Kallvik

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 17:09, 15 november 2010 by Reveka (Talk | bidrag)
(skil) ←Eldre versjon | Vis noverande versjon (skil) | Nyare versjon→ (skil)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band III


Gards og ættesoge for Kallvik.


GNR. 25 KALLVIK


Innhaldsliste

INNLEIING

Ligg på Osterøy, 2,5 km nord for Bukkstein, om lag 1 km vest for Stamnes. Namnet vart skrive Kalleuig 1620 og 1667, Kallevig 1723, seinare Kallevik, Kalvig og Kalvik. I bygdemålet heiter det kall'vikjæ.

I Norske Gaardnavne vert førstelekken både i gnr. 36 og 37 samanstelt med gn. kallaðar. Det er ein vanleg brukt namnelekk ved stader som ligg ved ferjestader, og er avleidd av v. kalla, dvs. ropa på ferja på hi sida. Kallvik låg midt i farleia for dei som skulle over frå Osterøya til fastlandet austanfor. Denne vegen vart i seinare tid mykje nytta av kramkarar. Kyrkjevegen åt grannegardane Toskedal og Mo kom også, ned i Kallvik. Den siste som vart førd til grava etter den gamle vegen var ei ung gjente som var gravlagd i 1919.

Kallvik grensar mot Bukkstein, Toskedal og Kallestad. Grensene vart fastlagde ved ein grensegangsforretning 1837. Grensa mot Bukkstein tek til ved ein hamar under Rossevikløypet ved sjøen. Sjå Bukkstein. Grensa mot Toskedal tek til i ein stor stein nordaust for Bukksteinvatnet og går mot nord til Flånova. Der var det frå gamalt sett ned ein merkestein, og ved grensegonga 1837 vart det hogge ein kross i denne steinen. Frå steinen går merket mot nord til Kyrkjefjellet. Derfrå fylgjer merket eit hamralag i same retning til Høgelitodalen. Merket går vidare mot nord til Kvilesteinen og vidare derfrå etter Grånovsgjela til Grånovsbotnen. Her sluttar grensa mot Toskedal og tek til mot Kallestad.

Grensa mot Kallestad går først mot aust til eit berg, deretter mot nord etter fjellkanten til ei fjellnov på sørsida av Myrberskardet. Derfrå går grensa mot aust til ein stein øvst i Haldorbotnen, og vidare i same retning nedover Merkesgjelløypet til sjøen. Frå Merkesgjelløypet til Rossvikløypet er det 1/2 fjerdings veg langs stranda.

To dalføre går opp frå sjøen i Kallvik. Det nordlegaste går om lag rett mot vest, mellom Sigerfjellet 420 m.o.h. og Grånova 477 m.o.h. Her gjekk gamlevegen frå Toskedal. Eit småbruk, Solhaug, utskilt 1911, ligg nede ved sjøen. Sjølve gardstunet ligg i det sørlegaste dalføret, oml. 60 m.o.h. Attom tunet er lendet noko flatare. Elles hallar lendet nokså bratt ned mot sjøen. Jordsmonnet er for det meste sandjord. Bortpå Luren er det noko leirjord. Innmarka strekkjer seg frå sjøen eit stykke oppom tunet.

Bøen vart 1863 mælt til 25 mål. 5 må! var god bø, 6 mål middels god, resten ring. 1957 rekna dei at der var 11 mål god innmark. Attåt var der ein del skrapabø. Mykje av skrapabøen er i seinare år lagd ut til kulturbeite.

Åkrane vart oppmælte 1863 og der var då 5 mål i alt. 1 mål var god åker, 2 mål middels god, resten ring.

Eldste skriftlege vitnemål om garden finn ein i lensrekneskapen frå 1590-91. Kallvik var då øydegard, men ved år 1600 vart garden rudd på nytt. 1661 heiter det om garden: «Hougs presteboels Gotz Enn Vduelig Jord Scheer Vdfald wed Wand derpaa.»

1863: «(Ligger) Ved Søen og derfra 6 1/4 Miil til Bergen.... Meget tungbrugt... Seen Høst . .» Ved slutten av 1700- og byrjinga av 1800-talet var der stundom 2 brukarar. Dei hadde kvar si helvt av garden. (Sjå under brukarsoga.) Korleis dei delte hus og avling finst det ikkje opplysningar om. Elles har garden hatt berre ein brukar fram til 1911, då det var utskilt eit småbruk. I utmarka er det ein god del lauvskog. Om skogen heiter det 1666: «Haffuer brendeved och smaa skouff till husbehoff.» 1863 er der skog nok til ved, hustømmer og det som trengst til husbruk. Dessutan kan dei selja ved m.m. for 12 spdl. for året.

Sætra heiter Kallvikstølen og ligg om lag 272 m.o.h., ved eit lite vatn som heiter Kallviktjørn. Sørvest for setra ligg Kallvikanipo 488 m.o.h. I vest ligg Kyrkjefjellet oml. 450 m.o.h. og i nordvest Høgelifjellet 459 m.o.h. Nytt seterhus vart bygt 1909. Om hamnegangen heiter det 1863: «Beliggende ved Gaarden af middels Beskaffenhed og omtrent tilstrækkelig.» Kvernstødet er i Kallvikelva. Her har grannegarden Kallestad også hatt kvernstøde. Fiske er ikkje nemnd i dei eldre kjeldene. Her har stundom vore kasta sild på vika. I Geitevik som ligg ved sjøen noko sør for gardstunet var det ei tid husmannsplass. Her budde folk frå 1825 til omlag år 1900.


EIGARAR

Så langt attende som ein kjenner til, har Kallvik høyrt til Haus prestebol. I lensrekneskapen 1648 heiter det t.d.: «Hougs presteb. eyer och bøx.» Det siste tyder på at prestebolet avgjorde kven som skulle få bygsla jorda. Det var i dei fleste høve soknepresten som skreiv under bygselsetlane. Sist på 1770-talet var det lensmann Johannes Faugstad som var forvaltar for prestebolsgodset ei tid. I saka mot sokneprest Hierman 1706 var også brukaren i Kallvik med og vitna om dei tyngsler presten la på leiglendingane sine. For 1/2 laups jordleige betalte Magne Kallvik 9 danske mark for året, og dessutan 20 sk. året i arbeidspengar. 1732 finn me dette i tingboka (Langhelles utskrift): «Udi dette skibrede fandtis af Søren Glads contrakter Knud Kallestad og Magne Kallevig med søn Nils Kallevig som nu efter commercecollegets ordre af 28de juni 1732 samme penger paa hver hovedlod 18 rd. 2 m. sm.» 1837 fekk brukaren kongeskøyte for 300 spdl. og ei årleg jordavgift til prestebolet på 1 tn. 2 skjepper 2/3 fjerdingkar bygg. Jordavgifta vart innløyst 1853.


SKYLD OG UTREIDSLER

Gamalt matr. nr. 16 i Hosanger skipreide, nytt 1838 17. 1853 matr. nr. 140 i Haus tinglag. 1886 gnr. 36 i Bruvik. Landskylda var 1626 1/2 laup eller 36 merker smør. Matrikkelkommisjonen 1665 sette skylda til 1 pund el. 24 merker smør. Ved matrikuleringa 1718 vart det fastsett at skylda skulle vera 36 merker. 1774: skatteskyld 1 pund smør, landskyld 1 pund 12 m. smør. 1838: skyld 1 dalar 9 sk., revidert 1865 til 1 dalar 2 ort 3 sk. 1886: 2,10 skyld-mark. Leidang og fredtoll var 1590 1 kalvskinn. 1665: Leidang, fredtoll, gjengjerd, vedpengar 1 mark 5 sk. Kandtiend 1 mele. Småtiend 2 skilling 2 huder. Husdyrskatt 1657: 5 1/2 mark 2 sk. Fødnad og avling. 1657: 1 hest, 1 ukse, 5 kyr, 1 kvige, 8 geiter, 10 sauer. 1665: 1 hest, 6 storfe. 1863: 7 kyr, 1 ungfe, 41 sauer. 1875: 8 kyr, 2 ungfe, 46 sauer, 5 geiter, 1 gris. 1956: 2 kyr, 12 sauer. 1665: sår 1 1/2 t. korn, avlar 3 t. 1863: sår 4 t. havre, 4 t. poteter, haustar 13 t. havre, 15 t. poteter, 77 våger halm, 666 våger høy. I slåttene 160 våger høy. Skav, lyng, beit og tang nok til 1 kufór. 1959: 41,5 mål innmark. Fødnad 1 ku, 1 ungfe, 8 sauer, 1 geit, 1 svin, 5 høns. Folketal 1801: 11. 1875: 20. 1961: 13.


BRUKARAR

1603 Arne. Også nemnd 1611 og 1630-31. 1611 er han kalla øydejordsmann, og er truleg den fyrste som budde her etter at garden hadde lege øyde.


1645 Knut Knutsson og kona Berete. Dei er brukarar til omlag 1660.


1661-64 Olav Knutsson. Han er truleg son åt den førre brukaren. Han er 30 år gl. 1664, hadde ikkje søner eller tenarar.


1666 var Simon Magnesson brukar. Han var f. oml. 1610 og hadde ein son, Halstein f. 1657.


1694 var Magne Andersson brukar. Han var f. på Kvamme 1648. Kona Dorte døydde 1708. 3 born døydde små.

Dei andre var:

Nils f. 1673 brukar her.
Olav f. 1677 g. 1702 m. enkje Gunhild Olsdtr. Hole.
Anna f. 1692 g. 1734 m. enkjemann Olav Arnesson Mjøs.
Ingeborg f. 1693 g.m. Matias O. Brørvik, sjå Brørvik brukarar.
Anders f. 1694.
Johannes f. 1699 g. 1732 m. Anna Olsdtr. Vevle, b. Revheim i Haus.


1705 bygsla Nils Magnesson, son åt f. brukar. Nils f. 1693 d. 1755 var g.m. Maria Jensdotter Myster f. 1675 d. 1763. Nils var lagrettemann 1719.

Born:

Anna f. 1706 g.m. Helge N. Veo, sjå Veo bnr. 4.
Olav f. 1708 g. 1734 m. enkje Marta Olsdtr. Toskedal, sjå Toskedal bnr. 1.
Jens f. 1710 brukar på Stamnes bnr. 10.
Synneva f. 1713 g.m. Johannes K. Kallestad, sjå Kallestad bnr. 1.
Dordi f. 1715 g.m. enkjem. Simon O. Grøsvik, sjå Grøsvik bnr. 1.
Anders f. og d. 1718.
Karen f. og d. 1718.
Anders f. 1719 g.m. enkja Marta Olsdtr. Grøsvik, sjå Grøsvik bnr. 3.
Haldor f. 1722 brukar her.


1742 vart Haldor Nilsson gift med Maria Jonsdotter Mo. Dei var brukarfolk her, men bygselåret er ikkje kjent. Haldor f. 1722, d. 1805 og Maria f. 1715 d. 1790 hadde to døtre, Maria f. 1743 og Maria f. 1746, men båe døydde små. 1776 gav dei halve garden frå seg. 1788 drog dei seg attende for godt og tok kår. Kårytinga var på 3 1/2 tn. korn og foster for 2 kyr og 7 sauer.


1776 bygsla Hans Johannesson Kvåstad halve garden. Han var f. 1735 d. 1811, gift 1763 m. Brita Johannesdotter Mo f. 1743 d. 1811. 1788 fekk dei bygsla resten av garden, og sat no med heile garden til 1791, då dei gav frå seg helvta att og tok seg unna Kårytinga var på 1 1/2 t. korn og foster for 1 ku og 2 sauer.

Born:

Ingeborg f. 1763.
Maria f. 1769 g.m. neste brukar.
Marta f. 1771 bleiv 1779.
Anna f. 1775 g.m. Johannes J. Stamnes, sjå Stamnes bnr. 1.
Maria f. 1783 d. 1828.


1791 bygsla Ingebrigt Johannesson halve garden. Han var f. på Kvamme bnr. 2 1767 og gifte seg med dotter åt den førre brukaren, Maria f. 1769 d. 1833. Foreldra tok seg unna eit heller lite kår. 1807 gav dei resten av garden frå seg, utan at ein kan sjå at kårytinga auka. Ingebrigt og Maria var åleine brukarfolk til 1819, då dei gav garden frå seg og tok kår. 5 born døydde små.

Desse vart vaksne:

Maria f. 1793 g.m. neste brukar.
Brita f. 1796, sjå pl. Geitevik.
Haldor f. 1808, sjå Kalland, Svarteberget.


1819 bygsla Johannes Knutsson Straume f. på bnr. 6 1780 d. 1838. Han gifte seg med Maria Ingebrigtsdotter Kallvik f. 1793 d. 1827. Dei hadde ikkje born. Johannes g. 2. g. m. enkja Kari Larsdtr. Straume frå pl. Straumshjellen f. 1784.

1837 fekk dei kongeskøyte for 300 spd. og årleg jordavgift til prestebolet. Året etter døydde Johannes, og enkja selde garden og tok kår. Nokre år etter flytte ho til Kalland bnr. 1 der ho vart gift for 3. gong.


1838 skøyte til Olav Knutsson Straume f. 1801 d. 1862. Han var son åt Knut Jonsson frå bnr. 5 og kona Marta Olsdtr. Øyo (truleg frå Bergsdalen). Kona Herborg Larsdotter f. 1815 d. 1905 var frå Lunde på Voss. 1862 gav Olav kår til systera Mari.

Born:

Johannes f. 1839 brukar her.
Helga f. 1840 g. 1861 m. smed Nils Olsson Kallestad, b. Salhus.
Agate f. 1848, sjå Stamnes bnr. 33.
Knut f. 1850, b. i U.S.A.
Lars f. 1852 garvar i Salhus.
Maria f. 1858 d. ug. 1939 b. her.
Dordi f. og d. 1860.

Herborg g. 2. g. 1865 m. Lars B. Toskedal bnr. 3 f. 1811, og g. 3. g. 1877 m. Ole M. Kallestad bnr. 2 f. 1837 d. 1940. Han kalla seg sidan Kallvik. Då garden vart seld 1906 vart våningshusa åt Ole tekne unna i salet. 1914 fekk han kontrakt med dåverande brukar om rett til å bruka ei hustomt og 3 små potetåkrar og hamnerett til 2 sauer så lenge han levde. Ole vart 103 år gamal. Han var sterkt religiøst interessert, og var ein del med i kommunalt styre og stell, m.a. i heradstyret i 1880-åra. (Sjå «Soga om Stamneskyrkja» s. 136.)


1865 skifteskøyte til Johannes Olsson f. 1839 d. 1918. Taksten var på 450 spd. og Johannes skulle svara panterettsutlegg til mora og 4 syskin med om lag 440 spd. Mora fekk kår, verdsett til 130 spd. for 5 år. Johannes gifte seg med Brita Ivarsdotter Eide f. på bnr. 3 1834 d. 1909.

Born:

Marta f. 1872 d. 1875.
Herborg f. 1875, sjå neste brukar.


1897 skøyte til Magne Jakobsson Grøsvik f. på bnr. 1 1872 d. 1906. Han gifte seg med dotter til den førre brukaren, Herborg f. 1875. Dei hadde ikkje born. Herborg selde garden og tok kår. Ho tok dessutan unna eit våningshus med sidesval. 1915 gifte Herborg seg 2. g. m. Hans M. Brørvik. Han busette seg her.


1906 skøyte til Jon S. Bindingsbø og kona Anna Johannesdtr. for kr. 3000 og kår til enkja etter førre brukar. Jon f. 1876, var son åt gbr. Simon Simonsson Bindingsbø og kona Brita Olsdtr. Stamnes frå Stamnessundet. Anna var f. 1875 på Stamnes bnr. 1. Dei kjøpte fyrst Hagen, Stamnes bnr. 18. Jon har arbeidt mykje som bygningsmann ved sida av gardsdrifta. Han var med i forsorgsstyret 1912-14, har vore roteforstandar og skatteinnkrevjar.

Born:

Sivert f. 1896 brukar her.
Johannes f. 1898 sjå Stamnes bnr. 18.
Knut f. 1902 ug. brukar her.
Birger f. 1904 d. 1909.
Magnus f. 1906 målar, g.m. Inga I. Mellesdal, b. Tunestveit, seinare Ytre Arna.
Birger f. 1909 snikkar, g.m. Anna Mele, b. Ytre Arna.
Inga f. 1911 serveringsdame, b. Oslo.
Arnvid Johan f. 1914 d. som barn.
Agnes Julie f. 19** g.m. skipskaptein Nils Mele, b. Ytre Arna.
Selma f. 19**, b. her.
Ragna f. 19** g.m. sjåfør Audun Clausen, b. Bergen.


1934 auksjonsskøyte til Bruvik kommune.


1944 skøyte frå Bruvik kommune til Sivert J. Kalvik og Knut J. Kalvik for kr. 3000 og kår til faren Jon S. Bindingsbø. Sivert f. 1896 er g.m. Maria Nilsdotter Vedå f. på bnr. 3 1900.

Dei har ei pleiedotter:

Signe f. 19**.

Knut er ugift.


BRUK 2 SOLHAUG

Skyld 21 øre. Skilt frå bnr. 1 1911. Jordvidd om lag 15 mål. Fødnad 1956: 1 ku, 2 sauer, 1 gris. Småbruket er attåtnæring.


1911 skøyte til Johannes Olsson Leiren f. i Stamnesleiro bnr. 1 1873. Han gifte seg 1903 m. Ingeborg Hansdotter Brørvik f. 1880 d. 1942. Dei budde fyrst i Brørvik. Johannes har vore fartyeigar og har hatt fartyfart til hovudyrke.

Born:

Bergljot f. 1906 g.m. Eilert Opdahl, b. Ålesund.
Malmfrid f. 1908 g.m. Trygve Åmundstad, b. Molde.
Hans f. 1909 brukar her.
Brynhild f. 1911 g.m. Ingvald Eide, b. Yksendal bnr. 2, i Eksingedalen.
Olav f. 1912 g.m. Ester Skaftun.
Astrid f. 19** g.m. Harald Vik St. bnr. 24.
Herborg f. 19** g.m. Syver Øen, b. Geilo.
Margrete f. 19** g.m. Olav O. Kvamme, sjå Kvamme bnr. 3.
Einar f. 19** g.m. Oddbjørg Stien, b. Stamnes.


1946 skøyte til son Hans Solhaug f. 1909 for kr. 3000. Han er motorbåtførar g.m. Ingebjørg A. Stamnes f. 19**. Sjå Straume bnr. 19.

Born:

Tormod f. 19** g.m. Signe Tungeland.
Inghild f. 19**.
Atle f. 19**.
Vigdis f. 19**.
Gerd Irene f. 19**.


PLASSET GEITEVIK

1863: «Plads Gjedevig aarlig Afgift 4 Dagsarbeide 1 Koe, 4/5 Maal slet Ager, Bøe 3 Maal middels. Kornavl 2 Tdr. Poteter 3 Tdr.»


1825 festesetel til Johannes Olsson Fylingslid frå soknepresten i Haus «paa et stykke Mark under denne Gaard kaldet Gjedevigen». Johannes f. 1798 d. 1843 var g.m. Brita Ingebrigtsdotter Kallvik f. 1796 d. 1871.

Born:

Ingebrigt f. 1822.
Brita f. 1824 d. 1837.
Ingebrigt f. 1826, sjå Stamnes bnr. 12.
Olav f. 1828 b. her. Sjå nedanfor.
Maria f. 1831.
Maria f. 1834 g. 1866 m. skomakar Anders Johannesson Lillejord, b. Austre Kleppe, Hosanger.
David f. og d. 1836.
Brita f. 1838 g. 1862 m. Olav Ingebrigtsson Gammersvik. Sjå Gammersvik, husfolk.


1880 festesetel til Olav Johannesson Kalvik og kona Guri Knutsdotter. Olav var f. her 1828. Han var jekteførar, og bleiv 1882 då eit farty som førde stein gjekk ned like innanfor Geitevik. Guri f. 1835 var dotter åt Knut I. Kallestad og Brita D. Fylingslid. Foreldra hennar var husfolk i Fylingslid. Ho flytte sidan til Kvamme bnr. 2 og døydde der 1915.

Born:

Brita f. 1857 d. 1861.
Johannes f. 1858, b. i U.S.A. Kona skulle vera frå Fylingslid.
Knut f. 1860 g.m. Hansine Nilsdtr. Kvamme, sjå Kvamme bnr. 2.
Ingebrigt f. 1862 g. 1901 m. Brita A. Rødberg, Hosanger, b. Tysso.
Brita f. 1864 g. 1899 m. enkjemannen Jon H. Kalvik. Sjå Hesjedal, Stamnes, husfolk.
Brita f. 1866.
David f. 1869, b. U.S.A.
Maria f. 1872.
Ole f. 1873 b. U.S.A.
Maria f. 1876, fabrikkarb. Dale, d. ug.


HUSFOLK

1645 var Nils Magnesson f. 1610 og kona Johanna husfolk her. Nils budde her også 1666 og hadde då to søner, Ivar f. 1654 og Jakob f. 1658.


1657 er «Olluff Kaldeuig» nemnd i husdyrmanntalet, men han hadde ingen fødnad.

Ei dotter:

Brita f. 1664 vart g.m. Olav J. Veo. Sjå Veo, husfolk.


1666 var Anders Andersson f. 1616 «husmann» her. 1693 hadde Anders Kallvik ein son til dåpen som heitte Anders. Han døydde same året.


1718 vart Olav Monsson Stamnes g.m. Kari Olsdtr. Dale. Dei var husfolk her. 1740 vart Olav publikabsolvert og stemnd til tings «fordi han medens konen endnu var i live, havde bortløbet med en pige, Martha Nilsdatter Tongen». Olav døydde 1742 og 1745 gifte enkja seg 2. g. m. Johannes Nilsson Feta.


Nils Andersson Kvisti f. på Kvisti i Haus 1789 var lærar i Stamnes. Han var g.m. Maria Knutsdtr. Straume f. på bnr. 6 1785 d. 1877. Dei budde fyrst på Straume, men kom sidan hit. Vinteren 1815 ville Knut ta ein tur heim til Kallvik frå Kalland, der han heldt skule. Han gjekk på isen, men i ei vik litt sunnafor Svarteberget gjekk han gjennom isen og drukna.

Born:

Knut f. 1813 d. 1838 ved ulukke i skogen.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy