Hana

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 09:11, 18 november 2010 by Reveka (Talk | bidrag)
(skil) ←Eldre versjon | Vis noverande versjon (skil) | Nyare versjon→ (skil)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band I | Bruvik sokn innhald


Gards og ættesoge for Hana.


GNR. 8 HANA


Innhaldsliste

INNLEIING

Hana ligg på fastlandsida 1 1/2 km nord for Rødberg. Garden grensar mot Rødberg, Skulstad og Stavenes. Hana og Rødberg er saman i gravarota og dugnadskrins.

Gardsnamnet vart skrive Hana 1567, Hanne 1610, 1620 og 1667, Hane 1723. Hana er ei dativform av det gamalnorske ordet hani. Det har truleg frå fyrst av vore namn på det høge fjellet som no heiter Hananipa. Toppen av dette fjellet ligg 718 m over havet. Namnet er eit naturnamn. Det var visseleg i bruk lenge før her vart fast busetnad. Gardsnamnet kan såleis ikkje gje nokon peikepinn om kor gamal sjølve garden er. Heller ikkje er det gjort oldfunn som kan fortelja om kva tid garden var busett.

Det eldste skriftlege vitnemålet er frå 1567 då var Hana øyde gard. Dette kan tyda på at garden var busett i mellomalderen og vart liggjande øyde etter svartedauden.

1590 hadde det kome brukar på garden og ei tid på 1600-talet ser det ut til å ha vore fleire brukarar, men seinare var Hana einbølt gard heilt til 1884. Då vart garden delt i to jamstore bruk. Det gamle husmannsplasset Seiasteinen vart skilt ut som eige bruk 1893. Sjå bnr. 3.

Då garden vart delt i to bruk, vart det teke atterhald om at uthusa skulle vera felles. Bnr. 1 og 2 hadde uthus og utløer i lag til 1925. I løa heime i tunet skilde treskelåven mellom dei to eigarane. I floren hadde dei kvar si langside med kvar si bundingsrekkje. Mellom bundingsrekkjene gjekk der eit plankegolv om lag 1 m breidt. Møka frå båe buskapane vart samla på ein sams mottingstad og delt om våren etter semje.

Det har ikkje vore offentleg utskifting på garden. Ved todelinga 1884 vart innmarka delt med ei nokolunde bein linje som gjekk gjennom tunet. Den gamle brukaren tok unna to kårteigar, Laberget og Kalvatræet, som låg ved grenselina mellom bruka. Då kårfolka fall frå, vart kvar av desse teigane delte mellom bruka.

Den eldste skildringa av garden finn me i matrikkelen 1723: "Landskyld 1/2 løb smør, Ingen Huusmands Pladser. Intet Sætter. Brendeveed skoug. 1 flom qværn, intet fiskerie. Ligger ved Søen 4 Miel fra Bergen maadelig af afl til Korn og tungvunden til Høe. Saar havre 1 1/2 t. avler 5 1/4 t. 7 Kiør 3 Ungnød 12 faar. Lever av qvægetz avling og Brendeveed at selge."

1863 var her 6 1/2 mål åker. 1 mål var god åker, 3 mål middels god. 2 1/2 mål var ring åker. Bøen var på 39 mål. 13 1/2 mål var god bø, 20 1/2 mål var middels god, 5 mål var ring bø. Her var ikkje dyrkingsjord, meinte matrikkelkommisjonen som samla desse opplysningane. I tillegg til åker og bø på heimemarka var det på plasset Neset eller Skoltane 1 1/3 mål middels god åker og 14 mål middels god eng. Garden vart rekna for middels lettbrukt, men her var sein og uryddig slått.

Mykje av høyet vart sanka i utslåttene. 1864 rekna dei at dei hausta 400 våger høy i slåttene. Mange slåtter var bytesslåtter som dei slo annakvart år. Då garden vart delt i to bruk, vart dei fleste slåttene delte mellom bruka. Men nokre slåtter vart slegne som hopaslått.

Både 1723 og 1864 var her skog nok til husbruk og dessutan noko til sal. 1864 rekna dei at sal av ved og tømmer gav ei nettoinnkome på 5 spd. for året.

Det meste av skogen vart delt ved bruksdelinga 1884. Kvart av bruka fekk ein skogteig som omfata om lag 1/3 av skogen på garden. 1/3 av skogen er sams. Dette er skog som før høyrde til plasset Skoltane og til kårteigen.

Om beitet heiter det 1884: "Havnegang ubetydelig hjemme, det øvrige Fjeldhavn og tilstrækkelig, men meget farefuld og overmaade brat og vanskelig Adkomst til samme." Garden har ikkje hatt seter. Før vart kyrne mjølka i utmarka. No har bnr. 1 eit kulturbeite på om lag 20 mål.

Garden hadde kvern i kvernabekken innanfor tunet. Men vassføringa kan ikkje ha vore særleg god. "Mangler Mølle-fos" heiter det 1864. 1847 fekk brukaren på Hana festesetel på ei kvernhustuft på Skaftå. 1855 fekk Nils Olsson Hana og Johannes Hekland arvefestebrev på eit kvernstøe hjå Johannes T. Skaftå.

Klebersteinsbrot og vassfall er nemnt i skøytet 1893. Der heiter det at uthus, vassfall og klebersteinsbrot skal vera sams for bnr. 1 og bnr. 2. Frå klebersteinsbrotet på Hana vart det m. a. levert stein til fundamentet under Holbergstøtta og til Børsbygningen i Bergen. I Geijermonumentet i Uppsala er det kleberstein frå Hana.

Det høyrer laksefiske til garden. Fram til 1945 fiska dei med kilenot. Dei to brukarane dreiv fiske sjølve. Seinare har fiskeretten vore bortleigd. Fisket har vore drive med sitjenot.

Her har vore fleire husmannsplass. Plasset Seiasteinen vart teke i bruk alt på 1600-talet, men det vart truleg nedlagt på 1700-talet. Plasset Neset eller Skoltane i den nordvestre delen av innmarka vart truleg teke opp i fyrste halvpart av 1800-talet. Den fyrste festesetelen vart tinglyst 1835.

Seiasteinen vart utskilt som eige bruk 1893. Neset eller Skoltane vart nedlagt 1897. Då vart dette plasset delt mellom bnr. 1 og bnr. 2. Sidan plasset låg i innmarka åt bnr. 2 fekk dette bruket då all innmark i ein teig. Bnr. 2 fekk biteig på Skoltane.

Hana var utan gardsveg heilt til 1970-åra. Bergensbana gjekk gjennom heile gardsområdet langs fjorden. Ein ny tunnel gjennom Hananipa vart teken i bruk 1970. Då vart den gamle jarnbanelinja noko om senn frigjord til gardsveg. Jarnbanelinja hadde dei nytta til gongeveg tidlegare. Den var også skuleveg. Borna måtte ha vaksne til å fylgja seg til skulen.


SKYLD, SKATT, FØDNAD, AVLING OG FOLKETAL

Gamalt matrikkelnr. 27 i Arna skipreide. 1838 nytt matrikkelnr. 28. 1853 matrikkelnr. 119. 1886 gnr. 19 i Bruvik herad. Gamal landskyld 1/2 laup = 36 merker smør. 1838 ny skyld 2 dl. 4 ort 8 sk. 1868 4,04 skyldmark.

Leidang 1567 1 album. 1590-91 leidang 1 fåreskinn, fredtoll kvart 8. år. 1665 korntiend 1 ml. 3 k. Leidang, fredtoll, gjengjerd, vedpengar 1 m 15 sk. Småtiend 4 sk.

Fødnad 1657:7 kyr, 4 geiter, 12 sauer. 1665 fødnad 9 storfe. Fødnad 1864:11 kyr, 4 ungfe, 50 sauer på hovudbruket. Pa plasset Hananeset 3 kyr, 2 geiter, 6 sauer.

Sånad 1665 1 t. 1 ml. korn. Avling 3 t. 1664 sånad 4 1/2 t. havre, 3 t. poteter. Avling 20 t. havre, 10 t. poteter, 972 v. høy. 140 v. halm. 400 v. høy i slåttene, skav og beit for eit ungfe. Folketal 1801:5. 1865 og 1875: 20.


EIGARAR

Den fyrste kjende eigaren var Munkeliv Kloster i Bergen. Før reformasjonen var dette klosteret ein av dei største jordeigarane i landet. Dei fleste gardane som Munkeliv Kloster åtte låg på Vestlandet mellom Nordfjord og Lista. Men klosteret åtte også jordegods i Valdres og på Vesterhavsøyane.

I den gamle Bruviksokna åtte Munkeliv Kloster gardane Hana, Stavenes, Vaksdal, Herfindalen, Sedalen, Jamne, Skreiæ, Helle, Stanghelle og 4/7 partar av Dale. Ved reformasjonen vart klostergodset drege inn under Kruna. Men om gardane som hadde høyrt under klostera no var krungods, så vart dei framleis kalla klostergods fram til midten av 1600-talet.

I 1660-åra vart mykje krungods selt på auksjonar. Kjøparane var i mange høve embetsmenn og velståande byborgarar. Magistrat i Bergen, Hermann Garmann 1612-1674, vart eigar av Hana, Vaksdal, Jamne, Helle og Stanghelle. Sonen, stiftsskrivar Herman Garmann ervde desse gardane. Han var busett på Nedste Mjelde i Haus. Sjå Haus s. 83.

1673 stemnde Garmann dei to brukarane på Hana, Ingebrigt og Johannes, for tinget som uteståande landskyld. 1703 fredlyste han skogen på garden. Leiglendingane hadde hogge meir i skogen enn dei hadde rett til.

Lensmannen i Mjelde skipreide, Johannes Øvste Mjelde, dreiv også med gardkjøp. Om lag 1715 fekk han skøyte på Hana. Han kjøpte også Fokstad, Bukkestein, Dyvik, Fyllingslid, Vaksdal, Stanghelle, Helle og ein stor del av Dale. Ved skiftet etter lensmann Johannes Øvste Mjelde 1732 fekk dottera Magdeli utlagt jordegodset i Hana.

Magdeli Johannesdotter var gift 3 gonger: 1.g.m. Olav Fabrianson Fokstad, 2.g.m. Nils Monsson Raknes, 3.g.m. Anders Nilsson Helle. Dei to fyrste mennene åt Magdeli var brukarar i Fossmark. Sjå Fossmark bnr. 5. Tredje mannen Anders Nilsson Helle var brukar på Helle bnr. 1. Sjå Helle bnr. 1.

Ved skiftet i Fossmark 1733 etter Nils Monsson Raknes vart Hana delt mellom enkja Magdeli og eldste dottera Helga. Helga vart gift med Johannes Monsson Stanghelle bnr. 1. Sjå Stanghelle bnr. 1.

Stiftsskrivar Herman Garmann døydde barnlaus 1733. Ein eldre bror, sokneprest Christopher Garmann, hadde mange etterkomarar. Ein av dei var sorenskrivar Johan Garmann, busett på Nedste Mjelde. Sjå Haus s. 85. Sorenskrivar Johan Garmann let fleire gonger tinglyse at han hadde odelsrett til Hana.

1744 gjorde mennene åt Magdeli og Helga eit makeskifte med Johan Garmann. Ved dette makeskiftet fekk Anders Nilsson Helle og Johannes Monsson Stanghelle skøyte på dei bruka dei var leiglendingar på. Johan Garmann fekk til vederlag skøyte på Hana.

1757 gav Johan Garmann skøyte for 90 rdl. til Olav Nilsson Helle, son åt Magdeli Johannesdotter i hennar 2. ekteskap. Men Johan Garmann held fram med å tinglysa odelsretten sin til garden. Så snart han såg seg i stand til det, vile han kjøpa garden att, opplyste han. Men 1769 gav Garmann odelsskøyte til Olav Nilsson for 27 rdl. Olav Nilsson sette seg ned som brukar på Hana. Etter hans tid har brukarane på garden vore sjølveigarar.


BRUKARAR FØR 1690

1590 var Didrik brukar her.


1620 er det nemnt to brukarar, Anders og Mons.


1630 var Ingebrigt Monsson brukar. I skattemanntalet dei fyrste åra er han kalla øydejordsmann. Ingebrigt var brukar til kring 1670, dei siste åra truleg saman med sonen Johannes.


1673 vart både Ingebrigt og sonen Johannes stemnde til tings for skuldig landsskyld 8 rdl. og 8 sk. Det vart då opplyst at Ingebrigt ikkje var brukar lenger.

Ingebrigt Monsson f. ca. 1600 d. ca. 1680 var gift med Gunnhild.

Born:

Johannes 1640-, brukar her.
Gregorius 1646-, brukar i Stavenes.
Oluf 1648-.

Marta, gift 1692 med John Torsteinson Rødland.


1666 var Johannes Ingebrigtsson brukar her saman med faren. 1673 vart det opplyst at han var brukar åleine. Johannes Ingebrigtsson vart seinare husmann på Krossneset under Indre-Bruvik. Der døydde han 1692.


BRUKARAR

BNR. 1

Gamalt løpenummer 78. Nytt løpenummer 472. Gamal landskyld 1/2 1. smør = 36 m. Ny skyld 1838 2 dl. 4 ort 8 sk.

1884 etter at bnr. 2 var skilt frå, skyld 1 dl. 2 ort 4 sk. 1886 2,03 skyldmark. 1973, etter at bnr. 3 og 5 vart fråskilt: 2,00 skyldmark.


1694 var Anders Mikkelsson Jamne brukar her. 1716 var han medeigar i eit sagbruk i Haus.

Anders f. om lag 1650 d. 1722 var gift 2 gonger. Namnet åt første kona er ikkje kjent. Ho døydde 1693.

Born:

Peder, brukar her 1718.
Synneva 1673-, g.m. Mikal Johannesson Langhelle bnr. 1. Anna 1677-, g. 1727 m. Jakob Johannesson Stavenes.
Kari g. 1717 m. Johannes Halvardsson Tunes. Sjå Haus s. 440.
Mikal 1690-, g. 1719 m. Gunnhild Arnesdtr. Skulstad. Sjå Haus s. 286.

Anders g.2.g.m. Unna Tomasdtr. Skulstad 1662-1732. Sjå Haus s. 285.

Born:

Marta 1695-, g. 1731 m. Rasmus Jonsson Romslo. Sjå Haus s. 347.
Lars f. og d. 1697.
Anna 1698-, g.m. Henrik Eiriksson Skaftå. Sjå Ytre-Bruvik bnr. 8.
Tomas 1701-, brukar her.
Gabriel f. og d. 1704.
Unna f. 1705, sjå Haus s. 310.


1718 er Peder Andersson brukar her. Han er nemnd som brukar berre dette året.


Ca. 1720 vart Tomas Andersson brukar. Han var yngste son åt den tidlegare brukaren Anders Mikkelsson.

Tomas 1701-1759 var g.m. Synneva Johannesdtr. Romslo 1694-1774. Sjå Haus s. 346 og 347.

Tomas var lagrettemann, skaffar og stemnevitne. Han åtte halve Stavenes. Denne gardparten selde han 1726 til verbroren Jakob Johannesson som var brukar i Stavenes. Tomas kjøpte att parten i Stavenes 1733. I skiftet etter Tomas 1759 var jordegodset i Stavenes verdsett til 50 rdl. Nettoeiga i buet var 336 rdl. Der var mykje verdfullt lausøyre, m. a. sylv verdsett til 93 rdl. og kopar til 35 rdl. Mellom sylvet var det ei sylvkrune og fleire sylvstaup.

Jordegodset i Stavenes vart utlagt til enkja Synneva. Ho selde dei i 1763 til sonen Olav som vart brukar i Stavenes.

1773 fekk Synneva skøyte på Hekland bnr. 1 hjå versonen Magne Jonsson. Då ho døydde året etter vart denne gardparten utlagd til borna.

Born:

Anders 1726-, g. 1746 m. enkja Kristi Haldorsdtr. Ytre Songstad. Sjå Haus s. 381.
Unni eller Unna 1727-, g. 1750 m. ekm. Olav Olsson Romslo. Sjå Haus s. 348.
Marta 1731-1740.
Anna 1732-, d. før 1759.
Johannes 1733-, brukar på Skaftå bnr. 1.
Jakob 1736-, g. 1757 m. enkja Marta Johannesdtr. Vassdal. Sjå Vassdal bnr. 1.
Brita 1738-, g.m. neste brukar.
Olav 1740-, sjå Stavenes bnr. 1.
Marta 1742-, g.m. Magne Jonsson. Sjå Hekland bnr. 1.


1757 skøyte til Olav Nilsson Helle, son åt Magdeli Johannesdtr. Øvste Mjelde i hennar 2. ekteskap med Nils Monsson Raknes. Sjå eigarar ovanfor. Olav var fødd i Fossmark på bnr. 5, men vaks opp Helle bnr. 1, der stykfaren Anders Nilsson Helle var brukar. Olav Nilsson var fleire gonger lagrettemann.

Olav 1726-1802 var g.1.g.m. Brita Tomasdtr. Hana 1738-1782. I skiftet etter Brita 1782 haddc buet ei nettoeige på 500 rdl. Jordegodset i Hana var verdsett til 120 rdl. Buet åtte jordegods i Dale verdsett til 50 rdl., i Dyvik verdsett til 60 rdl. og i garden Hole i Hosanger verdsett til 44 rdl.

Det meste av jordegodset var truleg arv etter morfaren åt Olav, lensmann Johannes Øvste Mjelde. Ved skiftet etter Brita vart jordegodset i Hana utlagt til enkjemannen. Sønene Tomas og Anders overtok partane i Dale og Dyvik og vart brukarar der.

Born:

Nils 1759-, brukar her.
Tomas 1761-, brukar på Dale bnr. 11. Dale bnr. 11.
Johanne 1763-, g. 1792 m. Magdeli Simonsdtr. Stokke, brukar på Havrå. Sjå Haus s. 266.
Anders 1765-1770.
Olav f. og d. 1766.
Olav 1767-, g. 1792 m. enkja Kari Olsdtr. Blom. Sjå Haus s. 251.
Magdeli 1768-, g.m. Jakob Tomasson Vassdal, sjå Vassdal bnr. 1.
Anders 1771-, brukar Dyvik bnr. 1. Sjå Dyvik bnr. 1.
Synneva 1774-1784.
Marta 1775-1784.
Brita 1778-, g. 1802 m. Mons Olsson Stavenes.

Olav gift 2.g. m. enkja Kristense Monsdtr. Vikno 1734-1800. Kristense var g.1.g.m. Nils Vikno. Sjå Haus s. 218-219. I skiftet etter Kristense 1800 var nettoeiga 224 rdl. Det var ikkje jordegods i buet, men buet hadde pengar ute på lån. Då Olav Nilsson døydde 1802 let han etter seg 106 rdl. i reide pengar.


1789 skøyte til Nils Olsson for 154 rdl. og kår til faren og stykmora. Nils 1759-1837 var g.1.g.m. Brita Olsdtr. Seim 1752-1821. Sjå Arna s. 58 og Haus s. 442.

Born:

Olav f. og d. 1780.
Brita 1782-, g.1.g.m. Mikkel Olsson Tunes. Sjå Haus s. 444. G.2.g.m. Tomas Jakobsson Vassdal, sjå Vassdal bnr. 2.
Olav 1785-, brukar her.

I skiftet etter Brita Olsdtr. 1821 var jordegodset i Hana verdsett til 200 spd. Det vart skift mellom enkjemannen som fekk 1/2 part, sonen Olav som fekk 1/3 part og dottera Brita som fekk 1/6 part. Året etter vart desse partane samla og skøytt til sonen Olav.

Nils g.2.g.m. Anna Haldorsdtr. Dale bnr. 1 1777-1855. Sjå Dale bnr. 1.

Nils tok kår straks etter at han var attgift. Han bygde ny kårstove. Ved skiftet etter han var stova verdsett til 20 spdl. Nettoeiga var 201 spd. Av det var 108 spd. ute på lån.

Enkja Anna Haldorsdtr. g.2.g. med Tomas Jakobsson Vassdal bnr. 2. Ho flytte då til Vassdal og busette seg der.


1823 skøyte til Olav Nilsson for 120 spd. og kår til faren og stykmora. 70 spd. av kjøpesummen skulle betalast i sylv.

Olav var lagrettemann og medlem av utskiftingsnemnda i fleire år kring 1830.

Olav Nilsson 1785-1848 var g.m. Dordi Olsdtr. Tunes 1774-1853. Sjå Haus s. 442.

Born:

Brita f. og d. 1807.
Nils 1808-, brukar her.
Olav f. og d. 1810.
Olav 1812-, sjå plasset Neset el. Skoltane nfr.
Brita 1815-, g.m. Johannnes Monsson Stavenes, sjå Stavenes bnr. 3.


1835 skøyte til Nils Olsson for 200 spd. og kår til foreldra. 1847 fekk han festesetel hjå. Johannes T. Skaftå på ei kvernhustuft. 1855 vart det tinglyst arvefestebrev frå Johannes Skaftå til Nils O. Hana og Johannes H. Hekland på ein mylneplass.

Nils Olsson 1808-1880 var g.m. Kari Monsdtr. Stavenes bnr. 3 1801-1884.

Born:

Anna 1830-, g.m. Tomas J. Skaftå, b. Indre-Boge bnr. 4.
Olav 1833-, brukar her.
Mons 1836-, sjå Stavenes bnr. 3.
Dordi 1840-1845.
Nils 1843-.
Olav 1849-, lærar, b. Kleiveland. Sjå Gjerstad s. 43.


1855 skøyte til Olav Nilsson for 200 spd. og kår til foreldra. Olav 1833-1900 var g.m. Brita Helgesdtr. Hekland bnr. 2 1837-1913.

Born:

Kari 1855-1856.
Kari 1856-, g.m. Nils J. Stavenes, b. Hana bnr. 2.
Brita 1858-, g.m. Tomas T. Indre-Boge, sjå Indre-Boge bnr. 10.
Dortea 1860-, g.m. baneformann Torkel Jonsen, b. Hana bnr. 3.
Nils 1861-, brukar her.
Helge 1862-, arbeidsformann, b. Ulvik, g.m. Ragna Maria Mikkelsdtr. Skeie.
Mons 1865-.
Anna 1867-, b. Dale, g.m. Ole J. Stavenes. Sjå ættesoge for Dale.
Olav 1868-, anleggs- og tekstilarbeidar, Dale. Sjå ættesoge for Dale.
Johannes 1871-, tekstilarbeidar, Dale. Sjå ættesoge for Dale.
Olina f. og d. 1873.
Olina f. og d. 1874.
Olina Bertina 1876-, b. Dale, g. med Knut Martin Buvik. Sjå ættesoge for Dale.
Johan 1879-, gbr., b. Trengereid. G.m. Kari Andersdtr. Trengereid. Sjå Haus s. 315.


1893 skøyte til Nils Olsson for kr. 800 og kår til foreldra, verdsett til kr. 400 for 5 år.

Nils 1861-1933 var g.m. Berta Haldorsdtr. Dale bnr. 21 f. 1872. Sjå Dale bnr. 21.

Born:

Olav 1893-, banevaktar, b. Veme, g.m. Bergljot Larsen.
Bertina 1895-, ug. hushjelp, b. Vevle, Osterøy.
Harald 1897-, brukar her.
Agate 1900-, b. Nesbyen, g.m. stasjonsmeister Bjarne Nilsen.
Janna Ovidia 1903-, b. Ytre Arna, g.m. James Allan Hodkinson. Sjå bnr. 4.


1930 skøyte til Harald Nilsson Hana 1897-1962, bonde, g.m. Hjørdis 1902-, dtr. åt gbr. Andreas Dale og kona Sesilia f. Sagstad, Meland.

Born:

Nils 19**-, tekstilarbeidar, Ytre Arna, g.m. Klara Steinsheim.
Dagny Cecilia 19**-, b. Haugastøl, g. med Einar Flaskerud. Sjå bnr. 5.
Andreas 19**-, g.m. Idun Hagen.
Berit 19**-.
Haldis 19**-, b. Trengereid, g.m. Valter Skulstad. Sjå Haus s. 296.
Olav 19**-. Sjå brn. 5.


BNR. 2

Utskilt 1884 frå bnr. 1. Løpenr. 472 b. Gamal skyld 1 dl. 2 ort 4 sk. 1886 2,01 skyldmark.


1884 skøyte til Nils Johannesson Stavenes for kr. 800 og kår til verforeldra. Nils 1849-1921 var frå Stavenes bnr. 3, g.m. Kari Olsdtr. Hana 1856-1934. Sjå bnr. 1 ovanfor.

Born:

Brita 1883-1910, g.m. gbr. Steffen Songstad. Sjå Haus s. 376.
Bergitte 1885-, b. Grorud, g.m. fabrikkarb. Johannes Nordbø.
Johannes 1886-1907,
Anna 1888-, g.m. gbr. Mons Ivarsson Dale bnr. 9. Sjå Dale bnr. 9.
Kari 1891-, b. Dale, g.m. tekstilarb. Rasmus Takvam. Sjå ættesoge for Dale.
Jenny 1896-, b. Vaksdal, g.m. mylnearb. Hjalmar Martin Bruvik. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
Olina 1896-1912.
Olav 1897-, ug. brukar her. Sjå nfr.

1921 skøyte til Olav Nilsson Hana 1897-1969.


1969 tinglyst heimel til arvingane etter Olav Nilsson: Bergitte Nordbø, Jenny Bruvik, Marie Langhelle, Sigurd Songstad Hvidsten, Borghild Dale, Ingeborg Dale, Nelly Andersen, Johan Takvam.


BNR. 3 SEIASTEINEN

Utskilt 1893 frå bnr. 1. Skyld 0,02 skyldmark.

Seiasteinen var husmannsplass på 1600-talet.


Mons Sjursson og kona budde her 1693. Kona, som me ikkje kjenner namnet åt, døydde 1693. Same året var tvillingborna Johannes og Inga døypte. Fleire opplysningar om denne huslyden kjenner ein ikkje til.

Truleg vart Seiasteinen fråflytt kring år 1700 og låg øyde til slutten av 1800-talet.


1893 skøyte til banevaktar Torkjel Jonsen 1846-1918, fødd på Vestre i Skjold, Rogaland, g.m Dortea Olsdtr. Hana bnr. 1 1860-1918. Borna deira brukte etternamnet Torkelsen el. Torkilsen.

Born

Selma Birgitte 1887-1894.
Ole 1888-, baneformann, b. her, sjå nfr.
Johan 1890-, maskinist, b. Fossmark bnr. 7. Sjå Fossmark bnr. 7.
Sigvald 1891-, farmar og fabrikkarb., b. U.S.A.
Thoralf 1893-1918, ug. banevaktar.
Selma Birgitte 1895-, b. Nesttun, g.m. handelsmann Svein Lothe.
Klara Dortea 1896-1918, ug. hushjelp.
Helga 1899-1918.
Oskar Johannes 1902-1918, smedlærling.
Helge 1904-1918.

Torkel Jonsen vart gravlagd i januar 1918. Den 18. januar, nokre dagar etter gravferda, kom det eit snøskred som tok huset på Seiasteinen og førde det med seg heilt i sjøen. Det var tungt snøver og storm. Dortea og fire av borna miste livet ved denne ulukka. Det var Thoralf, Helga, Oskar og Helge. Dottera Klara Dortea døydde seinare på året.


Ole Torkelsen bygde oppatt huset på ein tryggare stad. Ole 1888-1960 var baneformann, g.m. Madli 1904-, dtr. åt Berta Malena og Anders Vaksdal. Sjå Stavenes bnr. 11.


BNR. 4 KVERNANESET

Utskilt 1962 frå bnr. 2. Skyld 0,01 skyldmark.


1962 skøyte til James Allan Hodkinson, verksmeister i Arne Fabrikker, f. i England 1897, g.m. Janna Ovidia Nilsdtr. Hana bnr. 1 f. 1903. Sjå Ytre Arna s. 194.


BNR. 5 HAUGEGARDEN

Utskilt 1973 frå bnr. 1. Skyld 0,01 skyldmark.


1973 skøyte til Olav H. Hana og Einar Flaskerud. Olav Hana f. 19** er son åt Sesilia og Harald Hana bnr. 1. Einar Flaskerud f. 19**, banereparatør, b. Haugastøl, er son åt Magnus Flaskerud og kona Kristine f. Dalskog, b. Sokna. Einar er g.m. Dagny Cecilia Haraldsdtr. Hana bnr. 1 f. 19**.

Born:

Magne Harald 19**-.
Hanne Kristin 19**-.
Berit Irene 19**-.


PLASSET NESET ELLER SKOLTANE

Dette plasset låg i den nordvestre delen av innmarka. Den fyrste tinglyste festesetelen er frå 1835. Festesetelen lydde på plasset Neset og eit utmarkstykke kalla Bruastølen. Dette tyder på at plassen var rydja for 1835.

Kring 1863 var fødnaden på plasset 3 kyr, 1 ungbeist, 20 sauer. Sånad

1 tunne havre, 2 1/2 tunne poteter. Avling 3 tunner havre, 9 tunner poteter, 130 våger høy. Her var 1 1/3 mål åker og 14 mål eng. Både åker og eng var av middels godleik. Bygselpengane, d. v. s. den eingongsavgifta som skulle betalast når ein ny huslyd overtok plasset, var 30 spd. Den årlege avgifta var 1 spd. 2 ort og 12 skilling.

1875 var fødnaden 3 kyr, 14 sauer, 5 geiter, 1 gris. Sånad 1 tunne havre, 2 tunner poteter.

1893 døydde den siste husmannen her. Plasset vart då delt mellom dei to hovudbruka.


1835 festesetel til Olav Olsson f. 1812 på bnr. 1, g.m. Marta Olsdtr. Tunes f. 1812. Sjå Haus s. 444. Kring 1850 flytte dei til Totland i Fana og busette seg der.

Desse borna var fødde medan dei budde her:

Olav 1841-1845.
Kari 1842-1856.
Marta 1844-.
Olav 1849-.


1852 festesetel til Mons Larsson Stavenes 1827-1897, frå Stavenes bnr. 1, g.m. Brita Nilsdtr. Skulstad 1826-1894. Sjå Haus s. 288.

Born:

Brita 1855-1899, ug. b. her til 1897, d. i Stavenes.
Sesilia 1858-, g.m. Tomas Stavenes, sjå Stavenes bnr. 1.
Anna 1861-, b. Dale, g.m. Johannes Takvam. Sjå ættesoge for Dale.
Lars 1864-, b. Voss.
Nils Monsson 1866-, b. Bergen.
Kari f. og d. 1869.
Kari 1872-1876.


HUSMENN OG STRANDSITJARAR

1645 var husmannen Anders og kona Marta busette her. Me finn dei nemnde i koppskattemanntalet. Husmann vart også brukt i tydinga kårmann. Det kan difor henda at Anders og Marta ikkje hadde husmannsplass, men var gamle brukarfolk. 1620 heitte ein av brukarane Anders. Sjå kapitlet før 1690.


Guttorm Strandsitjar og kona er også nemnde i koppskattemanntalet 1645. Det er opplyst at kona var vanfør, men ikkje kva ho heitte Guttorm og kona budde kanskje på Seiasteinen. Sjå bnr. 3.


1655 er husmannen Olav Hana nemnd i skattelista for Arne skipreide.


1666 er plassmannen Jon Monsson nemnd i manntalet. Han er 48 år gamal. I husdyrmanntalet 1657 er Jon oppførd med ein fødnad på 3 kyr, 2 geiter og 6 sauer. Dette er mest like mykje som fødnaden åt Ingebrigt Monsson. Ingebrigt hadde 4 kyr, 2 geiter og 6 sauer. Dette kan tyda på at dei båe var brukarar og dreiv kvar si helvt av garden. Om dette var tilfelle

1657, må tilhøva ha endra seg 1666. Då er Ingebrigt kalla "Opsidder", men Jon er kalla "Plassmand".

Jon hadde ein son Nils f. 1665.


LEIGEBUARAR OG PAKTARAR

Lars Monsson 1673-1749 og kona Magdeli Monsdtr. 1663-1749 var busette her ved midten av 1700-talet.


1878 var banesmed Johan Andersson Blom frå Sverike og kona Berta Kristina Hansdtr. busette her.

Born:

Jakob 1878-.


1880 budde banearbeidar Nils Hansend og kona Marta Johannesdtr. her.

Born:

Hilmar Emanuel Johan 1880-.


1881 budde banearbeidar Jan Peter Olsson frå Sverike og kona Kari Eriksdtr. her.

Born:

Mina Karoline 1881-.


Baneformann Gulleik J. Fadnes d. 19** f. i Evanger, g.1.g.m. Brita Knutsdtr. 1880-1917.

Born:

Maria 1902-.
Johannes d. 1918.
Knut.
Birger.
Gunnar.
Gunhild 1915-.

Gulleik Fadnes g.2.g.m. Josefine Stavenes bnr. 3 1892-1955.

1939 var Harald Bertelsson Solvi f. ca. 1906 og kona Nelly Karina Edvardsdtr. Haugland f. ca. 1907 paktarfolk her.

Born:

Reidar Martin 19**-.


Alfred Andersson Grøtå dreiv ei tid eitt av gardsbruka her. Sjå Grøtå bnr. 1 og Arna s. 595.

Alfred 1903-, g.1 .g.m. Olga Amanda Petra Tømmerstøl f. 1902. Sjå Haus s. 224.

Born:

Arnulv Otto 19**-, målar, g.m. Eva Helena Simonsdtr. Bruarøy.
Hildebjørg Anna 19**-, g.m. målarmeister Hjalmar D. Veøy frå Fana f. 19**.
Alfred g.2.g.m. Idun 19**-, dtr. åt Hans Martin Hagen, Bergen, og kona Maria Johannesdtr. Havre. Sjå Haus s. 272.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy