Innleiing band II

Frå Vaksdal Historielag

(Skilnad mellom versjonar)
Jump to: navigation, search
(New page: < Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band II <p align="center"><font size="+1"> INNLEIING </font></p> &nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;D...)
Noverande versjon (18:02, 18 november 2010) (endre) (undo)
 
Line 59: Line 59:
&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;Medan boka har vore under arbeid har mange huslydar flytta frå Dale til Stanghelle. Ein del av huslydane som no bur på Stanghelle vil ein såleis finna i ættesoga for Dale. Her er også teke med nokre huslydar som bur på Dalseid, og som ikkje er med i gardssoga for denne garden. Sjå band II s. 428-447.
&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;Medan boka har vore under arbeid har mange huslydar flytta frå Dale til Stanghelle. Ein del av huslydane som no bur på Stanghelle vil ein såleis finna i ættesoga for Dale. Her er også teke med nokre huslydar som bur på Dalseid, og som ikkje er med i gardssoga for denne garden. Sjå band II s. 428-447.
 +
 +
 +
 +
{{rettar}}

Noverande versjon

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band II


INNLEIING


      Dale sokn var den yngste av dei tre kyrkjesoknene i Bruvik prestegjeld. Dalesokna vart skild ut frå Bruvik sokn 1911. Ved reguleringa av prestegjelds- og soknegrensene frå 1.1.1968 fekk prestegjeldet namnet Vaksdal. Dalesokna vart utvida med 3 gardar: Dalseid, Verpelstad og Furnes.

      1911-1967 høyrde 6 gardar til Dale kyrkjesokn. Det var Hesjedal, Grøtå og Fokstad på Osterøy og gardane Stanghelle, Helle og Dale på fastlandet.

      Som nemnt ovanfor i føreordet, har ein i dette bandet teke med 4 gardar sør for grensa åt Dale kyrkjesokn. Det er Fossmark på fastlandet og Børsli, Blødal og Blomdal på Osterøy.

      Alderen på desse 10 gardane er svært ulik. Dale, Helle og Stanghelle høyrer til dei eldste gardane i Vaksdal kommune. Dale var truleg busett før Kristi fødsel, Helle og Stanghelle i dei næraste hundreåra etter Kr.f. I vikingetida vart Fokstad busett. Fossmark er truleg noko yngre.

      Dei eldste gardane ligg langs stranda av Sørfjorden og inne i Dalevågen. Dei yngste ligg innanfor grensene åt Mjelde skipreides bygdeallmenning. Allmenningen strekte seg frå Storavatnet i sør til Høgafjellet i nord. Den nordaustre delen av Allmenningen går ned åt Veafjorden.

      Gardane i Allmenningen vart rudde etter reformasjonen. Blomdal, Hesjedal og Grøtå vart truleg busette fyrst på 1600-talet. Børsli og Blødal vart busette sist på 1700-talet.

      Til å byrja med var det uklårt kva for kyrkjesokner desse nye gardane skulle reknast til. Gardane som hadde bruksrettar i Allmenningen låg i tre ulike kyrkjesokner: Hosanger, Gjerstad og Bruvik. Kvar soknegrensene gjekk i Allmenningen vart det vel ikkje lagt så stor vekt på så lenge der ikkje var fast busetnad, Blomdal, Børsli og Blødal vart rekna med mellom gardane i Gjerstad sokn den fyrste tida. Seinare vart soknegrensene dregne over Storavatnet, slik at desse gardane vart liggjande i Bruvik kyrkjesokn.

      Kyrkjevegen til Bruvik gjekk frå sørenden av Storavatnet gjennom Brøkdalen. Denne vegen vart også brukt i andre høve. Men når varer skulle hentast eller vendast drog dei ofte nordover til Fotlandsvåg. Frå Hesjedal var det gamal fjellveg til Tysse i Hosanger.

      Etter 1880 vart Dale den viktigaste handelsstaden og Grøtå den vanlegaste lendingsstaden. Både Hesjedal og Blomdal hadde naust der. Frå båtstøa førde ein stupbratt gangstig opp gjennom lia. Vegen gjekk over KlomrestalIen, framom Betre til Vassleitet. Der delte vegen seg. Vegen til Blomdal gjekk over Hjellane på sørsida av Botnavatnet. Vegen til Hesjedal gjekk på nordsida av vatnet.

      I 1880-åra tok dei til å laga ein betre gangveg opp frå sjøen. Denne vegen vart kalla Kleivane. Han gjekk langs elva frå sjøen til Kleivagarden. Derfrå gjekk han i svingar oppover lia til Brotaklubben. Fleire stader vart det mura troppestig. Frå Brotaklubben kunne dei køyra med hest på godt vinterføre. Ein av brukarane i Hesjedal hadde hestestall der.

      Kring hundreårsskiftet vart det teke opp arbeid med å få køyreveg frå Grøtå til Hesjedal og Blomdal. Børsli og Blødal var då fråflytte. Det vart søkt om tilskot frå stat, fylke og kommune. Grunneigarane ytte fri veggrunn og pliktdagsverk etter storleiken på bruka, frå 35 dagar til 12 dagar årleg. Denne arbeidsplikta hadde dei i 15 år. Veganlegget kom i gang 1909 og vart avslutta 1937. Det var då bygt 7 km veg frå Grøtå til det sørlegaste bruket i Blomdal, Heggebotnen ved Midtvatnet. Vegarbeidet heldt fram etter 1937 med utbetring og grusing. Dei måtte m.a. skyta vekk ein del av fjellet Storhelleren i lia ovanfor Grøtå. Det vart også bygt ein sideveg opp til Hesjedal bnr. 1 og 2. Denne vegen var ferdig 1960. Det vert no arbeidt med vegsamband mellom Heggebotnen og Brøkdalen.

      Fokstad hadde lite samband med dei andre gardane på Osterøy. Det gamle gardstunet låg ved sjøen. Sørfjorden var viktigaste sambandsvegen både for Fokstad og gardane på fastlandet, og dei hadde mykje samkvem seg imellom. Fokstad, Fossmark og Stanghelle høyrde til same bedlag, dugnadskrins og skulekrins.

      I siste helvta av 1800-talet bygde nokre av brukarane på Fokstad eit nytt tun oppe på Stølane 162 m.o.h. Etter århundradskiftet minka talet på brukarar. Den siste brukaren budde på Stølane til 1953. Det hadde då vore arbeidt med gardsveg sidan 1938, men vegen vart ikkje fullførd.

      Vegsambandet for gardane på fastlandet var monaleg betre enn for gardane på Osterøy. Den gamle kongevegen mellom Bergen og Austlandet fylgde Sørfjorden og Dalevågen til Dalebryggja. Frå Dalebryggja var det rideveg, seinare køyreveg til Dalseid. På Dale var det skysstasjon. Brukarane på Dale og Stanghelle stod for postføring og skyssing av ferdafolk.

      Jarnvegen mellom Voss og Bergen fekk store verknader for gardane på fastlandet. Jarnvegstraseen skar seg gjennom innmark og utmark, delte opp teigar som før hadde vore samanhangande og la beslag på store areal. Men den nye ferdsleåra skapte også mange nye arbeidsplassar, både i anleggstida 1876-1883 og etter at bana hadde korne i drift. På Stanghelle og Dale vart det bygt jarnbanestasjonar.

      Industrireisinga på Dale sette inn på same tid. Industriområdet låg i utmarka nokre km nordaust for tunet. Grunnarbeidet på den store tekstilverksemda Dale Fabrikker tok til 1878. Alt året etter var produksjonen i gang. Talet på arbeidarar var snart uppe i 500. Dei fleste budde i arbeidarbustader som fabrikken åtte.

      Kyrkjevegen frå Dale til Bruvik var lang og tungvint også etter at jarnbana kom. I 1896 fekk Dale si eiga kyrkje. Kyrkja var kapellkyrkje til 1911. Etter den tid har kyrkja vore soknekyrkje i Dale sokn. Den fyrste kyrkja var ei trekyrkje. Ho vart etter kvart for liten. Folketalet i tettgrenda auka stadig. Vasskraftutbygging og utbygging av servicenæringar skapte nye arbeidsplassar. Kommuneadministrasjonen vart samla på Dale 1937. I 1955 kunne det nye heradshuset takast i bruk. Ny kyrkje vart vigsla 1956.

      1908 vart det vedteke ein plan for bygging av bygdevegar i Bruvik kommune. Veg frå Stanghelle til Dale var med på denne planen. Brua over Helle-straumen var ferdig 1927.

      Vegbygginga i dette området fall kostesam, og det tok lang tid før det kom gjennomgangsvegar. Vegen til Voss over Hamlagrø var den fyrste. Denne vegen vart opna 1958. I 1965 vart nokre parsellar av riksveg 13 mellom Stanghelle og Trengereid opna. Arbeidet med å føra riksveg 13 fram til. Dale er i gang. Ein reknar med at den nye vegen mellom Stanghelle og Dale kan takast i bruk sumaren 1974.

      I Vaksdal Bygdebok band IV, Den ålmenne bygdesoga, vil me gå nærare inn på utviklinga av samferdsla og dei andre sidene av samfunnslivet. Gards- og ættesoga fortel om sjølve gardane, eigarane, brukarane og dei andre huslydane som har vore busette her.

      På dei fleste gardane har så å seia alle huslydane vore knytte til eit gardsbruk. Brukarsoga og ættesoga er difor slegne saman, slik at ein finn huslydane under det bruksnummer som dei har vore busette på.

      Men i tettgrendene på Dale og Stanghelle er tilhøva annleis. Serleg på Dale har det butt mange huslydar som det var vanskeleg å plassera under bestemte bruksnummer. Ættesoga for tettgrendene er difor laga som ein katalog der huslydane er sette opp i alfabetisk rekkjefylgje. For Stanghelle bnr. 8-275 og Dale bnr. 22-462 er det laga serskilde eigarlister.

      Når fleire huslydar har same etternamn, er dei sette opp etter fødselsåret åt husfaren, slik at den eldste kjem fyrst, den yngste sist. Gifte bom som er busette her, eller som budde her ei tid etter giftarmålet, er førde opp på nytt som eigen huslyd, dersom dei har bom. Tilvisingane sjå nedanfor (sjå nfr.) og sjå ovanfor (sjå ofr.) er nytta når ein og same person er førd opp fleire gonger. Barnlause ektepar og ugifte er som regel berre førde opp i samband med foreldra.

      Ættesoga før 1867 byggjer i hovudsak på N. Langhelles granskingar. For perioden 1867-1900 er det teke nye avskrifter av kyrkjebøkene. Desse opplysningane er supplerte med prenta kjelder og med opplysningar frå personane sjølve eller deira næraste slekt.

      For tida etter 1900 har ein ikkje hatt høve til å nytta kyrkjebøkene eller andre offentlege personregister som kjelde. Me har likevel freista føra ættesoga fram til 1972 ved å byggja på friviljug gjevne opplysningar frå representantar for huslydane. Opplysningane er innsamla ved hjelp av huslyd-skjema. Det seier seg sjølv at eit slikt kjeldemateriale vanskeleg kan verta så nøyaktig og fullstendig som ein kunne ynskja. Endå om det har vore gjort eit omfattande kontroll- og suppleringsarbeid vil det innehalda feil og manglar. Ein vil be lesarane melda frå til utgjevaren når dei finn feil. Rettingane vil då koma med i ei rettingsliste som skal prentast i band I.

      Ein har i ættesoga så langt råd er freista få med dei viktigaste persondata: fødselsår, evt. dødsår, yrke og bustad. Etter oppmoding frå redaktøren vart det også sendt inn ein del personopplysningar ut over dette. Men dette tilfanget vart såpass uheilt og ujamnt fordelt at ein ikkje fann å kunna prenta det. Opplysningane vert tekne vare på i bygdebokarkivet og vil vera tilgjengelege for dei som granskar ætta si.

      Medan boka har vore under arbeid har mange huslydar flytta frå Dale til Stanghelle. Ein del av huslydane som no bur på Stanghelle vil ein såleis finna i ættesoga for Dale. Her er også teke med nokre huslydar som bur på Dalseid, og som ikkje er med i gardssoga for denne garden. Sjå band II s. 428-447.



© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy