Jakt og fiske, av Knut Rødland

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Jakt og fiske
Av Knut Rødland


Det er lite truleg at det var inntektene frå jord og skogbruk som lokka dei fyrste til å busetja seg i Bergsdalen.

Utan at me i dag kan føra prov for det, var det sikkert fangst og fiske som gav vilkår for fast busetnad.

Det er fortalt frå gamalt at når "odelsguten" skulle velja sin part av garden, tok han som oftast den delen som låg laglegaste til for fangst og fiske.

Alle som er noko til års veit at fangst og fiske har ein brei plass i næringsgrunnlaget for Bergsdalen heilt fram til 1940 åra. Den gamle driftevegen mellom Vossebygdene og Bergen gjekk over Bergsdalen, det kan vera driftekaren som fyrst fekk auga opp for den smellfeite auren i elvar og vatn og for skog og fjellviddene, der hjort og reinsdyr heldt til. Og ikkje minst dei store mengder rjupa, orrfugl og hare.

Dette var noko ein nyrudningsmann tok omsyn til når han valde staden der han ville busetja seg.

At bjørnen var velkjend kar i fjella her, er det soger og forteljingar om. Me har stadnamn som Bjødnaknausen, Bjødnatonæ, Bjønndalen. Bjødn var sett i jag etter buskapen på Moastølen i 1890 åra, og i 1923 slo bjødn 6 sauer ei natt på Lienstølen ved Hamlagrø. Me trur at denne bjødnastamma har halde seg i fjella her fram til våre dagar.

Elles er her streifdyr av jerv, gaupa og oter, og her er mykje rev, villmink, mårkatt og røysekatt.

Hjorten beiter over alt her i sumarhalvåret, og det hender han overvintrar her i dalen. Men det vanlege er at når snøen kjem, trekkjer han til bygdar.

For ca. 25 år sidan gav ein hjort seg i lag med kyrabølingen på Kaldestad. Hjorten fylgde bølingen heilt til tuns om kveldane. So ein dag bølingen kom rekande etter vegen, kom ein kar frå Dale på sykkel framom, då skvatt hjorten til og for over elva i nokre byks. Mannen stoppa og ropte til han Ola: "Kyræ di for over elvæ". "Ja-ja, ho kjem snart att", svara Ola.

Det er fleire kjende hjortetrekk mellom Voss og Hardangerbygdene og over dalen vår. Og dette utnytta dei gamle med å laga dyregraver på lagelege stader der dyra ferdast.

Ei slik grav er synleg enno i Øyadalen opp frå Fjellmannaøyane. I gamal tid felte bøndene dyr etter som dei trong, for matforsyninga. Og i vår tid vert det òg felt hjort, men det vert rekna som sport.

Det har vore reinsdyr i fjella her frå utgamal tid, det tyder mange namn på. Slik som Bokken, Bokkaholo, Dyraneset, Dyrastegen og Dyratonæ.

Om sumaren gjekk reinsbukkane for seg sjølve på dei beste beita, og der åt dei seg stokk feite. Gamlekarane lurde seg inn på dei og skaut seg vintermat. Eller tok dei i dyregrav.

I 1840 vart skipa reinsdyrlag i fjella mellom Hardanger, Voss og Bergsdalen. Ein av gjætarane den gongen var bonden på Småbrekke, og han vart heitande Jo Gjætar.

Men det vart ugreia innan bygdelaga om beiterettane, og i 1890 åra vart det vedteke at dyra skulle skjotast ned.

Men ikkje alle dyra vart felt, og dei som slong att i fjella, vart rekna som statseigedom.

Askel Rødland f. 1847 tok seg ofte turar i fjellet etter rjupa. Ein dag kom han brått på nokre av desse dyra, og før han sansa seg hadde han skote ein bukk. Etterpå fekk Askel vondt samvet, og han rusla over fjellet til Evanger og melde seg sjølv til lensmannen. So betalte han bot, og betalte kjøtet til statskassa.

Etter dette drog Askel over fjellet glad og nøgd.


I 1926 vart Voss - Hardanger reinsdyrlag skipa på ny. I dette laget er bøndene i Bergsdalen medeigarar.

Men det som talde mest økonomisk var snarefangsten etter rjupa. Det var ein del av næringsgrunnlaget, og heile huslyden var med om fangsten, frå borna til gamle bestefar på dei 80 år. Me som er noko til års i dag, har vore med på dette, og me veit at mange ungguter og ungjenter tente sine fyrste blanke kroner på snarefangst. Og for mange av ungdomane var dette einaste måten å få tak i kontantar på.

Vilkåra for snarefangst var ikkje like gode for alle bruk i dalen, truleg var tilhøva best i øvre del av dalen.

Dei gamle kunne fortelja at på sume bruk var rjupefangsten halve årsinntekta.

Snarefangsten tok til kring joletider og varde til fredings-tid, som var 15. april i gamle dagar, seinare 15. mars.

Haustjakt med børsa var ikkje so vanleg den tid, men det vart fortalt at dei som hadde børsa, ofte brukte ho ut på vinteren når rjupa sat på knattane i fine soldagar.

I styggever var det eit hardt slit å halda snarene opne, og om det såg vonlaust ut, nytta det lite å gjeva opp. Det var som oftast i skiftande ver at sjansane var størst til å få storfangst.

Ingen visste kva tid "ferdafuglen" kom, men når han kom, levde og flaksa det over alt, og han var lettare å få i snarene enn den stadbundne fuglen. Kvar denne fuglen kom frå, og kvar det vart av han når han drog, var det mykje snakk om. Det som sermerkte denne rjupa var at ho hadde svarte fjører kring i hamen, og ho var mindre enn vår liarjupa, men det var ikkje skarfugl. (Fjellrjupa).

Det var mange hendingar i veideskog, slikt som folk snakka om og hadde moro av.

Ingen gjekk til snarene om sundagane, og då vart det to dagsfangstar om måndagen, dersom snarene var opne. Ein slik dag var han Jørn til snarene sine. Det var kaldt so rjupa var frosen og tok stor plass i sekken. Attpå teikna det til storfangst den dagen. Snart var sekken full, og attåt hadde Jørn eit stort knippe med rjuper på beltet. Og endå var det meir rjuper i vente.

Då funderte Jørn på kva som kunne gjerast, fangsten ville han få med seg heim. Han drog av seg vadmålsbroka og knytte att for beina og stappa broka full med rjuper.

Dei som såg han kom over isen på Småbrekkevatnet i berre underbuksa og med ei slik bør på ryggen, gløymer det aldri.

Noko annaleis ordna ein rjupefangar seg på Rødland. Når han rekna med storfangst, sette han fatlar på eit solid dynetrekk. På den måten kunne sekken utvidast etter kvart det vart trong til det. So ein dag slo det til storfangst, han fekk bruk for dynetrekket. Mannen gløymde tid og snøver, berre plukka rjuper og sopte opp snarene. Noko liknande hadde han ikkje vore med på før.

So kom myrkret. Det var ei tung og uhamsleg bør han hadde, dessutan var det klabbeføre, og det gjekk seint på heimveg.


Bilete s. 264 Harejakt hausten 1909.


Heimfolket vart redde for mannen, og ein med florslykt drog av garde for å sjå etter rjupefangaren.

Etter ei tid fekk karane kontakt, takka vere lykta, men rjupefangaran var sliten der han satt og kvilde i snødrevet, med dynetrekket halvfullt av rjuper. Det var mest ikkje mæle i mannen då han kom i hus, so trøytt var han. Men han kvikna til då fangsten vart tald opp, i alt vart det 75 rjuper.

Slike og liknande hendingar var det gamlekarane fortalde til dei unge. Meir sjeldan fortalde dei om snøstormen, om slitet og frosten og nokre halvfrosne skiver i sekken til nistemat.

Og dagsfangsten var mange gonger berre 2 - 3 rjuper. Det hende òg at dei kom heim med tom sekk.

Men fangsten skulle vendast, og då var det å bera tunge bører over fjellet til Bolstad. Etter vegen kom til Dale, vart det lettare. Gamle Jørn Småbrekke f. 1855 fortalde at ein gong hadde han eit heilt hestlass med rjuper til Dale.

Prisen var i gamal tid 40 øre paret, kring 1900 kom prisen opp i 80 øre paret for rjupa. Seinare vart prisane betre etter kvart.

Orrfugl og hare vart det og fangsta ein god del av.

Reven vart rekna for den som førde med seg dei største tapa i lammeflokken. Difor gjorde dei grenda ei stor tenest som jakta etter reven.

Etter vegen kom, leigde sportsjegrar frå Bergen haustjakta på mange av gardane. Dette gav leigarane ei lita attåtinntekt som kom vel med.

Men det store vendepunktet kom med. "Lov av 14. desember 1951 om viltstellet, jakt og fangst". Då kom dei kommunale viltnemndene. "Viltnemnda skal arbeide for et fornuftig viltstell og søke å legge forholdene til rette for utnyttelsen av jakten og fangsten som næring. Nemnda skal gjøre seg nøye kjent med vilkårene for å fremme viltbestanden i herredet og gi råd og rettleiing til gjennomføring av tiltak til fremme av viltbestanden", heiter det i §4 i lova. Ei slik målsetjing vann tilslutnad. Den 10. september 1952 vart det halde grunneigarmøte. Det vart samrøystes vedteke å skipa eit sams jaktområde av alle eigedomane i Bergsdalen.

Det var noko ulovleg jakt i fjella; ein dei jægrar rekna med at jakt og fangst var fritt for ålmenta.

Men etter den nye jaktlova kom det klårt fram kva rettar og plikter folk hadde.

No vart det høve til å ordna seg med kortkjøp, som gav rett til jakt i Bergsdalen sams jaktområde, og dette til ein rimeleg kostnad. Inntektene av jaktkortsalet går til jordbrukslaget, som brukar pengane til ganglege tiltak for grenda. I 1953 vart det selt 41 kort til kr. 774,60, for rekneskapsåret 1977 114 kort til kr. 9.550,-. Mellombels vert det ikkje drive med snarefangst, mest fordi det har vore ringe rjupeår ei tid.

Dei gamle fortalde det var store svingingar i rjupemengd frå år til år før i tida òg, men so lite fugl som det har vore dei seinaste åra, trur me ikkje det har vore i eldre tid.

Det kan vere fleire grunnar til dette, t.d. for hard fangsting, ei aukande rovdyrstamma, eller ureining frå lufta, som verkar sjukdom på fuglen.

Me i fjellbygda er mykje opptekne av at ikkje viltet vert borte frå fjella våre. Då vert det stussleg å vandra i dei store viddene.


Fisket.
I rekkje og rad ligg fjellvatna på sørsida av dalføret. Gråvatn, Skarvavatn, Amunddalsvatnet, Storelitjørn, Moavatn og mange fleire. Dei ligg mellom 620 til 820 m.o.h.

I nokre av vatna var det sett ut fisk frå gamalt, men i mange er det gjort utslepp i dei seinaste 20 - 30 år. I dag er det fisk i alle vatna. Slik har då vatn og tjødner etter kvart vorte gode fiskeplassar. Bergsdalselva var særs fiskerik før reguleringa. Den fisken som er der i dag, er noko liten. Derimot er det fin fisk i Bergevatn, Vetlavatn og Småbrekkevatn, og i nokre tjødner på båe sider av dalføret. Knut Olavson Berge f. 1872, og Askel Arveson Rødland f. 1847, fortalde etter sine forfedrar at fiske i elvar og vatn var ein del av næringsgrunnlaget som vart vurdert på høgd med fangst og jordbruk. Rødlandsmannen hadde naust ved Hamlagrøvatn og dreiv linefiske i 14 dagar om hausten, og salta til vintermat.

Gardane i øvre dalen hadde faste fiskeplassar i Bergevatn for linefiske. Fisken var sers god i desse vatna, og høvde godt til vinterlagring.

Det vart teke store mengder fisk i elva til dagleg bruk i hushaldet, og soleis har det vore heilt fram til våre dagar.

Det trongst mat til dei barnerike huslydane i den avstengde fjellgrenda, og det kunne røyna ut på vinteren når det minka i matfatet. Krambua var langt borte, og ikkje var det noko i pengepungen til å kjøpa for heller. Det er eit herme etter gamle mor i Småbrekke: "Berre bia til Vaor-herre tek lokje tao fisk-embaren, so ska da verta mat, -bodn". Ho meinte at berre isen for av vatnet, vart det berging med fisk.

Då Bergdalsvassdraget vart utbygt, vart B.K.K. pålagd å setja av midlar til eit fond, der rentene kunne brukast til kultiveringsarbeid i vassdraget. Jordbrukslaget søkte fagleg hjelp til planar for dette arbeidet.

Prøvane av fisken viste at her var ei god aurestamma, men at det var for mykje fisk mange stader i høve til næringsmengda.

Planen til konsulent Vasshaug var at dei skulle taka opp fisk der det var for mykje, sleppa han i fisketome vatn, eller selja til setjefisk.


Bilete s. 267 Aure teken med garn, 5 kg 1952.


Jordbrukslaget søkte om pengar frå fiskefondet til kjøp av utstyr for dette arbeidet. Laget organiserte dette, og det vart sendt setjefisk med flytransport frå Flesland til Oslo for utsetjing i Nordmarka. Elles vart det levert til andre bygdelag.

Utanom dette gjekk planen ut på at det skulle fiskast med småmaska garn i dei fiskerike vatna. Og mykje fin matfisk hamna i fryseboksane som vintermat. Medelvektene auka etter som forsøka skrei fram.

År 1967 vart slept 200 merkte setjefisk i Hjedlabrot-vatnet. Dei var tekne i not i Småbrekkevatn, og vog 90 gr. i medel.

Året 1969 vart det fanga 9 merkte fiskar, som vog 180 gr. i medel, og i 1972 vart på ny 7 merkte fiskar fanga, som i medel vog 380 gr. Dette fortel noko om kva næringstilhøva har å segja for vokster og trivnad.

Ofte var det snakk om gjødsling av fiskevatn, eller mating. Men konsulent Vasshaug rådde frå dette i ope vassdrag, med den grunngjeving at når me legg ut 1 krona til dette, so får me att 5 øre. Det har frå tid til anna vore teke stor fisk her i dalen, og nokre har me sikre tal for. I elva på Lid og Rødland har dei teke fisk på 4 kg. I Småbrekkevatn var det i 1934 teke ein fisk i garn som vog 5,7 kg. Og i 1952 ein i same vatnet på 5 kg.

Denne siste har me bilete av i boka.

Me har sikre prov for at etter nokre år auka medelvektene på fisken i dei vatna der det var sterkast oppfisking.

På same måten som jakta vert fisket organisert som eit område for heile dalen med høve til kjøp av fiskekort.

Fyrste året vart selt 47 fiskekort med kr. 235 i inntekt.

For året 1977 er selt 138 kort med kr. 2.450 i inntekt.

Inntektene frå kortsal går inn i lagskassa til jordbrukslaget og vert nytta på same måten som inntektene frå jakta.

Jakt og fiske er framleis ein verdfull ressurs for grenda vår som det er klokt å ta vare på for komande slekter.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy