Gnr. 21 Helle

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band II


Gards og ættesoge for Helle.


GNR. 21 HELLE


Innhaldsliste

INNLEIING

Helle ligg ved Dalevågen nord-nordaust for Stanghelle. Fråstanden mellom dei eldste tuna på dei to gardane var omlag 2 km. Gardsområdet åt Helle strekkjer seg frå Veafjorden i vest til Øykemyrskaret i aust, vel 6 km. i luftlinje. Den gamle innmarka ligg på austsida av Dalevågen. Den øvste delen er ein grusterrasse som ligg omlag 60 m.o.h. Mot sør er det eit bratt fall til den nedste delen av innmarka, som ligg i slakare halling ned til sjøen. Gardsnamnet vert i bygdemålet uttala hæ'dle. Gamle skriftformer er Hellir 1427 og 1490, af Hælle 1463, Helde 1563. Frå 1610 er namnet mest alltid skrive Helle. Denne skrivemåten vert også bruka av dei som har gardsnamnet til familienamn. I Norske Gaardnavne vert det gjeve denne tydinga: «Benævnt efter en «Heller» paa Gaarden». Somme av folket på garden er ikkje samde i dette. Dei held det for meir rimeleg at namnet kjem av det bratte hallet mellom den øvste og den neste delen av innmarka.

Helle grensar mot Dale, Stanghelle, Jamne og Fossmark. Ved grensa mot Stanghelle smalnar Dalevågen inn til eit sund. Lenger nord vidar han seg ut att. Om lag rett vest for det gamle gardstunet smalnar vågen til att ved Hellestraumen. Der vågen er på det vidaste ligg det ein landtange som dei kallar Tongen. Innom den renn Tongåa. Ho ligg så lågt at sjøen renn inn i åa når det flør. Budalselva, Fyllbekken, Kvamsbekken og Kleivabekken renn ut i Tongåa. I Fyllbekken er det i seinare år laga til ein brunn som er vasskjelde for heile garden.

Dei høgste fjella innanfor gardsområdet er Storafjellet på vestsida av Dalevågen, 644 m.o.h., og Stongfjellet aust for setra, 640 m.o.h. Nord-aust for tunet ligg det bratte Husafjellet med Småtødna og Stortødna. Ved bøgarden som går mellom innmarka og fjellet ligg det ein heller som dei kallar Loggmannen. I Sædalen lengst sør på innmarka er det ei jettegryte, Katlakjelen, omlag 10 m.o.h.

Fornfunn er det fleire av på denne garden enn på nokon av dei andre gardane i sokna. Eitt av dei eldste jordfunna var ein ring av bronse. Ringen var så stor at ein kunne tre han inn på armen, og han var prydd med tre langsgåande render. Men ringen var så opptærd at han brast i små stykke då han vart teken opp.

Ei rekkje graver fortel om gamal fast busetnad. Ei mannsgrav med øks og spjot låg 20-30 m. frå sørenden av Tongen. Det såg ut til å vera flat mark der grava var, men ymse merke kunne tyda på at der opphavleg hadde vore ein gravhaug. Dette funnet er omtala i Bergens Museums Årbok 1905.

I nærleiken av tunet på bnr. 2 er det funne i alt tre graver. Den eine fann dei kring 1865, då dei grov grunn til uthus. Grava hadde steinar på sidene og ei helle lagd over. I grava var det m.a. fleire brynesteinar, 2 spjotoddar og ei mengd båtsaum. Den eine spjotodden var lang og smal og hadde mothakar. Det skulle tyda på at grava var frå tida før år 600. Dei andre to gravene i nærleiken var mura av store steinar og med heller over. Då dei grov ut grunnen til uthuset på bnr. 1 i 1890-åra, fann dei ei grav som var laga på same måten. Leirkrukkebrot og metallreiskap vart funne i desse gravene, men funna vart ikkje tekne vare på.

Ein gravhaug skal ha vorte bortrudd under nydyrking på Instenaustteigen. Haugen var berre nokre få meter i tverrmål, bygd av kultstein med eit kollag i botnen. Haugen låg på ein liten hjell med bratt fall ned mot Dalevågen.

Det eldste skriftlege vitnemålet om garden er å finna i Munkeliv klosters jordebok 1427. Der er garden kalla «Hellir i Straumahuarue». Det siste namnet er ikkje i bruk lenger, men det har visseleg vore namn på eit landskap, Straumakverven. Namnet tyder krinsen med (dei mange) straumane. Kor vid denne krinsen eller bygda har vore, er det ikkje så godt å seia. Det er rimeleg å tru at det ikkje berre er tenkt på straumane ved Helle og Stanghelle, men også dei ved Stamnes og Straume i Bolstadfjorden. Om namnet i mellomalderen har vore bruka berre som landskapsnamn, eller om det også har vore namn på ei administrativ eining, er det vanskeleg å seia noko visst om. Men når det er bruka i ei jordebok for å slå fast kvar ein gard låg, må det i alle fall ha vore godt kjent.

Om lægjet åt garden heiter det 1723: «ligger ved Søen 5 Mile fra Bergen, temmelig vis til Korn, og noget tungvunden til høe».

Det er ikkje noko som tyder på at garden har lege øyde etter svartedauden. Det ser ut til at garden berre hadde ein brukar i den fyrste helvta av 1500-talet, men 1563 var her to brukarar. Dei sat truleg med kvar si helvt av garden. I det fyrste tiår av 1600-talet auka brukartalet til 3. 1645 var her 4 brukarar, og 1661 hadde talet kome opp i 5. 1666 var talet kome ned att i 4.

Ei oppgåve over storleiken på bruka 1694 viser at dei 4 bruka var jamstore. Dette tilhøvet heldt seg til 1833. Då vart det frå bnr. 3 skilt ut ein part som ei av døtrene på bruket hadde fått i arv. Det nye bruket, bnr. 4 var 1/6 av bnr. 3. 1846 vart det som var att av bnr. 3 delt i 2 jamstore bruk. Sjå bnr.3 og 6. I hovuddraga står denne bruksdelinga enno ved lag. Dei bnr. som er skilde ut seinare, er i dei aller fleste høve hustomter.

I daglegtalen heite bnr. 1 Nils-Monsane eller Rivenesane, bnr. 2 Erikane, bnr. 3 Kvistiane, bnr. 4 Træet eller Hellestræet, bnr. 6 Monsane og bnr. 7 Nilsane. Ei segn fortel at i den tida då det berre var to bruk på garden, utgjorde bnr. 1 og 2 det eine bruket og bnr. 3, 4, 6 og 7 det andre. Arkivopplysningane synest å stadfesta at denne tradisjonen er rett.

Det gamle tunet låg på den store grusterrassen oppe under Husafjellet. Alle brukarane budde ihop i dette tunet til sist på 1800-talet. Då var det kring 25 hus i tunet.

Dei fleste stovehusa var bygde med 1 1/2 høgd slik det var vanleg på desse kantar. I fyrste høgda var det stove i den eine enden og bu i den andre. Mellom dei to roma var det ein gang som gjekk tvers gjennom huset. Frå gangen gjekk det ei tropp opp til utelemmen. Frå utelemmen var det dørar inn til lemmen, som låg over stova, og til loftet, som låg over bua.

Langsmed øvste buaveggen på bnr. 1 var det ei sval i to høgder. Det øvste romet kalla dei sponga eller Ioftssponga. Det gjekk ein stige opp dit frå fyrste høgda i svala. På sponga hengde dei klede til lufting.

På slutten av 1800-talet tok dei til å flytta ut or gamletunet. Erikane på bnr. 2 var dei fyrste som flytte. Dei bygde nye hus i 1860-åra ved Kolbeinsgrova eit stykke nedanfor gamletunet. Stovehuset brann i april 1902 og uthuset i 1925.

Det vart halde branntakst på desse husa 1879. I takstdokumentet vart det gjeve ei noggrann skildring både av stovehuset og uthuset.

Stovehuset vart bygt av tømmer og tekt med Hardangerheller. Det var 21 1/2 alen langt, 12 1/2 alen breitt. Høgda til gesimsen var 8 alen, til mønet 12 alen. Huset hadde takrenner og var bordkledt på alle sider. I fyrste høgda var det ei stove med eit sidekammers i austre enden. I den vestre enden av huset vart det to like store stover. Midt i huset var det kjøken med skorstein. Frå kjøkenet gjekk det tropp opp til loftet. Der var det to kvistrom og to sidekammers med ei ark og ein gang imellom.

Grunnmuren under huset var mura av gråstein. Der var ein kjellar 19 alen lang og 2 1/2 alen brei. Skorsteinen var mura opp frå kjellargrunnen. Det var laga til ei grue i kjellaren. Elles i huset var der 4 omnar. Ved austre enden av huset var der ei sval av standardverk, tekt med torv og never. Svala var 12 1/2 alen lang, 4 1/2 alen brei og 6 alen høg.Denne bygningen var taksert for 4000 spd.

I uthuset var der eit mura fjøs med løe av standardverk oppå. Denne bygningen var 31 alen lang, 13 1/2 alen brei, 4 alen høg til gesimsen og 9 alen høg til mønet. Taket var tekt med torv og never. Det var bordkledning på alle fire sidene. Fjøset var mura av gråstein og var 29 alen langt, 10 1/4 alen breitt, 3 1/2 alen høgt. Det var inndelt i to rom, eit rom for kyrne og eit for sauene. Fjøset og løa var tilsaman taksert for 800 spd.

Stovehuset og uthuset vart branntrygda for i alt 4000 spd.

Båtstøer var det fleire stader i nærleiken av tunet. Lengst nord var Lindevika. Der var det opplagsplass for båtar, men ikkje naust. Fire av bruka hadde nausta sine ved Nausttona. Desse nausta kalla dei Instenausta. Det femte naustet låg lenger sør. Før 1870 hadde dei skute på garden. Skutenaustet stod ved Instenausta. Ei ferje var i bruk til 1927. Då fekk dei bru over Hellestraumen.

Dei fleste av åkrane låg på den øvste terrassen. Nærast tunet låg Storåkeren. Ved Lindevik-åkeren gjekk det gongstig ned til Lindevika ved sjøen. I 1860-åra var åkervidda 47 mål. Av dette var 27 mål god åker, 8 mål middels god. Resten var ring. Bøen var på 166 2/3 mål. Knapt 55 mål var god bø, 47 1/2 mål var middels god. Resten var ring. Dyrkingsjorda vart rekna til 7-9 mål.

Mest heile innmarka var inngjerd med bøgard. Frå tunet til eit led i bøgarden gjekk det ein veg dei kalla Geila. Denne vegen var inngjerd med eit steingjerde. Fleire stadnamn ved bøgarden fortel om utviding av innmarka. To teigar ber namnet Utgjerdet. Den eine teigen ligg mellom Kvamsbekken, Olshaugen og bøgarden.

Bruksdelinga førde til mykje teigblanding. Dette vart retta på ved offentleg utskifting av innmarka 1908 og av heimeutmarka 1916. Det vart halde overutskifting av heimeutmarka 1918. Etter utskiftinga 1908 vart det mykje nydyrking, og utflytting. Berre bnr. 7 vart buande att i gamletunet. Bnr. 3 flytte til Olshaugen. Bnr. 4 flytte over Hellestraumen til Træet. Her på vestsida var det eit oppdyrka område med teigar til kvart bruk. Ved utskiftinga fekk bnr. 4 innmarka si samla her. Bnr. 6 flytte ned til Tongåa. Bnr. 1 hadde flytt ned til Åkerbakken 1893. Åkerbakken ligg eit stykke nedanfor gamletunet, under ein rinde som ber namnet Osphaugen.

Utslåttene var frå gamalt teigdelte. Her var mykje markaslått. I 1860- åra var høymengda frå utslåttene 305 våger. Johannes Danielsson på bnr. 4 åtte ikkje utslåtter, men han leigde slåtter hjå Dalemennene på sørsida av vågen. Ein del av slåttene låg i liene ned mot Veafjorden. Her var det ikkje utløer. Dei førde graset til sjøen anten med rodder eller på annan måte, lasta det i båt og hesja det heime.

I skaret mellom Veafjorden og Dalevågen var det fleire utløer. Høyet frå desse løene tok dei heim seinhaustes. Då heldt dei dugnad. Dei tømde ei løe om dagen. Ein eller to mann var ved løa og laga til høybørene. Dei som bar delte vegen mellom seg på den måten at dei bar børa frå det eine kvilet til det andre. Der gav dei børa vidare til neste mann. Å setja høyet i stakk var lite brukt. Det var stakkstøe på Nevertostallen og i Storålia.

Skogen er nemnd i odelsjordeboka 1626. Då var her ein del småvaksen sperreskog. Landkommisjonen 1661 fann at her var både tømmer og ved til eige bruk. Det same vart slege fast i matrikkelen 1723: «Skoug til Huusfornødenhed af furre og Birk». Om næringsgrunnlaget åt dei 4 brukarane heiter det at dei «lever af Qvægets avling og at selge lit brendeveed.» I herredsbeskrivelsen av 1863 vert nettoinnkoma av vedsalet rekna til 21 spd. for året.

«Sætter 1/2 Miil fra Gaarden» heiter det 1723. I Herredsbeskrivelsen av 1863 er opplysningane om beitet meir utførlege: «Hjemmehavn ved Gaarden af god Beskaffenhed, det øvrige Sæterhavn, begge tilsammen tilstrækkelig».

Heimebeitet var på begge sider av vågen. To gonger om våren og ein gong om hausten førde dei kyrne bortom vågen der dei beita i Vågarslia bort mot Smørstakken. Så lenge kyrne gjekk i heimebeitet, gjekk budeiene i marka og mjølka. Ved jonsoktid buførde dei til setra.

Setra heiter Hellestølen. Ho ligg oppe i fjellet aust for garden, 410 m.o.h. Også Stanghelle har seterhusa sine på Hellestølen, endå seterbeitet deira ligg lenger sør. Ei segn fortel korleis dette bar til. Ein onnor segn fortel at eit stykke fjellbeite vart gjeve i faddergåve frå Helle til Stanghelle. Sjå under Stanghelle.

Av eit udatert dokument, truleg frå 1860-åra går det fram at det var tvist mellom Helle og Jamne om eit beiteområde i fjellet mellom Øykemyrskaret,

Tredjegjela og Blåfjellkupene. Brukarane på Helle hadde stemt Jamnemennene for Haus Forlikkommisjon og det var avgjort at det skulle haldast 5-mannsskjøn. Dei 5 mennene var Ole Andersson Faugstad, Johannes Olsen Fossmark, Anders Olsen Vaksdal, Thomas Thomassen Vaksdal og Ole Nilsen Hana. På ei synfaring i fjellet fann dei ut at beitestykket var slik at båe gardane veI kunne nytta det. Skjønsmennene meinte for det fyrste at det var rimelegast å dela stykket mellom gardane. Men dei eldste brukarane på Helle vitna at dei aldri hadde høyrt eller visst anna frå uminnelege tider enn at merket var i Øykemyrskaret og Tredjegjela og at det var skriftfest at Jamne ikkje kom lenger enn til Tredjegjela. Skjønsmennene meinte då at stykket måtte tilhøyra Helle.

I Blåfjellkupa ved grensa mot grannegardane Dale, Fosse, Jamne og Sæterdal var det sers godt beite. Dei hermer etter ein fehandlar frå Haus: «Når Helleskjydna kjem i Blåfjellskupena då drita dei smør!» Vegen opp til Blåfjellskupo gjekk gjennom eit lite skar. Der stengde dei av, slik at kyrne ikkje kunne koma nedatt før beitinga var slutt. Det kunne vara ei par veker. Det var tungt for budeiene å bera mjølka den lange vegen, fyrst ned til setra og sidan heim til garden.

Setervegen er bratt og stygg og kan ikkje brukast til buføreveg. Før gjekk budeiene heim og var med i gardsarbeidet kvar dag så nær som torsdagane. Då tunte dei på stølen. Kring 1930 sette dei opp løypestreng som dei førde mjølka på frå setra heim til gards.

Etter at Dale Fabrikker kom vart mykje av mjølka levert på fabrikkstaden. Den første tida reiste dei opp med surmjølk omlag ein gong for veka. Dei bar mjølka ned til naustet og rodde sidan inn til Dalebryggja. Der hadde dei vogn ståande under ein heller.Hesten leidde dei over land heimanfrå. Når det låg is på vågen bar dei mjølka inn til bryggja. Dei leigde gjerne ein av Dalemennene til å køyra frå bryggja opp til Kvammen. Men dei gjekk sjølve omkring og selde mjølka. Dei gamle hadde kvar sine kundar og gjekk frå hus til hus. Kring 1930 tok dei til å levera fersk mjølk til Dale Handelsforening. Fyrst sende dei mjølka med toget frå Stanghelle, men då brua over straumen kom 1927, tok dei til å køyra med hest. Dette held dei på med fram til 1955. Etter denne tida har mjølka vore send med bil .

Kvernane er nemnde fyrste gongen 1723. Då var her fire flaumkvernar. Kvernstøe fanst der i fleire av dei elvar og vassdrag som rann gjennom gardsområdet. Det beste kvernstøet var i Budalsfossen i Budalselva ved grensa mot Stanghelle. Både bnr. 2 og bnr. 3 hadde kvernstøe der. Bnr. 3 hadde også kvernrett i fossen i Kvamsbekken. Bnr. 1 hadde kvernhuset sitt i Kleivabekken. Der var det laga til eit kunstig elvefar. Dette kvernhuset stod til 1966. Då vart det rive av vegstellet. Bnr. 6 og 7 hadde kvernhusa sine lenger nede i Kleivabekken. Der var det grøfta og tilstelt slik at dei kunne ta vatn både frå Kvamsbekken og Kleivabekken.

Vågen har frå gamalt vore rik på fisk. Laksefisket har vore regulert av ei rekkje rettslege avgjerder og semjer med bakgrunn i det gamle forbodet mot å stengja for laksens gang opp i elvane. Laksefiske i sjøen utanfor ein elveos har vore emne for talrike tvistar og rettsaker over heile landet. Tvistane mellom Dale, Stanghelle og Helle om laksefisket i Dalevågen bør ein difor ikkje sjå som ein lokaI grannestrid, men som eit døme på eit ålment problem.

Den eldste kjende skriftlege semja om dette er ei kontrakt frå 1788 med denne ordlyden:

«Vi uderskrevne Opsiddere paa Gaarden Dahle i Arne Skibrede og Nordhordlehns Fogderie: Jon Iversen og Knud Ingebrigtsen samt Johannes Torbiørnsen paa egne og de øvrige Opsidderes Vegne, Samt vi Opsiddere, paa Gaarden HeIle i bemeldte Skibrede og Fogderie: Niels Monsen og Johanne Monsen paa egne og Niels Nielsens vegne, tilstaar Nerved, at have indgaaet en Contract og Foreening, som paa begge Sider af hver Gaardes Opsiddere ubrødelig skal holdes og efterkommes:


1 Ald Tvist og Process, som hidindtil har været imellem Os om Laxe Fiskerie, skal aldeles være ophævet;

2 Vi Opsiddere paa Gaarden Helle, skal i Fremtiden ikke, enten paa Søndre eller nordre Side af Sundet og Elven, opsætte noget Laxe-værp, eller udsætte Laxe-Noed, Bryge-Garn, eller noget saadant, som til Laxe-værp bruges og er fornøden, og enten i een eller anden Henseende kunde være og hensigte til Fornærmelse for Gaarden: Dahles Laxe-Fiskerie, I Dahle-Elven og ved Sundet, samt op igiennem Indløbet til bemeldte Elv, der for ald Stængsel, Hinder og Fornærmelse, det være sig paa hvilken Maade det være kunde, skal efterdags og fra nu af, være befriet og upræjudiceret af Os, paa det at den Lax og Fisk, som kommer til Sundet, frit og ubehindret kan opløbe igiennem Dahle-Elven.

3 Derimod skal Opsidderne paa Gaarden Helle have Ret og Frihed til, hver anden uge at kaste Noed og drage den i Land paa Dahle-Landet, dog saaledes at Noeden ikke bliver faststaaende, men i samme Øyeblik den udkastes, igien i Land drages; Og skal denne Noedkastning eller Fiskerie, af Helles Opsiddere, skee i Dahlevaagen, saavel paa Søre- som Nordre Side under Elven, men ikke oppe i Elven, eller saaledes at Fiskens Opløb igiennem Sundet til Dahle-Elven kand hindres, eller Fisken nægtet Gang til Dahle-Elven og opigiennem samme; Ligesom det er aftalt, og ubrødelig skal holdes paa begge Sider, at naar Helles Opsiddere en uge har exerceret en saadan Rettighed, skal de i den anden næstfølgende uge ikke have Frihed til noget saadant, men afholde sig derfra, da Gaarden: Dahles Opsiddere paa denne tid og paa samme maade, vil og skal være tilladt, at drive Fiskerie i Dahle-vaagen.

4 Vi Helles Opsiddere tillader derimot og tilstaar, at Gaarden: Dahle Opsiddere skal have Ret og Friehed, til at kaste med Nod efter Fisk udi Helle-vaagen, som ligger strax udenfor Dahle-vaagen, og det paa Gaarden: Helles Landstrækning, samt Landtrække deres, neml: Dahles Noed saavel paa Søre som nordre Siden af Helle-Landet, og det Hver anden uge, uden at vi Opsiddere paa Helle, paa den tid Dahles-Oppsiddere exercerer og bruger et saadant Fiskerie, nemlig hver anden uge, skal have Ret til, Selv at fiske, eller giøre Dahles Opsiddere noget Indgreeb og Fornærmelse udi Derres Fiskerie i Helle-vaagen i bemældte Tid; Hvilket ligeleedes og paa selvsamme maade Dahles Opsiddere skal afholde sig fra, naar og paa de Tider, nemlig hver anden uge, at Gaarden Helles Opsiddere kaster med Noed, udi Dahle-vaagen, da Hensigten er: at naar det eene Partie Fisker maae det andet ingen Hinder giøre, men afholde sig fra Fiskerie, paa samme Tid. Denne Contract hvoraf 2de eenslydende Exemplarer er skreven og hver Part beholder sit, bekræfte vi, under vore Hænder og Signeter, samt i Tilfælde, at den, i et eller andet skulde blive efterladet og handlet imod, skal den være ugyldig, og ingen videre Ret medføre for det Partie, som har overtraadt og handlet imod, hvad her foreskrevet staaer, samt indgaaet er. - Bergen den 10de Maji, 1788.- Joen Iversen Dahle med paaholden Pen (L.S.) Knud Ingebrigtsen Dahle, med paaholden Pen - Johannes Torbiørnsen Dahle med paaholden Pen (L.S.) Niels Monsen Helle med paaholden Pen (L.S.) Johannes Monsen Helle med paaholden Pen.

5 Ovenstaaende er Hands eget sadte boemærke. Af ovenmældte Underskrevne ere denne indgangne Contract vedtaget samt med Haand og Seigl bekræftet, i vores Overværelse. Bergen som ovenfør. -

Lytkien. H. Olsen.

(Kjelde: Nordhordland pantebok no. 9, 1787-95. I bd. Fol. 102.)


1851 vart denne semja tinglyst:

«Forligelsescommissionen i Haus Præstegjeld gjør vitterligt at Aar 1851 den 1 Septbr. blev Haus Præstegjelds Forligelsescommission afholdt paa lovbefalet Maade paa det Sædvanlige Commissionssted Haugsvigen ved den beskikkede færste Forligelsescommissair J. Harbitz og den for anden Forligelsescommissair J. O. Veseth valgte Suppleant res. Capellan Tandberg. Hvorda til mægling blev foredraget Sagen No. 80, Opsidderne paa Gaarden Dale nemlig Haldor Ingebrigtsen paa egne Vegne og som beskikket værge for Haldor Johnsen, Thomas Andersen, Mikkel Nilsen, Samuel Pedersen, Nils Johnsen, Iver Monsen, Nils Olsen og Johannes Iversen contra Nils Johannessen og Johannes Monsen Helle, Johannes Andersen og Ole Andersen Stanghelle. Sagen angaar ifølge fremlagte skriftlige Klage af 12 f.m. saalydende: «Kort efterat Laxefiskeriet indeværende Aars Mai Maaned var begyndt, blev der i den os undertegnede Opsiddere paa Gaarden Dale fra umindelig Tid tilkommende Ret til at fange Lax i den Gaarden Dale underliggende Elv, Daleelven kaldet, gjort indgreb af Nils Johannessen og Johannes Monsen Helle, Johannes Andersen og Ole Andersen Stanghelle, idet disse Personer have udsæt Fiskegarn saavel paa det smaleste sted i Dalevaagen, hvori Elven har sit Udløb, som paa andre Steder i bemeldte Vaag, hvorved vi saaledes have lidt betydelig Skade i vor Laxefangst i Elven, for hvilket vore Gaardbrug ere skattelagte Uagtet af os advarede imod saadant Indgreb og gjorde opmærksomme paa, at samme er stridende imot Høiesteretsdom af 7 Februar 1751? og Hjemmethingsdom af 16 Juli 1796 have de ovennævnte Personer dog vedblevet i Løbet af Sommeren at gjøre os formeldte Skade og Indgreb, idet de fremdeles ved deres udsatte Garn spærre Adgangen for Laxen til at gaae op i Daleelven. Vi see os derfor nødsagede til at lade dem indkalde til første afholdendes Forligelsescommission for at mindelig Forening mellem dem og os i foranstaaende Anledning kan blive prøvet. Klagerne framlagde foranstående Klage med Commissionens Paategning af 13. f.m.; da var de indbenævnte Indklagede lovlig forkyndt den 15 næstefter. Samtlige Opsiddere paa Dale som Klagere og de nævnte 4 Indklagede mødte personlig. Det bemærkes, at som Curator for den Indklagte Johannes Monsen Helle mødte hans Fader Mons Johannessen Helle. Parterne indgik med hinanden følgende Forlig:

DaIe Opsiddere indrømmede, at Gaarden Stanghelles Opsiddere for Eftertiden have Tilladelse til at udsætte sine Garn i Sigtlinie paa søndre Side fra et Sted kaldet .Stigenæsset» og indefter til en Steen kaldet Mosteren paa samme Side, og ligeledes paa Søndre Side i Sigtlinie fra inderste Holmen, hvor der findes nogle store Stene ved Lillestrømmen til det paa samme side nærmest liggende Skarv.

Gaarden Helles Opsiddere indrømmedes af Gaarden Dales Opsiddere, at udsætte sine Garn paa søndre side i Sigtlinie fra Næsset ved et Sted kaldet Eriktræet og indefter til Eriksnøstet og ligeledes paa samme Side i Sigtlinie fra et Sted kaldet Lindevigsnæsset og indefter til Kjetenæsset, alt ved Gaarden Helles Eiendom, dog forbydes saavel de paa Stanghelle som Helle at anbringe noget saakaldet Laxeblik. Udenfor de nævnte Linier eller Punkter maa ikke enten de Stanghelle eller Helle have Tilladelse til at udsætte sine Garn under en Mulkt af 1 - een - Spdlr. til Stedets Fattigkasse, hvilken Mulkt fordobles for enhver Gang Overtrædelsen skeer. Det bemærkes, at i de betegnede Steder har Vedkommende Tilladelse at udsætte sine Garn, som de forefinder, enten paa langs eller tvers, dog forbydes det aldeles at opføre paa noget som helst Sted Laxeværp. Omkostningerne ved denne Sag ialt 3-tre-Spdlr. 12 - tolv - Skilling erlagdes af de Indklagede. Parterne erklærede Sagen herved afgjort og underskreve Protocollen.

Haugsvigen 1 Septbr 1851.


Haldor Ingebrigtsen Dale paa egne Vegne og som beskikket Værge for Johan Haldorsen Dale, Thomas Andersen Dale, Samuel Pedersen Dale, Nils Olsen Dale, Johannes Iversen Dale, Nils Johnsen Dale, Iver Monsen Dale m.fl. Mikkel Nilsen Dale, Nils Johannessen Helle, Johannes Andersen Stanghelle, Ole Andersen Stanghelle, Johannes Monsen Helle, Som Curator: Mons Johannessen Helle, J. Harhitz, J. Tandberg. At saaledes er skeet og indgaaet bekræftes herved paa Commissionens Vegne Overensstemmende med dens Protocol, under Hand og Segl. Haugsvigen 15. Novbr. 1851. J. Harbitz (L.S.) Beskrivelse 20 s. Bekræftning 20 s. i alt firti Skilling, betalt J. Harbitz, Thl. 2 ort 16 s.»

(Kjelde: Nordhordland pantebok no. 23, 1850-53, I bd., fol. 190b.)


1884 vart det på vårtinget tinglese dette forliket: «Undertegnede oppsiddere paa gaardene Dale og Helle i Bruvigs (før Haus) tinglag have i anledning den af os mot hinanden reiste og under 13. oktober f.a. indcaminerede aastedssag ang. rett til laksefiske i Dalevaagen indgaaede følgende forlig:

Helles oppsiddere frafalder enhver anden rett til Laksefiske i Dalevaagen mod av Dales oppsiddere at indrømmes rett til fiske med enhver lovlig indretning a paa strekningen fra Bruresteinen ved Hellesundet indtil Leirvikstangen og Eriksnøstet, dog saaledes at fiskeredskaberne ikke kommer udenfor sigtelinjen mellem nevnte punkter og b paa strekningen fra Dørstaaneset og indtil grændsen mod Dale paa søndre side, dog saaledes, at fiskeredskaberne ikke anbringes længre ud end til 1/3 - en trediedel -af Vaagens bredde. Altsaa har Helles oppsiddere paa nordre side af Dalevaagen ingensomhelst rett til laksefiske med faste indretninger saasom lakseverp, garn, kilenøter eller lignende redskaber. Thi vi bekrefter med vaare underskrifter.

Dale 31. mars 1884.

Nils Mikkelsen Dale, Johannes Iversen Dale, Haldor Johnsen Dale, AndersTomassen Dale, Mons Iversen Dale, Nils Nilsen Dale, Ole S. Dale, Ole Einarsen Dale, P. Jebsen jun., Nils Mikkelsen Helle, Nils Johannesen Helle, Nils Monsen Helle, Johannes Danielsen Helle.»


SKYLD, UTREIDSLER M.M.

Gamalt mtr.nr. 14 i Ama skipreide. 1838: matr.nr. 15. 1853: matr.nr. 132. 1886-1964: gnr. 32 i Bruvik kommune. Landskyld til Munkeliv kloster 1427 og 1480-90: 16 månadsmatbol ( = 16 laupar smør). Munkeliv Klosters jordebok 1463: «Iten aff Hælle gaar half fempte løp». Landskyld 1626-1774: 1 l. smør, 1 t. malt elIer korn, 1 hud. Skatteskyld frå sist på 1600-talet til 1838: 2 1/2 1. smør. Matrikkeltakst 1723: 2 3/4 1. smør. Ny matrikkel 1838: 11 dl. 11 sk. Leidang 1567: 4 m. smør 1 ml. korn 1590-91: Leidang 8 m. smør, 1 ml. korn, 1 saueskinn, 1 kalvskinn. Fredtoll: 1 får kvart år i 3 år, det 4. året fri. 1665: Leidang, fredtoll, gjengjerd, ved-pengar 2 rdl. 6 sk., småtiend 1 mark 4 sk. Fødnad 1657: 1 okse, 15 kyr, 9 kviger, 19 geiter, 49 sauer. 1665: 3 hestar, 15 storfe, 1723: 2 hestar, 26 kyr, 8 ungfe, 48 småfe. 1865: 5 hestar, 63 storfe, 119 sauer, 96 geiter, 3 griser. Herredsbeskrivelsen av 1863: 5 hestar, 45 storfe, 15 ungfe, 192 småfe. Sånad 1626: 8 t. korn, 1665: Sånad 8 t. korn, avling 25 t. 1666: Avling 24 t. korn. 1723: Sånad 10 t., avling 36 t. 1865: Sånad 22 t. korn, 24 t. poteter. Herredsbeskrivelsen av 1863 har desse tala: Sånad 22 1/2t havre, 23 t. poteter. Avling 98 t. havre, 114 t. poteter, 4.732 v. høy, 686 v. halm. Frå slåttene fekk dei 305 v høy. Lyng, belt og skav tilsvara 120 v. høy, 1 kufor og for åt 2 ungfe. Folketal 1801: 31. 1865: 74. 1875: 77. 1967: 66.


EIGARAR

Helle høyrde til Munkeliv klosters jordegods i mellomalderen. Garden er nemnd i jordeboka åt klosteret 1427,1463 og 1480-90.

Ved reformasjonen vart klostergodset drege inn under kruna, men MunkeIivgodset eksisterte som ei eiga forlening og vart difor så seint som på 1600-talet omtala som Munkelivsgods.

Kring 1670 vart mykje krungods selt til private. 1694 er Hermann Garman oppført som eigar av Helle. 1704 let han på tinget fredlysa skogen på garden, sIik at skogen ikkje kunne øydast eller hoggast ut utan Garmanns samtykke. Hermann Garman 1648 - 1733 var skiftsskrivar og budde på Nedste Mjelde i Haus. Kona hans, Alida de la Rochie 1651 - 1723 var frå Haag. Dei var barnlause.

Kring 1710 hadde bondelensmannen Johannes Øvste Mjelde i Haus fått skøyte på garden. 1712 let han offentleg fredlysa skogen på gardane Veo, Bukkstein, Kvåstad, Dyvik, Stanghelle og Helle. Same året gav han skøyte til ein av brukarane på fjerdeparten av HeIIe. Sjå bnr. 2. Resten av garden vart ved skiftet etter lensmann Øvste Mjelde utlagt til dottera Magdeli. Ho vart gift med Anders Nilsson Helle. Sjå bnr. 1.

1735 let herr Jens Mariager, kommersråd Lyder Schultz og Johan Garman tinglysa at dei hadde odelsrett til Veo, Bukkstein, Kvåstad, Vaksdal, Stanghelle og Helle. Ervingane etter lensmann Øvste Mjelde måtte no til å tinga med odeIsrettinnehavarane for å få sitja med i alle fall nokre av gardane.

1744 vart det tinglyst ei rekkje skøyte som syner resuItatet av desse tingingane. Johan Garman fekk skøyte på Veo, Bukkstein og StangheIle. Johannes Askeland fekk skøyte på Kvåstad. Anders Nilsson Helle på brn. 1 og Mons Nilsson på bnr. 3 fekk odelsskøyte på 3/4 av Helle. Den eine fjerdeparten fekk ein av sønene åt Magdeli, Nils Nilsson, byta til seg. Sjå bnr. 7. Etter 1744 har brukarane vore sjølveigarar.


BRUKARAR FRÅ 1700.

Arnfinn er den fyrste kjende brukaren. Han var brukar i fyrste helvta av 1500-åra, og namnet hans er å finna i fleire skattelister frå denne perioden.


1563 var her to brukarar, Nils og Per.


1590-91 heitte brukarane Olav og Åmund. Åmund er nemnd fleire gonger i skattelistene fram til 1620.


1611 var Einar Nilsson og Johannes Åmundsson brukarar. Frå dei ætta fleire av brukarane på 1600-talet. Dei to brukarættene vil me fylgja kvar for seg.


Johannes Åmundsson var truleg son åt brukaren Åmund, sjå ofr.

Johannes og Åmund synest å ha vore brukarar samstundes 1610-1620, og det er rimeleg å tru at dei delte den eine helvta av garden. Johannes og kona Sigrid hadde truleg to søner som vart brukarar her, Lars og Eirik, sjå nfr.


1648-1655 var Lars Johannesson brukar. Brukartida hans kan ha vore noko lenger, for han var oppførd som brukar i husdyrmanntalet 1657, men utan husdyrhald. I manntalet 1666 var han ikkje med.

Born:

Nils 1655-.
Einar 1657-.
Barbro 1662-1737 ug.


1645- var Erik Jonsson eller Johannesson brukar. Erik ca. 1607-1693 kan ha vore son åt brukaren Johannes Åmundsson, sjå ofr. At eldste sonen heitte Åmund, kan tyda på det. 1657 hadde han ein fødnad på 7 kyr, 1 kvige, 8 geiter og 20 sauer. 1676 åtte Erik ein part på 1 pund smør i garden Opkvitne på Voss. Erik var g. m. Ingeborg. Borna deira får me god greie på i eit skiftebrev 1703 etter sonen Per.

Born:

Åmund 1646-1726, brukar her 1694-1718 (truleg noko lenger), d. barnlaus.
Baste 1648-, brukar på Ytre-Bruvik.
Per d. 1702, brukar på Hakanes, sjå Gjerstad s. 222.
Mons, brukar på Hekland.
Nils, brukar på Veo i Gjerstad sokn.
Helga, g. m. Per Sjursson Litun, sjå Gjerstad s. 338.


Einar Nilsson var brukar 1611-1645, kanskje noko lenger. Einar og kona Ågota hadde ein son, Mons, som også vart brukar her.


1645 var Mons Eiriksson ein av brukarane på Helle. 1657 hadde han ein fødnad på 6 kyr, 4 kviger, 6 geiter og 14 sauer. Mons og kona Brita hadde to søner, men ingen av dei ser ut til å ha vore brukarar her.

Born:

Hallstein 1656-.
Einar 1659-.


1603. Ei onnor brukarrekkje på 1600-talet ætta frå Peder Helle, nemnd som brukar

Kjende born:

Sæbjørn ca. 1604-, sjå Husmenn.
Sisselja d. ug. 1701.
Jens 1632-1698.


Jens Pedersson 1632-1698 var brukar 1666. Kona hans, som me ikkje kjenner namnet på, døydde 1695. Ingen av sønene deira vart brukarar her.

Born:

Einar g. 1697 m. Barbru Monsdtr. Gjerstad, b. Rivenes. Sjå Gjerstad s. 276 og Haus s.166.
Tallak, sjå Husmenn.
Peder, omgangsskulærar i Haus prestegjeld på 1700-talet.


1661 var Tomas brukar her. Han er nemnd berre denne eine gongen og har truleg berre vore brukar ei stutt tid.


1666 var Anders Nilsson brukar her. Kvar han ætta frå, er uklårt. Anders ca. 1643-1707 var g. m. Kari Sæbjørnsdtr. Helle d. 1699. Sjå Husmenn.

Born:

Marta g. 1693 m. Mons Olsson Takvam, sjå Haus s. 404.
Nils 1665-, sjå bnr. 2.
Olav 1688-, tenar på Fotland 1701.


1685 møtte Gregorius Helle for retten på vegne av kona åt Mons Ytre Songstad. Ho var stemnd for retten for gjeld. Sjå Haus s. 83. Gregorius er ikkje med i listene over brukarar på Helle. Men det finst mest ingen opplysningar om kven som var brukarar i åra 1670-1690, så Gregorius kan ha vore brukar då. I det heile synest det å ha vore nokså store omskifte på garden sist på 1600-talet og fyrst på 1700-talet. Av dei brukarættene som er nemnde ovanfor var det berre ei som vart att. Det var ætta åt Anders Nilsson. Sjå bnr. 2. Dei andre tre bruka vart på 1700-talet overtekne av etterkomarane etter jordeigaren lensmann Johannes Øvste Mjelde. Sjå eigarsoga og bnr. 1, 3 og 7.


BRUK 1

Daglegnamn: før Nilsa-Monsane, seinare Rivenesane.

Gamle løpenr. 41 og 519. Gamal landskyld 1 spann smør, 1 m. korn og 1/4 hud. Smørskyld 1694 1/2 1. 9 m. eller seinare 1 bismerp. 21 m. (= 45 m. smør). 1838 2 dl. 3 ort 4 sk. Revidert 1851 til 2 dl. 3 ort 21 sk. 1886 4,68 skm. 1956 4,56 skm. Kring 1865 var det på dette bruket 10 2/3 mål åker. Av det var 6 1/2 mål god åker, 1 1/2 middels god, resten var ring. Bøen var på 42 1/6 mål. 12 2/3 mål var god bø, 12 mål middels god, resten var ring. 2-3 mal dyrkingsjord. Dei sådde 5 t. havre. 5. t. poteter, og avla 22 t. havre, 25 t. poteter, 939 v. høy, 454 v. halm. Frå slåttene fekk dei 75 v. høy. Skav, lyng og beit svara til 60 v. høy. Dei hadde ved og tømmer til husbruk og kunne selja ved for 6 spd. netto årleg. Fødnad 1 hest, 10 storfe, 3 ungfe, 30 småfe.


1744 skøyte til Anders Nilsson Helle 1708-1785. Han var frå Helle bnr. 2 og var leiglending på dette bruket ei tid før han fekk skøyte. Anders g. m. enkja Magdeli Johannesdtr. Fossmark bnr.5 1709-1778. Dei hadde ikkje born saman, men Magdeli hadde med seg borna sine frå 2. e. då ho flytte til Helle. Sjå Fossmark bnr. 5.

Anders synest å ha vore ein handlekraftig og dugande mann. Han fekk mykje å gjera med å forvalta eigedomane åt kona si. Då Johan Garman i kraft av sin odelsrett gjorde krav på mykje av jordegodset som lensmann Øvste Mjelde hadde kjøpt av hans slektningar, vart det ordna slik at Garman fekk skøyte på Stanghelle, Veo og Bukkstein. Anders og styksonen Mons Nilsson fekk skøyte på heile Helle. Sjå bnr. 3. 1744 gjorde Anders makeskifte med styksonen Nils Nilsson. Ved dette makeskiftet fekk Anders overdrege ein part i Vaksdal på 1 1. smør, 1/3 hud og 1/24 t. laks. 1737 gav Anders og Magdeli skøyte til hennar son frå 1. e., Anders Olsson Fossmark, på garden Fokstad. I skiftet etter Magdeli 1778 var nettosummen i buet 1458 rdl. Av dette ervde Anders helvta. I skiftet etter Anders 1785 var nettosummen 696 rdl. Arven vart skift mellom syskena hans.


1770 skøyte til Nils Monsson Helle 1749-1816 for 100 rdl. Nils var soneson åt Magdeli, sjå bnr. 3, g. m. Anna Johannesdtr. Stanghelle bnr. 1 1745-1812. 1784 fekk Nils skøyte på Dale bnr. 14. I skiftet etter Anna vart dette jordegodset utlagt til enkjemannen. Det var verdsett til 100 rdl. i skiftet etter Nils 1816.

Born:

Anders f. og d. 1772.
Magdeli 1773-, g. m. Tørres Tørresson Ytre Bruvik, sjå Ytre-Bruvik bnr. 1.
Mons 1775-, brukar her.
Johannes 1778-, brukar på Dale bnr. 8.
Anders 1780-1785.
Nils 1781-1809, død i garnisonsteneste.
Helga 1784-1785.
Anders 1786-, sjå Dale bnr. 11.


1802 skøyte til Mons Nilsson 1775-1809. Kårbrev til foreldra hans vart tinglyst 1802. Mons g. m. Magdeli Olsdtr. Dale bnr. 8 1775-1856. 1803 fekk Mons skøyte hjå verfaren Olav Ivarsson på Dale bnr. 8. 1804 fekk Mons skøyte hjå Johannes J. Vaksdal og Johannes Nilsson Helle på ein annan part i Dale på vel 2 m. smør og vel 2 k. laks. Faren Nils Monsson fekk pant i denne parten mot eit Iån på 100 rdl. Ved skiftet etter Mons 1810 fekk enkja Magdeli utlagt 2/3 av bruket og sonen Nils 1/3. Faren Nils, sonen Nils og døtrene Anna og Brita fekk utlagt partar i Dale.

Born:

Anna f. 1804 g. m. Ivar M. Dale, sjå Dale bnr. 9.
Nils f. 1807, brukar her.
Brita 1809, d. 1819.
Kari ? f. 1803, g. 1831 m. Olav Steffensson Rivenes, Haus.


1809 vart postman Johannes Olsson Rivenes frå Haus 1787- 1856 g.m. enkja Magdeli Olsdtr. Dei dreiv dette bruket til dei fekk føderåd 1833.

Born:

Marta 1811-, g. m. John Haldorsson Dale, sjå Dale bnr. 21.
Mons 1814-, sjå Dale bnr. 8.
Olav 1817-1879 g. m. Maria Ingebrigtsdtr. Dale 1816-1901, sjå Dale bnr. 1. Dei flytte i 1844 til Knappskog i Fjell.
Brita 1821-.
Olav f. og d. 1821.


1833 skøyte til Nils Monsson på 2/3 av bruket for 90 spd. Nils hadde fått utlagt 1/3 i skiftet etter faren 1810 og åtte no heile bruket. Nils 1807-1861 g. m. Synneva Jonsdtr. Sæterdal bnr. 1 1810-1889. I skiftet etter Nils var nettosummen 145 spd. I skiftet etter Synneva var summen 467 spd.

Born:

Magdeli 1832-, g. m. Johannes N. Helle bnr. 7.
Mons 1833-, brukar her.
John 1835-, brukar på Dale bnr. 3.
Johannes f. og d. 1837.
Johannes f. og d. 1838.
Anna 1839-, g. m. Johannes J. Helle bnr. 3.
Brita 1842-, g. m. Nils Nilsson Blom.
Ingeborg f. og d. 1844.
Nils 1844-, b. i USA, fall i borgarkrigen.
Nils f. og d. 1845.
Ingeborg 1848-1849.
Anna 1849-, g. m. Lars Andersson Åsheim, Haus.
Johannes 1851-, skomakar, g. m. Ragnhild Brynjulvsdtr. Meland, Evanger. Sjå Dale bnr. 14.
Ingeborg 1855-, g. 1881 m. banearbeidar Knut Knutsson Øst-Ødegård frå Lom, b. i USA.


1855 skøyte til Mons Nilsson for 320 spd. og kår. Det var teke atterhald om gjenkjøpsrett. Mons g. 1854 med Brita Nilsdotter Helle bnr. 7 f. 1830.

Born:

Nils 1854-, brukar her.
Mons 1857-, brukar på Blom, Haus.
Nils 1859-, smed, b. Hausvik, Haus.
Synneva 1871-, g. m. gardbr. Olav O. Skår, Hamre.
Johannes 1862, b. i Ølen, g. 1898 med Ingeborg Andersdtr. Fosse, Evanger.


1877 skøyte til Nils Monsson for kr. 1200 og kår verdsett tiI kr. 500 i 5 år. Seljaren tok atterhald om bruksrett så lenge han og kona ynskte det og feste på hustuft for eitt av dei andre borna.

Nils 1854-1925 g. m. Synneva Magnesdtr. Veo bnr. 4 1851-.1931.

Born:

Brita 1877-1881.
Mons 1879-1881.
Brita 1881-, g. m. gardbr. Haldor Risnes, Austad i Gjerstad sokn.
Brita 1883-1885.
Mons Bertin 1886-, brukar her.
Madli 1888-1891.
Anna 1890, g. m. Nils N. Helle bnr. 2.
Madli 1893-, g. m. Hjalmar Kvamme, Dale.
Synneva 1895-, g. m. Konrad Andreas Rolland, sjå ættesoge for Dale.


1918 skøyte til Mons Bertin Nilsson for kr. 3.000,- og kår verdsett til kr. 1.200,- for 5 år.

Mons Bertin f. 1886 g. 1. g. med Johanna MathiIde Haldorsdtr., Dale bnr. 21, 1884-1937.

Born:

Håkon 1911-, brukar her.
Solveig 1913-, kokke i N.S.B.
ÅsIaug 19**-, arbeidar i D.F.
Berta 19**-, g. m. småbrukar Jens Hoff, Fosse i Hardanger.
Nils 19**-, snikkar, sjå bnr. 24.
Olav 19**-, emissær i Vestlandske Indremisjonsselskap, g. m. Anny Anskarsdtr. Søvik frå Romsdalen.
Magnus 19**, tekstiIarbeidar i DF g. m. Synneva Sjursdtr. Hommedal, Vossestrand.
Einar 19**-, diakon i Eidanger, g. m. Randi Pedersdtr. Solberg, Vestfold.

Mons Bertin g. 2 g. med Johanna Olsen frå Årstad ved Bergen, f. 1895.


1951 skøyte til Håkon Monsson f. 1911 og kona Brita f. 1917, dtr. åt Kristoffer Eggøy, Fitjar.

Born:

Ingrid Kjellaug 1943-, sjukepleiar, g. m. Asbjørn Tjeldflåt, Skånevik, b. Trondheim.
Jorunn 1945-, lærar, b. her.
Else Berit 1947-, sosionom g. m. revisor Sigmund Lorentsen, Stord.
Magne 1950-, bilmekanikar, b. her.

BRUK 2

Daglegnamn: Erikane.

Gamle løpenr. 42 og 520. Gamal landsskyld anten 1/2 l. 9 m. smør, eller 1 bismarp. 21 m. smør, (= 45 m. smør), eller 18 m. 1 ml. malt, 1/4 hud. 1838 ny skyld 2 dl. 3 ort 21 sk. 1886 4,68 skm. 1956 4.13 skm. Matrikkuleringskommisjonen som var nedsett ved lov 1863 rekna åkervidd, bø og sånad på dette bruket jamstort med det som var på br. 1. Det same galdt dyrkingsjord og høy frå slåttene. Avling var 990 v. høy, 154 v. halm og dei fødde 1 hest, 10 storfe, 3 ungfe, 36 småfe. Skogen var som på bnr. 1; nok til hustømmer og ved. Dei kunne dessutan selja ved for 60 spd. netto årleg. Fødnad 1956: 6 kyr, 4 ungfe, 1 hest, 11 småfe. Dyrka innmark 1956 40-50 mål.


1701 var Nils Andersson brukar her. Sjå ofr. brukarar før 1700. Nils var fyrst leiglending, men 1712 fekk han skøyte på bruket. Nils 1665-1705 var g. m. Kari Nilsdtr. Ytre-Songstad, Haus, 1675-1737. Dei var dei første sjølveigarane på HelIe etter leiglendingstida og sto seg elles godt økonomisk. Nils åtte ein part i garden Havrå i Haus som han selde 1738 til Rasmus Songstad. Samstundes kjøpte Nils det bruket som Rasmus hadde budd på på Songstad og let sonen sin - Mons - få bygsla det. 1744 skøytte han bruket til Mons.

Born:

Kari 1696-, g. 1720 med Johannes Nilsson Øvste Mjelde, Haus.
Brita 1699-, g. m. Besse Larsson Stamnes, b. i Eikanger.
Nils 1702-, var soldat 1722.
Nils f. og d. 1704.
Nils 1705-, brukar her.
Anders 1708-, sjå bnr. 1.
Marta 1711-, g. m. Besse Tørresson Skreien, sjå Skreiæ brukarar.
Mons 1714-, g. 1739 m. Barbro Tørresdtr. Skreien, b. på Ytre-Songstad.
Sigrid g. m. David (Daniel) Sjursson LangheIle, sjå Langhelle bnr. 6.


1744 skøyte til Nils Nilsson for 36 rdl. frå arvingar til dei jordepartane som var utlagde i skiftet 1737 etter Kari Nilsdtr. 1744 var det tingIyst ei kontrakt mellom faren, Nils og broren Mons Songstad. Nils Nilsson fekk då som eldste son overdrege odelsretten til garden HelIe. Broren Mons, som hadde fått ein jordepart i Ytre-Songstad, gav skøyte til Nils på odelsretten for 10 rdl.

Nils 1705-1763 g. m. enkja Brita Olsdtr. Faugstad f. i Fossmark 1702-1776.

Born:

Erik 1738-, brukar her.
Anders 1741-, d. før 1785.
Kari 1742-, g. 1779 m. Mikkel Sjursson Vaksdal, b. på Fitjo i Gjerstad sokn til om lag 1790.
Brita 1746-, g. m. Anders Nilsson Grøsvik, sjå Grøsvik bnr. 3.

Ved skiftet etter NiIs Nilsson 1763 vart dette bruket verdsett til 56 rdl. Helvta vart utlagt tiI enkja Brita. Sonen Erik ervde 1/4 og døtrene Kari og Brita 1/8 kvar.


1765 skøyte til Erik Nilsson frå mora og systrene på dei partane dei hadde fått utlagt ved skiftet 1763. Erik 1738-1810 g. m. Maria Ingebrigtsdtr. Dale bnr. 1 1739-1823.

Born:

Brita 1766-1801, g. m. Johannes J. Jamne, sjå Jamne bnr. 12.
Nils 1769, brukar her.
Anna 1775-, g. 1802 m. Johannes J. Jamne, sjå Jamne bnr. 12.
Anders 1772-, husmann på Øyjord i Trengereiddalen, g. 1. g. m. Brita Knutsdtr. Olsnes, g. 2. g. m. enkja Anna Johannesdtr. Indre Songstad.
Marta 1778 -1780.
Marta f. og d. 1782.
Ingebrigt 1786-1807.


1790 skøyte til Nils Eriksson 1769-1841. Same år vart tinglyst kårbrev til foreldra hans. Nils g. 1794 m. Dorte Johannesdtr. Jamne bnr. 12, f. 1767.

Born:

Erik 1795-, brukar her.
Johannes 1797-, sjå bnr. 3.
Mons 1799-, sjå Hesjedal, Dale sokn bnr. 3.
Johannes 1800-, sjå bnr. 3.
Nils 1802-, g.m. Sigvor Olsdtr. Hesjedal bnr. 3, b. Tungeland. Sjå Arna sokn s. 453.
Brita 1804-, g. m. Johannes Dale bnr. 6. Dei emigrerte 1850 til USA. sjå Dale bnr. 6.
Maria 1807-, g. m. Johannes Andersson StangheIle, sjå Stanghelle bnr. 3.
Trillingar f. 1810. Av dei var ei jente d.f. Dei andre to, Marta og Kari, døydde same år dei var fødde.


1821 skøyte til Erik Nilsson for 120 sylvspd. og kår til foreldra Nils Eriksson og kona Dordi. Kåret var verdsett til 90 spd. Erik 1795-1871 g. m. Agate Olsdtr. Dale bnr. 6 f. 1796. Erik vart kalla «Stor-Erik». Han var skrivefør og skreiv det som skulle skrivast på garden den tid han levde. I skiftet etter han var nettosummen 374 dl.

Born:

Nils 1819-, sjå nfr.
Olav 1822-, brukar på Kyrkje-Bruvik og Seilæ bnr. 10.
Johannes 1824-, brukar på Dale bnr. 21.
Erik 1826-, brukar her.
Dordi 1829-, g. m. Johannes Ivarsson Dale, sjå Dale bnr. 19.
Kari 1831-, g. m. Mikkel N. Dale, sjå Dale bnr. 18.
Ingebrigt 1834-1839, død ved ulukke.
Johannes 1837 g. 1857 med Kari Rasmusdtr. Garnes, b. i Indre-Arna.


1842 vart Nils Eriksson 1819-1845 g. m. Magdeli Ivarsdtr. Dale bnr. 19 f. 1823. Magdeli g. 2. g. m. neste brukar.

Born:

Agate 1843-, sjå nedanfor.
Nils f. og d. 1845.


1846 bygsla Erik Eriksson halve bruket hjå faren. Han skulle svara kår til foreldra så lenge bygselsretten varde. Erik 1826-1903 var g. m. enkja etter broren Nils, Magdeli Ivarsdtr. 1823-1898. 1861 flytte dei til Hundhammar i Haus og overtok eit bruk der.

Born:

Brita 1849-1934, g. m. Knut Haldorsson Fokstad, b. på Hundhamar, Haus.
Nils f. og d. 1855.
Ingebrigt f. og d. 1856.
Maria f. og d. 1858.
Maria 1861-, g. m. Olaus Berger Rasmusson, b. på Tunestveit i Haus.


1853 skøyte til sonedotter Agate Nilsdtr. for 300 spd. og kår til besteforeldra. Agate 1843-, sjå ofr., g. m. Nils Mikkelsson Dale, bnr. 18. 1833-1902.

Born:

Nils 1862-, brukar her.
Mikkel 1864-1886.
Erik 1868-, sjå nfr.
Ivar 1871-1945, fabrikkarbeidar, Odda.
OIav 1874-1957, b. i USA.
Johannes 1880-, farmar i USA.
Andreas 1886-, farmar i USA.


1890 skøyte til Nils Nilsson for kr. 1200,- og kår, verdsett til kr. 500,- i 5 år. Seljarane held seg unna bruksrett så lenge dei ynskte. Kårbrevet galdt foreldra og etter deira død, broren Erik. Nils Nilsson 1862-1941 g. m. Marta Nilsdtr. Stanghelle bnr. 1 1867-1933.

Born:

Anna Maria 1888-1924, b. her.
Dordi 1890-, sjå Johannes Myklebust, sjå ættesoge for Dale.
Nils 1891-, brukar her.
MaIena 1892-, g. m. Nils Monsson StanghelIe, b. i USA.
Mikkel d. omlag 21 år gamal.
Nilla Bertina 1895-, g. og b. i Canada.
Madli 1897-, b. i Vancouver, USA.
Johannes 1898-, b. i SeattIe, USA.
Anna 1900-, g. og b. i Canada.
Nils Martin 1902-, b. i Alberta, Canada.
Ingvald 1904-, b. i Canada.
Magnus 1907-, sjå bnr. 26.


1930 skøyte til Nils Nilsson 1891-1965, g. 1917 med Anna NiIsdtr. Helle bnr. 1 1890.

Born:

Mikal 19**-, sjå bnr. 25.
Nils Sigurd 19**-, røyrleggjar, g. m. Nora Nilsdtr. HeIIe, sjå bnr. 7.
Marta 19**-, g. m. Henrik Knutsson Mykkeltveit, b. Espeland.
Maria 19**-, sjå bnr. 28.
Borgny 19**-, sjå bnr. 31.
Birgit Agate 19**-, barnepleierske.
Nils 19**-, gardsarbeidar.

BRUK 3

Daglegnamn Kvistiane.

Gamalt løpenr. 43, brigda til 43 a då bnr. 4 og bnr. 6 vart skilde ut. Nytt løpenr. 521. Gamal landsskyld 1 sp. smør 1 ml. korn, 1/4 hud. 1694 1/2 l. 9 m. smør. 1838 2 dl. 1 ort 13 sk. (Då var bnr. 4 skilt ifrå). 1886 (etter at bnr. 6 var skilt ifrå) 1 dl. 18 sk. Ny skyld: 2,33 skm. I slutten av 1860-åra var åkervidda 5 1/6 mål. Av det var 3 1/6 mål god åker, 2/3 mål middels god. Resten var ring. Bøen var på 16 1/3 mål. Av det var 6 1/3 mål god bø, 5 1/2 mål middels god. Resten var ring. Her var ikkje dyrkingsjord. Dei sådde 2 1/2 t. havre, 3 t. poteter, og avla 12 t. havre, 15 t. poteter, 788 v. høy, 84 v. halm. Frå slåttene fekk dei 40 v. høy. Lyng og beit svara til for åt 1 ungfe. Dei fødde 1 hest, 6 storfe, 3 ungfe og 25 småfe. Frå skogen fekk dei ved og litt hustømmer. Dei kunne selja ved for 1 spd. netto årleg.


1666 var Johannes Johannesson f. omlag 1624 brukar her.

Born:

Magdeli 1652-.
Johannes 1653-.
Einar 1659-1693.
Mons 1662-, brukar her.
NiIs 1668-, brukar på bnr. 7.


1689 bygsla Mons Johannesson hjå Hermann Garman det bruket som far hans hadde hatt. Mons var lagrettemann 1704. Etter kongeleg forordning av 1719 fornya han bygsla 1720. Då var lensmann Øvste-Mjelde eigar. Mons 1662-1756 g. m. Anna Johannesdtr. Fossmark 1672-1730.

Born:

Anna 1692-1693.
Johannes 1694-, g. 1. g. m. Anna Tørresdtr. Ytre Arna, b. der. Sjå Arna sokn s. 527.
Kari 1697 g. m. Olav O. Fossmark, sjå Fossmark bnr. 5.
Jens 1699-1700.
Jens 1700-1703.
Jens 1703-1733.
Besse 1704-1725.
Gonetta f. og d. 1707.
Anna f. og d. 1708.
Einar 1709-1710.
Einar 1711-, g. m. Sigrid Johannesdtr. Stanghelle f. 1707, brukar på Rivenes i Haus.
Mons 1714-.


1744 skøyte til Mons Nilsson 1724-1800, sjå Fossmark bnr. 5. Mons kom til Helle bnr. 1 då mora Magdeli Johannesdtr. vart g. m. Anders Nilsson Helle. Mons og Anders fekk skøyte på Helle 1744. Broren Nils Nilsson fekk overta bnr. 7 med den odelsrett som Mons hadde fått kjøpa 1744. Til vederlag fekk Mons overta ein part i Ytre Songstad i Haus. 1778 fekk Mons utlagt ein part i Dale i skiftet etter Magdeli Johannesdtr. Denne parten skøytte han over til sonen Nils. Sjå nfr. bnr. 1. Nils g. 1.g.m. Gjertrud Tørresdtr. Skreien 1722-1776.

Born:

Nils 1749-, sjå bnr.1.
Gjertrud 1752-, g.m.David Andersson Stanghelle, sjå Arna s.576.
Johannes 1756-1777.
Johannes 1758-, brukar her.
Magdeli 1762-, g. m. Nils Johannesson Stanghelle, sjå Stanghelle bnr. 1.

1776 vart det halde skifte etter Gjertrud Tørresdtr. Nettosummen i buet var knapt 180 rdl. Dette bruket var verdsett til 120 rdl. Det vart utlagt med 1/2 til enkjemannen Mons, 1/6 til kvar av sønene Nils og Johannes og 1/12 til døtrene Gjertrud og Magdeli.

Mons g. 2. g. m. Anna Ellingsdtr. I skiftet etter Mons 1800 var nettoen vel 186 rdl.


1784 skøyte til Johannes Monsson frå far og syskin på dei partane dei hadde fått utlagt i skiftet 1777. Johannes fekk dessutan skøyte på odelsretten frå broren Nils. Faren Mons og stykmora Anna Ellingsdtr. skulle ha kår. Johannes 1758-1837 g. m. Kari Johannesdtr. Fossmark bnr. 5 1760-1832. Kari ervde helvta av Langhelle bnr. 6 i skiftet etter far sin 1797. Sonen Johannes overtok dette bruket.

1799 bygsla Johannes Monsson ein slåtteteig, «Slåttevika», som tilhøyrde Bruvik kyrkje.

Born:

Mons f. og d. 1788.
Marta f. og d. 1789.
Mons 1790-, brukar her.
Marta 1792-, g. m. Mons N. Stanghelle, sjå Stanghelle bnr. 1.
Johannes 1796-, brukar på Langhelle bnr. 6.
Gjertrud 1789-, sjå bnr. 4.
Nils 1803-.
Anders 1806-, g. m. Kari Ingebrigtsdtr. Dale, b. Votlo i Haus og Knapskog i Fjell.


1814 bygsla Mons Johannesson. Same året vart han utkommandert til Austlandet der han var med i felttoget mot svenskane. 1821 gav han kår til foreldra. I skiftet etter mora 1833 vart bruket verdsett til 400 spd. og vart utlagt med 1/3 til Mons, 1/3 til Johannes og 1/6 til kvar av systrene Marta og Gjertrud. Parten åt Gjertrud vart skild ut som eige bruk. Sjå bnr. 4. Dei andre partane fekk Mons skøyte på 1833. 1846 vart bnr. 6 skilt ifrå. Mons gav skøyte på dette til sonen Johannes. Mons g. m. Kari Nilsdtr. 1790--1872.

Born:

Johannes f. og d. 1820.
Kari 1821, g. m. neste brukar.
Ingeborg 1824-, g. 1855 m. Eirik Knutsson Øvsthus frå Voss, f. 1820.
Brita 1827.
Gjertrud f. og d.1829.
Johannes 1831-, sjå bnr. 6.
Marta f. og d. 1837.


1846 skøyte til Kari Monsdtr. for 300 spd. Kari 1821-1909, g. m. Mons 1818-1888, son åt Olav Monsson Byrkjeland og kona Anna Jonsdtr. Solbjørg, Gjerstad sokn. Mons hadde vore skulelærar i Gjerstad sokn. Mons og Kari var barnlause. 1850 gjorde Mons makeskifte med Anders Olsson Reigstad som overtok dette bruket. Mons fekk til vederlag eit bruk i Reigstad og eit mellomlag på 100 spd.


1851 skøyte til Johannes Nilsson frå Anders Olsson Reigstad for 400 spd. Johannes 1800-1867 var frå Helle bnr. 2, g. m. Ragnhild Johannesdtr. Dale bnr. 19, 1789-1876. Johannes og Ragnhild hadde butt ei kort tid på Helle då dei var nygifte. Sidan reiste dei til Kvisti i Haus der dei pakta eit bruk. Deretter flytte dei til Midt-Bruvik.

Born:

Agate 1822-, g. m. Sjur Jakobsson Olsnes, sjå Olsnes bnr. 1.
Johannes 1836-, brukar her.

Enkja Ragnhild Johannesdtr. g. 2. g. m. Martinus Larsson Nygård. Sjå Husmenn nfr.


1860 skifteskøyte til Johannes Johannesson for 300 spd. og kår til mora Ragnhild Johannesdtr. Johannes 1836-1868 g. 1858 m. Anna Nilsdtr. Helle bnr. 1 f. 1839.

Born:

Johannes 1860-, sjå nfr.
Johanna g. m. Knut Verpelstad, sjå ættesoge for Dale..
Nils 1865-, brukar her.

Anna Nilsdtr. g. 2. g. m. Nils Johannesson Jamne. Nils og dottera Synneva hadde kår på dette bruket frå 1897.

Born:

Johannes, vegarbeidar og vegvaktar, b. Skeie i Os.
Anders, vegarbeidar, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
Synneva, sjå ofr.
Mons, anleggsarbeidar, b. Årstad ved Bergen.


1868 skifteskøyte til Johannes Johannesson f. 1860 for takstsummen 250 spd. Då Johannes vart vaksen, emigrerte han til USA. Han overlet seinare garden til broren Nils. Sjå neste brukar.


1897 skøyte til Nils Johannesson f. 1865 g. m. Anna Nilsdtr. Stanghelle bnr. 4 f. 1892.

Born:

Johannes 19**-, brukar her.
Signe 19**-.


BRUK 4

Daglegnamn: Træet eller Hellestræet.

Gamle løpenr. 43 b og 522. Skilt frå bnr. 3 ved delebrev 1833. Gamal skyld 7 1/2. m. smør. 1838 skyld 2 ort 7 sk. 1886 0.60 skm. I slutten av 1860-åra hadde bruket 4 mål åker. Av det var 1 1/4 m. god åker, 1 4/5 m. middels god. Resten var ring. Bøen var 8 mål. 4 mål var god bø, 3 mål middels god, 1 mål var ring bø. Her var ikkje dyrkingsjord. Dei sådde 2 1/2 t. havre, 2 t. poteter og hausta 8 t. havre, 9 t. poteter, 162 v. høy, 56 v. halm. Fødnaden var 2 kyr, 1 ungfe, 3 småfe.


1833 ervde Gjertrud Johannesdtr. Helle 1/6 part av bnr. 3 i skiftet etter mora. Gjertrud 1798-1880, var g. m. Daniel Nilsson Langhelle bnr. 6 1795-1837. Dei sette seg ned som brukarfolk på bnr. 4 etter det var skilt ut som eige bruk. I skiftet etter Daniel 1837 vart bruket verdsett til 150 spd. og utlagt til sonen Johannes.

Born:

Johannes 1827-, brukar her.
Nils f. og d. 1830.
Nils 1831-, sjå husmenn.
Kari 1832-.
Borgny 1833-, g.m. Nils Johannesson Stanghelle, sjå Stanghelle bnr. 4.
Gjertrud 1835-1836.
Daniel 1836.


1837 skifteskøyte til Johannes Danielsson. 1854 vart det tinglyst kårbrev til mora Gjertrud Johannesdtr.

1876 fekk Johannes skøyte på ein part av Bruviks kyrkjeteig, mellom Fokstad og Olsnes. Ved kongeleg resolusjon av 1874 fekk Bruvik kommune løyve til å selja 2 utmarkslåtter og 1 fjellbeite her. Kyrkjeteigen vart skyldsett og matrikulert 1876, og delt i bnr. 1, 2 og 3. Bnr. 1 og 3 vart selde til brukarar på Olsnes. Johannes Danielsson kjøpte bnr. 2, gnr. 9 i Bruvik kommune, frå 1964 gnr. 115 i Osterøy kommune, skyld 0,52 skm. Denne eigedomen har sidan fylgt bnr. 4 ved overdragingane 1885, 1924, 1935 og 1971.

Johannes 1827-, g. m. Kari NiIsdtr. Helle bnr. 7 1827.

Born:

Daniel 1853-, brukar her.
Nils 1857-, sjå Dale bnr. 10.
Mons 1863-, sjå Dale bnr. 7.
Madli 1864-, g. m. Mons Stavenes, sjå Stavenes bnr. 5.
Johannes.
Gjertrud-, ug. tekstilarbeidar, b. Dale.


1885 skøyte til Daniel Johannesson 1853-1913, g. m. Ingeborg Johannesdtr. Veo bnr. 3 1847-1931. Sjå Veo bnr. 3.

Born:

Karoline 1880-.
Maria 1881-.
Synneva 1883-, g. m. Nils K. Moen, sjå nfr.
Johanne 1885-. Josefine 1888-, g. m. Hjalmar Andreas Rønhovde, sjå nfr.
Johannes 1888-.
Dortea- g. m. Haveland.


1924 skøyte til Synneva Danielsdtr. og hennar mann Nils Knutsson Moen på bnr. 4 og 5. 1934 fekk Synneva Danielsdtr. skøyte hjå Nils K. Moen på hans part.


1935 skøyte til Hjalmar Andreas Rønhovde og kona Josefine Danielsdtr. på bnr. 4 og 5. Sjå bnr. 8, 10, 11, 14 og ættesoge for Dale..


1971 skifteskøyte til Didrik Malvin Rønhovde f. 1911 på bnr. 4, 5, 8, 10, 11, 14 og gnr. 155 bnr. 2 i Osterøy kommune.


BRUK 5

Løpenr. 524 b. Skilt frå bnr. 7 1883. Skyld 2 skill. 1886 skyld 0.02 skm.

1883 skøyte til Johannes Danielsson for kr. 25.-.

1885 skøyte til Daniel Johannesson på dette og fleire bnr. Seinare skøyte, sjå bnr. 4.


BRUK 6

Daglegnamn Monsane.

Gamle løpenr. 43 og 523. Bnr. 6 var det gamle hovudbruket. Bnr. 3, 4 og 6 vart skilde ut ved skylddelingsforretning 1846. Gamal skyld 7 1/2 m. smør, 5 k. malt og 5/48 hud. Ny skyld 1 dl. 19 sk. 1886 2,33 skm. 1956 2,32 skm. I slutten av 1860 åra var det på dette bruket 5 1/6 mål åker. Av det var 3 1/6 mål god åker, 2/3 middels god, resten var ring. Bøen var på 15 5/6 Av det var 6 1/3 mål god bø, 5 mål middels god, 4 1/2 mål ring bø. Her var 1 mål dyrkingsjord. Dei sådde 2 1/2 t. havre, 3 t. poteter og hausta 12 t. havre, 15 t. poteter 753 v. høy, 84 v. halm. Frå slåttene fekk dei 40 v. høy. Lyng, belt og skav svarar til for åt 1 ungfe. I skogen var det nok til ved og litt hustømmer og dei kunne selja ved for 1 spd. netto årleg. Bruket var middels godt dyrka.


1850 skøyte til Johannes Monsson frå faren Mons Johannesson for 100 spd. og kår til foreldra. Sjå bnr. 3. Johannes 1831-1888 var g. m. Marta Steffensdtr. 1826-1882.

Born:

Kari 1856-, sjå Østen Lund, sjå ættesoge for Dale.
Mons 1860-, brukar her.
Steffen 1866- b. Dale.


1888 skøyte til Mons Johannesson frå dei myndige og sjølvskiftande arvingane i buet åt Johannes Monsson. Mons 1860-1944 var g. m. Kari 1858-1950, dtr. åt bonde Anders Larsson Skår og kona Kari.

Born:

Johannes 1886, brukar her,
Marta 1887-, b. i USA.
Anders 1889-, sjå eigarliste Stanghelle bnr. 15.
Anna 1891-, g. m. Ole Jakobsson Stanghelle, b. Helle bnr. 22.
Johan 1892-1950 ug. gardsarbeidar, b. her.
Steffen 1894 -1963.
Ingeborg 1897- hushaldar på bnr. 15.
Magnus 1899- snikkar, sjå bnr. 15.
Mons 1901-, anleggsarbeidar sjå bnr. 15.


1925 skøyte tiI Johannes Monsson 1886-1964 g. m. Anna 1895-, sjå Jakob Stanghelle bnr. 7 og 11.

Born:

Klara 19**-, tekstilarbeidar, Dale.
Kristian 19**-, brukar her,
Jakob 19**-, tekstilarbeidar, Dale.
Mons 19**-, baneformann i NSB, sjå bnr. 23.


1955 skøyte til Kristian Johannesson f. 19**, g. m. Sigfrid f. 19**, sjå Sigurd Zakariassen, ættesoge for Dale.

Born: Jørn 19**-. Steinar 19**-. Øystein 19**-.


BRUK 7

Daglegnamn: Nilsane.

Gamle løpenr. 44 og 524. Gamal skyld 18 m. 1 ml. malt 1/4 hud. 1838: Gamal skyld 1 bismarp. 21 m. smør. Ny skyld 2 dl. 3 ort, 21 sk. 1886 4,66 skm. 1956 4.65 skm.

I slutten av 1860-åra var det på dette bruket 10 1 /3 mål åker. 6 1 /3 mål var god åker, 1 1/3 middels god, 2 2/3 mål var ring åker. Bøen var på 42 1/6 mål. Av det var 12 2/3 mål god bø, 10 mål middels god, resten var ring. Her var 2-3 mål dyrkingsjord. Dei hådde 5 t. havre, 5 t. poteter og hausta 22 t. havre, 25 t. poteter, 1120 v. høy, 154 v. halm, og sanka lyng, beit og skav tilsvarande 1 kufor. Frå slåttene fekk dei 75 v. høy. I skogen hadde dei nok hustømmer til heimebruk og av ved kunne dei, attåt det dei brukte heime, selja for 6 spd. netto årleg. Bruket var middels godt dyrka.


1701 var Nils Johannesson brukar her. Nils 1668-1716 var frå Helle bnr. 3, g. 1699 med Jorunn Johannesdtr. Dalseid, 1672-1726. I Major Storms Rulle 1711 står det om Nils at han har tent som postkar, men ikkje vore soldat.

Born:

Johannes 1699-,
Anna 1701-,
Nils 1702-,
Johannes 1705-,
Einar 1708-, g. 1734 m. enkja Agate Larsdt. Brakvatne.
Gunhild 1710-, g. 1742 m. Fabian N. Hundhamar, Haus.


1717 bygsla Johannes Ingebrigtsson 1691-1744. Han var frå Hesjedal i Stamnes, g. 1. g. 1717 med enkja etter den førre brukaren her, Jorunn Johannesdtr. Dei hadde ikkje born. Johannes g. 2. g. 1728 med Kari Hallsteinsdtr. Ytre-Boge bnr. 4 1708-1788. Johannes var lagrettemann 1736.

Born:

Jorunn 1729-, g. 1752 m. ekm. Johannes O. Bukkstein.
Johannes 1731-1732.
Olav 1733-, brukar på Dale bnr. 14.
Ingeborg 1736-, g. 1. g. m. Johannes Tørresson Vaksdal bnr. 5, g. 2. g. m. OIav I Dale bnr. 8.
Johannes f. og d. 1740.
Johannes 1741-, brukar på Dale bnr. 6.
Johannes 1744-1758.


1744 makeskøyte til Nils Nilsson f. 1727 i Fossmark. Nils var son åt MagdeIi Johannesdtr. Øvste-MjeIde i hennar 2. ekteskap med Nils Monsson Raknes. Sjå Fossmark bnr. 5. I skiftet etter faren fekk Nils Nilsson eit bruk i Vaksdal som Magdeli hadde ervt etter far sin, lensmann Johannes Øvste Mjelde. Nils Nilsson ville gjerne byte dette bruket mot eit bruk i Helle. Han gav som grunn at han gjerne ville bu i nærleiken av mor si. Anders Nilsson gjekk med på makeskiftet og skreiv i skøytet at «han imøtekommer stedsønnens attraa af kiærlighed baade til sin kone og sin stedsøn».

1745 gifte Nils seg med enkja etter den førre brukaren, Kari Hallsteinsdtr. I deira brukartid vart det bygt nytt bustadhus. Det var ei glasstove som er nemnd i skøytet til neste brukar 1774. I skiftet etter Kari 1788 var nettosummen vel 190 rdl.

Born:

Brita 1747-1791, g. m. Olav Dale, sjå Dale bnr. 8.
Nils 1750-1829, brukar her.


1774 skøyte til Nils Nilsson for 90 rdl. Nils 1750-1829 var g. m. Magdeli Johannesdtr. Stanghelle bnr. 1 1753-1810. Ved skiftet etter Magdeli 1810 var nettosummen i buet 161 rdl. 2 ort og 8 sk. Sylvet i buet var verdsett til mest 39 rdl, koparen til 45 rdl. og krøtera til vel 42 rdl.

Born:

Johannes 1776-, brukar her.
Nils 1777-, g. m. Gjertrud Halvorsdtr. Dale, bnr. 1, b. Indre-Bruvik bnr. 13.
Mons 1779-, brukar på Dale bnr. 9.
Anders 1780-1785.
Kari 1782-, g. m. Knut M. Indre-Boge, sjå Indre-Boge bnr. 1.
Olav 1784-, g. m. Anna A. Sæterdal, sjå ættesoge for Indre-Boge. .
Anders 1786-, g. m. Helga Nilsdtr. Stanghelle, sjå Indre-Bruvik bnr. 3.
Helga 1789-1790.
Helga 1791-, g. m. Haldor H. Dale, sjå Dale bnr. 21.
Brita 1792-, g. m. Mikkel M. Kyrkje-Bruvik, sjå Kyrkje-Bruvik og Seilæ bnr. 9.
Brita 1796-, g. 1840. m. husmann Gudmund Gudleikson Midt-Mjelde, b. Leikneset, Hausvik. Sjå Haus s. 184.


1802 skøyte til Johannes Nilsson for 100 rdl. og kår til foreldra. Johannes 1776-1848 var g. m. Kari Haldorsdtr. Dale bnr. 1 f. 1774. Dei første åra dei var gifte bygsla dei halve farsbruket hennar på Dale.

Born:

Nils 1803-, brukar her,
Haldor 1805-1829.
Anders 1806-, g. 1836 med Kari Ingebrigtsdtr. Dale bnr. 1. b. Votlo i Haus.
Johannes 1810- g.1832 m. Brita Johannesdtr. Tysso.
Ingebrigt 1812-, g. m. Anna Olsdtr. Indre-Bruvik, sjå Indre-Bruvik br. 4.
Kari 1815-, g. 1. g. med Jon Johannesson Fossmark brn. 1. b. Votlo i Haus, g. 2. g. m. Thomas J. Vassdal, bnr. 2.
Olav 1819-.
Nils 1820, brukar i Vassdal på bnr. 2.
Anders og Brita, tvillingar, f. og d. 1821.
Haldor 1826-1829.


1829 skøyte til Nils Johannesson for 90 sylvspd. og kår til foreldra. Nils 1803-1879 vart g. 1827 m. Magdeli Monsdtr. Dale bnr. 9 1807-1866. I skiftet etter Magdeli var nettosummen 289 spd.

Born:

Kari: 1827-, g. m. Johannes D. Hellestræ, sjå bnr. 4.
Johannes 1829-, brukar her.
Brita 1830-, g. m. Mons N. Helle bnr. 1.
Mons og Haldor, tvillingar, f. og d. 1832.
Mons 1833-1844.
Maria 1837-, g. m. Johannes Johannesson Knappskog.
Nils 1839-.
Kari f. omlag 1840, g. m. Olav Monsson Morland, Fjell.
Magdeli 1842-1859.
Mons 1848, b. i USA. Synneva 1856 - g. m. Knut Olsson Faugstad, sjå Stanghelle bnr. 3.


1855 skøyte til Johannes Nilsson for 320 spd. og kår og med atterhald om gjenkjøpsrett. Johannes 1829-1892 vart g. 1853 med Magdeli Nilsdtr. Helle bnr. 1 1832-1922.

Born:

Nils f. og d. 1854.
Magdeli, b. i Iowa, USA.
Nils 1857-, brukar her.
Nils 1859-, b. i USA.
Johannes 1862-, farmar i USA.
Mons 1865-, vegvaktar, b. Dale og Odda, g. 1892 m. Madli Knutsdtr. Hundhamar, Haus.
John 1865-, sjå ættesoge for Dale..
Haldor 1867-, g. m. Borgni Nilsdtr. Stanghelle bnr. 4, f. 1872. Sjå også Stanghelle bnr. 1.
Ola 1871-, ug., dreiv omfarshandel, ei tid forretning i Os saman med Ole Moberg.


1885 skøyte til Nils Johannesson for kr. 1200.- og kår til foreldra. Nils 1857-1927 g. 1. g. m. Madli Nilsdtr. Stanghelle bnr. 1 1857-1880.

Born:

Madli 1879-, g. m. Johannes Knutsson Hundhamar Vikno i Haus.

Nils g. 2. g. m. Ingebjørg 1861-1944, dtr. åt Oleiv Knutsson Grimastad, b. på plasset «Sauesteigane» under Narheim og kona Steinvor Olsdtr. f. Liland, Voss. Steinvor hadde kår på dette bruket frå 1886 til ho døydde 1897. Sjå Vossaboki IV s. 521.kg

Born:

Johannes 1886-1952, jarnbanearbeidar, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
Klaus 1887 -1938, sjå bnr. 12.
Nils 1890-, brukar her.
Brynjulv 1892-, fabrikkarbeidar, b. Eitrheimsneset, Odda.
Stina Maria 1895-, g. m. appreturmeister Johannes Haugland, Dale, bnr. 254.
Johanna 1898-, g. m. mylnearbeidar Olai Jamne, Vaksdal.
Olav 1900-, ug. b. Seattle, USA.
Mons 1903-, sjå ættesoge for Dale.
Martin 1906-, sjå ættesoge for Dale.


1924 skøyte til Nils Nilsson, f. 1890-, g. m. Anna Amanda Nilsdtr. Fossmark bnr. 3 1896-1972.

Born:

Ingeborg 19**-, g. m. bygningssnikkar John Hanevik, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
Margit 19**-, g. m. ingeniør Torvald Sætre, Bergen.
Nora 19**- g. m. røyrleggjar Nils Sigurd Helle, sjå nfr.
Nelly 19**- sjå Henrik Breistein, sjå ættesoge for Dale.
John 1927-1949.
Annlaug 19**-, sjå bnr. 27.


1961 skøyte til Nora og Nils Sigurd Helle. Nora f. på bnr. 7 19** og Nils Sigurd f. på bnr. 2 19**.

Born:

Svein 19**-, sjå bnr. 36.
Jane 19**-, g. m. vegarbeidar Jan Eivind Simmenes, b. her. Sjå Sigurd Simmenes, ættesoge for Dale.

BRUK 8 SOLVANG

Skilt frå bnr. 4 1922. Skyld 0.03 skm.

Heimel har Didrik Malvin Rønhovde. Sjå bnr. 4, 5, 10, 11 og 14.


Leigebuar: Fossmark Nils 19**-, jarnbanefullmektig, son åt Samueline og Johannes Fossmark bnr.10, g.m. Anna 19**-, dtr. at Anna og Ole Stanghelle, Helle bnr. 22.

Born:

Ole-Johannes 19**-.


BRUK 10 ØYRATANGEN

Skilt frå bnr. 4 1924. Skyld 0.01 skm. Heimel har Didrik Malvin Rønhovde. Sjå bnr. 4, 5, 8, 11 og 14.


BRUK 11 NØSTTOMTEN

Skilt frå bnr. 4 1929. Skyld 0.01 skm. Heimel har Didrik Malvin Rønhovde. Sjå bnr. 4, 5, 8, 10 og 14.


BRUK 12 FOSSHEIM

Skilt frå bnr. 7 1932. Skyld 0.01 skm. Skøyte 1934 til Klaus Nilsson Helle bnr. 7 1887-1938, bygningssnikkar og kalkverksarbeidar, b. Skaftå. Enkja Anne Marie Helle sat i uskift bu til ho døydde 1961.


1965 skøyte frå Malvin Helle til halvsyskin og medarvingar Nils Gerhard Helle f. 19**-, Martha Helle f. 19**-. Ingeborg Unneland f. 19** og Konrad Malvin Helle f. 19**.


BRUK 13 FREDHEIM

Skilt frå bnr. 2 1932. SkyId 0.01 skm. Heimel har Nils N. Helle d.y. Sjå bnr. 2.


BRUK 14 NEDRE SOLVANG

Skilt frå bnr. 4 1936. Skyld 0.02 skm. Heimel har Didrik Malvin Rønhovde. Sjå bnr. 4, 5, 8, 10 og 11.


BRUK 15 FJELLHAUG

Skilt frå bnr. 2 1936. Skyld 0.01 skm. Skøyte 1937 til Magnus Monsson Helle 1899-, snikkar, og broren Mons Monsen Helle 1901-, anleggsarbeidar. Sjå bnr. 6.


BRUK 16 NYDAL

Skilt frå bnr. 2 1942. Skyld 0.52 skm.

1942 skøyte til Magnus Nilsson Helle.

1947 skøyte til broren Nils Nilsson Helle. Sjå bnr. 2.


BRUK 17 KVERNKNURRHAUGEN

Skilt frå bnr. 1 1943. Skyld 0.04 skm.

1944 skøyte til Oskar Svendsen.


BRUK 18 KNATTEN

Skilt frå bnr. 2 1948. Skyld 0.01 skm.

1961 skøyte tiI John Mathias Helle. Sjå bnr. 26.


BRUK 19 ØYRATEIGEN

Skilt frå bnr. 1 1951. Skyld 0.03 skm. Heimel har Mons B. Helle. Sjå bnr. 1 og 20.


BRUK 20 KÅRTUN

SkiIt frå bnr. 1 1951. Skyld 0.02 skm. Heimel har Mons B. Helle. Sjå bnr. 1 og 19.


BRUK 21 SJØTUN

Skilt frå bnr. 4 1952. Skyld 0.01 skm.

1953 skøyte til Ingolf Magnus Rønhovde f. 19**. Sjå Hjalmar Andreas Rønhovde, ættesoge for Dale.


BRUK 22 FJELLHEIM

Skilt frå bnr. 2 1954. Skyld 0.01 skm.


1955 skøyte tiI Jakob Olsson Stanghelle og kona Eldbjørg. ForeIdra åt Jakob, jarnbanevaktar Ole Jakobsson Stanghelle bnr. 11 1887-1960 og kona Anna f. Helle bnr. 6 1891 har også vore busette her.

Born:

Anna 19**-, g. m. Nils Fossmark, sjå Helle bnr. 8.
Kari Margrete 19**-, g. m. kontorsjef Andreas Bondevik, b. Fana.
Aslaug 19**-, sjukepleiar, b. Bergen.
Jakob 19**-, sjå nfr.
Ingrid 19**-, b. Eidsvåg i Åsane, g. m. ingeniør Arthur HjeImeland. Sjå Lars Hjelmeland, ættesoge for Dale.


Jakob O. Stanghelle 19**-, sjå ofr., snikkar, g. m. Eldbjørg 19**-, dtr. åt bonde Henrik Jensen, Lofoten, og kona Linda f. Danielsen.

Born: Rune 19**-.


BRUK 23 ÅTUN

SkiIt frå bnr. 6 1955. Skyld 0.01 skm.


1955 skøyte tiI Mons Johannesson Helle 19**-, sjå bnr. 6, arbeidsformann ved NSB, g. m. Audhild 19**-, dtr. åt Anna og AkseI Olsen, Borgfjord i Lofoten.

Born:

Sture 19**-.
Beate 19**-.
Anna-Lise 19**-.


BRUK 24 HAUGTUN

Skilt frå bnr. 1 1957. Skyld 0.03 skm.


1959 skøyte til Nils Monsson Helle 19**-, sjå bnr. 1, snikkar g. m. Gudrun Johanne 19**-, dtr. åt gardbrukar Georg Olai Eggøy og kona Oline Dorthea, Fitjar.

Born: Jofrid Margrete 19**-. Georg Ove 19**-. Vigdis Irene 19**-.

BRUK 25 FJORDTUN

Skilt frå bnr. 2 1957. Skyld 0.01 skm.


Skøyte 1957 tiI Mikal Nilsson Helle 19**-, sjå bnr. 2 tekstilarbeidar, g. m. Ingebjørg 19**-, dtr. åt gardbrukar Nils Th. Midtun og kona Ingebjørg, Vossestrand.

Born: Åshild 19**-. Jan 19**-. Bjørn 19**-.


BRUK 26 KNATTEN I.

SkiIt frå bnr. 2 1961. Skyld 0.01 skm.


1961 skøyte til John Mathias Helle f. 19**.


Her bur Magnus HeIle 1907-, tekstilarbeidar, son åt Marta og Nils HeIIe bnr. 2, g. m. Anna Kristine 1913-, tekstilarbeidar, dtr. åt Jakob Nygård frå Modalen, b. Rasdal i Evanger, og kona Agate Olsdtr. f. Rasdal.

Born:

John Mathias 19**-, sjå nfr.
WilIy 19**, anIeggsarbeidar, g. m. Marie 19** dtr. åt Marie og Johannes Betti, Lyngen, Troms.


Helle John Mathias Magnusson 19**-, sjå ofr., reperatør, g. m. Annhild 19**-, dtr. åt fiskar HedIøy Johansen og kone Hansine, b. Finnkroken, Tromsø.

Born:

Jostein 19**-.
Mona 19**-.
Trond 19**-.


BRUK 27 BJØRKELUND

Skilt frå bnr. 7 1962. Skyld 0.01 skm.


Skøyte 1962 til Arthur Solberg 19**-, landpostbud, son åt Sofie og Bernhard Solberg, Dale, g. m. Annlaug 19**-, dtr. åt Anna og Nils Helle bnr. 7.

Born: Bjørg Sofie 19**-, g. m. kontorassistent Ole Faugstad frå Vaksdal, b. Fossmark.


BRUK 28 VIKA

Skilt frå bnr. 2 1962. Skyld 0.01 skm.


Skøyte 1962 til Maria Midtun 19**-, dtr. åt Anna og Nils Helle bnr. 2, g. m bygningssnikkar Torbjørn Midtun, son åt gardbrukar Nils Midtun og kona Ingebjørg, Vossestrand.

Born:

Nils Inge 19**-.
Anna Tove 19**-.


BRUK 29 TONA

SkiIt frå bnr. 2 1962. Skyld 0.01 skm.

1962 skøyte til Stig Roar Vinjar f. 19**.


BRUK 30 FREDHEIM

Skilt frå bnr. 4 1963. Skyld 0.03 skm.

1963 skøyte til Ingolf Rønhovde. Sjå bnr. 21.


BRUK 31 FJELLHAMAR

Skilt frå bnr. 2 1965. Skyld 0.01 skm.


1965 skøyte til Hjalmar Thorsen 1927-1972, tekstilarbeidar, f. i Lurøy, g. m. Borgny 19**-, dtr. åt Anna og Nils Helle bnr. 2.

Born:

Anne Kari 19**-.
Evy Charlotte 19**-.


BRUK 32 PLETTEN

Skilt frå bnr. 2 1965. Skyld 0.01 skm.

1966 skøyte til Jakob Olsson Stanghelle. Sjå bnr. 22


BRUK 33 SYSKINBORG

Skilt frå bnr. 1 1967. Skyld 0.01 skm.

1969 skøyte til Åslaug Helle f. 19** og Solveig Helle f. 19**. Sjå bnr. 1.


BRUK 34 SJؘGLYTT

Skilt frå bnr. 2 1969. Skyld 0.01 skm.

1970 skøyte til Nils Milde. Sjå ættesoge for Dale..


BRUK 35 HELLETUN

Skilt frå bnr. 2 1969. Skyld 0.01 skm.

1970 skøyte til Adele Ingeborg Gullerud f. Brudvik. Sjå John J. Brudvik, ættesoge for Dale.


BRUK 36 SANDBAKKEN

Skilt frå bnr. 7 1970. Skyld 0.01 skm.


1970 skøyte til Svein Helle 19**-, maskinførar, sjå bnr. 7, g. m. Gunn 19**-, dtr. åt entreprenør Bendik Amundsen, Vaksdal og kona Doris f. Pettersen.

Born:

Johnny 19**-.


HUSMENN.

Den fyrste husmannen ein kjenner til på Helle, heitte Sæbjørn Pedersson f. omlag 1604. Han var son åt ein av brukarane på garden. Sjå avsnittet Brukarar før 1700. Sæbjørn var husmann 1666. Av borna er desse kjende: Olav ca. 1635-, sjå nfr. Kari, g. m. Anders Nilsson Helle. Sjå Brukarar før 1700.


1701 var Olav Sæbjørnsson husmann og budde på ein stad dei kalla Stølen. Olav 1635-1716 hadde desse borna: Olav. Mikkel 1679-1719, husmann på Helle, oppførd som børseskyttar i major Storms soldatliste 1711, miste livet ved drukningsulukke på Follevik. Brita, g. m. Tallak Jensson Helle, sjå nfr.


1713 vart Tallak Jensson Helle g. m. Brita Olsdtr. sjå ofr. Tallak var son åt brukaren Jens Pedersson. Sjå Brukarar før 1700. Tallak budde ei tid på Breistein, men kom heimatt og fekk seg eit plass under bnr. 2. Hustufta hans vert framleis kalla Tollåkje.

Born:

Jens 1715-.
Magdeli 1718-.


1840 vart plasset Utgjerdshaugen bygsla bort til Martinus Larsson Nygård frå Hosanger, f. omlag 1795 d. 1845, g. 1830 m. enkja Ragnhild Johannesdtr. Helle bnr. 3 Dei budde ei tid i Fossmark. Dei døydde båe i ein koppeepidemi 1844-45. Jordstykket deira vart sidan heitande Martinshaugen.


1861 vart Nils Danielsson Hellestræ husmann her. Nils f. på Helle bnr. 4 1831 d. 1900 var g. m. Marta Mikkelsdtr. Langhelle bnr. 3 1830-1889. Dei budde på Indre Boge nokre år før dei kom hit.

Dei fekk leiga nokre åkrar og husgrunnar på bnr. 2. Husa deira stod i gamletunet. Dei fødde ei ku og nokre sauer. Slåtter leigde dei hjå Dale-bøndene. Slåttene låg på sørsida av Dalevågen og vart kalla Tødna.

Nils var spelemann og dreiv omfarshandel med ull, filler m.m.

Born:

Daniel f. og d. 1856.
Daniel 1857-, sjå Daniel Helle, ættesoge for Dale.
Brita 1858-, g. 1901 m. jarnbanearbeidar Olav Jakobsson, Vaksdal,
Mikkel 1860-.
Nils f. og d. 1861.
Nils f. og d. 1864.
Johannes 1865-.
Kari 1870-, g. m. Olav Jakobsson Vaksdal. (Olav g. 2. g. m. Brita, syster åt Kari. Sjå ofr.)


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy