Langedal

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Modalsboka band I


Gards og ættesoge for Langedal.



Gnr. 75 Langedal


Innhaldsliste

Innleiing

Garden Langedal ligg i ein heller smal dal på austsida av Mofjorden omlag 2 km innanfor Mostraum. Sjølve dalen går i nord - sør frå Mo-fjorden og yver til Eidsfjorden, og garden ligg ein km frå fjorden. Frå sjøen er det noko stigning opp til Botnaholo, her er det flatare. So stig lendet på nytt, og straks framme ligg husi og bøane, 89 m yver havet. Næraste grannegarden er Mostraum, på same sida av fjorden.

Gardsnamnet kjem sikkert av namnet på dalen. Frå 1610 til 1667 finn ein skrivemåten Langedall og Langedahl. Seinare heiter det alltid Langedal. I bygdemålet seier folk Långedalen - i Långedalæ.

I nord grensar garden til Mo. Grensa tek til der bekken gjennom Bjødnatonæ renn ut i sjøen. So fylgjer ho bekken til Bjødnabotnen og derifrå til Hodnefjellet og Hodnefjellsvatnet. So går grensa i sørleg lei, til merkes med gardane Eikemo, Eikefet og Eide. Grensa millom Langedal og Mostraum vart sett på sumartinget på Bernestangen 15. - 16. mai 1832. Der heiter det: «Grænsemerket mellom partene går efter Haahellebækken og lige til fjelds, og derfra i øst til Svanurdskaret, og derfra nedetter Eggen til Niugen, samt efter gammelt Brug at melke til felles på Sneebaandsrøsten inden for Bierret uden for Niugen og partene svarer hver sin del af sagens udgifter».

På austsida av dalen er fjelli høge og bratte med stein og urder under. Høgaberget reiser seg bratt opp or sjøen, og lenger sør ligg Snøfonnfjellet, det når 931 m yver havet. På vestsida er fjelli noko lågare.

Skriftlege kjelder syner at Langedal hev vore klostergods under Allehelgen kloster frå fyrste gong ein høyrer om garden i Lensrekneskapen 1610/11 og fram til 1667. Garden vart teken opp og rudd i 1660-åri, og då var jordi framleis klostergods. Det går ei segn om at det hev butt folk her i millomalderen. Dersom dette er so, hev garden truleg vorte øyde under Svartedauden.

Det renn ei elv etter dalen. Når det er flaum, går ho yver dei nedre flatane, for der er utlaupet so trongt. I ny skyldsetjing 1863 vart det rekna 10 spd. frådrag for elvaskade i flaumtid.

Folket i Langedalen måtte lita på sjøvegen. Den laut dei nytta når dei skulle til kyrkje eller på krambui eller til folk utanom garden. Om vinteren ligg det ofte meinis i fjorden, og då kan det vera vanskeleg å koma nokon stad i det heile. Det fører ein gangstig til Mostraum, men han er mest livsfårleg å gå, serleg om vinteren når det er hålt.

Den dyrka jordi i Langedalen er myrblanda der lendet er flatt, elles er det skrejord og morene. Frå husi og oppyver er det noko stigning til bøgarden som ligg omlag 300 m unna. I 1893 vart det teke offentleg utskifting på heimabøen og nokre utmarksteigar. Og so laut dei til med husbygging. I 1885-96 sette dei opp nye bunadshus på bruk nr. 1. På bruk nr. 2 bygde dei nye bunadshus, delvis ny løe, nytt vedhus og ei smie. Naustet vart påbygt i 1900.

Fyrr utskiftningen var storparten av den dyrka jordi nytta til åker. Og åkrane var dei same, mann etter mann. Dei sådde korn i to år og sette poteter i eitt år. Her, som på mange andre gardar, var det ikkje alltid dei byrja slåtten på heimabøen. Blom og anna snøgtveksande gras vart ofte teke fyrst. Og det kunne gje godt fôr når det berre vart tidleg slege.

Dei hadde mange markaslåtter, omlag 12 - 15 på kvart bruk. Det var hesjaslått og løe i kvar slåtta. Attåt dette hadde dei fjellteigar med stakkstøe. Det var langorvslått både i Fjellbotn og i Kvileslåtta, like eins i stølsmarki. Her var det snøgt å høya.

Sør for garden ligg heimehagen, som rekk fram til bytet med garden Eide i Bruvik. Her beitte kyrne til jonsok, då var det buføring. Fjellstølen må vera teken opp ein gong etter 1723. Han ligg i ein botn aust for garden, omlag 400 m yver havet. Her gjekk kyrne til barsok. Der var to stølsbuer, og budeione budde på stølen. Buferdsvegen gjekk opp Slåttelidi og om Småskaret. Gangvegen var noko stuttare, men han var vond å gå. Ein eldre mann gjekk utfor og slo seg i hel ein stad dei kallar Tødna. I 1890 vart stølen nedlagd. Ei tid vart han nytta til slåtta og seinare utleigd til hagasmale. No vart det snautt med beite i heimehagen. Difor vart det gjort ein avtale at kvar bonde kunne hamna 12 storfe i alt. Då fjellstølen vart nedlagd, bygde dei stølshus på Fagerstølen, 2 km frå garden. Det var vanleg at bøndene i Langedalen tok hyrekyr. Dei stidde kyrne for halve avdråtten. Det var helst folk frå Holsenøy som hyrde kyrne sine her. Kvar fjortande dag rodde dei inn fjorden og henta sin part av dråtten.

Skogen gav alltid årvisse inntekter. Det var mykje bjørkeskog i Langedalen, og det vart losta kvar vår. So selde dei never, bork og famneved. Fureskog var det mindre av, og han voks i lende der det var vanskeleg å få han fram. Då dei dreiv med husbygging i 1885, vart skogen sterkt uthoggen. Men so tok dei til å planta gran, og no er bøndene sjølvhjelpne med materialskog. Lenge var det berre ei kvern. Men seinare fekk dei kvar si ved elvi nede i Teigen. Dei var i bruk til ikring 1920. No er dei nedrivne.

Garden fekk telefon i 1959 og elektrisk kraft frå Nordhordland kraftlag i 1963. Kraftlina vart bygd frå Mostraum til Langedal. I 1963 vart det bygt ny bryggja for rutebåten.


EIGARAR.

1660. «Alle Helgen eier og bygger».

1668, i odelsmtl. «Inger Wouu sal. M. Jens Skieldrups, 1 pd. sm».

1678, i odelsmtl. «Sal. Inger Wouus arfinger».

1680: Tomas Skieldrup. 1682 og 1691: Sal. Tomas Skieldrups arvinger.

1694: Lensm. Rasmus Hannestvedt. 1714: Lensm. Johannes Hannestvedt.

1723 er det Elling Hannestvedt som eig. Seinare var det og ofte eigarbyte i Langedalen, og det var ikkje alltid eigaren som budde bruket sitt no heller. Det går fram av brukarlista.


Matriklar, skyld og utreidslor.

Frå gamalt hadde Langedalen gardsnr. 84. Då skyldi vart sett i pengar, frå 1838, vart nummeret 58-84, med løpenr. 221 og 222 på dei to bruki. Frå 1886, då skyldi vart omgjord til mark og øre, hev garden nr. 75.

1610/11 heiter det i Lensregnsk.: «Aff Langedall Frelse 1 kalvsk.».

1644/45 er skyldi på garden 1 pd. smør, og i 1691 er ho 1 pd. 6 mrk. sm., skift på 2 jamstore bruk, kvart på 15 mrk.

1838 vert smørskyldi omgjord i pengar, med 3 ort 1 skill. på kvart bruk. Då skyldi vart sett i mark og øre, fekk kvart bruk 2 mark 19 øre.

1723 i matrikkelen finn me desse opplysningane: «Landsk. 1 pd. 6 mrk. sm. Ingen husmandspl., ingen seter. Brendeved og furuskog til hushjelp. 1 flomkvern. Ligger lit fra søen 5 3/4 miil frå Bergen, indfrossen om vinteren, årvant til korn, tungvunden. Lever aff kvægets afling, og lit brændeved at sælge».


Fødnad, sånad og avling.

1667. Matr.: Eitt bruk. Føder 1 hest og 10 naut. Sår 1/2 tunna og avlar 2 tun. korn.

1803. Jordavgiften: 2 bruk som kvart føder 6 «kreaturer og 8 får» og sår 2 tunnor og avlar 7 tun.

1863. Jordbruksbeskrivelsen:


Bruk 1: Åker og dyrka eng 6 1/2 mål, av det er 2 mål godt, 2 1/2 medels og 2 mål ringt. Naturl. eng: 19 mål, av det 3 mål godt, 6 mål medels og 10 ringt. Sår 4 tun. korn og 3 tun. potetor, avlar 12 tun. korn og 13 tun. potetor. Haustar 730 våger høy, av det 480 v. frå utslattor, og 70 våger halm. Føder 9 kyr, 3 ungfe, 1 hest og 20 smalbeist. Sel 2 famnar ved for 2 spd.


Bruk 2: Åker og dyrka eng 4 1/2 mål, av det 2 mål godt, 1 1/2 mål medels og 1 mål ringt. Naturl. eng: 6 mål godt, 8 1/2 mål medels og 11 mål ringt. Sår 3 tun. korn og 2 1/2 tun. potetor. Avlar 10 tun. korn og 10 tun. potetor. Haustar høy og halm som bruk 1, men sankar attåt 1/2 kufór «surrogatfoder», beit og skav. Føder 9 kyr, 2 ungfe, 1 hest og 24 smalbeist. Sel 6 famnar ved for 6 spd. og 3 kipper never for 2 spd.

Framlegg til skyldsetjing er 1 dalar 2 ort 8 skill. for kvart bruk.


1959. I «Norske Gardsbruk» finn me desse oppgåvone:


Bruk 1: Dyrka jord 40 da. Forvitringsjord og noko myrjord. Udyrka areal 20 da. Prod. skog 600 da. Bustadhus bygde 1896, fjøs og løa frå 1716. Fagerstølen seter. Brt. 45.000 kr. Føder 1 hest 5 kyr, 4 ungfe, 15 smalbeist og 1 gris.


Bruk 2: Dyrka jord 35 da., anna jordareal 10 da. Forvitringsjord og myrjord. Produktiv skog 600 da. Bustadhus bygde 1895. Brt. 56.000 kr. Føder 1 hest, 2 kyr, 1 ukse, 2 ungfe, 10 smalbeist og 1 gris.


BUSITJARAR

Bruk 1.

1610 er fyrste gongen me finn garden nemnd. Då heiter det i Lensregnskab: «Aff Langedall Frelse 1 K» (kalveskinn).

1644 nemner Kontribusjonsskatten busitjar på garden:

1. Iffuer Langedall 1 pd. sm. Veit inkje om giftarmål og born.

1647 er brukaren skriven Mogens. I Landkomm. 1661 heiter han Magne, og sameleis i 1668. Prestemtl. 1667 hev Mogens, futeregnsk. 1691 Magne, og i 1701 hev manntalet Magne Sævesen, 81 år (som må vera galen alder). - Det er visst ikkje tvil om at dette er same mannen heile tidi. Han var fyrst aleine brukar, men i 1691 fører Futeregnsk. 2 brukarar med kvar sin halvpart av garden.


2. Magne Sævesen Langedal, d. 1707 og då sagd 95 år, g.

1. m. ukjend.

2. Ingeborg, d. 1686, sagd 78 år.

3. 1686 m. Kari Johannesdtr. Almelid, bnr. 1, d. 1733, sagd 82 år.

Born:

  1. Bertel f. 1644.
  2. Inga f. 1651, g. 1686 m. Hans Johannesson Farestveit.
  3. Haldor f. 1663.
  4. Jon f. 1667.
  5. 0lle f. 1686. Næste busitjar.
  6. Ingeborg f. 1690, d. 1690.
  7. Ingeborg f. 1693.


1 sk. etter Magne 1707 er ervingane Olav, Bertel og Ingeborg, so dei andre borni er truleg avlidne utan ervingar.


1711: Bygselbrev frå Elling Hannistvedt på 1/2 pd. smør til


3. Olav Magneson Langedal, f. 1686, d. 1749, gift 1712 m.

Brita Olavsdtr. Brørvik, f. 1686, d. 1754.

Born:

  1. Magne (Mogns) f. 1713.
  2. Ingeborg f. 1716, d. 1716.
  3. Inga f. 1717.
  4. Johannes f. 1718, d. 1721.
  5. Lars f. 1719.
  6. Olav f. 1721, g. 1. g. m. Kari Hansdtr. Bernes f. 1684, 2. g. m. Brita Steffensdtr. Bernes.
  7. Daufødt barn f. 1722.
  8. Johannes f. 1723, g. 1. g. m. Guri Knutsdtr. Molvik, g. 2. g. m. Gitlaug Askildsdtr. Hjelmås.
  9. Marite f. 1725, d. 1725, tvillingbarn.
  10. Mattis f. 1725, tvillingbarn.
  11. Kari f. 1727, g. m. nærte bonde her.
  12. Olav f. 1730, g. 1. g. m. Ingeborg Johannesdtr. Nipen, g. 2. g. m. Anna Andersdtr. Y. Bernes.


1753: I skifte etter lensm. Nils Johannesson Hannistvedt, som då eig bruket, vart det utl. til kreditoren Tørris Andersen Bernes, og han fekk då skøyte frå ervingane etter lensm. Hannistvedt.


4. Tørris Anderson Bernes, f. 1726, d. 1791, g. 1750 m.

Kari Olavsdtr. Langedal, f. 1727, d. 1808.

Born:

  1. Anders f. 1756, d. 1756. Ikkje fleire born medan dei budde i Langedalen. 7 born frå tidi fyrr. Sjå Hb. Bernes 62!


1758: Skøyte frå Tørris Andersson Bernes på 15 mrk. smør til


5. Olav Sølvfesteson Langedal, f. Arnetveit, Vossestrand, f. 1714, d. 1759, g. m.

Gunnbjørg Jakobsdtr. Trefall, d. 1803.

Born:

  1. Marta f. 1751.
  2. Jon f. 1753.
  3. Olav f. 1755, d. 1838, g. 1792 m. Marta Andersdtr. Grøsvik f. 1770, sjå Grøsvik bnr. 3.
  4. Herborg f. 1759, g., 1803 m. Anders M. Hesjedal, bnr. 3.


1759: Skifte etter Olav Sølvfesteson. Bruket er utlagt enkja som 1760 gifte seg att med Ivar Larsson Eide.


6. Ivar Larsson Eide, f. 1735, d. 1794, g. 1760 m. enkja

Gunnbjørg Jakobsdtr. Langedal, d. 1803.

Born:

  1. Ingeborg f. 1763, g. m. Johannes Knutson Mo, sjå Mo brukarar.
  2. Lars f. 1768, brukar på Eide bnr. 3.
  3. Jon f. 1777.
  4. Marta.


1765: Skøyte frå Ivar Larsson Eide og kona til


7. Knut Olavson Furreneset, f. 1725, d. 1787, g. m.

Marta Larsdtr. Eide, bnr. 3 f. 1738, d. 1812.

Born:

  1. Olav f. 1767, spillsjuk, St. Jørgen hospital.
  2. Ragnhild.
  3. Dødf.son f. 1772.
  4. Mons f. 1773, d. 1866, bonde her etter Jon Brynjelson.
  5. Lars f. 1775, g. 1805 m. Anna Knutsdtr. N. Helland, bnr. 1.
  6. Johannes f. 1776, g. 1807 m. Anna Larsdtr. Eknes, b. Ask.
  7. Brita f. 1778, g. 1825 m. Nils Nilsson Farestveit, sjå Farestveit bnr. 8.
  8. Hans f. 1779.


1789: Skøyte frå kreditorane i buet etter Knut Olavson, til enkja, Marta Larsdtr.


8. Jon Brynjelson Lillejord, f. 1749, d. 1806, g. 1789 m. enkja

Marta Larsdtr. Langedal, f. 1738, d. 1812. Ikkje born i dette ekteskapet.


1801: Skøyte frå Jon Brynjelson til styksonen Mons Knutson for 90 rd. og kår.


9. Mons Knutson Langedal, f. 1773, d. 1866, g. m.

Kari Knutsdtr. Mellesdal, f. 1781, d. 1843,

Born:

  1. Marta f. 1803, g. m. næste bonde her.
  2. Siri f. 1804, d. 1804.
  3. Siri f. 1805, g. 1832 m. Olav Olavson, Fjelde i Hosanger.
  4. Anna f. 1808, d. 1879, ug.
  5. Ingeborg f. 1817.
  6. Brita f. 1820, g. 1859 m. Ivar Nilsson Almelid bnr. 5.


1827: Skøyte frå Mons Knutson Langedal for 90 spd. til versonen Olav Johannesson Langedal f. Gammersvik, son til Johannes Johannesson Mostraum og kona Maria Knutsdtr.


10. Olav Johannesson Langedal, f. 1803, d. 1869, g. m.

Marta Monsdtr. Langedal, f. 1803, d. 1884.

Born:

  1. Johannes f. 1828, d. 1828.
  2. Johannes f. 1830, næste bonde her.
  3. Mons f. 1832, g. 1861 m. Marta Olavsdtr. Otterstad f. 1836, bust. Langeland i Hammer.
  4. Knut f. 1836.
  5. Maria f. 1838.
  6. Olav f. 1843, d. 1843.


1868: Skøyte frå Olav Johannesson Langedal til sonen Johannes for 200 spd.


11. Johannes Olavson Langedal, f. 1830, g. 1862 m.

Helga Larsdtr. Otterstad, bnr. 7 f. 1831, d. 1905.

Born:

  1. Olav f. 1862.
  2. Lars f. 1864, næste bonde her.
  3. Olav f. 1867.


1889: Skøyte frå Helga Larsdtr. Langedal og sonen Olav til Lars Johannesson.


12. Lars Johannesson Langedal, f. 1864, d. 1948 , g. 1886 m.

Olina Monsdtr. Sætre, f. 1864, d. 1933 f. i Hammer.

Born:

  1. Johannes f. 1887, næste bonde her.
  2. Martin f. 1888, d. 1960, bonde på bnr. 3 her.
  3. Helga f. 1890.
  4. Marta f. 1892.
  5. Maria f. 1893, g. 1933 m. Jon Knutson Hugnastad.
  6. Oleanna f. 1895, d. 1963, ug. bust. Eikefet.
  7. Olai f. 1896, døydde ugift.
  8. Laura Olivia f. 1898, g. Lauvås, bust. Rolland i Arna.
  9. Klara Helena f. 1902.
  10. Kristian f. 1903, d. 1959, g. 1942 m. Lydia Klementsdtr. Hordvik.


1925: Skøyte frå Lars Johannesson til sonen Johannes.


13. Johannes Larsson Langedal, f. 1887, g. 1909 m.

Anna Knutsdtr. Mellesdal, f. 1883, d. 1962.

Born:

  1. Konrad f. 1910, d. 1992, g. m. Elina Ågot Mikkelsen Telle f. 1910 i Sund, d. 2002, bust. Fotlandsvåg. 3 born.
  2. Lars f. 1912, d. 1965, bust. Simonsvik, g. m. Aslaug Hopland f. 1922, d. 2003, 1 barn.
  3. Margit, bust. Mæland, g. m. næste bonde her.
  4. Olga, g. 1938 m. Johannes Jakobson Farestveit, bnr. 5.
  5. Olav Martin, f. 19**, ug.


1961: Skøyte frå Johannes Larsson Langedal til dotteri Margit.


14. Margit Johannesdtr. Mæland, f. 1914, d. 1978, g. 1951 m.

Bernhard Mæland, f. 1915 i Alversund, d. 1994.


Bruk 2.

Fyrste gongen det er ført to brukarar i Langedalen er i futerekneskapen 1691. Dei to heiter Magne Sævesen og Hans Johansen. Magne sat fyrst med heile garden, og etter garden vart skift, sat han med bnr. 1. Det er uvisst kva tid garden vart delt, sidan det ikkje finst rekneskapar millom 1668 og 1691. Men kyrkjebøkene syner at det hev butt ein Johannes i Langedalen, som døydde i 1686, 48 år gamal. Han var gift og hadde born, men me veit ikkje kven kona var. Det synest rimeleg at han hev vore fyrste busitjaren her på bnr. 2. - Næste brukaren her er den Hans Johansen som er nemnd i 1691 og i mtl. 1701, og han er nok Hans Johannesson Farestveit som vart g. m. Inga, dotter til Magne Sævesen her på bnr. 1 i 1686.


1. Johannes Langedal, f. kr. 1638, d. 1686 g. m.

Ukjend.

Veit om desse borni:

  1. Kari, g. 1707 m. Anders Nilsson Nottveit, son til husm. Nils Olavson der.
  2. Anna, g. 1715 m. Størk Haldorson Nese.
  3. Agata g. 1720 m. Knut Ivarson Kleiveland.
  4. Lars f. 1668 g. 1709 m. Brita Østensdtr. Nottveit bnr. 1.


2. Hans Johannesson Langedal, f. Farestveit bnr. 3 kr. 1655 d. 1701 g.

1. 1686 m. Inga Magnesdtr. Langedal, bnr. 1, f. kr. 1651, d. 1701.

2. 1701 m. Brita Sjursdtr. Krossen.

Born:

  1. Inga f. 1687.
  2. Johannes f. og d. 1690.
  3. Kari f. 1695 g. 1737 m. Hallstein Johannesson Mostraum, sjå Mostraum bnr. 1.


1702: Bygselbrev frå Elling Hannistvedt til Johannes Christensen.


3. Johannes Christenson Langedal, f. Yksendal g. 1802 m. enkja

Brita Sjursdtr. Langedal.

Born:

  1. Christen f. 1703, d. 1704.
  2. Christen f. 1706, g. 1723 m. Brita Larsdtr. Eiterdalen.


No finn me ikkje bygselbrev på dette bruket, men kyrkjebøkene syner at det hev butt ein Anders her som hev born til dåpen, og næste brukaren, Johannes Andersson kan vera hans son. Kona til Johannes er ikkje nemnd.


4. Johannes Andersson Langedal, g. m.

Ukjend.

Born:

  1. Hans f. 1725. Næste brukar her.
  2. Kari, g. 1759 m. Hallvard Johannesson Flatekvål, sjå Flatekvål bnr. 1.
  3. Marta f. 1733, g. 1. g. 1761 m. Halldor Larsson Heldal, 2. g. 1767 m. Anders Andersson Totland. (Hb. s. 362).
  4. Guro f. 1735, g. 1760 m. Eilev Simonson Nåmdal bnr. 1.
  5. Askjell f. og d. 1939.
  6. Inga f. 1740.
  7. Olav f. 1742.
  8. Inga f. 1748.


1752. Hans Johannesson gifter seg, og han sit med bruket til han døyr 1759.


5. Hans Johannesson Langedal, f. 1725, d. 1759, g. 1752 m.

Helga Johannesdtr. Flatekvål, bnr. 1 f. 1724, d. 1788.

Born:

  1. Brita f. 1753, g. 1781 m. Knut Pederson Mo, sjå Mo bnr. 3.
  2. Johannes f. 1755, d. 1758.
  3. Anna f. 1757, g. 1784 m. Magne Johannesson Nottveit, sjå Nottveit bnr. 3.
  4. Johannes f. 1759, g. 1785 m. Ingeborg Olavsdtr. Almelid, bnr. 1.

Då Hans døyr i 1759, gifter enkja seg att i 1761 m. Halldor Gudmundson Eikemo, og i 1768 får han skøyte på dette bruket frå Mons Basteson Hatland.


6. Halldor Gudmundson Eikemo, frå Stamnes, f. 1739, d. 1817, g.

1. 1761 m. e. Helga Johannesdtr. Langedal, f. Flatekvål 1724, d. 1788.

2. 1792 m. Marta Olavsdtr. Almelid, bnr. 1, f. 1750, d. 1822.

Born:

  1. Anna f. 1762, g. m. næste bonde her.
  2. Gudmund f. 1764, d. 1786.


1789: Anna Haldorsdtr. Langedalen får heimel på bruket og gifter seg med


7. Torbjørn Knutson Mellesdal, f. 1763, d. 1825, odelsgut i Mellesdal, g. 1789 m.

Anna Haldorsdtr. Langedalen, f. 1762, d. 1826.

Born:

  1. Helga f. 1790, d. 1807.
  2. Ragnhild f. 1792, g. 1819 m. Lars Anderson Otterstad, sjå Otterstad bnr. 7.
  3. Knut f. 1798, d. 1853, g. m. Anna Knutsdtr. Vik.
  4. Haldor f. 1801, g. m. Marta Larsdtr. Eide, sjå Eide, husfolk.


1797: Bygselbrev frå Torbjørn Knutson Mellesdal, som no flytta til Mellesdal, til


8. Anders Johannesson Mostraum, f. 1765, d. 1805, g. 1797 m.

Marta Knutsdtr. Mellesdal, f. 1773, d. 1840.

Born:

  1. Magne f. 1798, d. 1798.
  2. Ingeborg f. 1799, g. 1826 m. Knut Johannesson Otterstad, sjå Otterstad bnr. 5.
  3. Johannes f. 1803, g. 1834 m. Ragnhild Johannesdtr. Otterstad, bnr. 5, fl. til Hougs prgj.
  4. Siri f. 1805, g. 1827 m. Mons Knutson Steinsland, sjå Steinsland bnr. 1.


1805: Bygselbrev frå Torbjørn Knutson Mellesdal til


9. Johannes Andersson Romarheim, f. 1775, d. 1861, g. 1806 m. enkja

Marta Knutsdtr. Langedalen, f. 1773, d. 1840, fyrr g. m. Anders Johannesson Mostraum.

Born:

  1. Anna f. 1808, g. 1826 m. Askjell Johannesson Otterstad, sjå Otterstad bnr. 5.
  2. Anna f. 1810, g. m. Gudmund Sjurson Kikald.


1818: Skøyte frå Torbjørn Knutson Mellesdal til sonen


10. Haldor Torbjørnson Mellesdal, f. 1801, g. 1821 m.

Marta Larsdtr. Eide, f. 1797.

Born:

  1. Helga f. 1822, d. 1822.
  2. Helga f. 1823.
  3. Marta f. 1826, g. m. Isak Larsson Saue, Voss.
  4. Anna f. 1828.
  5. Haldor f. 1829.


1830: Bygselbrev frå Haldor Torbjørnson, som no flytta til Hop i Fana, til


11. Knut Larsson Eide, f. 1801, g. 1830 m.

Gunnhild Nilsdtr. Øyo, frå Stamnes, f. 1803, d. 1874.

Born:

  1. Marta f. 1830.
  2. Ingebjørg f. 1833, g. m. næste bonde her.
  3. Marta f. 1836, g. 1859 m. Anders Knutson Otterstad, plassmann på Mostraum, Bøfeten.
  4. Lars f. 1839. d. 1927, g. 1874 m. Maria K. Myster f. 1827. Busette Myster bnr. 4. Han var smed og gardbr.
  5. Marta f. 1841, g. 1862 m. Anders Andersson Mostraum, sjå Mostraum bnr. 3.
  6. Nils f. 1844, g. m. Gjertrud O. Eide f. 1848, busett Espeland.


1833: Skøyte frå Haldor Torbjørnson Mellesdal til broren


12. Knut Torbjørnson Mellesdal, d. 1854, g. m.

Anna Knutsdtr. Vik, Stamnes, f. 1791, d. 1852. Dei budde ikkje i Langedal.

1854: Skøyte frå Knut Torbjørnson Mellesdal til sonen Knut Knutson Mellesdal. Budde ikkje i Langedal. Det var Knut Larsson som dreiv bruket.


1865: Skøyte frå Knut Knutson Mellesdal til


13. Ingebjørg Knutsdtr. Langedal, f. 1833, d. 1882, g. 1858 m.

Berge Andersson Mostraum, bnr. 3 f. 1833, d. 1887.

Born:

  1. Anders f. 1858.
  2. Kari f. 1860, d. 1935, utv. til USA, g., 5 born.
  3. Gunnhild f. 1861, d. 1938, ug.
  4. Anders f. 1862, d. 1938, ug., heimeverande.
  5. Knut f. 1864, d. 1941, næste bonde her.
  6. Ingebjørg f. 1866, d. 1959, ug.
  7. Johannes f. 1867, d. 1946, utv. til USA, g. der, 2 born.
  8. Berge f. 1870, d. 1965, g. 1902 m. Anna Jakobsdtr. Almelidneset, flytta til Dale i Br., 3 born.
  9. Nils f. 1870, tvilling, d. 1968, g. 1906 m. Marta Knutsdtr. Mo, f. 1883, d. 1938, Fl. til Hjørnevik, Evanger. 2 born.
  10. Anders f. 1873, g. 1903 m. Anna Johannesdtr. Grønhaug. Bust. Granheim, Modalen.


1889: Skifte etter Berge Andersson og kona. Bruket utlagt til sonen Knut for takst 3500 kr.


14. Knut Bergeson Langedal, f. 1864, d. 1941, g. 1902 m.

Brita Knutsdtr. Vetlejord, bnr. 1 f. 1871.

Born:

  1. Berge f. 1904, ug. bygn.snikkar på Stamnes, d. 1969.
  2. Sigurd f. 1907, næste bonde her.
  3. Ingrid f. 1909, g. 1941 m. Johannes Jakobson Brekkhus.


1937: Skøyte frå Knut Bergeson Langedal til sonen Sigurd for 1600 kr. og kår.


15. Sigurd Knutson Langedal, f. 1907, g. 1948 m.

Gudrun Endresdtr. Brekkhus, f. 1926, d. 1993.

Born:

  1. Kristbjørg f. 19**, g. 1974 m. Edv. Pedersen, Vardø, 1 barn
  2. Gunnhild f. 19**, g. m. Arild Brattebø, Voss. 1 barn.
  3. Randi f. 19**, g. m. Per Steinar Flatebø, Dimmelsvik. 2 born.
  4. Svein Gisle f. 19**. Ug. bur heime.


Bruk 3. Teigen, skyldm. 0,29.

1929: Frå bnr. 1 utskild og seld ein parsell med namn Teigen til


1. Martin Larsson Langedal, f. 1888, d. 1960, g. 1915 m. 1915 m.

Johanna Myking, f. 1890, d. 1950.

Born:

  1. Albert f. 1916.


1960: Skøyte frå Martin Larsson Langedal på dette bruket til sonen


2. Albert Martinson Langedal, f. 1916, d. 1983, g. 1940 m.

Thea Karine Treet, Askøy.

Born:

  1. Gerd Marie f. 19**.
  2. Astrid Turid f. 19**.


Folketal:

1667. Prestemanntalet: 4 mannspersonar, av dei er 1 knecht.

1701. Manntal: 4 mannspersonar yver 1 år.

1711. Skoskatten: 5 i alt.

1801. Folketeljing: 12 i alt, av dei 1 inderst med kona og 1 daglønar med kona.

1865. Folketeljings: 20 i alt, av dei 3 kårfolk, 1 skomakar, 1 glasmakar, og 4 tenestefolk.


1875. Folketeljing: 19 i alt, av dei 1 kårkona, 1 skomakar, 3 tenestgj.


1900. Folketeljing.

Bruk 1.
Lars Johannesson Langedal med kona og 7 born.
Anna Olavsdtr. Langedal, høyrer til huslyden, husstell.
Helga Larsdtr, enkja, kårkona.
Knut Olavson, «logerende», kårmann.


Bruk 2.
Knut Bergeson, husbond.
Gunnhild Bergesdotter, tenar, hushaldar.
Ingeborg Bergesdtr., tenar budeia.
Berge Bergeson, snikkar.
Nils Bergeson, snikkar.
Anders Bergeson, kårmann, ugift.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy