Kaldestad

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Gards og ættesoge for Kaldestad.


Gnr. 72 Kaldestad

Tidlegare gnr. 71 i Evanger kommune.

Høgd over havet er 530 meter.


Innhaldsliste

EIGARAR.

1675 -1691 Apostelkyrkja 1/2 pd. smør
1686 - Peder Hanson Schreuder, sokneprest til Eidsfjord, Nordfjord prosti.
1691 -1702 Karen Jensdotter.


Bumerke

Fil:Bumerke Mons Kallestad.gif Mons Kallestad 1719, 1735 og 1736.
Fil:Bumerke Lars Kallestad.gif Lars Kallestad 1750.


BRUKARAR.

Bnr. 1.

Gl.matr.nr. 78, nytt 80. Skatteskyld 1 pd. smør, landskyld 12 mk. smør. 1838: L.nr. 163. Gl. skyld 12 mk. smør, ny 4 ort 1 skill. 1841: Skatteskyld 1/2 mk. smør. Landskyld 5 1/4 mk., ny 3 ort 14 skill. 1886: L.nr. 163a, skyld 1 skylddaler 10 skill., omrekna til mk. 1.00. 1977: Mk. 0.02.


1625-28 er Bjarne oppførd som brukar, også nemnd husmann. 1626 er Knut brukar saman med Bjarne.

1629-34 er Jon brukar. Han kunne ikkje betala garnisonsskatt siste året, «jorden var delvis øde».


1640-41 fører skattemanntalet Berge opp som brukar. Han betalar skatt etter ytterste evne med 1/2 ort.


1642 er Odd Knutson brukar, skattar i 1643 1 1/2 ort. I 1645 kopskatt for seg og kona med 16 skill. Odd er nemnd som brukar fram til 1656.


1657 er Ole Andersson brukar. Han var gift omkr. 1646.

Born:

  1. Nils, f. 1647. Er utanlands i 1715, og «det vides ej enten han er levende eller død».
  2. Ole, f. 1649, g. 1679 Magdeli Olsdotter, b. Skjerveggen. Evangerboka b. II.
  3. Anna, f. 1650. Er enkja i 1715.
  4. Mikkel, f. 1652. Neste brukar.
  5. Ziri, f. 1655, g. Knut Kielland.

1657 betalar han krøterskatt for 1 hest, 1 okse, 6 kyr, 1 kvige, 7 geiter og 8 sauer.


1687 er Mikkel Olson brukar. Han var f. 1652, og er d. før 1715.

Born:

  1. Anders, f. 1687, tenar på Rekve, Voss, 1711.
  2. Lars, f. 1691, sjå husfolk.
  3. Joen, f. 1694, sjå husfolk.

1695 betalar Mikkel Olson: Leiglendingsskatt, proviantskatt, kjolepengar, fredtoll, odelsskatt og rasteneste 1 mrk. 10 skill. 1711 er Mikkel Olson husmann på Skjerveggen.


1701 er Johannes Monsson brukar etter folketeljinga. Han var f. 1672, d. 1747, g. 1699 Marta Helgesdotter, f. 1674, d. 1767.

Born:

  1. Mons, f. 1700, g. 1727 Abelone Jakobsdtr, f. , husmann Hosås. Evangerboka b. II.
  2. Jon, f. 1703, g. 1735 enkja Gjertrud Larsdotter, b. Svanga 1742. Jon d. på Kaldestad 1769.
  3. Nils, f. 1706, g. 1735 Gjøa Jakobsdtr. Berge, Voss, f. 1697, b. Hyljarås. Evangerboka b. II.
  4. Ane, f. 1707.
  5. Anna, f. 1711, g. 1753 em. Johannes Larsson Berge, b. Berge, Voss, d. 1778, 80 år gamal. Sjå Berge, Vossaboki , s. 68.
  6. Ole, f. 1713, d. 1732.
  7. Anna, f. 1715.
  8. Magli, f. 1717.

Johannes Monsson er på Hyljarås i 1717.


1716-34 fører skattemanntalet Mons Larsson som brukar, 1772 som sjølveigar. Mons Larsson var f. 1662, d. 1738., g. omkr. 1684 Magdeli Monsdtr., f. 1660, d. 1738.

Born:

  1. Johannes, f. 1688.
  2. Lars, f. 1690. Neste brukar.
  3. Gjertrud, f. 1695, g. 1727 Ole Torgeirson Rørbakken, b. Rørbakken. Evangerboka b. II.
  4. Anne, f. 1696, g. 1736 Jon Askjelson Væle, f. , b. Væle. Evangerboka b. II.
  5. Mons, f. 1697.

1701 er Mons Larsson leiglending på Hyljarås. Evangerboka b. II.


Matrikkelen 1723 seier om bruket:

No 77 Kallestad Apostels Gods Opsidderis Tal 1 Mons Proprietair og Bøxelraadig 12 mk Sm Opsidderen self Eyere HuusmandsPladser Ingen. Ingen Sætter ey heller brendeveed till eget fornødent brug. Quærn og Fischerie Ingen af deelene. Ligger 2 1/4 mil fra Sjøen, er og høy field Jord som forbemelt. Saar 1/4 td haufre aufler 1/2 td. føder 8 kiør 5 ung Nød 12 faar 1 hæst Har ingen anden næring eller brug uden af Gaarden auflinger ligger 8 1/4 mil fra byen Taxt efter gl Matricul 1 pd Sm Forhøyet 12 mk Sm.


1734 skøyter Mons Larsson bruket, 12 mk. smør til sonen Lars Monsson f. 1690, g. 1731 Anna Olsdtr. Mugås, f. 1700, d. 1754.

Born:

  1. Ragnhild, f. 1732, g. 1757 Baste Larsson Hatlestad, f. . Sjå husfolk.
  2. Maria, f. 1733, g. 1752 Torgeir Knutson Fosse, f. 1725, b. Sjå Lydvateigen, Vossaboki , s. 438.
  3. Nils, f. 1736. Neste brukar.
  4. Magdeli, f. 1739, g. 1779 em. Mattias Larsson Rognsgarden, Voss, f. .
  5. Mons, f. 1741, d. 1769.
  6. Torbjørg, f. 1742, g. 1779 Isak Knutson Geitle, f. 1740, b. St. Ringheim, Voss.
  7. Anna, f. 1745, g. 1782 Ola Helgeson Brekke, f. 1755, husmann Fosse.
  8. Anders, f. 1747, g. 1771 ek. Brita Nilsdtr. Li, f. 1713, b. Li nedre, tun 2 bnr. 1.


Lars Monsson gifter seg oppatt 1755 med Ranveig Knutsdtr. Fosse, f. 1713.

Born:

  1. ei gjenta, df. 1756.

Lars Monsson døydde 1755, buet etter han var verds. 127 rdl. Ranveig gifter seg oppatt 1760 med Knut Knutson Rødland, f. 1838, og vert husmannsfolk på Asphaugen i Rasdal.

g. Anna får 1775 eit barn, Anna, med sergeant Casper Rømme Horsenius.
e. Mons er 1770 far til eit barn, Mons. Mora sitt namn er ikkje nemnt.


1756 får Nils Larsson skøyte frå syskena på deira partar av bruket for 19 rdl.

Nils Larsson, f. 1736, g. 1759 Jorun Olsdtr. Tesdal, Voss.

Born:

  1. Anna, f. 1760.
  2. Kari, f. 1763.

1764 makeskifter Nils Larsson med Henrik Ellingson (frå Skutle i Voss) mot å få att 1/4 part i Mellingen i Masfjorden av 1 laup 1/4 td. malt, verds. 230 rdl. og gjev 30 rdl. i mellomlag.

I 1769 bur Nils Larsson og kona Jorun i Breisteinsli i Nordhordland.

1769 skøyter Knut Ellingson Skutle «efter given fullmakt fra min broder Henrik Ellingsen der forben har beboet gaarden Kaldestad men nu er fløttet til Søndmøer at boe», bruket til Mons Nilsson Nesthus, Voss, (f. 1728). Mons var gift 1751 med Anna Nilsdtr. Midttun.

På skifte etter Anna Nilsdtr. i 1771 vart bruket verds. til 200 rdl., og i 1778 skøyter Mons Nilsson til dotteri Ranveig Monsdtr.

Ranveig var f. 1754. d. 1810, g. 1779 med Sjur Henrikson Hæve, Voss, f. 1751.

Born:

  1. Amund, f 1780. Sjå husfolk.
  2. Mons, f. 1782, g. 1811 Brita Andersdtr. Solberg, f. 1790.
  3. Henrik, f. 1784, d. 1817.
  4. Marita, f. 1786, g. 1813 Elling Monsson Småbrekke, f. 1792.
  5. Anna, f. 1791, d. 1792.
  6. Henrik, f. 1793, d. 1810.
  7. Anna, f. 1795, d. 1810.


På skifte etter Ranveig i 1810 vart bruket utlagt til enkjemannen, sonesønene Sjur og Peder Amundssøner, sonen Mons og dotten Marita. Sjur Henrikson giftar seg oppatt 1811 med Anna Andersdtr. Flage, Voss, f. 1763, d. 1838. Sjur omkom på fjellet vetteren 1816.

Etter jordavgiftsboka 1802 var fødnaden 15 krøter og 12 sauer. Saade 2 td. og avla 8 td. korn "some aar mislykkes". Bruket verds. 133 rdl. 32 skill.


1809 delte Sjur Henrikson bruket mellom sonesonen Sjur Amundson og sonen Mons, sjå bnr. 3. Sjur Henrikson og kona Anna får 1811 kår på bruket.

1816 omkom Sjur Amundson på fjellet, og hans part vart utlagt broren Peder Amundson for 2 spd.


1817 skøyter Mons Sjurson m.fl. 4 4/5 mk. smør til Sjur Henrikson for 6 spd. Sjur omkom på fjellet vetteren 1816, og på skifte etter han i 1818, vart bruket utlagt for takst 48 spd. til enkja Anna Andersdotter, Peder Amundson, Mons Sjurson og Marita Sjursdtr.

1819 overdrog Anna Andersdtr. m.fl. bruket til Peder Amundson for 38 spd.

Peder Amundson, f. 1806, g. 1825 Barbrå Andersdtr. Øvre Skjerven, f. 1793, d. 1854.

Born:

  1. Amund, f. 1825, d. 1876.
  2. Anders, f. 1829. Reiste 1857 til Haus, og 1877 til Amerika.
  3. Sjur, f. 1832, d. 1833.
  4. Sjur, f. 1835, d. før 1877.

Peder Amundson gifter seg oppatt 1855 med Marta Nilsdtr. Brekkhus, f. 1816, d. . Peder d. 1896.


1841 skøyter Peder Amundson bruket til Jakob Knutson Bolstad for 200 spd. 1846 får seljaren og Barbro kår.

Jakob Knutson, f 1807, d. 1863, g. 1837 med Ingeborg Karlsdtr. Rasdal, f. 1806, d. 1903

Born:

  1. Knut, f. 1838. Neste brukar.
  2. Ola, f. 1840, g. Johanna Hjellestad, Bjelkarøy, f. Ikkje born.
  3. Kari, f. 1842, d. på Kaldestad 1926, ug.
  4. Ingeborg, f. 1843, d. 1844.
  5. Nils, f. 1845, g. 1876 Anna Arnesdtr. Hatlestad, f. 1853. Sjå husmenn.
  6. Karl, f. 1847, g. 1880 Marta Andersdtr. Lavik, f. 1861, b. Kaldestad og Rasdal. Karl var flyttmann over Bolstadelva før det kom bru.
  7. Johannes, f. 1849, g. i Os 1879 Berta Johannesdtr. Gjerde, Samnanger f. 1856, inderst i Kvitingen i Samnanger. Johannes hadde vore farmar i Amerika, flytta til Os i 1879 og døydde på Kaldestad 1929.


I 1841 kravde Henrik Monsson og Jakob Knutson skyldskifte og deling då dei hadde kjøpt kvar sin part av garden, samstundes skulle også fjellstølen Bukketødna skyldsetjast.

Jordbruksbeskrivelsen 1863 seier om bruket at det er 1 3/4 mål åker, 13 1/2 mål god, 6 mål middels og 8 mål dårleg naturleg eng. Det var ikkje jord skikka til oppdyrking. Av utslåtter og fjellslåtter 238 våger høy. Sådde 1 td. korn og 1 td. poteter, avla 4 td. korn og 4 td. poteter, 751 våger høy. Fødnaden var 8 kyr, 1 ungfe, 16 sauer og 1 hest. God og tilstrekkeleg hamn, skog til brendsel men ikkje til sal, ikkje forsurrogater. 2 mil vanskeleg kløvjeveg til sjøen, 6 mil frå Bergen. Garden var vanleg godt dyrka, kornet fraus ofte og vart sjeldan moge. Framlegg til ny skyld 4 ort 6 skill.


I 1875 var fødnaden 1 hest, 8 kyr, 4 ungfe og 20 sauer. Kari Jakobsdtr. fødde 3 sauer. Sånad 1 1/2 td. blandkorn og 2 1/2 td. poteter. Kårmann Peder Amundson og kona Marta fødde 2 kyr og 6 sauer, og sette 1 td. poteter.


1867 er det halde skyldskifte og tinglyst makeskifteskøyte der Ingeborg Karlsdtr. overdreg til Brigt Thorsson Vik m.fl., l.nr. 164a, den del av bruket som låg på vestsida av Kaldestad- eller Bergsdalselva, mot å få att av Brigt Vik m.fl. sitt bruk den del som låg austanfor elva med undantak av ei mjølkebu, som skulde verta flytt frå eigedomen innan 10 år. Den del Ingeborg overdrog vart verds. til 100 spd., og den del Brigt Vik m.fl. avsto vart sett til 200 spd. og dei får pant for 100 spd. Ved skyldsetjinga vart Ingeborgs del i Kaldestad sett til 5/7 partar, og Brigt Vik m. fl. sin del til 2/7 partar.


1894 får Knut Jakobson skøyte for kr. 1.800 og kår. Knut Jakobson, f. 1838, d. 1912, g. 1881 Elisabet Pedersdtr. Småbrekke, f. 1852, d. 1915.

Born:

  1. Ingeborg Marie, f. 1882, d. ug. 1948.
  2. Ingeborg, f. 1883, g. 1909 vegarbeidar Geirmund Geirmundson Botnen, Kvam, f. 1875.
  3. Jakob, f. 1885, d. ug. 1930.
  4. Peder, f. 1886, bonde Kaldestad, d. ug. 1966.
  5. Olav, f. 1888, bonde Kaldestad, d. ug. 1963.
  6. Karolina, f. 1890, bonde Kaldestad, d. ug. 1975.

1973. Skøyte frå Karolina Kaldestad til Knut Helgeland for kr. 35.000 og bruksrett for levetida.


Bnr. 2. Bukketødna.

L.nr. 163b + 164b. Gl. skyld 1 1/2 mk. smør, ny 12 skill. 1886: Mk. 0.35.

Utsk. frå bnr. 1 i 1841. Bruket vart sett til 1/8 del av heile garden.

1837. Skøyte frå Sjur Nilsson og Peder Amundson Kaldestad til Anders Sjurson Øvre Skjerven for 135 spd. Det skulde ikkje beitast meir enn 13 storfe og 30 sauer.

Sjå vidare Øvre Skjerven, gnr. 53. Evangerboka b. II.


Bnr. 3.

1838: L.nr. 164. Skyld 12 mk. smør, ny 4 ort 1 skill. 1841: Gl. skatteskyld 10 1/2 mk. smør, landskyld 5 1/4 .mk., ny 3 ort 14 skill. 1886: L.nr. 164a, skyld 2 ort 4 skill., omrekna til mk. 1.00. 1977: Mk. 0.94.


1809. Skøyte frå Sjur Henrikson til sonen Mons på 6 mk. smør og part i husa for 200 rdl. 1811 får foreldra kår på bruket Mons Sjurson f. 1782, omkom i Kaldå i 1835, g. 1811 Brita Andersdtr. Solberg f. 1790, d. .

Born:

  1. Sjur, f. 1812. Døvstum, utv. til Amerika saman med broren Magne.
  2. Ranveig, f. 1813, g. 1838 Arne Davidson Hatlestad, f. 1809, sjå Hatlestad bnr.1.
  3. Anders, f. 1815, d. 1822.
  4. Henrik, f. 1801. Utv. til Amerika 1845 med sonen Mons f. 1842.
  5. Magne, f. 1820, brukar her.
  6. Oddmund, f. 1822. Utv. til Amerika 1844.
  7. Maria, f. 1824, g. 1847 Lars Nikolaison Vangen, 22 år gl., son til Nikolai Jæger. Dei dreiv kolonialforretning på Vossevangen, men reiste på sine eldre dagar til borna sine i Amerika.


1836 er det halde offentleg auksjon i buet etter Mons Sjurson der buet sin part blir seld til Torstein Larsson for 150 spd. og kår til Anna Andersdtr. Enkja Brita Andersdtr. skulde styra eigedomen til hennar "nuværende yngste barn er 15 aar gammel omendskjøndt hun indlader sig i nytt ægteskab hvorhos tillige hendes søn Sjur Monsen naar han ikke lenger kan fortjene sit brød skal have fornøden husrum paa den solgte gaardepart".

Brita Andersdtr. gifter seg oppatt 1840 med Torstein Larsson Seim. Brita d. 1864.


1837. Skøyte frå Torstein Seim til Sjur Nilsson Brekke for 221 spd. Sjur Nilsson, f. 1810, g. 1836 Elisabet Andersdtr. Brekke, f. 1811.

Born:

  1. Nils, f. 1837.
  2. Anders, f. 1839.
  3. Kari, f. 1841.

Sjur, kona og dei to yngste borna utv. til Amerika 1845.


1841. Skøyte frå Sjur Nilsson Brekke til Henrik Monsson Kaldestad for 222 spd.

Henrik var f. 1817, g. 1841 Anna Larsdtr. Sætre, Voss, f. 1801.

Born:

  1. Mons, f. 1842.

Henrik og huslyden utv. til Amerika i l845, farmar. Anna, d. 1859, og Henrik gifte seg oppatt 1861 med Marie Andersdtr. Lie, f. på Opeland, Voss, 1844.

Born:

  1. Albert, f. 1865, fotograf i Slater, Iowa.
  2. Lizzie Reitz, f. 1866, b. i Chicago.
  3. Marie B. Munson, f. , ass. direktør i Farmers State Bank, Newark, Ill.

Sonen Mons overtok farmen, men døydde i 40 års alderen ugift. Henrik og huslyden tok Munson til etternamn.


1852 vart det halde offentleg auksjon over Magne Monssons bruk "der forben har været eiet af Henrik Monssen". Ole Sjurson Østesjø fekk på vegne av Magne Monsson Kaldestad tilslaget for 150 spd. Magne Monsson f. 1820, g. 1844 med enkja Ingebjørg Pedersdtr. Rasdal f. 1822.

Born:

  1. Torbjørg, f. 1845.
  2. Brita, f. 1847.
  3. Brita, f. 1848.
  4. Anders, f. 1849.
  5. Mons, f. 1851.
  6. Peder, f. 1852.
  7. Gudve, f. 1855.


1857 skøyter Magne Monsson bruket til Sjur Trondson Nedre Vik, Jakob Hansson Øvre Vik, Bjørne Olson Mo, Ole Sjurson Mo, Lars Johannesson Øvre Vik, Arne Nilsson Øvre Vik, Jakob Larsson Øvre Vik, Brigt Thorson Nedre Vik, Ole Thorgerson Vik, Brigt Larsson Vik og Ole Janson Mo for 350 spd.

Magne Monsson og huslyden utv. til Amerika i 1857.

Etter Ingebjørg er død gifte Magne seg oppatt med Torbjørg Nilsdtr. f. på Hatlestad 1840. Sjå Rindafolket.


Matr. 1863 seier om bruket at det er likt med 1.nr. 163a.

I åra framover er partar av bruket med i salet av eigarane sine bruk i Kvam, til dei i 1924 vert seld til Olav K. Kaldestad saman med beiteretter under Berge, gnr. 74 bnr. 1 og 2 for kr. 2.000

Heimelshavar til bnr. 1 og 3 er Karolina Kaldestad som einearving. 1972. Skøyte frå Karolina Kaldestad til Bergsdalen Jordbrukslag på dette bruk, bnr. 14 og gnr. 74 bnr. 3 for kr. 40.000.


Skog og fjellvidde:

Utanom arealet som er bortleigd til beitelaget, har eigedomen omlag 4.000 dekar skog og Fjellvidde. 250 dekar lauvskog og omlag 10 dekar granplanting. Fjellvidda vert delvis nytta av beitande sau som går i sams fjellbeite.


Bnr. 4. Vassrett.

Sk.m. 0.10. Utsk. frå bnr. 1 i 1899.

1899. Skøyte frå Knut Jakobson til brukseigar Konow for kr. 125. Bruket er slått saman med gnr. 80 bnr. 3.


Bnr. 5. Vassrett.

Sk.m. 0.06. Utsk. frå bnr. 2 i 1899.

1900. Skøyte frå oppsitjarane på Vik og Mo i Kvam til brukseigar Konow for kr. 125.

Bruket er slått saman med gnr. 80 bnr. 3.


Bnr. 4. Torsteinsluren.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr, 1 i 1966.

1967. Skøyte til Olav Prestegård, f. 1903, for kr. 750.


Bnr. 5. Luren.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1 i 1966.

1967. Skøyte til Ellen Berg, f. 1911, for kr. 700.


Bnr. 6. Flathaugen.

Skyld 1 øre. Utsk frå bnr. 1 i 1966.

1966. Eigarar er Olav, Peder og Karolina Kaldestad.


Bnr. 7. Kaldestad Kraftverksområde.

Utsk. frå bnr. 1 i 1967.

1969. Skøyte til Bergenhalvøens Kommunale Kraftselskap mot årleg avgift (erstatning) kr. 3.937,50.


Bnr. 8. Lynghaug.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1 i 1967.

1969. Skøyte til Olaus Aronsen, f. 1903, for kr. 1.000.


Bnr. 9. Vetlestølen.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1 i 1967.

Heimelshavar er Karolina Kaldestad.


Bnr. 10. Flathaugen.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1 i 1969.

1970. Skøyte til Knut Bjarne Holen, f. 19**, og Anne Grete Holen, 19** utan vederlag.


Bnr. 11. Granly.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1 i 1969.

1969. Skøyte til Johanne Kvalheim, f. 1907, for kr. 1.000,


Bnr. 12. Gigly.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1 i 1969.

1969. Skøyte til Marie Kindem, f. 1898, Aslaug Kindem, f. 19**, og Martha Olsnes, f. 1905, for kr. 800.


Bnr. 13. Dalaglytt.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1 i 1971.

1972. Skøyte til Oddmund Svahn, f. 1912, utan vederlag.

Bnr. 14. Kaldestad 2.

Skyld 85 øre. Utsk. frå bnr. 1 i 1971.

1972. Skøyte til Bergsdalens Jordbrukslag på dette bruk, bnr. 3 og gnr. 72 bnr. 3 for kr. 40.000.

Bergsdalen Jordbrukslag. Bruket er kjøpt av Karolina Kaldestad i mars 1971. Eigedomen skulle nyttast til samyrketiltak for jordbrukarane i Bergsdalen. Seljaren held att stovehuset med ei kring-liggjande tomt.

Kaldestad Beitelag. Då eiged. vart kjøpt, skipa interesserte brukarar Kaldestad Beitelag i 1972. Laget var ope for alle mjølkeprodusentane i dalen. Laget fekk 9 medlemmer. Beitelaget leigde no innmarka, nord for elva og omlag 450 dekar utmark på sørsida. Det vart planlagd fellesbeite for 80 mjølkekyr. Arbeidet er kome så langt at det er støypt betongbru over elva og bygd 1050 meter bilveg. Areal under oppdyrking: 123 dekar fulldyrka. Skal planleggjast: 57 dekar fulldyrka.

Skal planleggjast: 80 dekar overflated. Samla kulturbeite: 260 dekar.


HUSMENN OG HUSFOLK

Lars Mikkelson Kaldestad f. 1691, g. 1721 Brita KnutsBrita Knutsdtr. Djukastein f. , var husfolk på Kaldestad. 1711 var Lars tenar på Kolle.

Born:

  1. Maria, f. 1723.


Joen Mikkelson Kaldestad, f. 1694,g. 1717 Dordei Eiriksdtr. Brekke. f. 1686, er til hus på Kaldestad.

I 1711 var Jon tenar på Fosse. Joen er død før 1740. Dordei vart oppattgift 1740 med em. Johannes Gulleikson Tyssen, f. 1694, b. Tyssen. Johannes Herlaugson Kvasdalen f. 1732, d. som rådsmann på Kaldestad 1770, g. 1757 Brita Nilsdtr. Brakestad f. 1734.

Born:

  1. Herlaug, f. 1757, d. som barn.
  2. Anders, f. 1760.
  3. Herlaug, f. 1762.
  4. Brita, f. 1763.
  5. Knut, f. 1767, g. 36/3 1797 Guri Nilsdtr. Bolstad, f 1774, husf. Fosse.
  6. Magdeli, f. 1770, d. 1772.

Før Johannes kom til Kaldestad hadde han vore til hus på Brakestad 1757, på Fosse 1760, på Seim i Voss 1767.


Amund Sjurson Kaldestad, f. 1780, g. 1799 Brita Pedersdtr. Bolstad f. 1763. Båe kom burt i snøskred 1809, saman med Halvard Magneson Berge f. 1761.

Born:

  1. Ingeborg, f. 1799, d. 1810.
  2. Sjur, f. 1803. Omkom på fjellet til Hardanger vetteren 1816, saman med farfar sin Sjur Henrikson, f. 1751.
  3. Peder, f. 1806. Brukar på Kaldestad bnr. 1.


Nils Jakob Kaldestad, f. 1845, g. 1876 Anna Arnesdtr. Hatlestad, f. 1853, d. på Voss 1947. Nils var inderst og handelskar. 1894 kjøpte han bnr. 1 i Rørbakken og budde der fram mot 1920 åra. Han kom bort på fjellet hausten 1921 på kjesanking og vart attfunnen sumaren 1922.

Born:

  1. Mons, f. 1876. Budde på Øvsthus, Voss.
  2. Jakob, f. 1877, funnen som lik ved Taugevatn på Finse 1901.
  3. Arne, f. 1881, g. 1915 Martasdtr. Dagestad, Voss, f. 1883. Snikkar og medeigar i Haugemoen Trevarefabrikk, Voss.
  4. Ranveig, f. 1884, sjukesyster på Ullevål sjukehus og Rikshospitalet. Ei tid arbeidde ho på Lier asyl. Under første verdskrigen var ho sjukesyster på eit feltlasarett i Austerrike. Ho døydde ugift i Oslo 1968.


Offentlege forretningar o.l.

1806. Forretning med Hatlestad og Berge om skog og beite. Statsark. setelkatalog.

Skyldsetning? Statsark. setelkatalog.

1841. Skyldsetning Bukketødna.

1867. Delingsforretning mellom bnr. 1 og 3, skylda.

1867. Makeskifteforretning mellom bnr. 1 og bnr. 3.

1889. Kontrakt om vegen gjennom Bergsdalen.

1896. Kontrakt med Konow om vassrettar.

1897. Do. om veg gjennom Bergsdalen.

1975. Grensegangforretning mellom Voss og eigedomane i Bergsdalsområdet.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy