Høvik

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Modalsboka band I


Gards og ættesoge for Høvik.



Gnr. 54 Høvik


Gnr. 86 i Hosanger


Innhaldsliste

Innleiing

Høvik ligg 10 km oppe i Eksingedalen, og er den fyrste av gardane her som høyrde til Eksingedalen sokn og Modalen herad. Gardane nedanfor høyrde til Stamnes sokn i Bruvik. Sjølve garden ligg på nordsida av Storelvi, men hev området sitt på båe sider av dalen.
Om gardsnamnet finn me dette i «Norske Gårdnavne»: «Udtales Hevikjæ. Dativ i Hevikjene. Hemvichar i N.R.j. Høevig 1610, Høvig 1623. Vel Høyvik. Elven gjør ved gården et par bøininger, til en av disse sigter vel navnets siste led». Av andre skriftformer kan nemnast: Heuuig i 1590/91, Høevigh i 1608/09, Høevigen i 1637 og Houigen i 1664. I eit bygselbrev 1699 er garden nemnd Lille Høevigen. I tidi 1750 til kring 1800 nyttar kyrkjebøkene Hevig og Hevigen, og rettar seg då meir etter bygdemålsuttalen enn etter dei andre kjeldone. - No segjer folk vanleg «på Hevikjene». Men for eit par mannsaldrar sidan nytta dei nok preposisjonen i: «i Hevikjene, ned i Hevikjæ».
Nedetter dalen når Høvik til møtes med Eikemo på båe sider av elvi. Merket er nedst i Tverrdalsåsen og går rett tvers yver dalen der. På nordsida kjem merkelina opp i fjellet nett nord for Hodnefjellsvatnet. Sidan er det grensa mot Mo og Almelid, og sist mot Vetlejord. Der kjem merkelina nedatt til elvi i Øykjahotnen og går yver elvi nett ovanfor fossebruni i Gunnhildfossen. På sørsida held se merket mot Vetlejord fram opp lidi og til fjellkanten yver Oksli, fylgjer so fjellkanten nordetter til høgste Gavleberget. Der møtest grenselinone millom Høvik, Vetlejord og Nese. Lenger sør får Høvik grensa mot Leiro, og til slutt mot Eikemo på denne sida av dalen og.
Det finst inkje fråsegn om kor gamal garden er, eller kven som fyrst busette seg her. Det er gjort ei gravfunn som vart tidfest til «yngre jarnalder», d.v.s. vikingtidi kring 800 - 1000 år e. Kr. Gravi låg i Vetlaneset, litt nord for huset der Gudmund Høvik bur no. Der var ein haug, på lag 10 m i tverrmål, og gravi inni var laga av kantsette hellor. Dei fann sverd og øks og ymse anna, som skal vera i Bergens Museum no.
Seinare fann Jakob O. Høvik, f. 1915, ei liti øks som og måtte vera frå vikingtidi. Ho var funni på sørsida av Botnebekken, i bakken rett sør for Røysa-husi. Det tykkjest vera visst at Høvik låg øyde dei fyrste hundradåri etter svartedauden, og at garden vart teken oppatt kring 1600.
Sjølve garden er innringa av åsar og bratte lider, so det er ikkje utsyn korkje nedetter eller oppetter dalen. I vest hev du det låge åsdraget frå Pøylefossen og nordetter Skarvet, som stengjer utsynet nedetter, so den bratte Hevikalidi i nord, deretter Hamrane og Botnebrekkone opp mot Kalvahagen, og oppyver der Husafjellet som ris bratt opp, og i aust Åsen som stengjer utsynet oppetter dalen. På sørsida av dalen er og nokso bratte lider mot Storseili og Kollhaugen. Beint i sør går eit lite dalføre mot Stølen, og sidan er det Svadena og Furskogen i sørvest.
Innmarki på Høvik er ei flat morene frå elvi og fram til Botnabekken, som renn gjennom heile bøen frå inst i Botnen og ut i Pøylo. Når ein kjem yver bekken, er det framleis flatt heilt bort under Hamrane, Lidi og Skarvet, men her er det djup, sandblanda moldjord. Inst på denne flata, nær bortunder Hamrane og Lidi, låg det gamle tunet, Bortehusi, på same staden som no bortunder Gardbogen, og Nilsahusi att-under hamaren, med lødebygningen på andre sida av gardsvegen. Då Borte-luten vart skift i 1834, og Knut Ivarson skøytte halve bruket til sonen Johannes, fekk han innmarki si i Neset og ned mot elvi, og han hyste då opp der og flutte dit. Eldste broren Ivar vart buande i heimetunet. I 1877 då Olav Nilsson skifte sitt bruk millom dei to eldste sønene sine, vart Nils som var eldst, buande i heimetunet, og Jakob flutte ut og bygde og busette seg på Røyso, der husi framleis står. Etter utskiftingi kr. 1910 måtte Nils flytta ut. Han sette då bunadshusi oppatt innpå Smihaugen. og bygde nye florshus der. Alle desse bunadshusi var av det vanlege slaget for si tid: Ei lang lån med storstova i eine enden og vetlestova i andre, og millom stovone ein breid gong med skorstein og gruva. So var det lemmar yver båe stovone og utelem eller «døralem» yver gongen. med tropp opp frå gongen. Under vetlestova var kjellar av gråsteinsmur og med nedgang gjenom ei luka i gongen.
I gamlehusi på Nilsa-luten var ei svol langs øvre sida, so der gjekk vel ikkje gongen tvers gjenom heile husbreiddi. No er alle desse husi annleis innreidde. Skorsteinen er ombytt med loddpipa, og gruva med komfyr, og gongen delt med ei paneling med kjøk på eine og gong på andre sida.
Både Burte-bruket og Nilsa-bruket hadde smia eit stykke frå hine husi.
I matr. 1723 heiter det om Høvik: «Ingen husmandsplads, ingen seter, brændeved og lit furuskog til fornødenhed, 1 flomkvern. Ligger 1 miil fra søen og 7 miile fra Bergen. Årvant og tungvunden». - Me veit ikkje no med vissa kvar dei hadde kverni den gongen, men me veit at seinare var det kvern i Stølselvi ovanfor Utlebøen bortanfor «Søafy-hylen». Den kverni flytte Knut Johannesson heimom elvi og sette henne opp nedanfor fossen i Hestabotnen. Det måtte vera kring 1900 eller litt fyrr. Der var se lite fall at det laut helst vera stor elv når dei skulle mala. Borte-luten og Røysane hadde kvernhus i Botnæ, men der var lite vatn. Nilsaluten sette opp kvern i Stavleifossen, bortanfor elvi. Dei fekk leiga tuft på Vetlejord-eigedom og skulle betala ei halv ort i årleg leiga. Her var årgangs vatn, so elvi måtte vera uvanleg liti om dei ikkje skulle kunna mala her.
Gamle-Joans i Nesæ sette opp sag i Stølselvi, nett nedanfor der kverni stod, truleg kring 1860. Det var oppgangssag, og der kom dei med material frå næraste gardane og fekk skore timber og bord. Gamle-Nils hadde sag i Botnæ, det måtte vera noko seinare, men der kunne dei ikkje skjera utan det var flaum. Endå seinare bygde Røysa-Jakob sag i Tverrdalselvi, nett ovanfor vegen. Det var sirkelsag, og ho var i bruk lang tid, til både vasshjulet og huset vart til nedfalls. Då kjøpte Jarl Rasmusson på Borte-luten sagi og bygde nytt hus og sette i stand slok og hjul so han kunne skjera på skila vis. Men etter kvart som det vart folkaløysa på garden, vart det lite tid både til hogst og til skjering, so no er nok ikkje den sagi i bruk lenger.
Endå ein ting bor namnast: På Nilsaluten sette dei opp vasshjul i bekken borturder Lidi. Det var straks etter 1900. Det var yver-vasshjul. og med det dreiv dei treskjemaskina nokre år. Det var nok berre i flaum at hjulet greidde å halda maskina i gang, for ho var eit beist so tung å snu. Skulle det gå med handemakt, måtte det helst vera 4 mann.
Det heiter i matr. 1723 at garden er «årvant». Det må vera fordi det er frostnæmt på Høvik. Bø og åkrar er flate og ligg lågt i lendet, og heile Neset frå Pøylehylen og inn mot Åsenden var yvervakse med stor fureskog heilt fram mot Perbøen, so det meste av dyrka mark låg som i ei gryta. Snjoen tok seint av om våren, og klaken låg lenge i jordi, og skodda hadde lag til å leggja seg yver dei låge markene, og var det klårver, hende det at både potetor og korn fraus. Men i åri kring 1900 hogg dei ned det meste av skogen i Nesæ, og det hjelpte godt. Det går eit herme etter Gamle-Nils Flakoll, kva han sa eit par år etter at skogen var snøydd: «Hevikjæ he fløytt seg storvegjes».
I 1723 hev garden ingen seter. Me hev ingi fråsegn om kva tid Hevikastølen vart bygd. Brita Knutsdtr. som var fødd på Borte-luten i 1827, visste ikkje om anna enn at der hadde vore støl, og ho hadde greida på mangt frå gamal tid, og hadde fråsegner om folket sitt på garden attyver til 1750-talet. Det er to andre stader enn der stølen no ligg, som og hev namnet støl. Den eine er «Nord på Stølen» ein stad på fjellyvergangen frå Høvik til Krossdal. Denne «Stølen» er litt fyrr ein kjem bort under Vardabrekkena, på flaten der. Der hev til denne tid synt rester av murar. Det kan ha vore husmurar, men synest meir likt til gjerde kring småe træe, og kan vel ha vore innhengningar på. ein mjølkeplass. Det er ingen no som veit å segja med vissa om her hev vore støl, eller det berre var ein vanleg mjølkeplass når kyrne var i beite «nord på fjellet». Den andre staden er «nedpå Stølen». Det er ein liten flate ned mot elvi nett bortanfor Longhyljane. Det er no inngjerdt og gjødsla og høyrer til bruket i Nesæ, og er nytta til kulturbeite. Frå gamalt låg det nok i sambeitet, og var vel vanleg mjølkeplass når kyrne gjekk i «burtafybeitet».
Hevikastølen ligg bortanfor elvi, beint i sør for garden. Fyrst må ein i båt yver Søafy-hylen, sidan går vegen langs Stølselvi fram til seli, som ligg ved sørenden av det vesle Stølsvatnet. Det er ein halv times gonga heimanfrå. Her hadde Borte-luten og dei i Nesæ kvar sitt sel, og Nilsane og Røysane sitt i lag. Alle husi er no til nedfalls, for stølen hev ikkje vore i bruk sidan kring 1940.
I stølshagen var desse beiti: Døvesøkkjena, Hjellen, Grasdalen, Leirebrekkena, Storehjellsbrekkena, Fitjane, nedste og øvste Botnen og Storseili. Når kyrne var i Leirebrekkena eller på Storseili, var det strid stølagonga. - Vanleg løysingatid på Høvik var 14 dagar fyre Jonsok. Då hadde dei kyrne i Kalvahagen fyrste døgret. Sidan bytte dei mykje på beiti. Fyrst i heimahagen, so «Nord på Stølen», og deretter i «bortan-forhagen», so i heimahagen att. Deretter flytte dei på stølen og var der i 6 vekor, so att i «bortanfor-hagen», og sist i heimahagen til det var tid å «setja inn», kring mikjelsmyss. Når kyrne var på stølen, rodde budeione om Søafy-hylen. Der hadde Borte-luten og Neset naust og båt. Når elvi var stor, kunne det vera aktesamt å ro der, for straumen var strid. I 1836 drukna to budeior der då dei skulle ro heimatt og båten kvelvde. Når kyrne skulle yver elvi, synna dei deim yver i Longhyljane, og der rodde budeione yver når kyrne var i «bortafy-beitet». Elles hadde Nilsane og Røysane kvar sin båt og naust i Hestabotshylen, for dei hadde markaslåttor bortanfor der.
Det var på Høvik som på andre gardar at markaslåtten gav meste foret og varde heile sumaren, berre med eit avbrot i kornskurden. Til attåtfør nytta dei skav og beit, og i høyløysa om våren skar dei lyng og kammablom. I urdi ovanfor Kalvahagen hev det fram til våre dagar stade nokre gamle almestuvar. Staden heiter Almkråi. Der sanka dei nok attåtfor både åt folk og fe i verste hardåri.


På Høvik var desse utslåttone:

Bruk 1: Heimanfor elvi, på vestsida av Tverrdalen attimot Eikemomarkene, låg desse: øykjabotnen, nedste og øvste Skredløda, Hedlerløda og Hedleren, ein stor heller med rom til 40 byrdar høy. Ovanfor der var stakkstøde på Hedlersbruni. Nedst i Tverrdalen var og ei liti slåtta med stakkstøde. Bortanfor elvi hadde dei Slåtteneset, Hestebotnen (Fetæ) og ei liti Kodlhaugløda. Til merkes med Vetlejord hadde dei Moltemyrslåtto, Rinden og den vesle Per-Knut-løda høgre oppe.


Bruk 2 hadde bortanfor: Hjedlaløda og Kodlhaugløda, som båe var store, og so ei liti øvste Kodlhaugløda. Heimanfor hadde dei sine slåttor i området ovanfor Hevikalidi og nordetter: Haugaløda, Hjedlaløda, Vardaløda, Stadlaløda, og so eit stakkstøde på Heimste Haugjæ, dessutan ei løda nedpå Fitjane der Tverrdalselvi kjem ut i Storelvi.


Bruk 4 hadde største slåttane på vestsida av Tverrdalen, lenger nord enn Nilsa-bruket hadde sine. Det var: Storeløda, som tok 50 - 60 byrdar, Midtleda, Hedlersløda, Nipekrånæ og Bjørkebotstonæ. Ved Harasteinane og på Halsen var stakkstøde. Bortanfor hadde dei: Utlebøen, som Rasmus Johannesson og Jarl hev gjødsla opp til engbø, Bjørkeskaret, uti Hjedlen (Stølshjellen) og Tuvo eller Svaena.


Bruk 3 hadde heimanfor: I området «nordanfor» (Nord på Stølen): Liaslåtta, øvste Liaslåtta, under Hjedlo, Idlevegen, Fosseløda. Stakk-stede: Svåæ og nord i Leino. Det hende dei hadde stakk i Fjelltodne, oppfyre Kalvahagen. Bortanfor: Nedpå Stølæ (no dyrka til kulturbeite), Utlebøen og stakkstøde i Hjedlasvaena.


Eigarar:

1624/25: Garden høyrer til Lungegårdsgodset.

1660: Axel Mouat eig garden.

1663: Axel Mouats ervingar.

1691: «Mag. Niels Smed eier hele gården 1/2 L. sm».

1714: Madame Else Hofmand er eigar.

1718: Peder Hofmand.

1756: Garden er då med i Jan van de Veides dødsbu som gjev skøyte til monsiur Jaen Frøchen, og dermed er Høvik på same hand som dei fleste andre gardane i Mo- og Flakollsokni.

1764: Den 30/11 dette året får studiosus Herman Jansen Frøchen kongeleg skøyte på garden, og same dagen gjev han skøyte til dei to brukarane som då sat med bygsel, Johannes Askjellson og Eilev Halvorson. som kvar fekk 18 mrk. smør, og gav 35 rd. kvar for sitt bruk. Dermed er brukarane vortne sjølveigarar.


Skyld og utreidslor:

1627: Skyldi er 1 pd. sm.

1644/45: Jordeboki fører då: «Leding og frelse P. 2 sk. Kalvsk. 1».

1665/67: Matr. set skyldi opp til 1/2 L. sm. og med det står ho til

1838: Då vert ho omgjord til pengeskyld med 2 dalar og 3 ort. 4 sk., revidert til 4 dalar 3 ort 16 sk.

1886: Skyldi vert no omgjord til 8 mrk. 4 øre, skift på 4 bruk med 2 mrk. 1 øre på kvart.


Fødnad, sånad og avling.

1657: Kvegskatten. Iffuer Høevig brukar heile garden og føder: 1 hest, 1 ukse, 6 kyr, 1 kviga, 11 geiter og 15 smalbeist.

1667: Heile garden 12 naut og 1 hest (smale ikkje med).

1723: 2 hestar, 8 kyr, 4 ungnaut og 24 smalbeist.

1803: 24 kreaturer og 24 får.

1865: Bruk 1: 1 hest, 19 storfe, 36 smalbeist.

1865: Bruk 3: 1 hest, 12 storfe, 23 smalbeist og 1 gris.

Bruk 4: 1 hest, 1 fyl, 8 storfe, 22 smalbeist.

Plassmannen: 4 storfe og 11 smalbeist.


1863: Bruk 1: Olav Nilsson: Åker og dyrka eng 9 1/3 mål. Naturl. eng 47 mål. Enghøy 336 våger. Samla høyavl 1200 våger. Sår 5 tunnor korn, avlar 25 tunnor. Sår 6 tunnor potetor, avlar 24 tunnor. Føder 1 hest, 15 kyr, 4 ungnaut, 30 smalbeist. Garden er tungbrukt og frostlendt.


Bruk 3: Johannes Knutson: Åker og dyrka eng 5 1/2 mål. Naturl. eng 23 1/2 mål. Enghøy 275 våger. Samla høyavling 685 våger. Sår 3 1/2 tunnor korn, avlar 15 tunnor. Sår 3 tunnor potetor, avlar 12 tunnor. Føder 1 hest, 8 kyr, 2 ungnaut og 20 smalbeist, Beit og skav rekna til 1/4 kufor. - Tungbrukt og frostlendt.


Bruk 4: Johannes Rasmusson: Åker og dyrka eng 5 1/2 mål. Naturl. eng 23 1/2 mål. Enghøy 275 våger. Samla høyavling 685 våger. Sår 3 1/2 tunnor korn, avlar 15 tunnor. Sår 3 tunnor potetor, avlar 12 tunnor. Beit og skav 1/4 kufor. Føder 1 hest, 8 kyr, 2 ungnaut og 20 smalbeist.


1875: Bruk 1: Føder 14 kyr, 6 ungnaut, 1 hest, 1 fyl, 33 smalbeist, 1 gris. Sår 6 tunnor havre, 10 tunnor potetor og 4 skålpund grasfræ.


Bruk 3: 9 kyr. 1 ukse, 2 kalvar, 1 hest, 1 fyl og 19 smalbeist. Sår 3 1/2 tunnor havre, 3 1/2 tunnor potetor, 4 skålpund grasfræ.


Bruk 4: Føder 10 kyr, 1 ukse, 4 ungnaut, 1 hest og 21 smalbeist. Sår 4 tunnør havre, 5 tunnor potetor.


1959. Etter «Norske Gardsbruk».


Bruk 1. Dyrka jord 32 da. (sandblanda mold), anna jordbr.areal 20 da., prod. skøg 200 da. Bustadhus bygt 1863, flytt 1910, driftsbygn. bygd 1909. Brt. 26.000 kr. Fødnad: 1 hest. 5 kyr, 3 ungdyr, 20 sauer, 1 gris. 10 høns.


Bruk 2. Dyrka jord 30 da. (mold), anna jordbr.areal 15 da., prod. skog 200 da. Bustadhus og driftsbygn. bygde 1875. Brt. 109.000 kr. Fødnad: 1 hest, 4 kyr, 3 ungdyr, 30 sauer, 2 grisar, 10 høns.


Bruk 3. Dyrka jord 30 da. (grusblanda mold), anna jordbr.areal 40 da., prod. skog 300 da. Bustadhus bygt 1861, driftsbygn. 1896, påbygd 1908. Brt. 168.000 kr. Fødnad: 8 kyr, 3 ungdyr, 20 sauer, 4 grisar, 20 høns.


Bruk 4. Dyrka jord 43 da. (sandblanda mold), anna jordbr.areal 10 da.. prod. skog 300 da. Bustadhus bygt 1918, driftsbygn. 1870 og 1956. Brt. 178.500 kr. Fødnad: 1 hest, 7 kyr, 3 ungdyr, 20 sauer, 2 grisar, 10 høns.


BUSITJARAR

Garden i eitt bruk.

1590/91: Dette er fyrste gongen me finn brukar på Høvik. Då fører Jordeboki


A. Oluff Hevig. Om denne brukaren får me ikkje andre opplysningar enn namnet.


1603/04: I Skattemtl. heiter det: «Ligger øde». Olav er borte, og ingen er komen i staden.

1609/10: Skattemtl. hev no «Halduor Høevigh», so då er det kome ny brukar.


B. Haldor er førd i Skmtl. fram til 1637. I 1627 skattar han av 1 pd. smør, Me får ikkje vita noko om fødsels- eller dødsår for Haldor heller, og ikkje kven han var gift med. Men han må ha sonen Ivar som vert næste brukar her.


1637: Landsk. fører då Iffuer Høevigen, men Garnisonskatten hev Haldor framleis. Næste år er Ivar åleine brukar.


C. a. Ivar Haldorson g. m.

1. Namn ukjent.

2. Marete (Marta), f. 1610, d. 1686.

Born:

  1. Olav f. 1652, d. 1688. Dei bur på Høvik og hev sonen Ivar f. 1681, d. 1697. Var då hjå farbroren Ivar Ivarson.
  2. Engelbregt f. 1635, truleg busett Hesjedalen, Stamnes, bnr. 3.
  3. Ivar f. 1655, næste brukar her, bnr. 1.
  4. Anders f. 1655.
  5. Anna f. 1657, g. m. Olav Simonson Steinsland,sjå Steinsland bnr. 2.
  6. Haldor f. 1659, truleg nr. 1 på bnr. 4 her.


C. b. Enkja (må vera Marta, enkja etter Ivar) er førd brukar frå 1663 til 1668, og uvisst kor mykje lenger. - Sidan det er tomrom i rekneskapane frå 1668 til 1691, kan ein ikkje vita visst kva år det var brukarskifte, men Ivar Haldorson må ha døytt kring 1662, for i 1663 er enkja brukar. Ho døydde i 1686, og det ligg nære å tru at det er då, eller litt tidlegare, at garden vart skift i to bruk, og dei to sønene, Ivar og Haldor, fekk kvar sitt av dei.

Kvar det vart av dei to eldste sønene til Ivar Haldorson, veit me ikkje sikkert. I 1683 er gravfest Ole Høvigen, og i 1686 Ole Høvigens enkje, Marete. Dette er truleg Olav Ivarson, f. kr. 1633, og kona hans. Det er rimeleg at dei hev vore heime og brukt garden saman med mori etter ho vart enkja. I 1667 er gravfest ein 16 år gamal gut med namnet Ivar Olavson, og han er truleg son deira. Den andre sonen, Engelbregt, er truleg den same som er førd fyrste brukar på bnr. 3 i Hesjedalen, Stamnes, i 1692. Sjå Stb. side 237.

Etter matr. 1665 - 1667 .vart skyldi på garden sett opp frå 1 til 1 1/2 pd. sm. Då garden vart skift i 1680-åri, fekk kvar av brørne, Ivar og Haldor, 18 mrk. Me fører no kvart bruk for seg, med Ivar på bruk 1 og Haldor på det andre, som vart bnr. 4.


Bruk 1. Nilsa-luten.

1691: Futeregnsk. hev Ivar, som brukar 18 mrk. sm. Han er førd brukar i 1694 og i manntal 1701.


1. Ivar Ivarson Høvik, f. 1655, d. 1727, g. 1682 m.

Helga Olavsdtr. Dalseide, f. 1650.

Born:

  1. Marta f. 1689, g. m. næste brukar her.


1711: Skoskatten. Her heiter brukaren Knut, og det er Knut Hansson Farestveit, som vart gift med Marta Ivarsdtr. i 1709.


2. Knut Hansson Høvik, f. Farestveit bnr. 8 1665, d. 1754, g. 1709 m.

Marta Ivarsdtr. Høvik, f. 1689, d. 1737. Ikkje born.


1720: Oppattnya bygsel frå Peder Hofmand til Knut Joensen på 1/2 pd. sm. Samstundes er ført bygsel frå den same til Simen Brynjelson på 1/2 pd. Det viser at skylda på heile garden no er rekna 1 pd. sm., ikkje 1 1/2 pd. som i 1667 og 1691. Om dette finst det ein «antegnelse» i 1716, der det heiter: «Høvig i Lems matrikkel 1/2 L. sm., i Bruns 1 pd. sm.» Sidan er skylda førd med 1 pd. so lenge smørskylda vart nytta.

Me finn ikkje opplysningar om kven Knut Joensen er, og heller ikkje kva tid han fekk fyrste bygsel. Det er freistande å tru at Joensen er feilskriving for Hansen, og at det er Knut Hansson som får nya opp att bygsli i 1720 og sit med bruket framleis. Då måtte borni nedanfor vera hans og. Men me kan ikkje ha vissa for at det er rett, og må då halda oss til det som står i bøkene. Men det synest urimeleg at det finst korkje giftarmål eller gravfesting for Knut Joensen og kona hans.


3. Knut Joensen Høvik. Vantar alle opplysningar.

Desse borni er truleg hans:

  1. Randi f. 1715, g. m. brukar nr. 5 her.
  2. Anna f. 1723.


1737: Bygselbrev frå Peder Hofmand til Eilev Andersson på 1/2 pd. sm. Det kunne vera freistande å gissa på feilskriving her og, og at det skal vera Eilev Halvorson som får bygsel no, men det er ikkje råd å finna sikre prov her heller.


4. Eilev Andersson Høvik. Vantar alle opplysningar.


1764: Skøyte frå Herman Jansen Frøchen til Eilev Halvorson på 12 mrk. smør for 35 rd.


5. Eilev Halvorson Høvik, f. Lavik bnr. 5 1713, d. 1801, g.

1. 1738 m. Randi Knutsdtr. Høvik, f. 1715, d. 1751.

2. m. Torbjørg Larsdtr. Fjellanger, f. 1718, d. 1780.

Born:

  1. Marta f. 1738, d. 1738.
  2. Marta f. 1740, g. 1763 m. Ivar Torkjellson Vetlejord, sjå Vetlejord bnr. 1.
  3. Haldor f. 1742.
  4. Helga f. 1744, d. 1744.
  5. Helga f. 1745, g. m. næste brukar her.
  6. Anna f. 1747, d. 1748.
  7. Johannes f. 1748, d. 1750.
  8. Anna f. 1751, d. 1771, ug.


1772: Skøyte frå Eilev Halvorson til versonen Knut Olavson Kålås på dette bruket, 12 mrk. sm. for 40 rd.


6. Knut Olavson Høvik, f. Myster bnr. 3 1745, d. 1808.

Helga Eilevsdtr. Høvik, f. 1745, d. 1839.

Born:

  1. Randi f. 1768, d. 1768.
  2. Olav f. 1771, næste bonde her.
  3. Johannes f. 1774, g. 1801 m. Anna Olavsdtr. Kolås f. 1775, d.1840. Dei budde på Fosse, Holsnøy, og hadde 2 born, Olav og Knut.
  4. Eilev f. 1776, d. 1842, g. 1801 m. e. Maria Monsdtr. Farestveit, sjå Farestveit bnr, 5.
  5. Jakob f. 1777, d. 1809, g. 1805 m. Marta Knutsdtr. Nese bnr. 3, f. 1778 f., d. 1851 (foreldre: Knut Eilevson Lavikhaugen og Maria Olavsdtr. N. Helland). Dei budde i Litlebergen og hadde 1 son Johannes f. 1806, g. 1837 m. Kari Bertelsdtr. Eide, Stamnes. Dei kjøpte gard på Valde, Meland. Marta Knutsdtr. g. s. att i 1809 m. Ivar Larsson Meland og budde der.
  6. Kari f. 1779, g. 1808 m. Anders Andersson Grøsvik, 1 son, Anders.
  7. Marta f. 1782, g. 1829 m. Berge Olavson Steinsland f. i Bergen. I skifte 1842 heiter han Berge 0. Toppe.
  8. Randi f. 1785, d. 1789.
  9. Jon f. 1786, d. 1808.
  10. Halvor f. 1790, d. 1839, g. 1810 m. Helga Brynjelsdtr. Lavikhaugen. Bust. Gripsgård, Meland, 8 born.
  11. Torbjørg f. 1792, g. m. Lars Håtoft.


1793: Skøyte frå Knut Olavson til sonen Olav på halve bruket, 6 mrk. sm. for 45 rd. I 1804 får Olav skøyte frå medervingane sine på resten av bruket for 45 rd., og sit no med heile bruket, 12 mrk. sm.


7. Olav Knutson Høvik, f. 1771, d. 1827, g. 1794 m. Guri Nilsdtr. Hjørnevik, f. 1757, d. 1830.

Born:

  1. Helga f. 1795. d. 1830, g. 1828 m. em. Peder Knutson Mo, bnr.3, plassm. på Høvik,
  2. Nils f. 1797, næste bonde her.
  3. Knut f. 1802, d. 1823, ug.
  4. Eilev f. 1803, d. 1803.


1819: Skøyte frå Olav Knutson til sonen Nils på dette bruket. (Skøytet vantar).


8. Nils Olavson Høvik, f. 1797, d. 1873, g.

1. 1819 m. Synneva Henriksdtr. Horvei, f. 1785, d. 1861.

2. 1862 m. Brita Johannesdtr. Farestveit, f. 1838, d. 1918, frå Farestveit bnr. 2. Død i Vevring, Sunnfjord.

Born:

  1. Olav f. 1821, næste bonde her.
  2. Synneva f. 1863, g. 1888 m. Berge Person Taulen, Vossestrand.
  3. Johannes f. 1865. Til Amerika.
  4. Nils f. 1868. Til Amerika.
  5. Henrik Gustav. Døydde ung.


Då eldste sonen til Nils, Olav, gifte seg i 1844, skøytte Nils garden frå seg til han og tok kår. Men då Nils gifte seg att i 1862, tok han til å sjå seg om etter ein gard. Det er sagt at han hadde eit par gardar på hand fyrr han kjøpte på Kvarme (Kvormo) på Vossestrand. Sonen var i mot at han skulle fara frå Høvik, men i 1869 vart det til at Nils kjøpte eit bruk på Kvarme og flytte dit med lyden sin. Yngste barnet hans vart født der.

Enkja Brita Johannesdtr. gifte seg att i 1877 med enkjemann Hans Johannesson Seim frå Alversund. Han var kårmann då. Dei fekk desse borni: a. Marta f. 1878 på Kvarme, b. Nils f. 1881, døypt i Seim, og c. Anna Sophie f. 1886 i Vevring. - I 1881 kjøpte dei eit bruk i Selvik i Vevring i Sunnfjord og budde der i 6 år. Då selde dei bruket der og flytte heimatt til Seim. Der hadde Hans rett på kår, og der døydde han i 1898. I folketeljingi 1900 er enkja Brita komi attende til Vossestrand og bur hjå eldste sdotteri, Synneva, som var gift på Taulen. Dotteri Marta var då gift på Horne i Vevring. Anna var tenestgjenta på Liset i Vevring, og vart seinare gift til garden Gryten. Nils var komen til Bergen. Mykje av desse opplysningane hev me frå «Bygdebok for Alenfit, Band 2», der Nils Hjelmtveit hev ei grundig utgreiding om desse folki under garden Seim, bnr. 1.


1844: Skøyte frå Nils Olavson til sonen Olav Nilsson på dette bruket for 100 spd. og kår til foreldri.


9. Olav Nilsson Høvik, f. 1821, d. 1904, g. 1844 m.

Kari Jakobsdtr. Myster, bnr. 3 f. 1822, d. 1904.

Born:

  1. Nils f. 1845. næste bonde her.
  2. Synneva f. 1847. g. 1869 m. Ivar Ivarson Mo bnr. 1. f. 1838, bust. Turlingen, Voss.
  3. Jakob f. 1849, fyrste brukaren på bnr. 2 her.
  4. Hans f. 1850, d. 1880, handelsm., mylnearb. Vaksdal, g. m. Georgine, 1 son. Olai.
  5. Kari f. 1852, d. 1930, g. 1873 m. Johannes Askjellson Otterstad, bnr. 3, bust. Nottveit bnr. 3.
  6. Knut f. 1855. g. 1879 m. e. Dørdi Nilsdtr. Mo f. 1850. Knut var smed, bust. Fosse, Alversund.
  7. Anna f. 1857, døydde barn.
  8. Brita f. 1857, g. 1883 m. Nils Larsson Nygard bnr. 1 f. 1857, lærar, Hobøl, Austfold.
  9. Guri f. 1859, d. 1953, g. m. Jakob Olavson Meland f. 1861, bust. Mo bnr. 2.
  10. Ingebjørg f. 1861, g. 1886 m. Gjert Hansson Lillejord, bnr. 2, lærar Spydeberg, Austfold.
  11. Olav f. 1863, g. m. ei gjenta frå Trøndelag, reiste til USA.


1877: Ved skylddelingsforretning vert bruket skift i 2 jamstore bruk:

L.nr. 157 a. gml. skyld 9 mrk. sm., ny skyld 3 ort 7 sk., vert no bnr. 1.

L.nr. 157 b. gml. skyld 9 mrk. sm., ny skyld 3 ort 7 sk., vert no bnr. 2.


Skøyte frå Olav Nilsson til eldste sonen Nils Olavson på bnr. 1 for 1200 kr. og kår, 5 års verd 350 kr.


10. Nils Olavson Høvik, f. 1845, d. 1919, g. 1874 m.

Andrea Knutsdtr. Flatekvål, bnr. 5, f. 1854, d. 1939.

Born:

  1. Olav f. 1875, d. 1957, lærar i Fana, g. 1906 m. Anna Magnesdtr. Hesjedal bnr. 3 f. 1883.
  2. Knut f. 1876. d. 1929, g. 1905 m. Maria Jakobsdtr. N. Helland bnr. 3 f. 1884, d. 1924.
  3. Agata f. 1880, g. 1900 m. Jakob Johan Jakobson Flatekvål bnr. 2-3 f. 1869, bonde på Hatlestad i Bergsdalen.
  4. Kari f. 1882, d. 1959, g. 1908 ni. Lars Jakobson Nesheim, sjå Nesheim bnr. .
  5. Hans f. 1884, d. 1961, næste bonde her.
  6. Andreas f. 1885, d. 1964, treskjerar og felemakar, g. 1. g. m. Berta, g. 2. g. m. Mary, bust. Bergen.
  7. Johannes f. 1887, d. 1962, fabr.arb. i Høyanger, g. m. Ingebjørg Årsnes, 2 born, Knut og Agnes. Knut er rektor ved Kleppestø ungdomssk. Askøy. Agnes er avdelingssyster, Haraldsplass, Bergen
  8. Nils f. 1890, d. 1969, gartnar i Høyanger, g. m. Sigrid Håland, Høyanger, 3 døtrer.
  9. Gjertina f. 1893, d. 1900.
  10. Sverre f. 1895, d. 1954, g. i Amerika m. Mary, busett i California.


1912: Skøyte frå Nils Olavson til sonen Hans for 2500 kr.


11. Hans Nilsson Høvik, f. 1884, d. 1961, g. 1918 m.


Rakel Kristina Rasmusdtr. Hundven, f. 1899, d. 1992.

Born:

  1. Nils f. 1919, næste bonde her.
  2. Kari, g. m. brukar nr. 13 her.
  3. Anlaug, g. 1958 m. sveisar Marthon Hansen, no busett på Jæren.
  4. Ragnar, lærar Hallingby skule, Ringerike, g. m. Marion Knutsdtr. Svendsen, Hurum, 3 born.
  5. Harald, sosialkurator, Oslo sosialkontor, g. 1963 Aase Anoldstr. kragholm. Ho er kurator i Nittedal kommune, 3 born.f
  6. Sverre, bygningsarb., g. 1957 m. Dagny Gustavsdtr. Stene, busett Øystese, 1 son.


1952: Skøyte frå Hans Nilsson til sonen Nils på dette bruket og på bruk 10 for 7000 kr. ÷ buskap 3000 kr. og kår til 5 års verd 2000 kr.


12. Nils Hansson Høvik, f. 1919, d. 1957, g. 1939 m.

Ester Mimi Myster, bnr. 2.

Born:

  1. Sveinung, sjåfør, g. 1965 m. Gerd Johanne Nilsen, Bergen, 2 born, busette i Sund.
  2. Kjellaug Rigmor, g. 1965 m. sjåfør Bjarne Henry Vollen, 5 born. Bustad Glesvær.
  3. Margunn Ingvill, g. 1975 m. kvartermeister Egil Oddvar Ødegård, busett Askøy. 2 born.
  4. Torill Kjertsi, g. 1971 m. sveisar Jan Vesterøy, bustad Bergen. 2 born.


1960: Skøyte frå enkja Ester Mimi Johannesdtr. Høvik til Kari Hansdtr. Brekkhus, f. Høvik.


13. Kari Hansdtr. Brekkhus g. 1944 m.

Anders Olavson Brekkhus, frå Evanger.

Born:

  1. Angunn, lærar Stord, g. 1966 m. Øyvind Grov f. 1940 d. 1976. 2 born.
  2. Harald, politimann, g. 1979 m. Åshild Berg. 2 born.
  3. Solveig, sjukesyster, g. 1979 m. Thor Pettersen, Haslum f. 1948, d. 1983, 1 dotter.
  4. Arne Olav, tvill.
  5. Nils Rune, tvill, neste bonde her.


1980: Skøyte frå Kari Hansdtr. Brekkhus til sonen Nils Rune for kr. 50.000,-.


14. Nils Rune Brekkhus, g. 1981

Sonja Bolstad.

Born:

  1. Camilla Marie.
  2. Christina.


To av brukarane på dette bruket hev fenge diplom for gardsdrifti. Diplomet for brukar nr. 9, Olav Nilsson Høvik, lyder soleis: «Diplom med Medaille i Sølv at bæres i høirødt Baand Hans Majestæt Kongens Belønning for det Norske Landbrug naadigst tildelt Hr. Gaardbruger Ole Høvig i Hosanger for fortjenslig Virksomhed for det Norske Land-brug.

Christiania Slot den 19. oktober 1877.
Efter naadigst Befaling.
M. Holtermann, Hofmarskalk».


Diplomet for brukar nr. 11, Hans Nilsson Høvik, lyder soleis: «Diplom med premie tilkjent Hans N. Høvik, Modalen, Søndre Bergenhus amt av Den Kongelige Norske Regjerings Landbruksdepartement for oppdyrking og fortrinlig drift av hans jordbruk.


Kristiania 1. mai 1915.
(uleseleg underskrift).
G. Tandberg».


Bruk 2. Jakob-luten eller Røysane.

1877: Delings- og skylddelingsforretning på bruk 1, som no vert skift i 2 jamstore bruk. Sjå bnr. 1. Samstundes skøyter Olav Nilsson denne halvparten, som får bnr. 2, til næst-eldste sonen, Jakob Olavson, for 1200 kr. og kår til foreldri, verdsett til 350 kr. for 5 år.


3. Jakob Olavson Høvik, f. 1849, d. 1930, g. 1874 m.

Brita Rasmusdtr. Eikemo, f. 1852, d. 1941.

Born:

  1. Olav f. 1875, næste bonde her.
  2. Rasmus f. 1876, d. 1876.
  3. Karl f. 1878, d. 1882.
  4. Rasmus f. 1880, reiste til USA og døydde der.
  5. Karl f. 1883, brandmeister i Arendal, g. 1911 m. Borghild Olavsdtr. Skår-Lavik f. 1887.
  6. Gunnbjørg f. 1885, g. 1909 m. Simon Andersson Nese bnr. 1, gardbr. på Rødland i Haus.
  7. Brita f. 1887, d. 1900.
  8. Hans f. 1888, Underoffiserskulen, realartium, lærarskulen, Statens gymnastikkskule, lærar i Aker, g. 1920 m. Margit Jakobsdtr. Nese, bnr. 3 f. 1893, 3 born.
  9. Ivar f. 1891, bladst. i «For Bygd og By», sist bladstyrar på Lillehammer, g. m. Aslaug Kinn.
  10. Anna f. 1891, tvill. m. Ivar, g. 1915 m. Andreas Olavson Farestveit, sjå Farestveit bnr. 3.


Det var Jakob Olavson som hyste opp dette bruket, både bunadshus og florsbygning, og det er same husi som er i bruk framleis.


1910: Skøyte frå Jakob Olavson til sonen Olav Jakobson for 1600 kr. og kår til foreldri, 5 års verd 800 kr.


2. Olav Jakobson Høvik, f. 1875, d. 1954, g. 1912 m.

Maria Johannesdtr. Eide, f. 1885, d. 1969.

Born:

  1. Borghild, g. m. Erling Andreassen Straume, sjå Straume bnr.16.
  2. Jakob, næste bonde her.
  3. Barbru, g. 1939 m. Leif Vedå, 3 born bustad Seimsmark, Arna.
  4. Ragna, g. 1945 m. Hans Gjertson Lillejord, 3 born, bustad Lonevåg.
  5. Hildur, g. 1943 m. Erling Monsson Mo, sjå Mo bnr. 3.
  6. Klara, g. 1951, m. Olav Statskleiv, 6 born, bustad Bø i Telemark.


1945: Skøyte frå Olav Jakobson til sonen Jakob Olavson for 1800 kr. og kår til foreldri, 5 års verd 1000 kr.


3. Jakob Olavson Høvik, ug.


1974: Skøyte frå Jakob Olavson Høvik til systerson Åge Straume for kr. 20.000,-.


4. Åge Straume, g. m.

Liv Tveitane.

Born:

  1. Eivind.
  2. Sigbjørn.


Bruk 3. I Næsæ.

1834: Knut Ivarson Høvik skøyter halvparten av bruket sitt, 6 mrk. sm., til sonen Johannes for 8 spd. Denne parten får bnr. 3.


1. Johannes Knutson Høvik, f. 1819, d. 1900, g. m.

Maria Olavsdtr. Nese, bnr. 4, f. 1814, d. 1879.

Born:

  1. Anna f. 1840, g. 1866 m. Knut Jakobson Nese bnr. 3 f. 1833, bust. Ljosvoll i Fana.
  2. Knut f. 1842, næste bonde her.
  3. Helga f. 1844, d. 1911, g. m. Olav Rasmusson Eikemo f. 1844. Han d. ved drukningsulukka 1894, sjå Eikemo bnr. 3.
  4. Olav f. 1846, g. 1872 m. Gjertrud Gudmundsdtr. Eikefet, Stamnes f. 1852, 11 born, bust. Øvstedal i Evanger.
  5. Olav f. 1849. d. 1872, ug., smed.
  6. Anna f. 1852, d. 1852.
  7. Johannes f. 1853, d. 1927, ug., bygn.m. og murar, bust. Høvik.
  8. Ivar f. 1857, bonde, Bindingsbø, g. 1887 m. Anna Jakobsdtr. Fjellanger bnr. 1. f. 1865, 1 son, Johannes.
  9. Anna f. 1860, d. 1943, g. 1895 m. Knut m. Knut Olavson Mestad, Evanger f. 1857, d. 1931, bust. Tångeland i Haus, 5 born.


I 1852 gav Johannes Knutson kårbrev for levetidi til Marta Johannesdtr. Lavikhaugen. Ho gav 100 dalar for kåret, og fekk njota det i 50 år. Marta var ugift. f. 1815, d. 1903, var ring til beins og lite gongfør, men gjorde vel noko nytte for seg med barnepass og spyting.


1876: Skøyte frå Johannes Knutson til sonen Knut Johannesson for 250 spd. og kår til foreidri.


2. Knut Johannesson Høvik, f. 1842, d. 1904, g. 1876 m.

Kari Gudmundsdtr. Eikefet, f. 1848, d. 1904.

Born:

  1. Johannes f. 1877, næste bonde her.
  2. Maria f. 1879. ug.. fabr. arb. i Salhus.
  3. Anna f. 1882, g. m. Knut Knutson Mellesdal f. 1894, bonde i Mellesdal bnr. 2.
  4. Gudmund f. 1886, brukar etter broren Johannes.
  5. Gunnhild f. 1889, d. 1892.
  6. Gunnhild f. 1891, g. m. Anders Roe frå, Voss, f. 1895, gardsst. på heradsgarden Voss. Barnlause.
  7. Marta f. 1894, g. og busett Skarnes. Barnlause.


1904: Skøyte frå Knut Johannesson til sonen Johannes Knutson for 1300 kr. og forsytingsplikt for systrene Gunnhild og Marta til dei fyller 16 år.


3. Johannes Knutsen Høvik, f. 1877, d. 1911 ved drukning, ug.


1912: Skøyte frå skifteretten i buet etter Johannes Knutson til bror hans, Gudmund Knutson for takst 2500 kr.


4. Gudmund Knutson Høvik, f. 1886, d. 1975, g. 1921 m.

Thea Jakobsdtr. Nese, bnr. 1 f. 1896„ d. 1976.

Born:

  1. Kari, g. 1943 Jakob Olavson Nese, bust. Nese bnr. 3.
  2. Knut, næste bonde her.
  3. Gjertrud, g. 1955 Alfred Antun, bust. Risnes ved Trengereid, 3 born i 1971.
  4. Ingrid f. 1929, d. 1952, g. m. Sverre Løvskeid, Telemark f. 19**. 1 son, Jon, oppfostra hjå godforeldri på Høvik.
  5. Jakob, lærar i Gvarv, Telemark, g. 1958 m. Inga Knutsdtr. Ljones, Strandebarm, 3 born i 1971.
  6. Johannes, avdelingsing. i Fana, g. 1960 m. Inger Skog, 3 born i 1971.
  7. Maria, f. 19**, g. 1969 m. Kjell Aslaksen f. 19** , bust. Mo i Rana. 1 son f. 1970.


1914: Festekontrakt. Gudmund Knutson fester bort til Olav Olavson Nese 2 jordstykke av dette bruket mot festeavgift 80 kr., og utan årleg avgift. Sjå under husmenn.


1952: Skøyte frå Gudmund Knutsen til sonen Knut Gudmundson for 6000 kr. og kår.


5. Knut Gudmundson Høvik, g. 1948 m.

Ella Sigurdsdtr. Beckstrøm f. i Hosanger.

Born:

  1. Wenche Johanne, g. 1973 m. Jan Olav Dale. Busett Flatøy, 2 born.
  2. Geir Sigbjørn, næste bonde her.


1981: Skøyte frå Knut Gudmundson Høvik til sonen Geir Sigbjørn for kr. 50.000,-.


6. Geir Sigbjørn Knutson Høvik, g. m.

Vigdis Kallestad.

Born:

  1. Dan Børge.


Bruk 4. Borte-luten.

Me kan ikkje vita visst kva år Høvik vart skift i to bruk, men det synest rimeleg at dei to sønene til Ivar Haldorson og kona Marta, Ivar og Haldor, hev fenge bygsel på kvar sin halvpart av garden fyrr enn enkja Marta døydde i 1686, og at Haldor kom på dette bruket.


1691: Futeregnsk. fører Haldor med 18 mrk. sm., og han sit truleg med bruket til 1699.

1. Haldor Ivarson Høvik, f. 1659, g. m. Ukjend.

Born:

  1. Ivar f. 1683, d. 1696.
  2. Olav f. 1683, d. 1683.
  3. Lars f. 1684, g. 1726 m. Kari Endresdtr. Stamnes. Stamnes brukarar.
  4. Olav f. 1687, dreng hjå næste brukar i 1701.
  5. Marta f. 1692, d. 1694.
  6. Anna f. 1696, d. 1696.
  7. Olav f. 1701.


1699: Bygselbrev frå hr. Nils Smed til Anders Knudsen på 1/2 pd. sm. Skyldi på garden er no førd med 1/2 pd. sm. på kvart bruk, ikkje 18 mrk. som i 1691. - Me hev ikkje funne kven Anders Knutson er, og heller ikkje veit ein med vissa kven som var kona hans, men det kan vera den Anne som er gravfest 1754 og då sagd 88 år.


2. Anders Knutson Høvik, f. 1674, d. 1754, kan vera g. m.

Anna, f. 1666, d. 1754.

Born:

  1. Torkjel f. 1701.
  2. Helga f. 1702, d. 1702.
  3. Agata f. 1703, d. 1704.
  4. Helga f. 1705.
  5. Lars f. 1707.


1711: Skoskatten hev no Simen Brynjelsen. I 1720 får han oppattnya bygsel frå Peder Hoffman på 1/2 pd. sm., og sit med bruket til 1738.


3. Simon Brynjelson Høvik, f. Lavikhaugen 1677, d. 1761, g.

1. 1707 m. Anna Ingebrigtsdtr. Hesjedal, d. 1737.

2. 1738 m. Brita Larsdtr. Nedre Helland, f. 1696, d. 1739.

Born:

  1. Brynjel f. 1708, d. 1738, g. m. Synneva Johannesdtr. Nese bnr. 3, budde der, 1 barn, Anna f. og d. 1738. Ho og faren grf. samstundes.
  2. Anna f. 1711, g. m. næste bonde her.
  3. Ingebrigt f. 1716, busett i Lavik, 2 born der, Anna f. 1745 og Anna f. 1748.
  4. Olav f. 1718, d. 1751, visst ug.
  5. Ivar f. 1722, d. 1722.


1738: Bygselbrev frå Peder Hoffman til Jon Olsen Eide på 1/2 pd. sm.


4. Jon Olavson Høvik, f. Eide bnr. 1 1712, d. 1752, g. 1737 m.

Anna Simonsdtr. Høvik f. 1711, d. 1779.

Born:

  1. Olav f. 1738, d. 1773, ein av hovudmennene i «Strilekrigen», dømd til dauden, fekk straffi omgi. til livsvarigt fengsel, vart truleg frigjeven 1769, g. 1770 m. Ragnhild Johannesdtr. Lavik bnr. 1. Sjå Nese bnr. 4.
  2. Anna f. 1740, g. 1761 m. Ivar Askjellson Mo, sjå Mo bnr. 1.
  3. Maria f. 1742, g. 1776 m. Lars Askjellson Mo bnr. 1, bust. Eknes i Hosanger.
  4. Brynjel f. 1745, d. 1750.
  5. Simon f. 1748, d. 1752.
  6. Simon f. 1752, d. 1823, g. 1787 m. Anna Knutsdtr. Mo bnr. 2, f. 1755, bust. Havrå i Haus.


1752: Enkja Anna Simonsdtr. gifter seg att m. Johannes Askjellson Mo, og dei sit no med bruket til 1775.


5. Johannes Askjellson Mo, f. 1725, frå bnr. 1, g.

1. 1752 m. e. Anna Simonsdtr. Høvik, f. 1711, d. 1779.

2. 1782 m. Marta Johannesdtr. Mo, f. 1720, d. 1810 f. Flatekvål, fyrr g. m. Jakob Ivarson Mo bnr. 4.

Born:

  1. Gjertrud f. 1754. g. m. næste bonde her.
  2. Anna f. 1756.


1764: Skøyte frå Herman Jansen Frøchen til Johannes Askjellson Høvik, f. Mo, på dette bruket, 12 mrk. sm., for 35 rd.


1775: Skøyte frå Johannes Askjellson til versonen Ivar Knutson Mo pa 6 mrk. sm. for 20 rd. og kår.


1800: Skøyte frå Johannes Askjellson til versonen Ivar Knutson Mo pa resten av bruket, 6 mrk. sm., for 20 rd. Ivar sit no med heile bruket.


6. Ivar Knutson Høvik, f. Mo, bnr. 2 1745, d. 1809, g. 1774 m.

Gjertrud Johannesdtr. Høvik, f. 1754, d. 1851.

Born:

  1. Inga f. 1774, g. 1798 m. Johannes Brynjelson Lavikhaugen, sjå Lavikhaugen.
  2. Brita (truleg) f. 1776, d. 1777.
  3. Brita f. 1778, g. 1805 m. Johannes Knutson Straume, sjå Straume bnr. 3.
  4. Anna f. 1780, g. 1811 m. Gulleik Knutson Straume, sjå Straume bnr. 1.
  5. Brita f. 1783, g. m. Torkjell Brynjelson Lavikhaugen, sjå Torkjeltræet, Straume.
  6. Knut f. 1786, næste brukar her.
  7. Johannes f. 1789, d. 1809, ug.
  8. Siri f. 1792, d. 1835, g. 1814 m. Nils Hansson Almelid, sjå Almelid bnr. 5.
  9. Marta f. 1795, d. 1835 ved drukning, g. 1819 m. Ivar Larsson Eide, sjå Eide bnr. 3.
  10. Askjell f. 1798, g. 1822 m. Kari Monsdtr. Steinsland bnr. 1.


Askjell og Kari bygsla eit plass på Askøy. Dette kalla dei Steinsland. Me veit om 5 born: a. Ivar, f. på Høvik 1822, b. Brita, f. kr. 1826, g. 1847 m. Knut Bergeson Hop frå Strusshamn sokn. «Opholder sig på Lillejord» etter dei er gifte, c. Berge, d. Gjertrud, d. fyre 1870, men hev vore g. m. Anders Hansen, og hev sonen Oliver Andersson Hansen, e. Helga.


1808: Skøyte frå Ivar Knutson til sonen Knut Ivarson på 6 mrk. sm. for 40 rd. Det ser ut til at Knut hev fenge skøyte på andre halvparten av bruket i 1807. I 1809 gjev Knut vilkårsbrev til mori og yngste broren Askjell.


7. Knut Ivarson Høvik, f. 1786, d. 1839. g. 1809 m.

Helga Knutsdtr. Straume, bnr. 3 f. 1783, d. 1843.

Born:

  1. Ivar f. 1810, næste bonde her.
  2. Gjertrud f. 1812, g. 1830 m. em. Olav Olavson Nese, sjå Nese bnr. 4.
  3. Knut f. 1813, g. 1833 m. Agata Monsdtr. Steinsland, sjå Steinsland bnr. 3.
  4. Anna f. 1816, d. 1836 v. drukningsulukka.
  5. Johannes f. 1819, brukar på bnr. 3 her.
  6. Kari f. 1821, g. 1851 m. Ivar Torkjellson Straume f. 1826, flytte 1852 til Sommerset, Tysfjord i Nordland.
  7. Johannes f. 1824, d. 1828.
  8. Brita f. 1827, d. 1922, g. 1846 m. em. Olav Monsson Vetlejord,sjå Vetlejord bnr. 2.
  9. Johannes f. 1831, d. 1831.


1834: Skøyte frå Knut Ivarson til sonen Johannes på halve bruket, 6 mrk. sm., for 80 spd. Dette vert no bruk nr. 3.


På den andre halvparten, bnr. nr. 4, må eldste sonen, Ivar, ha fenge skøyte i 1833, for då er tinglyst vilkårsbrev frå Ivar Knutson til foreldri Knut Ivarson og Helga Knutsdtr. Me hev ikkje funne skøytet, heller ikkje skylddelingsforretningen då bnr. 3 vart fråskilt.


1845: Ivar Knutson Høvik gjev makeskøyte på bnr. 4 Høvik til morbroren Johannes Knutson Straume mot bnr. 3 i Straume, skyld 1 d. 3 ort 1 sk. (Høvik 3 ort 7 sk.). Ivar flytte då til Straume og budde der sidan.


8. Ivar Knutson Høvik, f. 1810, d. 1897, g. 1833 m.

Anna Knutsdtr. Vetlejord, bnr. 1, f. 1817, d. 1855. Dei fekk desse borni på Høvik:

Born:

  1. Knut f. 1834, d. 1834,
  2. Knut f. 1835.
  3. Anna f. 1838.
  4. Maria f. 1842.
  5. Helga f. 1845.


Sjå elles under Straume bnr. 3 nr. 11!


1845: 29/5. Skøyte frå Johannes Knutson Straume til systersonen Rasmus Knutson Vetlejord på dette bruket for 100 spd.

Same dag gjev Rasmus Knutson Bygselbrev for 16 år til Olav Olavson Odderås (i bygselbr. skriven Høvik) og kona Kari Johannesdtr. på dette bruket.

Olav Olavson Odderås er son til Olav Larsson Eide bnr. 3, f. 1759, og kona Kari Andersdtr. Odderås, dotter til Anders Nilsson, nr. 8 på bnr. 1 på Odderås (Ab. s. 449). Me hev ikkje funne kvar dei budde, men sonen Olav Olavson vart vanleg kalla Odderås-Ola her i bygdi, og det kan tyda på at dei hev butt på Odderås ei stund, eller og at han kan ha halde til der, anten i oppvoksteren eller seinare. Då han er gift, er han skriven Langedalen, so då må han vel ha butt der. Han hadde skyldfolk på bnr. 1 der.


9. Olav Olavson Odderås, f. 1797, d. 1863, g. 1829 m.

Kari Johannesdtr. Lavikhaugen, f. 1800, d. 1886.

Born:

  1. Johannes f. 1831, i Lavikhaugen, g. 1858 m. Anna Nilsdtr. Flatekvål bnr. 6.
  2. Inga f. 1834, d. 1849.
  3. Kari f. 1837, g. 1861 m. Lars Nilsson Flatekvål, sjå Flatekvål bnr. 6r.
  4. Johannes f. 1839, bust. Eidsvåg, g. og hev 4 eller 5 born f. i åri 1874 - 81. Alle skrivne Eidsvåg i sk. 1886.
  5. Brita f. 1878, Olina Josefina f. 1876.
  6. Olav f. 1844, d. 1846.


Olav Olavson og Kari Johannesdtr. er fyrst «inderstar» i Lavikhaugen. 11834 er dei busette på Straume, og dei siste 5 borni deira er fødde der. Foreldri er då kalla «forpakterfolk». I 1840 fekk dei festesetel frå brukarane på Straume på utmark og teigar.

I 1845 fekk dei so bygselbrev på dette bruket på Høvik, og budde resten av tidi si her. Då bygsli gjekk ut frå 1861, ser det ut til at dei fekk eit lite kår hjå den nye brukaren.


1861: Skøyte frå Maria Johannesdotter, enkja i uskift bu etter Rasmus Knutson Vetlejord, til sonen Johannes Rasmusson Vetlejord på dette bruket for 200 spd.


10. Johannes Rasmusson Høvik, f. Vetlejord bnr. 1 1839, d. 1929, g. 1862 m.

Maria Ivarsdtr. Straume, f. Høvik bnr. 4 1842, d. 1934.

Born:

  1. Rasmus f. 1868, næste bonde her.
  2. Ivar f. 1871, til USA og døydde der.
  3. Anna f. 1872, d. 1948, g. 1912 m. Olav Olavson Eide, sjå Eide bnr. 1.
  4. Maria f. 1874, g. 1901 m. Anton Olavson Morken frå Manger, bust. Bergen.


1904: Skøyte frå Johannes Rasmusson til sonen Rasmus Johannesson for 1400 kr. og kår.


11. Rasmus Johannesson Høvik, f. 1868, d. 1942, g. 1902 m.

Kari Olavsdtr. Øvre Helland, f. 1873, d. 1963.

Born:

  1. Maria f. 1903, d. 1973, ug. tenestegj. hjå broren Jarl.
  2. Jarl f. 1905, næste bonde.
  3. Signy f. 1907, g. 1930 m. Olav Rasmusson Eikemo f. 1905. Bonde Eikemo bnr. 3.
  4. Oddny, g. 1938 m Isak Saue, Voss, f. 1905. Linjehandverkar ved N.S.B., bust. Bergen.

Signy og Olav Rasmusson hev desse borni:

  1. Anny Solveig g. m. Jon Karlsen, 6 born.
  2. Reidar, ug. vegvaktar, bust. Eikemo.
  3. Åse Kari, g. 1966 m. Idar Jonson Straume, kontormann, sjå ættesoge for Dale..
  4. Rønnaug Marit, g. 1971 m. bygningssnikkar Sverre Olavson Sundve, Vossestrand.


1943: Skøyte frå enkja Kari Olavsdtr. til sonen Jarl på dette bruket for 3000 kr.


12. Jarl Rasmusson Høvik, ug.


I 1918 er halde skylddelingsforretn. då brukarane selde vatsrettane sine. Skylda på dette bruket vart då nedsett med 4 øre til 1 mrk. 96 øre.


Bruk 5.

Dette bruket vart utskilt frå bruk 1 ved skylddeling 8/7 - 1912 med ei skyld på 12 øre, og det vart selt til Knut Nilsson Høvik, f. 1876. Med bruket fylgde kårhusi som farfaren til Knut hadde bygt, eit stykke innmark nærast husi, eit gamalt uthus som ikkje vart rive då hovudbygningen og florshusi på bruk 1 vart flytte inn på Smihaugen etter utskiftingi på garden 1908, og dessutan vart to markaslåttor, Moltemyri og Rinden, lagde til bruket. Det fråskilde bruket fekk og beiterett for so mange beist det kunne føda, og rett til torv og brensel.


1. Knut Nilsson Høvik, f. 1876, d. 1929, g. 1905 m.

Maria Jakobsdtr. Nedre Helland, bnr. 3, f. 1884, d. 1924.

Born:

  1. Åslaug f. 1906, ug., restauratrise på rutebåten Bruvik.
  2. Bergljot f. 1908, g. m. bonde Ivar Fyllingsnes, Eikangervåg, busett der, barnlause.
  3. Harald g. 1938 m. Gerd Hilfrid Georgsdtr. Hetland, frå Kristiansand. Harald er fabr. arb. i Høyanger, busett der, 3 born.
  4. Solveig, g. 1936 m. skipsførar Alfred Johannesson Dyrkolbotn, 3 born.
  5. Dagfinn, ug., motormann.
  6. Hildur, g. m. Alf Stanghelle, sjå ættesoge for Stanghelle..
  7. Inger, g. 1943 m. bonde Ivar Johannesson Skåldal, Haus, 5 born.


Knut Nilsson budde her på bruket med lyden sin og røkta jordi som høyrde til, men meste innkoma hadde han av anna arbeid. Han dreiv mykje med muring, og elles anna som fyre fall.


1930: Tinglyst skøyte frå skifteforvalteren i buet etter Knut Nilsson til sonen Harald.


3. Harald Knutson Høvik, g. 1938 m.

Gerd Georgsdtr. Hetland.

Born:

  1. Arne, montør, g. 1967 m. Lillian Jensine Ingebrigtsen, Tromsø, busette i Drammen, 2 born.
  2. Reidun Marie, ug. ekspeditrise.
  3. Åse Karin, ug. tannlækjarassistent.


Borni til Knut Nilsson og Maria Jakobsdtr. vart tidleg foreldrelause, og dei for ut etter kvart som dei vart vaksne. Harald kom til Høyanger,

der to av farbrørne hans budde, og han kom ikkje til å driva bruket her. Han skøytte det attende til farbroren Hans Nilsson på hovudbruket, og i 1952 ser det ut til å vera med i skøytet frå Hans Nilsson til sonen Nils. Det gamle kårhuset står her framleis, og enkja etter Hans Nilsson, Rakel Rasmusdotter, hev butt her til no (1975).


Plassfolk.

På Høvik er ikkje nemnt plassmenn fyrr i 1831. Då gjev Nils Olavson på bnr. 1 festesetel til verbroren, Peder Knutson Mo, på plasset «Næsset» for årleg avgift 1 spd. Festesetelen vart avlyst 1877. Peder var son til Knut Pederson Mo og kona Brita Hansdtr. Fangedalen (nr. 4 bnr. 3 på Mo). Han budde fyrst i Nordre Sundet, Litlebergen, der han truleg pakta eit gardsbruk, men då han vart gift med Helga Olavsdtr. Høvik, fekk han i 1831 festa dette plasset hjå Nils Høvik, bror til Helga. Plasset han fekk, låg på austsida av Botnabekken, på brotet bortanfor brui, der gardsvegen kjem frå storevegen og heim til Røysane. Me finn ikkje nemnt kor stort jordstykke det galdt, og kva markaslått som fylgde med, men Gudmund Høvik fortel at det som var dyrka, var ei heller smal remsa langsmed gardsvegen, og me må vel tru at det var Peder og lyden hans som dyrka det meste. I 1865 er det oppgjeve at dei sådde 1 tunna havre og 1 tunna potetor og fødde 4 storfe og 11 får. Då bnr. 1, som plasset låg under, vart skift i to i 1868, var det bnr. 2, Røysane, som fekk Perbøen, som denne teigen vart heitande.


1831: Peder Knutson Mo-Høvik, f. 1786, d. 1874, g.

1. 1814 m. Gjertrud Brynjelsdtr, Lavikhaugen, f. 1790, d. 1825.

2. 1828 m. Helga Olavsdtr. Høvik, f. 1795, d. 1839.

Born:

  1. Knut f. 1815, g. 1850 m. Karen Serene Olavsdtr. «f. på Florvåg, opph. Nødtvedt». Dei budde på Askøy.
  2. Kari f. 1819, d. 1890, g. 1866 m. em. Sjur Knutson Dyrkolbotn, plassm. i Stusdalen, barnlause.
  3. Hans f. 1823, d. 1883, g. 1852 m. e. Brita Knutsdtr. Vetlejord, sjå Vetlejord bnr. 2.
  4. Knut f. 1829, d. 1916. Næste plassm. her.
  5. Olav f. 1830, d. 1896, g. 1859 m. Brita Nilsdtr. Flatekvål, bnr. 6, f. 1829. d. 1906.
  6. Brynjel f. 1831, g. 1855 m. Ingebjørg Monsdtr Hesjedal bnr. 2,. bust. heime til 1865, seinare USA.
  7. Nils f. 1833, g. bust. Bergen, 2 soner, Emil, bust. Bergen. Anders, fiskehandlar i Trondheim.
  8. Elev f. 1836, d. 1837.
  9. Gjertrud f. 1839, ug. I 1875 «inderst», budeia , hjå Jakob O. Høvik.


Nr. e ovanfor, Olav og Brita, budde fyrst i Øvstedal, Evanger, seinare Borgo i Haus. Dei hadde desse borni:

  1. Helena f. 1860, d. 1938, bust. Jordal i Åsane.
  2. Anna f. 1863. Sjå under Knut Pederson, plassm. på Høvik.
  3. Marta f. 1865, d. 1896, budde i Alversund.
  4. Nils f. 1868, budde Borgo etter faren.


Knut Pederson Høvik, f. 1829, (d. ovanfor), vart buande på Høvik heile si tid. Han hadde eit lite plass, men ikkje det faren hadde brukt. Dette låg nett med vegaskiftet der gardsvegen frå bnr. 3, Neset, tek av frå storevegen og går heimetter mot Røysane. Me finn ikkje festesetel på plasset, so me kan ikkje vita kva vilkår Knut hadde. Det var ikkje store flekken: Tuft til ei liti stova på sørvestsida av gardsvegen, og ein liten trikant på andre sida. Der hadde han ein åkerflekk til potetor, nokre stikkelsbærbuskor, og sopass bø at han hauste to-tre byrdar enghøy. Huset hans kan visst vera eit godt døme på. korleis plassfolk budde den tid. Det var ei ørliti stova i nordenden. Inngongen var på austsida, og ein kom då inn i ein liten gong. Til høgre var stova, og til vinstre eit lite rom der Knut hadde dreiebenken sin. I gongen var ei liti gruva med skorstein, og frå gongen tropp opp til ein låg lem yver stova. I stova var ein liten omn innfor døri, og elles bord og eit par stolar og seng. Under stova var kjellar, og der hadde kui rom. I sørenden av huset var ei halvtekkja som tente til løda og skytja. - So lenge Knut var fullt arbeidsfør, høya han til ei ku. Han hadde ei liti markaløda høgt oppi lidi utanfor Moltemyri bortanfor elvi. Slåtta høyrde til bruk 1, Nilsa-luten. Elles grov han og slo litt ymse stader i dei mest avsides teigar som bøndene minst brydde seg om. So hadde han dreiebenk, og gjorde ymse dreiearbeid for folk, so han fekk nokre kronar for det.

Her hjå Knut Pederson budde i mange år brorsdotteri hans, Anna Olavsdtr. Flatekvål, med sonen Lars. Anna var sdotter til Olav Pederson Høvik, Borgo, og kona Brita Nilsdtr. Flatekvål. Anna var oppfostra hjå morbroren, Lars Nilsson, på Flatekvål. I 1890 vart ho gift med Sigvart Torkjellson Tertnes frå Åsane. Dei budde på Flatekvål, og han er kalla «forpaktar». Dei hadde borni Lars, f. 1891, og Sigrid f. 1893. Sigvart døydde same året Sigrid vart fødd, og enkja budde vel fyrste tidi hjå fosterforeldri på Flatekvål, men i 1900 er ho og sonen komne til Høvik og bur hjå Knut, farbroren hennar. Der hadde dei tilhald til Lars vart vaksen, og Anna etter den tid og. Lars vart gift med Ida Monsdtr. Leiro (Myster-Leiro), f. 1896. Dei fekk seg eit småbruk ved Sandnes i Rogaland, og dit flytte Anna på sine gamle dagar, og døydde der. - Per-Knut-stova vart seld til Jakob Mikkelson Fjellanger. Han bygde henne oppatt i Diket på Fjellanger.

1914 er tinglyst husmannskontrakt frå Gudmund Knutson Høvik til Ole Olsen Nese på 2 jordstykke av bnr. nr. 3 for festeavgift 80 kr.

utan årleg avgift. Det eine stykket låg litt vest for tufti etter Per-Knut-stova, og der sette Ole Olsen oppatt eit hus han hadde kjøpt. Sidan budde han og kona der resten av levetidi si. Olav hadde vore bygningssnikkar. Han var son til Ole Olsen Nese, nr. 5 på bnr. 4.


Ole Olsen Nese, f. 1836, d. 1915, g. 1897 m.

Ragnhild Gudmundsdtr. Eikefet, frå Stamnes, f. 1855, d. 1942. Dei var barnlause.


Etter enkja Ragnhild Gudmundsdtr. kjøpte Maria Knutsdtr. Høvik huset her, og ho budde mykje her etter at ho slutta arbeidet i fabrikken i Salhus. Maria var syster til Gudmund Høvik, og f. 1879, d. kring 1967. Ho var ugift og arbeidde i lang tid i trikotasjefabrikken i Salhus. No er det Gudmund Høvik og kona Thea Jakobsdtr. som bur her.


Høvik, bnr. 15 og 16. Skogly: 1976 skøyte frå Jakob Olavson Høvik på eit jordstykke i Neset til Ingolf Johannesson Gullbrå. Han har bygt seg hus og flytta dertil i 1978.


Ingolf Johannesson Gullbrå, f. Stamnes sokn, g. 1963 m.

Ester Einarsdtr. Fauskanger, frå Masfjorden.

Born:

  1. Unn Evelyn.
  2. Robert Frode.
  3. Siv-Aina.


Folketal.

1645: Kopskatten: 3 yver 15 år.

1667: Prestemanntalet: 5 mannfolk.

1701: Manntal: 5 mannfolk yver 1 år.

1801: Folketeljing: 16 menneske.

1865: Folketeljing: Bruk 1 hev 18, bruk 3 hev 9, bruk 4 hev 7, plassmannen hev 7.

1875: Folketeljing: Bruk I hev 11 menneske, bruk 2 hev 9, bruk 3 hev 8, bruk 4 10 menneske.


1900: Folketeljing:

Bruk 1. Nils Olavson og kona med 7 born, av dei er sonen Knut fråverande. So er det Anna Ivarsdtr. Turlingen, tenestgj. og systersdotter til Nils, og foreldri hans som er kårfolk.


Bruk 2. Jakob Olavson og kona med 5 born, den eldste fråverande.


Bruk 3. Knut Johannesson med kona og 5 born, og bror hans som er einsleg og snikkar. Og her er framleis Marta Johannesdtr. Haugen kåreige.


Bruk 4. Rasmus Johannesson er ug. og kalla forpaktar, og systeri Anna er tenestgj. og Robert Pettersen frå Bergen pleieson. Foreldri til Rasmus er kårfolk, men må eiga bruket enno. Dotteri deira, Maria er fråverande i Bergen.


Plass under bruk 2. Knut Pederson Høvik, ug, plassm. med jord. Enkja Anna Olavsdtr. Flatekvål er husmor og hev sonen Lars Sigvartson, 9 år.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy