Kallestad

Frå Vaksdal Historielag

(Skilnad mellom versjonar)
Jump to: navigation, search
('''BRUK 1.''')
('''BRUK 3, NYTUN,''')
Line 349: Line 349:
:Maria f. 1910 g.m. fiskar Olav Skipparvik, Nordstrøno.
:Maria f. 1910 g.m. fiskar Olav Skipparvik, Nordstrøno.
:Olav f. 1912, fiskar, busett her.
:Olav f. 1912, fiskar, busett her.
-
:Knut f. 1914 fartøymann, busett Leknestangen, g.m. Gerda Rørtveit frå Gulen.
+
:Knut f. 1914 fartøymann, busett Leknestangen, g.m. Gerda Rørtveit frå Gulen.
 +
:Anna f. 1916.
:Håkon f. 1918, fall i krigen 1940.
:Håkon f. 1918, fall i krigen 1940.
:Henry f. 19** fartøymann, busett Leknestangen, g.m. Gudrun f. Nøttveit.
:Henry f. 19** fartøymann, busett Leknestangen, g.m. Gudrun f. Nøttveit.
Line 355: Line 356:
<center>
<center>
 +
==='''BRUK 4, SOLHEIM'''===
==='''BRUK 4, SOLHEIM'''===
</center>
</center>

Versjonen frå 17:44, 21 januar 2011

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band III


Gards og ættesoge for Kallestad.


GNR. 26 KALLESTAD


Innhaldsliste

INNLEIING

Ligg nordvest for Stamnes. Mellom Stamneshagen og Kallestad smalnar fjorden inn til eit sund. Gardsnamnet vart skrive Kallastadher 1303, Kallastadhir 1427, Kaldestad 1610 og Kallestad 1620, 1667 og 1723. Bygdemålsuttalen er kadlestå, og namnet har samanheng med ferdsla over sundet mellom fastlandet og Osterøy (sjå gardsnr. 36 Kallvik om namnet). Frå Kallestad er det no køyreveg langs sjøen til Gammersvik, vidare derfrå til Grøsvik og Toskedal. Dette vegarbeidet vart sett i gang kring 1914. Til grannegarden Kallvik er der gongeveg.

Kallestad grensar til Gammersvik, Toskedal og Kallvik. Grensa mot Gammersvik tek til i Toskhellerelva ved sjøen, fylgjer elva sørover til synste kanten av Sedbakken. Her byrjar grensa mot Toskedal. Ho går først mot sudaust til Krossdalselva, vidare mot sud til Flåhaugen, sidan sudvest til eit berg i Lammedalen, sudaustetter denne dalen til Grånovbotn. Her byrjar grensa mot Kallvik. Sjå vidare under Kallvik.

Endinga «staðir» i gardsnamnet syner at garden har vorte rudd om lag år 700 e. Kr. Det er ikkje noko som tyder på at garden har vore nedlagd etter Svartedauden. Ved byrjinga av 1600-talet var her 1 brukar. Kring midten av 1600-åra var her 2, og frå om lag 1690 får me ei varig deling i to jamstore bruk. Slik er tilhøvet enno, men det har vorte skilt frå nokre mindre partar i seinare tid. 1701 var her ein husmann, men elles har ein ikkje prov for at her har vore husmannsplass før 1849 då det var tinglyst ein bygselsetel på plasset «Støleneset». Det har seinare vorte kalla Sandalen. 1931 vart Sandalen skilt ut som sjølvstendig bruk. Eit anna småbruk, Nytun, vart skilt frå 1908. Småbruket Solheim vart skilt frå 1909. Elles er det utskilt ein del hustufter. Dei fleste ligg ned mot sjøen ved køyrevegen.

Det gamle gardstunet der hovudbruka enno har husa sine, ligg eit stykke lenger opp frå sjøen, i øvste kanten av innmarksområdet. Attanfor tunet tek utmarka til. Her er det svært mykje urd og stein nærast ned mot bøgarden. Om garden heiter det 1863 at han er «utsatt i høy grad for sten-og jordskred». Elles heiter det at garden er tungbrukt, og at han ligg «ved Søen og derfra 6 1/4 Mil til Bergen». Her har såvidt ein kjenner til ikkje vore offentleg utskifting.

Løa på bruk 2 brann kring 1946. I tunet stod der til ikring hundreårsskiftet ei bu som då vart flytt til Stamneshella og har vore hus for O. K. Dyvik's samlingar. Denne bua skriv seg truleg frå 1600-talet. Nedste høgda er av fint klavehogt tømmer. Oppå den er det seinare bygt på ei høgd av ringare flatøksa vyrke. I nedste høgda finst enno den gamle sengeinnreiinga med faste sengestader på langveggen. Måten dei er laga på er typisk for renessansetida. Her finn ein innskore årstaIet 1630, og det er truleg det året då bua vart bygt. Det seinare påbygde loftet er typisk for vestnorske buahus. Huset har sikkert vore staseleg for si tid og er kjent i bygda som Kallestadloftet.

1863 var her vel 9 mål åker, 7 mål var ring åker, resten middels god. Bøen var 31,5 mål. Av det var 13 mål god bø, 10 mål middels god, og resten var ring bø. Beitet har vore i minste laget etter fødnaden på garden. 1863 heiter det om hamnegangen at han er «beliggende ved gaarden av ringe beskaffenhet, og 1/5 for liten». I Toskedal forte! dei at Kallestad leigde eit stykke beitemark av dei på Vardafjellet, og i leige skulle Kallestadmennene svara ein rundsko for året. Landkommisjonen 1661 fann ingen lunnende som var verd å nemna anna enn vedskogen. 1863 hadde dei skog nok til ved, hustømmer og elles det del trong til husbruk og kunne dessutan selja ved for netto 6 spd. årleg på kvart bruk. Her veks ask, og ei mengd askestuvar i bakkane frå sjøen og oppover vart logga kvart år. Askelauvet vart halde for å vera sers godt. Det vert fortalt at det hende skyldfolk kom langvegs frå og logga. Elles finst det i utmarka ein del utslåtter. 1863 vart høymengda frå utslåttene rekna til 160 våger. Kvernstøet er i Kallvikelva. Kvernane er ikkje i bruk no lenger. I Sedalselva fekk brukaren i Simenes 1861-1880 leiga eit kvernstøde for 25 øre året. Kvernhuset vart seinare overteke av brukaren på bruk 2 her. Fisket i sjøen har hatt ikkje så lite å seia. Tidlegare kasta dei ein del småsild. Ei opplysing frå 1590 om at det høyrer makrelfiske til garden gjeld truleg ikkje Kallestad i Stamnes, men ein annan gard lenger vest. I nyare tid har del drive ein del med laksefiske.

Då Sandalen vart skilt ut som eige bruk, vart retten til landslut og laksefiske halde undan for hovudbruka. Det same atterhald gjeld fleire av hustuftene som grensar ned til sjøen.


SKYLD OG UTREIDSLER m.m.

Gamalt matr. nr. 17 i Hosanger skipreide, nytt 1838 18. 1853 matr. nr. 141 i Haus tinglag. 1886 gnr. 37 i Bruvik. Landsskylda var 1626: 36 merker smør, 1 mele malt. 1648: 48 merker smør, 1/2 mele korn. Matrikkelkommisjonen 1661 sette skylda til 60 merker smør. 1718: etter gamal matrikkel 48 merker smør og 1 mele bygg, korn, malt eller mjøl. Ny skyld 66 merker smør. Seinare på 1700-talet var skatteskylda 60 merker smør, og landskylda vart rekna etter den gamle taksten. 1838: 2 dalar 18 skilling. 1853: 1 dalar 4 ort 16 skilling (etter avtaksforretning 1849 på bruk 2). 1886: 2,96 skyldmark. Leidang 1590: I saueskinn. Fredtoll vart betalt kvart 8. år. 1666: Leidang, fredtoll, gjengjerd, vedpengar 1/2 riksdalar 4 skilling. Småtiend 6 skilling 2 hivd. Husdyrskatt 1657: 9 1/2 mark 8 skilling. Fødnad og avling 1657: 1 hest, 1 okse, 12 kyr, 1 kvige, 13 geiter, 14 sauer. 1665: 12 storfe, 1 hest. 1663: 13 kyr, 3 ungfe, 72 småfe. 1875: 1 okse, 12 kyr, 5 ungfe, 51 sauer, 4 geiter, 1 gris. 1665: Sår 3 tunner, avlar 7 1/2 tunne. 1863: Sår 6 1/2 tunne havre, 6 tunner poteter. Haustar 27 1/2 tunner havre, 28 tunner poteter. 182 våger halm. 1572 våger høy. I slåttene 170 våger høy. I tillegg til dette kom høyavlinga i Sandalen. Skav, lyng, tang og beit nok til 2 kufór. 1959 var innmarka 63,6 mål, og dei fødde 24 sauer, 1 gris, 15 høns. Folketal 1801: 13. 1875: 23.


EIGARAR

Kallestad var klostergods på 1400-talet. Munkeliv Klosters Jordebok 1427: «III Kallestadir i Straumkvarve.» Munkeliv Klosters Jordebok 1463: «Item Kolastader.» Munkeliv Klosters Jordebok 1480-90: «Af Karlastadom fem Mamatabol habeo uttenfore Stavnes.» (Dette star under Halsøen.) (Under Haus): «Kallestader III ind med Stavnes.»

Korleis garden kom i eiga åt klosteret fortel det eldste skriftlege vitnemål, eit diplom frå 1303. Omsett lyder brevet slik: «Alle Guds og sine vener, dei som ser eller høyrer dette brevet, sender Peter abbet i Jonskyrkja Bjørgvin Guds og si helsing. Me vil at de skal veta at skirtorsdag år 1303 etter vår Herres fødsel kom bror Peter i Munkeliv og Torkel Ogmundsson til oss. Torkel gjorde kjent for oss og brørne våre Erlend og Sigurd at han hadde selt 3 månadsmatars leige i Kallestad i Oster til Ronolf Abbet og brørne i Munkeliv for 12 kyrlag. Ragnhild, kona åt Torkel, hadde gjeve samtykke til handelen, avdi ho hadde ervt denne jorda etter barnet sitt. Sidan Torkel ikkje hadde segl sjølv bad han oss setja vårt segl under dette brevet til eit sant vitnemål. Desse vitna var til stades ved handelen: Håvard i Revskrida, far åt Ragnhild, Elling på Blom, Jon kvite, Alv på Havrå, Bertor klerk, Kolbein far hans og mange andre gode menn på før sagde åt og dag.»

Her lærer me å kjenna nokre av eigarane før garden vart klostergods. Ragnhild Håvardsdotter og Torkel Ogmundsson.

Ragnhild er dotter åt Håvard i Skreia. Sidan det står at ho ervde garden etter barnet litt, er det truleg at ho har vore gift før, og at eit barn som ho miste i dette ekteskapet har hatt eigedomsretten til Kallestad. Kva for ætt garden har høyrt til før Ragnhild vart eigar, kan me ikkje seia for visst, men truleg var Kallestad det me kallar bondeeige. På 1600-talet låg Kallestad under Haus prestebol.

Under rettssaka mot presten Nils Hierman 1706 vitna også dei to brukarane på Kallestad. Kvar av dei betala då 1 riksdalar 12 skilling i landsskyld for året. Attåt det laut dei ut med 20 skilling i arbeidspengar og dessutan hogga ved og føra til presten. Brukaren Knut som bygsla 1694 hadde hatt store vanskar før han fekk bygselsetelen sin. Det var vanleg at dei laut betala ein sum bygselpengar før dei fekk bygselbrevet, og Knut hadde bode presten 10 riksdalar, men presten kravde 16, og det laut Knut ut med før han fekk bygselbrevet. Noko anna vitnemål om at prestane har vore urimelege mot leiglendingane sine har me ikkje. Det ser tvert imot ut til at dei har hatt omsut, serleg for dei gamle brukarane. Alt frå 1735 er det teke med i bygselsetlane at det gamle brukarfolket skal vera sikra kår. 1852 fekk brukarane kongeskøyte, men garden skulle framleis svara jordavgift til prestebolet. Denne avgifta var sett til 1 tunne, 1 1/2 fjerdingkar bygg på kvart bruk.


BRUKARAR

1590-91: Ivar (Iffuer).


1603: Knut. Han betalar 1 dalar i landsskatt.


1611-1655: Sjur Olsson. Han var til å byrja med brukar åleine, men 1655 hadde han og kona Berete late halve garden frå seg til sonen Johannes f. 1611.


1655: Johannes Sjursson f. 1611 d. 1692. 1657 hadde han ein fødnad på 6 kyr, 1 kvige, 6 geiter og 6 sauer. På bruket åt foreldra hadde dei hest, 1 okse, 6 kyr, 7 geiter og 8 sauer.

Born:

Knut f. 1646. Brukar på bruk 2.
Sjur f. 1664. Brukar på bruk 1.
Olav Johannesson f. 1647 som var husmann her 1701, var og kan henda son åt denne brukaren.


BRUK 1.

1883: Løpe nr. 38. 1835: Løpe nr. 550. Gamal skyld: 1 pund smør, 1/2 mele malt. Skatteskyld: 1 pund 6 merker smør. 1838: 1 dalar 9 skilling. 1886: 1,98 mark. Fødnad 1863: 6 kyr, 1 ungfe, 32 småfe. 1875: 5 kyr, 4 ungfe, 26 småfe. 1863: 4 3/5 mål åker, 1 3/5 mål middels god, resten ring. 15 mål eng. 6 mål god, 5 mål middels god, resten ring. Sånad: 3 1/2 tunne havre, 3 tunner poteter. Avling: 14 tunner havre, 14 tunner poteter, 840 våger høy, 80 våger høy i slåttene, 98 våger halm. Skav, lyng, beit og tang til 1 kufór. Vanleg godt dyrka. Kan selja ved for netto 6 spdl. om året. 1959 var innmarka 19,8 må! og fødnaden 9 sauer og 1 svin.


Sjur Johannesson f. 1664 var brukar her frå noko før 1690.

Born:

Olav f. 1680. Brukar på Stamnes 1721.
Marta f. 1688 g.m. neste brukar.
Johannes f. og d. 1694.


1712 Johannes Nilsson f. 1689 d. 1771. Foreldra hans Nils Nilsson og kona Dordi Nilsdtr. f. Eide var husfolk her.

Johannes g. 1712 m. Marta Sjursdtr. f. 1688 d. 1768. Dei levde i hop i 56 år, og det var så påss uvanleg på den tid at presten fann grunn til å merka det av i kyrkjeboka då Johannes vart gravfest.

Born:

Brita f. 1713 g.m. neste brukar.
Johannes f. 1715, brukar på Mo, St.
Kari f. 1717 g.m. Olav E. Myster, sjå Myster bnr. 3.
Maria f. 1728.
To born, Knut og Olav, døydde små.


1743 vart Olav Jonsson Mo, St., f. 1721 d. 1794 g.m. Brita Johannesdtr. f. 1713 d. 1763. Dei overtok bruket etter far hennar.

To born døydde små, dei andre var:

Brita f. 1750 g.m. Haldor J. Veo, sjå Veo bnr. 3.
Johannes f. 1753, sjå husfolk.
Olav f. 1756 d. etter 1794.
Kari g.m. Lars Johannesson Skjold, Herdla.
Marta g.m. Jon Johannesson på plasset Stamnessund.

Olav g. 2. g. m. Helga Jonsdtr. Kvamme f. 1742 d. 1782.

Born:

Brita f. 1767 g.m. neste brukar.
Jon f. 1769 g. 1799 m. Marta Jonsdtr. Myster, sjå Myster bnr. 1-2.

Ved skiftet etter Helga var nettoen i buet 27 riksdalar 2 mark 14 skilling, og ved skiftet etter Olav var nettoen 31 riksdalar 2 mark 12 skilling.


1788 bygsla Lars Askjelsson Vik f. 1764 d. 1826. Han skulle svara den gamle brukaren kår på 2 tunner korn om året og foster for 1 ku og 3 sauer. Lars g. 1. g. m. Brita Olsdtr. f. 1767 d. 1794.

Ved skiftet etter henne var nettoeiga 63 riksdalar 12 skilling. Mellom eignelutene var eit sylvbelte med 14 store og 5 små stølar, sprotte og sylgje. Det var verdsett for 10 riksdalar.

Born:

Anna f. 1791 g. 1814 m. Kolbein Hallsteinsson Stamnesleiro, busett nedre Mjelde i Haus.
Helga f. 1794.

Lars g. 2. g. m. Guri Knutsdtr. Straume bnr. 6 f. 1758.

Born:

Askjel f. 1795.
Brita f. og d. 1796.
Brita f. 1797 g.m. Magne Eiriksson Eide, sjå bnr. 2.
Olav f. 1800, brukar her.
Ingeborg f. 1803.
Knut f. 1806 g. 1835 m. Brita Davidsdtr. Fylingslid. Husfolk her og i Fylingslid.


1819 bygsla Olav Larsson f. 1800 d. 1867. Dei gamle brukarfolka fekk kår.

Olav g.m. Inga Monsdotter Kalland f. 1800 d. 1867. 1852 fekk han kongeskøyte på bruket for 300 spd. og jordavgift. I skiftet etter Olav og Inga var nettoen 153 spd.

Born:

Lars f. og d. 1820.
Helga f. 1822 g.m. Haldor J. Fossmark, brukar på Vaksdal bnr. 1.
Lars f. 1824, brukar her.
Mons f. 1827, brukar i Grøsvik bnr. 1.
Brita f. 1831 d. 1832.
Askjel f. 1834 g.m. Ragnhild Jonsdtr. Grøsvik bnr. 1-2 f. 1834.
Nils f. 1836 g. 1861 m. Helga Olsdtr. Kallvik. Smed, busett Salhus. Deira son Anton lærar i Stamnes 1920.

1853 skøyte til Lars Olsson for 200 spdl. og kår. Lars f. 1824 d. 1910 var g.m. Helga Torbjørnsdtr. Straume bnr. 6 f. 1821 d. 1906.

Born:

Inga f. 1848 d. 1858.
Ole f. 1850, brukar her.
Ingeborg f. 1852, busett i U.S.A.
Helga f. 1856 g.m. Lars O. Gammersvik, sjå Gammersvik bnr. 1.
Inga f. 1859 g.m. Nils N. Grøsvik, busett i Vik, Stamnes bnr. 1.
Mons f. 1866 busett i U.S.A.


1880 skøyte til Ole Larsson for kr. 1000,- og kår verdsett til kr. 700, for fem år. Ole f. 1850 var g.m. Anna Knutsdtr. Hesjedal bnr. 3 f. 1850.

Born:

Lars f. 1876, brukar her.
Knut f. 1878, brukar på Kalland bnr. 3.
Helga f. 1881 g.m. Ingebrigt Stamneshagen, sjå Stamnesbnr. 56.
Ragnhild f. 1884 g.m. Ingebrigt Hesjedal bnr. 3.
Mons f. 1886 d. 1891.
Henrik Martin f. 1887. Sjå bnr. 3.
Magne f. 1890, bygningsmann, busett i Montana, U.S.A.
Mons f. 1892 d. 1909.


1908 skøyte til Lars Olsson f. 1876 for kr. 2000,- og kår. Lars g.m. Brita Knutsdtr. Simenes f. 1885 d. 1921.

Born:

Olav f. 1907, brukar her.
Knut f. 1908, sjå bnr. 9.
Anna f. 1910, hushjelp, busett her.
Evald Martin f. 1912, fartymann og fiskar, busett her.
Marie f. 1914 g.m. motormann Endre Bjørnevik, Ølensvåg.
Klara Magnhild f. 1916 d. 1924.
Arne f. 1918 d. 1923.
Konstanse f. 19**, hushjelp, Arnatveit i Haus.


1950 skøyte til Olav Larsson for kr. 2000,- og kår til faren. Olav f. 1907 g.m. Gjertrud Knutsdtr. Hesjedal bnr. 3, f. 1911.

Born:

Terje f. 19**


BRUK 2.

Gamalt løpenr. 39. Nytt 1853: 551. Gamal landsskyld 30 merker smør. 1838 1 dalar 9 skilling. Sett ned ved avtaksforretning 1849 til 4 ort, 7 sk. 1886 1,98 skyldmark. Fødnad 1863: 6 kyr, 2 ungfe, 40 sauer. 1875: 1 okse, 5 kyr, 1 ungfe, 20 sauer, 1 geit, 1 svin. 1863: 4,5 mål åker; 1/2 mål var middels god, resten ring. 16,5 mål eng; 7 mål god eng, 5 mål middels, resten ring. Sånad: 3 tunner havre, 3 tunner poteter. Avling: 12 tunner havre, 12 tunner poteter. 732 våger høy, 84 våger halm. I slåttene 90 våger høy. Skav, lyng, beit og tang til 1 kufór. Ved til sal for netto 10 spdl. om året. 1959 var innmarka 17,1 mål og fødnaden 8 sauer.


1694 bygsla Knut Johannesson f. 1646 d. 1738. Kona Siri Olsdtr. var f. 1675 d. 1741. 4 born døydde små.

Dei andre var:

Anna f. 1701 g.m. Eirik M. Herfindal. Sjå Herfindalen, brukarar før 1750.
Johannes f. 1706, brukar her.
Olav f. 1709, busett Kallekleiv, Gjerstad sokn.
Johannes f. 1710.
Ingeborg f. 1713.


1735 bygsla Johannes Knutsson f. 1706 d. 1762. Bygselkontrakta var gjeven «paa den maade at han sin Fader og Moder i deres Alderdom skulle se tilgode og hos sig deres Livstid beholde». Han var g.m. Synneva Nilsdtr. Kallvik f. 1713.

2 born døydde små.

Dei andre var:

Anna f. 1735, busett på Nordvik i Sotra.
Magne f. 1736, brukar her.
Maria f. 1740.
Olav f. 1749, busett på Kvamme bnr. 1.
Sigrid f. 1754 g.m. Johannes K. Mo, brukar på Mo, St.
Marta f. 1758.
Nils f. 1759.


1762 bygsla Magne Johannesson f. 1736 d. 1769. Han var g.m. Anna Johannesdtr. fødd i Stamnesleiro 1728, d. 1817.

Born:

Gjertrud f. 1764 g.m. Eirik M. Eide, sjå Eide bnr. 1.
Johannes f. 1769, bnr. her. Ved skiftet etter faren arva sonen 1 mark 8 2/3 sk. og dottera 12 1/2 sk.


1770 vart soldat Gulleik Magnesson Eide bnr. 1 f. 1743 d. 1811 g.m. enkja Anna Johannesdtr. Han var lagrettemann 1790. Ei dotter Marie f. 1774 døydde året etter.


1791 bygsla Johannes Magnesson f. 1769. Han gav kår til stykfaren og mora. Kona var Maria Magnesdtr. Eide bnr. 1 f. 1755 d. 1830. I skiftet etter henne var nettoeiga i buet 13 spd. 2 mark 8 skilling.

Born:

Magne f. 1797 d. 1803.
Olav f. og d. 1800.


1819 bygsla Magne Eiriksson Eide, systerson til den førre brukaren. Dei gamle brukarfolka fekk kår. Magne var spelemann. Magne f. på Eide bnr. 1 1787 d. 1881 var g.m. Brita Larsdtr. Kallestad bnr. 1 f. 1797 d. 1822.

I skiftet etter henne var nettoeiga 29 riksdalar 4 mark 13 sk.

Born:

Marie f. 1820 g.m. Eiliv Olsson Bukkstein bnr. 1, busett i Manger.
Eirik f. 1821 bygsla plasset Sandalen under denne garden.

Magne g. 2. g. m. Anna Nilsdtr. Kalland f. 1805 d. 1889.

1852 fekk han kongeskøyte på bruket for 250 spd. og jordavgift.

Born i 2. ekteskap:

Johannes f. og d. 1824.
Johannes f. 1825, brukar her.
Nils f. 1828, brukar i Grøsvik bnr. 1.
Brita f. 1830 d. 1834.
Gjertrud f. 1833 g. 1858 m. Olav Jakobsson Nøttveit.
Olav f. 1837 g.m. enkja Herborg Kallvik, busett der.
Magne f. 1840. Sjå Myster bnr. 5.
Mons f. 1844, brukar i Elvik bnr. 1.
Lars, busett i U.S.A.


1854 skøyte til Johannes Magnesson for 250 spd. og kår.

Johannes f. 1825 d. 1910 vart g. 1848 m. Brita Jonsdtr. Grøsvik bnr. 1 f. 1831 d. 1858. Dei budde fyrst ei tid i Grøsvik, men kom så hit. I skiftet etter Brita vart bruket utlagt til enkjemannen for 275 spd.

Born:

Anna f. 1849 g.m. Jakob E. Myster, sjå Myster bnr. 2.
Guri f. 1852 g.m. Knut K. Elvik, sjå Elvik bnr. 1.
Nils f. 1854, brukar her.
Brita f. 1856.

Johannes g. 2. g. 1859 m. Inga Jonsdtr. Grøsvik bnr. 1 f. 1839 d. 1885. Johannes var med i ei nemnd 1867 for nyskiping med soknedelinga.

Born i 2. ekteskap:

Magne f. 1862, farmar i U.S.A.
John f. 1864, busett på Stamnes bnr. 14.
Brita f. 1868 d. 1872.
Jakob f. 1871 d. 1872.
Jakob f. 1873. Sjå bnr. 4, Solheim.
Brita f. 1877 g.m. Johannes K. Simenes.
Guri f. 1880.


1891 skøyte til Nils Johannesson for kr. 1400,- og kår.

Nils f. 1854 d. 1907 var g.m. Marie Knutsdtr. Elvik f. 1853 d. 1891. Han dreiv fiske attåt gardsbruket og var notbas. Nils var med i fatigstyre og skuletilsyn og var skattekrevjar i krinsen.

Born:

Johannes f. 1877 d. 1878.
Brita f. 1878, busett i U.S.A.
Malene f. 1880 g.m. Nils Magnesson Myster, busett i U.S.A.
Johannes f. 1881, busett i U.S.A.
Knut f. 1883, busett i U.S.A.
Mons f. 1886, brukar her.
Inga f. 1888 d. 1905.
Magne f. 1891.

Nils g. 2. g. m. Marta Simonsdtr. Hesjedal St. f. 1855 på plasset Mikkjelshaugen.

Born:

Ingvald f. 1893, sjå bnr. 12.
Marie f. 1895 d. 1896.
Sigurd f. 1896 d. 1898.
Sigurd f. 1898, sjå Stamnes bnr. 63.


1906 skøyte til Mons Nilsson f. 1886 for kr. 1000,- og kår. Han dreiv mykje laksefiske og var elles mykje med i styre og stell i heradet. Han var med i heradstyre, formannskap, skulestyre, likningsnemnd, fatigstyre, forstandarskapet for Bruvik Sparebank. Han var roteforstandar, lagrettemann, skjønsmann og domsmann. Var med i fleire vegnemnder og nemnder som hadde med fiske å gjera.

Mons var g.m. Hanna Martea Larsdtr. Gammersvik f. 1884 d. 1943.

Born:

Nils f. 1907, sjå bnr. 7.
Helga f. 1908, sjå bnr. 6.
Marie f. 1911 g.m. vegarbeidar Bertin Stien, sjå Stamnesbnr. 62.
Ida f. 19** g.m. betongarbeidar Ola Olaisson Kalland, Sandeid, Ryfylke.
Lars f. 19**, brukar her.
Osvald f. 19**, brukar her.
Norvald f. 19**, sjå bnr. 8.


1948 skøyte til Lars Monsson og Osvald Monsson for kr. 2000,- og kår til faren. Dei driv båe med sandføring. Osvald er g.m. Ester Andersdtr. Bjørkheim f. 19**, sjå Kalland bnr. 4.

Born:

Tordis Hanna f. 19**.
Elin Kari f. 19**.
Åshild Rita f. 19**.


BRUK 3, NYTUN,

Skyld 12 øre, skilt frå bnr. 1 og 2 i 1908 og selt til Henrik Martin Olsson Kallestad for kr. 300,-. Han driv eit småbruk her, og er attåt fiskar og snikkar. Fødnaden var 1959 4 sauer. Henrik Martin er f. på bnr. 1 1887 og g.m. Ragnhild Knutsdtr. Simenes f. 1886.

Born:

Maria f. 1910 g.m. fiskar Olav Skipparvik, Nordstrøno.
Olav f. 1912, fiskar, busett her.
Knut f. 1914 fartøymann, busett Leknestangen, g.m. Gerda Rørtveit frå Gulen.
Anna f. 1916.
Håkon f. 1918, fall i krigen 1940.
Henry f. 19** fartøymann, busett Leknestangen, g.m. Gudrun f. Nøttveit.


BRUK 4, SOLHEIM

Skyld 6 øre, skilt frå bnr. 2 1909 og selt til Jakob Johannesson Kallestad bnr. 2 f. 1873. Han var i Amerika nokre år før han kom heimatt og kjøpte dette bruket. Forutan småbruket har han drive med fiske og sandarbeid. Jakob g. 1. g. m. Marie Johannesdtr. Aas, Stamneshagen, f. 1888 d. 1915. I skiftet etter henne var dette bruket med hus verdsett til kr. 6200,-.

Born:

Johannes f. 1911, busett Bakarvåg, Askøy.
Inga f. 1912 g.m. fartøymann Nils Toskhelder, busett her. Dei har ei dotter Edith g.m. Olav Kallvik, busett Kalland.
Julius f. 1914, vegarbeidar, busett Kalland.
Jenny Marie f. 19** g.m. gardbrukar Magnus Haukøy, Haukøy.

Jakob g. 2. g. m. Karine Marie Johannesdtr. Stamnes f. på bnr. 1 1892.

Born:

Magnus f. 19**.
Mikal f. 19**, vegarbeidar, Askøy.
Margrete f. 1921 d. 1922.
Julie f. 1921 d. 1922.
Jenny f. 19** g.m. tekstilarbeidar Adler Seim, Dale.
Bjarne f. 19**, tekstilarbeidar, Dale, g.m. Jorunn f. Nøttveit. Sjå ættesoge for Dale.
Osvald f. 19**, motormann, busett Kallestad, g.m. Liv N. Kallestad.
John f. tekstilarbeidar, Dale.


BRUK 5, SANDAL

Skilt frå bnr. 1 og 2 1931, skyld 40 øre. Dette bruket var frå fyrst av eit plass, og vart i den eldste kjende bygselsetelen kalla Støleneset. 1863 heiter det om plasset: Bygselsum 10 spd. Årleg avgift 8 dagsverk. Om lag 4/5 mål ring åker, 2 1/4 mål middels god bø, 4 mål ring bø. Fór til ei ku. Avling 1 1/2 tunne havre, 2 tunner poteter. 1875 fødde dei 2 kyr, 5 sauer, 3 geiter, og sådde 1 tunne havre og 2 tunner poteter. 1959 var innmarka 15 mål, fødnaden 3 sauer og 15 høns. Dei fyrste som bygsla her var Eirik Magnesson Kallestad bnr. 2 f. 1821 d. 1918 og kona Siri Jakobsdtr. f. 1824 i Toskehelleren under Gammersvik d. 1874. Dei var gifte 1849 og budde fyrst i Mellesdal. 1857 fekk dei festesetel på dette plasset.

Born:

Magne f. 1849, sjå nedanfor.
Jakob f. 1850 g.m. Anna Hansdtr. Trettenes, b. Stamnes bnr. 36.
Brita f. 1853 g.m. Nils J. Elvik bnr. 2.
Johannes f. 1855 g.m. Ingeborg Johnsdtr. Stamnes, busett Stamneshagen.
Ole f. 1858.
Knut f. 1862.
Anna f. 1867.


1894 festesetel til Magne Eiriksson f. 1849 d. 1918. Han var skomakar.

Magne var g.m. Guri Andersdtr. Stamnes f. på plasset Kulshamar 1857.

Born:

Anders f. 1878, sjå. Kalland bnr. 4.
Eirik f. 1879, busett på Straume bnr. 1.
Sofie f. 1881.
Brita f. 1884.
Anna f. 1885.
Ingeborg f. 1888 g.m. Johannes A. Toskedal, sjå Toskedal bnr. 2.
Maria f. 1890 g.m. Martin Johannesson Hop, sjå ættesoge for Dale.
Johannes f. 1894 d. ug. 1956. Marta Bessida f. 1896.
Mons f. 1898, sjå nedanfor.


1931 skøyte til Mons Magnesson Sandal for kr. 2350,-. Retten til landslut og laksefisket har hovudbruka etter skyldskifte i 1931.


BRUK 6, BJØRKE

Skyld 2 øre. Skilt frå bnr. 1 og 2 1938 og selt til Ole Kulshammer for kr. 125,-.

Ole f. på Stamnes bnr. 21 1902 er motorbåtførar, g.m. Helga Monsdtr. Kallestad bnr. 2 f. 1908. Dei har huseigedom her. Retten til landslut og laksefisket skal fylgja hovudbruka.

Born:

Else f. 19** g.m. skipsteknikar Ingolf Berg Johansen.
Reidar f. 19**, konstabel, Kristiansund N.
Sylvi f. 19**, kontordame, Espeland.


BRUK 7, FREDHEIM

Skyld 3 øre, skilt frå bnr. 2 1948 .

Selt til Nils Monsson Kallestad for kr. 100,-. Fiskerett og landslut fylgde ikkje med i salet.

Nils f. 1907 er skipper, g.m. Ingeborg Knutsdtr. Kulshammer f. 1904 d. 1936. Ho var frå Stamnes bnr. 21.

Ei dotter Liv f. 19** er g.m. Osvald Solheim, motormann, busett her.


BRUK 8, SJØTUN

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 2 1948 .

Selt til Norvald Monsson Kallestad for kr. 100,-. Fiskerett og landslut fylgde ikkje med i salet.

Norvald f. på bnr. 2 19** er motormann, g.m. Aslaug f. Leitet f. 19**. Ho er frå Sandeid i Ryfylke.


BRUK 9, HASSLE

Skyld 4 øre, skilt frå bnr. 1 1948 o.

Selt til Knut Larsson Kallestad for kr. 100,-. Fiskerett og landslut fylgde ikkje med i salet. Bruket er den teigen som dei før kalla Træet. Knut f. 1908 på bnr. 1 er motormann, g.m. Sigrid, dotter åt Olai og Karoline Skreien, Vaksdal.

Born:

Lillian f. 19** g.m. motormann Agnar Aas, sjå Stamnes bnr. 87.
Svein f. 19**.
Ottar f. 19**.


BRUK 10, SKOGLUND

Skyld 3 øre, skilt frå bnr. 1 1948 .

Selt til Konstanse Larsdtr. Kallestad for kr. 100. Fiskerett og landslut fylgde ikkje med i salet.

Etter skøytet 1950 fell bruket attende til hovudbruket utan vederlag om ikkje kjøparen eller livsarvingar tek eigedomen i bruk til bustadgrunn åt seg innan 25 år. Bruket er ein del av Træet.

Konstanse f. på bnr.1 19** er hushjelp.


BRUK 11, NERHEIM

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 1 1948 .

Selt til Evald Larsson Kallestad for kr. 100,-. Fiskerett og landslut fylgde ikkje med. Etter skøytet 1950 fell bruket attende til hovudbruket utan vederlag om ikkje kjøparen tek bruket til bustadgrunn åt seg innan 25 år.

Evald Martin f. på bnr. 1 1912 er fartøymann og fiskar.


BRUK 12, FRITUN

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 2 1948 .

Selt til Ingvald Nilsson Kallestad for kr. 300,-. Etter skøyte 1951 fylgjer fiskerett og landslut ikkje med i salet.

Ingvald f. på bnr. 2 1893 er fiskar, g.m. Olina Larsdtr. f. 1896 på Stamnes bnr. 11.

Born:

Margit f. 19** g.m. smed Karl Hegerland, Etne.
Lars f. 19**, motormann, busett i Lindås.
Nils f. 19**, fiskar, busett her.
Berny f. 19** g.m. kontormann Hans Våge, Måløy.
Ingrid f. 19**, hushjelp, busett her.
Magny Solfrid f. og d. 1938.


HUSFOLK

Nils Nilsson og kona Dordi Nilsdtr. frå Eide var husfolk på Kallestad ved slutten av 1600-talet. Båe døydde 1737. Han var då 96 år og kona 70 år. Son deira, Johannes f. 1689 vart brukar på bnr. 1.


1709 vart Magne Johannesson Myking g.m. enkja Guri Olsdtr. Mo. Ã…ret etter hadde dei ei dotter, Gjertrud, til dåpen og då budde dei her. Dei vart seinare brukarfolk på Mo. St.


1716 vart Olav Nilsson Fjellanger frå Eksingedalen g.m. Magdeli Halsteinsdtr. Leiro. Dei var husfolk her. Magdeli døydde sumaren 1744, og året etter kom Olav til presten og ville ha lysing. Presten hadde ikkje fått noko melding om at fyrste kona var død, men han fekk då vita at Olav Gammersvik hadde stått for jordpåkastinga og at grannane Anders og Nils Kalland og Johannes Kallestad hadde songe over grava. Dette hadde vorte gjort utan at presten hadde gjeve sitt samtykke. Olav fekk no attest slik at han kunne gifta seg på nytt i Hamre prestegjeld.

Born:

Anna f. 1726 d. 1731.
Dordi g.m. Johannes O. Herland, sjå Grøtå strandsitjarar.


1776 vart Johannes Olsson Kallestad bnr. 1 f. 1753 g.m. Dordi Davidsdtr. Bukkstein bnr. 2 f. 1755. Dei busette seg sidan på Skauge i Lindås.

Born:

David f. 1776.
Brita f. 1779.
Olav f. 1779.

I eit skifte på Sandvik er og nemnt borna Ingebrigt og Helga, som truleg er fødde i Lindås.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy