Hekland

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band I | Bruvik sokn innhald


Hekland 1955. Gamletunet med husa åt bnr. 2. Foto: Widerøe’s Flyveselskap A/S.
Hekland 1955. Gamletunet med husa åt bnr. 2.

Foto: Widerøe’s Flyveselskap A/S.

GNR. 150 HEKLAND


Innhaldsliste

INNLEIING

Hekland ligg ved fjorden omlag 2 km nord for Skaftå, ca. 1/2 km sør for Ytre-Bruvik. Grensa mot grannegardane vart skiftfest 2. juli 1827, tinglyst 3. juni 1828. Grensa mellom Skaftå og Hekland tek til ved Merkingsbakken (skal vel vera Merkesbakken) og går oppetter berget til Brekkeberget. Frå Brekkeberget går grensa til ein stad dei kallar Veslefura. Deretter til ein stad dei kallar Storefura. Derfrå går grensa i bein linje ned til elva. Grensa mot Ytre-Bruvik tek til ved elva og går til ein stad dei kallar Fossanne. Der er det hogge inn ein kross. Derfrå føl grensa nedsette merkessteinar til Revurdnakken, der det også er hogge kross. Derfrå går grensa til Lundekjærgeila, og føl denne til Setberget. Frå Setberget går grensa ned til sjøen ved dei store steinane i Udgjerdsvegen.

Det er ikkje gjort fornfunn på Hekland, men gardsnamnet er ei hjelp til å tidfesta kor gamal denne garden er. Omlag 2000 norske gardsnamn endar på land. Dei femner over eit langt tidsrom, truleg frå byrjinga av folkevandringstida 400 år e. Kr. til slutten av Vikingetida 1050 år e. Kr. Innanfor denne perioden på 600 år kan me rekna med at Hekland har vorte busett ved utflytting av ein av dei gamle gardane i grannelaget. Ytre-Bruvik er den garden som ligg nærast. Hekland har truleg vorte til ved at ein del av det gamle gardsområdet av Bruvik vart frådelt.

Gardsnamnet vart skrive Hegland 1563, 1567 og 1610. Heckland 1611 og 1620. Hechland 1667 og 1723. Bygdemålsuttalen er hækklann.

Namnegranskaren Magnus Olsen kallar Hekland eit eineståande namn. Det er fyrstelekken i namnet som gjer det så eineståande. Magnus Olsen og Oluf Rygh var uvisse på kva opphavet kunne vera. Det kunne vera det gamalnorske hokjønnsordet hekla, som tyder kappe. Dette ordet finn ein i det islandske fjellnamnet Hekla. Granskarane dreg også inn fleire ord som kan liggja til grunn: Hokjønnsordet hekla, linhekle, finn ein ofte i namn på fjell som er sundskorne i mange piggar. Eit hankjønnsord hekel vert også trekt inn. Det tyder snipp, urna, utkant. Det kan høva på denne garden fordi han ligg lengst sør av gardane i hovudbygda på Bruvik. Mest rimeleg tykte Magnus Olsen det var å tolka gardsnamnet som ei samansetjing med inkjekjønnsordet helken eller hølken, som tyder steinut grunn.

Hekland er svært utsett for snøskreder og steinskreder. Alle gamle matrikuleringskommisjonar har understreka dette. "Fjeldschreed giort Stor Schade och boer i Stor Fahre" heiter det 1661. "Megen farlighed med fieldsckred undergiven" heiter det 1723. "Udsat for Snee og Steenskred" heiter det 1863.

Ei av dei mange steinblokkene som rasa ned frå fjellet kallar dei Gregusen. Denne steinen kom ned på Gregusdagen 12. mars. Dette hende ein gong på 1700-talet. Det skal vera inhogge eit årstal på steinen, men kva tid dette vart giort er det noko usemje om.

Hekland vart truleg liggjande øyde etter svartedauden. 1563 fortel skattelistene at det var ein brukar på Hekland. Ved overgangen til 1600- talet vart garden delt i 2 bruk, og midt på 1600-talet finn me både 3 og 4 brukarar samstundes. Men frå 1670-åra heldt brukartalet seg på 2. Dei hadde kvar si helvt av garden. 1827 vart det halde minneleg utskifting, og det vart skriftfest kvar dei 2 bruka hadde teigane sine. Det var nokså mykje teigblanding på innmarka.

Før rekna dei at det var ikkje råd å bu trygt andre stader på garden enn i gamletunet.

Gamletunet ligg like ved fjorden omlag 30 m. o. h. Mellom tunet og fjorden er det eit bratt berglag. Tunet ligg omlag midt i innmarka.

1766 var det i tunet på Hekland 3 stovehus, 2 løer, 2 fjøs, 3 buer med svaler attåt, og 2 geithus. Alle desse husa brann ned ved middagstid den 30. mai 1766. Dei 2 brukarane på garden, Mons Johannesson og Johannes Hallsteinsson, var på byferd då brannen braut ut. Hjå Mons Johannesson fekk dei berga noko innbu, men på det andre bruket miste dei alt dei åtte. På vårtinget same året ba dei 2 brukarane om å få ettergjeve skatt. Ålmugen og lagretten vitna at opplysningane frå dei 2 brukarane var rette. Då tinget var sett hadde dei ved godtfolks hjelp og ved lån fått bygt oppatt løer og fjøs. Stutt tid etter brannen hadde brukarane vorte sjølveigarar. Dei fekk skøyte på bruka sine jonsokaftan 1766.

Åkervidda på garden i 1860-åra var 11 mål. 1 1/2 mål var god åker, 2 3/4 mål var middels god, resten var ring. Engvidda var knapt 73 mål. 38 mål var god eng, 12 1/2 mål var middels god, resten var ring.

1723 heiter det at garden var årvand, avlingane var lite årviss. I 1860- åra var garden godt dyrka og rydja, men her var skrinnlendt. At skredjorda gav gode vokstertilhøve på sine stader har me fleire vitnemål om. 1930 vart det tinglyst freding av ein stor haktorn. Storabjørkjæ ved gamletunet vart hogd 1943. Då var ho nære på 150 år gamal. Ei avskjering av bjørkestomnen finst på Bergens Museum. Bjørka skulle ha vore planta av ein av odelsgutane på garden kring år 1800.

Ei offentleg utskifting 1922 førte til greie teiggrenser. Etter utskiftinga flytte bnr. 1 lenger nord på innmarka,.

På den nye bustaden åt bnr. 1 gjekk det både snøskreder og steinras i tidlegare tider, men ikkje etter utskiftinga. Det har vakse opp meir skog ovanfor tunet, og skogen bind snøen og stoggar steinspranga.

Innmarksteigane var tåleleg bra samla, men slåttelandet var uryddig, skriv kommisjonen som arbeidde her i 1860-åra. Skogen gav nok ved, mest ljosolder. Tømmer og never var her for lite av. Skavet svara til 4 kufor.

Om beitet heiter det 1863: "Ved gaarden of blandet Beskaffenhed". 1723 er det oppgjeve at garden ikkje hadde seter. Forliket som vart tinglyst 1873 om ikkje å ta framande krøter i hamnegang gjaldt både Hekland, Stokke, Skaftå. og Ytre-Bruvik.

No har dei seter både på bnr. 1 og bnr. 2. Men desse seterhusa er visstnok ikkje gamle. Dei ligg oppe i fjellet nordvest for garden, 441 m. o. h.

Her var ikkje kvern på garden 1723. I eit skifte 1845 på bnr. 1 åtte buet halparten av ei kvern med hus og tilbehør som stod på grannegarden Skaftå. Kvernstøet var i ein bekk dei kallar Kvennbekken. Den har vore vasskjelda åt garden både i eldre og yngre tid.

Husmannsplass finst det ikkje noko minne om, korkje i skriftlege kjelder eller i den munnlege tradisjonen.

1909 vart det tinglyst dokument om fri grunn m. m. til vegbygget Bruvik kyrkje. Bygdevegen går tett framom tuna på garden.

1906, 1914 og 1933 vart det tinglese dokument om kalksteinsrettane. P. G. Rieber & Søn gjorde avtale om leige av kalksteinsrettane. Bnr. 1 og 2 skulle ha ei viss leige så lenge drifta ikkje var sett i gang. Vart det drift, skulle leiga aukast. I 1920-åra kom det i gang prøvedrift. Men felta på Hekland var ikkje drivverdige.

Hekland var med i gravrota til Skaftå. Det er opplyst 1956 at Hekland, Hana og Ytre-Bruvik var ei gravrota. I gravferd ba dei mann og kone på kvart bruk. Etter gamalt skulle mennene i gravrota grava grava. Seinare vart det skikken at dei som var med i gravrota betalte gravaren for arbeidet.


SKYLD, SKATT, FØDNAD, AVLING OG FOLKETAL

Gamalt matr.nr. 76 i Mjelde skipreide. 1838: Nytt matr.nr. 78. 1853: Matrikkelnr. 111.

Gamal landskyld: 1 laup smør, 1 mele malt, 1666: Matrikkeltakst 1 laup 9 merker smør. Ny skyld 1838: 3 dl. 3 ort 5 sk. 1886: 7,30 skm. Leidang 1567: 1 saueskinn, 1 geiteskinn. Leidang 1590:2 saueskinn.

Fødnad 1657: 17 kyr, 4 kviger, 12 geiter, 16 sauer. 1723: 12 kyr, 2 ungfe, 18 småfe. 1863: 20 kyr, 8 kviger, 66 småfe. 1865: 27 storfe, 80 småfe. 1875: 19 kyr, 4 ungfe, 79 småfe, 1 gris.

1666: Sånad 2 tunner havre. 1723: Sånad 2 tunner havre. 1723: Sånad 3 1/2 tunne havre. Avling 13 tunner. 1863: Sånad 7 1/2 tunne havre, 5 1/2 tunne poteter. Avling 33 1/2 tunne havre, 26 tunner poteter, 1500 våger høy, 239 våger halm. I slåttene kunne dei hausta 250 våger høy. Skavet svara til 4 kufor. Det kunne seljast ved for 20 spd. netto årleg.

Sånad 1865: 8 tunner havre, 6 tunner poteter. 1875: 7 tunner havre, 6 tunner poteter.

Folketal 1801: 15. 1865:22. 1875:28.


EIGARAR

I mellomalderen høyrde garden til Allehelgensgodset. Allehelgenskyrkja i Bergen var eit kongeleg kapell. Allehelgenskyrkja åtte også Langhelle, Ytre- og Indre-Boge, Grøsvik, Gammersvik, Toskedal og Kalland. Allehelgenskyrkja vart nedlagd kring 1530. Jordegodset vart då krungods, men vart framleis kalla Allehelgensgods. På 1600-talet vart mange av gardane som hadde høyrt til Allehelgenskyrkja selde og fekk ulike eigarar. Maria Macodj, enkja etter oberstløytnant Macodj, er oppført som eigar av Hekland, Kalland og Indre-Boge 1694.

1723 var det fru Schønebøls som åtte Hekland. Seinare eigarar på 1700-talet skal ha vore Hermann Henriksen, Bergen, og frå 1740 sokneprest i Os, Gert Gelmeyden. 1766 fekk brukarane skøyte og vart sjølveigarar.


BRUKARAR FØR 1700

Den fyrste kjende brukaren heitte Magne. Han var brukar her ved midten av 1500-talet. 1563 finn me han i skattelista. Han betalte 1 dl. i skatt.


Tore var brukar her på slutten av 1500-talet. Han er nemnd i leidangslista 1590-91.

Tidleg på 1600-talet, eller ved slutten av 1500-talet, vart garden delt i 2 bruk. Frå 1645 og utover finn me stundom 3 brukarar samstundes, og stundom 4. Men frå 1670-åra heldt brukartalet seg på 2. Dei hadde kvar si helvt av garden.


Øystein eller Østen var brukar tidleg på 1600-talet. Me finn han i skattelistene 1603 og 1620.


Håvard var også brukar her tidleg på 1600-talet. 1611 finn me han i skattelista mellom leiglendingar i Mjelde skipreide. 1614-15 finn me han i sakefallslistene. Han står då til rest med ei bot på 3 dl.


1620 finn me Rasmus Hekland oppført i skattelista mellom husmenn, øydejordsmenn og drenger for full Iøn. Seinare på 1600-talet finn me fleire opplysningar om ein brukar som heitte Rasmus Haldorsson f.1584, g.m. Synneva. Dei var brukarfolk til om lag 1670. Den siste tida var bruket deira 1/4 av garden. Tidlegare på 1600-talet var det truleg noko støne. 1657 hadde dei ein fødnad på 3 kyr, 2 kviger, 2 geiter, og 5 sauer.

Born:

Mikkel 1644-, flytte frå Bruvik sokn 1665.
Jens 1652-, flytte frå Bruvik sokn 1665.
Nils 1654-.


Mikkel var brukar her kring 1630. Truleg overtok han bruket etter Øystein, eller Østen. Sjå ofr. Mikkel er nemnd i sakefallslista 1627-28. Både han og grannen Rasmus skulle då møta for tinget, men ingen av dei møtte, og dei fekk pengebota for at dei ikkje møtte fram. Kva saka gjaldt, fortel sakefallslista ikkje noko om, men det kan henda det var same saka som me finn 1623-24. Rasmus fekk då ei bot på 4 dl. fordi han hadde slege Mikkel i hovudet så han fekk eit sår. Rasmus ser ut til å ha vore ein nokså strid granne. 1617 fekk han 7 dl. i bot fordi han hadde slege ein annan granne, Knut Bruvik.


Olav Andersson og kona Dorthea var brukarfolk på halve garden 1645 og 1655.


Fabian Knutsson og kona Marta var brukarfolk her 1645 og 1655. Bruket deira var 1/4 av garden. I koppskattemanntalet 1645 er det nemndt at dei hadde 2 huskvinner, Åse og Isborn, men det er ikkje kjendt om dei hadde nokon born.


1657 var Nils ein av brukarane. Fødnaden hans var 6 kyr, 1 kvige, 2 geiter, 4 sauer.


Tomas var ein annan av dei 4 brukarane 1657. Fødnad: 4 kyr, 1 kvige, 6 geiter, 2 sauer. Tomas hadde ein son, Lars, f. 1668. Lars vart brukar på Ytre-Bruvik 1696.


Jon Fredriksson er nemnd 1657 til 1666. 1657 ser det ut til at han var brukar på 1/4 av garden. Han fødde 4 kyr, 1 kvige, 2 geiter og 5 sauer. Men 1666 var han brukar av halve garden. Jon vart seinare brukar på Ytre-Bruvik, men ei av døtrene, Guri 1665-, vart g.m. brukaren Mons Eiriksson Hekland. Sjå bnr. 2 nfr.


1661 var Ivar brukar truleg på 1/4 av garden.

Ivar og brukarane Rasmus og Jon er nemnde i landkommisjonsprotokollen 1661. Dette er einaste gongen me finn Ivar nemnd i kjeldene.


BRUKARAR

Tunet på Hekland bnr. 1, 1979. Foto: Torbjørn Øvsttun, Dale.
Tunet på Hekland bnr. 1, 1979.

Foto: Torbjørn Øvsttun, Dale.


BNR. 1

Gamalt løpenr. 221 i Mjelde skipreide. Nytt løpenr. 435. Gamal landskyld 1/2 laup smør, 1/2 mele malt. Skatteskyld 40 1/2 mork Ny skyld 1838: 1 dl. 2 ort 11 sk.

1863 var det på bruket 5 1/12 mål åker. 1 mål var god åker, 1 3/4 mål var middels god, resten var ring. Engvidda var 34 1/6 mål. 19 2/3 mål var god eng, resten var ring. Sånad: 3 1/2 tunne havre, 2 1/2 tunne poteter. Avling: 16 tunner havre, 12 tunner poteter, 860 våger høy, 112 våger halm. I slåttene kunne dei hausta om lag 125 våger høy. Om lag 30 våger høy hausta dei andre stader, står det i marknadane til herredsbeskrivelsen, som desse opplysningane er henta ifrå. Skav tilsvara 2 kufor. Fødnad: 10 storfe, 4 ungfe, 36 småfe. Bruket var godt rydja og dyrka. Det kunne seljast ved, mest ljosolder, for 12 spd. netto årleg.

1865 fødnad: 13 storfe, 36 småfe. Sånad: 3 tunner havre, 2 tunner poteter.

1875 Sånad: 3 tunner havre, 2 tunner poteter. Fødnad: 9 kyr, 2 ungfe, 40 småfe.


Mons Mikkelson Jamne var brukar her på slutten av 1600-talet. Mons 1653-1697 var g.m. Brita Eiriksdtr. Herfindal 1647-1724.

Born:

Dorthea 1690-, g.m. Hallstein Hallsteinsson Dale, brukar her. Sjå nfr.
Anna 1693-, g.m. Johannes Hallsteinsson Dale. Sjå bnr. 2 nfr.
Eirik 1694-, brukar på Indre-Boge bnr. 6.


1720 bygsla Eirik Olsson Skaffå dette bruket. Eirik 1669-, var g.m. enkja etter den førre brukaren, Brita Eiriksdtr. Eirik Olsson Skaftå hadde såleis vore brukar her om lag 20 år før bygselsetelen vart fornya 1720. Eirik og Brita hadde ikkje born.


1721 bygsla Hallstein Hallsteinsson Dale 1699-, g.m. Dorthea Monsdtr. Hekland 1690-. Far hennar og stykfaren hadde vore brukarar her. Sjå ofr. og Dale, brukarar før 1700.

Born:

Kari 1722-1747, ug.
Marta 1723-, g.m. Sjur Andersson Løtveit.
Johannes 1726-, brukar her. Sjå nfr.
Brita 1728-, g.m. Johannes Larsson Bruvik, brukar på Indre-Boge bnr. 6.
Mons 1730-1741,
Ingebjørg 1732-, g. 1764 m. Olav Ivarsson Langhelle.
Anders 1734-1762, ug.


1766 skøyte til Johannes Hallsteinsson for 30 rdl. Johannes hadde bygsla bruket som faren hadde hatt sidan 1753. 30. mai 1766, same våren som Johannes fekk skøyte, vart alle husa på garden øydelagde i ein eldebrann. Johannes kom i store økonomiske vanskar, og greide ikkje å sitja på bruket. Han selde bruket hausten 1767 og flytte til Ytre-Bruvik bnr. 6.

Johannes 1726-1799 var g.m. Kristi Olsdtr. Skistad 1730-1818. Sjå Gjerstad s. 315.

Born:

Mons f. og d. 1754.
Dorthea 1755-1758.
Hallstein f. og d. 1758.
Dorthea 1759-, g.m. Eirik Olsson Fossmark. Sjå Ytre-Bruvik bnr. 6.
Kari 1762-.


1767 skøyte for 100 rdl. til Magne Jonsson Skaftå bnr. 2 1747-, g. m. Marta Tomasdtr. Hana 1742-.

1773 selde Magne bruket, men han heldt fram med å driva det som leiglending.

Born:

Brita 1767-,
Jon 1771-1772,
Jon 1773-,
Anders 1780-,
Marta 1782-,
Synneva g.m. Anders Knutsson Stokke. Sjå Leigebuarar på Stokke.


1773 skøyte til Synneva Johannesdtr. Hana, enkja etter Tomas Andersson Hana og vermor til brukaren Magne Jonsson. Sjå ofr. Ved skiftet 1774 etter Synneva Johannesdtr. vart bruket utlagt til 3 søner, 3 døtre og 2 sonesøner. 1777 vart partane samla ved neste skøyte.


1777 skøyte til Jakob Tomasson Vaksdal f. Hana. Han hadde ervt ein del av bruket i skiftet etter mora 1774, og vart ved dette skøytet eigar av heile bruket. Jakob gav bygselsetel til brukaren Magne Jonsson 1777. Sjå ofr.


1779 skøyte til Johannes Tomasson Skaftå, brukar på Skaftå bnr. 1. Han bygsla bort bruket same året til sonen Anders Johannesson 1756-. Anders og kona, Magdeli Johannesdtr. Fossmark, var brukarfolk her til byrjinga av 1790-åra. Då flytte dei heimatt til Skaftå. Huslydopplysningar: Sjå Skaftå bnr. 1.


1793 skifteskøyte til Olav Johannesson Skaftå i skiftet etter mora Brita Olsdtr. Olav var også arving til ein part i garden havre. Denne parten selde han 1828 til verbroren Knut Tomasson Stokke for 25 spd. Olav Johannesson 1766-1839 var g. 1794 m. Anna Tomasdtr. Stokke, bnr. 5,1776-1860. I skiftet etter Anna var nettoeiga 104 spd.

Born:

Brita 1809-, g.m. Olav Tomasson Skaftå, b. Indre-Boge bnr. 6.
Tomas 1812-, brukar her.
Brita 1817-, g.m. Olav Bastesson Kyrkje-Bruvik, sjå Kyrkje-Bruvik og Seilæ bnr. 10.


1828 skøyte til Tomas Olsson for 180 spd. og kår til foreldra. Tomas 1812-1888 var ikkje myndig då han fekk skøyte. Nils Andersson Tveiterås var verja for han.

Tomas g.1.g. 1834 m. Kari Monsdtr. Dale, 1813-1845. Sjå Dale bnr. 9.

Ved skiftet etter Kari 1845 var bruttoen i buet 695 spd. Nettoen 652 spd. Lausøyre var verdsett til 233 spd. Dette bruket, som var det einaste jordegodset i buet, var verdsett til 300 spd. 162 spd. var ute på Iån, fordelt på 2 pantobligasjonar. Den eine på 120 spd., den andre på 42 spd. Jordegodset vart utlagt til enkjemannen for takstsummen 300 spd. Han fekk også. utlagt "halvdelen i en Mølleqvern med Huus og Tilbehør staaende paa Gaarden Skaftuns Eiendom".

Born:

Anna 1835-, g.1.g.m. Anders J. Stanghelle bnr. 3. G.2.g.m. Johannes M. Jamne. Sjå Dale bnr. 3.
Olav 1838-, brukar her. Sjå nfr.
Mons 1841-, brukar på Kyrkje-Bruvik og Seilæ bnr. 10.
Tomas b. U.S.A.

Tomas g.2.g.m. Marta Johannesdtr. Stanghelle f. 1827.

Born:

Kari 1849-, g.m. Johannes J. Ytre-Boge, sjå Ytre-Boge bnr. 4.
Maria 1850-, g. 1880 m. anleggsarbeidar Otto Pedersson Bergsval frå. Frosta. Sjå leigebuarar nfr.
Marta f. og d. 1857.
Johannes 1858-, b. U.S.A.
Marta 1861 -,g.m. skomakar Knut J. Boge. Sjå leigebuarar på Ytre-Boge.
Brita 1863-, g.m. Peter Anderas Ytre-Bruvik, sjå Ytre-Bruvik bnr. 30.


1860 skøyte til Olav Tomasson for 300 spd. og kår til foreldra. Olav 1838-, var g. 1863 m. Magdeli Johannesdtr. Skaftå bnr. 1 1843-.

Born:

Kari 1866-, g.m. Eirik M. Njåstad. Sjå. Ytre-Bruvik bnr. 34.
Helga 1869-,
Marta 1872-,
Brita 1875-,
Tomas 1878-, brukar her. Sjå nfr.
Johannes 1881-1898.
Andreas 1884-1898.
Bergitta 1888 - 1898.


1913 skøyte til Tomas Olsson 1878-1971, gardbrukar, g.m. Anna 1887-1970, dtr. åt Ingebjørg og Johannes Ytre-Bruvik bnr. 3. Born:

Malfrid 1910 -, g.m. Kristian Bruvik. Sjå bnr. 3 nfr.
Olav 1912-, brukar her.
Trygve 19**-, sjå. bnr. 5.
Valborg 19**-, g.m. Torstein Sortevju. sjå bnr. 5.
Johannes 19**-. sjå bnr. 5.


1943 skøyte til Olav Tomasson 1912-, gardbrukar og kommunearbeidar, g.m. Elida 19**, dtr. åt Marta Olina og Kristoffer Løland, Bekkjarvik, Austevoll.

Born:

Anne Marit 19**-, g.m. Morten Laastad.
Tormod 19**-, metallarbeidar, b. her.
Kåre 19**-, museumsarbeidar, b. her.
Oddbjørg Elin 19**-.


BNR. 2

Gamalt løpenr. 222 i Mjelde skipreide. Nytt løpenr. 436. Gamal landskyld: 1/2 laup smør, 1/2 mele malt. Skatteskyld: 1 pd. 18 merker smør. Ny skyld 1838: 2 dl. 18 sk. 1886: 3,65 skm. 1863 var det på dette bruket 5 1/2 mål åker. 1/2 mål var god åker, 2 mål var middels god, resten var ring. Engvidda var 37 1/2 mål. 18 mål var god eng, 12 1/2 mål var middels god, resten var ring.

Fødnad: 10 storfe, 4 ungfe, 30 småfe. Sånad: 4 tunner havre, 3 tunner poteter. Avling: 17 1/2 tunne havre, 14 tunner poteter, 820 våger høy, 127 våger halm. I slåttene kunne dei hausta om lag 125 våger høy. Skavet svara til 2 kufor. Sal av ved, mest ljosolder, gav ei nettoinnkome på 10 spd. for året. Desse tale er frå herredsbeskrivelsen. I folketeljinga 1865 finn me denne oppgåva: Fødnad 12 storfe, 36 småfe. Sånad: 5 tunner havre, 4 tunner poteter.

1875 Fødnad: 10 storfe, 2 ungfe, 39 småfe. Sånad: 4 tunner havre, 4 tunner poteter.


Mons Eiriksson Stavenes 1638-1714 var brukar her sist på 1600- talet. Mons var g.1.g.m. Anna Larsdtr. d. 1696.

Mons g.2.g.m. Guri Jonsdtr. Ytre-Bruvik 1665-1718.

Ved skiftet etter Mons 1714 var bruttosummen i buet 152 rdl. Nettoen 127 rdl. Det var ikkje jordegods i buet, men mykje verdfullt lausøyre. Eit sylvforgylt belte var verdsett til 16 rdl. Ei sylvsnor med nål var verdsett til 1 rdl. Ein koparkjel, som vog 2 pund, var verdsett til 6 rdl. Ein mindre koparkjel, som vog 14 merker, var verdsett til 1 rdl. 4 ort 8 sk.


1714 vart Johannes Hallsteinsson Dale g.m. enkja Guri Jonsdtr. Hekland. Han overtok då bruket som 1. mannen åt Guri hadde hatt. Guri og Johannes var barnlause.

Johannes Hallsteinsson 1692-1764 var g.2.g.m. Anna Monsdtr. Hekland 1693-1766. sjå ofr. og Dale, brukarar før 1700.

Born:

Johannes 1719-, g. 1747 m. Kari Monsdtr. Romslo. Sjå Haus s. 349.
Mons 1722 -, brukar her.
Guri f. og d. 1724.
Brita f. og d. 1725.
Hallstein 1726-, brukar på Ytre-Bruvik bnr. 7.
Ingebjørg 1729-, g.1 .g.m. Ivar Monsson Romslo. G.2.g.m. Knut Olsson Riple. sjå Haus s. 349 og Fanaboki II s. 438.
Guri 1732-, g.m. Jon Monsson Ytre-Bruvik, sjå Ytre-Bruvik bnr. 11.


1766 skøyte til Mons Johannesson Hekland 1722-1798. Mons hadde vore brukar her sidan 1749, då han fekk bygselsetel hjå konsistorialråd Geldmeyden.

30. mai 1766 brann alle husa på garden. Båe brukarane miste alt innbuet sitt. Skøytet åt Mons var skrive 23. 11. s. å. Samstundes med at skøytet vart tinglyst. selde Mons halve bruket til Helge Larsson Dale for 62 rdl. 1775 selde han resten av bruket og tok kår.

Mons 1722-1798 var g.1.g.m. Sigrid Monsdtr. Indre-Boge 1716-1752.

Born:

Ingebjørg 1750-1752,
Brita 1751-1752.

Mons g.2.g.m. Brita Olsdtr. Elvik frå Stamnes 1723-. Dei var barnlause.


1768 skøyte til Helge Larsson Dale på halve bruket for 62 rdl. 1775 fekk han skøyte på hi helvta av bruket. Dei gamle brukarfolka fekk kår 1776.

Helge 1745-1815 var frå Dale bnr. 18, g.1.g. 1769 m. Inga Olsdtr. Elvik 1737-1806. sjå Dale bnr. 18 og Elvik, brukarar. Ved skiftet etter Inga 1806 var bruttoen i buet vel 20 rdl. Nettoen vel 2 rdl.

Ved skiftet etter Helge Larsson 1815 var bruttosummen i buet 173 rdl. Nettosummen vel 157 rdl. Eit forgylt sylvbelte med 25 store og 4 små stølar var verdsett til 16 rdl. Buet åtte storfe for 79 rdl., geiter for knapt 5 rdl. og sauer for vel 9 rdl. Helge hadde late garden frå seg og teke kår 1796. Dei krøtera som er med i buet må vera slike som han hadde i kåret.

Born:

Lars 1770-, brukar her.
Maria 1772-, g. 1795 m. Jens Tørrisson Ytre-Bruvik. sjå leigebuarar på Ytre-Bruvik.
Olav 1775-, artillerist ved garnisonen i Bergen, g. 1811 m. Brita Johannesdtr. Jamne.
Johannes 1777-, b. på Solheimsbakken, Bergen, g. 1807 m. Barbro Ivarsdtr. Grov.
Inga 1780-, b. Sotra, g. 1810 m. ekm. Hans Monsson Gausland.


1796 skøyte til Lars Helgesson 1770-1845, g. 1798 m. Brita Mikkelsdtr. Indre-Boge bnr. 1, 1777-1877. Dei gamle brukarfolka fekk tinglyst kår 1796.

Born:

Ingebjørg 1799-, g.m. Kristian Jensson Bruvik. Sjå Skreiæbnr. 3.
Inga 1800-1824, ug.
Maria 1801-, g. 1821 m. Nils Elvik, Hamre.
Helge f.. og d. 1803.
Kari 1804-,
Helge 1806-, brukar her.
Brita f. og d. 1808.
Mikkel 1809-, b. i Bergen frå 1837.
Daniel 1810-, b. i Bergen frå 1838,
Anna 1813-1890, b. Flatøy, g. 1842 m. Gudmund Tonsen, Krossnes, 1817-1903.
Olav 1815-,
Lars 1816-,
Brita 1817-,
Margreta f. og d. 1820.
Margreta 1822-,
Ågot 1822-.

Ved skiftet etter Lars Helgesson 1845 var bruttoen i buet vel 69 spd. Nettoen vel 59 spd. Enkja ervde halvparten. Resten vart delt mellom sønene Helge, Mikkel, Daniel, Olav og Lars, og døtrene Ingebjørg, Maria, Kari, Anna, Brita og Margreta. Av dei 16 borna som var fødde i dette ekteskapet levde 11 då faren døydde.


1830 skøyte til Helge Larsson for 220 spd. og kår til foreldra. Helge 1806-1892 var g. 1834 m. Brita Johannesdtr. Skaftå bnr. 1 f. 1819.

Born:

Brita 1837-, g.m. Olav Nilsson Hana, sjå Hana bnr. 1.
Johannes f. og d. 1839.
Magdeli 1840-, g.m. Johannes J. Skaftå, sjå Skaftå bnr. 1.
Johannes 1843-, brukar her.
Lars 1848-, b. Skaftå bnr. 5 og Øvre Mjelde. sjå Haus s. 53.
Brita 1854-, g.m Ivar J. Gjerstad. sjå Gjerstad s. 284.
Ingebjørg f. og d. 1855.
Ingebjørg 1863-, g. 1881 m. Johannes J. Ytre-Bruvik, sjå Ytre-Bruvik bnr. 7.


1864 skøyte til Johannes Helgesson for 200 spd. og kår. Syskena hans skulle ha forkjøpsrett dersom bruket vart selt.

Johannes f. 1843 var g. 1864 m. Kari Johannesdtr. Ytre-Boge bnr. 4, 1843-.

Born:

Brita 1865-, b. Vaksdal, g.m. lærar Eirik Johannesson Gjerstad.
Ingebjørg 1869-, g.m. Johannes Skaftå bnr. 1.
Helge 1872-, brukar her.
Kari 1875-, g.1.g.m. handelsmann Mikal Hausvik, Trengereid. G.2.g. m. Knut A. Fosse. Sjå Haus s. 316.
Johannes 1879-,
Johanna 1881-, g. 1904 m. maskinist David Andersson Rognø, Bergen. sjå Skaftå bnr. 46.
Ingvald 1884-, b, Skaftå bnr. 33.
Inga 1888-, b. her, hadde kår på bruket frå 1906.


1906 skøyte Helge Johannesson 1872-1936, gardbrukar, g.m. Johanna 1874-1949, dtr. åt Marta og Mons Olsnes bnr. 7.

Born:

Margit 1901-, lærar, b. Bruvik, sjå bnr. 4 nfr.
Johannes 1902-1966, tannlækjar, b. Drammen, g.m. Ragnhild Nilsen frå Kråkerøy.
Karl 1905-, brukar her, sjå nfr.
Gudrun Marta 1907-, b. Dale, g.m. vegvaktar Johannes Vik. Sjå ættesoge for Dale.
Hjørdis 1914-, b. Eivindvik, g.m. gardbrukar Ivar Henriksbø.


1943 skøyte til Karl Helgesson Hekland 1905-, gardbrukar og anleggsarbeidar, g.m. Marta 1905-, dtr. åt frakteskippar Bård Hernes, Munheim, og kona Gyri f. Nernes.

Born:

Helge 19**-, konsulent, b. Bergen, g.m. Ester, dtr. åt Ragna og Malvin Stokke. sjå Stokke bnr. 12.
Gerd Johanna 19**-, b. Tranby, Lier, g.m. Einar Wilhelmsen.
Bjarne 19**-, farmasøyt, b. Bergen, g.m. Brita Bjørøy.
Kari 19**-, g.m. Kjell Bruvik, sjå bnr. 6 nfr.

Torill Sissel 19**-, student, Bergen, g.m. Vladimir Marschalic, student, tidlegare sjømann.


BNR. 3

Solhaug. Skilt frå bnr. 1 1939, 0,02 skm.


1940 skøyte til Malfrid K. Bruvik 1910-, dtr. åt Anna og Tomas Hekland bnr. 1, g.m. Kristian Bruvik 1904-1938, gruvearbeidar og gardbrukar, son åt Katrina og Anders J. Bruvik. Sjå Kyrkje-Bruvik og Seilæ bnr. 2.

Born:

Anna 19**-, g.m. Reidar Bredesen, sjå nfr.
Kjellaug 19**-, g.m. Oddvar Lia. Sjå nfr.
Kristian 19**-, sjå nfr.


1974 skøyte til Anna Bredesen, Kjellaug Lia og Kristian K. Bruvik frå mora Malfrid Bruvik.


Anna Bredesen f. Bruvik 19**-, b. Notodden er g.m. røyrleggjar Reidar Bredesen, son åt Anna og Alfred Bredesen, Notodden.

Born:

Bjørn 19**-,
Tore 19**-.


Kjellaug Lia 19**-, husmor og kontordame, b. Notodden, er g.m. dreiar Oddvar Lia 19**-, son åt Ragnhild og Sveinung Lia, Notodden.

Born:

Vigdis 19**-,
Age 19**-.


Kristian Bruvik 19**-, lagersjef, b. Arnatveit, er g.m. Ragnhild 19**-, kontorsjef, dtr. åt Dagny og Bjarne Øye.

Born:

Monica 19**-.


BNR. 4

Heimtun. Skilt frå bnr.2 1946,0,02 skm.

1947 skøyte til Margit Hekland 1901-, lærar, b. Bruvik, dtr. åt Johanna og Helge Hekland bnr. 2.

1967 skøyte til Karl Hekland 1905-, gardbrukar. sjå bnr. 2 ofr.


BNR. 5

Apalknausen. Skilt frå bnr. 1 1969, 0,01 skm.

1969 skøyte til Trygve Hekland 1915-1970, ug., død ved drukningsulukke.

1970 heimel til ervingane Anna og Tomas Hekland.


1970 skøyte til Valborg Sortevju og Johannes Hekland.

Valborg Sortevju 19**-, husmor, b. Heddal i Telemark, dtr. åt Anna og Tomas Hekland, er g.m. snikkar Torstein Sortevju, son åt Kirsti og Jon Sortevju, Heddal.

Born:

Terje 19**-, b. Gransherad, g.m. Agnes.
Arne Kåre 19**-, b. Notodden, g.m. Grete Berg.
Randi 19**-, kontordame, b. Heddal.


Johannes Hekland 19**-, snikkar, b. Bergen, son åt Anna og Tomas Hekland, er g.m. Marie f. 19**.

Born:

Trond 19**-,
Anne Marie 19**-.


BNR. 6

Nytun. Skilt frå bnr. 2 1971, 0,01 skm.


1971 skøyte til Kjell Bruvik 19**-, snikkar, son åt gruvearbeidar Andreas Bruvik og kona Mathilde f. Jensen, g.m. Kari 19**-, dtr. åt Marta og Karl Hekland. sjå Ytre-Bruvik bnr. 14 og Hekland bnr. 2.

Born:

Bjørn Morten 19**-,
Lasse 19**-.


LEIGEBUARAR

I 1760-åra budde Johannes Hekland og kona Brita Olsdtr. her. Dei fekk eit barn, Anna, døypt 1766.


Jarnbanearbeidar Otto Bergsval, son åt Peder Bergsval, Frosta, var g. 1880 m. Maria f. 1850, dtr. åt Marta og Tomas Hekland. Dei budde her i 1880-åra. Seinare budde dei i Bergen.

Born:

Martina Gurina 1882-,
Peder Ingvald 1884-,
Alfred Martin 1891-.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy