Gullbrå

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Evangerboka band I


Gards og ættesoge for Gullbrå.


Gnr. 69 Gullbrå

Tidlegare gnr. 38 i Evanger kommune

Dette er øvste garden i Eksingedalen. Høgd over havet er 582 meter.


Innhaldsliste

INNLEIING

Gardsnamnet Gullbrå finst berre her. - Som persontilnamn er «gullbrå» nytta i gamalnorsk; brå tydde i gno. augnehår, og gullbrå var då ein person med ljose augnehår. «Norske Gaardnavne» (Magnus Olsen) seier, det er knapt personnemning som ligg føre i dette gardsnamnet, og N. G. kan ikkje gje nokor opplysning om namnet. - Det kan tenkjast at -brå her er i slekt med bragd som tyder «Ijosglimt», «brag», og namnet kan då setjast i samb. med ljostilhøve i landskapet ved garden. - Tidlegare skriftformer: Gull­braae 1695, Guldbraa udi Exingedahl 1723. Det heiter: «Han bur pao Gullbrao, ska to Gullbrao», i samansetn.: Gullbraohòló.

Gl skyld 1 spann smør.


EIGARAR:

1647-69: Apostelkyrkja i Bergen åtte og bygsla 1 spann smør. 1686: Peder Hansens arvingar. Peder Hansen var truleg rådmann i Bergen. 1891-92: Magister Niels Smed. 1696-1711: Annanias Wrangel. 1712-13: Jacob Widing.


BRUKARAR:

1624 var Elling brukar, betalte 4 mk. smør i leidang, øydegardsmann. 1644 var Eirik brukar av 1 pd. smør, og betalte 1 rdl. i kontribusjonsskatt. 1645 fører koppskatten opp to brukarar, Eirik og kona, og Peder Anfinnson og kona Marete. 1646-53 var Johannes brukar av 18 mk. smør. 1646 betalte han 4 skill. i skatt for å få skyssplikta bortteki, og kontribusjonsskatt 1 ort. 1648 var han utarma og slapp svara skatt. 1654 var Herlaug brukar. Han vart fleire gonger p.g.a. armod og fattigdom friteken for å betala skatt. 1657 betalte han skatt for 1 hest, 1 okse, 4 kyr, 2 kviger, 1 geit og 5 sauer med 4 mk. 7 skill. 1691-92 var Lars brukar.


Matrikkelen 1695 fører ei enkja som brukar, kanskje enkja etter Lars. Ho betalte leiglendingsskatt, proviantskatt, kjolepengar, fredtoll, odelsskatt og rosteneste med 1 mark. SkyIda var 18 mk.


1697 er Tørres brukar, kona hans heitte Brita Johannesdtr.

Born:

a. Johannes, f. 1697, g. 1722 Gjertrud Johannesdtr. Luren, f. 1690. Husmann Bergo?

Tørres Gullbrå vart dømd til dauden 1698 i lag med Knut Jakobson Trefall for mordet på Morten Janson. Sjå Saka om twende mordere paa Waas

1701 fører folketeljinga Brita Johannesdtr. som brukar. Ivar Larsson Gullbrå, 25 år, var dreng.


1711 fører skoskatten to brukarar, Ivar Larsson, som betalte skatt for seg og kona, og Mons Larsson d. 1718, som betalte skatt for seg og kona, Jorunn (Jorend) Larsdtr. f. 1668 d. 1734, frå Nedre Skjervheim, Vossestrand, sjå bnr. 4. Ivar Larsson var bror til Jorunn. Legdsrullen 1711 fortel at Ivar Larsson var 30 år gamal, gift og hadde 1 barn, og var brukar av 9 mk. smør, og er nemnd som brukar saman med Mons 1711-15, og seinare saman med Lars, uvisst om det er Lars Monsson eller Lars Ingebriktsson. 1727 får Ivar skøyte frå Jacob Widing på 9 mk. smør for 9 rdl.


Matrikkelen 1723: Gullbrå er apostelgods, to brukarar, Ivar og Lars. Jacob Widing eig og bygslar 18 mk. Ikkje husm.plass, støl 1/2 mil frå garden. Lite vedaskog, elles ikkje skog til eige bruk. Kan ikkje så eller avla korn, slik som ved Ekse. Føder 8 kyr, 2 ungnaut, 12 sauer, 1 hest.


1731 gifte ungkar Ivar Larsson Gullbrå seg i Flatekvål kapell med Anna Ivarsdtr. Eide. Ivar var fødd 1676 og døydde 1750. Ikkje born. Bonde på Gullbrå.


Bnr. 1.

GI. skyld 3 3/8 mk. smør, ny 1 ort 18 skill. 1886: Mk. 0,86. 1980: Skm. 0,76.


Lars Monsson, f. 1708 d. 1778, g. 1728 Synneva Ingebrigtsdtr. Bindingbø, f. 1697, d. 1741.

Born:

a. Mons, f. 1728, g. 1756 Marita Pedersdtr. Bjørndalen, frå Århus, f. 1738, husmann Evangerhaugen 1801.
b. lngebrigt, f. 1729, d. 1730.
c. Peder, f. 1731 d. 1801, brukar her.
d. Johannes, f. 1733.
e. Jorun, f. 1738 d.1826, g. 1765 Lars Jonson Trefall, f. 1765, b. Trefall, innerstar.


1742 får Lars Monsson ein son, Jakob, med Ingeborg Jomarsdtr. Njåtveit, Vossestrand.

Lars Monsson gifte seg oppatt 1743 med Marita Jonsdtr. Yksendalen, f. 1685, d. 1753, og tredje gong 1773 med enkj a Brita Olsdtr. Lavik, Modalen. Lars d. 1778.


Peder Larsson Gullbrå, f. 1730, d. 1801, g. 1762 Ragnhild Jakobsdtr. Trefall, f. 1739, d. før 1801.

Born:

a. Ivar, f. 1762, bnr. 3.
b. Jakob, f. 1765, bnr. 1.
c. Johannes, f. 1769, g. 1805 Ranveig Andersdtr. Sevaldstad, f. 1784, paktar Halland i Eivindvik, derfrå til Kleiven i Linås.
d. Lars, 1. 1773.
e. Ingeborg, f. 1774, g. 1805 Lars Monsson Haukeviki, f. 1772, b. Evanger.
f. Synneva, f. 1779, g. 1802 Ole Olson Myrland, f. 1775, b. Myrlandshaugen, Vossestrand.


1793. Skøyte frå Peder Larsson til sonen Jakob Pederson på 6 mk. Jakob Pederson, 1. 1765, g. 1801 Ranveig Monsdtr. Evangerhaug, 1. 1766.

Born:

a. Ragnhild, f. 1802, g. 1827 Anders Olson Nedre Mjelde, f. på Lysekloster i Os 1797. Bonde Nygard, bnr. 3.
b, Marita, f, 1805, g. 1827 Nils Nilsson Øvre Helland, Modalen, f. 1787, b. Øvre Helland, bnr, 4.
c. Peder, f. 1807.
d. Johannes, f. 1810, d. 8 dg. gl.
e. Johannes, f. 1813, drukna i Modalselva 1829.


1806. Makeskifte mellom Jakob Pederson og Lars Knutson Nygard, Modalen. Lars Knutson, f. 1784, g. 1 1805 Brita Larsdtr. Fosse, 1. 1780, d. 1813.

Born:

a. Lars, f. 1805, neste brukar.
b. Knut, f. 1807. Reiste 1847 til Vik i Sogn. Utvandra i 1856.
c. Jakob, f. 1810. Reiste 1847 til Vik i Sogn.
d. Nils, f. 1813, g. 1835 Johanna Olsdtr. Draugsvoll, Vossestrand, utv. til USA.

I skiftet etter Brita vart bruket verds. 300 spd. og utlagt Tormod Andersson Nakka for gjeld 281 spd. Buet var i alt verds- 588 spd. 5 ort 10 skill. 1820 skøytte Tormod Nakka bruket til enkjemannen Lars Knutson for 89 spd.

Lars Knutson gifte seg oppatt 1814 med Ingebjørg Davidsdtr. Humlebrekke, Vossestrand, f. 1780, d. 1868. Lars d. 1843.

Born:

a. David, f. 1816, d. 1817.
b. Peder, f. 1822.
c. Peder, f, 1824, g. 1858 Sigvor Simonsdtr. Nygard, Modalen, f. 1832, brukar her.

1823 vart Lars Gullbrå stemnd til kommisjon fordi han ikkje hadde betalt tiende, landskyld og offerskjeppe m.m. til presten på Voss, 1 spd. 2 ort 18 skill.


1830. Skøyte frå Lars Knutson til sonen Lars for 200 spd. og kr til seljaren og kona Ingeborg Davidsdtr. Lars Larsson, f. 1805, g. 1835 Marta Jakobsdtr. Trefall, f. 1800.

Born:

a. Brita, f. 1834, g.med Johannes J. Le, bygselmann Le i Vik i Sogn.
b. Lars, f. 1837, g. med Ingeborg Jakobsdtr. Trefall, f. 1833. Ho døydde i tyfusepidemi 1866 på Le. Ein son, Lars, f. 1864. Lars Larsson og sonen utv. til USA i 1867.
c. Brita, f. 1839. Utv. tiI USA, g. 1867 med Jakob Larsson Øye, f. 1840. Rene s. 575.


1846. Skøyte frå Lars Larsson til Knut Larsson Nesheim for 400 spd. og overtaking av kåret til Ingebjørg Davidsdtr. - Lars Larsson kjøpte 1847 eit bruk på Le i Vik i Sogn.


1856 makeskifte Knut Larsson med Jakob Knutson Trefall, f. 1816, mot å få att bnr. 2 i Trefall. Jakob skulle overta halve kåret til Ingeborg Davidsdtr. som hefta på bruket. Jakob Knutson døydde som husmann på Gullbrå 1905, kona Marta Johannesdtr. døydde 1891.


1861. Skøyte frå Jakob Knutson til Peder Larsson for 340 spd. og overtaking av kåret til Ingeborg Davidsdtr. Peder Larsson, f. 1824, d. 1894, g. 1858 Sigvor Simonsdtr. Nygard, Modalen, f. 1832, d. 1890.

Born:

a. Lars, f. 1857, neste brukar.
b. Brita, f. 1860, g. 1883 med lærar Knut Helgeson Brunborg, f. 1852, b. Brunborg, Evanger b. I.


Matrikkelframlegget 1863: 1 1/4 mål åker, 13 mål god, 11 mål medels og 3 mål ring naturleg eng. Av fjellslåtter 60 våger høy. Sådde 1/4 t. korn, 1 t. poteter. Avla 2 t. korn, 6 t. poteter, 547 våger høy. Fødnaden var 6 kyr, 1 ungfe, 8 sauer, hest. God og meir enn tilstrekkeleg hamn. Ikkje nok skog til brensel. Bruket var medels lettbrukt og vanleg godt dyrka. For bortleigd hamn 2 1/4 spd. årleg. Kornet fraus ofte og vart sjeldan moge.

1875 var fødnaden 1 hest, 5 kyr og 8 sauer. Sådde 1/4 t. korn, 1 t. poteter.


Lars Pederson overtok bruket utan å få skøyte frå faren. Lars Pederson, f. 1857, d. 1922, g. 1879 Gjertrud Jonsdtr. Ekse, f. 1855, d. 1917.

Born:

a. Ingeborg, f. 1879, g. 1907 John Bergeson Akselbjørg, f. 1886, skreddar, b. Evanger.
b. Peder, 1. 1881, g. 1918 Berta Jakobsdtr. Askeland, Manger, f. 1880, neste brukar.
c. Sigvor, f. 1883, g. 1905 Lars Simonson Nygard, f. 1871, b. Krossen, Nygard, bnr. 1.
d. Johan, f. 1886, d. i Bergen 1953 eller 1954.
e. Jakob, f. 1889, d. 1889.
f. Elisabet, f. 1890, d. 1923.
g. Brita, f. 1884, g. 1915 Knut Helgeson Ekse, f. 1889, b. Ekse, bnr. 1.


1889. Auksjonsskeyte til Peder Larsson ved verja Jakob J. Gullbrå for kr. 1800. Peder Larsson, f. 1881, g. 1918 Berta Jakobsdtr. Askeland, Manger, 1. 1880, d. 1953. Ikkje born.


1922. Skøyte frå Peder Larsson til Andreas Larsson Trefall for kr. 3000. Andreas Larsson, f. 1895, g. 1936 Helga Andersdtr. Lavik, Modalen, f. 1897.

Born:

a. Lars, f. 19**, neste brukar.
b. Anders, f. 1942, d. 1951.


1972. Skøyte til Lars Andreasson, f. 1937, utan vederlag. Lars var sjømann i mange år, døydde ugift 1974, og eigedommen gjekk over til Lars L. Ekse, f. 19** eig også bnr. 1 Ekse, der han bur med huslyden.


Hus på garden:

Stovehuset bygt 1952, løa med fjos ombygt same året.


Dyrka skog, jord og fødnad:

15 mål fulldyrka, anna innmark 45 av dette kan 12-15 mål fulldyrkast. Omkr. 100 mål lauvskog. Det er ikkje fødnad på bnr. 1 i 1980. Frå 1970 har bruket vore pakta av bnr. 2 og 3, Hermann og Johan Gullbrå.


Bnr. 2.

Gl skyld 3 3/8 mk. smør, ny 1 ort 18 skill. 1886: Mk. 0,86. 1980: Mk. 0,76.


1830 selde Lars Knutson halvparten av bruket, eller 3 3/8 mk. smør til Jakob Andersson Skjervheim for 300 spd. og kår til seljaren og kona Ingeborg Davidsdtr. Jakob Andersson, f. 1790, g. 1822 Brita Knutsdtr. Brakestad, f. 1800.

Born:

a. Elisabet, f. 1822, g. 1842 Jon Knutson Ekse, f. 1819, b. Ekse, bnr. 4.
b. Knut, f. 1831.
c. Anna, f. 1833.
d. Ingebjørg, f. 1835.
e. Gjertrud, f. 1841.


1845 selde Jakob Andersson bruket til Knut Larsson Nesheim for 325 spd. Jakob Andersson er seinare å finna på Dale i Vik Sogn. Kjøparen skal overta pantegjelda og kåret til Ingeborg Davidsdtr. Knut Larsson, f. 1820, g. 1947 Kari Knutsdtr. Langeland, f. 1818.

Born:

a. Ragnhild, 1. 1847, g. 1875 ekm. Helge Andersson Århus, f. 1827, b. Århus, seinare Skjerveggen, Evanger b. I og II.
b. Sigrid, f. 1847, g. 1880 ekm. Herlaug Andersson Yksendalen, f. 1832, b. Yksendal, bnr. 2.
c. Lars, f. 1850, g. 1882 Guri Herlaugsdtr. Yksendalen, f. 1858, b. Trefall, bnr. 3.
d. Knut, f. 1855, d. p Trefall.


1856. Skøyte frå Knut Larsson til David Johannesson Gullbrå for 300 spd. David Johannesson, f. 1838, g. 1854 Elisabet Larsdtr. Nesheim, f. 1837.

Born:

a. Brita, f. 1861, d. 1861.
b. Johannes, f. 1863.f. 1865.
c. Brita, f. 1869, d. 1869.
d. Lars, f. 1870.
e. Brita, f. 1873.

Matrikkelframlegget 1863 seier om bruket at det var likt med bnr. 1.


1873 selde David Johannesson bruket til broren Herlaug for 300 spd., og David og huslyden utv. til USA 1874. Herlaug Johannesson, 1. 1843, g. 1864 ek. Jorunn Hallesdtr. Fadnes, f. 1830, Dagestad, Voss.

Born:

a. Brita, f. 1867, g. 1903 ekm. Nils Jakobson Ekse, f. 1853, b. Ekse, bnr. 2.
b. Johannes, f. 1870. Utv. Til USA, gift med ei gjenta frå Kristiansand.
c. David, f. 1876, neste brukar.

Jorunn Hallesdtr. d. 1885, og i skifte etter henne vart bruket utlagt til enkjemannen for takst kr. 1200. Herlaug Johannesson gifte seg oppatt 1887 med Ingeborg Jonsdtr. Gullbrå, f. 1858, d. 1896.

Born:

a. John, f. 1888, farmar i Alberta, Canada, gift, kona var frå Røros, heitte Bertina. 2 søner.
b. Jorunn, f. 1890, bur på Voss enkjeheim.
c. Ragnhild, f. 1893, g. 1914 John Nilsson Trefall, f. 1890, b. Trefall, bnr. 2.
d. Johannes, f. 1895, g. 1929 Maria Nilsdtr. Toskeheller, f. 1904, vegarbeidar, Stamneshella.

Herlaug dreiv mykje med hestehandel. Før han kom til Gullbrå åtte han eit bruk i Fadnes. Han døydde 1925.


1875 var fødnaden 1 hest, 6 kyr, 2 ungfe, 12 sauer. Sådde 1/4 t. korn, 2 t. poteter.


1913 fekk David Herlaugson skøyte på bruket for kr. 1000 og kår. David Herlaugson, 1. 1876, g. 1911 Kari HeIgesdtr. Ekse, f. 1892.

Born:

a. Jorunn, f. 1912, d. 1915.
b. Hermann, f. 1914, neste brukar.
c. Jorunn, f. 19**, g. 1944 Jens Bjarne Johannesson Revheim, f. 1907, b. Revheim i Haus.
d. Harald, f. 1919, vegarbeidar, ug., d. 1977.
e. Gunnar, f. 19**, g. 1952 Bergit Pauline H. Ytrehorn, Hornindal, f. 19**, bonde på Ekse, sjå Ekse bnr. 2.
f. Margit, f. 19**, g. 1946 Valdemar Berglund, f. 19**, målar, b. Damsgård, Laksevåg.
g. Birger Kristian Dagflnn, f. 19**, g. 1957 Borghild Askilsdtr. Skår, Gjerstad, Haus, f. 19**, bonde Skår,
h. Ingvald Johan, f. 19**, g. 1961 Ingunn A. Fjellanger, f. 19**, anleggsarbeidar, b. Eidslandet.

Stova som David Herlaugson budde i kom frå Løno på Voss. Ho vart køyrd over fjellet frå Vossestrand.


1946. Skøyte til Hermann Davidson for kr. 1000 og kår. Hermann Davidson, f. 1914, g. 1941 Astrid 0. Nese, Modalen, f. 1909.

Born:

a. Kåre, f. 19**, anleggsarbeidar hjå. BKK, ug. b. heime; neste brukar.
b. Dina Karin, f. 19**, g. 1971 Svein Apeltun, Voss, f. 19**, arbeidar, b. Veka, Voss.
c. Lilly, f. 19**, g. Bjarne Gunnvald Brekkhus, f. 19**, anleggsarbeidar, b. Gullbrå, frå 1980 eige hus på Evanger.
d. Terje, f. 19**, anleggsarbeidar BKK, ug., b. Gamlastovo på bnr. 2.

1980. Skøyte til Kåre Hermannson, f. 1941.


Hus på garden:

Stovehuset er bygt 1968. Løbygningen er frå 1960. «Nyastovo», det tidl. våningshuset på garden, er komi frå Nese på 1930-talet.


Dyrka skog, jord og fødnad:

12 mål fulldyrka jord, 72 mål anna innmark. 100 mål lauvskog. Fødnad 1980: 50 sauer 4-6 borings­uksar.


Bnr. 3.

Gl. skyld 6 3/4 mk. smør, ny 3 ort 12 skill. 1886: Mk. 1,44. 1980: 0,76 skm.


1788. Skøyte frå. Peder Larsson til sonen Ivar på 6 mk. smør. 1791 gav Ivar foreldra kår. Ivar Pederson, f. 1762, g. 1794 Inger Akselsdtr. Skjervheim, Vossestrand, f. 1776.

Born:

a. Ragnhild, f. 1794, g. Mons Sjurson Refsdal, Vik i Sogn,
b. Peder, f. 1796, bonde på Undi etter faren, men selde i 1879 til broren Eirik, og utv, til USA.
c. Marta, f. 1799.
d. Aksel, f. 1802, b. på Store Dale i Vik.
e. Lars, f. 1805.


I 1806 selde Ivar Pederson bruket til David Pederson Horvei og kjøpte att eit bruk på Undi i Vik i Sogn. Etter Vikboka 111-2 s. 504 må Ivar ha fått ein son til, Eirik. Utv. til USA 1843. Ivar Pederson d. i Undi 1838, og kona 1839.


David Pederson Horvei,• f. 1773, d. 1841, g. 1804 Sigvor Simonsdtr. Nesheim, f. 1783, d. 1855.

Born:

a. Ingebjørg, f. 1804, g. 1834 ek m. Knut Jonson Ekse, f. 1793, b. Ekse, bnr. 4.
b. Peder, f. 1805, d. 1823.
c. Simon, f. 1810, neste brukar.
d. Johannes, f. 1812, g. 1838 Brita Herlaugsdtr. Yksendalen, f. 1812, husmann Gullbrå.
e. Nils, f. 1814, g. 1866 ek. Marta Samsondtr. Røte, Voss, f. 1825, b. Røte.
f. Anders, f. 1816, g. 1858 Ragnhild Andersdtr. Yksendalen, f. 1837, b. Tistelen, Vik i Sogn. Utv. til USA 1868, farmar.
g. Lars, f. 1819, g. 1847 Guri Sjursdtr. Tveite, Vossestrand, b. Engeland, Vossestrand. Utv. til USA.
h. Brynhild, f. 1821, g. 1838 Jørgen Olson Mørkve, Vossestrand, f. 1797, husmann Kvarme, Vossestrand.
i. Brita, 1. 1822, g. 1843 Anders Jonson Bindingbø, f. 1819, b. Bindingbø, bnr. 3.
j. Marita, f. 1826, d. 1832.

1823 vart David Pederson stemnd til kommisjons fordi han ikkje hadde betalt tiende, landskyld og offerskjeppe m.m. til presten på Voss, 3 spd. 1 ort og 11 skill.


På skifte etter David Pederson i 1841 vart bruket utlagt til sonen Simon for 250 spd. og kår til mora. Simon Davidson, f. 1810, d. 1887, g. 1835 Ingebjørg Knutsdtr. Ekse, 1. 1817, d. 1890.

Born:

a. Sigvor, f. 1835, d. 1836.
b. David, f. 1837, d. 1838.
c. Brita, f. 1839, g. 1862 Knut Nilsson Ekse, f. 1837, husmann Gullbrå.
d. David, f. 1842, bnr. 5.
e. Simon, f. 1846, d. 8 dg. gl.
f. Sigvor, f. 1847, d. 1912.
g. Knut, f. 1850, utv. til USA. h. Ingeborg, f. 1853, d. 1935, småbrukar Gullbrå, ug.
h. Gjertrud, f. 1855, d. ug. 1912.
i. Johannes, f. 1859, neste brukar.

f) Sigvor fekk 1867 ein son, Anders, med Knut Nilsson Ekse. Anders vart g. 1895 med Brita Knutsdtr. Ekse, f. 1874, b. Løkjo, Vossestrand. 1876 fekk Sigvor ei dotter, Brita, med Lars Pederson Gullbrå. Brita vart gift 1896 med Johan Olson Rutledal, f. 1869, brukar her.


Matrikkelframlegget 1863: 2 mål åker, 10 mål god, 20 mål medels og 20 mål ring naturleg eng. Av utslåtter og fjellslåtter 200 våger høy « tildels meget bekvemt». Sådde 1 t. korn og 1 1/2 t. poteter. Avla 3 t. korn, 6 t. poteter og 781 våger høy. Fødnaden var 8 kyr, 3 ungfe, 14 sauer, 1 hest. God og meir enn tilstrekkeleg hamn. Ikkje nok skog til brensel, 2 mil vanskeleg klyvjeveg til bygdevegen. Bruket var medels lettbrukt og vanleg godt dyrka. For bortleigd hamn 3 spd. årleg, Kornet fraus ofte og var sjeldan moge.


1875 var fødnaden 2 hestar, 1 okse, 8 kyr, 14 ungfe. Sådde 1 t. korn og 1 t. poteter.


1897. Skøyte frå Ingebjørg Knutsdtr. til sonen Johannes for kr. 1250 og kår. Johannes Simonson, f. 1859, d. 1920, g. 1895 Gurine Davidsdtr. Gavle, Vossestrand, f. 1860. Ikkje born.


1909 selde Johannes Simonson bruket til Johan Olson Rutledal for kr. 2400, og flytte til Gavle som husmann i Lomsdalen. Johan Olson var frå Gulen, f. 1869, d. 1909, g. 1896 Brits Larsdtr. Gullbrå, f. 1876, f. 1952.

Born:

a. Olav, f. 1897, bnr. 4.
b. Eiline, f. 1898, g. 1931 Anders Davidson Ulvund, 1. 1891, bonde Vossestrand.
c. Severin, f. 1900, g. 1931 Ingebjørg Andersdtr. Fjellanger, f. 1910, syster til Johannes A. Bergo, b. StangheIle. Veganleggsarbeidar, b. Bergo, Eksingedalen, d. 1937.
d. Johannes, f. 1902, d. 1902,
e. Johannes, f. 1903, neste brukar, d. 1980.
f. Knut, f. 1906, g. 1931 Hjørdis Karlsdtr. Dyrkorn, f. 1903, bonde Dyrkorn, Sunnmøre.
g. Ingvald, f. 1908, betongarbeidar, ug. b. Gullbrå.
h. Jenny, f. 1909, g. 1944 Johannes A. Bergo, f. 1908, bonde Bergo, bnr. 2
i. Berta (tv.), f. 1909, hushjelp, b. Åsane, Bergen.


1949 får Johannes Johanson skøyte for kr. 2050 og kår. Johannes Johanson, f. 1903, g. 1936 Ingeborg Jonsdtr. Århus, f. 1913.

Born:

a. Ein gut, f. 19**, d. udøypt 5 v. gl.
b. Johan, f. 19**, neste brukar.
c. Gunnar, f. 19**, g. 1965 Kirsten Berit Eide, Eidslandet, f. 19**, oppsynsmann v/Statens Vegvesen, b. Eidslandet.
d. Bjarne, f. 19**, g. 1964 Ingebjørg Dale, Drangedal, f. 19**, reparatør ved Kvernelands Fabrikker, b. Kverneland, Jæren.
e. Inger Johanne, f. 19**, b. Skulestadmo, Voss.


1970. Skøyte til Johan Johannesson for kr. 39.860 og kår. Johan Johannesson, f. 19**, g. 1967 Ingunn Marie Lønning, Ølve, f. 19**.

Born:

a. Johannes, f. 19**.
b. Kjartan, f. 19**.
c. Frøydis, f. 19**.
d. Torstein, f. 19**.

Johan Gullbrå er medlem av heradsstyret, skulestyret, styret i Hordaland sau- og geitalslag, formann i Øvre Eksingedalen bondelag.


Hus på garden:

Stovehuset bygt 1965, løa med fjos 1962, reidskapshus 1974, stølshus 1980. Bnr. 3 flytte turret bortom elvi etter utskiftingi.


Dyrka skog, jord og fødnad:

Fylldyrka jord 35 mål (nydyrka 18 mål), anna innmark 30 mål. Ikring 100 mål lauvskog. Fødnad 1980: 80 geiter, 18-20 sauer.


Bnr. 4.

Gl. skyld 41/2 mk. smør, ny 2 ort 8 skill. 1886: Mk. 1,32. 1980: 1,17 skm.


1728 får Lars Ingebrigtson skøyte frå Jacob Widing på 9 mk. smør. Lars Ingebrigtson var frå Bindingbø, f. 1865, g. I 1719 med Jorunn Larsdtr., enka otter Mons Larsson, Jorunn bleiv i elvi 1734, og Lars gifte seg oppatt 1738 med Kari Jomarsdtr. Njåtveit, f. 1704, d. 1775. Lars d. 1761.

Born:

a. Ingebrigt, f. 1739, neste brukar.
b. Synneva, f. 1741, g. 1771 Haldor Jakobson Bindingbø, 1. 1745, b. Bindingbø, husmenn.


1761 får Ingebrigt Larsson skøyte på 41/2 mk. smør. Ingebrigt Larsson, f. 1739, d. 1777, g. 1765 Brytteva Monsdtr. Tveite, Vossestrand, f. 1727.

Born:

a. Kari, f. 1766, d. 1766.
b. Kari, f. 1767, d. før 1777.
c. Lars, f. 1768, neste brukar.
d. Mons, 1. 1772, d. før 1777.

I skifte etter Ingebrigt vart bruket verds. 10 rdl. og utlagt med 2 1/4 mk. smør til enkja, og 2 1/4 mk. til sonen Lars.


Brytteva Monsdtr. gifte seg oppatt 1778 med Sjur Gulleikson Brekkhus, f. 1757. Han får same året skøyte på 4 1/2 mk. med rett for Lars Ingebrigtson å løysa inn jorda i si tid.


Brytteva d. 1780 og Sjur gifte seg oppatt 1782 med Guri Olsdtr. Myrkve, Vossestrand, f. 1750, b. Brekkhus.


I skifte etter Brytteva vart bruket verds. 10 rdl. og utlagt sonen Lars. Lars Ingebrigtson, f. 1768, g. 1788 Torbjørg Andersdtr. Bergo, f. 1772. 1789 gav Lars Ingebrigtson verforeldra Anders Knutson og Brita Mikkelsdtr. (Gullbrå) kår på bruket.

Born:

a. Brytteva, f. 1790, g. 1821 Johannes Nilsson N. Kvamme, f. 1796, b. Bøkevoll, Alversund.
b Ingebrigt, f. 1792.
c. Anders, f. 1795.
d. Mons, f. 1798, g. i Korskyrkja i Bergen 1830 med ek. Anna Haversdtr., 37 år. gl. Ho var dotter til bonde Håvard Torbjørnson Myrane.
e. Sjur, f. 1802, d. 1815.
f. Brita, f. 1806.

Lars Ingebrigtson gjorde gardbyte 1803 med Jon Larsson Espeland i Alversund. Då Torbjørg flytte til Espeland flytte foreldra hennar med. Lars d. 1811.


Jon Larsson var frå Mestad, f. 1756. d. 1821, g. 1887 Sigrid Bergesdtr. Brunborg, f. 1763, d. 1829.

Born:

a. Berge, f. 1788, neste brukar.
b. Lars, f. 1790, g. 1819 Brita Knutsdtr. Trefall, f. 1799, plassmann Langeland 1857, Evanger b. I.
c. Odd, f. 1791, g. 1822 Steinvor Larsdtr. Nesheim, f. 1800.
d. Sjur, f. 1796, g. 1829 Marta Simonsdtr. Nesheim, f. 1790, innerst Sevaldstad, husmann Brekkhus, Evanger b. I.
e. Elisabet, f. 1792, g. 1836 Ole Bårdson Engeland, Vossestrand, b. lkkje born.
f. Brita, f. 1794, g. Lars Sørensen, b. Sandviken i Bergen 1837, 3 born.
g. Marita, f, 1799, drukna 1836.
h. Anna, f. 1801, g. Abraham Olson Sellevik, 1 barn.
i. Simon Jonson Bjørndal, d. før 1857.

I skifte etter Jon vart bruket, 4 1/2 mk. smør, utlagt eldste sonen Berge for takst 230 spd.


Berge Johnson, 1. 1788, d. 1843, g. 1820 Barbrå. Andersdtr. Brekkhus, 1. 1785, d. 1859.

Born:

a. Jon, f. 1821, neste brukar.
b. Lars, f. 1824, g. 1857 Sigrid Olsdtr. Lund, Vossestrand, f. 1827. Utv. til USA 1857.
c. Brita, f. 1826, g. 1849 Jakob Knutson Ekse, f. 1825, innerst Gullbrå og Sevaldstad.
d. Sigrid, f. 1829, g. 1861 ekm. Jakob Knutson Ekse, f. 1825, b. Fosse, bnr. 2.

1823 vart Berge Gullbrå stemnd til kommisjons fordi han ikkje hadde betalt tiende, landskyld og offerskjeppe m.m. til presten på Voss, 1 spd. 2 ort 11 skil.


I skifte etter Berge Jonson i 1843 vart bruket utlagt til sonen Jon mot å overta pantegjelda. Jon Bergeson, f. 1821, d. 1903, g. 1843 Ragnhild Torkjelsdtr. Fosse, f. 1817, d. 1902.

Born:

a. Berge, f. 1843, neste brukar,
b. Torkild, f. 1847, utv. til USA, d. i 1920-ára.
c. Nils, f. 1850, d. 1853.
d. Brita, f. 1852, g. 1876 Samson Josefson Gullbrå, f. 1851, handelskar. Dei budde ei tid på Engeland, Vossestrand. Samson var son til Josef Samsonson Grimestad, Voss og kona Jorunn Hallesdtr.
e. Gjertrud, f. 1856, g. 1879 Jakob Jonson Ekse, f. 1850, b. Ekse, bnr. 5.
f. Ingebjørg, f. 1858, g.1887 ekm. Herlaug Johannesson GuIlbrå, f. 1843, hestehandlar og bonde Gullbrå.


Matrikkelframlegget 1863: Seier om bruket: 1 2/3 mål åker, 17 mål god, 29 mål medels, 5 mål ring naturleg eng. Av utslåtter og fjellslåtter 268 våger høy. Sådde 1 3/10 t. korn og 1 1/2 t. poteter. Avla 5 t. korn, 9 t. poteter og 727 våger høy. Fødnaden var 8 kyr, 1 ungfe, 14 sauer og 1 hest. God og meir enn tilstrekkeleg hamn. Ikkje nok skog til brensel. 2 mil vanskeleg klyvjeveg til bygdevegen. Bruket var

els lettbrukt og vanleg godt dyrka. For bortleigd hamn 3 spd. leg. Kornet fraus ofte og vart sjeldan moge.


1875 var fødnaden 1 hest, 4 kyr, 9 sauer 1 gris. Berge Jonson, f. 1843 fødde 1: hest under 3 år, 4 kyr og 3 sauer. Sådde 3/4 t. blandkorn, 2 t. poteter.


1884. Skøyte til Berge Johnson for kr. 1000. Berge Johnson, f. 1843, d. 1923, g. 1869 Marta Knutsdtr. Ekse, 1. 1843, d. 1917.

Born:

a. John, f. 1869, d. 1879.
b. Knut, f. 1874. Utv, til USA 1893, b. i Esteline, S. Dakota.
c. Nils, f. 1877, bonde her.
d. John, f. 1880, d. 1895.
e. Johannes, f. 1882. Utv. til Canada, b. Irma, Alta.
f. Lars, f. 1886, d. ug. 1954.
g. Ragnhild, f. 1889.


Ein son til Berge Johnson vart gift med Anna K. Ekse, f. 1882.


1917. Skøyte ti! Nits Bergeson for kr. 2000 og kår. Nils Bergeson, f. 1877, d. 1961, g. 1947 Anna S. Nygard, Modalen, f. 1879.


1954. Skøyte frå Nils Bergeson til Olav J. Gullbrå for kr. 5000 og kår. Olav Johanson, f. 1897, g. 1926 Brita Nilsdtr. Trefall, f. 1901.

Born:

a. Johan, f. 19**, bnr. 5.
b. Nils, f. 19**, g. 1955 Ingeborg Margrete Gjerde, Etne, f. 19**, elektrikar, b. Gullbrå. Nils g. II med Lillian Harveland, f. 19**.
c. Albert, f. 19**.


Olav Johanson var landpostbod i Eksingedalen i mange år, han var el. verkstyrar i Evanger 1931-1950. Han hadde installering av el.kraft på gardane og husi og tilsyn med linene; det var dg innkrevjing av kontingent og rekneskapsførsle. Olav J. Gullbrå gjekk ungdomen ein vinter på Hordaland Fagskule, der han Iærde grunnleggjande elektroteknikk. Han leidde arbeidet med installering i dei private kraftverki på Brekkhus og Nesheim.


1974. Skøyte til Albert Olavson for kr. 8000 og kår. Albert Olavson f. 19**, g. 1967 med Anny Pedersdtr. Maurset, 1. 19**, frå Aukra, Nord-Møre.

Born:

a. Olav, f. 19**.
b. Kristin, f. 19**.
c. Britt Jorun, f. 19**.


Hus på garden:

Nytt stovehus under byggjing 1980. Noverande stovebygning frå 1909. Kårstove bygd 1917, geitefjos 1977, stølshus 1979.


Dyrka skog, jord og fødnad:

Fulldyrka 25 mål, anna innmark 60 mål, 300 mål lauvskog, 15-20 mål er høveleg til nydyrking. Fødnad 1980: 85 geiter.


Bnr. 5.

Utsk. frå bnr. 3 i 1897. Sk.mk. 0,58. 1980: Mk. 0,51.


1897. Skøyte frå Ingeborg Knutsdtr., enkja etter Simon Davidson, til sonen David Simonson for kr. 850 og kår. David Simonson, f. 1842, d. ug. 1924 som kårmann på bruket.


1916. Skøyte til Olav Johanson Gullbrå for kr, 800 og kår. Olav Johanson, f. 1897, g. 1926 Brita Nilsdtr. Trefall, f. 1901, sjå bnr. 4.


1961. Skøyte til Johan Olavson, f. 19**, for kr. 3000. Johan er g. 1978 med Gjertrud Arnfinnsdtr. Skjerpe, Voss, f. 19**, b. Skjerpe, Voss.

Born:

a. Astrid Jorun, f. 19**.


Hus på garden:

Stølshus vart bygt 1972, elles er der ikkje hus på bnr. 5.


Dyrka skog, ford og fødnad:

Fulldyrka jord 28 mål, det meste av dette er nydyrka etter 1956. Anna innmark 15-20 mål.


Bnr . 5 vert i 1980 pakta av bnr. 4.


Bnr, 6. Gullbråavsnittet.

Utsk. frå bnr. 1 - 5 i 1917. Sk.mk. 0,52.

1917. Skøyte frå oppsitjarane på bnr. 1 - 5 til D. V. Blaauw for kr. 2000.


Bnr. 7. Gullbrå.


Utsk. fra bnr. 2 i 1969. Sk.mk. 0,01. Heimelshavar Andreas Trefall, Johannes og Olav Gullbrå.


Bnr. 8. Skogly.

Utsk. frå bnr. 5 i 1972. Sk.mk. 0,01.

1972. Skøyte til Nils og Lillian Gullbrå, f. 19**, for kr. 1000.


Bnr. 9. Tunet.

Utsk. frå bnr. 1 i 1973. Sk.mk. 0,01.

1974. Skøyte til Olav J. Gullbrå, f. 1897, for kr. 600.

Husmenn:

Lars Andersson Evanger, 1. 1713, g. 1739 Ragnhild Jakobsdtr. Trefall, f. 1713, d. 1771, var husmannsfolk her. Lars var son til Anders Torkjelson på Brekke, bnr. 1.

Born:

a. Hildebjørg, f. 1740.
b. Johannes, f. 1742.
c. Hildebjørg, 1. 1745.


Soldat Nils Knutson Trefall, f. 1777, g. 1800 Marta Larsdtr. Fosse, f. 1774, d. som fattiglem på Trefall 1859, budde her i 1813. Tidlegare budde dei på Trefall.

Born:

a. Knut, f. 1800, g. 1827 Brita Johannesdtr. Yksendal, f. 1794. Dei reiste 1828 til Borge i Haus som plassfolk, seinare paktar Borgatreet, og flytte så til Frekhaug.
b. Brita, f. 1802, g. 1821 Lars Jørgenson Hernes, f. 1795, husmann Fadnes.
c. Anna, døypt 1806, f. på Helland, Modalen.
d. Ingeborg, f. 1808, d. 1845.
e. Lars, f. 1811, g. 1839 Gjertrud Knutsdtr. Rasdalen, f. 1816, b. Evanger.
f. Amund, f. 1813.


Jakob Knutson Trefall, f. 1816, g. 1844 Marta Johannesdtr. Aldal, f. 1813, var husmannsfolk med jord her i 1875. Dottera Ragnhild, f. 1853, var hjå dei. Jakob døydde 1805, Marta døydde 1891.

1875 fødde dei 2 kyr og 5 saner. Sette 1/2 t. poteter.


1841. Kontrakt frå David Pederson til sin andre son Johannes på jordstykka Haugane, Skreen, Kvanbotnebeite, Lillelien, Urene og Storeskreene m.m. Istadenfor avgift skal han kvart år svara 1 ort. Han skal bu heime i 15 år, der han har ein flor ståande.


Johannes Davidson Gullbrå, f. 1812, d. 1887, g. 1838 Brita Herlaugsdtr. Yksendalen, f. 1812, d. 1879, var husmannsfolk her i 1865.


Born:

a. David, f. 1838, brukar bnr. 2.
b. Herlaug, f. 1843, brukar bnr. 2.
c. Guri, f. 1846, syerska, d. 1932.
d. Sigvor, f. 1849, b. Ekse bnr. 4.

1863 seier matrikkelframlegget om plasset: 2 mål god, 5/2 mål medels og 1 mål ring naturleg eng. Av utslåtter 80 våger høy. Avla 210 våger høy. Fødnaden var 3 kyr og 4 sauer.


1875 var fødnaden 3 kyr og 4 sauer.


Knut Nilsson Ekse, f. 1837, g. 1862 Brita Simonsdtr. Gullbrå, f. 1939, var husmannsfolk her i 1865.

Born:

a. Ingebjørg, f. 1860.
b. Ingebjørg, f. 1864.
c. Brita, f. 1866, d. 1866.
d. Simon, f. 1867.
e. Nils, f. 1863.

Huslyden utv. til USA 1869.


1855. Festesetel frå Knut Larsson m.fl. til Ole Thorgeirson Mølster på stølen Gullbråhòlo for 12 år mot bygselsum 50 spd., og rett til lengjing av leigetida.


1867. Obligasjon og leigekontrakt frå Peder Larsson til OIe Thorgeirson Mølster for 35 spd. og rett til hamnegang i 10 år i Gullbråhòlo


Grend:

Gulbrå er i bedlag med Ekse, Trefall og Brakestad.


Kvern:

3 km frå tunet, inn mot Grøndalen ligg Kvernhusvikjè. Der skal eingong ha stade kvernhus. I nyare tid har der vore kvern i fossen heime ved garden. Då Gullbråane selde elvi til Blaauw 1917, tok dei atterhald om at dei til kvar tid skulle ha vatn til slipestein og kvern.


Støl:

Gullbrå har støl i Holmen. I 1966 bygde fleire av bruki fellesstøl oppå fossen, like ovanfor garden. Det er bygt for 200 geiter med mjølkemaskinanlegg. Tankhenting frå 1978,


Utløer og stakkstøde:

Det skal ha vore 22 stakkstøde og 4 utløer på Gullbrå den siste tidi dei dreiv med markaslått. Olav J. Gullbrå f. 1897 hugsar desse: Ørretødna, Opstaskorè. Kvannfossen, øpste Kvannfossen, øpsta Svòè, nesta Svòè, Hajen, Øpstehajen, Krakjen, vetle Krakjen, Svòe, Dalarslaotto, Skogahaugjen, innpao Dalè, Vetlalie, - på alle desse stadene var det stakkstøde. Uti Haga var der to løer.


Tekniske tilhøve, veg:

Fyrste slåmaskina kom til Gullbrå i 1918 (Bergje-Nils på bnr. 4). Fyrste traktoren 1955 (tohjuls). Sidan er firehjulstraktorar komne. Bergje-Nils hadde 3 løypestrenger, 1 frå Kvannafossen, 1. frå Stubbeteigen og 1 frå Krosshaugo. Fossahuset, kraftstasjonen på Gullbrå produserer 25-26 kW. Det forsynte Gullbrå og Ekse med straum til Ijos og kokeplate. Det vart bygt, under leiding av Olav J. Gullbrå, f. 1897, vintrane 1924-1927. Severin, bror hans Olav slo tunnelen, elles var det Olav som hadde arbeidet. I 1943 vart ny generator og turbin installerte, og då var det line vart strekt til Ekse. Telefon installert 1950. Kraft frå BKK 1956. Bilveg til gards 1959.


Ymse frå Gullbrå:

Når dei tek veiter, finn dei furerøter i myrane på Gullbrå, like eins på Holmen. - Bergje Gullbrå hadde åker i Puntavodl, omlag 1 mål. David Gullbrå hadde korn i Storåkeren. Båe dyrka korn so lenge dei levde. Kverni var 3 km innantil i elvi or Grøndalen. - Bergjebuè på bnr. 4 er komi frå Kvitanostuftena; det var 2 sel som er sette oppå kvarandre. - Det kom farande folk som var ukjende på vegen austetter, vart born frå Gullbrå med dei til Murane i Skjervheimseggjinne. Opp gjennom tidene har det vore mykje samvere og hopehav millom Ekse Gullbrå på eine sida og Myrkdalen - Holbygdi på hi. Gullbrå- og Eksefolket hadde faste hus dei tok inn hjå på Skjervheim og på fleire gardar i Holbygdi. Målføret på Ekse og Gullbrå er merkt av dette hopehavet med Strondi. - Dei hermer etter ei kone på Gullbrå: «Eg ve kje nokkon tao mine so idla, attù dei ska komma neom Hagaleite».


Ei såge frå Gullbrå:

Johannes Tørrisson Gullbrå og Knut Trefall var på veg heim frå Bergen og råka då ein handelskar frå Austlandet, truleg ein halling, han heitte Morten. Dei overtalde denne til å fylgja seg heim til Eksingedalen, då dei fekk han til å tru at dette for han var ein snarveg heim. Dei kom til Gullbrå seint ein kveld. Dagen etter skulle Johannes og Knut fylgja Morten over til Holbygdi.

Dei tok ut i grålysingi, men då dei kom fram til den fossen som sidan har vorte kalla Montensfossen, snudde dei heimatt alle tre. «Me var kje goe to finna vegen», sa dei to til framandkaren. Kona hans Johannes fann åt del då del kom ned att, og då dei la i vegen att neste morgon sa ho: «Lat meg no sjao, dar inkje è kalvahjarta i deko dag òg!»

Då dei kom oppatt til fossen, slo dei Morten i svime med ei vedskie som låg i eit vedlad ved sida av vegen og ransaka kledi hans etter pengane hans. Dei fann ikkje noko pengar, og so kasta dei han uti elvi like ovanfor fossen. Han skal ha vakna til medvit uti elvi og ropa at del skulle få pengane, ville del spara livet hans. - Like etter for han utover fossen og ingen har sidan sett han.

Segni seier ikkje noko om korleis det vart vitleg at dei to hadde drepe Morten, men dei vart pågripne og dømde til halshogging. Johannes skal ha vore angerbroten og audmjuk etter domen, men Knut var trassig og hard ogso på rettarstaden, som var på Sandneset millom Rekve og Bulken. (Etter Th. S. Haukenæs: Natur, Folkeliv IV, s. 343-346.)

Sjå Saka om twende mordere paa Waas

Off forretningar:

Forretning mot Tveite, Vossestrand, om stølen Hòlo 1741-42. Statsark. setelkat. Do. mot Tveite og Gilbakken 1742. Do. mot Mølster om stølen Sødalen 1777. Do. mot Tveite 1746. Vegkontrakt Fadnes-Brekkhus 1888. Kontrakt om veg gjennom dalen 1894. Garantidok. vedk. vegen Fosse-Nesheim 1913. Avtale om veg 1922. Grensegang vedk. stølane og eigedomar i Voss og Vossestrand 1941. Innmarksutskifting Gullbrå 1959.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy