Gnr. 3 Blomdal

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band II


Gards og ættesoge for Blomdal.


GNR. 3 BLOMDAL


Innhaldsliste

INNLEIING

Blomdal ligg i dalføret aust for Storavatnet. I dette dalføret ligg dei tre vatna Blomdalsvatnet 185 m.o.h., Midtvatnet 176 m.o.h. og Sagtjørna 154 o.h.

Gardsnamnet vart 1661 og 1694 skrive Blombdall. 1667 og 1723 vart det skrive Blomdal. Bygdemålsforma er blómdalen. Det vert i Norske Gaardnavne tolka slik: «Navnet synes at være sms. med Blom m. (i Stedets Dialekt blómm) Bregne, da denne Plante voxer her i stor Mængde.» Elles nemner NG ein teori om at fyrstelekken i Blomdal og Blødal kan vera avleiingar av eit elvenamn, men denne teorien synest å ha lite for seg.

Blomdal grensar på alle kantar mot Mjelde skipreides Allmenning, så nær som i nordaust. Her grensar Blomdal mot Hesjedal. Grensa mellom dei to gardane tek til i Nedre Melkinghaug og går nedover til tjørna Langrova. Frå Langrova renn det ein bekk ned til Fitjabotnen. Grensa fylgjer denne bekken og går vidare etter elva over Træafossen og ned til Torvevatnet ved brua åt bruket Midttun, Blomdal bnr 4. Denne grensa er også soknegrense mellom Bruvik og Dale sokner.

Grensa mellom Blomdal og Allmenningen fylgjer vasskilet frå Nedre Melkinghaug til grensa endar i Midtvatnet. På søraustsida går grensa frå Midtvatnet etter den gamle vinterkøyrevegen opp i Blomdalsvatnet. Vidare etter Blomdalsvatnet til eit gjel der grensa fylgjer bekken til Svartetjørn. Vidare fylgjer grensa elva som renn or Svartetjørn til Torvevatnet, der grensa mot Hesjedal tek til.

Ei segn fortel om den fyrste som busette seg i Blomdal. Ei ung gjente hadde kome bort frå folket sitt. Gjenta gjekk med barn. Ho heldt seg løynd i skogen ein stad som no høyrer til Blomdals eigedom. Denne gjenta fann dei seinare ihelslegen av bjørn. Dei fann også eit gutebarn i ein haug nedanfor Midtvatnet. Bjørnen hadde ikkje drepe barnet då han drap mora. Guten voks opp og vart heitande Olav. Han var den fyrste som budde i Blomdal. Staden der han var funnen vert kalla Olshovden den dag i dag. Sjå brukarsoga nedanfor.

Garden var rudd i Allmenningen, der Kongen vart rekna som grunneigar. Brukarane i Blomdal var leiglendingar under kruna til 1732. Då vart det gjeve kongeskøyte til brukaren Johannes Olsson. Seinare har brukarane yore sjølveigarar.

1723 vert det gjeve desse opplysningane om garden:

«Kongen tilhørende med Bøxel. Furreskoug til hussfornødenhed, intet Sætter… ligger fra Søen 5 fieredeel Miil og fleste Aar ei faar Korn, ligger fra Bergen 5 1/4 Miil. Haver ingen anden Næring at leve af end Avlingen og ei kand benøttige sig Skougen for uføre».

1793 vart garden delt for fyrste gong i 2 jamstore bruk. 1815 vart dei to bruka slegne ihop att. Utover på 1800-talet vart det teke opp 3 husmannsplass: Heggebø ved Midtvatnet, Kinndal eller Kalltreet ved Blomdalsvatnet og Treet ved Torvevatnet. Desse tre plassa vart grunnlaget for sjølvstendige bruk. Heggebø gjekk inn som ein del av bnr. 2 Heggebotnen, som vart frådelt 1846. Bnr. 3 Kinndal vart frådelt 1900. Bnr. 4 Midttun ved Torvevatnet vart frådelt 1919.

Tunet på hovudbruket ligg i lia vest for Blomdalsvatnet. Det gamle tunet på garden låg noko høgare oppe, på ein stad dei kallar Haugen. Kring 1865 vart husa flytte dit dei står no. Olav Hansson, brukar 1793-1815, bygde stovehus med vindaugo. Glasstova er nemnd 1815. Dette året skøytte Olav garden frå seg, men glasstova tok han unna til eigedom for seg og ervingane sine.

Bustadhuset på bnr 1 har to stover. Den vestre stova er eldst. Ho var fyrst brukt til matbu og er bygd av rundtømmer. Tømmerveggene er no kledde med panelingsbord. Den austre stova er vel 100 år gamal. Mellom dei to stovene var det før ein gang med ein stor skorstein. Gangen er no delt i tre. Det eine romet er kjøken. Ovanpå er det tre rom: bualemmen, stovelemmen og utelemmen.

Bustadhuset på bnr 2 Heggebotnen er bygt 1909. Her er og gamal byggeskikk fylgd. Huset har ei stove i kvar ende, kjøken og gang i midten. Over kvar stove er det lem, i midten ein utelem. Nytt uthus på bnr. 1 1945. Før stod fjøs og løe etter einannan, og dei stod nærare stovehuset enn den nye driftsbygnaden gjer. Det gamle fjøset hadde vore flytta. I 1870-åra vart det påbygt eit omfar fordi det var så lågt under taket. I Heggebotnen finst det også eit geithus. På bnr. 3 Kalltre hadde dei eit mura fjøs. Murane var av grov stein og var tetta med torv.

1863 var her omlag 12 1/2 mål åker på heile garden. 2 mål var god åker, og denne åkerjorda låg på hovudbruket. 4 1/6 mål var middels god åker. Resten av åkervidda var ring. Akrane på hovudbruket heiter Storåkeren, Nyåkeren, Kusalaklonæ og Løyningen. Løyningen ligg lengst nord. I Heggebotnen heiter åkrane Steinåkeren, Dalåkeren og Nybrotet.

Det vart dyrka ikkje så lite korn på 1800-talet. 1863 var sånaden 7 1/2 t. og dei avla 31 t. Vel halvparten, 17 t., hausta dei på bnr. 1. Kornavlinga på bnr. 1 skal ha vore oppe i 20 t., men etter hundreårsskiftet har 7-8 t. yore det meste. Kring 1925 vart det slutt med korndyrkinga. Då var her så mykje hjort at dei fann det lite lønt å dyrka korn. «Hjorten hausta kornet vårt», sa ein av dei gamle brukarane.

Bøen vart 1863 rekna til 106 5/6 mål. 6 mål var god bø. 16 2/3 mål var middels god. Resten av bøen var ring. Matrikkelkommisjonen meinte at det var noko dyrkingsjord på bnr. 1, men fann ikkje dyrkingsjord på bnr. 2. I Heggebotnen har det likevel vore noko nydyrking, slik at bøen no er mest 30 mål.

Ovanfor husa på bnr 1 er ein liten flate som dei kallar Luren. Ordet er elles nytta om den hjellen som kvernsteinane ligg på i kvernhuset. Når ordet vert brukt som stadnamn, er det gjerne om ein stad som er forma som ein hjell. Jfr. Gardsnamnet Luren i Evanger. Andre teignamn på bnr 1 er Husateigen og Flisamyra lengst nord. Sidan kjem Sørehjellen, Vassbakken og Bergåkrane.

Ein del av vinterforet sanka dei i utmarksslåtter. 1863 fekk bnr. 1 30 v. høy frå slåttene, bnr. 2 10 v. høy. I fleire av slåttene var det utløer. Bnr. 1 hadde m.a. utløe i Skålbotnen. Bnr. 2 hadde utløer på Hakanesstølen og Moltestallen. Ei av slåttene, Hjellane, var vilkårsteig.

Om skogen heiter det 1723 at han ligg i uføre og difor ikkje kan nyttast. 1863 vart skogen verdsett høgre. Her skulle vera nok til ved, hustømmer og never til husbruk. Beitet som høyrde til bnr. 1 vart 1863 verdsett såleis: «Havnegang ved Gaarden af god Beskaffenhed og tilstrækkelig.» Beitet som høyrde til bnr. 2 var av «middels god Beskaffenhed og tilstrækkelig.»

Fisket i Blomdalsvatnet er delt mellom bnr. 1 og 3. Bnr. 2 driv noko fiske i Midtvatnet. Det er segn om at dei i eldre tid fanga fisk i teiner eller kiper.

Båe bruka hadde hevd på kvernstøe 1863. Dei hadde kvernhuset sitt på Eide ved elva Fjellfuten. På kverna mol dei både kjøpekorn og heimeavla korn. Bnr. 1 har sagbruk på Flisamyra. Ei tid dreiv bnr. 1 og 3 sagbruk i lag.

Blomdal ligg i nedslagsfeltet åt Herlandsvassdraget, som renn frå Storavatnet ut i sjøen ved Fotlandsvåg. 1904 vart det tinglyst ekspropriasjon og semjer med rett for Lyder Holm og hans ettermenn på Fotland til å byggja stemme og gjera demningen høgre ved Storavatnet. 1916 vart det gjeve skøyte til Hosanger kommune på vassrettar og festerettar frå dødsbuet åt Lyder Holm. Desse rettane vart 1917 overdregne til Hosanger, Haus og Hamre kommunale kraftverk, som fekk konsesjon på regulering av Herlandsvassdraget 1919. 1921 vart det tinglyst overekspropriasjon over dei grunn- og vassrettar som var naudsynlege for kraftverket til å gjennomføra konsesjonen. 1952 vart kraftlinene regulerte.


SKYLD, UTREIDSLER, FOLKETAL, FØDNAD, AVLING.

Gamalt matr.nr. 36 i Mjelde skipreide. 1838 matr.nr. 34, 1853 matr.nr. 136. 1886 gardsnr. 14 i Bruvik herad. 1964 gardsnr. 3 i Vaksdal herad. Landskylda var 1 pund smør eller 24 merker 1661, 1666 og 1802. 1694 og 1718 er landskylda 12 merker smør. 1692, 1700 og 1774 1 rd. i pengar. 1838: 4 ort 17 sk. 1886: 3,11 skm. Skatteskyld 1774 12 m. smør. Matrikkeltakst 1692 og 1723 12 m. smør. Leidang, fredtoll, gjengjerd, vedpengar: 1 sk. 1665. Same året småtiend 1 sk. 1 hvid. Folketal: 1865 23 menneske. 1967 12 menneske. Sånad og avling: 1723 sådde dei 1/2 t. korn og hausta 1 1/2 t. 1863 sådde dei 7 1/4 og avla 31 t. havre. Av poteter sådde dei 8 1/2 og avla 41 t. Dei hausta 894 v. høy og 168 v. halm. Frå slåttene fekk dei 40 v. høy. (Høy og halm på husmannsplassar ikkje medrekna). Lyng til 1 kufor på bnr. 1, elles ikkje. Fødnad: 1666 6 storfe, 1 hest. 1723 4 kyr, 2 ungnaut, 9 sauer. 1865 13 kyr, 2 ungfe, 38 sauer, 21 geiter.


BRUKARAR FØR 1846

1645 var Olav brukar i Blomdal. Tidlegare brukarar kjenner ein ikkje til, og det er rimeleg å tru at Olav var den fyrste brukaren her. Segna om nybrotsmannen Olav, som er nemnd ovanfor, går truleg tilbake på ei historisk hending.


1661 var Mons Olsson brukar. I manntalet 1666 er alderen hans 26 år, og han skulle då vera fødd omlag 1640. Det er rimeleg å tru at han var son åt den fyrste brukaren. Mons er nemnd i fleire rettsaker. 1665 vart han stemnd for retten av Magne Byrkjeland. Magne gjorde dette på vegne av seg sjølv og andre som hadde bruksrett i Allmenningen. Mons vart skulda for ulovleg skoghogst og for at han hadde ført tømmeret bort, endå dei andre hadde lagt ned forbod. Mons vedgjekk at han hadde hogt nokre stokkar, men sa at han ikkje hadde ført tømmeret bort. Det låg enno på staden, påstod han. Korleis utfallet av denne saka vart, kjenner me ikkje til, då kjeldene vantar. 1667 var det Mons som stemnde ein av grannane sine for retten. Mikkel Hakanes hadde overfalle han på kyrkjebåten til Stamnes, påstod Mons. Mikkel vart stemnd for retten to gonger, men møtte ikkje. Han måtte difor bøta stemnefall med 1/2 rdl.

Born:

Knut 1663-.


1692 heitte brukaren Olav. Om han finst det mest ingen opplysningar. 1694 vart Brita Jakobsdtr. Blomdal gravfest. Marta Olsdtr. Blomdal vart g. 1699 m. Torkjell Jonsson Løtveit, Hosanger. Brita Olsdtr. Blomdal 1659 vart gift med neste brukar. Korleis skyldskapen var mellom desse personane som her er nemnde, er det vanskeleg å seia noko heilt visst om. Brita og Marta kan vera døtre åt den fyrste brukaren.


1694 var Johannes Olsson brukar. Johannes 1666-1731 var frå Åsen, Hesjedal. 1694 vart han g.m. Brita Olsdtr. Blomdal 1659-1744. Johannes var leiglending, sameleis som brukarane før han. Men sumaren 1728 fekk han høve til å kjøpa garden. Då vart det halde auksjon over «det forbeholdne og til Militien assignerede Gods udi Bergenhuus Stift». Johannes fekk tilslaget på Blomdal, men han levde ikkje så lenge at han fekk to imot skøytet. Auksjonen vart approbert ved kgl. resolusjon av 8. og 22. des. 1728. Kongeskøytet til Johannes vart skrive ut 1732. Kjøpesummen var 26 rdl. 60 sk.

Born:

Kari 1697- g.m. neste brukar.


1728 vart Olav Larsson Fossmark bnr. 1 1693-1763 g.m. Kari Johannesdtr. Blomdal 1697-1732.

Born:

Anders 1729- g. 1761 m. Inga Nilsdtr. Kleppe, Hosanger.
Marta 1730-1731.
Johannes 1731-.

Ved skifte 2 6/4 1732 fekk Olav skøyte på garden. Han var g. 2 g.m. Anna Larsdtr. Ytre Bruvik 1703-1744.

Born:

Lars 1733 d.s.å.
Marta 1734-1744.
Kari 1737- g. 1763 m. Magne Andersson Kleppe, Hosanger.
Lars 1741-1744.
Gjertrud 1743-1744.

Olav Larsson g. 3 g.m. Ingebjørg Johannesdtr. Olsnes 1696-1775.

Born:

Johannes 1746-, brukar her.


1762 skøyte til Johannes Olsson frå dei som hadde fått utlagt partar i garden ved skifta 1732 og 1744. Det var faren Olav Larsson, halvsystra Kari Olsdtr. og halvbroren Anders Olsson Øvre Kleppe. Kjøpesummen var 28 rdl. Dessutan vart det teke unna kår til foreldra. Dei skulle ha husvære her så lenge dei levde.

1765 vart Johannes g.m. Maria Andersdtr. Herland, 1740-1823. Sjå Hosanger 1 s. 520. 1772 fekk Johannes skøyte hjå Olav Nilsson Hanstveit på 18 m. smør 12 k. malt i garden Kleppe, Hosanger, for 58 rdl. Denne parten vart seld 1811.

Born:

Ingebjørg 1766- g.m. neste brukar.
Anna 1769- g.m. Olav Andersson Kleppe, sjå Hosanger 1 s. 586 ff.
Marta 1772- g.m. Johannes J. Kleppe, sjå Blødal.
Olav 1778 d.s.å.


1793 skøyte til Olav Hansson Dale på halve garden. Olav 1768-1825 var frå Dale bnr. 9, g. 1. g.m. Ingebjørg Olsdtr. Blomdal 1776-1810. 1811 vart det halde skifte etter Ingebjørg. Då vart jordegodset i buet utlagt for gjeld til Hans M. Dale, Eirik Hansson m.fl. Men 1814 vart det lagt fram kvitteringar frå kreditorane, og Olav Hansson fekk overdrege gardparten att. Året etter gav han skøyte til eldste sonen.

Born:

Johannes 1795- brukar her.
Olav 1797-.
Hans 1799- sjå bnr. 2.  :Olav 1802- sjå bnr. 2.
Maria 1804- g.m. Johannes J. Blødal.
Johannes 1805-,
Synneva 1805 d.s.å.
Synneva 1806-,
Mons 1808 d.s.å.
Mikkel 1809- g. 1840 m. enkja Inga Olsdtr. Mjøs.

Olav g. 2. g.m. Anna Knutsdtr. Hesjedal 1780-1838. 1826 vart det halde skifte etter Olav Hansson. Bruttoen i buet var 72 spd. 1 ort 22 sk., men der var noko gjeld. Haldor Hansson Dale og Jon Ivarsson Dale var mellom dei som hadde gjeldskrav i buet. Men Olav hadde også pengar til gode hjå andre. Han hadde fått i arv part i ein obligasjon utskriven 1806 av Nils Knutsson Dale til Eirik Hansson Store Sandviken på 150 rdl. Denne var no omskriven til 75 spd., og parten åt Olav var vel 21 spd. Mellom lausøyret i buet var der ein sylv drakering, verdsett til 2 ort 12 sk. Nettosumen i buet var 37 spd. 4 ort 17 sk.

Olav og Anna hadde desse born:

Knut 1811- g. 1834 b. på Rolland eller Kaland.
Olav 1815 d.s.å.
Ingebjørg 1815 d.s.å.
Mons 1817-.
Ingebjørg 1821 d.s.å.
Dorte 1821 d.s.å.
Olav 1822-.

Sidan Olav berre hadde skøyte på halve garden, og verfaren Johannes framleis sat med resten, har garden truleg hatt 2 brukarar i denne tida. Olav bygde nytt stovehus. Det hadde vel samband med at dei no var fleire huslydar enn før.


1812 bygsla Sjur Knutsson Vaksdal parten åt den gamle brukaren Johannes Olsson for 8 år. Sjur 1767- og kona Anna Johannesdtr. Fossmark 1771-1815 kom hit frå Fossmark.

Born:

Knut 1809-.
Marta 1812-.
Jon 1815 d.s.å.


1815 skøyte til Johannes Olsson frå faren og morfaren på heile garden. Johannes skulle yta kår til både foreldra og besteforeldra. Johannes dreiv garden til 1846. Då delte han garden mellom sønene Jon og Olav. Døtrene Ingebjørg og Synneva og deira ektemakar fekk bygsla kvar sitt husmannsplass.

Johannes 1795-1876 og kona Anna Jonsdtr. Fossmark bnr. 1

1795-1871 hadde desse born:

Jon 1818- brukar på bnr. 1.
Olav 1820 brukar på bnr. 2.
Ingebjørg 1823- sjå bnr. 3.
Johannes 1826- sjå Fossmark bnr. 3.
Marta 1828-.
Synneva 1831- sjå bnr. 4.
Anna 1832- g. 1865 m. Johannes Monsson Morland, Sotra.
Marta 1834- g. 1860 m. Nils N. Mele, handelsmann på Indre Bruvik.

BRUKARAR

BRUK 1

Gamalt løpenr. 226 a, frå 1853 537. Gamal skyld 9 3/5 m. smør eller 4/5 rd. Frå 1846 3 ort 19 sk. 1886 skyld 2,51 skm. 1900 1,26 skm. 1919 1,10 skm. 1863: 2 mål god åker, 2 mål middels god, 2 1/2 mål ring, i alt 6 1/2 mål. 4 mål god eng, 8 måi middels, 36 1/2 mål ring, i alt 48 1/2 mål. Lite dyrkingsjord. Sår 4 t. havre, 3 1/2 t. poteter. Haustar 17 t. havre, 17 t. poteter, 642 v. høy, 119 v. halm, 30 v. høy frå slåttene. Lyng til 1 kufor. Fødnad 7 kyr, 2 ungfe, 21 sauer, 9 geiter. 1875: Sånad 3 t. havre, 4 t. poteter, fødnad 6 kyr, 2 ungfe, 23 sauer, 10 geiter. I 1920-åra var fødnaden på bnr. 1 og 3 til saman 5 kyr, 1 hest. Av småfe hadde dei ein god del geiter. Sauetalet veksla frå 12-18. 1959: Fødnad 5 kyr, 3-4 ungfe.


1846 skøyte til Jon Johannesson frå faren Johannes Olsson for 100 spd. Kår til foreldra vart tinglyst 1848. Jon 1818-1894 var g.m. Madli Olsdtr. Øvste Mjelde 1832-1907. Far hennar var frå Stanghelle bnr. 1. Sjå Haus s. 49.

Born:

Anna 1856- g.m. Johannes Blomdal bnr. 3. 1866-.
Brita 1862- g.m. Jon Dale bnr. 21.
Olav 1866- brukar her. Johannes 1869-brukar her og på bnr. 3.
Johan 1875- ca. 1950 ug.

Då Jon var død 1894, sat enkja Madli med garden ei tid. 1900 var det halde skylddeling og bruket vart delt i 2 jamstore partar, bnr. 1 og bnr. 3.


1905 skøyte til Olav Jonsson frå mora Madli og medarvingar for kr. 1000,- og kår verdsett til kr. 225,-. Olav 1866- var g. 1910 m. Sigrid Gudmundsdtr. 1864-1936, sjå Hesjedal, Dale sokn bnr. 4. Dei dreiv dette bruket til 1918. Då gav Olav skøyte til broren Johannes. Olav og Sigrid fekk kår. Dei budde seinare på Askeland, Mjeldheim og i Arna. Sjå Arna s. 536.


1918 skøyte til Johannes Jonsson for kr. 3450,- og kår verdsett til kr. 750,- i 5 år. Johannes hadde fått skøyte på bnr. 3 1905. Han flytte no heim til bnr. 1 og dreiv båe bruka under eitt. I sine unge år var Johannes anleggsarbeidar og for vide ikring. Johannes 1869-1967 var g.m. Gjertrud Holmedal 1877-1955, dotter åt Gjertrud og Ole Holmedal, Skånevik.

Born:

Malene 1900- husstyrar på bnr. 1.
Gudrun 1902- g.m. Ernst Johan Kalsås, Ytre Arna.
Johanna 1904- g.m. Thomas Stanghelle, ættesoge for Stanghelle..
Georg Johannes 1905- sjå bnr. 3.
Andreas 1907- sjå nedanfor.
Jon 1909- linjemontør, sjå ættesoge for Dale.
Gjertrud 1910- g.m. Peder Myre, Vassdal.
Johan 1912- sjå nedanfor.
Signe 1914- g.m. bygningsleiar Erling Martin Warberg, Laksevåg.
Johannes 1915- linjemontør, Dale, g.m. Klara Thunes.


1938 skøyte til Andreas Johannesson og Johan Johannesson for kr. 2800,-. Andreas er gardbrukar og bygningsnikkar. Johan er bygningsmann i Ytre Arna, g.m. Margit Birkeland 1914- i Hosanger.

Born:

Gunn Sonja 19**- g.m. møbelsnikkar Harry Nonås, Fotlandsvåg.
Magnar 19**- lågstraummekanikar.
Jarle og Marit, tvillingar 19**-.


1967 skøyte til Johan Johannesson frå broren Andreas på hans halvpart for kr. 10.000,-.


BRUK 2, HEGGEBOTNEN

Utskilt som eige bruk ved skylddeling 1846. Gamalt løpenr. 226 b. Frå 1853 løpenr. 538. Gamal skyld 2 2/5 m. smør eller 1/5 rd. Frå 1846 22 sk. og frå 1886 0,60 skm. 1863: 1 mål middels god åker, 1 4/5 mål ring, i alt 2 4/5 mål. 1 mål god eng, 4 1/2 mål middels, 20 1/2 mål ring, i alt 26 mål Ikkje dyrkingsjord. Sånad 1 1/2 t. havre, 2 1/2 t. poteter. Haustar 7 t. havre, 10 t. poteter, 252 v. høy, 49 v. halm. 10 v. høy frå slåttene. Sers lettbrukt, men noko skinlendt. Fødnad 3 kyr, 5 sauer, 5 geiter. 1875: Sånad 1 1/2 t. Havre, 2 t. poteter. Fødnad 4 kyr, 14 sauer, 2 geiter. 1959: 2 kyr, 1 ungfe, 7-8 geiter, 8-9 sauer.

Her låg før eit husmannsplass som dei kalla Heggebø eller Svehaugen. Men dette plasset omfata truleg berre ein del av det som no er bruk 2. Husa som høyrde til plasset Heggebø låg eit stykke ovanfor tunet i Heggebotnen.


1826 festesetel til Hans Olsson Blomdal på plasset Heggebø. Hans 1799- vart g. 1825 med Anna Olsdtr. Indre Bruvik 1787-1851.

Born:

Olav 1826 d. v/ulukke 1857.
Olav 1829-.
Johannes 1833-.

Hans g. 2. g. 1857 m. enkja Kari Ellingsdtr. Løtveit bnr. 3. Ho hadde fått skøyte på bruket då det vart skift etter fyrste mannen hennar. Hans flytte no til Løtveit og vart brukar på bnr. 3.


1831 festesetel til Olav Olsson Blomdal frå broren Johannes, som var brukar på hovudbruket. Samstundes vart tinglyst vilkårsbrev til Hans Olsson som hadde fått festesetel på plasset 5 år tidlegare. Olav 1802-1844 var g.m. Kari Andersdtr. Stanghelle bnr. 3, 1806-1874. Dei kom hit frå Stanghelle, der dei 3 eldste borna var fødde.

Born:

Ingeborg 1827- d. v/drukningsulukke 1851.
Olav 1829- d. før 1845.
Olav 1830 d. 1833 v/ulukke.
Olav 1831-.
Marta 1833 d.v. drukningsulukke 1851.
Olav 1837 d.s.å.
Maria 1838-.
Marta 1842-1881 g.m. Johannes Hesjedal, sjå Børsli.

Ved skifte etter Olav 1845 var enkja og dei 4 døtrene, Ingeborg, Marta, Maria og Marta ervingar. Midlane i buet var vel 70 spd., frådraget vel 40 og nettoen 29 spd. 4 ort. Enkja Kari vart attgift med neste brukar.


1846 skøyte til Olav Johannesson frå faren Johannes Olsson bnr. 1 på 1/5 av hans bruk. Det nye bruket var skyldsett same år og kalla Heggebotnen. Kjøpesum 50 rdl. 1851 fekk Olav og brukaren på bnr. 3 Knut Nilsson festesetel på ein slåtteteig under Fokstad kalla Rinden.

1855 vart det tinglyst kårbrev til Hans Olsson Blomdal. Hans hadde tidlegare hatt kår av plasset Heggebø. Sjå ovanfor.

1860 fekk Olav festesetel hjå rekneskapsføraren for Mjelde skipreides Allmenning, Haldor K. Solberg, på ein nausttomt i Grøtå.

Olav 1820-1883 var g. 1845 m. Kari Andersdtr., enkja etter den førre brukaren.

Born:

Johannes.
Olav 1846- brukar her.
Anna 1848-1881. G.m. Johannes Ingebrigtsson Bruvik f. 1854, Festenr. under bnr. 4. sjå Indre-Bruvik


1873 skøyte til Olav Olsson for 120 spd. og kår verdsett til 140 spd. Olav 1846-1922 var g.m. Anna Knutsdtr. Blomdal bnr. 3 1850-1930.

Born:

Kari 1873- g.m. Johannes Trettenes, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
Olav 1875- mylnearb. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
Knut 1877- småbrukar på Vare i Hosanger, g. m. Brita Vare.
Ingeborg Bertina 1879-, b. Arna, g. Presthus.
Martin 1881-1882.
Anna Mathilde 1883-, b. Arna g.m. Olav Fotland.
Anna Olea 1885-1901.
Maria 1888- g.m. Knut Audestad, Austad i Haus.
Johannes 1891-brukar her.
Andreas 1894-, sjå bnr. 4.


1920 skøyte til Johannes Olsson for kr. 1000,- og kår til foreldra. Johannes 1891- og kona Berta Davidsdtr. Hesjedal bnr. 2 1895-1967 hadde desse born:

Astrid 19**-. Sjå nedanfor.
David Olav 19**-. Sjå nedanfor.

Astrid Johannesdtr. 19**- er g.m. Ansgar Kleiveland 19**-. Dei budde her ei tid, men flytte seinare til Garnes.

Born:

Reidun 19**-.
Bjørg Hildur 19**-.
Wenche 19**-.
Arnold Johannes 19**-.
Eva 19**-.


1968 skøyte til David Olav Johannesson for kr. 2000,-. Seljaren skal ha fritt husvære, stell og tilsyn. David Olav 19**- er g.m. Solveig Olsdtr. Fyllingslid, Hesjedal bnr. 3 19**-.

Born:

Alf 19**-.
Øystein 19**-.
Else Berit 19**-.

BRUK 3 KINNDALEN

Skilt frå bnr. 1 1900 med skyld 1,25 skm. Frå 1919 1 skm. Her var før eit husmannsplass dei kalla Kinndalen eller Kalltreet. Fyrste kjende festesetelen er frå 1813. 1863 var det på dette plasset 1 1/6 mål middels god åker, 1 mål ring åker, i alt 2 1/6 mål.


Der var 1 mål god eng, 2/6 mål middels god, 14 2/3 mål ring eng, i alt 17 5/6 mål. Dei sådde 1 1/2 t. havre, 2 t. poteter, og hausta 6 t. havre, 8 t. poteter og fødde 2 kyr, 12 sauer, 7 geiter. Bygsla på plasset var 30 spd. og årleg avgift 9 dagsverk. 1875 var fødnaden 4 kyr, 14 sauer, 2 geiter, og dei sådde 1 1/2 t. havre og 2 t. poteter.


1813 festesetel til Jon Jonsson Fossmark frå brukarane i Blomdal, Olav Hansson og Johannes Olsson. Jon var frå Fossmark bnr. 1 1787-, og kona Marta Olsdtr. 1772- var frå Indre Bruvik. Dei hadde butt ei tid i Fossmark og då var Jon tambur og husmann.

Born:

Marta 1814-.
Kari 1821-.


1849 festesetel til Knut Nilsson Mele 1822- g. 1849 m. Ingeborg Johannesdtr. Blomdal 1823-. 1852 vart det tinglyst kårbrev frå Knut Nilsson til Jon Jonsson som før hadde vore brukar på plasset. 1851 fekk Knut og kona saman med grannen Olav Johannesson festesetel hjå brukarane på Fokstad på ein slåtteteig dei kalla Rinden, og 1860 fekk dei festesetel hjå rekneskapsføraren for Allmenningen på ei nausttomt i Grøtå.

Born:

Anna 1850- g.m. Olav Olsson Blomdal bnr. 2.
Agathe 1851-1857.
Brita 1854-1864.
Marta 1856- g.m. Mikael Seilen, sjå Kyrkje-Bruvik og Seilæ bnr. 1.
Nils 1860-1862.
Johannes 1862 d.s.å.
Nils 1864- g. 1885 m. Anna Jakobsdtr. Vassdal 1860-. Sjå Vassdal bnr. 3.
Johannes 1866- g. 1889 m. Anna Jonsdtr. Blomdal bnr. 1. Busette i Odda og på Dale.

Dette var den siste huslyden som budde i Kalltreet før det vart sjølveigande bruk. Knut og Ingeborg flytte hausten 1896 til sonen Nils som var brukar i Vassdal, Bruvikdalen. Dei budde der resten av levetida.


1905 skøyte til Johannes Jonsson Blomdal for kr. 900,- og kår til mora Madli verdsett til kr. 225,- for 5 år. Johannes og huslyden hans budde her i 17 år.

1918 fekk Johannes skøyte på bnr. 1 hjå broren Olav og flytte då heim dit. Br. 1 og 3 vart no drive under eitt. Sjå bnr. 1.


1937 skøyte for kr. 1500,- til Georg Johannes Johannesson Blomdal 1905- og kona Målfrid Magnusdtr. f. Birkeland frå Hosanger. Br. 3 skal ha like stor fiskerett i Blomdalsvatnet som bnr. 1.

Den noverande eigaren er stein- og sementarbeidar, busett i Ytre-Arna.

Born:

Jan Georg 19**- g.m. Ingunn Henriksen, Ytre Arna.
Sølvi Marit 19**- g.m. revisor Jan Per Mjelde, Ytre Arna.
Wenche 19**- g.m. målar Einar Flesland, Bergen.

BRUK 4 MIDTTUN OG 5 MYRA.

Bnr. 4 er skilt ut frå bnr. 1 1919, skyld 16 øre. Bnr. 5 er skilt ut frå bnr. 3 1919. Skyld 25 øre. Desse to bnr. vert drivne under eitt, og skøyte har vore gjeve på båe bruksnummer samstundes og til same person. Bruket ligg ved Torvevatnet ved grensa mot Hesjedal. Her var før eit husmannsplass dei kalla Treet. 1863 var det på plasset 1 mål ring åker, 2 mål middels god, 2 1/2 måi ring eng, i alt 14 1/2 mål. Dei sådde 1/4 t. havre og 1 1/2 t. poteter og avla 1 t. havre og 6 t. poteter. Dei fødde ei ku. Bygselsum 22 spd. Årleg avgift 3 dagsverk.


1859 festesetel til Olav Andersson Vaksdal bnr. 1, 1832-1891 og kona

Synneva Blomdal bnr. 1 1831-1891. Festesetelen lydde på teigane Treet, Austlia og Hjellane.

Born:

Johannes 1836- b. i USA.
Anders 1865- b. i USA.
Anna d.e. 1860- b. i USA. Truleg d. ved skipsforlis på heimveg til Noreg.

Anna d.y. tente i prestegarden på Bruvik. Budde i Blomdalen då ho vart gamal og døydde her. Nils 1870-1878. Marta 1872-1878. Olav 1875-1878. Sivert 1878- Telefonstyrar i Bergen.

Då Olav Andersson og Synneva Johannesdtr. var avlidne 1891 vart plasset liggjande øyde til det i 1919 vart skilt ut som sjølvstendig bruk. Plasset Treet var truleg noko mindre enn det småbruket som no vart skilt ut.


1919 skøyte til Hans Knutsson Midttun for kr. 1500,-. Hus fylgde ikkje med i salet, og Hans kjøpte stovehuset på bnr. 3 og flytte det hit.

Hans K. Midtun 1861- og kona Marta Hansdtr. el. Johannesdtr. Lund 1856- kom frå Fana til Bjørndal i Arna 1884, men flytte attende 1896. Sjå Arna sokn s. 247. 1917 kjøpte dei Hesjedal bnr. 4, men selde det att året etter og flytte hit.

Born:

Marta 1880-1882.
Johan b. på Nesttun, Fana.
Synneva Bertina 1887-1940 g.m. Olav J. Fyllingslid, sjå Hesjedal, Dale sokn bnr. 3.
Olav Mikal 1889- b. i USA.
Knut Andreas 1891- b. i USA.
Torvalda Sofia 1893-1960 ug. fabr.arb. Dale og Fana.
Kristina b. i Skjolddalen, Fana.


1926 skøyte til Andreas Olsson Blomdal for kr. 4200,- og kår til seljaren enkja Marta Hansdtr. Midtun, verdsett til kr. 200,- for 5 år. Kåret vart avlese 1932.

Andreas 0. Blomdal bnr. 2 1894- var g.m. Gudrun 1900-, dotter åt Gudmund og Karoline Veo, Fossmark bnr. 4. Då Gudrun vart enkje, selde ho bruket til Bruvik kommune og busette seg på Hovland i Hardanger.

Born:

Klara g.m. gardbrukar Jon Sekse, Lofthus i Hardanger.
Oddveig.
Gunnar, ingeniør, Hermansverk i Sogn. Miste livet på Hardangervidda i påsken 1967.


1932 skøyte til Bruvik kommune for kr. 3000,-.


1952 skøyte til Knut Martin Johannesson Stavenes bnr. 2 for kr. 4000,-. Han hadde då drive bruket ein del år.

Knut 1894-1968 var snikkar, g.m. Gunda Kristine, dotter åt Berge Olai Meland og kona Helga, Tysnes. Knut og Gunda flytte til Bergen då dei hadde overlate bruket til sonen Johannes.

Born:

Helga 1919-, kontordame, Voss.
Edith 1921-, b. i Alta.
Johannes 1922-1987, sjå nedanfor.
Bernhard 1926-1978, bygningssnikkar, Ytre Arna, g.m. Ragna Meland 1924-2014, Bulken, Voss.
Marta 19**-, sjukesyster og jordmor, g.m. adjunkt Einar Christian Valentin Barth 19**- i USA av norske foreldre. Marta og Einar er misjonærar i Natal, Afrika.
Gunda 1927-2004, g.m. Bertin Sætre 1918-1995, sjå Grøtå bnr. 2.
Bjarne 1932-2003 g.m. Ragnhild Solveig 19**-, dotter åt Karen og Asmund Jakobsen, Fåberg, Lillehammer. Bjarne er adoptivson åt kyrkjetenar Anders Severin Andersen og kona Agnes, Sandviken, Bergen.
Bjarne Kristoffer 1932-2003, g.m. Ester Gunnhild Vassdal 19**-, Garnes.


1954 skøyte til Johannes Knutsson for kr. 4000,-.

Johannes 19**- er tekstilarbeidar i Ytre Arna, g.m. Solveig 19**-, dotter åt Helga og Sjur Olsnes bnr. 1 og 2. Johannes og Solveig har overteke bruket etter foreldra hennar og er busette på Olsnes.

Born:

Rudolf 19**.

BRUK 6 UTSYN

Skyld 0,01 skm. Andreas Johannesson Blomdal eineeigar frå 1966. Broren Johan hadde før vore medeigar. Sjå bnr. 1.


LEIGEBUARAR.

Olav Blomdal og kona Agathe Andersdtr. budde her på slutten av 1700- talet. I manntalet 1801 er dei ikkje nemnde, og må då anten vera avlidne eller busette ein annan stad. Desse born er fødde i Blomdal:

Anna 1774-1775.
Anna 1777- g.m. Gudmund Johannesson Grøtå, sjå Grøtå brukarar.
Marta 1782- ug. d.v/drukningsulukke 1850.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy