Kyrkje-Bruvik og Seilæ

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band I | Bruvik sokn innhald


Gards og ættesoge for Kyrkje-Bruvik og Seilæ.


Kyrkje –Bruvik og Indre-Bruvik 1960. Mellom Brøknipa og Olsnessåta til høgre ser ein Trollskaret ved vegen nordover til Brøkdalen.  Foto: Widerøe’s Flyveselskap A/S.
Kyrkje –Bruvik og Indre-Bruvik 1960. Mellom Brøknipa og Olsnessåta til høgre ser ein Trollskaret ved vegen nordover til Brøkdalen.

Foto: Widerøe’s Flyveselskap A/S.


GNR. 152 KYRKJE-BRUVIK OG SEILÆ


Innhaldsliste

INNLEIING

Kyrkje-Bruvik ligg om lag 1 1/2 km nordaust for Ytre-Bruvik. Den eldste delen av innmarka og det gamle tunet låg på eit fint nes i den lune vika innanfor Ulsnes. Her er mjukt fjell og svart moldjord heilt ned på fjellgrunnen.

Gardsnamnet var skrive: Kierche-Brudwig 1667, Kirke Brudvig 1723, Kirke-Bruvik 1886. Det er kyrkja som har gjeve garden namn. I Bjørgvins Kalvskinn 1320 finn me "Kirkian a Bruvikum". Den fyrste kyrkja var truleg bygd på 1200-talet. Kring 1600 bygde dei mange nye kyrkjer i Nord-Hordland. Då kom det ny kyrkje på Bruvik og, truleg kring 1610. Denne kyrkja stod til 1867. Då vart ei ny trekyrkje vigsla og teken i bruk.

Kyrkja på Bruvik var soknekyrkje i Bruvik sokn under Haus prestegjeld til 1868. Då vart Bruviksokna og Stamnessokna skilde ut som eige prestegjeld. Bruvikkyrkja var hovudkyrkje i prestegjeldet til 1964. Etter kommunereguleringa og omskipnaden av prestegjelda vart Bruvik kyrkje annekskyrkje under Haus. Sjå "Bruvik kyrkjor og kristenliv", Bergen 1937.

Det synest nokså klårt at Kyrkje-Bruvik var den delen av den gamle Bruvik-garden som fyrst vart busett. Funn frå yngre steinalder 4000-2000 f. Kr. provar at folk har ferdast her minst 5000 år. Vilkåra låg vel til rette både for jakt, fiske og jordbruk. Sjå Norges Historie band I s. 96, Oslo 1976.

Dei fyrste som budde her rådde over eit stort område, frå Skaftå i sør til Storavatnet i nord. Etter kvart kom det fleire gardar i området: Olsnes, Fokstad, Hekland, Løtveit og Vassdal. Dei som rudde desse gardane, kan anten ha kome utanfrå, eller dei har flytta ut frå Bruvik.

Sjølve Bruvik-garden vart tidleg oppdelt fora kunna gje livberging åt fleire huslydar. I vikingtida 800-1050 budde det folk både på YtreBruvik, Kyrkje-Bruvik og på Indre-Bruvik.

Grensa mellom Indre-Bruvik og Kyrkje-Bruvik vart 1827 skriftfest ved grensegangsforretning. Grensa tek til ved Tverrbekken nedanfor Storelva, og går mot nordvest til Båtleitet. Grensa mellom Kyrkje-Bruvik og Ytre-Bruvik tek til ved ein stor stein ved fjorden. I steinen er hogge ein kross. Grensa går i bein linje frå steinen til eit stort hol i berget som dei kallar Omnen. Derfrå går grensa til ein bekk. Der er det sett ned merkesteinar. Frå bekken går grensa til Høylaupet og derfrå til Søre Middagshaugen. Utskiftingsforretninga på Ytre-Bruvik 1948 inneheld også ei skildring av grensa mot Kyrkje-Bruvik.

Folketalet auka jamt og trutt fram til 1350. Alle Bruvikgardane vart oppdelte i fleire bruk. Kor mange brukarar her var før Svartedauden, har ein ikkje skriftlege prov for. Den eldste brukaroppgåva er frå 1519. Då hadde dei 3 Bruvik-gardane 6 brukarar i alt. 2 av desse budde truleg på Kyrkje-Bruvik. 1626 syner ei oppgåve at Kyrkje-Bruvik hadde 3 brukarar. Den fyrste skildringa av garden finn me i matrikkelen 1723:

"Ligger ved Søen 4 Mile fra Bergen paa en øe meget tungvunden og fattis hiemhage Intet sætter lit furreskoug og brendeveed Hans næring bestaar udi qvægets avling og at selge lit brendeveed 3 flomqvern Intet fiskerie."

Garden hadde 3 brukarar frå byrjinga av 1600-talet til 1864. Bruka var ikkje jamstore. Her var to store bruk og eit lite. Skylda fordelte seg med 1/4 på det minste og 3/8 på kvart av dei store bruka.

Brukarane budde saman i eit klyngjetun ovanfor kyrkja. Nærast tunet låg åkrane og innmarka. Bøgarden var grensa mellom innmarka og dei bratte liene i nord og nordvest. Liene vart nytta til beite vår og haust, men elles vart dei brukte til slåtteland. Dei var avgrensa av ein slåttegarde oppunder fjellbrunene. Den gamle slåttegarden var risgarde. Seinare sette dei opp nettinggjerde.

Innmarka nærast tunet vart utvida fleire gonger. Kvar gong vart bøgarden flytta lenger opp mot liene.

På ei stor øy som høyrde til garden, Ulvsnesøy, var store deler oppdyrka. Her hadde brukarane på Kyrkje-Bruvik både åkrar og engstykke.

Inne på Brøkdalen, i ei lun dæld som dei kalla adde dei inngjerde slåtteteigar.

I byrjinga av 1860-åra var åkervidda på garden 27 mål. 13 1/2 m51 var god åker, 8 mål var middels god, resten var ring. Engvidda var 220 1/2 mål. Vel 40 mål var god eng, 13 mål var middels god, resten var ring. Ein del av desse jordviddene låg oppe i og ein del låg ute på Ulvsnesøy.

I byrjinga av 1800-talet vart teigane i Seilæ bygsla bort til 3 husmenn, ein under kvart hovudbruk. I åra 1864-1874 fekk husmennene i Seilæ skøyte og vart sjølveigande brukarar. Sjå bnr. 1, 9 og 11.

Ulvsnesøy kom på sal 1880. Kjøparen var "Redningsanstalten for forsømte og vanartede børn." Seinare vart namnet endra til Ulvsnesøy Skolehjem. Institusjonen kjøpte også ein part av Indre-Bruvik. Her er gardsbruk og internatskule med tenestebustader. Sjå bnr. 4, 5, 6 og 7 og Indre-Bruvik bnr. 3.

Brukartalet auka også i gamletunet. Eitt av de store bruka vart delt så tidleg som 1782. Men 1837 fekk dei to partane same eigar. 1898 vart det tinglyst samanføyning av dei to partane. Sjå bnr. 10 og 12.

Det minste av dei gamle gardsbruka, det som var 1/4 av garden, vart 1866 delt mellom to brør. Sjå bnr. 2 og 3. Den fyrste tida etter delinga hadde desse bruka naust, flor og fleire løer i lag.

Det andre store bruket, bnr. 8, vart 1868 kjøpt til prestegard. Brukaren på bnr. 8, Johannes Knutsson, fekk til vederlag overta kappellangarden Midt-Mjelde i Haus. Det vart også gjort eit makeskifte med brukaren på bnr. 10 for A få høveleg tomt til prestebustaden. Mons Thomasson på bnr. 10 gav frå seg ein del av Storåkeren sin. Han fekk vederlag i pengar og i den gamle husgrunnen åt bnr. 8.

I prestegardstunet var det flor og le, stabbur, paktarbustad og borstove. Hovudhuset var i 1 1/2 høgd, med ark og veranda på den sida som vende mot sjøen. Der var ein stor inngjerd hage mellom huset og sjøen. Mellom kyrkjegarden og prestegardshagen var det sjøveg ned til bryggja ved prestegardsnaustet. Bnr. 8 var prestegard til 1960. Då vart det meste av jordvidda skild frå og selt til brukaren på bnr. 10. Sjå bnr. 31. Osterøy kommune fekk 1973 skøyte på prestegardshusa og festesetel på ein parsell på knapt 3 mål. Hovudbygningen er no nytta til bustader og til lokale for folkeboksamling og postkontor. Sjå Festenr. 1 under bnr. 8.

I gamletunet like ved prestegarden budde det 3 brukarhuslydar sist på 1800-talet. Det var Mons Thomasson på bnr. 10, og dei to brørne Johannes Andersson og Nils Andersson, som hadde delt farsgarden. Johannes var eldst. Han var huga på nydyrking. Han flytte ut or gamletunet og bygde hus på Klyvet, lengst vest mot utmarka. Her på bnr. 2 vart mykje gamal utmark innteken og oppdyrka. 1910 vart det halde offentleg utskifting. Bnr. 3 fekk innmarka si lengst mot aust ved grensa mot Indre-Bruvik. Dette bruket var buande i gamletunet. Men bnr. 10 flytte ut til Klyvsbakken og bygde nytt tun der. Her var mykje gamal utmark som var innteken og oppdyrka. Prestegarden, bnr. 8, fekk si innmark mellom bnr. 10 og prestegardstunet. Ein stor del av innmarka på bnr. 8 vart seld til bnr. 10 1960. Sjå ovanfor og bnr. 31.

1863 var engvidda 220 1/2 mål. 40 1/3 mål var god eng, 13 mål var middels god. Resten var ring eng. Åkervidda var 27 mål 13 1/2 mål var god åker, 8 mål var middels god. 5 1/2 mål var ring åker. I denne oppgåva var medrekna det som låg i Seilæ. Der var det lettbrukt, men frostlendt. Kornet mognast seint der oppe: "Seen og grøn Høst" står det i Herredsbeskrivelsen om bruka i

Forsanking i utmarka hadde mykje å seia i eldre tid. Garden hadde sers gode utslåtter i Seilæ og på Ulvsnesøy. Etter at desse områda vart sjølvstendige bruk, var Liene ovanfor bøgarden og fjellslåttene i Nipo dei viktigaste utmarkslåttene. 1863 var høymengda frå utslåttene 510 våger på dei 3 hovudbruka. Dei største bruka selde 110 våger høy. Fjellslåttene i Nipo var i bruk ei tid. Men vegen til desse slåttene var lang og tung. Utmarkslåtten i Liene var den som heldt seg lengst.

Skogen er nemnd fyrste gongen 1665. Oppgåva er svært knapp. Ho fortel berre at dei hadde nok ved. I matrikkelen 1723 heiter det at det høyrer litt fureskog og brenneved til garden, og at dei kunne selja noko ved. 1863 hadde dei fleste bruka nok skog til hustømmer og ved, men bruka i Seilæ hadde knapt med ved. Dei brukte litt lauv til brensel, står det i oppgåva frå matrikkelkommisjonen. Det var stor skilnad på skogen på Bruvikdalen og nede ved fjorden. På Brøkdalen vaks det ikkje ask. Dei brukte raunelauv til attåtfor. På Kyrkje-Bruvik vaks det mykje ask. Ein av brukarane i Vassdal tykte slikt mon i askelauv at han gjekk frå Vassdal og ned til Kyrkje-Bruvik og logga. Han logga dei same stuvane år etter og bar lauvet heimatt. Borna på garden kalla desse area for "stuvane hans Johans Vassdal" (truleg Johannes Nilsson Vassdal bnr. 2 (1849-1935). Stuvane var så store at krunene var over ein m2. Johannes tok også askerunningar og planta i Vassdal, slik at det finst ask på det bruket han hadde der oppe. Askelauvet var eit viktig for på hovudbruka også. Ein finn lite om dette i matrikkelførearbeidet og andre offisielle oppgåver. Men gardsfolket minnest det godt. Særleg i turrår, når graset på bøen svei vekk, logga dei mykje. Kring 1890 var det eit slikt turrår. Då logga dei 30 turrbører med lauv på bnr. 2. (Fortalt 1956 av brukaren og kårkona på bnr. 2.)

Viktig attåtfor var skav, lyng og tang. Så snart dei hadde gjort unna det grøvste utearbeidet om hausten, ordna dei til skav. Dyra heldt seg friske når dei fekk skav. På Kyrkje-Bruvik fora dei med skav til 1950. Serleg mykje skav brukte dei i krigsåra 1940-1945. I herredsbeskrivelsen 1863 er det opplyst at skavmengda på kvart av dei 3 hovudbruka svara til 30 våger høy. Dyra heldt seg friske når dei fekk skav, og brukarane rekna det for å vera eit meir verdfullt for enn vitskapen ville halda det til.

Lyng til for vart helst nytta når det var forknipe. I turråret 1889 (1890) sanka dei 18 store lyngbører på bnr. 2. Oppgåva frå 1863 nemner berre lyngsanking for eitt av bruka i bnr. 11. Der sanka dei lyng til for åt 1 ungfe.

Tangstranda er nemnd i oppgåva frå. 1863. Verdet av tangen for dei gamle hovudbruka ved fjorden var sett til 8 spdl. Det var rektang som dei nytta til gjødsel.

Om beitet heiter det 1863: "Havnegangen lidt afsides men sammenhengende med eiendommen av god Beskaffenhed og tilstrækkelig". 1723 var det ikkje seter til garden. Ein har heller ikkje kjennskap til at garden har hatt seter seinare. 1941 vart det tinglyst utskifting over utmarka. Dei bruka som fekk tildelt teigar ved denne utskiftinga var bnr. 2, 3, 8 og 10. Dette må vera det dei kalla heimehagen. Fjellhagen er framleis felles for alle gardsbruka, også dei i Seilæ. Då bruka i Seilæ vart skilde frå hovudbruka 1864-1874, vart det ved kvar skylddeling understreka at både dei gamle bruka ved fjorden og dei nye bruka i Seilæ hadde beiterett i sams fjellhamn, i samsvar med skylda på kvart bruk. Sjå bnr. 1, 9 og 11.

1723 hadde garden 3 flaumkverner, 1 til kvart bruk. I nyare tid var eitt av kvernhusa sameige mellom brukarar på Indre-Bruvik og Kyrkje-Bruvik.


SKYLD, SKATT, FØDNAD, AVLING OG FOLKETAL

Gamalt matr.nr. 3 i Arna skipreide, nytt matr.nr. 113. Gnr. 6 i Bruvik Herad. Gamal landskyld: 2 laupar smor. Skatteskyld: 2 laupar 9 merker smør. 1838 ny skyld: 8 dl. 4 ort. 1886: 12,41 skm. Leidang 1590-91: 1/2 mele korn, 3 saueskinn. Fredtoll annankvart år. 1665: Leidang, fredtoll, gjengjerd 1 rdl. 2 mark 2 sk. Småtiende 1 mark, 1 sk. Kandtiende 1 tunne 3 melar.

Fødnad 1657: 3 hestar, 2 oksar, 22 kyr, 8 kviger, 77 sauer, 23 geiter. 1665: 34 storfe, 1723: 3 hestar, 22 kyr, 2 ungfe, 42 sauer. 1863: 32 kyr, 11 ungfe, 120 sauer, 19 geiter. 1865: 48 storfe, 116 sauer, 26 geiter.

Sånad 1626: 6 tunner korn. 1665: Sånad 6 tunner, avling 17 1/2 tunne korn (17 tunner korn i 1666). 1723: Sånad 8 tunner, avling 28 tunner korn. 1863: Sånad 17 1/2 tunne korn, 13 1/2 tunne poteter. Avling 76 tunner korn, 77 tunner poteter, 2300 våger høy (høyavlingane i Seilæ ikkje medrekna.) 427 våger halm. I slåttene hausta dei 510 våger høy. Skavet svara til 90 våger høy. Dei hausta lyng svarande til for til 1 ungfe. Tangstranda var verdsett til 8 spdl. På to av bruka selde dei tilsaman 110 våger høy for året.

Sånad 1865: 15 1/2 tunne korn, 11 tunner poteter.

Folketal 1801: 30. 1865: 52. 1875: 43 (mogeleg at dette talet er ufullstendig).


EIGARAR

Kyrkje-Bruvik var bondegods tidleg på 1600-talet. Korleis det var før den tid har me ikkje nokon opplysningar om. Namna åt dei bøndene som åtte Kyrkje-Bruvik finn me fyrste gongen 1661. Då åtte Knut Dale 1 1/2 laup, dvs. 3/4 av garden, og Tolleiv Fosse åtte 1/4. Tolleiv Fosse var brukar på garden Fosse i Alversund skipreide. Sønene Aslak og Nils er oppførte som eigar av 1/4 laup kvar i 1692, men 1694 er Aslak oppført som eineeigar av den fjerdeparten som faren hadde ått i Kyrkje-Bruvik.

1700 står det om denne parten at brukaren er sjølveigar. Om dette er rett må det berre ha vara ei stutt tid. 1706 er det presten i Haus, magister Hiermand, som eig denne parten i Kyrkje-Bruvik. Men 1725 fekk brukaren Fabian Fabiansson skøyte og vart sjølveigar. Sjå bnr. 2.

På resten av garden var brukarane leiglendingar til det leid ut på 1700-talet. Jorddrotten deira heitte 1661 Knut Dale. 1676 Johan Dale. Dette kan vera brukarane Knut Hallsteinsson og Johannes Hallsteinsson Dale. Sjå Dale, brukarar før 1700 .

1692 er Olav Heimvik i Hosanger oppført som eigar av 1 1/2 laup smør i Kyrkje-Bruvik. Han hadde då overteke parten som Knut og Johan Dale før hadde ått. Olav Heimvik, 1646-1728, var brukar og sjølveigar på Heimvik. Sjå Hosanger I del 2 s. 190-191. Ved skiftet etter Olav og kona Brita Johannesdtr. 1660-1731, må jordegodset i Kyrkje-Bruvik ha vorte delt mellom borna deira. Sonen Johannes O. Heimvik og versønene Nils J. Kleiveland og Anders A. Eide gav 1734 skøyte på 54 merker smør til Johannes Mikkelsson Blom. Johannes var ei tid brukar på Søre Askeland, men kring 1750 flytte han hit og dreiv jorda si sjølv. Sjå bnr. 8.

Etterkomarane etter Olav Heimvik sat framleis med 3/8 av garden. Ein av sønene, Børge Olsson 1689-1742, var brukar i Bjørsvik. Sjå Hosanger I del 2 s. 416-417. Han hadde ei dotter, Ragnhild 1712-1757, g.m. lensmann Magne Eidsheim. Sjå Hosanger I del 2 s. 662-663. Ein part i Kyrkje-Bruvik på 13 1/2 mork smør, verdsett til 30 rdl., vart ved skiftet etter Ragnhild Børgesdtr. 1757 utlagt til dottera Brita, g.m. lensmann Nils N. Revheim i Mjelde skipreide. Sjå Gjerstad s. 60. Ved skiftet etter Brita 1777 vart parten hennar delt mellom enkjemannen og døtrene Ragnhild og Elisabet.

Lensmann Nils Revheim fekk 1787 skøyte på ein annan arvepart på 11 1/3 mork smør frå Arne Kleiveland. Arne var son åt Lisbet Oldstr. Heimvik og Anders A. Eide. Arne var 3. mann åt Marta Rasmusdtr. Leknes. Då ho var død gifte han seg med enkja Marta Johannesdtr. Kleiveland, og busette seg der. Sjå mellom anna Hosanger I del 2 s. 191-192. Arne fekk utlagt ein part på 4 8/15 merker smør i Kyrkje Bruvik ved skiftet etter Marta Rasmusdtr. 1778.

Ein annan part i Kyrkje-Bruvik på 15 2/3 merker smør vart ved skiftet 1785 etter Nils Bergesson Bjørsvik utlagt til versonen Ivar Olsson Askeland. I eit anna arveskifte i Hosanger 1787 vart ein part på 2 4/5 merker smør i Kyrkje-Bruvik utlagt til Lars Larsson Sandal. Det vart halde skifte etter mor hans, Brita Andersdtr. Sandal. 1787 gav lensmann Nils Revheim og Olav Ivarsson Kvamme skøyte til brukaren Eirik Persson Kyrkje-Bruvik på 1 pund 3 merker smør. Eirik var brukar på den jorda som svara til bnr. 10 og 12. Ved skøytet, som han fekk 1792, vart han eigar av i alt 54 merker smør, eller 3/8 av garden. Dette svara til den jorda han då brukte. Sjå bnr. 10.

BRUKARAR FØR 1700

Dei fyrste kjende brukarane synest vera Bastian og Fredrik, som me finn i lensrekneskapen 1590-91. I rekneskapane på den tid er det ikkje greit skilje mellom dei tre Bruvikgardane som høyrde til Arne skipreide: Innigarden på Ytre-Bruvik, Kyrkje-Bruvik og Indre-Bruvik. 1603 finn med 3 brukarar som kan ha butt på Kyrkje-Bruvik. Olav, Gulleik og Arne. I skattelista 1611 finn me Olav og Guldbrand. Den siste finst det ein del opplysningar om frå ein rettsprotokoll 1652. Rettsaka galdt ein jordpart på 1 laup smør i garden Asheim i Haus. Guldbrand KyrkjeBruvik åtte denne gardparten, og det ser ut til at han også ei tid var brukar der. Men 1646 bygsla han denne gardparten bort til Halvor Åsheim. Guldbrand var då gamal og ville ikkje lenger driva bruket sjølv. Halvor skulle svara ei årleg leige på 2 tunner korn og 2 kufoster. Halvor hadde forsømt å betala denne årlege avgifta, og difor vart han stemd for retten. Då saka var for retten 1652 budde Guldbrand på Kyrkje-Bruvik hjå sonen Torstein. Torstein møtte i retten på vegne av faren. Det enda med forlik. Halvor skulle betala Guldbrand 6 rdl. innan fyrstkomande Mikkelsmesse.

Barn: Torstein f. om lag 1609, brukar her. Sjå nfr.


1630 er Sebjørn Torsteinsson Kyrkje-Bruvik oppført i skattelista mellom dei leiglendingane som betalte full skatt. Sebjørn var brukar her til midt i 1650-åra. 1650 låg Sebjørn i sak om ei del jordegods i garden For i Fusa. Han meinte å ha rett på dette jordegodset, men tapte saka.

Sebjørn f. om lag 1582, d. etter 1666, var g.m. Ingebjørg. Dei er båe nemnde i Koppskattemanntalet 1645 saman med 2 tenestedrenger, Mikkel og Olav, og ei vaksen dotter, Karen.

Born:

Olav 1622-, brukar her. Sjå nfr.
Karen f. før 1630.
Brita 1662-, skulle vera g.m. brukaren Olav Olsson Ytre-Bruvik, sjå Ytre-Bruvik i Innigarden.


1645 var Tomas Østensson Hekland og kona Synneva brukarar her. Dei er ikkje nemnde seinare, og har truleg berre vore brukarar her ei stutt tid.


1645 var Torstein Guldbrandsson og kona Ingebjørg brukarfolk her. Torstein f. om lag 1609 d. etter 1666, møtte på vegne av faren Guldbrand i rettsaka 1652. Sjå ofr.

Born:

Anna 1645-1737,
Peder 1646-,
Erik 1648-,
Karen 1660 - 1714.


Olav Sebjørnsson 1622 - 1697 var brukar 1657 og 1666.

Born:

Inger 1673-, g.m. Fabian Fabiansson Blom. Sjå bnr. 2.


Olav Andersson var brukar her frå om lag 1655. 1666 er alderen hans oppgjeven til 52 år, og storleiken på bruket var 1/2 laup smør. I husdyrmanntalet 1657 er oppført 3 brukarar som heitte Olav. Den eine var Olav Sebjørnsson. Sjå ofr. Dei andre to er det vanskeleg å halda ut frå einannan. Den eine av desse Olavane døydde 1695, og kona hans Inger Olsdtr. døydde 1694.

Av borna åt dei 3 Olavane finn me desse nemnde:

Anders f. om lag 1661 (truleg son åt Olav Andersson).
Olav 1667-.
Inger 1673-, (kan vera dtr. åt Olav Sebjørnsson eller Olav Andersson).
Marta 1669-, g.1.g.m. Mons Sjursson Indre-Bruvik, g.2.g.m. Magne Andersson Presttun.
Kari g. 1696 m. Gunnar Fabiansson Blom. Sjå Haus s. 248.
Anna g. 1718 m. ekm. Anders Ivarsson Indre-Bruvik, sjå Indre-Bruvik brukarar.
Lars 1693-.
Anna d. 1696.


BRUKARAR

Seilæ 1960. Kyrkje-Bruvik bnr. 1 lengst til venstre. Bnr. 9 i midten. Lengst til høgre bnr. 11.  Foto: Widerøe’s Flyveselskap A/S.
Seilæ 1960. Kyrkje-Bruvik bnr. 1 lengst til venstre. Bnr. 9 i midten. Lengst til høgre bnr. 11.

Foto: Widerøe’s Flyveselskap A/S.


BNR. 1

Storseilæ. Løpenr. (448 a 448 b) a. Skilt frå bnr. 2 og 3 1874. Gamal skyld 7 13/20 merker smør. Ny skyld 2 ort 4 sk. 1886: 0,61 skm.

Dette bruket var det gamle plasset Storseilæ under bnr. 2. I Herredsbeskrivelsen

1863 er det oppgjeve at Storseilæ hadde 2 2/3 mål middels god åker og 64 mål eng. 2 mål var god eng, 5 mål var middels god, resten var ring. Dei sådde 1 1/2 tunne havre og 2 tunner poteter, og avla 6 tunner havre og 8 tunner poteter. Høyavlinga er ikkje oppgjeven. Fødnad: 4 kyr, 1 ungfe, 9 sauer, 9 geiter. 1875 var sånaden på dette bruket 2 tunner havre og 4 tunner poteter. Fødnad: 5 kyr, 2 ungfe, 14 sauer, 13 geiter.


1823 festesetel til Fredrik Jonsson Presttun 1794-1858, og kona Anna Sjursdtr. Olsnes bnr. 1, 1798-1869. Dei var gifte 1819 og budde på Olsnes dei fyrste åra. Då var Fredrik lønsarbeidar og postkar. Sjå Gjerstad s. 322.

Born:

Jakob 1819-,
Sjur 1821-1844, d. på Vaksdal av koppar.
Sigrid 1822-, g.m. neste brukar,
Mons 1828-1831,
Jakob 1830-1896, b. på Løtveit 1870, g.m. Kari Olsdtr. Kallekleiv. Sjå Gjerstad s. 209.
Mons 1831-, brukar på Løtveit, sjå Løtveit bnr. 5.
Brita 1839-, g. 1865 m. Peder Olsson Bruvik. Sjå leigebuarar Ytre-Bruvik.
Anna 1843-.


1848 bygsla Johannes Mikkelsson 1824-, g. 1849 m. dtr. åt den førre brukaren her, Sigrid 1822 -. Johannes var frå eit anna plass som dei kalla Midtteigen i Sjå bnr. 9. Johannes og Sigrid var brukarfolk her til dei reiste til Amerika 1856.

Dei hadde då desse borna:

Brita 1850-,
Anna 1854-.


1874 skøyte til Olav Mikkelsson for 100 spdl. Han hadde bygsla dette plasset sidan 1855. Det vart no halde skylddelingsforretning. Dokumentet finn ein i Nordhordlands sorenskriveris pantebok II B. a. 32, 1872-1874, fol. 417 a.


"Høsttinget for Haus Thinglag den 9de, lode og 11te November 1874.

Ar 1874 den 5te Juni indfandt vi samtlige undertegnede nemlig Anders Johannesen Sandvig, Ole Nielsen Hane, Lars Knudsen Stokke, og Anders Olsen Vaksdal os paa Pladset Storseilen under Gaarden Kirkebrudvig Matr.No. 113 i Haus Thinglag for der og da efter Fogdens Opnævnelse og Vedkommendes Anmodning at foretage en Skyldsætningsforretning over bemeldte Plads, der af Eierne Johannes og Nils Anderssønner er solgt til Bygselmanden af bemeldte Plads Ole Mikkelsen Storseilen.

Bemeldte Plads, der er beliggende i Gaarden Kirkebrudviks Fjeldhavn, er paa Sydlige, Østlige og Vestlige Side adskilt fra denne ved opført Bøgjerde og begrændses paa nordlige Side af Mikkel Mikkelsen Storseilens Eiendom. Udenfor Pladsens Bøgjærde, men sammenhængende med dette, har Kjøberen erholdt Selgernes Skovteig, der ligeledes er beliggende i Gaarden Kirkebrudvigs faelles Fjeldhavn og som begrændses paa nordlige Side af ovenmeldte Mikkel Mikkelsens Eiendom, paa vestlige Side af Elven samt af Gaarden Vasdal og Brudviks Kirkes Eiendomme eller den alfare Vei over Brudviksdalen, paa østlige Side af en Bjørgryg kaldet Bjeldaasen, hvor den støder baade til Mikkel Mikkelssens og Ole Bastessens Eiendomme og gaar i Syd til en Bæk kaldet Hæstebækken hvor den slutter.

Da det Brug i Gaarden Kirkebrudvik hvorfra bemeldte Plads skal adskilles for Tiden har rev. Skatteskyld 2 Dl. 13 Sk., blev det ny Brug anseet at udgjøre 1/5 af hele Bruget og faar saaledes revideret Skatteskyld 2 ort 2 Sk., Johannes Anderssens Brug 4 Ort 6 Sk. og Nils Anderssens Brug 4 Ort 5 Sk.

Enhver af Parterne forbeholdt sig sin lovlige Ret i Gaardens Havnegang efter enhvers nu tildelte Skatteskyld. Forretningen besluttedes lovmedholdigen afhjemlet paa førstkommende Sommerthing for Haus Thinglag. A. J. Sandvig. Ole N. Hane, Lars K. Stokke, A. O. Vaxdal. Irettelagt den 9. novbr. 1874.

C. Holm


Olav Mikkelsson 1830-1883 var frå Midtteigen i g. 1857 m. Anna Nilsdtr. Mele 1825-. Sjå. bnr. 9 og Gjerstad s. 390.

Born:

Brita 1858-1862,
Mikkel 1861-, brukar her.
Brita 1864-,
Nils 1868-,
Johannes 1871-, b. Bergen, g. 1911 m. Dortea Sjursdtr. Løtveit bnr. 2 f. 1872.


1885 skøyte til Mikkel Olsson 1861-1926, g.m. Marta Knutsdtr. Blomdal 1856-1945. Sjå Blomdal bnr. 3 og Gjerstad s. 390.

Born:

Ingeborg Olea f. og d. 1885.
Olai Andreas 1886-1888.
Olai 1889-, g.1.g.m. Sina Molvik, g.2.g.m. Malena Molvik.
Ingeborg
Bertina 1891-1977, ug., b. Dale.
Karl f. og d. 1893.
Andreas f. om lag 1894-, g. 1919 m. Turine Josefine Grimen frå Eivindvik, Ytre Sogn.
Knut 1897-, brukar her.
Mikael 1899-, b. Ytre-Bruvik, sjå Ytre-Bruvik bnr. 43.
Asta 1901-, g.m. Karl Løtveit. Sjå Ytre-Bruvik bnr. 38.


1930 skøyte til Knut Mikkelsson 1897-1961, bonde og gruvearbeidar, g.m. Gunvor 1914-, dtr. åt skomakar Hans Th. Bru og kona Gjertrud f. Rise, Jondal.

Born:

Grete Marie 19**-, b. Bergen, g.m. kjemiingeniør Gunnar Heimdal. Sjå nfr.
Martin Arne 19**-, platesveisar, b. Kristiansand, g.m. Wenche Fossheim. sjå nfr.


1974 skøyte til Grete Marie Heimdal og Martin Arne Seilen, born åt den førre brukaren her.


BNR. 2

Daglegnamn: Klyvet.

Gamalt løpenr. 22, nytt løpenr. 448. Gamal landskyld 1/2 laup smør (36 merker). Skatteskyld 38 1/4 mork smør. 1838 ny skyld: 2 dl. 1 ort. 1886, etter at bnr. 1, 3 og 4 var frådelt: Løpenr. 448 a a, gamal skyld 2 ort 23 sk. Ny skyld: 0,84 skin.

Oppgåvene i Herredsbeskrivelsen 1863 gjev opp jordvidd med meir slik det var på det gamle bruket før bnr. 3 og 4 var frådelte. Åkervidda var 5 5/6 mål. 3 1/2 mål var god åker, 1 mål var middels og 1 mål var ring åker. I tillegg kom 1/3 mål åker som låg på Ulvsnesøy. Engvidda var 20 mål. Av dette låg 9 mål på Ulvsnesøy. 12 mål var god eng, 1/3 mål var middels god, 7 1/2 mål var ring eng. Sånad: 3 1/2 tunne korn, 2 1/2 tunne poteter. Avling: 17 tunner korn, 15 tunner poteter, 700 våger høy, 119 våger halm. I slåttene hausta dei 150 våger høy. Skavet tilsvara 30 våger høy. Ei tangstrand var verdsett til 2 spdl. Fødnad: 8 kyr, 2 ungfe, 30 sauer.

1865: Sånad 3 1/2 tunne korn, 2 tunner poteter. Fødnad: 12 kyr, 30 sauer.


1725 skøyte til Fabian Fabiansson Blom, f. om lag 1668, d. 1737, g. 1696 m. Inger Olsdtr. Kyrkje-Bruvik, 1673-1737. Dei var brukarfolk her frå omkring år 1700. Sjå Haus s. 248.

Ved skiftet etter Inger og Fabian 1737 var nettoverdien av lausøyre i buet sett til vel 16 rdl. og verdien av jordegodset 8 rdl. I skiftet er berre oppført 1 barn, Anna. Formyndar for henne var mann åt morsystra, Magne Andersson Indre-Bruvik. Dette syner at Inger Olsdtr. og Anna Olsdtr. Kyrkje-Bruvik var systre. Sjå ofr.

Born:

Olav f. og d. 1697.
Brita og Dortea, tvillingar, f. og d. 1698.
Dorthea 1699-1700.
Fabian og Anna, tvillingar 1701-1702.
Anna 1702-1740.
Olav 1706-, g. 1737 m. enkja Brita Monsdtr. Løtveit, brukar på Løtveit.
Fabian 1711-, brukar her. Sjå nfr.


1728 skøyte til Fabian Fabiansson 1711-1789, g. 1738 m. Kari Monsdtr. Takvam 1703-1781. Sjå Haus s. 404.

Born:

Anna
Marta 1740-, g.m. Johannes Olsson Olsnes, sjå Olsnes bnr. 5.
Fabian 1742-, :Anders 1746-, brukar her.


1773 skøyte til Anders Fabiansson for 60 rdl. Samstundes fekk han skøyte på odels- og løysingsretten hjå den eldre broren Fabian for 10 rdl.

Anders 1746-1820 var g.m. Kristi Johannesdtr. Skaftå bnr. 1,1754-1825.

Born:

Fabian f. og d. 1777,
Johannes 1778-, brukar her,
Olav 1780-, brukar på Olsnes bnr. 5,
Kari 1782-, g.m. Olav S. Herfindal, brukar på Kyrkje-Bruvik bnr. 8,
Brita 1783-1784,
Fabian f. og d. 1785,
Brita 1789-, g.m. Simon Bastesson Stokke. Sjå Stokke leigebuarar.
Ingebjørg 1792-, g.m. Knut O. Stavenes. Sjå Stavenes leigebuarar.
Olav 1795-, plassmann på Risnes. Sjå Haus s. 331.
Anders f. og d. 1797,
Anders 1798-, brukar på Olsnes bnr. 4.


1819 skøyte til Johannes Andersson for 120 sylvspeciedl. og kår til foreldra.

Johannes 1778-1863 var g.m. Dortea 1781-1866, dtr. åt Johannes Monsson Vaksdal og kona Brita Eiriksdtr. f. Sedal, brukarfolk på Kallekleiv. Sjå Gjerstad s. 208.

Born:

Anders 1805-, brukar her.
Kristi 1813-1829.


1840 skøyte til Anders Johannesson for 150 spdl. og kår til foreldra. Anders 1805-1881 var g. 1830 m. Magdeli Nilsdtr. Indre-Bruvik bnr. 13, 1807-1879. Dei dreiv dette bruket til 1866. Då dei let jorda frå seg vart bruket delt mellom 2 av sønene.

Born:

Nils 1830-1831,
Johannes 1830-, brukar her,
Kristi 1833-, g.m. Johannes J. Ytre-Bruvik, sjå Ytre-Bruvik bnr. 7,
Nils 1836-, sjå bnr. 3,
Anders 1839-, sjå Ytre-Bruvik bnr. 2,
Johannes 1843-, sjå Ytre-Bruvik bnr. 5,
Dortea 1846--1848,
Haldor 1849-, g.m. Brita Arnesdtr. Ytre-Bruvik, sjå Ytre-Bruvik bnr. 9.


1866 skøyte til Johannes Andersson på halve farsgarden for 100 spdl. og halvt kår til foreldra.

Johannes 1830-1888 var g.1.g.m. Magdeli Mikkelsdtr. Seilen 1828- om lag 1870. Sjå bnr. 9 nfr.

Born:

Anders 1863-, brukar her,
Mikael 1868-1872.

Johannes g.2.g. 1873 m. Magdeli Mikkelsdtr. Seilen 1854-1929, brordtr. åt 1. kona. Sjå bnr. 9. nfr.

Born:

Mikael 1874-, brukar på Fokstad. Sjå Fokstad/Faugstad bnr.
Johannes 1875-,
Sjur 1878-, b. U.S.A.
Magdeli 1879-, g.m. Klaus Kvamsdal.
Nils 1883-1888,
Kristina f. og d. 1886,
Kristian 1888, b. i U.S.A., ug., fall i Frankrike under 1. verdskrigen.


1890 skifteskøyte til Anders Johannesson for kr. 1400 og kår til stykmora Magdeli Mikkelsdtr.

Anders 1863-1928 var g.m. Katrina Andersdtr. Stokke bnr. 1, 1867- 1958.

Born:

Madli 1890-, b. Havrå, g.m. Jonas Torp. Sjå Haus s. 272.
Anna 1891-, b. Ytre Arna, g.m. David Joacim Strøm. Sjå Ytre Arna s. 135.
Johanna 1893-1916, b. Trengereid, g.m. Ole Ross.
Johannes 1895-1918, ug.
Anders 1895-, smed. b. Nedste Mjelde, g.1.g.m. Trina Tomasdtr. Romslo, g.2.g.m. Anna Andersdtr. Nedste Mjelde. Sjå Anders Stokke, Haus s. 101.
Dorthea 1897- , g.m. Gjertin Andreas Havre. Sjå Haus s. 272.
Mikael 1902-. Sjå Indre-Boge bnr. 6 og 13.
Kristian 1904- , brukar her. Sjå nfr.
Magnus 1908- , brukar her. Sjå nfr.
Astrid Katrina 1911-, b. Gaupås, g.m. Hjalmar Nilsson Hundhamar. Sjå Arna s. 614.


1930 skøyte til Kristian Andersson 1904-1938, gardbrukar og gruvearbeidar, g.m. Malfrid Tomasdtr. Hekland bnr. 1, 1910-.

Malfrid fekk 1940 skøyte på Hekland bnr. 3. Huslydopplysningane vil ein finna der.


1939 skøyte til Magnus A. Bruvik 1908-, gardbrukar, g.m. Ingeborg 1904-, dtr. åt gardbrukar Jens Nesse, Tysnes, og kona Kristine f. Hovland.

Born:

Audun 19**-, sjå. nfr.
Inger Marie 19**-, husmor og kontorarbeidar, b. Haus, g.m. elektrikar Tore Iversen 19**-. Han er son åt kaiarbeidar Tore Iversen, Bergen, og kona Tonny f. Ystanes. Tore og Inger-Marie har borna:
May Elin 19**-,
Johnny Arnt 19**-.


1974 skøyte til Audun M. Bruvik 19**-, lærar, b. Skjold i Fana, g. m. Kirsti 19**-, husmor og kontorarbeidar, dtr. åt gardbrukar Kristian Langeland, Stranda, og kona Ingeborg Knutsdtr. f. Sæther.

Born:

Kjell Ivar 19**-,
Vidar Magne 19**-.


BNR. 3

Daglegnamn: Fokstadane.

Løpenr. 448 b, skilt frå bnr. 2 1866. Gamal skyld 19 1/8 mork smør, ny skyld 1 dl. 12 sk. 1886: Gamal skyld 2 ort 23 sk. Ny skyld: 0,84 skm. 1956: 0,74 skm.


1866 skøyte til Nils Andersson for 100 spdl. og kår til foreldra, verdsett til 100 spdl. Foreldra skulle også ha kår av bnr. 2. Sjå ofr. Nils Andersson f. på bnr. 2 1836 var g.m. Kari Johannesdtr. Ytre-Bruvik bnr. 7, 1838-1915.

Born:

Anders 1860-, brukar her,
Magdeli 1862-, g.m. Johannes O. Faugstad, brukar her og på Fokstad bnr. 2.
Anna 1863-, b. Dale, g.m. Ole O. Faugstad. Sjå ættesoge for Dale.
Johannes 1867-, verkstadarbeidar, Bergen, g.m. Barbru Einarsdtr. Havre. Sjå Haus s. 269.
Nils Olai 1869 el. 1870-, b. Fokstad/Faugstad bnr. 3.
Dortea 1870-, b. Bergen, g.m. Ole Selvik.
Kari 1874-, b. Bergen, g.m. Ole Selvik .
Ole 1876-, jarnbanearbeidar, b. Dale, Drammen og Gudbrandsdalen.
Johan 1878-1879.


1894 skøyte til Anders Nilsson 1860-, gardbrukar, seinare industriarbeidar, g.m. Brita el. Berta 1860-, dtr. åt Mons Eiriksson Njåstad og kona Marta Johannesdtr. Sjå Gerstad s. 230 og ættesoge for Dale.

Anders budde i Kvernhushaugen etter 1900. Sjå bnr. 13.

Born:

Marta Johanna 1883-, b. U.S.A.
Kari 1884-,
Maria 1886-, b. i Bergen,
Nils 1889-, b. i U.S.A.,
Johan 1892-, litograf, b. Bergen.
Anna, b. U.S.A.


1900 skøyte til Johannes Olsson Faugstad 1854 -, g.m. Madli Nilsdtr. Kyrkje-Bruvik bnr. 3, 1862-. Dei hadde vore brukarfolk på Fokstad bnr. 2 før dei kom hit. Sjå Fokstad/Faugstad bnr. 2.

Born:

Ole Martin 1885-1888.
Ole Martin 1888-, brukar her.
Asta 1889-, g.m. Johannes J. Vedå. Sjå bnr. 14.
Nils Johan 1891-, lokomotivførar, b. Bergen, g.m. Marie Johannessen.
Klara 1894-, g.m. Knut A. Bruvik, sjå Ytre-Bruvik bnr. 10.


1919 skøyte til Ole Martin Johannesson 1888-, gardbrukar og vegarbeidar, g.m. Sofia 1888-1958, dtr. åt Johannes Andersson Veo og 1. kona Anna Andersdtr. Elvik. Sjå Elvik bnr. 2.

Born:

Malvin Johan 1910-1914.
Arne 1912-, verkstadformann, b. Bergen, g.m. Borghild Evanger.
Judith Malfrid 19**-, g.m. pastor Johannes Holten, Vikedal.
Johannes Faugstad 19**-, brukar her. Sjå nfr.
Anton Faugstad 19**-, forretningsmann, b. Laksevåg, g.m. Elna Mikkelsen.


1957 skøyte til Johannes Faugstad 19**-, maskinist, son åt Sofie og Ole Martin Bruvik, sjå ofr., g.m. Margrete 19**-, dtr. åt fiskar og notbas Nils TelInes, Fjell, og kona Anna f. Drotningsvik.

Born:

Øystein 19**-. Sjå nfr.
Ole Johan 19**-, handelsstyrar, Bruvik.
Sigmund Arne 19**-. Sjå bnr. 63.


1974 skøyte til Øystein J. Faugstad 19**-, ferjebillettør, ug.


Ulvsnesøy med Ulvsnesøy Skolehjem 1955. Sjå Kyrkje-Bruvik bnr. 4-7.  Foto: Widerøe’s Flyveselskap A/S.
Ulvsnesøy med Ulvsnesøy Skolehjem 1955. Sjå Kyrkje-Bruvik bnr. 4-7.

Foto: Widerøe’s Flyveselskap A/S.


BNR. 4, 5, 6 OG 7

Ulfsnesøy Skolehjem.

Denne institusjonen ligg på Ulvsnesøy. Alle brukarane på Kyrkje-Bruvik hadde frå gamalt slåtter og åkrar ute på øya. 1879 vart det halde skylddeling, og øya vart utskilt som 4 bruksnummer. Bnr. 4 vart utskilt frå bnr. 2, gamal skyld 1 ort 11 sk., ny skyld 0,42 skm. Bnr. 5 vart utskilt frå bnr. 3, gamal skyld 1 ort 1 sk., ny skyld 0,41 skm. Bnr. 6 vart skilt ut frå bnr. 8, gamal skyld 4 ort 14 sk., ny skyld 1,30 skm. Bnr. 7 vart utskilt frå bnr. 10 og 12, gamal skyld 4 ort 14 sk., ny skyld 1,29 skm.

1880 skøyte til Redningsanstalten for forsømte og vanartede børn på bnr. 4 for 1200 kr., bnr. 5 for 1200 kr., bnr. 6 for 4000 kr., og bnr. 7 for 4000 kr. Namnet på institusjonen er i matrikkelen 1905 Ulfsnesøens skolehjem for forsømte børn.

Ulfsnesøy Skolehjem eig også Indre-Bruvik bnr. 3 og Olsnes bnr. 6.


BNR. 8

Prestegarden.

Gamalt løpenr. 23 og 24, nytt løpenr. 449. Gamal landskyld 54 merker smør. Skatteskyld 57 3/8 merker smør. 1838: Ny skyld 3 dl. 1 ort 12 sk. 1886, etter at bnr. 9 var skilt frå: Gamal skyld 1 dl. 3 ort 15 sk. Ny skyld 2,44 skm.

1960, etter at bnr. 31 var skilt frå, 0,12 skm.

1863 var det knapt 8 mål Åker på dette bruket. 1/3 mål Åker låg på Ulfsnesøy. Om åkeren på øya var god eller ring, er det ikkje opplyst noko om. 4 mål av åkervidda elles var god, 1 mål middels god, 2 1/2 mål var ring åker. Engvidda var 27 mål. Vel 17 mål låg på øya, 3 2/3 mål av denne enga var god, resten var ring. Heime på garden var det 8 måI god eng, 1/3 mål middels god og 1 1/2 mål ring eng. Sånad: 5 tunner korn, 3 tunner poteter. Avling: 22 tunner korn, 20 tunner poteter, 800 våger høy, 150 våger halm. I slåttene hausta dei 180 våger høy. Skavet tilsvara 30 våger høy, og dei hadde ei tangstrand verdsett til 3 spdl. Fødnaden var: 9 kyr, 3 ungfe, 26 sauer. I tillegg til å fora desse dyra kunne dei selja 60 våger høy.


Olav Bastesson Ryskeland frå Hamre bygsla dette bruket kring 1700, og var brukar her til han døydde 1749, 70 år gamal. Olav var g.1.g. 1698 m. Brita Fabiansdtr. d. 1744. Brita var truleg frå Blom. Sjå Haus s. 248.

Far åt Olav, Baste Ryskeland, åtte Skaftå kring 1700. Olav ervde Skaftå i skiftet etter faren. 1748 gav han skøyte til sonen Olav, som kom til Skaftå frå Ytre-Boge.

Born:

Olav 1699-, sjå Skaftå bnr. 1.
Synneva 1703-, g.m. Johannes J. Øvste Mjelde. Sjå Haus s. 44.
Dortea 1708-1709.

Olav Bastesson g.2.g.m. enkja Brita Johannesdtr. 1678-1761. Brita var f. på Blom, g.1.g.m. Hallstein Ytre-Boge bnr. 4, g.2.g.m. Anders Indre Songstad. Sjå Haus s. 248 og 371.


1734 skøyte til Johannes Mikkelsson Blom frå ervingar etter Olav Heimvik, Hosanger. Skøyte lydde på 54 merker smør. Seljarane var Johannes Olsson Heimvik, Nils Jakobsson Kleiveland og Anders Andersson Søre Eide. Sjå eigarsoga ofr.

Johannes Mikkelsson 1705-1771 var brukar på Søre Askeland til 1750, a kom han hit og overtok dette bruket. Sjå Haus s. 249 og 122. Johannes var g.m. Borgny Tomasdtr. Nordvik frå Samnanger, 17181775. Sjå Samnanger I s. 371.

Ved skiftet etter Johannes 1771 vart dette bruket delt mellom enkja og borna. 1773 vart jordegodset samla att ved skøyte til eldste sonen.

Born:

Sigrid 1740-1742.
Agate 1741-1742.
Simon 1742-1828, g. 1777 m. enkja Marta Johannesdtr. Toskedal.
Borgny 1743-,
Sigrid 1744-, g. 1781 m. Lars Olsson Neset. Sjå Arna s. 205.
Mikkel 1746-, brukar her.
Agate 1747-.
Besse 1748-.
Tomas f. og d. 1750.
Tomas 1751-.
Johannes 1753-.
Kari 1754-.
Anders 1756-.
Mons f. og d. 1758.


1773 skøyte til Mikkel Johannesson frå mora og dei andre ervingane ved skiftet etter faren 1772. Med det han sjølv hadde ervt, vart Mikkel no eigar av 54 merker smør.

Mikkel Johannesson 1746-1786 var g.m. Dortea 1746-1815, dtr. åt Einar Monsson Helle og kona Sigrid Johannesdtr. f. Stanghelle. Dei var brukarfolk på Rivenes i Haus. Dei åtte ein part i garden Stanghelle, og Dortea ervde 1/4 av dette jordegodset ved skiftet etter faren. Sjå Stanghelle, eigarar og Haus s. 167.

Born:

Johannes 1773-, brukar her.
Sigrid 1777-, g.m. Nils K. Dale. Sjå Dale bnr. 18.
Einar f. og d. 1780.
Einar f. og d. 1782. :Mikkel 1787-, sjå bnr. 9.


Ved skiftet 1787 etter Mikkel Johannesson vart jordegodset delt slik: Kreditor Lars Nilsson 10 merker smør, kreditor Tomas Johannesson

Kyrkje-Bruvik 4 merker smør, kreditor Anders Monsson Kvernes 4 merker smør, kreditor Eirik Pedersen Kyrkje-Bruvik 2 merker smør, kreditor Fredrik Hasselmann 2 merker smør. Til deling mellom enkja og borna vart då att 32 merker smør. Enkja Dortea fekk utlagt 16 merker smør, dottera Sigrid 4 merker smør og sønene Johannes og Mikkel 6 merker smør kvar.


1789 skøyte til Olav Sjursson Herfindal på 32 merker smør. Olav var g.m. enkja etter den førre brukaren, og parten åt Dortea, 16 merker smør, var medrekna i dette skøytet. Men 1795 måtte Olav lata styksonen Johannes, som hadde odelsrett til bruket, få skøyte. Same ånt vart det tinglyst bygselbrev til Olav, slik at han kunne halda fram som leiglending på halve bruket.

Olav Sjursson var frå Herfindalen bnr. 8, 1758 - 1829, 1787 m. enkja Dortea Einarsdtr. Kyrkje-Bruvik, 1746-1815. Ved skiftet etter Dortea var bruttosummen i buet 795 rdl., nettoen var vel 705 rdl. Husa på bruket var takserte til 130 rdl. Dette var truleg hus som var oppsette på den leiglendingsjorda som Dortea og Olav hadde drive sidan 1795. I frådraget i buet var det mellom anna rekna 25 rdl. i "hjemmegifte" til dottera Brita.

Born:

Sjur f. og d. 1789.
Brita 1790-, g.m. Jakob Sjursson Olsnes, sjå Olsnes bnr. 1.

Olav Sjursson g.2.g. 1816 m. Kari Andersdtr. Kyrkje-Bruvik bnr. 2, 1782-1832. Ved skifte etter Olav 1829 var bruttosummen i buet 153 spdl. Nettosummen 120 spdl. Husa var verdsette til 35 spdl. og buskapen til vel 41 spdl. I skiftet 1832 etter Kari Andersdtr. var bruttosummen i buet 239 spdl. Nettoen 190 spdl.

Born:

Mons 1806, d. før 1829.
Olav f. og d. 1816.
Olav 1817-, konfirmert 1832.
Dortea f. og d. 1818.
Kristi 1820-, g.m. Johannes Andersson Indre-Bruvik, sjå Indre-Bruvik bnr. 3.
Anna 1823-, g.m. Eirik Larsson Ytre-Bruvik, sjå Ytre-Bruvik bnr. 8.
Anders 1827-.

Tillegg om skifte etter Mikkel Johannesson 1787. Bruttosummen i buet var 305 rdl. Nettosummen 190 rdl. Jordegodset var verdsett til 180 rdl.


1795 skøyte til Johannes Mikkelsson for 2 pund 6 merker smør, medrekna det han sjølv hadde fått utlagt i skiftet etter faren 1787. Johannes bygsla bort halve farsgarden til stykfaren, Olav Sjursson, sjå ofr. Vilårsbrev til Olav Sjursson og kona Dortea Einarsdtr. vart også tinglyst 1795. Kåret skulle gjelda frå den tid dei slutta som brukarfolk på den parten som dei hadde bygsla.

1800 fekk Johannes tinglyst bygselsetel hjå Johan Garmann på ein kyrkjeteig som nådde frå Hestebakke til Sponeplassen.

Johannes 1773-1847 var g.m. Brita Sjursdtr. Herfindal bnr. 8, 1770-1840.

Barn: Dordi 1796-, g.m. Knut Monsson Olsnes, brukar her.


1815 bygselbrev til Knut Monsson Olsnes frå verfaren Johannes Mikkelsson på 27 merker smør. 1828 fekk Knut skøyte på heile bruket åt verfaren, 54 merker smør, for 150 spdl.

Knut Monsson 1794-, var frå Olsnes bnr. 7, g. 1815 med Dortea 1796-, dtr. åt den førre brukaren her. Knut var oppnemnt som offentleg takstmann for Bruvik sokn ved utskiftingslova av 1819. Han var lagrettemann 1829.

Born:

Mons f. og d. 1816.
Marta 1817-,
Brita 1818 g.m. Haldor Nilsson Indre-Bruvik. Sjå Indre-Bruvik bnr. 13 og Fokstad/Faugstad bnr. 1.
Dortea 1821-, g.m. Olav Andersson, brukar på Fokstad/Faugstad bnr. 3
Marta 1824-, g.m. Tomas Andersson, brukar på Fokstad/Faugstad bnr. 1.
Johannes 1827-, brukar her.
Åsa 1829-, g.m. Olav Andersson, brukar på Fokstad/Faugstad bnr. 3
Knut f. og d. 1833.
Ingebjørg 1833-, g.m. Knut Magnesson Olsnes, b. Vikno. Sjå Haus s. 222.
Mons 1837-1840.


1844 skøyte til Johannes Knutsson for 150 spdl. og kår til foreldra.


1868 gjorde han makeskifte med Opplysningsvesenets Fond. I vederlag mot dette bruket fekk han skøyte på kapellangarden Midt-Mjelde i Haus Thinglag, og eit mellomlag i pengar på 400 spdl. Sjå Haus s. 71.

Johannes 1827-, var g. 1846 m. Brita Mikkelsdtr. Indre-Boge bnr. 1, 1826-. Born:

Dortea 1846-, g.m. Anders Midt-Mjelde. Sjå Haus s. 73.
Agate 1850-1853.
Knut 1853-, g. 1878 m. Marta Jakobsdtr. Mele, b. U.S.A. Sjå Haus s. 74.
Agate 1857-1862.
Dortea 1860-, g.m. Isak Jonsson Seim. Sjå Haus s. 74.
Mikkel 1865-1867.
Brita 1868-, g.m. Johannes S. Romslo. Sjå Haus s. 360.
Nils f. og d. 1871.
Nils 1871-1872.
Mikkel 1874-1880.


1868 skøyte til Opplysningsvesenets Fond mot vederlag kapellangarden Midt-Mjelde, matr.nr. 53, løpenr. 195 i Haus tinglag, og eit mellomlag i pengar på 400 spdl.

Salet av bnr. 8 til prestegard er omtala i Bruvik Kyrkjor og Kristenliv på s. 74 og 94-96. Den fyrste soknepresten i Bruvik, S. E. Hertzberg, flytte ikkje til Kyrkje-Bruvik. Fyrst måtte det byggjast prestebustad på garden. Hertzberg vart buande i Mjeldalen til han søkte avskil 1869 på grunn av alder. Den nye soknepresten J. C. Irgens fekk 1873 i stand eit makeskifte med brukaren på bnr. 10 om ei høveleg tomt til prestebustaden. Mons Tomasson gav skøyte på 1170 kvadratalen av storåkeren. Til vederlag fekk han tomta under det gamle bustadhuset på bnr. 8 og eit mellomlag på 5 spdl. Prestebustaden var ferdig 1870.


FESTENR. 1 UNDER BNR. 8

=

1973 feste ved prestegardstilsynet til Osterøy Kommune på ein par-sell 2800 m2 for 99 år.

1973 skøyte til Osterøy Kommune på våningshus, paktarbustad, stab-bur og naust.


BNR. 9

Storseilæ. Skilt frå bnr. 8 1868, løpenr. 449 b, gamal skyld 11 19/40 mork smør. Ny skyld 3 ort 7 sk. 1886: 0,93 skm.

Dette bruket var husmannsplass frå fyrst av. Den fyrste kjende festesetelen er frå 1814.


1814 festesetel til Mikkel Mikkelsson på plasset Midtteigen i Storseilen frå broren Johannes Mikkelsson på bnr. 8.

Mikkel Mikkelsson 1787-1845 var g. 1812 m. Brita Nilsdtr. Helle, 1792-1857. Sjå Helle bnr. 7. Ved skiftet etter Brita var nettosummen vel 69 spdl.

Born:

Dortea 1816-, g. 1851 m. ekm. Johannes Olsson Trengreiddalen.
Mikkel 1819-, brukar her.
Nils 1822-1909, emigrerte til USA, 1846, g. 1853 i USA m. Kari M. Stanghelle 1824-1898, Stanghelle bnr. 1, emigrerte 1850. Dei hadde 8 born.
Johannes 1824-, b. i U.S.A. Sjå bnr. 1 ofr.
Magdeli 1828-, g.m. Johannes A. Kyrkje-Bruvik bnr. 2.
Olav 1830-,
Einar 1833-,
Mons 1834-, brukar på Hisdal i Samnanger, g.1.g.m. Brita Knutsdtr. Hisdal, g.2.g.m. Maria Vikingsdtr. Skulstad frå Haus. Sjå Samnanger I s. 251-252.


1868 skøyte til Mikkel Mikkelsson for 100 spdl. Mikkel hadde hatt festesetel sidan 1843. I samband med skøytet vart det halde skylddeling.

Skylddelingsforretninga er innførd i Nordhordland sorenskriveris pantebok II B a 30, 1867-1869, fol. 214 b.

"Sommerthing for Haus Thinglag den 22de, 23de og 25de Mai 1868.

6. Aar 1868 den 20de Mai indfandt vi samtlige undertegnede nemlig Anders Johannessen Sandvig, Thomas Olsen Hekland, Ole Anderssen Faugstad og Johannes Olsen Fosmark, os paa Gaarden Kirkebrudvig Mtr. No. 113, Lb. No. 449 i Haus Thinglag af gl. Skatteskyld 2 Bpd. 9 3/8 Mk. Smør, ny 3 Daler 1 ort 12 Sk., for i Henhold Fogdens Opnæynelse og Vedkommendes Anmodning at foretage en Delingsog Skyldsætningsforretning over Johannes Knudsens Brug i ovennæynte Gaard, mellem ham og Mikkel Mikkelsen, til hvem Førstnævnte har solgt en Del af Bruget, hvilke han nu agter at fraskjøde sig til Kjøberen. Den frasolgte Part af Bruget, der hidtil har været brugt af Kjøberen som Bygselmand, under Benævnelse Pladset Storsøilen, - grændser forsaavidt det ikke er indhegnet paa Nord og Syd til Gaarden Løtvedt, paa østre Side til Gaarden Vasdal Eiendom, eller en Elv kaldet Storaaen, og paa søndre Side er Grændsen mellom Parternes Eiendom et opført Gjærde som adskiller deres hjemmehave.

Efterat man havde taget Alt under Overveielse, enedes man om, at den frasolgte Del vil udgjøre 1/5 af Bruget, dog for at undgaa Brøks-skilling faar Johannes Knudsens Brug Lb. No. 449a Skatteskyld gl. 1 Bpd. 21 Mk. Smør, ny 2 Daler 3 Ort 5 Sk., og Mikkel Mikkelsen Brug Lb. No. 449b Skatteskyld gl. 11 19/40 Mk. Smør, ny 3 Ort 7 Skill., med hvilken Deling Parterne erklærede sig tilfredse, ligesom enhver af dem forbeholdt sig sin lovlige Ret i fælles Fjeldhavn efter enhvers nu tildelte Skatteskyld. Denne Forretning bliver lovmedholdigen at avhjemle paa førstkommende Sommerthing for Haus Thinglag. Saaledes passeret vedgaar A. J. Sandvig, Thomas O. Hekland, Ole A. Faugstad, J. O. Fosmark."

1875 var fødnaden på bruket 5 kyr, 3 ungfe, 13 Sauer og 14 geiter. Sådnad 3 tunner havre, 3 tunner poteter.

Mikkel Mikkelsson 1819-1893 var g.m. Kristi Sjursdtr. Løtveit bnr. 1, 1819-,

Born:

Brita f. og d. 1846.
Mikkel f. og d. 1847.
Brita 1849-, g.m. Sjur Olsson Storseilen, brukar her.
Marta f. og d. 1851.
Sjur 1852-, b. i U.S.A.
Marta 1853-, tekstilarbeidar, Dale.
Madli 1854-, g.m. Johannes A. Kyrkje-Bruvik bnr. 2.
Mikkel 1857-, b. U.S.A.
Nils 1858-, b. U.S.A.
Dortea 1860-, g.m. Knut T. Årland, Samnanger.
Johannes 1864-1889, ug.

1878 skøyte til verson Sjur Olsson for 1200 kr. og kår verdsett til 1500 kr.

Sjur Olsson f. 1844 var frå Løtveit bnr. 2, g.m. Brita Mikkelsdtr. 1849--, dtr. åt den førre brukaren. sjå ofr.

Born:

Krist 1879-,
Olai 1883-.
Dortea 1883-, g. 1911 m. Johannes Olsson Storseilen.
Mikal 1889-, brukar her.


1911 skøyte til Mikal Sjursson Seilen 1889-1926, gardbrukar, g.m. Anna Sjursdtr. Løtveit bnr. 2, 1888-.

Born:

Sjur 1911-, brukar her.
Borghild 1913-, g.m. Johan Drangevåg, Stamneshella. Sjå Stamnes bnr 43.
Bertina 19**-, b. Sogndal, g.m. Bjørn Olsberg.
Sigvald 19**-, b. Ytre Arna, g.m. Åsta Hisdal. Sjå Ytre Arna s. 207.
Nils 19**-, b. Hylkje, g.m. Aslaug Miltveit, Fykse.
Magnus 19**-, sjå bnr. 11.
Astrid 19**-, b. Tørvikbygd, Hardanger, g.m. Johan Augestad.
Marta 19**-, b. Garnes, g.m. Oskar Kallekleiv. Sjå bnr. 59.


1949 skøyte til Sjur Mikalsson Seilen 1911-, gardbrukar, g.m. Elen 1906-, dtr. åt gardbrukar Anders Haukås, Eide, Sogndal, og kona Kari f. Amble.

Born:

Aslaug Kristine 19**-, b. Bergen, g.m. Jon Kristian Saltnes.
Astrid Margrete 19**-, b. Indre Arna, g.m. Lars Kåre Håjem frå Ålesund.


BNR. 10

Daglegnamn: Klyvsbakken.

Gamalt løpenr. 25, nytt løpenr. 450. Gamal landskyld 27 merker smør, skatteskyld 28 11/16 merker smør. 1838 ny skyld 1 dl. 3 ort. 6 sk. 1864 då plasset Storseilen var skilt frå., fekk dette bruket løpenr. 450 a, ny skyld 1 dl. 1 ort 5 sk. Gamal skyld 20 25/64 merker smør. Løpenr. 25 og løpenr. 26 var frå gamlt eitt bruk med samla skyld 54 merker smør, dvs. 3/8 av heile garden. Løpenr. 25, dvs. bnr. 10, og løpenr. 26, dvs. bnr. 12, har det meste av tida hatt same eigar, og vore drivne som eitt bruk. 1894 vart dei samanføyd. Bnr. 12 vart da sletta av matrikkelen.

1886: 1,11 skm. 1894: 2,20 skm. 1956: 2,19 skm. (I tillegg kjem bnr. 31, kjøpt 1960.) 1863 var åkervidda på bruket 7 7/12 mål. Av dette låg 1/3 mål åker på Ulvsnesøy, mål var god Åker, 1 mål var middels god, resten var ring. Engvidda var 27 må1. 3 2/3 mål god eng og 13 1/2 mål middels god eng låg på Ulvsnesøy. Heime hadde ei 8 mål god eng, 1/3 må! middels god og 1 1/2 mål ring eng. Sånad: 5 tunner korn, 3 tunner poteter. Avling: 22 tunner korn, 20 tunner poteter, 800 våger høy, 154 våger halm. I slåttene hausta dei 180 våger høy. Skav svara til 30 våger høy. Ei tangstrand var verdsett til 3 spdl. Dei kunne selja 50 våger høy. Fødnad: 10 kyr, 2 ungfe, 35 sauer.


Baste Nilsson f. om lag 1640 - 1725 er den fyrste kjende brukaren på dette bruket. Han var truleg brukar her kring 1670. Namnet åt kona er ikkje kjent.

Born:

Nils 1673-1740.
Anna 1674-1737.
Eirik 1679-, brukar på Fokstad. Sjå Fokstad/Faugstad, brukarar før 1836.
Anders 1682-, brukar her.
Knut 1685-.


Anders Bastesson 1683-1738 vart brukar etter faren. Anders var g. m. Marta Johannesdtr. Vassdal bnr. 1 f. 1698 d. om lag 1770.

Born:

Mons 1723--, brukar på Vaksdal.
Baste 1728-, brukar her.
Johannes 1733-, sjå Vaksdal bnr. 24.

Enkja Marta Johannesdtr. gifte seg 2.g. 1738 m. Besse Mikkelsson Blom, 1708-1739. sjå Haus s. 249.

Enkja Marta Johannesdtr. g.3.g. 1740 m. Olav Eiriksson Blom, 1711-1760. sjå Haus s. 249.

Marta hadde ikkje born i 2. og 3. ekteskap.

I skiftet etter Olav Eiriksson var bruttosummen i buet vel 64 rdl., nettoen vel 41 rdl. Enkja ervde helvta, resten vart deli mellom syskena åt Olav.

Ved skiftet etter Anders Bastesson 1738 var arveluten åt kvar av dei 3 sønene lausøyre for 24 rdl. 4 ort 9 sk. og jordegods for 3 rdl. 2 sk.


1755 bygsla Baste Andersson. Baste 1728-1811 var g.1.g.m. Gjertrud Gregoriusdtr. Vik bnr. 1,1736-1762.

Born:

Ingebjørg f. og d. 1756.
Gjertrud 1759-, g.m. Eirik Pedersson Langhelle, brukar her. sjå nfr.

Baste g.2.g.m. Anna Monsdtr. 1733-1801. Born:

Anders 1763-1764.
Anders f. og d. 1764.
Inger 1765-.
Marta f. og d. 1767.
Anders f. og d. 1770.
Marta f. og d. 1773.
Gjertrud 1773-.
Inger f. og d. 1775.
Marta f. og d. 1775.

(Døtrene Marta og Gjertrud f. 1773 var tvillingar. Det var også Inger og Marta f. 1775.)


1787 og 1792 skøyte til Eirik Pedersson frå lensmann Nils Revheim, Olav Ivarsson Kvamme og Ivar Larsson Askeland.

Eirik Pedersson 1740-1814 var frå Langhelle bnr.3, g. 1781 med Gjertrud 1759-1832. eldste dotter åt den førre brukaren her. Eirik hadde fått bygsla halve bruket åt verfaren 1782. Verforeldra fekk kår av denne parten 1786. Skøytet som Eirik fekk 1787 lydde på halve bruket. 1792 fekk han så skøyte på resten. 1794 var det tinglyst nytt kårbrev til verforeldra. Dei fekk då kår av heile eigedomen. Ved skiftet etter Eirik 1814 var bruttosummen i buet 382 rdl., nettoen var 295 rdl. Det var ikkje jordegods. Eldste sonen hadde fått skøyte 1801. Men det var mykje verdfult lausøyre. Sylvet var verdsett til 48 rdl. og koppartinga til 186 rdl. Ein stor kopparkjel var verdsett til 72 rdl. Eit forgylt sylvbelte med 16 store og 4 små stølar var verdsett til 20 rdl. Enkja fekk utlagt halvparten av buet, resten vart skift mellom dei 4 borna. Ved skiftet etter Gjertrud Bastesdtr. 1833 var bruttosummen i buet 47 spdl. Nettoen var 42 spdl.

Born:

Gjertrud f. og d. 1783.
Anna 1785-, g.m. Peder Olsson Kyrkje-Bruvik. Sjå bnr. 12.
Baste f. og d. 1788.
Marta f. og d. 1791.
Baste 1792-, brukar her.
Gjertrud 1795-, g.m. ekm. Lars. J. Ytre-Bruvik, sjå Ytre-Bruvik bnr. 8.
Peder f. 1800, d. før 1833.
Olav f. og d. 1803.


1807 skøyte til Baste Eiriksson for 2 pund 6 merker smør. 1809 vart det tinglyst kårbrev til foreldra, og same året bygsla Baste halve eigedomen, 1 pund 3 merker smør, til verbroren Per Olson. sjå nfr. Baste Eiriksson 1792-1827 var g. 1812 m. Kari Olsdtr. Løtveit bnr. 1, f.1790,

Ved skifte etter Baste 1827 var bruttosummen i buet 476 spdl. Nettosummen var 437 spdl. Jordegodset 2 pund 6 merker smør verdsett til 400 spdl. vart utlagt til eldste sonen, Olav Bastesson.

Born:

Gjertrud 1813-, g.m. Baste O. Rongved, sjå bnr. 11.
Olav 1816-, brukar her.
Brita f. og d. 1819.
Brita 1820-, g.m. Mikkel O. Langhelle, sjå Langhelle bnr. 1.
Per 1823-, brukar på Asheim, g.m. Marta Magnesdtr. Asheim. sjå Haus s. 209.
Marta 1826-, g.m. Mons S. Løtveit, sjå Løtveit bnr. 5.

Enkja Kari Olsdtr. 1792-1875 gifte seg 2.g. 1829 m. ekm. Nils Eiriksson Ytre-Boge bnr. 1, 1799-1877. Dei dreiv bruket til eldste sonen hennar, som hadde fått skifteskøyte, sjølv kunne overta. 1832 vart det tinglyst kår til Kari og Nils ved formyndaren åt Olav, Ingebrigt Nilsson Ytre-Bruvik.

Born:

Marta 1829-, g.m. Jon J. Indre-Bruvik, sjå Indre-Bruvik bnr. 1.
Anna f. og d. 1831.
Baste 1832-1839.


1827 skifteskøyte til Olav Bastesson på bnr. 10 og 12. Olav var då berre 11 år gamal. Mora Kari og stykfaren Nils Eiriksson dreiv bnr. 10. Bnr. 12 var bygsla bort til Peder Olsson. Då han vart vaksen overtok Olav båe bruka, og dreiv dei sjølv. Det vart tinglyst kårbrev til Peder Olsson og kona Anna 1837. Nils Eiriksson og kona Kari hadde fått tinglyst kårbrev så tidleg som 1832.

Olav Bastesson 1816-1843 var g. 1838 m. Brita Olsdtr. Hekland bnr. 1, 1817-1859. Ved skiftet etter Olav 1843 var jordegodset verdsett til 380 spdl. Bruttosummen i buet var 501 spdl. Nettoen var 153 spdl. Bnr. 10 og 12 vart utlagt til dottera Kari Olsdtr.

Born:

Kari 1840-, g.m. Mons Hekland, brukar her.
Brita d. før 1843.


1844 vart Olav Eiriksson Helle g.m. enkja etter den førre brukaren her, Brita Olsdtr. 1817-1859. Dei dreiv bnr. 10 og 12 som Kari, dtr. åt Brita i 1. ekteskap, hadde fått utlagt ved skiftet 1843. Olav 1822-, var frå Helle bnr. 2. Sjå Helle bnr. 2.

Born:

Agathe 1844-, g.m Haldor J. Dale. Sjå Dale bnr. 21.
Anna 1847-, b. U.S.A., g.m. Olav Garnes.
Dortea 1849-, b. U.S.A., g.m. John Johannesson Dale.
Anna 1852-, b. U.S.A., g.m. Olav Tungeland.
Olav 1856-1857.
Berta d. f. 1859.

Olav Eiriksson g.2.g.m. enkja Anna Sjursdtr. Garnes f. Rivenes. Sjå Arna s. 10.

Born:

Berta Olina 1861-1938, ug., grunnleggjar og styrar av handarbeidsskulen for kvinner på Garnes. Sjå Arna s. 40.


1843 skifteskøyte til Kari Olsdtr. f. 1840, g.m. Mons Tomasson Hekland bnr. 1, 1841-1902.

Born:

Olav 1862-, brukar her.
Brita 1865-, g.m. Nils J. Indre-Bruvik, sjå Indre-Bruvik bnr. 1.
Kari 1870-, ug., sjukepleiar.
Olai 1875-, g.m. Inga Hetlevik frå Askøy, syster til handelsmann Ludvik O. Hetlevik. Sjå Indre-Bruvik bnr. 27.
Marta 1880-.


1894 skøyte på bnr. 10 og 12 til Ole Monsson, son åt den førre brukaren her. 1894 vart bnr. 10 og 12 samanføyd, og bnr. 12 vart sletta av matrikkelen.

Ole 1862-1932 var g. 1887 m. Kari 1863-1945, dtr. åt lærar Anders Asheim og kona Ingebjørg Johannesdtr. f. Thunes. Sjå Haus s. 209.

Born:

Mons 1887-1913, ug., lensmannsfullmektig, Volda.
Anders 1889-1951, b. U.S.A.
Ingvald 1891-1915, ug. gruvearbeidar, b. Bruvik.
Kari 1893-, b. Tynset, g.m. dyrlækjar Erling Vangen.
Tomas 1895-1897.
Ingeborg 1898-1954, b. Bergen, g.m. slaktar Adolf Sørum.
Tomas f. og d. 1900.
Katinka 1901-, b. Voss, g.m. målarmeister Nils Vethe.
Olav 1905-, brukar her.


1931 skøyte til Olav Olsson Bruvik 1905-1963, gardbrukar og gruvearbeidar, g.m. Ase 1907-, dtr. åt gardbrukar Rasmus Skottsund, Lindås, og kona Ase f. Fosse frå Alversund.

Born:

Kari 19**-, g.m.Leif Johan Eilefsen. Sjå ættesoga ættesoge for Vaksdal og Jamne.
Ase Ragna 19**-, husmor og hjelpepleiar, b. Enger, Søndre Land, g. m. Sverre Slette.
Ole 19**-, brukar her.
Trygve 19**-, sjå bnr. 52 og 62.


1963 skøyte på bnr. 10 og 31 til Ole Olsson Bruvik 19**-, ug. gardbrukar.


BNR. 11

Storseilæ.

Løpenr. 450 b og 451 b. Skilt frå bnr. 10 og 12 1864. Gamal skyld 4 ort 3 sk. 1886 ny skyld 1,13 skm.

Dette bruket var frå fyrst av eit husmanssplass som vart kalla Teigen eller Nordre Teigen. I Herredsbeskrivelsen heiter det om dette plasset at det var lettbrukt, frostlendt, og at der var "seen og grøn Høst". Åkervidda var 3 4/5 mål. 1 mål var god Åker, 1 mAl var middels god, resten var ring. Her var stor engvidd, 83 1/2 mål, men berre 3 mål var god eng, 7 mål var middels god, resten var ring. Sånad: 2 1/2 tunne havre, 2 1/2 tunne poteter. Avling: 9 tunner havre, 14 tunner poteter. Der er ikkje opplyst kor stor avling her var av høy og halm. Dei fødde 5 kyr, 3 ungfe, 20 sauer og 10 geiter. Dei hausta lyng svarande til for åt 1 ungfe.

1865 finn me denne oppgåva i folketeljinga: Fødnad 5 kyr, 9 sauer, 9 geiter. Sånad 1 1/2 tunne korn, 1 1/2 tunne poteter.

1875 fødnad: 4 kyr, 2 ungfe, 16 sauer, 14 geiter, 1 gris. Sånad: 2 tunner havre, 4 tunner poteter.


1808 festesetel til Ingebrigt Johannesson Kvåstad på eit plass kalla Nordre Teigen under bnr. 10.

Ingebrigt Johannesson 1768-1830 var frå Kvåstad i Stamnes, g. 1797 m. Anna Olsdtr. Løtveit bnr. 1 1775-1839. Ingebrigt var tilsett som skulehaldar i Bruvik 1792 etter Olav Hana. Sjå Kvåstad, brukarar før 1850. Anna og Ingebrigt budde på Løtveit dei fyrste åra dei var gifte. Dei skal ha vore dei fyrste som budde i Dei hadde ikkje born. 1821 sette dei opp gjensidig testamente som gav den lengstlevande rett til å sitja i uskift bu så lenge vedkommande ikkje stifta nytt ekteskap.


1833 festesetel til Johannes Helgesson Nordre Løtveit 1790-1855. Festesetelen lydde på 8 år. Det vart tinglyst kårbrev til enkja etter den førre brukaren, Anna Olsdtr.

Johannes Helgesson og Anna Olsdtr. gifte seg 1834. Då Anna døydde 1839, gifte Johannes seg opp att på Tysse i Hosanger. Sjå Hosanger I del 1 s. 567 og del 2 s. 96.


1844 festestel til Baste Olsson Rongve, 1810-1870, g. 1834 med Gjertrud Bastesdtr. Kyrkje-Bruvik bnr. 10, 1813-1872. 1837 hadde Baste Olsson fått festesetel på eit bøstykke under bnr. 10. Denne festesetelen vart avlyst 1844 då han fekk festesetel i Seilæ. Baste var visstnok også ei tid plassmann på Rongve. Sjå. Gjerstad s. 409.

Born:

Baste f. og d. 1835.
Kari 1836-.
Olav 1837-1838.
Kari f. og d. 1839.
Olav 1840-, brukar her.
Olav 1843-1916, b. Breistein. Sjå Arna s. 625.
Kari f. og d. 1845.
Baste 1846-1847.
Kari 1848-.
Kari 1850-, tekstilarbeidar i Ytre Arna og på Dale.
Dortea 1852-, g.m. banearbeidar Lars Hansen Emberland Sveen, 1855-.
Brita 1856-, g. 1880 m. baneformann Tor Gregorsson Vinje.
Baste 1858.


1864 skøyte til Ole Bastesson for 150 spdl. I samband med skøytet vart det halde skylddeling. Dokumentet finn ein i Nordhordland sorenskriveris pantebok II B a 28, 1862-1864, fol. 738 b.


"Høstthing for Haus Thinglag, 17. 18. og 19de November 1864.

27. Delings- og Skyldsætningsforretning. Aar 1864 den 15. November indfandt vi samtlige undertegnede, nemlig Anders Johannessen Sandvig, Mikkel Olsen Dale, Ole Anderssen Faugstad og Johannes Olsen Fosmark os paa Pladset Storsøln under Gaarden Kirkebrudvig, Matr. No. 113 i Haus Thinglag, af ny Skatteskyld 3 Dal. 1 Ort 12 Sk. for at foretage en Delings- og Skyldsætningsforretning over bemeldte Plads mellem Eieren af Pladset Mons Thomassen Kirkebrudvig og Ole Bastesen Storsøln til hvem han nu har solgt Pladset.

Bemeldte Pladses Grændser ere betegnet ved Gjærde paa søndre og nordre Side: paa østlige og vestlige Side begrændses det af Pladsmanden Mikkel Mikkelsens Eiendom, hvilke Grændser ere forsynede med behørige Mærkestene. Efterat Pladsets tilhørende Eiendom var befaret og enhver Omstændighed ved samme var taget i Betragtning blev man enig om at Ole Bastesens eller det nye Brug skal udgjøre 1/4 af Mons Thomassens Brug Løbe No. 450 a, og 451 a, som altsaa faar ny Skatteskyld 2 Dal. 2 Ort 9 Sk., gl. 1 Bp. 16 25/32 Mk. Smør, og Ole Bastesens Brug Løbe No. 450 b og 451 b 4 Ort 3 Sk., gl. 16 19/32 Mk. Smør, med hvilken Delings- og Skyldsætningsforretning Parterne erklærede tilfredse: Ligesaa forbeholdt Parterne sig sin Ret til fælles Fjeldhavn efter enhvers tildelte ny Skatteskyld. Endelig besluttedes denne Forretning bliver at afhjemle lovmedholdigen paa førstkommende Høstthing for Haus Thinglag Saaledes passeret vedgaar A. J. Sandvig, Mikkel N. Dale, Ole A. Faugstad, J. O. Fosmark."


Ole 1840-1920, var g.m. Kari 1840-, dtr. åt Anders Olsson Trengereiddalen og kona Brita Hallsteinsdtr. Ytre-Bruvik bnr. 7. Sjå leigebuarar Ytre-Bruvik.

Born:

Anders 1865-, brukar her.
Gjertrud 1868 -, g.m. Edvard K. Vassdal, sjå Vassdal bnr. 1.
Brita 1870-, b. Bergen, g.m. Hermansen.
Ole 1872-, b. U.S.A.
Baste 1872-,
Madli 1878-, ug., hushaldar her og på Garnes Guttehjem.


1896 skøyte til Anders Olsson Seilen 1865-1947, gardbrukar, g.m. Ingeborg Sjursdtr. Løtveit bnr. 4 1863-1951.

Born:

Karl 1891-, b. og g. i Alaska.
Anna 1893-, g.m. Ingvald Knutin Vassdal, sjå Vassdal bnr. 4.


1950 skøyte til Magnus Seilen 19**-, son åt Anna og Mikael Seilen, Kyrkje-Bruvik bnr. 9, g.m. Ingeborg 19**-, dtr. åt Ingvald Knutin Vassdal bnr. 4 og Anna Andersdtr. Seilen bnr. 11. Sjå ofr. sjå også Vassdal bnr. 1.

Born:

Magne Inge 19**-, b. Espeland, g.m. Marit Espeland.
Reidar 19**-, b. Indre-Bruvik, g.m. Liv Solveig f. 1949, dtr. åt Nora og Karl Mugås, Voss.
Arild 19**-, b. Ytre Arna, g.m. Wenche Olsen.
Egil 19**-.
Audun 19**-.
Solfrid 19**-.
Karl 19**-.


1974 skøyte til Anders Vassdal f. 1921, son åt Anna og Ingvald Knutin Vassdal bnr. 4.


BNR. 12

Gamalt løpenr. 26. Nytt løpenr. 451. Gamal landskyld 27 merker skatteskyld 28 11/16 merker smør. 1838 ny skyld: 1 dl. 3 ort 6 sk. Etter at bnr. 11 var skilt frå, var skyld 3 ort 21 sk. 1886: 1,09 skm. Bnr. 12 vart skilt ut frå bnr. 10 1782, då Eirik Persson Langhelle fekk bygsla halve bruket åt Baste Andersson. Seinare vart Eirik Persson eigar av både bnr. 10 og 12, og dei vart då slegne saman att. Men 1809 til 1837 var dei 2 bruka drivne kvar for seg.


1809 bygsla Peder Olsson dette bruket hjå verbroren Baste Eiriksson Kyrkje-Bruvik bnr. 10. Dei gamle brukarfolka, Eirik Pedersson og kona Gjertrud Bastesdtr., fekk tinglyst kårbrev av bnr. 10 og 12 1809.

Peder Olsson 1779-, var frå Ytre-Bruvik bnr. 9, g. 1806 m. Anna Eiriksdtr. Kyrkje-Bruvik bnr. 10, 1785-1844. Peder var soldat i det Bergenhusiske Regiment, og var med i krigen fram til 1809. Medan Peder var ute i krigen budde kona Anna ei tid i Hesjedal. Eldste sonen vart fødd der.

Born:

Olav 1806-1807.
Gjertrud 1807-, g.m. Mons Ytre-Bruvik, sjå Ytre-Bruvik bnr. 13.
Brita 1810-, g.m. Olav Olsson Rongve, leigebuarar på Olsnes.
Eirik f. og d. 1813.
Ingebot 1814-1844, ug.
Anna f. og d. 1817.
Olav f. og d. 1818.
Lars 1820-, d. før 1844.
Per 1825-,
Anna 1828-.

Ved skiftet etter Anna Eiriksdtr. 1844 var bruttosummen i buet 32 spdl. Nettoen vel 12 spdl. Enkjemannen fekk utlagt halvparten, resten var utlagt med ein brorlodd til sonen Peder Pedersson og 4 systerlutar til døtrene Gjertrud, Brita, Ingeborg og Anna. Peder Olsson og kona Anna fekk kår hjå brukaren på bnr. 10 1837. Etter den tid har bnr. 10 og 12 vore drivne som eitt bruk. 1894 vart det tinglyst samanføyning av dei to bruka. Bnr. 12 vart stroke av matrikkelen.


BNR. 13

Kvernhushaugen.

Skilt frå bnr. 2, 3, 8 og 10. Skyld 0,01 skm.

Den fyrste som budde her var Anders Nilsson Bruvik. Sjå bnr. 3.


1922 skøyte til Jenny Nerheim 1886-1971, forretningseigar og husmor, dtr. åt skomakar Haldor Jonsson Bruvik og kona Synneva Jensdtr. f. Hestad, g.m. revisor Karl Oskar Nerheim 1890-, son åt fiskar Tor Steffensson Nerheim, Ølen, og kona Kari Knutsdtr. frå Ostereide. 1947 fekk Jenny Nerheim også skøyte på bnr. 21. Sjå Indre-Bruvik bnr. 19.

Born:

Hjørdis Synneva 19**-, juridisk konsulent, b. Bærum, g.m. ingeniør Jakob Stian Gundersen.


BNR. 14

Fagerheim.

Skilt frå bnr. 3 1921, 0,02 skm.


1922 skøyte til Asta Vedå 1889-1975, sydame og husmor, dtr. åt Madli og Johannes Faugstad, Kyrkje-Bruvik bnr. 3, g.m. bygningssnikkar Johannes Johannesson Vedå, 1881-1922. Sjå Veo bnr. 2.

Born:

Anton 19**-, sjå nfr.
Johan 19**-, sjå nfr.
Margit 19**-, sjå nfr.
Jenny Anna 19**-, kontorfullmektig, Dale, g.m. Reidar Laastad. Sjå ættesoge for Dale.


1967 skøyte på 1/4 av bnr. 14 til Anton Johannesson Vedå 19**-, idustriverninspektør, Tønsberg, g.m. Jeanne Christoffersen, dtr. åt kvalskyttar Henrik Christoffersen, Tønsberg, og kona Karoline.

Barn:

Erling 19**-, stuert og sjømann, b. San Francisco, U.S.A.


1967 skøyte på 1/4 til Johan Johannesson Vedå 19**-, verkstadarbeidar, b. Bergen, g.m. Edith 19**-, butikkdame, dtr. åt Anna og Thomas A. Bruvik, Ytre-Bruvik bnr. 16.

Born:

Laila 19**-, butikkdame, b. Oslo, g.m. Arvid Hellesnes.
Anne Lise 19**-, sjukepleiar og jordmor, b. Oslo, g.m. Jæger


1967 skøyte på 1/4 til Margit Bjørkum 19**-, dtr. åt Asta og Johannes Vedå, sjå ofr., g.m. advokat Sigmund Bjørkum, 19**-, son åt hotelleigar Simon Bjørkum, Bergen, og kona Alette f. Haukås.

Born:

Tove 19**-,
Stig 19**-.


1967 skøyte på 1/4 til Jenny Laastad, Dale. Ho gav skøyte 1972 til systera Margit Bjørkum.


BNR. 15

Solglytt. Skilt frå bnr. 2. 0,02 skm.

1947 skøyte til Normann Stokke 19**-, gruvearbeidar og anleggsarbeidar, son åt Lina og Thomas J. Stokke bnr. 5, g.m. Margot 19**-, dtr. åt Klara og Knut A. Bruvik, Ytre-Bruvik bnr. 10.

Born:

Svein 19**-, telegrafmontør, b. Drøbak, g.m. Margrete Grimen.
Liv 19**-, frisør og husmor, b. Haus, g.m. Tor Konradsson Skaftun, 19**-, sjå Skaftå bnr. 47.
Knut 19**-, lærar, Stranda, Sunnmøre, g.m. Anne Grete Arhus.
Ashild 19**-, sjukepleiar, b. Stranda, Sunnmøre, g.m. Johan Kopperstad.
Johannes 19**- , b. her, g.m. Annbjørg Karin Bjørkavåg.


BNR. 16

Leikeplass 2. Skilt frå bnr. 3 1930. 0,02 skm.

Heimel 1975 hadde Ole Johannesson Bruvik, eigar av bnr. 3 då bnr. 16 vart fråskilt.


BNR. 17

Bergtun. Skilt frå bnr. 10 1938, 0,01skm.

1939 skøyte til Betzy og Sigurd M. Løtveit.

Sjå også bnr. 20 og Indre-Bruvik bnr. 37.

Sigurd 1913-, skomakar og spesialarbeidar hjå Frank Mohn A/S, er son åt Andrina og Mons N. Løtveit bnr. 5, g.m. Betzy 1914-, dtr. åt Jonas Gattland 1870-1950, og kona Brita f. Dalland 1885-1920, busette i U.S.A.

Born:

Magne 19**-, sjå bnr. 61.
Arne 19**-, elektrikar og avdelingsleiar, b. Åsane, g.m. Else Birkeland.
Harald 19**-, industriarbeidar, b. her.
Berit 19**-, husmor, Haukås, Åsane, g.m. Karsten Haukås.
Astrid 19**-, hjelpepleiar og husmor, Valestrandsfossen, g.m. Oddvin Haland.


BNR. 18

Heimtun. Skilt frå bnr. 10 1940. 0,01 skm.

1944 skøyte til Johan M. Bruvik 1910-, bygningssnikkar, b. Bergen, son åt Johanna og Mons J. Bruvik, Ytre-Bruvik bnr. 12, g.m. Anna Knutsdtr. Løtveit bnr. 2.

Born:

Kjell 19**-, innkjøpssjef, b. Grimseid, Bergen, g.m. Bjørg Thomassen.
Ingrid 19**-, husmor, b. Bergen, g.m. Svein Løtveit.


BNR. 19

Helgheim. Skilt frå bnr. 2, 3 og 10 1941. 0,01 skm.

1956 skøyte til Bruvik Indremisjon.


BNR. 20

Bergtun. Skilt frå. bnr. 10 1944. 0,01 skm.

1955 skøyte til Sigurd Løtveit. Sjå bnr. 17 ofr.


BNR. 21

Kvernhushaugen.

1947 skøyte til Jenny Nerheim. Sjå bnr. 13.


BNR. 22

Forva. Skilt frå bnr. 2 1948. 0,01 skm.

1948 skøyte til Jan H. Hermansen 1898-1964, skuleinspektør, b. Dale. Sjå bnr. 29 og [[[Ættesoge|ættesoge for Dale.]] Der vil ein finna slektsopplysningane.


BNR. 23

Kreken. Skilt frå bnr. 3 1949. 0,03 skm.

1954 skøyte til Bruvik Herad. Dette er ein del av skulehustomta. Sjå bnr. 16.


BNR. 24

Møbeltun. Skilt frå bnr. 8 1949. 0,01 skm. Verkstadtomt.

1949 skøyte til Thomas Stokke 1915-, sjå Ytre-Bruvik bnr. 20.


BNR. 25

Nye-Kyrkjegarden. Skilt frå. bnr. 3 1950. 1950 skøyte til Bruvik Soknekommune.


BNR. 26

Solstrand. Skilt frå bnr. 3 1951. 0,01 skm.

1951 skøyte til Johannes J. Bruvik. Sjå Indre-Bruvik bnr. 4.


1975 skøyte til Johannes Alvin Bruvik på gnr. 152 bnr. 26 og gnr. 153 bnr. 4. Huslydopplysningar: Sjå Indre-Bruvik bnr. 4.


BNR. 27

Svana. Skilt frå bnr. 1. Hyttetomt. 0,01 skm.

1954 skøyte til Anfin J. Bruvik. Sjå Ytre-Bruvik bnr. 7.


BNR. 28

Sponaplassen. Skilt frå bnr. 1 1954, 0,01 skm.

1954 skøyte til Kåre Stuenes d. 1963 b. U.S.A., g.m. Hjørdis Stuenes b. U.S.A.


1968 skøyte til Valborg Hesjedal f. 1902, g.m. kjøpmann Olav Hesjedal, Bergen, 1899-1940. Sjå III s. 327?.


1972 skøyte til Valborg Liv Ask frå mora Valborg Hesjedal.


BNR. 29

Forvad. Skilt frå bnr. 2. 0,01 skm.

1955 skøyte til Jan H. Hermansen. Sjå. bnr. 22 og ættesoge for Dale.


1975 skøyte til Jan Ottar Hermansen, audiopedagog, b. Indre Arna, son åt Klara og Jan H. Hermansen, g.m. Grete 1941-, telegraffullmektig, dtr. åt gardbrukar Reidar Smeby, Lærdal, og kona Brita f. Husum.

Born:

Jan Hermann 19**-,
Reidar 19**-.


BNR. 30

Brubakk. Skilt frå bnr. 3 1959. 0,01 skm.

1959 skøyte til Nils J. Brudvik 1891-1972, lokomotivførar, son åt Madli og Johannes Faugstad, sjå bnr. 3 ofr., g.m. Marie 1898-1974, dtr. åt bygningssnikkar Johannes Johannesen, Bergen og kona Hansine.

Born:

Ruth 19**-, husmor og kafearbeidar, b. Asane, g.m. Tolleif Gjersvik.
Astrid 19**-, g.m. Henry Bruvik. Sjå nfr.


1960 skøyte til Astrid Bruvik 19**-, dtr. åt den førre eigaren, og til mannen hennar, Henry Bruvik 19**-, mekanikar, son åt Inga og Peder Bruvik, Ytre-Bruvik bnr. 21.

Born:

Elin 19**-,
Lisbeth 19**-,
Inger Marie 19**-,
Nils Harald 19**-.


1972 skøyte til Johannes Faugstad. Sjå Indre-Bruvik bnr. 3.


BNR. 31

Nystykke. Skilt frå bnr. 8 1960. 2,32 skm.

1960 skøyte frå Opplysningsvesenets Fond til Olav O. Bruvik. Sjå bnr. 10.


1963 skøyte til Ole O. Bruvik på bnr. 10 og 31.


BNR. 32

Bjørnebu. Skilt frå bnr. 1 1960. 0,01 skm. Hyttetomt.

1960 skøyte til ToroIf Torbjørnsen 1909-, personalsekretær, Bergen, son åt smed Vermund Torbjørnsen og kona Marie f. Ingebrigtsen, g.m. Oline 1910-, butikkekspeditør, dtr. åt lærar Ole Andreas Hermansen, Bømlo, og kona Gustava f. Geitung.

Born:

Målfrid 19**-, sekretær, b. Trondheim, g.m. siviløkonom Odd Steinsbo, 19**-.
Inge 19**-, lærar, b. Asker, g.m. lærar Kari f. Sundsbø 19**-.


BNR. 33


Nordlys. Skilt frå bnr. 1 1962. 0,01 skm.

1962 skøyte til Normann Stokke. Sjå bnr. 15.


BNR. 34

Torhei. Skilt frå bnr. 1 1962, 0,01 skm.

1962 skøyte til Jan Bruvik 19**-, snikkar, son åt Mathilde og Mons M. Bruvik, Ytre-Bruvik bnr. 31, g.m. Kristin 19**-, dtr. åt snikkar Alfred Riple og kona Dortea f. Kleppe. Sjå Gjerstad s. 140.

Born:

Endre 19**-, radioreparatør, b. Oslo, g.m. Hanne Britt Nilsen.
Hekki 19**-, snikkar, Nordås v/ Bergen.
Torleif 19**-,
Tone Merete 19**-.


BNR. 35

Storehauen. Skilt frå bnr. 1 1962. 0,01 skm.

1962 skøyte til Knut Andersen f. 1913. Sjå ættesoge for Dale.


BNR. 36

Fjellbu. Skilt frå bnr. 9 1962. 0,01 skm.

1962 skøyte til Anton Høylo 19**-, g.m. Johanna f. Bruvik. Sjå Ytre-Bruvik bnr. 6, som Johanna fekk skøyte på 1973. Huslydopplysningane vil ein finna der.


BNR. 37

Olabu. Skilt frå bnr. 9 1962. 0,01 skm.

1962 skøyte til Olav Langhelle 19**-, sagmeistar, son åt Sofie og Nils Langhelle. Sjå Ytre-Bruvik bnr. 23.


BNR. 38

Fosshaug. Skilt frå bnr. 1, 9 og 11 1974. 0,01 skm. Hyttetomt.

1974 skøyte til Nils Borge 1915-1976, gruvearbeidar, eigar av Vik bnr. 11 og Stokke bnr. 1. Huslydopplysningar: Sjå Stokke bnr. 1.


1974 skøyte til borna Kjell Borge og Grete Gjerstad. Sjå Vik bnr. 11 og Stokke bnr. 1.


BNR. 39

Ospehaug. Skilt frå bnr. 1, 9 og 11. 1964. 0,01 skm.

1964 skøyte til Mikael M. Seilen. Sjå Ytre-Bruvik bnr. 43. 1975 skifteskøyte til Nils R. Mele, Gjerstad.


BNR. 40

Torvhushaugen. Skilt frå bnr. 1, 9 og 11 1964. 0,01 skm.

1964 skøyte til Paul Birger Bruvik 19**-, adjunkt, b. Bergen, son åt Agate Petersdtr. Bruvik. Sjå Ytre-Bruvik bnr. 30, g.m. Else Finstad.

Born:

Vidar 19**-.
Birthe 19**-.


BNR. 41

Nilsebu. Skilt frå bnr. 1, 9 og 11 1967. 0,01 skm.

1968 skøyte til Nils Seilen 19**-. b. Hylkje, son åt Anna og Mikael Seilen, Kyrkje-Bruvik bnr. 9, g.m. Åslaug Mildtveit.


BNR. 42

Elinbu. Skilt frå bnr. 1, 9 og 11 1967. 0,01 skm.

1968 skøyte til Elin Rognø 19**-, lærar. Sjå Skaftå bnr. 46.


BNR. 43

Fjellhaug. Skilt frå bnr 1, 9 og 11 1967. 0,01 skm.

1968 skøyte til Bjarne Vik, b. på Skaftå bnr. 34. Huslydopplysningar vil ein finna der.


BNR. 44

Skilt frå bnr. 1, 9 og 11 1967. 0,01 skm.

1968 skøyte til Magne B. Haukås 1912-, og Åge Solheim 19**-.


BNR. 45

Fjellborg. Skilt frå bnr. 1, 9 og 11 1967. 0,01 skm.

1968 skøyte til Ingvald Bruvik. Sjå Indre-Bruvik bnr. 10. Huslydopplysningar vil ein finna der.


1972 skøyte til Johannes J. Bruvik.

1975 ektepakt mellom Britt og Johannes Bruvik. Dette bnr. og Skaftå bnr. 2 er særeige åt Johannes Bruvik. Huslydopplysningar: Sjå Skaftå bnr. 2.


BNR. 46

Soltun. Skilt frå bnr. 1, 9 og 11 1968. 0,01 skm.

1969 skøyte til Kjell Arne Rongve. 19**-.


BNR. 47

Stølen. Skilt frå bnr. 1, 9 og 11 1968. 0,01 skm.

1968 skøyte til Anton Kvandal.


BNR. 48

Solåsen. Skilt frå bnr. 1, 9 og 11 1968. 0,01 skm.

1969 skøyte til Odd Aakre f. 19**.


BNR. 49

Asen. Skilt frå bnr. 1, 9 og 11 1968. 0,01 skm.

1970 skøyte til Ingvald Vassdal 19**-, snikkar, b. Bergen, son åt Anna og Ingvald Knutin Vassdal bnr. 4.

BNR. 50


Erinstølen. Skilt frå. bnr. 1, 9 og 11 1967. 0,01 skm.

1969 skøyte til Erik Næss.


BNR. 51

Karibu. Skilt frå bnr. 2, 3 og 10 1968. 0,01 skm.

1969 skøyte til Oskar Blom 19**-. Sjå Haus s. 257.


BNR. 52

Bekkevold. Skilt frå bnr. 2, 3 og 10 1968. 0,01 skm.

1969 skøyte til Trygve Bruvik 19**-, arbeidsleiar, son åt Ase og Olav O. Bruvik, sjå bnr. 10, g.m. Laila 19**-, dtr. åt stuert Olav Bjune, Buøy ved Stavanger, og kona Gudrun Johannessen f. Lind-anger.

Born:

Torleif 19**-.
Nina Kristin 19**-.


BNR. 53

Fiskarbu. Skilt frå bnr. 2, 3 og 10 1968. 0,01 skm.

1969 skøyte til Ingolf P. Bruvik 19**-, sjå Ytre-Bruvik bnr. 21.


BNR. 54

Sjangrila. Skilt frå bnr. 2, 3 og 10 1969. 0,01 skm.

1970 skøyte til Asbjørn Ask 19**-.


BNR. 55

Fjellbu. Skilt frå bnr. 2, 3 og 10 1969. 0,01 skm.

1970 skøyte til Johannes Pedersson Bruvik 19**-, gartnar, b. Vaksdal. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.


BNR. 56

Fredbo. Skilt frå bnr. 2, 3 og 10 1969. 0,01 skm.

1970 skøyte til Amandus Briskemyr 19**-.


BNR. 57

Fjærå. Skilt frå bnr. 10 1970. 0,01 skm.

1970 skøyte til Johannes Nordås 1905-, ug., fabrikkarbeidar, og Viktor Monsson Bruvik 19**-. Sjå bnr. 31 og ættesoge for Dale.


BNR. 58

Båtaleitet. Skilt frå bnr. 2, 3 og 10 1971. 0,01 skm.

1971 skøyte til Osterøy Kommune.


BNR. 59

Oskarborg. Skilt frå bnr. 1, 9 og 11 1971. 0,01 skm.

1971 skøyte til Oskar Johan Kallekleiv 19**-, b. Risnes, g.m. Marta Mikalsdtr. Seilen 19**-. Sjå Kyrkje-Bruvik bnr. 9, Haus s. 339 og Gjerstad s. 216.


BNR. 60

Blokksberg. Skilt frå bnr. 2, 3 og 10 1972 0,01 skm.

1972 skøyte til Johnny Tveitan 19**-.


BNR. 61

Magnebu. Skilt frå bnr. 9 1973. 0,01 skm.

1974 skøyte til Magne Løtveit 19**-, elektroingeniør og bedriftsleiar, b. Follnes, Sotra, g.m. Katarina Vikan frå Mastrevik. Sjå bnr. 17.


BNR. 62

Neset. Skilt frå bnr. 10 1973. 0,01 skm.

Skøyte til Trygve O. Bruvik 19**-. Sjå bnr. 52.


BNR. 63

Bakketun. Skilt frå bnr. 3 1975. 0,01 skm.

Skøyte til Sigmund Arne Faugstad 19**-, ug., elektrikar, son åt Margrete og Johannes Faugstad. Sjå Kyrkje-Bruvik bnr. 3.


LEIGEBUARAR

Fredrik Johannesson f. om lag 1608 og kona Sigrid budde her 1645 og 1666. Dei står i manntala desse åra. Det er ikkje kjent om dei hadde born.


Kring 1880 var byggmeistar Søren Sørensen og kona Randine f. Johannessen busette på Kyrkje-Bruvik.

Born:

Asta Gustava 1875-1878.
Ragna 1877-.
Asta Gustava 1878-.
Fritz Robert 1879-.
Harny Franciska 1880-.
Harald Konrad 1881-.


Anders Eiriksson Bruvik f. om lag 1886, arbeidar, var g. 1915 m. Marta Gurina Pedersdtr. Bruvik f. om lag 1895. Dei budde på Kyrkje-Bruvik 1915 då dei var nygifte.


Peder Myhre 1911-, linjearbeidar, son åt skogsarbeidar Ole P. Myhre, Sør-Odal, og kona Ellen f. Engebrigtsen, g.m. Gjertrud Johannesdtr. Blomdal 1910-. Sjå Blomdal bnr. 1.

Born:

Grete Elin 19**-, b. Ytre Arna, g.m. Finn Mjelde.
Aud Irene 19**-.


Matre, Kjell 19**-, lærar ved Ulfsnesøy Skolehjem, son åt snikkar Vidar Matre og kona postopnar Gyda Matre, Fjæra i Sunnhordland, g. m. internatassistent Norlaug Karin Matre 19**-, dtr. åt gardbrukar Jens Sætre, Austrheim og kona Ella.

Kjell Matre har arbeidt på Ulvsnesøy sidan 1967. Kona Norlaug Karin kom til øya 1969.

Born:

Geir Vidar 19**-,
Janne Elin 19**-,
Sigrun Haldis 19**-.


Monstad, Jostein 19**-, undervisningsinspektør ved Ulfsnesøy Skolehjem, son åt kjøpmann Einar Monstad og kona Oslaug Follesøy på Askøy, g.m. Sonja 19**-, lærar ved Bruvik barneskule, dtr. åt jordbrukar Salmer Wicks og kona Mildred Austin, Minnesota, U.S.A. Jostein Monstad kom til Ulvsnesøy 1972.

Born:

Sturle Jostein 19**-,
Joacim Thomas 19**-.


Tveit Ansgar 19**-, lærar ved Ulfsnesøy Skolehjem, son åt sjømann Einar Tveit og kona Alma, Strandvik, g.m. Anne-Marie 19**-, dtr. åt Martha og Halvor Lind, Odda.

Born:

Irene 19**-,
Anita Merete 19** -.
Tonje 19**-.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy