Gnr. 5 Grøtå

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 09:45, 14 november 2010 by Reveka (Talk | bidrag)
(skil) ←Eldre versjon | Vis noverande versjon (skil) | Nyare versjon→ (skil)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band II


Gards og ættesoge for Grøtå.


GNR. 5 GRØTÅ


Innhaldsliste

INNLEIING

Ligg ved Veafjorden omlag 2 1/2 km. nord for Fokstad, 7 km. sør for Veo i Stamnes. Storparten av gardsområdet ligg i ei bratt austvend li, der elva frå Botnavatnet renn gjennom eit djupt gjel. Denne elva har gjeve namn åt garden.

Gardsnamnet vart 1703 skrive Grytaaen, 1723 Grotaaen, 1829 Grødtaaen. Matrikkelen 1886 Grødtaaen (Kaldes Aaen). Norske Gaardsnavne gjer merksam på at bygdemålet helst nyttar den usamansette forma: «Kaldes å'næ (også grautånæ)» og gjev døme på liknande namn frå andre kantar av landet. «Grautaaen findes ogsaa paa Grændsen af Grue og Hof. Er vel ligesom Grautsjøen i Brandval og Grauttjern i Urskog at forklare af grautr m, Grød, i overført Brug om mudret Grund eller grumset Vand» Vatnet i elva kan ofte vera blakt å sjå til, så denne tydinga synest rimeleg. Lokalkjende folk har elles peika på at elva renn gjennom ei djup glyvre i fjellet, og meiner at namnet kan ha samanheng med ordet grjot, som tyder stein eller steinslag. Avleiingar av dette ordet vert m.a. brukt som nemning på knust stein el. sand. Dei som har namnet til familienamn har nytta ulike skriveformer: Grødtaaen, Grøtaa, Grøttå o.fl.

Garden grensar mot Hesjedal i vest, Veo i nord, Fokstad i sør, Almenningen i sørvest. Alle grensene går i utmark.

Grensa mot Hesjedal tek til i Botnavatnet ved utlaupet åt Sagelva, går over vatnet sør for Tedneholmen og Storeholmen til Sandkleiva. Frå Sandkleiva går grensa oppover mot Hikletten og over Hikletten til Seljeteigskaret. Derfrå over Seljeteighaugane til berget over Molduråkeren. Sidan går grensa på skrå under Moldurløa, over Geitastova til Dyramyra. Frå Dyramyra går grensa oppover til Bjørnstinova og innover til Klårebekken på Ljøshellerfjellet. Her sluttar grensa mot Hesjedal og grensa mot Veo tek til. Denne grensa går i austleg retning frå Klårebekken til Ljøshelleren og endar i Veafjorden.

I eit par av kjeldene frå 1600- og 1700-talet er garden kalla bygselplass under Fokstad. Desse opplysningane synest det å vera liten grunn til å leggja vekt på. Dei fleste kjeldene stadfester at gardsområdet høyrde til Allmenningen då garden vart rudd.

Den fyrste utførlege omtalen av garden finn me i ein rettsprotokoll frå 1703. Brukaren Lars Andersson hadde då stemt nokre grannar på hi sida fjorden for retten: «Dernest fremkom for retten Lars Andersen Grytaaen, som sidder paa en plads saaledis kaldet udi Kongens almending udi Arne skibrede paa Osterøen beliggende paa den nordre side af Søfiorden og beklagede sig over de mend paa Helle, at de bort tager oh bort slaar hans græs for ham paa samme plads, der dog hand for 27 aar siden har bøxlet denne plads af daværende fogd Peder Andersen oh siden betalt aarlig skat deraf 1 rixort til kongens fogder - alt indtil denne dag, derom han hafde sine qvittanzer til beviis oh frem viiselige maade fogdens Mas. Holms befaling oh forbud at hannem paa dette plads icke nogen forfang maate giøres, mens samme plads er alt til dato endnu ingen tid indført udi skatte eller jordebøgene eij heller sat for nogen landskyld, mens skat deraf er betalt i di mangfoldige aar beretted Laers, saa lenge for hand komb til pladsen. Thi begierede Laers rettens beskiermelse mod saadan forfang som hand blef tilsagd».

Bakgrunnen for at brukarane på Helle slo gras i Ånæ, kan vera at dei har hatt slåtterettar i denne delen av Allmenningen før her vart fast busetnad. Slike slåtterettar har m.a. Hesjedal. Sjå Hesjedal, Dale sokn gnr. 4.

Den faste busetnaden i Ånæ kan fylgjast attende til 1645. Men mykje tyder på at garden stod folketom dei fyrste åra av 1700-talet. 1701 vert det opplyst at garden har 2 brukarar. Den eine var Lars Andersson, som er nemnd ovanfor. Den andre heitte Olav Helgesson. Olav døydde 1701. Enkja og borna flytte til Straume i Stamnes. Lars Andersson budde på denne tid truleg på Votlo i Haus. Han var oppførd som brukar der 1690, og han døydde på Votlo 1720. Dersom Hellebøndene hadde liknande slåtterettar i Allmenningen som andre gardar har hatt like fram til våre dagar, kan det som dei vart saksøkte for i 1702 sjåast som ein freistnad på å halda desse rettane i hevd. Men sidan Lars Andersson kunne føra skriftlege prov for at han hadde betalt bygselavgift for området, fekk han medhald då saka kom for retten.

«Grotaaen er et Huusmandzpladz kand skatte til Kongen 1/2 Rdlr. aarlig» heiter det i matrikkelen 1723. I rettsprotokollen frå 1703 vart det også gjort merksam på at Grautå ikkje var innførd i skatte- eller jordebøkene, og at garden ikkje var skyldsett. Det skjedde fyrst i samband med matrikkelen 1838.

Om lægjet åt garden heiter det 1863: «1/8 Miil meget brat og farlig Gangstie til Søen og derfra 5 1/4 Miil til Bergen».

Det gamle tunet låg nord for elva. Der var også det meste av innmarka før. Storåkeren låg oppi ei brekke. Ovanfor Storåkeren var Kleivane. Der gjekk gamlevegen til Hesjedal. Sør for elva låg ein åker som dei før kalla Nybrotet, no helst Langåkeren.

På 1800-talet auka talet på huslydar. Nokre strandsitjarar fekk bygsla husgrunnar på sørsida av elva. På setra vart det også fast busetnad. Denne setra låg på toppen av åsen 235 m.o.h. Den fyrste som budde fast der oppe, var Gudmund Johannesson. Han var brukar på hovudbruket frå 1804 til 1829, då sonen Johannes overtok. Det var truleg på denne tid Gudmund flytte opp til åsetra. Men fyrst i 1895 vart det nye bruket formelt utskilt.

Da vart det halde skylddeling, og garden vart delt i 2 jamstore bruk, bnr. 1 Ånæ og bnr. 2 Seteret el. Setre.

Tunet på bnr. 1 Ånæ vart flytt sør for elva omlag 1870. Flor og løe vart fyrst sette opp 20 m ovanfor stovehuset, men seinare vart dei flytte lengre ned og står no nedanfor husgrunnen etter strandsitjaren Ivar Olsson Grøsvik. Stova i Ånæ er stort sett bygd etter den vanlege grunnplanen: bu i den eine enden, stove i den andre, gang og kjøken i midten. I andre høgda er det utelem over kjøken og gang, loft over bua og lem over stova. Eit arkrom vender ut mot oppsida av huset. Det går halvt ut over eit gardsrom med skytje på den eine sida og mjølkekjellar på den andre. Skytja og mjølkekjellaren er bygde innåt stovehuset på oppsida.

På bnr. 2 Setre var det vanskeleg å finna trygge hustomter, for det hende rett som det var at det rasa stein ned frå fjellet. Både stovehus og uthus har vore flytta fleire gonger. Flor og løe stod før lenger oppe under fjellet, men der kom det stein ned og slo hol i husa. Olav Andersson, som overtok bruket 1895, og verfaren Gudmund Johannesson flytta løa og floren dit dei no står. I den eine enden av løa er det kornstål, i den andre høystål. I høystålet la dei enghøyet på den eine sida og markahøyet frå utslåttene på den andre. Attmed kornstålet er det plass til å lagra never. Midt i bygningen er treskelåven. Attmed den er det ei luke som fører ned i floren, og som dei brukar til å stappa høy gjennom. Over høystålet og kornstålet er det stauraskukk. Der lagra dei halm og turka halvrått høy. Oppe under løetaket heng det tett med stenger i vidjer. På desse stengene turka dei potetkål. Løa har nevertak som vart lagt på kring 1930.

Stovehuset vart flytt ned til Risåkerhaugen ved hundreårsskiftet, og påbygt slik at det fekk 2 stover med kjøken og gang i midten og lemmar over. Ved Risåkerhaugen stod det før ei kårstove som truleg var bygd i 1860 av Johannes Gudmundsson. Han flytte opp til Setre som far hans hadde gjort då han let frå seg hovudbruket i Ånæ. Segna fortel at ei tid budde det 3 generasjonar på Setre: Gamle Gudmund, sonen Johannes og sonesonen Gudmund, som seinare kjøpte Hesjedal bnr. 4. Han flytte også attende til Setre på sine eldre dagar, då versonen Olav Andersson hadde overteke bruket.

Åkrane på Setre hadde same namn som åkrane nede i Ånæ: Storåkeren låg like ved tunet. Langåkeren låg ved bøgarden ovanfor Storesvåa. åkrane var ikkje store og vart heller ikkje rekna for å vera serleg gode. Matrikuleringskommisjonen av 1863 gjev opp åkervidda på heile garden til 3 mål ring åker. Under anleggsarbeidet på nyevegen vart den gamle Storåkeren i Ånæ sundskoren. Men nydyrking, serleg på Setre, førde til auke i åkervidda. Det vart dyrka korn på garden heilt til 1945.

Bøen var 1863 12 1/2 mål. Berre 1 mål var god bø, 1 mål var ring bø. Resten var middels god. Her var nokre mål dyrkingjord, meinte matrikuleringskommisjonen. Etter den tid har det vore drive ein del nydyrking, serleg på bnr. 2. På bnr. 1 måtte ein del av innmarka avståast til veggrunn for vegen Grøtå-Blomdal.

Ved den gamle bøgarden på Setre er ein bakke dei kallar Sauhusbakken. Ved Geithusbrotet stod eit gamalt geithus. Skjedikavegen gjekk bort åt ei utmarksgrind som dei kalla Skjedikagrindæ. Der var det ei lita myr, og det er vel ho som er opphav til namnet. Ned mot elvebarden ligg Elvebrotet.

I slåttene kunne dei hausta 35 våger høy, vart det opplyst 1863. Me bruka hadde utløer. Bnr. 2 hadde løer i Rundebotnen og på Seljeteigen innanfor bøgarden. Bnr. 1 hadde ei løe dei kalla Einesløa. Både frå denne løa og frå sume av slåttene der det ikkje var løer, bar dei høyet til sjøen og rodde det heim. Andre stader brukte dei rodder. Det var store notposar som dei fylte med høy og trilla der det var unnabakke. Roddestøet heitte ein av dei stadene der dei la inntil med båt og henta rodder.

Om beitet heiter det 1863 at det låg nær garden, var «av god Beskaffenhed og fuldt tilstrækkelig». Men på 1700-talet vart det leigt noko beitemark i Ospehaugen under grannegarden Fokstad.

Det skulle svarast eit dagsverk i årleg leige for dette beitet.

1863 var her skog nok til ved og hustømmer, men ikkje noko til sal. Ein stor alm vart rekna for serleg verdfull. Den gav vyrke til bastetau, og almeborken kunne brukast til mat både åt folk og fe.

Veiding og fiske er ikkje nemnt i dei skriftlege kjeldene, men den munnlege tradisjonen fortel om fiske etter aure i elva og fangst av rjupe, orrfugl og mår. Mårkattfeller finst det restar av fleire stader i marka.

Kvernstøe har dei hatt både oppe på Setre og nede i Ånæ. I Ånæ dreiv dei ein del leigemaling åt folk på Stanghelle, Helle, Fossmark og Fokstad.

Dei hadde turkehus der det no er naustgrunn. Omframt brukarane på garden hadde både Blomdal og Hesjedal naustgrunnar her. Sjå gnr. 3 og 4. 1914-15 vart her bygt kai i samband med veganlegget Grøtå-Blomdal.


SKYLD, UTREIDSLER, FOLKETAL, FØDNAD OG AVLING

1838 matrikkelnr. 8, løpenr. 11. 1853 nytt matrikkelnr. 135, nytt løpenr. 536. Skattetakst 1723 1/2 rdl. Skyld 1838 6 skilling. Skyld 1886 0,44 skyldmark. Folketal 1865: 17. 1875: 25. 1970: 2. Fødnad 1863: 4 kyr, 1 ungfe, 16 småfe. 1875: 4 kyr, 1 ungfe, 17 sauer, 10 geiter. Sånad 1863: 1 t. havre, 3 t. poteter. Avling: 3 1/2 t. havre, 12 t. poteter, 387 våger høy, 24 våger halm. 35 våger høy i slåttene.


BRUKARAR FØR 1895

1645 var Helge Sjursson og kona Marta brukarfolk her. Helge og dei to sønene er også nemnde i manntalet 1666.

Born:

Barbro 1632-1710.
Olav ca. 1633 - brukar her.
Mikkel 1638-.


Olav Helgesson ca. 1633-1701 var brukar etter faren. Kona kjenner me ikkje namnet på, men ho hadde truleg slekt på Straume i Stamnes. Det vert opplyst at ho og borna flytte dit då Olav var avliden.

Born: :

Abelone 1665g.m. Lars Fabiansson, brukar her.
Dortea.
Helge 1685-.
Brita g.m. Johannes J. Grøsvik, sjå Grøsvik bnr. 1.


1676 bygsla Lars Andersson. 1703 gjekk han til rettsak mot brukarane på Helle. Sjå framanfor. Lars -1720 var g.m. Brita Jensdtr. Tveiten 1643-1710. Lars var busett på Votlo i Haus då han døydde.

Born:

Anna 1686-, g. 1708 m. Nils Larsson Votlo.
Barbro.


1706 vart Lars Fabiansson frå Tysse i Samnanger gift med Abelone Olsdtr. Grøtå 1665-1732.


1753 var Lars vitne i ei rettsak. Han sa seg da vera 82 år gamal, og skulle etter dette vera fødd 1670. 1753 hadde Lars butt i Grøtå 46 år. Lars og Abelone må såleis ha vorte brukarfolk her same året dei var gifte.

Lars gifte seg 2. g. 1732 m. Ingebjørg Ivarsdtr. Røyrgo frå Evanger 1673-1750. Lars g. 3. g. 1750 med enkja Gonetta Petersdtr. 1692-1777. Sjå gnr. 4 Hesjedal, Dale sokn, brukarar før 1820. Alle ekteskapa var barnlause.

1750 omlag vart Nils Andersson Myster brukar her. Nils var fødd på Myster bnr. 1 1717, g. 1744 m. Barbro Larsdtr. Verpelstad 1721-. Sjå Myster bnr. 1 og Verpelstad, brukarsoge ca. 1850. Nils og Barbro budde til leige på Eide i Stamnes då eldste sonen var fødd.

Born:

Anders 1744-.
Olav 1749-1750.
Olav 1751-1775.
Simon 1754 -1771.
Lars 1756 g. 1789 med enkja Agate Monsdtr. Havrå, Haus.
Sigrid 1763-1775.


1775 bygsla Johannes Olsson Blomdal 1746-1822 og kona Brita Magnesdtr. 1752-. Lensmann Nils Nilsson Revheim var då forstandar for Allmenningen, og det var han som skreiv ut bygselsetelen. Avgifta skulle vera 3 danske mark årleg.

Born:

Olav 1776-1793.
Ingebjørg 1780-.
Kari 1783- g.m. Olav Gudmundsson Veo, sjå Veo bnr. 5.
Gudmund 1786-, brukar her.
Johannes 1788-, sjå Hesjedal, Dale sokn bnr. 4.


1804 bygsla Gudmund Johannesson 1786-1852. Gudmund var gift 1808 med Anna Olsdtr. 1777-. Foreldra hennar budde til leige i Blomdal.

Born:

Agate 1808-.
Johannes 1811-, brukar her.
Brita 1813-, sjå leigebuarar og strandsitjarar.
Ingebjørg 1816- g.m. Lars Ivarsson Eide, sjå Eide bnr. 3.
Olav 1820-, sjå leigebuarar og strandsitjarar.

Då Gudmund let garden frå seg til sonen Johannes, flytte han som tidlegare nemnt opp til åsetra. Der tok han til å dyrka opp jord og byggja hus. Såleis vart grunnlaget lagt for ei todeling av garden.


1829 bygsla Johannes Gudmundsson. Kårbrev åt foreldra vart tinglyst samstundes med bygselsetelen. Johannes 1811-1880 var gift med Sigrid Nilsdtr. Veo bnr. 3 1801-1871. Dei dreiv bruket i Ånæ omlag 30 år. Då let dei bruket frå seg til eldste dotra og versonen, og flytte sjølve opp til Setre der dei bygde seg kårhus på Risåkerhaugen.

Born:

Anna 1831 g.m. Anders Johannesson Hesjedal, brukar her.
Gudmund f. og d. 1831.
Anna f. og d. 1835.
Anna 1836-, g.m. Olav Knutsson Bukkstein, sjå Bukkestein bnr. 1.
Nils 1837-1845.

.Marta 1838-1854.

Gudmund 1839-, sjå Hesjedal, Dale sokn bnr. 4.
Johannes f. og d. 1842.

Johannes gifte seg 2. g. 1874 med enkja Brita Johannesdtr. Blødal 1822-1896. Sjå Blødal og Hesjedal, Dale sokn bnr. 4.


1860 omlag vart Anders Johannesson Hesjedal brukar, men han hadde ikkje tinglyst bygselsetel. Anders 1827-1904 var frå Hesjedal bnr. 4, gift 1856 med Anna 1831-1897, dotter åt den førre brukaren her. Dei fyrste åra dei var gifte, budde dei i Hesjedal, truleg på bnr. 4. 1865 vart det halde folketjeling, og Anders vart då oppført som husmann utan jord. Men i folketeljinga 1875 vart han oppførd som brukar, med ein fødnad på 3 kyr, 1 ungfe, 4 sauer og 9 geiter. 1882 var Anders jarnbanearbeidar.

Born:

Johannes 1857-, gift og busett i USA. Kona var frå Flekkefjord.
Nils 1858-1882. Døydde ved drukningsulukke utanfor Tetteneset.
Anna 1860-1904, ugift, busett her. :
Johannes 1865-1925, sjå ættesoge for Dale.
Olav 1868-1871.
Anders 1870-, sjå bnr. 1 nedanfor.
Olav 1872-1873.
Olav 1875-, sjå bnr. 2 nedanfor.


BRUKARAR

BRUK 1 ÅNÆ

Skyld 0.21 skyldmark, etter skylddelingsforretning 1895.


1895 bygsla Anders Andersson Grøtåen 1870-1949. Anders var landpostbod på postruta Stanghelle-Hesjedal 1919-1940, og hadde også anna arbeid ved sida av gardsbruket, m.a. leigemaling og vegarbeid.

Anders var gift med Anna Askjelsdtr. Vare 1880-1943. Sjå Hosanger I, 1. del s. 553.

Born:

Anton 1901-, fartyeigar, Ytre Arne, g. 1. g.m. Astrid Elida Tømmerstøl, Vikno i Haus. G. 2.g.m. Borghild Brynhildsen, Ålesund.
Alfred 1903-, bygningsarbeidar Garnes. G. 1. g.m. Olga Amanda Petra Tømmerstøl, Vikno i Haus. G. 2. g.m. Idun 19**-. Ho er dotter åt Hans Martin Hagen, Bergen, og kona Maria Johannesdtr. f. Havre, Haus.
Arthur 1906-, sjå nedanfor.
Ingvald 1908-, sjå ættesoge for Dale.
Aslaug 1911-, hushjelp, Hosanger.
Nils 1913-, sjå nedanfor.
David 19**-, sjå ættesoge for Stanghelle.
Johanna 19**-, g.m. Angel Sandvik frå Sunnfjord. Dei var ei tid busette her.

Born:

Alf 19**-
Klara 19**-.


1964 skøyte (ikkje tinglyst) til Arthur Andersson Grøttå og Nils Andersson Grøttå. Dei er båe fartymenn og er busette her på bruket.


BRUK 2 SETRE

Skyld 0,23 skyldmark etter skylddelingsforretning 1895. Innmark om lag 30 mål. Ved århundradskiftet fødnad 4 kyr, 6 sauer. 1959: 2 kyr, 6 sauer, 50 vinterfødde geiter.


1895 bygsla Olav Andersson Grøtåen 1875-1956. Han var gift med Brita Gudmundsdtr. 1876-1916. Sjå Hesjedal, Dale sokn bnr. 4.

Born:

Anna 1894-, g.m. Knut Meland, Væte bnr. 4, Voss.
Andreas 1896-, sjå nedanfor.
Gudmund 1899-1951, Chicago, Ill. USA.
Maria 1902-, g.m. Knut Vethe frå Voss, b.i. Idaho, USA.
Amanda 1903-, g.m. Olav Haga, Bulken, Voss.
Malena 1905-, g.m. Magnus Ulevik, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
Johannes 1908-, steinarbeidar, Haugemoen, Voss, g.m. Emma Tresnes frå Fedje.

Olav Andersson g. 2. g.m. Andrine Gudmundsdtr. 1872-1950.

Born:

Bertin 19**-, brukar her.


1932 skøyte til brukaren Olav Andersson frå Mjelde skipreides bygdeallmenning ved styreformann L. J. Vedå.


1944 skøyte til Bertin Olsson Sætre. Bertin dreiv bruket til omlag 1955. Då busette han seg i Ytre Arna. Han er betongarbeidar og har for det meste arbeidsstad i Bergen. Bertin 1918-, g.m. Gunda Knutsdtr. Stavenes 19**-. Sjå Blomdal bnr. 4.

Born:

Arnhild 19**-.
Trygve 1951-1955.
Toralf 19**-.


Andreas Olsson Sætre 1896-1967 var busett her. Han dreiv bruket åleine då halvbroren Bertin flytte til Ytre Arna. Andreas braut opp nye teigar på dette bruket, og leigde slått hjå grannane. Han var ein dugande arbeidskar og heldt alt i framifrå stand.


BRUK 3 ELVA

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 2 1932. Heimel har Mjelde skipreides bygdeallmenning.


STRANDSITJARAR OG LEIGEBUARAR

1774 kom Dortea og Johannes Olsson Herland hit. Dordi var dotter åt Magdeli og Olav N. Fjellanger, husfolk på Kallestad. Sjå Kalland, husfolk. Johannes var frå øvre Herland i Hosanger. Johannes og Dortea gifte seg 1763 og budde på ymse gardar, m.a. Gammersvik og Simenes, før dei kom hit.

Born:

Olav 1765-.
Lars 1766-.
Agate 1771-1786.
Olav f. og d. 1775.
Eirik 1790-.


1792 var Johannes Grøtå og kona Brita Gudmundsdtr. busette her.

2 born var døypte medan dei budde her:

Magne f. og d. 1792
Marta f. og d. 1796.


Johannes Grøtå og kona Brita Johannesdtr. budde her sist på 1700-talet.

Born:

Olav 1793-, vart brukar i Børsli.
Agate 1796-.


1808 budde Lars Torbjørnsson Skreien og kona Marta Monsdtr. her.

Desse borna var døypte medan dei budde i Grøtå.:

Torbjørn 1808-.
Jon 1816-, b. på Hamreplasset.


1842 bygsla Ivar Olsson Grøsvik ei hustomt ved sjøen og sette seg opp hus. Ivar 1807-1893 var frå Grøsvik bnr. 3, g.m. Brita Gudmundsdtr. 1813-. Sjå ovanfor. Bygselsetelen deira omfata ikkje noko innmark, men dei sanka for i utmarka og fødde ku og nokre sauer. 1875 er det opplyst at dei fødde 1 ku, 13 sauer, 1 geit. Talet på vinterfødde sauer var truleg mindre enn i denne oppgåva. Brita og Ivar budde på Midt-Bruvik før dei kom hit, og dei flytte visstnok attende til Bruvik på sine eldre dagar.

Born:

Marta 1838-.
Olav 1841-, b. på Indre Bruvik.
Anna f. og d. 1843.
Anna f. oml. 1845, g.m. Johannes J. Fyllingslid, sjå Fyllingslid bnr. 3.
Herborg 1849-, g.m. Johannes Larsson Århus frå Evanger.
Gjertrud 1852-.
Gudmund 1852-, smed på Eide i Stamnes. Sjå Eide, husfolk.
Olav f. og d. 1857.


1846 vart Olav Gudmundsson Grøtå 1820-1851 g.m. Gunnhild Jakobsdtr. Toskheller, Gammersvik bnr. 3. Gunnhild f. 1819 døydde nokre år etter Olav. Dei to døtrene vaks opp hjå farforeldra Gudmund og Anna. Sjå framanfor.

Born:

Anna 1849-1936, g.m. Ole Thomassen Stokke, b. Ytre Arna.
Anna 1851-1925, g.m. Hans Fanahamaren, Stend.


1864 hadde Johannes Gudmundsson Grøtå og kona Brita Ingebrigtsdtr. eit barn til dåpen, Sigrid f. 1864. Huslyden er ikkje med i folketeljing 1865.


1894 var Edvard Johannesson og kona Marta Gulleiksdtr. busette her.

Born:

Johannes f. 1894.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy