Landskap og busetnad i Stamnes

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band III


Landskap og busetnad i Stamnes


Stamnes kyrkjesokn i indre Nordhordland høyrer til dei bygdene i landet vårt der natur og landskap verkar ville og ugjestmilde. Landskapet stuper seg bratt i fjordane, berre her og der er det ei lun vik eller eit dalføre med dyrkande jord. Samanhangande jordbruksareal med plass til fleire gardar er det berre få stader.

      I gamal tid var det ikkje så vondt å ta seg fram i dette landskapet, for storparten av bustadene ligg ved sjøen. Berre vinterstid med meinis skapte vanskar. Bolstadfjorden og Bolstadstraumen var før ei viktig ferdsleåre for folket i Vossebygdene.

      Då dei tok til å byggja ut moderne landverts samferdslemidlar :i siste helvta av føre hundreåret, tok ferdsla andre vegar. Vossebanen overtak trafikken mellom Voss og Bergensdistriktet, og Stamnes vart ein «utkant» der få framande fór utan serskilt ærend. Denne tilstanden varde lenger for Stamnes enn for mange andre bygder, ikkje minst av di naturen la store hindringar i vegen for ei utbygging. Det avgjerande vendet kom då vegen Dale-Straume og brua over Bolstadstraumen vart og 1963. Men enno er det etter måten mange gardar som ikkje har vegutløysing g som må venta lenge på det.

      På dei fylgjande sidene vil me gje eit oversyn over landskap og busetnad i Stamnes. Det gjer me med fotografi, for det meste tekne frå fly. Samstundes legg me fram eit stadnamn-materiale. Me ville gjerne at folk skulle finna att på bileta den staden kvart namn er knytt til, Det er difor laga to rutesystem på ei plastplate som ligg ved kvar bok. Samstundes har kvart stadnamn ein bokstav og eit tal som viser til desse rutesystema. Der er diverre nokre bilete som har eit slikt format at boka må snuast på tvers når ein skal sjå på dei. Vil ein finna kvar ein stad er på biletet, passar ein fyrst på å snu bileletet rette vegen og legg så plastplata oppå biletet slik at ruta A 1 kjem øvst i venstre hyrna av biletet. Til dei bileta som snur på tvers brukar ein systemet som øvst har teksten PÅ TVERS. Det andre systemet som er merkt NORMAL, brukar ein til alle dei andre bileta. Eit døme: Vil ein finna Stamneskyrkja, slår ein opp Stamnes-biletet. som snur på tvers, og brukar plastplata PA TVERS. Kyrkja finn me i ruta K 9. Skipshelleren på Straume er synleg på Straume-biletet, som snur normalt. Ein brukar plastplata merkt NORMAL og finn Skipshelleren i rutene M. 12-13.

På internettutgåva har me .................................

Personlege verktøy