Li nedre, tun 2

Frå Vaksdal Historielag

(Omdirigert frå Li, tun 2)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Gards og ættesoge for Li nedre, 1. tun .


Gnr. 77 Lid nedre, 1 tun

Tidlegare gnr. 76 i Evanger kommune.

Høgd over havet er 450 meter.


Innhaldsliste

EIGARAR.

1686- Peder Hansson, sokneprest i Eidsfjord 1 pd. smør.
1691-1702Karen Jensdtr.


Bnr. 1.

Gl. matr.nr. 82, nytt 85. Skatteskyld 1 pd., landskyld 1 pd. smør. 1838: L.nr. 169, gl. skyld 12 mk. smør, ny 4 ort 11 skill. 1886: Mk. 1.93. 1977: Mk. 1.75.


Som før nemnt er det først i 1691 ein kan sjå garden Li delt i 1. tun og 2. tun. Det året fører skattemanntalet Jørgen opp som brukar av 1 pd. smør i 2. tun. Etter folketeljinga 1701 er han 36 år gamal. I 1702 er han vorten brukar på Småbrekke. Jørgen betalte i 1695: Leiglendingsskatt, proviantskatt, kjolepengar, fredtoll, odelsskatt og rosteneste, 1 mrk. 30 skilling.


1711 fører skoskatten Anders opp som leiglending. Han var 32 år gamal, hadde ikkje born, og betalte skatt for seg og kona Bothilde?, og ein tenar.

Leding 1714, dagskatten 1715-17 og krigsstyr 1718-22 fører Odd og Aschild som brukarar.


Odd Nilsson var frå To i Teigdalen, f. 1690, g. 1713 m. Ingebjørg Askjelsdtr. Rasdal, f. 1690, d. 1729,

Born:

  1. Nils, f. 1714. Neste brukar.
  2. Barbrå, f. 1716, g. 1736 em. Anders Johannesson Hatlestad, f. 1678, b. Hatlestad, bnr. 1.
  3. Marita, f. 1717, g. 1735 Ola Sjurson Rødland, f. 1698, b. nedre Rasdal. Evangerboka b. II.
  4. Lars, f. 1719, g. 1751 Gunnhild Olsdtr. f. , dtr. til Ola Monsson på Brekke, b. Holsendal i Alversund.
  5. Torbjørg, f. 1722, g. 175g. 1759 em. Helge Tyssen, f. 1707, b. Tyssen. Evangerboka b. I.
  6. Johannes, f. 1724, d. 1726.
  7. Ragnhild, f. 1726, g. 1749 Helge Olson Brekke, f. 1720, b. Brekke, bnr. 2.


Matrikkelen 1723 seier om bruket: «81 Lii andet thun Apostels Gods Opsidderis tal 2 Proprietair og Bøxelraadig 1 pd Sm Opsidderen Eyer alt Ingen sætter Lidet brendeved Skoug og ey widere 1 flomquærn Ligger 2 1/2 mil fra Siøen ligeledes en høy field Jord Saar 1 1/2 td haufre aufler 3 td. føder 13 Kiør 7 ung Nød 24 faar og 2 hæster Taxt efter gl Matricul I pd Sm Forhøyet 1 Pd 6 mk. Sm. Har ey heller andet till næring og ophold uden af Jordens aufling ligger 8 1/2 mil fra byen», Odd og Askjel var oppførde som brukarar.

Frå 1723 er Odd oppførd som sjølveigar til 12 mk. smør. 1720 er det tinglyst bygselbrev frå Odd Li til Askjel Larsson Rasdal på 12 mk. smør. Askjel var f 1664, d. 1735, g. 1688 Bothilda Mogensdotter, f. 1658, d. 1733.

Born:

  1. Ingebjørg, f. 1690, g. med neste brukar.

Askjel Larsson møter på tinget på Bolstadøyri 1733 som vitne i ei sak om odelsretten til Hjørnevik.


Odd Nilsson gifter seg oppatt 1730 med Brita Sjursdtr. Rødland, f. 1695, d. 1747.

Born:

  1. Johannes, f. 1731, d. 1750.
  2. Knut, f. 1732. Sjå nedanfor.
  3. Ola, f. 1734, cl. 1735.
  4. Sjur, f. 1735, d. 1750,
  5. Ingeborg, f. 1738, d. 1747.

På skifte etter Brita 1747 blir bruket utlagt med 12 mk. til enkjemannen og 4 mk. til kvar av sønene.

Odd Nilsson døydde 1780.


1754 får Nils Oddson skøyte på bruket, 1 pd. smør landskyld for 53 rdl. Nils Oddson, f. 1714, d. 1769, g. 1737 Brita Nilsdtr. Horvei, f. 1713.

Born:

  1. Askjel, f. 1738, d. 1738.
  2. Askjel, f. 1739, d. 1753.
  3. Jon, f. 1742, d. før 1769.
  4. Anders, f. 1745, d. 1745.
  5. Anders, f. 1747. Sjå nedanfor.
  6. Anna, f. 1750, g. 1776 em. Lars Sjurson Langeland, f. 1716, b. Langeland. Evangerboka b. I.
  7. Ingeborg, f. 1753, g. 1775 Sjur Helgeson Brekke, f. 1753, b. Brekke, bnr. 2.

På skifte etter Nils Oddson blir bruket verds. 96 rdl. og utlagt til enkja og arvingane, og 9 1/2 mk. til panthavaren Torstein Eide.


Brita Nilsdtr. får 1770 skøyte frå Torstein Eide på hans part i bruket, 9 1/2 mk. for 38 rdl. Brita giftar seg oppatt 1771 med Anders Larsson Kaldestad, f. 1747.


1758 bygslar Nils Olson Mestad 12 mk. smør til Knut Oddson Li.

Knut var f. 1732, g. 1758 Guro Johannesdtr. Brekkhus, f. 1734.

Born:

  1. Brita, f. 1759.
  2. Ingeborg, f. 1760.

I 1762 er Knut Oddson bygselmann på Seim i Alversund og i 1769 kjøpte han eit bruk i Fiskeset. Sjå Gardssoga Alfenfit I, Fiskeset, Smedsdal og Mongstad.


1770 får Anders Nilsson skøyte frå medarvingane m.fl. på 12 mk. smør for 42 rdl.

Anders Nilsson, f. 1747, d. 1821, g. 1772 Ingebjørg Helgesdtr. Brekke, f. 1751, d. 1836,

Born:

  1. Brita, f. 1773, g. 1796 Jon Ivarson Skjerven, f. 1765. Sjå nedanfor.
  2. Ragnhild, f. 1776, d. 1780.
  3. Marita, f. 1778, d. 1778.
  4. Marita, f. 1779, d. 1781.
  5. Ragnhild, f. 1782, g. 1815 Anders Askjelson Tyssen, f. 1777, b. Eidsvåg. (I skifte Li 1836 heiter han Eidsvåg).
  6. Torbjørg, f. 1784, d. 1787,
  7. Marita, f. 1784 (tv. med f), g. 1811 Odd Sjurson Brekke, f. 1786. (Heiter Sunde i skifte Li 1836, og Brekke 1841).
  8. Nils, f. 1786, g. 1813 Anna Sjursdtr. Sætre, Voss, f. 1786. Sjå nedanfor.
  9. Askjel f. 1788, g. 1809 Maria Andersdtr., Bolstad, f. 1787. Li bnr. 3.
  10. Helge, f. 1790, d. 1811.
  11. Torbjørg, f. 1792, g. 18g. 1811 em. Lars Andersson, Bolstad, f. 1775 b. Bolstad. Evangerboka b. II.
  12. Anna, f. 1794, g. 1822 Johannes Nilsson, Bolstad, f. 1787.


Etter jordavgiftsboka 1802 var fødnaden 16 krøter og 18 sauer. Sådde 3 td. avla 12 td. korn «eller intet». Bruket var verds. 250 rdl. Avgift 1 rdl. 36 skill.


Jon Ivarson Skjerven, f. 1765, g. 1796 Brita Andersdtr. Li, f. 1773, var paktar her 1796-1809.

Born:

  1. Ivar, f. 1796, d. før 1821.
  2. Ingebjørg, f. 1798, d. som barn.
  3. Ingebjørg, f. 1800, g. Anders Andersson Jordal, Eidsvåg.
  4. Kari, f. 1803.
  5. Barbrå, f. 1806.
  6. Anders, f. 1809, reiste 1825 til Eidsvåg.
  7. Ragnhild, f. 1813, d. 1813.

Huslyden flytter 1813 til Bolstad der Ragnhild vart fødd. Brita d. før 1821. 1 1836 er Jon Ivarson paktar i Jordalen i Eidsvåg.


På skifte etter Anders Nilsson var buet verds. 84 rdl.

1809 er det tinglyst declarasjon frå Nils Andersson om at han avstår odelsretten til bruket til fordel for broren Askjel Andersson.


1789 er det halde skifte etter Brita Nilsdtr. der 6 mk. smør blir utlagt enkjemannen Anders Larsson, 3 mk. til sonen Anders Nilsson, og 1 1/2 mk. til kvar av døtrene Anna og Ingeborg Nilsdtr. Bruket var verds. 120 rdl. og lausøyre 151 rdl.

Same året skøyter Anders Nilsson og systrene sine 6 mk. til stykfaren Anders Larsson for 30 rdl.

Anders Larsson gifter seg oppatt 1790 med Marie Magnesdtr. Berge, f. 1764.


1791 tinglysar Anders Nilsen «pengemangelslysing» på vegne av sonen Nils som har odelsretten til «12 mk Smørs Landskylds Leje som ejes og brugen af Anders Larsøn Lie».

1797 skøyter Anders Larsson etter Lagtingsdom av 29. juli 1797 12 mk. smør til myndlingen Nils Andersson for 220 rdl. Anders Larsson og kona Marie flytter deretter til Solberg.

Nils Andersson, f. 1786, d. 1837, g. 1813 Anna Sjursdtr. Sætre, Voss, f. 1786.

Born:

  1. Anders, f. 1814. Neste brukar.
  2. Sjur, f. 1817, g. 1847 Anna Andersdtr. Fyre, f. 1809. Utv. til Amerika 1856. Farmar 7 mil vest for Decorah. Rene s. 430.
  3. Odd, f. 1820, Utv. til Amerika 1857 og busette seg i Olmsted co., Salem township, Minn., og budde der til sin død. Rene s. 572.
  4. Ingeborg, f. 1825, g. i Amerika 1858 Endre Olson Tesdal, Voss, f. 1826. Rene s. 571.
  5. Helge, f. 1828. Utv. til Amerika 1856, g. Anna Johannesdtr. Horvei, f. 1836. Farmar Olmsted co., Minn. Rene s. 571.

Ved skifte av buet etter Nils Andersson vart bruket verds. 300 spd. og lausøyre 91 spd.

Anna Sjursdtr. og dtr. Ingeborg utv. til Amerika 1857.


1838 er det tinglyst auksjonsskøyte i buet etter Nils Andersson til sonen Anders for 331 spd.

Anders Nilsson, f. 1814, g. 1838 Gunvor Sjursdtr. Giljarhus, Voss, f. 1805.

Born:

  1. Marta, f. 1838, g. 1866 Helge Helgeson Akselberg, f. 1838, USA. Rene s. 807.
  2. Nils, f. i USA.
  3. Sivert, f. i USA.
  4. Anders, f. i USA.

Anders, kona og dtr. Marta, utv. til Amerika 1839. Rene s. 186,244.


1839. Skøyte frå Anders Nilsson til Gulleik Nilsson Brekkhus for 400 spd.

Gulleik Nilsson, f. 1812, d. 1886, g. 1839 Guri Vikingsdtr. Brekkhus, f. 1812, d. 1892.

Born:

  1. Kari, f. 1841, d. 1854.
  2. Elisabet, f. 1845, g. med neste brukar.

Jordbruksbeskrivelsen 1863 seier om bruket at det er på det næraste likt med l.nr. 168a.


1864. Skøyte frå Gulleik Nilsson til versonen Lars Magneson Berge for 100 spd. og kår.

Lars Magneson, f. 1839, d. 1915, g. 1863 Elisabet Gulleiksdtr., f. 1845, d. 1918.

Born:

  1. Gulleik, f. 1865. Neste brukar.
  2. Sjur, f. 1867, g. 1889 Anna Ivarsdtr. Skorve, f. 1869, b. Brekke, bnr. 2.
  3. Magne, f. 1869, d. 1951, g. 1894 m. Synneva Larsdtr. Lid, f. 1859, bonde bnr. 1 Li øvre, tun 1.
  4. Nils, f. 1871. Bnr. 3.
  5. Viking, f. 1871 (tv. med d), d. 1872.
  6. Viking, f. 1876, d. ug. 1957.


1875 var fødnaden 1 hest, 6 kyr, 3 ungfe, 18 sauer og 1 gris. Kårmannen fødde 2 kyr og 6 sauer. Tenestegjenta. Eli Olsdtr. hadde 1 sau. Sånaden var 1 td. blandkorn og 3 1/2 td. poteter. (Eli Olsdtr. var dtr. til ungk. Ole Bergeson Styve og gj. Brita Haldorsdtr. Edal, og var f. 1832. Eli d. 1918).


1892. Skøyte til Gulleik Larsson for kr. 1.600 og kår.

Gulleik Larsson, f. 1865, d. 1915, g. 1887 Kristbjørg Johannesdtr. Brekkhus, f. 1864, d. 1935.

Born:

  1. Elisabet, f. 1888, g. 1912 Helge Ivarson Evanger, f. 1878, snikkar Evanger.
  2. Lars, f. 1889. Neste brukar.
  3. Brita, f. 1892, g. 1918 Tomas Pederson Øye, f. 1884, anleggsarbeidar, Bergsdalen. Øyene/Øye, bnr. 2.
  4. Johannes, f. 1894, farmar Norma, N. Dakota.
  5. Gulleik, f. 1896, g. 1937 Kitty Marie Mikkelsen, Odda, f. 1912, fabr.arb., Odda.
  6. Ingeborg, f. 1899, ug. hushjelp heime.
  7. Kristina, f. 1901, g. 1932 Sjur Olson Ulvund, Voss, f. 1906, sjåførlærar, Voss.
  8. Sigurd, f. 1908, ug. b. Li.


1941. Skøyte frå skifteretten i Kristbjørg Lid sitt bu til arvingen Lars Gulleikson for kr. 6.500. Lars Gulleikson d. 1961.


1962. Skøyte frå arvingane etter Lars Gulleikson, f. 1889, til broren Sigurd Gulleikson, f. 1908, for kr. 16.500. Sigurd d. 1973.


1976. Skifteskøyte frå skifteretten i Sigurd G. Lids dbu til Helge Terje Fosse, f. 1953, for kr. 80.000. Ugift.


Jord, skog og driftsopplegg:

Omlag halve jordbruksarealet er bakkut morenejord medan resten er heller flat myr. Dyrka jord: 30 dekar. Natureng: 15 dekar. Jordbruksareal i alt: 45 dekar. Omlag helvta av jordbruksarealet kan haustast med forhaustar. Idei siste 10 åra er det nydyrka omlag 5 dekar. Omlag 10 dekar er lagleg dyrkingsjord. Bruket bar del i sams dyrkingsjord slik det er oppgjeve for bnr. 1 og 5 av gnr. 76, Skogsarealet på 115 dekar er for storparten tilvakse med lauvskog. Det er planta granskog på 15 dekar. Driftsopplegget byggjer på einsidig grasdyrking. Fødnaden: 30 vinterfora sauer.


Bygningar:

Stovehuset er bygd i 1910. Driftsbygningen er bygd i 1901. Kårhus er bygd i 1930-åra. Eldhus.


Fjell og utmark:

Bruket har i felles fjellstrekning sumarbeite til eigen fødnad og leiger hamn til andre.


Bnr. 2.

L.nr. 170a. GI. skyld 6 mk. smør, omrekna til 2 ort 5 skill. 1886: Mk. 0.97. 1977: Mk. 0.77.

1809. Skøyte frå Anders Nilsson på 12 mk. smør til sonen Askjel.

Han skal svara kår til foreldra.

Askjel Andersson, f. 1788, d. 1838, g. 1809 Maria Andersdtr. Bolstad, f. 1787, d. 1859.

Born:

  1. Ingebjørg, f. 1809, sjå bnr. 1.
  2. Ingebjørg, f. 1811, d. 1839,
  3. Anders, f. 1813, brukar her.
  4. Helge, f. 1816, brukar her.
  5. Anders, f. 1819, g. 1847 Brita Pedersdtr. Øye, f. 1825, b. Brekke, bnr. 3.
  6. Brita, f. 1822, g. 1847 Arve Larsson Fosse, f. 1817, b. Arna i Haus, (Haus III s. 114).
  7. Lars, f. 1825, g. 1853 Ingeborg Olsdtr. Fyre, f. 1827. Utv. til Amerika.
  8. Nils, f. 1829, d. 1830.
  9. Nils, f. 1832, d. 1834,


1836. Skøyte frå Askjel Andersson til sonen Anders for 120 spd. og kår. Anders Askjelson, f. 1813, g. 1842 Elsebe Olsdtr. Bolstad, f. 1814.

Anders var brukar på Li til han i 1845 selde til broren Helge og kjøpte eit bruk på Opeland i Voss, og budde der til han i 1856 utvandra med familien til Amerika, der han busette seg i Kendall township, Kendall co., Illinois, som farmar. Rene s. 169.

Born:

  1. Askjel, d. 4 v. gl. 1844.
  2. Maria, f. 1844, g. em. Henrik Monsson Kaldestad, f. 1817. Sjå Kaldestad, bnr. 1.
  3. Ole, f. 1846, farmar i USA, d. ug. 1916.
  4. Anna, f., f, 1849, g. 1867 Ole Larsson Fosse, f. 1839, farmar Kendall co., Illinois.
  5. Ingeborg, (Belle) f. 1853, g. omkr. 1872 William Williarnson, frå Samnanger, f. , b. Illinois. Rene s. 171.


1845. Skøyte frå Anders Askjelson til broren Helge for 300 spd, Helge Askjelson, f. 1816, g. 1844 Anna Jonsdtr. Li, f. 1817.

Born:

  1. Inga, f. 1844, d. 1844.
  2. Askild, f. 1845.
  3. Inga, f. 1848.
  4. John, f. 1851, d, 1851,
  5. John, f. 1862.

Familien utv. til Amerika, farmar i Kendall co., Illinois. Rene 169.


1863. Skøyte frå Helge Askjelson til Johannes Olson Lavik for 326 spd.

Johannes Olson, f. 1835, d. 1880, g. 1860 Maria Rasmusdtr. Lillejord, f. 1835, d. 1878.

Born:

  1. Rasmus, f. 1864, d.1880.
  2. Marta, f. 1867.
  3. Maria, f. 1869.
  4. Olina, f. 1875.

Jordbruksbeskrivelsen 1863 seier om bruket at det er likt halvdelen av I.nr. 168a.

1875 var fødnaden 6 kyr, 2 ungfe, 14 sauer. David Halleson Prestegard åtte hesten som var på garden. Sånad 1/2 td. blandkorn, 3 1/2 td. poteter.


1880 blir bruket selt på auksjon til Johannes Rasmusson Nummedal for kr. 2.100.

Johannes Rasmusson var f. på Nåmdal i Modalen 1862, g. 1880 Brita Brynjulvsdtr. Nygård, Modalen, f. 1852, d. 1884.

Born:

  1. Marta, f. 1880, g. 1914 Olav K. Hauglum, f, 1886, bonde Holen i Framfjorden.
  2. Rasmus, f. 1882, g. 1909 Maria Olsdtr. Almelid, f. 1889, gruvearbeidar i Modalen, seinare busett på Vaksdal.

Johannes Rasmusson flytter attende til Modalen der han blir oppattgift 1884 med Agate Knutsdtr. Farestveit, f. 1858. Han får seinare skøyte frå broren på plassen Haugane under Nåmdal, bnr. 3.


1883. Skøyte frå Johannes Rasmusson til Anders Olson Lavikhaugen for kr. 1.500.

Anders Olson, f. i Modalen 1844, g. 1869 Kari Larsdtr. Århus, f. 1847.

Born:

  1. Andreas, f. 1884.

I 1887 flytter Anders Olson til Nese, bnr. 1.


1887. Skøyte frå Anders O. Li til Nils Jakobson Rasdal for kr. 2.100. Nils Jakobson, f. 1858, d. 1920, g. 1887 Guri Andersdtr. Li, f. 1863, d. 1916.

Born:

  1. Gudveig, f. 1889, g. 1914 Knut O. Seim, Voss, f. 1883, kjøpmann Dale. Sjå ættesoge for Dale.
  2. Guri, f. 1890, g. 1920 Halfdan Breistein, f. 1890, fabr.arb. Dale. Sjå ættesoge for Dale.
  3. Anna, f. 1891, g. 1919 Godtfred Fosse, f. 1896, sjåfør, b. Dale. Sjå ættesoge for Dale.
  4. Peder Johan, f. 1894. Neste brukar.
  5. Berta Torina, f. 1895, g. 1922 Birger Fosse, f. 1900, snikkarformann, b. Dale. Sjå ættesoge for Dale.
  6. Anders, f. 1897, anleggs- og fabr.arbeidar Dale, neste brukar her.
  7. Ingeborg Kristina, f. 1899, g. 1921 Alfred Olai Skulstad, Haus, f. 1897, jernbanesmed.
  8. Marta, f. 1900, g. 1928 Nils O. Faugstad, f. 1896, fabr.arb., b. Dale. Sjå ættesoge for Dale.
  9. Nikoline, f. 1904, g. 1943 Olav Johannesson Berge, f. 1907, b. Berge, bnr. 2.

Nils Jakobson var utlært skomakar og dreiv i faget ei tid, men etter kvart som det vart meir fabrikksko å få kjøpt minka det med dette arbeidet


1921. Skøyte frå skifteretten i buet etter Nils Jakobson og kona til sonen Peder Johan for kr. 1.375 og kår til systra Nikoline.


1962. Skøyte frå Peder Johan Nilsson til Asbjørn Berge, f. 1940, for kr. 12.000 og kår. Peder Johan d. ug. 1977.


1966. Odelsskøyte frå Asbjørn Berge til Anders N. Lid, for kr. 78.500.

Anders Nilsson, f. 1897, d. 1997, g. 1927 Ragnhild Johannesdtr. Berge, f. 1901, d. 1971.

Born:

a. Guri, f. 19**, g. 1950 Erling Eriksen, f. 1914, arsenalformann, b. Voss.
b. Nils, f. 19**, g. 1958, Olaug Davidsdtr. Solberg, f. 19**, snikkar, b. Dale.
c. Johannes, tv. f. 19**, bilmekanikar, b. Dale.
d. Anna, f. 19**, gift med neste brukar.


1974. Skøyte frå Anders N. Lid til dtr. Anna Andersdtr, f. 19**, g. 1954 Nils Nilsson Seim, Røldal, f. 19**. Nils er anleggsarb., reparatør hjå B.K.K.

Born:

a. Ragnhild, f. 19**.
b. Dag Inge, f. 19**.


Jord, skog og driftsopplegg:

Storparten av det dyrka arealet er myr. Dyrka: 25 dekar. Natureng: 18 dekar. Jordbruksareal i alt: 43 dekar. Vel helvta av jordbruksarealet kan haustast med forhaustar. Resten er kupert og brattlendt. I dei siste 10 åra er det på bruket nydyrka 10 dekar. I sereige har eigedomen omlag 10 dekar lagleg dyrkingsjord.

Bruket har del i sams dyrkingsjord slik det er oppgjeve for gnr. 76, bnr. 1 og 5,

Skogsarealet på 75 dekar er for storparten tilvakse med lauvskog. Det er planta gran på 15 dekar. Driftsopplegget byggjer på einsidig grasdyrking. Fødnaden: 26 vinterfora sauer, 1 hest.


Bygningar:

Stovehuset er bygd i 1920. Driftsbygningen bygd i 1918.


Fjell og utmark:

Bruket har i felles fjellstrekning sumarbeite til eigen fødnad og leiger hamn til andre.


Bnr. 3.

L.nr. 170b. Gl. skyld 6 mk. smør. 1838: 2 ort 5 skill. 1886: Mk. 0.97. 1977: Mk. 0.90.


1827. Skøyte frå Askjel Andersson til versonen Mons Henrikson Brekke for 150 spd. 1835 gjev han verforeldra kår på bruket. Mons Henrikson, f. 1797, g. 1828 Ingebjørg Askjelsdtr., f. 1809.

Born:

  1. Anna, f. 1830, g. 1860 Knut Larsson Rasdal, f. 1832. Utv. til Amerika 1861.
  2. Maria, f. 1834, g. 1858 Sjur Jørgenson Brekke, f. 1829, Utv. til Amerika 1861.
  3. Ingebjørg, f. 1839, g. 1859 Philip Larsson Øye, f. 1836, Utv. til Amerika.
  4. Henrik, f. 1844.

Mons Henrikson og kona utv. til Amerika i 1859.


1863. Skøyte frå Mons Henrikson ved Nils Larsson Bolstad etter fullmakt til Anders Jakobson Fjellanger, Modalen, for 362 spd. 60 skill. Alt lausøyre på bruket var med i salet.

Anders Jakobson, f. 1829, d. 1908, g. 1858 Guri Andersdtr. Øksendal, f. 1829, d. 1902,

Born:

  1. Marta, f. 1859, g. 1883 Jørgen Pederson Småbrekke, f. 1855, b. Småbrekke, bnr. 1.
  2. Jakob, f. 1861, g. 1887 Torbjørg Jakobsdtr. Skorve, f. 1867, bonde Li, men flytte 1898 til Dale som paktar av garden til Dale Fabrikker. Sjå Dale bnr. 1.
  3. Guri, f. 1863, g. 1887 Nils Jakobson Rasdal, f 1858, Li bnr. 2.
  4. Anna, f. 1866, d. 1879.
  5. Olina, f. 1868, g. 1899 Arne Johannesson Solberg, f. 1874, b. Solberg. Sjå Horvei. Evangerboka b. I.
  6. Kristbjørg, f. 1870, g. 1895 Knut Olson Berge, f. 1872, b. Berge, bnr. 1.

Jordbruksbeskrivelsen 1863 seier at bruket er stort sett likt med l.nr. 170a.

1875 var fødnaden 1 hest, 6 kyr, 1 kvige, 14 sauer. Sådde 1/2 td. blandkorn, 3 td. poteter.


1904. Skøyte frå Anders Jakobson til Nils Larsson Li for kr. 1.900 og kår.

Nils Larsson, f. 1871, d. 1940, g. Karen Johannesdtr. Kartveit, Manger, f. 1876, d. 1947.

Born:

  1. Elisabet, f. 1904, d. 1905.
  2. Johannes, f. 1905, neste brukar.
  3. Lars, f. 1907, g. 1950 Solveig K. Rogne, Lindås f. 1914, vedlikehaldsarbeidar, b. Fosse. Sjå Fosse bnr. 13 og ættesoge for Dale.
  4. Anton, f. 1908, g. 1942 Agnes Ingolfsdtr. Mellesdal, Stamnes, f. 1923, bomvakt, b. Li.
  5. Einar, f. 1910, g. 1935 Solveig Samsonsdtr. Milde, Fana, f. 1916, spesialarbeidar, b. Dale.
  6. Klara, f. 1916, g. 1938 Sigurd Jonson Aksnes, Kvam, f. 1901, lærar i Evanger og i Os.

Nils Larsson var utlært skomaker og dreiv i faget ei tid.


1940. Skøyte frå Karen Johannesdtr. til sonen Johannes for kr. 3.000 og kår. Med i salet var alle gardsreiskapar og ein 22 år gamal hest. Johannes Nilsson, f. 1905, d. 1987, g. 1935 Konstanse Olsdtr. Fossdal, Vaksdal, f. 1908, d. 2004.

Born:

  1. Svanhild, f. 1935, g. 1961 Håkon Herlaug Gullbrå, f 1932, bygningssnikkar, b. Stamneshella.
  2. Else Karin, f. 1939, g. 1960 Magne M. Slåtten, Voss, f. 1935, landpostbod, Voss.
  3. Nils, f. 1941, neste brukar.
  4. Oddbjørg, f. 1945, kontordame i Stamford, Conn., USA. Gift 1976 med John Prizer, Dallas, Texas.


1972 får Nils Johannesson skøyte på bruket for 20.000 derav for lausøyre kr. 5.000 og kår.

Nils Johannesson, f. 1941, g. 1962 Frida Kirsten Skåla, Kvinnherad, f. 1938.

Born:

  1. Anne-Lise, f. 1963.
  2. Marit, f. 1964.
  3. Frode, f. 1969.


Jord, skog og driftsopplegg:

Storparten av den dyrka jorda er myr. Bakkane ved husa er delvis grunnlendte. Dyrka jord 45 dekar. Natureng 15 dekar. Jordbruksareal i alt 60 dekar. Omlag 2/3 av jordbruksarealet kan haustast med forhaustar.

Dei siste 10 åra er det nydyrka 15 dekar. I sereige er det att endå omlag 5 dekar som kan fulldyrkast

Bruket har del i sams dyrkingsjord slik det er oppgjeve for gnr. 76. bnr. 1 og 5.

Skogsarealet på 100 dekar er for storparten tilvakse med lauvskog. Det er planta gran på 15 dekar.

Driftsopplegget byggjer på einsidig grasdyrking.

Fødnaden: 8 mjølkekyr, 6 ungdyr av storfe og 20 vinterfora sauer.


Bygningar:

Stovehuset er bygd i 1921. Driftsbygningen er bygd i 1918. Ny driftsbygning i 1978.


Fjell og utmark:

Bruket har i felles fjellstrekning sumarbeite til eigen fødnad og leiger hamn til andre.


Bnr. 4 Vassrett.

Sk.mk. 0.09. Utsk. frå bnr. 1 i 1899.

1899. Skøyte frå Gulleik Larsson til brukseigar Konow for kr. 125. Vidare som gnr. 70 bnr. 3. Bruket er slått saman med gnr. 80 bnr. 3.


Bnr. 5 Vassrett.

Sk.mk. 0.05. Utsk. frå bnr. 2. i 1899.

1899. Skøyte frå Anders Jakobson til brukseigar Konow for kr. 125. Vidare som gnr. 70 bnr. 3. Bruket er slått saman med gnr. 80 bnr. 3.


Bnr. 5 Vassrett.

Sk.mk. 0.05. Utsk. frå bnr. 3. i 1899,

1899. Skøyte frå Anders J. Lid til brukseigar Konow for kr. 125.

Vidare som gnr. 70 bnr. 3. Bruket er slått saman med gnr. 80 bnr. 3.


Bnr. 7. Fjellheim.

Sk.mk. 0.01. Utsk. frå bnr. 1 i 1929.

1929. Skøyte frå Kristbjørg Lid til Bergsdalen ungdomslag for kr. 50.


Bnr. 8. Kveldfred.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1 i 1934,

1934. Skøyte frå Kristbjørg Lid til Viking Larsson Lid for kr. 366. 1958.Skøyte frå skifteretten i Viking Lids d.bu til arvingen Lars G. Lid f. 1899, for kr. 21.000,

1962. Skøyte frå Lars G. Lid sine arvingar til Sigurd Lid, f. 1908 på bnr. 1 og 8 for kr. 16.500. Sigurd Lid d. 1973.

1976. Skøyte frå skifteretten i Sigurd Lids d.bu til Kristen Grinde f. 1920 for kr. 30.000.


Bnr. 9. Kveldsfred.

Skyld 5 øre. Utsk. frå bnr. 1-3 og gnr. 75 bnr. 1 i 1934,

1939. Skøyte frå Elisabet Lid m.fl. til Ludvik M. Lid for kr. 50.

1968. Skøyte frå Ludvik M. Lid og kona til son Magne Sveinung Lid, f. 1944, på dette bruk og gnr. 76 bnr. 5 for kr. 12.000 og kår.


Bnr. 10. Fagerheim.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 3 i 1938.

1938. Skøyte frå Nils Lid til son Anton Lid, f. 1908, for kr. 50.


Bnr. 11. Nyland.

Skyld 15 øre. Utsk. frå bnr. 2 i 1943.

1962. Skøyte frå Johan N. Lid til Asbjørn Berge, f. 1940 på bnr. 2 og 11 for kr. 12.000 og kår.

1966. Skøyte frå Asbjørn Berge til Anders N. Lid, f. 1897, på bnr. 2 og 11 for odelstakst kr. 78.500.

1974. Skøyte til Anna Seim, f. 1937 og mann Nils N. Seim, f. 1928, for kr. 20.000 og husrett m.m.


Bnr. 12 Utvida kyrkjegard av Lid.

Skyld 6 øre. Utsk. frå bnr. 1 i 1945.


Bnr. 13 Kyrkjestaden av Lid.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1 i 1952.


Bnr. 14. Lambhusteigen.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 2 i 1960,

1961. Skøyte frå Johan N. Lid, f. 1894, til Marta Faugstad, f. 1900, og Nils Faugstad, f. 1896, utan vederlag.

1975. Skøyte til Aud Mehus, f. 1933, for kr. 5.000 med innbu og tilhøyrande uthus.


Bnr. 15. Leitet.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 2 1 1963.

1963. Skøyte til Nils A. Lid, f. 19**, og Johannes A. Lid, f. 19**, for kr. 50.


Bnr. 16. Bekketun.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 3 i 1963,

1977. Skøyte til Nils J. Lid, f. 19**, utan vederlag.


Bnr. 17. Kalvhammaren.

Skyld 1 øre.

Utsk. frå bnr. 1 i 1965.

Leigekontrakt til Johan Takvam for 50 år mot årleg leiga kr. 25.


Bnr. 18. Løkjabu.

Skyld 1 øre.

Utsk. frå bnr. 1 i 1965.

1972. Skøyte til Else Nordli, f. 19**, utan vederlag.


Bnr. 19. Gjerdebu.

Skyld 1 øre.

Utsk. frå bnr. 1 i 1965.

1970. Skøyte til Tore Gjerd for 50 år mot årleg leiga kr. 35.


Bnr. 20. Jonsbu.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1 i 1965,

1966. Leigekontrakt til John Hesjedal for 50 år måt årleg leiga kr. 25.


Bnr. 21. Nadlen.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1 i 1965.

1966. Leigekontrakt til Konrad Stamnes for 50 år mot årleg leiga kr. 25.


Bnr. 22. Fjellro.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1 i 1965.

1966. Leigekontrakt til Olav Kvamme for 50 år mot årleg leiga kr. 25.


Bnr. 23. Knausen.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1 i 1969.

1969. Leigekontrakt til Egil Gjerd i 50 år mot årleg leiga kr. 50.


Tomt nr. 1 av gnr. 77 bnr. 2. Rutli.

1955. Leigekontrakt frå Johan Lid til Ruth Hansen i 99 år mot årleg leiga kr. 25.


Offentlege forretningar:

1889. Kontrakt om veg gjennom Bergsdalen. 1896. Do. med Konow om Hamlagrøvatn.

Avtale om bruk av pengane for Bergsdalselva. 1897. Kontrakt om veg gjennom Bergsdalen. 1920. Utskiftning.

1975. Grensegangsforretning mellom Voss og eigedomane i Bergsdalsområdet.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy