartneriet tok han til med i 1924. Han dyrka då fyrst blomar, serleg ringblom og georginer, som han selde på Dale for 15 og 25 øre bunten. Til bunting vart nytta heimespunnen ulltråd, og torgdagen var kvar laurdag. Seinare tok han til med litt grønsaker, m.a. blomkål og hovudkål, men det var helst blomar og dessutan tomatar. Han har no to veksthus. Helge har vore med i offentleg styre og stell, m.a. medlem av heradstyret ein periode, medlem av likningsnemnda fleire gongen, i skulestyret og i fatigstyret. Han har vore jordskiftemann og kjentmann for Norges Geografiske Oppmåling sidan 1923.


PLASSET FURNESTREET

1818 slo Knut Johannesson Furnes bnr. 1 seg ned som plassmann på Furnestreet. Han vart g. 1816 m. Anna Olsdtr. Dyvik, og dei reiste fyrst til Hamre sokn, der dei pakta eit bruk, men kom attende til Furnes i 1818 og busette seg her. Anna d. 1872 og Knut 1879.

Born:

Olav f. 1819. Sjå husfolk.
Johannes f. 1823.
Einar f. 1823. Sjå husfolk.
Marta f. 1826. Jon f. 1831.
Synneva f. 1833.
Askjel f. 1835.
Maria f. 1837.
Marta f. 1840.
Synneva f. 1833, var trulova m. Jakob Jakobsson Nøttveit og dei skulle gifta seg, men Jakob vart drepen av ei snøskreda 1858, 23 år gamal. Synneva fekk eit barn, Jakob, f. 1858.

Knut Johannesson fekk ikkje feste på plasset før i 1834.


HUSFOLK

1754 vart Helge Olsson Furnes bnr. 2 f. 1717 g.m. Mildrid Knutsdtr. Straume bnr. 5 f. 1720. Dei budde på Furnes ei tid som nygifte, men flytte så til Røyrbakken i Evanger. 1756 fekk Helge skøyte hjå sagefalleigar Peter Tønder Nordahl i garden Fosse, Bergsdalen, men han budde aldri der.

Born fødde på Furnes:

Synneva f. og d. 1755.
Haldor f. og d. 1756.


1774 vart Lars Andersson Furnes bnr. 1 f. 1754 g.m. Herborg Magnesdtr Aldal. Som nygifte budde dei i Furnes, men sidan veit me ikkje noko om dei.

Medan dei budde på Furnes fekk dei eit barn:

Dordi f. 1787.


Kring 1802 vart Olav Olsson Furnes bnr. 2 f. 1761 g.m. Kari Johannesdtr. Furnes bnr. 1 f. 1777. Dei budde som nygifte på Furnes.

Eit barn til dåpen:

Maria f. 1803.


1805 vart Hans Monsson Furnes bnr. 2 f. 1776 g.m. Synneva Einarsdtr. Dyvik f. 1782.

Dei busette seg her, og fekk ei dotter:

Herborg f. 1806.

Synneva døydde 1809.


1814 vart Lars Johannesson Furnes bnr. 1 f. 1787 g.m. Kari Magnesdtr. Veo bnr. 3 f. 1793. Dei var truleg husfolk i Furnes ei stutt tid etter giftarmålet, men noko før 1818 var dei vortne paktarfolk på eit bruk på Nedste-Mjelde i Haus.

Me finn opplyst om fylgjande born:

Magne f. og d. 1818.
Magne f. 1819.
Johannes f. 1821.

1822 flytte Lars og Kari til Hamre prestegard, truleg som paktarfolk. Dei fekk ein son same året:

Helge f. 1822.

Der er opplyst om ei dotter

Ingebjørg, f. år ukjent, d. 1834.
Olav, som seinare vart brukar i Dyvik bnr. 3. Me kjenner diverre ikkje hans fødselsår. Då han gifte seg i 1852, var alderen hans oppgjeve til 30 år. I så fall var han jamgamal med Helge, og måtte då ha vore tvillingbror.

Etter eit skifte på Furnes 1838 skulle Lars og Kari vera busette der då.


1844 vart Simon Magnesson Store-Vik g.m. Ragnhild Monsdtr. Furnes bnr. 1 f. 1824. Dei fekk ei dotter medan dei budde som husfolk i Furnes:

Anna f. og d. 1845.

Kvar dei sidan flytte, er ukjent.


1848 vart Olav Knutsson Furnes, sjå plasset Furnestreet, f. 1819 g.m. Brita Monsdtr. Furnes bnr. 2 f. 1828. Dei budde i Furnes som husfolk.

Born:

Anna f. 1849.
Guri f. 1853.

Olav døydde 1854. Enkja skifte med borna. Delingssumen i buet var 31 spd. Brita g. 2. g. 1855 m. Olav Knutsson Tysso. Dei utvandra til Amerika.


1849 vart Einar Knutsson Furnes frå plasset Furnestreet f. 1823 g.m. Herborg Monsdtr. Furnes bnr. 2 f. 1830. Dei budde som husfolk ei tid på Furnes, men reiste så til Amerika.

Dei fekk desse borna medan dei budde her:

Guri f. og d. 1850.
Mons f. 1851.


1855 vart Simon Rasmusson Furnes bnr.1 f. 1818 g.m. Maria Jakobsdtr. Nøttveit, Hosanger, f. 1830. Simon og Maria budde på Furnes som husfolk.

Born:

Jakob f. 1861 d. 1884. Han vart drepen i ei sandgrupe på Straume.
Dordi f. 1863 d. 1870.
Kari f. 1866 d. før 1910.
Dordi f. og d. 1871.

Simon døydde 1878. Han fekk ein stein over seg då han felte eit tre. Maria var faster til Jakob Bertelsson Nøttveit som var med på Framekspedisjonen. Ho døydde 1910 80 år gamal. Sidan alle borna hennar var døde før henne, så var det syskena hennar som ervde eiga i buet, kr. 729.


1855 vart Hans Helgesson Trettenes, sjå plasset Teigen under Dalseid, f. 1831 g.m. Marta Monsdtr. Furnes bnr. 2 f. 1837. Dei budde som husfolk på Furnes til 1865, men flytte då til Vikahagen. Sjå Vik, Stamnes bnr. 4. Dei borna deira som var fødde på Furnes er tekne med der.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org
Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.

© Formgjevar og teknisk ansvarleg Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy