Jamne Gardssoge

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band I | Bruvik sokn innhald | Jamne


Gards og ættesoge for Jamne.


GNR. 17 JAMNE


Innhaldsliste

INNLEIING

Jamne ligg på ein høg grusterrasse nord for utlaupet av Vaksdalselva. Gardstunet ligg 70 m.o.h., 500 m. frå tunet på Vaksdal.

Gardsnamnet vart skrive Jaffne 1610, Jebne 1620 og 1667, Jabne 1723, Javne 1886. Bygdemålsuttalen er ja'bbnå. Namnet kjem av det gamalnorske hokjønnsordet jafna. Det tyder slette eller jamn strekning. Ordet er brukt i fleire stadnamn i Gudbrandsdalen, Valdres og på Hedmark.

Det meste av innmarka ligg på ein flate som haller jamt frå fjellfoten fram mot kanten av terrassen. Derfrå er det bratte bakkar ned mot elva og fjorden.

Jamne grensar mot Vaksdal, Skreiæ og Fossmark. Det vart halde grensegangsforretning 1833. Elva er grensa mot grannegarden Vaksdal frå elveosen til det gamle bøgjerdet. Grensa fylgjer bøgjerdet oppetter i nordaust til merkesgjerdet. Frå merkesgjerdet går grensa til Lamhustøene og Rossejela. Det er krossar i ein flat stein i Lamhustøene og i ein skarvnakke i Rossejela. Grensa går vidare til Fjølhogget. Der er det kross i ein stein som dei kallar Kvilesteinen. Frå Kvilesteinen går grensa til Svaæ. Der er det kross i ein skarvnakke. Neste kross er i Sveo. Frå Sveo går grensa til ei stor bergnov, Raudnova. Grensa går vidare til inste Furehaugen. Der er det kross i ein stein. Dei neste krossane er under Kustallen og i inste Røvlebrekkgarden. Frå krossen i Røvlebrekkgarden går grensa innetter merkesgarden til Åkerrinden. På øvste Åkerrinden er hogge ein kross. Grensa går vidare innetter Åkerrindsgardane til ein kross i Budalsskarsberget.

Frå denne krossen går grensa på austsida av berget. Ved enden av merkesgjerdet er det hogge kross. Grensa går vidare på austsida av Budalsskaret til ein kross i det øvste og høgste Skarvet. Derfrå går grensa til ein kross i Grånipa. Siste punkt i grensa mellom Jamne og Vaksdal er Tridjegjelberget. Om grensa mot Skreiæ, sjå gnr. 18.

Grensa mellom Fossmark og Jamne tek til i Budalskaret. Grensa går frå sudaust til nordaust til Skagehjellbruna. Her inneheld grensegangsforretningen eit punkt om at alt som er bugjengt innanfor Skagehjellbruna høyrer til Fossmark. Det som er bugjengt ovanfor høyrer til Jamne.

Neste grensepunkt er Myrbærheia. Der står det ein stor merkestein med 2 vitne. Frå denne steinen går grensa oppetter høgaste rusta like til Øykemyrskaret. Der møtest grensene mellom Jamne, Fossmark, Stanghelle og Helle.

Eit udatert dokument, truleg frå 1860- åra, fortel om ein grensetvist mellom Jamne og Helle. Tvilsten galdt fjellbeitet mellom Øykemyrskaret, Tredjegjela og Blåfjellkupene. Haus forlikskommisjon ville ha tvisten avgjord ved 5- mannskjønn. Brukarane på Helle viste til grensegangsforretningen på Jamne. Denne viste tydeleg at Jamne ikkje kom lenger enn i Tredjegjela, meinte skjønsmennene. Dei avgjorde at beitet som det var tvist om skulle høyra til Helle. Sjå Helle.


Rike fornfunn fortel om gamal busetnad på Jamne. ( Sjå Førhistoriske Minne i Nordhordland, Bruvik Prestegjeld, s.. 4.) Dei eldste funna, ei steinøks og ein spydblad av flint, er frå steinalderen.

Spydbladet fann dei i bakken ovanfor jarnbanestasjonen, 40 - 50 m.o.h. Her er no ei hustomt, bnr. 98. ( Sjå Bergens Museums Årbok 1941. I årboka 1897 kan ein lesa om steinøksa som dei fann inne på terassen.) Om lag 150 m. lenger sør, fritt og synbart på hyrna av terrassen, ligg ein gravhaug som dei kallar Kollhaugen. Haugen er 15 m i tverrmål, bygd av sand og jord, rund og fin på skap, men ikkje høg. Sidene går i eitt med bakkane som hallar nedover mot sør, sørvest og søraust. No er haugen flat og overdyrka. Før krigen hadde haugen eit søkk etter graving i midten. Under okkupasjonen grov tyskarane ei skytestilling i haugen. Søkket er no attfylt og fint tiljamna.

50 m sørvest for Kollhaugen ligg Trollkjelshaugen. Denne haugen var før 2 m høg. No er høgda 1,5 m, tverrmålet 15 m. Haugen er bygd av sand og jord, dekt med tunn grastorv. Sidene på haugen fell bratt ned mot vest og sør. I Trollkjelshaugen fann dei kol, brende bein og ei manns-og kvinnegrav frå yngre jarnalder. Her var to sverd, to øksar, pil, to knivar, to beisel, saks, eldstål, skiferbryne, klebergryte, kljåsteinar som dei brukte til lodd i oppstadvev, spinnehjul, ovalt spenne, ringspenne og glassperler. Sakene tyder på at det kan vera to menn og ei kvinne som var gravlagde her.

Den eine mannsgrava kan ha vore i Kollhaugen, men noko fullgodt prov for dette har ein ikkje. Funnet er omtala 1886 i Årsberetning fra Foreningen til Norske Fortidsminnesmerkers bevaring. Der finn ein også omtala gravgods frå ei onnor kvinnegrav. Her fann dei ein bronsearmring, glassperler, vevskei, hakke og fiskesøkke. Denne kvinnegrava frå yngre jarnalder fann dei i ei lita røys. Det er litt uvisst om røysa låg på Vaksdal eller på Jamne.

Den eldste skriftlege kjelda om garden er frå 1610. Ein har difor lite å halda seg til når det gjeld busetnaden i mellomalderen. Det er lite truleg at Jamne vart liggjande øyde etter Svartedauden. Vilkåra for korndyrking var uvanleg gode. Segna fortel at i eitt av naudsåra kring 1812 var det berre på Jamne dei fekk moge korn.

I matrikkelen 1723 finn me denne skildringa av garden:

" Ingen Huusmandspladser Ingen sætter lit brendeveed til fornødenhed. 1 flomqværn Intet fiskerie Ligger ved Søen, vis til Korn, men tungvunden til Høe, ligger fra Bergen 4 1/2 Miil Lever mest at gaardens avling."

Jamne vart tidleg delt i to jamstore bruk. Etter skattelistene å døma skjedde det kring 1620. Denne todelinga heldt seg heilt til 1862. Det eine bruket kalla dei Joansane (bnr. 12), det andre kalla dei Nilsane ( bnr. 1).

1862 var Nilsabruket delt mellom to brør. Den yngste fekk delt frå 1/3 av farsgarden. 20 år seinare flytte folket i Fossdalen hit og overtok bruket. Siden har bruket heitt Fossdalane. Sjå bnr. 7.

1917 kjøpte ei Bergensverksemnd bnr. 1. Dei tok ut sand og grus or ei gruve nede på innmarka. 1930- 1948 vart bruket pakta bort til brukaren på bnr. 7. 1948 kjøpte Bruvik kommune bnr. 1. Noko etter kvart vart bruket utlagt til hustomter. Bnr. 12 er gardsbruk i full drift.

Alle brukarane budde i same tun til 1900. Tunet låg øvst på innmarka under fjellfoten. Mellom bøgarden og tunet var det ei geil. Fossdalane budde øvst i tunet. Nilsane og Joansane budde fremst. I tillegg til gardshusa var her eit lite hus, Bakken. Det stod på bygsla grunn under bnr. 12. Bnr. 7 flytte husa sine lengst nord på innmarka etter utskiftinga 1901. Bnr. 12 flytte stovehuset sitt nærare løa. Det meste av den gamle tungrunnen høyrde etter utskiftinga til bnr. 1. Brukaren på bnr. 12 hadde planta ein ask i tunet. Denne asken var overteken av bnr. 1 mot ein avtala pengesum. Asken har fått stå i fred og har vakse til eit stort og ruvande tre.

1863 hadde dei tre hovudbruka knapt 14 mål åker. 7 mål var god åker, 5 mål var middels god. Resten var ring åker. Engvidda var knapt 85 mål. 21 mål var god eng. 23 mål var middels god. 41 mål var ring eng. I tillegg kom husmannsplassa Nethovden og Brekka med 3 mål middels god åker og 15 1/2 mål middels god bø.

Det var ein del teigblanding på innmarka, serleg i utkantane. Der hadde dei dyrka opp utmark og delt nybrota mellom seg etter kvart. Men på den eldste innmarka var det ei heller grei todeling mellom dei to gamle hovudbruka. Joansane åtte det som låg lengst mot aust, Nilsane det som låg lengst mot vest. Eigedomsgrensa gjekk gjennom tunet. Grensa var truleg svært gamal.

Ved den offentlege utskiftinga 1901 vart denne grensa flytta noko mot nordvest. Teigdelinga i utkantane vart det også slutt med. Fossdalsjorda var liggjande lengst nord, Nilsane i midten og Joansane lengst mot aust.

1875 fekk brukarane på bnr. 1 og 7 kjøpa kvar sin utmarksteig i Skreiæ. Teigane hadde løpenr. 512 b og 512 c. I matrikkelen 1886 vart desse teigane førde over frå gnr. 18 til gnr. 17, der dei fekk bnr. 2 og 8.

1912 vart det tinglyst utskifting i utmarka. Heimeutmarka vart delt i 4 teigar. Lengst i nord ligg teigen åt bnr. 7. Deretter kjem ein teig som høyrer til bnr. 12 og ein teig som høyrer til bnr. 1. Bnr. 12 har også ein teig ved grensa mot grannegarden Vaksdal.

Skogen er nemnd fyrste gongen 1626: "nogen smaa Schoug". Land kommisjonen


1661 kalla skogen " Ringe Brendeschoug". I matrikkelen 1723 har garden " lit brendeveed til fornødenhed". Men matrikkelkommisjonen som arbeidde i 1860- åra meinte at her var nok både ved og hustømmer.

Om beitet skreiv dei i Herredsbeskrivelsen av 1863: " Ved Gaarden ganske liden Hjemmehavn og af middels god Beskaffenhed. Det øvrige Sæterhavn men sammenhængende, omtr. 1 Miil borte, tilsammen tilstrækkelig".

"Jamnesetra var så fin. Seterhuset var så fint mura. Me var alltid inne der med borna, for der var vatn der dei kunne leika seg ".

( Oppskrive 1977 etter Olina Magnussen, Vaksdal, f. 1881.)

" En liden Qvernbech " er notert av Landkommisjonen 1661. Kverna er omtala i matrikkelen 1723. Kommisjonen som førebudde ny matrikkel i 1860- åra meinte at elva og kverna gav ei årleg nettoinntekt på 2 1/2 spd. Dette tyder på at dei dreiv leigemaling. Ei segn fortel at Skreia-folket fekk mala kornet sitt på Jamne. Til vederlag fekk Jamnefolket leiga beite i Skreiabotnen. Etter ei tid gjekk Skreiabotnen over til Jamne.

1866 fekk Gerdt Meyer arvefestebrev hjå brukarane på Vaksdal og Jamne på bruksretten til Vaksdalselva. Han sikra seg bruksretten til eit område ved sjøen. På Jamnesida strekte det seg frå elva til Sandviksneset, med Trollkjelfossen og Mylnedammen som øvre grense. Den årlege avgifta var 50 dalar, 25 til brukarane på Vaksdal og 25 til dei på Jamne. Til vederlag for kvernhusa skulle brukarane kvart år få mala inntil 80 tunner korn for 12 skilling tunna. I tillegg skulle dei mala gratis alt det dei trong av bygg og havre til eigne hushald.

Jamnefolket hadde nausta sine ved elveosen. Etter kontrakta med Gerdt Meyer måtte nausta flyttast til Jamnefjøra. Det vart betalt i alt 100 dalar for flytting av naust.

Det store omskiftet som byrja 1866 med bygging av det store mylnebruket, skaut fart i 1870- åra med jarnbaneanlegget Bergen-Voss. Eit stort område ved sjøen var ekspropriert til jarnbane og stasjon. Stasjonen ligg på Jamnes gamle grunn, men heiter Vaksdal jarnbanestasjon. Tettstaden kring mylna og stasjonen på båe sider av elva fekk namnet Vaksdal. Difor blir det lett uklårt for mange kor langt den gamle Jamne-garden nådde.

Før jarnbana og mylna kom, var det på Jamne 3 huslydar som budde på bygsla grunn under bnr. 12. Den eine festetomta, Bakken, låg i sjølve gardstunet. Der hadde "Kari-Joans" huset sitt. Dei andre bygselmennene hadde vanlege husmannsplass. Det eine plasset heitte Brekkena eller Jamnebrekka. Det låg i bakkane ned mot sjøen. Det andre heitte Nethovden. Det låg austanfor tunet ved grensa mot Vaksdal. Båe desse plassa var i bruk til hundreårsskiftet. Nethovden fall attende til hovudbruket kring 1890, Jamnebrekka 1901. Husmannen i Nethovden dreiv mykje med veiding. Han fanga rype, orre, hare og rev i fjellet. Fangsten førde han i båt til Bergen.

Brukarane på hovudbruka hadde leigemaling som attåtinntekt. 1661 var den eine av brukarane postbonde. Han var med og rodde mellom Garnes og Dale.

Sanddrift var ei viktig attåtinntekt kring 1920. Sandgruva var på bnr. 1. Eit kompani i Bergen, Tønjum og Valland, åtte bnr. 1 1917-1948.

1948 kjøpte Bruvik herad bnr. 1 for å nytta det til tomteland. 1970 kjøpte Vaksdal kommune Flordalen av bnr. 7 til same formål. Sjå bnr. 216. Størsteparten av dei husa som er bygde etter 1949 står på tomter som er skilde ut frå kommunens eigedomar. Sjå bnr. 131 - 254.


SKYLD, SKATT, FØDNAD, AVLING OG FOLKETAL.

Gamalt matr. nr. 18 i Arna Skipreide. 1838: Matr. nr. 19. 1853: Matr. nr. 128. 1886- 1964 gnr. 28 i Bruvik Kommune.

Gamal landskyld 1/2 l. smør, 1/2 t. malt, eller 1 1. smør. Skatteskyld 1 I. smør. 1665: Leidang, fredtoll, gjengjerd, vedpengar 1/2 rdl. 13 sk., småtiend 8 sk., kandtiend 1 t. Fødnad 1657: 2 oksar, 13 kyr, 2 kviger, 15 geiter, 25 sauer. 1665:16 storfe, 1 hest. 1723: 8 kyr, 4 ungfe, 24 småfe, 1 hest. 1863: 1 hest, 21 storfe, 5 ungfe, 93 småfe. Dette er tala frå Herredsbeskrivelsen. Folketeljinga 1865 gjev opp desse tala: 1 hest, 28 storfe, 37 sauer, 24 geiter, 3 grisar.

Sånad 1665: 3 1/2 t. korn, avling 10 t. 1723: Sånad 4 t. havre, avling 16 t. 1863: Sånad 8 3/4 t. havre, 8 t. poteter, avling 40 t. havre, 55 t. poteter, 1946 v. høy, 252 v. halm. 1875: Sånad 11 t. havre, 18 t. poteter. Fødnad: 1 hest, 25 kyr, 7 ungfe, 76 småfe, 3 grisar. Folketal 1801: 18. 1863: 40. 1875: 53.


EIGARAR

Jamne høyrde til Munkeliv kloster i mellomalderen. Jamne vart ved reformasjonen dregen inn under kruna. Garden vart utboden til sals saman med mykje anna krungods i 1660- åra. Herman Garman 1612-1674, president for magistraten i Bergen, fekk tilslaget på Jamne, Vaksdal, Hana, Bukkstein, Kvåstad, Veo og Skreiæ. Han åtte også mange gardar i nærleiken.

1673 saksøkte Herman Garman leiglendingane på Jamne for skuldig landskyld. Den eine av dei Henrik Jamne, stadfeste på tinget at han var skuldig 6 rdl. og 20 sk.

Stiftskrivar Herman Garman 1648 -- 1733 ervde garden ved skiftet etter far sin. Kona hans, Madame Alida Garman f. de la Roche er oppførd som eigar 1718.

13. november 1722 fekk dei to brukarane på garden skøyte. Brukarane på bnr. 12 har etter den tid for det aller meste vore sjølveigarar. Men bnr. 1 vart selt om lag 1730 til Tomas Gjerde i Samnanger. 1790 fekk brukaren på bnr. 1 skøyte hjå ervingane etter Tomas Gjerde. Dei skreiv under skøytet på vegne av seljarane, som var Tomas Pederson Bordalen og Nils Olsson Tøssland. Tomas var g.m. Cecelia Nilsdtr. Våge. I skiftet etter mora, Borgny Velomsdtr. Våge, hadde ho fått utlagt 14 m. smør i Jamne. Sjå Stamnes, eigarar og Samnanger I s. 442. 646 og 719.


BRUKARAR FØR 1700

Den fyrste kjende brukaren heitte Peder. Me finn han i landsskattelista 1611 og 1620.


1620 finn me også brukaren Torgeir. Han er oppførd mellom husmenn, øydejordsmenn og drenger med full løn. I landsskattelista 1630 -31 finn me Torgeir mellom leiglendingane og dei som betalar full skatt, 2 rdl.


1639 er brukaren Sjur nemnd i landsskattelista mellom halvegards og øydejordsmenn. I same skattelista finn me også brukaren Mons Pedersson. Mons og kona Anna er nemnde i Koppskattemantalet 1645. Andre manntal viser at Mons var brukar her i 1648 og 1655. Det er siste gongen han er nemnd som brukar. Det ser ikkje ut til at Mons og Anna hadde born som levde etter dei.


1646 var Mikkel Larsson f. 1618 brukar på halve garden. Mikkel var truleg frå Sedalen. I Koppskattemanntalet 1645 er han oppførd som enkjemann. Namnet åt fyrste kona er ikkje kjent.

Barn:

  1. Sjur 1642- 1724, b. på Hana, truleg ug.

Mikkel g.2.g. om lag 1648. Namnet på 2. kona er heller ikkje kjent.

Born:

  1. Anders 1650-, sjå Hana bnr. 1.
  2. Mons 1653-, brukar på Hekland.
  3. Olav 1657-, brukar i Sedalen.
  4. Knut 1659-, brukar i Rødberg.

Mikkel skulle også ha ei dotter som var gift og busett på Kvamme, men namnet er ikkje kjent.


1655 er Johannes Jamne oppførd i skattelista mellom husmenn som betalte 1 ort i skatt. Det ser likevel ut til at Johannes har vore brukar her. I husdyrmanntalet 1657 er han oppførd som ein av dei to brukarane. Fødnaden hans var 1 okse, 6 kyr, 1 kvige, 8 geiter, 14 sauer. Johannes er berre omtala i desse to kjeldene. Huslydopplysningar er ikkje kjende.


1657 var Henrik Olsson den andre brukaren her. Han hadde ein fødnad på 1 okse, 7 kyr, 1 kvige, 7 geiter og 11 sauer. Siste gongen Henrik er nemnd som brukar er 1677. I manntalet 1666 er alderen hans sett til 45 år. Namnet åt kona er ikkje kjent.

Born:

  1. Mons 1656-, truleg brukar på Stanghelle bnr. 1. Sjå Stanghelle bnr. 1.
  2. Nils 1663-.
  3. Olav 1665-, g. 1694 m. Helga Eriksdtr. Litun. Sjå Gjerstad s. 338.
  4. Synneva g.m. Johannes M. Bruvik, Skreiæ bnr. 3.
  5. Erik, brukar på Skaftå.


1677 var Erik Eriksson 1644- 1696, brukar her. Namnet åt kona er ikkje kjent. Erik var frå Herfindalen bnr. 1.

Born:

  1. Anna 1682-.
  2. Olav 1694-, brukar på Vaksdal.


BRUKARAR

BNR. 1


Daglegnamn: Nilsane.

Gamalt løpenr. 51, nytt løpenr. 510 i Arna Skipreide. 1862 løpenr. 510 a. Gamal landskyld 1 p smør, 1 mele malt. Skatteskyld 1/21. smør 1838 ny skyld 2 dl.

18 sk. 1886: Gamal skyld 1 dl. 1 ort 15 sk. Ny skyld 2,02 skm.

1863, etter at bnr. 7 var frådelt, var det på dette bruket 5 1/4 mål åker. 3 mål var god åker, 1/2 mål var ring åker. Resten var middels god. Engvidda var 28 3/4 mål. 7 3/4 mål var god eng, 6 mål middels god. Resten var ring. Sånad 3 1/4 t. havre, 3 t. poteter, avling 12 t. havre, 18 t. poteter, 776 v. høy, 84 v. halm. I slåttene hausta dei 100 v. høy. Fødnad 1 hest, 6 storfe, 2 ungfe, 32 småfe.

1865: Sånad 2 3/4 t. havre, 4 t. poteter. Fødnad 1 hest, 9 storfe, 16 sauer, 9 geiter, 1 gris.

1875: Sånad 4 t. havre, 5 t. poteter. Fødnad 9 kyr, 3 ungfe, 29 sauer, 1 gris.


1692 vart Nils Johannesson Fossmark 1670- 1738 g.m. Eli Larsdtr. Trengereid 1647- 1726. Dei var leilendingar på dette bruket. Eli var truleg enkje då ho og Nils gifte seg. Namnet åt 1. mannen er uvisst. Desse borna er etter 1. ekteskap:

  1. Anders 1673-, sjømann.
  2. Kristi 1683-, g. 1709 m. Nils Nilsson Vaksdal. Sjå Vaksdal, brukarar før 1750.
  3. Ragnhild g. 1710 m. Olav Monsson Vaksdal.
  4. Magdeli 1688-, sjå Langhelle bnr. 6.

1722 fekk Nils skøyte og vart sjølveigar. Men det varde berre ei stutt tid. Han selde bruket før 1730 til Tomas Gjerde. Sjå eigarsoga ovanfor.

Nils g.2.g. 1728 m. Gonetta Pedersdtr. 1692- 1777. Kring 1730 flytte dei til Åsen i Hesjedal. Sjå Hesjedal, Dale sokn, brukarar før 1820.


1730 bygsla Nils Nilsson 1698- 1767, g.m. Madli Haldorsdtr. Hesjedal 1685- 1767. Dei hadde vore brukarfolk i Åsen, Hesjedal, sidan 1720. Dei bytte bruk med den førre brukaren her, Nils Johannesson. Sjå Hesjedal, Dale sokn, brukarar før 1820.

Born:

  1. Eli 1726-.
  2. Nils 1726-, brukar her.
  3. Haldor 1732-.
  4. Brita 1733-.


1752 bygsla Nils Nilsson 1726- 1797, g.1.g.m. Maria Johannesdtr. Dale 1730- 1754. Sjå Dale bnr. 6.

Barn:

  1. Nils 1754-, brukar her.

Nils Nilsson g.2.g. 1755 m. Kari 1719- 1801, dtr. åt Nils Knutsson Kvitingen og kona Anna Bessesdtr. Sjå Sedalen bnr. 3.

Born:

  1. Nils 1756-, d. før 1797.
  2. Maria 1758-, g.m. Olav Knutsson Boge, b. Blom. Sjå Haus s. 251.
  3. Mons 1764

Nils Nilsson var lagrettemann 1770. I skiftet etter Nils 1797 var bruttosummen i buet 96 rdl. 2 mark 8 sk. Nettosummen 67 rdl. 4 mark 10 sk. Nils Tomasson skulda buet 50 rdl.


1790 skøyte til Nils Nilsson frå Tomas Pedersson Børdalen og Nils Olsson Tøssland. Nils hadde vore brukar sidan 1779. Då fekk han bygselbrev hjå Nils Monsson Våge og Anders Olsson Tøssland. 1793, stutt tid etter at han hadde vorte sjølveigar, omkom han ved ei ulukke i fjellet.

Nils Nilsson 1734- 1793 var g.m. Ingeborg Ivarsdtr. Dale bnr. 8, 1756- 1836.

Born:

  1. Kari 1782 d. før 1797.
  2. Ingeborg f. og d. 1784.
  3. Ivar f. og d. 1785.
  4. Anna f. og d. 1786.
  5. Anna 1787-, g.m. Jon Nilsson. Sjå Sedalen bnr. 1.
  6. Kari 1790-.
  7. Magdeli 1793-, g.m. Anders Nilsson. Sjå Sedalen bnr. 9.

Ved skiftet etter Nils 1793 var dette bruket verdsett til 200 rdl. Bruttosummen i buet var vel 300 rdl. Nettosummen var vel 72 rdl. Bruket vart utlagt til dei to panthavarane, Jon Ivarsson Dale og Nils Nilsson Jamne. Dei gav skøyte same år til neste brukar.


1793 skøyte til Nils Tomasson Reigstad 1774- 1865. Nils var g.m. enkja etter den førre brukaren, Ingeborg Ivarsdtr. 1756- 1865. Sjå Samnanger I s. 338.

Born:

  1. Nils 1795-, brukar her.
  2. Brita 1798-, g.m. Mikkel K. Indre-Boge, sjå Indre-Boge bnr. 1.
  3. Sjur 1808-, sjå Skreiæ, leigebuarar.
  4. Ingebrigt 1812-.


1815 skøyte til Nils Nilsson 1795- 1883 for 200 rdl. og kår til foreldra. Nils var g. 1820 m. Kari Nilsdtr. 1802- 1890. Ho var frå Sedalen bnr. 1.

Born:

  1. Ingeborg 1821-, g.m. Johannes Johannesson. Sjå Skreiæ bnr. 1.
  2. Synneva 1822g.m. Nils K. Vaksdal, sjå Vaksdal bnr. 21.
  3. Johannes 1822- 1843, ug.
  4. Brita 1824-, g.m.Nils T. Sæterdal. Sjå Sedalen bnr.3.
  5. Kari 1825-.
  6. Synneva f. og d. 1828.
  7. Nils d.e. 1829-, brukar på Dale bnr. 14. Sjå Dale bnr. 14.
  8. Nils d.y. 1832-, brukar her.
  9. Johannes 1834-, b. Fossmark bnr. 3. Sjå Fossmark bnr. 3.
  10. Tomas 1836-, sjå bnr. 7 nfr.
  11. Ole 1838- 1860, ug. d. ved ulukke.
  12. Anna f. og d. 1840.
  13. Anna 1841- 1852.
  14. Ingeborg 1844- 1845.
  15. Ingeborg 1846-, b. Dale, g.m. Thomas Thomasson. Sjå ættesoge for Dale.


1856 skøyte til Nils Nilsson d.y. for 150 spd. og kår til foreldra. Nils f. 1832 vart g. 1853 m. Brita Nilsdtr. Dale bnr. 14 f. 1833. Sjå Dale bnr. 14.

Born:

  1. Anna 1855-, g.m. Johannes 0. Sæterdal, sjå Sedalen bnr. 7.
  2. Nils 1857-, brukar på Skulstad, g.m. Kari Olsdtr. Dale bnr. 6. Sjå Dale bnr. 6 og Haus s. 243.
  3. Kari 1859-, g.m. Tomas J. Jamne bnr. 12.
  4. Nils 1865-, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  5. Ole 1869- 1877.


1885 skøyte til Nils Nilsson 1857- 1929, gardbrukar og mylnearbeidar, g.m. Kari Olsdtr. Dale bnr. 6 f. 1862. Dei busette seg på Skulstad i Haus 1924. Sjå Dale bnr. 6.

Born:

  1. Berta 1883-, b. U.S.A., g.m. Alfred Johan Tomasson Vaksdal. Sjå Vaksdal bnr. 28.
  2. Agathe 1884-, kafestyrar, Espeland, ug.
  3. Nils Olai 1886-, sjå bnr. 2.
  4. Kari f. og d. 1888.
  5. Kari 1890-, g.m. Nils Johan J. Skulstad. Sjå Haus s. 295.
  6. Synneva Andrea 1892-, b. U.S.A., g.m. Palmer, son åt Sjur Vaksdal. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  7. Anna b. U.S.A., g.m. Ingvald, son åt Sjur Vaksdal. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.


1918 skøyte til Brønlund Iversen og Nils Wollan, Bergen. Dei dreiv med uttak av sand og grus på eigedomen.


1921 skøyte til H. O. Tønjum.


1948 skøyte til Bruvik herad frå Bjarne Tønjum f. 1896, Haakon Tønjum f. 1897 og Ingeborg Spangelo f. 1903.


BNR. 2

Refskre.

Skilt frå Skreiæ bnr. 1 1875. Gamal skyld 2 sk. 1886 ny skyld 0,02 skm. Gamalt matr. nr. 129, løpenr. 512 b.


1872 skøyte til Nils Larsson Hole.


1876 skøyte til Nils Nilsson Jamne for 25 spdl. Sjå bnr. 1.


1927 skøyte til Nils Olai Nilsson Jamne 1886- 1946, g.m. Johanna Nilsdtr. Helle bnr. 7 f. 1898. Sjå Helle bnr. 7. Dei var barnlause. Nils Olai dreiv Jamne bnr. 1 saman med faren frå om lag 1912 til 1917. Seinare arbeidde han i Vaksdal Mølle.


BNR. 3

Skilt frå bnr. 1, 7 og 12 1877. Gamal skyld 1 sk. Ny skyld 0,01 skm. 1975 vart bnr. 4, 198 og 199 samanføyd med bnr. 3.


1877 skøyte til Gerdt Meyer.


1915 skøyte til A/S Gerdt Meyer.


1919 skøyte til Den Norske Stat.


1956 skøyte til A/S Vaksdal Mølle. Sjå Vaksdal bnr. 1.


BNR. 4

Skilt frå bnr. 1 1881. Gamal skyld 1 sk. Ny skyld 1886 0,01 skm. Løpenr. 510 a a 1.

Bnr. 4 har hatt same eigar som bnr. 3. 1975 vart det samanføyd med bnr. 3. Sjå ofr. Bnr. 4 er no sletta av matrikkelen.


BNR. 5

Skilt frå bnr. 1 1888. Gamal skyld 1 sk. Ny skyld 0,01 skm. Løpenr. 510 a b.


1888 skøyte til Amund Larsson Haugen f. 1846. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.

1924 skøyte til Anna Kristine Vestrheim og Karen Brørvik. Sjå Brørvik.

1927 vart Anna Kristine Vestrheim eineeigar. Ho var g.m. Olav Vestrheim. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.

1955 skøyte på bnr. 5 og 22 til Anton Olsson Vestrheim f. 1906, postopnar, ug.

1976 skøyte til Helga og Bjørn Brørvik på bnr. 5 og 22. Huslydopplysningar: Sjå ættesoge for Dale.


BNR. 6

Skilt frå bnr. 1 1889. Gamal skyld 1 sk. Ny skyld 0,01 skm. Løpenr. 510 a c.


1889 skøyte til Haldor Olsson Sæterdal. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.

1894 skøyte til Sjur Olsson Olsnes 1866- 1945, mylnearbeidar og gardbrukar. Sjå Sedalen bnr. 3. 1902 vart det tinglyst kontrakt der Sjur Olsnes leiger ut til Vaksdal Forbruksforening kjellar m/uthus på denne eigedomen.

1908 skøyte til handelsmann Odd Meringen f. 1873 d. 1942. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.

1968 skøyte på bnr. 6 og 96 til Marta Ada Meringen f. 1915 d. 2001, dtr. åt Odd Meringen.


BNR. 7

Daglegnamn: Fossdalane.

Skilt frå bnr. 1 1862. Løpenr. 510 b. Gamal skyld 12 m. smør. Ny skyld 3 ort 14 sk. 1886: 0,98 skm.

1863 var her 2 1/2 mål middels god åker og 14 1/3 mål eng. 3 1/3 mål var god eng. 3 mål var middels god. 8 mål var ring eng.

Sånad: 1 1/2 t. havre, 1 1/2 t. poteter. Avling: 6 t. havre, 9 t. poteter, 414 v. høy, 42 v. halm. I slåttene hausta dei 60 v. høy. Fødnad: 3 kyr, 1 ungfe, 25 småfe.


1862 skøyte for 150 spd. til Tomas Nilsson Jamne frå broren Nils Nilsson. Skøytet galdt 1/3 av bnr. 1.

Tomas 1863 - 1875 var g.m. Marta Nilsdtr. Dale bnr. 14 f. 1839. Sjå Dale bnr. 14.

Born:

  1. Kari 1861-, g.m. Rasmus Eriksson Sæterdal. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  2. Anna 1866-.
  3. Ingebjørg 1870-.

Ved skiftet etter Tomas Nilsson 1875 vart bruket verdsett til 200 spd. og utlagt til dottera Kari.

Enkja Marta Nilsdtr. g.2.g.m. Olav Eriksson Sæterdal f. 1848. Dei busette seg seinare på Einstabøvoll i Valevåg, Sunnhordland. Sjå Sedalen bnr. 7.

Born:

  1. Tomas f. og d. 1876.
  2. Tora Elisabet f. 1880.


1875 skifteskøyte til Kari Tomasdtr. Jamne f. 1861, g. 1879 m. Rasmus Eriksson Sæterdal f. 1857. Rasmus var mylnearbeidar og steinarbeidar. Han kjøpte eit bruk i garden Einstabøvoll, Valevåg, Sunnhordland. Broren Olav, som var g.m. mor åt Kari, var gardsstyrar der, til dess Anders, eldste sonen åt Kari og Rasmus kunne overta bruket. Sjå Sedalen bnr. 7.

Born:

  1. Andreas 1879-, brukar på Einstabøvoll, Valevåg i Sunnhordland.
  2. Erika 1881 - 1902
  3. Mathilda 1881-.
  4. Tomas Olai 1884-, sjå Tomas Olai Rasmussen, ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  5. Emma Elida 1886- 1900.
  6. Konrad f. og d. 1889.
  7. Amanda Karoline 1890-.
  8. Rikard Konrad 1894-, sjå Rikard Konrad Rasmussen, ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  9. Ragna Kathinka 1905-, g.m. Malvin Stokke, sjå Stokke bnr. 12.
  10. Olav Malvin 1905 - 1909.

1883 skøyte til Johannes Johannesson Fossdal 1834 - 1922, g.m. Helga Olsdtr. Langhelle bnr. 1 1840 - 1918. Dei hadde drive plasset Fossdalen før dei kom hit, sjå Fossmark, Fossdalen.

Born:

  1. Ole 1864-, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  2. Johannes 1866 - 1934, anleggsarbeidar, b. Tysse i Samnanger, g.m. Karina Kvittingen.
  3. Martines 1870 - 1951, smed, b. Bergen, g.m. Erika Edvardsen frå Romsdalen.
  4. Mikkel 1873 - 1951, fabrikkarbeidar, b. Tysse i Samnanger, g.m. Jakobine Leidesund frå Sunnmøre.
  5. Sigrid 1874 - 1959, b. Bergen, g.m. skipstømrar Karl Olsson Strømsnes.
  6. Marta Maria 1876 - 1956, b. Tysse i Samnanger, g.m. snikkar Samuel Åbotnes.
  7. Ole 1878-, brukar her.
  8. Ingeborg 1882-, b. Meland, g.m. skipsbyggjar Edvard Refsgård.
  9. Johanna 1886 - 1973, b. Masfjorden, g.m. Arne Nordland.


1904 skøyte til Ole Johannesson Fossdal 1878 - 1954, gardbrukar og oppsynsmann på veganlegg, g.m. Kari Anna f. 1885-, dtr. åt gardbrukar Knut Skjellevik og kona Ragnhild f. Solheim, Tysnes.

Born:

  1. Hilma 1909 - 1915.
  2. Aslaug Oliva 1911, tekstilarbeidar, g.m. Gerhard Faugstad. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  3. Birgit Johanna 1913, oversjukepleiar, Oslo, g.m. Tore Einar Nilsen.
  4. Hilma Ragnhild 19**-, husmor, g.m. Oddmund Faugstad. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  5. Klara Rigmor 19**-, kasserar, b. Oslo, g.m. Martin Elvebråten.
  6. Johannes Martin 19**-.


1949 skøyte til Johannes Martin Olsson 19**-, mylnearbeidar og gardbrukar, g. 1966 m. Ågot f. 19**, dtr. åt gardbrukar Andreas Sæterstøl og kona Anna f. Vassnes, Hanevik, Askøy.


BNR. 8

Refskre. Skilt frå gnr. 18, bnr. 1, 1875, løpenr. 512 c, skyld 2 sk. 1886: 0,02 skm.


1876 skøyte til Kari Thomasdtr. Jamne for 25 spd. frå eigaren av Skreiæ bnr. 1, Nils Larsson. Kari var odelsjente på bnr. 7. Sjå ofr. 1880 vart det tinglyst vigselsattest for Kari og Rasmus Eriksson Sæterdal.

1883 skøyte til Johannes Johannesson Fossdal. Bnr. 7 og 8 har seinare hatt same eigarar.


BNR. 9

Skilt frå bnr. 7 1887. Gamal skyld 1 sk. Ny skyld 0,01 skm.


1887 skøyte til Ole Jakobsson Olsnes f. 1837. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.

1923 skøyte til Ole Andreas Olsson Olsnes f. 1873. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.

1941 skøyte til borna Alite Andrea f. 1908 og Alfred Trygve Olsnes f. 1915 d. 1981. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.


BNR. 10

Skilt frå bnr. 7 1880. Løpenr. 510 b a c. Skyld 2 sk. 1886: 0,02 skm.

På denne tomta har det vore landhandel, skomakarverkstad, bank og bakeri.


1880 skøyte for kr. 480 til handelsmann C. P. Bergstrøm.

1896 skøyte til Herman Bernhard Martin Jacobsen f. 1868. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.

1902 skøyte til Mally Jacobsen f. 1872.

1947 skøyte til Egil Herman Jacobsen og Sivert Andreas Olsson Faugstad. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.


BNR. 11

Skilt frå bnr. 1 1879. Løpenr. 510 c, gamal skyld 1 sk. Ny skyld 0,01 skm.


1879 skøyte til Johannes Jonsson Vatle f. 1850, son åt Jon Johannesson Fossmark og kona Kari Johannesdtr. f. Helle, g,m. Anna Arnesdtr. Ytre-Bruvik bnr. 9 f. 1852. Dei busette seg seinare på Tveita i Valevåg, Sunnhordland. Sjå Haus s. 147, 161 og Gjerstad s. 230.

1891 skøyte til Gerdt Meyer.

1916 skøyte til A/S Gerdt Meyer på dette m. fl. bnr.

1919 skøyte til Den Norske Stat.

1956 skøyte til A/S Vaksdal Mølle på dette m. fl. bnr. for kr. 9.087.854,27.


BNR. 12

Daglegnamn: Joansane.

Gamalt løpenr. 52 i Arna Skipreide. 1853 nytt løpenr. 511.

Gamal skyld 1/2 1. smør. 1838 ny skyld 2 dl. 18 sk. 1886 3,07 skm. 1956: 2,48 skm.

1863 var det på bruket 6 1/8 mål åker. 4 mål var god åker, 1 1/8 mål middels god, 1 mål var ring åker. Engvidda var 42 4/5 mål. 10 1/3 mål var god eng, 14 mål var middels god, resten var ring.

Sånad: 4 t. havre, 3 1/2 t. poteter, avling 18 t. havre, 20 t. poteter. 256 v. høy, 126 v. halm. I slåttene hausta dei 75 v. høy. Fødnad: 8 kyr, 2 ungfe, 30 småfe. Til dette bruket høyrde plasset Nethovden. Bygselsummen på plasset var 30 spd. Den årlege avgifta var 1/2 spd. 2 dagsverk. På plasset avla dei 2 t. havre, 4 t. poteter og fødde 2 kyr. Der var 1 1/4 mål middels god åker og 11 mål middels god bø.

Eit anna plass, Jamnebrekka, høyrde også til dette bruket. Bygselsummen var 10 spd. Den årlege avgifta var 1 ort 1 dagsverk. På dette plasset avla dei 2 t. havre, 4 t. poteter og fødde 2 kyr og 6 sauer. Her var 1 1/5 mål middels god åker og 4 2/5 mål middels god bø.

1875 fødde dei på bnr. 12 1 hest, 7 kyr, 2 ungfe, 26 småfe, 1 gris.

Sånad: 4 t. havre, 5 t. poteter.


Sjur Jakobsson Straume 1671- 1715 var den fyrste kjende brukaren. Han gifte seg 1696 m. Dortea Olsdtr. Jamne 1666 - 1746. Sjå Straume, dei elste brukarane....

Born:

  1. Kari 1699-, g.m. Mons M. Hekland, brukar på Vaksdal.
  2. Inga 1706-, g.m. Mons Johannesson, brukar her.
  3. Anna 1710-.


1722 skøyte til Johannes Monsson Hesjedal 1676 - 1746, g. 1716 m. enkja Dortea Olsdtr. Jamne. Sjå ofr. Johannes fekk bygselsetel på dette bruket same året dei gifte seg. Han var leiglending til 1722. Då vart han sjølveigar. Johannes og Dortea hadde ikkje born.


1738 skøyte til Mons Johannesson 1699 - 1774, g. 1733 m. Inga Sjursdtr. Jamne 1706 - 1783. Dei fekk skøyte på bruket hjå stykfaren hennar. Mons var frå Sedalen. Han bygsla eit bruk der 1733. Sjå Sedalen, brukarar før 1750.

Born:

  1. Anna 1733-.
  2. Åse f. og d. 1736.
  3. Åse 1737-, g.m. ekm. Mons Mikkelsson Vik, sjå Vik bnr. 5.
  4. Anna f. og d. 1741.
  5. Johannes 1744-, brukar her.


1762 skøyte til Johannes Monsson 1744 - 1811, g. 1766 m. Kari Bessesdtr. Skreiæ 1745 - 1818. Kjøpesummen for bruket var 50 rdl. og kår til seljaren og kona. Det vart halde skifte etter Johannes Monsson 1812. Bruttosummen i buet var vel 188 rdl. Nettoen var vel 158 rdl.

Born:

  1. Dortea 1767-, g.m. Nils E. Helle bnr. 2. Sjå Helle bnr. 2.
  2. Johannes 1769-, brukar her.
  3. Marta 1770-, g.m. 1801 m. Per Olsson Koppen. Sjå Haus s. 438.
  4. Mons 1773- 1779.
  5. Inga 1776-, g.m. Hallstein Johannesson Indre-Boge bnr. 6, b. Ytre-Bruvik bnr. 7.
  6. Kari 1778-, g. 1814 m. Jens Andersson Foksdal, sjå Gjerstad s. 176.
  7. Brita 1782-, g. 1811 m. Olav Helgesson Hekland.
  8. Mons 1784-1830, g. 1810 m. Maren Catrine Nilsdatter i Bergen. Soldat 1814 i stridane ved svenskegrensa.
  9. Anna 1785-, g.m. Lars Johannesson Ytre-Bruvik, sjå Ytre-Bruvik bnr. 8.


1789 skøyte til Johannes Johannesson 1769- 1852 for 80 rdl. 1793 gav han får til foreldra. Dei skulle ha 3 t. godt korn av det beste som vart avla på bruket, og for til 3 kyr og 6 sauer. Krøtera skulle røktast av brukaren sjølv eller tenarane hans, og ha like godt stell som dei andre krøtera på bruket.

Johannes g.1.g. 1794 m. Brita Eriksdtr. Helle bnr. 2, 1766- 1801. Sjå Helle bnr. 2.

Barn:

  1. Kari 1795-.
  2. Johannes g.2.g. 1802 m. Anna Eriksdtr. Helle, 1775- 1852. Sjå Helle bnr. 2.

    Born:

    1. Johannes 1803-, brukar her.
    2. Brita 1805-, g.m. Mikkel Pedersson Langhelle, sjå Langhelle bnr. 3.
    3. Erik 1807-, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
    4. Mons 1810-, sjå plasset Nethovdane, Jamne.
    5. Olav 1810-.
    6. Ingebrigt 1812-, g. 1858 m. Kari Johannesdtr. Hesjedal bnr. 4. Sjå Hesjedal, Dale sokn bnr. 4.
    7. Anders 1816- 1817.
    8. Kari 1818-, g.m. Nils Bessesson, sjå Skreiæ bnr. 2.


    1826 skøyte til Johannes Johannesson 1803- 1895 for 95 spd. og kår til foreldra. Kårytinga var 3 t. korn av det beste som vart avla på garden, 2 - 3 kyr og 6 sauer, fritt og varmt hus med ljos og det som trongst av brenneved. Kårfolka skulle få det tilsynet dei trong. Dei skulle dessutan ha rett til å bruka ein åker, kalla Kroken. Bruk av nokre slåtter er også nemnt i kårbrevet. Ei slåtte var på bøen. Ho vart kalla Løemyra. Ei anna slåtte vart kalla Stormyra. I utmarka skulle dei slå i slåtta Sveneset. Dei kunne også bruka ein skogteig som strekte seg frå sjøen opp til Furehammaren.

    Johannes 1803- 1895 var g. 1827 m. Magdeli Knutsdtr. Vaksdal bnr. 16, 1804- 1889.

    Born:

    1. Johannes 1828-, brukar her.
    2. Anna 1829-, g. 1858 m. Hans Ivarsson Dale, b. Garnes, sjå Arna s. 12.
    3. Knut 1830-, sjå plasset Jamnebrekka.
    4. Anders 1832-, b. Osterøy, sjå Gjerstad s. 283.
    5. Anna 1835-, g.m. Anders Tomasson Dale bnr. 11. Sjå Dale bnr. 11
    6. Erik 1836
    7. Magdeli f. og d. 1838.
    8. Nils 1838-.
    9. Johannes 1843-, g. 1876 m. enkja Kari Johannesdtr. Skreiæ, b. Jamne. Sjå festenr. 1 under bnr. 12.


    1860 skøyte til Johannes Johannesson f. 1828, for 200 spd. og kår til foreldra. Johannes var g. 1852 m. Brita Tomasdtr. Dale bnr. 11, 1835- 1902. Sjå Dale bnr. 11.

    Born:

    1. Tomas 1852-, brukar her.
    2. Malene 1855-, b. Dale, g.m. Hermund N. Hovland. Sjå ættesoge for Dale.
    3. Kristi 1857-, b. Dale, g.m. Anders Stanghelle. Sjå ættesoge for Dale.
    4. Anna 1860-, g.m. Jakob Olsson Stanghelle. Sjå ættesoge for Stanghelle.
    5. Johannes 1862-, smed, b. Dale. Sjå ættesoge for Dale.
    6. Mons 1865-, smed, b. Dale og Bergen.
    7. Brita 1869- 1947, ug. hushaldar her.
    8. Anders 1873-, b. Bergen.
    9. Marta 1877-, g.m. Ole O. Blomdal. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.


    1886 skøyte til Tomas Johannesson 1852- 1925, g.1 .g. 1879 m. Kari Nilsdtr. Jamne bnr. 1, 1859- 1886.

    Born:

    1. Johannes 1880-, brukar her.
    2. Nils 1883-1884

    Tomas g.2.g. 1887 m. Marta Olsdtr. Stavenes bnr. 1 1849- 1922. Dei var barnlause.


    1907 skøyte til Johannes Tomasson 1880- 1956, gardbrukar, g.m. Sigrid 1880- 1947, dtr. åt Haldis og Daniel Mjellelid Austerheim, Kyrkjebø i Sogn.

    Born:

    1. Kari 1904-, g.m. Olav Blomdal. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
    2. Haldis 1905- 1973, ug. tekstilarbeidar. Sjå bnr. 124.
    3. Marta 1907-, ug. tekstilarbeidar. Sjå bnr. 124.
    4. Tomas 1911-, brukar her.


    1950 skøyte til Tomas Johannesson 1911 - 1975, gardbrukar, g.m. Borghild 1912 d. 1991, dtr. åt Nils Lidal f. 1888, Balestrand, og kona Lovisa f. Grinde i Leikanger 1888 - 1949.

    Born:

    1. Johannes 19**-, ingeniør, b. Kongsberg, g.m. Frøydis Gunnarson frå Trondheim.
    2. Svanhild 19**-, b. Stjørdal, g.m. gardbrukar Magnar Valstadved.
    3. Nils 19**-, brukar her, sjå nfr.


    Nils Tomasson Jamne f. 19**, sjå ofr., gardbrukar , g.m. Helen Stangebye Jamne f. 19**, husstellærar, dotter åt gardbrukar Ole Narum Stangebye, Sigdal, og kona Jenny.

    Born:

    1. Thomas 19**-.
    2. Nils Henrik 19**-.


    Festenr. 1 under bnr. 12

    Daglegnamn: Bakken.


    1888 festebrev til Johannes Johannesson Jamne bnr. 12, f. 1843, og kona Kari Johannesdtr. på husegrunn på Bakken. Det var brorsonen Tomas Johannesson, brukar på bnr. 12, som gav festesetel til farbroren og kona. Husgrunnen låg på innmarka like ved hovudbygningen på bnr. 12. Her bygde Johannes eit lite hus med stove, gang og lem ovanpå. Her budde han til han døydde 1918.

    Johannes var g. 3 gonger, men hadde ikkje Born i nokon av ekteskapa. Fyrste kona. Kari Johannesdtr. Skreiæ 1825- 1896, var enkje då dei gifte seg 1876. Johannes g.2.g. 1898 m. Berta Ivarsdtr. Hodne frå Lindås, f. 1854. Johannes g.3.g. 1905 m. Olina Andersdtr. Skauge frå Lindås, 1852- 1920.


    Plasset Jamnebrekka

    Den fyrste kjende festesetelen på dette plasset vart tinglyst 1860. Men plasset var truleg teke opp før. I Herredsbeskrivelsen av 1863 er plasset Brekken oppført med ei bygselavgift på 10 spd. Årleg avgift 1 ort og 1 dagsverk. Her var 1 1/5 mål middels god åker, og 4 2/5 mål middels god bø. Kornavlinga vart sett til 2 t. og potetavlinga til 4 t. årleg. Fødnad 2 kyr, 6 sauer.

    1875 var fødnaden på plasset 2 kyr, 1 ungfe, 7 sauer. Sånad 1/2 t. havre, 2 t. poteter.


    Olav Sjursson Vaksdal 1760- 1837 var truleg den fyrste som budde på dette plasset. Olav var g.1 .g. 1780 m. Guri Persdtr. Langhelle bnr. 3 1739 - 1819. Dei budde til leige på Vaksdal då borna deira var fødde. Til Jamnebrekka kom dei truleg i 1790- åra.

    Born:

    1. Magdeli 1780-, sjå Haus s. 289.
    2. Anna 1782 -, g.m. Tomas Mikkelsson Indre-Boge. Sjå Sandvik bnr. 2.

    Olav g.2.g. 1825 m. enkja Anna Knutsdtr. f. 1773. Sjå Skreiæ bnr. 3. Dei hadde ikkje born.


    1860 festesetel til Knut Johannesson og kona Synneva Johannesdtr.

    Knut 1830- 1902 var frå bnr. 12. Han fekk festesetel hjå den eldste broren, Johannes, som då hadde overteke farsgarden. Kona Synneva f. 1833 var frå Indre-Bruvik bnr. 1. Dei budde til leige på Dale før dei kom hit.

    Born:

    1. Johannes 1865-.
    2. Knut 1860
    3. Jon 1862-.
    4. Olav 1864-.


    Plasset Nethovdane

    Den fyrste kjende festesetelen på dette plasset er frå 1834. I Herredsbeskrivelsen av 1863 har Nethovdane ei bygselavgift på 30 spd. Årleg avgift 1/2 spd. og 2 dagsverk. Her var 1 4/5 mål middels god åker og 11 mål middels god bø. Kornavlinga var 2 t. havre, potetavlinga 4 t. Fødnad 2 kyr.

    1875 var fødnaden 2 kyr og 7 sauer. Sånad 1/2 t. havre, 2 t. poteter.


    1834 festesetel til Mons Johannesson 1810- 1885 frå den eldre broren Johannes som hadde overteke farsgarden 1826. Sjå bnr. 12.

    Mons bygde flor, løe og eit lite stovehus innåt løebygningen. Løa står enno. Viktigaste attåtnæringa var jakt på småvilt. Det var mykje rype, orre, hare og rev på fjellet den tida Fangsten rodde dei i båt til Bergen og vende den der. Dei kjøpte hushaldsvarer med seg heimatt.

    Mons var g. 1832 m. Kari Knutsdtr. Vaksdal bnr. 16, 1813- 1886.

    Born:

    1. Anna 1832- 1862, ug.
    2. Anna 1834-, g.m. Mikkel Olsson. Sjå Herfindalen bnr. 4.
    3. Maria 1835-, b. Vaksdal, g.m. Nils Andersson Olsnes. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
    4. Johannes 1838-
    5. Knut 1840- 1872. Knut og Borgny Olsdtr. Herfindalen fekk ei dotter, Knutine f. 1866. Ho emigrerte til USA i 1882.
    6. Marta 1842 - g.m. ekm. Johannes Monsson, Herfindalen, sjå Herfindalen bnr. 5.
    7. Kari f. og d. 1845.
    8. Kari 1846-, g.m. Johannes Nilsson, Skreiæ bnr. 2.
    9. Erik 1849-, tekstilarbeidar, Dale, g.m. Agate Knutsdtr. Solberg. Sjå Sjå ættesoge for Dale. og Haus s. 259 og 390.
    10. Anders 1853-. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
    11. Brita 1857-, tekstilarbeidar, Dale. Sjå ættesoge for Dale.


    © Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

    Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy