Gammersvik

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band III


Gards og ættesoge for Gammersvik.


GNR. 30 GAMMERSVIK


Innhaldsliste

INNLEIING

Ligg lengst nordaust på Osterøy, om lag 2 km nord for Grøsvik. Tunet ligg i ei vestvend vik der elva frå Gammersviktjørna renn ut i Osterfjorden. Namnet vart skrive Gammersuig 1610, 1620, 1667. Gammersviig 1723. Bygdemålsuttalen er ga’mmersvikjæ. Tydinga er uviss. Oluf Rygh meiner at det kan koma av eit fantasifuglenamn gambr med sideform gammr, også brukt som mannstilnamn. Magnus Olsen meiner at det kan vera eit mannsnamn Gunnmar som ligg til grunn. Men eit slikt namn er berre kjent frå ei einaste kjelde og kan der vera feilskrive for Gunnar.

Grensar til Kallestad, Grøsvik og Toskedal. Grensa mot Kallestad: sjå Kallestad. Grensa mot Toskedal vart skriftfest ved forretningen i Toskedal 1846. Ho går frå Sedbakken mot vest til søre Kallefjellsnova der det er hogge x i eit vestvendt berg. Grensa mot Grøsvik vart skriftfest ved forretningen i Grøsvik 1836. Sjå under Grøsvik.

Det eldste skriftlege vitnemål er frå 1590. Gammersvik er då «frelse», d.v.s. gamal øydegard. 1661 heiter det om garden: «En Vduelig Jord och er Scheed Vdfald i windter paa Jorden.»

1723: «Ingen Huusmandspladser. Intet Sæter. Furreved til Huusfornødenhed og Brendeveed skoug. 1 flomqværn intet fiskerie. ligger ved Søen 4 1/2 Mil fra Bergen, maadelig Jordart dog tungvunden til Høe og samles udi U-føre ... lever af Qvægets avling og lit Brendeveed at selge.»

1863: «Om Vinteren ligger Meenis omtrent 4 Mdr.» Gammersvik har mest alltid vore einbølt gard. Frå 1830 var det to gardsbruk, det eine var 2/3, det andre 1/3 av heile garden. Det vart halde minneleg utskifting mellom dei i 1834. Innmarka vart delt i 6 teigar, 3 teigar til kvart av bruka. Den eine brukaren hadde dessutan ein åker i ein av bøteigane åt den andre. Utslåttene vart teigdelte, og skogen vart delt i 18 teigar. Det største bruket fekk 8 teigar, det minste fekk skogen sin i 10 teigar. Denne utskiftinga stod ved lag til 1866, då brukaren på det største bruket kjøpte det minste, og dei to bruka vart slegne saman til det noverande bnr. 1.

Det gamle husmannsplasset Toskhelleren ligg for seg sjølv i austre enden av utmarka, ved grensa mot Kallestad. Ein del av dette plasset vart selt til plassmannen 1850, men vart seinare kjøpt attende til hovudbruket. Men 1871 vart Toskhelleren utskilt for godt og seld. Toskhelleren er det noverande bnr. 2. Frå utskiftinga 1834 merkjer me oss at plasset Toskhelleren, både innmarka og ein skogteig som høyrer til, er oppmerkt med nedsette merkesteinar.

1844 vart det teke opp eit plass, Porsmyra, på nordlegaste delen av innmarka i Gammersvik. Der budde folk til 1886.

Tunet ligg under eit høgdedrag lengst aust på innmarka. Stovehuset er bygt 1909 og omvølt 1952. Driftsbygningen er frå 1941. Eit gamalt stovehus står lengst sør i tunet.

Innmarka er nokså flatlendt, omlag 35 mål, avgrensa mot vest av fjorden, mot sør av elva og elles av skogvaksne bergnakkar. Jordsmonnet er noko svart myrjord med leirbotn, noko sandut bakkejord. 1864 var her 7,3 mål åker. 1,5 mål var ring, 2,6 mål middels god, resten var god. Av naturleg eng var det 38 mål. 22 mål var ring, 5,8 mål middels god, resten var god. I utskiftingsdokumentet frå 1834 er det nemnt at ei vatnings- eller gjødslingsveit, «. . . den saakaldte Stølsveit, der rinder ud paa Østre Side af Bækken, fra en Lars Olsens Brug tilhørende Ager kaldet Stølsageren, skal skiftevis benyttes af begge Opsiddere, og vændes hvert Aars 30te September».

Utmarka er vid, med mykje furuskog. 1863 vart nettoinnkoma ved sal av tømmer og ved rekna til 12 spd. for året. No reknar dei med at skogen gjev like stor innkoma som resten av gardsdrifta. Tømmeret vart frå gamalt løypt til sjøen etter faste tømmerløype. Ved eit skjøn 1913 vart det peika ut 11 slike løype: Gammersvikløypet, Djupevikhamaren, Meltvika, eit løype ved Nysteinvika, eitt mellom vegen og Kobbesteinane, Kvitenesdalen, Kviteneset, Otterhola, Sverrestuneset, Flothamarneset og Flothamarberget.

Seter har det ikkje høyrt til garden, det ein kjenner til.

1863 heiter det om hamnegangen: «Beliggende ved Gaarden af yderlig ringe Beskaffenhed og knapt halvt tilstrækkelig.»

Krøtera beiter i utmarka heile sumaren, og dei vert mjølka ute i marka der ein finn dei.

Tjørebrenning og kolbrenning dreiv dei på 1700-talet, og kanskje seinare og. I ein bygselsetel frå 1794 tek den dåverande eigaren, Nils Andersson Hole, seg undan rett til 1/3 av det som tjørebrenninga på garden kastar av seg. Dette skal leiglendingen betala han i tillegg til den vanlege landskylda.

Kverna, som var i bruk til om lag 1930, ligg ved elva eit stykke ovanfor tunet. 1928 bygde brukaren privat elektrisitetsverk i elva. Eit sagbruk vert drive med kraft frå verket. I Gammersvikstøa er det ei bra hamn. Ei stor bryggje vart bygd i 1890-åra, og straks etter vart her dampskipsstopp etter søknad frå brukarane i Gammersvik, Grøsvik, Toskedal, Elvik, Simenes og Mellesdal.

Fiske har her vore drive av ymse slag. 1863 heiter det: «Her kastes undertiden lidt Sommersild.» Garden har hatt eit snurpenotbruk tidlegare. Landnøter til sild har dei framleis. Laksefisket vart først drive med kilenot, men 1886 tok dei til med sitjenot. Her er no to faste fiskeplassar for sitjenot. I støa er det eit skutenaust, sjøbu og turkebu for nøter og garn.

Sidan om lag 1900 har det vore brevhus i Gammersvik. 1918 vart det gjort om til postopneri. Telefonstasjon var her frå 1932 til 1955, då abonnentane vart knytte til Stamneshella. I 1950-åra tok Stamneshella handelslag til med filial her. Dei tok til å handla i eine kjellaren i stovehuset på bnr. 1 og heldt til der i 3 år. Då hadde dei fått ferdig forretningsbygg ved kaien og flytte dit. Sjå bnr. 4.


SKYLD OG UTREIDSLER m.m.

Gamalt matr.nr. 20 i Hosanger skipreide, nytt 22. 1853 matr.nr. 145 i Haus tinglag. 1886 gnr. 41 i Bruvik.

Landskylda i åra 1626-1664 var 36 m. smør. I 1665 vart ho sett ned til 24 m., men i 1718 vart ho sett oppatt til 36 m. smør. Det er dette skyldtalet me finn i dei fleste kjeldene. Stundom vart skylda rekna både i smør og malt, og er då 24 m. smør og 12 kanner malt. I 1661 vart det fastsett at landskylda skulle betalast med 1 rdl. for året, men det ser ut til at brukaren i slutten av 1660-åra har vorte kravd for 1 1/2 rdl. i landskyld for året. 1838: 1 dl. 3 m. 18 skill. 1886: 4,32 skyldmark. Leidang og fredtoll 1590-91: 1 kalveskinn. 1665: Leidang, fredtoll, gjengjerd, vedpengar 1 mark 5 sk. Småtiend 2 sk. 2 huid. Folketal 1801: 17. 1875: 24. Fødnad 1657: 1 hest, 7 storfe, 8 sauer, 4 geiter. 1723: 1 hest, 6 storfe, 6 sauer. 1863: 12 storfe, 45 småfe. Sånad og avlinng: 1665: Sår 5 mælar, haustar 2 1/2 t. 1723: 1 1/4 t., haustar 4 1/2 t. 1863: Sår 5 1/4 t. havre, 3 1/2 t. poteter. Haustar 21 t. havre, 21 t. poteter, 894 våger høy, 147 våger halm. I slåttene 40 våger høy. Lyng og tang for noko meir enn eit kufôr. I tillegg til dette kjem fødnad og avling i Toskhelleren (sjå nedanfor).

1959 var samla innmark 50 mål og fødnaden var 5 kyr, 2 ungfe, 5 sauer.


EIGARAR

Gammersvik høyrde i mellomalderen til Allehelgenskyrkja i Bergen. Då kyrkja vart nedlagd kring 1530, kom garden inn under kruna, men han vart framleis kalla Allehelgensgods avdi dette godset vart halde samla og styrt av den same ombodsmannen. Kring 1670 vart garden seld til borgarmeister Trojel. Han hadde og kjøpt grannegardane Grøsvik og Toskedal. Trojel selde alle desse gardane til Rasmus Hannestveit kring 1690. Sidan var Gammersvik i eiga åt Hanstveitslekta til 1830-åra. Johannes Hannestveit er oppførd som eigar 1718, sidan var det lensmann Nils Johannesson Hannestveit. Ved skifte etter han 1753 fekk sonen Anders Nielsen Gammersvik som «hiemmegifte». Det vart skift etter han 1796 og Gammersvik vart skift i 3 like partar.

Nils Andersson Hannestveit fekk den eine parten, og han gav skøyte 1830 til versonen Lars Olsson, som vart brukar her. Lars fekk også kjøpt den andre tridjeparten som Fuse Andersson Hole hadde ervt og som han hadde skift mellom son sin Anders Fuseson Hole og Anders Askjelson Vare. Dei gav skøyte til Lars 1836 og 1838.

Den siste tridjeparten kom ved arv til Josef Tveiten, Hosanger. Han gav skøyte til dotter si, Marta, g.m. Ingebrigt Eilivsson Åsheim, og dei sette seg ned som brukarfolk i Gammersvik. Sidan den tid har brukarane i Gammersvik vore sjølveigarar.


BRUKARAR

Den fyrste kjende brukaren i Gammersvik heitte Baste. Han er nemnd i skattelistene 1603 og 1611. Det siste året var han kalla øydejordsmann.

Den neste brukaren me finn nemnd er Johannes Knutsson. Han er kalla øydejordsmann i landsskattelista 1620. Året før hadde han fått ein dom på seg: «Johans Knudsenn for hans festemøe hand besoff for Brylluped Afftinget effter yderste formuffue for Penninge – 3 Daller.» 1630 var han mellom dei øydejordsmennene som var så forarma at dei ikkje kunne betala skatt.

Frå 1625 er det eit sakefall som ein ikkje kan seia heilt visst kven det gjeld. «Knudt Gammersuig och hans Sønn wilde iche giøre forindschab bøtte derforre penge 1 Dr.» Kanskje dette er Johannes og far hans.

I manntalet 1645 finn me brukaren Mons Haldorson. Der er dessutan ein husmann, Johan Basteson og kona Apelone. Husmann kunne på den tid tyda kårmann eller innerst, og det er mykje rimeleg at me her har å gjera med ein son åt Baste som var brukar her tidlegare.

Mons Haldorson var brukar her til han døydde kring 1665. Etterpå dreiv kona Kari bruket. Både Mons og enkja hadde vanskar med å betala landskylda, og dei var fleire gonger stemnde til tings for skyld, saman med andre leiglendingar på Allehelgensgodset. Det var Peder Hansen, rådmann i Bergen, som kravde inn landskylda, og han har nok vore ein streng herre. 1670 skulda enkja i Gammersvik 41/2 rd. i landskyld for 3 år. Grannen Johans Toskedal møtte for henne og vedgjekk skulda. Ho fekk frest med betalinga til 14. april, men året etter skulda ho framleis 4 1/2 dalar og var stemnd til tings for det. Ho møtte ikkje, og det vart opplyst at ho hadde ikkje noko å betala med. Korleis det sidan gjekk, veit me ikkje. Garden skifte eigar straks etterpå, og då kan det henda at ho fekk skulda ettergjeven. Kari og Mons hadde fleire søner, men ingen av dei vart brukarar her. Kari døydde 1696.

Born:

Jon f. 1648, bygsla 1688 Vesle Urdal.
Lars f. 1650.
Arne f. 1654.
Jon f. 1660.


Mons Olsson var den neste kjende brukaren i Gammersvik. Han er nemnd 1694, 1701 og 1711. Kvar han kom frå, veit me ikkje. Mons f. 1660 d. 1732 var g. 1. g. m. Brita Monsdtr. f. 1652 d. 1725. Det kan henda at ho var dotter åt den førre brukaren i Gammersvik, men det kan ikkje seiast noko visst om det, sidan døtrene ikkje var tekne med i manntala.

Mons og Brita hadde to søner som vart vaksne:

Lars f. 1689 g. 1709 m. Marta Knutsdtr. Skår.
Olav f. 1693. Brukar i Gammersvik.

Mons Olsson var g. 2. g. 1732 m. Kari Ivarsdtr. Røyrgo frå Evanger. Dei hadde ikkje born.


1718 var Olav Monsson brukar her. I 1720 fekk han bygselsetel på heile garden frå Marita Ivarsdtr. Sjå ovanfor under eigarar. Olav f. 1693 d. 1763 var g.m. Anna Knutsdtr. Veo.

Born:

Anna f. 1718 g.m. enkjemann Lars Johannesson Eide, sjå Eide bnr. 3.
Knut f. 1719 d. 1719.
Helga f. 1721 g. 1753 m. Olav Nilsson Bjørge.
Lars f. 1724. Brukar her frå 1750.
Kari f. 1725 g. 1757 m. Johannes Monsson Feten.
Mons f. 1730.
Olav f. 1744.


1750 bygsla Lars Olsson, f. 1724 d. 1795. Han var g. 1. g. m. Kari Monsdtr. Veo, f. 1734 d. 1776. Dei hadde 9 born.

Av dei vart desse vaksne:
Olav f. 1756. Brukar her frå 1788.
Brita f. 1759 d. 1781.
Anna f. 1763.
Mons f. 1768. Husmann i Stamneshagen frå 1798.
Kari f. 1772, d. ug. 1839.

I skiftet etter Kari var det til deling 21 rdl. Lars g. 2. g. m. Gunhild Gudmundsdtr. Dalseid bnr. 2 f. 1733 d. 1813. Dei hadde ikkje born.


1788 bygsla Olav Larsson f. 1765 d. 1794. Han var g. 1. g. m. Marie Gudmundsdtr. Dalseid bnr. 2 f. 1756 d. 1786. Marie døydde i barnseng, og buet vart skift mellom enkjemannen og syskena hennar. Der var til deling 27 rdl. Olav g. 2. g. m. Marie Knutsdtr. Mellesdal f. 1764 d. 1857.

Born:

Marie f. 1788 d. 1824 ug.
Kari f. 1790 d. 1811.
Lars f. 1791. Sjå bnr. 1.
Siri f. 1794. Sjå under husfolk.

I buet etter Olav var det til deling 43 rdl. 5 ort.


1794 bygsla Johannes Johannesson Mostraum. Han var g.m. enkja etter den førre brukaren, Marie Knutsdtr. 1814 var Johannes vald til utsending frå Stamnes sokn til valtinget i Bergen 28. mars, der det skulle veljast representantar til riksforsamlinga på Eidsvoll Dette syner at Johannes var ein mann som hadde tiltru og vyrdnad.

Born:

Ingeborg f. 1797 g. 1822 m. Gudmund Magneson Nøttveit. Sjå Mostraum, Modalen, plassfolk.
Anna f. 1799.
Olav f. 1803. Busett i Hosanger.
Kari f. 1806.


BRUK 1.

Gamalt Iøpenr. 40 b. Nytt 1853: 562. Gamal skyld 16 m. smør. 1838: 4 ort 21 sk. 1866: 1 dl 2 ort 7 sk. 1886: 3,77 skm. 1918: 3 skm. 1956: 3,77 skm.

1863: 4,7 mål åker. 2 mål var middels god, 1 mål ring, resten god. 25,6 mål naturleg eng. 6,8 mål god, 3,4 mål middels, resten ring. 1-2 mål dyrkande jord. Sånad 3 1/2 t. havre, 3 t. poteter. Avling 14 t. havre, 14 t. poteter, 596 våger høy, 98 våger halm. I slåttene 25 våger høy. Lyng og tang til 1 kufôr. Fødnad 7 kyr, 1 ungfe, 29 småfe. Kan selja ved og tømmer for 10 spd. netto årleg. Fødnad 1875: 1 okse, 6 kyr, 2 ungfe, 25 sauer, 3 geiter, 1 gris.

1959 hadde bruket 35 mål innmark, og fødnaden var 4 kyr, 2 ungfe.


1817 bygsla Lars Olsson f. 1791 d. 1875, g.m. Marta Nilsdotter Hannistveit f. 1794 d. 1873. Far hennar åtte helvta av dette bruket og 1830 fekk Lars skøyte på denne parten for 50 spd. Lars fekk også kjøpa den andre helvta av bruket sitt 1836 og 1838, og han vart den fyrste sjølveigaren i Gammersvik.

Born:

Olav f. og d. 1823.
Nils f. 1827 d. 1828.
Ole f. 1831, brukar her.
Marie f. og d. 1833.
Nils f. 1835, b. på pl. Toskhelleren.


1850 fekk Ole Larsson skøyte hjå far sin på dei 2/3 av Gammersvik som han hadde ått og brukt for 200 spd. og kår verdsett i 5 år til 180 spd. Sidan kjøpte Olav den siste tredjeparten av garden. Han kjøpte fyrst den parten av Toskhelleren som hadde høyrt til det andre bruket 1865 for 150 spd. og kår til seljaren. Sjå nedanfor under Toskhelleren. 1866 kjøpte han bruket åt Ingebrigt Elivsson for 400 spd. og kår. Sjå løpenr. 561. 1871 selde han Toskhelleren til broren Nils for 100 spd. og kår til den gamle brukaren i Toskhelleren Knut Jakobsson.

Ole var med i heradstyret i Haus 1861 og i Bruvik 1873. 1890 var han med i fatigstyret og i 1880-åra var han branntakstmann. Ole f. 1831 d. 1898 var g.m. Marta Nilsdtr. Grøsvik bnr. 3 f. 1826 d. 1910.

Born:

Lars f. 1858. Brukar her.
Nils f. og d. 1861.

Ole Larsson bygde nytt stovehus og tok det unna da han selde bruket til sonen Lars. Han tok og unna halve sjøbua som han hadde bygt, med fri grunn, så lenge han og kona levde.


1892 fekk Lars Olsson skøyte på farsbruket for kr. 1200,— og kår til foreldra, verdsett for 5 år til kr. 680,—. Lars f. 1858 d. 1918 var g. 1. g. m. Helga Larsdtr. Kallestad bnr. 1 f. 1856 d. 1892.

Born:

Ole f. 1877. Brukar her.
Marta f. 1879. G.m. Eirik Knutsson Mellesdal. Marta hadde sonen Oscar f. 1904 med Peder Johannesson Bruvik.
Lars f. 1880. Busett i Tacoma, U.S.A. Gift, 3 born.
Nils f. 1882. Sjå nedanfor bnr. 3 Nymark.
Hanna f. 1884. G.m. Mons Kallestad bnr. 2, sjå Kallestad bnr. 2.

Ved skiftet etter Helga vart jordgodset utlagt til enkjemannen.

Lars g. 2. g. m. Kari Johannesdtr. Stamnesfet f. 1869. Lars skifte bruket sitt mellom sønene Ole og Nils. Sja neste brukar og bnr. 3 Nymark.

Lars hadde ei mengd kommunale ombod. Han var med i heradstyret 1886-1900 og fleire periodar seinare, sat lenge i formannskapet, var utskiftingsmann og skjøns- og domsmann 1896-1918, var med i liknings- og overlikningsnemnda, i verjeråd og overformynderi. Han var med i forstanderskapet for Bruvik Sparebank 1903-18 og i tilsynsnnemnda 1903-17. Dessutan var han med i ymse vegnemnder, fiskeristyre, skogutval og næringsnemnd. Kona Kari var med i det kommunale dyrevernet frå 1915. Ho vart g. 2. g. m. farmar Mons Mellesdal og busette seg i U.S.A.


1918 fekk Ole Larsson skøyte på farsbruket for kr. 6000,— og kår, verdsett for 5 år til kr. 1000,—. Då broren Nils var død, fekk Ole kjøpa hans part og. Ole var postopnar, telefonstyrar og dampbåtekspeditør. Han var med å skipa skogeigarlag på Vestlandet og var med a skipa fylkes- og landslaget for brislingfiskarane. Han var medeigar og notbas for eit brislingsnurpebruk.

I heradstyret var han medlem 1911-45 med nokre avbrot, var med i likningsnemnd og fatigstyre, var lagrette-, doms- og skjønsmann. Han var med i jordstyret og næringsnemnda for Stamnes, i skogutval, skatteutval og ymse nemnder som hadde med fisket å gjera. 1957 fekk han kongens fortenestemedalje for samfunnsgagnleg arbeid.

Ole f. 1877 d. 1957 var g.m. Ågot Malene Ivarsdotter Nøttveit f. 1887. Hennar foreldre Ivar Ivarsson Mo og kona Synneve Olsdtr. Høvik budde i Tyrlingen på Voss, men Ågot vaks opp på Nøttveit.

Born:

Hanna f. og d. 1908.
Lars f. 1909. Brukar her.
Ingolf f. 1913. Brukar på Stamnes bnr. 7.
Erling f. og d. 1918.
Sverre f. 19**. Ingeniør avdelingssjef i EGA, busett Oslo.
Haldis f. 19**. Handarbeidslærarinne. G.m. lærar Kåre Færøy, Manger fylkesskule. Busett Manger.


1943 skøyte til Lars Olsson og kona Jenny for kr. 7000,— og kår. Lars er med i heradstyret frå 1946, i likningsnemnda, fatigstyret og skogrådet. Då det vart skipa skogreisingsnemnd i Bruvik vart han formann der og er tilsett som skogreisingsleiar i kommunen. Han er med i bygdeboknemnda og ymse andre kommunale nemnder og har vore noko brukt som skjønsmann. Kona Jenny f. 1914 er dotter til smedformann Peder Mo, Laksevåg og kona Helga f. Gjertsen.

Born:

Helga Ågot f. 19**.
Olav f. 19**.
Per f. 19**.
Åse f. 19**.


Festenr. 1 under bruk 1

Fest 1944 til Oskar Elvik mot årleg leige kr. 30,—. Gjeld eit stykke i Mjeltvika ved Toskhelleren. Ligg unytta.


Det gamle løpenr. 561.

1838 var det lnr. 40 a. 1838: Gl. skyld 8 m. smør. Ny skyld 2 ort 10 skill.


Bruket vart utskilt frå hovudbruket 1833. Då fekk Ingebrigt Eilivsson Åsheim frå Hosanger skøyte på bruket frå verfar sin, Josef Tveiten. Ingebrigt Eilivsson drog med huslyden sin til Gammersvik og sette seg ned som brukar på den parten han åtte. Ved minneleg utskifting 1834 vart det fastsett kva for teigar som skulle høyra til dette bruket.

Ingebrigt f. 1799 d. 1848 vart g.m. Marta Josefdtr. Tveiten f. 1795 d. 1878.

Born:

Eiliv f. 1822. Brukar her 1848.
Josef f. 1823, d. ug. 1853.
Askjel f. 1825. Brukar her frå 1851.
Brita f. 1827 g.m. Olav Jakobson Toskhelleren, sjå nedanfor under pl. Porsmyra.
Olav f. 1831 g.m. Brita Johannesdtr. Kallvik. Husfolk i Gammersvik.


1848 skøyte til Eiliv Ingebrigtson i buet etter faren Ingebrigt Eilivsson for takstsummen 125 spd. Eiliv f. 1822 d. 1850 var g. 1. g. 1843 m. Helene Johannesdtr. Langeland, Hosanger, d. 1848.

Born:

Ingebrigt f. 1844. Sjå nedanfor.
Marta f. 1846.

I skiftet etter Helene var det til deling 51 spd. Jordegodset 12 m. sm. vart utlagt til enkjemannen for takstsummen 125 spd. Eiliv vart g. 2. g. m. Guri Jakobsdtr. Myster, f. på Tysse i Hamre. Då Eiliv døydde stutt tid etter, hadde buet ei eige på 81 spd. Jordegodset vart utlagt til sonen Ingebrigt Eilivsson. Ingebrigt Eilivsson var da berre 6 år gamal, og mora og stykfaren dreiv bruket for han.


1851 vart Askjel Ingebrigtsson g.m. Guri Jakobsdtr., enkja etter broren Eiliv. Askjel og Guri dreiv bruket til sonen hennar frå 1. ekteskap, Ingebrigt, vart vaksen. Då han selde bruket 1866, fekk dei kår. Dei budde sidan i Porsmyra. Sjå nedanfor. Askjel f. 1825 d. 1886 og Guri d. 1886.

Born:

Helene f. 1851. G.m. Olav Eirikson Kallestad. Sjå Elvik bnr. 3.
Brita f. 1854 d. 1861.


1850 fekk Ingebrigt Eilivsson bruket utlagt i skiftet etter faren. Ingebrigt 1844 selde bruket 1866 til Ole Larsson Gammersvik for 400 spd. og kår til stykfaren Askjel Ingebrigtson og kona, verdsett for 5 år til 90 spd. Ingebrigt skreiv frå seg odelsretten til bruket for seg og sine etterkomarar. Han flytte truleg til Hesjedal, Br.


BRUK 2 TOSKHELLEREN

Løpenr. 41 1838. Sidan matr.nr. 145, Inr. 563 a og 563 b. Skyld 1850: 1 ort 11 skill. 1890: 0,55 skm. 1850 vart det halde skylddeling. Dei to tredjepartar som høyrde til det største bruket i Gammersvik fekk lnr. 563 a, skyld 23 skill. Den tredjeparten som høyrde til det minste bruket fekk lnr. 563 b og skyld 12 skill.

Toskhelleren må truleg ha vorte teke opp som plass kring midten av 1700-talet. 1723 var det ikkje husmannsplass under Gammersvik, men 1761 vart det gravfest ein husmann frå Toskhelleren. Toskhelleren ligg i austlegaste enden av det store gardsområdet åt Gammersvik. Kva namnet kjem av, er vandt å seia. Truleg har det samanheng med Toskedalen.

Toskhelleren var eit godt husmannsplass. 1863 har me desse opplysningane om fødnad, sånad og avling: Åker og dyrka eng 4 mål, naturleg eng 17 4/5 måt Ikkje utslåtter og fjellslåtter. Sår 3 tunner havre, 3 t. poteter. Avlar 12 t. havre og 12 t. poteter, 338 våger høy, 84 våger halm. Føder 4 kyr, 15 sauer, men dei vert for ein del fødde med høy som vert sanka utanfor plasset. Har berre tilgjenge til hamnegangen om lag 4 veker. Forar lyng svarande til 10 våger høy. Lettbrukt, noko skinlendt. Vanleg godt dyrka. 1959 hadde bruket 15 mål innmark. Fødnaden var 1 ku og 5 sauer.


Anders og kona Anna Olsdtr. var dei fyrste plassfolk i Toskhelleren som me kjenner til. Anders f. om lag 1683 d. 1761 og Anna f. 1718 d. 1797 har ikkje kjende etterkomarar.


Olav Nilsson bygsla 1776. Olav var fødd på Veo, var son til Dordi Nilsdtr. Veo og Nils Olsson Mellesdal (sjå Husfolk). Olav f. 1747 d. 1837 var 1. g. 1771 m. Brita Olsdtr. Sandal. Dei fekk ein son, Nils f. 1773. Brita døydde straks etter og sonen høyrer me ikkje meir gjete.

Olav g. 2. g. m. Gunhild Jakobsdtr. Kalland f. 1742 d. 1828.

Born:

Nils f. 1776. Skulelærar, brukar i Øyo bnr. 1.
Jakob. Sjå neste plassmann f. 1777.
Jakob f. 1780. Brukar i Grøsvik bnr. 1.
Knut f. 1784 g.m. Dordi Knutsdtr. Grøsvik f. 1785. Budde ei tid som husfolk i Toskhelleren.
Brita f. 1788.


1802 bygsla Jakob Olsson. Han var g.m. Anna Knutsdtr. Mellesdal f. 1779 d. 1837. Jakob f. 1777 d. 1856.

Born:

Knut f. 1803. Plassmann og brukar i Toskhelleren.
Olav f. 1804. Plassmann i Myro under Myster.
Gulleik f. 1812. Plassmann i Øyo.
Olav f. 1815. Sjå nedanfor under pl. Porsmyra.
Gunhild f. 1819 g.m. Olav Gudmundson Grautå, sjå Grøtå strandsitjarar.
Siri f. 1824 g.m. Eirik Magnesson Kallestad, sjå Kallestad bnr. 5.


1830 bygsla Knut Jakobsson. Foreldra skulle ha kår i si levetid. Året etter fekk han skøyte hjå far sin på husa i Toskhelleren. Den minste parten fekk Knut kjøpa av Eiliv Ingebrigtsson for 50 spd. 1865 selde Knut denne parten til Ole Larsson Gammersvik for 150 spd. og kår, verdsett til 821/2 spd. for 5 år. I kårbrevet heiter det at Knut skal ha fritt hus, ljos og oppvartning, foster til 1 ku og 4 sauer, 2 tunner havre, 9 skjepper poteter. Dessutan skal han ha rett til å bruka 5 små potetstykke som ligg frå sjøen og oppetter mellom søre og nordre «Egedalsbekk». Ei lita stove skal han ha til «uindskrenket Brup», og han skal ha rom til høy og krøter. Eit stykke mark skal han få bruka så lenge han er arbeidsfør. Knut f. 1803 d. 1886 vart g.m. Marie Knutsdtr. Vik, St., bnr. 3 , f. 1804 d. 1863.

Born:

Brita f. 1832 g.m. Jakob Berjeson Toskedal. Sjå husfolk.
Anna f. 1837 g.m. Johannes Johannesson Indre Bernes. Busette i Bernes, Hosanger.
Jakob f. 1844 g.m. Herborg Nilsdtr. Grøsvik, skomakar, busette i Grøsvik, barnlause.
Mons f. 1849. Emigrerte til Amerika.


1871 fekk Nils Larsson Gammersvik skøyte på Toskhelleren hjå broren Ole Larsson for 100 spd. og kår til Knut Jakobsson. Det vart teke atterhald om at kjøparen berre hadde rett til krøterbeite i hamnegangen på garden 3 veker om våren og 3 veker om hausten. Nils f. 1835 d. 1917 vart g.m. Brita Nilsdtr. Grøsvik bnr. 3 f. 1833 d. 1917.

Born:

Marta f. 1866, d. ug. 1936.
Anna f. 1868, d. ug. i Ølen 1937.
Nils f. 1874. Brukar i Toskhelleren.


1906 fekk Nils Nilsson skøyte hjå far sin for kr. 1100 og kår til foreldra. Nils dreiv med prise arbeid attåt bruket, han var målar, fiskar, fartymann og spelemann. Nils f. 1874 d. 1957 var g.m. Marta Johanna 1. Hjelvik f. 1875 d. 1951, dotter åt handelsmann og fartyførar Johan Martin Andresen Hjelvik, busett Hjelvik og og kona Marta Johannesdtr.

Born:

Nils Bernhard f. 1897, fartymann, g.m. Inga f. Solheim.
Johannes f. 1898, fartymann, g.m. Bergitta Andersdtr. f. Stamneshagen (Stamnes bnr. 12). Sjå Stamnes bnr. 69.
Jenny f. 1902, g.m. gbr. Johs. A. Stamneshagen, sjå Stamnes bnr. 12.
Marie f. 1904 g.m. Johannes Gullbrå. Sjå neste brukar.
Borghild f. 1906, g. 1925 m. maskinist Ingvald Johan Farestveit f. 1902, b. Stamneshella (sjå Stamnes bnr. 55).
Andreas f. 1908, fartymann, b. Hjelvikvåg i Hamre, g.m. Maria f. Espenes, Sæbø.
Malene f. 1910 g.m. Bernhard Simenes, b. Stamneshella.
Josefine f. 1912 g.m. fabr.arb. Mikal Aas, (Stamnes bnr. 23) f. 1912, busett Myking i Lindås.
Henry Johan 1. 1922 d. 1935.


1931 vart Bruvik kommune eigar av Toskhelleren. Den førre eigaren heldt fram med å driva bruket.


1957 skøyte til vegformann Johannes Gullbrå for kr. 2500 og kår til verfaren Nils Nilsson Toskhelleren. Johannes 1. 1895 er g.m. Maria Nilsdtr. Toskhelleren f. 1904. Johannes er son til gardbr. og hestehandlar Herlaug Gullbrå og kona Ingeborg.

Born:

Håkon f. 19**, bygningssnikkar, g.m. Svanhild Lid, Bergsdalen, f. 19**.
Norvald f. 19**, vegarb., gift m. Marit Stamnesfet f. 19** (Stamnes bnr. 44).
Ingolf 1. 193*, mekanikar, ug.


BRUK 3 NYMARK

Utskilt Irå bruk 1 1918. Skyld 77 øre. Dette bruket var ein del av innmarka i Gammersvik. Lars Olsson selde det 1918 til sonen Nils for kr. 3000 og kår verdsett til kr. 300 for 5 år. Med i salet fylgde det øvste stovehuset på garden. Ein del av laksefisket på garden skulle vera sams for dette bruket og hovudbruket. Dessutan hadde det nye bruket visse vegrettar. I skøytet vart det teke atterhald om at hovudbruket hadde forkjøpsrett til bnr. 3 dersom det vart selt til andre enn kjøparen sine livservingar. Nils Larsson f. 1882 var g. 1909 m. Brita Olsdtr. Elvik bnr. 3 f. 1881. Brita døydde same året. Nils var postopnar og dampskipsekspeditør. Han var med i heradstyret og i ymse kommunale nemnder. Nils gjekk gjennom isen i Eidsfjorden saman med to kameratar 1923. Dei bleiv alle saman og lika vart ikkje funne.

Då Nils var avliden og det ikkje fanst livservingar etter han, vart bnr. 3 slege saman med bnr. 1.


BRUK 4 NORDSTAD

Bruk 4 Nordstad, skyld 1 øre. Skilt 1947 frå bnr. 1 og selt 1949 til Stamnes Handelslag for kr. 1800. Dei har sett opp forretningsbygg med husvære.


PLASSET PORSMYRA

Dei fyrste plassfolk i Porsmyra som ein kjenner til, var Olav Jakobsson Toskheller og kona Brita Ingebrigtsdotter frå Gammersvik (sjå l.nr. 561 og bnr. 2). Dei bygsla plasset 1844 hjå hennar far Ingebrigt Eilivsson. Grensene for plasset vart da oppgjevne såleis: Mot nord sjøen, mot aust skogstykket åt grannen Lars, mot sør Litleheiæ, mot vest Stølstoæ. Plasset låg innanfor bøgarden.

I bygselsetelen heiter det at Olav skal byggja hus på plasset og at desse husa vert hans eigedom. Gjerdefang skal han hogga i skogen at Ingebrigt, og han skal ha rett til å bruka vindfelte tre og toppar til ved åt seg sjølv. Han skal ha beite åt dei krøter som vert fødde på plasset, — «dog at hans egne Folk dem røgter og tilseer». Han skal svara 6 dagsverk årleg, 3 i våronna og 3 i skurden.

Olav Jakobsson sat som plassmann i Porsmyra til 1853. Då flytte han til Hesjedal Br., der han bygsla eit bruk. Sjå Hesjedal, Dale sokn bnr. 3.

Dei neste plassfolka her var Askjel Ingebrigtsson, bror åt Brita, og kona Guri Jakobsdtr. Dei hadde vore brukarfolk på det minste bruket i Gammersvik frå 1851. (1.nr. 561). Då bruket vart selt 1866, fekk dei kår hjå Lars Olsson. Dei budde i Porsmyra og dreiv dette plasset til dei døydde 1886. Dei hadde eit barn som vaks opp, Helene f. 1851. Ho vart gift med Olav Eiriksson Kallestad. Dei budde i Gammersvik som husfolk, truleg i Porsmyra hjå hennar foreldre. Då foreldra hennar døydde 1886, flytte Helene og Olav til Elvik. Stova i Porsmyra flytte dei med seg, og ho står enno i Elvik bnr. 3 der etterkomarane deira bur.


HUSFOLK

Olav Ingebrigtsson f. 1831 (sjå ovanfor, løpenr. 561) og kona Brita Johannesdtr. f. i Kallvik 1838 budde som husfolk i Gammersvik i byrjinga av 1860-åra.

Born medan dei var her:

Ingebrigt f. 1862
Brita f. 1864.


Knut Olsson Toskhelleren f. 1784 og kona Dordi Knutsdtr. Grøsvik bnr. 1 f. 1785 budde som husfolk i Toskhelleren frå 1806 og ei tid utetter.

Born:

Knut f. 1806,
Olav f. 1807,
Olav f. 1808,
Dordi f. 1811.


Seinare budde Mons Johannesson og kona Marta Olsdtr. som husfolk i Toskhelleren. Dei hadde eit barn til dåpen, Olav f. 1842.


Johannes Johannesson Indre Bernes vart 1860 g.m. Anna Knutsdtr. Toskehelleren f. 1837. Dei var husfolk i Toskhelleren til 1864, då dei flytte til Bernes i Hosanger.


Jakob Berjeson Toskedal og Brita Knutsdtr. Toskheller (sjå bnr. 2) gifte seg 1855. Dei var først husfolk i Toskedal, seinare i Toskhelleren kring 1857.

Born:

Berje f. 1855-.
Marie f. 1857-.


Siri Olsdtr. var fødd 1794, og døydde ugift 1861. Ho var dotter åt Olav Larsson som var brukar i Gammersvik frå 1788. På nokre blanke ark i utskiftningsforretningen frå 1834 som finst i Gammersvik er det sett opp eit dokument som har ei underleg lita soge å fortelja. Dette dokumentet lyder slik:

«Aar 1848 vare Undertegnede forsamlede paa Gaarden Gammersvig, for der at tage i Betragtning et Stykke Udmark som Ski Olsdtr. Gammersvig havde i nogle Aar opryddet paa et Sted kaldet Blokkebertoen, der ved Undertegnedes Skjøn i følge Udskiftningsforretning af 14de Juni 1834 var Ingebrigt Ellefsens Brug tilhørende, og for Bemeldte Arbeid hun nyder Erstatning hos følgende nemlig: 1) Hos Pladsmand Ole Jakobsen 1 Spd. 2 Ort 12 Sk., og hos Gaardmand Ingebrigt Ellefsen Gammersvig 2 Ort 12 Sk., hvilket de tvende vedkommende Mænd forpligter sig til at erlegge hende, imod at Bemeldte Stykke skal for Eftertiden tilhøre Ingebrigt Ellefsens Brug. Gammersvig d. 5 Januari 1848./Lars Olsen Gammersvig/Ingebrigt Ellefsen Gammersvig / Ole Jakobsen Gammersvig / alle med f. P. / Til Vitterlighed A. K. Simenes / Ole J. Moestrømmen.»

Lenger nede på same papiret finst ei kvittering frå Siri Olsdtr. at ho har teke imot dei 2 ort og 12 sk. som Ingebrigt Eilivsson skulle betala henne.

Siri hadde truleg hatt nokre heist som ho fora, sidan ho hadde rudd dette stykket i utmarka. Men diverre synte det seg at dette utmarkstykket høyrde til det andre bruket, og ho miste retten til å nytta det. Dokumentet syner at ho fekk ei godtgjerdsle for arbeidet ho hadde lagt ned. Når mesteparten av denne godtgjerdsla skulle betalast av Olav Jakobsson, plassmannen i Porsmyra, skulle det tyda på at han fekk rett til å nytta slåtteteigen.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy