Haltestad

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald

Gards og ættesoge for Hatlestad.


Gnr. 73 Hatlestad

Tidlegare gnr. 72 i Evanger kommune.

Høgd over havet er 525 meter.


Innhaldsliste

EIGARAR.

1647-56 Anders Olson Lunde, Voss 1 pd. smør
1657-69 Anders Ukvitne, Voss.
1680 - Welom Eide, Voss.
1696-99 Godskalk Eide, Voss.
1699-1733 Nils Larsson Eide, Voss.
1733-46 Welom Godskalkson Eide, Voss.
1746-65 Bjørne Welomson Store Røte, Voss.
1765- Anders Pederson Rekve.


Bumerke

Fil:Bumerke Anders Hatlestad 1.gif Anders Hatlestad 1726, 1735, 1737, Fil:Bumerke Anders Hatlestad 2.gif Anders Pedersen 1772
Fil:Bumerke Ola Hatlestad.gif Ola Hatlestad 1727, 1729 Fil:Bumerke Ola Hatlestad 2.gif
Fil:Bumerke Lars Hatlestad.gif Lars Hatlestad 1755.

BRUKARAR.

Bnr. 1.

Gl. matr.nr. 79, nytt 81. Skatteskyld 1 pd. 6 mk. smør, landskyld 1 pd. smør. 1838: L.nr. 165a, gl. skyld 15 mk. smør, ny 4 ort 5 skill. 1886: L.nr. 165aal, skyld 3 ort 17 skill., omrekna til mk. 1.37. 1977: Mk. 1.30.

1625. Skattemanntalet fører opp Knut som brukar, garden er delvis øyde. I 1634 er han so forarma at han slapp betala garnisonsskatt.


1642-51, 53-56 er Torgeir Lauritson brukar. 1643 betalte han unionsskatt med 1 1/2 ort, 1645 kontribusjonsskatt 1 rdl., kopskatt for seg og kona Marita. I 1646 betalte han 5 skill. 1 alb. for å få skyssplikta bortteki, og i 1647 skattar han 1/2 rdl. 16 skill.


1657 makebytte Torgeir med Gaute Lid.


1652 og 1657-61 er Gaute Matiasson brukar. Kona heitte Eli. Dei hadde ein son Mathias, f. 1650. Etter krøterskatten 1657 var fødnaden 1 hest, 2 oksar, 6 kyr, 7 geiter og 6 sauer, skatt 5 mark og 12 skill.


1664 er etter folketeljinga Mattias Sjurson brukar. Han vart gift med Eli, enkja etter Gaute Matiasson. Garden var halv øydegard.


1670 bygslar Welom Nilsson Eide 1 pd. til Johannes Mattisson Nedre Skjerven. Johannes Mattisson, f. 1640, g. omkr. 1675 Dortea Pedersdtr., d. 1721.

Born:

  1. Anders, f. 1676. Neste brukar.
  2. Ranveig, f. 1681. Sjå nedanfor.
  3. Ragnhild, f. 1682, d. 1726, tenar på Hatlestad.
  4. Åse f. 1684, g. 1702 Anders Nilsson Flansås, f. 1670, b. Flansås, Evangerboka b. I.

1691 bygslar Nils Torsteinson Eide til Johannes Mattisson etter den gamle bygselsetelen frå 1670. Bygselen vert nya oppatt 1720. 1695 betalar Johannes, Leiglendingsskatt, proviantskatt, kjolepengar, fredtoll, odelsskatt og rosteneste, 1 mrk. 40 skilling.

Matrikkelen 1723 seier om bruket: «78 Hatlestad Apostel Gods. Opsidderes Tal 2 (Johannes og Ole) 1 pd. Sm Niels Eyde Er Eyer med Bøxel. Ingen Huusmandsplads. Ingen Sætter Knap Brendeved, og ey widere. Ingen Qværn eller Fischerie. Ligger 2 1/2 mil fra Siøen liggeledes som ovenmelt. Saar 1 1/2 td, haufre aufler 3 tdr. føder 12 Kjør 5 ung Nød 18 faar 1 hæst. Taxt efter gl. Matricul 1 pd 6 MkSm. Forhøyet 1 pd Sm. Har ingen anden næring eller brug uden af Gaardens aufling, ligger 8 1/2 mil fra byen».


Soldat Ole Magneson Kjenes, f. 1687, g. 1715 Ranveig Johannesdtr., f. 1681, var brukar saman med verfaren til 1747, då han flytte til Flansås. Evangerboka b. I.

Anders Johannesson, f. 1676 er neste brukar. Han var g. 1731 med Marita Olsdtr. Styve, f. 1708, d. 1734. Ikkje born.

Anders giftar seg oppatt 1736 med Barbrå Oddsdtr. Li, f. 1716. Anders d. 1738.

Born:

  1. Johannes, f. og d. 1738.


1733. Skøyte frå Nils Larsson Eide på 1 pd. smør i Hatlestad til styksonen Welom Godskalkson.

Barbrå Oddsdtr. giftar seg oppatt 1739 med Godskalk Welomson Eide, f. 1710. Dei flytter attende til Eide der Godskalk døyr 1743.

Born:

  1. Ola, f. 1739 på Hatlestad.
  2. Peder, f. 1742 på Hatlestad.
  3. Ingebjørg, f. omkr. 1742, g. 1762 em. Godskalk Olson Opheim, f. 1721. Dei budde på Flage 1767, Hæve 1774, Finne 1774, Rørbakken 1776, Hatlestad 1777, Bolstad 1785 - makeskifte med Ole Johannesson Seim i Alversund. Evangerboka b. II.

Barbrå Oddsdtr. giftar seg oppatt 1744 med Hermund Ivarson Helleve, f. 1707, d. 1749. Busette på Eide. Sjå Vossaboki s. 31.

Barbrå gifter seg att 1750 med Torstein Hermundson Røte, sjå Vossaboki s. 31. Barbrå d. 1759.


1747, Skøyte frå Ranveig Bjørnesdtr. Eide, enkja etter Willum Godskalkson til versonen ungkar Anders Andersson for 64 rdl. Anders Anderson Vestrheim, f. 1726, g. 1748 Anna Willumsdtr. Eide, f. 1726.

Born:

  1. Brita, f. 1749, d. 1760.
  2. Willum, f. 1750.
  3. Ragnhild, f. 1753.


1751. Skøyte frå Anders Anderson til Bjørne Willumson Store Røte for 64 rdl.

1762. Bygselbrev frå Bjørne Villumson på 1 pd. smør til Baste Larsson. Baste Larsson er truleg son til Lars Basteson Seim, g. 1728 med Brita Brynjulvsdtr. St, Røte. Baste Larsson, f. på Store Røte 1735,g. 1757 med Ragnhild Larsdtr. Kaldestad, f. 1732. Dei flytte seinare til Sæle i Lindås.

På Hatlestad fekk dei borna:

  1. Peder, f. 1757.
  2. Arnbjørg, 1760-1831. G.m. Lars Monsen Jordal 1777-1849, Jordal Åsane.
  3. Lars, f. 1762.


1765. Skøyte frå Bjørne Villumson Store Røte til Anders Pederson Rekve for 324 rdl. Anders Pederson var f. 1739, g. 1765 Brytteva Ivarsdtr. Saue, f. 1736? Dei flytta seinare attende til Rekve, sjå Vossaboki , s. 117.

På Hatlestad er desse borna fødde:

  1. Ranveig, f. 1765.
  2. Brita, f. 1768.
  3. Gjertrud, f. 1771.
  4. Brita, f. 1773.

Anders Pederson kjøpte bruk 4 i Finne på Voss 1774, men selde att 1778 til Eirik Nilsson Finne.


1773 er tinglyst «Eiliv Johannesson Berges skriftlege pengemangelslysning for sin myndling Villum Bjørnesøn som odelsmand til Hatlestad».


1775 makeskifter Anders Pederson Hatlestad med Godskalk Olson Finne. 1 pd. smør i Hatlestad vart verds. til 127 rdl. og 1 laup 2 pd. 15 mk. smør i Finne til 600 rdl.

Godskalk Olsson var frå Opheim, Voss, f. 1721. Han var enkjemann då han i 1762 gifte seg med Ingebjørg Godskalksdtr. Eide, f. 1742, dotter til Godskalk Villumson.

Ein son, Godskalk, er fødd på Hatlestad 1777. Han bur på Breisteinli i Haus, gift 1826 med Magdeli Persdtr. Breisteinsli, f. 1789. Dei flytte seinare til Askøy.


1783 makeskifter Godskalk Olson med Arne Trondson Bolstad. Arne Trondson, f. 1747, d. , g. 1778 Brita Askjelsdtr. Bolstad, f. 1752, d. 1826.

Born:

  1. Trond, f. 1779, neste brukar.
  2. Torbjørg, f. 1780, sjå neste side.
  3. Kristi, f. 1784, g. 1813 Gulleik Haldorsen Bjørgås, f. 1773, b. Bergen.
  4. Trond, f. 1786, g. 1817 Ragnhild Olsdtr. Nestås, f. 1794, husmann Hatlestad.
  5. Guri, f. 1788, g. 1815 Torbjørn Askjelson Hernes, f. 1790, b. Hernes. Evangerboka b. II.
  6. Jon, f. 1790, g. 1827 Ragnhild Jakobsdtr. Bergstad, f. 1801. Flytte 1827 til Strusshamn.
  7. Askjell, f. 1793, g. 1822 Maria Sjursdtr. Hernes, f. 1787. Dei flytter 1823 til Hosanger, heiter der Meland. 1847 er Askjell husmann på Fadnes. Evangerboka b. b. I.

e. Guri har ei dotter, Anna, f. 1819 med Nils Styrkson Mørkve. Etter jordavgiftsboka var fødnaden 18 krøter og 24 sauer. Sådde 3 td. og avla 16 td. korn. Kornet uvist. Bruket verds. til 250 rdl. Avgift 1 rdl. 36 skill.


1808 skøyter Arne Trondson bruket til sonen Trond for 500 rdl. Trond var ugift, og same året sel han til verbroren David Pederson Saue for 700 rdl. og får kår av kjøparen: 1 td. korn og foster til 1 ku og 4 sauer, men etter 10 år skal han ha rett til foster av 2 kyr «dog skal han selv arbeide og indhøste sit vilkor saa lenge hans helbred det tillader». David Pederson skulde og yta kår til verforeldra, 3 td. korn, foster til 4 kyr og 6 sauer, hus, ljos og ved.

David Pederson, f. 1763, d. 1848, g. 1805 Torbjørg Arnesdtr., f. 1780. d. 1832.

Born:

  1. Brita, f. 1806, d. 1806.
  2. Peder, f. 1807. Bnr. 4.
  3. Arne, f. 1809, neste brukar.
  4. Brita, f. 1811, g. 1833 Nils Arneson, Bolstad, f. 1802, husmann Rinden u/Hatlestad. Sjå Rindafolket.
  5. Amund, f. 1813, g. 1841 Ranveig Ellingsdtr. Småbrekke, f. 1813, inderst Hatlestad.
  6. Nils, f. 1814, g. 1843 Torbjørg Knutsdtr. Ro, f. 1819, b. Hatlestad.
  7. Knut, f. 1816, g. . Reiste til Nordland 1856.
  8. Eirik, f. 1818, d. 1818.
  9. Lussi, f. 1819, d. 1883, emigrerte i 1850, g. 1851 i USA m. Ingebrigt H. Grindeland, Vossestrand. Dei hadde 6 born.
  10. Eirik, f. 1821. Utv. til Amerika 1848, farmar. Rene: s. 401. G.m. Ingebjørg E. Berge f. 1824. Berge, Bulken. Sjå Vossaboki , s. 72.
  11. David, f. 1821. Utv. til Amerika 1848, farmar. Døydde på ein dampbåt nær St. Louis 1852. Rene: s. 400.

1834 deler David Pederson i medhald odelslova 26/6 1821 bruket mellom sønene Peder og Arne. Peder sin part får seinare bnr. 4. Skøyte frå David Pederson til sonen Arne på 12 mk. smør for 200 spd. og kår.

Arne Davidson, f. 1809, d. 1900, g. 1838 Ranveig Monsdtr. Kaldestad, f. 1813, d. 1877.

Born:

  1. Torbjørg, f. 1839, g. 1866 Arve Larsson Solberg, f. 1841, b. Solberg/Solbjørg .
  2. David, f. 1842. Neste brukar.
  3. Brita, f. 1844, d. 1923, ug. Budeie i mange år på Hernes. «Huldre-Brita».
  4. Anna, f. 1846, d. 1846.
  5. Mons, f. 1847, d. 1851.
  6. Anders, f. 1850. Utv. til Amerika, var farmar, g. m. ei austlandsdame, 2 dtr.
  7. Anna, f. 1853, g. 1876 Nils Jakobson Kaldestad, f. 1845, b. Øvsthus, Voss.
  8. Mons, f. 1856, d. 1875.


Jordbruksbeskrivelsen 1863 seier om bruket at det er 2 1/4 mål åker, 12 mål god, 25 mål middels og 29 mål dårleg naturleg eng, av utslåtter og fjellslåtter 334 våger høy, av stølstræet 96 våger. Det var ikkje jord skikka til oppdyrking. Sådde 1 1/2 td. korn, 2 td. poteter, avla 7 td. korn og 10 td. poteter. 826 våger høy. Fødnaden var 8 kyr, 2 ungfe, 20 sauer og 1 hest. God og meir enn tilstrekkeleg hamn. Skog til husbruk. Ikkje forsurrogat. 1 1/2 mil vanskeleg kløvveg til sjøen. For bortleige av hamn 1 1/2 spd. årleg. Kornet fraus ofte og vart sjeldan moge. Bruket var alminneleg godt dyrka. Husa var ikkje sikra for snøskred. Skylda var 3 ort 22 skill. Framlegg til ny skyld 1 spd. 22 skill.

1867. Skøyte frå Arne Davidson til sonen David for 200 spd. og kår. David Arveson, f. 1842, d. 1878, g. 1868 Ingeborg Larsdtr. Solberg, f. 1836, d. 1909.

Born:

  1. Arne, f. 1869, d. ug. 1960, songar og felespelar. Arne Hatlestad.
  2. Ingeborg, f. 1871, drukna i elva 1876, ho sprang og leika seg på ei klopp.

I 1875 var fødnaden 1 hest, 8 kyr, 1 ungfe, 9 sauer og 1 gris. Kårmannen fødde 2 kyr og 3 sauer. Anna Arnesdotter, syster til David, fødde 1 sau. Sådde 1 td. blandkorn, 2 1/2 td. poteter.


1879. Skøyte frå Ingeborg Larsdtr. til Haldor Olson Lavik, Eksingedalen for kr. 2.000 og kår.

Haldor Olson f. 1847, d. 1919, g. 1874 Anna Nilsdtr. Leiro, Stamnes f. 1847, d. 1940.

Born:

  1. Nikolai, f., d. 1 år gl.
  2. Nikolai, f. 1876, g. 1898 Berthilde Dorthea Bastesdotter Fyllingen, f. 1871 i Bruvik. Kjøpmann Vossevangen.
  3. Ole, f. 1879, g. 1902 Kari Johannesdtr. Bruvik, f. 1882, skomakar.
  4. Marta, f. 1881, g. 1920 em. Peder Pederson Lærdalsøren, f. 1881, smed Lærdalsøren.
  5. Ingeborg, f. 1883, g. 1909 Peder Pederson Lærdalsøren, f. 1881, smed Molde. Han vart oppattgift med d.
  6. Johannes, f. 1885. Neste brukar.
  7. Andreas, f. 1887, g. 1925 Inger Nilsen frå Århus i Danmark. Bygningsmann i Rochester, Minnesota.


1920. Skøyte frå Anna Nilsdtr, til sonen Johannes for kr. 3.000 og kår, m.a. bruken av stova i austre enden av huset, Vetlestova, ljos og brendsel, turvandre ytre rom, fødnad til 1 ku og 2 sauer, 240 kg. poteter, og rett til plass på kjøkenlemmen til brødskåp og oppbevaring av matvarer.

Johannes Haldorson, f. 1885, d. 1951, g. 1911 Anna Pedersdtr. Øye, f. 1885, d. 1971.

Born:

  1. Annlaug Johanna, f. 1912, g. 1940 Osvald Berge, f. 1913, fabrikkarbeidar Dale,sjå ættesoge for Dale.
  2. Haldor Olav, f. 1915, d. 1940, gardsarbeidar.
  3. Per Gulleik, f. 1918. Neste brukar.
  4. Ingeleiv Marianne, f. 1923, g. 1953 Arne Sandem, Eidsberg, f. 1924, lektor, b. Askim. Ingeleiv er utdanna handarbeidslærar.

Johannes Hatlestad var medlem av Evanger heradstyre 1938-45.


1956. Skøyte frå Anna Pedersdtr. til sonen Per Gulleik for kr. 4.000 og kår. Per Gulleik Johannesson, f. 1918, d. 1994, g. 1957 Kari Nilsdtr. Mestad, f. 1927.

Born:

  1. Anne, f. 1957.
  2. Jan Haldor, f. 1960.
  3. Kjersti, f. 1962.
  4. Norunn, f. 1963.

Per Gulleik Hatlestad vart tilsett 1965 som vegformann i Statens vegvesen. Kari var 8 år handarbeidslærer i skulekrinsane i Evanger.


Jord, skog og driftsopplegg:

3/4 av det dyrka arealet er heller brattlendt morene. Resten er flat myr. Dyrka jord: 40 dekar. Natureng, beite: 15 dekar. Jordbruksareal i alt: 55 dekar. Storparten av det dyrka arealet kan drivast med maskinar. Det bruket har av lagleg dyrkingsjord er oppdyrka. Storparten av det omlag 200 dekar store skogsarealet er tilvakse med lauvskog. 10 dekar er granplanting. Driftsopplegget byggjer på mest einsidig grasdyrking men med noko potetdyrking og kålrot i tillegg. Fødnaden: 60 vinterfora sauer.


Bygningar:

Stovehuset er bygd i 1903. Driftsbygningen er bygd i 1926, påbygd i 1941. Eldhuset er ombygd (flytt) i 1925.


Fjell og utmark:

Bruket har i felles fjellstrekning beite til eigen fødnad og leiger dessutan bort hamn til andre.


Bnr. 2. Hatlestad.

L.nr. 165aa.bb. Gl. skyld 1 4/10 mk. smør. Urev. skyld 18 skill. 1886: Mk. 0.29. Utsk. frå bnr. 1 og 4 i 1859, og var 9/101 deler av bruka.


1859. Skøyte frå Arne og Nils Davidsønner til eigarane av gardane Vik, Vik nedre og Mo i Kvam for 140 spd. Bruket er eit stykke utmark - Store og Vetle-Hadlen, og jordbruksbeskrivelsen 1863 seier at «det bruges for nærværende til Faarehavn», og gjer framlegg om ny skyld 1 ort 1 skill.

1924. Skøyte frå oppsitjarane på Mo og Vik i Kvam til Olav Kaldestad m.a. på dette bruk for kr. 2.000.

1972. Skøyte frå Karolina Kaldestad som einearving etter Olav Kaldestad til Bergsdalen Jordbrukslag på dette bruk og gnr. 72/3, 14 for kr. 40.000.


Bnr. 3. Stølen Øvre Geitabotnen.

L.nr. 165aa2. Urev. skyld 5 skill. 1886: Mk: 0.08.

Utsk. frå bnr. 1 i 1872, og vart set til 7/120 deler av bruket. Kjøparar etter skyldskiftet: Peder Ivarson Hosås og Peder Ivarson Flage. Kjøparane fekk rett å finna brendsel i nedre Geitebotnen. Dei kunde berre hamna 14 storfe, og skulde saman med seljaren setja opp og vedlikehalde merkesgjerde i nedre Geitebotnen.

1961. Grunnboksheimel til Knut Wæthes dbu på ein part og til Peder Hosås på ein part av bruket.


Bnr. 4. Hatlestad.

Utsk. frå bnr. 1 i 1834.

1838: L.nr. 165b 1886: L.nr. 165bal. Gl. skyld 15 mk. smør. 1838: 4 ort 5 skill. Urev. sk. 3 ort 11 skill. 1886: Mk. 1.35. 1977: 1.30. 1834. Skøyte frå David Pederson til sonen Peder på dette bruk, 12 mk. smør for 200 spd. og kår.

Peder Davidson, f. 1807, d. 1872, g. 1834 Brita Larsdtr. Bolstad, f. 1805, d.

Born:

  1. David, f. 1836, g. 1870 Liva Knutsdtr. Horvei, f. 1833, husmann Horvei, 2. tun. Evangerboka b. I.
  2. Ingeborg, f. 1838, g. 1864 Mons Johannesson Hermundsdal, f. , husmann Tyssen. Mons var innfl. frå Haugland i Fjell. Evangerboka b. I.
  3. Anna, f. 1842, d. ug. 1928 på Tyssen.
  4. Brita, f. 1845, g. 1870 Lars Bergeson Fadnes, f. 1843, inderst Fadnes. Evangerboka b. I.

I 1842 er Peder Davidson inderst på Vassenden og 1845 inderst på Hernes der han døydde.


1841. Skøyte frå Peder Davidson til broren Nils for 400 spd. Nils Davidson, f. 1814, d. 1877, g. 1843 Torbjørg Knutsdtr. Ro, f. 1819, d. 1891.

Born:

  1. Knut, f. 1845, d. 1846.
  2. Knut, f. 1846, skreddar på Bolstadøyri, d. ug. 1916.
  3. David, f. 1848, d. ug.1899. Neste brukar.
  4. Torbjørg, f. 1850, d. 1851.
  5. Lars, f. 1851. Utv. til Amerika 1872, skreddar, g. m. ei dame frå Skien.
  6. Eirik, f. 1856. Utv. til Amerika, men kom heim att og døydde ugift på Bolstadøyri 1893. Skreddar.
  7. Torbjørg, f. 1859. Budde hjå Knut N. Ringheim, Voss, d. ug. 1934.

Jordbruksbeskrivelsen 1863 seier om bruket at det er likt med bnr. 1. 11875 var fødnaden 6 kyr, 2 ungfe og 10 sauer. Sonen David som budde på florslemmen fødde 2 sauer. Nils Nilsson Jære (Gjerde) åtte hesten som var på bruket. Sådde 1 td. blandkorn, 1 1/2 td. poteter.


1889. Skøyte frå Torbjørg Knutsdtr, til sonen David for kr. 1.200. Frå 1888 var han medlem av Evanger heradstyre i 4 bolkar. David var ugift, og i 1899 testamenterte han bruket til syskena Knut og Torbjørg.

Dei skøytte 1905 til Jakob Jakobson Flatekvål frå Modalen for kr. 3.000. Jakob Johan Jakobson, f. 1869, d. 1925, g. 1900 m. Ågot Nilsdtr. Høvik Modalen, f. 1880, d. 1929.

Born:

  1. Trygve, f. 1901 d. 1973. Neste brukar.
  2. Johan, f. 1903, d. 1919.
  3. Nils, f. 1904, d. 1973, g. 1947 Hildur Rolland, f. 1915, tekstilarbeidar Dale. Sjå ættesoge for Dale.
  4. Ragna, f. 1906 d. 1946, g. 1936 Gulleik Tormodson Lid, f. 1898, b. Li øvre, tun 1, bnr. 2.
  5. Åsmund, f. 1908 g. 1948 ek. Anna Olsdtr. Verlo, f. Bruvik 1912, snikkar ved A/S Dale Fabrikker, sjå ættesoge for Dale.
  6. Astrid, f. 1910, g. 1933 Jakob Tormodson Lid, f. 1899, b. Dale.
  7. Olav, f. 1913, d. 1919.
  8. Brita, f. 1916, g. 1945 Eirik Nilson Seim, Voss, f. 1910, snikkar ved B.K.K. Dale.
  9. Olav Johan, f. 1920, g. 1954 Klara Jakobsen, Senja, f. 1931, tekstilarbeidar Dale.
  10. Johan, f. 1922, brukar etter Trygve.

Jakob Flatekvål tok navnet Hatlestad. Han hadde lært seg teglsteinmuring, og sette opp mange pipor og brannmurar i hus i dalen. David Nilsson Hatlestad kjøpte av Lars L. Hjørnevik i 1885, øvste høgda av eit tohøgda hus i Hjørnevik. Tømret vart køyrt over fjellet til Hatlestad og oppsett til bustadshus der, den sokalla «Nistova».


1929 får Trygve Jakobson skøyte for kr. 2.000 og kår til mora. Trygve Jakobson, f. 1901, d. 1973, g. 1931 Berta Teodora Tormodsdtr. Li, f. 1904, d. 1989.

Born:

  1. Audun Jakob, f. 1932.
  2. Elfrid, f. 1935, g. 1959 Anders Henrikson Brekke, f. 1933, busssjåfør, b. Songve, Voss.

Trygve Hatlestad døydde 1973. Han var militærutdana i Kystartilleriet 1927, og tenestegjorde som løyntnant ved festningen i Kristiansand 9. april 1940. Var internert i Tyskland 1942-45. Kapteinsgrad frå 1946, tilsett ved Kvarven. Han tok avskil 1961, og bygde seg hus på Hatlestad. Medlem av Evanger heradslyre 1945-1948.

1960. Skøyte frå Trygve Jakobson til broren Johan for kr. 10.000. Johan Jakobson, f. 1922, g. 1962 Petrin Hansdtr. Åkre, Haramsøy f. 1922.

Born:

  1. Hans Jakob, f. 1962.
  2. Mari Agata, f. 1966.

Johan dyrka og dreiv garden svært godt men selde og flytte til Sunnmøre og kjøpte garden Lyshol i Sykkylven.


1968. Skøyte frå Johan Jakobson til Birger Haga, Voss. Birger Haga, f. 1940, g. 1968 Gerd Norunn Olavsdtr. Berge, f. 1946.

Born:

  1. Ane, f. 1970.
  2. Nina, f. 1973.
  3. Olav, f. 1977.

Johan Hatlestad var medlem av Evanger heradstyre 1952-59.


Jord, skog og driftsopplegg:

Omlag halve jordbruksarealet er brattlendt morenebakke. Resten er flat myr og fastmark. Dyrka jord: 40 dekar. Natureng, kulturbeite: 15 dekar. Jordbruksareal i alt: 55 dekar. Omlag heile det dyrka arealet kan drivast med maskiner. Godt helvta kan haustast med forhaustar. Det bruket har av lagleg dyrkingsjord er oppdyrka. Storparten av det omlag 200 dekar store skogsarealet er tilvakse med lauvskog. 10 dekar er granplanting. Driftsopplegget byggjer på mest einsidig grasdyrking. Fødnaden: 60 vinterfora sauer, 5 kviger og 500 høner.


Bygningar:

Stovehuset tilflytta frå Bolstad i 1911. Ei stove bygd innåt i 1924. Driftsbygningen bygd i 1919. Ombygd i 1965.


Fjell og utmark:

Bruket har i felles fjellstrekning beite til eigen fødnad og leiger dessutan bort hamn til andre.


Bnr. 5. Stølen Øvre Geitabotnen.

L.nr. 165bal. Urev. 5 skill. 1886: Mk. 0.08.

Utsk. frå bnr. 1 og 4 i 1873, og vart sett til 7/118 delar av heile bruket. Kjøparar etter skyldskiftet: Peder Hosås og Peder Flage. Kjøparane hadde ikkje lov å hamna meir enn 14 storfe, og hadde rett å bruka ein liten skogteig i Nedre Geitabotnen. Dei skulde og saman med seljaren setja opp og vedlikehalde merkesgjerde i Nedre Geitabotnen.

1961. Grunnboksheimel til Knut Wæthes dbu til ein part, og til Peder Hosås på ein part av bruket.


Bnr. 6. Vassrett.

Sk.mk. 0.05. Utsk. frå bnr. 1 i 1899.

1899. Skøyte frå Haldor Hatlestad til brukseigar Konow for kr. 125. Vidare som gnr. 70 bnr. 3. Bruket slått saman med gnr. 80 bnr. 3.


Bnr. 7. Vassrett.

Sk.mk. 0.02. Utsk. frå bnr. 2 i 1899.

1900. Skøyte frå oppsitjarane på Mo og Vik i Kvam til brukseigar Konow for kr. 125.

Vidare som gnr. 70 bnr. 3. Bruket slått saman med gnr. 80 bnr. 3.


Bnr. 8. Vassrett.

Sk.mk. 0.05. Utsk. frå bnr. 4 i 1899.

1899. Skøyte frå Knut Hatlestad og Torbjørg Hatlestad til brukseigar Konow for kr. 125. Vidare som gnr. 70 bnr. 3. Bruket slått saman med gnr. 80 bnr. 3.


Bnr. 9. Solhaug.

Sk.mk. 0.01. Utsk. frå bnr.1 i 1918.

1922. Skøyte frå Johannes Hatlestad til Evanger kommune for kr. 247, 77.


Bnr. 10. Dalaflaten.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 4 i 1950. Heimelshaver Trygve Hatlestad.


Bnr. 11. Kleivabu.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1 i 1955.

1956. Skøyte frå Anna P. Hatlestad, f. 1885, til dtr. Annlaug og mann Osvald Berge utan vederlag.


Bnr. 12. Båthamaren.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 4 i 1960.

1974. Skøyte frå Berta Hatlestad, f. 1904 til dtr. Elfrid Brekke f. 1935 for kr. 35.000,


Bnr. 13. Åsbu.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1 i 1967.

1974. Leigeavtale til Åsmund Lilleskare for 30 år mot årleg avgift kr. 25.


Bnr. 14. Horgabu.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1 i 1967. Heimelshavar Per Hatlestad.


Bnr. 15. Arvebu.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1 i 1967.

1974. Leigeavtale til Erik Arne i 30 år mot årleg leiga kr. 25.


Bnr. 16. Bergli.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 3 i 1969.

1969. Skøyte frå Karolina Kaldestad til Otto Berg for kr. 700.


HUSMENN OG HUSFOLK

1655 betalte Tormod skatt «efter yderste formue» med 1/2 rdl. Sjå og Berge, husmenn.


Tambur Ole Ivarson Gjerstad, Voss, f. , g. 1737 med Synneva Pedersdtr. Haga, f. 1716, d. 1747. (Skifte etter Synneva er halde på Hatlestad 25/9 1747).

Born:

  1. Ivar, f. 1737, faren var til hus på Gjerstad.
  2. Gjertrud, f. 1739, faren var til hus på Lunde.
  3. Ole, f. 1741.
  4. Peder, f. 1745 på Hatlestad.

Ole Ivarson gifter seg oppatt 1748 med Marta Brynjulvsdtr. Store Røte, Voss, f. 1710.


Endre Oddson Djukastein, f. , g. 1747 Synneva Pedersdtr. Bulken (Kvitlar) bur på Hatlestad 1747. Det året har dei til dåpen ein son Odd, f. 1747.

1761 vert ungkar Johannes Larsson Hatlestad gift med Brita Dagsdtr. Rasdal, f. 1734.

Born:

  1. Ingebjørg, f. på Hatlestad 1762.

1764 døyr Brita på garden Tjelland i Gjerstad i Haus, og det er halde skifte etter henne der. Johannes er oppførd som bonde. (Ættebok 1 Gjerstad sokn).

Johannes Larsson vert oppattgift 1764 med Marita Andersdtr. Steintveit og er nemnd som husmann på Utgjerdet under Høysæter i Samnanger. Sjå Samnanger 1 s. 360, 611.

Ingebjørg Johannessdtr. var vitne i rettsaka i 1788 mot Brita Larsdtr. Halsendal, Alversund, tenestegjente hjå «Rikeharingen» Jens Pederson Høysæter, i Samnanger og der Brita vart dømd for tjuveri «at stryges til Kaegen och arbeide i Bergens Tugthus hindes Livstid». Samnanger 1 s. 601. Brita var dotter til Lars Oddson Li, f. 1719, g. 1751 Gunhild Olsdtr. Brekke.


Soldat Brynjulv Larsson Hatlestad, f. , g. 1765 Anna Brynjulvsdtr. Graue f.

Born:

  1. Ragnhild, f. på n. Graue 1765.


Tormod Ellingson Ukvitne f. 1756, g. 1797 Kristi Sjursdtr. Rødland, f. 1775. I 1801 var Tormod jordlaus husmann på Hatlestad. Han vart seinare plassmann på Krossen under Haugland i Haus. Haus III s. 578. Tormod d. på Haugland 1824, og Kristi 1867.

Born:

  1. Gjertrud, f. 1798 på Småbrekke, g. 1828 Knut Olavson Jordal, f. , bonde på Bustevoll, Haugland, 8 born.
  2. Sjur, f. 1801 på Hatlestad, g. i 1835 med Åse Olavsdtr. Rødland, Haus, f. , husmann, seinare bonde Krossen, Haugland i Haus, 6 born.
  3. Elling, f. 1808 på Haugland i Haus, d. 1828.
  4. Mass, f. 1814 på Haugland.
  5. Eirik, f. 1819 på Haugland, g. 1854 Sigrid Johannesdtr. Haukeland, Haus, f. . Paktar på Borge 1865, plassmann i Borgetræ 1875 i Haus, 10 born.


Trond Arneson Hatlestad, f. 1786, g. 1817 Ragnhild Olsdtr. Nestås, f. 1794.

Born:

  1. Brita, f. 1818, d. 1821.
  2. Brita, f. 1822, d. 1822.


1834 gjev Peder og Arne Davidsønner festesetel til Nils Arneson Bolstad på plasset Horgabrekkene Rinden. Sjå Rindafolket. Nils Arneson, f. 1802, d. 1867, g. 1833 Brita Davidsdtr. Hatlestad, f. 1811.

Born:

  1. Torbjørg, f. 1834, d. 2 v. og 3 dg. gl.
  2. Arne, f. 1835, d. 1863.
  3. David, f. 1838.
  4. David, f. 1840, d. 1867.
  5. Torbjørg, f. 1840, tv. med d.
  6. Helge, f. 1842, d. 1842.
  7. Brita, f. 1845, g. 1866 John Jakobson Væle, f. 1834, b. Væle. Evangerboka b. band II.
  8. Helge, f. 1847. Utv. til Amerika 1872.
  9. Torbjørg vart gift med ein frå Fosse, men mannen døydde og ho reiste til Amerika der ho var attgift med em. Magne Monsson Kaldestad.

Etter Nils døydde budde Brita i Rinden til ho i 1872 reiste til Amerika der ho hadde ei dotter.


Amund Davidson Hatlestad, f. 1813, g. 1841 Ranveig Ellingsdtr. Småbrekke, f. 1813. Inderst, seinare paktar av bnr. 1 på Hatlestad.

Born:

  1. David, f. 1841. Utv. til Amerika, farmar.
  2. Torbjørg, f. 1842. Utv. til Amerika.
  3. Elling, f. 1845. Reiste til Nordland.
  4. John, f. 1847. Utv. til Amerika 1869.
  5. Marta, f. 1849. Utv. til Amerika 1869.
  6. Sjur, f. 1852. Utv. til Amerika 1869.
  7. Anna, f. 1855. Utv. til Amerika 1872.
  8. Lussi, f. 1858. Utv. til Amerika 1872.

Amund og Ranveig utv. til Amerika 1872.


1912. Kjøpekontrakt frå Jakob Johan Jakobsdtr. til Knut Nilsson Hatlestad, f. 1846, på eit jordstykke Haugen. Knut dreiv skreddarverkstad på heiltid, med svenner og lærlingar, først på Bolstad, men i 1911 flytta han huset han hadde i Nigarden på Bolstad til Hatlestad, og held fram med arbeidet der. Han hadde godt ry som skreddar. Husa og jordstykket kjøpte Jakob att før Knut døydde i 1916, ugift.


Offentlege forretningar:

1806. Forretning mot Kaldestad og Berge om skog og beite. Statsark. setelkatalog. Forretning avh. - Statsark.. setelkatalog. 1859. Delingsforretning mellom bnr. 1 og 3.

1892. Kontrakt om veganlegget gjennom Bergsdalen.

1896. Kontrakt med Konow om Bergsdalselva.

1897. Garantidok. vedk. vegen Fosse-Rødland.

1897. Avtale om bruk av pengane for Bergsdalselva.

1918. Utskiftning.

1975. Grensegangsforretning mellom Voss og eigedomane i Bergsdalsområdet.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy