Lavikhaugen

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Modalsboka band I


Gards og ættesoge for Lavikhaugen.



Gnr. 59 Lavikhaugen


Gnr. 91 i Hosanger


Innhaldsliste

Innleiing

Garden heiter no Haugen både i skrift og i bygdemålet. Namnet vert uttala med mjuk g. I dokument som gjeld garden, er helst nytta det doble gardsnamnet den fyrste tidi, og då stundom i ubundi førm. Me finn Ladwigshougen i 1701, Ladvigshoug og Ladvigshauen i 1723. I 1711 hev Futeregnsk. Hoven ell. Lavighoven. Kyrkjebøkene hev helst det enkle namnet fyrste tidi, og då alltid i bundi form: Hauen, Houen, Houfoen og Hojen. Seinare brukar dei og den doble namneformi. No er Haugen offisiell namneform.

Haugen ligg i ein sidedal til hovuddalføret i Eksingedalen. Når me fer innetter frå Lavik og kjem innom Kleivi, går Fagerdalen mest rett mot nord, og på lag 1,5 km der inne ligg Haugen, høgt og fritt med heller bratt fall til alle sidor, men brattast mot aust ned mot Fagerdalselvi. Eit stykke heimanfor Haugen møtest Fagerdalselvi med Fjellangerelvi. Fjellangerdalføret går meir nordaust enn Haugadalen, som vender litt nordvest. Husi på garden står på høgste haugen med bra utsyn til alle kantar. Heimetter ser ein mot Eksingedalen, og innetter mot Leitet i Haugadalen. Litt innanfor der er Lavikstølen, men ein ser ikkje sjølve stølen fyrr ein kjem på Leitet. Derifrå held dalføret fram heilt inn til Tverrfjellet. Der kløyver dalen seg med ei grein nordvest til Vardavatnet og ei nordaust innetter langs Giljarfjellet. Om Vardafjellet er gamal yvergang til Modalen. Då går ein om Øvrehellandsstølen og kjem ned i Krossdalen innanfor Øvre-Helland. - Nordaust for Haugen ser du Fjellanger, og i søraust Diket, eller Vonheim, men Yksendalen ser du ikkje, for der stengjer fjellet.

Haugen hev grensa mot Fjellanger og Lavik. Mot Fjellanger er Haugelvi grensa heile vegen. Haugen kjem ikkje austom denne elvi. Mot Lavik var Liagarden grensa frå Fagerdalselvi og opp under Tohamaren. Men då utmarki i Lavik vart utskift, vart merket her flytta litt lenger heimetter, til Djupehylen. Det var vederlag for ein gamal beiterett Haugen hadde i Lavikmarki. Dei hadde rett til å beita kyrkne sine der i 14 dagar om våren, fordi graset kom seinare i deira eige beite. Den retten fall no bort. Frå Tohamaren går merkelina mot sør til Kjehellernakken, derifrå meir austleg til Haugsgrovi, og framleis mot aust til Svarthamaren, fylgjer so Leitesgarden ned til Haugelvi, som er grensa til Fjellanger.

Me hev ingi påliteleg fråsegn om busetnad i Haugen fyre svartedauden, men me får vita nokso nøgje kva tid garden vart bygd i seinare tid. Fyrste gongen me får vita det budde folk der, er i 1667. Då heiter det i prestemanntalet for Lavik under «Husmænd»: «Bryel Oelsøn boer på en øde Gaar». At den «øde Gaar» er Haugen, er det ingen tvil om. I prestemanntalet 1664 er ikkje nemnt husmenn under Lavik, so Brynjel hev knapt vore komen i Haugen då. I manntalet 1701 er Haugen kalla «Rødningspladz», og i 1723 kjem garden med i matrikkelen. Då heiter det: «Ladvigshoug 1 mand (Udaf forrige gaard Ladvig ryddet), Ei til-forne sat og allerede nøt sin rydnings Ret nu ansættes udi Landskyld for 18 mrk. Tilhører Ass. Hansen. Ingen husmandsplads. Seter med forrige og brendeved med forrige. 1 flomkvern. Saar en tønde, avler to tønder. Føder 5 kjør 2 ungn. 9 faar 1 hest. Lever av kvegavling». - Når det heiter at garden hev «nøt sin rydnings Ret», kan det tyda på at ein som sette seg til å rydja ny gard, hadde rett til å sitja skattefri ei viss tid, til garden var komen sopass i stand at han gav levemåte til ein lyd. Det står og at garden hadde «seter og brendeved med forrige», d.v.s. med Lavik. Om det og var ein rett rudningsmannen hadde, er vel tvilsamt. Det kan vel vera ei godviljes hjelp frå grannane. Me veit ikkje kor lenge dette tilhøvet varde, men det er ingen no som kjenner til at Haugen hadde støl og vedaskog saman med Lavik. Garden hev nok skog til brensel frå eige område, men barskog veks ikkje vilt her. Dei hev planta noko gran, og ho veks.

Matrikkelen 1723 nemner at garden er «vanskelig til korn». Det syner seg likevel at dei hev sått korn årleg her den tid det var vanleg å dyrka korn i bygdi. I 1863 er det opplyst at dei sår 5 tunnor og avlar 15 tunnor på garden. Johannes Ivarson på bruk 1, f. 1913, fortalde at i hans oppvokster var det helst bygg faren sådde. Garden hadde eigi kvern alt i 1723, og i elvi var både vatn og fall nok.


Fedrifti var viktugaste levevegen. Haugastølen ligg mesta nord under Tverrfjellet, på lag 2,5 km innanfor garden. Der er godt beite.

Her som elles i dalen gav markaslåtten ein stor part av foret. Desse markaslåttone er nemnde, alle med løor: Hjellane med 2 løor, Lidi, Geitakleivi og Ræsingi. I Ræsingi var løa frå gamalt, men sidan bar dei høyet heim om sumaren frå den slåtta. So var det Vardabotsløa og Vardaskredløa. Frå gamalt hadde dei løa på stølen og slo der og.

Bruk 1 hev no på lag 50 mål innmark, og fødnaden kan vera 5 kyr, eit par ungnaut, hest og 10 smalbeist. På bruk 2 er mykje nydyrka i siste mannsbunaden, og der er no pålag 27 mål dyrka jord, som kan gjeva for til 6 kyr. No hev dei berre smale på bruket, og hev opp til 46 vinterfødde smalbeist.

På bruk 1 er bunadshuset oppsett i 1937, florshuset i 1907, og dessutan står der ein eldre liten stovebygning som vert kalla «Martastovo». På bruk 2 er bunadshuset oppsett i 1905, men påbygt og ombygt, sist i 1943. Florshuset var oppsett i 1896, men påbygt i 1939.

Til slutt må ein nemna at heile Haugadalen og fjelli ikring er lagleg lende for vilt. Den tid det var trivnad på viltet og folk på gardane, dreiv Hauga-folket mykje med veiding, og sume av dei var glupe skyttarar. Her var nøgdi av fugl, hare og rev, og for eit hundre år sidan fanst bjørn og. Siste bjørnen som vart skoten i Eksingedalen, vart teken i Husafjells-toi i fjellet bortimot Fjellanger, og då var Haugamennene med. I siste tidi hev vel Ludvik Haugen vore ein av dei fårlegaste fiendane til reven i Eksingedalen.


Skyld og utreidslor.

1723: Matr.: Dette året er fyrste gongen garden er skyldsett, og Lavikhaugen «ansættes nu udi landskyld for 18 mrk». Med det står skyldi til 1838. Då vert det pengeskyld, og ho vert fastsett til 3 ort 15 skilling. I 1886 vert skyldi omgjord til 1 mark 74 øre. Av dette fell 1 mark 16 øre på bruk 1 og 58 øre på bruk 2.


Fødnad.

1723: Matr.: 5 kyr, 2 ungnaut, 1 hest, 9 smalbeist. 1803: Jordavgift: Oppgåva vantar.

1865: I samband med folketej.: 2 hestar, 15 storfe, 23 smalbeist.

1875: I samband med folketelj.: 2 hestar, 16 kyr, 1 ukse, 2 ungnaut, 27 smalbeist.


1863: «Jordbruksbeskrivelsen».

Garden hev to brukarar. Eigaren brukar sjølv 2/3 og bygslar bort 1/3. Åker og dyrka eng er tilsaman 8 da. Av det er 1 1/2 da. godt, 4 1/2 da. medels godt og 2 da. ringt. Natureng 37 1/2 da. Av det er 8 da. godt, 10 1/2 da. medels godt, og 19 da. ringt. Haustar 910 våger høy, av det 260 våger markahøy. 110 våger halm.
Sår 5 tunnor korn, 6 tunnor poteter. Haustar 15 tunnor korn 21 tunnor poteter.
Føder 10 kyr, 3 ungnaut, 2 hestar, 23 smalbeist.


1959. Etter «Norske Gardsbruk».


Bruk 1. Dyrka jord 24 da. (sand og myrjord), anna jordbr.areal 26 da., prod. skog 60 da. Bunadshus bygt 1936, driftsbygning 1907. Hauga-stølen sæter. Brt. 50.000 kr. Fødnad 1 hest, 5 kyr, 3 ungdyr, 10 sauer, 1 gris. Part i kraftverk.


Bruk 2. Dyrka jord 27 da. (mold), anna jordbr.areal 15 da., prod. skog 60 da., onnor utmark 100 da. Bunadshus bygt 1905, påbygt 1926, omb. 1943. Driftsbygning 1896, påbygd 1939, silo bygd 1956. Haugastølen sæter. Brt. 125.000 kr. Fødnad 1 hest, 3 kyr, 2 ungdyr, 4 griser, 5 sauer. 24 da. nydyrka. Part i kraftverk.


EIGARAR.

1723: Matr.: «Gaarden tilhører assessor Hansen». 1745: Jan van de Velde eig og bygslar bort garden.

1756: Skøyte frå Jan van de Veldes dødsbu til Jan Frøchen.

1764: Den 30/11: Auksjonsskøyte på Kgl. Maj. eigedomar til studiosus Herman Jansen Frøchen.
Same dag skøyte frå Herman Jansen Frøchen på 12 mrk. smør, som er heile garden, til Knud Ellevsen Lavikhaugen for 31 rd.
Etter den tid er garden sjølveigar-bruk.


BUSITJARAR

Garden i eitt bruk og bruk nr. 1.

1667: I prestemanntalet finn me dette under husmenn i Lavik: Bryell Oelsøn boer på en øde gaar». Dette er fyrste gongen me finn noko om Lavikhaugen i skriftlege kjeldor. Brynjel må ha busett deg i Haugen kring 1664 - 1667. I prestemanntalet 1664 er han ikkje nemnd. Me kan ikkje vita visst kvar han er frå, men det ligg nær å tru at han er frå Lavik. Brynjel sat truleg med garden til han døydde i 1697, og etter han sit enkja til dess sonen Knut tek yver.


1. a. Brynjel Olavson Lavikhaugen, f. 1633, d. 1697, g. m.

Ågot Johannesdtr.

Born:

  1. Olav f. 1674, g. 1699 m. Unni (Anna) Johannesdtr. Ø. Helland bnr. 1.
  2. Anders f. 1675, g. 1693 m. Anna Hansdtr. Farestveit. Tenar og husm. i Haugen.
  3. Knut f. 1677, næste brukar her.
  4. Simon f. 1679, g. 1707 m. Anna Ingebrigtsdtr. Hesjedal, Stamnes, busett Høvik, sjå Høvik bnr. 4.
  5. Johannes f. 1681, g. 1724 m. Brita Olavsdtr. Nedre Helland bnr. 3.
  6. Namnlaus dotter f. 1682.
  7. Sjur f. 1686, g. 1720 m. Agata Ingebrigtsdtr. Hesjedal, sjå Stamnes bnr. 3.
  8. Olav f. 1687, d. 1696.


1. b. Ågot Johannesdotter, enkja etter Brynjel, er førd brukar i manntalet 1701, og ho hev truleg bruket til sonen Knut tek yver.


1711: I skoskatten dette året er Knut ferd brukar, og sameleis i 1723, då garden er skyldsett for fyrste gong. Han får oppattnya bygsel so seint som i 1739.


2. Knut Brynjelson Lavikhaugen, f. 1677, g. 1704 m.

Kari Eilevsdtr. Lavik, bnr. 2, f. 1686, d. 1762.

Born:

  1. Eilev f. 1710, næste brukar her.
  2. Brynjel f. 1714.
  3. Anders f. 1718, d. 1733.
  4. Olav f. 1723, g. 1749 m. e. Maria Bergesdtr. Øvre Helland, sjå Øvre Helland bnr. 1.


1745: Bygselbrev frå Jan van de Velde til Eilev Knutson Lavikhaugen.


3. Eilev Knutson Lavikhaugen, f. 1710, g. m.

Ukjend.

Born:

  1. Anders f. 1740, d. 1742.
  2. Knut f. 1742, næste bonde her.
  3. Anders g. 1771 m. Anna Johannesdtr. Flatekvål bnr. 1.
  4. Kristbjørg f. 1749, g. 1796 m. em. Vemund Knutson Farestveit, sjå Farestveit bnr. 1.


1764: Skøyte frå Herman Jansen Frøchen til Knut Eilevson Lavikhaugen på 18 mrk, smør for 31 rd.


4. Knut Eilevson Lavikhaugen, f. 1742, d. 1828 på Nese, g.

1. 1765 m. Kari Olavsdtr. Lavik, bnr. 5, f. 1744, d. 1819 på Nese.

2. 1820 m. Marta Nilsdtrt. Styve, f. 1790.

Born:

  1. Agata f. 1766, g. 1796 m. em, Gulleik Jakobson Otterstad, sjå Otterstad bnr. 5.
  2. Anna f. 1770, d. 1771.
  3. Anna f. 1772.
  4. Olav f. 1775.
  5. Gjertrud f. 1778, g. 1816 m. em. Mons Olavson Vetlejord, sjå Vetlejord bnr. 2.
  6. Olav f. 1783.
  7. Ragnhild f. 1786. Ho var fødd på Nese.


Utanom desse borni hadde Knut ei dotter Marta, f. 1778. Mori var Maria Olavsdtr. Nedre Helland. Marta vart gift i 1805 med Jakob Knutson Høvik bnr. 1. Dei bygsla eit bruk i Litlebergen, hadde ein son Johannes som vart gift 1837 med Kari Bertelsdtr. Eide, Stamnes. Dei kjøpte gard på Valde i Meland sokn.


1784: Knut Eilevson gjer gardabyte med Brynjel Johannesson Nese på bruk 3 og flytter dit med lyden sin. Brynjel flytter til Lavikhaugen med sin lyd. Lavikhaugen med skyld 18 mrk. smør, var taksert til 31 rd., og Nese, som hadde same skyldi, var taksert til 43 rd.


5. Brynjel Johannesson Lavikhaugen, f. Nese bnr. 3, 1743, d. 1800, g. 1767 m.

Kari Johannesdtr. Otterstad, bnr. 5, f. 1748.

Born:

  1. Ragnhild f. 1768, g. 1792 m. em. Haldor Olavson Hernes, Evanger.
  2. Johannes f. 1772. næste bonde her.
  3. Johannes f. 1774, g. 1803 m. Brita Ivarsdtr. Mo bnr. 4, busett Hesdal (Hestdal?) Herdla.
  4. Berge f. 1776, g. 1810 m. Brita Haldorsdtr. Steinsland, sjå Steinsland bnr. 2-4.
  5. Torkjell f. 1778, g. 1809 m. Brita Ivarsdtr. Høvik bnr. 4, busett Torkjelltræet, Straume.
  6. Anna f. 1780, g. 1807 m. em. Knut Olavson Brakestad, sjå Brakestad bnr. 1.
  7. Synneva f. 1784.
  8. Helga f. 1787, d. 1870, g. 1810 m. Haldor Knutson Høvik bnr. 1, busett Gripsgård, Meland.
  9. Gjertrud f. 1790, g. 1814 m. Peder Knutson Mo bnr. 3, busett Litlebergen, seinare plassfolk på Høvik.


1796: Skøyte frå Brynjel Johannesson til eldste sonen Johannes, som gjev vilkårsbrev til foreldri i 1797.


6. Johannes Brynjelson Lavikhaugen, f. 1772, g. 1798 m.

Inga Ivarsdtr. Høvik, bnr. 4 f. 1774, d. 1870.

Born:

  1. Kari f. 1800, d. 1883, g. 1829 m. Olav Olavson Langedalen (Odderås-Ola). Sjå Høvik bnr. 4 nr. 9.
  2. Gjertrud f. 1802, d. 1886, ug. «kårpige» i Haugen. Skifte 1886.
  3. Anna f. 1804, g. 1831 m. Mikkel Jakobson Fjellanger, brukar her nr. 8.
  4. Brynjel f. 1805, d. 1813.
  5. Brita f. 1807, g. 1834 m. Brynjel Helgeson Øvre Helland bnr. 5, plassfolk Almelid bnr. 6.
  6. Anna f. 1810, g. 1836 m. Olav Jakobson Flatekvål bnr. 2-3, bygselmann her.
  7. Brynjel f. 1812, næste bonde her.
  8. Marta f. 1815, d. 1903 på Høvik, ug. Ho kjøpte kår hjå Johannes Knutson Høvik bnr. 3 i 1852.


1833: Skøyte frå Johannes Brynjelson til sonen Brynjel for 80 spd. og kår til mori Inga Ivarsdotter, verdsett til 160 spd. for 5 år. I 1834 er ført vilkårsbrev frå den same til systeri Gjertrud Johannesdtr.


7. Brynjel Johannesson Lavikhaugen, f. 1812, g. 1834 m.

Agata Helgesdtr. Øvre Helland, bnr. 5 f. 1815.

Born:

  1. Inga f. 1836, g., busett i Bergen, d. fyre 1886, let etter seg 3 born med etternamn Iversen.
  2. Synneva f. 1839, g. m. Olai Ivarson Hopshavn, Askøy.
  3. Johannes f. 1845, busett Haugane, Askøy i 1886.
  4. Helge f. 1847, skriven Helge Olsnes, Askøy i 1886.
  5. Brita f. 1850, busett Haugane, Askøy i 1886.
  6. Olav f 1853, d. 1856, drukna i ein brunn på Hop, Askøy.


1837: Brynjel Johannesson gjev bygselbrev til verbroren Olav Jakobson Flatekvål på 1/3 av Lavikhaugen, 6 mrk. smør. Denne parten vart sidan eige bruk med bruksnr. 2.


1849: Skøyte frå Brynjel Johannesson til verbroren Mikkel Jakobson Fjellanger på garden Lavikhaugen for 150 spd. Sjå meir om denne gardshandelen under Fjellanger bruk 1!


8. Mikkel Jakobson Lavikhaugen, f. Fjellanger 1809, d. 1887. g. 1831 m.

Anna Johannesdtr. Lavikhaugen, f. 1804, d. 1888.

Born:

Sjå Fjellanger bnr. 1, nr. 9.


Då Brynjel Johannesson hadde selt garden i Haugen, for han fyrst til Arna og budde på garden Audland. I Ættebok for Haus III er sagt at han kom dit 1850 og reiste til Hop i Askøy 1855. På Askøy kjøpte Brynjel eit gardsbruk som han kalla Haugane. Der budde han sidan, og etterkomarar skal bu der enno.


1867: Skøyte frå Mikkel Jakobson til sonen Johannes for 30 spd. og kår verdsett til 135 spd. for 3 år.


9. Johannes Mikkelson Lavikhaugen, f. Fjellanger 1842, d. 1926, g. 1866 m.

Maria Jakobsdtr. Nese, bnr. 3, f. 1834, d. 1888.

Born:

  1. Mikkel f. 1867, næste bonde her.
  2. Anna Malena f. 1868, for fil USA, hadde ein sonein son Agnar Malvin f. 1903, d. 1973. Han for og til USA, g. der med ei svensk kvinna, ikkje born.
  3. Jakob f 1870, d. 1958, g. m. Maria Tveiten, Voss, busett på Mønshaugen.
  4. Ivar f. 1871, d. barn.
  5. Brita f. 1873, d. 1928, ug.
  6. Ivar f. 1874, bonde her etter broren Mikkel.
  7. Andras f. 1877, d. 1966, for til USA, kom heimatt og busette seg på Voss. Døydde der.
  8. Olav f. 1879, d. 1928, ug., budde for det meste i Haugen, dugande veidemann, god skyttar.


1874: Skøyte frå Johannes Mikkelson til Ivar Olavson Haugen på 6 mrk. smør, ny skyld 1 ort 5 skilling, for 200 spd. Kjøparen tek på seg kårytingar til Gjertrud Johannesdtr. f. 1802. Dette er den tridje-parten av garden som Olav Jakobson Flatekvål fekk bygsla i 1837. Me hev ikkje funne skylddeling, men denne parten er heretter førd som eige bruk, bruksnr. 2.


1901: Skøyte frå Johannes Mikkelson til sonen Mikkel på bruk 1, ny skyld 2 ort 10 skilling, for 1000 kr. og kår verdsett til 500 kr.


10. Mikkel Johannesson Lavikhaugen, f. 1867, g. 1893 m.

Ragnhild Johannesdtr. Lavik, bnr. 2, f. 1865.

Fyrr dei for til Amerika, visst i 1905, hadde dei desse borni:

  1. Maria f. 1894.
  2. Johannes f. 1895.
  3. Margreta f. 1897.
  4. Anna f. 1899.
  5. Johan f. 1901.
  6. Ingerid f. 1903.


1905: Skøyte frå Mikkel Johannesson til broren Ivar for 2000 kr. Ivar bygde nye hus på garden, fjøsbygning i 1907, og bustadhus i 1937. Båe er i bruk enno.


11. Ivar Johannesson Haugen, f. 1874, d. 1961, g. 1912 m.,

Anna Nilsdtr. Flatekvål, bnr. 4 f. 1887, d. 1968.

Born:

  1. Johannes f. 1913, næste bonde her.
  2. Brita f. 1917, brukar etter broren Johannes.
  3. Nils, ug., fl. til Tustna, Nordmøre, til broren Johannes.
  4. Magnus f. 1924, d. 1937.


1949: Skøyte frå Ivar Johannesson til sonen Johannes for 1000 kr. og kår verdsett til 1000 kr. for 5 år.


12. Johannes Ivarson Haugen, g. 1959 m.

Sofie Edvardsdtr. Ormbostad, Tustne.

Dei hadde ikkje born.


Johannes og kona dreiv garden her til 1968 då mor hans døydde. Då flytte dei til Tustna på Nordmøre. Der hadde kona kjøpt ein liten gard som dei no tok yver. Bror til Johannes, Nils, flytte og dit.


1972: Skøyte frå Johannes Ivarson til systeri Brita og mannen hennar, Gunnar Knutsøn Trefall, for 10.000,- kr. Seljaren tek undan rett til å bruka «Martastova» so lenge han treng om det.


13. Brita Ivarsdtr. Haugen, f. 1917, d. 1992, g. 1957 m.

Gunnar Knutson Trefall.

Born:

  1. Anna Margrete.
  2. Kåre Magnar.
  3. Solveig Inghild, f. 1965, d. 1965.


Gunnar Knutson hadde odelsgard i Trefall då han vart gift med Brita, og dei budde der til dei fekk skøyte på dette bruket. Seinare flytte dei hit, og bur no her.


1980: Skøyte frå Brita og Gunnar Trefall til sonen Kåre Magnar.


14. Kåre Magnar, ug.


1925: Det er halde skylddeling og skilt ut av sams utmark frå dei to bruki i Haugen eit stykke til skulehustuft og leikeplass. Dette stykket får bruksnr. 3 og namnet Fagerdalen med skyld 1 øre. Der vart bygt nytt skulehus som dei tok i bruk i 1926.

Seinare er bygsla bort for 99 år to hyttetufter i sams beitemark, båe eit stykke innanfor bøgarden, kvar med skyld 1 øre.


1973: Tinglyst skøyte frå Johannes og Ludvik Haugen til Norsk Samemisjon på ei hustuft med skyld 1 øre og namnet Fagertun, kjøpesum 4.720 kr. Skøytet var oppsett fyrr Johannes Ivarson let frå seg bruket til systeri.


Samemisjone hev bygt forsamlingshus med møtesal og matsal m. m., og hev her leirsamlingar for born og ungdom. Dei brukar og det gamle skulehuset. Etter at skulen her vart nedlagd, yverlet heradet huset til krinsen som atter hev yverlete det til Samemisjonen.


Bruk 2.

1837: Brynjel Johannesson Lavikhaugen gjev bygselbrev til verbroren Olav Jakobson Flatekvål på tridjeparten av Lavikhaugen, 6 mrk. smør. Bygslaren «svarer pålagte skatter og avgifter og holder huse og gjerder i stand».


1. Olav Jakobsen Flatekvål, bnr. 2-3, f. 1811, d. 1897, g. 1836 m.

Anna Johannesdtr. Lavikhaugen, f. 1810, d. 1891.

Born:

  1. Jakob f. 1837, d. 1845.
  2. Johannes f. 1839, må ha døytt barn.
  3. Ivar f. 1842, bonde her frå 1874.
  4. Anders f. 1844, bonde på Nese bnr. 1.
  5. Maria f. 1847, g. 1879 m. Lars Jonson Lavik bnr. 2, busett Leiro bnr. 2.
  6. Jakob f. 1850, d. 1867, vart teken av ei snøskreda.
  7. Johannes f. 1853, d. 1939, g. 1883 m. Helga Johannesdtr. Nåmdal bnr. 3, busett Leiro bnr. 1 frå 1882.


1874: Skøyte frå Johannes Mikkelson Lavikhaugen til Ivar Olavson Haugen for 200 spd. Kjøparen tek på seg visse kårytingar til Gjertrud Johannesdtr. f. 1802 på bruk 1 her. Ho var «kårpige» og so ring til beins at ho var lite gangfør. - Det var Ivar Olavson som bygde dette plasset til gard. Han sette opp både florsbygning og bustadhus, og livberga både seg og lyden sin på dette vesle bruket.


2. Ivar Olavson Haugen, f. 1842, d. 1937, g. 1873 m.

Helga Larsdtr. Øvre Helland, bnr. 1, f. 1845, d. 1910.

Born:

  1. Anna f. 1874, d. 1971, g. 1907 m. em. Olav Johannesson Lavik, sjå Lavik bnr. 6.
  2. Karolina f. 1877, d. 1967, ug., reiste til USA.
  3. Helga f. 1880, g. 1908 m. Steffen Dale, Vik i Sogn, busett der.
  4. Inga f. 1882, d. 1970, ug., budde mange år hjå systeri Anna i Lavik, var budeia lang tid.


1909: Skøyte frå Ivar Olavson Haugen til Nikolai Jakobson Flatekvål på dette bruket for 1500 kr. og kår til seljaren og kona hans, verd. sett til 500 kr. for 5 år. Nikolai flytte i Haugen og busette seg der våren 1907.


3. Kristian Nikolai Jakobson Flatekvål, bnr. 2-3, f. 1875, d. 1929, g. 1899 m.

Andrea Maria Andersdtr. Flatekvål, f. Kleiveland 1879, d. 1959, dotter til Anders Andersson Sekkeneset, Mo bnr. 9. Ho voks opp på Flatekvål bnr. 6.

Born:

  1. Jakob f. 1901, g. 1942. Kona heiter Gina, er frå Hurdalen, og dei er busette der.
  2. Ludvik f. 1904, næste bonde her.
  3. Anton f. 1907, d. 1972, postopnar i Lavik, g. 1937 m. Agnes Ivarsdtr. Yksendal f. 1916, 3 born.
  4. Martin f. 1910, g. 1947 m. Klara Hansen frå Bergen, for til Ontario, Canada 1953/54.
  5. Ragnhild, g. 1940 m. slaktar og pylsemakar Andreas Larsson Brunborg, busett Brunborg, 3 born: a. Lars Agnar, bonde her nr. 5, b. Anna Maria, c. Kjellaug.


1941: Skøyte frå Maria Andersdtr. til sonen Ludvik for 1500 kr. og kår.


4. Ludvik Nikolaison Haugen, f. 1904, d. 1992, g. 1943 m.

Frida Jakobsdtr. Brecke, f. 1897, d. 1976, frå Verran i Trøndelag, jordmor i Eksingedalen, busett i Lavik fyrr ho var gift.

Born:

  1. Grete, adoptivbarn, f. i Bergen, g. 1970 m. Bjørn Jonson Lystad, busett i Oslo. Båe arb. i butikk, 1 dotter, Tanja Yvonne.


1973: Skøyte frå Ludvik og Frida Haugen til Lars Agnar Brunborg på dette bruket for 20.0000,- kr. Gardsreidskapane fylgjer med.


5. Lars Agnar Andreassen Brunborg, g. 1979 m.

Åsa Ivarsdtr. Mjelde, frå Ytre Arna.

Born:

  1. Andre.


Folketal.

1667: Prestemanntalet. Her heiter det under husmenn i Lavik: «Bryen Olsøn boer paa en Øde Gaar», Dette er fyrste gongen me finn Lavikhaugen nemnd.

1701: Manntal: 3 personar, ei enkja med to soner. 1801: Folketeljing: 10 personar i alt.

1865: Folketeljing: 16 i alt, av dei er 2 kårfolk og 2 fostersøner, Jakob Nilsson frå Voss, 7 år, og Helge Knutson, 2 år.

1875: Folketeljing: 24 i alt, av dei er 5 kårfolk, 3 tenarar og 1 «fattigbarn».


1900: Folketeljing:


1900. Bruk 1. Mikkel Johannesson med kona Ragnhild Johannesdtr. og 4 born. I eige hushald kårenkjem. Johannes Mikkelson med 3 vaksne born.


Bruk 2. Ivar Olavson og kona Helga Larsdtr. med 2 vaksne døtrer.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy